You are on page 1of 6

Evangeliet etter Lukas 1

Fyreordet frå evangelisten

1
det er alt mange som hev teke seg fyre å skipa til ei for-
teljing um dei hendingane som er vortne fullgjorde hjå oss,
2 slik dei hev gjeve det frå seg dei som frå fyrste stund var

augvitne og tenarar for Ordet. 3 Difor hev eg no sjølv sett meg fyre
at eg skulde skriva det upp åt deg, vyrde Teofil, etter å ha granska
alt lenge og vel, 4 so du kann sjå det er sannsoga, det du hev fenge
høyra.

barndomen åt johannes døyparen og jesus


(1,5–2,40)

Johannes døyparen skal verta fødd


5 I den tidi då Herodes var konge i Judæa, var det i Abias tenesteskift

ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Arons-ætti, og


heitte Elisabet. 6 Båe var dei rettferduge for Gud, og ulastande fylgde
dei alle Herrens bod og fyresegner. 7 Men dei hadde ikkje born; for
Elisabet var ikkje barnkjømd, og no var dei båe langt uti åri.
8 So var det ein dag Sakarja gjorde prestetenesta for Gud; for

radi var komi til hans skift, 9 og då dei kasta lùt, som visi var med
prestane, fall det på honom å ganga inn i Herrens tempel og bera
fram røykofferet. 10 Medan stod heile folkemengdi utanfor og bad
i røykoffertimen. 11 Då synte ein Herrens engel seg for honom på
høgre sida av røykofferaltaret. 12 Sakarja stokk då han såg dette, og
det kom ein otte yver han. 13 Men engelen sa ved honom:
«Ver ikkje rædd, Sakarja!
Gud hev høyrt bøni di;
Elisabet, kona di, skal føda deg ein son,
og du skal gjeva ’om namnet Johannes.
14 Han skal gjera deg både glad og fegen,

og mange skal gledja seg av di han er fødd.


15 For han skal vera stor i Herrens augo;
2 lukas 1
vin og sterk drykk skal han ikkje smaka,
og alt ifrå morsliv skal han fyllast av Den heilage ande.
16 Mange av Israels-borni skal han venda um

til Herren, deira Gud,


17 og sjølv skal han ganga fyre Honom

med same ånd og kraft som Elia hadde,


og venda fedrehjarto til borni
og dei ulyduge til den hugen dei rettferduge hev;
so vinn han Herren eit velbutt folk.»
18 Då sa Sakarja ved engelen: «Korleis kann eg vita um dette er sant?

Eg er ein gamal mann, og kona mi er òg uppi åri.» 19 Engelen svara:


«Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg var send og skulde tala
ved deg og bera fram dette gledebodet. 20 Og no skal du tagna og
ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender; for du trudde ikkje
ordi mine, men dei skal fullgjerast når tidi kjem.»
21 Medan stod folket og venta på Sakarja, og undra seg yver at han

drygde so lenge i templet. 22 Men då han kom ut, kunde han ikkje
tala ved deim: dei skynja at han hadde sét ei syn i templet. Sjølv
gjorde han berre teikn åt deim; han var og vart dumb.
23 Då tenestetidi hans var ute, fór han heim att. 24 Eit bil etter vart

Elisabet, kona hans, med barn. Då heldt ho seg heime i fem måna-
der, og ved seg sjølv sa ho: 25 «Dette hev Herren gjort for meg. No
hev han sét til meg og teke burt skammi mi millom folk.»

Maria fær bodskapen


26 Men då det leid på sétte månaden, vart engelen Gabriel send frå

Gud til ein by i Galilæa som heiter Nasaret, 27 åt ei møy som var
trulova med Josef, ein mann av Davids-ætti; og møyi heitte Maria.
28 Engelen kom inn åt henne og sa: «God dag, du nådegjevne! Herren

er med deg!» 29 Desse ordi støkte henne, og ho grùna på kva dette


var for helsing. 30 Men engelen sa ved henne:
«Ver ikkje rædd, Maria! For du hev funne nåde hjå Gud.
31 Høyr! Du skal verta med barn og få ein son,

og du skal gjeva ’om namnet Jesus.


32 Han skal vera stor og kallast Son av Den høgste.

Herren Gud skal gjeva ’om kongsstolen åt David, far hans.


lukas 1 3
33 Han skal vera konge yver Jakobs hus i all æva,

og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»


34 «Korleis skal dette gå til,» sa Maria ved engelen, «når eg ikkje hev

vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:


«Den heilage ande skal koma yver deg,
og krafti frå Den høgste skal skyggja yver deg.
Difor skal òg barnet som vert født,
vera heilagt og kallast Guds son.
36 Og høyr: Elisabet, frenka di, ventar ein son, ho mèd, på sine gamle

dagar; ho dei sa ikkje var barnkjømd, er no alt i sétte månaden.


37 For ingen ting er umogeleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Sjå, eg er ei

tenestgjenta for Herren. Lat det ganga meg som du hev sagt.» So
fór engelen burt att.

Maria og Elisabet
39 Nokre dagar etter tok Maria av stad og skunda seg upp i fjellbyg-

dene, til den byen i Juda 40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn åt
Elisabet og helsa på henne. 41 Då hende det at med same Elisabet
høyrde helsingi frå Maria, kasta barnet i livet hennar på seg; og ho
vart fyld av den Heilage Ande 42 og sa med høg røyst: «Velsigna er
du millom konor, og velsigna er frukti i morslivet ditt. 43 Kvi skal
det timast meg at mor åt Herren min kjem åt meg? 44 For då helsingi
di nådde øyrat på meg, hoppa barnet i meg av glede. 45 Ja, sæl er
ho som trudde – det Herren hev sagt henne, skal fullgjerast.» 46 Og
Maria kvad:

Marias lovsong
«Såli mi høglovar Herren,
47 og åndi mi gled seg i Gud, min frelsar.

48 For han hev sét til si ringe tenestgjenta.

Og sjå, hedanav skal alle ætter prisa meg sæl,

49 for store ting hev han gjort meg,

han som valdar; heilagt er hans namn.


4 lukas 1
50 Frå ætt til ætt varer hans miskunn

mot dei som ottast han.

51 Han nøyter styrken i armen sin;

han spreider dei som ber hovmodtankar i hjartat.

52 Han støyter stormenner ned frå høgsætet

og lyfter låge upp.

53 Han mettar dei svoltne med gode gåvor,

men sender dei rike tomhendte frå seg.

54 Han tek seg av Israel, tenaren sin,

og kjem i hug si miskunn

55 slik han lova federne våre,

Abraham og hans ætt, til æveleg tid.»

56 Maria
vart verande hjå henne i um lag tri månader; sidan fór
ho heim att.

Johannes vert fødd


57 So kom tidi at Elisabet skulde ha barn, og ho fødde ein son. 58 Gran-

nane og skyldfolket hennar fekk høyra at Herren hadde synt henne


stor miskunn, og dei gledde seg med henne.
59 Åttande dagen kom dei og skulde umskjera guten. Dei vilde

kalla han Sakarja etter far hans, 60 men mor hans tok til ords og sa:
«Nei, han skal heita Johannes.» 61 «Det er då ingen i ætti som heiter
so,» svara dei. 62 So gjorde dei teikn åt far hans, kva han vilde guten
skulde heita. 63 Han bad um ei tavla og skreiv: «Johannes er namnet
hans.» Alle undra seg, 64 men med same fekk han att mål og mæle,
og han tala og prisa Gud. 65 Då kom det ein otte på alle dei som budde
der ikring, og rundt i alle fjellbygdene i Judæa tala folk mykje um
dette. 66 Alle som høyrde det, grunda på det og spurde: «Tru kva
dette barnet er esla til?» Og Herren leidde honom i handi.
67 Sakarja, far hans, vart fyld av Den heilage ande. Han tala pro-

fetord og kvad:
lukas 1 5
Sakarjas lovsong
68 «Lova vere Herren, Israels Gud,

for han såg til sitt folk og hev løyst det.

69 Han hev reist oss eit horn til frelse

i sin tenar Davids hus,

70 so som han lova frå fordom

ved munnen på heilage profetar:

71 å frelsa oss frå fiendar

og frå handi på alle som hatar oss.

72 Han hev synt miskunn mot federne våre

og kjem i hug den heilage pakti,

73 den eiden han gjorde

til Abraham, far vår,

74 so me, frelste frå fiendehand, kann tena honom utan otte,


75 i heilagleik og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.

76 Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,

for du skal fara fyre Herren og rydja hans vegar

77 og læra folket hans å kjenna frelsa,

at syndene deira vert tilgjevne.

78 For miskunnsam av hjartat er vår Gud,

di gjestar solrenningi oss frå det høge

79 og skin på dei som sit i myrker og daudens skugge,

og styrer vår fot inn på fredsens veg.»

80 Og guten voks og vart sterk i åndi. Han heldt seg i øydemarki


til den dagen kom då han skulde stiga fram for Israel.
6 lukas 2

Jesus vert fødd

2
i dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulde takast
manntal yver heile verdi. 2 Dette var fyrste gongen dei tok
manntal, medan Kvirinius var hovding i Syria. 3 Då fór alle
heim, kvar til sin by, og skulde skriva seg i manntalet.
4 Josef òg fór då frå Galilæa, frå byen Nasaret, upp til Judæa, til

Davidsbyen, den som heiter Betlehem; for han høyrde til Davids
hus og ætt, 5 og skulde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var
med honom. Ho gjekk då med barn. 6 Og medan dei var der, bar det
so til at ho skulde føda, 7 og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho
sveipte han og lagde han i ei krubba, for det var ikkje rom åt deim i
herbyrget.
8 Det var nokre hyrdingar der i grannelaget som låg ute og vakta

buskapen sin um natti. 9 Best det var, stod ein Herrens engel inn-
med deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei
fælande rædde. 10 Men engelen sa ved deim: «Ver ikkje rædde! Sjå,
eg kjem åt dykk med bod um ei stor gleda som skal timast alt fol-
ket: 11 I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus,
Herren! 12 Og det skal de hava til merke: De skal finna eit nyfødt
barn som er sveipt og ligg i ei krubba.» 13 Og brådt var det ei fjøld av
himelheren med engelen; dei lova Gud og kvad:
14 «Æra vere Gud i det høgste,

og fred på jordi
hjå menneskjor Gud hev hugnad i!»

Joleevangeliet – umsetjing ved Thorgeir Holm 2005–2010

You might also like