You are on page 1of 132

Samtaleforteljingar på skiftet.

Forteljingar i pausesnakk på ein industriarbeidsplass.

Herdis Instefjord Moldøen

Masteroppgåve i Språkleg Kommunikasjon


Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium
NTNU
Trondheim, 2006

Forsida:
Arbeidarar frå nedlagte Odda Smelteverk
(ikkje informantar)
© Reinhardt Søbye
Forord
No når eg endeleg er ferdig med denne forteljinga om forteljingane, er det på sin plass å takke
dei som har hjelpt meg på vegen.

Den varmaste helsinga går til arbeidarane på Zinken som viste meg tilliten og gav meg løyve
til å ta opptak i pausen gjennom ein heil sommar. De har først og fremst vore gode
arbeidskameratar gjennom fleire somrar og lært meg mykje om kva som er viktig i livet. Eg
vil også takke Odda Boliden AS for at de har ein praksis på å sleppe ungdomar inn i fabrikken
kvar sommar slik at dei får eit innblikk i det arbeidslivet som er mest karakteristisk for Odda.
Utan dette innpasset som har gitt meg denne erfaringa kunne aldri denne avhandlinga blitt
skrive. Tusen takk.

Eg kjenner meg heldig og privilegert som har fått så gode rettleiarar som Per Linell og Kari
Sand. Per har hatt eit suverent overblikk og Kari har alltid stilt opp med grundig og
konstruktiv respons og støttande kommentarar når eg har trengt det. Tusen takk for at de har
vist så stor entusiasme for materialet og prosjektet mitt!

Takk til Inger Sandnes som har kjørt parallelt studium saman med meg. Takk for at vi aldri
gjorde dette til ein akademisk konkurranse, men oppmuntra kvarandre og viste kvarandre
støtte heile vegen. Vil også takke for rettleiing, inspirasjon og stimulering på Mestermøter,
Master-/Doktorseminar og Marteseminar. Alltid godt å diskutere problemstillingar med andre.

Takk til Mette for all di hjelp, Hanne og Edit for gode samtalar, tilbakemeldingar og
korrektur. Ein stor takk til mamma som har opptil fleire gangar i veka gjennom heile løpet
vore ein god diskusjon- og samtalepartnar og takk til pappa som alltid støttar og stiller opp for
jento si.

Trondheim, 29. juni 2006

Herdis Instefjord Moldøen

”en kjærlighetserklæring til hjemstedet Odda


og som en tributt til fortellerkunsten,
noe som vel kan komme ut på ett, ettersom
oddaværingene er kjent for å være dyktige til å fortelle
historier.”1

1
Sitat frå omtale av Frode Grytten si bok Bikubesong frå:
http://www.dagbladet.no/nyheter/1999/10/31/181897.html
Innhald
1 Innleiing...............................................................................................................8
1.1 Problemstillingar............................................................................................9
1.2 Gangen i avhandlinga .................................................................................11
2 Teori..................................................................... Feil! Bokmerke er ikke definert.
2.1 Forteljing som produkt.................................................................................12
2.2 Forteljing som prosess ................................................................................14
2.3 Forteljing som kommunikativ verksemd ......................................................15
2.3.1 Dialogisme ...........................................................................................16
2.3.2 Kommunikativ verksemd ......................................................................17
2.3.3 Samtaleforteljing som kommunikativ verksemd ...................................20
2.3.4 Poeng...................................................................................................22
3 Metode og materiale.........................................................................................24
3.1 Informantane ...............................................................................................25
3.1.1 Tilsette og ferievikarar..........................................................................25
3.2 Forskarposisjon ...........................................................................................26
3.3 Innsamling av materialet .............................................................................27
3.3.1 Å få løyve til opptak av samtalane........................................................27
3.3.2 Lydopptak ............................................................................................28
3.3.3 Opptakssituasjon..................................................................................29
3.3.4 Bevisstheit kring forsking om forteljingar..............................................29
3.4 Bearbeiding av materialet............................................................................30
3.4.1 Teknisk bearbeiding .............................................................................30
3.4.2 Utval av sekvensar...............................................................................30
3.4.3 Transkripsjon........................................................................................31
3.4.4 Analysemetodar ...................................................................................34
3.5 Etiske vurderingar .......................................................................................36
3.5.1 Anonymitet ...........................................................................................37
3.6 Innsamling av materiale ..............................................................................37
3.6.1 Kor mykje data skal ein samle inn?......................................................37
3.6.2 Etiske aspekt ved forskarposisjonen ....................................................39
4 Situasjonskonteksten: Arbeidsplassen og pauserommet............................39
4.1 Sinkframstilling i elektrolysehallen...............................................................40
4.2 Dei ulike jobbane på skiftet .........................................................................40
4.2.1 Strippar ................................................................................................41
4.2.2 ”På labben”...........................................................................................42
4.2.3 ”I manganen”........................................................................................42
4.2.4 Sjefar....................................................................................................43
4.3 Pauserommet ..............................................................................................43
4.4 Snakket i pausen.........................................................................................44
5 Forteljingane si plassering i samtalesamanheng ..........................................46
5.1 Korleis definere ei samtaleforteljing?...........................................................55
5.2 Intertekstualitet mellom forteljingane ..........................................................58
5.2.1 Svarforteljing ........................................................................................59
5.2.2 Forteljingskandidatar............................................................................60
6 Iscenesetting av samtaleforteljingar...............................................................63
6.1 Tre ulike deltakarmønstre i samtaleforteljing...............................................63
6.1.1 Forteljing med låg grad av samskaping .....................................................63
6.1.1 Samskaping av generalisert forteljing gjennom dialog .........................65
6.1.2 Samskaping gjennom svarforteljingar ..................................................69
6.1.3 Oppsummering.....................................................................................70
6.2 Framstilling av karakterar ............................................................................74
6.3 Positive fornærmingar, banning og overdrivingar ........................................77
6.4 Repetisjon ...................................................................................................78
6.5 Ei alternativ verd i ein tenkt situasjon ..........................................................79
6.6 Oppsummering............................................................................................80
7 Poenganalyse ...................................................................................................83
7.1 Forteljingspoeng..........................................................................................83
7.2 Forteljaren sitt poeng...................................................................................90
7.3 Underliggjande poeng .................................................................................93
7.4 Poenget med å fortelje ................................................................................93
7.5 Avslutning....................................................................................................99
8 Ei forteljing om forteljingane.........................................................................101
8.1 Arbeidarane sitt forhold til samtaleforteljingane.........................................101
8.1.1 Sjølvrefleksiv samtaleforteljing ...........................................................102
8.1.2 Forteljingar som går igjen...................................................................105
8.1.3 Kva er sant og kva er ikkje sant? .......................................................109
8.2 Ulike underliggjande poeng i forteljingane.................................................111
8.2.1 Kulturformidling ..................................................................................112
8.2.2 Den brysomme sjefen ........................................................................113
8.2.3 Den gode arbeidaren .........................................................................114
8.3 Avslutning..................................................................................................116
9 Samanfatning..................................................................................................118
9.1 Kva er ei samtaleforteljing? .......................................................................119
9.2 Forskarposisjon .........................................................................................120
9.3 Alternative forskningsperspektiv................................................................121
10 Litteraturliste ..................................................................................................123
11 Vedlegg ...........................................................................................................129
Prosjektskildring for masteroppgåve ....................................................................129
Transkripsjonsnøkkel: ..........................................................................................131
Samtykkeerklæring ..............................................................................................132
INNLEIING

1 Innleiing
Blant høge, bratte fjell inst i Sørfjorden og i hjartet av Hardanger, ligg Odda. Odda som før
var det flottaste turistreisemålet i Noreg, har i dei siste hundre åra2 lagt dei høge fossefalla i
røyr og fått billig vasskraft, tre store industribedrifter og tilflytting av arbeidarar. Turismen
måtte vike for industrien, og Odda blei, og er framleis, eit einsidig industrisamfunn. No er
Odda prega av nedlegging og fråflytting. Odda Smelteverk, som var den eldste bedrifta
plassert midt i sentrum, har tappa omnen for siste gong. Dei to industribedriftene som står att,
sinkbedrifta Odda Boliden AS (Zinken) og iliminittsmelteverket Tinfos Titan & Iron KS
(TTI), gjekk begge med rekordoverskot i 20053, men dei har også hatt sine store nedturar og
fagforeiningskampar for å behalde arbeidsplassane. Dei sakene som skapte dei største
overskriftene, var kampen for eit nytt smelteverk i Tyssedal (TTI) på 80-talet og utskillinga
av arbeidarar på Zinken på 90-talet. I dei siste 20 åra har Odda mista omtrent 800
industriarbeidsplassar4. Arbeidsplassane industrien ein gong hadde stor bruk for, blir stadig
meir automatisert og behovet for arbeidaren minkar.

I tomrommet etter det nedlagte smelteverket prøver Odda å omstille seg for å framleis vere
ein attraktiv stad. I lys av det har litteratur frå Odda kome i søkelyset. Odda har fostra to
anerkjendte forfattarar, Frode Grytten og Lars Ove Seljestad, som hentar inspirasjon frå
arbeidarkulturen i Odda. Litteraturen frå Odda, og diskursen som følgjer den, speglar ein
kultur som ber i seg kor viktig det er å fortelje historier og korleis vi brukar forteljingar til å
leve liva våre. Frode Grytten har uttalt seg om korleis forteljingar er ein viktig del av livet og
kanskje særleg på industristader som Odda5.

Eg har sjølv jobba som vikar på ulike skift i elektrolysehallen på Zinken i ni somrar til saman.
Midt i denne perioden jobba eg kontinuerleg i eit heilt år som einaste jente på skiftet saman
med seks-sju menn. Eg kan ikkje seie anna enn at eg storkoste meg dette året i arbeid. Skiftet
var ein samansveisa gjeng som eg fekk bli ein del av, både gjennom arbeidet som vi hadde
felles ansvar for, men også i pausane på kontrollrommet. Det gode inntrykket eg hadde fått av
kulturen på arbeidsplassen gjennom sommarmånadene, fekk eg oppleve nærare, og det som

2
Sidan 20. april 1906 for å vere nøyaktig
3
Hardanger Folkeblad 6.januar 2006 og 28.desember 2005
4
Du kan lese meir om Oddahistoria her:
www.visitodda.com/newsread/news.asp?WCE=dokument&D=1&N=5159&COMP_ID=2&L=1
5
Ved foredrag og høgtlesing på Odda Folkebibliotek

8
KAPITTEL 1

fascinerte meg mest var den levande forteljarkulturen. Eg oppdaga denne når eg skulle på
arbeid etter å hatt ei veke fri, og eg grua meg, for det hadde ikkje skjedd noko særskild den
veka og eg hadde ingenting å fortelje om. Det var vanlegvis slik at etter ei friveke eller ei
frihelg, var det stor kamp om å sleppe å byrje i arbeidet først, for alle ville høyre siste nytt.
Gutane møtte gjerne tidleg opp til arbeid før skiftet byrja for å høyre eller oppdatere
kvarandre. Noko var sjølvsagt nyheiter og sladder, men mykje var forteljingar om nytt som
hadde skjedd. Etter eg hadde arbeidd der ei stund, merka eg at nokre forteljingar gjekk igjen.
Det var mellom anna forteljingar om sjefane, dei farlege maskinene og om arbeidarane.

Då eg igjen sette meg på skulebenken etter å ha arbeidd heime i Odda, klarte eg ikkje heilt å
legge bak meg industriarbeidet. Eg skulle utdanne meg, men eg drømte meg tilbake til livet
bak maskinene og hos gutta. Innanfor industriporten hadde eg funne eit fellesskap og ein
blomstrande kultur eg ikkje hadde opplevd før – ein kultur som kanskje står i fare for å
forsvinne i all den avindustrialiseringa som skjer i dette landet. Eg ville dokumentere denne
flotte kulturen for dei som ikkje veit at den eksisterer, men også løfte det fram for arbeidarane
sjølve.

Eg har følgt eit skift på Zinken i Odda ein sommar, både som forskar og arbeidar, og tatt
lydopptak av samtalane på pauserommet. Det har vore spennande og utfordrande for meg å gå
inn i dette prosjektet som arbeidskamerat, anvendt språkvitar og forskar. Kanskje finn eg,
gjennom å studera forteljingar på arbeidsplassen, det som forfattarane frå Odda har fanga:
fascinasjon, inspirasjon og kvardagsliv.

1.1 Problemstillingar
Denne oppgåva vil studere nærare forteljingane som dukkar spontant opp i samtalar i pausen
blant arbeidarar på ein mannsdominert industriarbeidsplass. Det er gjort lite forsking på
akkurat dette feltet.

Solvor Åsebø (2003) har i sin studie fått tilgang til kvardagsleg snakk på arbeidsplassen
gjennom å nytte observasjon og gruppesamtalar som inngangsport. Ho var interessert i
arbeidarane sine eigne samtalar om sjølve snakket på jobb, og ikkje dei forteljingane
informantane fortalte. I Noreg har det likevel vore forska på forteljingar frå mellom anna
verkstadsindustrien, men då har forskarane nytta andre metodar og hatt eit anna fokus enn det

9
INNLEIING

eg skal ha. Hilde Gunn Slottemo (2003) har studert forteljingar ved Norsk Koksverk i Mo i
Rana om korleis det var å vere mann i arbeiderklassen i tidsrommet 1950-80 og korleis
mannlegheit blir uttrykt mellom anna gjennom arbeidarane sine forteljingar. Materialet
hennar har hovudsakleg vore intervju med fokus på forteljingar om livet til tidlegare
koksverksmedarbeidarar.

Anne Iversen (2003) har utført studiar og henta datamaterial frå ei tradisjonell
verkstadindustribedrift. Ho har brukt forteljingar som ein analytisk reiskap for å sjå på kva
bilete av ”normalarbeidstakaren” som eksisterer og kva som blir overført til nye
arbeidstakarar. I studien av forteljingar løftar Iversen fram kva som blir oppfatta som ein god
arbeidstakar (normalarbeidstakeren), korleis forteljingane uttrykker kjønnsnøytralitet og
korleis kvinner passar inn i førestillinga om normalarbeidstakaren. Slottemo (2003) og
Iversen (2003) sine undersøkingar var ikkje ute etter å forske på interaksjon og
samtaleforteljingar i seg sjølv. Intervju blei brukt som metode for å finne ut korleis det
mannlege blir uttrykt gjennom forteljingar, og hadde slik eit kjønnsperspektiv på
forteljingane.

Denne avhandlinga kjem ikkje til å ha eit kjønnsperspektiv. Den tek heller ikkje sikte på å
seie noko definitivt om alle sider ved kommunikasjonen (på alle skift på alle avdelingar i alle
industribedrifter). Eg vil freiste å peike på nokre sider ved kommunikasjonen og samtalane
som er henta frå pauserommet hos eitt skift på ein mannsdominert industriarbeidsplass.
Omgrepet samtaleforteljing (spontane forteljingar som dukkar opp og blir fortalt i samtalar)
vil vere sentralt i denne avhandlinga. Målet mitt er å vise fram korleis forteljingar dukkar opp
i snakket og korleis dei blir fortalt, samt få fram poenga i forteljingane og kva dei kan seie
noko om.

Eg vil difor ta sikte å svare på følgjande problemstilling:


• Kva er ei samtaleforteljing og kva kjenneteiknar den?
• Korleis er samtalesituasjonen og deltakarmønsteret når ei samtaleforteljing blir
fortalt?
• Kva kan samtaleforteljingane seie oss noko om?

Eit viktig delmål ved denne avhandlinga er å utforske dei moglegheitene som er tilstades når
forskaren sjølv er medlem av den verksemda det blir forska ”på”. Det er ikkje vanleg at

10
KAPITTEL 1

forskaren sjølv er ein del av miljøet og har så mykje kunnskapar og oversikt over kva normer
og reglar som gjeld. Eg vil derfor prøve å finne ut noko om: Korleis kan stor kontekstuell
informasjon om korleis deltakarane sjølve forstår kva som blir sagt, spele inn på dei
forskingsresultata ein får?

Det mest spesielle i denne avhandlinga er kanskje materialet i seg sjølv. Så vidt eg veit, er det
ikkje gjort forsking basert på opptak av industriarbeidarar som snakkar saman i pausen. Dei
som har vore inne på ein slik forskingsarena, har gjennomført opptak i samband med bruk av
intervju eller gruppesamtale som metode. Dette gir eit heilt anna forskingsmateriale og
forskingsperspektiv enn i mitt tilfelle. Mine opptak er samtalar av arbeidarar som er seg sjølve
på jobb.

1.2 Gangen i avhandlinga


I avhandlinga vil eg i kapittel 2 presentere teorien som eg nyttar. Eg har valgt å strukturere
dette kapittelet etter utviklinga og synet på språk, og særleg etter korleis forskinga har vore
kring forteljingar i samtalar. I kapittel 3 gir eg ei innføring i korleis eg gått fram ved
innhenting og bearbeiding av materiale, og eg har avslutningsvis lagt vekt på å vise fram dei
etiske vurderingane eg har gjort i løpet av arbeidet med avhandlinga.

Analysedelen er fordelt på fire kapittel. I kapittel 5 viser fram intertekstualiteten mellom


samtaleforteljingane og eg argumenterer for at samtaleforteljinga må sjåast i samanheng med
den plasseringa den har i samtalen. Kapittel 6 ser på korleis samtaleforteljinga er iscenesatt
ved hjelp av ulike verkemiddel og av fleire deltakarar. I kapittel 7 gjennomfører eg ein
analyse av dei ulike poenga i samtaleforteljingane, medan eg studerer nærare dei
underliggjande poenga i samtaleforteljingane i kapittel 8. Der vil eg prøve å svare på kva
samtaleforteljingane kan seie oss noko om. Kapittel 9 vil vere ei kort samanfatning av kva eg
har funne ut i denne avhandlinga.

11
TEORI

2 Teori
Det finst fleire teoretiske innfallsportar til å studere forteljingar, og forteljingar er aktuelle
forskingstema innan fleire fagfelt (til dømes litteratur, filmvitskap, psykologi, sosiologi,
etnografi og antropologi). I dette kapittelet vil eg presentere tilnærmingar som har vore
aktuelle innan studier av språkleg kommunikasjon.

Forsking på forteljingar spring ut frå forsking kring skriftlege tekstar, og det kom tidleg eit
skilje i forteljingsteorien mellom innhald og form i forteljingar. Vladimir Propp (1928) er ein
av forskarane som har prega moderne forsking på forteljingar. I samband med sin studie av
den russiske folkesagaen og kva funksjonar den hadde, introduserte han omgrepsparet fabula
(underliggjande abstrakt hendingsrekkje) og sjǔzet (språkleg utforming) som er ei tidleg
namngjeving på eit omgrepspar som framleis blir diskutert6. Det kan vere like føremålstenleg
å skilje mellom innhald (“story”) og form (“narrative”) der innhaldet er det forteljinga handlar
om (fortalt i ei logisk hendingsrekkje), og formen korleis forteljinga er fortalt (i ein situert
kontekst). Eit meir nyansert bilete av skilnadane står Linell & Jönsson for (1991:76):

(…) the same story (sequence of events) can be told in different ways, yielding different narratives,
which organize the substance of the story so as to focus on different points and thus regard different
aspects as important and relevant.
(kursiv i orginalen, Linell & Jönsson, 1991:76)

Vi kan altså fortelje den same forteljinga (”story”) på fleire ulike måtar (”narrative”). Dette
skiljet har fått sitt utslag i korleis det har forska på forteljingar. Der nokre har forska på
innhaldet i forteljingane, altså som produkt, har andre studert korleis dei er fortalt og slik
undersøkt forteljingar som prosess. Som eg skal komme nærare inn på går det også an å
gjennomføre studier av forteljingar med fokus både på produkt og på prosess (sjå kapittel
2.3). Denne oppdelinga heng saman med val av metode, syn på språk og utviklinga i synet på
kva ei forteljing er.

2.1 Forteljing som produkt


Når ein studerer forteljing som produkt, ser ein på forteljinga som ei ferdig, lukka eining –
utan å ta omsyn til den konteksten forteljinga står i (Norrby 1998:32). Mange av dei

6
Same omgrep har i følgje Erikson (1997:13) vore omtalt som histoire/narration (Barthes 1997), histoire/récit
(Genette 1980), story/discourse (Chatman 1978).

12
KAPITTEL 2

forskarane som har sett på forteljingar som produkt, har bakgrunn frå lingvistikken. Cathrin
Norrby (1998) viser til forskarar som van Dijk (1972) og Thorndyke (1977), som til dømes
har vore interesserte i å studere strukturane i forteljingane og hatt som oppgåve å finne ein
forteljargrammatikk.

Ei undersøking som har vore sentral innan munnleg (produktorientert) forteljingsteori blei
utført av Labov & Waletzky (1967). Dei freista å forandre fokuset innan narrative analyser frå
store komplekse narrative strukturar som ein kunne finne i myter, eventyr, legender og så
vidare, til å sjå på munnlege forteljingar. Dei utførte ei detaljrik strukturell og formell analyse
av forteljingane frå intervju frå eit breitt spekter av informantar (unge og gamle, frå høg og
låg klasse) med mål om å finne den ideale interne forteljingsstrukturen. Visse typiske trekk
blei lista opp som karakteristiske ved fullstendige forteljingar, og dei opptrer i denne
rekkefølgja i forteljinga7 (Labov & Waletzky 1967:27-37, Labov 1972 s: 362-363):

• Samandrag: eit kort samandrag av forteljinga for å få løyve av dei andre


deltakarane til å fortelje.8
• Orientering: skjer som oftast i byrjinga av forteljinga og kontekstualiserer
kvar, når og med kven hendinga skjer.
• Komplikasjon: hovuddelen av forteljinga som inneheld hendingsrekkja i
forteljinga.
• Vurdering: det som er poenget forteljaren legg vekt på i forteljinga når han
fortel.
• Oppløysing: der spenningsmomentet i forteljinga blir utløyst.
• Koda: kan vere eit tilleggsmoment i forteljinga som inneheld
kommentarar som kontekstualiserer forteljinga til snakket,
t.d. ”og dei levde lukkelege i alle sine dagar”

Når dei hadde funne denne måten å isolere dei narrative elementa i forteljingar på, kunne dei
utføre kvantitative samanlikningar mellom korleis ulike grupperingar av menneske snakka
saman. Dei undersøkte mellom anna korleis svarte og kvite ungdomar fortalte forteljingar.

7
Nokre forteljingar kunne berre bestå av hendingsrekkja med byrjing, midtdel og ein slutt og blei ikkje sett på
som fullstendige og utvikla nok.
8
Samandraget er ikkje lista opp i artikkel frå Labov & Waletzky (1967), men er løfta fram som eit kjennetrekk i
artikkelen til Labov (1972).

13
TEORI

Noko av det dei kom fram til var at svarte ungdomar brukte måtar å fortelje på som blei sett
på som meir avanserte enn dei kvite ungdomane. Karakteristikkane frå Labov & Waletzky
(1967) kan passe godt til nokre forteljingar, men som vi skal sjå (mellom anna i kapittel 5),
slettes ikkje til alle.

Sjølv om Labov & Waletzky (ibid.) utførte analysar av munnlege forteljingar, er det eit
relativt monologisk og tekstleg syn på forteljinga som råder, der forteljinga i samtalen blir
vurdert som eit produkt som kan strukturerast og skildrast utan å bli sett i samanheng med den
konteksten den står i. Formålet med slike studier kan mellom anna vere å finne måtar å
samanlikne korleis ulike aldersgrupper fortel forteljingar (Labov 1972), eller å sjå om det er
eventuelle samband mellom forteljinga si strukturelle oppbygging og funksjon (Møller 1993 i
Norrby 1998). Fokuset er på forteljaren som leverer eit produkt.

Også nyare forsking kan bli assosiert med ein labovsk produktorientert tradisjon. Viveka
Adelswärd (1996) har gjort ein studie på jegerar som fortel (i intervju) om når dei skaut sin
første elg. Som eg kjem tilbake til seinare utførte ho ei poenganalyse der ho mellom anna
utforska forteljinga sitt poeng. Mats Eriksson (1997) har studert forteljingar som dukkar opp i
autentiske kvardagslege samtalar som eg kallar samtaleforteljing (sjå 2.3.3) mellom
ungdomar. Catrin Norrby (1998) plasserer både Adelswärd (1996) og Eriksson (1997) i ein
labovsk produktorientert tradisjon, i og med at dei har tatt utgangspunkt i karakteristikkane i
lista over (Norrby 1998:34). Ho plasserer seg sjølv med ein fot i begge leirar sidan ho, i
studiet av kvardagsforteljingar mellom vaksne, ser både på den avslutta forteljinga og på
korleis forteljinga er innkapsla i samtalen.9 Som eg kjem tilbake til, er det mogleg å ha både
eit produktorientert syn og eit prosessorientert syn på forteljingar samtidig.

2.2 Forteljing som prosess


I staden for å studere kvar enkelt forteljing sin struktur og som eit produkt, kan ein ha eit
prosessorientert syn på munnlege forteljingar i samtalar der ein ser på korleis forteljar og
lyttar samarbeider om å fortelje ei forteljing. Denne tilnærmingsmåten har utvikla seg i takt
med utviklinga elles i språkvitskapen, som i tillegg til å sjå på strukturar i språket har byrja å

9
Eriksson karakteriserer derimot si eiga forsking som ein studie av korleis forteljar og lyttar i ein gitt situasjon
interaktivt konstruerer ein versjon av ei viss hending. Han fokuserer på formelle, funksjonelle og interaksjonelle
aspekt av forteljinga (1997:23), og viser seg også som ein forskar som både ser på forteljing som produkt og som
resultat av ein prosess.

14
KAPITTEL 2

studere interaksjon mellom menneske nærare. Dette spring ut frå ein etnometodologisk
tenkemåte som set fokus på korleis menneska lever og konstruerer sine kvardagsliv. I denne
samanhengen blei også metoden ein annan; ein byrja å bruke opptak av autentiske samtalar
for å fram korleis interaksjonen går føre seg mellom menneska. Jann Scheuer (2005) skildrar
den etnometodologiske ambisjonen på følgjande måte:

Ambitionen er at beskrive verden som aktørerne forstår den, at beskæftige sig, ikke med de
psykologiske motiver og bagvedliggende samfundsmæssige processer som spekulativt måtte kunne
relateres til menneskers kommunikative handlinger, men med verden som aktørene har adgang til den.

(kursiv i orginalen, Scheuer 2005:9)

Analysen av desse samtalane blei kalla etnometodologisk samtaleanalyse eller


konversasjonsanalyse (CA) og sentralt i ein slik analyse er å sjå på den lokale konteksten.
Dette inneber at ein i arbeid med samtaleanalyse ikkje tar inn anna kontekst enn det
samtaledeltakarane gjer aktuelt i samtalen (Norrby 1996). Ytringar/handlingar skapar kontekst
for kvarandre, det vil seie at kommunikasjonsdeltakarane forstår ytringar utifrå kvar dei er
plasserte i ein sekvens av ytringar. Konteksten til ytringa er først og fremst ytringane rett
foran og rett bak (og dei ytringane som skal komme) (Sacks, Schegloff & Jefferson 1978).

Denne avhandlinga er inspirert av idear frå CA og eit deltakarorientert perspektiv på data.


Forteljingar kan få si meining utifrå forteljingane fortalt før og skapar konteksten og ramma
for forståing for den andre. Eg vil i tillegg til å sjå på forteljinga på lokalt nivå, også sette
forteljingane inn i ein større global samanheng (sjå kapittel 8).

2.3 Forteljing som kommunikativ verksemd


Per Linell (2006a/u.a) hevdar at det har vore karakteristisk for språkvitskapen å sjå på språk
som produkt av kommunikative og kognitive verksemder, men han argumenterer for at vi må
sjå på samanhengen mellom prosess og produkt. Det vil seie å analysere produkta i deira
kommunikative samanheng (ibid.:kapittel 1.3). I likskap med Linell finn eg denne
tilnærminga til forteljingar føremålstenleg for mine problemstillingar, og eg kjem i analysane
til å konsentrere meg om begge aspekta for å få eit meir komplekst bilete av korleis både
produkt og prosess, innhald og utforming, kan seie noko om forteljingane sin funksjon i
snakket. Linell meiner måten vi kan studere denne samanhengen på, er å skildre nærare kva
som er den kommunikative verksemda (Linell 2006a/u.a). Sidan dette er ein innfallsvinkel eg

15
TEORI

kjem til å følgje, vil eg difor først gjennomgå kva syn på språk som ligg til grunn for den, før
eg går nærare inn på kva ei kommunikativ verksemd er, og kva som kjenneteiknar den
kommunikative verksemda i mitt materiale.

2.3.1 Dialogisme
Dialogisme er ei teoretisk retning som tek for seg relasjonane mellom individet og andre, og
mellom individet og verda. Retninga gjer seg gjeldande innan fleire sosiokulturelle vitskapar,
og tilbyr eit overgripande rammeverk for språk, handling, kognisjon og kommunikasjon
(Linell 2005:232). Avhandlinga mi er skriven innanfor den dialogiske tradisjonen som
undersøker samanhengen mellom interaksjon og mangfaldet av kontekstar interaksjonen
inngår i. Dette innfattar eit dynamisk handlingsperspektiv på språk, der individ og
omgivnader gjensidig påverkar kvarandre (Linell 2006a/u.a: kapittel 1.2).

Per Linell (2005) skriv at samtalar har ein dobbel dialogisitet der interaksjonen/verksemda
kan sjåast på både i lys av kva som skjer ”der og då” i situasjonen (situasjonsdialog), men
også gjennom at verksemda inngår i ein sosiokulturell praksis (tradisjonsdialog) (ibid.:238).
Han skildrar tre dialogiske prinsipp som kan skildre denne doble dialogisiteten som finst
mellom ytringar (frå eitt individ) retta mot andre (individ) og ulike kontekstar (ibid.: 238-
241):

(1) Sekvensialitet:
Ytringar må ikkje sjåast på som autonome uttrykk, men som ledd i ein sekvens
der ytringar både er responsar på tidlegare ytringar og interaksjonelle initiativ
som prøver å framkalle nye svar.

(2) Gjensidig forhold mellom ytring (handling) og verksemd:


All kommunikasjon inngår i ein samanheng, og ytringar vil alltid tilhøyre ein
type verksemd, sjanger eller sosial situasjon.
(3) Samkonstruksjon:
Ytringar er ofte forma utifrå korleis mottakaren(e) kjem til å reagere på det
som blir sagt, og slik er adressaten nærverande i kvar ytring og med på å
samkonstruere ytringa.

16
KAPITTEL 2

Som vi skal sjå vil denne avhandlinga vere prega av desse tre dialogiske prinsippa, som vil
gjere seg gjeldande stort sett i alle analysar. Prinsippet om sekvensialitet vil vere eit
hovudtema i kapittel 5, og ulike formar for samkonstruksjon vil være eit hovudpunkt i kapittel
6.1.

Som nemnt over vil ein i ein dialogistisk studie undersøke samanhengen mellom
interaksjonen og mangfaldet av kontekstar den inngår i. I ein dialogistisk tradisjon vil ein
heller bruke omgrepet kontekstualisering framfor kontekst i og med at interaksjon er ein
prosess som blir utført av aktive deltakarar i dialog (Linell 1998:132, Scheuer 2005:36). Ein
kan seie at deltakarane i ein kommunikasjonssituasjon har tilgang til ulike kontekstuelle
ressursar som dei kan velje å aktualisere, gjenskape, utvikle og utnytte. Men det er dei
ressursane deltakarane faktisk nyttar seg av som er konteksten og som vil vere relevant å
gjenskape i ein analysesituasjon (Linell 1998:128-131). Linell (ibid.) har laga ei oversikt over
dei kontekstuelle ressursane deltakarane i interaksjonen har tilgang til, og deler dei inn i to
hovudretningar; (1) umiddelbare og (2) middelbare, abstrakte kontekstuelle ressursar. Dei
umiddelbare er det som nettopp er blitt sagt og dei fysiske omgivnadene, medan dei
middelbare ressursane ikkje kan oppfattast i sjølve samhandlinga, men er ”produkter af
deltageres erfaring” (Scheuer 2005:35). Ressursane er altså det aktørane trur, veit og forstår
om det dei snakkar om (kva dei veit om kvarandre, om kva type verksemd snakket inngår i,
organisasjonskonteksten, den sosio-historiske konstituerte konteksten, om språk,
kommunikative rutinar og generell bakgrunnskunnskap som ligg i det kollektive minnet i
kulturen), og som dei tek i bruk for å skape meining i samhandling. I mi avhandling vil eg
bruke dei kontekstuelle ressursane eg har tilgang til, både umiddelbare og middelbare, for å
vise fram kva kontekstuelle ressursar deltakarane tek i bruk i samhandlinga.

2.3.2 Kommunikativ verksemd


Ei verksemd er noko vi gjer saman med andre. I ein kommunikasjonssituasjon utfører
deltakarar handlingar saman, altså dei samhandlar (Linell 20006a/u.a., avsnitt 2.2). Desse
handlingane vil alltid inngå i ein større heilskap, og når ein utfører desse saman med andre,
inngår dei i ei kommunikativ verksemd10 (Linell 1998). Gjennom å studere typar av

10
Dette omgrepet har også blitt omtala som sam-/aktivitet (”joint-/”activity”) av mellom anna Clark (1996).
Linell (u.a.) argumenterer for kvifor akkurat verksemd er eit betre omgrep å bruke. Dette blir også gjengitt i
Thomassen (2005:34).

17
TEORI

kommunikative verksemder, kan ein avdekke korleis deltakarane samhandlar i si forståing av


verksemda.

Når vi kommuniserer, tek vi (som nemnt over) i bruk dei kontekstuelle ressursene vi har
tilgjengeleg, og handlar utifrå den forståinga vi har av kva sosial situasjon det er, eller kva
ramme (Goffman 1974) vi kommuniserer innafor. Dei enkelte situerte handlingane i ein
kommunikativ verksemd er knytt til tidspunkt, aktørar og plass, og ”det vi gjør i situasjonen,
inngår i praksiser som har foregått over lengre tid, og bygger dermed opp kommunikative
virksomhetstyper” (Thomassen 2005:34).

I dialogiske analyser av verksemder er, i likskap med CA, turtaking eit sentralt område som
blir utforska, men i motsetnad til CA, kan ein i dialogiske analyser tillate seg å dra inn
bakgrunnsinformasjon for å få fram vesentlege kontekstuelle ressursar som også er kjente for
deltakarane i kommunikasjonssituasjonen (Scheuer 2005, Rustad 2005). Dei dialogiske
analysene er avhengig av at forskaren får fram vesentleg kontekstuell informasjon (Scheuer
2005:38-40), og Scheuer skildrar denne forskjellen mellom CA og dialogisk analyse:

Man indhenter ikke den garanti for fænomenologisk korrekthed som datanær analyse medfører. Til
gængeld kommer man længere i beskrivelsen af mennesker: de bliver historiske og kulturelle agenter.

(Scheuer 2005:40)

Denne avhandlinga vil innehalde analyser til dels både i eit CA-perspektiv og i eit vidare
dialogisk perspektiv. Kapittel 5, som tek for seg forteljingane si plassering i
samtalesamanheng, vil vise korleis samtaledeltakarar tolkar og samskapar forteljingar som må
sjåst i lys av kvarandre. Det er ikkje berre ytringar som skapar grunnlag for korleis neste
ytring og konteksten her-og-no skal bli forstått. Også forteljingar skapar ein ny kontekst på eit
lokalt nivå der og då, og gir grunnlag for at ei ny forteljing kan utviklast og bli forstått. Slik
kan forteljingane studerast på eit lokalt nivå – frå forteljing til forteljing. Men dei kan også, i
eit meir dialogisk perspektiv, studerast på eit globalt nivå der det er mogleg å trekke fram
kontekstinformasjon som ikkje blir gjort synleg i samtalen. Til dømes viser eg til andre
forteljingar i snakket som berre er refererte til gjennom ord eller setningar, og elles ikkje
synlege i samtalen. Desse globale ressursane tek samtaledeltakarane i bruk som ressursar i
snakket til dømes for å understreke eit poeng eller vise at dei har skjønt eit poeng (meir om
dette og intertekstualitet i kapittel 5).

18
KAPITTEL 2

Først og fremst blir omgrepet kommunikative verksemder knytt til institusjonelle samtalar.11
Det har mellom anna vore forska på unge arbeidsledige som trener på å vere i eit jobbintervju
(Linell & Persson Thunqvist 2003), treningssamtalen mellom pasient og student (Thomassen
2005) og politiavhør (Gunnerød 2005). Dei institusjonelle samtalane blir karakteriserte av
visse kjennetrekk: ein utfører ein spesifikk aktivitet med eit særskilt formål, samtalen er
rutinisert og det finst ei tydeleg rollefordeling mellom deltakarane i samtalen – roller som har
ulike plikter og rettigheter knytta til seg. Den eine deltakaren kan utføre samtalen som del av
sitt yrke (t.d. politi, lege, etc.) og verksemda har gjerne eit namn knytt til formålet med
samtalen (Linell 1990). Men også kvardagslege samtalar kan karakteriserast som verksemder,
sjølv om det kan vere vanskeleg å fastslå akkurat kva som er verksemda, fordi verksemdene
kan gå inn i kvarandre og gi flytande grenser for kva som kjenneteiknar akkurat denne
verksemda. Forsking som har studert kvardagslege, eller rettare sagt halvprofesjonelle
verksemder er til dømes studia av ”samtalar hos frisøren” (McCarthy 2000) og ”samtalar i
butikken” (Tykesson-Bergman 2006).

Materialet i denne avhandlinga kan karakteriserast som kvardagsleg snakk på eit pauserom på
ein industriarbeidsplass. Ein kan då sjølvsagt diskutere om pausesnakket verkeleg er ei
kvardagsleg eller institusjonell kommunikativ verksemd. Ein kan for så vidt kalle det ein
hybrid (Linell 2006b/u.a) av begge12 sidan det har visse karakteristikkar frå begge leirar.
Pausesnakket skjer i tilknyting til arbeidet og har ofte eit innhald som er relatert til arbeidet,
men samtalen er organisert på ein relativt friare måte enn i dei institusjonelle samtalane. Det
er i utgangspunktet ingen som har fleire rettigheiter til å prate enn andre, og det er ingen som
har samtalen som ein direkte del av utføringa av sitt yrke, (men kanskje indirekte?). Samtidig
kan det vera vanskeleg å fastslå om det er pausesnakket eller forteljingane som er den sentrale
kommunikative verksemda i og med at situasjonen i dette tilfellet ikkje er så fastlagt som
mange institusjonaliserte verksemder eller samtalar er. Ein kan rekne pausen som ein
situasjon som alltid inneheld innslag av ulike samtalar og pausesnakket som ei overordna
kommunikativ verksemd som inneheld ein type kommunikativ verksemd, nemleg
samtaleforteljinga.

11
Det finst eit etablert skilje mellom det som blir sett på som kvardagssamtalar og institusjonelle samtalar.
12
eller rett og slett velje å ta bort skiljet mellom kvardagslege og institusjonelle samtalar.

19
TEORI

2.3.3 Samtaleforteljing som kommunikativ verksemd


Forteljingar som dukkar spontant opp i kvardagssnakk kallar eg samtaleforteljingar13
(”conversational storytelling”, Norrick 2000). Kjennetrekk ved samtaleforteljingar er at dei er
fortalt for ”si eiga skuld” og ikkje som svar på spørsmål eller for å forklare noko spesifikt og
slik initiert av andre (som til dømes forteljingane i Adelswärd 1997, Labov & Waletzky
1967).

Samtaleforteljingar er gjerne resultat av fleire deltakarar som fortel fram forteljinga, og det
kan vere vanskeleg å identifisere kven det er som er (hoved)forteljaren fordi deltakarane kan
bidra like mykje til skapinga av forteljinga (Norrick 2000:200). Dette skal eg gjennomgå i eit
døme i kapittel 6.1.2. Det kan vidare vere vanskeleg å vite når ei samtaleforteljing byrjar og
sluttar. Forteljingar kan til dømes ha ein avgrensa indre logikk, og slik vere ei eiga forteljing,
men sett i samanheng med resten av samtalen, vil kanskje den neste forteljinga utdjupe og
forklare den første forteljinga, og slik vere med på å utvide vår forståing av kva som er ei
forteljing (dette vil eg utdjupe nærare i kapittel 5).

Kva som elles kjenneteiknar samtaleforteljingar, har likskapar med korleis vi definerer ei
forteljing, og det er blitt gjort på mange måtar. Labov & Waletzky (1967) har definert
minimale forteljing som ”Any sequence of clauses which contains a temporal juncture”,
medan (som tidlegare nemnt) fullstendig forteljing måtte ha samandrag, orientering,
komplikasjon, vurdering, oppløysing og koda. Fleire forskingsarbeid har sett på forteljingar
utifrå desse (siste) kriteria, men har tilføyd eller kutta enkelte element. Adelswärd (1996) har
(som nemnt) i sitt arbeid med den-første-elg-forteljingane tatt utgangspunkt i ein labovsk
definisjon av kva ei (fullstendig) forteljing er, men i tillegg har ho gått nærare inn i korleis
vurderinga blir gjort i forteljinga. Som vi kjem tilbake til, har dette noko å gjere med
forteljaren sitt poeng (sjå.2.3.5).

Norrby (1998) har også studert samtaleforteljingar (utan at ho brukar dette omgrepet) og sett
at sjølv om ikkje alle forteljingar liknar kvarandre, kan dei likevel kan ha kjenneteikn som
karakteriserer dei som ei forteljing. Ho har prøvd å definere forteljing utifrå ei kvardagsleg
oppfatning av kva ei forteljing er, med så få obligatoriske krav som mogleg. Kjenneteikn

13
Forteljingane eg analyserer i denne avhandlinga kjem til å bli kalla både for ”forteljing” og
”samtaleforteljing”. Eg kjem til å bruke desse omgrepa om kvarandre, men det vil då vere snakk om
”samtaleforteljingar”.

20
KAPITTEL 2

Norrby karakteriserer som obligatoriske er at det skal gjenskapast ei avgrensa hendingsrekkje


som har skjedd i fortid (1998:57-66). Det som inngår i Norrby si liste over ikkje-obligatoriske
kjenneteikn, er (1998:66-74):

(1) kronologisk framstilling av hendingsrekkja


(2) eksplisitt koding av hendingsrekkja i narrative setningar
(3) overgripande forteljingsstruktur
(4) monologisk framstilling
(5) viss lengde
(6) rik på detaljar
(7) dramatiserande og vurderande trekk
(8) poeng
(9) gestalting av ei hendingrekkje som framstår som sjølvopplevd
(10) realistisk framstilling

Desse kjenneteikna kan vere tilstades i ei forteljing, men ikkje nødvendigvis. Norrby har ikkje
satt som mål å finne alle dei ikkje-obligatoriske kjenneteikna sidan kva som kjenneteiknar
kvar forteljing vil vere avhengig av konteksten og samanhengen forteljinga står i.

Det som ligg til grunn for at eg kan klassifisere noko som samtaleforteljing, er for så vidt
inspirert av dei nemnde ovanfor (Norrick 2000, Labov 1972, Adelswärd 1997 og Norrby
1998). I tillegg til at dei er forteljingar som er spontant fortalte i samtalar, har dei visse
kriteria som gjer at eg kalla dei for samtaleforteljing:

• den må ha minst ein episode (noko må bli fortalt)


• ha minst ei hendingsrekkje (logisk samanheng mellom forteljingselementa)
• ha eitt eller fleire poeng
• den treng eit publikum/medforfattarar/adressatar/deltakarar som medverkar

På same måte som Norrby skildrar dei ikkje-obligatoriske kjenneteikna ved ei forteljing,
påstår eg at samtaleforteljinga kan vere iscenesatt på ulike vis som gjer at det blir lett å kjenne
att forteljinga i samtalen. Basert på kva eg har funne i utdrag av samtalar i denne avhandlinga,
nyttar forteljaren(e) seg mellom anna av følgjande trekk i iscenesettinga av forteljinga:

21
TEORI

• Involvere andre deltakarar i samtalen


• Involvere virtuelle deltakarar
• Framstilling av karakterar
• Positive fornærmingar, banning og overdrivingar
• Tredelt konstruksjon
• Repetisjon
• Ei alternativ verd i ein tenkt situasjon

Måtar å iscenesette samtaleforteljingar på vil vere avhengig av situasjonen, og vil ofte variere
frå forteljing til forteljing. Desse måtane å iscenesette samtaleforteljingane som lista opp her,
merkar seg særleg ut i materialet mitt. Iscenesettinga av forteljingane vil eg komme tilbake til
i kapittel 6.

2.3.4 Poeng
Poeng vil vere eit sentralt analytisk omgrep i arbeidet med samtaleforteljingane. I ein analyse
av dei ulike poenga i forteljingane vil ein klare å sjå både på forteljingar sin interne struktur
(som eit produkt), som ei samtaleforteljing som er samskapt av deltakarane i samtalen (som
ein prosess) og få fram korleis ein kan studere forteljingane i ein større kulturell og sosial
kontekst. Poenganalyse blir ein måte å få svar på alle nivåa (les vidare i kapittel 7 og 8). Det
er ein innfallsvinkel til både sjølve forteljingane og kva desse forteljingane kan seie oss noko
om.

Viveka Adelswärd (1996) hevdar at den vitskaplege diskusjonen av korleis vi skal definere eit
poeng er omfattande og komplisert (ibid.:38). Diskusjonen har på den eine sida konsentrert
seg om å definere poenget som det som forteljaren vil det skal vere, medan den andre sida
meiner poenget er det som mottakaren (lesar eller forskar) trur forteljaren vil kommunisere
med forteljinga (op.cit). Adelswärd tok denne problemstillinga med seg i ein artikkel (1997)
kor ho forska på korleis ein skal få fram struktur, poeng og moral i jaktfortellingar gjennom
analyse. Ho såg at forteljingar kan ha ulike formar for poeng i seg på ulike nivå (Adelswärd
1997:212). Ho kallar desse poenga for forteljingspoeng (”berättelsepoäng”), forteljarpoeng
(”berättarpoäng”) og underliggjande poeng (”sens moral”).

22
KAPITTEL 2

Forteljingspoeng
Forteljingspoeng er poenget til forteljinga som ligg i kva forteljinga handlar om. Når vi fortel,
er det dette poenget vi er medvitne om at forteljinga skal ha og poenget kjem fram uansett kva
kontekst som er omkringliggjande. Adelswärd samanfattar kort og greitt forteljinga sitt poeng
i ei lita setning: ”Poängen hör så att säga till berättelsen och kan komma fram vem som än
berättar den” (1997:212). Eit typisk døme på eit slikt poeng er poenget i ein vits som kan
forteljast av kven som helst. Studerer ein forteljinga sitt poeng, ser ein på forteljinga sin indre
struktur og studerer forteljinga som eit produkt.

Forteljarpoeng
Forteljaren sitt poeng er måten forteljinga blir fortalt på, og korleis forteljaren formidlar sitt
poeng. Adelswärd karakteriserer denne typen poeng med at ”detta slags poäng snarare kan
kopplas till en bestämd berättare och en bestämd kontext än till innehållet i själva berättelsen”
(Adelswärd 1997:213). Når vi fortel, gjer vi det på eit bestemt vis. Vi tek nokre val om korleis
denne forteljinga skal forteljast fram, og forteljarpoenget kan seie oss noko om forteljaren
som person, kva personlegdom han har og kan antyde noko om forteljaren sin moral. Dette er
forbunde med å sjå på forteljinga som ein sjølvpresentasjon og kan få fram kva forteljaren
seier forutan sjølve forteljinga:

(...) vad än en berättelse handlar om så är den samtidigt en självpresentation där berättaren hävdar en
viss personlig och social identitet, och där det han säger har syftet att uttrycka, bekräfta och göra denna
identitet trolig.
(Adelswärd 1997:212-213)

Adelswärd knyttar dette poenget til det umedvitne – at vi umedvitne gir eit bilete av oss sjølve
saman med forteljinga vi fortel. Slik eg ser det kan det også vere ein medviten måte å fortelje
forteljingane på. I motsetning til Adelswärd (som forska på forteljingar som ikkje dukka opp i
samtale, men som svar i eit intervju), vil det når det gjeld forteljaren sitt poeng òg vere
relevant å finne ut korleis forteljaren gjer forteljinga aktuell i den lokale konteksten. Dette kan
vi finne ut ved å studere innleiinga og avslutninga av forteljinga og vurderinga av forteljinga
etterpå (som eg skal gjere i kapittel 5).

Underliggjande poeng
Adelswärd (1997) fann etter å ha gått gjennom alle forteljingane frå jegerane om korleis dei
skaut den fyrste elgen, at alle forteljarpoenga kan gje eit bilete av ein kollektiv jegeridentitet.

23
TEORI

Dette samlande biletet kan vere eit underliggjande poeng i forteljinga, og Adelswärd kallar
dette for ”sens moral” – det inste poenget forteljinga har. Det er dei moralske aspekta vi kan
lese ut av forteljinga og det vi kan lære av den.

Berättelser uttrycker och återspeglar kulturella innebörder, och analyser av dem kan därför frilägga de
implicita värdesystem som förknippas med dessa kulturella innebörder.
(Adelswärd 1997:214)

Det underliggjande poenget kan ikkje alltid lesast utifrå ei forteljing, men dette er eit poeng
som fleire forteljingar kan ha. Vi kan ofte i etterfølgjande forteljingar finne variantar over
same poeng, med ein straum av undertonar vi kan tolke og generalisere fram til å seie oss
noko vi burde vite og forstå. I forteljingane blir desse underliggjande poenga formidla som
ein del av denne verksemda si forståing av verkelegheita og som ein del av vår sunne fornuft.

Desse tre ulike typane for poeng (forteljingspoeng, forteljarpoeng og underliggjande poeng)
vil til saman skape eit bilete av samtaleforteljingane som ei kommunikativ verksemd. Saman
med korleis arbeidarane sjølve vurderer sine forteljingar vil samtaleforteljingar kunne skape
eit større bilete av forteljarkulturen på dette skiftet.

24
KAPITTEL 3

3 Materiale og metode
Mitt utgangspunkt for dette prosjektet er å vise fram samtaleforteljingar frå eitt skift på ei
avdeling på ein industriarbeidsplass. Eg har valt å gjere kvalitativ forsking der eg tek
utgangspunkt i eitt miljø og eitt fenomen som eg veit eksisterer, og trekker fram det eg meiner
kjenneteiknar dette miljøet utifrå den erfaringa eg har tileigna meg. Eg valde å forske på
fenomenet samtaleforteljingar (sjå 2.3.3) i pausen på ein arbeidsplass mellom anna fordi eg
visste at min bakgrunn frå denne bedrifta kom til å vere ein stor kontekstuell ressurs i
utviklinga av forsking kring forteljingar. Slik sett kan ein sjå på denne avhandlinga som
empirisk basert grunnforsking der opptaka av korleis arbeidarar snakkar i pausen, og det eg
finn i dette materialet, vil vere med på å utvikle synet på samtaleforteljingar. I dette kapittelet
skal eg vise fram korleis eg har gått fram for å samle inn materialet, samt vise dei metodiske
og etiske vala eg har gjort for å få dei resultata som eg har kome fram til.

3.1 Informantane
Informantane består av sju mannlege arbeidarar og fire ferievikarar, tre jenter og ein gut. Eg
er sjølv tilstades og medverkande i samtalane under mesteparten av opptaka sidan eg under
innsamlinga av materialet var tilsett som ferievikar og slik medlem av det sosiale miljøet. Det
er eit mannsdominert miljø og få kvinner har arbeidt i produksjonen i løpet av driftstida.
Kvinnene er no i ferd med å gradvis å komme inn som ein del av kvardagen på dei ulike skifta
ved dei ulike avdelingane på Odda Boliden.

3.1.1 Tilsette og ferievikarar


Informantane er både fast tilsette og ferievikarar, og det har utan tvil vore med på å forme
samtalane på skiftet. Ferievikarar og fast tilsette har ulik tilgang til korleis denne
kommunikative verksemda går føre seg, altså korleis dei tilsette snakkar og er arbeidarar. I
ettertid har eg fått høyre av ein på skiftet at eg skulle hatt opptak når det berre var fast tilsette
tilstades. Då hadde det vore lettare å få alle på skiftet med som informantar, og det hadde vore
eit ”reinare miljø”. Det er nok sant. Samtidig kan det vere ein fordel å ha nye i eit miljø for å
verkeleg sjå korleis arbeidarane får fram kva som er viktig på denne arbeidsplassen. Styrken i
materialet kan ligge i nettopp møtet mellom dei faste arbeidarane og feirevikarane, fordi dette

25
MATERIALE OG METODE

møtet får svært godt fram kva som er verdiane på denne arbeidsplassen. For dei som er
ukjende på arbeidsplassen blir det viktig å få kunnskapar og oversikt over kva som er viktig
her for at dei skal gli inn i miljøet, medan det for dei faste tilsette er viktig å lære bort
kunnskapen og verdiane slik at dei slepp å irritere seg over dei som ikkje klarar arbeidet
skikkeleg på dette skiftet.

3.2 Forskarposisjon
”Kan ein festa lit til forsking der forskaren sjølv går inn som informant, både samlar inn
empirien og er ein del av empirien?” spør Synnøve Matre (2000:59) som sjølv har hatt denne
rolla når ho utførte sine studiar innan barnespråkforsking. Fordelane ved ei slik rolle, som eg
har vore inne på, er at ein får eit godt grunnlag å forstå ut frå, men det kan også representere
eit reliabilitetsproblem. Matre skriv vidare at det som kan redusere dette problemet er å
”framstilla nøye korleis eg har gått fram, vere bevisst eigen subjektivitet og eiga rolle” (ibid.).

Dette prosjektet er tufta på at eg kjenner arbeidsstaden, arbeidsmiljøet og informantane. I eit


heilt år og ni somrar har eg jobba som prosessoperatør i elektrolysehallen på Zinken. Cicourel
(1992) skriv at skal ein foreta ei etnometodologisk undersøking, skal ein kjenne miljøet
ganske godt. Forskaren skal kjenne konteksten, vite kva som er viktig for deltakarane i
samtalane, og vite kva deltakarane betyr for kvarandre og kva kontekstuell meining det har.
Gjennom mi tidlegare erfaring frå arbeidsplassen fekk eg eit bilete av arbeidet og
kommunikasjonsmønsteret på pauserommet lenge før arbeidet med denne avhandlinga var i
gang. Eg kjenner arbeidet godt, rutinane og dei ulike kontekstane snakket opptrer i. Eg
kjenner mange av historiene som blir fortalt på dette skiftet, og veit kva kontekst ytringar
tilhøyrer og kva det vil seia. Mi deltaking har gitt meg mykje tilgjengeleg
kontekstinformasjon for å forstå kva det er som går føre seg i denne kommunikative
verksemda (sjå 2.3.2).

”The information people have about a community depends on whether they are insiders or
outsiders” (Clark 1996:101). Det at eg gjorde opptak medan eg sjølv var ein av
arbeidsgjengen på skiftet, har gjort at eg har hatt ei dobbeltrolle i innhentinga av materialet.
Eg var både ein arbeidar på lik linje med dei andre, men av og til var eg forskaren som trykka

26
KAPITTEL 3

på opptaksknappen. Eg vil gå utifrå at eg er ein ”insider” og ikkje ”outsider” sidan eg har


forska på eit kjent miljø som eg vel å tru eg var ein del av. Det tek lang tid å komme inn i
dette arbeidsmiljøet, få eit bilete av kva arbeidarane er opptekne av og kva forteljingar som er
aktuelle akkurat no. I ein slik samanheng er det lett å føle seg som ein ”outsider”, fordi det er
så mange historier som dei har saman i deira kulturelle minne, og som ein må bli invitert inn i
for å ta del i. Som Clark (1995) seier det; ”they won’t be friends or acquaintances until they
have a history and joint personal experiences – things done, talked about, or experienced
together” (ibid.:115). Samtidig har eg inntatt ei rolle på utsida når eg i materialet har stilt
spørsmål om til dømes forteljingskulturen og om det er viktig å fortelje sanninga (sjå 8.1.3),
og når eg som forskar har analysert data i ettertid.

Eg har stort sett ikkje notert om kommunikasjonssituasjonen medan eg gjorde opptak. Det har
ikkje vore eit problem for meg å kjenne att kven som snakkar på opptaka (sjølv om det er opp
til 7-8 deltakarar som snakkar samtidig). Det har heller ikkje vore vanskeleg å vite kva det
blei snakka om og kvifor dei til dømes plutseleg snakkar om maskinene eller når dei ymtar til
ei implisitt eller assosiert forteljing (jf. kapittel 5.3.2). I den grad eg gjorde notat, og det var
ikkje ofte, var det for å reflektere rundt dei etiske aspekta ved å gjennomføre prosjektet (sjå
vidare i 3.5.4). Då sat eg også aleine og i skjul. Hadde informantane vore henta frå eit ukjend
skift eller ei ukjend avdeling, ville eg måtte ha observert meir for å forstå kva som skjer her
og korleis kommunikasjonen går føre seg. Sidan eg kjenner informantane godt, trengte eg
ikkje notat.

3.3 Innsamling av materialet


Eg har jobba med informantane over lengre tid og visste derfor at eg måtte bruke litt
”kvinnelist” og sjarm for å få dei til å ville vere med på eit slikt prosjekt.

3.3.1 Å få løyve til opptak av samtalane


Det var først etter at eg hadde arbeidt nokre dagar i sommarjobben og før dei andre
ferievikarane hadde byrja i arbeid, at eg tok opp ønsket på pauserommet om å ha skiftet som
forskingsobjekt. Eg valte eit tidspunkt der dei fleste var tilstades for å gjere dette attraktivt. På
førehand hadde eg lufta prosjektet med nokre arbeidarar for å få ein idé om korleis eg skulle
gå fram. Eg måtte bruke tid på å få med meg informantane på dette prosjektet. Eg fortalte kor

27
MATERIALE OG METODE

flott miljø dei har, kor godt eg har hatt det saman med dei og kor morosame alle forteljingane
er. Stemninga var relativt god, og dagen etter hadde eg med eit skriv der eg presenterte mål
med prosjektet, framgangsmåte, at eg ville sikre anonymiteten deira og gav dei skriftleg
erklæring på at eg ikkje var ute etter å skade dei. På det same arket var det ei
samtykkeerklæring der dei måtte skrive under på at dei var villige til å stille opp på prosjektet
(sjå vedlegg 1). Alle på skiftet blei med bortsett frå to stykke, og derfor er dei heller ikkje med
i samtalane som er analyserte.

Eg var også i kontakt med driftsleiaren som er næraste sjef til skiftet, den besøksansvarlege og
fagforeininga på arbeidsplassen. Alle stilte seg positive til at eg kunne gjennomføre dette
prosjektet. I ettertid har eg også vore i kontakt med direktøren for bedrifta for å informere og
fortelje om kva eg forskar på.

3.3.2 Lydopptak
For å gjennomføre samtaleanalysar, er det nødvendig å ha opptak på band for å få med seg
korleis samtalen utviklar seg. Eg har samla inn både lydopptak og videoopptak over ein
periode på 3 månader i samband med sommarferieavvikling. Eg har rundt 16 timar lydopptak,
og 1 time opptak på video. Videoopptak viste seg å vere vanskeleg å gjennomføre.
Informantane likte ikkje at eg filma og eg kjem derfor ikkje til å basere noko analyse på denne
eine timen (sjå 3.5.2). Lydopptaka kjem derfor til å vere primærmaterialet. I tillegg vil den
lange erfaringa eg har i arbeidsmiljøet, kjennskap til informantane og dei tankane eg har gjort
meg gjennom fleire år spele ei stor rolle i arbeidet med analysane, og slik fungere som
sentrale kontekstuelle ressursar for meg som forskar og som bakgrunnsmateriale.

Lydopptaka er gjennomført ved bruk av ein minidiskspelar og stereomikrofon. Desse blei


plasserte på bordet, fullt synleg og i god radius til dei som snakkar. Lydopptaka blei tatt opp
på minidisk med longplay slik at eg kunne få ekstra lang samtaletid inn på opptakskassettane
og eg slapp å skifte diskett så ofte. Funksjonen longplay kan redusere kvaliteten på
lydopptaka, men sidan lydnivået på mikrofonen var innstilt på ganske høg, er kvaliteten på
opptaka framleis gode og ikkje svekka i høyrbar grad.

28
KAPITTEL 3

3.3.3 Opptakssituasjon
Eg valde å ha opptakaren synleg på pauserommet ganske ofte og heller gjere tilsynelatande
tilfeldige opptak for å få snakket så autentisk som mogleg. Om eg skulle gjere opptak eller
ikkje, balanserte mellom korleis eg oppfatta dagsforma til deltakarane og kor mykje eg følte
eg kunne ha opptakaren oppe i arbeidskvardagen til dei tilsette. Nokre gonger lét eg
minidiskspelaren stå på sjølv om eg gjekk ut for å arbeide. Arbeidssituasjonen er slik at ein
brukar pauserommet som ein base ein går ut og inn av etter som jobben kallar. Slik er arbeidet
ganske oppstykka og dette pregar også materialet mitt. Folk går ut og inn, samtalar blir
avslutta eller blir gjentatt alt etter som kven som er inne på pauserommet (sjå vidare i kapittel
4).

Eg presenterte i starten av opptaksperioden mine tankar om korleis vi skulle gjennomføre


dette prosjektet. Eg skjønte det var viktig at eg var bestemt i framgangsmåte og ikkje stilte dei
vage spørsmål om kva dei meinte var best tid å gjera opptak. Då var eg redd dei ville sjå på
meg som svært uprofesjonell forskar som ikkje visste kva som var best. Eg foreslo at eg
gjorde opptak på ettermiddagsskifta, nattskifta og i helgene slik at ingen andre enn skiftet14
blei innlemma i prosjektet. Eg sa at om dei hadde innvendingar, kunne vi endre på det, men
eg fekk ingen. Eg gjennomførte derfor opptaka på særskilde dagar og tider på døgnet der eg
visste at det stort sett berre var informantane mine som var til stades. Det vil seie at det er
gjort opptak mest etter klokka 16 på ettermiddagsskift i vekene, på nattskift og i helgene.
Opptakstidene desse dagane var tilfeldige. Eg satte av og til opp mikrofonen utan at eg gjorde
opptak fordi eg ville at informantane få inntrykk av at det også var tilfeldig når eg gjorde
opptak. Andre gongar såg dei at eg trykte inn recordknappen, og dei kommenterte enten at no
måtte dei halde kjeft, eller at no måtte dei komme med alle forteljingane.

3.3.4 Bevisstheit kring forsking om forteljingar


Eg har heile tida vore open om at eg var ute etter å forske på forteljingane i samtalane på
pauserommet (sjå informasjonsskriv, vedlegg 1). Dette kan ha resultert i at informantane var
ute etter å gi det forskaren ville høyre, men eg opplevde aldri dette som eit reelt problem. I
samtalar eg hadde med informantane om prosjektet var dei fleste positivt innstilt, og ville at
eg skulle få dei beste forteljingane med på opptak, og eg fekk fleire spørsmål om han og han

14
På dagtid er det mange andre folk (sjefar, reparatørar, etc.) som går ut og inn av pauserommet.

29
MATERIALE OG METODE

hadde fortalt den og den forteljinga. Også når mikrofonen var av, eller når vi var ute på byen i
eit festleg lag, fekk eg (og dei andre ferievikarane) servert mange forteljingar. Slik var
informantane på mange måtar medvitne om at eg gjorde eit forskingsarbeid kring forteljingar,
men dei visste ikkje kva som var tilnærmingsmåten og problemstillinga, og visste kanskje
ikkje at det var nødvendig at dei fortalte dei på band for at dei skulle gjelde som materiale.

3.4 Bearbeiding av materialet


I dette avsnittet skal eg seie noko om korleis eg bearbeida materialet frå overføring til
datamaskin til val av sekvensar, måtar å transkribere på og val av analysemetode.

3.4.1 Teknisk bearbeiding


Materialet blei opphavleg spelt inn på sju minidiskar. For at eg skulle kunne arbeide med dei
på ein fornuftig måte blei lydopptaka overført analogt15 til datamaskina. Overføringa blei gjort
gjennom eit program som heiter Cool Edit Pro som også kunne komprimere kopiar av
lydopptaka til mp3-filer, slik at eg skulle lettare kunne arbeide med dei. Store filer er tregare å
arbeide med og tek mykje større plass på datamaskina. Dessverre blir noko av kvaliteten borte
med ei slik komprimering, men dei gongane eg har vore usikker på kva som er sagt, har eg
gått tilbake til minidiskane for å høyre betre. Cool Edit Pro har ein funksjon som heiter noise
reduction, og dette har eg brukt for å få eit klarare lydbilete med større kontrastar. Funksjonen
gjorde at bakgrunnsstøyen forsvann og orda kom betre fram, noko som har letta arbeidet med
transkripsjonen.

3.4.2 Utval av sekvensar


Det var viktig å få raskt oversikt over materialet, så noko av det første eg gjorde etter at
materialet var samla inn, var å skrive ned kva som skjedde i kvar samtale. Deretter starta det
krevjande arbeidet med å velje ut sekvensar som eg skulle transkribere og analysere. Når eg
har valt ut sekvensar, har eg både sett etter om dei er etisk forsvarlege å ta med og om eg
ivaretar interessene mine. Meir spesifikt blei utvalskriteria følgjande:

15
Analog overføring inneber at ein overfører filer i reell tid (dvs. 16 timar i dette tilfellet). Hadde eg valt om
igjen, hadde eg valt ein teknologi som kunne ta digitale opptak. Dette ville redusert arbeidet med overføring.

30
KAPITTEL 3

• utdraga skal vera noko som viser fram det som eg meinar er det typiske ved
forteljarkulturen.
• eg skal ikkje velje ut sekvensar der det informantane seier kan blir tatt ut av kontekst
og tolka med urett negativt .
• sekvensane skal ikkje vere grunnlag for at informantane mistar eit hyggeleg
arbeidsmiljø eller kjem i konflikt med familie, sjef, vener eller andre personar som det
blir snakka om.
• det skal ikkje vere informantar med i utdraget som ikkje har sagt seg villige til å vere
med.

Desse kriteria har gjort at eg har måtta vrake mange forteljingar som kunne ha utdjupa eller
fått fram nye aspekt ved korleis informantane fortel forteljingar her. Tre av desse kriteria har
vore tatt på grunn av etiske omsyn, og dette kjem eg til å kome tilbake til i kapittel 3.5.3.

Heile materialet har fleire andre typar samtalar og snakk i seg som vi også kan seie er
karakteristiske for pausesnakket på skiftet. Materialet inneheld sjølvsagt også samtalar utan
forteljingar (sjå kapittel 4.4). Dei sekvensane eg har valt ut til transkripsjon, er samtalar med
mange samtaleforteljingar og har ein type samspel eg meinar er svært karakteristisk og typisk
for korleis det blir fortalt forteljingar i denne verksemda.

3.4.3 Transkripsjon
For å gjennomføre ei systematisk analyse av forteljingar, er det nødvendig å gjere
transkripsjonar av materialet. Ein transkripsjon er ei redigert tekstleg utgåve av dei samtalane
ein har på band, som er laga for at forskaren lettare skal kunne orientere seg i materialet – og
analysere det (Cameron 2001:30). Det er viktig å hugse på at transkripsjonane er forskaren
sine data som skal vise fram ein selektiv prosess som reflekterer teoretiske mål og
definisjonar (Ochs 1979:44). Å transkribere er ein metode for arbeide med data og erstattar
ikkje sjølve materialet (jf. Matre 2000:67).

Eg valte ut ti sekvensar av samtalar som blei transkribert (seks av desse er med i oppgåva). Eg
valte å gjennomføre ein ganske detaljert transkripsjon på desse sekvensane (Norrick 2000, Du

31
MATERIALE OG METODE

Bois 1993) fordi eg ville få fram korleis forteljingane blei iscenesette gjennom til dømes
siterte stemmer (gjennom endringar i stemmeleie og i intonasjon), trykk (trykksterke
ord/stavingar og emfatisk trykk), pausetid og samtidig tale. Ytringane er også kategorisert i
intonasjonseiningar som er med på å indikere korleis informantane held på ordet.
Samtaleforteljingane er dessutan markerte i transkripsjonen med sjattert bakgrunn.

Transkripsjonen er skriven ned på standardisert oddadialekt. Det vil seie at transkripsjonen vil
vise fram enkelte av orda slik dei blir uttala som til dømes ekje (er ikkje), koffor (kvifor),
gåkje (går ikkje), sir (seier) og veitu (veit du). Ord som til dømes blir uttala de (det), endåg
(endå), di (de) blir skrive ned slik vi gjer det vanlegvis i skriftlege samanhengar for at det skal
bli lettare å lese og ikkje gi ei anna semantisk meining.

Informantane har fått fiktive namn for å sikre anonymitet (sjå 3.5.1). Nokre av informantane
snakkar ikkje oddadialekt, så for å sikre anonymisering av informantane, er også deira
ytringar transkribert opp mot oddadialekta. Gjennomgang av kva kvar enkelt markering i
transkripsjonen står for er lista på neste side:

32
KAPITTEL 3

Transkripsjonsnøkkel:
1 nummererte linjer indikerer ei intonasjonseining
. punktum indikerer synkande intonasjon
, komma indikerer ein fortsetjande intonasjon
? spørjeteikn indikerer stigande tonefall
me-men avsluttar fort eit ord/refraserer setning
’ord trykksterkt ord/staving
!ord emfatisk trykk (ekstra mykje trykk)
”ord” sitatstemme (tilgjort stemme)
(..) pause under eitt sekund
(2.2) pausar over 1 sekund blir spesifisert og runda opp
til næraste tidel
{} kommentarar, lydar, kontekstuell informasjon
: lang vokal
@ latterstaving
<@ ord @> leande eller lattermild tale
hx pustar ut
X uhørbar staving/ord
<X ord X> usikker transkripsjon
<P ord P> lav stemmestyrke
<F ord F> sterk stemmestyrke
ord= likskapsteikn på suksessive linjer
=ord markerer ingen pause mellom samtaleturane
[ord] samtidig tale. Ved fleire ytringar samtidig er dei som
høyrer saman markert med tall t.d [1ord1]
<FORT ord FORT> raskt tempo

33
MATERIALE OG METODE

3.4.4 Analysemetodar
I dette avsnittet vil eg gjennomgå korleis eg har analysert materialet i denne oppgåva for å
kunne svare på problemstillingane. Som gjennomgått i innleiinga (sjå 1.1) er
problemstillingane i denne avhandlinga:

• Kva er ei samtaleforteljing og kva kjenneteiknar den?


• Korleis er samtalesituasjonen og deltakarmønsteret når ei samtaleforteljing blir fortalt?
• Kva kan samtaleforteljingane seie oss noko om?

Dei to første spørsmåla i problemstillinga blir svara på i kapittel 4 og i dei to første


analysekapitla (kapittel 5-6). Kapittel 4 vil fungere som ein introduksjon til
samtaleforteljingane, og gi lesaren ein større bakgrunnsinformasjon for å forstå
samtaleforteljinga som kommunikativ verksemd. Kapittel 5 og 6 er inspirert av dei dialogiske
grunnprinsippa om sekvensialitet og samkonstruksjon (sjå 2.3.1) og argumenterer for at
samtaleforteljinga må sjåast i samanheng med den plasseringa den har i samtalen, og at
samtaleforteljingar er samkonstruksjonar som tek i bruk og er i dialog med andre deltakarar
sine ytringar.

I kapittel 5 har framgangsmåten min vore å dele samtalar opp i samtaleforteljingar, som altså
er sekvensar i samtalen som inneheld visse kjennetrekk (sjå 2.3.3). Eg har vidare sett på
korleis deltakarane samarbeider for å konstruere forteljinga. Ei inspirasjonskjelde her er Neal
Norrick (2000) sin gjennomgang av samtaleforteljingar. Han har brukt ein svært omfattande
metode for å finne ut korleis lyttarane forstår og set saman ytringar til ei forteljing. I
analysane reinskar han først forteljingane sine til det han kallar den grunnleggjande forteljinga
(”basic narrative”). Dette er forteljinga som blir fortalt utan ekstra informasjon og avbrytingar
frå andre (Norrick 2000:32), og han formidlar slik eit produktsyn på forteljinga (jf. 2.1). Om
ein les over den grunnleggjande forteljinga utan avbrytingane frå andre, ser ein kva forteljaren
seier for å få fram si forteljing. Det er dette lyttarane får høyre slik at dei, i ein indre dialog
med forteljinga kan setje saman resten (av forteljinga) sjølv (Norrick 2000:29):

I assume this form reflects the sort of structure a listener must piece together in order to make sense of a
narrative and to be able to respond to it appropriately either by commenting or producing a response
story; it would underlie any summary or retelling as well.

34
KAPITTEL 3

La meg gå gjennom eit døme som er henta frå samtale 1 (sjå kapittel 5). Her er den
opphavlege transkripsjonen:

Samtale 1 ”Det her har eg aldri gjort før”


1 Svein han skal gå til ’søksmål no Hagen.
2 {kjem inn og set seg}
3 Kjersti (1.1)skal Hagen gå til søksmål?
4 Svein mot ein lege.
5 Kjersti å?
6 Svein <P rompisen P>.
7 <@ for hver gang Hagen kommer på sjukehuset til han
Mosengen så begynner han å ta han litt (..) bak i
’ræva veitu.
8 åsså no har han lest i ei avis no at det var en
lege så hadde- e- sånn der isjias,
9 Robert [ein som hadde isjias.]
10 Svein [åsså en] lege som begynt å rot- rota ner- neri der
11 og søksmålet hadde nedimot tre @ millionar @
12 Frode @@
13 Svein hadde ingenting i ’ræva å gjør når du har isjias @@@
14 Frode @@
15 Svein jaja det er ein sånn ’luring han der ser du@>
16 Robert leger er leger ’det og.
17 Kjersti litt ’deilig då.

Her har eg trekt ut dei ytringane frå transkripsjonen som tilhøyrer hendingsrekkja i
forteljinga:

Grunnforteljing
han skal gå til søksmål no Hagen
mot ein lege
rompisen
for hver gang Hagen kommer på sjukehuset til han Mosengen så begynner han å ta han litt bak i ræva
også no har han lest i ei avis at det var ein lege som hadde sånn der isjas
også var det ein lege som begynte å rota nede i der
og søksmålet hadde nedimot tre millionar
hadde ingenting i ræva å gjør når du har isjias
jaja der er ein sånn luring han der ser du

Denne grunnforteljinga tek utgangspunkt i Svein sine bidrag. Det kan diskuterast om Norrick
ville hatt med ytringane ”rompisen” (i linje 5) og ”jaja det er ein sånn ’luring han der ser
du” (i linje 14). Desse kommentararne kan bli sett på som ”uvesentlege” bidrag i Svein si
hendingsrekkje og det som han vil poengtere, sidan ”rompisen” er ei forklaring på kven legen
er, og ”jaja det er ein sånn ’luring han der ser du” fungerer som ein kommentar på
forteljinga som er fortalt. Desse ytringane har ikkje noko med forteljinga å gjere, men tek ein
desse kommentarane bort, vil også nokre av poenga i samtalen forsvinne. Å framstille ei

35
MATERIALE OG METODE

forteljing slik har andre ulemper. Når vi ser samtalen og forteljinga redusert slik, ser vi at
poenget om at det var ein pasient som hadde isjias og ein lege som hadde feilhandtert
behandlingsmetodane, ikkje kjem fram. Ved å reinske transkripsjonen og framstille den
grunnleggjande forteljinga, blei det lettare å sjå kor relevante dei andre sine bidrag er for at
poenga i forteljinga skal kome fram.

For å svare på det siste delspørsmålet i problemstillinga om kva samtaleforteljingane kan seie
oss noko om, skal eg gjennomføre ein poenganalyse av forteljingane. Den er inspirert av
Viveka Adelswärd (1997) sin gjennomgang av poenganalyse. Ho har, som nemnt i kapittel 2,
funne ut at forteljingar har fleire typar poeng (forteljingspoeng, forteljarpoeng og
underliggjande poeng på fleire nivå (sjå 2.3.4). For å få fram desse poenga, foreslår
Adelswärd at ein først utfører ei innhaldsanalyse som går ut på å kartleggje kva forteljinga
handlar om. Seinare kan ein bruke ein metode som er retta inn mot formelle trekk i forteljinga
for å sjå på til dømes ordval, val av pronomen og biletlege figurar for å sjå korleis forteljaren
får fram poenget sitt. Poenganalysen vil altså ta for seg forteljinga som både produkt og som
prosess (jf. kapittel 2). Dei underliggjande poenga vil komme fram når ein har ei rekkje med
forteljingar og ser på kva som kan generaliserast til å seie noko generelt om poenga i desse
forteljingane.

Adelswärd (1997) og eg har i utgangspunktet ulike data. Adelswärd har sett på forteljingar
som er fortalt gjennom intervju, medan eg ser på forteljingar som dukkar opp i spontant snakk
mellom fleire deltakarar. For meg blir det viktig å få fram korleis deltakarane samarbeider og
forhandlar om kva som er poenga i samtaleforteljinga.

3.5 Etiske vurderingar


Avhandlinga er skriven i tråd med dei etiske krava som blir stilt til forsking i Noreg, og har i
den samanhengen blitt meldt inn til Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD).
Gjennom heile arbeidet med denne avhandlinga har eg orientert meg utifrå kva som er etisk
riktig å gjere. Kva som er etisk riktig, er likevel ikkje alltid like lett å vite. Nokre gongar veit
ein ikkje det før ein har gjort eit feilsteg.

36
KAPITTEL 3

3.5.1 Anonymitet
Kvalitetssikra forsking skal sikre informantane anonymitet og beskytte dei frå å bli kjent att. I
denne avhandlinga har informantar og andre omtala personar (inkludert meg16) samt enkelte
stadnamn blitt erstatta med fiktive namn.17 Nokre av informantane har til og med fått opp til
fleire fiktive namn i denne oppgåva for å sikre anonymiteten til dei medvirkande
informantane betre. Ein konsekvens av dette er at det kan verke som om det er langt fleire
informantar enn dei eg har nemnt, og dessutan ein langt større andel kvinner enn kva som er
tilfellet. Men ein fordel er at fokuset blir på forteljingane og ikkje til dømes på å gi eit
grunnlag for å samanlikne kor god kvar enkelt informant er til å fortelje. Ein skal likevel ikkje
sjå bort i frå at nokon kan kjenne att dei som fortel dei enkelte forteljingane. Dette gjeld
særleg dei som kjenner miljøet, informantane og mange av forteljingane godt.

3.6 Innsamling av materiale

3.6.1 Kor mykje data skal ein samle inn?


Når ein skal starte eit forskingsprosjekt, bør ein ha ei viss formeining kor mykje data ein treng
for å foreta eit studium. Kor mykje ein skal samle inn er avhengig av mål, ressursar og dei
påstandane ein håpar ein skal klare å finne svar på (Cameron 2001:28). I mitt tilfelle har eg
kanskje samla inn i overkant mykje datamateriale i forhold til kva eg har brukt konkret i
avhandlinga, og slik påverka eit arbeidsmiljø over ein lengre periode enn kva som var
naudsynt. Samtidig kan det faktumet at materialet er samla over ei lengre tid vere med på å
sikre at eg har fått opptak av samtalar der informantane er relativt upåverka av
opptakssituasjonen.

Videoopptak
Mitt store ønske når eg skulle samle inn materiale til denne studien, var å filme dei samtalane
eg skulle studera. Mange av forteljingane blir dramatisert med heile kroppen, og eg meinte det
var berre gjennom kamera eg kunne fange opp korleis dei dramatiserte fram desse
forteljingane. Eg tok først lydopptak slik at informantane skulle bli vande med
opptakssituasjonen før eg etter omtrent to månader tok fram kameraet. Synleg utstyr vil alltid

16
Anonymitetsprinsippet gjeld også for meg sidan eg er ein del av arbeidsmiljøet i opptakssituasjonen.
17
Det har vore viktig for meg å gje namn som kunne vore henta frå personar frå Odda og omegn for å gje eit
meir realistisk bilete av karakterane, så om nokon faktisk heiter dette, er det berre tilfeldig.

37
MATERIALE OG METODE

påverke konteksten, men det er usikkert i kor stor grad. Forsking har vist at folk blir vande
med at det står kamera på, og at dei lett gløymer at dei blir filma (Matre 2000). Kari Sand
(2003) plasserte eit kamera i eit hjørne, saman med andre tekniske ting, og fann ut at det var
lett å oversjå det når det stod der. Det viste seg derimot at det var svært vanskeleg for enkelte
av informantane at eg dukka opp med kamera. Målet mitt var å fange samspelet mellom fleire
samtaledeltakarar, men det var vanskeleg å plassere kameraet på pauserommet utan at det blei
forstyrrande og hemmande for deltakarane. Kameraet måtte stå midt bak i rommet om det
skulle fange nok kommunikasjon mellom fleire, men då blei det også ståande på stativ og
dette prega rommet ganske mykje. Kameraet blei det første som ein såg på når ein entra
rommet. Når arbeidet også er organisert slik at ein må gå ut og inn av rommet heile tida, blir
det vanskeleg å gløyme det fordi ein så ofte blir påminna om at ein blir filma når ein kjem inn
i rommet. Eit anna moment som kan vere årsaka til at det blei vanskeleg å gjere filmopptak, er
at dette nettopp var pauserommet, og for enkelte ville det ikkje vere noko pause, men ei ekstra
belastning dersom det blei gjort filmopptak. Mange kjenner det som ei ekstra belastning å bli
filma, og i dette tilfellet merka eg at fleire informantar haldt seg unna pauserommet og nytta
kontrollrommet ved sida av. Dei sa ikkje klart i frå om at filmopptak var uønska, så eg prøvde
å ufarleggjere opptakssituasjonen, og følgde etter med kameraet til det andre rommet. Då blei
ein av arbeidarane forbanna og ba meg ta bort kameraet, og eg følte eg hadde gjort eit stort
overtramp. Dermed enda eg opp med lyd som primæropptak.

Val av sekvensar
Som eg var inne på i 3.4.2 var tre av dei kriteria eg brukte i valet av sekvensar, kriterium som
gjekk på etiske vurderingar. Materialet bydde på mange flotte samtaleforteljingar som kunne
prega avhandlinga i ei anna retning, men det var viktig for meg å velje sekvensar som ikkje
ville stille informantane med urett i eit negativt lys. Når eit utdrag blir skrive ned og publisert,
får det mykje meir kritisk merksemd enn i sjølve samtalesituasjonen. Nokre av dei
samtaletema som dukkar opp i samtalane er til dømes ikkje alltid ”politisk korrekte”, og utan
den omkringliggjande konteksten, er moglegheita for å tolke samtalane og informantane i ei
negativ retning tilstades.

Det hender også at informantane fortel forteljingar om familie, vener, andre arbeidskameratar,
sjefar og andre personar. Det var viktig å for meg å ikkje ta med forteljingar som ville skade

38
KAPITTEL 3

informantane sitt forhold til desse, men at sekvensane alltid var noko dei kunne stå inne for.
Informantane kommenterte også nokre gongar at dette må eg ikkje ta med. Dei skal ha eit liv
saman etter at denne avhandlinga er over også. Dette er utdrag frå ein samtale etter at vi har
snakka om nokon vi ikkje vil ha eit negativt forhold til:

1 Svein det her måkje du ta inn her altså


2 Herdis nei nei
3 Svein det må du viska vekk så ikkje vi får på oss
4 Tore du har ikkje på den der no?
5 Svein jo
6 Herdis jo
7 Tore neei
8 Svein så det der må vi ta vekk asså
9 Herdis ja ja eg tar ikkje med sånt
10 Svein må faen må faen ikkje ta heile X ka vi holde på med X
11 kanskje vi blir lynsja her og @@@@@

3.6.2 Etiske aspekt ved forskarposisjonen


Gjennomføringa av materialinnsamlinga var til tider tøff fordi eg stadig gjekk og kjende på
om eg gjorde rett i å ta opptak no eller ikkje. I slike stunder gjømte eg meg bort for å skrive
ned dei refleksjonane eg hadde for å ikkje gløyme kva eg følte eg utsette arbeidarane for. Vi
har kjent kvarandre lenge, og arbeidd saman i fleire år. Eg lurte på om eg hadde pressa dei til
dette. Hadde dei eigentleg moglegheiter til å seie nei? Ville dei ha sagt nei? Skjønte dei kor
mykje dette betydde for meg, og kor gjerne eg ville ha desse opptaka? Spørsmåla er viktige å
ha med seg i gjennomføringa av eit forskingsprosjekt, og sjølv om eg ikkje har funne svar på
alle, har dei vore med på å forme tilnærminga mi til materialet.

Det er ikkje slik at eg har hatt ei særstilling som forskar under innsamlinga av materialet. I
perioden av innsamlinga av materialet var eg arbeidar på lik linje med alle dei andre. Det
merka eg også i eit opptak av ein samtale som eg hadde glømt å slå av ein gong eg gjekk ut av
pauserommet. Då eg kom tilbake, merka eg at stemninga var noko spent. Dei kommenterte at
eg hadde gløymt å ta av opptakaren. ”Det gjer vel ingenting”, seier eg, ”de har vel ikkje prata
drit om meg?”. Til svar fekk eg klart og tydeleg: ”Her snakker vi drit om alle og du er inget
unntak!”. Om det var med vilje at dei prata drit om meg, for til dømes å seie meg noko, kan
eg ikkje vite, men det er klart at eg ikkje skulle latt opptakaren stå på. Alt bør ikkje delast med
alle. Noko treng ikkje seiast.

39
ARBEIDSPLASSEN OG PAUSEROMMET

4 Situasjonskonteksten: Arbeidsplassen og pauserommet


For å kunne forstå snakket og gjere analyser av snakket på denne arbeidsstaden, trengs det
noko utfyllande kontekstinformasjon om arbeidsplassen og forklaringar på korleis samtalane
går føre seg på pauserommet. Eg vil no seie noko om kva for ein arbeidsplass
elektrolysehallen er, kva type arbeid som arbeidarane på skiftet gjer og forklare nærare korleis
pauserommet vert brukt.

4.1 Sinkframstilling i elektrolysehallen


Lett forklart blir sink framstilt i
elektrolysehallen, ved at syreoppløsning
kjem kontinuerleg inn til i store cellekar
som fyller heile elektrolysehallen. Desse
cellene er seriekopla, og har ein
straumkapasitet på rundt 50 megawatt18.
For å få til ein elektrolyse, treng vi i
utgangspunktet ein anode og ein katode. I
kvar celle finst det 101 anoder og 100
katoder, og etter 48 timar med nokolunde
lik straum, har sink festa seg på katoden.
Katodene blir då henta med ei krane og
strippa av i ei maskin som er styrt av ein
operatør (”strippar”, sjå kapittel 4.2.1).
Bilete av celle-kar i elektrolysehallen.
Sinken vert samla i pakkar og transportert (på samleband og heis) til eit lager. Ein truck
henter desse pakkane frå heisen og lagrar dei, eller setter dei på nye samleband som går til
omnar som smelter sinkplatene om til store blokker.

4.2 Dei ulike jobbane på skiftet


Elektrolysehallen på Odda Boliden går kontinuerleg, og arbeidet, som er prega av mykje
fysisk arbeid, er delt mellom fem skift. Skiftet består av eit arbeidslag som går formiddag,

18
Dette tilsvarar omtrent like mykje straum som heile Haugesund by brukar.

40
KAPITTEL 4

ettermiddag og natt etter ein særskild skiftplan i ein periode på fem veker. I løpet av desse
fem vekene har dei omtrent annankvar helg og kvar femte veke fri. Skiftet består som regel av
fire stripparar (sjå nedanfor) som har ansvaret for sinkproduksjonen, to arbeidarar som jobbar
”i manganen” og ein laboratorieoperatør – alt i alt sju arbeidarar19. Stripparane,
laboratorieoperatøren og dei i manganen opererer på same skift, men har ulike
arbeidsoppgåver og variert pausetid, og kven som arbeider på kva stilling kan variere frå
periode til periode. Alle brukar dei same opphaldsromma.

4.2.1 Strippar
Stripparane har som team på fire arbeidarar ansvaret for at maskinene går kontinuerleg til talet
på hiv20 med sink er tilstrekkeleg etter budsjettet. Kort fortalt inneber å arbeide som strippar
fire hovudoppgåver: å hente sinken med krane i cellene21, å strippe sinken av katodeplatene i
maskina, skifte ut dårlege katodar22, og mate sink på omnane med truck. Desse fire
arbeidsoppgåvene rullerer kvar time. Skifting av arbeidsoppgåve fører også med seg eit skifte
i mentalitet eller engasjement alt etter kva arbeidsoppgåve du no har hengande over deg.

Er du ”på maskina”, er du ute i hallen og arbeider i ein heil time, og får ikkje med deg slik
kva som vert sagt inne på pauserommet. På denne arbeidsstasjonen kan arbeidet variere frå
dag til dag, time til time – alt etter korleis forholda er. Om utstyret er i orden og sinkkvaliteten
suveren, kan ein time på maskina gå ganske uanstrengt. Om det ikkje er det, kan det oppstå
mange skjæringar, som er namnet på fleire typar problem som oppstår på maskina. Desse
problema har samanheng med tilstanden på utstyret, forholda i syreoppløysinga og korleis
arbeidarane handterer maskinene. Dei kan til dømes prøve å styre maskinene manuelt og
dermed raskare, men då kan det oppstå fleire feilskjær der sinkplatene setter seg fast, utstyret
vert øydelagt og arbeidet kan stoppe opp for ein lengre periode. Den som er på maskina kan
då ringe på den som er stasjonert ”på platene”, og få hjelp av han.

Ein av stripparane har ansvaret for å bytte ut ubrukelege katodar og hjelpe den som er på
maskina, og det er han som er ”på platene”. Denne timen er som regel roleg og kan

19
I tillegg kan det vera ein lærling, og det kan mangla folk eller i periodar vera nokon for mykje.
20
Ein hiv er ordet for det samla talet på katodeplater som kranen fraktar til maskina om gongen.
21
Ei celle er eit syrekar med anodar og katodar som står etterkvarande og er kopla til straum.
22
Ein katode er ei aluminiumsplate som sinken festar seg på i elektrolysen. Denne sinken veg normalt 70 kg.

41
ARBEIDSPLASSEN OG PAUSEROMMET

disponerast friare enn dei andre, skjønt ein må vere på pletten når det plingar i klokka og den
på maskina får problem som han ikkje kan hanskast med aleine. Den på platene har
hovudansvaret for å hjelpa han på maskina, men oppstår store problem, hjelper resten av
stripparane også.

Truckføraren er avhengig av den på maskina og av at støyperiet, som er ei anna avdeling på


Zinken, tek imot sinken. Slik har han tildels ein uforutsigbar og variert arbeidsmengde. Nokre
timar er det fullt køyr, medan i helgene er det som oftast lite å gjere og ein kan meir slappe av
på pauserommet. Det varierer derfor kor mykje truckføraren sit på pauserommet i denne
timen.

Er du ”på kranen” og har ansvaret for henting og nedsetting av katodar, går du ut og inn av
kontrollrommet jamleg, gjerne 6-7 gongar i timen, om du ikkje er så heldig å få nokon av dei
andre som er ute i hallen til å gjere jobben for deg.

4.2.2 ”På labben”


Den som er stasjonert på labben har ansvaret for at alle pumper, rør og tankar fungerer slik
som dei skal. Dette gjer han gjennom å gå sjekkrundar i elektrolysehall 4 og 5, ta jamlege
prøvar og overvake alarmar når han sit på pauserommet. Han sit derfor mykje på
pauserommet, men når han er ute på runde vert han borte i lengre tid av gongen. Den som er
på labben er som regel den første som kjem på jobb og den siste som går.

4.2.3 ”I manganen”
Dei to som arbeider i manganen23 har ansvaret for å halde anodar24 og cellekar reine for ulike
avfallstoffar og belegg. Dei står relativt friare enn stripparane til å bestemme når dei skal
jobbe, og dei har generelt sett lengre pausar enn dei andre. Når dei tek pause, har dei meir fri
frå arbeidet sidan stripparane og han på labben må vere meir på vakt for ulike ting som
plutseleg kan oppstå.

23
Mangan er eit avfallsprodukt i sinkproduksjon som legger seg i cellene
24
Anodar er tunge blyplater som vert brukt i elektrolysen.

42
KAPITTEL 4

4.2.4 Sjefar
Dei ulike sjefane er ofte tilstade i snakket på denne verksemda, men det er berre ein som skal
bestemma over arbeidarane, og det er driftsleiaren. Han skal ha kontroll over korleis
produksjonen går over heile bedrifta, og er innom ulike avdelingar gjennom skiftet. Han er
derfor ikkje tilstades heile tida, men når han kjem, vert han som regel sittande på
pauserommet for å slå av ein prat. Det finst også andre i andre og høgare stillingar som kjem
innom pauserommet, men som ikkje skal styre arbeidet i like stor grad. Sjefane er ofte med i
samtalane, men kanskje mest med som eit samtaletema.

4.3 Pauserommet
Arbeidarane kan opphalde seg i fleire
rom medan dei er på arbeid. Dei kan
vere ute og arbeide, sitje i røykebua
ute i friluft, sitje framfor datamaskina
på kontrollrommet, ta prøver i
laboriatorieavlukket, ete i matsalen
eller sitje på pauserommet.

Ute i hallen kan det vere kaldt, og når


maskinene går opp og ned og kranane
fram og tilbake, kan det vere bråkete

og stort sett lite eigna for lange samtalar.


Bilete av pauserommet sett frå hallen.
Det er på pauserommet det er ro og tid til å Foto: Knut Terje Solstad
snakke saman og det er der arbeidarane tek
den første kaffikoppen før arbeidet startar. Det er der arbeidarane samlast når dei er ferdige
med arbeidet.

Som vi har kunne lese utifrå dei ulike arbeidsoppgåvene, så varierer arbeidet, pausetida og
kjensla av å ha pause utifrå kva arbeid du har. Det er som regel alltid nokon inne på
pauserommet, samtidig som det er folk ute og arbeider. Nokon har lengre pausar enn andre.
Slik skiftar arbeidarane fokus; inn og ut av arbeidet og snakket på pauserommet. Derfor

43
ARBEIDSPLASSEN OG PAUSEROMMET

varierer også talet på deltakarar i samtalen og kva det vert snakka om. Sjølv om nokon går ut
av rommet for å arbeide, vert samtalen verande på pauserommet.
På pauserommet er det ein radio og ein
telefon. Langs veggane står fleire bord,
og kvar arbeidar har sin nokolunde
faste plass. Veggen ut mot hallen har
store vindauge slik at ein heile tida kan
overvake kva som skjer, og sidan
arbeidet er såpass høglydt kan ein også
høyre feilskjær som skjer ute i hallen.
Fokuset til arbeidarane er derfor både
på arbeidet som pågår ute i hallen og
på kva som skjer inne på

pauserommet. Bilete av pauserommet med utsikt mot maskina og kranen.


Foto: Knut Terje Solstad

4.4 Snakket i pausen


Samtalane på dette pauserommet er prega av mange typar snakk, der samtaleforteljinga er ein
type kommunikativ verksemd som skiftet på denne arbeidsplassen nyttar seg av. Kvar dag
snakkar dei sjølvsagt om arbeidet, kva som skal skje denne dagen og korleis forholda er.
Nokon kan nemne oppdateringar dei har høyrt frå andre om reperasjonar og kva som har
skjedd sidan sist. Samtalane er også prega av dagsaktuelle saker som er tatt opp i diverse
media og av diskusjonar om kor utruleg dårleg styrt dette landet er. Det er også ein god del
snakk om bilar, bilmodellar, prisar, utsjånad og kor mykje betre Skoda er enn andre bilar.
Noko prat er av det ein kan skildre som sladder, det vil seie snakk som ikkje kan
karakteriserast som forteljingar, men som er meir eller mindre faktaopplysningar om folk –
kven som er i slekt med kven, kven som har kjøpt seg ny bil, eller om nokon har sett den og
den. Vidare kan mykje av snakket karakteriserast som småsnakk som får tida til å gå. Dette er
snakk som stort sett ikkje vert hugsa og referert til i andre samanhengar.

Det som står att som morosamt, underhaldande og verdt å trekke fram i fleire samanhengar er
samtaleforteljingane. Dei dukkar jamleg opp som ein måte å samtale på, både før, under og
etter arbeidet. Det er forteljingar om oddingar, andre arbeidarar, sjefen, om bilturar, om
sjømannslivet, om kompisar som klikkar gal.

44
KAPITTEL 4

Vi kan slik seie at arbeidarane på skiftet har eit kommunikativt repertoar (Orlikowski & Yates
1994) av samtalesjangrar og tema som dei har tilgang til og som dei kan velje å snakke om,
og ei studie av alle desse sjangrane ville gitt eit breiare bilete av korleis den totale
kommunikasjonen foregår. Samtaleforteljingane er slik ein liten smakebit av det store biletet.

45
ISCENESETTING

5 Forteljingane si plassering i samtalesamanheng


Som eg skildra i teorikapittelet, så har forskinga innan narrativar tradisjonelt vore fokusert på
den avgrensa forteljinga, og korleis den er bygd opp av ulike element – utan fokus på korleis
den står i forhold til resten av snakket den er ein del av. Dette kapittelet vil gi døme på
samtaleforteljingar (les kapittel 2.3) og diskutere i kva grad desse samtaleforteljingane
oppfyller kriteria til ei forteljing. Kapittelet vil også utforske samanhengen mellom
forteljingane, og i analysane vil eg fokusere på korleis samtaleforteljingane i utdraga står i
forhold til kvarandre. Her vil eg sjå nærare på korleis forteljingane dukkar opp i samtalen og
korleis dei blir avslutta.

Kapittelet byrjar med eit langt utdrag frå eit opptak på 25 minutt. Denne samtalen er svært rik
på forteljingar, og er slik eit godt døme som kjem til å illustrere korleis forteljingane er
relatert til kvarandre. Eg har markert transkripsjonen med farge i bakgrunnen når ei forteljing
er fortalt, slik at det skal vere lettare å identifisere og skilje forteljingane frå kvarandre. Eg
kjem til å gå gjennom kvar enkelt av desse i analysen etter transkripsjonen.

Utdraget nedanfor er på nesten fire minutt og er henta frå byrjinga på eit nattskift ei helg. Dei
som er med i samtalen er Robert og Svein, som er godt vaksne, som pratar med dei langt
mindre erfarne arbeidarane Kjersti og Frode. Det byrjar med at Svein kjem inn på
pauserommet, etter å ha vore og lest nyheiter på dataen i naborommet saman med
arbeidskollegaen Hagen. I bakgrunnen kan vi høyre at maskina går og produksjonen er i gang.

Samtale 1 ”Det her har eg aldri gjort før” (3 min 53 sek)


1 Svein han skal gå til ’søksmål no Hagen.
{kjem inn og set seg}
2 Kjersti (1.1)skal Hagen gå til søksmål?
3 Svein mot ein lege.
4 Kjersti å?
5 Svein <P rompisen P>.
6 <@ for hver gang Hagen kommer på sjukehuset til han
Mosengen så begynner han å ta han litt (..) bak i ’ræva
veitu.
7 åsså no har han lest i ei avis no at det var en lege så
hadde- e- sånn der isjias,
8 Robert [ein som hadde isjias.]
9 Svein [åsså en] lege som begynt å rot- rota ner- neri der
10 og søksmålet hadde nedimot tre @ millionar @,
11 Frode @@
12 Svein hadde ingenting i ’ræva å gjør når du har isjias @@@.
13 Frode @@

46
KAPITTEL 5

14 Svein jaja det er ein sånn ’luring han der ser du @>
15 Robert leger er leger ’det og.
16 Kjersti litt ’deilig då.
17 Svein jammen ’faen eg ’kom her,
18 hadde flerra opp--
19 Helge Holmen stod jo her åsså fikk eg,
20 (..) ’hundra kilo rett på fingen veitu sant?
21 så eg ’sprakk jo ’heile fingen her.
22 (..)s- ’flerra opp og så kom ’rett på sjukehuset,
23 og så komme Mosengen.
24 ”nei det her har eg aldri gjort før” sa han
25 eg sitter der alldeles ’ør i håve og sant?
26 <FORT også kommer legen og sier FORT> det her har eg
aldri gjort før sant?
27 Robert @
28 Svein og skal sy gjennom heile her.
29 ”då får du til ’helvete <@ ringa til ein annen lege @>”
sa eg.
30 så kom jo en an lege då så slapp eg sprøyte då så ’klarte
han å ’sy sammen dette her då,
31 Robert ja.
32 Svein du kan ikkje ’si sånt til pasienten det har ikkje eg
gjort før.
33 Kjersti har du følelsar i han no då?
34 Svein <P jajaja P>
35 Robert nei.
36 Svein <P gikk jo bra det P>.
37 det var heilt ’jævlig.
38 eg sku ta- sku bytta plater så var det ’ei plata som hang
’så ’jævlig.
39 Robert mhm.
40 Svein så klarte ikkje ska se e e--
41 vi ta- vi tar ’i då sir eg,
42 vi får ho ’bort.
43 så tok eg ’i ’eg.
44 så klarte ikkje han å holda følge med han når ’eg dro
’til.
45 og så ’slapp jo han vettu og då ’hoppa plato ’rett oppå
fingen med ’hansken på.
46 Robert mhm.
47 Svein !woap
48 v- v- med ’sink på.
49 Kjersti ao.
50 Svein og ’rett ned sant,
51 !bang rett ned.
52 ’fy [’faen]
53 Robert [husker] du når eg vrengte tommeltotten her ute?
54 Pettersen kjørte meg på sjukehuset,
55 han og Digranesen,
56 ’la tommeltotten bakpå her.
57 Frode ao.
58 Robert med den her boylen.
59 Svein mye verre det med Eiden det var enda verre.
60 ’fy ’faen.
61 Robert jajaja men det som var--
62 men men men det som var litt ’koselig var at det var
svensk lege.
63 fin ei,
64 så eg satt og koste meg der oppe eg og @--
65 Kjersti (..)m@@@.
66 Svein det e ’farlig det ’motholdet der,

47
ISCENESETTING

67 det e ’farlig,
68 ’motholdet som e på maskino der.
69 det e ’så stort så det.
70 Kjersti ’ka e motholdet?
71 Svein det blå s--
72 det blå som du ser der som går sånn.
73 ’oppå platå der,
74 det blå der.
75 Kjersti det e jo ikkje noe [blått]?
76 Svein [o-o-]oppe,
77 ja du ser d- det er blått.
78 ja det var blått før i hvertfall den gangen der.
79 Robert det er grønt no.
80 Svein du ser det går ’sånn så der.
81 Kjersti åja den ja ja?
82 Svein så e den så lit- så den holde på platene så den ikkje sku
hoppa av sant?
83 Kjersti mhm.
84 Svein og då sku han være så ’sterk han der ’Eiden med disse
kreftene sine vettu,
85 Og då (..)i stedet for å ’holda på sido så ’holder han
’inni motholdet [der] sant?
86 Robert [ja det stemmer.]
87 Svein og så sku- Arv- han der Espelanden han sku--
88 Robert tenkte--
89 Svein ja men han tenkte jo klokt han på den måten der sant?
90 Robert jajaja.
91 Svein og så sier han det atte,
92 og så kom jo selvfølgelig den der i klem veitu så han--
93 ’hørte det bare kor det surkla inni der.
94 Kjersti ao.
95 nei.
96 Svein så ’alt var sant knust inni.
97 også sier han ’kjør ’maskino ’ner sir eh (..) sir eh han
e--
98 Robert Eiden.
99 Svein og hadde Espelanden gjort det så hadde han ’dradd av ham
armen veitu.
100 Robert ja.
101 Svein det Espelanden gjorde han bare tok han litt ner og opp
igjen så han fikk ’laus den derre,
102 Robert ja.
103 Svein og spør om eg kan få se hånda hans,
104 du ’hørte bako det sirkla neri--
105 Frode @@.
106 Kjersti du har ikkje lyst å ’se det.
107 Svein og så ’begynte han å ’hyla.
108 Robert vondt veittu.
109 Svein fikk ’ikkje ta av hansken.
110 Robert nei.
111 Svein og kom på sjukehuset så satte de bare sprøyta ’rett
{klapper hendene sammen} i ’ræva på han sånn- på- e--
112 ’alt var knust alle fingrane.
113 Robert han var galen han asså for det atte,
114 til og med når vi hadde skjæring nede i heisen her,
115 kom ikkje han--
116 gikk ikkje han inn ’her.
117 Svein han satt på heisen opp.
118 Robert ja
119 han gikk inn i heisesjakta han og sprang ner heissjakta.
120 Svein ja blei med opp og.

48
KAPITTEL 5

121 Robert ja [opp <@ og ja >@].


122 Svein [me-men den] gangen var det jo ’bur då veit [1du1],
123 d-det gikk ein sånn lukk[2ete2]ma--
124 den lukka seg ’ned sånn,
125 du husker jo den?
126 Robert [1ja1]
127 Kjersti [2mm2]
128 ’nei den har eg ikkje sett.
129 Robert jo.
130 Svein den ’lukka seg veitu så gikk den opp.
131 Svein og tenk hvis den ikkje hadde lukke seg opp då,
132 Kjersti mhm.
133 Svein og sotte inni der.
134 Robert mhm.
135 Kjersti [eller] hvis den hadde gått til topps.
136 Svein [og så],
137 og når ikkje når det var--
138 kranen- e- sku bytta plater eller det var noe gale med
’kranen eller noe.
139 så ’tok han plata opp sånn og så ’bar de bort og dytta
platene sjøl. {demonstrerer det med hendene}
140 Kjersti @@@@
141 Svein heilt sprø.
142 Robert ja han var ikkje heilt tam XXX-
143 Kjersti <@ var han så jævlig sterk? @>
144 [1@@@1]
145 Svein [1om han var sterk og sterk1].
146 han er[2XX2-]
147 Robert nh- [2det2]klarer ’vi og det der,
148 eg ’og klarer det [3der3]uten problemer.
149 Svein [2klarer ’du og det,]
150 [4men eg4]
[5’gidder ikkje å gjør det5].
151 Kjersti [3ja ja3] [4men allikavel4].
152 Svein [ det va så- det var så5]’dumt å se på veit du.
5

153 Kjersti ’han kunne gjort det.


154 Svein bæra de platene?
155 det gjorde han der andre,
156 d- det er ikkje mange som har gjort det,
157 han derre ’jævla Davidsen han derre--
158 Robert ja.
159 Eriksen og.
160 Svein Morten Davidsen.
161 Robert ja.
162 Svein han gjorde e- det ’tullet der.

Som vi kan sjå, har eg delt dette utdraget opp i 6 samtaleforteljingar. Fire av desse blir fortalt
av Svein: (1) ”Legen som vart saksøkt”, (2) ”Svein på sjukehuset”, (3) ”Korleis fingeren til
Svein sprakk”, (5) ”Eide får knust handa i maskina”. Ei forteljing blir fortalt av Robert (4)
”Robert på sjukehuset”, og den siste forteljinga blir fortalt av både Svein og Robert (6) ”Kor
gal Eide var”. Eg kjem no til å sjå på korleis samtalen utviklar seg ved å analysere kvar
samtaleforteljing og vise korleis den blir initiert, fortalt og avslutta.

49
ISCENESETTING

Forteljing (1) - ”Legen som blei saksøkt”


Svein byrjar å fortelje allereie før han kjem inn i rommet. Det er sannsynleg å tru at Svein og
Hagen har utveksla nokre morosame kommentarar etter å ha lest på nettet om ein pasient med
isjias som fekk tre millionar i erstatning i det andre rommet, og no vil Svein meddele det til
alle dei andre. Ochs & Capps (2001) seier om annonsering av forteljingar: ”The first and most
fundamental step in successfully launching a narrative is to establish shared attention on the
story to be told” (ibid.:114). Svein annonserer forteljinga før han kjem inn i rommet og får
sett seg, og slik har han sikra seg merksemda til dei andre. Han fortel ikkje forteljinga med ein
gong, men lar ytringane ”henge i lufta” til lyttarane har signalisert at dei har gitt han
oppmerksomheit. Svein hadde ingen oversikt over kva samtalen på pauserommet har dreia seg
om før dette. Det var ein roleg samtale prega av lange pausar mellom få ytringar, og dei
snakka om korleis dette skiftet kom til å bli, sidan det førre skiftet stod og arbeidde når dette
skiftet kom på arbeid. Det kan derfor vera truleg at ein slik ankomst og annonsering som
Svein kjem med, var ønska. Det vart i alle fall godt motteke. Det kan vi sjå ut av at Kjersti
spør allereie i linje 2, kanskje for å sjekke om det var riktig det ho høyrte, men det kan også
vere for å gi samtaleordet over til Svein. Spørsmålet kan fungere som eit signal til dei andre at
vi skal høyre på han, og eit signal til Svein om å fortsette med å fortelje. I linje 4 kjem ho også
med ”å?” som kan sjåast som ei ny oppfordring om å fortelje vidare. Det kan også sjåast på
som eit uttrykk for eit overraskande tema, og at ho spør for å gje eit signal på at ho treng litt
meir forklaring. Svein gir svar (i linje 5) og forklarer kven det er (”rompisen”) – for nokon av
lyttarane er dette kanskje ei kjent karakteristikk av legen.

Svein si annonsering av nyheita om Hagen og spørsmåla frå Kjersti (linje 1-5), gir Svein den
merksemda og det rommet han treng for å fortelje hendingsrekkja om både Hagen og legen
hans (1-7) og om legen i nettavisa (linje 5-10). I linje 7 seier Svein at det er legen som har
isjias. Då er Robert snar og presiserer i forteljinga at det var ”ein (pasient) som hadde isjias”.
Svein retter ikkje opp feilen, men fortel vidare – kanskje fordi Robert allereie hadde gjort det.

Svein byggjer opp forteljingane sine med trykk på sentrale ord (’søksmål, ’ræva, ’luring) og
han fortel med eit smil og latter (i linje 10, 12) om legene som roter i ræva på pasientane sine.
Funksjonen til ordet ”rompis”, kan sjåast på som ein frampeikar til det Svein gjer til eit av
poenga i forteljinga i linje 13: ”hadde ingenting i ræva å gjøra der når du har isjias”.

50
KAPITTEL 5

Frode ler også i (i linje 11, 13). Latter kan ofte vere eit tilbakekoplingsignal som gir respons
til den som snakkar om at det han seier til dømes er forstått og godkjent og han kan snakke
vidare (jf. Rustad 2005:95). Latteren til Frode kan også vere ei stadfesting på at forteljinga har
underholdningsverdi.

I linje 14 kjem Svein med ein avslutningsmarkør ”jaja han er ein luring han der ser du”. Kva
som er den nøyaktige meininga med denne setninga, er vanskeleg å seie. Det kan peike tilbake
til både Hagen og legen hans. Det kan også vere ein kommentar sagt for å forsterke eitt av
poenga han har kome med: at legen ikkje har gjort jobben sin skikkelig eller at Hagen (igjen)
er ute etter lettente pengar (jf. ”no” i linje 1). Om ein ser på kva Robert og Kjersti svarar til
Svein sin avslutningsmarkør, kan det sjå ut som om begge to tolkar ”luring” som eit ord for
homofil. Robert kjem med sin eigen runde avslutningskommentar ”leger er leger det og”
(linje 15) som vi kan forstå som ”leger er folk det og” og tolke i retninga at også legar kan
vere dårlege arbeidarar eller vera homofile. Kjersti avsluttar forteljinga med setninga ”litt
deilig då” - underforstått å bli rota litt i ræva (linje 16). Denne ytringa kan fungere som
avslutningsmarkør på forteljinga, men også ein provoserande kommentar og reaksjon på
forteljinga som er fortalt. Vi ser her eit døme på at det er ikkje slik at forteljinga stoppar etter
ein avslutningsmarkør. Å avslutte ei forteljing er eit samarbeid på lik linje som å avslutte ein
samtale (jf. Svennevig 1995). I dette tilfellet ser vi at både Svein, Kjersti og Robert kjem med
avslutningmarkørar og at dei samarbeider om å avslutte forteljinga.

Forteljing (2) - ”Svein på sjukehuset”


Om ein går vidare og ser på forteljing (2), kan ein også tolke Kjersti sin avslutningsmarkør i
forteljing (1) som ei oppmoding om å fortsette samtalen – særleg sidan Svein svarar tilbake
med litt auke i volumstyrke og banning ”jammen ’faen eg kom her” (linje 17). Når ein aukar
volumstyrke og bannar med litt ekstra trykk, kan det vera ein måte å få og halde ordet på.
Ytringa i seg sjølv har (om ein ser på meiningsinnhald) lite å gjere med det som er fortalt før
og det som kjem i forteljinga etterpå (linje 18-26). Svein innleier også den nye forteljinga si
med ordet ”jammen”, og når ein ser forteljinga (2) som kjem, blir den både eit svar på den
provokasjonen Kjersti kjem med (i linje 16) og ei innvending mot Robert og Kjersti si
forståing av poenget i forteljing (1). Det er ikkje det at legen var homofil (”luring”) som var
poenget, men at legen ikkje gjorde jobben sin skikkeleg. For å vise dette, fortel Svein ei
forteljing (2) om når han sjølv vart feilbehandla av ein lege (Moseng). Dette poenget blir også

51
ISCENESETTING

repetert fleire gongar (linje 12, 24, 32). Den andre forteljinga til Svein blir altså eit innlegg om
korleis den første forteljinga skal oppfattast.

Avslutninga på denne forteljinga byrjar i Kjersti sitt spørsmål (i linje 33). Ho kommenterer
ikkje forteljinga, men spør ”har du følelsar i han no då?” – eit spørsmål for å undersøkja om
skaden var stor, og som kanskje (nok ein gong) er litt på sidelinja av poenget til Svein, men
denne kommentaren kan også tolkast som om Kjersti stiller spørsmål om legen har gjort ein
kompetent jobb. Svein svarar lavt (i linje 34, 36) ”jajaja. det gikk jo bra det.” som om han
faktisk seier at det har ingenting med saken å gjere, medan Robert svarer (noko som høyres ut
som eit ironisk) ”nei” (i linje 35). Kjersti har kan hende misforstått poenget, men ho får
samtalen til å skifte fokus frå å handle om korleis Svein vart (feil)behandla på sjukehuset, til
fokus på korleis fingeren klarte seg. Dette kan tolkast som om at ho vil at Svein skal fortelje
meir, eller ho vil skifte samtalefokus – kanskje nettopp fordi ho vil at Svein skal fortelje meir
om denne ulykka. Vi kan ikkje vite om det var det Kjersti ville, men resultatet av fokusskiftet
er at Svein byrjar å fortelje ei ny forteljing - om korleis fingeren sprakk (forteljing 3) .

Forteljing (3) - ”Korleis fingeren til Svein sprakk”


Om akkurat denne forteljinga er ei ny forteljing eller ei utdjuping av forteljing (2), kan
diskuterast. Vi ser at i samanheng så fungerer (3) som ei meir detaljert bakgrunnsforteljing til
forteljing (2). I den sa Svein at han ”fekk ’hundra kilo rett på fingen” (linje 20) og at heile
fingeren sprakk (linje 21). Dette har dei andre deltakarane i samtalen høyrt før, men i
forteljing (3) utbroderar Svein korleis det skjedde, kva han gjorde og kva Helge Holmen
(ikkje) gjorde (linje 19, 44, 45). Han introduserer forteljinga med poenget om ”det var heilt
jævlig” (linje 37), og fortel vidare hendingsrekkja (frå linje 38-47) om at dette var eit
arbeidsuhell. Ei katodeplate hang fast og var vanskeleg å få laus, slik at Svein måtte ha hjelp.
Dei klarte ikkje å vere samkjørte i arbeidet, noko som gjorde at Svein fekk denne plata på
fingeren. Avslutningsvis blir poenget repetert og illustrert med onomatopoetikona ”!woap”
og ”!bang”, og saman med banninga (i linje 52) blir det understreka kor ille og vondt det var.
Om ein berre ser på forteljing (3), så handlar denne om når Svein fekk ei plate med sink på
fingeren og måtte på sjukehus. Om ein ser denne forteljinga i samanheng med (2), fungerer
den som ei utdjuping av denne. Når vi ser forteljing (3) i lys av begge dei føregåande
forteljingane, kan også denne tolkast som ein kritikk mot at ein arbeidar (i dette tilfellet Helge
Holmen) ikkje gjorde jobben sin skikkeleg.

52
KAPITTEL 5

Forteljing (4) - ”Robert på sjukehuset”


Robert har også skada fingeren (linje 53, forteljing 4) og får fortalt det kort (i linje 53-62).
Han startar si forteljing med å vende seg mot Svein og spør om han huskar ”når eg vrengte
tommeltotten her ute?”. Dette er ei ytring som kan kallast for ei preannonsering som er ”en
typ av sekvens där man tar reda på om det man tänkt tala om är känt eller inte för övriga
samtalsdeltagare” (Norrby 1996:112). Eg ville kanskje heller kalla det eit retorisk spørsmål
(sidan Robert veit svaret), men med den same funksjonen som preannonseringar har; den
skapar rom for at ein kan fortelje. Han refererer til ei spesiell hending som har potensialet til å
bli ei forteljing, og får fortsetje å fortelje.

Robert får derimot ikkje like mykje hjelp med å komme fram med forteljinga si som Svein.
Han rekk å kontekstualisere forteljinga med å seie resultatet av kva som skjedde (”vrengte
tommeltotten”), kvar det skjedde (”her”), kven som var der når det skjedde (”Pettersen” og
”Digranesen”), før han blir avbroten av Svein som seier ”det med Eiden det var enda verre”
(linje 59). Svein har tolka poenget i forteljinga som om at poenget til Robert var at det var ille
å vrenge tommeltotten, og han protesterer mot dette i avbrytinga si. Robert må derfor kjempe
litt for å få fortalt resten; han snakkar fortare, i eit lysare toneleie og han kjem med orda
”jajaja” og innvendingane ”men men men” som indikerer at han gjerne vil ha ordet – noko
han får (i linje 60-61). Det han formidlar (i linje 61-64) er derimot ei anna oppleving av å vere
på sjukehuset og eit anna poeng enn Svein. Robert hadde i motsetning til Svein eit hyggeleg
opphald og koste seg (linje 62-64) fordi han fekk ei fin svensk lege. Kjersti avsluttar
samtaleforteljinga med ein bekreftande latter som har ein undertone som ymtar om at ho
skjønner akkurat korleis han koste seg (linje 64).

Forteljing (5) - ”Eide får knust handa i maskina”


Svein avbryt som sagt forteljinga til Robert med å seie at ”det med Eiden det var enda verre”
(linje 59), og det er denne forteljinga som Svein kjem tilbake til (i linje 82), men først har han
ein relativ lang introduksjonssekvens der han sikrar seg at deltakarane veit kva han snakkar
om når han skal fortelje. Han byrjar i denne introduksjonssekvensen med å seie at ”motholdet
er farleg” (linje 66, 67), han forklarer korleis det ser ut (blått, stort, grønt) og kvar vi finn det
(linje 71-85). Dette er kanskje bakgrunnsinformasjon mest retta mot Kjersti som er ferievikar,
og som difor mest sannsynleg ikkje har så store kunnskapar om maskina.
Introduksjonssekvensen inngår ikkje direkte som ein del av hendingane i forteljinga, men

53
ISCENESETTING

fungerer som ein kontekstualiserande satellitt mot hovudsekvensen sidan den er fortalt med
signal som byggjer opp under poenga til forteljinga.

Introduksjonssekvensen blir fortalt i presens, men når Svein skal til å fortelje om den
spesifikke forteljinga, gjer han eit skifte i tid frå presens til preteritum. Det ser vi når Svein
spesifiserer den konkrete hendinga ”ja det var blått før i hvertfall den gangen der” (i linje 78)
og når han skiftar tid og byrjar å fortelje: ”så den holde på platene så den ikkje sku hoppa
av”( i linje 82). Ei slik introduksjonssekvens kan gjere lyttarane spente på kva det er som
kjem, samt sikre at lyttarane vil skjønne kva forteljaren fortel, men det kan også vere ein måte
å sikre at lyttarane ikkje vil avbryte Svein med spørsmål når han først byrjar å fortelje.

Svein fortel om Eide som fekk knust handa fordi han ikkje følgde prosedyre, men heldt handa
inne i det farlege mothaldet på maskina. Handa vart knust, men armen vart redda av Espeland
som i staden for å høyre på Eide, manøvrerte maskinene og gjorde det han skulle gjere i ein
slik situasjon (linje 85-101). No har eigentleg Svein fortalt forteljinga om korleis Eide skada
seg, og korleis Espeland redda armen, men Svein held fram: ”spør om eg kan få se hånda
hans” (linje 103), og han repeterer ein tidlegare kommentar ”hørte bare kor det surkla neri”
(linjene 93, 104), fortset med ”så begynte han å hyla” (linje 107), ”fikk ikkje ta av hansken”
(linje 109), ”kom på sjukehuset så satte de bare sprøyta rett i ræva på han” (linje 111), ”alt
var knus alle fingrane” (linje 113). Vi ser her at Svein aukar på med skildringar, utbroderer
handlinga, og opplevinga blir verre og verre med kvar ekstra informasjon. Vi ser også at det
skjer ei stigning av skade for kvar forteljing som blir fortalt: i (2) sprakk ein finger, i (4) gikk
tommelen av, i (5) vart alle fingrane og heile handa skada.

Svein knyt også denne forteljinga til dei andre forteljingane i samtalen; han nemner hansken
som Eide ikkje får ta av seg – han sjølv hadde hansken på når han skada seg i forteljing (3)
(linje 45). Eide kjem også på sjukehuset i likskap med Hagen (forteljing 1), Svein (forteljing
2) og Robert (forteljing 4), og i forteljing (6) får Eide sprøyte ”i ræva” og er eit døme på at
den erotisk lada tonen (frå forteljing 1) blir formidla vidare. Vi ser altså at nokre tema frå
forteljingane blir repeterte gjennom heile samtalen og gjort aktuelle i dei nye forteljingane.

54
KAPITTEL 5

Forteljing (6) - ”Kor gal Eide var ”

Robert fortset sporet til Svein og fortel vidare om Eide som ikkje gjorde jobben slik som han
skulle, men ”var galen”. Svein er einig, og saman listar dei opp kva som gjer Eide så gal.
Robert byrjar med ”når vi hadde skjæring nede i heisen her kom ikkje han gikk ikkje han inn
her” (linje 114-116), og Svein poengterer og fullfører setninga til Robert; ”han satt på heisen
opp” (linje 117). Robert seier seg einig, men hevdar at Eide ”gikk inn i heisesjakta han og
sprang ner” (linje 119). Svein repeterer, men modifiserer at Eide ”blei med opp (heisen) og”
og Robert seier seg einig (118, 121). Dette er ikkje ei forteljing om ein spesifikk hending, og
bygd opp som ei vanleg forteljing. Dette er forteljinga om Eide og korleis han var som
arbeidar. Den er bygd opp av fleire andre forteljingar gjennom forhandling mellom Robert og
Svein om kva som var gale med Eide, og dei fortel forteljinga til dei andre deltakarane som
ikkje kjenner han.

Svein vender seg mot Kjersti (”du” i linje 122, 125, 130) og forklarer vidare korleis heisen
fungerer (linje 122-130) og farane med den (linje 131, 133). Dette underbyggjer påstandane
om at Eide var gal. Samtidig kan dette visa til at Svein påpeiker korttenking frå den erfarne
arbeidaren si side – følgjene kunne vere at han vart sittande låst inne. Kjersti forstår og viser
dette med å foreslå enda ein fare med å sitte på vareheisen: den kunne gått til topps (135). I
linje 137-141 kjem Svein tilbake til kor gal Eide var: at han bytta platene sjølv om kranen var
øydelagt. Kjersti ler (140, 143, 144) og spør om han verkeleg var så sterk at han gjorde det.
Svein og Robert seier at det ikkje handlar om å vere sterk (146), medan Robert seier at
”klarer jo ’vi og (…) eg ’og klarer det” (147, 148), og Svein går enda lenger og seier ”klarer
’du og det” (149). Det handlar ikkje om å vere sterk, men om å gidde å gjøre det (Robert i
linje 150) og at det var så dumt å sjå på (Svein i linje 152), Forteljinga om Eide byrjar i
forteljing (5) med eit utbrodert tilfelle om kor galen Eide var og korleis han skada seg, medan
forteljing (6) fortset med fleire korte døme på kva Eide kunne finne på å gjere. Vi ser at det
finst mange forteljingar om korleis Eide utfører jobben sin på ein farleg måte som set kroppen
og helsa i fare, og i samtalen som held fram ser vi at det finst fleire forteljingar om andre slike
arbeidarar.

5.1 Korleis definere ei samtaleforteljing?


Som eg forklarte i teorikapittelet, har samtaleforteljingar visse kriteria; i og med at det er
forteljingar i ein samtale finst det nødvendigvis meir enn ein deltakar, og det kan også vere

55
ISCENESETTING

fleire enn ein som fortel. Samtaleforteljingane kan ha ei eller fleire episodar, med ei
hendingsrekkje som er ein meir eller mindre samanhengande sekvens med ein indre
samanheng og eit avgrensa ytre, dvs. at den har ei hendingsrekkje med byrjing, hendingar
(midtdel) og slutt. Forteljinga må også ha eitt eller fleire poeng. Det kan likevel vere litt
vanskeleg å avgjere når ei forteljing startar og sluttar i ein samtale, fordi forteljinga kan ha
fleire episodar, fleire forteljarar og poenga kan vere mange og liggje på fleire nivå i
forteljinga (meir om poeng i kapittel 7). Om vi ser på dei forteljingane over, så har eg markert
i forteljingane når dei har fått sine lokale avslutningar, men som eg nemnte i analysen, så kan
framleis neste forteljing vera ei utdjuping av den førre forteljinga. Dette såg vi var tilfellet i
forteljing (3). Denne forteljinga fungerer i samtalen (sin samanheng) som ei utdjuping av
forteljing (2), men dei er begge forteljingar med indre samanheng med episodar og poeng.

I forteljing (1) har vi to episodar; (1) Hagen som skal gå til søksmål fordi legen har undersøkt
han på feil stad, og (2) legen som hadde blitt saksøkt av ein pasient med isjias med krav om
tre millionar. Desse to liknande episodane står i relieff (Evensen 1991) til kvarandre, og
skapar saman ei forteljing med to episodar. Vi kan seie at hendingsrekkje 1 fungerer som
introduksjon til hendingsrekkje 2, eller at hendingsrekkje 2 blir ei grunngjeving for
hendingsrekkje 1, men desse to episodane har same poeng som Svein ytrar i linje 12: ”hadde
ingenting i ræva å gjør når du har isjias”.

I forteljing (2) ser vi at Svein innleiar forteljinga (frå linje 17-19) med introduksjonen25
”jammen ’faen eg ’kom her”, han avslører eller gir noko som kan tolkast som eit frampeik til
eit poeng i neste ytring ”hadde flerra opp—”, og kontekstualiserer kvar det skjedde og kven
som var til stades i neste ytring ”Helge Holmen stod jo der”. I midtdelen i forteljinga (frå
linje 20-23) ser vi ei logisk rekkje av hendingar som skjer etter kvarandre, før eit poeng
avsluttar denne logiske episoden ”nei det her har eg aldri gjort før” (linje 24). Dette blir også
repetert (i linje 26), og forteljinga har fått sitt logiske sluttpunkt her, men Svein fortel vidare
og held fram med hendingsrekkja (linje 29- 30). Vi kan seie at forteljinga er i
avslutningsfasen når Svein repeterer poenget nok ein gong (i linje 32), og som eg kom inn på i
analysen tidlegare så forhandlar Kjersti og Svein om korleis forteljinga skal tolkast vidare.
Kjersti prøvar å få fokuset i samtalen over til fingeren, medan Svein gir uttrykk for at det var
ikkje problemet med fingeren som var poenget. Som vi har sett, har forteljing (2) ei

25
Eriksson (1997) skil mellom introduksjon (”intro”) og innleiing (”inledning”). Introduksjonen er første ytring i
innleiinga.

56
KAPITTEL 5

hendingsrekkje med innleiing, midtdel og poeng, med ein ekstra midtdel og repetering av
poeng. Det frampeiket (i linje 18) mot poenget om at Svein hadde skada seg, kan i analysen
tolkast som del av hendingsrekkja, og ikkje eit poeng, fordi denne forteljinga ikkje handla om
korleis Svein skada seg, men er ein repetisjon av poenget i førre forteljing; legen som ikkje
kunne jobben sin.

I samtaleforteljingar kan det hende at mykje av hendingane ikkje blir forklart, eller uttala
eksplisitt, og det er opp til lyttaren å skape resten av forteljinga. Forteljing (4) om når Robert
skada seg og kom på sjukehuset er eit døme på dette. Robert fortel to episodar der den første
episoden er skildra med ei hendingsrekkje utan nokon bakgrunnsinformasjon eller utgreiing:
han vrengte tommeltotten (linje 53), Pettersen og Digranes kjørte han på sjukehuset (linje 53-
54), tommelen var såpass skada at han kunne legge den bak (linje 56). No blir rett nok Robert
avbroten av Svein som protesterer på at det var så ille, kanskje fordi Robert ikkje hadde kome
med noko poeng i forteljinga. Men i neste episode kjem Robert med poenget sitt; at han fekk
ein kvinneleg lege og at han koste seg. Poenget er ikkje ein logisk forklaring eller avslutning
på hendingsrekkja i den første episoden i denne forteljinga, og i seg sjølv ville ikkje desse to
episodane vore fullstendige forteljingar. Om vi ser dei i samanheng med dei andre
forteljingane som er fortalt før, blir det ei samtalefortejing som gir meining. Robert deler si
erfaring om å vere på sjukehus, men har eit positivt opphald i motsetnad til Svein.

Vi ser at det ikkje finst nokon klar mal for korleis ei samtaleforteljing er oppbygd eller kva
som kjenneteiknar ei forteljing; dei kan ha fleire episodar med same poeng, og poeng utan
klar hendingsrekkje. Dei er bygd opp på ulik måte og dukkar opp i snakket til ulik tid. Dei er
avhengige av konteksten for å vere meiningsberande. Likevel kan vi kalle dei
samtaleforteljingar. Dei logiske samanhengane i ei forteljing treng ikkje alltid å bli uttrykt
eksplisitt fordi samtalane byggjer på kvarandre og på forteljingane som er fortalt før, som
alltid er konteksten deltakarane tolkar forteljinga utifrå.

5.2 Korleis gir den eine samtaleforteljinga rom for den neste?
Vi har sett at forteljingane har gått frå å vere ei forteljing som er lest i avisa, som blir overført
til ein arbeidar som har opplevd noko av ”det same” som forteljinga i avisa. Desse
forteljingane har handla om legar som ikkje gjer jobben slik som dei skal, noko som får Svein
til å fortelje om legen som ikkje gjorde slik som han skulle når Svein skada seg. For å

57
ISCENESETTING

underbyggje denne forteljinga, forklarer Svein korleis han skada seg. Robert har også skada
seg, men hadde eit hyggeleg opphald på sjukehuset. Svein fortel så om Eide som skada seg
mykje verre enn Robert, og dette haustar igjen mange forteljingar om Eide som ikkje gjer
jobben sin slik han skal. I sekvensen finst det altså lokal kontinuitet i rekkja frå eit tema
(episode) til det neste, men samstundes flyttar fokus slik at forteljing (1) ikkje har noko å
gjere med forteljing (6).

Vidare har vi sett at alle forteljingane blir initierte av forteljaren sjølv, Svein eller Robert, og
at dei byggjer på det som tidlegare er blitt sagt i samtalen. I samtaleforteljing (1) annonserte
Svein ein episode og samtaleforteljing (2) vart innleia med ei motforestilling av korleis den
førre skulle tolkast. Samtaleforteljing (3) byrjar med poenget i forteljinga, medan Robert i
forteljing (4) initierer forteljinga med å annonsere kva den skal handle om. Svein initierer
først forteljing (5) midt i forteljing (4), før han brukar god tid til å gi bakgrunnsinformasjon
om kor farleg mothaldet på maskina er. Deretter fortset han forteljinga (i linje 84) der han
slapp den (i linje 60). Vi har også sett Kjersti si medverking til at nye forteljingar vert fortalt.
Ho har stilt spørsmål (som av og til er på sida av poenget) som har fått Svein til å fortelje nye
forteljingar.

Forteljingane vert avslutta med avslutningsmarkørar både av hovudforteljaren og stundom av


dei andre som høyrer på. Avslutningsmarkørane vert uttrykte gjennom latter eller ytringar
som stadfester deltakarane si forståing av poenget.

5.2 Intertekstualitet mellom forteljingane


No har eg sett på kvar samtaleforteljing i utdraget, og korleis dei har gitt rom for kvarandre.
Intertekstualitet er eit omgrep ein brukar om ulike tekstar som på ein eller annan måte,
gjennom til dømes sitat eller antydingar, er kopla til kvarandre og slik skapar ei ekstra
meining26. Dette omgrepet er henta frå Julia Kristeva (1967) som byggjer på Mikhail Bakhtin
si forståing av språk der kvar ytring er eit svar på ei anna ytring. I dette materialet finn vi ein
intern intertekstualitet, som vi her kan kalle intratekstualitet, mellom forteljingane i same
samtale. I tillegg finn vi ein ekstern intertekstualitet, til dømes mellom forteljingar og anna

26
Omgrepet intertekstualitet vart skapt av Julia Kristeva i 1967 (i artikkelen "Le mot, le dialogue et le roman."),
men vart sidan forkasta (av same person) og erstatta av omgrepet transposisjonalitet. Omgrepet lever likevel
vidare, også i denne oppgåva.

58
KAPITTEL 5

som ikkje kjem eksplisitt fram i samtalen, men som kunne ha blitt utvikla til ei forteljing (eller
blitt fortalt i andre samtalar).

5.2.1 Svarforteljing
Ofte, etter at nokon har fortalt ei forteljing, så fortset samtalen med ei ny forteljing. Desse
forteljingane som følgjer kvarandre, og slik har ein intratekstualitet, blir kalla svarforteljingar
(”response story” Norrick 2000). I ein samtale med fleire forteljingar etter kvarandre blir som
regel kvar forteljing eit svar til den forrige forteljinga (eller andre forteljingar fortalt
tidlegare). Norrick skriv at i typiske svarforteljingar prøver forteljaren å gjengi like tilhøve,
han demonstrerer lik oppførsel og har like vurderingar av forteljinga som tidlegare
forteljinga(r):

A typical response story depicts the new teller in similar circumstances, demonstrating similar
behaviors, and arriving at similar conclusions. Such response stories can be painstakingly fitted to the
foregoing story; conversely, because response stories demonstrate a particular understanding of their
predecessors, they determine what these predecessors are taken to mean.
(Norrick 2000:133)

Norrick skriv også her at svarforteljingar kan vise fram korleis (den nye) forteljaren har
forstått poenget og bodskapen i den førre forteljinga, og er med på å bestemme korleis den
førre forteljinga skal bli oppfatta. Han presiserer også funksjonen til svarforteljingane:
”response stories are constructed to demonstrate understanding of their predecessors and to
comment on them” (Norrick 2000:112). Dette støtter opp om det vi har sett døme på i dette
utdraget: forteljing (2) som blir fortalt som eit svar på korleis forteljing (1) skal oppfattast, og
forteljinga (3) som kan sjåast på som ei utdjuping av forteljing (2). Dei er svarforteljingar til
kvarandre. Gjennom svarforteljingar kan deltakarane utveksle og samanlikne like og ulike
erfaringar, men deltakarane kan også utvikle samtalerommet ved å bruke svarforteljingane til
å prøve å overgå kvarandre; frå å ha isjias (forteljing 1), sprekk fingeren (forteljing 2,
forteljing 3), tommeltotten blir vrengt (forteljing 4), og til slutt blir heile handa knust
(forteljing 5). Korleis forteljingane svarar og relaterer seg til andre forteljingar, blir slik
ganske spennande å sjå på for å forstå korleis deltakarane tolkar og forstår dei førre
forteljingane.

59
ISCENESETTING

5.2.2 Forteljingskandidatar27
Dei fleste samtaleforteljingane i dette utdraget har ein forteljande episode med ei
hendingsrekkje med eitt eller fleire poeng, samt aktive og responderande deltakarar. Men
samtalen ber også i seg andre forteljingar; forteljingar som ikkje blir fortalt ferdig, eller som
blir avbrotne og av ein eller annan grunn ikkje fullført. Ytringar som deltakarane kunne ha
utvikla til ei samtaleforteljing, men som av ulike grunnar ikkje blir realisert i samtalen, kallast
forteljingskandidatar. Desse byggjer på ein ekstern intertekstualitet og har element av
forteljingar som ikkje blir kommenterte i samtalen, men som er med på å gjere samtalen og
forteljingane rikare. Å vise fram at samtalane ber i seg fleire forteljingar enn dei
samtaleforteljingane som er lette å sjå, kan vere med på å peike på kor mykje av snakket som
inneheld element av forteljingar.

Implisitte forteljingar
Forteljingskandidatar som ymtar på ei viss, velkjend hendingsrekkje, men som ikkje blir
fortalt ut, har eg valgt å kalle implisitte forteljingar. Dei kan ha ein underforstått tone eller ei
forteljing som ikkje blir særskild nemnd. Det ligg til dømes ei implisitt forteljing i denne
samtalen som ikkje blir fortalt ut eller kommentert. I heile samtalen kan ein ane ein seksuell
ladd tone med orda ”rompisen”, ”i ræva”, ”litt deilig då” og ”koste meg”. Svein
introduserer tonen med ”rompisen” i første forteljing, som kan gjere at poenget hans blir
tolka i ei seksuell retning av Kjersti og Robert. Svein antydar, og framkallar, ei implisitt
forteljing om ”legeundersøkelse av den homofile legen” som Kjersti og Robert har tenkt ut i
hovuda sine, og som dei viser at dei har forstått med sine avslutningsmarkørar. Robert spelar
også opp om den erotiske tonen i si forteljing om då han kom på sjukehuset. I forteljing (4)
ymtar han om, og spelar på, ei gjenkjenneleg, erotisk hendingsrekkje; ”mann møter ei fin,
kvinneleg, svensk lege”, og det at Robert presiserer at legen var ei ”fin ei” (linje 63), kan
oppfattast som ei motsetning til homoseksualiteten i forteljingane (1) og (2). Vi forstår også
med denne ytringa at legen var kvinne, noko som ikkje har blitt sagt tidlegare, og det blir
nærast opp til lyttaren å tenke ut kor mykje Robert koste seg på sjukehuset. Vi kan også spørje

27
Merk at dette er ein annan bruk av omgrepet enn det Cathrin Norrby (1998) nyttar. Ho nyttar omgrepet
”berättelsekandidat” (s.57) som eit analytisk omgrep forskaren nyttar som reiskap for å kunne identifisere
forteljingar i samtalane. Ho argumenterer for at ikkje alle forteljingane vil kunne innfri alle kriteria til kva ei
forteljing skal innehalde, og at ho som forskar ikkje kan vere sikker på å klare å identifisere alle sekvensar som
fungerer som ei forteljing for samtaledeltakarane. Forteljingskandidat vert elles i CA nytta som eit omgrep knytt
til eit deltakaperspektiv. Ein kan snakke om forteljingskandidat som noko deltakarane sjølve trur eller veit dei
kunne ha utvikla til ei forteljing.

60
KAPITTEL 5

oss om kvifor Robert vil presisere at ho var fin, om det ikkje er for å spele på ei seksuell
undertone. Som vi ser av reaksjonar på forteljingane, kan det sjå ut som at lyttarane tolkar
forteljingane i erotisk retning fordi forteljaren har gjort det relevant (jf. Kjersti sin latter i linje
65).

Assosierte forteljingar
Ei anna form for forteljingskandidat, er det eg har kalla assosierte forteljingar. Gjennom
enkelte ord eller heile setningar, kan poeng eller hendingsrekkjer frå andre spesifikke
forteljingar (som er fortalt før og er kjende for deltakarane) bli knytt inn i samtalen. Dei
assosierte forteljingane lever i snakket og gir ein ekstra dimensjon til det som blir sagt –
gjerne utan at dei blir kommentert vidare eller vidareutvikla til ein samtaleforteljing. Eit døme
på dette finn vi i utdraget når Kjersti seier om heisen: ”eller om den hadde gått heilt til topps”
(linje 135, forteljing 6). Ho siktar til forteljinga om den gongen heisen gikk til topps28.
Snakket får ei ekstra meining fordi dei assosierte forteljingane blir rekontekstualiserte (Linell
1998, ”recontextualisation”) inn i den lokale konteksten; dei gamle poenga i den tidlegare
forteljinga blir hugsa, men dei står i lys av ny kontekst og den assosierte forteljinga får ein ny
funksjon. I dette dømet viser Kjersti gjennom å referere til ei anna forteljing, at ho har skjønt
poenget i forteljinga som blir fortalt her og no og dei farane som kan skje. Denne forteljinga
får stå utan kommentarar, men dialogen er blitt meir kompleks for dei deltakarane som
skjønar kva ho siktar til. Begge forteljingane, både samtaleforteljinga og den assosierte, er
tilstades i snakket i lys av kvarandre. Det er verdt å merke seg at desse forteljingane berre vil
vere tilgjengelege for dei deltakarane som har fullt medlemsskap i miljøet, og kjenner dei
forteljingane som blir fortalt her.

Ikkje-realisert forteljing
Nokre forteljingar får vi aldri vite kva handlar om, og eit døme på ein forteljingskandidat, som
blir avbroten og ikkje-realisert, kan vi sjå i dømet under der Robert er på veg til å fortelje
(noko som kan sjå ut som ein intro til) ei forteljing, etter at Svein har hatt ein lengre tur:

28
Ein arbeidar skulle hente ein pakke sink frå heisen, men når han kom til heisen, så var ikkje heisen der (!). Han
skjønte ingenting og såg grundig etter i heissjakta: ”Ein heis kan da ikkje forsvinne?”. Så ser han opp i taket, og
der henger den. Den har gått langt forbi der den skal stoppe.

61
ISCENESETTING

Samtale 2 - Utdrag 1 (sjå kap. 6.1.1)


9 Svein sånne folk som har vært gjennom heile [tida]--
10 Robert [såg Pettersen når han XXX]--=
11 Svein =’3 og ’2 er e- v- verste skift,

Her blir forsøket på å ta ordet oversett, og Robert si ytring blir ein kandidat til ei forteljing
som ikkje blir fortalt (i denne samtalen i alle fall). Desse ikkje-realiserte forteljingane er også
med på å vise kor rike samtalane er av forteljingar. Det er så mykje som er opplevd og som
kan forteljast, men det er ikkje alltid rom for alle forteljingane.

Forteljingane må sjåast i samanheng, skal vi forstå korleis dei dukkar opp og kva som er
poenga deira. Ei forteljing er ikkje berre ei forteljing i seg sjølv, men den er eit svar på, og
står i relasjon til, det som er blitt fortalt tidlegare. Snakket på denne arbeidsplassen er svært
rikt på forteljingar; både samtaleforteljingar som blir realisert, forteljingar som aldri slepp til,
og forteljingar som ein ikkje treng fortelje fordi meininga kjem fram berre ved å nemne nokre
ord. Det neste kapittelet skal gå nærare inn på korleis deltakarane i samtalen pratar fram og
fortel forteljingar.

62
KAPITTEL 7

6 Iscenesetting av samtaleforteljingar
På same måte som regissøren byggjer opp filmforteljinga si med intriger, spenning og diverse
verkemiddel for å få fram poenget sitt på best og mest mogleg treffande måte, tek også
forteljaren i samtalar i bruk sine verkemiddel for å iscenesette si forteljing. Vi har slik ei
førestilling av at når nokon fortel forteljingar, er det ein forteljar som fortel og ein (eller fleire)
som lyttar. Tilskodaren eller lyttaren er den som berre ser forteljinga og blir underhaldne.
Som eg skal gå nærare inn på er det likevel ofte fleire enn ein deltakar som fortel forteljinga,
og ofte er iscenesettinga av forteljingane retta mot eit dialogisk samspel med dei andre
deltakarane i samtalen. Eg kjem i dette kapittelet til å legge mest vekt på korleis
deltakarmønsteret i samtaleforteljingane er, men eg kjem også til å vise fram korleis
forteljingane er iscenesette av og gjennom deltakarane i samtalen.

6.1 Tre ulike deltakarmønstre i samtaleforteljing


Å ta i bruk andre deltakarar er, som vi skal få sjå her, ein måte å iscenesette forteljinga på. I
dette kapittelet skal vi sjå på tre utdrag frå ein og same samtale, men som har ulikt
deltakarmønster og måtar å iscenesette forteljingar på. Utdraga er til saman på 13 minutt av
ein samtale og henta frå ein laurdag formiddag, før skiftet går ut i ni dagars fri. Dette skiftet er
litt spesielt av fleire grunnar. Arbeidarane har friare tøylar for korleis dei skal organisere
arbeidet sitt dette formiddagsskiftet, sidan det ikkje er dagarbeidarar som er på og skal
reparere utstyr. I tillegg er det blitt vanleg at dei kan gå litt tidlegare heim når arbeidet er
gjort29, sidan dette er siste skift før friveka. Det kan likevel vere mykje som skal gjerast, for i
tillegg til vanleg produksjon har dei ansvaret for rydding. Ryddinga inneber løfting av tunge
sinkplater og spaing av tunge sinkbitar. Det er hardt kroppsarbeid, og dette gjer at pausane
kan bli litt lengre. Samtalen er henta ut rett etter matpausen, og arbeidarane er ferdige med det
meste av arbeidet. Det er berre litt rydding som gjenstår før dei kan gå heim.

6.1.1 Forteljing med låg grad av samskaping


Det første utdraget frå samtalen i dette kapittelet byrjar midt i snakk om korleis dei fem ulike
skifta har vore samansette, og korleis det har vore å vera arbeidar i elektrolysehallen. Det er

29
Ikkje alle kan gå heim. Det skal alltid vere minimum to som sit igjen og overvaker elektrolysehallen.

63
POENGANALYSE

dei same som er tilstades i denne samtalen som i førre samtale (i kapittel 5). I første utdraget
av samtalen under snakkar Svein og Robert (som er fast tilsette), medan Sissel, Kjersti og
Frode (som er ferievikarar) er tilstades i rommet.

Samtale 2.1 ”du får bare ’skryten du” (1 minutt og 6 sekund)


1 Svein X ’3 og ’2-skiftet,
2 (..) der har det vært ’ut og ’inn
3 som noen ’jojo[ar]
4 Robert [gjennomtrekk fra--
5 Svein ’4 ’5 og ’1,
6 er nesten de ’samme,
7 (..)som har vært kan du si,
8 (..)er ’stabile sant?
9 sånne folk som har vært gjennom heile [tida]--
10 Robert [såg Pettersen når han XXX]=
11 Svein =’3 og ’2 er e- v- verste skift,
12 der er det vært <FORT blobb blobb blobb blobb blobb blobb
FORT>,
13 ’heile tida.
14 fordi at ’Svendsen var ein sånn ’sosial mann,
15 han kunne ikkje si nei til noen ’han.
16 ”vi må jo prøve”= {siterer Svendsen}
17 =det har vært på ’alle skift.
18 ”vi må jo prøva”=
19 =ja men det er jo !håpløst.
20 ”vi {klapper hendene saman} må jo p- vi må jo”--
21 ”prøva prøva”.
22 ’han sitter jo ikkje d- med problemene,
23 det e jo !vi som får problemene sant?
24 <FORT eg sa te han d- d- det ekje !du FORT>
25 du får et ’godt ord der nede du
26 du klare å plassera de her sant?
27 men det er !vi {klapper hendene saman} som skal ha de med
[oss]—
28 Robert [er]du ferdig med de prøvene du?
29 Svein hæ?
30 Robert har du tatt alt du?
31 Svein no?
32 Robert ja du skal jo gå tidlig sant?
33 Svein nei eg har ein prøve igjen eg.
34 (1.9)så e--
35 (..)sant?
36 ”’prøva”.
37 ”ja men det e ikkje ’du som får problemene,
38 du får bare ’skryten ’du,
39 der nere,
40 ka ’du holde ’på ’med,
41 men det e !vi som skal jobba sammen med ’de,
42 det e !vi som får problemene,
43 det e !vi som må ’jobba med dette herre”.

I denne samtalen er Svein i gang med å fortelje om alle dei ulike skifta i elektrolysehallen, at
nokre skift har vore stabile, medan på det skiftet han arbeider har det vore mykje utskiftingar
av folk. Etterkvart imiterer Svein ein samtale med sjefen, der Svein seier i frå at han er ueinig

64
KAPITTEL 7

i avgjeringane til sjefen. Sjefen tilset stadig nye arbeidarar som Svein meiner ikkje passar inn,
berre for at sjefen, etter Svein si meining, skal få eit godt ord nede hos leiinga. Forteljinga
utviklar seg frå å kommentere i innleiinga korleis alle skift har vore (linje 1-13), til å utdjupe
om (mellom anna) dette konkrete skiftet (linje 11-13), før han grunngir problema med å
skulde på sjefen gjennom å gi att ein samtale han har hatt med Svendsen (14-27, 36-43).

Deltakarane i denne samtalen er Svein og Robert, og i dette utdraget er det Svein som fortel.
Svein får halde på ordet ganske lenge av gongen og har svært lange turar. Det er fleire folk til
stades, men dei ytrar ingen ord. Når Svein snakkar, er det heller ingen som kjem med
minimale responsar30 eller med oppbakkingar31. Robert prøver rett nok å ta ordet og delta i
samtalen og forteljinga til Svein. Det kan sjå ut som om Robert prøver å utdjupe det Svein
seier (i linje 4), og er i gang med noko som kan vere ei ikkje-realisert forteljing (jf. kapittel 5)
om Pettersen, men Robert slepp ikkje til orde (i linje 10). Han avbryt Svein med ”er du ferdig
med de prøvene du?” (i linje 28) etter (heile) 17 intonasjonseiningar/ytringar. Dette
spørsmålet kan vere eit forsøk på å få Svein til å komme tilbake til arbeidet og den lokale
konteksten her og no – i alle fall å skifte samtaleemne. Robert signaliserer med desse
spørsmåla (i linje 28, 30, 32) at tida går, og at om Svein skal gå tidleg, må han gjere arbeidet
sitt ferdig. Svein svarar på Robert si avbryting og reagerer med noko som kan tolkast som
vantru: ”hæ?” (linje 29) som i ”spør du meg om dette?”, og ”no?” (linje 31) i meininga ”skal
eg gjere det no?” eller ”avbryt du meg no?”. Svein svarar på spørsmåla, men ignorerer det
som kunne vore eit forsøk på temaskifte og fortset der han slapp. Han hentar seg inn igjen og i
linje 35, er han tilbake i forteljinga. Han vender seg til publikummet sitt med ordet ”sant?”
og fortel vidare i same ordlyd som tidlegare.

6.1.1 Samskaping av generalisert forteljing gjennom dialog


I neste sekvens ser vi korleis Robert og Svein formidlar ei forteljing saman. Den er henta frå
same samtale som over, men 4 minutt og 50 sekund seinare. Svein har fortalt om fleire
ferievikarar dei har hatt på skiftet, og korleis dei har blitt lært opp til å gjere jobben på riktig

30
Minimale responsar er ”replikker som overhodet ikke fører inn noe nytt utover det som det blir bedt om i
forrige replikk” (Svennevig et. al. 1995:67).
31
Oppbakkingar er signal frå dei som lyttar som gir uttrykk for at dei har høyrt, forstått og eventuelt er einige, og
slik gjer at den som snakkar, kan snakka vidare. Småord som hm, med mer, ja, nei blir kvalifisert som
prototypiske oppbakkingar, men når det er svar på spørsmål, blir det ofte klassifisert som ein minimal respons
(Norrby 1996:136).

65
POENGANALYSE

måte. No oppsummerer han det som er blitt sagt, og fortel vidare om kva arbeidarane skal
gjere når det oppstår store problem (”skjæring”) på maskina.

Samtale 2.2 ”Poenget e at du ska samarbeida”32 (1 min 3 sekund)


1 Svein e- poenget e at du må--
2 du ska samarbeida og så--
3 Robert ja.
4 Svein når noen gjør ein feil,
5 ja så gjør vi ein feil så gjør vi ein feil.
6 (..)det e det som eg sir vi og,
7 vi gjør så mye ’feil og vi faste at e-
8 det e !heilt utrolig altså,
9 Robert veit du ke [1eg--1]
10 Svein [1vi1] kan få sånne ’skjæringar som ikkje ligne
verken [2’fugl eller fisk2].
11 Kjersti [2@ m [3@@@3] @2]
12 Sissel [3@@3]
13 Svein vi skal vera litt ’lurare ’smartare,
14 Robert eg har sotte på maskina [4og så har eg sagt har eg sagt
til meg4] sjøl,
15 Svein [4å !fy !faen4].
16 Robert fy faen for ein idiot du e sir eg til meg [5sjøl5]--
17 Svein [5det gjør jo eg og det5].
18 Robert koffor [ gjorde du det der der6].
6

19 Svein [6koffor !faen gjorde eg det der6]sant,


20 Kjersti @@@@@
21 Svein og då komme eg,
22 då bare dingle eg,
23 og då komme det tre mann ut,
24 (..)så fåkje du høra at e—
25 ”koffor !faen gjorde du ikkje ”’sånn og ’sånn””.
26 Robert veit du koffor det?
27 (..)de tør ikkje det til [7deg7] for da blir det
et[8’helvete8]@@
28 Svein [7nei7][8@@8]
29 Sissel/
Kjell [8@@@@8]
30 Svein ja sant?
31 og då kommer de å ‘hjelpe deg med ein gang.
32 for alle ‘får—
33 ein eller anna ‘får,
34 ein av de greiene sant?
35 Robert <@ ja@>
36 Svein så det—
37 (..)ser Vidar av og til,
38 når han får ‘byo33 altså,
39 Robert å:=
40 Svein =atte det kan ‘skje så mye ‘rart,
41 vi kankje si atte ”koffor !faen--
42 du må jo for !faen følga med her”.
43 [9sant?9]
44 Robert [9det9] gåkje an [10det10].

32
Nummereringa startar på 1, sjølv om det er fortsetjing av same samtale. Eg har nemleg ikkje transkribert heile
samtalen.
33
Uttrykket ”å få byo” kan i denne samanhengen omsettjast med at Vidar plutseleg blir sint og stresser rundt
(men som regnbyger flest, går dei over).

66
KAPITTEL 7

45 Svein [10hadde10] du sagt det så hadde du blitt


‘nikka rett [ ‘ned11],
11

46 blitt slått spint ihel ut på der.


47 Robert [11@@@11][12@@@12]@@@
48 Svein [12sant12?]
49 så her har vi funne ut at e-,
50 her hjelper vi hverandre.
51 gjør vi ein feil,
52 ‘herregud ‘eg og gjør ‘feil,
53 alle gjør feil,
54 då bare ‘retter vi det opp igjen fort og mulig.

Her ser vi eit godt eksempel på at det kan vera flytande grenser for både kva forteljing som
blir fortalt og kven det er som fortel den. Her blir det ikkje fortalt ei spesifikk forteljing, men
ei generalisert forteljing om noko som skjer ofte. Generaliserte forteljingar kan vere
forteljingar om noko som pleier å skje, og som kanskje er kjent for dei lyttarane som høyrer
på. I dette tilfellet er det: ein strippar sit på maskina og skal gjera noko lurt og smart, nokre
ekstra finesser på maskina som mislukkast totalt, og han tenker ”fy faen for ein idiot eg er”,
men ringer på hjelp, og resten av teamet kjem og hjelper han – utan å kjefte eller seie noko.

Om vi ser på Svein og Robert sine bidrag i samtalen, kan det sjå ut som om dei fortel kvar si
forteljing. Det kan sjå ut som om dei fortset på sine ytringar sjølv om dei blir avbrotne, men
om vi ser på Svein og Robert si grunnleggjande forteljing (Norrick 2000, sjå 3.4.4) kvar for
seg, ser vi at begge forteljingane manglar ei indre hendingsrekkje der ytringane har ein logisk
samanheng:

Svein si grunnleggjande forteljing: Robert si grunnleggjande forteljing:

4 når noen gjør ein feil,


5 ja så gjør vi ein feil så gjør vi ein
feil.
6 (..)det e det som eg sir vi og,
7 vi gjør så mye ’feil og vi faste at
e- 9 vet du ke eg--
8 det e !heilt utrolig altså, 14 eg har sotte på maskina og så
10 vi kan få sånne ’skjæringar som ikkje har eg sagt har eg sagt til
ligne verken ’fugl eller fisk. meg sjøl,
13 vi skal vera litt ’lurare ’smartare, 16 fy faen for ein idiot du e
15 å !fy !faen. sir eg til meg sjøl,
17 det gjør jo eg og det, 18 koffor gjorde du det der der.
19 koffor !faen gjorde eg det der sant,

Isolert sett så er ikkje desse grunnforteljingane fullstendige med ein episode med ei
hendingsrekkje og poeng, men dei smeltar saman slik at denne samhandlinga mellom Robert

67
POENGANALYSE

og Svein skapar ei generalisert forteljing om same erfaring. Samforteljarar (”co-tellers”) blir


definert som ”if two or more participants contribute substantial details, evaluation or dialogue
to a story, they may be considered co-tellers or co-narrators” (Norrick 2000:28). Som vi ser
her, produserer arbeidarane forteljingar i fellesskap gjennom å gi eigne bidrag som byggjer
opp ei forteljing. Norrick har sagt om samproduksjon i forteljingar (ibid.:199):

Co-narration throws into relief the negotiated character of conversational storytelling, and it illustrates
how narration balances memory and context to generate a coherent, understandable performance.

Gjennom å samfortelje forhandlar forteljarane om kva dei hugsar og kva som er viktig å
fortelje for å få fram ei forståeleg forteljing og poeng. I denne samskapinga av forteljinga går
samtalen fort, og vekslinga i turtakinga skjer gjennom overlappande tale. Den eine startar der
den andre sluttar. Dei tek opp kvarandre sine uttrykk og bekreftar dei med å fortelje vidare.
Robert gir ein minimal respons som støttar opp om det Svein seier (i linje 3). Robert prøver å
få ordet med å annonsere ei forteljing (i linje 9) som blir ei svarforteljing som illustrerer dei
utsegna Svein har ytra (i innleiinga, linje 4-8). Svein er riktignok ikkje heilt ferdig med turen
sin, men annonserer si potensielle forteljing gjennom kommentaren om at alle (vi faste
ansatte) kan få ”’skjæringar som ikkje ligne verken fugl eller fisk” (linje 10). Dette verkar
som ei passande forklaring på dei skjæringane som kan komme sidan Kjersti og Sissel ler.
Latteren bekreftar at dei lyttar (og er med i samtalen) og at poenget er morosamt.

Robert tek utgangspunkt i Svein sine ytringar, og byggjer vidare på den forteljinga Svein
starta på. Han fortel kva han seier til seg sjølv når han sit på maskina (linje 16) etter han har
vore ”litt ’lurare ’smartare” (Svein sin replikk i linje 13) og fått ein stor skjæring som ikkje
likna verken fugl eller fisk (Svein i linje 10). Før Robert rekk å meddele korleis det kjennest å
sitje der etter å ha feila, banner Svein ”fy faen” (i linje 15) og understrekar kor ille ein slik
situasjon er. Robert repeterer banninga; ”fy faen for ein idiot du e sir eg til meg sjøl” (linje
16). Svein seier han gjer det same ”det gjør jo eg og det” (linje 17) og omtrent samtidig seier
dei i kor: ”koffor gjorde du det der” (Robert seier ”du”, men meiner truleg seg sjølv i linje
18) og ”koffor ’faen gjorde eg det der” (Svein linje 19). Om vi ser på samspelet mellom
Svein og Robert, ser vi at ytringane er forlengingar av kvarandre sine forteljingar. Dei har
opplevd det same, dei (seier dei) har tenkt det same, og no formidlar dei forteljinga saman.

68
KAPITTEL 7

6.1.2 Samskaping gjennom svarforteljingar


I neste sekvens ser vi fortsetjinga av samtalen over. Svein går over frå å fortelje om feil og
samarbeid (i forrige avsnitt) til å fortelje om Grønsdal, ein annan arbeidar som gjekk til sjefar
og sladra. Robert overtar samtalerommet (linje 64) og fortel ei forteljing om då han fekk nok
av skiftkameraten Lars Ivar si drittslenging og skulle få han til å halde opp. Vidare kjem Svein
med ei forteljing (linje 85) om sjefen som kom inn for å høyre korleis arbeidet gjekk, men
som blir jaga ut at av Svein.

Samtale 2.3 ”det går vel til ’helvete” (1 minutt 22 sekund)


55 Svein me- ha- viss alle--
56 når Grønsdalen var på?
57 Robert dø--
58 Svein så gikk det [!to] ‘timar et- kom heim--
59 Robert [<X kom på-- X>]
60 Svein så fortalte heile Odda
61 ..kor mye gale det var.
62 Robert dø--
63 Svein sant?
64 Robert e- hadde bilde henganes her da,
65 satt Lars Ivar der,
66 (..) s- så satt eg der,
67 så var det noe drit han sa til meg,
68 så var det skiftplanen då og noe sånn greier sånn,
69 så sku eg liksom (..) hisse--
70 så hang skiftplanen der da og så- had- e--
71 så !heiv eg meg opp ‘eg,
72 !kvapp han sånn at han ‘stanga håve i veggen å så
<@datt han på golvet@>
73 Kjersti @@@@
74 Robert trudde eg sku ta han veit du?

75 <F <X vent ska du få se X> F> sant? {Robert reiser seg34}
76 opp med hånda veit du,
77 pekte på skiftplanen,
78 ”d- d- d- å-” og forsvant ut.
79 Kjersti [a-]@@
80 Svein <X a- a- a- X> han var sånn som
X fortalte alt samma til sjefar og alt mulig,
81 Robert å <@ fy faen @>
82 Svein bare det atte sånn som skjedde der og,
83 når e- du- det kom noen <XogX> sjefar fortalte det?
84 så fikk han gjennom’gå ‘så ‘jævlig,
85 Freimen <X sk- s- gikk X>,
86 han turte ikkje komma inn her eingang t meg.
87 (1.5)var et ’første nattskiftet,
88 då han sku <X d- d- d- X>,
89 ”‘gå ‘ut” sir eg,
90 ”det går til ‘helvete alt”
91 gå ut du.
92 ’andre nattskiftet kom,

34
Eg kan høyre på opptaket korleis Robert reiser seg og viser gjennom kroppen korleis han demonstrerer korleis
han skremte Lars Ivar.

69
POENGANALYSE

93 ”<X bøeee nainai X>”, {etterligner Freim som mumler}


94 ”!gå !ut det går til ‘helvete likavel her”,
{siterer seg sjølv}
95 Robert @@
96 Svein då var då forstod han tegninga,
97 at det var lika godt å så--
98 åpner han døra,
99 ”det går vel til ‘helvete” {siterer Freim}
100 alle; @@@@@
101 Svein ”!ut” sant? {siterer seg sjølv}
102 det fikk ikkje noe meir de- sant?
103 <X så d X>--
104 det gikk ikkje an å spørra ‘meg om ‘han og ‘han,
105 det gikk ikkje ant det veit du.
106 Robert nei,
107 Svein så de:t,

Her vekslar Svein og Robert mellom å fortelje kvar sine historier. Forteljingane er
svarforteljingar til dei førre forteljingane. I denne sekvensen fortel Svein først om arbeidaren
Grønsdal som sladra til heile Odda om kva som skjedde på Zinken (frå linje 55-61). Robert
prøver å få ordet fleire gongar medan Svein snakkar (linje 57, 59, 62), og klarer å få det på
fjerde forsøk (i linje 64). Robert kjem då med ei svarforteljing (jf. kapittel 5) til den første
forteljinga, ved å gi døme på ein annan arbeidar, Lars Ivar, som ikkje oppfører seg som han
skal (frå linje 64-72, 74-78). Svein tek opp att tråden om Grønsdal frå den første forteljinga,
og fortset å fortelje om at han gjekk til sjefar og sladra (frå linje 80-84), før han fortel om
sjefen Freim (kanskje det var han Grønsdal hadde sladra til?) som kom for å spørje Svein om
korleis arbeidet gikk. Svein seier på ironisk arbeidarsjargong ”at det går til helvete” (det går
eigentleg heilt greitt) og vil med dette ikkje gi noko informasjon til sjefen om korleis det går
og sender han på dør tre nattskift på rad.

6.1.3 Oppsummering
I sekvensane frå samtalen over har vi sett tre hovudmønstre for korleis ein fortel
samtaleforteljingar i mitt materiale. Alle tre viser eit dialogisk deltakarmønster i
samtaleforteljinga. Samtale 2.1 er ei tilsynelatande monologisk organisert forteljing, der
forteljaren tek i bruk andre medforteljarar og vender seg jamleg til lyttarane. Samtale 2.2 viser
dialogisk samskaping av ei generalisert forteljing som er kjent for deltakarane, medan samtale
2.3 har svarforteljingar som er enkeltvis organisert og som avløyser kvarandre. Sett i
samanheng blir samtaleforteljingane ein dialogisk situasjon. I både dei (tilsynelatande)
monologiske forteljingane og i den dialogiske samskapinga av forteljinga, tek deltakarane i
bruk diverse grep for å involvere andre og få fleire stemmer inn i samtalen.

70
KAPITTEL 7

Involvere andre deltakarar i samtalen

Prinsippet om samkonstruksjon i dialogismen spelar på det faktum at dei som lyttar er


”nærværande” i kvar ytring (Linell 2005:240). Vi har til dømes sett at i samtale 2.1, der
forteljinga og samtalen er meir eller mindre monologisk organisert, vender forteljaren seg mot
dei andre deltakarane i samtalen gjennom ord som ymtar om ei felles forståing av korleis
verda er. Ord vi finn som vender seg mot dei andre deltakarane, er til dømes ”sant?”, ”veitu”
og ”jo”.

Bruken av ”sant?” kan vi sjå ei rekke stader (linje 8, 26, 32 (samtale 2.1), og i linje 19, 30,
43, 48 (samtale 2.2)). Dette kan vi tolke som eit retorisk spørsmål Svein rettar til dei andre
lyttarane i rommet kanskje for å få bekrefta at dei skjønar kva han meinar35. Svein brukar også
ordet ”jo” som ein solidaritetsmarkør (Svennevig 1995) i påstandar han tek for gitt at det er
felles semje om. Han brukar det ikkje berre som markør til å vende seg mot tilhøyrarane i
samtalen (i linje 19, 22, 23), men brukar ordet også i siteringa av Svendsen (i linje 16, 18, 20).
Når han siterer Svendsen, brukar han ”jo” ironisk; som om Svendsen er på same lag som
Svein, og som om dei (arbeidarane) er einige om at dei alltid er nøydt til å prøve (å få det til å
fungere bra på skiftet med nye arbeidarar). ”Jo” er ei innvending mot og vurdering av det
som blir hevda i samtalen, og fungerer her som ein solidaritetsmarkør. Svein markerer at han
er ueinig med sjefen, men på same tid at han er på lik linje og einig med arbeidarane og
tilhøyrarane. Eit anna uttrykk som er i bruk og har same funksjon, men samtidig kan bli ytra
for å få ordet, er bruken av ”veit du” og ”veitu” (linje 9, i samtale 2.2, og linje 74, 76 i
samtale 2.3).

Vi ser altså at sjølv i ein tilsynelatande monologisk situasjon, tek talaren i bruk dei andre
deltakarane gjennom å stille retoriske spørsmål og såleis ta for gitt at dei er einige i dei
meiningane han gir uttrykk for.

Involvere virtuelle deltakarar i forteljinga

Det mest slåande kommunikative grepet Svein gjer i samtale 2.1 er å ha ein indre dialog
(Marková 2003) der han gir att ein samtale med sjefen sin (i linje 16-21 og 36-43)36. Tannen

35
Svein brukar også ”sant?” for å hente seg inn igjen i forteljinga, og å komme tilbake til forteljinga sitt univers
(i linje 35 samtale 2.1, og i linje 30 samtale 2.2).
36
”Indre dialog” kan referere til to ulike ting (som delvis høyrer saman): 1) ein deltakar sin (kanskje lengre,
monologiske) replikk som kan innehalde til dømes sitat, utsegn eller tankar som tilhøyrer nokon annan (som vi
ser i dette tilfellet), og 2) ein indre dialog ein deltakar har med seg sjølv, der ein kanskje ”siterer” andre, men

71
POENGANALYSE

(1989) argumenterer for at ein slik samtale ikkje er ei direkte attgiving av ein samtale, men
ein ny konstruksjon av ein samtale: ”’reported speech’ is not reported at all but is creatively
constructed by a current speaker in a current situation” (ibid.:105). Tannen skriv om det ho
kallar konstruerte dialogar:

the lines of dialogue (…) are not reported but rather constructed by the speaker, like lines in fiction or
drama, and to the same effect. Through the animation of dialogue with paralinguistically distinct and
highly marked voice quality, the speaker constructed a drama involving lifelike characters in dynamic
interaction. As onlookers to the drama, the audience becomes involved by actively interpreting the
significance of character and action.
(Tannen 1989:124)

Tannen seier her at sitering skapar meir drama ved at den er så umiddelbar og direkte, og er
slik eit effektivt verkemiddel for å skape underhaldning. Overført til mitt materiale skapar
Svein (i samtale 2.1) ein ekstra underhaldningsdimensjon i forteljinga og poenget sitt, ved å
etterlikne korleis han og sjefen snakkar saman.

Adelswärd et al. (2002) kallar ein slik konstruksjon for ”virtuell samtale” (“virtual talk”) og
deltakarane i denne for virtuelle deltakarar (”virtual participants”). Virtuelle deltakarar kan
både vere tenkte meiningar til nokre generelle andre, men også faktiske referansar til
verkelege personar. Vi ser dei virtuelle deltakarane i samtalar når “speakers integrate voices
of others in the form of direct speech to achieve certain effects in the current situation”
(Adelswärd 2002:2). Svendsen blir altså ein virtuell deltakar i Svein sin samtale med Robert
og dei andre deltakarane i samtalen, i og med at dei (faktiske) deltakarane i samtalen gir
stemme til og refererer til meiningane til andre personar som ikkje er tilstades.

Å bruke virtuelle deltakarar, er ein kommunikativ ressurs deltakarane kan ta i bruk for å for å
framheve noko og til å posisjonere seg. I forteljingar får innslaget av virtuelle deltakarar ein
dramatisk effekt og skapar ein umiddelbar nærleik og aktualitet i utsegna (Tannen 1989,
Eriksson 1997, Adelswärd et al. 2002).

Quotations are an important device used by the participants when defining their own identity and when
speaking about the identity of others. Their functions are not only to dramatise, create scenes but also to
characterize persons and positions.

(Holsanova 2006:257)

som ikkje blir uttala høgt og eksplisitt. Det er altså ein dialog i deltakaren si ”indre” tankeverd. (Linell
2006b/u.a. )

72
KAPITTEL 7

Sitat frå virtuelle deltakarar kan bli brukt for å illustrere at nokon er einige med talaren (og
derfor understøtter det talaren seier), men det kan også bli tatt i bruk når talaren vil ta avstand
frå den siterte personen sine meiningar, idear eller standpunkt. Den faktiske talaren
konstruerer då stemmer som han kan motseie (Adelswärd et. al. 2002, Holsanova 2006). Som
vi skal sjå (i kapittel 7) kan siteringa av andre vere eit effektivt middel for å få fram
forteljaren sitt poeng.

Det som ikkje kjem fram på lydopptaket her, er at Robert (i samtale 2.3) demonstrerer kvar
deltakarane i forteljinga satt, og han reiser seg og viser med kroppen kva som skjedde og
korleis han skremmer Lars Ivar; korleis Lars Ivar skvetter og dett på golvet. Demonstreringar
av korleis ting har skjedd, ser ut, lukter etc. er også sitering, og er på same vis (som nemnt
over) ein måte å vise fram forteljaren si haldning til det han demonstrerer (Clark & Gerrig
1990). Vi kan altså høyre på opptaket og lese ut av transkripsjonen korleis Robert
demonstrerer og dramatiserer (delar av) ein virtuell samtale: ”vent ska du få se” seier han
ganske høgt (i linje 75) og retta mot Lars Ivar som berre er tilstades som imaginær og virtuell
deltakar på ein stol ”der” (som Robert nærmar seg for å skremme). Robert skremmer både den
virtuelle Lars Ivar i forteljinga og dei reelle, lyttande deltakarane i samtalen med denne høge
ytringa der han siterer seg sjølv. Han seier han lata som han skulle slå Lars Ivar (”opp med
hånda veit du”, linje 76), men peiker i staden på skiftplanen som hang over Lars Ivar. Han
avslutter forteljinga si ved å få fram korleis Lars Ivar stammar seg ut av rommet (linje 78).

Virtuelle samtalar er altså ikkje korrekt attgiving av samtalar slik dei gjekk føre seg, men ein
ny konstruksjon som gir ny meining. Vi kan seie at den virtuelle samtalen vi finn i utdrag (1)
er ein virtuell samtale som framstår som ei attgiving av ein (eller fleire) samtale som har
funne stad, men er først og fremst ei dramatisering Svein konstruerer for å oppnå ein ønska
effekt og illustrere eit poeng i forteljinga. Som vi får sjå under, brukar Svein den virtuelle
samtalen som ein kommunikativ ressurs for å illustrere avstanden mellom sjefen og
arbeidaren på denne arbeidsplassen. I utdrag (2) og (3) ser vi korleis Robert og Svein siterer
seg sjølv og andre arbeidarar, og vi ser korleis virtuelle samtalar og dei siterte virtuelle
deltakarane er med på å understreke poenga i forteljingane, samtidig som dei underheld
lyttarane og er morosame. Vidare vil vi sjå at verkemidla for iscenesetting (som eg kjem til å
gå gjennom under) både er med på å byggje opp forteljinga, skape innleving for lyttarane, og
understreke effekten av den virtuelle samtalen.

73
POENGANALYSE

Vi har no sett døme på korleis deltakarmønsteret påkallar dialogisk samskaping av


forteljingar, og korleis forteljaren brukar kommunikative grep som virtuelle deltakarar i
samtalen for å skape meir innleving og underhaldning i forteljingane. Eg skal no gå vidare inn
på kva andre grep som blir gjort for å iscenesette denne samtaleforteljinga.

6.2 Framstilling av karakterar


At forteljinga får fram ein avstand mellom arbeidarane og sjefen, kan vi mellom anna sjå i
bruken av dei personlege pronomena ”vi”, ”du”, ”han” og ”de” (i utdrag 1). Desse
pronomena fungerer som solidaritetsmarkørar og er med å forsterke avstanden mellom sjef og
arbeidar sidan det er eit skilje mellom vi/oss arbeidarar og du/dei sjefane (Svennevig
1995:180-181).

Den første forteljinga er fortalt for å få fram eit poeng om Svendsen - at ”Svendsen var ein
sånn sosial mann” (linje 14). Denne ytringa kallar på andre assosierte forteljingar (jf. kapittel
5.3.2) om Svendsen; at han stiller opp og hjelper til når det oppstår skjæringar eller i anna
tungt kroppsarbeid. Han er ein sjef som også legg vekt på det sosiale miljøet og kjem til
dømes uoppfordra med smørbrød til arbeidarane. Dette ligg som ein bakgrunn for forteljinga,
og blir ikkje fortalt i samtalen. Forteljinga om Svendsen står i kontrast til desse vanlegvis
positive eigenskapane, men i dette tilfellet har ytringa ein ironisk vri, ein slags dobbeltironi
(der han både meiner og ikkje meiner det han seier), og ytringa blir brukt mot Svendsen.
Sidan han ”var ein sånn sosial mann”, tok han inn ymse typar av tilsette som ”vi” arbeidarar
måtte arbeide med.

Det finst ein kontrast mellom korleis Svein framstiller sjefen sitt ”vi” i ”vi må jo prøva”, og
bruken av ”vi” når Svein ymtar mot si eiga gruppe, arbeidarane på golvet (linje 23, 27, 41-
43). Det førstnemnte er eit inkluderande ”vi” – at ”alle vi” bør hjelpe til for å integrere nye
arbeidsfolk. Svein brukar det derimot ironisk (om Svendsen som er ”ein sosial mann”) og
viser at sjefen har ei for positiv innstilling til dei problema som oppstår; han er jo ikkje
arbeidar, og han forstår ikkje. Det andre ”vi” er ekskluderande, og Svein stiller arbeidarane
opp mot leiinga. Bruken av det andre ”vi” er også det som kontekstualiserer forteljinga til
notida, og vender seg til lyttarane i pauserommet, og forklarar til dei Svein sine haldningar til
kva som skjer i den virtuelle samtalen. Han får fram sitt (forteljar-) poeng og formidlar med
sitt ekskluderande ”vi”, skiljet mellom sjef og arbeidar.

74
KAPITTEL 7

Svein byggjer opp forteljinga i den virtuelle samtalen (i samtale 2.1) med argument om at;
”de (=arbeidarane som ikkje passar inn på skiftet) har vært på ’alle skift” (linje 17); ”men det
er jo !håpløst” (linje 19); ”det e jo !vi som får problemene” (linje 23, 42); ”det e vi som skal
jobba sammen med de” (linje 41, 43), medan Svendsen stort sett berre seier ”vi må jo prøva”
(linje 16, 18, 20- 21, 36). Svein brukar her eit retorisk grep når han lar sjefen seie ”vi må jo
prøva” tre gongar etter kvarandre (linje 16, 18, 20-21), og framstiller sjefen som om han alltid
seier det samme, uansett situasjon og kva innvendingar Svein kjem med. Vi kan godt tenke
oss at denne samtalen har arta seg slik fleire gongar. Det har trass alt vore ein del utskiftingar
på skiftet (linje 2), og sjefen seier kanskje kvar gong ”vi må jo prøva” i meininga av at kvart
menneske må få ein sjanse (sidan han er ein sosial mann), eller for å få skryten hos leiinga.

Svein framstår som ein som seier imot sjefen. Han skapar spenning og kontrast i samtalen ved
(i samtale 2.1) å framstille sjefen si stemme som spiss, tynn og klagande, medan han sjølv får
ein tøffare klang i stemmen og er meir engasjert, argumenterande og høglydt når han seier
korleis han sa ifrå til sjefen. I samtale 2.3 framstiller Svein sjefen som ein mumlande spion
som ikkje har så mykje på pauserommet å gjere. Freim er ein ”vikarsjef” og ein av dei sjefane
som berre av og til er inne for å avløyse driftsleiaren. Svein gjer eit poeng av at Freim var ute
etter å spionere og sladre, men at det ikkje nyttar å komme til Svein for å få han til å hjelpe til
med det. Dette er likevel ikkje eit poeng i hendingsrekkja i denne forteljinga, men han lar det
vera grunnen og motivet til at han fortel om då Freim kom inn på pauserommet. Det kan vere
verdt å vite at det er forventa at sjefen skal komme inn på pauserommet, setje seg ned,
forhøyre seg om arbeidet, ha kontroll og vite kva som skjer. I forteljinga til Svein (i samtale
2.3) er ikkje dette ein sak. Svein seier at ”Freimen (…) turte ikkje komma inn her eingang til
meg” (i linje 85-86). Dette er ei overdriving. Freim kjem faktisk inn. Det ser vi utifrå at Svein
vil ha han ut att. Fakta er at Freim ikkje blir så lenge. Eg satt sjølv ved sida av Svein når
Freim kom innom. Svein sa ikkje ”gå ut”. Han sa derimot at ”det går til helvete”. Det er ein
arbeidarsjargong fleire arbeidarar brukar når nokon spør korleis det går. Forteljinga til Svein
framstiller sjefen som ein mann som kan slå ein spøk. Freim framstår som ein som skjønnar
arbeidarsjargongen og tar eit poeng, men Svein kontekstualiserer denne forteljinga i samtalen
med ei negativ vinkling, både før og etter forteljinga; at sjefen vil at Svein skal sladre på dei
andre arbeidarane.

75
POENGANALYSE

Både Svein og Robert gir døme på at dei kan seie ifrå til andre som ikkje gjer slik som dei
skal. Robert seier ifrå til ein arbeidar som ikkje oppfører seg riktig mot Robert, og Robert
prøver å skremme han slik at han sluttar, medan Svein si framstilling av korleis situasjonen
var og kva som skjedde, får fram at han sjølv var årsaka til at Freim ikkje kom inn (linje 86)
og ikkje blei verande, men måtte gå (linje 89, 91, 94). Dei framstiller seg sjølve som
arbeidarar som står imot sjefen og frekke arbeidarar.

Ved å bruke direkte tale til sjefane og sitere kva dei seier, gjer Svein nærværet av sjefane meir
synleg i samtalen, og det blir meir spennande for lyttarane å følgje med. Å bruke ei slik
tilgjort stemme, og endre stemmekvaliteten til sjefen på ein kanskje ikkje så positiv ladd måte,
er med på å understreke poenga i forteljingane. Svendsen blir framstilt i den første virtuelle
samtalen som ein som drar fordelar hos sjefane på kostnad av arbeidarane; nettopp fordi han
er ein sosial mann som alltid vil hjelpe (alle) arbeidarar til å trivast i arbeidet. Svein
framstiller sjefen Freim (i samtale 2.3) som ein som kom og stadig skulle spørje om
informasjon om dei andre arbeidarane, sjølv om han kanskje berre var ute etter å spørje
korleis arbeidet gjekk, og han viser fram korleis dette ritualet gjentar seg i tre nattskift. Ironien
og dei implisitte forteljingane i byrjinga av samtale 2.1 er med på å (iscene)sette karakterane i
forteljinga og den virtuelle samtalen opp mot kvarandre, og gjer skildringa meir livfull og
kompleks.

Vi kan også lese ein avstand mellom ulike arbeidarar i forteljingane, mellom dei skikkelege
arbeidarane og dei som ikkje passar inn og dermed ikkje er skikkelege arbeidarar. I samtale
2.1 skil Svein arbeidarane gjennom det inkluderande ”vi” (linje 23, 27, 41-43) og det
ekskluderande ”de” (linje 26, 27, 41), og framstiller ”de” som håplause som berre skapar
problem for dei som kan jobben og må ”jobba med dette herre” (linje 43 i samtale 2.1). I
samtale 2.2 er skiljet mellom gode og dårlege arbeidarar også tilstades. Der fortel Svein og
Robert om korleis ein (ikkje) skal vere arbeidar på denne arbeidsplassen, og siterer stemmene
til andre arbeidarar. I samtale 2.3 fortel Robert om ein arbeidar som var ute etter Robert, og at
han måtte skremme han for å få han til å stoppe (eller for å få han ut av rommet (linje 75-78))
medan Svein fortel om arbeidaren Grønsdal som gjekk ut i Odda og sladra om kva som
skjedde på arbeidsplassen. I overgangen frå å fortelje om arbeidaren Grønsdal til å fortelje om
sjefen Freim, kan vi tolke inn forståinga av at Grønsdal også har sladra til Freim, og har fått
gjennomgå for det (linje 83). At han fekk gjennomgå, blir ikkje kommentert vidare. Grønsdal
har gjort noko han ikkje skal. Han er ein arbeidar som ikkje har skjønt korleis han skal vere.

76
KAPITTEL 7

Dette blir sagt i innleiinga til forteljinga om Freim og står som bakgrunn og motivasjon for at
Svein fortel denne forteljinga.

6.3 Positive fornærmingar, banning og overdrivingar


Robert avbryt forteljinga til Svein og slår ein spøk som går ut over Svein (i linje 26-27 i
samtale 2.2). Han kjem med ein kjapp replikk om kvifor andre ikkje kan komme til Svein og
fortelje han korleis han skal gjere arbeidet sitt. Det ”blir et ’helvete”. Dette kunne vore ei
fornærming, men det blir ikkje behandla slik av Svein og dei andre som høyrer på. Dei ler og
det kan verke som ein bekreftande latter. Kommentaren hintar til dei forteljingane som
verserer om Svein, og korleis han er som arbeidar. Dei andre lyttarane kjenner han, og dei veit
korleis han er som arbeidar – det hadde nok blitt eit helvete.

Svein banner med emfatisk trykk og kommenterer korleis Vidar (i den tenkte verda) ville
reagert om dei hadde sagt noko til han: ”hadde du sagt det så hadde du blitt ’nikka rett ’ned,
blitt slått spint ihel ut på der” (linje 45-46). Robert støttar opp om det Svein har sagt med
kommentaren ”det gårkje an det” (linje 44) og med latter (linje 46). Han lar seg bli
underhalden og forstår poenget til Svein. Dei kan ikkje seie til ein annan arbeidar korleis dei
skal gjere jobben sin. Det er vel ingen som trur dette hadde skjedd bokstaveleg, men det gjer
forteljinga underhaldande og morosam. Kanskje nettopp fordi det er så overdrive og sett på
spissen. Det er likevel ei god karakterisering av kva ein kan kjenne ein blir utsett for om Vidar
blir sint.

Vi kan også sjå korleis råheita på denne arbeidsplassen blir formidla gjennom forteljingane.
Ein ny tenkt situasjon dukkar opp i forteljinga om Vidar på skiftet som av og til blir sint og
stressar rundt (og ”får byo”) etter at han har rota det til på maskina. Forteljinga fortel også
kva som hadde skjedd om ein hadde kjefta på han for dei feila han hadde gjort. Når Vidar er
sint og stressar rundt, så kan ikkje dei andre seie ”du må jo for !faen følga med her” (linje 41-
42). Forteljinga understrekar poenget til Svein ved å ta utgangspunkt i kva du ikkje skal gjere,
noko som står i kontrast til poenget. Banninga blir brukt for å forsterke uttrykk eller
oppfatningar, og fargar kontrastane i forteljingane endå meir enn om dei ikkje hadde vore der.
Banninga har slik ein funksjon som ein forsterkar. Samtidig er det slik at når banning er så
mykje i bruk som her, kan effekten forsvinne. Det blir då trykket på sjølve orda i banninga
som signaliserer kor mykje det understrekar og forsterkar poenget.

77
POENGANALYSE

I samtale 2.2 kan vi sjå at der Svein og Robert er mest beinharde og tøffe, ler også dei mest.
Ein kan berre spekulere i kvifor ferievikarane Kjersti og Sissel ikkje gjer det same: om dette
grunnar i at dei ikkje er nok inne i denne arbeidarsjargongen og at dei derfor ikkje gir uttrykk
for at dette er så artig. Uansett kva grunn det har viser slike bemerkingar at det er etablert eit
miljø der ein kan slenge litt skit om (og til) kvarandre og at det kan bli oppfatta positivt. Det
byggjer opp om det biletet dei sjølv er med på å skape av seg sjølve gjennom forteljingane.

6.4 Repetisjon
Forteljingane har mykje repetisjon i seg. Til dømes blir eit poeng gjerne presentert i byrjinga
av forteljinga og repetert til slutt. Eit døme på dette finn vi i samtale 2.2 når Svein
avslutningsvis nøstar opp att det han sa i byrjinga av sekvensen, og han seier nesten ordrett
det same: ”her har vi funne ut at e- her hjelper vi kvarandre” (linje 49-50) og ”alle gjør feil”.
Alt i alt nemner Svein ordet feil heile sju gongar i denne sekvensen, og kvar forteljing har
handla om kva ein skal gjere når ein sjølv (eller andre) har gjort feil. Det er faste tilsette som
snakkar til kvarandre og til ferievikarar. Dei fortel korleis ein (ikkje) skal vere på denne
arbeidsplassen. I byrjinga av sekvensen (linje 2-5) formulerer Svein sin bodskap (at ein skal
samarbeide sjølv om vi gjer feil av og til, for alle gjer feil). Deretter blir dette understreka og
forsterka ved hjelp av forteljingar. På slutten kjem Svein med ein reprise av bodskapen og
argumentasjonen sitt poeng (linje 49-53 i samtale 2.2). Ei slik inndeling kan minne om Antaki
og Wetherell (1999) sine funn om ein tredelt struktur i argumentasjonar: påstand
(”proposition”), moderasjon (”concession”) og reprise av påstand (”reassertion”). For å
moderere (mildne) det han har sagt, brukar Svein ei forteljing før han kjem tilbake til det som
er poenget sitt – den opphavelege påstanden.

I samtale 2.3 tek Svein i bruk ein tredelt listestruktur (Jefferson 1991) i inndeling av
hendingsrekkja i forteljinga. Den tredelte listestrukturen er ein ressurs talarar og lyttarar
orienterer seg mot når vi snakkar med kvarandre. Den byggjer på at tre ledd i
samtalestrukturen viser same sak og slik skapar ein retorisk effekt (ibid.). I forteljinga i
samtale 2.3 nyttar Svein denne tredelte lista til å byggje opp spenninga (og forteljinga) med å
seie at dette var noko som gjentok seg over tre skift: ”første nattskiftet” (linje 87), ”andre
nattskiftet” (linje 92) og det tredje nattskiftet blir ikkje presentert eksplisitt, men ettersom
Svein jaga han ut enda ein gong og Freim ”forstod (...) tegninga” (linje 96), forstår vi at dette

78
KAPITTEL 7

skjedde på det tredje nattskiftet. Denne tredelte repeteringa av hendingane og inndelinga av


forteljinga er med på å byggje opp spenninga til kva som skjer det tredje nattskiftet. Vi
forventar at noko skal skje den tredje gongen. Svein innfrir forventningane og lar (virtuelle)
Freim sitere Svein og komme med (det overraskande) poenget i forteljinga: ”det ’går vel til
’helvete” (linje 98). Om dette mønsteret gjentok seg tre gongar på rad, er uvisst. Eg er freista
til å tru at det ikkje skjedde akkurat slik som Svein påstår, men at Svein gjer forteljinga meir
verdt å fortelje ved å gi historia ei tredeling og eit kjent forteljarmønster for lyttarane. Svein
brukar også ei tredelt liste av argument i samtale 2.1. Her brukar han denne inndelinga for å
understreke poenget sitt om at arbeidarane får problema (linje 41-43), og dette står i kontrast
til den todelte lista (i linje 37-38) at Svendsen får ikkje problema, berre skryten.

6.5 Ei alternativ verd i ein tenkt situasjon


I samtale2,2 er det framstilt to bilete av verda: 1) verda slik den er (linje 1-23, linje 30-40,
linje 49-54), og 2) verda slik den ikkje er; ein tenkt situasjon (linje 24-29, linje 41-48). Desse
blir vurdert opp mot kvarandre, og den tenkte situasjonen blir framstilt som lite reell: ”så
fåkje du høra at e- ’koffor !faen gjorde du ikkje ”sånn og sånn”” (linje 24-25).

Også i dette alternative fiksjonsverdsbiletet tek Svein i bruk virtuelle deltakarar, både som
stemme til ein generell arbeidar (”’koffor !faen gjorde du ikkje” i linje 25), men også stemme
til Vidar – ein spesifikk arbeidar (”sånn og sånn” i linje 25). Den generelle arbeidaren blir
markert i samtalen ved at Svein skiftar stemmeleie og blir mørkare i stemma, medan siteringa
av Vidar blir uttrykt på ein måte som kjenneteiknar Vidar sin måte å snakke på. Desse
virtuelle ytringane blir sagt i kontrast til kva som er Svein (den faktiske talaren) sitt poeng; at
arbeidarane hjelper kvarandre og samarbeider når nokon gjer ein feil. Vekslinga på bruken av
ulike stemmer; Svein, sjefen, spesifikk og generelle arbeidar(ar), gjer samtalen mykje meir
underhaldande – kanskje særleg for dei av lyttarane som klarar å kjenne att kven dei siterte
stemmene tilhøyrer. Denne konstruksjonen er med på å gje bilete til korleis arbeidssituasjonen
er, korleis den ikkje skal vere, korleis den generelle arbeidaren oppfører seg, og den er med på
å bekrefte forteljingane som eksisterer om denne spesifikke arbeidaren Vidar. Kanskje ser vi
her eit døme på at deltakarane leikar seg og utvidar det virtuelle rommet: i den tenkte
alternative forteljinga får den virtuelle deltakaren ein hypotetisk eller tenkt kvalitet, altså
Svein konstruerer ei fiktiv verd, med fiktive personar i, og det dei seier er ting dei aldri ville
sagt.

79
POENGANALYSE

6.6 Oppsummering
Det vi har sett i desse sekvensane er at forteljingane blir iscenesette av og gjennom
deltakarane på ulike måtar. Forteljarane tek i bruk ei rekkje verkemiddel for å få fram
bodskapen sin, men fleire kjenneteikn går att.

Vi har sett tre utdrag frå ein samtale der forteljingane har stått i kø. Deltakarmønsteret har
vore variert og dynamisk. Vi har sett at i ein og same samtale har deltakarmønsteret gått frå å
vere forteljingar med låg grad av samskaping, til dialogisk samskaping av ei generalisert
forteljing og til samskaping gjennom svarforteljingar. Vi har sett at samskaping med andre
deltakarar er eit mål i seg sjølv. I forteljingane med éin forteljar og låg grad av samskaping,
tek forteljaren i bruk andre (virtuelle deltakarar) sine meiningar og skapar slik ein dialogisk
situasjon. Vi har sett døme på korleis deltakarar i samtalen smeltar saman ei forteljing ved å
lytte på kvarandre sine ytringar, og fortelje vidare utifrå perspektivet til den andre, og vi har
sett døme på forteljingar som er konstruerte som svar til andre forteljingar. Å fortelje er slett
ikkje ein monologisk situasjon, men ein dialogisk situasjon som tek i bruk virtuelle og reelle
deltakarar i samtalen.

Forteljarane vidarefører poenga som er fortalt før og byggjer opp forteljingane som repeterer
uttrykk frå tidlegare forteljingar. Forteljaren kan også bruke virtuelle deltakarar i forteljingane
for å få fram haldningar og meiningar som forteljarane kan vere ueinige med, eller bruke
virtuelle deltakarar for å etterlikne dei og skape ein dramatisk effekt. Forteljarane brukar
mellom anna stemma til å få fram trykk på særlege ord som er meiningsberande for poenget i
forteljinga.

I alle desse sekvensane er det Svein og Robert som har snakka mest. Dei fast tilsette har
fortalt kvarandre og ferievikarar korleis det er på denne arbeidsplassen. Ferievikarane har
mest høyrt på og ledd der poenga slo inn. Dei faste har, gjennom forteljingane, gitt leksjonar i
korleis ein er ein god arbeidar på dette skiftet. Det er lite truleg at denne samtalen skulle finne
stad om lyttarane hadde vore arbeidarar som hadde jobba saman i fleire år, og ikkje var
ferievikarar og lite rutinerte arbeidarar som i dette tilfellet. Det er ferievikarane desse
forteljingane er retta mot. Kanskje seier Svein og Robert noko om at dei ikkje skal ta kritikk
så tungt; og ”trøyster” dei med å seie at alle gjer feil. Ein annan motivasjon med å fortelje
desse forteljingane kan vere eit ynskje frå Svein og Robert om å oppdra ferievikarane til å bli

80
KAPITTEL 7

gode i teamarbeid, og om mogleg rette opp ein feil kurs hos nokre av ferievikarane. Dei seier
til ferievikarane at dei ikkje skal la vere å hjelpe om nokon har gjort ein stor, sjølvforskyldt
feil, men dei oppdrar dei til å samarbeide og vere skikkelege mot kvarandre. Dette kan vere
forteljaren sitt (underliggjande) poeng. Vi ser at om vi studerer iscenesettinga av forteljinga
kan ein oppdage korleis forteljaren får fram poenget sitt og gjer forteljingane aktuelle i
konteksten. Forteljingane blir konstruerte for å illustrere forteljaren sitt poeng. Som vi har
vore inne på tidlegare har forteljingar poeng på fleire nivå, og kva som kjenneteiknar desse
kjem eg til å utforske nærare i neste kapittel. Der skal eg forklare og gjennomgå
forteljingspoeng, forteljarpoeng og det underliggjande poenget.

81
KAPITTEL 7

7 Poenganalyse
Som vi har sett i dei førre kapitla, kan forteljingar ha fleire poeng på fleire nivå. Som eg har
vore inne på (sjå kapittel 2) skildrar Viveka Adelswärd (1997) tre ulike poeng på ulike nivå i
forteljinga: forteljingspoeng, forteljarpoeng og underliggjande poeng. Desse poenga blir
formidla så og seie samtidig i kommunikasjonen, men i dette kapittelet skal eg prøve å gjere
eit analytisk skilje mellom dei ulike poenga i ein samtale og analysere nye utdrag med
utgangspunkt i desse tre typane av poeng i forteljingane. Eg vil først vise fram
forteljingspoeng i alle samtaleforteljingane, før eg viser forteljarpoenget i nokre av
samtaleforteljingane, og avsluttar med å skildre det underliggjande poenget i
samtaleforteljingane. Mot slutten av kapittelet kjem eit utdrag frå ein ny samtale der eg gjer
ein samtaleanalyse av alle poenga.

7.1 Forteljingspoeng
Forteljingspoenget finn vi om vi studerer forteljinga som ein intern struktur uavhengig av den
samtalesamanhengen den står i. Vi kan då analysere innhaldet i forteljinga og sjå på
vokabular, tema og struktur i forteljinga. Eg stiller spørsmål som: kva handlar forteljinga om?
og korleis er den bygd opp for å få fram eit poeng?.

Den første samtalen i dette kapittelet er eit langt utdrag med seks forteljingar om sjefen
Lægreid. Tilstades er Helge, Bjørn, Silje, Mari og Frode.

Samtale 3 ”Lægreid har eg tatt mange gangar” (4 minutt 2 sekund)


1 Helge har tatt mange oppi gjennom årene der e,
2 Mari @hx
3 Helge har eg.
4 Bjørn (3.4)ka sir du Silje?
5 Helge Lægreid har eg tatt mange gangar.
6 Mari [(1.0)<GJESP har sotte inn plater GJESP >]
7 Helge [kom inn her],
8 så var det ‘pause her vet du,
9 ‘rett etter matpausen,
10 vi hadde ‘tatt det vi sku ‘ta og greier,
11 satt vi her og slappa av, {viser korleis han slappar av}
12 tenkte eg,
13 så gikk han forbi her,
14 så snudde han rundt,
15 (..)<F ”‘sitter ‘her og ikkje ‘gjør på ‘noe?” F>
{siterer Lægreid}
16 <P så satt vi lenge P>,

83
POENGANALYSE

17 Bjørn @@@@
18 Helge <P vi satt lenge P>,
19 Laffen var på her,
20 var på overtid med oss,
21 (1.8)”ka i ‘helvete e det du sier” sir eg sa eg,
22 (1.2)”har du noe ‘med ka’eg holder på med” sa eg,
23 ”forresten så kan du ‘dra til !helvete ut ‘herifra” sa
eg.
24 <Xdau dauX> {siterer Lægreid som mumler}
25 <F”ja ‘så ‘gå !ut då sa eg”F>
26 var eg sintare,[sant]?
27 Bjørn [@@@]
28 Helge så går han ut, {reiser seg}
29 (..)så går han forbi her,
30 så står han her her, {viser pekefing mot hodet
31 så peiker han på meg, som blir vridd rundt}
32 (..)<@ sånn her @>,
33 på meg sånn herre,
34 Bjørn @@@
35 Silje Lægreid?
36 Helge <@Pål Lægreid ja @>. {sett seg}
37 Silje !gud det er jo sånn som ‘Ragde holder på med
38 Helge sant?
39 eg var så e= eg e- b- b- blei så !forbanna,
40 ka !faen har den ‘mannen--
41 (..)det er kun !ein ‘mann som skal masa på meg og det er
Johansen37.
42 Bjørn eg var på 3-skift--
43 Helge det er !kun ‘han som kan avgjøra ka eg ska gjøra,
44 Bjørn no skal eg fortella [littegranne]
45 Helge [!ingen andre.]
46 Bjørn no får du ti still.
47 Mari [@@@@]
48 Silje [@@@@]
49 Mari <@her må du rekka opp hånda@>.
50 Silje @@@
51 Bjørn eg var på [‘3-skiftet],
52 Mari [@@@]
53 Bjørn så var vi ferdig med celle firogførti,
54 Silje @[@]@
55 Helge [har] du vært på 3?
56 Bjørn <F rolig no F>.
57 Helge koss skift var det då?
58 Mari <P @@ P>
59 Bjørn også e (..) <@ var vi ferdig [på celle firogførti] @> da
hadde Einar--
60 Helge [Pedersen X var det Pedersen sitt?]
61 Bjørn sotte opp en sånn at- tofireboks for materøret var så
jævlig dårlig,
62 så den stod,
63 og da kom- kran- m- med heile skiten nede sant?
64 så gikk eg foran kranen,
65 Helge <P vakje oppe. P>
66 Silje (1) off. <X va- d- s- X>
67 Bjørn og så ‘der ‘stoppa han i den tofireboksen {slår hendene
sammen} sant?
68 han ‘traff han ‘akkurat i d- ba- magen som var nede s- s-
‘akkurat ved siden av meg,

37
Johansen er driftsleiar

84
KAPITTEL 7

69 snur eg meg opp så ser eg kran- står sånn woo woo.


{demonstrerer korleis kranen står}
70 Silje @@
71 Bjørn også ‘kommer han igjen veit du.
72 og eg holdt jo på eg trudde han ramla ned eg veit du,
73 Silje <F@[@hå]F>
74 Bjørn [måtte hive] drite i XX buksa veit du
75 Mari <@mhm @>
76 Bjørn så,
77 (..)gikk han videre da han hadde fått hjulene skeive på
han oppå her og,
78 måtte jo stoppe og ‘hele driten og Kværner inn her og,
79 da kom ‘Lægreid.
80 det var han eg sku sikte meg inn på da.
81 ‘Lægreiden står der ute og dirigerer ‘hele ‘gjengen vet
du og dill og dall.
82 ‘de får ikkje gjort noenting.
83 ‘gikk eg bort til han
84 ”få se å dra deg til ‘helvete vekk herfra så folk får
jobba” sir eg.
85 så gikk eg inn her og satt meg.
86 kom han inn ‘der {slår hendene sammen} <@ ‘sparka meg i
stolen min også gikk han @> @@@
87 Silje oj.
88 Helge vi hadde jo sånn der sku- op- der nede då,
89 skulle eg ned og se,
90 klokka var ‘halv to på natta (..) el- ef- f-,
91 ‘dagen ‘før var det,
92 eg sku- bort eg sku- ‘ha meg ei ‘slegga,
93 bygde hus då, ei ‘slegga og ei ‘øks,
94 (..)så var eg på labben så skulle eg bort å ta ein prøve
klokka halv fire på--
95 (..)@ <@ var ‘helg og greier bort på ‘Firen @> der.
96 så fant eg sleggo og øksa,
97 så la eg det ved siden av ‘støperiet ‘der,
98 sku- ta det med meg når eg kommer tilbake igjen.
99 i det eg kommer tilbake igjen og så går eg ‘bort,
100 då var ho halv kvart på fira,
101 så tar eg øksa og det derre,
102 klokko var halv kvart på fira,
103 ‘kem er det som står ‘bak meg?
104 ‘Pål ‘Lægreid.
105 Frode @@
106 Helge også tenkte eg no må eg vere kjapp kjapp som faen.
107 Bjørn @
108 Helge ”nei faen vi vi mangler ei slegge der oppe måtte ‘henta
ei” sir eg,
109 vært noe ‘gale der oppe sir eg,
110 (..) sant?
111 då ‘stod han bak meg
112 (..)
113 Helge ant skift da sku vi ned å ne- ner- i,
114 Bjørn det er så mange X
115 Helge skulle ned i ‘manganen og sku- ha igang smetjeten ‘halv
to på natta
116 Bjørn ehe @<@ja @>
117 Helge !åpner døra,
118 der står ein der med Prince {reiser seg} ‘halv to,
119 [for seg ‘sjøl],
120 Silje/ [@@@@]
Mari/Bjørn

85
POENGANALYSE

121 Helge Pål Lægreid.


122 vi begynte å lure om du var [heilt] X
123 Silje [@@@@]@@@
124 Bjørn men det er ‘sant.
125 Helge !le:vde her ute !døgnet {sett seg} rundt.
126 Bjørn her- stod der borte og i satellitten.
127 da var d- vi så det kom sånn røyk- [greier ut],
128 Mari [@@@]
129 Silje [@]@@
130 Bjørn bak der stod sånn {imiterer å røyke}
131 Helge og ‘vi og,
132 så slo vi ‘strømmen ut her klokka var fir- halv fira fir
rundt ov- e- der ‘har ikkje hold kor tid det var då
men det var på ‘natta i vertfall.
133 ein ‘boks oppi d- Tyssedal i i skog- oppi der som hadde
‘slått seg ‘ut,
134 så for ‘strømmen her,
135 så ‘ringte eg vet ikkje ikkje kem <X det var eg sku- X>
så eg ringte til ‘Lægreiden eg.
136 ‘han ‘var her på ‘tre minutter,
137 Mari/ @@@
Frode
138 Helge så ‘fant han ‘låg med med ‘klær [i senga] <P <X
zinkenfrakken X> P>
139 Silje [@@] [2 @@ 2]
140 Mari [2 @@2 ]@@
141 Frode [2@@2]
142 Helge det e det ‘kaldaste, !pluss [‘to ‘grader.]
143 Mari [@@ [@@@@@]] <X <P du ekje god P> X>
144 Silje [@@@@@]
145 Helge han va- han va- [så va- at- h- ..han fulgte ‘med veit du
og]
146 Bjørn [det va ein som sa, eg veit ikkje kem som sa det],
147 Silje men ka stilling han hadde då?
148 Bjørn ja X,
149 Helge han var sånn der sjef,
150 han var ‘sjef.
151 Frode XXXsjef {sensurert}
152 Bjørn men da sa det va ein som sa til ‘Lægreiden
153 ’du er en mann som ikkje klarer jobben din,
154 siden du må være her ‘firogtjue timer i døgnet.

Dette er eit langt utdrag med fleire forteljingar om sjefen Lægreid. Denne sjefen er ikkje sjef
for skiftarbeidarane, men har hatt andre sjefsjobbar som er litt høgare opp i hierarkiet. Eg skal
no gå inn på forteljinga sitt poeng i kvar enkelt forteljing.

Forteljing (1) – Lægreid kjeftar på arbeidarane i pausen

Den første forteljinga handlar om Lægreid som klaga på at arbeidarane ikkje arbeida når dei
hadde pause. Det er vanleg at det kan ta litt ekstra tid før arbeidet er i gang igjen etter
matpausen, og det var i dette tidspunktet Lægreid dukka opp i elektrolysehallen. Helge
forklarer bakgrunnen til at dei satt der og slappa av (linje 11) med at dei var eigentleg ferdige
med arbeidet (”hadde tatt det vi sku ’ta” i linje 10). Lægreid som berre skulle gå forbi,

86
KAPITTEL 7

ombestemmer seg og snur for å kjefte på dei. Helge siterer Lægreid med ei høg og streng
stemma:” ‘sitter ‘her og ikkje ‘gjør på ‘noe?” (linje 15). Helge brukar lang tid på å byggje
opp spenninga til forteljinga. Han seier lavt at dei satt lenge (16, 18), og kjem med ekstra
informasjon om at ” Laffen (ein annan arbeidar) var på her” (linje 19,20) som er med på å
drøye tida ut for at poenget i forteljinga skal bli meir slåande. Det er som om vi får vere med
på korleis sinnet til Helge berre veks med tida, og så slår Helge til med ei lengre utskjelling av
sjefen: ”ka i ‘helvete e det du sier”, ”har du noe ‘med ka’eg holder på med” før han jagar
sjefen på dør ut med ”forresten så kan du ‘dra til !helvete ut ‘herifra” (linje 21-23).

Poenget til denne forteljinga kjem fram gjennom den virtuelle samtalen der Helge seier til
sjefen at han kan passe sine eigne saker og ikkje leggje seg opp i arbeidet til Helge.
Avslutninga på forteljinga (frå linje 28-33) blir ei understreking av kor upassande handlingane
til Lægreid er: at han går utafor vinduet og signaliserer til Helge og dei andre at Helge er idiot
(med å vri om fingeren mot hodet). Han er ein sjef som ikkje har skjønt grensene for kva han
har ansvar over.

Forteljing (2) – Då kranen fekk hjula på skeive og Lægreid skulle ordne opp

Sjølv om Helge prøver så godt han kan å hindre Bjørn i å fortelje, får Bjørn fortalt ei forteljing
om eit avvik som kanskje kunne blitt ein stor katastrofe. Han forklarer korleis uhellet skjedde
med å referere til mange kunnskapar lyttarane sit med, slik at dei skjønnar alvoret. Einar som
var på labben hadde laga ei midlertidig løysing med ein to/fire-boks38 fordi ” materøret var så
jævlig dårlig” (linje 61). Materøyret må stå skikkeleg for at cellene skal få god sirkulasjon,
men i dette tilfellet, måtte materøyret ha hjelp for å stå oppreist. Bjørn seier at dei var ferdig
på celle 44 (i linje 53, 59), og då blir kranen omprogrammert til noko anna enn kva den pleier
å gjere, og difor ”kom kran- m- med heile skiten nede sant?” (linje 63) og ”der ’stoppa han i
den tofireboksen sant?” (linje 67) seier han, og klappar hendene effektfullt saman. Kranen
stoppa i cella rett ved Bjørn og ”snur eg meg opp så ser eg kran- står sånn woo woo”. Kranen
henger i to skinner oppe ved taket, men no fekk den såpass motstand at den stod i røyrsle fram
og tilbake, og Bjørn trur den kjem til å dette ned (linje 69). Men kranen gjekk vidare, den fekk
berre skeive hjul (linje 77), men det var stans og reperatørar frå Kværner kom. Bjørn seier
”da kom ’Lægreid” (linje 79). Då kom Lægreid også inn i forteljinga til Bjørn. Han

38
Dette er ein planke av trematerial med ein 2/4-dimensjon.

87
POENGANALYSE

signaliserer med denne ytringa og den neste (”det var han eg sku sikte meg inn på da” i linje
80) at forteljinga før berre har vore ein bakgrunn for det han skal fortelje om Lægreid.

Bjørn skildrar korleis Lægreid kjem opp i elektrolysehallen ”og dirigerer ’heile gjengen”
(linje 81), med det resultatet at ”de får ikkje gjort noenting” (linje 82). Bjørn fortel vidare på
forteljinga og forklarar korleis han seier ifra til Lægreid; ”få se å dra deg til ’helvete vekk
herfra så folk får jobbe” (linje 84) før han går inn og setter seg, men poenget i denne
forteljinga blir, som den forrige forteljinga, at Lægreid dukkar opp på eit lite gunstig tidspunkt
og at han bare dirigerer andre utan å bidra til å løyse problemet.

Forteljing (3) – Då Helge skulle ha ein hammar og ei øks

Forteljing (3) handlar om Helge som hadde tenkt å stele ein hammar og ei øks fordi han heldt
på å byggje hus. Helge hentar utstyret i matpausen, plasserer det ved støperiet slik at han kan
ta det med seg etter han har gått runden sin klokka halv fire, men det går ikkje slik som Helge
vil.

Forteljinga er bygd opp gjennom tidspunkt som spesifiserer når det skjedde, men som også
avslører ekstra informasjon; ”klokka var ‘halv to på natta” (linje 90). Dette er matpausen og
sidan det er matpause, er det kanskje ikkje så mange som er ute og traskar. Helge nyttar
sjansen å hente utstyret. Han preisiserer også at ”det var helg” (linje 95). Då er det mindre
arbeidarar på jobb og det minskar også faren for at nokon skal overraske deg. Helge legg
utstyret klart ved støperiet; ”då var ho (klokka) halv kvart på fira” (linje 100). Helge tek
utstyret frå gøymestaden og repeterer igjen tidpunktet ”klokko var halv kvart på fira” (linje
102). Det skulle eigentleg ikkje vore nokon ute på denne tida, men som Helge seier; ”‘kem er
det som står ‘bak meg? ’Pål ’Lægreid” (linje 103, 104). Forteljinga har bygd seg opp med
spenning gjennom å presisere kva Helge gjer til ei kvar tid. Det er som om Helge lagar ein
rekonstruksjon av ei kriminell handling, men den kriminelle handlinga er ikkje å stele
hammaren og øksa, men at Lægreid dukkar opp på feil plass til feil tid.

Forteljing (4) – Lægreid står bak smetjeten


Helge fortel vidare om Lægreid på eit anna skift då han arbeidde i manganen og skulle ned i
kjellaren klokka halv to om natta. Denne forteljinga har ei mindre hendingsrekkje enn det

88
KAPITTEL 7

førre dømet, men Helge presiserer også her tidspunktet: ”’halv to på natta” (linje 115).
Forteljinga er også oppbygd på same måte som i førre forteljing. I det Helge gjer noko, skjer
det noko overraskande. Helge endrar stemma og seier han ”!åpner døra” med eit emfatisk
trykk (i linje 117), og kjem dermed med forteljinga sitt poeng; ”der står ein der med Prince
‘halv to, for seg ’sjøl” (i linje 118-119), før han avslører kven det var: ”Pål Lægreid” (linje
120). I denne forteljinga reiser faktisk Helge seg (rett før han repeterer poenget ”halv to” i
linje 118) for å vise og demonstrere korleis Lægreid stod og røykte. Då han er ferdig med
forteljinga set han seg igjen. Vi ser at både poenget og måten spenninga er lagt opp blir
repetert frå den førre forteljinga, men i dette tilfellet brukar Helge også kroppen som ein
ekstra underhaldande dimensjon til forteljinga.

Forteljing (5) – Røyksky i satellitten


Om forteljing (4), var ei forkorta hendingsrekkje av forteljing (3), er forteljing (5) enda meir
forkorta. Her blir verken Lægreid eller tidspunkt nemnt, men lyttarane tolkar utifrå
samanhengen at forteljinga gjentek seg. Nokre arbeidarar har vore engstelege fordi det kom
røyk ut av satellitten, men då dei sjekka ”bak der”, ”stod (Lægreid) sånn” og Bjørn repeterer
Helge frå førre forteljing og imiterer korleis Lægreid stod. Denne forteljinga viser ikkje berre
at poenget kan bli repetert, men at forteljaren(e) og lyttarane utifrå samanhengen kan skape ei
forteljing med poeng utan ei eksplisitt fortalt hendingsrekkje. Det er lyttarane som skapar
logiske bindingar mellom sentrale meiningsberande ord og forstår poenget i forteljinga.

Forteljing (6) – Då straumen gjekk etter å ha slått seg ut i Tyssedal


I denne forteljinga spesifiserer Helge ikkje (i motsetnad til i dei førre forteljingane) når dette
skjedde, anna enn at ”det var på ‘natta i vertfall” (linje 132). Han forklarer kva som hadde
skjedd. Straumen hadde gått og han måtte ringe til ein sjef å fortelje kva som hadde skjedd, og
truleg få instruksar på kva han skulle gjere. Det er mange krefter i sving på ein slik
arbeidsplass, og når straumen går, er det mange pumper og prosessar som må startast
manuelt. Helge visste ikkje kven han skulle ringe, så han seier i forteljinga ”eg ringte til
‘Lægreiden eg” (linje 135). Fram til no har forteljinga vore omstendelig, med
bakgrunnsinformasjon om når det var, kva som hadde skjedd, og årsaka til at det skjedde og
kva Helge måtte gjere med det. Den neste ytringa ”‘han ‘var her på ‘tre minutter” (linje 136)
er ytringa der Helge avslører forteljinga sitt poeng. Poenget i denne forteljinga går ikkje på

89
POENGANALYSE

kva Lægreid seier til andre arbeidarar, eller at han dukkar opp på feil stad til feil tid, men at
han dukkar opp for raskt. Helge understrekar poenget vidare med at det var då dei fann ut at
Lægreid låg med arbeidsklede (”zinkenfrakken”) i senga (linje 138). Ferievikarane ler av
dette, og Helge fortset med å mjølke forteljinga for det den er verdt, og legg til som eit
ekstrapoeng ”det e det ‘kaldaste, !pluss ‘to ‘grader”. Det blir sagt med stor innleving og trykk
på dei fleste orda. Kva akkurat dette speglar på, er vanskeleg å forstå. Det vi kan sjå, er at
lyttarane får ei meining utifrå den, og svarar med latter som bekreftar at ytringa var verdt å
fortelje. Kanskje speglar ytringa på at Lægreid sov med arbeidsklede når det var kaldt for å
kome seg raskt til arbeid, eller kanskje ler deltakarane ekstra mykje etter å ha fått servert så
mange forteljingar om Lægreid på rad, og der kvar forteljing omtrent har toppa den forrige
forteljinga.

7.2 Forteljaren sitt poeng


Som forklart i teorikapittelet blir forteljaren sitt poeng formidla gjennom måten forteljinga
blir fortalt og iscenesett. Ein analyse av forteljaren sitt poeng går ut på å finne ut korleis
forteljaren vurderer si eiga forteljing. For å finne dette ut er det viktig å studere nærare
korleis forteljinga er iscenesett med enkelte verkemiddel som får fram dette poenget. Som eg
var inne på i kapittel 6, kan ein då til dømes sjå etter korleis forteljaren framstiller seg sjølv og
andre i forteljinga, og leggje særskilt merke til korleis forteljaren ordlegg seg; er det noko i
forteljinga som er meir lagt vekt på enn andre ting?

Det vil også vere relevant å finne ut korleis forteljingane blir introduserte og avslutta for å sjå
korleis forteljaren gjer forteljinga aktuell i den lokale konteksten. Om vi går gjennom nokre
av forteljingane i samtale 3 (over) for å sjå på forteljaren sitt poeng, kan vi sjå at det kjem
fram på ulik vis.

Forteljing (1) – ”det er kun !ein ’mann som skal masa på meg og det er Johansen”
I denne forteljinga kjem Lægreid og kjeftar på arbeidarane for at dei ikkje er ute i hallen og
arbeider. Helge framstår i forteljinga (som eg har vore inne på tidlegare) som ein tøff arbeidar
som seier til sjefen at han skal halde seg unna korleis Helge gjer arbeidet sitt, og Helge viser
korleis Lægreid svarar tilbake, ikkje med ord, men med ein barnsleg handling: han viser
pekefinger mot hovudet som blir vridd rundt. Silje viser at ho har skjønt poenget i forteljinga,

90
KAPITTEL 7

og bekreftar at forteljinga til Helge var verdt å fortelje når ho reagerer på Lægreid si handling
med kommentaren: ”!gud det er jo sånn som ’Ragde holder på med.” (i linje 37). Helge kjem
då med poenget med å fortelje denne forteljinga. Det blir ytra ganske eksplisitt i etterkant av
forteljinga kva han meiner om handlinga i forteljinga og det Lægreid gjorde: ”eg var så e= eg
e- b- b- blei så !forbanna (...) det er kun !ein ‘mann som skal masa på meg og det er
Johansen” og poenget om at ingen skal seie til Helge korleis han skal gjere arbeidet sitt, blir
repetert fleire gongar (linje 39-41, 43, 45). I desse ytringane har Helge gått ut frå forteljinga
sitt univers, og står utanfor og vurderer forteljinga si, og viser fram sine oppfatningar om
Lægreid og korleis ein skal forstå forteljinga.

Forteljing (2) – ”få se å dra deg til helvete vekk herfra så folk får jobba”
I denne forteljinga er ikkje forteljaren sitt poeng like tydeleg, men Bjørn framstiller seg som
tøff når han fortel korleis han seier ifra til Lægreid; ”få se dra deg til ’helvete vekk herfra så
folk får jobba” (linje 84) før han går inn på pauserommet og sett seg. Vidare fortel Bjørn
korleis Lægreid reagerer på dette; han fortel med latter i stemma at ”kom han inn ’der
<@’sparka meg i stolen min og så gikk han @> @@@” (linje 86). På denne måten
latterleggjer (bokstavleg talt) Bjørn sjefen sin oppførsel, og framstiller han som ein mann som
ikkje klarar å svare tilbake med like gode kommentarar som Bjørn, men som må ty til eit
spark i Bjørn sin stol før han går.

Forteljing (3) – ”kem er det som står ‘bak meg?”


Helge kunne blitt oppfatta som den mest utspekulerte, skruppellause tjuven når han forklarar
korleis han hentar fram øksa og sleggja i matpausen, og gøymer det ein stad ved støperiet for
at han så skal hente det seinere på natta. Dette er eit ’nøye’ planlagt tjuveri, med fleire
handlingsledd, men Helge framstiller det som den naturlegaste ting. Han grunngir det med at
han ”bygde hus då” (linje 93), underforstått at det var naturleg at han trengte utstyret og viser
ingen betenkelegheiter ved å stele det. Det har vore vanleg på bedriftene i Odda at folk har
stelt mykje verktøy og anna utstyr med seg heim.. Han viser seg sjølv som smart som gjer alle
desse handlingane på gitte tidspunkt, og er førebudd og klar for uventa situasjonar. I
forteljinga klarar han å lure sjefen Lægreid som plutseleg dukkar opp der han ikkje skal vere,
og forklarar kva han tenkte i det Lægreid dukka opp bak han og nærmast tok han på fersken:
”også tenkte eg no må eg vere kjapp kjapp som faen” (linje 106) og kjem med unnskyldninga

91
POENGANALYSE

til Lægreid ”nei faen vi vi mangler ei slegge der oppe måtte ‘henta ei (...) vært noe ‘gale der
oppe” (linje 108-109). Helge sitt forteljarpoeng viser seg når han framstiller seg sjølv som lur,
og mest sannsynleg klarte å gå klar for Lægreid. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved i kor
stor grad Lægreid blei lurt. Forteljinga kan hinte til at han faktisk ikkje blei lurt, i og med at
han dukka opp og tok Helge på fersken i gjerningsaugneblinken, men dette kjem ikkje fram
som forteljaren sitt poeng.

Forteljing (6) – ”han låg med med klær i senga”


I denne forteljinga har Helge fortalt om at han var nødt å ringe nokon då straumen gjekk, og
han ringte Lægreid som kom og ”‘var her på ‘tre minutter” (linje 136). Dette er (som eg var
inne på tidlegare) forteljinga sitt poeng. Forteljaren sitt poeng kjem fram i korleis Helge
reagerer på at han var så rask. Han får fram eit poeng om at Lægreid er ein som ligg med klær
på i senga, klar for å hoppe inn i alle kriser som skulle skje på Zinken. Dei andre deltakarane
svarar med mykje latter til dette poenget, som er Helge si tolking og forklaring på årsaka til at
Lægreid kunne komme så fort. Helge spinner vidare rundt poenget, og klarer å få enda meir
respons og latter når han spesifiserer at det var arbeidsklede (”zinkenfrakken” i linje 138), og
(og slik eg tolkar det) seier med eit sterkt emfatisk trykk at det var var såpass kaldt at han
trengte å liggje med klede i senga (142). Mari, Frode og Silje svarar med mykje latter her
(linje137-139, 141-144), og Mari seier også ”du ekje god” i meininga ”du er ikkje rett i
hovudet” (linje 143). Det er ein kommentar som går på kvalitetar ved Helge som forteljar, og
kan derfor tolkast i samband med forteljaren sitt poeng. Det kan vere ein reaksjon på at Helge
går for langt med å byggje ut forteljinga med sine eigne tolkingar for å framstille sjefen i eit
dårleg lys, eller det kan vere ho reagerer på måten det blir fortalt på med såpass mykje
innlevelse gjennom trykk og stemmebruk. I samhandlinga med (latteren til) dei andre
deltakarane, legg Helge til ekstra informasjon til poenget sitt, for kanskje å få meir reaksjonar
og latter ut av forteljinga og poenga sine, og vi kan slik sjå at å fortelje har eit poeng i seg
sjølv. Kva som blir sagt (innhaldet) kan til ein viss grad vere på sida av kva som er relevant,
men måten det blir framstilt på (form), kan vere avgjerande for kva reaksjonar forteljinga får.
I denne forteljinga vekker forteljaren sine reaksjonar på hendingsrekkja i forteljinga meir
latter og reaksjon enn sjølve forteljinga. I denne forteljingssituasjonen klarte forteljaren og
lyttarane å få meining ut av ytringa ”det e det ‘kaldaste, !pluss ‘to ‘grader” (linje 142).

92
KAPITTEL 7

7.3 Underliggjande poeng


Dei underliggjande poenga i forteljingane kan løftast fram først når ein ser på forteljingane i
samanheng, både på forteljinga og forteljaren sitt poeng, og ser om noko kan generaliserast til
å seie noko meir utover den lokale avgrensa forteljinga.

Eit underliggjande poeng vi kan finne i forteljingane i denne samtalen, er sjefen som plutseleg
dukkar opp over alt på tidspunkt der det ikkje fell seg naturleg. Framstillinga av Lægreid gir
grunnlag for at lyttarane kan stille seg spørsmåla om kvifor Lægreid var der, og kvifor skulle
han klart å ta Helge på fersken, og det byggjer opp om poenget at Lægreid ikkje er heilt til å
stole på, ein er ikkje trygg for at Lægreid kan dukke opp kvar som helst. På eit meir overodna
nivå kan ein ta det underliggjande poenget for å vere korleis arbeidarane står mot sjefen. Dette
var tilfellet også i samtale 2 (kapittel 6) der arbeidarane tok avstand frå sjefen. Han var ikkje
ein av ”oss”, men ein som kunne få fordelar hos sjefane lengre oppe i systemet på bekostning
av arbeidarane. Ein kan også finne underliggjande poeng på eit større globalt plan. Då kan ein
stille seg spørsmål om kva er det desse forteljingane kan seie oss om arbeidarkulturen på
dette skiftet? Meir om dette og tematikken sjefen og arbeidar kjem i neste kapittel.

7.4 Poenget med å fortelje


Som vi ser har forteljarpoenget ofte ein annan funksjon enn forteljinga sitt poeng. Medan
forteljinga sitt poeng er knytt til forteljinga si indre kjerne, og gjerne bygd opp med eit
spanande poeng som kjem til slutt, visar forteljaren sitt poeng fram kva han meiner er viktig
med og i forteljingane. Det kan, som vi også såg i forteljing (3), liggje mykje implisitt moral i
kva som ikkje blir sagt og ikkje problematisert. Eg skal gå gjennom ein samtale til nok eit
poeng som vi har vore inne på, eit eige poeng om poenget med å fortelje. I analysen av denne
samtalen vil eg få fram korleis alle poenga kjem til uttrykk i ei forteljing.

Utdraget nedanfor viser at forteljaren kan ha fleire poeng ved å fortelje denne historia. Det
skjer av og til at gamle skiftkameratar tar turen på besøk for å høyra korleis det står til med
skiftet. I dette utdraget er det Terje som er på besøk og han pratar med to av dei han har
arbeida med tidlegare, medan maskinene går og arbeidet er i gang utafor pauserommet. Silje
arbeider på kranen, men kikker ut vindauget og ser at Brattabøen er i nærleiken av kranen og
ho håpar han set ned kranen for ho. Eg har markert når forteljinga byrjar.

93
POENGANALYSE

Samtale 4 ”Han sku hatt skikk Hermansen og” (2 minutt 4 sekund)


1 Silje åh hx
2 (1.3)
3 Silje no ska Brattabøen få setta den ner.
4 (1.2)
5 Kjartan åh {strekker seg}
6 Terje har dåkke fått ’skikk på Brattabøen då?
7 (2.2)
8 Terje hæ?
9 Kjartan går [d--]
10 Terje [Hermansen greier han det]?
11 Kjartan går det ’ant å få skikk på han då?
12 Terje ikkje eing- Hermansen greid det eing- hell-?
13 Kjartan ..nei sku [hatt skikk på ’Hermansen] óg.
14 Silje [ka han gjør då?]
15 ja ’han skulle hatt skikk.
16 Terje <@’han gåkje det an å få skikk på det [X] @>
17 Silje <F [han] gjorde ’ingen ting men alikavel så klagde han
mest av andre.
18 før [han X]--
19 !herregud F>.
20 Terje @@
21 Silje ja men e- då når eg jobba der da nå det året,
22 så gjorde jo han ’masse,
23 det var jo ikke sånn at han bare satt her å=
24 Kjartan =han gjør det bare på det ’retta ’tidspunktet.
25 Silje ja kanskje det.
26 Kjartan det er det så uff--
27 det er ’det så er så ’bra med ’han.
28 ikkje f- og ikkje for oss då men--
29 Silje @@@@@@@
30 Terje <@nei når det passe han@>
31 Kjartan <@ja og så når d- det er ’passelig med folk rundt om
han@>.
32 Terje eg kan kje glømma han for mange år siden eg eg jobba
bare ettermiddag.
33 (1.2)
34 Terje var det ein lørdag ettermiddag då,
35 (…)klokka blei to,
36 og der sitter Hermansen og holdt på å ’strippa
fremdeles.
37 Silje åj.
38 Terje < så ’sein han e då>,
39 så ’går eg eg hadde noe ant å gjøra eg,
40 og så kom eg tilbake igjen i tre-fire-tida og
41 ’holdt <@på ’endå.
42 på formiddag@sskiftet.
43 gikk bort til han eg @>,
44 koffor i ’helvete ekje du ferdig,
45 ”det ekje noe nøye med det.
46 eg har en ’heil kasse øl her”
47 Silje <F Hx@@@@ F>
48 Terje <@tok han seg ei øl og strippa et par plater.
49 Kjartan tok ei øl
50 Silje @@@@
51 Terje tok han ei øl igjen,
52 Silje @@@@
53 Terje ’heile kassen.
54 Silje @@@
55 Terje <F ’kanon F>]

94
KAPITTEL 7

56 Silje @@@@@
57 Terje men <XgreideX> jobben @>
58 Silje @
59 Kjartan <@jaja@>.
60 Silje @@@@@@@
61 Terje @@@ <@det var ikkje så nøye med ’det då @>.
62 Silje <@ då har han livet
63 off best av alt @>.
64 Terje [då tok han det jævlig med ro du]
65 Silje @@@
66 Terje kjerringa ho venta og venta vel@@@.
67 (7.2)
68 Silje <ja han setter han vel ned?> {Reiser seg}

Dette utdraget viser fram noko typisk ved dei samtalane der nokon kjem tilbake etter å ha
vore lengre borte frå skiftet. Forteljinga har ein lang innleiingssekvens der Terje spør retoriske
spørsmål han mest truleg anar svaret på, for å fiske etter nytt som har skjedd og nye
forteljingar.

Innleiingssekvensen byrjar allereie då Silje seier høgt at ho håper Brattabøen setter ned kranen
for ho (linje 3). Terje følgjer opp temaet (Brattabøen), og spør om dei har fått skikk på han
(linje 6), og når han ikkje får svar, gjentar han spørsmålet (i linje 6). Kjartan er i gang med å
svare (i linje 9), men Terje avbryter og introduserer Hermansen inn i snakket: ”Hermansen
greier han det?” (linje 10). Kjartan svarar med eit retorisk spørsmål: ”går det ’ant å få skikk
på han då?” (linje 11). Terje repeterer og spør om ikkje Hermansen har klart det eingang
(linje 12). Terje ymtar til det alle veit; at Hermansen pleier å oppdra dei nye arbeidarane til å
bli skikka arbeidarar. Kjartan svarar med ”nei sku hatt skikk på Hermansen òg”. Terje spør
etter spesifikke personar han veit det pleier å vere nye og spesielle forteljingar knytta til. Han
er kanskje nysgjerrig på kva som har skjedd sidan sist og vil høyre noko nytt. Ein får kjensla
av at spørsmåla heng i lufta – ventande på moglege forteljingar når vi ser dei merkbare
pausane som oppstår (linje 4, 7), og ser spørsmåla som blir stilt. Slik eg kjenner materialet, er
desse typiske spørsmål arbeidarane stiller for å halde seg oppdatert på kva som har skjedd
sidan sist. Dei hintar til potensielle forteljingskandidatar (jf. 5.3.2), som kan vere aktuelle for
skiftet akkurat no gjennom meiningsberande ord som kan fungere som agn for at forteljingar
skal bli fortalt.39 Terje får ikkje servert nye forteljingar, men får svar i form av klaging frå
Silje, og artige kommentarar av Kjartan.

39
Potensielle forteljingskandidatar eg ser kunne blitt fortalt her, er forteljingar som bekrefter at Brattabøen ikkje
har fått skikk; at han har ’dumma seg ut’ eller sagt noko artig, eller at Hermansen på ein eller annan måte har fått
skikk på han eller nokon andre.

95
POENGANALYSE

Silje sin negative karakteristikk av Hermansen (linje 14, 15, 17-19 og 21-23): at ”han gjorde
ingenting men alikavel så klagde han mest” og før ”gjorde jo han masse” (i motsetning til
no), byggjer Kjartan vidare på, men svarar med ein morsom og forståelsesfull replikk at
Hermansen arbeider ”bare på det retta tidspunktet” (linje 23), og fortset med ”det er ’det som
er så ’bra med ’han”, men ”ikkje for oss då” (linje 27-28). Dette utløyser (bekreftande) latter
hos både Terje og Silje. Terje forstår akkurat kva Kjartan meiner og bekreftar det ved å gjenta
poenget til Kjartan ”nei bare når det passer han” (linje 30). Kjartan bekreftar tilbake at Terje
har skjønt det som var poenget hans (i linje 31): ”ja og så når d- det er ’passeleg med folk
rundt om han”. I den lange innleiingssekvensen har Terje spurt mange spørsmål og gitt rom
for at dei kan kome med ei forteljing – kanskje med det formålet om å få oppdateringar om
skiftet. Desse retoriske spørsmåla og Kjartan sine morsomme replikkar har bidratt til god
stemning mellom samtaledeltakarane, og det er rom for at nokon kan fortelje ei forteljing. I
dette tilfellet er det Terje som fortel ei forteljing om Hermansen som illustrerer poenget dei
har kome fram til i innleiingssekvensen; at Hermansen arbeider når det passar han.

Terje fortel ei forteljing som hendte for mange år sidan, til den tida då han og Hermansen
arbeidde i gamlehallen. Det blir ofte fortalt forteljingar om korleis det var å arbeide i
gamlehallen. Der var det tøft å arbeide. Arbeidet var hardt, sidan det var arbeidarane og ikkje
maskiner som strippa sinken av platene. Kvar arbeidar hadde ansvar for sine cellekar. Difor
var det mest vanleg at dei gjorde seg ferdig så fort dei kunne, for då kunne dei gå tidleg heim,
og det gjerne i 10-11 tida. I denne forteljinga fortel Terje om Hermansen som held på med å
strippe cellene sine langt uti ettermiddagsskiftet, langt etter arbeidstid. Han hadde kjøpt seg
ein kasse øl og det var ikkje så nøye med å komma seg heim. Kanskje fordi der venta kona
(linje 66). I gamle dagar (på 80-/70-talet og før) var det ikkje uvanleg med alkohol på arbeid
og det verserer fleire historier om dei konene som måtte stå klare i porten og vente på mannen
den dagen lønninga kom, for å sikre at mannen ikkje gjekk på kafé og drakk det opp.

Forteljinga er lagt opp med moment som gradvis forsterkar poenget til forteljaren. Sentrale
ord i forteljinga er dei som forteljaren påpeikar og legg vekt på som viktige. Terje spesifiserer
at det er ein laurdag formiddag (linje 34), og på den måten understrekar han poenget sitt.
Hadde Terje sagt det skjedde ein onsdagsformiddag, og Hermansen stod der og drakk hadde
han lagt vekt på noko heilt anna, og han ville ha understreka eit anna poeng; kanskje lyttarane
ville tru at han drakk mykje kvar dag. Tradisjonelt sett er laurdag formiddag ein dag
stripparane i elektrolysehallane kan få gå tidlegare heim enn vanleg arbeidstid. Arbeidarane

96
KAPITTEL 7

gjer seg fort ferdig og tar fri, men i denne forteljinga står Hermansen på ettermiddagskiftet og
stripper det som skulle vore gjort på formiddagsskiftet. Dette er heilt eksepsjonelt, uhørt og
skapar spenning i forteljinga.

Terje fortset med å byggje opp spenninga i forteljinga, og i dette er bruken av tidspunkt
viktig. Han tek også i bruk av ei tredelt liste (les 6.5). I byrjinga av forteljinga presiserer
Hermansen at det hende det var eit ettermiddagsskift (det vil seie frå kl 14-22)40. Hermansen
skulle normalt sett vore ferdig i 11-12 tida (dette er forkunnskapar Terje tek for gitt at
deltakarane har), men ”klokka blei to” (linje 35) og klokka blei tre og fire (linje 40 37) og
Hermansen står der framleis og strippar (linje 36, 41??33, 38). Det blir meir og meir
merkverdig at Hermansen står og strippar etter som tida går, spenninga stig i takt med tida og
Terje får understrekt nok ein gang kor unormalt dette er.

Terje fortel med eit smil og latter i stemma (frå linje 38-57) unntatt når han siterer og
etterlikner stemma til Hermansen og korleis Hermansen snakkar (i linje 45-46). Når han fortel
at han går for å undersøka kva som er ’gale’ (i linje 40, 43), ler han før han konfronterer
Hermansen med ei skarp stemma ”koffor i helvete ekje du ferdig” (linje 44). Ytringa er
forsterka med å banne og bruke direkte tale i ein virtuell samtale med Hermansen. Gjennom
denne virtuelle samtalen som etterlikner stemma og måten Hermansen snakkar på, kjem Terje
med forteljinga sitt poeng og ein morsom punchline: ”det er ikkje så nøye med det”
(underforstått at det er ikkje så viktig å gå tidleg heim) fordi ”eg har en ’heil kasse øl her”
(linje 45-46).

Forteljinga kunne ha stoppa etter at Terje siterte Hermansen, men ved å fortsettje lar Terje dei
andre deltakarane delta i samtalen igjen. Dei andre deltakarane blir med på å understreke dei
ulike poenga og gjere dei relevante i samtalen. I dette utdraget ser vi at Terje fortset med å
understreke forteljinga sitt poeng med å auke kraft i stemmebruken, og gjennom å repetere og
forklare poenget: ”tok (Hermansen) ei øl og strippa eit par plater” (linje 48), ”tok han ei øl
igjen” (linje 51), ”’heile kassen” (linje 53) til han blei ”’kanon” (linje 55). Silje er med på å
gi liv til forteljinga gjennom hennar bekreftande latter på at dette er morosame. Fordi ho ler,
kan Terje bygga opp forteljinga på den måten at han stadig toppar poenget. Først ei øl og
strippe litt, så ei øl til, tok ei øl igjen og heile kassen, og mellom kvart tilskot i forteljinga som

40
Men sidan formiddagsskiftet som regel gjorde seg tidleg ferdig, kunne arbeidarane på ettermiddagsskiftet også
komme tidlegare.

97
POENGANALYSE

også er ei kronologisk rekkefølgje, ler Silje av forteljinga. Ho formidlar vidare si forståing av


forteljinga om Hermansen; at dette må vere livet for Hermansen, at han ikkje kunne hatt det
betre; vere på jobb, jobbe i sitt tempo og drikke øl (linje 58-59). Kjartan byggjer også opp
poenget, stadfester at han har skjønt poenget i forteljinga, og anerkjenner at det er morosame
(linje 49, 59)41.

Terje byggjer opp forteljinga rundt replikken frå Hermansen ”det ekje noe nøye med det”
(linje 45,61) og relaterer det til at det er ikkje nøye å bli tidleg ferdig (linje 36), det er ikkje
nøye å la vær å drikke på jobb (linje 48-53) og det er ikkje nøye å ta omsyn til kona som venta
(linje 66). Terje får fram i den siste ytringa i forteljinga, (”kjerringa ho venta og venta vel” i
linje 62), eit siste ekstrapoeng, som vi også kan kalle forteljarpoenget deltakarane kom fram
til. Gjennom denne ytringa knyttar Terje forteljinga si inn i samtalen og den lokale konteksten
med si vurdering av kva verdiar Hermansen hadde, og bekreftar og forsterkar det poenget han
og dei andre deltakarane kom fram til i introsekvensen av forteljinga; at Hermansen jobba når
det passa han.

Det er mykje vi kan lese ut ifrå denne samtaleforteljinga, og vi har funne fleire poeng i den.
Fleire har vi vore inne på, at Hermansen er ein arbeidar som arbeider når han vil, at han dreit i
jobben, men det underliggjande poenget i denne forteljinga, finn vi i innramminga av
forteljinga, i innleiingssekvensen og i avslutningssekvensen. Arbeidarane viser fram at dei har
ei forestilling om korleis ein arbeidar skal vere. Det er det Terje spør om når han kjem på
besøk; om Brattabø har blitt ein skikka arbeidar, og om ikkje Hermansen har fått skikk på han
heller. Desse spørsmåla utløyser ei rekke reaksjonar som mest truleg var forventa av Terje
som er på besøk, og det blir etablert eit rom for at Terje kan fortelje ei forteljing som
illustrerer dei reaksjonane som kom fram i samtalen.

Terje spør for å undersøke om det har skjedd noko nytt, og slik sett fungerer forteljingane som
ein måte å halde seg oppdatert på. I dette tilfellet var det Terje sjølv som fortalte ei forteljing,
og viser slik at han framleis er med i gjengen. Kjartan bekreftar i innleiinga (før forteljinga) at
Terje framleis er ein del av skiftet, at han kjenner dei faste tilsette og kva som er viktig å vite.
Han svarar også med retoriske spørsmål som bekreftar at Terje framleis er med i gjengen, og

41
Om Kjartan ler her er vanskeleg å høyre sidan Silje sit nærmast mikrofonen og ler veldig høgt.

98
KAPITTEL 7

framleis kan sjargongen på skiftet. Dei har forteljingane som eit felles minne, og Terje er
framleis ein del av arbeidsgjengen.

7.5 Avslutning
I dette kapittelet har eg analysert forteljingar henta frå to samtalar utifrå ein poenganalyse. Vi
har sett at forteljinga sitt poeng kan bli repetert i dei neste forteljingane – berre med nokre få
justeringar. Jamfør Adelswärd (1997) si definering av dette poenget, kunne dei ulike
forteljingane blitt fortalt av kven som helst, men vel å merke berre dei som er ein ”insider” og
medlem av denne kulturen skjønnar korleis ein skal fortelje forteljingar her. Forteljingane som
vi såg i første utdrag (og i kapittel 5) inneheld variasjonar av same forteljingspoeng. Det kan
verke som om at det er eit mål for deltakarane å fortelje noko med nokolunde same poeng
som forteljinga som er fortalt tidlegare i samtalen. Dette er eit døme på korleis deltakarane
brukar dei umiddelbare kontekstuelle ressursane (les 2.3.1) når dei skal fortelje forteljingar.

Forteljarpoenget kan ofte relaterast til kva som er sagt i kommentarane etter at forteljinga er
fortalt og poenget i forteljinga er avslørt, men det kan også komme fram i korleis karakterane
blir framstilte og i måten forteljinga og ytringar blir formidla på. Som vi såg her, har ikkje alle
forteljingar eigne forteljarpoeng. Den korte forteljinga som Bjørn fortel (forteljing 5), spelar
til dømes på dei forteljarpoenga som har kome fram tidlegare i samtalen; at Lægreid dukkar
opp røykande kvar som helst. Som vi såg i denne samtalen, blir forteljarpoenget i forteljing
(1) og (2) formidla gjennom framstilling av ”arbeidar mot sjefen”. Arbeidaren er tøff i kjeften
komma medan sjefen reagerer underleg, og har nærmast barnslege reaksjonar på kva
arbeidarane seier til han. Dette kan også seiast å vere eit underliggjande poeng, og når dette
temaet er etablert, går forteljarane inn med meir avanserte måtar å fortelje på for å formidle
sine (nokså like) forteljarpoeng. Helge reiser seg (i forteljing 4) og går ut på golvet for å vise
korleis Lægreid står og røyker nede i manganen, og den same etterlikninga av korleis Lægreid
røykar gjer Bjørn i neste forteljing (5). I forteljing (6) ser vi at det er måten Helge fortel
forteljinga på, altså korleis Helge sitt poeng kjem fram, som er underhaldande for dei andre
deltakarane – korleis Helge utbroderer forteljinga med ein slik innleving og fantasi.

Denne utbroderinga og understrekinga av poenga fann vi også i den andre samtalen i dette
kapittelet. Der bidrog alle deltakarane saman med å ”toppe” poenget som var blitt sagt, og
saman viste dei fram si haldning til Hermansen og sitt felles poeng som dei hadde blitt einige

99
POENGANALYSE

om før forteljinga blei fortalt. Terje fortel då ei forteljing som stadfester dette poenget. Dei
haldningane til forteljinga som er fortalt, altså forteljinga sitt poeng, kan altså vere noko
deltakarane skapar saman, og ei forteljing kan fungere som ein illustrasjon på desse
haldningane.

Noko i forteljinga eller forteljaren sitt poeng kan vise seg å vere eit underliggjande poeng om
det blir gjenteke i fleire forteljingar. Vi har allereie vore inne på at eit underliggjande poeng
her er arbeidarane sitt forhold til sjefen. Eit anna underliggjande poeng vi kan lese ut i frå
desse samtalane vi har sett på til no, er korleis ein skal vere ein god arbeidar. Dette kjem vi
tilbake til i neste kapittel, der eg skal drøfte dei mest karakteristiske underliggjande poenga vi
finn i dei samtalane eg har valt ut som typiske for samtaleforteljingane på dette skiftet.
Poenganalyse viser seg å vere nyttig når ein skal sjå på forteljingane sin funksjon i eit miljø,
og kva det er som ligg i desse forteljingane. I neste kapittel skal eg utvide det underliggjande
poenget til eit meir globalt nivå, og prøve å svare på det siste spørsmålet i problemstillinga:
kva kan samtaleforteljingane seie oss noko om?

100
KAPITTEL 8

8 Ei forteljing om forteljingane
Til no har vi sett at samtaleforteljingar må sjåast i samanheng med plasseringa i samtalen sin
samanheng, og korleis samtaleforteljinga blir iscenesett mellom anna gjennom
deltakarmønster for å få fram dei ulike poenga i samtalen. Desse ulike poenga
samtaleforteljingar kan ha, er også blitt undersøkt nærare, og i dette kapittelet skal eg svare på
det siste spørsmålet i problemstillinga: kva kan samtaleforteljingane seie oss noko om?

For å gjere det vil eg i dette kapittelet vise fram nokre nye forteljingar som seier noko om
arbeidarane sitt forhold til forteljingar, og korleis dei oppfattar sitt eige miljø. Eg vil til slutt
gå nærare inn på dei underliggjande tema som er karakteristiske og typiske for dette skiftet og
denne kulturen eg har studert.

8.1 Arbeidarane sitt forhold til samtaleforteljingane


Det er ein gjensidig påverknad mellom livet sjølv og forteljingane vi fortel, hevdar mellom
anna Kenneth Gergen (1994). Han skriv vidare at vi lever liva våre gjennom forteljingar når
vi fortel i samhandling med andre. Vi kan til og med indeksialisere liva våre etter korleis
forteljinga er strukturert: med byrjing, ”dødtid”, klimaks og slutt. Samtidig er våre
oppfatningar om oss sjølve skiftande, dei er ikkje produkt av livet sjølv. Vi fortel innan ei
narrativ form, men vi lever ikkje slik (Gergen 1994:255):

Life events don’t seem to influence the selection of the story form; to a large degree it is the narrative
form that sets the ground for which events count as important.

Vi har ulike måtar å framstille oss sjølve på, men når desse kjem presentert i ei forteljing får
dei sosiale relasjonar knytt til seg. Samtidig er det eit poeng korleis vi vel å fortelje våre
forteljingar, eller kva forteljingar vi vel å fortelje, får innverknad på korleis vi oppfattar liva
våre, og korleis vi i neste omgang lever dei.

Eit spørsmål eg har stilt meg i møte med samtaleforteljingane på skiftet er om vi ikkje også
enkelte gongar gjer noko for at det kan bli ei god historie å fortelje om. Som nemnt i
innleiinga oppdaga eg arbeidarane sitt forhold til forteljingar det året eg fekk arbeide med dei.
Det kjekkaste ved å gå på arbeid, var når dei eldre gutane på jobb fortalte historier. Dei kunne
gjere den minste sak om til ei forteljing som dei bygde opp med spenning og kommentarar, og

101
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

det var ofte mykje latter og fliring på pauserommet. Når vi hadde vore lenge borte frå
kvarandre, om det hadde vore vekefri eller berre nokre dagar, var det alltid noko nytt som
hadde skjedd som vi delte med kvarandre. Og i helgene, når vi berre hadde åtte timar mellom
kvart skift, blei det som regel fleire lange stunder med forteljingar, og dess trøttare gutane var,
dess villare og morosame forteljingar blei fortalt. Det var ikkje alltid viktig kva som blei
fortalt, men at det blei fortalt. Dei kunne dramatisere dei mest daglegdagse gjeremål om til dei
mest underhaldande forteljingane42.

8.1.1 Sjølvrefleksiv samtaleforteljing


Arbeidarane har eit meir eller mindre medvite forhold til korleis kommunikasjonen på skiftet
går føre seg. Dei veit korleis dei andre pratar og dei veit også korleis dei andre er som
arbeidarar. Dei veit kven som er gode forteljarar og dei veit kven som fer med løgn. Dei har
sine roller i interaksjonen som skifter etter kven som er i rommet. Nokon snakkar heile tida,
nokon fortel, nokon fiskar etter forteljingar, og nokon tar forteljingane over i ein annan
dimensjon. Dei lever liva saman på arbeidsplassen. Dei veit meir eller mindre kvar dei har
kvarandre og korleis dei skal relatere seg til kvarandre. Skal ein være svær i kjeften og skryte
av seg sjølv, skal ein kunne vise at det er grunnlag for det i arbeidet også.

Arbeidarane har også eit meir eller mindre medvite forhold til korleis samtaleforteljinga er
som kommunikativ verksemd. Eg skal no gå gjennom eit utdrag som vil vise fram ei
sjølvrefleksiv samtaleforteljing som leikar med forståinga av samtaleforteljinga som
verksemd. Ei forteljing er sjølvrefleksiv ved at den peikar tilbake til si eiga form, og i dette
utdraget ser vi at forteljaren spelar på lyttarane sine forventingar om at forteljinga skal vere
sann. Samtalen er henta frå ein samtale der alle har pause. Tidlegare har samtalen vore intens
og høglydt. Sjølv om forteljingane var morosame, har dei kanskje ikkje fått den ønska
responsen frå dei andre deltakarane. Heile samtalen er på ca 18 minutt. Samtale 5 er ein
sekvens med ein lang tematisk samanheng på 3 minutt og 43 sekund, medan sjølve utdraget
representert her er på halvanna minutt. Tilstades på pauserommet er Svein, Robert, Kjersti,
Sissel, og Lasse som pratar i telefonen (dette er ikkje transkribert inn i samtalen). Før
samtalen dreia seg om eksotiske land og urbefolking.

42
Eit godt døme og ei god historie er til dømes han som fortalte han knuste det finaste vinglasset til kona då han
vart sett til å ta oppvasken på julafta. Han sa han knuste det med vilje for å sleppe å få den oppgåva igjen.

102
KAPITTEL 8

Samtale 5 ”Eg var der i toogførti under krigen” (1 minutt 30 sekund)


1 Svein er det noen som veit kor Surinam ligger?
2 Robert <P ja P>.
3 Kjersti Surinam?
4 Svein <P ja P>?
5 Kjersti nei,
6 Svein <P @@@ P>
7 Robert se no koser han seg no.
8 Svein <P @@@ P> vi fant ut e--
9 Kjersti <F ’gud kor du ’koste deg då [1@@@1]. F>
10 Svein [1nei1],
11 men vi vi va e [2 ’land 2]i i Sør Amerika da,
12 Sissel [2 <P ’fy ’faen P> 2]
13 Svein så kom vi på Peru på slutten då men,
14 så var det ’ett lite ’land på igjen,
15 som ligger oppe ved ’Venezuela,
16 Brasi- slutten av Brasil og Venezuela.
17 fant ut det var Surinam så låg der da.
18 Robert <P Surinam P>?
19 (3,2)
20 Robert aiaiai {puster ut}
21 (1,2)
22 Svein så--
23 (4,2)
24 Svein Paraguay e et lite land ser du.
25 Robert Paraguay ja.
26 Svein Paruaguay e et lite land.
27 (6,1)
28 Robert ”ja ja”.
29 Svein Peru ja.
30 har du vært i ’Lima?
31 X hx
32 Svein ’eg har vært det.
33 X hx
34 Svein eg har vært i ’La ’Paz i ’Bolivia
35 <X <P kald vinter P> X>
36 tretusen meter totretusen meter høyde der=
37 Robert =kor tid var du der?
38 Svein eg var der i ’toogførti under krigen.
39 (1,0)
40 Robert skjønner,
41 det var kaldt den tida der.
42 Svein så- vi ’gjømte oss ’der oppi ’fjellene der,
43 [Hitler XX] stod og skreik ”kom ’ned kom ’ned” sa Hitler.
44 Robert [du og Bin Laden?]
45 Svein @@@@
46 Robert de bildene der <X kem så har tatt X> de?
47 {Peiker på bilder}

Her ser vi eit døme på ei forteljing som slettes ikkje er sann. Alle skjønar nok at denne
forteljinga er kontruert fiksjon, men Svein spelar på deltakarane si forståing av forteljinga
som kommunikativ verksemd ved å framstille den som sann.

103
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

Denne forteljinga slår visst ikkje an hos dei andre i rommet. Det tek lang tid før forteljinga
kjem i gang og samtalen er treig. Det er inni mellom svært lange pausar mellom fleire av
ytringane (linje 19, 21, 23, 27), og forteljinga til Svein ser ikkje ut til å engasjere dei andre i
rommet i noko særleg stor grad. Kanskje det er vanskeleg å forstå kva det er Svein fortel om
sidan forteljinga ikkje har noko logisk hendingsrekkje. Han spør ”er det noen som veit kor
Surinam ligger?” (i linje 1). Robert svarar lavt, men Kjersti spør om igjen ”Surinam?” (linje
3). Som vi har sett (samtale 1, kap 5), har Kjersti ofte stilt spørsmål som stimulerer Svein til å
fortelje forteljingar, og vi kan dra den same slutninga her. Svein smiler, som om han har noko
lurt han skal seie. Både Robert og Kjersti kommenterer dette, og det er kanskje med på å
byggje opp spenning til det Svein skal fortelje, men forteljinga lar vente på seg. Svein brukar
fleire ytringar på å forklare kor Surinam ligg, men det kjem ikkje klart fram kva det er han
fortel. Robert gjentek spørsmålet ”Surinam?” (i linje 18), men det kjem ikkje noko svar. Etter
fleire sekund, tek Svein opp igjen tråden om eksotiske land og fortset med å nemne nokre
faktaopplysningar om Paraguay og Peru.

Det er ikkje før Svein spør ”har du vært i ’Lima?” og sjølv svarar ”’eg har vært det” (linje
30,32), forteljinga slik vi kjenneteiknar den (med hendingsrekkje, poeng, og episodar), dukkar
opp. Svein stadfester at han vore i Lima og i La Paz i Bolivia, i 1942, han gjømte seg i fjella
fordi Hitler leita etter han. Forteljinga har altså ei klar hendingsrekkje, men den er usann og
det skjønnar nok dei fleste som høyrer på. Vi ser ein (usikkert kven) som pustar ut (linje 31,
33), kanskje den personen allereie då veit at dette er løgn. Robert blir skeptisk og spør ”kor
tid var du der?” (i linje 37). Når Svein seier det var i 1942, skjønnar nok alle at det er ei
skrøne Svein fortel (i og med at han ikkje er såpass gammal at han var født så lenge før krigen
at han kunne springe opp i fjella i Sør-Amerika og være eit mål for Hitler. Det har vel heller
aldri vore kjent i historia at Hitler var i Sør-Amerika). Robert følgjer i tillegg opp spøken med
ekstrainformasjon ”det var kaldt den tida der” og at Svein gjømte seg med saman med Bin
Laden (linje 41,44).

Svein har i denne forteljinga ikkje berre spøkt, men hinta til fleire implisitte forteljingar (jf.
kapittel 5). Tidlegare i samtalen (før dette utdraget) har Svein og Robert snakka om
urbefolkinga på Ny Guinea. Overraskande nok er dette eit tema som jamleg kjem opp i
samtalane, men då er det som regel Odmund som fortel. Han har vore sjømann og reist rundt i
verda. Svein harselerer med korleis sjømenn generelt, og Odmund spesielt, fortel om reisene
sine; korleis dei ramsar opp alle land dei har vore i og legg til imponerande

104
KAPITTEL 8

tilleggsinformasjon (2-3000 meter over havet og Hitler som roper på han). Når desse opptaka
blei gjort, var det framleis aktuelt med leiteaksjonar etter Bin Laden i fjella i Afghanistan.
Svein hintar om dette når han fortel at han gjømte seg i fjella, men sidan dette var under
2.verdskrig, så var det sjølvsagt Hitler som leita etter han. Han byggjer opp forteljinga si med
opplysingar som gjer den mindre og mindre truverdig (men kanskje meir og meir morosam?).
Han framstiller det som fakta, men det er opplysningar det er umogleg å tru på. Svein blandar
fleip og fakta, og fortid og notid, på ein finurleg og morosam måte som får han til å høyrast ut
som at han etterliknar Odmund sin måte å fortelje på.

Ein kan sjå Svein si forteljing som ein implisitt kommentar til korleis Odmund fortel sine
forteljingar. Svein tek ikkje utgangspunkt i ei forteljing frå ein samtale, men byggjer
forteljinga på ei rekke av samtalar og erfaringar han har erfart over ei viss tid. I dette dømet
ser vi korleis den enkelte forteljinga, situasjonsdialogen, er ein del av ein lokal kultur og ein
tradisjon, ein tradisjonsdialog (sjå kapittel 2.3.1). Deltakarane som er ein del av denne
kulturen vil ha nok kunnskap om tradisjonen og verksemda til å forstå korleis
samtaleforteljinga er sjølvrefleksiv, og korleis den peikar tilbake til samtaleforteljinga som
kommunikativ verksemd.

8.1.2 Forteljingar som går igjen


I følgjande utdrag skal vi sjå ei samtaleforteljing som går igjen. Den handlar om Andersen
som gjømte seg under bordet då det small 17.mai. Samtalen er mellom den fast tilsette Peder
og ferievikarane Silje og Morten. Peder og Silje diskuterer først korleis ein skal vere på dette
skiftet.

Samtale 6 ”var første mann under bordet” (2 minutt 25 sekund)


1 Silje men sånn--
2 men det- det skal de ha då- Øyvind--
3 ’han- lærte meg at eg måtte ’bare spør.
4 å: han ’maste på at eg sku spørra då kossn--
5 så ’eg har jo dreve å spurt og spurt og spurt.
6 så går ikkje det inn ’første gangen og heller ikkje
tredje gangen eller fjerde,
7 Peder <P nei, nei P>
8 Silje men ’så: sitter det.
9 Peder <P ja P>
10 (4.0)
11 Peder nei det er jo den einaste mulige måten å læra på,
12 det er å prøva og spørra.
13 Silje mm.
14 (2.2)

105
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

15 Silje men så lærer du litt ’her og.


16 da når eg kom hertil,
17 da når--
18 (2.1)
19 Silje husker det,
20 for at Andersen han følger sånn med,
21 også ’himla han med augene og du ser han begynne å prata
om deg ”å ’herregud no fikse ho ikkje det der igjen” XX,
22 Peder @@@@@@@@ [@@ hx @@]
23 Silje [ <@ og da gjør du jo ditt ytterste @>] for han ikkje
skal driva [å kjefta og smella].
24 Peder @
25 Silje så det e jo litt (..) prevantivt det og då.
26 Peder <P ja P>
27 Silje lærer deg til å være ’observant og sånn.
28 for ellers så sitter han der bare å [”ohhhh”].
29 {siterer Andersen og imiterer korleis Andersen rister på
hovudet når han seier det}
30 Peder [<P @@@ P>]
31 <@ han vil ikkje ha ein skjæring43 igjen. @>
32 {begynner å slå med penn mot bordet}
33 Silje ja.
34 Peder det er typisk.
35 (3.1)
36 Peder ja kua glømmer at ho har vært kalv.
37 Silje @@@
38 (3.2)
39 Peder han er jo ikkje akkurat ein av de barskaste (..)Andersen
heller.
40 Silje @@@@
41 Peder eg husker at det gikk her ja var førstemann under bordet
ka?
42 Silje @@
43 (1.2)
44 Silje @@@@ med den smellen?
45 Peder ja det har vært mange smeller her veit du,
46 Silje den 17.mai-smellen?
47 Peder ja,
48 da var han under bordet [som ein] ’røyskatt.
49 Silje [@@@]@@@
50 Morten ka smell?
51 Silje det var ein sånn gedigen nedsmeltningssmell?
52 Peder ja.
53 det var en annan gang og,
54 da var jeg på ’2-skiftet—
55 v-vi stod her skulle akkurat begynne på et nattskift.
56 også et !kjempesmell og-
57 ’lysglimt veittu det-
58 og vi ’styrta jo inn der og fikk st-stansa strømmen.
59 da da hadde den slått skinna ’tvers av?
60 Silje å ’herregud.
61 Peder og var i ’tre deler.
62 Peder @@@
63 Silje off
64 Morten nei strøm er ikkje noe du skal leika med.
65 Peder nei i hvertfall ikkje i de mengdene som går her ka?

43
Dette er som sagt ei nemning på eit vanskeleg problem som kan oppstå på maskina.

106
KAPITTEL 8

Silje forklarer for Morten, som er ein ny ferievikar, korleis arbeidet og folket på skiftet
fungerer. Ho seier at ho lærte på eit anna skift at ho skulle spørje om alt ho var usikker på, for
å få oversikt over arbeidet (linje 2-3). Peder støtter opp om det ho seier (i linje 7 og 9) om at
det går ikkje inn ”første gangen og heller ikkje tredje eller fjerde” (linje 6), ”men så (…)
’sitter det” (linje 8), og ”nei det er jo den einaste mulige måten å lære på det er å prøve og
spørre” (linje 11). Silje prøver nok å gjere Morten komfortabel med jobben på skiftet
gjennom å fortelje om egne erfaringar. Ho mimrar tilbake til då ho var ny på skiftet og
Andersen kikka på henne ut vindauget og ”himla med augene”, og ho siterar Andersen som
baktaler ho fordi ho ikkje fiksa jobben godt nok (linje 21). Peder ler (linje 22, 24, 30) og
støtter opp det ho seier og det som er poenget hennar: ”han vil ikkje ha ein skjæring igjen”
(linje 31). Peder fortset med kommentaren om Andersen: ”kua glømmer at ho har vært kalv”
(linje 36) og fortset etter nokre sekund med ei ikkje så flatterande forteljing om Andersen som
gjømte seg under bordet når det smalt. Silje spør om det var ”med den smellen?” (linje 44).
Peder svarar ”ja det har vært mange smeller her veit du” (linje 45). Silje spesifiserer vidare:
”den (legendariske) 17.mai-smellen (som ho har høyrt så mykje om)?” (linje 46). Det er som
eit barn som ber bestefar fortelje den forteljinga ho likar aller best. Ho ler før Peder fortel at
Andersen ”var under bordet som ein røyskatt” (linje 48). Dette kan tyde på at ho kjenner
forteljinga frå før – særleg sidan ho også forklarar Morten kva smell det er snakk om.
Innimellom hender det at det kjem store smell ute i hallen, og ein blir fort overbevist om at det
er farleg når det slår om seg med gnistrar og smell. Peder fortel i forteljinga si at dei opplevde
ein kjempesmell på 2-skiftet med lysglimt som knekte straumskinna platene stod på, rett av.
Morten viser at han skjønner det siste poenget i samtalen og seier seg einig: ”nei strøm er
ikkje noe du skal leika med” (linje 63).

Det som er spesielt med denne forteljinga, er at det er ei gjengangarforteljing om når Tore
gjekk under bordet når det small 17.mai. Denne forteljinga har eg høyrt mange gongar, og
kvar gong har Tore protestert på at det var slik det skjedde. Her får vi sjå kva reaksjonar Tore
har på denne forteljinga:

Samtale 7 ”skudddramaet på celle seksten”44 (1 minutt 20 sekund)


1 Tore må ikkje ’tru på alt dette herre.
2 se bare på den episoden som du forteller meg no,
3 om det her ’skuddramaet på celle seksten.

44
Denne transkripsjonen er ikkje så detaljrik som dei andre. Det er fordi eg har vore mest interessert i innhaldet,
og ikkje det samtaletekniske ved denne samtalen.

107
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

4 det er jo heilt feil alt samma.


5 ikkje ’ein ting av det du sa var rett.
6 ikkje--
7 Silje at du låg under bordet?
8 Tore bare tull.
9 eg var jo ikkje her ein gang.
10 eg var jo på vei derfra eg.
11 fra matedørken45.
12 Silje jammen ’det har eg jo hørt fra for mangen år siden.
13 Tore jaja men det har jo komt ut som ein ’rein bløff
14 det det var bare for at eg skal--
15 at det er ’meg sant?
16 Silje jaja.
17 Tore Andersen er jo Andersen du veit jo det.
18 Silje ja du takle jo det.
19 Tore ja sant?
20 for det- for å vera mest mulig--
21 skreiv på alle søyler Andersen kan alt.
22 det stod på hver søyla bortover.
23 Silje @@@ gjorde det det?
24 Tore det st- det ’står endå på et par av dei.
25 Silje ja eg har sett Anders- står- står der.
26 Tore kan ’alt kan ’alt står det.
27 Silje åja.
28 Tore og det der asså det e- meg sant,
29 tok de med ’ein gang.
30 Silje kan du det då?
31 Tore e- f- eg var jo opplært på ’alt ’då,
32 også kjefta eg mye for at folk ikkje gjorde jobben.
33 då fikk eg det der sant Andresen--
34 så e- ’alt det du sa om den eksplosjonen der var ’feil.
35 så gale ’er det.
36 der ser du koss- de får det ’til.
37 Silje jammen eg huske ikkje heilt ka det gikk i ’eg.
{går ut av pauserommet. Snakker vidare frå gangen.}
38 det er det ’einaste eg husker,
39 17.-maismellen då låg Andersen under bordet.
40 Tore ja de bare bløffe,
41 bare tull og bløff og løgn ’alt sammen.
42 (5.1)
43 Tore men eg takler det meste eg vettu.

Tore startar denne samtalen med å motseie den forteljinga Peder har fortalt om han –
forteljinga om 17.mai smellen. Han hevdar han ikkje var tilstades ein gong. Tore får fram i
denne sekvensen at han veit om nokre av dei forteljingane som verserer om han. Han forklarar
at forteljinga berre er ein bløff, det er ikkje verkelegheit. Det var ikkje slik det skjedde, men
slik eg tolkar det, godtek Tore forteljinga fordi, som han seier sjølv; han taklar det meste han
(linje 43). Han refererer også til ei anna hending som er blitt ei forteljing om han. Han hadde
kjefta på at andre arbeidarar skulle gjere jobben sin skikkeleg, noko som ikkje blei godtatt, og

45
Matedørken er der arbeidarane køyrer truck.

108
KAPITTEL 8

fekk derfor passet sitt påskrive på kvar søyle i midtgangen i elektrolysehallen: ”Andersen kan
alt”. Han har fått nokre forteljingar som følgjer han.

Dette understrekar forteljingane som ei kollektiv historie: Forteljingane om ”oss” med dei
minna arbeidarane har saman. Vi kan framleis sjå grafiske spor etter denne hendinga i
elektrolysehallen, men ein dag vil dei fysiske spora forsvinne.

8.1.3 Kva er sant og kva er ikkje sant?


Vi har nok alle skjønt no at det er ikkje slik at samtaleforteljingane på skiftet alltid er sanne.
Om vi går tilbake og ser på noko som har blitt fortalt i utdraga i denne avhandlinga, ser vi at
forteljingane ikkje er fortalt for å vise objektivt kva som har hendt, men forteljingane er passa
inn i den lokale konteksten og formidla for å vise fram ulike poeng. Vi såg (i samtale 1,
utdrag 1) at Svein kom inn til arbeidarane og sa at Hagen skal gå til søksmål. Alle veit at dette
ikkje kjem til å skje. Alle på det pauserommet forstår at det er ein spøk. Svein har tatt nokre
utsegn og gjort dei om til ei forteljing. Det er heller ikkje slik at Svein jaga sjefen på dør (jf.
”det går vel til ’helvete”, kap 6.1.3), men i forteljinga blir det eit ganske morosamt poeng.

Under ser vi utdrag frå ein samtale kor eg går over frå å bli arbeidskollegaen Mona til å bli
forskaren Herdis som spør om samtalekulturen på skiftet. Tore har forklart at han er ikkje så
interessert i å høyre om familien til andre, og Mona prøver å stille han til veggs:

Samtale 8 ”eg fortelle ’sannheten ’eg om min familie”


1 Mona dø no ’må ikkje du snakka du si- e- e-
2 v- vi veit ’masse om familien din.
3 (1.2)
4 Tore ja men det det er s- ’sannheten det.
5 eg fortelle ’sannheten ’eg om min familie.
6 Mona ja det
7 [trur eg og]
8 Tore ja [det e viktig å] skille mellom sannhet o- og--
9 Mona ja--
--------
57 Tore [’tre mann på skiftet som lyger så det renner].
58 Mona [eg syns jo ikkje--]
59 Tore det er de ’tre der.
60 Eriksen, Fransen og Hildal.
61 de er ’eksperter å lyga.
62 det veit vi.
63 sånna historier som han der forteller,
64 det er jo !klink umulig.
65 det går ikkje !ant.
66 det går bare ikkje ant.

109
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

67 og sier de noe hvis det har skjedd noe.


68 ”å- sku- ver- i Bergen”
69 der skjer ’alt.
70 !alt har skjedd der.
71 og ’mye større enn andre.
72 legger på.
73 ja noe av det- noe av det har skjedd har sikkert skjedd,
74 men d- ikkje bar- d- noe som han har hørt sant?
75 og så får han det til at det er han.
76 heile tida.
77 så--
78 Herdis men er det så viktig at at det er sannheten da?
79 Tore no no no no e- no betyr det ingenting for oss.
80 no kan de bare fortella.
81 bare å si ja ja ja.
82 <P <X driter i det X> P>
83 vi har- vi har bestemt det bare å si ja.
84 vi kan jo aldri ’testa de?
85 ”X forvirra X”.
86 blir de helt sånn ’forvirra veit du.
87 samme som tyrkarar det.
88 d- de forteller lyger og lyger.
89 ja har vært ’jækla mye i der og der,
90 og plutselig går e- h- e--
91 det er fint der det er ’flott i Stavanger sier de.
92 så har de vært i Oslo ’heile tida.
93 de er nett sånn der.
94 de blande sammen og prøve og bare for å selga--
95 skal de vær- sånn der ’småluringar.
96 du ’hører jo med ein gang det.
-------------
141 Tore <@ ’eg bare bløffe på skøy når det e- når det er sånn
e-,
142 når no- noen legger på så tar eg ’i sånn ’skikkelig god
bløff sant? @>
143 Herdis @@@.
144 Tore sånn herre- de skjønner jo det sant? @>
145 Herdis ka for eksempel da?
146 Tore nei det e- vanskelig å fortella-
147 når Odmund forteller ein historie,
148 Herdis jammen ’eg veit vel?
149 Tore nei men når han forteller sant,
150 så tar eg ein litt sånn litt sånn mye ’verre situasjon
då,
151 så kommer siste ”nei, i Bergen der e-”,
152 og den siste kommer på !enda meir då veittu,
153 då kommer- eg kommer ikkje ’høgare eg då og lyga meira
154 Herdis @@@@@[@@@@] ka gjør du da då?
155 Tore [XXX] nei då må eg gi meg då.
156 Herdis @@@@@.
157 Tore han fortalte meg at ’båten av i Nicaragua og Honduras
158 og han såg @@ det d- v--
159 var innom ’fem land,
160 [1med1] ’hæren etter seg.
161 [2kem2] som ’sir sånn som det der.
162 altså vi holdt jo på å få sjokk.
163 Herdis [1m1][2@2]@@@@@@@@@@
164 Tore vi lurte på om det var på tide å sende han altså.
165 Herdis @@@@
166 Tore <X det var X>--

110
KAPITTEL 8

167 han ’såg ’masta.


168 og sprang over fjell og dal og
169 med ’hæren etter seg,
170 og ’klarte det.
171 gjennom fem land.
172 veit du at e--

Her legg Tore ut om at det er viktig å skilje mellom sannheita og det som er løgn, og eg nyttar
sjansen til å spørje ”er det så viktig at at det er sannheten då?” (i linje 78). Tore svarar at no
er det jo ikkje så farleg. No veit dei kven som fortel sant og kven som ikkje gjer det. Dei har
lært seg ”bare å si ja” (linje 83). Han samanliknar forteljingane til Eriksen, Fransen og Hildal
med dei same forteljingane som tyrkarane kjem med. Denne samanlikninga viser korleis han
faktisk set pris på denne forteljarkulturen. Han trekk fram at arbeidarane sine overdrivingar i
forteljingane er bløffing på skøy og til tider ein kamp om å ha den mest spektakulære
forteljinga, medan tyrkarane bløffar for å oppnå noko. Tore trekkjer særskild fram Odmund
og siterer korleis han alltid fortel at ”alt er best i Bergen”, ”alt har skjedd der” og ”mykje
større enn andre” (linje 68-70). Han forklarar korleis han prøver å slå han med sine eigne
forteljingar, men kjem alltid til kort. Han klarar aldri å toppa forteljingane til den andre. Han
illustrerer dette med ei forteljing om korleis sjømannen Odmund fortel sine forteljingar: at han
sprang gjennom fem land med hæren etter seg med berre masta til båten i siktet. Denne eine
forteljinga er ei forteljing som blir referert til ofte på skiftet. Frå å bli Odmund si forteljing, er
den blitt meir ei forteljing om Odmund og korleis han fortel forteljingar. Då blir også eit
forteljarpoeng å vise fram korleis dei vurderer og reagerer på forteljinga, og i dette tilfellet
reagerer Tore med ”kem som ’sir sånn så det der.” (linje 161) og at ”vi (skiftet) lurte på om
det var på tide å sende han” inn på mentalsjukehuset (linje 164). Som vi såg her, blir den
opphavelege forteljinga knytt til den opphavelege forteljaren, og når forteljinga blir gjenfortalt
av andre, fortel dei også om den opphavelege forteljaren. Forteljingane blir altså knytt til
personar, og då er det ikkje så viktig lenger at dei er sanne. Dei kan ha ei underhaldningsverdi
i seg sjølv.

8.2 Ulike underliggjande poeng i forteljingane


Slik eg ser det finst det tre sentrale underliggjande hovudpoeng realisert i samtaleforteljingane
i denne avhandlinga. Det er Kulturformidling, Den brysomme sjefen og Den gode arbeidaren.
Desse poenga som vi har sett tilstades i dei ”små forteljingane”, kan no setjast saman til ei
”stor forteljing” for å sjå kva forteljarkulturen på pauserommet fortel noko om.

111
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

8.2.1 Kulturformidling
Dei fleste utdraga i denne avhandlinga viser fram samtalane mellom fast tilsette og
ferievikarar. Dei fast tilsette har meir kunnskapar om arbeidsoppgåvene, det sosiale miljøet og
kulturen enn kva ferievikarane har, og dette pregar korleis den kommunikative verksemda på
skiftet blir utført. Ein kan seie det slik at dei faste tilsette allereie er utøvarar av den
kommunikative verksemda medan ferievikarane som berre er inne og arbeidar for ein kort
periode, må lære seg den.

Oscar Amundsen (2003:42) skriv om kva som kan kjenneteikne forteljinga:

Fortellingen (...) kan være bærer av en implisitt moral som igjen reflekterer fortellerens trossystem, og
kan dessuten sies å kunne uttrykke mening som bidrar til det kollektive eller kulturelle prosesser i en
organisasjon. Slik kan fortellinger også være en ’snarvei’ til en fornemmelse av organisasjonskulturen
for et nytt medlem”

Amundsen framhevar her at forteljingane blir ein nyttig ressurs for ukjente medlemmer av ein
kultur, fordi forteljingar viser fram ein moral og kva som er viktig i eit miljø. Gjennom bruk
av kommunikative verksemder lærer ferievikarane korleis dei skal oppføre seg og kva som er
verdiane på skiftet. Dette har også Anne Iversen (2003) framheva som viktig i si utgreiing om
normalarbeidstakaren og ho løftar fram forteljinga som ein nyttig innfallsvinkel til å studere
ein arbeidsplass:

Fortellingene forklarer hvordan og hvorfor ting henger sammen. Særlig tydelig blir dette i forbindelse
med innlemming av nye ansatte i bedriften. Den nytilsatte får informasjon om hva som forventes av
ham eller henne, hvordan praksisen er på denne arbeidsplassen og ”hvordan ting gjøres her hos oss”.

(Iversen 2003:47)

Mange forteljingar viser fram dette underliggjande poenget om korleis det er her på denne
arbeidsstaden. Dei fast tilsette arbeidarane formidlar kunnskap; enten i form av korleis ein
skal samarbeide og korleis dei skal gjere arbeidet (”Poenget e at du (...) skal samarbeida”,
kap. 6.1.2) eller dei fortel om utstyr og skadar (”Korleis fingeren til Svein sprakk” og ”Eide
får handa knust i maskina” i samtale 1, kap. 5). Dei som er nye på dette skiftet, blir opplærte i
moral, etikk og korleis det er å vere arbeidar her på denne arbeidsplassen og på dette skiftet
(les meir 8.1.3). Samtidig som forteljingane frå dei fast tilsette sosialiserer nykomarane inn i
ein ny kultur, er dei også med på å oppretthalde den kunnskapen dei faste tilsette har om

112
KAPITTEL 8

denne kulturen. Dei fortel også kvarandre forteljingar om utstyr, skadar og korleis dei har det
på skiftet.

I mange av dei forteljingane som blir fortalt, er eit underliggjande poeng at det kan vere ein
farleg arbeidsplass. Både Svein og Robert fortel at dei har vore på sjukehuset som følgje av
skade som har skjedd på arbeid (kapittel 5, samtale 1). Vi har også sett døme på forteljingar
om farlege maskiner. Svein fortel til dømes om ein skade der Eide fekk handa i klem inne i
maskina, og om ikkje Espeland hadde tenkt seg om, hadde maskina dradd av han armen
(kapittel 5, samtale 1). Forteljingane viser også ei frykt for at noko kan gå verkeleg gale om
maskinene og utstyret ikkje er i orden. Bjørn fortel om kranen som stoppa opp i ein 2/4-
tømmerstokk og stod og spant såpass mykje at Bjørn frykta at den store kranen kom til å dette
ned på cellene (i kapittel 7.1) og dette ville vore katastrofe. Historia Peder fortel (i kapittel
8.2.2) om det store smellet og lysglimtet som klarte å kappe ei kopparskinne i to, og om Tore
og 17.mai-smellen (kapittel 8.2.2), vitnar også om at det er store krefter i sving i
elektrolysehallen, og når uhell inntreff kan det vere så ille at arbeidarane må gjømme seg
under bordet for å beskytte seg sjølv. Dette underliggjande poenget i forteljingane er slik med
på å stadig minne arbeidarane på at arbeidsplassen kan vere farleg, og at dei alltid må vere på
vakt i forhold til å handtere maskinene og kva som kan skje.

8.2.2 Den brysomme sjefen


I fleire av forteljingane som er med i denne avhandlinga spelar ikkje sjefane på bedrifta på lag
med arbeidarane. Dei er framstilt som nokon arbeidarane tek avstand frå og ikkje som ein av
”oss” på skiftet. Vi har til dømes sett korleis sjefane Svendsen, Freim og Lægreid blir
framstilt (i samtale 2 og 3), og eit underliggjande poeng i desse forteljingane er at sjefane
berre vil lage problem for arbeidarane, og ikkje hjelpe dei på noko vis. Freim ville at Svein
skulle spionera for han, Svendsen overlet problema til arbeidarane for at han sjølv skulle få eit
godt ord hos leiinga, medan Lægreid stadig dukkar opp der han ikkje skal vere, i ein slags
”storebror-ser-deg”-skapnad. Han dukkar opp over alt og held styr på kva du gjer og ingen
arbeidar er trygg.

Den same avstanden mellom sjef og arbeidar diskuterer også Sverre Lysgaard (2001) i ein
studie først utgitt i 1961 der han utvikla ein teori om arbeidarkollektivet med datamateriale frå
ein av dei største papirprodusentane i landet. I dette materialet skil det seg ut ein avstand

113
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

mellom arbeidarane og bedrifta, mellom ”oss” og ”dei andre”. Lysgaard løftar også fram
gjennom materialet sitt at arbeidarane kjenner seg mindre fri når sjefen dukkar opp, og at
sjefane føler dei må legge seg opp i arbeidarane sin kvardag (ibid.:105):

Formannen vil gjerne se skeptisk til det om vi står og prater sammen ”Nå, har dere ikke noe å gjøre?” sa
avdelingssjefen til noen som satt og pratet og tok seg en røyk her inne. Han må liksom si noe.

Egil Skorstad (2002) seier i si forståing av Lysgaard at avstanden mellom sjefar og arbeidarar
på den tida var ”viktig for at det kan skapes en felles ideologi, både for hvordan man skal
oppføre seg og for hvordan man skal forstå sin egen situasjon” (ibid:303). Han viser også til ei
anna undersøking utført av Whyte og Dalton (1955) der heltane på arbeidsplassen ”er de som
har evnene til å forestille seg mest og som er i stand til å lure ledelsen trill rundt” (Skorstad
2002:89). Skorstad forklarer vidare at denne kampen kan ha opphav i det store kravet til
effektivisering frå leiinga til arbeidarane. Dei skal gjere meir på kortare tid, og tida mellom
kvart gjeremål, og tida til å ta seg inn igjen, blir kortare og kortare (Skorstad 2002:94-96). Det
blir ein kamp mellom bedriftsleiinga (med profittkrav) på den eine sida, og arbeidaren (med si
arbeidskraft) på den andre.

I dei forteljingane vi har sett har forteljaren framstilt seg sjølv som ein tøff kar som seier klart
i frå til sjefen at han kan halde seg unna arbeidet til arbeidarane. Dei lar seg ikkje pille på nasa
av sjefar (som til dømes Freim og Lægreid) som ikkje er deira direkte overordna. I forteljinga
”du får bare ’skryten du” (samtale 2.1, kapittel 6) må arbeidaren riktignok rette seg inn etter
kva direkte overordna driftsleiar seier og bestemmer. I dette tilfellet framstiller då Svein
sjefen som berre ute etter å få eit godt ord ”der nede” hos dei andre sjefane. Dei fleste
arbeidarane kjenner nok til Svendsen og dei forteljingane som er knytt til han. Dei veit at han
ønskjer eit sosialt miljø og er ikkje redd for å ta i eit tak når det trengs. I forteljinga ”du får
bare ’skryten du” blir arbeidarane påminna om at også Svendsen er ein av dei andre sjefane,
og ikkje på lag med ”oss”. Samtaleforteljingane er altså med på å oppretthalde denne
avstanden mellom sjefar og arbeidarar.

8.2.3 Den gode arbeidaren


Fleire av forteljingane vi har lest framhevar at ein skal gjere jobben sin skikkeleg og at ein
skal vere ein god arbeidar. I samtale 2.2 (kapittel 6), seier Svein eksplisitt at arbeidarane skal
samarbeide, spørje om hjelp og ikkje tru du kan alt (aleine). Gode arbeidarar tek eigne

114
KAPITTEL 8

avgjerder og tenker på følgjene av det dei gjer. Dette såg vi var tilfellet i forteljinga ”Eide får
handa knust” i samtale 1 (kapittel 5), der Espeland ikkje høyrer på Eide som er skada, men
tenker sjølv og klarar då å handtere maskina slik at han ikkje riv av han armen. Sjølv i
forteljingar om arbeidarar frå andre yrker, er det eit poeng at folk skal kunne jobben sin
skikkeleg. I samtale 1 (kapittel 5) kom det fram at legen sa til Svein, som var pasient, at han
ikkje hadde gjort denne jobben før, og slik indikerte at legen ikkje kunne den. Dette gav han
ikkje gode skussmål hos Svein. Ein skal vere flink i arbeidet ein gjer og vere sikker på at det
ein gjer er rett slik at ein ikkje gjer feil som får konsekvensar (for andre).

I dette materialet har vi sett arbeidarane skildra dei gode verdiane: ein skal vere flink i jobben
sin, samarbeide, støtte andre og vere ein god kamerat. Denne kulturen skildrar også andre
”gode” verdiar som kanskje ikkje samfunnet elles ser på som ”gode”: arbeidaren kan drikke
på jobb, stele frå bedrifta og be sjefen dra til helvete. Desse verdiane som samfunnet elles
ville reagert på og sett på som ”umoralske”, blir ikkje problematiserte i denne kommunikative
verksemda. Her blir også dei umoralske verdiane verdsette (i og med at dei ikkje blir
problematiserte eller kritiserte) og gjort til eit uttrykk for å vere ein sjølvstendig og tøff
arbeidar, ein som kan seie leiinga imot og kanskje lure dei.

Vi har som nemnt sett at arbeidarane har eit kollektivt ”vi” mot ”sjefen” og ”leiinga”. Dette
kollektive ”vi” formidla i forteljingane og snakket i denne verksemda, skil også ut nokon
andre som ikkje blir rekna som ”ein av oss”. Forteljingane har også skilt ut dei arbeidarane
som ikkje blir rekna som ”god arbeidar”. Det er dei som går til sjefen (og heile Odda) og
sladrar (Grønsdal i samtale 2.3), dei som slenger grunnlaus drit i andre (Lars Ivar i samtale
2.3, kapittel 6), og dei som legg seg opp i korleis andre skal gjere jobben (tenkt tilfelle i
samtale 2.2, kapittel 6). Ein ”dårleg” arbeidar er også ein som ikkje er til å stole på.
Forteljingane om Eide dannar eit bilete av at han ikkje er til å stole på. Han handlar ikkje
utifrå arbeidsinstruksen og slik som det er forventa, han held mellom anna handa inne i
mothaldet slik at handa kjem i klem og i staden for å ta ein omveg når det var skjæring i
heisen, klatra han han opp og ned heissjakta (mest truleg for å spare tid). Det blir også nemnt
om same mann at han var ein slik som skulle vise kreftene sine og bere store og tunge
katodeplater sjølv (i staden for å bruke kranen).

115
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

Desse funna støttar også opp om Lysgaard (2001) si allereie nemde bok om
Arbeiderkollektivet der arbeidarar på spørsmål om kva som var gode og dårlege
arbeidskameratar, svara:

Det en krever av en god arbeidskamerat er at han jenker seg etter en god tone. Det har jo hendt at karer
har gått til formannen for å oppnå noe. En sånn kar vil bli talt til rette. Vi ville forklare ham hva han
ikke kunne gjøre. Dernest ville vel saken kunne gå til fagforeningen.

Ein dårleg arbeidskamerat blir skildra som:


(...)en som er bedriftens mann det – en man hele tiden skal holde seg på foretningsmessig talefot med.
Det er en som gir for mye opplysninger (til bedriften) om det enkelte menneskets svakheter og dyder.
Det kan lønne seg økonomisk for den enkelte å være slik, og det har passet ledelsen bra.

Arbeidarane skildrar kva som er viktig på skiftet slik:


Det viktigste for en gjeng er hvordan det er mellom hvert enkelt arbeider. Hvis det er et godt samarbeid
arbeidskameratene imellom, kommer ledelsen i annen rekke, dvs. en ville sette et skille mot ledelsen.
En god arbeidskamerat er en som holder tett med det han vet, ikke flyr og rapporterer om en liten feil
som han jo kunne rette på selv.
(Lysgaard 2001:113-114, utheva i orginal)

Det er interessant å merke seg at arbeidarideala er dei same etter 60 år. Forteljingane om den
gode arbeidaren er med på å setje ein mal for korleis ein skal oppføre seg på denne
arbeidsplassen og korleis ein skal finne tilhøyring saman med dei andre arbeidarane. Verdiane
om korleis arbeidarane står saman, er også skildra i skjønnlitteraturen frå Odda. Her er eit
utdrag frå romanen Blind av Lars Ove Seljestad der far held tale til sonen om kva verdiar som
ligg i å vere skiftarbeidar på (no nedlagte) Odda Smelteverk:

Det gjeld å arbeida hardt. Samarbeida med dei ein er ilag med. Ikkje bløffa, ikkje lata som om ein er noe
ein ikkje er. Ikkje gå rundt og bløffa med store sko. Hjelpa den som treng hjelp. Og ta imot hjelp når ein
sjølv treng hjelp. Det er ingen skam å ta imot hjelp. Det er det genuint menneskelege, å gi og få hjelp.
Alt dette oppskrytte ibsenske vrøvlet om at Den er sterkest den som står alene, skal du aldri bry deg om.
Det er tvert om. Den er svakast den som står aleine. Saman er vi sterke.

(Lars Ove Seljestad, Blind, 2005)

8.3 Avslutning
Charlotte Linde (1997) løftar fram at institusjonar46 hugsar med forteljingar. Forteljingane
dannar eit felles minne og ein felles identitet. På skiftet pratar arbeidarane seg fram til felles
minner og forteljingar gjennom samtalane. Dei brukar forteljingane til å oppdaterer kvarandre

46
Linde (1997) definerer institusjonar som grupper av menneske på uansett nivå som er saman over tid.

116
KAPITTEL 8

når dei har vore borte. Å forske på ein industrikultur, kan gi innsikt i det kollektive minnet
arbeidarane har. Før dette prosjektet har eg høyrt på pauserommet at arbeidsplassen skulle
vore filma fordi det er så mykje som skjer der. Eg fekk sjølv under innhentinga av materialet
kommentarar på at ”no skjer jo det som vi har sagt i så mange år – at det skulle blitt skrive
bok om oss”.

Forteljingane vi har sett i denne avhandlinga har mellom anna handla om sjefen som tvingar
ueigna arbeidarar inn på skiftet, om arbeidaren som sladrar til sjefar og heile Odda om kva
som skjer på Zinken, og om arbeidarar som slenger drit til andre, men som får gjennomgå.
Dei har poeng som seier ein ikkje skal blanda seg inn i arbeidet til dei andre, men gjere jobben
sin og samarbeida med dei andre. Sjølv om desse forteljingane seier noko spesifikt om
forteljarkulturen på dette skiftet, kan det også peike mot den lokale kulturen i Odda.

I Odda er det framleis arbeidarmentaliteten som regjerer. Ein kan få inntrykk av at byen har
eit fasttømra ideal om korleis ein skal vere og ikkje skilje seg ut. Ein skal vere som andre og
innordne seg etter dei reglane som er. Også i dette høvet kan det vere greitt å ty til eit sitat frå
Blind og sjå korleis skjønnlitteraturen frå Odda skildrar denne mentaliteten:

Dess høgare du stilar, dess høgare blir fallhøgda. Det er ikkje Janteloven. Det er Oddaloven. Det er
sjølve livets lov for folk som oss. Du skal ikkje tru at du er noe. Du skal ikkje tru at du er bedre enn oss.
Det er slik det er. Det er slik vi overlever. Det er slik vi tenker for å holda ut.

Samtaleforteljingane vi har sett her, viser også fram at Odda har ein tradisjon for å fortelje.
Forteljingane frå Odda har gjennom litteraturen fått stadfesta at kulturen dei representerer er
ein kultur det er verdt å løfte fram. Kulturen i Odda og liva folk lever er verdt å fortelje om.
Dei forteljingane vi har sett nærare på i denne avhandlinga, har vore med på å oppretthalde
korleis det skal vere her på skiftet og halde kulturen ved like.

Hilde Gunn Slottemo (2003), som har forska på forteljingar, verkar overraska over at
fabrikkarbeidarane på koksverket i Mo i Rana likar seg så godt på arbeid. Ho listar opp fleire
grunnar til at Koksverket og arbeidsmiljøet der ”ble skrytt opp i skyene i intervjutida”
(ibid.:100). Ho tenker seg at arbeidsplassen ”er blitt forherliget i et tilbakeskuende perspektiv”
i og med at det er forteljingar fortalt i ettertid om eit nedlagt koksverk, men vel til slutt å tru at
det har vore eit bra arbeidsmiljø på grunn av intensiteten i det arbeidarane seier og den
overbevisande insisteringa i påstandane frå arbeidarane (ibid.). Eg har ingen grunn til å tvile

117
EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

på at arbeidsmiljøet på Zinken verkeleg er godt, og eg vel å tru at samtaleforteljingane på


skiftet er med på å skape det gode miljøet.

Forteljingane har ein stor underhaldningsverdi. Dei treng ikkje vere sanne så lenge dei er
morosame og underhaldande. Kva er det som er så underhaldande i desse forteljingane? Det
er både temaet som blir fortalt og måten det blir fortalt på, korleis spenninga er bygd opp og
poenga iscenesett. Gjennom forteljingane tek arbeidarane kvarandre i bruk og skapar bilete av
kvarandre og verda. Gjennom å fortelje kan ein vise at ein er ein i gjengen som har forstått
korleis ein fortel forteljingar her. Ein arbeidar sa ein gong til meg at du må aldri tru at du er
uerstatteleg på denne bedrifta. Folk kjem inn og går ut. Kvar ein arbeidar er forgjengeleg og
kan erstattast av nye, men forteljingane om arbeidarane blir hugsa og fortalt vidare.

118
KAPITTEL 9

9 Samanfatning
I denne avhandlinga har eg studert samtaleforteljingar og kva som kjenneteiknar dei. Eg har
henta opptak frå ein industriarbeidsplass kor arbeidarar snakkar og fortel samtaleforteljingar
på pauserommet. Eg har fått innpass på denne arbeidsplassen fordi eg sjølv har vore ferievikar
og arbeidar der i eit heilt år og i ni somrar. I dette siste kapittelet skal eg samanfatte kva eg har
funne ut om samtaleforteljingar på skiftet og kort nemne noko av det denne avhandlinga kan
tilføre forsking kring forteljingar.

9.1 Kva er ei samtaleforteljing?


Ei samtaleforteljing er ei spontan forteljing i ein autentisk samtale i kvardagen.
Samtaleforteljinga har trekk som skil seg frå andre forteljingar som er initierte til dømes
gjennom intervju. Adelswärd (1996) nytta intervju som metode i sin studie der jegerar blir
spurte om når dei skaut sin første elg. I ein slik situasjon blir då jegerane oppfordra til å
fortelje, og forteljingane i ein slik kommunikasjonssituasjon er då initierte av andre. I ein
intervjusituasjon er det vanlegvis slik at forteljaren skal svare og fortelje om det han blir spurt
om, medan den som spør, skal lytte. Det er slik denne kommunikative verksemda går føre seg.
Samtaleforteljingane derimot dukkar opp i samtalen gjennom at deltakarane gir den plass –
det må altså etablerast rom for at forteljingane skal få vekse fram. Samtaleforteljingane er
derfor meir prega av samkonstruksjon mellom forteljaren og dei andre samtaledeltakarar enn
kva som er tilfellet i ein intervjusituasjon. Før og etter samtalen kontekstualiserer
forteljaren(ane) forteljinga og grunngir kvifor denne forteljinga er aktuell i samtalen sin
samanheng meir eller mindre eksplisitt.

Samtaleforteljingane får altså meining utifrå den samanhengen dei står i, og i samtalar kan
forteljingar komme etter kvarandre på rekke og rad som perler på ei snor. Desse forteljingane
kan ha kvar sine isolerte poeng, men dei kan også ha poeng utover den enkelte
samtaleforteljinga som gjer at deltakarane i samtalesituasjonen tolkar ei forteljing i lys av
andre forteljingar. Deltakarane forhandlar om korleis dei skal skjøne forteljinga si tyding, og
ei ny forteljing kan vere eit svar på korleis den førre forteljinga blir oppfatta.

I og med at samtaleforteljingane er knytte til samtalen sin samanheng, er det få forteljingar


som er like. Likevel har deltakarar i kommunikasjonssituasjonen ei forståing av at det er ei

119
SAMANFATNING

forteljing som blir fortalt. Det som gjer at deltakarane kjenner att ei forteljing, er at noko
(sjølvsagt) blir fortalt, at forteljinga har ei hendingsrekkje, eitt eller fleire poeng og at den blir
iscenesett. Forteljaren(ane) nyttar fleire verkemiddel for å iscenesette forteljinga. I ein
samtalesituasjon er særleg bruken av andre (virtuelle) deltakarar ein ressurs forteljaren tek i
bruk. Å fortelje er slik ein dialogisk situasjon sjølv om det kan vere som om forteljinga er
fortalt nokolunde monologisk (som vist i kapittel 6).

Snakket på pauserommet har mykje intertekstualitet i seg, og deltakarane refererer til mange
forteljingar. I den samanhengen kan ein seie at samtaleforteljingane også har vist seg å ha
ulike funksjonar. Deltakarane kan ved å referere til andre forteljingar understreke at dei har
forstått bodskapen i det andre snakkar om. Ofte har vi sett at forteljingar har avløyst
kvarandre og er svar til andre forteljingar. Vi har også sett døme på at forteljingar blir brukte
som ein illustrasjon på eit moralsk poeng.

Samtaleforteljingane har fleire poeng på ulike nivå som blir formidla samtidig. Eg har nytta
Adelswärd (1997) sitt analytiske skilje og inndeling av desse ulike poenga
(forteljingspoenget, fortaljarpoenget og underliggjande poeng). Gjennom å sjå på desse har eg
fått fram kva meining som ligg i sjølve forteljinga (forteljingspoeng), i korleis forteljinga blir
formidla og vurdert (forteljarpoeng) og kva som er dei underliggjande poenga som er
karakteristiske for denne kulturen. Dette har vore ein fruktbar vinkling til å gjere ein studie av
samtaleforteljingar som kommunikativ verksemd (sjå 2.3.3) sidan eg då har fått kombinert
både å sjå på forteljing som produkt og forteljing som prosess. Eg har sett både på kva innhald
og funksjon i forteljingar som blir vidareformidla, korleis samtaledeltakarane samkonstruerer
det som blir sagt og korleis dei forhandlar om meininga i det som er sagt.

9.2 Forskarposisjon
Eitt av mine delmål i denne oppgåva var å utforske korleis forskarposisjonen min som
”insider” ville gje meg fleire tilgjengelege kontekstuelle ressursar som forskar, og korleis
arbeidet med analysane ville bli påverka av dette. Utan mykje kontekstuell informasjon kunne
det ha bydd på ekstra store utfordringar berre i det å forstå kva som blir sagt på pauserommet
på Zinken. I mange av samtalane er det mange deltakarar som snakkar i munnen på
kvarandre. Det kunne ha vore vanskeleg å skilje dei frå kvarandre og forstå kva dei snakka
om. Det kunne igjen ha ført til at eg ville ha valt å vise fram andre sekvensar som ikkje

120
KAPITTEL 9

trengte så mykje forklaringar og kontekstualisering for at lesaren av denne avhandlinga også


skulle forstå noko av det som blir sagt. Erfaringa mi frå arbeidsplassen og mi rolle som
”insider” har gjort det mogleg for meg å velje dei samtalane og sekvensane eg meiner er
typiske for pausesnakket, og som har gjort at eg har kunne studert nærare den kommunikative
verksemda samtaleforteljing.

Forskarposisjonen min har også gjort det mogleg for meg å trekke inn bakgrunnsinformasjon
der det har vore relevant for meiningsproduksjonen i samtalen. Det har gjort at eg har innført
omgrepa implisitte, assosierte og ikkje-realiserte forteljingskandidatar (sjå kapittel 5.3.2). På
grunn av bakgrunnen min har eg klart å vise fram assosierte forteljingskandidatar som ligg i
snakket, men som ikkje blir kommenterte i samtalen. Hadde eg til dømes ikkje kjent kulturen
godt nok (eller gjennomført ein CA-analyse), kunne eg ikkje ha vist korleis desse
forteljingskandidatane refererer til desse spesifikke forteljingane. At det er mogleg for meg å
sjå ting i materialet som ingen andre kan, gjer det sjølvsagt vanskeleg å etterprøve desse
resultata eg finn. Men om ein kan tenkje seg at ein forskar går inn i den same eller ein annan
(tilsvarande) delkultur med same kjennskap til kulturen som eg har hatt, vil også ho kanskje
finne same bruken av forteljingar.

Det har vore viktig for meg å ta deltakarane sitt perspektiv på korleis pausesnakket og
samtaleforteljingane går føre seg. I det så meinar eg å prøve å forstå meininga utifrå korleis
deltakarane sjølve forstår kommunikasjonen på pauserommet, korleis dei formidlar denne
forståinga og kva forteljingane har å seie for arbeidarane på skiftet.

9.3 Alternative forskningsperspektiv


Ein kan tenke seg at ein kunne ha funne alternative løysingar og framgangsmåtar til å studere
samtaleforteljingar. For min del hadde det først og fremst vore interessant å utvikle
undersøkingane i denne avhandlinga for å gjere ein større og meir omfattande studie av
samtaleforteljingane på Zinken. Det som er vist fram i denne avhandlinga, er berre ein liten
smakebit av alle forteljingane i materialet. Kanskje kunne ein ha klassifisert enda fleire typar
samtaleforteljingar og sett kva andre funksjonar dei kan ha. Ein annan interessant
innfallsvinkel kunne vore å studere dei forteljingane som vi fortel fleire gongar, og slik påvise
korleis kontekstualiseringa av samtaleforteljinga og samanhengen ho står i spelar inn på
korleis forteljinga blir fortalt. Eg kunne også ha studert korleis nye arbeidarar eller

121
SAMANFATNING

ferievikarar blir meir kjent med den nye kommunikative sjangeren og korleis dei tek han i
bruk. Eg har inntrykk av at dei også fortalte meir på slutten av sommarferien enn kva dei
gjorde i byrjinga. Dette fell seg kanskje naturleg i og med at ferievikarane då kjenner
kollegaene, arbeidet og den kommunikative verksemda betre.

Det kan vere nærliggande å tru at ei kvinne som forskar på (flest mannlege) industriarbeidarar
ville valt å studere samtalane på pauserommet med eit kjønnsperspektiv. Ei mogleg
problemstilling kunne då ha vore og sett på korleis manndom blir konstruert og uttrykt i
snakket og gjennom forteljingane på pauserommet. Eg trur ein slik innfallsvinkel til
forteljingane ville ha vore med på å skape eit anna materiale. I opptakssituasjonen kunne
deltakarane bli (enda meir) observante på at det var opptak og redde for kva dei skulle seie, og
det er rett og slett ikkje sikkert eg ville fått lov til å ta opptak om dei til dømes visste eg ville
innta ein kritisk haldning til dei og arbeidsplassen. Og om eg likevel skulle innta ei slik
haldning, ville det vore å bryte den gjensidige tilliten vi har. Heile prosjektet og innsamlinga
er tufta på at innfallsvinkelen er forteljingane, og det har heller ikkje vore interessant for meg
å avdekke korleis dei til dømes uttrykker maskulinitet i samtalane.

Det har derimot vore viktig for meg å løfte fram eit arbeidsmiljø som framleis er levande og
ein del av arbeidarkulturen i Noreg. Den kraftkrevjande industrien er avhengig av billig kraft,
og om ikkje industrien får arbeidd fram gode avtalar med staten, kan arbeidsplassar og
arbeidsmiljø som vi har fått ta del i her, forsvinne. Det er inspirerande å få lov til å ta del i ein
arbeidarkultur og få innblikk i korleis arbeidarane fortel forteljingar om denne arbeidsplassen
og kva som er viktig. Det er fascinerande korleis dei er opptekne av det gode samarbeidet på
jobb, men også i forteljingane. Samtaleforteljingane er ein viktig del av samtalane på
pauserommet. Dei viser fram kvardagen på skiftet.

122
LITTERATURLISTE

10 Litteraturliste
Adelswärd, Viveka (1997): Berättelser från älgplassen. Om metoder för att analysera
jaktberättelsers struktur, poäng och sensmoral. Hydén, Lars-Christer & Margareta
Hydén, (red.): Att studera berättelse. Samhällsvetenskapliga och medisinska
perspektiv. Stockholm: Liber

Adelswärd, Viveka, Jana Holsanova, & Victoria Wibeck (2002): Virtual talk as a
communicative resource. Explorations in the field of gene technology. Sprachtheorie
und germanistische Linguistik 12.1, s. 3–26

Amundsen, Oscar (2003): Fortellinger om forandring : en narrativ studie av planlagt


organisasjonsendring i et norsk finanskonsern. Dr.art.avhandling. Det historisk-
filosofiske fakultet. Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier, NTNU

Antaki, Charles & Margaret Wetherell (1999): “Show Concessions”. Discourse Studies,
vol.1, No.1. Sage Publications, s. 7-27

Cameron, Deborah (2001): Working with spoken discourse. London: Sage Publications

Cicourel, Aaron V. (1992): The interpretation of communicative contexts: examples from


medical encounters. Goodwin, Charles og Duranti, Alessandro (red.): Rethinking
Contexts. Cambridge: Cambridge University Press, s. 291-310

Clark, Herbert H. (1996): Using Language. Cambridge: Cambridge University Press

Clark, Herbert & Richard Gerrig (1990): “Quotations as demonstrations”.Language, Vol. 66,
No. 4: 764-805

Du Bois, John, Stephan Shuetze-Coburn, Susanna Cumming & Danae Paolino (1993):
Outline of Discourse Transcription. Edwards, Jane A. & Martin D. Lampert (red.):
Talking Data. Transcription and coding in discourse research, s. 45-89. London:
Lawrence Erlbaum

123
LITTERATURLISTE

Eriksen, Anne Landaas (Odda kommunes hjemmesider): Litt historie fra kommunen.
Lokalisert 29.6.2006 på Verdensveven:
http://www.visitodda.com/newsread/news.asp?WCE=dokument&D=1&N=5159&CMP_ID=2&L=1

Eriksson, Mats (1997): Ungdomars berättande. En studie i struktur och interaction.


Institutionen för nordiska språk. Uppsala

Eriksson, Mats (1995): Berättande och konflikt i ungdomars samtal: en


analys. Folkmålsstudier 36. Helsingfors. s.139-167

Evensen, Lars Sigfred (1991): Skriving – mer enn den glemte ferdighet. Språk og
Språkundervisning, nr 3, s.3-12

Gergen, Kenneth J.(1994): “Self-Narration in Social Life”. Wetherell, M., Taylor, S.&
Yates, S.J (2001): Discourse theory and practice: a reader. London: Sage
Publications, kap.18, (s.247-260)

Goffman, Erving (1974): Frame Analysis. Cambridge MA: Harvard University Press

Grytten, Frode (1999): Bikubesong. Oslo: Det Norske Samlaget

Gunnerød, Marit Olave (2005):Politiavhøret som samtale. En empirisk studie av 7 avhør av


siktede/mistenkte. Hovedfagsoppgave i anvendt språkvitenskap, Det historisk-
filosofiske fakultet, NTNU

Holsanova, Jana (2006): Quotations as a vehicle for social positioning. Hausendorf, Heiko
& Alfons Bora (red.): Analysing Citizenship Talk. Social Position in political an
legal decision-making processes. Amsterdam/Philadelphia: John Benjamins
Publishing Company

Iversen, Anne (2003): ”Forestillinger om normalarbeidstakeren”. Saksvik, Per Øystein &


Nytrø, Kjell (red.): Ny personalpsykologi for et arbeidsliv i endring. Oslo: Cappelen
Akademisk Forlag, s.42-63

124
LITTERATURLISTE

Jefferson, Gail (1991): “List construction as a task and resource”. Psathas, G. (red.):
Interactional competence. New York, NY: Irvington Publishers, s. 63-92

Kristeva, Julia (1969): ”Le mot, le dialogue et le roman”. Recherches pour une sémanalyse.
Paris: Éditions du Seuil

Labov, William & Joshua Waletzky (1967): ”Narrative Analysis: Oral versions of
personal experience”. McCabe, Alyssa & Michael Bamberg (red.): Journal of
Narrative and Life History, 7 (1-4), s.3-38

Linde, Charlotte (1997): ”Narrative: Experience, Memory, Folklore”. McCabe, Alyssa &
Michael Bamberg (red.): Journal of Narrative and Life History, 7 (1-4), s.281-291

Linell, Per (1990): ”De institutionaliserade samtalens elementära former: om möten mellan
professionella och lekmän”. Forskning om utbildning.17: 18-35

Linell, Per & Linda Jönsson (1991): Suspect stories: perspective-setting in an


asymmetrical situation. Marková og Foppa (red.): Asymmetries in Dialogue. New
York: Harvester Wheatsheaf

Linell, Per & Persson Thunqvist, Daniel (2003): “Moving in and out of framings: Activity
contexts in talks with young unemployed people within a training project”. Journal of
Pragmatics 35, s. 409-434

Linell, Per (2005): En dialogisk grammatikk. Anward, Jan & Bengt Nordberg (red.): Samtal
och grammatik. Studier av svenskt samtalsspråk. Lund: Studentlitteratur, s.231-328

Linell, Per (2006a/u.a.): Samtalskulturer. Analys av samtal och språkliga möten som
kommunikativa verksamheter. Institutionen för språk och kultur, Linköpings
universitet. (versjon fra dato 2005-06-24)

125
LITTERATURLISTE

Linell, Per (2006b/u.a.)(online): Essentials of Dialogism. Aspects and elements of a dialogical


approach to language, communication and cognition. Department of Communication
Studies Linköping University
http://www.tema.liu.se/tema-k/personal/perli/Linell_Essentials-of-dialogism_050625.pdf.

Lysgaard, Sverre (2001) [1961]: Arbeiderkollektivet. Oslo: Universitetsforlaget, 3.utg.

Marková, Ivana (2003): Dialogicality and Social Representations. Cambridge: Cambridge


University Press

Matre, Synnøve (2000): Samtalar mellom barn. Om utforsking, formidling og leik i dialogar.
Oslo: Det norske samlaget

McCarthy, Michael .J. (2000): Captive audiences. The discourse of close contact service
encounters. J. Coupland (Ed.): Small Talk. London: Longman, s.84-109

Norrby, Cathrin (1996): Samtalsanalys. Så gör vi när vi pratar med varandra. Lund:
Studentlitteratur

Norrby, Cathrin (1998): Vardagligt Berättande. Form, function och förekomst.


Göteborg: Acta Universitatis Gothoburgensis

Norrick, Neal R. (2000): Conversational Narrative. Storytelling in everyday talk.


Philadelphia, PA, USA: John Benjamins Publishing Company

Ochs, Elinor & Lisa Capps (2001): Living Narrative. Creating Lives in Everyday
Storytelling. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press

Ochs, Elinor (1979): Transcription as theory. Ochs, Elinor & Bambi B. Schieffelin (red.):
Developmental pragmatics, s. 43-72. London: Academic Press

Orlikowski, Wanda & Jo Anne Yates (1994): “Genre Repertoire: Examining the Structuring
of Communicative Practices in Organizations.” Administrative Science Quarterly 39:
541-574

126
LITTERATURLISTE

Propp, Vladimir (1968) [1928]; Morphology of the folktale. Austin: University of Texas
Press

Rottem, Øystein (31.10.1999): En lovsang til Odda. Lokalisert 29.06.2006 på Verdensveven:


http://www.dagbladet.no/nyheter/1999/10/31/181897.html

Rustad, Hanne (2005): Latter som kommunikativt virkemiddel. Om latter og


ansiktsbevaring i samtale. Hovedfagsoppgave i anvendt språkvitenskap, Det historisk-
filosofiske fakultet, NTNU

Sacks, Harvey, Schegloff, Emanuel A. & Jefferson, Gail (1978): "A simplest systematics for
the organization of turn taking for conversation.". Schenkein, Jim (red.): Studies in
the organization of conversational interaction. New York: Academic, s. 1–55

Scheuer, Jann (2005): Indgange til samtaler. Samtaleanalyse som konversationsanalyse,


dialogisme og kritisk diskursanalyse. København: Danmarks Pædagogiske
Universitets Forlag

Seljestad, Lars Ove (2005): Blind. Oslo: Cappelen Forlag

Skorstad, Egil J. (2002): Organisasjonsformer. Kontinuitet eller forandring?. Oslo:


Gyldendal Akademisk.

Slottemo, Hildegunn (2003): Fabrikkarbeider, far og forsørger.Menn og mannlighet ved


koksverket i Mo i Rana, 1950-1980. Historisk institutt/Senter for kvinne- og
kjønnsforskning, NTNU.

Svennevig, Jan (1995): ”Samtaleanalyse”. Svennevig, Jan, Margaret Sandvik & Wenche
Vagle (red.): Tilnærminger til Tekst. Modeller for språklig tekstanalyse. Oslo:
Cappelen Akademiske Forlag.

Tannen, Deborah (1989): Talking Voices. Repetition, dialogue, and imagery in


conversational discourse. Cambridge: Cambridge University Press.

127
LITTERATURLISTE

Thomassen, Gøril (2005): Den flerbunnete treningssamtalen: En studie av samtaler mellom


pasient og student fra sykepleier- og medisinerutdanning. Dr.art.avhandling. Det
historisk-filosofiske fakultet. Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier

Thorsen, Terje (29.05.2001): Musikalsk litteratur. Lokalisert 29.06.2006 på Verdensveven:


http://www.dagbladet.no/kultur/2001/05/29/260631.html

Tykesson-Bergman, Ingela (2006): Samtal i butik. Språklig interaktion mellan biträden och
kunder. Dr.art.avhandling. Acta Universitatis Stockholmiensis. Almqvist & Wiksell
International

Åsebø, Solvor (2003): "La skravla gå" : gruppeintervju om snakk på jobb. Hovedfagsoppgave
i anvendt språkvitenskap, Det historisk-filosofiske fakultet, NTNU

Hardanger Folkeblad (Avis):

Knutsen, Svein (28.12.2005): ”Slår alle rekorder i Tyssedal”. Hardanger Folkeblad

Syse, Trygve D. (06.01.2006): ”Produksjonsrekorder over heile fjøla”. Hardanger Folkeblad

128
VEDLEGG

11 Vedlegg

Prosjektskildring for masteroppgåve


Herdis Moldøen
Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier, NTNU
”Gutta på Zinken (…)”
(arbeidstittel)

Bakgrunn
Eg tek no mastergrad i språkleg kommunikasjon ved NTNU i Trondheim der eg utdannar meg
til forskar i språkleg kommunikasjon. Eg har ein allsidig fagbakgrunn med engelsk,
informatikk og særleg filmvitskap som hovudretning. No har eg eitt år igjen av studiet, og det
skal eg bruka på eit forskingsprosjekt som resulterer i ei masteroppgåva frå 60-120 sider, som
kjem til å bli tilgjengeleg for folk til å lesa.

Mål for prosjektet


Frode Grytten har uttalt korleis forteljingar er ein viktig del av livet og kanskje
særleg på industristader som Odda. Bøkene hans speglar ein kultur, kan hende særskild for
industristader, men som ber i seg kor viktig det er å fortelja historier og korleis vi brukar
forteljingar til å leva liva våre. Eg skal ikkje basera forskingsprosjektet mitt på Gryttens
litteratur. Det har eg ingen intensjonar om, men eg brukar det som utgangspunkt og
inspirasjonskjelde. Om eg fagleg, som språkvitar og forskar, gjennom å studera snakk på
arbeidsplassen, kan finna det som kunstnarar finn: fasinasjon, inspirasjon og kvardagsliv.

Eg vil gjerne dokumentera eit arbeidsmiljø eg har vore ein del av. I eitt år og snart 8 somrar
har eg jobba som strippar i elektrolysehallen på Norzink, no New Boliden. Eg kjenner
rutinane og arbeidet godt, og eg veit ein god del om snakket som føregår på pauseromma i
hallen. Gutta har ein særskild måte å vera mot kvarandre på og dette vil eg dokumentera, og
spesielt ha fokuset på forteljingane dei fortel. Dei seier sjølv at forteljartradisjonen er i ferd
med å dø ut, det er ikkje slik som det var i gode gamle dagar, men utifrå mi erfaring er
snakket og forteljartradisjonen framleis verdifull og levande, og er med på å skapa eit godt
arbeidsmiljø.

Kva snakk kan eg forventa å finna på denne arbeidsplassen, og kva snakk er det eg er ute
etter? Eg er ute etter dei gode historiene, etter forteljingane og identiteten knytt til dei som
fortel, lyttar og dei eller det som det vert fortalt om. Eg vil fanga korleis ’gutta på Zinken’
snakkar, og vil særskild fokusera på korleis dei fortel og høyrer historier om folk og slik er
saman om å skapa sitt eige sosiale miljø på skiftet.

Metode
Eg kjem både til å ta lyd- og kameraopptak. Eg byrjar først med lydopptak for å få eit betre
bilete av samtalesituasjonen på pauserommet, og for å gjere folk vante og klare for opptak.
Vi treng tid for å bli vande med dette, og det trengs derfor mykje opptakmateriale for å sikra

129
VEDLEGG

at pausesnakket vert så autentisk som mogleg. Dessutan er det ein fordel med lydopptak i og
med at eg arbeider samtidig. Opptaket kan berre stå og gå sjølv om eg må ut i hallen og
arbeide.

Eg håpar eg kan bli igjen etter dei andre ferievikarane er ferdige, når heile skiftet er igjen
samla i slutten av august, og ta opptak med kamera. Mykje av snakket (har eg erfart allereie)
skjer gjennom dramatisering av andre, både gjennom endring av stemmeleie og i
etterligningar av andre. Dette er berre noko eit kamera kan fange.

Dette prosjektet kan fungera som eit inkluderande prosjekt for skiftet, og som ei
dokumentering av eit arbeidsmiljø. Mitt forslag er derfor at vi avgrensar opptaka til nattskifta
og helgene, og eventuelt ettermiddagsskift for å unngå at ikkje mange andre vert involvert, og
at det ikkje vert så mykje ”forstyrrande” prat rundt akkurat opptakssituasjonen. Er det
innvendingar mot dette, kan vi godt endre på det.

Eg har skrive ei samtykkeerklæring for alle som er involvert i opptakssituasjonen der dei skriv
under på at dei har frivillig meldt seg som informantar. Dette er mest for at dei sjølv skal vita
at eg kjem til å opptre etisk korrekt etter alle forskingsetiske reglar, som inneber at dei kjem
til å bli anonymisert og kan trekke seg frå prosjektet når som helst, også etter opptaka er gjort.
Lyd- og kameraopptak kjem ikkje til å bli lagt direkte ved oppgåva, kun i form av utskrift av
samtalane. Opptaka vert kun sett av andre under rettleiinga mi og i undervisningssamanheng,
og berre om eg har fått samtykke av dei det er opptak av. Om det eventuelt kjem til å komma
opp behov for anna bruk av materialet, kan eg ikkje bruka materialet utan nytt løyve.

Dette er ei oppgåve som er ein del av utdanninga mi. Eg har fått ein anarkjent professor, Per
Linell, som rettleiar og kjem til å vise vegen mot eit best mogleg resultat. Det kjem sikkert til
å vere noko som ikkje er korrekt, eller ikkje blir oppfatta korrekt av meg, undervegs og i
sluttproduktet, slik er det ofte. Men eg ønskjer svært at eg kan ta ein tur i hallen, eller ringa eit
nattskift, om det er noko eg eller andre lurar på, for å sikra eit mest riktig resultat (og for å
høra koss det står til)!

130
VEDLEGG

Transkripsjonsnøkkel:
1 nummererte linjer indikerer ei intonasjonseining
. punktum indikerer synkande intonasjon
, komma indikerer ein fortsetjande intonasjon
? spørjeteikn indikerer stigande tonefall
me-men avsluttar fort eit ord/refraserer setning
’ord trykksterkt ord/staving
!ord emfatisk trykk (ekstra mykje trykk)
”ord” sitatstemme (tilgjort stemme)
(..) pause under eitt sekund
(2.2) pausar over 1 sekund blir spesifisert og runda opp
til næraste tidel
{} kommentarar, lydar, kontekstuell informasjon
: lang vokal
@ latterstaving
<@ ord @> leande eller lattermild tale
hx pustar ut
X uhørbar staving/ord
<X ord X> usikker transkripsjon
<P ord P> lav stemmestyrke
<F ord F> sterk stemmestyrke
ord= likskapsteikn på suksessive linjer
=ord markerer ingen pause mellom samtaleturane
[ord] samtidig tale. Ved fleire ytringar samtidig er dei som
høyrer saman markert med tall t.d [1ord1]
<FORT ord FORT> raskt tempo

131
VEDLEGG

Herdis Instefjord Moldøen


Master i anvendt språkvitskap
Institutt for språk-og kommunikasjonsstudium

Samtykkeerklæring

Eg har fått informasjon om dette prosjektet og meldt meg frivillig som informant til video- og
lydopptak. Det vil bli gjort opptak og tatt utskrifter av samtalen til bruk i masteroppgåva.
Dette materialet vil bli anonymisert slik at det ikkje kjem fram kven som har deltatt i
prosjektet.

Dersom eg ønskjer det, har eg muligheit til å trekke meg frå dette prosjektet når som helst,
også etter at opptaka er gjort.

Eg samtykker i at materialet kan bli brukt til masteroppgave og til undervisningssamanheng.

Sted: Dato: Underskrift:

________________________________________

132

You might also like