You are on page 1of 1

Obama vinn Nobels Fredspris

For kort tid sidan offentliggjorde Nobelkomitéen, ved leiar Thorbjørn Jagland,
kven som får Nobels fredspris 2009. Då han annonserte at årets vinnar er USA-
president Barack Hussein Obama, gikk det nærmast eit gisp gjennom salen på
Nobelinstituttet.

”Han får prisen for sine visjonar, og sitt arbeid for ei verd utan atomvåpen. Han
har fanga verdas merksemd og gitt eit håp om ei betre framtid gjennom verdiar og
holdningar”, seier Jagland når han grunngjev komiteen si avgjersle.

Obama har ikkje utretta noko politisk seier når det gjeld fred. Noko av det første
han gjorde då han blei president var å setje fleire soldatar inn i Irak. Dette kan
sjå ut til å vere litt rart for ein president som skal representere håp og fred
for verda.

Obama har veldig mange politiske planar for framtida av verda, og mykje av det
gjeld fred. Han vil til dømes ende krigen i Irak. Han inviterar òg leiarar frå
Midtausten til å komme og snakke med kvarandre for å prøve å løyse problema mellom
seg.

I fredprisens krav for at ein person skal kunne verte nominert, står det tydeleg
at personen skal ha utretta noko unikt og stort når det gjeld framgang i
verdsfreden. Obama har ikkje gjort noko av delane. Fredsprisen han har fått ser ut
til å vere basert på draumane til Obama, og ikkje det han har utretta som
individuell person.

Mange meinar at Obama kan forandre Amerika, for ikkje å snakke om verda som svart
president, i eit land der makteliten er malt kvit. ”Obama fargeleggjar det kvite
hus” er ei velkjent og mykje brukt frase. Majoriteten av USA si ariske befolkning
undertykka svarte heilt fram til 60-tallet. Og ikkje før nå har USA fått ein svart
president i et land der klasseskilja framleis er tydeleg synlige. Eit land som
startar krigar og blandar seg inn i krigar for profitt. At Obama som president har
satt for seg mange gode prinsipp når det gjeld verdsfreden er ein super ting. Litt
enkelt forklart; Du blir nok veldig glad og syns eg er snill viss eg seier eg skal
gi deg ti milliardar kronar, men det betyr ikkje at det kjem til å skje. Du
betalar ikkje mannen i kassen før du har fått nokre varar viss han seier han kjem
til å gi deg varene ein eller annen gang i framtida.

Eg syns det ser litt mistenkeleg ut frå komiteen si side når det var mange
kandidatar som utretta meir enn det Obama har gjort i 2009. Det herskar til og med
tvil blant nokre av komitémedlemmene om Obama verkelig ville klare å følgje opp
sitt sterke internasjonale engasjement. Om Obama skulle få fredsprisen i ettertid,
etter vi har sett korleis ting går, får han sikkert nok med problema på heimebane
med blant anna helsereforma og finanskrisa. Dette kan gjøre at han ikkje vil greie
å prioritere det internasjonale arbeidet tilstrekkeleg til å ha fortent
Fredsprisen.

I dag, torsdag den 10. desember kjem den mykje omtalde presidenten med etnisk
opphav til Oslo. Fleire personar har allereie verte arrestert for å utgjere ein
trussel mot sikkerheita hans. Det er masse hysteri og paranoia rundt denne saka.
Vert Obama drepen i Noreg? Vert Noreg eit kjendisland etter hans besøk? Vi får sjå
korleis det går.