Samtaleforteljingar på skiftet.

Forteljingar i pausesnakk på ein industriarbeidsplass.

Herdis Instefjord Moldøen

Masteroppgåve i Språkleg Kommunikasjon Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium NTNU Trondheim, 2006

Forsida: Arbeidarar frå nedlagte Odda Smelteverk (ikkje informantar) © Reinhardt Søbye

Forord
No når eg endeleg er ferdig med denne forteljinga om forteljingane, er det på sin plass å takke dei som har hjelpt meg på vegen. Den varmaste helsinga går til arbeidarane på Zinken som viste meg tilliten og gav meg løyve til å ta opptak i pausen gjennom ein heil sommar. De har først og fremst vore gode arbeidskameratar gjennom fleire somrar og lært meg mykje om kva som er viktig i livet. Eg vil også takke Odda Boliden AS for at de har ein praksis på å sleppe ungdomar inn i fabrikken kvar sommar slik at dei får eit innblikk i det arbeidslivet som er mest karakteristisk for Odda. Utan dette innpasset som har gitt meg denne erfaringa kunne aldri denne avhandlinga blitt skrive. Tusen takk. Eg kjenner meg heldig og privilegert som har fått så gode rettleiarar som Per Linell og Kari Sand. Per har hatt eit suverent overblikk og Kari har alltid stilt opp med grundig og konstruktiv respons og støttande kommentarar når eg har trengt det. Tusen takk for at de har vist så stor entusiasme for materialet og prosjektet mitt! Takk til Inger Sandnes som har kjørt parallelt studium saman med meg. Takk for at vi aldri gjorde dette til ein akademisk konkurranse, men oppmuntra kvarandre og viste kvarandre støtte heile vegen. Vil også takke for rettleiing, inspirasjon og stimulering på Mestermøter, Master-/Doktorseminar og Marteseminar. Alltid godt å diskutere problemstillingar med andre. Takk til Mette for all di hjelp, Hanne og Edit for gode samtalar, tilbakemeldingar og korrektur. Ein stor takk til mamma som har opptil fleire gangar i veka gjennom heile løpet vore ein god diskusjon- og samtalepartnar og takk til pappa som alltid støttar og stiller opp for jento si.

Trondheim, 29. juni 2006

Herdis Instefjord Moldøen

”en kjærlighetserklæring til hjemstedet Odda og som en tributt til fortellerkunsten, noe som vel kan komme ut på ett, ettersom oddaværingene er kjent for å være dyktige til å fortelle historier.”1

1

Sitat frå omtale av Frode Grytten si bok Bikubesong frå: http://www.dagbladet.no/nyheter/1999/10/31/181897.html

Innhald
1 Innleiing...............................................................................................................8 1.1 1.2 2 2.1 2.2 2.3 Problemstillingar............................................................................................9 Gangen i avhandlinga .................................................................................11 Forteljing som produkt.................................................................................12 Forteljing som prosess ................................................................................14 Forteljing som kommunikativ verksemd ......................................................15 Dialogisme ...........................................................................................16 Kommunikativ verksemd ......................................................................17 Samtaleforteljing som kommunikativ verksemd ...................................20 Poeng...................................................................................................22

Teori..................................................................... Feil! Bokmerke er ikke definert.

2.3.1 2.3.2 2.3.3 2.3.4 3 3.1 3.2 3.3

Metode og materiale.........................................................................................24 Informantane ...............................................................................................25 Tilsette og ferievikarar..........................................................................25 Forskarposisjon ...........................................................................................26 Innsamling av materialet .............................................................................27 Å få løyve til opptak av samtalane........................................................27 Lydopptak ............................................................................................28 Opptakssituasjon..................................................................................29 Bevisstheit kring forsking om forteljingar..............................................29 Teknisk bearbeiding .............................................................................30 Utval av sekvensar...............................................................................30 Transkripsjon........................................................................................31 Analysemetodar ...................................................................................34 Anonymitet ...........................................................................................37 Kor mykje data skal ein samle inn?......................................................37 Etiske aspekt ved forskarposisjonen ....................................................39 3.1.1

3.3.1 3.3.2 3.3.3 3.3.4 3.4 3.4.1 3.4.2 3.4.3 3.4.4 3.5 3.6 3.5.1 3.6.1 3.6.2 4 4.1

Bearbeiding av materialet............................................................................30

Etiske vurderingar .......................................................................................36 Innsamling av materiale ..............................................................................37

Situasjonskonteksten: Arbeidsplassen og pauserommet............................39 Sinkframstilling i elektrolysehallen...............................................................40

4.2

Dei ulike jobbane på skiftet .........................................................................40 Strippar ................................................................................................41 ”På labben”...........................................................................................42 ”I manganen”........................................................................................42 Sjefar....................................................................................................43

4.2.1 4.2.2 4.2.3 4.2.4 4.3 4.4 5 5.1 5.2

Pauserommet ..............................................................................................43 Snakket i pausen.........................................................................................44 Korleis definere ei samtaleforteljing?...........................................................55 Intertekstualitet mellom forteljingane ..........................................................58 Svarforteljing ........................................................................................59 Forteljingskandidatar............................................................................60

Forteljingane si plassering i samtalesamanheng ..........................................46

5.2.1 5.2.2 6 6.1

Iscenesetting av samtaleforteljingar...............................................................63 Tre ulike deltakarmønstre i samtaleforteljing...............................................63 Samskaping av generalisert forteljing gjennom dialog .........................65 Samskaping gjennom svarforteljingar ..................................................69 Oppsummering.....................................................................................70 6.1.1 Forteljing med låg grad av samskaping .....................................................63 6.1.1 6.1.2 6.1.3 6.2 6.3 6.4 6.5 6.6

Framstilling av karakterar ............................................................................74 Positive fornærmingar, banning og overdrivingar ........................................77 Repetisjon ...................................................................................................78 Ei alternativ verd i ein tenkt situasjon ..........................................................79 Oppsummering............................................................................................80 Forteljingspoeng..........................................................................................83 Forteljaren sitt poeng...................................................................................90 Underliggjande poeng .................................................................................93 Poenget med å fortelje ................................................................................93 Avslutning....................................................................................................99 Arbeidarane sitt forhold til samtaleforteljingane.........................................101 Sjølvrefleksiv samtaleforteljing ...........................................................102 Forteljingar som går igjen...................................................................105 Kva er sant og kva er ikkje sant? .......................................................109

7

Poenganalyse ...................................................................................................83 7.1 7.2 7.3 7.4 7.5

8

Ei forteljing om forteljingane.........................................................................101 8.1 8.1.1 8.1.2 8.1.3

8.2

Ulike underliggjande poeng i forteljingane.................................................111 Kulturformidling ..................................................................................112 Den brysomme sjefen ........................................................................113 Den gode arbeidaren .........................................................................114

8.2.1 8.2.2 8.2.3 8.3 9 9.1 9.2 9.3

Avslutning..................................................................................................116 Kva er ei samtaleforteljing? .......................................................................119 Forskarposisjon .........................................................................................120 Alternative forskningsperspektiv................................................................121

Samanfatning..................................................................................................118

10 Litteraturliste ..................................................................................................123 11 Vedlegg ...........................................................................................................129 Prosjektskildring for masteroppgåve ....................................................................129 Transkripsjonsnøkkel: ..........................................................................................131 Samtykkeerklæring ..............................................................................................132

INNLEIING

1 Innleiing
Blant høge, bratte fjell inst i Sørfjorden og i hjartet av Hardanger, ligg Odda. Odda som før var det flottaste turistreisemålet i Noreg, har i dei siste hundre åra2 lagt dei høge fossefalla i røyr og fått billig vasskraft, tre store industribedrifter og tilflytting av arbeidarar. Turismen måtte vike for industrien, og Odda blei, og er framleis, eit einsidig industrisamfunn. No er Odda prega av nedlegging og fråflytting. Odda Smelteverk, som var den eldste bedrifta plassert midt i sentrum, har tappa omnen for siste gong. Dei to industribedriftene som står att, sinkbedrifta Odda Boliden AS (Zinken) og iliminittsmelteverket Tinfos Titan & Iron KS (TTI), gjekk begge med rekordoverskot i 20053, men dei har også hatt sine store nedturar og fagforeiningskampar for å behalde arbeidsplassane. Dei sakene som skapte dei største overskriftene, var kampen for eit nytt smelteverk i Tyssedal (TTI) på 80-talet og utskillinga av arbeidarar på Zinken på 90-talet. I dei siste 20 åra har Odda mista omtrent 800 industriarbeidsplassar4. Arbeidsplassane industrien ein gong hadde stor bruk for, blir stadig meir automatisert og behovet for arbeidaren minkar. I tomrommet etter det nedlagte smelteverket prøver Odda å omstille seg for å framleis vere ein attraktiv stad. I lys av det har litteratur frå Odda kome i søkelyset. Odda har fostra to anerkjendte forfattarar, Frode Grytten og Lars Ove Seljestad, som hentar inspirasjon frå arbeidarkulturen i Odda. Litteraturen frå Odda, og diskursen som følgjer den, speglar ein kultur som ber i seg kor viktig det er å fortelje historier og korleis vi brukar forteljingar til å leve liva våre. Frode Grytten har uttalt seg om korleis forteljingar er ein viktig del av livet og kanskje særleg på industristader som Odda5. Eg har sjølv jobba som vikar på ulike skift i elektrolysehallen på Zinken i ni somrar til saman. Midt i denne perioden jobba eg kontinuerleg i eit heilt år som einaste jente på skiftet saman med seks-sju menn. Eg kan ikkje seie anna enn at eg storkoste meg dette året i arbeid. Skiftet var ein samansveisa gjeng som eg fekk bli ein del av, både gjennom arbeidet som vi hadde felles ansvar for, men også i pausane på kontrollrommet. Det gode inntrykket eg hadde fått av kulturen på arbeidsplassen gjennom sommarmånadene, fekk eg oppleve nærare, og det som
2 3

Sidan 20. april 1906 for å vere nøyaktig Hardanger Folkeblad 6.januar 2006 og 28.desember 2005 4 Du kan lese meir om Oddahistoria her: www.visitodda.com/newsread/news.asp?WCE=dokument&D=1&N=5159&COMP_ID=2&L=1 5 Ved foredrag og høgtlesing på Odda Folkebibliotek

8

KAPITTEL 1

fascinerte meg mest var den levande forteljarkulturen. Eg oppdaga denne når eg skulle på arbeid etter å hatt ei veke fri, og eg grua meg, for det hadde ikkje skjedd noko særskild den veka og eg hadde ingenting å fortelje om. Det var vanlegvis slik at etter ei friveke eller ei frihelg, var det stor kamp om å sleppe å byrje i arbeidet først, for alle ville høyre siste nytt. Gutane møtte gjerne tidleg opp til arbeid før skiftet byrja for å høyre eller oppdatere kvarandre. Noko var sjølvsagt nyheiter og sladder, men mykje var forteljingar om nytt som hadde skjedd. Etter eg hadde arbeidd der ei stund, merka eg at nokre forteljingar gjekk igjen. Det var mellom anna forteljingar om sjefane, dei farlege maskinene og om arbeidarane. Då eg igjen sette meg på skulebenken etter å ha arbeidd heime i Odda, klarte eg ikkje heilt å legge bak meg industriarbeidet. Eg skulle utdanne meg, men eg drømte meg tilbake til livet bak maskinene og hos gutta. Innanfor industriporten hadde eg funne eit fellesskap og ein blomstrande kultur eg ikkje hadde opplevd før – ein kultur som kanskje står i fare for å forsvinne i all den avindustrialiseringa som skjer i dette landet. Eg ville dokumentere denne flotte kulturen for dei som ikkje veit at den eksisterer, men også løfte det fram for arbeidarane sjølve. Eg har følgt eit skift på Zinken i Odda ein sommar, både som forskar og arbeidar, og tatt lydopptak av samtalane på pauserommet. Det har vore spennande og utfordrande for meg å gå inn i dette prosjektet som arbeidskamerat, anvendt språkvitar og forskar. Kanskje finn eg, gjennom å studera forteljingar på arbeidsplassen, det som forfattarane frå Odda har fanga: fascinasjon, inspirasjon og kvardagsliv.

1.1 Problemstillingar
Denne oppgåva vil studere nærare forteljingane som dukkar spontant opp i samtalar i pausen blant arbeidarar på ein mannsdominert industriarbeidsplass. Det er gjort lite forsking på akkurat dette feltet. Solvor Åsebø (2003) har i sin studie fått tilgang til kvardagsleg snakk på arbeidsplassen gjennom å nytte observasjon og gruppesamtalar som inngangsport. Ho var interessert i arbeidarane sine eigne samtalar om sjølve snakket på jobb, og ikkje dei forteljingane informantane fortalte. I Noreg har det likevel vore forska på forteljingar frå mellom anna verkstadsindustrien, men då har forskarane nytta andre metodar og hatt eit anna fokus enn det 9

INNLEIING

eg skal ha. Hilde Gunn Slottemo (2003) har studert forteljingar ved Norsk Koksverk i Mo i Rana om korleis det var å vere mann i arbeiderklassen i tidsrommet 1950-80 og korleis mannlegheit blir uttrykt mellom anna gjennom arbeidarane sine forteljingar. Materialet hennar har hovudsakleg vore intervju med fokus på forteljingar om livet til tidlegare koksverksmedarbeidarar. Anne Iversen (2003) har utført studiar og henta datamaterial frå ei tradisjonell verkstadindustribedrift. Ho har brukt forteljingar som ein analytisk reiskap for å sjå på kva bilete av ”normalarbeidstakaren” som eksisterer og kva som blir overført til nye arbeidstakarar. I studien av forteljingar løftar Iversen fram kva som blir oppfatta som ein god arbeidstakar (normalarbeidstakeren), korleis forteljingane uttrykker kjønnsnøytralitet og korleis kvinner passar inn i førestillinga om normalarbeidstakaren. Slottemo (2003) og Iversen (2003) sine undersøkingar var ikkje ute etter å forske på interaksjon og samtaleforteljingar i seg sjølv. Intervju blei brukt som metode for å finne ut korleis det mannlege blir uttrykt gjennom forteljingar, og hadde slik eit kjønnsperspektiv på forteljingane. Denne avhandlinga kjem ikkje til å ha eit kjønnsperspektiv. Den tek heller ikkje sikte på å seie noko definitivt om alle sider ved kommunikasjonen (på alle skift på alle avdelingar i alle industribedrifter). Eg vil freiste å peike på nokre sider ved kommunikasjonen og samtalane som er henta frå pauserommet hos eitt skift på ein mannsdominert industriarbeidsplass. Omgrepet samtaleforteljing (spontane forteljingar som dukkar opp og blir fortalt i samtalar) vil vere sentralt i denne avhandlinga. Målet mitt er å vise fram korleis forteljingar dukkar opp i snakket og korleis dei blir fortalt, samt få fram poenga i forteljingane og kva dei kan seie noko om. Eg vil difor ta sikte å svare på følgjande problemstilling:
• •

Kva er ei samtaleforteljing og kva kjenneteiknar den? Korleis er samtalesituasjonen og deltakarmønsteret når ei samtaleforteljing blir fortalt?

Kva kan samtaleforteljingane seie oss noko om?

Eit viktig delmål ved denne avhandlinga er å utforske dei moglegheitene som er tilstades når forskaren sjølv er medlem av den verksemda det blir forska ”på”. Det er ikkje vanleg at 10

KAPITTEL 1

forskaren sjølv er ein del av miljøet og har så mykje kunnskapar og oversikt over kva normer og reglar som gjeld. Eg vil derfor prøve å finne ut noko om: Korleis kan stor kontekstuell informasjon om korleis deltakarane sjølve forstår kva som blir sagt, spele inn på dei forskingsresultata ein får? Det mest spesielle i denne avhandlinga er kanskje materialet i seg sjølv. Så vidt eg veit, er det ikkje gjort forsking basert på opptak av industriarbeidarar som snakkar saman i pausen. Dei som har vore inne på ein slik forskingsarena, har gjennomført opptak i samband med bruk av intervju eller gruppesamtale som metode. Dette gir eit heilt anna forskingsmateriale og forskingsperspektiv enn i mitt tilfelle. Mine opptak er samtalar av arbeidarar som er seg sjølve på jobb.

1.2 Gangen i avhandlinga
I avhandlinga vil eg i kapittel 2 presentere teorien som eg nyttar. Eg har valgt å strukturere dette kapittelet etter utviklinga og synet på språk, og særleg etter korleis forskinga har vore kring forteljingar i samtalar. I kapittel 3 gir eg ei innføring i korleis eg gått fram ved innhenting og bearbeiding av materiale, og eg har avslutningsvis lagt vekt på å vise fram dei etiske vurderingane eg har gjort i løpet av arbeidet med avhandlinga. Analysedelen er fordelt på fire kapittel. I kapittel 5 viser fram intertekstualiteten mellom samtaleforteljingane og eg argumenterer for at samtaleforteljinga må sjåast i samanheng med den plasseringa den har i samtalen. Kapittel 6 ser på korleis samtaleforteljinga er iscenesatt ved hjelp av ulike verkemiddel og av fleire deltakarar. I kapittel 7 gjennomfører eg ein analyse av dei ulike poenga i samtaleforteljingane, medan eg studerer nærare dei underliggjande poenga i samtaleforteljingane i kapittel 8. Der vil eg prøve å svare på kva samtaleforteljingane kan seie oss noko om. Kapittel 9 vil vere ei kort samanfatning av kva eg har funne ut i denne avhandlinga.

11

TEORI

2 Teori
Det finst fleire teoretiske innfallsportar til å studere forteljingar, og forteljingar er aktuelle forskingstema innan fleire fagfelt (til dømes litteratur, filmvitskap, psykologi, sosiologi, etnografi og antropologi). I dette kapittelet vil eg presentere tilnærmingar som har vore aktuelle innan studier av språkleg kommunikasjon. Forsking på forteljingar spring ut frå forsking kring skriftlege tekstar, og det kom tidleg eit skilje i forteljingsteorien mellom innhald og form i forteljingar. Vladimir Propp (1928) er ein av forskarane som har prega moderne forsking på forteljingar. I samband med sin studie av den russiske folkesagaen og kva funksjonar den hadde, introduserte han omgrepsparet fabula (underliggjande abstrakt hendingsrekkje) og sj zet (språkleg utforming) som er ei tidleg namngjeving på eit omgrepspar som framleis blir diskutert6. Det kan vere like føremålstenleg å skilje mellom innhald (“story”) og form (“narrative”) der innhaldet er det forteljinga handlar om (fortalt i ei logisk hendingsrekkje), og formen korleis forteljinga er fortalt (i ein situert kontekst). Eit meir nyansert bilete av skilnadane står Linell & Jönsson for (1991:76):
(…) the same story (sequence of events) can be told in different ways, yielding different narratives, which organize the substance of the story so as to focus on different points and thus regard different aspects as important and relevant. (kursiv i orginalen, Linell & Jönsson, 1991:76)

Vi kan altså fortelje den same forteljinga (”story”) på fleire ulike måtar (”narrative”). Dette skiljet har fått sitt utslag i korleis det har forska på forteljingar. Der nokre har forska på innhaldet i forteljingane, altså som produkt, har andre studert korleis dei er fortalt og slik undersøkt forteljingar som prosess. Som eg skal komme nærare inn på går det også an å gjennomføre studier av forteljingar med fokus både på produkt og på prosess (sjå kapittel 2.3). Denne oppdelinga heng saman med val av metode, syn på språk og utviklinga i synet på kva ei forteljing er.

2.1 Forteljing som produkt
Når ein studerer forteljing som produkt, ser ein på forteljinga som ei ferdig, lukka eining – utan å ta omsyn til den konteksten forteljinga står i (Norrby 1998:32). Mange av dei

6

Same omgrep har i følgje Erikson (1997:13) vore omtalt som histoire/narration (Barthes 1997), histoire/récit (Genette 1980), story/discourse (Chatman 1978).

12

KAPITTEL 2

forskarane som har sett på forteljingar som produkt, har bakgrunn frå lingvistikken. Cathrin Norrby (1998) viser til forskarar som van Dijk (1972) og Thorndyke (1977), som til dømes har vore interesserte i å studere strukturane i forteljingane og hatt som oppgåve å finne ein forteljargrammatikk. Ei undersøking som har vore sentral innan munnleg (produktorientert) forteljingsteori blei utført av Labov & Waletzky (1967). Dei freista å forandre fokuset innan narrative analyser frå store komplekse narrative strukturar som ein kunne finne i myter, eventyr, legender og så vidare, til å sjå på munnlege forteljingar. Dei utførte ei detaljrik strukturell og formell analyse av forteljingane frå intervju frå eit breitt spekter av informantar (unge og gamle, frå høg og låg klasse) med mål om å finne den ideale interne forteljingsstrukturen. Visse typiske trekk blei lista opp som karakteristiske ved fullstendige forteljingar, og dei opptrer i denne rekkefølgja i forteljinga7 (Labov & Waletzky 1967:27-37, Labov 1972 s: 362-363): Samandrag: Orientering: Komplikasjon: Vurdering: Oppløysing: Koda: eit kort samandrag av forteljinga for å få løyve av dei andre deltakarane til å fortelje.8 • skjer som oftast i byrjinga av forteljinga og kontekstualiserer kvar, når og med kven hendinga skjer. • hovuddelen av forteljinga som inneheld hendingsrekkja i forteljinga. • det som er poenget forteljaren legg vekt på i forteljinga når han fortel. • • der spenningsmomentet i forteljinga blir utløyst. kan vere eit tilleggsmoment i forteljinga som inneheld kommentarar som kontekstualiserer forteljinga til snakket, t.d. ”og dei levde lukkelege i alle sine dagar” Når dei hadde funne denne måten å isolere dei narrative elementa i forteljingar på, kunne dei utføre kvantitative samanlikningar mellom korleis ulike grupperingar av menneske snakka saman. Dei undersøkte mellom anna korleis svarte og kvite ungdomar fortalte forteljingar.

7

Nokre forteljingar kunne berre bestå av hendingsrekkja med byrjing, midtdel og ein slutt og blei ikkje sett på som fullstendige og utvikla nok. 8 Samandraget er ikkje lista opp i artikkel frå Labov & Waletzky (1967), men er løfta fram som eit kjennetrekk i artikkelen til Labov (1972).

13

TEORI

Noko av det dei kom fram til var at svarte ungdomar brukte måtar å fortelje på som blei sett på som meir avanserte enn dei kvite ungdomane. Karakteristikkane frå Labov & Waletzky (1967) kan passe godt til nokre forteljingar, men som vi skal sjå (mellom anna i kapittel 5), slettes ikkje til alle. Sjølv om Labov & Waletzky (ibid.) utførte analysar av munnlege forteljingar, er det eit relativt monologisk og tekstleg syn på forteljinga som råder, der forteljinga i samtalen blir vurdert som eit produkt som kan strukturerast og skildrast utan å bli sett i samanheng med den konteksten den står i. Formålet med slike studier kan mellom anna vere å finne måtar å samanlikne korleis ulike aldersgrupper fortel forteljingar (Labov 1972), eller å sjå om det er eventuelle samband mellom forteljinga si strukturelle oppbygging og funksjon (Møller 1993 i Norrby 1998). Fokuset er på forteljaren som leverer eit produkt. Også nyare forsking kan bli assosiert med ein labovsk produktorientert tradisjon. Viveka

Adelswärd (1996) har gjort ein studie på jegerar som fortel (i intervju) om når dei skaut sin første elg. Som eg kjem tilbake til seinare utførte ho ei poenganalyse der ho mellom anna utforska forteljinga sitt poeng. Mats Eriksson (1997) har studert forteljingar som dukkar opp i autentiske kvardagslege samtalar som eg kallar samtaleforteljing (sjå 2.3.3) mellom ungdomar. Catrin Norrby (1998) plasserer både Adelswärd (1996) og Eriksson (1997) i ein labovsk produktorientert tradisjon, i og med at dei har tatt utgangspunkt i karakteristikkane i lista over (Norrby 1998:34). Ho plasserer seg sjølv med ein fot i begge leirar sidan ho, i studiet av kvardagsforteljingar mellom vaksne, ser både på den avslutta forteljinga og på korleis forteljinga er innkapsla i samtalen.9 Som eg kjem tilbake til, er det mogleg å ha både eit produktorientert syn og eit prosessorientert syn på forteljingar samtidig.

2.2 Forteljing som prosess
I staden for å studere kvar enkelt forteljing sin struktur og som eit produkt, kan ein ha eit prosessorientert syn på munnlege forteljingar i samtalar der ein ser på korleis forteljar og lyttar samarbeider om å fortelje ei forteljing. Denne tilnærmingsmåten har utvikla seg i takt med utviklinga elles i språkvitskapen, som i tillegg til å sjå på strukturar i språket har byrja å
Eriksson karakteriserer derimot si eiga forsking som ein studie av korleis forteljar og lyttar i ein gitt situasjon interaktivt konstruerer ein versjon av ei viss hending. Han fokuserer på formelle, funksjonelle og interaksjonelle aspekt av forteljinga (1997:23), og viser seg også som ein forskar som både ser på forteljing som produkt og som resultat av ein prosess.
9

14

KAPITTEL 2

studere interaksjon mellom menneske nærare. Dette spring ut frå ein etnometodologisk tenkemåte som set fokus på korleis menneska lever og konstruerer sine kvardagsliv. I denne samanhengen blei også metoden ein annan; ein byrja å bruke opptak av autentiske samtalar for å fram korleis interaksjonen går føre seg mellom menneska. Jann Scheuer (2005) skildrar den etnometodologiske ambisjonen på følgjande måte:
Ambitionen er at beskrive verden som aktørerne forstår den, at beskæftige sig, ikke med de psykologiske motiver og bagvedliggende samfundsmæssige processer som spekulativt måtte kunne relateres til menneskers kommunikative handlinger, men med verden som aktørene har adgang til den. (kursiv i orginalen, Scheuer 2005:9)

Analysen

av

desse

samtalane

blei

kalla

etnometodologisk

samtaleanalyse

eller

konversasjonsanalyse (CA) og sentralt i ein slik analyse er å sjå på den lokale konteksten. Dette inneber at ein i arbeid med samtaleanalyse ikkje tar inn anna kontekst enn det samtaledeltakarane gjer aktuelt i samtalen (Norrby 1996). Ytringar/handlingar skapar kontekst for kvarandre, det vil seie at kommunikasjonsdeltakarane forstår ytringar utifrå kvar dei er plasserte i ein sekvens av ytringar. Konteksten til ytringa er først og fremst ytringane rett foran og rett bak (og dei ytringane som skal komme) (Sacks, Schegloff & Jefferson 1978). Denne avhandlinga er inspirert av idear frå CA og eit deltakarorientert perspektiv på data. Forteljingar kan få si meining utifrå forteljingane fortalt før og skapar konteksten og ramma for forståing for den andre. Eg vil i tillegg til å sjå på forteljinga på lokalt nivå, også sette forteljingane inn i ein større global samanheng (sjå kapittel 8).

2.3 Forteljing som kommunikativ verksemd
Per Linell (2006a/u.a) hevdar at det har vore karakteristisk for språkvitskapen å sjå på språk som produkt av kommunikative og kognitive verksemder, men han argumenterer for at vi må sjå på samanhengen mellom prosess og produkt. Det vil seie å analysere produkta i deira kommunikative samanheng (ibid.:kapittel 1.3). I likskap med Linell finn eg denne tilnærminga til forteljingar føremålstenleg for mine problemstillingar, og eg kjem i analysane til å konsentrere meg om begge aspekta for å få eit meir komplekst bilete av korleis både produkt og prosess, innhald og utforming, kan seie noko om forteljingane sin funksjon i snakket. Linell meiner måten vi kan studere denne samanhengen på, er å skildre nærare kva som er den kommunikative verksemda (Linell 2006a/u.a). Sidan dette er ein innfallsvinkel eg 15

TEORI

kjem til å følgje, vil eg difor først gjennomgå kva syn på språk som ligg til grunn for den, før eg går nærare inn på kva ei kommunikativ verksemd er, og kva som kjenneteiknar den kommunikative verksemda i mitt materiale.

2.3.1 Dialogisme
Dialogisme er ei teoretisk retning som tek for seg relasjonane mellom individet og andre, og mellom individet og verda. Retninga gjer seg gjeldande innan fleire sosiokulturelle vitskapar, og tilbyr eit overgripande rammeverk for språk, handling, kognisjon og kommunikasjon (Linell 2005:232). Avhandlinga mi er skriven innanfor den dialogiske tradisjonen som undersøker samanhengen mellom interaksjon og mangfaldet av kontekstar interaksjonen inngår i. Dette innfattar eit dynamisk handlingsperspektiv på språk, der individ og omgivnader gjensidig påverkar kvarandre (Linell 2006a/u.a: kapittel 1.2). Per Linell (2005) skriv at samtalar har ein dobbel dialogisitet der interaksjonen/verksemda kan sjåast på både i lys av kva som skjer ”der og då” i situasjonen (situasjonsdialog), men også gjennom at verksemda inngår i ein sosiokulturell praksis (tradisjonsdialog) (ibid.:238). Han skildrar tre dialogiske prinsipp som kan skildre denne doble dialogisiteten som finst mellom ytringar (frå eitt individ) retta mot andre (individ) og ulike kontekstar (ibid.: 238241): (1) Sekvensialitet: Ytringar må ikkje sjåast på som autonome uttrykk, men som ledd i ein sekvens der ytringar både er responsar på tidlegare ytringar og interaksjonelle initiativ som prøver å framkalle nye svar. (2) Gjensidig forhold mellom ytring (handling) og verksemd: All kommunikasjon inngår i ein samanheng, og ytringar vil alltid tilhøyre ein type verksemd, sjanger eller sosial situasjon. (3) Samkonstruksjon: Ytringar er ofte forma utifrå korleis mottakaren(e) kjem til å reagere på det som blir sagt, og slik er adressaten nærverande i kvar ytring og med på å samkonstruere ytringa.

16

KAPITTEL 2

Som vi skal sjå vil denne avhandlinga vere prega av desse tre dialogiske prinsippa, som vil gjere seg gjeldande stort sett i alle analysar. Prinsippet om sekvensialitet vil vere eit hovudtema i kapittel 5, og ulike formar for samkonstruksjon vil være eit hovudpunkt i kapittel 6.1. Som nemnt over vil ein i ein dialogistisk studie undersøke samanhengen mellom interaksjonen og mangfaldet av kontekstar den inngår i. I ein dialogistisk tradisjon vil ein heller bruke omgrepet kontekstualisering framfor kontekst i og med at interaksjon er ein prosess som blir utført av aktive deltakarar i dialog (Linell 1998:132, Scheuer 2005:36). Ein kan seie at deltakarane i ein kommunikasjonssituasjon har tilgang til ulike kontekstuelle ressursar som dei kan velje å aktualisere, gjenskape, utvikle og utnytte. Men det er dei ressursane deltakarane faktisk nyttar seg av som er konteksten og som vil vere relevant å gjenskape i ein analysesituasjon (Linell 1998:128-131). Linell (ibid.) har laga ei oversikt over dei kontekstuelle ressursane deltakarane i interaksjonen har tilgang til, og deler dei inn i to hovudretningar; (1) umiddelbare og (2) middelbare, abstrakte kontekstuelle ressursar. Dei umiddelbare er det som nettopp er blitt sagt og dei fysiske omgivnadene, medan dei middelbare ressursane ikkje kan oppfattast i sjølve samhandlinga, men er ”produkter af deltageres erfaring” (Scheuer 2005:35). Ressursane er altså det aktørane trur, veit og forstår om det dei snakkar om (kva dei veit om kvarandre, om kva type verksemd snakket inngår i, organisasjonskonteksten, den sosio-historiske konstituerte konteksten, om språk, kommunikative rutinar og generell bakgrunnskunnskap som ligg i det kollektive minnet i kulturen), og som dei tek i bruk for å skape meining i samhandling. I mi avhandling vil eg bruke dei kontekstuelle ressursane eg har tilgang til, både umiddelbare og middelbare, for å vise fram kva kontekstuelle ressursar deltakarane tek i bruk i samhandlinga.

2.3.2 Kommunikativ verksemd
Ei verksemd er noko vi gjer saman med andre. I ein kommunikasjonssituasjon utfører deltakarar handlingar saman, altså dei samhandlar (Linell 20006a/u.a., avsnitt 2.2). Desse handlingane vil alltid inngå i ein større heilskap, og når ein utfører desse saman med andre, inngår dei i ei kommunikativ verksemd10 (Linell 1998). Gjennom å studere typar av

10

Dette omgrepet har også blitt omtala som sam-/aktivitet (”joint-/”activity”) av mellom anna Clark (1996). Linell (u.a.) argumenterer for kvifor akkurat verksemd er eit betre omgrep å bruke. Dette blir også gjengitt i Thomassen (2005:34).

17

TEORI

kommunikative verksemder, kan ein avdekke korleis deltakarane samhandlar i si forståing av verksemda. Når vi kommuniserer, tek vi (som nemnt over) i bruk dei kontekstuelle ressursene vi har tilgjengeleg, og handlar utifrå den forståinga vi har av kva sosial situasjon det er, eller kva ramme (Goffman 1974) vi kommuniserer innafor. Dei enkelte situerte handlingane i ein kommunikativ verksemd er knytt til tidspunkt, aktørar og plass, og ”det vi gjør i situasjonen, inngår i praksiser som har foregått over lengre tid, og bygger dermed opp kommunikative virksomhetstyper” (Thomassen 2005:34). I dialogiske analyser av verksemder er, i likskap med CA, turtaking eit sentralt område som blir utforska, men i motsetnad til CA, kan ein i dialogiske analyser tillate seg å dra inn bakgrunnsinformasjon for å få fram vesentlege kontekstuelle ressursar som også er kjente for deltakarane i kommunikasjonssituasjonen (Scheuer 2005, Rustad 2005). Dei dialogiske analysene er avhengig av at forskaren får fram vesentleg kontekstuell informasjon (Scheuer 2005:38-40), og Scheuer skildrar denne forskjellen mellom CA og dialogisk analyse:
Man indhenter ikke den garanti for fænomenologisk korrekthed som datanær analyse medfører. Til gængeld kommer man længere i beskrivelsen af mennesker: de bliver historiske og kulturelle agenter. (Scheuer 2005:40)

Denne avhandlinga vil innehalde analyser til dels både i eit CA-perspektiv og i eit vidare dialogisk perspektiv. Kapittel 5, som tek for seg forteljingane si plassering i samtalesamanheng, vil vise korleis samtaledeltakarar tolkar og samskapar forteljingar som må sjåst i lys av kvarandre. Det er ikkje berre ytringar som skapar grunnlag for korleis neste ytring og konteksten her-og-no skal bli forstått. Også forteljingar skapar ein ny kontekst på eit lokalt nivå der og då, og gir grunnlag for at ei ny forteljing kan utviklast og bli forstått. Slik kan forteljingane studerast på eit lokalt nivå – frå forteljing til forteljing. Men dei kan også, i eit meir dialogisk perspektiv, studerast på eit globalt nivå der det er mogleg å trekke fram kontekstinformasjon som ikkje blir gjort synleg i samtalen. Til dømes viser eg til andre forteljingar i snakket som berre er refererte til gjennom ord eller setningar, og elles ikkje synlege i samtalen. Desse globale ressursane tek samtaledeltakarane i bruk som ressursar i snakket til dømes for å understreke eit poeng eller vise at dei har skjønt eit poeng (meir om dette og intertekstualitet i kapittel 5).

18

KAPITTEL 2

Først og fremst blir omgrepet kommunikative verksemder knytt til institusjonelle samtalar.11 Det har mellom anna vore forska på unge arbeidsledige som trener på å vere i eit jobbintervju (Linell & Persson Thunqvist 2003), treningssamtalen mellom pasient og student (Thomassen 2005) og politiavhør (Gunnerød 2005). Dei institusjonelle samtalane blir karakteriserte av visse kjennetrekk: ein utfører ein spesifikk aktivitet med eit særskilt formål, samtalen er rutinisert og det finst ei tydeleg rollefordeling mellom deltakarane i samtalen – roller som har ulike plikter og rettigheter knytta til seg. Den eine deltakaren kan utføre samtalen som del av sitt yrke (t.d. politi, lege, etc.) og verksemda har gjerne eit namn knytt til formålet med samtalen (Linell 1990). Men også kvardagslege samtalar kan karakteriserast som verksemder, sjølv om det kan vere vanskeleg å fastslå akkurat kva som er verksemda, fordi verksemdene kan gå inn i kvarandre og gi flytande grenser for kva som kjenneteiknar akkurat denne verksemda. Forsking som har studert kvardagslege, eller rettare sagt halvprofesjonelle verksemder er til dømes studia av ”samtalar hos frisøren” (McCarthy 2000) og ”samtalar i butikken” (Tykesson-Bergman 2006). Materialet i denne avhandlinga kan karakteriserast som kvardagsleg snakk på eit pauserom på ein industriarbeidsplass. Ein kan då sjølvsagt diskutere om pausesnakket verkeleg er ei kvardagsleg eller institusjonell kommunikativ verksemd. Ein kan for så vidt kalle det ein hybrid (Linell 2006b/u.a) av begge12 sidan det har visse karakteristikkar frå begge leirar. Pausesnakket skjer i tilknyting til arbeidet og har ofte eit innhald som er relatert til arbeidet, men samtalen er organisert på ein relativt friare måte enn i dei institusjonelle samtalane. Det er i utgangspunktet ingen som har fleire rettigheiter til å prate enn andre, og det er ingen som har samtalen som ein direkte del av utføringa av sitt yrke, (men kanskje indirekte?). Samtidig kan det vera vanskeleg å fastslå om det er pausesnakket eller forteljingane som er den sentrale kommunikative verksemda i og med at situasjonen i dette tilfellet ikkje er så fastlagt som mange institusjonaliserte verksemder eller samtalar er. Ein kan rekne pausen som ein situasjon som alltid inneheld innslag av ulike samtalar og pausesnakket som ei overordna kommunikativ verksemd som inneheld ein type kommunikativ verksemd, nemleg samtaleforteljinga.

11 12

Det finst eit etablert skilje mellom det som blir sett på som kvardagssamtalar og institusjonelle samtalar. eller rett og slett velje å ta bort skiljet mellom kvardagslege og institusjonelle samtalar.

19

TEORI

2.3.3 Samtaleforteljing som kommunikativ verksemd
Forteljingar som dukkar spontant opp i kvardagssnakk kallar eg samtaleforteljingar13 (”conversational storytelling”, Norrick 2000). Kjennetrekk ved samtaleforteljingar er at dei er fortalt for ”si eiga skuld” og ikkje som svar på spørsmål eller for å forklare noko spesifikt og slik initiert av andre (som til dømes forteljingane i Adelswärd 1997, Labov & Waletzky 1967). Samtaleforteljingar er gjerne resultat av fleire deltakarar som fortel fram forteljinga, og det kan vere vanskeleg å identifisere kven det er som er (hoved)forteljaren fordi deltakarane kan bidra like mykje til skapinga av forteljinga (Norrick 2000:200). Dette skal eg gjennomgå i eit døme i kapittel 6.1.2. Det kan vidare vere vanskeleg å vite når ei samtaleforteljing byrjar og sluttar. Forteljingar kan til dømes ha ein avgrensa indre logikk, og slik vere ei eiga forteljing, men sett i samanheng med resten av samtalen, vil kanskje den neste forteljinga utdjupe og forklare den første forteljinga, og slik vere med på å utvide vår forståing av kva som er ei forteljing (dette vil eg utdjupe nærare i kapittel 5). Kva som elles kjenneteiknar samtaleforteljingar, har likskapar med korleis vi definerer ei forteljing, og det er blitt gjort på mange måtar. Labov & Waletzky (1967) har definert minimale forteljing som ”Any sequence of clauses which contains a temporal juncture”, medan (som tidlegare nemnt) fullstendig forteljing måtte ha samandrag, orientering, komplikasjon, vurdering, oppløysing og koda. Fleire forskingsarbeid har sett på forteljingar utifrå desse (siste) kriteria, men har tilføyd eller kutta enkelte element. Adelswärd (1996) har (som nemnt) i sitt arbeid med den-første-elg-forteljingane tatt utgangspunkt i ein labovsk definisjon av kva ei (fullstendig) forteljing er, men i tillegg har ho gått nærare inn i korleis vurderinga blir gjort i forteljinga. Som vi kjem tilbake til, har dette noko å gjere med forteljaren sitt poeng (sjå.2.3.5). Norrby (1998) har også studert samtaleforteljingar (utan at ho brukar dette omgrepet) og sett at sjølv om ikkje alle forteljingar liknar kvarandre, kan dei likevel kan ha kjenneteikn som karakteriserer dei som ei forteljing. Ho har prøvd å definere forteljing utifrå ei kvardagsleg oppfatning av kva ei forteljing er, med så få obligatoriske krav som mogleg. Kjenneteikn
13

Forteljingane eg analyserer i denne avhandlinga kjem til å bli kalla både for ”forteljing” og ”samtaleforteljing”. Eg kjem til å bruke desse omgrepa om kvarandre, men det vil då vere snakk om ”samtaleforteljingar”.

20

KAPITTEL 2

Norrby karakteriserer som obligatoriske er at det skal gjenskapast ei avgrensa hendingsrekkje som har skjedd i fortid (1998:57-66). Det som inngår i Norrby si liste over ikkje-obligatoriske kjenneteikn, er (1998:66-74): (1) (2) (3) (4) (5) (6) (7) (8) (9) kronologisk framstilling av hendingsrekkja eksplisitt koding av hendingsrekkja i narrative setningar overgripande forteljingsstruktur monologisk framstilling viss lengde rik på detaljar dramatiserande og vurderande trekk poeng gestalting av ei hendingrekkje som framstår som sjølvopplevd

(10) realistisk framstilling Desse kjenneteikna kan vere tilstades i ei forteljing, men ikkje nødvendigvis. Norrby har ikkje satt som mål å finne alle dei ikkje-obligatoriske kjenneteikna sidan kva som kjenneteiknar kvar forteljing vil vere avhengig av konteksten og samanhengen forteljinga står i. Det som ligg til grunn for at eg kan klassifisere noko som samtaleforteljing, er for så vidt inspirert av dei nemnde ovanfor (Norrick 2000, Labov 1972, Adelswärd 1997 og Norrby 1998). I tillegg til at dei er forteljingar som er spontant fortalte i samtalar, har dei visse kriteria som gjer at eg kalla dei for samtaleforteljing: den må ha minst ein episode (noko må bli fortalt) ha minst ei hendingsrekkje (logisk samanheng mellom forteljingselementa) ha eitt eller fleire poeng den treng eit publikum/medforfattarar/adressatar/deltakarar som medverkar

• • • •

På same måte som Norrby skildrar dei ikkje-obligatoriske kjenneteikna ved ei forteljing, påstår eg at samtaleforteljinga kan vere iscenesatt på ulike vis som gjer at det blir lett å kjenne att forteljinga i samtalen. Basert på kva eg har funne i utdrag av samtalar i denne avhandlinga, nyttar forteljaren(e) seg mellom anna av følgjande trekk i iscenesettinga av forteljinga:

21

TEORI

• • • • • • •

Involvere andre deltakarar i samtalen Involvere virtuelle deltakarar Framstilling av karakterar Positive fornærmingar, banning og overdrivingar Tredelt konstruksjon Repetisjon Ei alternativ verd i ein tenkt situasjon

Måtar å iscenesette samtaleforteljingar på vil vere avhengig av situasjonen, og vil ofte variere frå forteljing til forteljing. Desse måtane å iscenesette samtaleforteljingane som lista opp her, merkar seg særleg ut i materialet mitt. Iscenesettinga av forteljingane vil eg komme tilbake til i kapittel 6.

2.3.4 Poeng
Poeng vil vere eit sentralt analytisk omgrep i arbeidet med samtaleforteljingane. I ein analyse av dei ulike poenga i forteljingane vil ein klare å sjå både på forteljingar sin interne struktur (som eit produkt), som ei samtaleforteljing som er samskapt av deltakarane i samtalen (som ein prosess) og få fram korleis ein kan studere forteljingane i ein større kulturell og sosial kontekst. Poenganalyse blir ein måte å få svar på alle nivåa (les vidare i kapittel 7 og 8). Det er ein innfallsvinkel til både sjølve forteljingane og kva desse forteljingane kan seie oss noko om. Viveka Adelswärd (1996) hevdar at den vitskaplege diskusjonen av korleis vi skal definere eit poeng er omfattande og komplisert (ibid.:38). Diskusjonen har på den eine sida konsentrert seg om å definere poenget som det som forteljaren vil det skal vere, medan den andre sida meiner poenget er det som mottakaren (lesar eller forskar) trur forteljaren vil kommunisere med forteljinga (op.cit). Adelswärd tok denne problemstillinga med seg i ein artikkel (1997) kor ho forska på korleis ein skal få fram struktur, poeng og moral i jaktfortellingar gjennom analyse. Ho såg at forteljingar kan ha ulike formar for poeng i seg på ulike nivå (Adelswärd 1997:212). Ho kallar desse poenga for forteljingspoeng (”berättelsepoäng”), forteljarpoeng (”berättarpoäng”) og underliggjande poeng (”sens moral”).

22

KAPITTEL 2

Forteljingspoeng Forteljingspoeng er poenget til forteljinga som ligg i kva forteljinga handlar om. Når vi fortel, er det dette poenget vi er medvitne om at forteljinga skal ha og poenget kjem fram uansett kva kontekst som er omkringliggjande. Adelswärd samanfattar kort og greitt forteljinga sitt poeng i ei lita setning: ”Poängen hör så att säga till berättelsen och kan komma fram vem som än berättar den” (1997:212). Eit typisk døme på eit slikt poeng er poenget i ein vits som kan forteljast av kven som helst. Studerer ein forteljinga sitt poeng, ser ein på forteljinga sin indre struktur og studerer forteljinga som eit produkt.

Forteljarpoeng Forteljaren sitt poeng er måten forteljinga blir fortalt på, og korleis forteljaren formidlar sitt poeng. Adelswärd karakteriserer denne typen poeng med at ”detta slags poäng snarare kan kopplas till en bestämd berättare och en bestämd kontext än till innehållet i själva berättelsen” (Adelswärd 1997:213). Når vi fortel, gjer vi det på eit bestemt vis. Vi tek nokre val om korleis denne forteljinga skal forteljast fram, og forteljarpoenget kan seie oss noko om forteljaren som person, kva personlegdom han har og kan antyde noko om forteljaren sin moral. Dette er forbunde med å sjå på forteljinga som ein sjølvpresentasjon og kan få fram kva forteljaren seier forutan sjølve forteljinga:
(...) vad än en berättelse handlar om så är den samtidigt en självpresentation där berättaren hävdar en viss personlig och social identitet, och där det han säger har syftet att uttrycka, bekräfta och göra denna identitet trolig. (Adelswärd 1997:212-213)

Adelswärd knyttar dette poenget til det umedvitne – at vi umedvitne gir eit bilete av oss sjølve saman med forteljinga vi fortel. Slik eg ser det kan det også vere ein medviten måte å fortelje forteljingane på. I motsetning til Adelswärd (som forska på forteljingar som ikkje dukka opp i samtale, men som svar i eit intervju), vil det når det gjeld forteljaren sitt poeng òg vere relevant å finne ut korleis forteljaren gjer forteljinga aktuell i den lokale konteksten. Dette kan vi finne ut ved å studere innleiinga og avslutninga av forteljinga og vurderinga av forteljinga etterpå (som eg skal gjere i kapittel 5).

Underliggjande poeng Adelswärd (1997) fann etter å ha gått gjennom alle forteljingane frå jegerane om korleis dei skaut den fyrste elgen, at alle forteljarpoenga kan gje eit bilete av ein kollektiv jegeridentitet.

23

TEORI

Dette samlande biletet kan vere eit underliggjande poeng i forteljinga, og Adelswärd kallar dette for ”sens moral” – det inste poenget forteljinga har. Det er dei moralske aspekta vi kan lese ut av forteljinga og det vi kan lære av den.
Berättelser uttrycker och återspeglar kulturella innebörder, och analyser av dem kan därför frilägga de implicita värdesystem som förknippas med dessa kulturella innebörder. (Adelswärd 1997:214)

Det underliggjande poenget kan ikkje alltid lesast utifrå ei forteljing, men dette er eit poeng som fleire forteljingar kan ha. Vi kan ofte i etterfølgjande forteljingar finne variantar over same poeng, med ein straum av undertonar vi kan tolke og generalisere fram til å seie oss noko vi burde vite og forstå. I forteljingane blir desse underliggjande poenga formidla som ein del av denne verksemda si forståing av verkelegheita og som ein del av vår sunne fornuft. Desse tre ulike typane for poeng (forteljingspoeng, forteljarpoeng og underliggjande poeng) vil til saman skape eit bilete av samtaleforteljingane som ei kommunikativ verksemd. Saman med korleis arbeidarane sjølve vurderer sine forteljingar vil samtaleforteljingar kunne skape eit større bilete av forteljarkulturen på dette skiftet.

24

KAPITTEL 3

3 Materiale og metode
Mitt utgangspunkt for dette prosjektet er å vise fram samtaleforteljingar frå eitt skift på ei avdeling på ein industriarbeidsplass. Eg har valt å gjere kvalitativ forsking der eg tek utgangspunkt i eitt miljø og eitt fenomen som eg veit eksisterer, og trekker fram det eg meiner kjenneteiknar dette miljøet utifrå den erfaringa eg har tileigna meg. Eg valde å forske på fenomenet samtaleforteljingar (sjå 2.3.3) i pausen på ein arbeidsplass mellom anna fordi eg visste at min bakgrunn frå denne bedrifta kom til å vere ein stor kontekstuell ressurs i utviklinga av forsking kring forteljingar. Slik sett kan ein sjå på denne avhandlinga som empirisk basert grunnforsking der opptaka av korleis arbeidarar snakkar i pausen, og det eg finn i dette materialet, vil vere med på å utvikle synet på samtaleforteljingar. I dette kapittelet skal eg vise fram korleis eg har gått fram for å samle inn materialet, samt vise dei metodiske og etiske vala eg har gjort for å få dei resultata som eg har kome fram til.

3.1 Informantane
Informantane består av sju mannlege arbeidarar og fire ferievikarar, tre jenter og ein gut. Eg er sjølv tilstades og medverkande i samtalane under mesteparten av opptaka sidan eg under innsamlinga av materialet var tilsett som ferievikar og slik medlem av det sosiale miljøet. Det er eit mannsdominert miljø og få kvinner har arbeidt i produksjonen i løpet av driftstida. Kvinnene er no i ferd med å gradvis å komme inn som ein del av kvardagen på dei ulike skifta ved dei ulike avdelingane på Odda Boliden.

3.1.1 Tilsette og ferievikarar
Informantane er både fast tilsette og ferievikarar, og det har utan tvil vore med på å forme samtalane på skiftet. Ferievikarar og fast tilsette har ulik tilgang til korleis denne kommunikative verksemda går føre seg, altså korleis dei tilsette snakkar og er arbeidarar. I ettertid har eg fått høyre av ein på skiftet at eg skulle hatt opptak når det berre var fast tilsette tilstades. Då hadde det vore lettare å få alle på skiftet med som informantar, og det hadde vore eit ”reinare miljø”. Det er nok sant. Samtidig kan det vere ein fordel å ha nye i eit miljø for å verkeleg sjå korleis arbeidarane får fram kva som er viktig på denne arbeidsplassen. Styrken i materialet kan ligge i nettopp møtet mellom dei faste arbeidarane og feirevikarane, fordi dette

25

MATERIALE OG METODE

møtet får svært godt fram kva som er verdiane på denne arbeidsplassen. For dei som er ukjende på arbeidsplassen blir det viktig å få kunnskapar og oversikt over kva som er viktig her for at dei skal gli inn i miljøet, medan det for dei faste tilsette er viktig å lære bort kunnskapen og verdiane slik at dei slepp å irritere seg over dei som ikkje klarar arbeidet skikkeleg på dette skiftet.

3.2 Forskarposisjon
”Kan ein festa lit til forsking der forskaren sjølv går inn som informant, både samlar inn empirien og er ein del av empirien?” spør Synnøve Matre (2000:59) som sjølv har hatt denne rolla når ho utførte sine studiar innan barnespråkforsking. Fordelane ved ei slik rolle, som eg har vore inne på, er at ein får eit godt grunnlag å forstå ut frå, men det kan også representere eit reliabilitetsproblem. Matre skriv vidare at det som kan redusere dette problemet er å ”framstilla nøye korleis eg har gått fram, vere bevisst eigen subjektivitet og eiga rolle” (ibid.).

Dette prosjektet er tufta på at eg kjenner arbeidsstaden, arbeidsmiljøet og informantane. I eit heilt år og ni somrar har eg jobba som prosessoperatør i elektrolysehallen på Zinken. Cicourel (1992) skriv at skal ein foreta ei etnometodologisk undersøking, skal ein kjenne miljøet ganske godt. Forskaren skal kjenne konteksten, vite kva som er viktig for deltakarane i samtalane, og vite kva deltakarane betyr for kvarandre og kva kontekstuell meining det har. Gjennom mi tidlegare erfaring frå arbeidsplassen fekk eg eit bilete av arbeidet og kommunikasjonsmønsteret på pauserommet lenge før arbeidet med denne avhandlinga var i gang. Eg kjenner arbeidet godt, rutinane og dei ulike kontekstane snakket opptrer i. Eg kjenner mange av historiene som blir fortalt på dette skiftet, og veit kva kontekst ytringar tilhøyrer og kva det vil seia. Mi deltaking har gitt meg mykje tilgjengeleg kontekstinformasjon for å forstå kva det er som går føre seg i denne kommunikative verksemda (sjå 2.3.2).

”The information people have about a community depends on whether they are insiders or outsiders” (Clark 1996:101). Det at eg gjorde opptak medan eg sjølv var ein av arbeidsgjengen på skiftet, har gjort at eg har hatt ei dobbeltrolle i innhentinga av materialet. Eg var både ein arbeidar på lik linje med dei andre, men av og til var eg forskaren som trykka

26

KAPITTEL 3

på opptaksknappen. Eg vil gå utifrå at eg er ein ”insider” og ikkje ”outsider” sidan eg har forska på eit kjent miljø som eg vel å tru eg var ein del av. Det tek lang tid å komme inn i dette arbeidsmiljøet, få eit bilete av kva arbeidarane er opptekne av og kva forteljingar som er aktuelle akkurat no. I ein slik samanheng er det lett å føle seg som ein ”outsider”, fordi det er så mange historier som dei har saman i deira kulturelle minne, og som ein må bli invitert inn i for å ta del i. Som Clark (1995) seier det; ”they won’t be friends or acquaintances until they have a history and joint personal experiences – things done, talked about, or experienced together” (ibid.:115). Samtidig har eg inntatt ei rolle på utsida når eg i materialet har stilt spørsmål om til dømes forteljingskulturen og om det er viktig å fortelje sanninga (sjå 8.1.3), og når eg som forskar har analysert data i ettertid.

Eg har stort sett ikkje notert om kommunikasjonssituasjonen medan eg gjorde opptak. Det har ikkje vore eit problem for meg å kjenne att kven som snakkar på opptaka (sjølv om det er opp til 7-8 deltakarar som snakkar samtidig). Det har heller ikkje vore vanskeleg å vite kva det blei snakka om og kvifor dei til dømes plutseleg snakkar om maskinene eller når dei ymtar til ei implisitt eller assosiert forteljing (jf. kapittel 5.3.2). I den grad eg gjorde notat, og det var ikkje ofte, var det for å reflektere rundt dei etiske aspekta ved å gjennomføre prosjektet (sjå vidare i 3.5.4). Då sat eg også aleine og i skjul. Hadde informantane vore henta frå eit ukjend skift eller ei ukjend avdeling, ville eg måtte ha observert meir for å forstå kva som skjer her og korleis kommunikasjonen går føre seg. Sidan eg kjenner informantane godt, trengte eg ikkje notat.

3.3 Innsamling av materialet
Eg har jobba med informantane over lengre tid og visste derfor at eg måtte bruke litt ”kvinnelist” og sjarm for å få dei til å ville vere med på eit slikt prosjekt.

3.3.1 Å få løyve til opptak av samtalane
Det var først etter at eg hadde arbeidt nokre dagar i sommarjobben og før dei andre ferievikarane hadde byrja i arbeid, at eg tok opp ønsket på pauserommet om å ha skiftet som forskingsobjekt. Eg valte eit tidspunkt der dei fleste var tilstades for å gjere dette attraktivt. På førehand hadde eg lufta prosjektet med nokre arbeidarar for å få ein idé om korleis eg skulle gå fram. Eg måtte bruke tid på å få med meg informantane på dette prosjektet. Eg fortalte kor 27

MATERIALE OG METODE

flott miljø dei har, kor godt eg har hatt det saman med dei og kor morosame alle forteljingane er. Stemninga var relativt god, og dagen etter hadde eg med eit skriv der eg presenterte mål med prosjektet, framgangsmåte, at eg ville sikre anonymiteten deira og gav dei skriftleg erklæring på at eg ikkje var ute etter å skade dei. På det same arket var det ei samtykkeerklæring der dei måtte skrive under på at dei var villige til å stille opp på prosjektet (sjå vedlegg 1). Alle på skiftet blei med bortsett frå to stykke, og derfor er dei heller ikkje med i samtalane som er analyserte.

Eg var også i kontakt med driftsleiaren som er næraste sjef til skiftet, den besøksansvarlege og fagforeininga på arbeidsplassen. Alle stilte seg positive til at eg kunne gjennomføre dette prosjektet. I ettertid har eg også vore i kontakt med direktøren for bedrifta for å informere og fortelje om kva eg forskar på.

3.3.2 Lydopptak
For å gjennomføre samtaleanalysar, er det nødvendig å ha opptak på band for å få med seg korleis samtalen utviklar seg. Eg har samla inn både lydopptak og videoopptak over ein periode på 3 månader i samband med sommarferieavvikling. Eg har rundt 16 timar lydopptak, og 1 time opptak på video. Videoopptak viste seg å vere vanskeleg å gjennomføre. Informantane likte ikkje at eg filma og eg kjem derfor ikkje til å basere noko analyse på denne eine timen (sjå 3.5.2). Lydopptaka kjem derfor til å vere primærmaterialet. I tillegg vil den lange erfaringa eg har i arbeidsmiljøet, kjennskap til informantane og dei tankane eg har gjort meg gjennom fleire år spele ei stor rolle i arbeidet med analysane, og slik fungere som sentrale kontekstuelle ressursar for meg som forskar og som bakgrunnsmateriale.

Lydopptaka er gjennomført ved bruk av ein minidiskspelar og stereomikrofon. Desse blei plasserte på bordet, fullt synleg og i god radius til dei som snakkar. Lydopptaka blei tatt opp på minidisk med longplay slik at eg kunne få ekstra lang samtaletid inn på opptakskassettane og eg slapp å skifte diskett så ofte. Funksjonen longplay kan redusere kvaliteten på lydopptaka, men sidan lydnivået på mikrofonen var innstilt på ganske høg, er kvaliteten på opptaka framleis gode og ikkje svekka i høyrbar grad.

28

KAPITTEL 3

3.3.3 Opptakssituasjon
Eg valde å ha opptakaren synleg på pauserommet ganske ofte og heller gjere tilsynelatande tilfeldige opptak for å få snakket så autentisk som mogleg. Om eg skulle gjere opptak eller ikkje, balanserte mellom korleis eg oppfatta dagsforma til deltakarane og kor mykje eg følte eg kunne ha opptakaren oppe i arbeidskvardagen til dei tilsette. Nokre gonger lét eg minidiskspelaren stå på sjølv om eg gjekk ut for å arbeide. Arbeidssituasjonen er slik at ein brukar pauserommet som ein base ein går ut og inn av etter som jobben kallar. Slik er arbeidet ganske oppstykka og dette pregar også materialet mitt. Folk går ut og inn, samtalar blir avslutta eller blir gjentatt alt etter som kven som er inne på pauserommet (sjå vidare i kapittel 4). Eg presenterte i starten av opptaksperioden mine tankar om korleis vi skulle gjennomføre dette prosjektet. Eg skjønte det var viktig at eg var bestemt i framgangsmåte og ikkje stilte dei vage spørsmål om kva dei meinte var best tid å gjera opptak. Då var eg redd dei ville sjå på meg som svært uprofesjonell forskar som ikkje visste kva som var best. Eg foreslo at eg gjorde opptak på ettermiddagsskifta, nattskifta og i helgene slik at ingen andre enn skiftet14 blei innlemma i prosjektet. Eg sa at om dei hadde innvendingar, kunne vi endre på det, men eg fekk ingen. Eg gjennomførte derfor opptaka på særskilde dagar og tider på døgnet der eg visste at det stort sett berre var informantane mine som var til stades. Det vil seie at det er gjort opptak mest etter klokka 16 på ettermiddagsskift i vekene, på nattskift og i helgene. Opptakstidene desse dagane var tilfeldige. Eg satte av og til opp mikrofonen utan at eg gjorde opptak fordi eg ville at informantane få inntrykk av at det også var tilfeldig når eg gjorde opptak. Andre gongar såg dei at eg trykte inn recordknappen, og dei kommenterte enten at no måtte dei halde kjeft, eller at no måtte dei komme med alle forteljingane.

3.3.4 Bevisstheit kring forsking om forteljingar
Eg har heile tida vore open om at eg var ute etter å forske på forteljingane i samtalane på pauserommet (sjå informasjonsskriv, vedlegg 1). Dette kan ha resultert i at informantane var ute etter å gi det forskaren ville høyre, men eg opplevde aldri dette som eit reelt problem. I samtalar eg hadde med informantane om prosjektet var dei fleste positivt innstilt, og ville at eg skulle få dei beste forteljingane med på opptak, og eg fekk fleire spørsmål om han og han

14

På dagtid er det mange andre folk (sjefar, reparatørar, etc.) som går ut og inn av pauserommet.

29

MATERIALE OG METODE

hadde fortalt den og den forteljinga. Også når mikrofonen var av, eller når vi var ute på byen i eit festleg lag, fekk eg (og dei andre ferievikarane) servert mange forteljingar. Slik var informantane på mange måtar medvitne om at eg gjorde eit forskingsarbeid kring forteljingar, men dei visste ikkje kva som var tilnærmingsmåten og problemstillinga, og visste kanskje ikkje at det var nødvendig at dei fortalte dei på band for at dei skulle gjelde som materiale.

3.4 Bearbeiding av materialet
I dette avsnittet skal eg seie noko om korleis eg bearbeida materialet frå overføring til datamaskin til val av sekvensar, måtar å transkribere på og val av analysemetode.

3.4.1 Teknisk bearbeiding
Materialet blei opphavleg spelt inn på sju minidiskar. For at eg skulle kunne arbeide med dei på ein fornuftig måte blei lydopptaka overført analogt15 til datamaskina. Overføringa blei gjort gjennom eit program som heiter Cool Edit Pro som også kunne komprimere kopiar av lydopptaka til mp3-filer, slik at eg skulle lettare kunne arbeide med dei. Store filer er tregare å arbeide med og tek mykje større plass på datamaskina. Dessverre blir noko av kvaliteten borte med ei slik komprimering, men dei gongane eg har vore usikker på kva som er sagt, har eg gått tilbake til minidiskane for å høyre betre. Cool Edit Pro har ein funksjon som heiter noise reduction, og dette har eg brukt for å få eit klarare lydbilete med større kontrastar. Funksjonen gjorde at bakgrunnsstøyen forsvann og orda kom betre fram, noko som har letta arbeidet med transkripsjonen.

3.4.2 Utval av sekvensar
Det var viktig å få raskt oversikt over materialet, så noko av det første eg gjorde etter at materialet var samla inn, var å skrive ned kva som skjedde i kvar samtale. Deretter starta det krevjande arbeidet med å velje ut sekvensar som eg skulle transkribere og analysere. Når eg har valt ut sekvensar, har eg både sett etter om dei er etisk forsvarlege å ta med og om eg ivaretar interessene mine. Meir spesifikt blei utvalskriteria følgjande:

15

Analog overføring inneber at ein overfører filer i reell tid (dvs. 16 timar i dette tilfellet). Hadde eg valt om igjen, hadde eg valt ein teknologi som kunne ta digitale opptak. Dette ville redusert arbeidet med overføring.

30

KAPITTEL 3

utdraga skal vera noko som viser fram det som eg meinar er det typiske ved forteljarkulturen. eg skal ikkje velje ut sekvensar der det informantane seier kan blir tatt ut av kontekst og tolka med urett negativt . sekvensane skal ikkje vere grunnlag for at informantane mistar eit hyggeleg arbeidsmiljø eller kjem i konflikt med familie, sjef, vener eller andre personar som det blir snakka om. det skal ikkje vere informantar med i utdraget som ikkje har sagt seg villige til å vere med.

Desse kriteria har gjort at eg har måtta vrake mange forteljingar som kunne ha utdjupa eller fått fram nye aspekt ved korleis informantane fortel forteljingar her. Tre av desse kriteria har vore tatt på grunn av etiske omsyn, og dette kjem eg til å kome tilbake til i kapittel 3.5.3.

Heile materialet har fleire andre typar samtalar og snakk i seg som vi også kan seie er karakteristiske for pausesnakket på skiftet. Materialet inneheld sjølvsagt også samtalar utan forteljingar (sjå kapittel 4.4). Dei sekvensane eg har valt ut til transkripsjon, er samtalar med mange samtaleforteljingar og har ein type samspel eg meinar er svært karakteristisk og typisk for korleis det blir fortalt forteljingar i denne verksemda.

3.4.3 Transkripsjon
For å gjennomføre ei systematisk analyse av forteljingar, er det nødvendig å gjere transkripsjonar av materialet. Ein transkripsjon er ei redigert tekstleg utgåve av dei samtalane ein har på band, som er laga for at forskaren lettare skal kunne orientere seg i materialet – og analysere det (Cameron 2001:30). Det er viktig å hugse på at transkripsjonane er forskaren sine data som skal vise fram ein selektiv prosess som reflekterer teoretiske mål og definisjonar (Ochs 1979:44). Å transkribere er ein metode for arbeide med data og erstattar ikkje sjølve materialet (jf. Matre 2000:67).

Eg valte ut ti sekvensar av samtalar som blei transkribert (seks av desse er med i oppgåva). Eg valte å gjennomføre ein ganske detaljert transkripsjon på desse sekvensane (Norrick 2000, Du 31

MATERIALE OG METODE

Bois 1993) fordi eg ville få fram korleis forteljingane blei iscenesette gjennom til dømes siterte stemmer (gjennom endringar i stemmeleie og i intonasjon), trykk (trykksterke ord/stavingar og emfatisk trykk), pausetid og samtidig tale. Ytringane er også kategorisert i intonasjonseiningar som er med på å indikere korleis informantane held på ordet. Samtaleforteljingane er dessutan markerte i transkripsjonen med sjattert bakgrunn.

Transkripsjonen er skriven ned på standardisert oddadialekt. Det vil seie at transkripsjonen vil vise fram enkelte av orda slik dei blir uttala som til dømes ekje (er ikkje), koffor (kvifor), gåkje (går ikkje), sir (seier) og veitu (veit du). Ord som til dømes blir uttala de (det), endåg (endå), di (de) blir skrive ned slik vi gjer det vanlegvis i skriftlege samanhengar for at det skal bli lettare å lese og ikkje gi ei anna semantisk meining.

Informantane har fått fiktive namn for å sikre anonymitet (sjå 3.5.1). Nokre av informantane snakkar ikkje oddadialekt, så for å sikre anonymisering av informantane, er også deira ytringar transkribert opp mot oddadialekta. Gjennomgang av kva kvar enkelt markering i transkripsjonen står for er lista på neste side:

32

KAPITTEL 3

Transkripsjonsnøkkel:
1 . , ? me-men ’ord !ord ”ord” (..) (2.2) nummererte linjer indikerer ei intonasjonseining punktum indikerer synkande intonasjon komma indikerer ein fortsetjande intonasjon spørjeteikn indikerer stigande tonefall avsluttar fort eit ord/refraserer setning trykksterkt ord/staving emfatisk trykk (ekstra mykje trykk) sitatstemme (tilgjort stemme) pause under eitt sekund pausar over 1 sekund blir spesifisert og runda opp til næraste tidel {} : @ <@ ord @> hx X <X ord X> <P ord P> <F ord F> ord= =ord [ord] kommentarar, lydar, kontekstuell informasjon lang vokal latterstaving leande eller lattermild tale pustar ut uhørbar staving/ord usikker transkripsjon lav stemmestyrke sterk stemmestyrke likskapsteikn på suksessive linjer markerer ingen pause mellom samtaleturane samtidig tale. Ved fleire ytringar samtidig er dei som høyrer saman markert med tall t.d [1ord1] <FORT ord FORT> raskt tempo

33

MATERIALE OG METODE

3.4.4 Analysemetodar
I dette avsnittet vil eg gjennomgå korleis eg har analysert materialet i denne oppgåva for å kunne svare på problemstillingane. Som gjennomgått i innleiinga (sjå 1.1) er problemstillingane i denne avhandlinga: • • • Kva er ei samtaleforteljing og kva kjenneteiknar den? Korleis er samtalesituasjonen og deltakarmønsteret når ei samtaleforteljing blir fortalt? Kva kan samtaleforteljingane seie oss noko om?

Dei to første spørsmåla i problemstillinga blir svara på i kapittel 4 og i dei to første analysekapitla (kapittel 5-6). Kapittel 4 vil fungere som ein introduksjon til samtaleforteljingane, og gi lesaren ein større bakgrunnsinformasjon for å forstå samtaleforteljinga som kommunikativ verksemd. Kapittel 5 og 6 er inspirert av dei dialogiske grunnprinsippa om sekvensialitet og samkonstruksjon (sjå 2.3.1) og argumenterer for at samtaleforteljinga må sjåast i samanheng med den plasseringa den har i samtalen, og at samtaleforteljingar er samkonstruksjonar som tek i bruk og er i dialog med andre deltakarar sine ytringar.

I kapittel 5 har framgangsmåten min vore å dele samtalar opp i samtaleforteljingar, som altså er sekvensar i samtalen som inneheld visse kjennetrekk (sjå 2.3.3). Eg har vidare sett på korleis deltakarane samarbeider for å konstruere forteljinga. Ei inspirasjonskjelde her er Neal Norrick (2000) sin gjennomgang av samtaleforteljingar. Han har brukt ein svært omfattande metode for å finne ut korleis lyttarane forstår og set saman ytringar til ei forteljing. I analysane reinskar han først forteljingane sine til det han kallar den grunnleggjande forteljinga (”basic narrative”). Dette er forteljinga som blir fortalt utan ekstra informasjon og avbrytingar frå andre (Norrick 2000:32), og han formidlar slik eit produktsyn på forteljinga (jf. 2.1). Om ein les over den grunnleggjande forteljinga utan avbrytingane frå andre, ser ein kva forteljaren seier for å få fram si forteljing. Det er dette lyttarane får høyre slik at dei, i ein indre dialog med forteljinga kan setje saman resten (av forteljinga) sjølv (Norrick 2000:29):
I assume this form reflects the sort of structure a listener must piece together in order to make sense of a narrative and to be able to respond to it appropriately either by commenting or producing a response story; it would underlie any summary or retelling as well.

34

KAPITTEL 3

La meg gå gjennom eit døme som er henta frå samtale 1 (sjå kapittel 5). Her er den opphavlege transkripsjonen:
Samtale 1
1 2 3 4 5 6 7

”Det her har eg aldri gjort før”
han skal gå til ’søksmål no Hagen. {kjem inn og set seg} (1.1)skal Hagen gå til søksmål? mot ein lege. å? <P rompisen P>. <@ for hver gang Hagen kommer på sjukehuset til han Mosengen så begynner han å ta han litt (..) bak i ’ræva veitu. åsså no har han lest i ei avis no at det var en lege så hadde- e- sånn der isjias, [ein som hadde isjias.] [åsså en] lege som begynt å rot- rota ner- neri der og søksmålet hadde nedimot tre @ millionar @ @@ hadde ingenting i ’ræva å gjør når du har isjias @@@ @@ jaja det er ein sånn ’luring han der ser du@> leger er leger ’det og. litt ’deilig då.

Svein Kjersti Svein Kjersti Svein

8 9 10 11 12 13 14 15 16 17

Robert Svein Frode Svein Frode Svein Robert Kjersti

Her har eg trekt ut dei ytringane frå transkripsjonen som tilhøyrer hendingsrekkja i forteljinga:

Grunnforteljing
han skal gå til søksmål no Hagen mot ein lege rompisen for hver gang Hagen kommer på sjukehuset til han Mosengen så begynner han å ta han litt bak i ræva også no har han lest i ei avis at det var ein lege som hadde sånn der isjas også var det ein lege som begynte å rota nede i der og søksmålet hadde nedimot tre millionar hadde ingenting i ræva å gjør når du har isjias jaja der er ein sånn luring han der ser du

Denne grunnforteljinga tek utgangspunkt i Svein sine bidrag. Det kan diskuterast om Norrick ville hatt med ytringane ”rompisen” (i linje 5) og ”jaja det er ein sånn ’luring han der ser du” (i linje 14). Desse kommentararne kan bli sett på som ”uvesentlege” bidrag i Svein si hendingsrekkje og det som han vil poengtere, sidan ”rompisen” er ei forklaring på kven legen er, og ”jaja det er ein sånn ’luring han der ser du” fungerer som ein kommentar på forteljinga som er fortalt. Desse ytringane har ikkje noko med forteljinga å gjere, men tek ein desse kommentarane bort, vil også nokre av poenga i samtalen forsvinne. Å framstille ei 35

MATERIALE OG METODE

forteljing slik har andre ulemper. Når vi ser samtalen og forteljinga redusert slik, ser vi at poenget om at det var ein pasient som hadde isjias og ein lege som hadde feilhandtert behandlingsmetodane, ikkje kjem fram. Ved å reinske transkripsjonen og framstille den grunnleggjande forteljinga, blei det lettare å sjå kor relevante dei andre sine bidrag er for at poenga i forteljinga skal kome fram.

For å svare på det siste delspørsmålet i problemstillinga om kva samtaleforteljingane kan seie oss noko om, skal eg gjennomføre ein poenganalyse av forteljingane. Den er inspirert av Viveka Adelswärd (1997) sin gjennomgang av poenganalyse. Ho har, som nemnt i kapittel 2, funne ut at forteljingar har fleire typar poeng (forteljingspoeng, forteljarpoeng og underliggjande poeng på fleire nivå (sjå 2.3.4). For å få fram desse poenga, foreslår Adelswärd at ein først utfører ei innhaldsanalyse som går ut på å kartleggje kva forteljinga handlar om. Seinare kan ein bruke ein metode som er retta inn mot formelle trekk i forteljinga for å sjå på til dømes ordval, val av pronomen og biletlege figurar for å sjå korleis forteljaren får fram poenget sitt. Poenganalysen vil altså ta for seg forteljinga som både produkt og som prosess (jf. kapittel 2). Dei underliggjande poenga vil komme fram når ein har ei rekkje med forteljingar og ser på kva som kan generaliserast til å seie noko generelt om poenga i desse forteljingane.

Adelswärd (1997) og eg har i utgangspunktet ulike data. Adelswärd har sett på forteljingar som er fortalt gjennom intervju, medan eg ser på forteljingar som dukkar opp i spontant snakk mellom fleire deltakarar. For meg blir det viktig å få fram korleis deltakarane samarbeider og forhandlar om kva som er poenga i samtaleforteljinga.

3.5 Etiske vurderingar
Avhandlinga er skriven i tråd med dei etiske krava som blir stilt til forsking i Noreg, og har i den samanhengen blitt meldt inn til Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD). Gjennom heile arbeidet med denne avhandlinga har eg orientert meg utifrå kva som er etisk riktig å gjere. Kva som er etisk riktig, er likevel ikkje alltid like lett å vite. Nokre gongar veit ein ikkje det før ein har gjort eit feilsteg.

36

KAPITTEL 3

3.5.1 Anonymitet
Kvalitetssikra forsking skal sikre informantane anonymitet og beskytte dei frå å bli kjent att. I denne avhandlinga har informantar og andre omtala personar (inkludert meg16) samt enkelte stadnamn blitt erstatta med fiktive namn.17 Nokre av informantane har til og med fått opp til fleire fiktive namn i denne oppgåva for å sikre anonymiteten til dei medvirkande informantane betre. Ein konsekvens av dette er at det kan verke som om det er langt fleire informantar enn dei eg har nemnt, og dessutan ein langt større andel kvinner enn kva som er tilfellet. Men ein fordel er at fokuset blir på forteljingane og ikkje til dømes på å gi eit grunnlag for å samanlikne kor god kvar enkelt informant er til å fortelje. Ein skal likevel ikkje sjå bort i frå at nokon kan kjenne att dei som fortel dei enkelte forteljingane. Dette gjeld særleg dei som kjenner miljøet, informantane og mange av forteljingane godt.

3.6 Innsamling av materiale
3.6.1 Kor mykje data skal ein samle inn?
Når ein skal starte eit forskingsprosjekt, bør ein ha ei viss formeining kor mykje data ein treng for å foreta eit studium. Kor mykje ein skal samle inn er avhengig av mål, ressursar og dei påstandane ein håpar ein skal klare å finne svar på (Cameron 2001:28). I mitt tilfelle har eg kanskje samla inn i overkant mykje datamateriale i forhold til kva eg har brukt konkret i avhandlinga, og slik påverka eit arbeidsmiljø over ein lengre periode enn kva som var naudsynt. Samtidig kan det faktumet at materialet er samla over ei lengre tid vere med på å sikre at eg har fått opptak av samtalar der informantane er relativt upåverka av opptakssituasjonen.

Videoopptak
Mitt store ønske når eg skulle samle inn materiale til denne studien, var å filme dei samtalane eg skulle studera. Mange av forteljingane blir dramatisert med heile kroppen, og eg meinte det var berre gjennom kamera eg kunne fange opp korleis dei dramatiserte fram desse forteljingane. Eg tok først lydopptak slik at informantane skulle bli vande med opptakssituasjonen før eg etter omtrent to månader tok fram kameraet. Synleg utstyr vil alltid

16 17

Anonymitetsprinsippet gjeld også for meg sidan eg er ein del av arbeidsmiljøet i opptakssituasjonen. Det har vore viktig for meg å gje namn som kunne vore henta frå personar frå Odda og omegn for å gje eit meir realistisk bilete av karakterane, så om nokon faktisk heiter dette, er det berre tilfeldig.

37

MATERIALE OG METODE

påverke konteksten, men det er usikkert i kor stor grad. Forsking har vist at folk blir vande med at det står kamera på, og at dei lett gløymer at dei blir filma (Matre 2000). Kari Sand (2003) plasserte eit kamera i eit hjørne, saman med andre tekniske ting, og fann ut at det var lett å oversjå det når det stod der. Det viste seg derimot at det var svært vanskeleg for enkelte av informantane at eg dukka opp med kamera. Målet mitt var å fange samspelet mellom fleire samtaledeltakarar, men det var vanskeleg å plassere kameraet på pauserommet utan at det blei forstyrrande og hemmande for deltakarane. Kameraet måtte stå midt bak i rommet om det skulle fange nok kommunikasjon mellom fleire, men då blei det også ståande på stativ og dette prega rommet ganske mykje. Kameraet blei det første som ein såg på når ein entra rommet. Når arbeidet også er organisert slik at ein må gå ut og inn av rommet heile tida, blir det vanskeleg å gløyme det fordi ein så ofte blir påminna om at ein blir filma når ein kjem inn i rommet. Eit anna moment som kan vere årsaka til at det blei vanskeleg å gjere filmopptak, er at dette nettopp var pauserommet, og for enkelte ville det ikkje vere noko pause, men ei ekstra belastning dersom det blei gjort filmopptak. Mange kjenner det som ei ekstra belastning å bli filma, og i dette tilfellet merka eg at fleire informantar haldt seg unna pauserommet og nytta kontrollrommet ved sida av. Dei sa ikkje klart i frå om at filmopptak var uønska, så eg prøvde å ufarleggjere opptakssituasjonen, og følgde etter med kameraet til det andre rommet. Då blei ein av arbeidarane forbanna og ba meg ta bort kameraet, og eg følte eg hadde gjort eit stort overtramp. Dermed enda eg opp med lyd som primæropptak.

Val av sekvensar
Som eg var inne på i 3.4.2 var tre av dei kriteria eg brukte i valet av sekvensar, kriterium som gjekk på etiske vurderingar. Materialet bydde på mange flotte samtaleforteljingar som kunne prega avhandlinga i ei anna retning, men det var viktig for meg å velje sekvensar som ikkje ville stille informantane med urett i eit negativt lys. Når eit utdrag blir skrive ned og publisert, får det mykje meir kritisk merksemd enn i sjølve samtalesituasjonen. Nokre av dei samtaletema som dukkar opp i samtalane er til dømes ikkje alltid ”politisk korrekte”, og utan den omkringliggjande konteksten, er moglegheita for å tolke samtalane og informantane i ei negativ retning tilstades.

Det hender også at informantane fortel forteljingar om familie, vener, andre arbeidskameratar, sjefar og andre personar. Det var viktig å for meg å ikkje ta med forteljingar som ville skade

38

KAPITTEL 3

informantane sitt forhold til desse, men at sekvensane alltid var noko dei kunne stå inne for. Informantane kommenterte også nokre gongar at dette må eg ikkje ta med. Dei skal ha eit liv saman etter at denne avhandlinga er over også. Dette er utdrag frå ein samtale etter at vi har snakka om nokon vi ikkje vil ha eit negativt forhold til:

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11

Svein Herdis Svein Tore Svein Herdis Tore Svein Herdis Svein

det her måkje du ta inn her altså nei nei det må du viska vekk så ikkje vi får på oss du har ikkje på den der no? jo jo neei så det der må vi ta vekk asså ja ja eg tar ikkje med sånt må faen må faen ikkje ta heile X ka vi holde på med X kanskje vi blir lynsja her og @@@@@

3.6.2 Etiske aspekt ved forskarposisjonen
Gjennomføringa av materialinnsamlinga var til tider tøff fordi eg stadig gjekk og kjende på om eg gjorde rett i å ta opptak no eller ikkje. I slike stunder gjømte eg meg bort for å skrive ned dei refleksjonane eg hadde for å ikkje gløyme kva eg følte eg utsette arbeidarane for. Vi har kjent kvarandre lenge, og arbeidd saman i fleire år. Eg lurte på om eg hadde pressa dei til dette. Hadde dei eigentleg moglegheiter til å seie nei? Ville dei ha sagt nei? Skjønte dei kor mykje dette betydde for meg, og kor gjerne eg ville ha desse opptaka? Spørsmåla er viktige å ha med seg i gjennomføringa av eit forskingsprosjekt, og sjølv om eg ikkje har funne svar på alle, har dei vore med på å forme tilnærminga mi til materialet.

Det er ikkje slik at eg har hatt ei særstilling som forskar under innsamlinga av materialet. I perioden av innsamlinga av materialet var eg arbeidar på lik linje med alle dei andre. Det merka eg også i eit opptak av ein samtale som eg hadde glømt å slå av ein gong eg gjekk ut av pauserommet. Då eg kom tilbake, merka eg at stemninga var noko spent. Dei kommenterte at eg hadde gløymt å ta av opptakaren. ”Det gjer vel ingenting”, seier eg, ”de har vel ikkje prata drit om meg?”. Til svar fekk eg klart og tydeleg: ”Her snakker vi drit om alle og du er inget unntak!”. Om det var med vilje at dei prata drit om meg, for til dømes å seie meg noko, kan eg ikkje vite, men det er klart at eg ikkje skulle latt opptakaren stå på. Alt bør ikkje delast med alle. Noko treng ikkje seiast.

39

ARBEIDSPLASSEN OG PAUSEROMMET

4 Situasjonskonteksten: Arbeidsplassen og pauserommet
For å kunne forstå snakket og gjere analyser av snakket på denne arbeidsstaden, trengs det noko utfyllande kontekstinformasjon om arbeidsplassen og forklaringar på korleis samtalane går føre seg på pauserommet. Eg vil no seie noko om kva for ein arbeidsplass elektrolysehallen er, kva type arbeid som arbeidarane på skiftet gjer og forklare nærare korleis pauserommet vert brukt.

4.1 Sinkframstilling i elektrolysehallen
Lett forklart blir sink framstilt i elektrolysehallen, ved at syreoppløsning kjem kontinuerleg inn til i store cellekar som fyller heile elektrolysehallen. Desse cellene er seriekopla, og har ein straumkapasitet på rundt 50 megawatt18. For å få til ein elektrolyse, treng vi i utgangspunktet ein anode og ein katode. I kvar celle finst det 101 anoder og 100 katoder, og etter 48 timar med nokolunde lik straum, har sink festa seg på katoden. Katodene blir då henta med ei krane og strippa av i ei maskin som er styrt av ein operatør (”strippar”, sjå kapittel 4.2.1). Bilete av celle-kar i elektrolysehallen. Sinken vert samla i pakkar og transportert (på samleband og heis) til eit lager. Ein truck henter desse pakkane frå heisen og lagrar dei, eller setter dei på nye samleband som går til omnar som smelter sinkplatene om til store blokker.

4.2 Dei ulike jobbane på skiftet
Elektrolysehallen på Odda Boliden går kontinuerleg, og arbeidet, som er prega av mykje fysisk arbeid, er delt mellom fem skift. Skiftet består av eit arbeidslag som går formiddag,
18

Dette tilsvarar omtrent like mykje straum som heile Haugesund by brukar.

40

KAPITTEL 4

ettermiddag og natt etter ein særskild skiftplan i ein periode på fem veker. I løpet av desse fem vekene har dei omtrent annankvar helg og kvar femte veke fri. Skiftet består som regel av fire stripparar (sjå nedanfor) som har ansvaret for sinkproduksjonen, to arbeidarar som jobbar ”i manganen” og ein laboratorieoperatør – alt i alt sju arbeidarar19. Stripparane, laboratorieoperatøren og dei i manganen opererer på same skift, men har ulike arbeidsoppgåver og variert pausetid, og kven som arbeider på kva stilling kan variere frå periode til periode. Alle brukar dei same opphaldsromma.

4.2.1 Strippar
Stripparane har som team på fire arbeidarar ansvaret for at maskinene går kontinuerleg til talet på hiv20 med sink er tilstrekkeleg etter budsjettet. Kort fortalt inneber å arbeide som strippar fire hovudoppgåver: å hente sinken med krane i cellene21, å strippe sinken av katodeplatene i maskina, skifte ut dårlege katodar22, og mate sink på omnane med truck. Desse fire arbeidsoppgåvene rullerer kvar time. Skifting av arbeidsoppgåve fører også med seg eit skifte i mentalitet eller engasjement alt etter kva arbeidsoppgåve du no har hengande over deg. Er du ”på maskina”, er du ute i hallen og arbeider i ein heil time, og får ikkje med deg slik kva som vert sagt inne på pauserommet. På denne arbeidsstasjonen kan arbeidet variere frå dag til dag, time til time – alt etter korleis forholda er. Om utstyret er i orden og sinkkvaliteten suveren, kan ein time på maskina gå ganske uanstrengt. Om det ikkje er det, kan det oppstå mange skjæringar, som er namnet på fleire typar problem som oppstår på maskina. Desse problema har samanheng med tilstanden på utstyret, forholda i syreoppløysinga og korleis arbeidarane handterer maskinene. Dei kan til dømes prøve å styre maskinene manuelt og dermed raskare, men då kan det oppstå fleire feilskjær der sinkplatene setter seg fast, utstyret vert øydelagt og arbeidet kan stoppe opp for ein lengre periode. Den som er på maskina kan då ringe på den som er stasjonert ”på platene”, og få hjelp av han. Ein av stripparane har ansvaret for å bytte ut ubrukelege katodar og hjelpe den som er på maskina, og det er han som er ”på platene”. Denne timen er som regel roleg og kan

19

I tillegg kan det vera ein lærling, og det kan mangla folk eller i periodar vera nokon for mykje. Ein hiv er ordet for det samla talet på katodeplater som kranen fraktar til maskina om gongen. 21 Ei celle er eit syrekar med anodar og katodar som står etterkvarande og er kopla til straum. 22 Ein katode er ei aluminiumsplate som sinken festar seg på i elektrolysen. Denne sinken veg normalt 70 kg.
20

41

ARBEIDSPLASSEN OG PAUSEROMMET

disponerast friare enn dei andre, skjønt ein må vere på pletten når det plingar i klokka og den på maskina får problem som han ikkje kan hanskast med aleine. Den på platene har hovudansvaret for å hjelpa han på maskina, men oppstår store problem, hjelper resten av stripparane også. Truckføraren er avhengig av den på maskina og av at støyperiet, som er ei anna avdeling på Zinken, tek imot sinken. Slik har han tildels ein uforutsigbar og variert arbeidsmengde. Nokre timar er det fullt køyr, medan i helgene er det som oftast lite å gjere og ein kan meir slappe av på pauserommet. Det varierer derfor kor mykje truckføraren sit på pauserommet i denne timen. Er du ”på kranen” og har ansvaret for henting og nedsetting av katodar, går du ut og inn av kontrollrommet jamleg, gjerne 6-7 gongar i timen, om du ikkje er så heldig å få nokon av dei andre som er ute i hallen til å gjere jobben for deg.

4.2.2 ”På labben”
Den som er stasjonert på labben har ansvaret for at alle pumper, rør og tankar fungerer slik som dei skal. Dette gjer han gjennom å gå sjekkrundar i elektrolysehall 4 og 5, ta jamlege prøvar og overvake alarmar når han sit på pauserommet. Han sit derfor mykje på pauserommet, men når han er ute på runde vert han borte i lengre tid av gongen. Den som er på labben er som regel den første som kjem på jobb og den siste som går.

4.2.3 ”I manganen”
Dei to som arbeider i manganen23 har ansvaret for å halde anodar24 og cellekar reine for ulike avfallstoffar og belegg. Dei står relativt friare enn stripparane til å bestemme når dei skal jobbe, og dei har generelt sett lengre pausar enn dei andre. Når dei tek pause, har dei meir fri frå arbeidet sidan stripparane og han på labben må vere meir på vakt for ulike ting som plutseleg kan oppstå.

23 24

Mangan er eit avfallsprodukt i sinkproduksjon som legger seg i cellene Anodar er tunge blyplater som vert brukt i elektrolysen.

42

KAPITTEL 4

4.2.4 Sjefar
Dei ulike sjefane er ofte tilstade i snakket på denne verksemda, men det er berre ein som skal bestemma over arbeidarane, og det er driftsleiaren. Han skal ha kontroll over korleis produksjonen går over heile bedrifta, og er innom ulike avdelingar gjennom skiftet. Han er derfor ikkje tilstades heile tida, men når han kjem, vert han som regel sittande på pauserommet for å slå av ein prat. Det finst også andre i andre og høgare stillingar som kjem innom pauserommet, men som ikkje skal styre arbeidet i like stor grad. Sjefane er ofte med i samtalane, men kanskje mest med som eit samtaletema.

4.3 Pauserommet
Arbeidarane kan opphalde seg i fleire rom medan dei er på arbeid. Dei kan vere ute og arbeide, sitje i røykebua ute i friluft, sitje framfor datamaskina på kontrollrommet, ta prøver i laboriatorieavlukket, ete i matsalen eller sitje på pauserommet. Ute i hallen kan det vere kaldt, og når maskinene går opp og ned og kranane fram og tilbake, kan det vere bråkete og stort sett lite eigna for lange samtalar. Det er på pauserommet det er ro og tid til å snakke saman og det er der arbeidarane tek den første kaffikoppen før arbeidet startar. Det er der arbeidarane samlast når dei er ferdige med arbeidet. Som vi har kunne lese utifrå dei ulike arbeidsoppgåvene, så varierer arbeidet, pausetida og kjensla av å ha pause utifrå kva arbeid du har. Det er som regel alltid nokon inne på pauserommet, samtidig som det er folk ute og arbeider. Nokon har lengre pausar enn andre. Slik skiftar arbeidarane fokus; inn og ut av arbeidet og snakket på pauserommet. Derfor Bilete av pauserommet sett frå hallen.
Foto: Knut Terje Solstad

43

ARBEIDSPLASSEN OG PAUSEROMMET

varierer også talet på deltakarar i samtalen og kva det vert snakka om. Sjølv om nokon går ut av rommet for å arbeide, vert samtalen verande på pauserommet. På pauserommet er det ein radio og ein telefon. Langs veggane står fleire bord, og kvar arbeidar har sin nokolunde faste plass. Veggen ut mot hallen har store vindauge slik at ein heile tida kan overvake kva som skjer, og sidan arbeidet er såpass høglydt kan ein også høyre feilskjær som skjer ute i hallen. Fokuset til arbeidarane er derfor både på arbeidet som pågår ute i hallen og på kva som skjer inne på pauserommet.
Bilete av pauserommet med utsikt mot maskina og kranen. Foto: Knut Terje Solstad

4.4 Snakket i pausen
Samtalane på dette pauserommet er prega av mange typar snakk, der samtaleforteljinga er ein type kommunikativ verksemd som skiftet på denne arbeidsplassen nyttar seg av. Kvar dag snakkar dei sjølvsagt om arbeidet, kva som skal skje denne dagen og korleis forholda er. Nokon kan nemne oppdateringar dei har høyrt frå andre om reperasjonar og kva som har skjedd sidan sist. Samtalane er også prega av dagsaktuelle saker som er tatt opp i diverse media og av diskusjonar om kor utruleg dårleg styrt dette landet er. Det er også ein god del snakk om bilar, bilmodellar, prisar, utsjånad og kor mykje betre Skoda er enn andre bilar. Noko prat er av det ein kan skildre som sladder, det vil seie snakk som ikkje kan karakteriserast som forteljingar, men som er meir eller mindre faktaopplysningar om folk – kven som er i slekt med kven, kven som har kjøpt seg ny bil, eller om nokon har sett den og den. Vidare kan mykje av snakket karakteriserast som småsnakk som får tida til å gå. Dette er snakk som stort sett ikkje vert hugsa og referert til i andre samanhengar. Det som står att som morosamt, underhaldande og verdt å trekke fram i fleire samanhengar er samtaleforteljingane. Dei dukkar jamleg opp som ein måte å samtale på, både før, under og etter arbeidet. Det er forteljingar om oddingar, andre arbeidarar, sjefen, om bilturar, om sjømannslivet, om kompisar som klikkar gal. 44

KAPITTEL 4

Vi kan slik seie at arbeidarane på skiftet har eit kommunikativt repertoar (Orlikowski & Yates 1994) av samtalesjangrar og tema som dei har tilgang til og som dei kan velje å snakke om, og ei studie av alle desse sjangrane ville gitt eit breiare bilete av korleis den totale kommunikasjonen foregår. Samtaleforteljingane er slik ein liten smakebit av det store biletet.

45

ISCENESETTING

5 Forteljingane si plassering i samtalesamanheng
Som eg skildra i teorikapittelet, så har forskinga innan narrativar tradisjonelt vore fokusert på den avgrensa forteljinga, og korleis den er bygd opp av ulike element – utan fokus på korleis den står i forhold til resten av snakket den er ein del av. Dette kapittelet vil gi døme på samtaleforteljingar (les kapittel 2.3) og diskutere i kva grad desse samtaleforteljingane oppfyller kriteria til ei forteljing. Kapittelet vil også utforske samanhengen mellom forteljingane, og i analysane vil eg fokusere på korleis samtaleforteljingane i utdraga står i forhold til kvarandre. Her vil eg sjå nærare på korleis forteljingane dukkar opp i samtalen og korleis dei blir avslutta. Kapittelet byrjar med eit langt utdrag frå eit opptak på 25 minutt. Denne samtalen er svært rik på forteljingar, og er slik eit godt døme som kjem til å illustrere korleis forteljingane er relatert til kvarandre. Eg har markert transkripsjonen med farge i bakgrunnen når ei forteljing er fortalt, slik at det skal vere lettare å identifisere og skilje forteljingane frå kvarandre. Eg kjem til å gå gjennom kvar enkelt av desse i analysen etter transkripsjonen. Utdraget nedanfor er på nesten fire minutt og er henta frå byrjinga på eit nattskift ei helg. Dei som er med i samtalen er Robert og Svein, som er godt vaksne, som pratar med dei langt mindre erfarne arbeidarane Kjersti og Frode. Det byrjar med at Svein kjem inn på pauserommet, etter å ha vore og lest nyheiter på dataen i naborommet saman med arbeidskollegaen Hagen. I bakgrunnen kan vi høyre at maskina går og produksjonen er i gang.

Samtale 1
1 2 3 4 5 6

”Det her har eg aldri gjort før” (3 min 53 sek)
han skal gå til ’søksmål no Hagen. {kjem inn og set seg} (1.1)skal Hagen gå til søksmål? mot ein lege. å? <P rompisen P>. <@ for hver gang Hagen kommer på sjukehuset til han Mosengen så begynner han å ta han litt (..) bak i ’ræva veitu. åsså no har han lest i ei avis no at det var en lege så hadde- e- sånn der isjias, [ein som hadde isjias.] [åsså en] lege som begynt å rot- rota ner- neri der og søksmålet hadde nedimot tre @ millionar @, @@ hadde ingenting i ’ræva å gjør når du har isjias @@@. @@

Svein Kjersti Svein Kjersti Svein

7 8 9 10 11 12 13

Robert Svein Frode Svein Frode

46

KAPITTEL 5

14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66

Svein Robert Kjersti Svein

Robert Svein

Robert Svein Kjersti Svein Robert Svein

Robert Svein

Robert Svein Kjersti Svein

Robert

Frode Robert Svein Robert

Kjersti Svein

jaja det er ein sånn ’luring han der ser du @> leger er leger ’det og. litt ’deilig då. jammen ’faen eg ’kom her, hadde flerra opp-Helge Holmen stod jo her åsså fikk eg, (..) ’hundra kilo rett på fingen veitu sant? så eg ’sprakk jo ’heile fingen her. (..)s- ’flerra opp og så kom ’rett på sjukehuset, og så komme Mosengen. ”nei det her har eg aldri gjort før” sa han eg sitter der alldeles ’ør i håve og sant? <FORT også kommer legen og sier FORT> det her har eg aldri gjort før sant? @ og skal sy gjennom heile her. ”då får du til ’helvete <@ ringa til ein annen lege @>” sa eg. så kom jo en an lege då så slapp eg sprøyte då så ’klarte han å ’sy sammen dette her då, ja. du kan ikkje ’si sånt til pasienten det har ikkje eg gjort før. har du følelsar i han no då? <P jajaja P> nei. <P gikk jo bra det P>. det var heilt ’jævlig. eg sku ta- sku bytta plater så var det ’ei plata som hang ’så ’jævlig. mhm. så klarte ikkje ska se e e-vi ta- vi tar ’i då sir eg, vi får ho ’bort. så tok eg ’i ’eg. så klarte ikkje han å holda følge med han når ’eg dro ’til. og så ’slapp jo han vettu og då ’hoppa plato ’rett oppå fingen med ’hansken på. mhm. !woap v- v- med ’sink på. ao. og ’rett ned sant, !bang rett ned. ’fy [’faen] [husker] du når eg vrengte tommeltotten her ute? Pettersen kjørte meg på sjukehuset, han og Digranesen, ’la tommeltotten bakpå her. ao. med den her boylen. mye verre det med Eiden det var enda verre. ’fy ’faen. jajaja men det som var-men men men det som var litt ’koselig var at det var svensk lege. fin ei, så eg satt og koste meg der oppe eg og @-(..)m@@@. det e ’farlig det ’motholdet der,

47

ISCENESETTING

67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120

Kjersti Svein

Kjersti Svein

Robert Svein Kjersti Svein Kjersti Svein

Robert Svein Robert Svein Robert Svein

Kjersti Svein

Robert Svein Robert Svein Robert Svein Frode Kjersti Svein Robert Svein Robert Svein

Robert

Svein Robert Svein

det e ’farlig, ’motholdet som e på maskino der. det e ’så stort så det. ’ka e motholdet? det blå s-det blå som du ser der som går sånn. ’oppå platå der, det blå der. det e jo ikkje noe [blått]? [o-o-]oppe, ja du ser d- det er blått. ja det var blått før i hvertfall den gangen der. det er grønt no. du ser det går ’sånn så der. åja den ja ja? så e den så lit- så den holde på platene så den ikkje sku hoppa av sant? mhm. og då sku han være så ’sterk han der ’Eiden med disse kreftene sine vettu, Og då (..)i stedet for å ’holda på sido så ’holder han ’inni motholdet [der] sant? [ja det stemmer.] og så sku- Arv- han der Espelanden han sku-tenkte-ja men han tenkte jo klokt han på den måten der sant? jajaja. og så sier han det atte, og så kom jo selvfølgelig den der i klem veitu så han-’hørte det bare kor det surkla inni der. ao. nei. så ’alt var sant knust inni. også sier han ’kjør ’maskino ’ner sir eh (..) sir eh han e-Eiden. og hadde Espelanden gjort det så hadde han ’dradd av ham armen veitu. ja. det Espelanden gjorde han bare tok han litt ner og opp igjen så han fikk ’laus den derre, ja. og spør om eg kan få se hånda hans, du ’hørte bako det sirkla neri-@@. du har ikkje lyst å ’se det. og så ’begynte han å ’hyla. vondt veittu. fikk ’ikkje ta av hansken. nei. og kom på sjukehuset så satte de bare sprøyta ’rett {klapper hendene sammen} i ’ræva på han sånn- på- e-’alt var knust alle fingrane. han var galen han asså for det atte, til og med når vi hadde skjæring nede i heisen her, kom ikkje han-gikk ikkje han inn ’her. han satt på heisen opp. ja han gikk inn i heisesjakta han og sprang ner heissjakta. ja blei med opp og.

48

KAPITTEL 5

121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162

Robert Svein

Robert Kjersti Robert Svein Svein Kjersti Svein Robert Kjersti Svein

Kjersti Svein Robert Kjersti Svein Robert Svein

Kjersti Svein Kjersti Svein

Robert Svein Robert Svein

ja [opp <@ og ja >@]. [me-men den] gangen var det jo ’bur då veit [1du1], d-det gikk ein sånn lukk[2ete2]ma-den lukka seg ’ned sånn, du husker jo den? [1ja1] [2mm2] ’nei den har eg ikkje sett. jo. den ’lukka seg veitu så gikk den opp. og tenk hvis den ikkje hadde lukke seg opp då, mhm. og sotte inni der. mhm. [eller] hvis den hadde gått til topps. [og så], og når ikkje når det var-kranen- e- sku bytta plater eller det var noe gale med ’kranen eller noe. så ’tok han plata opp sånn og så ’bar de bort og dytta platene sjøl. {demonstrerer det med hendene} @@@@ heilt sprø. ja han var ikkje heilt tam XXX<@ var han så jævlig sterk? @> [1@@@1] [1om han var sterk og sterk1]. han er[2XX2-] nh[2det2]klarer ’vi og det der, eg ’og klarer det [3der3]uten problemer. [2klarer ’du og det,] [4men eg4] [5’gidder ikkje å gjør det5]. [3ja ja3] [4men allikavel4]. 5 [ det va så- det var så5]’dumt å se på veit du. ’han kunne gjort det. bæra de platene? det gjorde han der andre, d- det er ikkje mange som har gjort det, han derre ’jævla Davidsen han derre-ja. Eriksen og. Morten Davidsen. ja. han gjorde e- det ’tullet der.

Som vi kan sjå, har eg delt dette utdraget opp i 6 samtaleforteljingar. Fire av desse blir fortalt av Svein: (1) ”Legen som vart saksøkt”, (2) ”Svein på sjukehuset”, (3) ”Korleis fingeren til Svein sprakk”, (5) ”Eide får knust handa i maskina”. Ei forteljing blir fortalt av Robert (4) ”Robert på sjukehuset”, og den siste forteljinga blir fortalt av både Svein og Robert (6) ”Kor gal Eide var”. Eg kjem no til å sjå på korleis samtalen utviklar seg ved å analysere kvar samtaleforteljing og vise korleis den blir initiert, fortalt og avslutta.

49

ISCENESETTING

Forteljing (1) - ”Legen som blei saksøkt” Svein byrjar å fortelje allereie før han kjem inn i rommet. Det er sannsynleg å tru at Svein og Hagen har utveksla nokre morosame kommentarar etter å ha lest på nettet om ein pasient med isjias som fekk tre millionar i erstatning i det andre rommet, og no vil Svein meddele det til alle dei andre. Ochs & Capps (2001) seier om annonsering av forteljingar: ”The first and most fundamental step in successfully launching a narrative is to establish shared attention on the story to be told” (ibid.:114). Svein annonserer forteljinga før han kjem inn i rommet og får sett seg, og slik har han sikra seg merksemda til dei andre. Han fortel ikkje forteljinga med ein gong, men lar ytringane ”henge i lufta” til lyttarane har signalisert at dei har gitt han oppmerksomheit. Svein hadde ingen oversikt over kva samtalen på pauserommet har dreia seg om før dette. Det var ein roleg samtale prega av lange pausar mellom få ytringar, og dei snakka om korleis dette skiftet kom til å bli, sidan det førre skiftet stod og arbeidde når dette skiftet kom på arbeid. Det kan derfor vera truleg at ein slik ankomst og annonsering som Svein kjem med, var ønska. Det vart i alle fall godt motteke. Det kan vi sjå ut av at Kjersti spør allereie i linje 2, kanskje for å sjekke om det var riktig det ho høyrte, men det kan også vere for å gi samtaleordet over til Svein. Spørsmålet kan fungere som eit signal til dei andre at vi skal høyre på han, og eit signal til Svein om å fortsette med å fortelje. I linje 4 kjem ho også med ”å?” som kan sjåast som ei ny oppfordring om å fortelje vidare. Det kan også sjåast på som eit uttrykk for eit overraskande tema, og at ho spør for å gje eit signal på at ho treng litt meir forklaring. Svein gir svar (i linje 5) og forklarer kven det er (”rompisen”) – for nokon av lyttarane er dette kanskje ei kjent karakteristikk av legen. Svein si annonsering av nyheita om Hagen og spørsmåla frå Kjersti (linje 1-5), gir Svein den merksemda og det rommet han treng for å fortelje hendingsrekkja om både Hagen og legen hans (1-7) og om legen i nettavisa (linje 5-10). I linje 7 seier Svein at det er legen som har isjias. Då er Robert snar og presiserer i forteljinga at det var ”ein (pasient) som hadde isjias”. Svein retter ikkje opp feilen, men fortel vidare – kanskje fordi Robert allereie hadde gjort det. Svein byggjer opp forteljingane sine med trykk på sentrale ord (’søksmål, ’ræva, ’luring) og han fortel med eit smil og latter (i linje 10, 12) om legene som roter i ræva på pasientane sine. Funksjonen til ordet ”rompis”, kan sjåast på som ein frampeikar til det Svein gjer til eit av poenga i forteljinga i linje 13: ”hadde ingenting i ræva å gjøra der når du har isjias”.

50

KAPITTEL 5

Frode ler også i (i linje 11, 13). Latter kan ofte vere eit tilbakekoplingsignal som gir respons til den som snakkar om at det han seier til dømes er forstått og godkjent og han kan snakke vidare (jf. Rustad 2005:95). Latteren til Frode kan også vere ei stadfesting på at forteljinga har underholdningsverdi. I linje 14 kjem Svein med ein avslutningsmarkør ”jaja han er ein luring han der ser du”. Kva som er den nøyaktige meininga med denne setninga, er vanskeleg å seie. Det kan peike tilbake til både Hagen og legen hans. Det kan også vere ein kommentar sagt for å forsterke eitt av poenga han har kome med: at legen ikkje har gjort jobben sin skikkelig eller at Hagen (igjen) er ute etter lettente pengar (jf. ”no” i linje 1). Om ein ser på kva Robert og Kjersti svarar til Svein sin avslutningsmarkør, kan det sjå ut som om begge to tolkar ”luring” som eit ord for homofil. Robert kjem med sin eigen runde avslutningskommentar ”leger er leger det og” (linje 15) som vi kan forstå som ”leger er folk det og” og tolke i retninga at også legar kan vere dårlege arbeidarar eller vera homofile. Kjersti avsluttar forteljinga med setninga ”litt deilig då” - underforstått å bli rota litt i ræva (linje 16). Denne ytringa kan fungere som avslutningsmarkør på forteljinga, men også ein provoserande kommentar og reaksjon på forteljinga som er fortalt. Vi ser her eit døme på at det er ikkje slik at forteljinga stoppar etter ein avslutningsmarkør. Å avslutte ei forteljing er eit samarbeid på lik linje som å avslutte ein samtale (jf. Svennevig 1995). I dette tilfellet ser vi at både Svein, Kjersti og Robert kjem med avslutningmarkørar og at dei samarbeider om å avslutte forteljinga.

Forteljing (2) - ”Svein på sjukehuset” Om ein går vidare og ser på forteljing (2), kan ein også tolke Kjersti sin avslutningsmarkør i forteljing (1) som ei oppmoding om å fortsette samtalen – særleg sidan Svein svarar tilbake med litt auke i volumstyrke og banning ”jammen ’faen eg kom her” (linje 17). Når ein aukar volumstyrke og bannar med litt ekstra trykk, kan det vera ein måte å få og halde ordet på. Ytringa i seg sjølv har (om ein ser på meiningsinnhald) lite å gjere med det som er fortalt før og det som kjem i forteljinga etterpå (linje 18-26). Svein innleier også den nye forteljinga si med ordet ”jammen”, og når ein ser forteljinga (2) som kjem, blir den både eit svar på den provokasjonen Kjersti kjem med (i linje 16) og ei innvending mot Robert og Kjersti si forståing av poenget i forteljing (1). Det er ikkje det at legen var homofil (”luring”) som var poenget, men at legen ikkje gjorde jobben sin skikkeleg. For å vise dette, fortel Svein ei forteljing (2) om når han sjølv vart feilbehandla av ein lege (Moseng). Dette poenget blir også 51

ISCENESETTING

repetert fleire gongar (linje 12, 24, 32). Den andre forteljinga til Svein blir altså eit innlegg om korleis den første forteljinga skal oppfattast. Avslutninga på denne forteljinga byrjar i Kjersti sitt spørsmål (i linje 33). Ho kommenterer ikkje forteljinga, men spør ”har du følelsar i han no då?” – eit spørsmål for å undersøkja om skaden var stor, og som kanskje (nok ein gong) er litt på sidelinja av poenget til Svein, men denne kommentaren kan også tolkast som om Kjersti stiller spørsmål om legen har gjort ein kompetent jobb. Svein svarar lavt (i linje 34, 36) ”jajaja. det gikk jo bra det.” som om han faktisk seier at det har ingenting med saken å gjere, medan Robert svarer (noko som høyres ut som eit ironisk) ”nei” (i linje 35). Kjersti har kan hende misforstått poenget, men ho får samtalen til å skifte fokus frå å handle om korleis Svein vart (feil)behandla på sjukehuset, til fokus på korleis fingeren klarte seg. Dette kan tolkast som om at ho vil at Svein skal fortelje meir, eller ho vil skifte samtalefokus – kanskje nettopp fordi ho vil at Svein skal fortelje meir om denne ulykka. Vi kan ikkje vite om det var det Kjersti ville, men resultatet av fokusskiftet er at Svein byrjar å fortelje ei ny forteljing - om korleis fingeren sprakk (forteljing 3) .

Forteljing (3) - ”Korleis fingeren til Svein sprakk” Om akkurat denne forteljinga er ei ny forteljing eller ei utdjuping av forteljing (2), kan diskuterast. Vi ser at i samanheng så fungerer (3) som ei meir detaljert bakgrunnsforteljing til forteljing (2). I den sa Svein at han ”fekk ’hundra kilo rett på fingen” (linje 20) og at heile fingeren sprakk (linje 21). Dette har dei andre deltakarane i samtalen høyrt før, men i forteljing (3) utbroderar Svein korleis det skjedde, kva han gjorde og kva Helge Holmen (ikkje) gjorde (linje 19, 44, 45). Han introduserer forteljinga med poenget om ”det var heilt jævlig” (linje 37), og fortel vidare hendingsrekkja (frå linje 38-47) om at dette var eit arbeidsuhell. Ei katodeplate hang fast og var vanskeleg å få laus, slik at Svein måtte ha hjelp. Dei klarte ikkje å vere samkjørte i arbeidet, noko som gjorde at Svein fekk denne plata på fingeren. Avslutningsvis blir poenget repetert og illustrert med onomatopoetikona ”!woap” og ”!bang”, og saman med banninga (i linje 52) blir det understreka kor ille og vondt det var. Om ein berre ser på forteljing (3), så handlar denne om når Svein fekk ei plate med sink på fingeren og måtte på sjukehus. Om ein ser denne forteljinga i samanheng med (2), fungerer den som ei utdjuping av denne. Når vi ser forteljing (3) i lys av begge dei føregåande forteljingane, kan også denne tolkast som ein kritikk mot at ein arbeidar (i dette tilfellet Helge Holmen) ikkje gjorde jobben sin skikkeleg. 52

KAPITTEL 5

Forteljing (4) - ”Robert på sjukehuset” Robert har også skada fingeren (linje 53, forteljing 4) og får fortalt det kort (i linje 53-62). Han startar si forteljing med å vende seg mot Svein og spør om han huskar ”når eg vrengte tommeltotten her ute?”. Dette er ei ytring som kan kallast for ei preannonsering som er ”en typ av sekvens där man tar reda på om det man tänkt tala om är känt eller inte för övriga samtalsdeltagare” (Norrby 1996:112). Eg ville kanskje heller kalla det eit retorisk spørsmål (sidan Robert veit svaret), men med den same funksjonen som preannonseringar har; den skapar rom for at ein kan fortelje. Han refererer til ei spesiell hending som har potensialet til å bli ei forteljing, og får fortsetje å fortelje. Robert får derimot ikkje like mykje hjelp med å komme fram med forteljinga si som Svein. Han rekk å kontekstualisere forteljinga med å seie resultatet av kva som skjedde (”vrengte tommeltotten”), kvar det skjedde (”her”), kven som var der når det skjedde (”Pettersen” og ”Digranesen”), før han blir avbroten av Svein som seier ”det med Eiden det var enda verre” (linje 59). Svein har tolka poenget i forteljinga som om at poenget til Robert var at det var ille å vrenge tommeltotten, og han protesterer mot dette i avbrytinga si. Robert må derfor kjempe litt for å få fortalt resten; han snakkar fortare, i eit lysare toneleie og han kjem med orda ”jajaja” og innvendingane ”men men men” som indikerer at han gjerne vil ha ordet – noko han får (i linje 60-61). Det han formidlar (i linje 61-64) er derimot ei anna oppleving av å vere på sjukehuset og eit anna poeng enn Svein. Robert hadde i motsetning til Svein eit hyggeleg opphald og koste seg (linje 62-64) fordi han fekk ei fin svensk lege. Kjersti avsluttar samtaleforteljinga med ein bekreftande latter som har ein undertone som ymtar om at ho skjønner akkurat korleis han koste seg (linje 64).

Forteljing (5) - ”Eide får knust handa i maskina” Svein avbryt som sagt forteljinga til Robert med å seie at ”det med Eiden det var enda verre” (linje 59), og det er denne forteljinga som Svein kjem tilbake til (i linje 82), men først har han ein relativ lang introduksjonssekvens der han sikrar seg at deltakarane veit kva han snakkar om når han skal fortelje. Han byrjar i denne introduksjonssekvensen med å seie at ”motholdet er farleg” (linje 66, 67), han forklarer korleis det ser ut (blått, stort, grønt) og kvar vi finn det (linje 71-85). Dette er kanskje bakgrunnsinformasjon mest retta mot Kjersti som er ferievikar, og som difor mest sannsynleg ikkje har så store kunnskapar om maskina. Introduksjonssekvensen inngår ikkje direkte som ein del av hendingane i forteljinga, men 53

ISCENESETTING

fungerer som ein kontekstualiserande satellitt mot hovudsekvensen sidan den er fortalt med signal som byggjer opp under poenga til forteljinga. Introduksjonssekvensen blir fortalt i presens, men når Svein skal til å fortelje om den spesifikke forteljinga, gjer han eit skifte i tid frå presens til preteritum. Det ser vi når Svein spesifiserer den konkrete hendinga ”ja det var blått før i hvertfall den gangen der” (i linje 78) og når han skiftar tid og byrjar å fortelje: ”så den holde på platene så den ikkje sku hoppa av”( i linje 82). Ei slik introduksjonssekvens kan gjere lyttarane spente på kva det er som kjem, samt sikre at lyttarane vil skjønne kva forteljaren fortel, men det kan også vere ein måte å sikre at lyttarane ikkje vil avbryte Svein med spørsmål når han først byrjar å fortelje. Svein fortel om Eide som fekk knust handa fordi han ikkje følgde prosedyre, men heldt handa inne i det farlege mothaldet på maskina. Handa vart knust, men armen vart redda av Espeland som i staden for å høyre på Eide, manøvrerte maskinene og gjorde det han skulle gjere i ein slik situasjon (linje 85-101). No har eigentleg Svein fortalt forteljinga om korleis Eide skada seg, og korleis Espeland redda armen, men Svein held fram: ”spør om eg kan få se hånda hans” (linje 103), og han repeterer ein tidlegare kommentar ”hørte bare kor det surkla neri” (linjene 93, 104), fortset med ”så begynte han å hyla” (linje 107), ”fikk ikkje ta av hansken”

(linje 109), ”kom på sjukehuset så satte de bare sprøyta rett i ræva på han” (linje 111), ”alt
var knus alle fingrane” (linje 113). Vi ser her at Svein aukar på med skildringar, utbroderer handlinga, og opplevinga blir verre og verre med kvar ekstra informasjon. Vi ser også at det skjer ei stigning av skade for kvar forteljing som blir fortalt: i (2) sprakk ein finger, i (4) gikk tommelen av, i (5) vart alle fingrane og heile handa skada. Svein knyt også denne forteljinga til dei andre forteljingane i samtalen; han nemner hansken som Eide ikkje får ta av seg – han sjølv hadde hansken på når han skada seg i forteljing (3) (linje 45). Eide kjem også på sjukehuset i likskap med Hagen (forteljing 1), Svein (forteljing 2) og Robert (forteljing 4), og i forteljing (6) får Eide sprøyte ”i ræva” og er eit døme på at den erotisk lada tonen (frå forteljing 1) blir formidla vidare. Vi ser altså at nokre tema frå forteljingane blir repeterte gjennom heile samtalen og gjort aktuelle i dei nye forteljingane.

54

KAPITTEL 5

Forteljing (6) - ”Kor gal Eide var ”

Robert fortset sporet til Svein og fortel vidare om Eide som ikkje gjorde jobben slik som han skulle, men ”var galen”. Svein er einig, og saman listar dei opp kva som gjer Eide så gal. Robert byrjar med ”når vi hadde skjæring nede i heisen her kom ikkje han gikk ikkje han inn her” (linje 114-116), og Svein poengterer og fullfører setninga til Robert; ”han satt på heisen opp” (linje 117). Robert seier seg einig, men hevdar at Eide ”gikk inn i heisesjakta han og sprang ner” (linje 119). Svein repeterer, men modifiserer at Eide ”blei med opp (heisen) og” og Robert seier seg einig (118, 121). Dette er ikkje ei forteljing om ein spesifikk hending, og bygd opp som ei vanleg forteljing. Dette er forteljinga om Eide og korleis han var som arbeidar. Den er bygd opp av fleire andre forteljingar gjennom forhandling mellom Robert og Svein om kva som var gale med Eide, og dei fortel forteljinga til dei andre deltakarane som ikkje kjenner han. Svein vender seg mot Kjersti (”du” i linje 122, 125, 130) og forklarer vidare korleis heisen fungerer (linje 122-130) og farane med den (linje 131, 133). Dette underbyggjer påstandane om at Eide var gal. Samtidig kan dette visa til at Svein påpeiker korttenking frå den erfarne arbeidaren si side – følgjene kunne vere at han vart sittande låst inne. Kjersti forstår og viser dette med å foreslå enda ein fare med å sitte på vareheisen: den kunne gått til topps (135). I linje 137-141 kjem Svein tilbake til kor gal Eide var: at han bytta platene sjølv om kranen var øydelagt. Kjersti ler (140, 143, 144) og spør om han verkeleg var så sterk at han gjorde det. Svein og Robert seier at det ikkje handlar om å vere sterk (146), medan Robert seier at ”klarer jo ’vi og (…) eg ’og klarer det” (147, 148), og Svein går enda lenger og seier ”klarer ’du og det” (149). Det handlar ikkje om å vere sterk, men om å gidde å gjøre det (Robert i linje 150) og at det var så dumt å sjå på (Svein i linje 152), Forteljinga om Eide byrjar i forteljing (5) med eit utbrodert tilfelle om kor galen Eide var og korleis han skada seg, medan forteljing (6) fortset med fleire korte døme på kva Eide kunne finne på å gjere. Vi ser at det finst mange forteljingar om korleis Eide utfører jobben sin på ein farleg måte som set kroppen og helsa i fare, og i samtalen som held fram ser vi at det finst fleire forteljingar om andre slike arbeidarar.

5.1 Korleis definere ei samtaleforteljing?
Som eg forklarte i teorikapittelet, har samtaleforteljingar visse kriteria; i og med at det er forteljingar i ein samtale finst det nødvendigvis meir enn ein deltakar, og det kan også vere 55

ISCENESETTING

fleire enn ein som fortel. Samtaleforteljingane kan ha ei eller fleire episodar, med ei hendingsrekkje som er ein meir eller mindre samanhengande sekvens med ein indre samanheng og eit avgrensa ytre, dvs. at den har ei hendingsrekkje med byrjing, hendingar (midtdel) og slutt. Forteljinga må også ha eitt eller fleire poeng. Det kan likevel vere litt vanskeleg å avgjere når ei forteljing startar og sluttar i ein samtale, fordi forteljinga kan ha fleire episodar, fleire forteljarar og poenga kan vere mange og liggje på fleire nivå i forteljinga (meir om poeng i kapittel 7). Om vi ser på dei forteljingane over, så har eg markert i forteljingane når dei har fått sine lokale avslutningar, men som eg nemnte i analysen, så kan framleis neste forteljing vera ei utdjuping av den førre forteljinga. Dette såg vi var tilfellet i forteljing (3). Denne forteljinga fungerer i samtalen (sin samanheng) som ei utdjuping av forteljing (2), men dei er begge forteljingar med indre samanheng med episodar og poeng. I forteljing (1) har vi to episodar; (1) Hagen som skal gå til søksmål fordi legen har undersøkt han på feil stad, og (2) legen som hadde blitt saksøkt av ein pasient med isjias med krav om tre millionar. Desse to liknande episodane står i relieff (Evensen 1991) til kvarandre, og skapar saman ei forteljing med to episodar. Vi kan seie at hendingsrekkje 1 fungerer som introduksjon til hendingsrekkje 2, eller at hendingsrekkje 2 blir ei grunngjeving for hendingsrekkje 1, men desse to episodane har same poeng som Svein ytrar i linje 12: ”hadde ingenting i ræva å gjør når du har isjias”. I forteljing (2) ser vi at Svein innleiar forteljinga (frå linje 17-19) med introduksjonen25 ”jammen ’faen eg ’kom her”, han avslører eller gir noko som kan tolkast som eit frampeik til eit poeng i neste ytring ”hadde flerra opp—”, og kontekstualiserer kvar det skjedde og kven som var til stades i neste ytring ”Helge Holmen stod jo der”. I midtdelen i forteljinga (frå linje 20-23) ser vi ei logisk rekkje av hendingar som skjer etter kvarandre, før eit poeng avsluttar denne logiske episoden ”nei det her har eg aldri gjort før” (linje 24). Dette blir også repetert (i linje 26), og forteljinga har fått sitt logiske sluttpunkt her, men Svein fortel vidare og held fram med hendingsrekkja (linje 29- 30). Vi kan seie at forteljinga er i avslutningsfasen når Svein repeterer poenget nok ein gong (i linje 32), og som eg kom inn på i analysen tidlegare så forhandlar Kjersti og Svein om korleis forteljinga skal tolkast vidare. Kjersti prøvar å få fokuset i samtalen over til fingeren, medan Svein gir uttrykk for at det var ikkje problemet med fingeren som var poenget. Som vi har sett, har forteljing (2) ei
25

Eriksson (1997) skil mellom introduksjon (”intro”) og innleiing (”inledning”). Introduksjonen er første ytring i innleiinga.

56

KAPITTEL 5

hendingsrekkje med innleiing, midtdel og poeng, med ein ekstra midtdel og repetering av poeng. Det frampeiket (i linje 18) mot poenget om at Svein hadde skada seg, kan i analysen tolkast som del av hendingsrekkja, og ikkje eit poeng, fordi denne forteljinga ikkje handla om korleis Svein skada seg, men er ein repetisjon av poenget i førre forteljing; legen som ikkje kunne jobben sin. I samtaleforteljingar kan det hende at mykje av hendingane ikkje blir forklart, eller uttala eksplisitt, og det er opp til lyttaren å skape resten av forteljinga. Forteljing (4) om når Robert skada seg og kom på sjukehuset er eit døme på dette. Robert fortel to episodar der den første episoden er skildra med ei hendingsrekkje utan nokon bakgrunnsinformasjon eller utgreiing: han vrengte tommeltotten (linje 53), Pettersen og Digranes kjørte han på sjukehuset (linje 5354), tommelen var såpass skada at han kunne legge den bak (linje 56). No blir rett nok Robert avbroten av Svein som protesterer på at det var så ille, kanskje fordi Robert ikkje hadde kome med noko poeng i forteljinga. Men i neste episode kjem Robert med poenget sitt; at han fekk ein kvinneleg lege og at han koste seg. Poenget er ikkje ein logisk forklaring eller avslutning på hendingsrekkja i den første episoden i denne forteljinga, og i seg sjølv ville ikkje desse to episodane vore fullstendige forteljingar. Om vi ser dei i samanheng med dei andre forteljingane som er fortalt før, blir det ei samtalefortejing som gir meining. Robert deler si erfaring om å vere på sjukehus, men har eit positivt opphald i motsetnad til Svein. Vi ser at det ikkje finst nokon klar mal for korleis ei samtaleforteljing er oppbygd eller kva som kjenneteiknar ei forteljing; dei kan ha fleire episodar med same poeng, og poeng utan klar hendingsrekkje. Dei er bygd opp på ulik måte og dukkar opp i snakket til ulik tid. Dei er avhengige av konteksten for å vere meiningsberande. Likevel kan vi kalle dei samtaleforteljingar. Dei logiske samanhengane i ei forteljing treng ikkje alltid å bli uttrykt eksplisitt fordi samtalane byggjer på kvarandre og på forteljingane som er fortalt før, som alltid er konteksten deltakarane tolkar forteljinga utifrå.

5.2 Korleis gir den eine samtaleforteljinga rom for den neste?
Vi har sett at forteljingane har gått frå å vere ei forteljing som er lest i avisa, som blir overført til ein arbeidar som har opplevd noko av ”det same” som forteljinga i avisa. Desse forteljingane har handla om legar som ikkje gjer jobben slik som dei skal, noko som får Svein til å fortelje om legen som ikkje gjorde slik som han skulle når Svein skada seg. For å

57

ISCENESETTING

underbyggje denne forteljinga, forklarer Svein korleis han skada seg. Robert har også skada seg, men hadde eit hyggeleg opphald på sjukehuset. Svein fortel så om Eide som skada seg mykje verre enn Robert, og dette haustar igjen mange forteljingar om Eide som ikkje gjer jobben sin slik han skal. I sekvensen finst det altså lokal kontinuitet i rekkja frå eit tema (episode) til det neste, men samstundes flyttar fokus slik at forteljing (1) ikkje har noko å gjere med forteljing (6). Vidare har vi sett at alle forteljingane blir initierte av forteljaren sjølv, Svein eller Robert, og at dei byggjer på det som tidlegare er blitt sagt i samtalen. I samtaleforteljing (1) annonserte Svein ein episode og samtaleforteljing (2) vart innleia med ei motforestilling av korleis den førre skulle tolkast. Samtaleforteljing (3) byrjar med poenget i forteljinga, medan Robert i forteljing (4) initierer forteljinga med å annonsere kva den skal handle om. Svein initierer først forteljing (5) midt i forteljing (4), før han brukar god tid til å gi bakgrunnsinformasjon om kor farleg mothaldet på maskina er. Deretter fortset han forteljinga (i linje 84) der han slapp den (i linje 60). Vi har også sett Kjersti si medverking til at nye forteljingar vert fortalt. Ho har stilt spørsmål (som av og til er på sida av poenget) som har fått Svein til å fortelje nye forteljingar. Forteljingane vert avslutta med avslutningsmarkørar både av hovudforteljaren og stundom av dei andre som høyrer på. Avslutningsmarkørane vert uttrykte gjennom latter eller ytringar som stadfester deltakarane si forståing av poenget.

5.2 Intertekstualitet mellom forteljingane
No har eg sett på kvar samtaleforteljing i utdraget, og korleis dei har gitt rom for kvarandre. Intertekstualitet er eit omgrep ein brukar om ulike tekstar som på ein eller annan måte, gjennom til dømes sitat eller antydingar, er kopla til kvarandre og slik skapar ei ekstra meining26. Dette omgrepet er henta frå Julia Kristeva (1967) som byggjer på Mikhail Bakhtin si forståing av språk der kvar ytring er eit svar på ei anna ytring. I dette materialet finn vi ein intern intertekstualitet, som vi her kan kalle intratekstualitet, mellom forteljingane i same samtale. I tillegg finn vi ein ekstern intertekstualitet, til dømes mellom forteljingar og anna

26

Omgrepet intertekstualitet vart skapt av Julia Kristeva i 1967 (i artikkelen "Le mot, le dialogue et le roman."), men vart sidan forkasta (av same person) og erstatta av omgrepet transposisjonalitet. Omgrepet lever likevel vidare, også i denne oppgåva.

58

KAPITTEL 5

som ikkje kjem eksplisitt fram i samtalen, men som kunne ha blitt utvikla til ei forteljing (eller blitt fortalt i andre samtalar).

5.2.1 Svarforteljing
Ofte, etter at nokon har fortalt ei forteljing, så fortset samtalen med ei ny forteljing. Desse forteljingane som følgjer kvarandre, og slik har ein intratekstualitet, blir kalla svarforteljingar (”response story” Norrick 2000). I ein samtale med fleire forteljingar etter kvarandre blir som regel kvar forteljing eit svar til den forrige forteljinga (eller andre forteljingar fortalt tidlegare). Norrick skriv at i typiske svarforteljingar prøver forteljaren å gjengi like tilhøve, han demonstrerer lik oppførsel og har like vurderingar av forteljinga som tidlegare forteljinga(r):
A typical response story depicts the new teller in similar circumstances, demonstrating similar behaviors, and arriving at similar conclusions. Such response stories can be painstakingly fitted to the foregoing story; conversely, because response stories demonstrate a particular understanding of their predecessors, they determine what these predecessors are taken to mean. (Norrick 2000:133)

Norrick skriv også her at svarforteljingar kan vise fram korleis (den nye) forteljaren har forstått poenget og bodskapen i den førre forteljinga, og er med på å bestemme korleis den førre forteljinga skal bli oppfatta. Han presiserer også funksjonen til svarforteljingane: ”response stories are constructed to demonstrate understanding of their predecessors and to comment on them” (Norrick 2000:112). Dette støtter opp om det vi har sett døme på i dette utdraget: forteljing (2) som blir fortalt som eit svar på korleis forteljing (1) skal oppfattast, og forteljinga (3) som kan sjåast på som ei utdjuping av forteljing (2). Dei er svarforteljingar til kvarandre. Gjennom svarforteljingar kan deltakarane utveksle og samanlikne like og ulike erfaringar, men deltakarane kan også utvikle samtalerommet ved å bruke svarforteljingane til å prøve å overgå kvarandre; frå å ha isjias (forteljing 1), sprekk fingeren (forteljing 2, forteljing 3), tommeltotten blir vrengt (forteljing 4), og til slutt blir heile handa knust (forteljing 5). Korleis forteljingane svarar og relaterer seg til andre forteljingar, blir slik ganske spennande å sjå på for å forstå korleis deltakarane tolkar og forstår dei førre forteljingane.

59

ISCENESETTING

5.2.2 Forteljingskandidatar27
Dei fleste samtaleforteljingane i dette utdraget har ein forteljande episode med ei hendingsrekkje med eitt eller fleire poeng, samt aktive og responderande deltakarar. Men samtalen ber også i seg andre forteljingar; forteljingar som ikkje blir fortalt ferdig, eller som blir avbrotne og av ein eller annan grunn ikkje fullført. Ytringar som deltakarane kunne ha utvikla til ei samtaleforteljing, men som av ulike grunnar ikkje blir realisert i samtalen, kallast forteljingskandidatar. Desse byggjer på ein ekstern intertekstualitet og har element av forteljingar som ikkje blir kommenterte i samtalen, men som er med på å gjere samtalen og forteljingane rikare. Å vise fram at samtalane ber i seg fleire forteljingar enn dei samtaleforteljingane som er lette å sjå, kan vere med på å peike på kor mykje av snakket som inneheld element av forteljingar.

Implisitte forteljingar Forteljingskandidatar som ymtar på ei viss, velkjend hendingsrekkje, men som ikkje blir fortalt ut, har eg valgt å kalle implisitte forteljingar. Dei kan ha ein underforstått tone eller ei forteljing som ikkje blir særskild nemnd. Det ligg til dømes ei implisitt forteljing i denne samtalen som ikkje blir fortalt ut eller kommentert. I heile samtalen kan ein ane ein seksuell ladd tone med orda ”rompisen”, ”i ræva”, ”litt deilig då” og ”koste meg”. Svein introduserer tonen med ”rompisen” i første forteljing, som kan gjere at poenget hans blir tolka i ei seksuell retning av Kjersti og Robert. Svein antydar, og framkallar, ei implisitt forteljing om ”legeundersøkelse av den homofile legen” som Kjersti og Robert har tenkt ut i hovuda sine, og som dei viser at dei har forstått med sine avslutningsmarkørar. Robert spelar også opp om den erotiske tonen i si forteljing om då han kom på sjukehuset. I forteljing (4) ymtar han om, og spelar på, ei gjenkjenneleg, erotisk hendingsrekkje; ”mann møter ei fin, kvinneleg, svensk lege”, og det at Robert presiserer at legen var ei ”fin ei” (linje 63), kan oppfattast som ei motsetning til homoseksualiteten i forteljingane (1) og (2). Vi forstår også med denne ytringa at legen var kvinne, noko som ikkje har blitt sagt tidlegare, og det blir nærast opp til lyttaren å tenke ut kor mykje Robert koste seg på sjukehuset. Vi kan også spørje
27

Merk at dette er ein annan bruk av omgrepet enn det Cathrin Norrby (1998) nyttar. Ho nyttar omgrepet ”berättelsekandidat” (s.57) som eit analytisk omgrep forskaren nyttar som reiskap for å kunne identifisere forteljingar i samtalane. Ho argumenterer for at ikkje alle forteljingane vil kunne innfri alle kriteria til kva ei forteljing skal innehalde, og at ho som forskar ikkje kan vere sikker på å klare å identifisere alle sekvensar som fungerer som ei forteljing for samtaledeltakarane. Forteljingskandidat vert elles i CA nytta som eit omgrep knytt til eit deltakaperspektiv. Ein kan snakke om forteljingskandidat som noko deltakarane sjølve trur eller veit dei kunne ha utvikla til ei forteljing.

60

KAPITTEL 5

oss om kvifor Robert vil presisere at ho var fin, om det ikkje er for å spele på ei seksuell undertone. Som vi ser av reaksjonar på forteljingane, kan det sjå ut som at lyttarane tolkar forteljingane i erotisk retning fordi forteljaren har gjort det relevant (jf. Kjersti sin latter i linje 65).

Assosierte forteljingar Ei anna form for forteljingskandidat, er det eg har kalla assosierte forteljingar. Gjennom enkelte ord eller heile setningar, kan poeng eller hendingsrekkjer frå andre spesifikke forteljingar (som er fortalt før og er kjende for deltakarane) bli knytt inn i samtalen. Dei assosierte forteljingane lever i snakket og gir ein ekstra dimensjon til det som blir sagt – gjerne utan at dei blir kommentert vidare eller vidareutvikla til ein samtaleforteljing. Eit døme på dette finn vi i utdraget når Kjersti seier om heisen: ”eller om den hadde gått heilt til topps” (linje 135, forteljing 6). Ho siktar til forteljinga om den gongen heisen gikk til topps28. Snakket får ei ekstra meining fordi dei assosierte forteljingane blir rekontekstualiserte (Linell 1998, ”recontextualisation”) inn i den lokale konteksten; dei gamle poenga i den tidlegare forteljinga blir hugsa, men dei står i lys av ny kontekst og den assosierte forteljinga får ein ny funksjon. I dette dømet viser Kjersti gjennom å referere til ei anna forteljing, at ho har skjønt poenget i forteljinga som blir fortalt her og no og dei farane som kan skje. Denne forteljinga får stå utan kommentarar, men dialogen er blitt meir kompleks for dei deltakarane som skjønar kva ho siktar til. Begge forteljingane, både samtaleforteljinga og den assosierte, er tilstades i snakket i lys av kvarandre. Det er verdt å merke seg at desse forteljingane berre vil vere tilgjengelege for dei deltakarane som har fullt medlemsskap i miljøet, og kjenner dei forteljingane som blir fortalt her.

Ikkje-realisert forteljing Nokre forteljingar får vi aldri vite kva handlar om, og eit døme på ein forteljingskandidat, som blir avbroten og ikkje-realisert, kan vi sjå i dømet under der Robert er på veg til å fortelje (noko som kan sjå ut som ein intro til) ei forteljing, etter at Svein har hatt ein lengre tur:

28

Ein arbeidar skulle hente ein pakke sink frå heisen, men når han kom til heisen, så var ikkje heisen der (!). Han skjønte ingenting og såg grundig etter i heissjakta: ”Ein heis kan da ikkje forsvinne?”. Så ser han opp i taket, og der henger den. Den har gått langt forbi der den skal stoppe.

61

ISCENESETTING

Samtale 2 - Utdrag 1 (sjå kap. 6.1.1)
9 10 11

Svein Robert Svein

sånne folk som har vært gjennom heile [tida]-[såg Pettersen når han XXX]--= =’3 og ’2 er e- v- verste skift,

Her blir forsøket på å ta ordet oversett, og Robert si ytring blir ein kandidat til ei forteljing som ikkje blir fortalt (i denne samtalen i alle fall). Desse ikkje-realiserte forteljingane er også med på å vise kor rike samtalane er av forteljingar. Det er så mykje som er opplevd og som kan forteljast, men det er ikkje alltid rom for alle forteljingane. Forteljingane må sjåast i samanheng, skal vi forstå korleis dei dukkar opp og kva som er poenga deira. Ei forteljing er ikkje berre ei forteljing i seg sjølv, men den er eit svar på, og står i relasjon til, det som er blitt fortalt tidlegare. Snakket på denne arbeidsplassen er svært rikt på forteljingar; både samtaleforteljingar som blir realisert, forteljingar som aldri slepp til, og forteljingar som ein ikkje treng fortelje fordi meininga kjem fram berre ved å nemne nokre ord. Det neste kapittelet skal gå nærare inn på korleis deltakarane i samtalen pratar fram og fortel forteljingar.

62

KAPITTEL 7

6 Iscenesetting av samtaleforteljingar
På same måte som regissøren byggjer opp filmforteljinga si med intriger, spenning og diverse verkemiddel for å få fram poenget sitt på best og mest mogleg treffande måte, tek også forteljaren i samtalar i bruk sine verkemiddel for å iscenesette si forteljing. Vi har slik ei førestilling av at når nokon fortel forteljingar, er det ein forteljar som fortel og ein (eller fleire) som lyttar. Tilskodaren eller lyttaren er den som berre ser forteljinga og blir underhaldne. Som eg skal gå nærare inn på er det likevel ofte fleire enn ein deltakar som fortel forteljinga, og ofte er iscenesettinga av forteljingane retta mot eit dialogisk samspel med dei andre deltakarane i samtalen. Eg kjem i dette kapittelet til å legge mest vekt på korleis deltakarmønsteret i samtaleforteljingane er, men eg kjem også til å vise fram korleis forteljingane er iscenesette av og gjennom deltakarane i samtalen.

6.1 Tre ulike deltakarmønstre i samtaleforteljing
Å ta i bruk andre deltakarar er, som vi skal få sjå her, ein måte å iscenesette forteljinga på. I dette kapittelet skal vi sjå på tre utdrag frå ein og same samtale, men som har ulikt deltakarmønster og måtar å iscenesette forteljingar på. Utdraga er til saman på 13 minutt av ein samtale og henta frå ein laurdag formiddag, før skiftet går ut i ni dagars fri. Dette skiftet er litt spesielt av fleire grunnar. Arbeidarane har friare tøylar for korleis dei skal organisere arbeidet sitt dette formiddagsskiftet, sidan det ikkje er dagarbeidarar som er på og skal reparere utstyr. I tillegg er det blitt vanleg at dei kan gå litt tidlegare heim når arbeidet er gjort29, sidan dette er siste skift før friveka. Det kan likevel vere mykje som skal gjerast, for i tillegg til vanleg produksjon har dei ansvaret for rydding. Ryddinga inneber løfting av tunge sinkplater og spaing av tunge sinkbitar. Det er hardt kroppsarbeid, og dette gjer at pausane kan bli litt lengre. Samtalen er henta ut rett etter matpausen, og arbeidarane er ferdige med det meste av arbeidet. Det er berre litt rydding som gjenstår før dei kan gå heim.

6.1.1 Forteljing med låg grad av samskaping
Det første utdraget frå samtalen i dette kapittelet byrjar midt i snakk om korleis dei fem ulike skifta har vore samansette, og korleis det har vore å vera arbeidar i elektrolysehallen. Det er

29

Ikkje alle kan gå heim. Det skal alltid vere minimum to som sit igjen og overvaker elektrolysehallen.

63

POENGANALYSE

dei same som er tilstades i denne samtalen som i førre samtale (i kapittel 5). I første utdraget av samtalen under snakkar Svein og Robert (som er fast tilsette), medan Sissel, Kjersti og Frode (som er ferievikarar) er tilstades i rommet. Samtale 2.1
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43

”du får bare ’skryten du” (1 minutt og 6 sekund)
X ’3 og ’2-skiftet, (..) der har det vært ’ut og ’inn som noen ’jojo[ar] [gjennomtrekk fra-’4 ’5 og ’1, er nesten de ’samme, (..)som har vært kan du si, (..)er ’stabile sant? sånne folk som har vært gjennom heile [tida]-[såg Pettersen når han XXX]= =’3 og ’2 er e- v- verste skift, der er det vært <FORT blobb blobb blobb blobb blobb blobb FORT>, ’heile tida. fordi at ’Svendsen var ein sånn ’sosial mann, han kunne ikkje si nei til noen ’han. ”vi må jo prøve”= {siterer Svendsen} =det har vært på ’alle skift. ”vi må jo prøva”= =ja men det er jo !håpløst. ”vi {klapper hendene saman} må jo p- vi må jo”-”prøva prøva”. ’han sitter jo ikkje d- med problemene, det e jo !vi som får problemene sant? <FORT eg sa te han d- d- det ekje !du FORT> du får et ’godt ord der nede du du klare å plassera de her sant? men det er !vi {klapper hendene saman} som skal ha de med [oss]— [er]du ferdig med de prøvene du? hæ? har du tatt alt du? no? ja du skal jo gå tidlig sant? nei eg har ein prøve igjen eg. (1.9)så e-(..)sant? ”’prøva”. ”ja men det e ikkje ’du som får problemene, du får bare ’skryten ’du, der nere, ka ’du holde ’på ’med, men det e !vi som skal jobba sammen med ’de, det e !vi som får problemene, det e !vi som må ’jobba med dette herre”.

Svein

Robert Svein

Robert Svein

Robert Svein Robert Svein Robert Svein

I denne samtalen er Svein i gang med å fortelje om alle dei ulike skifta i elektrolysehallen, at nokre skift har vore stabile, medan på det skiftet han arbeider har det vore mykje utskiftingar av folk. Etterkvart imiterer Svein ein samtale med sjefen, der Svein seier i frå at han er ueinig

64

KAPITTEL 7

i avgjeringane til sjefen. Sjefen tilset stadig nye arbeidarar som Svein meiner ikkje passar inn, berre for at sjefen, etter Svein si meining, skal få eit godt ord nede hos leiinga. Forteljinga utviklar seg frå å kommentere i innleiinga korleis alle skift har vore (linje 1-13), til å utdjupe om (mellom anna) dette konkrete skiftet (linje 11-13), før han grunngir problema med å skulde på sjefen gjennom å gi att ein samtale han har hatt med Svendsen (14-27, 36-43). Deltakarane i denne samtalen er Svein og Robert, og i dette utdraget er det Svein som fortel. Svein får halde på ordet ganske lenge av gongen og har svært lange turar. Det er fleire folk til stades, men dei ytrar ingen ord. Når Svein snakkar, er det heller ingen som kjem med minimale responsar30 eller med oppbakkingar31. Robert prøver rett nok å ta ordet og delta i samtalen og forteljinga til Svein. Det kan sjå ut som om Robert prøver å utdjupe det Svein seier (i linje 4), og er i gang med noko som kan vere ei ikkje-realisert forteljing (jf. kapittel 5) om Pettersen, men Robert slepp ikkje til orde (i linje 10). Han avbryt Svein med ”er du ferdig med de prøvene du?” (i linje 28) etter (heile) 17 intonasjonseiningar/ytringar. Dette spørsmålet kan vere eit forsøk på å få Svein til å komme tilbake til arbeidet og den lokale konteksten her og no – i alle fall å skifte samtaleemne. Robert signaliserer med desse spørsmåla (i linje 28, 30, 32) at tida går, og at om Svein skal gå tidleg, må han gjere arbeidet sitt ferdig. Svein svarar på Robert si avbryting og reagerer med noko som kan tolkast som vantru: ”hæ?” (linje 29) som i ”spør du meg om dette?”, og ”no?” (linje 31) i meininga ”skal eg gjere det no?” eller ”avbryt du meg no?”. Svein svarar på spørsmåla, men ignorerer det som kunne vore eit forsøk på temaskifte og fortset der han slapp. Han hentar seg inn igjen og i linje 35, er han tilbake i forteljinga. Han vender seg til publikummet sitt med ordet ”sant?” og fortel vidare i same ordlyd som tidlegare.

6.1.1 Samskaping av generalisert forteljing gjennom dialog
I neste sekvens ser vi korleis Robert og Svein formidlar ei forteljing saman. Den er henta frå same samtale som over, men 4 minutt og 50 sekund seinare. Svein har fortalt om fleire ferievikarar dei har hatt på skiftet, og korleis dei har blitt lært opp til å gjere jobben på riktig

Minimale responsar er ”replikker som overhodet ikke fører inn noe nytt utover det som det blir bedt om i forrige replikk” (Svennevig et. al. 1995:67). 31 Oppbakkingar er signal frå dei som lyttar som gir uttrykk for at dei har høyrt, forstått og eventuelt er einige, og slik gjer at den som snakkar, kan snakka vidare. Småord som hm, med mer, ja, nei blir kvalifisert som prototypiske oppbakkingar, men når det er svar på spørsmål, blir det ofte klassifisert som ein minimal respons (Norrby 1996:136).

30

65

POENGANALYSE

måte. No oppsummerer han det som er blitt sagt, og fortel vidare om kva arbeidarane skal gjere når det oppstår store problem (”skjæring”) på maskina. Samtale 2.2
1 Svein 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44

”Poenget e at du ska samarbeida”32 (1 min 3 sekund)
e- poenget e at du må-du ska samarbeida og så-ja. når noen gjør ein feil, ja så gjør vi ein feil så gjør vi ein feil. (..)det e det som eg sir vi og, vi gjør så mye ’feil og vi faste at edet e !heilt utrolig altså, veit du ke [1eg--1] [1vi1] kan få sånne ’skjæringar som ikkje ligne verken [2’fugl eller fisk2]. [2@ m [3@@@3] @2] [3@@3] vi skal vera litt ’lurare ’smartare, eg har sotte på maskina [4og så har eg sagt har eg sagt til meg4] sjøl, [4å !fy !faen4]. fy faen for ein idiot du e sir eg til meg [5sjøl5]-[5det gjør jo eg og det5]. 6 koffor [ gjorde du det der der6]. [6koffor !faen gjorde eg det der6]sant, @@@@@ og då komme eg, då bare dingle eg, og då komme det tre mann ut, (..)så fåkje du høra at e— ”koffor !faen gjorde du ikkje ”’sånn og ’sånn””. veit du koffor det? (..)de tør ikkje det til [7deg7] for da blir det et[8’helvete8]@@ [7nei7][8@@8] [8@@@@8] ja sant? og då kommer de å ‘hjelpe deg med ein gang. for alle ‘får— ein eller anna ‘får, ein av de greiene sant? <@ ja@> så det— (..)ser Vidar av og til, når han får ‘byo33 altså, å:= =atte det kan ‘skje så mye ‘rart, vi kankje si atte ”koffor !faen-du må jo for !faen følga med her”. [9sant?9] [9det9] gåkje an [10det10].

Robert Svein

Robert Svein Kjersti Sissel Svein Robert Svein Robert Svein Robert Svein Kjersti Svein

Robert

Svein Sissel/ Kjell Svein

Robert Svein

Robert Svein

Robert

32

Nummereringa startar på 1, sjølv om det er fortsetjing av same samtale. Eg har nemleg ikkje transkribert heile samtalen. 33 Uttrykket ”å få byo” kan i denne samanhengen omsettjast med at Vidar plutseleg blir sint og stresser rundt (men som regnbyger flest, går dei over).

66

KAPITTEL 7 [10hadde10] du sagt det så hadde du blitt ‘nikka rett [ ‘ned11], blitt slått spint ihel ut på der. [11@@@11][12@@@12]@@@ [12sant12?] så her har vi funne ut at e-, her hjelper vi hverandre. gjør vi ein feil, ‘herregud ‘eg og gjør ‘feil, alle gjør feil, då bare ‘retter vi det opp igjen fort og mulig.
11

45 46 47 48 49 50 51 52 53 54

Svein

Robert Svein

Her ser vi eit godt eksempel på at det kan vera flytande grenser for både kva forteljing som blir fortalt og kven det er som fortel den. Her blir det ikkje fortalt ei spesifikk forteljing, men ei generalisert forteljing om noko som skjer ofte. Generaliserte forteljingar kan vere forteljingar om noko som pleier å skje, og som kanskje er kjent for dei lyttarane som høyrer på. I dette tilfellet er det: ein strippar sit på maskina og skal gjera noko lurt og smart, nokre ekstra finesser på maskina som mislukkast totalt, og han tenker ”fy faen for ein idiot eg er”, men ringer på hjelp, og resten av teamet kjem og hjelper han – utan å kjefte eller seie noko. Om vi ser på Svein og Robert sine bidrag i samtalen, kan det sjå ut som om dei fortel kvar si forteljing. Det kan sjå ut som om dei fortset på sine ytringar sjølv om dei blir avbrotne, men om vi ser på Svein og Robert si grunnleggjande forteljing (Norrick 2000, sjå 3.4.4) kvar for seg, ser vi at begge forteljingane manglar ei indre hendingsrekkje der ytringane har ein logisk samanheng: Svein si grunnleggjande forteljing: Robert si grunnleggjande forteljing:

4 5 6 7 8 10 13 15 17 19

når noen gjør ein feil, ja så gjør vi ein feil så gjør vi ein feil. (..)det e det som eg sir vi og, vi gjør så mye ’feil og vi faste at edet e !heilt utrolig altså, vi kan få sånne ’skjæringar som ikkje ligne verken ’fugl eller fisk. vi skal vera litt ’lurare ’smartare, å !fy !faen. det gjør jo eg og det, koffor !faen gjorde eg det der sant,

9 14

16 sir 18

vet du ke eg-eg har sotte på maskina og så har eg sagt har eg sagt til meg sjøl, fy faen for ein idiot du e eg til meg sjøl, koffor gjorde du det der der.

Isolert sett så er ikkje desse grunnforteljingane fullstendige med ein episode med ei hendingsrekkje og poeng, men dei smeltar saman slik at denne samhandlinga mellom Robert 67

POENGANALYSE

og Svein skapar ei generalisert forteljing om same erfaring. Samforteljarar (”co-tellers”) blir definert som ”if two or more participants contribute substantial details, evaluation or dialogue to a story, they may be considered co-tellers or co-narrators” (Norrick 2000:28). Som vi ser her, produserer arbeidarane forteljingar i fellesskap gjennom å gi eigne bidrag som byggjer opp ei forteljing. Norrick har sagt om samproduksjon i forteljingar (ibid.:199):
Co-narration throws into relief the negotiated character of conversational storytelling, and it illustrates how narration balances memory and context to generate a coherent, understandable performance.

Gjennom å samfortelje forhandlar forteljarane om kva dei hugsar og kva som er viktig å fortelje for å få fram ei forståeleg forteljing og poeng. I denne samskapinga av forteljinga går samtalen fort, og vekslinga i turtakinga skjer gjennom overlappande tale. Den eine startar der den andre sluttar. Dei tek opp kvarandre sine uttrykk og bekreftar dei med å fortelje vidare. Robert gir ein minimal respons som støttar opp om det Svein seier (i linje 3). Robert prøver å få ordet med å annonsere ei forteljing (i linje 9) som blir ei svarforteljing som illustrerer dei utsegna Svein har ytra (i innleiinga, linje 4-8). Svein er riktignok ikkje heilt ferdig med turen sin, men annonserer si potensielle forteljing gjennom kommentaren om at alle (vi faste ansatte) kan få ”’skjæringar som ikkje ligne verken fugl eller fisk” (linje 10). Dette verkar som ei passande forklaring på dei skjæringane som kan komme sidan Kjersti og Sissel ler. Latteren bekreftar at dei lyttar (og er med i samtalen) og at poenget er morosamt. Robert tek utgangspunkt i Svein sine ytringar, og byggjer vidare på den forteljinga Svein starta på. Han fortel kva han seier til seg sjølv når han sit på maskina (linje 16) etter han har vore ”litt ’lurare ’smartare” (Svein sin replikk i linje 13) og fått ein stor skjæring som ikkje likna verken fugl eller fisk (Svein i linje 10). Før Robert rekk å meddele korleis det kjennest å sitje der etter å ha feila, banner Svein ”fy faen” (i linje 15) og understrekar kor ille ein slik situasjon er. Robert repeterer banninga; ”fy faen for ein idiot du e sir eg til meg sjøl” (linje 16). Svein seier han gjer det same ”det gjør jo eg og det” (linje 17) og omtrent samtidig seier dei i kor: ”koffor gjorde du det der” (Robert seier ”du”, men meiner truleg seg sjølv i linje 18) og ”koffor ’faen gjorde eg det der” (Svein linje 19). Om vi ser på samspelet mellom Svein og Robert, ser vi at ytringane er forlengingar av kvarandre sine forteljingar. Dei har opplevd det same, dei (seier dei) har tenkt det same, og no formidlar dei forteljinga saman.

68

KAPITTEL 7

6.1.2 Samskaping gjennom svarforteljingar
I neste sekvens ser vi fortsetjinga av samtalen over. Svein går over frå å fortelje om feil og samarbeid (i forrige avsnitt) til å fortelje om Grønsdal, ein annan arbeidar som gjekk til sjefar og sladra. Robert overtar samtalerommet (linje 64) og fortel ei forteljing om då han fekk nok av skiftkameraten Lars Ivar si drittslenging og skulle få han til å halde opp. Vidare kjem Svein med ei forteljing (linje 85) om sjefen som kom inn for å høyre korleis arbeidet gjekk, men som blir jaga ut at av Svein. Samtale 2.3 ”det går vel til ’helvete” (1 minutt 22 sekund)
55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80

Svein Robert Svein Robert Svein Robert Svein Robert

Kjersti Robert

me- ha- viss alle-når Grønsdalen var på? dø-så gikk det [!to] ‘timar et- kom heim-[<X kom på-- X>] så fortalte heile Odda ..kor mye gale det var. dø-sant? e- hadde bilde henganes her da, satt Lars Ivar der, (..) s- så satt eg der, så var det noe drit han sa til meg, så var det skiftplanen då og noe sånn greier sånn, så sku eg liksom (..) hisse-så hang skiftplanen der da og så- had- e-så !heiv eg meg opp ‘eg, !kvapp han sånn at han ‘stanga håve i veggen å så <@datt han på golvet@> @@@@ trudde eg sku ta han veit du? <F <X vent ska du få se X> F> sant? {Robert reiser seg34} opp med hånda veit du, pekte på skiftplanen, ”d- d- d- å-” og forsvant ut. [a-]@@ <X a- a- a- X> han var sånn som X fortalte alt samma til sjefar og alt mulig, å <@ fy faen @> bare det atte sånn som skjedde der og, når e- du- det kom noen <XogX> sjefar fortalte det? så fikk han gjennom’gå ‘så ‘jævlig, Freimen <X sk- s- gikk X>, han turte ikkje komma inn her eingang t meg. (1.5)var et ’første nattskiftet, då han sku <X d- d- d- X>, ”‘gå ‘ut” sir eg, ”det går til ‘helvete alt” gå ut du. ’andre nattskiftet kom,

Kjersti Svein Robert Svein

81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92

Eg kan høyre på opptaket korleis Robert reiser seg og viser gjennom kroppen korleis han demonstrerer korleis han skremte Lars Ivar.

34

69

POENGANALYSE

93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107

Robert Svein

alle; Svein

Robert Svein

”<X bøeee nainai X>”, {etterligner Freim som mumler} ”!gå !ut det går til ‘helvete likavel her”, {siterer seg sjølv} @@ då var då forstod han tegninga, at det var lika godt å så-åpner han døra, ”det går vel til ‘helvete” {siterer Freim} @@@@@ ”!ut” sant? {siterer seg sjølv} det fikk ikkje noe meir de- sant? <X så d X>-det gikk ikkje an å spørra ‘meg om ‘han og ‘han, det gikk ikkje ant det veit du. nei, så de:t,

Her vekslar Svein og Robert mellom å fortelje kvar sine historier. Forteljingane er svarforteljingar til dei førre forteljingane. I denne sekvensen fortel Svein først om arbeidaren Grønsdal som sladra til heile Odda om kva som skjedde på Zinken (frå linje 55-61). Robert prøver å få ordet fleire gongar medan Svein snakkar (linje 57, 59, 62), og klarer å få det på fjerde forsøk (i linje 64). Robert kjem då med ei svarforteljing (jf. kapittel 5) til den første forteljinga, ved å gi døme på ein annan arbeidar, Lars Ivar, som ikkje oppfører seg som han skal (frå linje 64-72, 74-78). Svein tek opp att tråden om Grønsdal frå den første forteljinga, og fortset å fortelje om at han gjekk til sjefar og sladra (frå linje 80-84), før han fortel om sjefen Freim (kanskje det var han Grønsdal hadde sladra til?) som kom for å spørje Svein om korleis arbeidet gikk. Svein seier på ironisk arbeidarsjargong ”at det går til helvete” (det går eigentleg heilt greitt) og vil med dette ikkje gi noko informasjon til sjefen om korleis det går og sender han på dør tre nattskift på rad.

6.1.3 Oppsummering
I sekvensane frå samtalen over har vi sett tre hovudmønstre for korleis ein fortel samtaleforteljingar i mitt materiale. Alle tre viser eit dialogisk deltakarmønster i samtaleforteljinga. Samtale 2.1 er ei tilsynelatande monologisk organisert forteljing, der forteljaren tek i bruk andre medforteljarar og vender seg jamleg til lyttarane. Samtale 2.2 viser dialogisk samskaping av ei generalisert forteljing som er kjent for deltakarane, medan samtale 2.3 har svarforteljingar som er enkeltvis organisert og som avløyser kvarandre. Sett i samanheng blir samtaleforteljingane ein dialogisk situasjon. I både dei (tilsynelatande) monologiske forteljingane og i den dialogiske samskapinga av forteljinga, tek deltakarane i bruk diverse grep for å involvere andre og få fleire stemmer inn i samtalen. 70

KAPITTEL 7

Involvere andre deltakarar i samtalen

Prinsippet om samkonstruksjon i dialogismen spelar på det faktum at dei som lyttar er ”nærværande” i kvar ytring (Linell 2005:240). Vi har til dømes sett at i samtale 2.1, der forteljinga og samtalen er meir eller mindre monologisk organisert, vender forteljaren seg mot dei andre deltakarane i samtalen gjennom ord som ymtar om ei felles forståing av korleis verda er. Ord vi finn som vender seg mot dei andre deltakarane, er til dømes ”sant?”, ”veitu” og ”jo”. Bruken av ”sant?” kan vi sjå ei rekke stader (linje 8, 26, 32 (samtale 2.1), og i linje 19, 30, 43, 48 (samtale 2.2)). Dette kan vi tolke som eit retorisk spørsmål Svein rettar til dei andre lyttarane i rommet kanskje for å få bekrefta at dei skjønar kva han meinar35. Svein brukar også ordet ”jo” som ein solidaritetsmarkør (Svennevig 1995) i påstandar han tek for gitt at det er felles semje om. Han brukar det ikkje berre som markør til å vende seg mot tilhøyrarane i samtalen (i linje 19, 22, 23), men brukar ordet også i siteringa av Svendsen (i linje 16, 18, 20). Når han siterer Svendsen, brukar han ”jo” ironisk; som om Svendsen er på same lag som Svein, og som om dei (arbeidarane) er einige om at dei alltid er nøydt til å prøve (å få det til å fungere bra på skiftet med nye arbeidarar). ”Jo” er ei innvending mot og vurdering av det som blir hevda i samtalen, og fungerer her som ein solidaritetsmarkør. Svein markerer at han er ueinig med sjefen, men på same tid at han er på lik linje og einig med arbeidarane og tilhøyrarane. Eit anna uttrykk som er i bruk og har same funksjon, men samtidig kan bli ytra for å få ordet, er bruken av ”veit du” og ”veitu” (linje 9, i samtale 2.2, og linje 74, 76 i samtale 2.3). Vi ser altså at sjølv i ein tilsynelatande monologisk situasjon, tek talaren i bruk dei andre deltakarane gjennom å stille retoriske spørsmål og såleis ta for gitt at dei er einige i dei meiningane han gir uttrykk for.
Involvere virtuelle deltakarar i forteljinga

Det mest slåande kommunikative grepet Svein gjer i samtale 2.1 er å ha ein indre dialog (Marková 2003) der han gir att ein samtale med sjefen sin (i linje 16-21 og 36-43)36. Tannen

35

Svein brukar også ”sant?” for å hente seg inn igjen i forteljinga, og å komme tilbake til forteljinga sitt univers (i linje 35 samtale 2.1, og i linje 30 samtale 2.2). 36 ”Indre dialog” kan referere til to ulike ting (som delvis høyrer saman): 1) ein deltakar sin (kanskje lengre, monologiske) replikk som kan innehalde til dømes sitat, utsegn eller tankar som tilhøyrer nokon annan (som vi ser i dette tilfellet), og 2) ein indre dialog ein deltakar har med seg sjølv, der ein kanskje ”siterer” andre, men

71

POENGANALYSE

(1989) argumenterer for at ein slik samtale ikkje er ei direkte attgiving av ein samtale, men ein ny konstruksjon av ein samtale: ”’reported speech’ is not reported at all but is creatively constructed by a current speaker in a current situation” (ibid.:105). Tannen skriv om det ho kallar konstruerte dialogar:
the lines of dialogue (…) are not reported but rather constructed by the speaker, like lines in fiction or drama, and to the same effect. Through the animation of dialogue with paralinguistically distinct and highly marked voice quality, the speaker constructed a drama involving lifelike characters in dynamic interaction. As onlookers to the drama, the audience becomes involved by actively interpreting the significance of character and action. (Tannen 1989:124)

Tannen seier her at sitering skapar meir drama ved at den er så umiddelbar og direkte, og er slik eit effektivt verkemiddel for å skape underhaldning. Overført til mitt materiale skapar Svein (i samtale 2.1) ein ekstra underhaldningsdimensjon i forteljinga og poenget sitt, ved å etterlikne korleis han og sjefen snakkar saman. Adelswärd et al. (2002) kallar ein slik konstruksjon for ”virtuell samtale” (“virtual talk”) og deltakarane i denne for virtuelle deltakarar (”virtual participants”). Virtuelle deltakarar kan både vere tenkte meiningar til nokre generelle andre, men også faktiske referansar til verkelege personar. Vi ser dei virtuelle deltakarane i samtalar når “speakers integrate voices of others in the form of direct speech to achieve certain effects in the current situation” (Adelswärd 2002:2). Svendsen blir altså ein virtuell deltakar i Svein sin samtale med Robert og dei andre deltakarane i samtalen, i og med at dei (faktiske) deltakarane i samtalen gir stemme til og refererer til meiningane til andre personar som ikkje er tilstades. Å bruke virtuelle deltakarar, er ein kommunikativ ressurs deltakarane kan ta i bruk for å for å framheve noko og til å posisjonere seg. I forteljingar får innslaget av virtuelle deltakarar ein dramatisk effekt og skapar ein umiddelbar nærleik og aktualitet i utsegna (Tannen 1989, Eriksson 1997, Adelswärd et al. 2002).
Quotations are an important device used by the participants when defining their own identity and when speaking about the identity of others. Their functions are not only to dramatise, create scenes but also to characterize persons and positions. (Holsanova 2006:257)

som ikkje blir uttala høgt og eksplisitt. Det er altså ein dialog i deltakaren si ”indre” tankeverd. (Linell 2006b/u.a. )

72

KAPITTEL 7

Sitat frå virtuelle deltakarar kan bli brukt for å illustrere at nokon er einige med talaren (og derfor understøtter det talaren seier), men det kan også bli tatt i bruk når talaren vil ta avstand frå den siterte personen sine meiningar, idear eller standpunkt. Den faktiske talaren konstruerer då stemmer som han kan motseie (Adelswärd et. al. 2002, Holsanova 2006). Som vi skal sjå (i kapittel 7) kan siteringa av andre vere eit effektivt middel for å få fram forteljaren sitt poeng. Det som ikkje kjem fram på lydopptaket her, er at Robert (i samtale 2.3) demonstrerer kvar deltakarane i forteljinga satt, og han reiser seg og viser med kroppen kva som skjedde og korleis han skremmer Lars Ivar; korleis Lars Ivar skvetter og dett på golvet. Demonstreringar av korleis ting har skjedd, ser ut, lukter etc. er også sitering, og er på same vis (som nemnt over) ein måte å vise fram forteljaren si haldning til det han demonstrerer (Clark & Gerrig 1990). Vi kan altså høyre på opptaket og lese ut av transkripsjonen korleis Robert demonstrerer og dramatiserer (delar av) ein virtuell samtale: ”vent ska du få se” seier han ganske høgt (i linje 75) og retta mot Lars Ivar som berre er tilstades som imaginær og virtuell deltakar på ein stol ”der” (som Robert nærmar seg for å skremme). Robert skremmer både den virtuelle Lars Ivar i forteljinga og dei reelle, lyttande deltakarane i samtalen med denne høge ytringa der han siterer seg sjølv. Han seier han lata som han skulle slå Lars Ivar (”opp med hånda veit du”, linje 76), men peiker i staden på skiftplanen som hang over Lars Ivar. Han avslutter forteljinga si ved å få fram korleis Lars Ivar stammar seg ut av rommet (linje 78). Virtuelle samtalar er altså ikkje korrekt attgiving av samtalar slik dei gjekk føre seg, men ein ny konstruksjon som gir ny meining. Vi kan seie at den virtuelle samtalen vi finn i utdrag (1) er ein virtuell samtale som framstår som ei attgiving av ein (eller fleire) samtale som har funne stad, men er først og fremst ei dramatisering Svein konstruerer for å oppnå ein ønska effekt og illustrere eit poeng i forteljinga. Som vi får sjå under, brukar Svein den virtuelle samtalen som ein kommunikativ ressurs for å illustrere avstanden mellom sjefen og arbeidaren på denne arbeidsplassen. I utdrag (2) og (3) ser vi korleis Robert og Svein siterer seg sjølv og andre arbeidarar, og vi ser korleis virtuelle samtalar og dei siterte virtuelle deltakarane er med på å understreke poenga i forteljingane, samtidig som dei underheld lyttarane og er morosame. Vidare vil vi sjå at verkemidla for iscenesetting (som eg kjem til å gå gjennom under) både er med på å byggje opp forteljinga, skape innleving for lyttarane, og understreke effekten av den virtuelle samtalen.

73

POENGANALYSE

Vi har no sett døme på korleis deltakarmønsteret påkallar dialogisk samskaping av forteljingar, og korleis forteljaren brukar kommunikative grep som virtuelle deltakarar i samtalen for å skape meir innleving og underhaldning i forteljingane. Eg skal no gå vidare inn på kva andre grep som blir gjort for å iscenesette denne samtaleforteljinga.

6.2 Framstilling av karakterar
At forteljinga får fram ein avstand mellom arbeidarane og sjefen, kan vi mellom anna sjå i bruken av dei personlege pronomena ”vi”, ”du”, ”han” og ”de” (i utdrag 1). Desse pronomena fungerer som solidaritetsmarkørar og er med å forsterke avstanden mellom sjef og arbeidar sidan det er eit skilje mellom vi/oss arbeidarar og du/dei sjefane (Svennevig 1995:180-181). Den første forteljinga er fortalt for å få fram eit poeng om Svendsen - at ”Svendsen var ein sånn sosial mann” (linje 14). Denne ytringa kallar på andre assosierte forteljingar (jf. kapittel 5.3.2) om Svendsen; at han stiller opp og hjelper til når det oppstår skjæringar eller i anna tungt kroppsarbeid. Han er ein sjef som også legg vekt på det sosiale miljøet og kjem til dømes uoppfordra med smørbrød til arbeidarane. Dette ligg som ein bakgrunn for forteljinga, og blir ikkje fortalt i samtalen. Forteljinga om Svendsen står i kontrast til desse vanlegvis positive eigenskapane, men i dette tilfellet har ytringa ein ironisk vri, ein slags dobbeltironi (der han både meiner og ikkje meiner det han seier), og ytringa blir brukt mot Svendsen. Sidan han ”var ein sånn sosial mann”, tok han inn ymse typar av tilsette som ”vi” arbeidarar måtte arbeide med. Det finst ein kontrast mellom korleis Svein framstiller sjefen sitt ”vi” i ”vi må jo prøva”, og bruken av ”vi” når Svein ymtar mot si eiga gruppe, arbeidarane på golvet (linje 23, 27, 4143). Det førstnemnte er eit inkluderande ”vi” – at ”alle vi” bør hjelpe til for å integrere nye arbeidsfolk. Svein brukar det derimot ironisk (om Svendsen som er ”ein sosial mann”) og viser at sjefen har ei for positiv innstilling til dei problema som oppstår; han er jo ikkje arbeidar, og han forstår ikkje. Det andre ”vi” er ekskluderande, og Svein stiller arbeidarane opp mot leiinga. Bruken av det andre ”vi” er også det som kontekstualiserer forteljinga til notida, og vender seg til lyttarane i pauserommet, og forklarar til dei Svein sine haldningar til kva som skjer i den virtuelle samtalen. Han får fram sitt (forteljar-) poeng og formidlar med sitt ekskluderande ”vi”, skiljet mellom sjef og arbeidar. 74

KAPITTEL 7

Svein byggjer opp forteljinga i den virtuelle samtalen (i samtale 2.1) med argument om at; ”de (=arbeidarane som ikkje passar inn på skiftet) har vært på ’alle skift” (linje 17); ”men det er jo !håpløst” (linje 19); ”det e jo !vi som får problemene” (linje 23, 42); ”det e vi som skal jobba sammen med de” (linje 41, 43), medan Svendsen stort sett berre seier ”vi må jo prøva” (linje 16, 18, 20- 21, 36). Svein brukar her eit retorisk grep når han lar sjefen seie ”vi må jo prøva” tre gongar etter kvarandre (linje 16, 18, 20-21), og framstiller sjefen som om han alltid seier det samme, uansett situasjon og kva innvendingar Svein kjem med. Vi kan godt tenke oss at denne samtalen har arta seg slik fleire gongar. Det har trass alt vore ein del utskiftingar på skiftet (linje 2), og sjefen seier kanskje kvar gong ”vi må jo prøva” i meininga av at kvart menneske må få ein sjanse (sidan han er ein sosial mann), eller for å få skryten hos leiinga. Svein framstår som ein som seier imot sjefen. Han skapar spenning og kontrast i samtalen ved (i samtale 2.1) å framstille sjefen si stemme som spiss, tynn og klagande, medan han sjølv får ein tøffare klang i stemmen og er meir engasjert, argumenterande og høglydt når han seier korleis han sa ifrå til sjefen. I samtale 2.3 framstiller Svein sjefen som ein mumlande spion som ikkje har så mykje på pauserommet å gjere. Freim er ein ”vikarsjef” og ein av dei sjefane som berre av og til er inne for å avløyse driftsleiaren. Svein gjer eit poeng av at Freim var ute etter å spionere og sladre, men at det ikkje nyttar å komme til Svein for å få han til å hjelpe til med det. Dette er likevel ikkje eit poeng i hendingsrekkja i denne forteljinga, men han lar det vera grunnen og motivet til at han fortel om då Freim kom inn på pauserommet. Det kan vere verdt å vite at det er forventa at sjefen skal komme inn på pauserommet, setje seg ned, forhøyre seg om arbeidet, ha kontroll og vite kva som skjer. I forteljinga til Svein (i samtale 2.3) er ikkje dette ein sak. Svein seier at ”Freimen (…) turte ikkje komma inn her eingang til meg” (i linje 85-86). Dette er ei overdriving. Freim kjem faktisk inn. Det ser vi utifrå at Svein vil ha han ut att. Fakta er at Freim ikkje blir så lenge. Eg satt sjølv ved sida av Svein når Freim kom innom. Svein sa ikkje ”gå ut”. Han sa derimot at ”det går til helvete”. Det er ein arbeidarsjargong fleire arbeidarar brukar når nokon spør korleis det går. Forteljinga til Svein framstiller sjefen som ein mann som kan slå ein spøk. Freim framstår som ein som skjønnar arbeidarsjargongen og tar eit poeng, men Svein kontekstualiserer denne forteljinga i samtalen med ei negativ vinkling, både før og etter forteljinga; at sjefen vil at Svein skal sladre på dei andre arbeidarane.

75

POENGANALYSE

Både Svein og Robert gir døme på at dei kan seie ifrå til andre som ikkje gjer slik som dei skal. Robert seier ifrå til ein arbeidar som ikkje oppfører seg riktig mot Robert, og Robert prøver å skremme han slik at han sluttar, medan Svein si framstilling av korleis situasjonen var og kva som skjedde, får fram at han sjølv var årsaka til at Freim ikkje kom inn (linje 86) og ikkje blei verande, men måtte gå (linje 89, 91, 94). Dei framstiller seg sjølve som arbeidarar som står imot sjefen og frekke arbeidarar. Ved å bruke direkte tale til sjefane og sitere kva dei seier, gjer Svein nærværet av sjefane meir synleg i samtalen, og det blir meir spennande for lyttarane å følgje med. Å bruke ei slik tilgjort stemme, og endre stemmekvaliteten til sjefen på ein kanskje ikkje så positiv ladd måte, er med på å understreke poenga i forteljingane. Svendsen blir framstilt i den første virtuelle samtalen som ein som drar fordelar hos sjefane på kostnad av arbeidarane; nettopp fordi han er ein sosial mann som alltid vil hjelpe (alle) arbeidarar til å trivast i arbeidet. Svein framstiller sjefen Freim (i samtale 2.3) som ein som kom og stadig skulle spørje om informasjon om dei andre arbeidarane, sjølv om han kanskje berre var ute etter å spørje korleis arbeidet gjekk, og han viser fram korleis dette ritualet gjentar seg i tre nattskift. Ironien og dei implisitte forteljingane i byrjinga av samtale 2.1 er med på å (iscene)sette karakterane i forteljinga og den virtuelle samtalen opp mot kvarandre, og gjer skildringa meir livfull og kompleks. Vi kan også lese ein avstand mellom ulike arbeidarar i forteljingane, mellom dei skikkelege arbeidarane og dei som ikkje passar inn og dermed ikkje er skikkelege arbeidarar. I samtale 2.1 skil Svein arbeidarane gjennom det inkluderande ”vi” (linje 23, 27, 41-43) og det ekskluderande ”de” (linje 26, 27, 41), og framstiller ”de” som håplause som berre skapar problem for dei som kan jobben og må ”jobba med dette herre” (linje 43 i samtale 2.1). I samtale 2.2 er skiljet mellom gode og dårlege arbeidarar også tilstades. Der fortel Svein og Robert om korleis ein (ikkje) skal vere arbeidar på denne arbeidsplassen, og siterer stemmene til andre arbeidarar. I samtale 2.3 fortel Robert om ein arbeidar som var ute etter Robert, og at han måtte skremme han for å få han til å stoppe (eller for å få han ut av rommet (linje 75-78)) medan Svein fortel om arbeidaren Grønsdal som gjekk ut i Odda og sladra om kva som skjedde på arbeidsplassen. I overgangen frå å fortelje om arbeidaren Grønsdal til å fortelje om sjefen Freim, kan vi tolke inn forståinga av at Grønsdal også har sladra til Freim, og har fått gjennomgå for det (linje 83). At han fekk gjennomgå, blir ikkje kommentert vidare. Grønsdal har gjort noko han ikkje skal. Han er ein arbeidar som ikkje har skjønt korleis han skal vere. 76

KAPITTEL 7

Dette blir sagt i innleiinga til forteljinga om Freim og står som bakgrunn og motivasjon for at Svein fortel denne forteljinga.

6.3 Positive fornærmingar, banning og overdrivingar
Robert avbryt forteljinga til Svein og slår ein spøk som går ut over Svein (i linje 26-27 i samtale 2.2). Han kjem med ein kjapp replikk om kvifor andre ikkje kan komme til Svein og fortelje han korleis han skal gjere arbeidet sitt. Det ”blir et ’helvete”. Dette kunne vore ei fornærming, men det blir ikkje behandla slik av Svein og dei andre som høyrer på. Dei ler og det kan verke som ein bekreftande latter. Kommentaren hintar til dei forteljingane som verserer om Svein, og korleis han er som arbeidar. Dei andre lyttarane kjenner han, og dei veit korleis han er som arbeidar – det hadde nok blitt eit helvete. Svein banner med emfatisk trykk og kommenterer korleis Vidar (i den tenkte verda) ville reagert om dei hadde sagt noko til han: ”hadde du sagt det så hadde du blitt ’nikka rett ’ned, blitt slått spint ihel ut på der” (linje 45-46). Robert støttar opp om det Svein har sagt med kommentaren ”det gårkje an det” (linje 44) og med latter (linje 46). Han lar seg bli underhalden og forstår poenget til Svein. Dei kan ikkje seie til ein annan arbeidar korleis dei skal gjere jobben sin. Det er vel ingen som trur dette hadde skjedd bokstaveleg, men det gjer forteljinga underhaldande og morosam. Kanskje nettopp fordi det er så overdrive og sett på spissen. Det er likevel ei god karakterisering av kva ein kan kjenne ein blir utsett for om Vidar blir sint. Vi kan også sjå korleis råheita på denne arbeidsplassen blir formidla gjennom forteljingane. Ein ny tenkt situasjon dukkar opp i forteljinga om Vidar på skiftet som av og til blir sint og stressar rundt (og ”får byo”) etter at han har rota det til på maskina. Forteljinga fortel også kva som hadde skjedd om ein hadde kjefta på han for dei feila han hadde gjort. Når Vidar er sint og stressar rundt, så kan ikkje dei andre seie ”du må jo for !faen følga med her” (linje 4142). Forteljinga understrekar poenget til Svein ved å ta utgangspunkt i kva du ikkje skal gjere, noko som står i kontrast til poenget. Banninga blir brukt for å forsterke uttrykk eller oppfatningar, og fargar kontrastane i forteljingane endå meir enn om dei ikkje hadde vore der. Banninga har slik ein funksjon som ein forsterkar. Samtidig er det slik at når banning er så mykje i bruk som her, kan effekten forsvinne. Det blir då trykket på sjølve orda i banninga som signaliserer kor mykje det understrekar og forsterkar poenget. 77

POENGANALYSE

I samtale 2.2 kan vi sjå at der Svein og Robert er mest beinharde og tøffe, ler også dei mest. Ein kan berre spekulere i kvifor ferievikarane Kjersti og Sissel ikkje gjer det same: om dette grunnar i at dei ikkje er nok inne i denne arbeidarsjargongen og at dei derfor ikkje gir uttrykk for at dette er så artig. Uansett kva grunn det har viser slike bemerkingar at det er etablert eit miljø der ein kan slenge litt skit om (og til) kvarandre og at det kan bli oppfatta positivt. Det byggjer opp om det biletet dei sjølv er med på å skape av seg sjølve gjennom forteljingane.

6.4 Repetisjon
Forteljingane har mykje repetisjon i seg. Til dømes blir eit poeng gjerne presentert i byrjinga av forteljinga og repetert til slutt. Eit døme på dette finn vi i samtale 2.2 når Svein avslutningsvis nøstar opp att det han sa i byrjinga av sekvensen, og han seier nesten ordrett det same: ”her har vi funne ut at e- her hjelper vi kvarandre” (linje 49-50) og ”alle gjør feil”. Alt i alt nemner Svein ordet feil heile sju gongar i denne sekvensen, og kvar forteljing har handla om kva ein skal gjere når ein sjølv (eller andre) har gjort feil. Det er faste tilsette som snakkar til kvarandre og til ferievikarar. Dei fortel korleis ein (ikkje) skal vere på denne arbeidsplassen. I byrjinga av sekvensen (linje 2-5) formulerer Svein sin bodskap (at ein skal samarbeide sjølv om vi gjer feil av og til, for alle gjer feil). Deretter blir dette understreka og forsterka ved hjelp av forteljingar. På slutten kjem Svein med ein reprise av bodskapen og argumentasjonen sitt poeng (linje 49-53 i samtale 2.2). Ei slik inndeling kan minne om Antaki og Wetherell (1999) sine funn om ein tredelt struktur i argumentasjonar: påstand (”proposition”), moderasjon (”concession”) og reprise av påstand (”reassertion”). For å moderere (mildne) det han har sagt, brukar Svein ei forteljing før han kjem tilbake til det som er poenget sitt – den opphavelege påstanden. I samtale 2.3 tek Svein i bruk ein tredelt listestruktur (Jefferson 1991) i inndeling av hendingsrekkja i forteljinga. Den tredelte listestrukturen er ein ressurs talarar og lyttarar orienterer seg mot når vi snakkar med kvarandre. Den byggjer på at tre ledd i samtalestrukturen viser same sak og slik skapar ein retorisk effekt (ibid.). I forteljinga i samtale 2.3 nyttar Svein denne tredelte lista til å byggje opp spenninga (og forteljinga) med å seie at dette var noko som gjentok seg over tre skift: ”første nattskiftet” (linje 87), ”andre nattskiftet” (linje 92) og det tredje nattskiftet blir ikkje presentert eksplisitt, men ettersom Svein jaga han ut enda ein gong og Freim ”forstod (...) tegninga” (linje 96), forstår vi at dette 78

KAPITTEL 7

skjedde på det tredje nattskiftet. Denne tredelte repeteringa av hendingane og inndelinga av forteljinga er med på å byggje opp spenninga til kva som skjer det tredje nattskiftet. Vi forventar at noko skal skje den tredje gongen. Svein innfrir forventningane og lar (virtuelle) Freim sitere Svein og komme med (det overraskande) poenget i forteljinga: ”det ’går vel til ’helvete” (linje 98). Om dette mønsteret gjentok seg tre gongar på rad, er uvisst. Eg er freista til å tru at det ikkje skjedde akkurat slik som Svein påstår, men at Svein gjer forteljinga meir verdt å fortelje ved å gi historia ei tredeling og eit kjent forteljarmønster for lyttarane. Svein brukar også ei tredelt liste av argument i samtale 2.1. Her brukar han denne inndelinga for å understreke poenget sitt om at arbeidarane får problema (linje 41-43), og dette står i kontrast til den todelte lista (i linje 37-38) at Svendsen får ikkje problema, berre skryten.

6.5 Ei alternativ verd i ein tenkt situasjon
I samtale2,2 er det framstilt to bilete av verda: 1) verda slik den er (linje 1-23, linje 30-40, linje 49-54), og 2) verda slik den ikkje er; ein tenkt situasjon (linje 24-29, linje 41-48). Desse blir vurdert opp mot kvarandre, og den tenkte situasjonen blir framstilt som lite reell: ”så fåkje du høra at e- ’koffor !faen gjorde du ikkje ”sånn og sånn”” (linje 24-25). Også i dette alternative fiksjonsverdsbiletet tek Svein i bruk virtuelle deltakarar, både som stemme til ein generell arbeidar (”’koffor !faen gjorde du ikkje” i linje 25), men også stemme til Vidar – ein spesifikk arbeidar (”sånn og sånn” i linje 25). Den generelle arbeidaren blir markert i samtalen ved at Svein skiftar stemmeleie og blir mørkare i stemma, medan siteringa av Vidar blir uttrykt på ein måte som kjenneteiknar Vidar sin måte å snakke på. Desse virtuelle ytringane blir sagt i kontrast til kva som er Svein (den faktiske talaren) sitt poeng; at arbeidarane hjelper kvarandre og samarbeider når nokon gjer ein feil. Vekslinga på bruken av ulike stemmer; Svein, sjefen, spesifikk og generelle arbeidar(ar), gjer samtalen mykje meir underhaldande – kanskje særleg for dei av lyttarane som klarar å kjenne att kven dei siterte stemmene tilhøyrer. Denne konstruksjonen er med på å gje bilete til korleis arbeidssituasjonen er, korleis den ikkje skal vere, korleis den generelle arbeidaren oppfører seg, og den er med på å bekrefte forteljingane som eksisterer om denne spesifikke arbeidaren Vidar. Kanskje ser vi her eit døme på at deltakarane leikar seg og utvidar det virtuelle rommet: i den tenkte alternative forteljinga får den virtuelle deltakaren ein hypotetisk eller tenkt kvalitet, altså Svein konstruerer ei fiktiv verd, med fiktive personar i, og det dei seier er ting dei aldri ville sagt. 79

POENGANALYSE

6.6 Oppsummering
Det vi har sett i desse sekvensane er at forteljingane blir iscenesette av og gjennom deltakarane på ulike måtar. Forteljarane tek i bruk ei rekkje verkemiddel for å få fram bodskapen sin, men fleire kjenneteikn går att. Vi har sett tre utdrag frå ein samtale der forteljingane har stått i kø. Deltakarmønsteret har vore variert og dynamisk. Vi har sett at i ein og same samtale har deltakarmønsteret gått frå å vere forteljingar med låg grad av samskaping, til dialogisk samskaping av ei generalisert forteljing og til samskaping gjennom svarforteljingar. Vi har sett at samskaping med andre deltakarar er eit mål i seg sjølv. I forteljingane med éin forteljar og låg grad av samskaping, tek forteljaren i bruk andre (virtuelle deltakarar) sine meiningar og skapar slik ein dialogisk situasjon. Vi har sett døme på korleis deltakarar i samtalen smeltar saman ei forteljing ved å lytte på kvarandre sine ytringar, og fortelje vidare utifrå perspektivet til den andre, og vi har sett døme på forteljingar som er konstruerte som svar til andre forteljingar. Å fortelje er slett ikkje ein monologisk situasjon, men ein dialogisk situasjon som tek i bruk virtuelle og reelle deltakarar i samtalen. Forteljarane vidarefører poenga som er fortalt før og byggjer opp forteljingane som repeterer uttrykk frå tidlegare forteljingar. Forteljaren kan også bruke virtuelle deltakarar i forteljingane for å få fram haldningar og meiningar som forteljarane kan vere ueinige med, eller bruke virtuelle deltakarar for å etterlikne dei og skape ein dramatisk effekt. Forteljarane brukar mellom anna stemma til å få fram trykk på særlege ord som er meiningsberande for poenget i forteljinga. I alle desse sekvensane er det Svein og Robert som har snakka mest. Dei fast tilsette har fortalt kvarandre og ferievikarar korleis det er på denne arbeidsplassen. Ferievikarane har mest høyrt på og ledd der poenga slo inn. Dei faste har, gjennom forteljingane, gitt leksjonar i korleis ein er ein god arbeidar på dette skiftet. Det er lite truleg at denne samtalen skulle finne stad om lyttarane hadde vore arbeidarar som hadde jobba saman i fleire år, og ikkje var ferievikarar og lite rutinerte arbeidarar som i dette tilfellet. Det er ferievikarane desse forteljingane er retta mot. Kanskje seier Svein og Robert noko om at dei ikkje skal ta kritikk så tungt; og ”trøyster” dei med å seie at alle gjer feil. Ein annan motivasjon med å fortelje desse forteljingane kan vere eit ynskje frå Svein og Robert om å oppdra ferievikarane til å bli

80

KAPITTEL 7

gode i teamarbeid, og om mogleg rette opp ein feil kurs hos nokre av ferievikarane. Dei seier til ferievikarane at dei ikkje skal la vere å hjelpe om nokon har gjort ein stor, sjølvforskyldt feil, men dei oppdrar dei til å samarbeide og vere skikkelege mot kvarandre. Dette kan vere forteljaren sitt (underliggjande) poeng. Vi ser at om vi studerer iscenesettinga av forteljinga kan ein oppdage korleis forteljaren får fram poenget sitt og gjer forteljingane aktuelle i konteksten. Forteljingane blir konstruerte for å illustrere forteljaren sitt poeng. Som vi har vore inne på tidlegare har forteljingar poeng på fleire nivå, og kva som kjenneteiknar desse kjem eg til å utforske nærare i neste kapittel. Der skal eg forklare og gjennomgå forteljingspoeng, forteljarpoeng og det underliggjande poenget.

81

KAPITTEL 7

7 Poenganalyse
Som vi har sett i dei førre kapitla, kan forteljingar ha fleire poeng på fleire nivå. Som eg har vore inne på (sjå kapittel 2) skildrar Viveka Adelswärd (1997) tre ulike poeng på ulike nivå i forteljinga: forteljingspoeng, forteljarpoeng og underliggjande poeng. Desse poenga blir formidla så og seie samtidig i kommunikasjonen, men i dette kapittelet skal eg prøve å gjere eit analytisk skilje mellom dei ulike poenga i ein samtale og analysere nye utdrag med utgangspunkt i desse tre typane av poeng i forteljingane. Eg vil først vise fram forteljingspoeng i alle samtaleforteljingane, før eg viser forteljarpoenget i nokre av samtaleforteljingane, og avsluttar med å skildre det underliggjande poenget i samtaleforteljingane. Mot slutten av kapittelet kjem eit utdrag frå ein ny samtale der eg gjer ein samtaleanalyse av alle poenga.

7.1 Forteljingspoeng
Forteljingspoenget finn vi om vi studerer forteljinga som ein intern struktur uavhengig av den samtalesamanhengen den står i. Vi kan då analysere innhaldet i forteljinga og sjå på vokabular, tema og struktur i forteljinga. Eg stiller spørsmål som: kva handlar forteljinga om? og korleis er den bygd opp for å få fram eit poeng?. Den første samtalen i dette kapittelet er eit langt utdrag med seks forteljingar om sjefen Lægreid. Tilstades er Helge, Bjørn, Silje, Mari og Frode. Samtale 3
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

”Lægreid har eg tatt mange gangar” (4 minutt 2 sekund)
har tatt mange oppi gjennom årene der e, @hx har eg. (3.4)ka sir du Silje? Lægreid har eg tatt mange gangar. [(1.0)<GJESP har sotte inn plater GJESP >] [kom inn her], så var det ‘pause her vet du, ‘rett etter matpausen, vi hadde ‘tatt det vi sku ‘ta og greier, satt vi her og slappa av, {viser korleis han slappar av} tenkte eg, så gikk han forbi her, så snudde han rundt, (..)<F ”‘sitter ‘her og ikkje ‘gjør på ‘noe?” F> {siterer Lægreid} <P så satt vi lenge P>,

Helge Mari Helge Bjørn Helge Mari Helge

83

POENGANALYSE

17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68

Bjørn Helge

Bjørn Helge

Bjørn Silje Helge Silje Helge

Bjørn Helge Bjørn Helge Bjørn Mari Silje Mari Silje Bjørn Mari Bjørn Silje Helge Bjørn Helge Mari Bjørn Helge Bjørn

Helge Silje Bjørn

@@@@ <P vi satt lenge P>, Laffen var på her, var på overtid med oss, (1.8)”ka i ‘helvete e det du sier” sir eg sa eg, (1.2)”har du noe ‘med ka’eg holder på med” sa eg, ”forresten så kan du ‘dra til !helvete ut ‘herifra” sa eg. <Xdau dauX> {siterer Lægreid som mumler} <F”ja ‘så ‘gå !ut då sa eg”F> var eg sintare,[sant]? [@@@] så går han ut, {reiser seg} (..)så går han forbi her, så står han her her, {viser pekefing mot hodet så peiker han på meg, som blir vridd rundt} (..)<@ sånn her @>, på meg sånn herre, @@@ Lægreid? <@Pål Lægreid ja @>. {sett seg} !gud det er jo sånn som ‘Ragde holder på med sant? eg var så e= eg e- b- b- blei så !forbanna, ka !faen har den ‘mannen-(..)det er kun !ein ‘mann som skal masa på meg og det er Johansen37. eg var på 3-skift-det er !kun ‘han som kan avgjøra ka eg ska gjøra, no skal eg fortella [littegranne] [!ingen andre.] no får du ti still. [@@@@] [@@@@] <@her må du rekka opp hånda@>. @@@ eg var på [‘3-skiftet], [@@@] så var vi ferdig med celle firogførti, @[@]@ [har] du vært på 3? <F rolig no F>. koss skift var det då? <P @@ P> også e (..) <@ var vi ferdig [på celle firogførti] @> da hadde Einar-[Pedersen X var det Pedersen sitt?] sotte opp en sånn at- tofireboks for materøret var så jævlig dårlig, så den stod, og da kom- kran- m- med heile skiten nede sant? så gikk eg foran kranen, <P vakje oppe. P> (1) off. <X va- d- s- X> og så ‘der ‘stoppa han i den tofireboksen {slår hendene sammen} sant? han ‘traff han ‘akkurat i d- ba- magen som var nede s- s‘akkurat ved siden av meg,

37

Johansen er driftsleiar

84

KAPITTEL 7

69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120

snur eg meg opp så ser eg kran- står sånn woo woo. {demonstrerer korleis kranen står} Silje @@ Bjørn også ‘kommer han igjen veit du. og eg holdt jo på eg trudde han ramla ned eg veit du, Silje <F@[@hå]F> Bjørn [måtte hive] drite i XX buksa veit du Mari <@mhm @> Bjørn så, (..)gikk han videre da han hadde fått hjulene skeive på han oppå her og, måtte jo stoppe og ‘hele driten og Kværner inn her og, da kom ‘Lægreid. det var han eg sku sikte meg inn på da. ‘Lægreiden står der ute og dirigerer ‘hele ‘gjengen vet du og dill og dall. ‘de får ikkje gjort noenting. ‘gikk eg bort til han ”få se å dra deg til ‘helvete vekk herfra så folk får jobba” sir eg. så gikk eg inn her og satt meg. kom han inn ‘der {slår hendene sammen} <@ ‘sparka meg i stolen min også gikk han @> @@@ Silje oj. Helge vi hadde jo sånn der sku- op- der nede då, skulle eg ned og se, klokka var ‘halv to på natta (..) el- ef- f-, ‘dagen ‘før var det, eg sku- bort eg sku- ‘ha meg ei ‘slegga, bygde hus då, ei ‘slegga og ei ‘øks, (..)så var eg på labben så skulle eg bort å ta ein prøve klokka halv fire på-(..)@ <@ var ‘helg og greier bort på ‘Firen @> der. så fant eg sleggo og øksa, så la eg det ved siden av ‘støperiet ‘der, sku- ta det med meg når eg kommer tilbake igjen. i det eg kommer tilbake igjen og så går eg ‘bort, då var ho halv kvart på fira, så tar eg øksa og det derre, klokko var halv kvart på fira, ‘kem er det som står ‘bak meg? ‘Pål ‘Lægreid. Frode @@ Helge også tenkte eg no må eg vere kjapp kjapp som faen. Bjørn @ Helge ”nei faen vi vi mangler ei slegge der oppe måtte ‘henta ei” sir eg, vært noe ‘gale der oppe sir eg, (..) sant? då ‘stod han bak meg (..) Helge ant skift da sku vi ned å ne- ner- i, Bjørn det er så mange X Helge skulle ned i ‘manganen og sku- ha igang smetjeten ‘halv to på natta Bjørn ehe @<@ja @> Helge !åpner døra, der står ein der med Prince {reiser seg} ‘halv to, [for seg ‘sjøl], Silje/ [@@@@] Mari/Bjørn

85

POENGANALYSE

121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132

Helge Silje Bjørn Helge Bjørn Mari Silje Bjørn Helge

133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154

Mari/ Frode Helge Silje Mari Frode Helge Mari Silje Helge Bjørn Silje Bjørn Helge Frode Bjørn

Pål Lægreid. vi begynte å lure om du var [heilt] X [@@@@]@@@ men det er ‘sant. !le:vde her ute !døgnet {sett seg} rundt. her- stod der borte og i satellitten. da var d- vi så det kom sånn røyk- [greier ut], [@@@] [@]@@ bak der stod sånn {imiterer å røyke} og ‘vi og, så slo vi ‘strømmen ut her klokka var fir- halv fira fir rundt ov- e- der ‘har ikkje hold kor tid det var då men det var på ‘natta i vertfall. ein ‘boks oppi d- Tyssedal i i skog- oppi der som hadde ‘slått seg ‘ut, så for ‘strømmen her, så ‘ringte eg vet ikkje ikkje kem <X det var eg sku- X> så eg ringte til ‘Lægreiden eg. ‘han ‘var her på ‘tre minutter, @@@ så ‘fant han ‘låg med med ‘klær [i senga] <P <X zinkenfrakken X> P> [@@] [2 @@ 2] [2 @@2 ]@@ [2@@2] det e det ‘kaldaste, !pluss [‘to ‘grader.] [@@ [@@@@@]] <X <P du ekje god P> X> [@@@@@] han va- han va- [så va- at- h- ..han fulgte ‘med veit du og] [det va ein som sa, eg veit ikkje kem som sa det], men ka stilling han hadde då? ja X, han var sånn der sjef, han var ‘sjef. XXXsjef {sensurert} men da sa det va ein som sa til ‘Lægreiden ’du er en mann som ikkje klarer jobben din, siden du må være her ‘firogtjue timer i døgnet.

Dette er eit langt utdrag med fleire forteljingar om sjefen Lægreid. Denne sjefen er ikkje sjef for skiftarbeidarane, men har hatt andre sjefsjobbar som er litt høgare opp i hierarkiet. Eg skal no gå inn på forteljinga sitt poeng i kvar enkelt forteljing.

Forteljing (1) – Lægreid kjeftar på arbeidarane i pausen

Den første forteljinga handlar om Lægreid som klaga på at arbeidarane ikkje arbeida når dei hadde pause. Det er vanleg at det kan ta litt ekstra tid før arbeidet er i gang igjen etter matpausen, og det var i dette tidspunktet Lægreid dukka opp i elektrolysehallen. Helge forklarer bakgrunnen til at dei satt der og slappa av (linje 11) med at dei var eigentleg ferdige med arbeidet (”hadde tatt det vi sku ’ta” i linje 10). Lægreid som berre skulle gå forbi, 86

KAPITTEL 7

ombestemmer seg og snur for å kjefte på dei. Helge siterer Lægreid med ei høg og streng stemma:” ‘sitter ‘her og ikkje ‘gjør på ‘noe?” (linje 15). Helge brukar lang tid på å byggje opp spenninga til forteljinga. Han seier lavt at dei satt lenge (16, 18), og kjem med ekstra informasjon om at ” Laffen (ein annan arbeidar) var på her” (linje 19,20) som er med på å drøye tida ut for at poenget i forteljinga skal bli meir slåande. Det er som om vi får vere med på korleis sinnet til Helge berre veks med tida, og så slår Helge til med ei lengre utskjelling av sjefen: ”ka i ‘helvete e det du sier”, ”har du noe ‘med ka’eg holder på med” før han jagar sjefen på dør ut med ”forresten så kan du ‘dra til !helvete ut ‘herifra” (linje 21-23). Poenget til denne forteljinga kjem fram gjennom den virtuelle samtalen der Helge seier til sjefen at han kan passe sine eigne saker og ikkje leggje seg opp i arbeidet til Helge. Avslutninga på forteljinga (frå linje 28-33) blir ei understreking av kor upassande handlingane til Lægreid er: at han går utafor vinduet og signaliserer til Helge og dei andre at Helge er idiot (med å vri om fingeren mot hodet). Han er ein sjef som ikkje har skjønt grensene for kva han har ansvar over.

Forteljing (2) – Då kranen fekk hjula på skeive og Lægreid skulle ordne opp

Sjølv om Helge prøver så godt han kan å hindre Bjørn i å fortelje, får Bjørn fortalt ei forteljing om eit avvik som kanskje kunne blitt ein stor katastrofe. Han forklarer korleis uhellet skjedde med å referere til mange kunnskapar lyttarane sit med, slik at dei skjønnar alvoret. Einar som var på labben hadde laga ei midlertidig løysing med ein to/fire-boks38 fordi ” materøret var så jævlig dårlig” (linje 61). Materøyret må stå skikkeleg for at cellene skal få god sirkulasjon, men i dette tilfellet, måtte materøyret ha hjelp for å stå oppreist. Bjørn seier at dei var ferdig på celle 44 (i linje 53, 59), og då blir kranen omprogrammert til noko anna enn kva den pleier å gjere, og difor ”kom kran- m- med heile skiten nede sant?” (linje 63) og ”der ’stoppa han i den tofireboksen sant?” (linje 67) seier han, og klappar hendene effektfullt saman. Kranen stoppa i cella rett ved Bjørn og ”snur eg meg opp så ser eg kran- står sånn woo woo”. Kranen henger i to skinner oppe ved taket, men no fekk den såpass motstand at den stod i røyrsle fram og tilbake, og Bjørn trur den kjem til å dette ned (linje 69). Men kranen gjekk vidare, den fekk berre skeive hjul (linje 77), men det var stans og reperatørar frå Kværner kom. Bjørn seier ”da kom ’Lægreid” (linje 79). Då kom Lægreid også inn i forteljinga til Bjørn. Han

38

Dette er ein planke av trematerial med ein 2/4-dimensjon.

87

POENGANALYSE

signaliserer med denne ytringa og den neste (”det var han eg sku sikte meg inn på da” i linje 80) at forteljinga før berre har vore ein bakgrunn for det han skal fortelje om Lægreid. Bjørn skildrar korleis Lægreid kjem opp i elektrolysehallen ”og dirigerer ’heile gjengen” (linje 81), med det resultatet at ”de får ikkje gjort noenting” (linje 82). Bjørn fortel vidare på forteljinga og forklarar korleis han seier ifra til Lægreid; ”få se å dra deg til ’helvete vekk herfra så folk får jobbe” (linje 84) før han går inn og setter seg, men poenget i denne forteljinga blir, som den forrige forteljinga, at Lægreid dukkar opp på eit lite gunstig tidspunkt og at han bare dirigerer andre utan å bidra til å løyse problemet.

Forteljing (3) – Då Helge skulle ha ein hammar og ei øks

Forteljing (3) handlar om Helge som hadde tenkt å stele ein hammar og ei øks fordi han heldt på å byggje hus. Helge hentar utstyret i matpausen, plasserer det ved støperiet slik at han kan ta det med seg etter han har gått runden sin klokka halv fire, men det går ikkje slik som Helge vil. Forteljinga er bygd opp gjennom tidspunkt som spesifiserer når det skjedde, men som også avslører ekstra informasjon; ”klokka var ‘halv to på natta” (linje 90). Dette er matpausen og sidan det er matpause, er det kanskje ikkje så mange som er ute og traskar. Helge nyttar sjansen å hente utstyret. Han preisiserer også at ”det var helg” (linje 95). Då er det mindre arbeidarar på jobb og det minskar også faren for at nokon skal overraske deg. Helge legg utstyret klart ved støperiet; ”då var ho (klokka) halv kvart på fira” (linje 100). Helge tek utstyret frå gøymestaden og repeterer igjen tidpunktet ”klokko var halv kvart på fira” (linje 102). Det skulle eigentleg ikkje vore nokon ute på denne tida, men som Helge seier; ”‘kem er det som står ‘bak meg? ’Pål ’Lægreid” (linje 103, 104). Forteljinga har bygd seg opp med spenning gjennom å presisere kva Helge gjer til ei kvar tid. Det er som om Helge lagar ein rekonstruksjon av ei kriminell handling, men den kriminelle handlinga er ikkje å stele hammaren og øksa, men at Lægreid dukkar opp på feil plass til feil tid.

Forteljing (4) – Lægreid står bak smetjeten Helge fortel vidare om Lægreid på eit anna skift då han arbeidde i manganen og skulle ned i kjellaren klokka halv to om natta. Denne forteljinga har ei mindre hendingsrekkje enn det

88

KAPITTEL 7

førre dømet, men Helge presiserer også her tidspunktet: ”’halv to på natta” (linje 115). Forteljinga er også oppbygd på same måte som i førre forteljing. I det Helge gjer noko, skjer det noko overraskande. Helge endrar stemma og seier han ”!åpner døra” med eit emfatisk trykk (i linje 117), og kjem dermed med forteljinga sitt poeng; ”der står ein der med Prince ‘halv to, for seg ’sjøl” (i linje 118-119), før han avslører kven det var: ”Pål Lægreid” (linje 120). I denne forteljinga reiser faktisk Helge seg (rett før han repeterer poenget ”halv to” i linje 118) for å vise og demonstrere korleis Lægreid stod og røykte. Då han er ferdig med forteljinga set han seg igjen. Vi ser at både poenget og måten spenninga er lagt opp blir repetert frå den førre forteljinga, men i dette tilfellet brukar Helge også kroppen som ein ekstra underhaldande dimensjon til forteljinga.

Forteljing (5) – Røyksky i satellitten Om forteljing (4), var ei forkorta hendingsrekkje av forteljing (3), er forteljing (5) enda meir forkorta. Her blir verken Lægreid eller tidspunkt nemnt, men lyttarane tolkar utifrå samanhengen at forteljinga gjentek seg. Nokre arbeidarar har vore engstelege fordi det kom røyk ut av satellitten, men då dei sjekka ”bak der”, ”stod (Lægreid) sånn” og Bjørn repeterer Helge frå førre forteljing og imiterer korleis Lægreid stod. Denne forteljinga viser ikkje berre at poenget kan bli repetert, men at forteljaren(e) og lyttarane utifrå samanhengen kan skape ei forteljing med poeng utan ei eksplisitt fortalt hendingsrekkje. Det er lyttarane som skapar logiske bindingar mellom sentrale meiningsberande ord og forstår poenget i forteljinga.

Forteljing (6) – Då straumen gjekk etter å ha slått seg ut i Tyssedal I denne forteljinga spesifiserer Helge ikkje (i motsetnad til i dei førre forteljingane) når dette skjedde, anna enn at ”det var på ‘natta i vertfall” (linje 132). Han forklarer kva som hadde skjedd. Straumen hadde gått og han måtte ringe til ein sjef å fortelje kva som hadde skjedd, og truleg få instruksar på kva han skulle gjere. Det er mange krefter i sving på ein slik arbeidsplass, og når straumen går, er det mange pumper og prosessar som må startast manuelt. Helge visste ikkje kven han skulle ringe, så han seier i forteljinga ”eg ringte til ‘Lægreiden eg” (linje 135). Fram til no har forteljinga vore omstendelig, med bakgrunnsinformasjon om når det var, kva som hadde skjedd, og årsaka til at det skjedde og kva Helge måtte gjere med det. Den neste ytringa ”‘han ‘var her på ‘tre minutter” (linje 136) er ytringa der Helge avslører forteljinga sitt poeng. Poenget i denne forteljinga går ikkje på 89

POENGANALYSE

kva Lægreid seier til andre arbeidarar, eller at han dukkar opp på feil stad til feil tid, men at han dukkar opp for raskt. Helge understrekar poenget vidare med at det var då dei fann ut at Lægreid låg med arbeidsklede (”zinkenfrakken”) i senga (linje 138). Ferievikarane ler av dette, og Helge fortset med å mjølke forteljinga for det den er verdt, og legg til som eit ekstrapoeng ”det e det ‘kaldaste, !pluss ‘to ‘grader”. Det blir sagt med stor innleving og trykk på dei fleste orda. Kva akkurat dette speglar på, er vanskeleg å forstå. Det vi kan sjå, er at lyttarane får ei meining utifrå den, og svarar med latter som bekreftar at ytringa var verdt å fortelje. Kanskje speglar ytringa på at Lægreid sov med arbeidsklede når det var kaldt for å kome seg raskt til arbeid, eller kanskje ler deltakarane ekstra mykje etter å ha fått servert så mange forteljingar om Lægreid på rad, og der kvar forteljing omtrent har toppa den forrige forteljinga.

7.2 Forteljaren sitt poeng
Som forklart i teorikapittelet blir forteljaren sitt poeng formidla gjennom måten forteljinga blir fortalt og iscenesett. Ein analyse av forteljaren sitt poeng går ut på å finne ut korleis forteljaren vurderer si eiga forteljing. For å finne dette ut er det viktig å studere nærare korleis forteljinga er iscenesett med enkelte verkemiddel som får fram dette poenget. Som eg var inne på i kapittel 6, kan ein då til dømes sjå etter korleis forteljaren framstiller seg sjølv og andre i forteljinga, og leggje særskilt merke til korleis forteljaren ordlegg seg; er det noko i forteljinga som er meir lagt vekt på enn andre ting? Det vil også vere relevant å finne ut korleis forteljingane blir introduserte og avslutta for å sjå korleis forteljaren gjer forteljinga aktuell i den lokale konteksten. Om vi går gjennom nokre av forteljingane i samtale 3 (over) for å sjå på forteljaren sitt poeng, kan vi sjå at det kjem fram på ulik vis.

Forteljing (1) – ”det er kun !ein ’mann som skal masa på meg og det er Johansen” I denne forteljinga kjem Lægreid og kjeftar på arbeidarane for at dei ikkje er ute i hallen og arbeider. Helge framstår i forteljinga (som eg har vore inne på tidlegare) som ein tøff arbeidar som seier til sjefen at han skal halde seg unna korleis Helge gjer arbeidet sitt, og Helge viser korleis Lægreid svarar tilbake, ikkje med ord, men med ein barnsleg handling: han viser pekefinger mot hovudet som blir vridd rundt. Silje viser at ho har skjønt poenget i forteljinga, 90

KAPITTEL 7

og bekreftar at forteljinga til Helge var verdt å fortelje når ho reagerer på Lægreid si handling med kommentaren: ”!gud det er jo sånn som ’Ragde holder på med.” (i linje 37). Helge kjem då med poenget med å fortelje denne forteljinga. Det blir ytra ganske eksplisitt i etterkant av forteljinga kva han meiner om handlinga i forteljinga og det Lægreid gjorde: ”eg var så e= eg e- b- b- blei så !forbanna (...) det er kun !ein ‘mann som skal masa på meg og det er Johansen” og poenget om at ingen skal seie til Helge korleis han skal gjere arbeidet sitt, blir repetert fleire gongar (linje 39-41, 43, 45). I desse ytringane har Helge gått ut frå forteljinga sitt univers, og står utanfor og vurderer forteljinga si, og viser fram sine oppfatningar om Lægreid og korleis ein skal forstå forteljinga.

Forteljing (2) – ”få se å dra deg til helvete vekk herfra så folk får jobba” I denne forteljinga er ikkje forteljaren sitt poeng like tydeleg, men Bjørn framstiller seg som tøff når han fortel korleis han seier ifra til Lægreid; ”få se dra deg til ’helvete vekk herfra så folk får jobba” (linje 84) før han går inn på pauserommet og sett seg. Vidare fortel Bjørn korleis Lægreid reagerer på dette; han fortel med latter i stemma at ”kom han inn ’der <@’sparka meg i stolen min og så gikk han @> @@@” (linje 86). På denne måten latterleggjer (bokstavleg talt) Bjørn sjefen sin oppførsel, og framstiller han som ein mann som ikkje klarar å svare tilbake med like gode kommentarar som Bjørn, men som må ty til eit spark i Bjørn sin stol før han går.

Forteljing (3) – ”kem er det som står ‘bak meg?” Helge kunne blitt oppfatta som den mest utspekulerte, skruppellause tjuven når han forklarar korleis han hentar fram øksa og sleggja i matpausen, og gøymer det ein stad ved støperiet for at han så skal hente det seinere på natta. Dette er eit ’nøye’ planlagt tjuveri, med fleire handlingsledd, men Helge framstiller det som den naturlegaste ting. Han grunngir det med at han ”bygde hus då” (linje 93), underforstått at det var naturleg at han trengte utstyret og viser ingen betenkelegheiter ved å stele det. Det har vore vanleg på bedriftene i Odda at folk har stelt mykje verktøy og anna utstyr med seg heim.. Han viser seg sjølv som smart som gjer alle desse handlingane på gitte tidspunkt, og er førebudd og klar for uventa situasjonar. I forteljinga klarar han å lure sjefen Lægreid som plutseleg dukkar opp der han ikkje skal vere, og forklarar kva han tenkte i det Lægreid dukka opp bak han og nærmast tok han på fersken: ”også tenkte eg no må eg vere kjapp kjapp som faen” (linje 106) og kjem med unnskyldninga 91

POENGANALYSE

til Lægreid ”nei faen vi vi mangler ei slegge der oppe måtte ‘henta ei (...) vært noe ‘gale der oppe” (linje 108-109). Helge sitt forteljarpoeng viser seg når han framstiller seg sjølv som lur, og mest sannsynleg klarte å gå klar for Lægreid. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved i kor stor grad Lægreid blei lurt. Forteljinga kan hinte til at han faktisk ikkje blei lurt, i og med at han dukka opp og tok Helge på fersken i gjerningsaugneblinken, men dette kjem ikkje fram som forteljaren sitt poeng.

Forteljing (6) – ”han låg med med klær i senga” I denne forteljinga har Helge fortalt om at han var nødt å ringe nokon då straumen gjekk, og han ringte Lægreid som kom og ”‘var her på ‘tre minutter” (linje 136). Dette er (som eg var inne på tidlegare) forteljinga sitt poeng. Forteljaren sitt poeng kjem fram i korleis Helge reagerer på at han var så rask. Han får fram eit poeng om at Lægreid er ein som ligg med klær på i senga, klar for å hoppe inn i alle kriser som skulle skje på Zinken. Dei andre deltakarane svarar med mykje latter til dette poenget, som er Helge si tolking og forklaring på årsaka til at Lægreid kunne komme så fort. Helge spinner vidare rundt poenget, og klarer å få enda meir respons og latter når han spesifiserer at det var arbeidsklede (”zinkenfrakken” i linje 138), og (og slik eg tolkar det) seier med eit sterkt emfatisk trykk at det var var såpass kaldt at han trengte å liggje med klede i senga (142). Mari, Frode og Silje svarar med mykje latter her (linje137-139, 141-144), og Mari seier også ”du ekje god” i meininga ”du er ikkje rett i hovudet” (linje 143). Det er ein kommentar som går på kvalitetar ved Helge som forteljar, og kan derfor tolkast i samband med forteljaren sitt poeng. Det kan vere ein reaksjon på at Helge går for langt med å byggje ut forteljinga med sine eigne tolkingar for å framstille sjefen i eit dårleg lys, eller det kan vere ho reagerer på måten det blir fortalt på med såpass mykje innlevelse gjennom trykk og stemmebruk. I samhandlinga med (latteren til) dei andre deltakarane, legg Helge til ekstra informasjon til poenget sitt, for kanskje å få meir reaksjonar og latter ut av forteljinga og poenga sine, og vi kan slik sjå at å fortelje har eit poeng i seg sjølv. Kva som blir sagt (innhaldet) kan til ein viss grad vere på sida av kva som er relevant, men måten det blir framstilt på (form), kan vere avgjerande for kva reaksjonar forteljinga får. I denne forteljinga vekker forteljaren sine reaksjonar på hendingsrekkja i forteljinga meir latter og reaksjon enn sjølve forteljinga. I denne forteljingssituasjonen klarte forteljaren og lyttarane å få meining ut av ytringa ”det e det ‘kaldaste, !pluss ‘to ‘grader” (linje 142).

92

KAPITTEL 7

7.3 Underliggjande poeng
Dei underliggjande poenga i forteljingane kan løftast fram først når ein ser på forteljingane i samanheng, både på forteljinga og forteljaren sitt poeng, og ser om noko kan generaliserast til å seie noko meir utover den lokale avgrensa forteljinga. Eit underliggjande poeng vi kan finne i forteljingane i denne samtalen, er sjefen som plutseleg dukkar opp over alt på tidspunkt der det ikkje fell seg naturleg. Framstillinga av Lægreid gir grunnlag for at lyttarane kan stille seg spørsmåla om kvifor Lægreid var der, og kvifor skulle han klart å ta Helge på fersken, og det byggjer opp om poenget at Lægreid ikkje er heilt til å stole på, ein er ikkje trygg for at Lægreid kan dukke opp kvar som helst. På eit meir overodna nivå kan ein ta det underliggjande poenget for å vere korleis arbeidarane står mot sjefen. Dette var tilfellet også i samtale 2 (kapittel 6) der arbeidarane tok avstand frå sjefen. Han var ikkje ein av ”oss”, men ein som kunne få fordelar hos sjefane lengre oppe i systemet på bekostning av arbeidarane. Ein kan også finne underliggjande poeng på eit større globalt plan. Då kan ein stille seg spørsmål om kva er det desse forteljingane kan seie oss om arbeidarkulturen på dette skiftet? Meir om dette og tematikken sjefen og arbeidar kjem i neste kapittel.

7.4 Poenget med å fortelje
Som vi ser har forteljarpoenget ofte ein annan funksjon enn forteljinga sitt poeng. Medan forteljinga sitt poeng er knytt til forteljinga si indre kjerne, og gjerne bygd opp med eit spanande poeng som kjem til slutt, visar forteljaren sitt poeng fram kva han meiner er viktig med og i forteljingane. Det kan, som vi også såg i forteljing (3), liggje mykje implisitt moral i kva som ikkje blir sagt og ikkje problematisert. Eg skal gå gjennom ein samtale til nok eit poeng som vi har vore inne på, eit eige poeng om poenget med å fortelje. I analysen av denne samtalen vil eg få fram korleis alle poenga kjem til uttrykk i ei forteljing. Utdraget nedanfor viser at forteljaren kan ha fleire poeng ved å fortelje denne historia. Det skjer av og til at gamle skiftkameratar tar turen på besøk for å høyra korleis det står til med skiftet. I dette utdraget er det Terje som er på besøk og han pratar med to av dei han har arbeida med tidlegare, medan maskinene går og arbeidet er i gang utafor pauserommet. Silje arbeider på kranen, men kikker ut vindauget og ser at Brattabøen er i nærleiken av kranen og ho håpar han set ned kranen for ho. Eg har markert når forteljinga byrjar.

93

POENGANALYSE

Samtale 4
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55

”Han sku hatt skikk Hermansen og” (2 minutt 4 sekund)
åh hx (1.3) no ska Brattabøen få setta den ner. (1.2) åh {strekker seg} har dåkke fått ’skikk på Brattabøen då? (2.2) hæ? går [d--] [Hermansen greier han det]? går det ’ant å få skikk på han då? ikkje eing- Hermansen greid det eing- hell-? ..nei sku [hatt skikk på ’Hermansen] óg. [ka han gjør då?] ja ’han skulle hatt skikk. <@’han gåkje det an å få skikk på det [X] @> <F [han] gjorde ’ingen ting men alikavel så klagde han mest av andre. før [han X]-!herregud F>. @@ ja men e- då når eg jobba der da nå det året, så gjorde jo han ’masse, det var jo ikke sånn at han bare satt her å= =han gjør det bare på det ’retta ’tidspunktet. ja kanskje det. det er det så uff-det er ’det så er så ’bra med ’han. ikkje f- og ikkje for oss då men-@@@@@@@ <@nei når det passe han@> <@ja og så når d- det er ’passelig med folk rundt om han@>. eg kan kje glømma han for mange år siden eg eg jobba bare ettermiddag. (1.2) var det ein lørdag ettermiddag då, (…)klokka blei to, og der sitter Hermansen og holdt på å ’strippa fremdeles. åj. < så ’sein han e då>, så ’går eg eg hadde noe ant å gjøra eg, og så kom eg tilbake igjen i tre-fire-tida og ’holdt <@på ’endå. på formiddag@sskiftet. gikk bort til han eg @>, koffor i ’helvete ekje du ferdig, ”det ekje noe nøye med det. eg har en ’heil kasse øl her” <F Hx@@@@ F> <@tok han seg ei øl og strippa et par plater. tok ei øl @@@@ tok han ei øl igjen, @@@@ ’heile kassen. @@@ <F ’kanon F>]

Silje Silje Kjartan Terje Terje Kjartan Terje Kjartan Terje Kjartan Silje Terje Silje

Terje Silje

Kjartan Silje Kjartan

Silje Terje Kjartan Terje

Terje

Silje Terje

Silje Terje Kjartan Silje Terje Silje Terje Silje Terje

94

KAPITTEL 7

56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68

Silje Terje Silje Kjartan Silje Terje Silje Terje Silje Terje Silje

@@@@@ men <XgreideX> jobben @> @ <@jaja@>. @@@@@@@ @@@ <@det var ikkje så nøye med ’det då @>. <@ då har han livet off best av alt @>. [då tok han det jævlig med ro du] @@@ kjerringa ho venta og venta vel@@@. (7.2) <ja han setter han vel ned?> {Reiser seg}

Dette utdraget viser fram noko typisk ved dei samtalane der nokon kjem tilbake etter å ha vore lengre borte frå skiftet. Forteljinga har ein lang innleiingssekvens der Terje spør retoriske spørsmål han mest truleg anar svaret på, for å fiske etter nytt som har skjedd og nye forteljingar. Innleiingssekvensen byrjar allereie då Silje seier høgt at ho håper Brattabøen setter ned kranen for ho (linje 3). Terje følgjer opp temaet (Brattabøen), og spør om dei har fått skikk på han (linje 6), og når han ikkje får svar, gjentar han spørsmålet (i linje 6). Kjartan er i gang med å svare (i linje 9), men Terje avbryter og introduserer Hermansen inn i snakket: ”Hermansen greier han det?” (linje 10). Kjartan svarar med eit retorisk spørsmål: ”går det ’ant å få skikk på han då?” (linje 11). Terje repeterer og spør om ikkje Hermansen har klart det eingang (linje 12). Terje ymtar til det alle veit; at Hermansen pleier å oppdra dei nye arbeidarane til å bli skikka arbeidarar. Kjartan svarar med ”nei sku hatt skikk på Hermansen òg”. Terje spør etter spesifikke personar han veit det pleier å vere nye og spesielle forteljingar knytta til. Han er kanskje nysgjerrig på kva som har skjedd sidan sist og vil høyre noko nytt. Ein får kjensla av at spørsmåla heng i lufta – ventande på moglege forteljingar når vi ser dei merkbare pausane som oppstår (linje 4, 7), og ser spørsmåla som blir stilt. Slik eg kjenner materialet, er desse typiske spørsmål arbeidarane stiller for å halde seg oppdatert på kva som har skjedd sidan sist. Dei hintar til potensielle forteljingskandidatar (jf. 5.3.2), som kan vere aktuelle for skiftet akkurat no gjennom meiningsberande ord som kan fungere som agn for at forteljingar skal bli fortalt.39 Terje får ikkje servert nye forteljingar, men får svar i form av klaging frå Silje, og artige kommentarar av Kjartan.

39

Potensielle forteljingskandidatar eg ser kunne blitt fortalt her, er forteljingar som bekrefter at Brattabøen ikkje har fått skikk; at han har ’dumma seg ut’ eller sagt noko artig, eller at Hermansen på ein eller annan måte har fått skikk på han eller nokon andre.

95

POENGANALYSE

Silje sin negative karakteristikk av Hermansen (linje 14, 15, 17-19 og 21-23): at ”han gjorde ingenting men alikavel så klagde han mest” og før ”gjorde jo han masse” (i motsetning til no), byggjer Kjartan vidare på, men svarar med ein morsom og forståelsesfull replikk at Hermansen arbeider ”bare på det retta tidspunktet” (linje 23), og fortset med ”det er ’det som er så ’bra med ’han”, men ”ikkje for oss då” (linje 27-28). Dette utløyser (bekreftande) latter hos både Terje og Silje. Terje forstår akkurat kva Kjartan meiner og bekreftar det ved å gjenta poenget til Kjartan ”nei bare når det passer han” (linje 30). Kjartan bekreftar tilbake at Terje har skjønt det som var poenget hans (i linje 31): ”ja og så når d- det er ’passeleg med folk rundt om han”. I den lange innleiingssekvensen har Terje spurt mange spørsmål og gitt rom for at dei kan kome med ei forteljing – kanskje med det formålet om å få oppdateringar om skiftet. Desse retoriske spørsmåla og Kjartan sine morsomme replikkar har bidratt til god stemning mellom samtaledeltakarane, og det er rom for at nokon kan fortelje ei forteljing. I dette tilfellet er det Terje som fortel ei forteljing om Hermansen som illustrerer poenget dei har kome fram til i innleiingssekvensen; at Hermansen arbeider når det passar han. Terje fortel ei forteljing som hendte for mange år sidan, til den tida då han og Hermansen arbeidde i gamlehallen. Det blir ofte fortalt forteljingar om korleis det var å arbeide i gamlehallen. Der var det tøft å arbeide. Arbeidet var hardt, sidan det var arbeidarane og ikkje maskiner som strippa sinken av platene. Kvar arbeidar hadde ansvar for sine cellekar. Difor var det mest vanleg at dei gjorde seg ferdig så fort dei kunne, for då kunne dei gå tidleg heim, og det gjerne i 10-11 tida. I denne forteljinga fortel Terje om Hermansen som held på med å strippe cellene sine langt uti ettermiddagsskiftet, langt etter arbeidstid. Han hadde kjøpt seg ein kasse øl og det var ikkje så nøye med å komma seg heim. Kanskje fordi der venta kona (linje 66). I gamle dagar (på 80-/70-talet og før) var det ikkje uvanleg med alkohol på arbeid og det verserer fleire historier om dei konene som måtte stå klare i porten og vente på mannen den dagen lønninga kom, for å sikre at mannen ikkje gjekk på kafé og drakk det opp. Forteljinga er lagt opp med moment som gradvis forsterkar poenget til forteljaren. Sentrale ord i forteljinga er dei som forteljaren påpeikar og legg vekt på som viktige. Terje spesifiserer at det er ein laurdag formiddag (linje 34), og på den måten understrekar han poenget sitt. Hadde Terje sagt det skjedde ein onsdagsformiddag, og Hermansen stod der og drakk hadde han lagt vekt på noko heilt anna, og han ville ha understreka eit anna poeng; kanskje lyttarane ville tru at han drakk mykje kvar dag. Tradisjonelt sett er laurdag formiddag ein dag stripparane i elektrolysehallane kan få gå tidlegare heim enn vanleg arbeidstid. Arbeidarane 96

KAPITTEL 7

gjer seg fort ferdig og tar fri, men i denne forteljinga står Hermansen på ettermiddagskiftet og stripper det som skulle vore gjort på formiddagsskiftet. Dette er heilt eksepsjonelt, uhørt og skapar spenning i forteljinga. Terje fortset med å byggje opp spenninga i forteljinga, og i dette er bruken av tidspunkt viktig. Han tek også i bruk av ei tredelt liste (les 6.5). I byrjinga av forteljinga presiserer Hermansen at det hende det var eit ettermiddagsskift (det vil seie frå kl 14-22)40. Hermansen skulle normalt sett vore ferdig i 11-12 tida (dette er forkunnskapar Terje tek for gitt at deltakarane har), men ”klokka blei to” (linje 35) og klokka blei tre og fire (linje 40 37) og Hermansen står der framleis og strippar (linje 36, 41??33, 38). Det blir meir og meir merkverdig at Hermansen står og strippar etter som tida går, spenninga stig i takt med tida og Terje får understrekt nok ein gang kor unormalt dette er. Terje fortel med eit smil og latter i stemma (frå linje 38-57) unntatt når han siterer og etterlikner stemma til Hermansen og korleis Hermansen snakkar (i linje 45-46). Når han fortel at han går for å undersøka kva som er ’gale’ (i linje 40, 43), ler han før han konfronterer Hermansen med ei skarp stemma ”koffor i helvete ekje du ferdig” (linje 44). Ytringa er forsterka med å banne og bruke direkte tale i ein virtuell samtale med Hermansen. Gjennom denne virtuelle samtalen som etterlikner stemma og måten Hermansen snakkar på, kjem Terje med forteljinga sitt poeng og ein morsom punchline: ”det er ikkje så nøye med det” (underforstått at det er ikkje så viktig å gå tidleg heim) fordi ”eg har en ’heil kasse øl her” (linje 45-46). Forteljinga kunne ha stoppa etter at Terje siterte Hermansen, men ved å fortsettje lar Terje dei andre deltakarane delta i samtalen igjen. Dei andre deltakarane blir med på å understreke dei ulike poenga og gjere dei relevante i samtalen. I dette utdraget ser vi at Terje fortset med å understreke forteljinga sitt poeng med å auke kraft i stemmebruken, og gjennom å repetere og forklare poenget: ”tok (Hermansen) ei øl og strippa eit par plater” (linje 48), ”tok han ei øl igjen” (linje 51), ”’heile kassen” (linje 53) til han blei ”’kanon” (linje 55). Silje er med på å gi liv til forteljinga gjennom hennar bekreftande latter på at dette er morosame. Fordi ho ler, kan Terje bygga opp forteljinga på den måten at han stadig toppar poenget. Først ei øl og strippe litt, så ei øl til, tok ei øl igjen og heile kassen, og mellom kvart tilskot i forteljinga som
40

Men sidan formiddagsskiftet som regel gjorde seg tidleg ferdig, kunne arbeidarane på ettermiddagsskiftet også komme tidlegare.

97

POENGANALYSE

også er ei kronologisk rekkefølgje, ler Silje av forteljinga. Ho formidlar vidare si forståing av forteljinga om Hermansen; at dette må vere livet for Hermansen, at han ikkje kunne hatt det betre; vere på jobb, jobbe i sitt tempo og drikke øl (linje 58-59). Kjartan byggjer også opp poenget, stadfester at han har skjønt poenget i forteljinga, og anerkjenner at det er morosame (linje 49, 59)41.

Terje byggjer opp forteljinga rundt replikken frå Hermansen ”det ekje noe nøye med det” (linje 45,61) og relaterer det til at det er ikkje nøye å bli tidleg ferdig (linje 36), det er ikkje nøye å la vær å drikke på jobb (linje 48-53) og det er ikkje nøye å ta omsyn til kona som venta (linje 66). Terje får fram i den siste ytringa i forteljinga, (”kjerringa ho venta og venta vel” i linje 62), eit siste ekstrapoeng, som vi også kan kalle forteljarpoenget deltakarane kom fram til. Gjennom denne ytringa knyttar Terje forteljinga si inn i samtalen og den lokale konteksten med si vurdering av kva verdiar Hermansen hadde, og bekreftar og forsterkar det poenget han og dei andre deltakarane kom fram til i introsekvensen av forteljinga; at Hermansen jobba når det passa han. Det er mykje vi kan lese ut ifrå denne samtaleforteljinga, og vi har funne fleire poeng i den. Fleire har vi vore inne på, at Hermansen er ein arbeidar som arbeider når han vil, at han dreit i jobben, men det underliggjande poenget i denne forteljinga, finn vi i innramminga av forteljinga, i innleiingssekvensen og i avslutningssekvensen. Arbeidarane viser fram at dei har ei forestilling om korleis ein arbeidar skal vere. Det er det Terje spør om når han kjem på besøk; om Brattabø har blitt ein skikka arbeidar, og om ikkje Hermansen har fått skikk på han heller. Desse spørsmåla utløyser ei rekke reaksjonar som mest truleg var forventa av Terje som er på besøk, og det blir etablert eit rom for at Terje kan fortelje ei forteljing som illustrerer dei reaksjonane som kom fram i samtalen. Terje spør for å undersøke om det har skjedd noko nytt, og slik sett fungerer forteljingane som ein måte å halde seg oppdatert på. I dette tilfellet var det Terje sjølv som fortalte ei forteljing, og viser slik at han framleis er med i gjengen. Kjartan bekreftar i innleiinga (før forteljinga) at Terje framleis er ein del av skiftet, at han kjenner dei faste tilsette og kva som er viktig å vite. Han svarar også med retoriske spørsmål som bekreftar at Terje framleis er med i gjengen, og

41

Om Kjartan ler her er vanskeleg å høyre sidan Silje sit nærmast mikrofonen og ler veldig høgt.

98

KAPITTEL 7

framleis kan sjargongen på skiftet. Dei har forteljingane som eit felles minne, og Terje er framleis ein del av arbeidsgjengen.

7.5 Avslutning
I dette kapittelet har eg analysert forteljingar henta frå to samtalar utifrå ein poenganalyse. Vi har sett at forteljinga sitt poeng kan bli repetert i dei neste forteljingane – berre med nokre få justeringar. Jamfør Adelswärd (1997) si definering av dette poenget, kunne dei ulike forteljingane blitt fortalt av kven som helst, men vel å merke berre dei som er ein ”insider” og medlem av denne kulturen skjønnar korleis ein skal fortelje forteljingar her. Forteljingane som vi såg i første utdrag (og i kapittel 5) inneheld variasjonar av same forteljingspoeng. Det kan verke som om at det er eit mål for deltakarane å fortelje noko med nokolunde same poeng som forteljinga som er fortalt tidlegare i samtalen. Dette er eit døme på korleis deltakarane brukar dei umiddelbare kontekstuelle ressursane (les 2.3.1) når dei skal fortelje forteljingar. Forteljarpoenget kan ofte relaterast til kva som er sagt i kommentarane etter at forteljinga er fortalt og poenget i forteljinga er avslørt, men det kan også komme fram i korleis karakterane blir framstilte og i måten forteljinga og ytringar blir formidla på. Som vi såg her, har ikkje alle forteljingar eigne forteljarpoeng. Den korte forteljinga som Bjørn fortel (forteljing 5), spelar til dømes på dei forteljarpoenga som har kome fram tidlegare i samtalen; at Lægreid dukkar opp røykande kvar som helst. Som vi såg i denne samtalen, blir forteljarpoenget i forteljing (1) og (2) formidla gjennom framstilling av ”arbeidar mot sjefen”. Arbeidaren er tøff i kjeften komma medan sjefen reagerer underleg, og har nærmast barnslege reaksjonar på kva arbeidarane seier til han. Dette kan også seiast å vere eit underliggjande poeng, og når dette temaet er etablert, går forteljarane inn med meir avanserte måtar å fortelje på for å formidle sine (nokså like) forteljarpoeng. Helge reiser seg (i forteljing 4) og går ut på golvet for å vise korleis Lægreid står og røyker nede i manganen, og den same etterlikninga av korleis Lægreid røykar gjer Bjørn i neste forteljing (5). I forteljing (6) ser vi at det er måten Helge fortel forteljinga på, altså korleis Helge sitt poeng kjem fram, som er underhaldande for dei andre deltakarane – korleis Helge utbroderer forteljinga med ein slik innleving og fantasi. Denne utbroderinga og understrekinga av poenga fann vi også i den andre samtalen i dette kapittelet. Der bidrog alle deltakarane saman med å ”toppe” poenget som var blitt sagt, og saman viste dei fram si haldning til Hermansen og sitt felles poeng som dei hadde blitt einige 99

POENGANALYSE

om før forteljinga blei fortalt. Terje fortel då ei forteljing som stadfester dette poenget. Dei haldningane til forteljinga som er fortalt, altså forteljinga sitt poeng, kan altså vere noko deltakarane skapar saman, og ei forteljing kan fungere som ein illustrasjon på desse haldningane. Noko i forteljinga eller forteljaren sitt poeng kan vise seg å vere eit underliggjande poeng om det blir gjenteke i fleire forteljingar. Vi har allereie vore inne på at eit underliggjande poeng her er arbeidarane sitt forhold til sjefen. Eit anna underliggjande poeng vi kan lese ut i frå desse samtalane vi har sett på til no, er korleis ein skal vere ein god arbeidar. Dette kjem vi tilbake til i neste kapittel, der eg skal drøfte dei mest karakteristiske underliggjande poenga vi finn i dei samtalane eg har valt ut som typiske for samtaleforteljingane på dette skiftet. Poenganalyse viser seg å vere nyttig når ein skal sjå på forteljingane sin funksjon i eit miljø, og kva det er som ligg i desse forteljingane. I neste kapittel skal eg utvide det underliggjande poenget til eit meir globalt nivå, og prøve å svare på det siste spørsmålet i problemstillinga: kva kan samtaleforteljingane seie oss noko om?

100

KAPITTEL 8

8 Ei forteljing om forteljingane
Til no har vi sett at samtaleforteljingar må sjåast i samanheng med plasseringa i samtalen sin samanheng, og korleis samtaleforteljinga blir iscenesett mellom anna gjennom deltakarmønster for å få fram dei ulike poenga i samtalen. Desse ulike poenga samtaleforteljingar kan ha, er også blitt undersøkt nærare, og i dette kapittelet skal eg svare på det siste spørsmålet i problemstillinga: kva kan samtaleforteljingane seie oss noko om? For å gjere det vil eg i dette kapittelet vise fram nokre nye forteljingar som seier noko om arbeidarane sitt forhold til forteljingar, og korleis dei oppfattar sitt eige miljø. Eg vil til slutt gå nærare inn på dei underliggjande tema som er karakteristiske og typiske for dette skiftet og denne kulturen eg har studert.

8.1 Arbeidarane sitt forhold til samtaleforteljingane
Det er ein gjensidig påverknad mellom livet sjølv og forteljingane vi fortel, hevdar mellom anna Kenneth Gergen (1994). Han skriv vidare at vi lever liva våre gjennom forteljingar når vi fortel i samhandling med andre. Vi kan til og med indeksialisere liva våre etter korleis forteljinga er strukturert: med byrjing, ”dødtid”, klimaks og slutt. Samtidig er våre oppfatningar om oss sjølve skiftande, dei er ikkje produkt av livet sjølv. Vi fortel innan ei narrativ form, men vi lever ikkje slik (Gergen 1994:255):
Life events don’t seem to influence the selection of the story form; to a large degree it is the narrative form that sets the ground for which events count as important.

Vi har ulike måtar å framstille oss sjølve på, men når desse kjem presentert i ei forteljing får dei sosiale relasjonar knytt til seg. Samtidig er det eit poeng korleis vi vel å fortelje våre forteljingar, eller kva forteljingar vi vel å fortelje, får innverknad på korleis vi oppfattar liva våre, og korleis vi i neste omgang lever dei. Eit spørsmål eg har stilt meg i møte med samtaleforteljingane på skiftet er om vi ikkje også enkelte gongar gjer noko for at det kan bli ei god historie å fortelje om. Som nemnt i innleiinga oppdaga eg arbeidarane sitt forhold til forteljingar det året eg fekk arbeide med dei. Det kjekkaste ved å gå på arbeid, var når dei eldre gutane på jobb fortalte historier. Dei kunne gjere den minste sak om til ei forteljing som dei bygde opp med spenning og kommentarar, og 101

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

det var ofte mykje latter og fliring på pauserommet. Når vi hadde vore lenge borte frå kvarandre, om det hadde vore vekefri eller berre nokre dagar, var det alltid noko nytt som hadde skjedd som vi delte med kvarandre. Og i helgene, når vi berre hadde åtte timar mellom kvart skift, blei det som regel fleire lange stunder med forteljingar, og dess trøttare gutane var, dess villare og morosame forteljingar blei fortalt. Det var ikkje alltid viktig kva som blei fortalt, men at det blei fortalt. Dei kunne dramatisere dei mest daglegdagse gjeremål om til dei mest underhaldande forteljingane42.

8.1.1 Sjølvrefleksiv samtaleforteljing
Arbeidarane har eit meir eller mindre medvite forhold til korleis kommunikasjonen på skiftet går føre seg. Dei veit korleis dei andre pratar og dei veit også korleis dei andre er som arbeidarar. Dei veit kven som er gode forteljarar og dei veit kven som fer med løgn. Dei har sine roller i interaksjonen som skifter etter kven som er i rommet. Nokon snakkar heile tida, nokon fortel, nokon fiskar etter forteljingar, og nokon tar forteljingane over i ein annan dimensjon. Dei lever liva saman på arbeidsplassen. Dei veit meir eller mindre kvar dei har kvarandre og korleis dei skal relatere seg til kvarandre. Skal ein være svær i kjeften og skryte av seg sjølv, skal ein kunne vise at det er grunnlag for det i arbeidet også. Arbeidarane har også eit meir eller mindre medvite forhold til korleis samtaleforteljinga er som kommunikativ verksemd. Eg skal no gå gjennom eit utdrag som vil vise fram ei sjølvrefleksiv samtaleforteljing som leikar med forståinga av samtaleforteljinga som verksemd. Ei forteljing er sjølvrefleksiv ved at den peikar tilbake til si eiga form, og i dette utdraget ser vi at forteljaren spelar på lyttarane sine forventingar om at forteljinga skal vere sann. Samtalen er henta frå ein samtale der alle har pause. Tidlegare har samtalen vore intens og høglydt. Sjølv om forteljingane var morosame, har dei kanskje ikkje fått den ønska responsen frå dei andre deltakarane. Heile samtalen er på ca 18 minutt. Samtale 5 er ein sekvens med ein lang tematisk samanheng på 3 minutt og 43 sekund, medan sjølve utdraget representert her er på halvanna minutt. Tilstades på pauserommet er Svein, Robert, Kjersti, Sissel, og Lasse som pratar i telefonen (dette er ikkje transkribert inn i samtalen). Før samtalen dreia seg om eksotiske land og urbefolking.

42

Eit godt døme og ei god historie er til dømes han som fortalte han knuste det finaste vinglasset til kona då han vart sett til å ta oppvasken på julafta. Han sa han knuste det med vilje for å sleppe å få den oppgåva igjen.

102

KAPITTEL 8

Samtale 5
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47

”Eg var der i toogførti under krigen” (1 minutt 30 sekund)
er det noen som veit kor Surinam ligger? <P ja P>. Surinam? <P ja P>? nei, <P @@@ P> se no koser han seg no. <P @@@ P> vi fant ut e-<F ’gud kor du ’koste deg då [1@@@1]. F> [1nei1], men vi vi va e [2 ’land 2]i i Sør Amerika da, [2 <P ’fy ’faen P> 2] så kom vi på Peru på slutten då men, så var det ’ett lite ’land på igjen, som ligger oppe ved ’Venezuela, Brasi- slutten av Brasil og Venezuela. fant ut det var Surinam så låg der da. <P Surinam P>? (3,2) aiaiai {puster ut} (1,2) så-(4,2) Paraguay e et lite land ser du. Paraguay ja. Paruaguay e et lite land. (6,1) ”ja ja”. Peru ja. har du vært i ’Lima? hx ’eg har vært det. hx eg har vært i ’La ’Paz i ’Bolivia <X <P kald vinter P> X> tretusen meter totretusen meter høyde der= =kor tid var du der? eg var der i ’toogførti under krigen. (1,0) skjønner, det var kaldt den tida der. så- vi ’gjømte oss ’der oppi ’fjellene der, [Hitler XX] stod og skreik ”kom ’ned kom ’ned” sa Hitler. [du og Bin Laden?] @@@@ de bildene der <X kem så har tatt X> de? {Peiker på bilder}

Svein Robert Kjersti Svein Kjersti Svein Robert Svein Kjersti Svein Sissel Svein

Robert Robert Svein Svein Robert Svein Robert Svein X Svein X Svein

Robert Svein Robert Svein Robert Svein Robert

Her ser vi eit døme på ei forteljing som slettes ikkje er sann. Alle skjønar nok at denne forteljinga er kontruert fiksjon, men Svein spelar på deltakarane si forståing av forteljinga som kommunikativ verksemd ved å framstille den som sann.

103

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

Denne forteljinga slår visst ikkje an hos dei andre i rommet. Det tek lang tid før forteljinga kjem i gang og samtalen er treig. Det er inni mellom svært lange pausar mellom fleire av ytringane (linje 19, 21, 23, 27), og forteljinga til Svein ser ikkje ut til å engasjere dei andre i rommet i noko særleg stor grad. Kanskje det er vanskeleg å forstå kva det er Svein fortel om sidan forteljinga ikkje har noko logisk hendingsrekkje. Han spør ”er det noen som veit kor Surinam ligger?” (i linje 1). Robert svarar lavt, men Kjersti spør om igjen ”Surinam?” (linje 3). Som vi har sett (samtale 1, kap 5), har Kjersti ofte stilt spørsmål som stimulerer Svein til å fortelje forteljingar, og vi kan dra den same slutninga her. Svein smiler, som om han har noko lurt han skal seie. Både Robert og Kjersti kommenterer dette, og det er kanskje med på å byggje opp spenning til det Svein skal fortelje, men forteljinga lar vente på seg. Svein brukar fleire ytringar på å forklare kor Surinam ligg, men det kjem ikkje klart fram kva det er han fortel. Robert gjentek spørsmålet ”Surinam?” (i linje 18), men det kjem ikkje noko svar. Etter fleire sekund, tek Svein opp igjen tråden om eksotiske land og fortset med å nemne nokre faktaopplysningar om Paraguay og Peru. Det er ikkje før Svein spør ”har du vært i ’Lima?” og sjølv svarar ”’eg har vært det” (linje 30,32), forteljinga slik vi kjenneteiknar den (med hendingsrekkje, poeng, og episodar), dukkar opp. Svein stadfester at han vore i Lima og i La Paz i Bolivia, i 1942, han gjømte seg i fjella fordi Hitler leita etter han. Forteljinga har altså ei klar hendingsrekkje, men den er usann og det skjønnar nok dei fleste som høyrer på. Vi ser ein (usikkert kven) som pustar ut (linje 31, 33), kanskje den personen allereie då veit at dette er løgn. Robert blir skeptisk og spør ”kor tid var du der?” (i linje 37). Når Svein seier det var i 1942, skjønnar nok alle at det er ei skrøne Svein fortel (i og med at han ikkje er såpass gammal at han var født så lenge før krigen at han kunne springe opp i fjella i Sør-Amerika og være eit mål for Hitler. Det har vel heller aldri vore kjent i historia at Hitler var i Sør-Amerika). Robert følgjer i tillegg opp spøken med ekstrainformasjon ”det var kaldt den tida der” og at Svein gjømte seg med saman med Bin Laden (linje 41,44). Svein har i denne forteljinga ikkje berre spøkt, men hinta til fleire implisitte forteljingar (jf. kapittel 5). Tidlegare i samtalen (før dette utdraget) har Svein og Robert snakka om urbefolkinga på Ny Guinea. Overraskande nok er dette eit tema som jamleg kjem opp i samtalane, men då er det som regel Odmund som fortel. Han har vore sjømann og reist rundt i verda. Svein harselerer med korleis sjømenn generelt, og Odmund spesielt, fortel om reisene sine; korleis dei ramsar opp alle land dei har vore i og legg til imponerande 104

KAPITTEL 8

tilleggsinformasjon (2-3000 meter over havet og Hitler som roper på han). Når desse opptaka blei gjort, var det framleis aktuelt med leiteaksjonar etter Bin Laden i fjella i Afghanistan. Svein hintar om dette når han fortel at han gjømte seg i fjella, men sidan dette var under 2.verdskrig, så var det sjølvsagt Hitler som leita etter han. Han byggjer opp forteljinga si med opplysingar som gjer den mindre og mindre truverdig (men kanskje meir og meir morosam?). Han framstiller det som fakta, men det er opplysningar det er umogleg å tru på. Svein blandar fleip og fakta, og fortid og notid, på ein finurleg og morosam måte som får han til å høyrast ut som at han etterliknar Odmund sin måte å fortelje på. Ein kan sjå Svein si forteljing som ein implisitt kommentar til korleis Odmund fortel sine forteljingar. Svein tek ikkje utgangspunkt i ei forteljing frå ein samtale, men byggjer forteljinga på ei rekke av samtalar og erfaringar han har erfart over ei viss tid. I dette dømet ser vi korleis den enkelte forteljinga, situasjonsdialogen, er ein del av ein lokal kultur og ein tradisjon, ein tradisjonsdialog (sjå kapittel 2.3.1). Deltakarane som er ein del av denne kulturen vil ha nok kunnskap om tradisjonen og verksemda til å forstå korleis samtaleforteljinga er sjølvrefleksiv, og korleis den peikar tilbake til samtaleforteljinga som kommunikativ verksemd.

8.1.2 Forteljingar som går igjen
I følgjande utdrag skal vi sjå ei samtaleforteljing som går igjen. Den handlar om Andersen som gjømte seg under bordet då det small 17.mai. Samtalen er mellom den fast tilsette Peder og ferievikarane Silje og Morten. Peder og Silje diskuterer først korleis ein skal vere på dette skiftet. Samtale 6
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

”var første mann under bordet” (2 minutt 25 sekund)
men sånn-men det- det skal de ha då- Øyvind-’han- lærte meg at eg måtte ’bare spør. å: han ’maste på at eg sku spørra då kossn-så ’eg har jo dreve å spurt og spurt og spurt. så går ikkje det inn ’første gangen og heller ikkje tredje gangen eller fjerde, <P nei, nei P> men ’så: sitter det. <P ja P> (4.0) nei det er jo den einaste mulige måten å læra på, det er å prøva og spørra. mm. (2.2)

Silje

Peder Silje Peder Peder Silje

105

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65

Silje

Silje

Peder Silje Peder Silje Peder Silje

Peder

Silje Peder Peder Silje Peder Silje Peder Silje Silje Peder Silje Peder Silje Morten Silje Peder

Silje Peder Peder Silje Morten Peder

men så lærer du litt ’her og. da når eg kom hertil, da når-(2.1) husker det, for at Andersen han følger sånn med, også ’himla han med augene og du ser han begynne å prata om deg ”å ’herregud no fikse ho ikkje det der igjen” XX, @@@@@@@@ [@@ hx @@] [ <@ og da gjør du jo ditt ytterste @>] for han ikkje skal driva [å kjefta og smella]. @ så det e jo litt (..) prevantivt det og då. <P ja P> lærer deg til å være ’observant og sånn. for ellers så sitter han der bare å [”ohhhh”]. {siterer Andersen og imiterer korleis Andersen rister på hovudet når han seier det} [<P @@@ P>] <@ han vil ikkje ha ein skjæring43 igjen. @> {begynner å slå med penn mot bordet} ja. det er typisk. (3.1) ja kua glømmer at ho har vært kalv. @@@ (3.2) han er jo ikkje akkurat ein av de barskaste (..)Andersen heller. @@@@ eg husker at det gikk her ja var førstemann under bordet ka? @@ (1.2) @@@@ med den smellen? ja det har vært mange smeller her veit du, den 17.mai-smellen? ja, da var han under bordet [som ein] ’røyskatt. [@@@]@@@ ka smell? det var ein sånn gedigen nedsmeltningssmell? ja. det var en annan gang og, da var jeg på ’2-skiftet— v-vi stod her skulle akkurat begynne på et nattskift. også et !kjempesmell og’lysglimt veittu detog vi ’styrta jo inn der og fikk st-stansa strømmen. da da hadde den slått skinna ’tvers av? å ’herregud. og var i ’tre deler. @@@ off nei strøm er ikkje noe du skal leika med. nei i hvertfall ikkje i de mengdene som går her ka?

43

Dette er som sagt ei nemning på eit vanskeleg problem som kan oppstå på maskina.

106

KAPITTEL 8

Silje forklarer for Morten, som er ein ny ferievikar, korleis arbeidet og folket på skiftet fungerer. Ho seier at ho lærte på eit anna skift at ho skulle spørje om alt ho var usikker på, for å få oversikt over arbeidet (linje 2-3). Peder støtter opp om det ho seier (i linje 7 og 9) om at det går ikkje inn ”første gangen og heller ikkje tredje eller fjerde” (linje 6), ”men så (…) ’sitter det” (linje 8), og ”nei det er jo den einaste mulige måten å lære på det er å prøve og spørre” (linje 11). Silje prøver nok å gjere Morten komfortabel med jobben på skiftet gjennom å fortelje om egne erfaringar. Ho mimrar tilbake til då ho var ny på skiftet og Andersen kikka på henne ut vindauget og ”himla med augene”, og ho siterar Andersen som baktaler ho fordi ho ikkje fiksa jobben godt nok (linje 21). Peder ler (linje 22, 24, 30) og støtter opp det ho seier og det som er poenget hennar: ”han vil ikkje ha ein skjæring igjen” (linje 31). Peder fortset med kommentaren om Andersen: ”kua glømmer at ho har vært kalv” (linje 36) og fortset etter nokre sekund med ei ikkje så flatterande forteljing om Andersen som gjømte seg under bordet når det smalt. Silje spør om det var ”med den smellen?” (linje 44). Peder svarar ”ja det har vært mange smeller her veit du” (linje 45). Silje spesifiserer vidare: ”den (legendariske) 17.mai-smellen (som ho har høyrt så mykje om)?” (linje 46). Det er som eit barn som ber bestefar fortelje den forteljinga ho likar aller best. Ho ler før Peder fortel at Andersen ”var under bordet som ein røyskatt” (linje 48). Dette kan tyde på at ho kjenner forteljinga frå før – særleg sidan ho også forklarar Morten kva smell det er snakk om. Innimellom hender det at det kjem store smell ute i hallen, og ein blir fort overbevist om at det er farleg når det slår om seg med gnistrar og smell. Peder fortel i forteljinga si at dei opplevde ein kjempesmell på 2-skiftet med lysglimt som knekte straumskinna platene stod på, rett av. Morten viser at han skjønner det siste poenget i samtalen og seier seg einig: ”nei strøm er ikkje noe du skal leika med” (linje 63). Det som er spesielt med denne forteljinga, er at det er ei gjengangarforteljing om når Tore gjekk under bordet når det small 17.mai. Denne forteljinga har eg høyrt mange gongar, og kvar gong har Tore protestert på at det var slik det skjedde. Her får vi sjå kva reaksjonar Tore har på denne forteljinga:
Samtale 7
1 2 3

”skudddramaet på celle seksten”44 (1 minutt 20 sekund)
må ikkje ’tru på alt dette herre. se bare på den episoden som du forteller meg no, om det her ’skuddramaet på celle seksten.

Tore

44

Denne transkripsjonen er ikkje så detaljrik som dei andre. Det er fordi eg har vore mest interessert i innhaldet, og ikkje det samtaletekniske ved denne samtalen.

107

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37

Silje Tore

Silje Tore

Silje Tore Silje Tore

Silje Tore Silje Tore Silje Tore Silje Tore

Silje

det er jo heilt feil alt samma. ikkje ’ein ting av det du sa var rett. ikkje-at du låg under bordet? bare tull. eg var jo ikkje her ein gang. eg var jo på vei derfra eg. fra matedørken45. jammen ’det har eg jo hørt fra for mangen år siden. jaja men det har jo komt ut som ein ’rein bløff det det var bare for at eg skal-at det er ’meg sant? jaja. Andersen er jo Andersen du veit jo det. ja du takle jo det. ja sant? for det- for å vera mest mulig-skreiv på alle søyler Andersen kan alt. det stod på hver søyla bortover. @@@ gjorde det det? det st- det ’står endå på et par av dei. ja eg har sett Anders- står- står der. kan ’alt kan ’alt står det. åja. og det der asså det e- meg sant, tok de med ’ein gang. kan du det då? e- f- eg var jo opplært på ’alt ’då, også kjefta eg mye for at folk ikkje gjorde jobben. då fikk eg det der sant Andresen-så e- ’alt det du sa om den eksplosjonen der var ’feil. så gale ’er det. der ser du koss- de får det ’til. jammen eg huske ikkje heilt ka det gikk i ’eg. {går ut av pauserommet. Snakker vidare frå gangen.} det er det ’einaste eg husker, 17.-maismellen då låg Andersen under bordet. ja de bare bløffe, bare tull og bløff og løgn ’alt sammen. (5.1) men eg takler det meste eg vettu.

38 39 40 41 42 43

Tore

Tore

Tore startar denne samtalen med å motseie den forteljinga Peder har fortalt om han – forteljinga om 17.mai smellen. Han hevdar han ikkje var tilstades ein gong. Tore får fram i denne sekvensen at han veit om nokre av dei forteljingane som verserer om han. Han forklarar at forteljinga berre er ein bløff, det er ikkje verkelegheit. Det var ikkje slik det skjedde, men slik eg tolkar det, godtek Tore forteljinga fordi, som han seier sjølv; han taklar det meste han (linje 43). Han refererer også til ei anna hending som er blitt ei forteljing om han. Han hadde kjefta på at andre arbeidarar skulle gjere jobben sin skikkeleg, noko som ikkje blei godtatt, og

45

Matedørken er der arbeidarane køyrer truck.

108

KAPITTEL 8

fekk derfor passet sitt påskrive på kvar søyle i midtgangen i elektrolysehallen: ”Andersen kan alt”. Han har fått nokre forteljingar som følgjer han. Dette understrekar forteljingane som ei kollektiv historie: Forteljingane om ”oss” med dei minna arbeidarane har saman. Vi kan framleis sjå grafiske spor etter denne hendinga i elektrolysehallen, men ein dag vil dei fysiske spora forsvinne.

8.1.3 Kva er sant og kva er ikkje sant?
Vi har nok alle skjønt no at det er ikkje slik at samtaleforteljingane på skiftet alltid er sanne. Om vi går tilbake og ser på noko som har blitt fortalt i utdraga i denne avhandlinga, ser vi at forteljingane ikkje er fortalt for å vise objektivt kva som har hendt, men forteljingane er passa inn i den lokale konteksten og formidla for å vise fram ulike poeng. Vi såg (i samtale 1, utdrag 1) at Svein kom inn til arbeidarane og sa at Hagen skal gå til søksmål. Alle veit at dette ikkje kjem til å skje. Alle på det pauserommet forstår at det er ein spøk. Svein har tatt nokre utsegn og gjort dei om til ei forteljing. Det er heller ikkje slik at Svein jaga sjefen på dør (jf. ”det går vel til ’helvete”, kap 6.1.3), men i forteljinga blir det eit ganske morosamt poeng. Under ser vi utdrag frå ein samtale kor eg går over frå å bli arbeidskollegaen Mona til å bli forskaren Herdis som spør om samtalekulturen på skiftet. Tore har forklart at han er ikkje så interessert i å høyre om familien til andre, og Mona prøver å stille han til veggs:
Samtale 8
1 2 3 4 5 6 7 8 9

”eg fortelle ’sannheten ’eg om min familie”
dø no ’må ikkje du snakka du si- e- ev- vi veit ’masse om familien din. (1.2) ja men det det er s- ’sannheten det. eg fortelle ’sannheten ’eg om min familie. ja det [trur eg og] ja [det e viktig å] skille mellom sannhet o- og-ja-[’tre mann på skiftet som lyger så det renner]. [eg syns jo ikkje--] det er de ’tre der. Eriksen, Fransen og Hildal. de er ’eksperter å lyga. det veit vi. sånna historier som han der forteller, det er jo !klink umulig. det går ikkje !ant. det går bare ikkje ant.

Mona

Tore Mona

Tore Mona -------57 58 59 60 61 62 63 64 65 66

Tore Mona Tore

109

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96

Herdis Tore

og sier de noe hvis det har skjedd noe. ”å- sku- ver- i Bergen” der skjer ’alt. !alt har skjedd der. og ’mye større enn andre. legger på. ja noe av det- noe av det har skjedd har sikkert skjedd, men d- ikkje bar- d- noe som han har hørt sant? og så får han det til at det er han. heile tida. så-men er det så viktig at at det er sannheten da? no no no no e- no betyr det ingenting for oss. no kan de bare fortella. bare å si ja ja ja. <P <X driter i det X> P> vi har- vi har bestemt det bare å si ja. vi kan jo aldri ’testa de? ”X forvirra X”. blir de helt sånn ’forvirra veit du. samme som tyrkarar det. d- de forteller lyger og lyger. ja har vært ’jækla mye i der og der, og plutselig går e- h- e-det er fint der det er ’flott i Stavanger sier de. så har de vært i Oslo ’heile tida. de er nett sånn der. de blande sammen og prøve og bare for å selga-skal de vær- sånn der ’småluringar. du ’hører jo med ein gang det. <@ ’eg bare bløffe på skøy når det e- når det er sånn e-, når no- noen legger på så tar eg ’i sånn ’skikkelig god bløff sant? @> @@@. sånn herre- de skjønner jo det sant? @> ka for eksempel da? nei det e- vanskelig å fortellanår Odmund forteller ein historie, jammen ’eg veit vel? nei men når han forteller sant, så tar eg ein litt sånn litt sånn mye ’verre situasjon då, så kommer siste ”nei, i Bergen der e-”, og den siste kommer på !enda meir då veittu, då kommer- eg kommer ikkje ’høgare eg då og lyga meira @@@@@[@@@@] ka gjør du da då? [XXX] nei då må eg gi meg då. @@@@@. han fortalte meg at ’båten av i Nicaragua og Honduras og han såg @@ det d- v-var innom ’fem land, [1med1] ’hæren etter seg. [2kem2] som ’sir sånn som det der. altså vi holdt jo på å få sjokk. [1m1][2@2]@@@@@@@@@@ vi lurte på om det var på tide å sende han altså. @@@@ <X det var X>--

------------141

Tore

142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 166

Herdis Tore Herdis Tore Herdis Tore

Herdis Tore Herdis Tore

Herdis Tore Herdis Tore

110

KAPITTEL 8

167 168 169 170 171 172

han ’såg ’masta. og sprang over fjell og dal og med ’hæren etter seg, og ’klarte det. gjennom fem land. veit du at e--

Her legg Tore ut om at det er viktig å skilje mellom sannheita og det som er løgn, og eg nyttar sjansen til å spørje ”er det så viktig at at det er sannheten då?” (i linje 78). Tore svarar at no er det jo ikkje så farleg. No veit dei kven som fortel sant og kven som ikkje gjer det. Dei har lært seg ”bare å si ja” (linje 83). Han samanliknar forteljingane til Eriksen, Fransen og Hildal med dei same forteljingane som tyrkarane kjem med. Denne samanlikninga viser korleis han faktisk set pris på denne forteljarkulturen. Han trekk fram at arbeidarane sine overdrivingar i forteljingane er bløffing på skøy og til tider ein kamp om å ha den mest spektakulære forteljinga, medan tyrkarane bløffar for å oppnå noko. Tore trekkjer særskild fram Odmund og siterer korleis han alltid fortel at ”alt er best i Bergen”, ”alt har skjedd der” og ”mykje større enn andre” (linje 68-70). Han forklarar korleis han prøver å slå han med sine eigne forteljingar, men kjem alltid til kort. Han klarar aldri å toppa forteljingane til den andre. Han illustrerer dette med ei forteljing om korleis sjømannen Odmund fortel sine forteljingar: at han sprang gjennom fem land med hæren etter seg med berre masta til båten i siktet. Denne eine forteljinga er ei forteljing som blir referert til ofte på skiftet. Frå å bli Odmund si forteljing, er den blitt meir ei forteljing om Odmund og korleis han fortel forteljingar. Då blir også eit forteljarpoeng å vise fram korleis dei vurderer og reagerer på forteljinga, og i dette tilfellet reagerer Tore med ”kem som ’sir sånn så det der.” (linje 161) og at ”vi (skiftet) lurte på om det var på tide å sende han” inn på mentalsjukehuset (linje 164). Som vi såg her, blir den opphavelege forteljinga knytt til den opphavelege forteljaren, og når forteljinga blir gjenfortalt av andre, fortel dei også om den opphavelege forteljaren. Forteljingane blir altså knytt til personar, og då er det ikkje så viktig lenger at dei er sanne. Dei kan ha ei underhaldningsverdi i seg sjølv.

8.2 Ulike underliggjande poeng i forteljingane
Slik eg ser det finst det tre sentrale underliggjande hovudpoeng realisert i samtaleforteljingane i denne avhandlinga. Det er Kulturformidling, Den brysomme sjefen og Den gode arbeidaren. Desse poenga som vi har sett tilstades i dei ”små forteljingane”, kan no setjast saman til ei ”stor forteljing” for å sjå kva forteljarkulturen på pauserommet fortel noko om.

111

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

8.2.1 Kulturformidling
Dei fleste utdraga i denne avhandlinga viser fram samtalane mellom fast tilsette og ferievikarar. Dei fast tilsette har meir kunnskapar om arbeidsoppgåvene, det sosiale miljøet og kulturen enn kva ferievikarane har, og dette pregar korleis den kommunikative verksemda på skiftet blir utført. Ein kan seie det slik at dei faste tilsette allereie er utøvarar av den kommunikative verksemda medan ferievikarane som berre er inne og arbeidar for ein kort periode, må lære seg den. Oscar Amundsen (2003:42) skriv om kva som kan kjenneteikne forteljinga:
Fortellingen (...) kan være bærer av en implisitt moral som igjen reflekterer fortellerens trossystem, og kan dessuten sies å kunne uttrykke mening som bidrar til det kollektive eller kulturelle prosesser i en organisasjon. Slik kan fortellinger også være en ’snarvei’ til en fornemmelse av organisasjonskulturen for et nytt medlem”

Amundsen framhevar her at forteljingane blir ein nyttig ressurs for ukjente medlemmer av ein kultur, fordi forteljingar viser fram ein moral og kva som er viktig i eit miljø. Gjennom bruk av kommunikative verksemder lærer ferievikarane korleis dei skal oppføre seg og kva som er verdiane på skiftet. Dette har også Anne Iversen (2003) framheva som viktig i si utgreiing om normalarbeidstakaren og ho løftar fram forteljinga som ein nyttig innfallsvinkel til å studere ein arbeidsplass:
Fortellingene forklarer hvordan og hvorfor ting henger sammen. Særlig tydelig blir dette i forbindelse med innlemming av nye ansatte i bedriften. Den nytilsatte får informasjon om hva som forventes av ham eller henne, hvordan praksisen er på denne arbeidsplassen og ”hvordan ting gjøres her hos oss”. (Iversen 2003:47)

Mange forteljingar viser fram dette underliggjande poenget om korleis det er her på denne arbeidsstaden. Dei fast tilsette arbeidarane formidlar kunnskap; enten i form av korleis ein skal samarbeide og korleis dei skal gjere arbeidet (”Poenget e at du (...) skal samarbeida”, kap. 6.1.2) eller dei fortel om utstyr og skadar (”Korleis fingeren til Svein sprakk” og ”Eide får handa knust i maskina” i samtale 1, kap. 5). Dei som er nye på dette skiftet, blir opplærte i moral, etikk og korleis det er å vere arbeidar her på denne arbeidsplassen og på dette skiftet (les meir 8.1.3). Samtidig som forteljingane frå dei fast tilsette sosialiserer nykomarane inn i ein ny kultur, er dei også med på å oppretthalde den kunnskapen dei faste tilsette har om

112

KAPITTEL 8

denne kulturen. Dei fortel også kvarandre forteljingar om utstyr, skadar og korleis dei har det på skiftet. I mange av dei forteljingane som blir fortalt, er eit underliggjande poeng at det kan vere ein farleg arbeidsplass. Både Svein og Robert fortel at dei har vore på sjukehuset som følgje av skade som har skjedd på arbeid (kapittel 5, samtale 1). Vi har også sett døme på forteljingar om farlege maskiner. Svein fortel til dømes om ein skade der Eide fekk handa i klem inne i maskina, og om ikkje Espeland hadde tenkt seg om, hadde maskina dradd av han armen (kapittel 5, samtale 1). Forteljingane viser også ei frykt for at noko kan gå verkeleg gale om maskinene og utstyret ikkje er i orden. Bjørn fortel om kranen som stoppa opp i ein 2/4tømmerstokk og stod og spant såpass mykje at Bjørn frykta at den store kranen kom til å dette ned på cellene (i kapittel 7.1) og dette ville vore katastrofe. Historia Peder fortel (i kapittel 8.2.2) om det store smellet og lysglimtet som klarte å kappe ei kopparskinne i to, og om Tore og 17.mai-smellen (kapittel 8.2.2), vitnar også om at det er store krefter i sving i elektrolysehallen, og når uhell inntreff kan det vere så ille at arbeidarane må gjømme seg under bordet for å beskytte seg sjølv. Dette underliggjande poenget i forteljingane er slik med på å stadig minne arbeidarane på at arbeidsplassen kan vere farleg, og at dei alltid må vere på vakt i forhold til å handtere maskinene og kva som kan skje.

8.2.2 Den brysomme sjefen
I fleire av forteljingane som er med i denne avhandlinga spelar ikkje sjefane på bedrifta på lag med arbeidarane. Dei er framstilt som nokon arbeidarane tek avstand frå og ikkje som ein av ”oss” på skiftet. Vi har til dømes sett korleis sjefane Svendsen, Freim og Lægreid blir framstilt (i samtale 2 og 3), og eit underliggjande poeng i desse forteljingane er at sjefane berre vil lage problem for arbeidarane, og ikkje hjelpe dei på noko vis. Freim ville at Svein skulle spionera for han, Svendsen overlet problema til arbeidarane for at han sjølv skulle få eit godt ord hos leiinga, medan Lægreid stadig dukkar opp der han ikkje skal vere, i ein slags ”storebror-ser-deg”-skapnad. Han dukkar opp over alt og held styr på kva du gjer og ingen arbeidar er trygg. Den same avstanden mellom sjef og arbeidar diskuterer også Sverre Lysgaard (2001) i ein studie først utgitt i 1961 der han utvikla ein teori om arbeidarkollektivet med datamateriale frå ein av dei største papirprodusentane i landet. I dette materialet skil det seg ut ein avstand 113

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

mellom arbeidarane og bedrifta, mellom ”oss” og ”dei andre”. Lysgaard løftar også fram gjennom materialet sitt at arbeidarane kjenner seg mindre fri når sjefen dukkar opp, og at sjefane føler dei må legge seg opp i arbeidarane sin kvardag (ibid.:105):
Formannen vil gjerne se skeptisk til det om vi står og prater sammen ”Nå, har dere ikke noe å gjøre?” sa avdelingssjefen til noen som satt og pratet og tok seg en røyk her inne. Han må liksom si noe.

Egil Skorstad (2002) seier i si forståing av Lysgaard at avstanden mellom sjefar og arbeidarar på den tida var ”viktig for at det kan skapes en felles ideologi, både for hvordan man skal oppføre seg og for hvordan man skal forstå sin egen situasjon” (ibid:303). Han viser også til ei anna undersøking utført av Whyte og Dalton (1955) der heltane på arbeidsplassen ”er de som har evnene til å forestille seg mest og som er i stand til å lure ledelsen trill rundt” (Skorstad 2002:89). Skorstad forklarer vidare at denne kampen kan ha opphav i det store kravet til effektivisering frå leiinga til arbeidarane. Dei skal gjere meir på kortare tid, og tida mellom kvart gjeremål, og tida til å ta seg inn igjen, blir kortare og kortare (Skorstad 2002:94-96). Det blir ein kamp mellom bedriftsleiinga (med profittkrav) på den eine sida, og arbeidaren (med si arbeidskraft) på den andre. I dei forteljingane vi har sett har forteljaren framstilt seg sjølv som ein tøff kar som seier klart i frå til sjefen at han kan halde seg unna arbeidet til arbeidarane. Dei lar seg ikkje pille på nasa av sjefar (som til dømes Freim og Lægreid) som ikkje er deira direkte overordna. I forteljinga ”du får bare ’skryten du” (samtale 2.1, kapittel 6) må arbeidaren riktignok rette seg inn etter kva direkte overordna driftsleiar seier og bestemmer. I dette tilfellet framstiller då Svein sjefen som berre ute etter å få eit godt ord ”der nede” hos dei andre sjefane. Dei fleste arbeidarane kjenner nok til Svendsen og dei forteljingane som er knytt til han. Dei veit at han ønskjer eit sosialt miljø og er ikkje redd for å ta i eit tak når det trengs. I forteljinga ”du får bare ’skryten du” blir arbeidarane påminna om at også Svendsen er ein av dei andre sjefane, og ikkje på lag med ”oss”. Samtaleforteljingane er altså med på å oppretthalde denne avstanden mellom sjefar og arbeidarar.

8.2.3 Den gode arbeidaren
Fleire av forteljingane vi har lest framhevar at ein skal gjere jobben sin skikkeleg og at ein skal vere ein god arbeidar. I samtale 2.2 (kapittel 6), seier Svein eksplisitt at arbeidarane skal samarbeide, spørje om hjelp og ikkje tru du kan alt (aleine). Gode arbeidarar tek eigne 114

KAPITTEL 8

avgjerder og tenker på følgjene av det dei gjer. Dette såg vi var tilfellet i forteljinga ”Eide får handa knust” i samtale 1 (kapittel 5), der Espeland ikkje høyrer på Eide som er skada, men tenker sjølv og klarar då å handtere maskina slik at han ikkje riv av han armen. Sjølv i forteljingar om arbeidarar frå andre yrker, er det eit poeng at folk skal kunne jobben sin skikkeleg. I samtale 1 (kapittel 5) kom det fram at legen sa til Svein, som var pasient, at han ikkje hadde gjort denne jobben før, og slik indikerte at legen ikkje kunne den. Dette gav han ikkje gode skussmål hos Svein. Ein skal vere flink i arbeidet ein gjer og vere sikker på at det ein gjer er rett slik at ein ikkje gjer feil som får konsekvensar (for andre). I dette materialet har vi sett arbeidarane skildra dei gode verdiane: ein skal vere flink i jobben sin, samarbeide, støtte andre og vere ein god kamerat. Denne kulturen skildrar også andre ”gode” verdiar som kanskje ikkje samfunnet elles ser på som ”gode”: arbeidaren kan drikke på jobb, stele frå bedrifta og be sjefen dra til helvete. Desse verdiane som samfunnet elles ville reagert på og sett på som ”umoralske”, blir ikkje problematiserte i denne kommunikative verksemda. Her blir også dei umoralske verdiane verdsette (i og med at dei ikkje blir problematiserte eller kritiserte) og gjort til eit uttrykk for å vere ein sjølvstendig og tøff arbeidar, ein som kan seie leiinga imot og kanskje lure dei. Vi har som nemnt sett at arbeidarane har eit kollektivt ”vi” mot ”sjefen” og ”leiinga”. Dette kollektive ”vi” formidla i forteljingane og snakket i denne verksemda, skil også ut nokon andre som ikkje blir rekna som ”ein av oss”. Forteljingane har også skilt ut dei arbeidarane som ikkje blir rekna som ”god arbeidar”. Det er dei som går til sjefen (og heile Odda) og sladrar (Grønsdal i samtale 2.3), dei som slenger grunnlaus drit i andre (Lars Ivar i samtale 2.3, kapittel 6), og dei som legg seg opp i korleis andre skal gjere jobben (tenkt tilfelle i samtale 2.2, kapittel 6). Ein ”dårleg” arbeidar er også ein som ikkje er til å stole på. Forteljingane om Eide dannar eit bilete av at han ikkje er til å stole på. Han handlar ikkje utifrå arbeidsinstruksen og slik som det er forventa, han held mellom anna handa inne i mothaldet slik at handa kjem i klem og i staden for å ta ein omveg når det var skjæring i heisen, klatra han han opp og ned heissjakta (mest truleg for å spare tid). Det blir også nemnt om same mann at han var ein slik som skulle vise kreftene sine og bere store og tunge katodeplater sjølv (i staden for å bruke kranen).

115

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

Desse funna støttar også opp om Lysgaard (2001) si allereie nemde bok om Arbeiderkollektivet der arbeidarar på spørsmål om kva som var gode og dårlege arbeidskameratar, svara:
Det en krever av en god arbeidskamerat er at han jenker seg etter en god tone. Det har jo hendt at karer har gått til formannen for å oppnå noe. En sånn kar vil bli talt til rette. Vi ville forklare ham hva han ikke kunne gjøre. Dernest ville vel saken kunne gå til fagforeningen.

Ein dårleg arbeidskamerat blir skildra som:
(...)en som er bedriftens mann det – en man hele tiden skal holde seg på foretningsmessig talefot med. Det er en som gir for mye opplysninger (til bedriften) om det enkelte menneskets svakheter og dyder. Det kan lønne seg økonomisk for den enkelte å være slik, og det har passet ledelsen bra.

Arbeidarane skildrar kva som er viktig på skiftet slik:
Det viktigste for en gjeng er hvordan det er mellom hvert enkelt arbeider. Hvis det er et godt samarbeid arbeidskameratene imellom, kommer ledelsen i annen rekke, dvs. en ville sette et skille mot ledelsen. En god arbeidskamerat er en som holder tett med det han vet, ikke flyr og rapporterer om en liten feil som han jo kunne rette på selv.

(Lysgaard 2001:113-114, utheva i orginal) Det er interessant å merke seg at arbeidarideala er dei same etter 60 år. Forteljingane om den gode arbeidaren er med på å setje ein mal for korleis ein skal oppføre seg på denne arbeidsplassen og korleis ein skal finne tilhøyring saman med dei andre arbeidarane. Verdiane om korleis arbeidarane står saman, er også skildra i skjønnlitteraturen frå Odda. Her er eit utdrag frå romanen Blind av Lars Ove Seljestad der far held tale til sonen om kva verdiar som ligg i å vere skiftarbeidar på (no nedlagte) Odda Smelteverk:
Det gjeld å arbeida hardt. Samarbeida med dei ein er ilag med. Ikkje bløffa, ikkje lata som om ein er noe ein ikkje er. Ikkje gå rundt og bløffa med store sko. Hjelpa den som treng hjelp. Og ta imot hjelp når ein sjølv treng hjelp. Det er ingen skam å ta imot hjelp. Det er det genuint menneskelege, å gi og få hjelp. Alt dette oppskrytte ibsenske vrøvlet om at Den er sterkest den som står alene, skal du aldri bry deg om. Det er tvert om. Den er svakast den som står aleine. Saman er vi sterke. (Lars Ove Seljestad, Blind, 2005)

8.3 Avslutning
Charlotte Linde (1997) løftar fram at institusjonar46 hugsar med forteljingar. Forteljingane dannar eit felles minne og ein felles identitet. På skiftet pratar arbeidarane seg fram til felles minner og forteljingar gjennom samtalane. Dei brukar forteljingane til å oppdaterer kvarandre
46

Linde (1997) definerer institusjonar som grupper av menneske på uansett nivå som er saman over tid.

116

KAPITTEL 8

når dei har vore borte. Å forske på ein industrikultur, kan gi innsikt i det kollektive minnet arbeidarane har. Før dette prosjektet har eg høyrt på pauserommet at arbeidsplassen skulle vore filma fordi det er så mykje som skjer der. Eg fekk sjølv under innhentinga av materialet kommentarar på at ”no skjer jo det som vi har sagt i så mange år – at det skulle blitt skrive bok om oss”. Forteljingane vi har sett i denne avhandlinga har mellom anna handla om sjefen som tvingar ueigna arbeidarar inn på skiftet, om arbeidaren som sladrar til sjefar og heile Odda om kva som skjer på Zinken, og om arbeidarar som slenger drit til andre, men som får gjennomgå. Dei har poeng som seier ein ikkje skal blanda seg inn i arbeidet til dei andre, men gjere jobben sin og samarbeida med dei andre. Sjølv om desse forteljingane seier noko spesifikt om forteljarkulturen på dette skiftet, kan det også peike mot den lokale kulturen i Odda. I Odda er det framleis arbeidarmentaliteten som regjerer. Ein kan få inntrykk av at byen har eit fasttømra ideal om korleis ein skal vere og ikkje skilje seg ut. Ein skal vere som andre og innordne seg etter dei reglane som er. Også i dette høvet kan det vere greitt å ty til eit sitat frå Blind og sjå korleis skjønnlitteraturen frå Odda skildrar denne mentaliteten:
Dess høgare du stilar, dess høgare blir fallhøgda. Det er ikkje Janteloven. Det er Oddaloven. Det er sjølve livets lov for folk som oss. Du skal ikkje tru at du er noe. Du skal ikkje tru at du er bedre enn oss. Det er slik det er. Det er slik vi overlever. Det er slik vi tenker for å holda ut.

Samtaleforteljingane vi har sett her, viser også fram at Odda har ein tradisjon for å fortelje. Forteljingane frå Odda har gjennom litteraturen fått stadfesta at kulturen dei representerer er ein kultur det er verdt å løfte fram. Kulturen i Odda og liva folk lever er verdt å fortelje om. Dei forteljingane vi har sett nærare på i denne avhandlinga, har vore med på å oppretthalde korleis det skal vere her på skiftet og halde kulturen ved like. Hilde Gunn Slottemo (2003), som har forska på forteljingar, verkar overraska over at fabrikkarbeidarane på koksverket i Mo i Rana likar seg så godt på arbeid. Ho listar opp fleire grunnar til at Koksverket og arbeidsmiljøet der ”ble skrytt opp i skyene i intervjutida” (ibid.:100). Ho tenker seg at arbeidsplassen ”er blitt forherliget i et tilbakeskuende perspektiv” i og med at det er forteljingar fortalt i ettertid om eit nedlagt koksverk, men vel til slutt å tru at det har vore eit bra arbeidsmiljø på grunn av intensiteten i det arbeidarane seier og den overbevisande insisteringa i påstandane frå arbeidarane (ibid.). Eg har ingen grunn til å tvile 117

EI FORTELJING OM FORTELJINGANE

på at arbeidsmiljøet på Zinken verkeleg er godt, og eg vel å tru at samtaleforteljingane på skiftet er med på å skape det gode miljøet. Forteljingane har ein stor underhaldningsverdi. Dei treng ikkje vere sanne så lenge dei er morosame og underhaldande. Kva er det som er så underhaldande i desse forteljingane? Det er både temaet som blir fortalt og måten det blir fortalt på, korleis spenninga er bygd opp og poenga iscenesett. Gjennom forteljingane tek arbeidarane kvarandre i bruk og skapar bilete av kvarandre og verda. Gjennom å fortelje kan ein vise at ein er ein i gjengen som har forstått korleis ein fortel forteljingar her. Ein arbeidar sa ein gong til meg at du må aldri tru at du er uerstatteleg på denne bedrifta. Folk kjem inn og går ut. Kvar ein arbeidar er forgjengeleg og kan erstattast av nye, men forteljingane om arbeidarane blir hugsa og fortalt vidare.

118

KAPITTEL 9

9 Samanfatning
I denne avhandlinga har eg studert samtaleforteljingar og kva som kjenneteiknar dei. Eg har henta opptak frå ein industriarbeidsplass kor arbeidarar snakkar og fortel samtaleforteljingar på pauserommet. Eg har fått innpass på denne arbeidsplassen fordi eg sjølv har vore ferievikar og arbeidar der i eit heilt år og i ni somrar. I dette siste kapittelet skal eg samanfatte kva eg har funne ut om samtaleforteljingar på skiftet og kort nemne noko av det denne avhandlinga kan tilføre forsking kring forteljingar.

9.1 Kva er ei samtaleforteljing?
Ei samtaleforteljing er ei spontan forteljing i ein autentisk samtale i kvardagen. Samtaleforteljinga har trekk som skil seg frå andre forteljingar som er initierte til dømes gjennom intervju. Adelswärd (1996) nytta intervju som metode i sin studie der jegerar blir spurte om når dei skaut sin første elg. I ein slik situasjon blir då jegerane oppfordra til å fortelje, og forteljingane i ein slik kommunikasjonssituasjon er då initierte av andre. I ein intervjusituasjon er det vanlegvis slik at forteljaren skal svare og fortelje om det han blir spurt om, medan den som spør, skal lytte. Det er slik denne kommunikative verksemda går føre seg. Samtaleforteljingane derimot dukkar opp i samtalen gjennom at deltakarane gir den plass – det må altså etablerast rom for at forteljingane skal få vekse fram. Samtaleforteljingane er derfor meir prega av samkonstruksjon mellom forteljaren og dei andre samtaledeltakarar enn kva som er tilfellet i ein intervjusituasjon. Før og etter samtalen kontekstualiserer forteljaren(ane) forteljinga og grunngir kvifor denne forteljinga er aktuell i samtalen sin samanheng meir eller mindre eksplisitt. Samtaleforteljingane får altså meining utifrå den samanhengen dei står i, og i samtalar kan forteljingar komme etter kvarandre på rekke og rad som perler på ei snor. Desse forteljingane kan ha kvar sine isolerte poeng, men dei kan også ha poeng utover den enkelte samtaleforteljinga som gjer at deltakarane i samtalesituasjonen tolkar ei forteljing i lys av andre forteljingar. Deltakarane forhandlar om korleis dei skal skjøne forteljinga si tyding, og ei ny forteljing kan vere eit svar på korleis den førre forteljinga blir oppfatta. I og med at samtaleforteljingane er knytte til samtalen sin samanheng, er det få forteljingar som er like. Likevel har deltakarar i kommunikasjonssituasjonen ei forståing av at det er ei 119

SAMANFATNING

forteljing som blir fortalt. Det som gjer at deltakarane kjenner att ei forteljing, er at noko (sjølvsagt) blir fortalt, at forteljinga har ei hendingsrekkje, eitt eller fleire poeng og at den blir iscenesett. Forteljaren(ane) nyttar fleire verkemiddel for å iscenesette forteljinga. I ein samtalesituasjon er særleg bruken av andre (virtuelle) deltakarar ein ressurs forteljaren tek i bruk. Å fortelje er slik ein dialogisk situasjon sjølv om det kan vere som om forteljinga er fortalt nokolunde monologisk (som vist i kapittel 6). Snakket på pauserommet har mykje intertekstualitet i seg, og deltakarane refererer til mange forteljingar. I den samanhengen kan ein seie at samtaleforteljingane også har vist seg å ha ulike funksjonar. Deltakarane kan ved å referere til andre forteljingar understreke at dei har forstått bodskapen i det andre snakkar om. Ofte har vi sett at forteljingar har avløyst kvarandre og er svar til andre forteljingar. Vi har også sett døme på at forteljingar blir brukte som ein illustrasjon på eit moralsk poeng. Samtaleforteljingane har fleire poeng på ulike nivå som blir formidla samtidig. Eg har nytta Adelswärd (1997) sitt analytiske skilje og inndeling av desse ulike poenga (forteljingspoenget, fortaljarpoenget og underliggjande poeng). Gjennom å sjå på desse har eg fått fram kva meining som ligg i sjølve forteljinga (forteljingspoeng), i korleis forteljinga blir formidla og vurdert (forteljarpoeng) og kva som er dei underliggjande poenga som er karakteristiske for denne kulturen. Dette har vore ein fruktbar vinkling til å gjere ein studie av samtaleforteljingar som kommunikativ verksemd (sjå 2.3.3) sidan eg då har fått kombinert både å sjå på forteljing som produkt og forteljing som prosess. Eg har sett både på kva innhald og funksjon i forteljingar som blir vidareformidla, korleis samtaledeltakarane samkonstruerer det som blir sagt og korleis dei forhandlar om meininga i det som er sagt.

9.2 Forskarposisjon
Eitt av mine delmål i denne oppgåva var å utforske korleis forskarposisjonen min som ”insider” ville gje meg fleire tilgjengelege kontekstuelle ressursar som forskar, og korleis arbeidet med analysane ville bli påverka av dette. Utan mykje kontekstuell informasjon kunne det ha bydd på ekstra store utfordringar berre i det å forstå kva som blir sagt på pauserommet på Zinken. I mange av samtalane er det mange deltakarar som snakkar i munnen på kvarandre. Det kunne ha vore vanskeleg å skilje dei frå kvarandre og forstå kva dei snakka om. Det kunne igjen ha ført til at eg ville ha valt å vise fram andre sekvensar som ikkje 120

KAPITTEL 9

trengte så mykje forklaringar og kontekstualisering for at lesaren av denne avhandlinga også skulle forstå noko av det som blir sagt. Erfaringa mi frå arbeidsplassen og mi rolle som ”insider” har gjort det mogleg for meg å velje dei samtalane og sekvensane eg meiner er typiske for pausesnakket, og som har gjort at eg har kunne studert nærare den kommunikative verksemda samtaleforteljing. Forskarposisjonen min har også gjort det mogleg for meg å trekke inn bakgrunnsinformasjon der det har vore relevant for meiningsproduksjonen i samtalen. Det har gjort at eg har innført omgrepa implisitte, assosierte og ikkje-realiserte forteljingskandidatar (sjå kapittel 5.3.2). På grunn av bakgrunnen min har eg klart å vise fram assosierte forteljingskandidatar som ligg i snakket, men som ikkje blir kommenterte i samtalen. Hadde eg til dømes ikkje kjent kulturen godt nok (eller gjennomført ein CA-analyse), kunne eg ikkje ha vist korleis desse forteljingskandidatane refererer til desse spesifikke forteljingane. At det er mogleg for meg å sjå ting i materialet som ingen andre kan, gjer det sjølvsagt vanskeleg å etterprøve desse resultata eg finn. Men om ein kan tenkje seg at ein forskar går inn i den same eller ein annan (tilsvarande) delkultur med same kjennskap til kulturen som eg har hatt, vil også ho kanskje finne same bruken av forteljingar. Det har vore viktig for meg å ta deltakarane sitt perspektiv på korleis pausesnakket og samtaleforteljingane går føre seg. I det så meinar eg å prøve å forstå meininga utifrå korleis deltakarane sjølve forstår kommunikasjonen på pauserommet, korleis dei formidlar denne forståinga og kva forteljingane har å seie for arbeidarane på skiftet.

9.3 Alternative forskningsperspektiv
Ein kan tenke seg at ein kunne ha funne alternative løysingar og framgangsmåtar til å studere samtaleforteljingar. For min del hadde det først og fremst vore interessant å utvikle undersøkingane i denne avhandlinga for å gjere ein større og meir omfattande studie av samtaleforteljingane på Zinken. Det som er vist fram i denne avhandlinga, er berre ein liten smakebit av alle forteljingane i materialet. Kanskje kunne ein ha klassifisert enda fleire typar samtaleforteljingar og sett kva andre funksjonar dei kan ha. Ein annan interessant innfallsvinkel kunne vore å studere dei forteljingane som vi fortel fleire gongar, og slik påvise korleis kontekstualiseringa av samtaleforteljinga og samanhengen ho står i spelar inn på korleis forteljinga blir fortalt. Eg kunne også ha studert korleis nye arbeidarar eller 121

SAMANFATNING

ferievikarar blir meir kjent med den nye kommunikative sjangeren og korleis dei tek han i bruk. Eg har inntrykk av at dei også fortalte meir på slutten av sommarferien enn kva dei gjorde i byrjinga. Dette fell seg kanskje naturleg i og med at ferievikarane då kjenner kollegaene, arbeidet og den kommunikative verksemda betre. Det kan vere nærliggande å tru at ei kvinne som forskar på (flest mannlege) industriarbeidarar ville valt å studere samtalane på pauserommet med eit kjønnsperspektiv. Ei mogleg problemstilling kunne då ha vore og sett på korleis manndom blir konstruert og uttrykt i snakket og gjennom forteljingane på pauserommet. Eg trur ein slik innfallsvinkel til forteljingane ville ha vore med på å skape eit anna materiale. I opptakssituasjonen kunne deltakarane bli (enda meir) observante på at det var opptak og redde for kva dei skulle seie, og det er rett og slett ikkje sikkert eg ville fått lov til å ta opptak om dei til dømes visste eg ville innta ein kritisk haldning til dei og arbeidsplassen. Og om eg likevel skulle innta ei slik haldning, ville det vore å bryte den gjensidige tilliten vi har. Heile prosjektet og innsamlinga er tufta på at innfallsvinkelen er forteljingane, og det har heller ikkje vore interessant for meg å avdekke korleis dei til dømes uttrykker maskulinitet i samtalane. Det har derimot vore viktig for meg å løfte fram eit arbeidsmiljø som framleis er levande og ein del av arbeidarkulturen i Noreg. Den kraftkrevjande industrien er avhengig av billig kraft, og om ikkje industrien får arbeidd fram gode avtalar med staten, kan arbeidsplassar og arbeidsmiljø som vi har fått ta del i her, forsvinne. Det er inspirerande å få lov til å ta del i ein arbeidarkultur og få innblikk i korleis arbeidarane fortel forteljingar om denne arbeidsplassen og kva som er viktig. Det er fascinerande korleis dei er opptekne av det gode samarbeidet på jobb, men også i forteljingane. Samtaleforteljingane er ein viktig del av samtalane på pauserommet. Dei viser fram kvardagen på skiftet.

122

LITTERATURLISTE

10 Litteraturliste
Adelswärd, Viveka (1997): Berättelser från älgplassen. Om metoder för att analysera jaktberättelsers struktur, poäng och sensmoral. Hydén, Lars-Christer & Margareta Hydén, (red.): Att studera berättelse. Samhällsvetenskapliga och medisinska perspektiv. Stockholm: Liber Adelswärd, Viveka, Jana Holsanova, & Victoria Wibeck (2002): Virtual talk as a communicative resource. Explorations in the field of gene technology. Sprachtheorie und germanistische Linguistik 12.1, s. 3–26 Amundsen, Oscar (2003): Fortellinger om forandring : en narrativ studie av planlagt organisasjonsendring i et norsk finanskonsern. Dr.art.avhandling. Det historiskfilosofiske fakultet. Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier, NTNU Antaki, Charles & Margaret Wetherell (1999): “Show Concessions”. Discourse Studies, vol.1, No.1. Sage Publications, s. 7-27 Cameron, Deborah (2001): Working with spoken discourse. London: Sage Publications Cicourel, Aaron V. (1992): The interpretation of communicative contexts: examples from medical encounters. Goodwin, Charles og Duranti, Alessandro (red.): Rethinking Contexts. Cambridge: Cambridge University Press, s. 291-310 Clark, Herbert H. (1996): Using Language. Cambridge: Cambridge University Press Clark, Herbert & Richard Gerrig (1990): “Quotations as demonstrations”.Language, Vol. 66, No. 4: 764-805 Du Bois, John, Stephan Shuetze-Coburn, Susanna Cumming & Danae Paolino (1993): Outline of Discourse Transcription. Edwards, Jane A. & Martin D. Lampert (red.): Talking Data. Transcription and coding in discourse research, s. 45-89. London: Lawrence Erlbaum

123

LITTERATURLISTE

Eriksen, Anne Landaas (Odda kommunes hjemmesider): Litt historie fra kommunen. Lokalisert 29.6.2006 på Verdensveven:
http://www.visitodda.com/newsread/news.asp?WCE=dokument&D=1&N=5159&CMP_ID=2&L=1

Eriksson, Mats (1997): Ungdomars berättande. En studie i struktur och interaction. Institutionen för nordiska språk. Uppsala Eriksson, Mats (1995): Berättande och konflikt i ungdomars samtal: en

analys. Folkmålsstudier 36. Helsingfors. s.139-167 Evensen, Lars Sigfred (1991): Skriving – mer enn den glemte ferdighet. Språk og Språkundervisning, nr 3, s.3-12 Gergen, Kenneth J.(1994): “Self-Narration in Social Life”. Wetherell, M., Taylor, S.& Yates, S.J (2001): Discourse theory and practice: a reader. London: Sage Publications, kap.18, (s.247-260) Goffman, Erving (1974): Frame Analysis. Cambridge MA: Harvard University Press Grytten, Frode (1999): Bikubesong. Oslo: Det Norske Samlaget Gunnerød, Marit Olave (2005):Politiavhøret som samtale. En empirisk studie av 7 avhør av siktede/mistenkte. Hovedfagsoppgave i anvendt språkvitenskap, Det historiskfilosofiske fakultet, NTNU Holsanova, Jana (2006): Quotations as a vehicle for social positioning. Hausendorf, Heiko & Alfons Bora (red.): Analysing Citizenship Talk. Social Position in political an legal decision-making processes. Amsterdam/Philadelphia: John Benjamins Publishing Company Iversen, Anne (2003): ”Forestillinger om normalarbeidstakeren”. Saksvik, Per Øystein & Nytrø, Kjell (red.): Ny personalpsykologi for et arbeidsliv i endring. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, s.42-63

124

LITTERATURLISTE

Jefferson, Gail (1991): “List construction as a task and resource”. Psathas, G. (red.): Interactional competence. New York, NY: Irvington Publishers, s. 63-92 Kristeva, Julia (1969): ”Le mot, le dialogue et le roman”. Recherches pour une sémanalyse. Paris: Éditions du Seuil Labov, William & Joshua Waletzky (1967): ”Narrative Analysis: Oral versions of personal experience”. McCabe, Alyssa & Michael Bamberg (red.): Journal of Narrative and Life History, 7 (1-4), s.3-38 Linde, Charlotte (1997): ”Narrative: Experience, Memory, Folklore”. McCabe, Alyssa & Michael Bamberg (red.): Journal of Narrative and Life History, 7 (1-4), s.281-291 Linell, Per (1990): ”De institutionaliserade samtalens elementära former: om möten mellan professionella och lekmän”. Forskning om utbildning.17: 18-35 Linell, Per & Linda Jönsson (1991): Suspect stories: perspective-setting in an asymmetrical situation. Marková og Foppa (red.): Asymmetries in Dialogue. New York: Harvester Wheatsheaf Linell, Per & Persson Thunqvist, Daniel (2003): “Moving in and out of framings: Activity contexts in talks with young unemployed people within a training project”. Journal of Pragmatics 35, s. 409-434 Linell, Per (2005): En dialogisk grammatikk. Anward, Jan & Bengt Nordberg (red.): Samtal och grammatik. Studier av svenskt samtalsspråk. Lund: Studentlitteratur, s.231-328 Linell, Per (2006a/u.a.): Samtalskulturer. Analys av samtal och språkliga möten som kommunikativa verksamheter. Institutionen för språk och kultur, Linköpings universitet. (versjon fra dato 2005-06-24)

125

LITTERATURLISTE

Linell, Per (2006b/u.a.)(online): Essentials of Dialogism. Aspects and elements of a dialogical approach to language, communication and cognition. Department of Communication Studies Linköping University
http://www.tema.liu.se/tema-k/personal/perli/Linell_Essentials-of-dialogism_050625.pdf.

Lysgaard, Sverre (2001) [1961]: Arbeiderkollektivet. Oslo: Universitetsforlaget, 3.utg. Marková, Ivana (2003): Dialogicality and Social Representations. Cambridge: Cambridge University Press Matre, Synnøve (2000): Samtalar mellom barn. Om utforsking, formidling og leik i dialogar. Oslo: Det norske samlaget McCarthy, Michael .J. (2000): Captive audiences. The discourse of close contact service encounters. J. Coupland (Ed.): Small Talk. London: Longman, s.84-109 Norrby, Cathrin (1996): Samtalsanalys. Så gör vi när vi pratar med varandra. Lund: Studentlitteratur Norrby, Cathrin (1998): Vardagligt Berättande. Form, function och förekomst. Göteborg: Acta Universitatis Gothoburgensis Norrick, Neal R. (2000): Conversational Narrative. Storytelling in everyday talk. Philadelphia, PA, USA: John Benjamins Publishing Company Ochs, Elinor & Lisa Capps (2001): Living Narrative. Creating Lives in Everyday Storytelling. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press Ochs, Elinor (1979): Transcription as theory. Ochs, Elinor & Bambi B. Schieffelin (red.): Developmental pragmatics, s. 43-72. London: Academic Press Orlikowski, Wanda & Jo Anne Yates (1994): “Genre Repertoire: Examining the Structuring of Communicative Practices in Organizations.” Administrative Science Quarterly 39: 541-574 126

LITTERATURLISTE

Propp, Vladimir (1968) [1928]; Morphology of the folktale. Austin: University of Texas Press Rottem, Øystein (31.10.1999): En lovsang til Odda. Lokalisert 29.06.2006 på Verdensveven: http://www.dagbladet.no/nyheter/1999/10/31/181897.html Rustad, Hanne (2005): Latter som kommunikativt virkemiddel. Om latter og ansiktsbevaring i samtale. Hovedfagsoppgave i anvendt språkvitenskap, Det historiskfilosofiske fakultet, NTNU Sacks, Harvey, Schegloff, Emanuel A. & Jefferson, Gail (1978): "A simplest systematics for the organization of turn taking for conversation.". Schenkein, Jim (red.): Studies in the organization of conversational interaction. New York: Academic, s. 1–55 Scheuer, Jann (2005): Indgange til samtaler. Samtaleanalyse som konversationsanalyse, dialogisme og kritisk diskursanalyse. København: Danmarks Pædagogiske Universitets Forlag Seljestad, Lars Ove (2005): Blind. Oslo: Cappelen Forlag Skorstad, Egil J. (2002): Organisasjonsformer. Kontinuitet eller forandring?. Oslo: Gyldendal Akademisk. Slottemo, Hildegunn (2003): Fabrikkarbeider, far og forsørger.Menn og mannlighet ved koksverket i Mo i Rana, 1950-1980. Historisk institutt/Senter for kvinne- og kjønnsforskning, NTNU. Svennevig, Jan (1995): ”Samtaleanalyse”. Svennevig, Jan, Margaret Sandvik & Wenche Vagle (red.): Tilnærminger til Tekst. Modeller for språklig tekstanalyse. Oslo: Cappelen Akademiske Forlag. Tannen, Deborah (1989): Talking Voices. Repetition, dialogue, and imagery in conversational discourse. Cambridge: Cambridge University Press.

127

LITTERATURLISTE

Thomassen, Gøril (2005): Den flerbunnete treningssamtalen: En studie av samtaler mellom pasient og student fra sykepleier- og medisinerutdanning. Dr.art.avhandling. Det historisk-filosofiske fakultet. Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier Thorsen, Terje (29.05.2001): Musikalsk litteratur. Lokalisert 29.06.2006 på Verdensveven: http://www.dagbladet.no/kultur/2001/05/29/260631.html Tykesson-Bergman, Ingela (2006): Samtal i butik. Språklig interaktion mellan biträden och kunder. Dr.art.avhandling. Acta Universitatis Stockholmiensis. Almqvist & Wiksell International Åsebø, Solvor (2003): "La skravla gå" : gruppeintervju om snakk på jobb. Hovedfagsoppgave i anvendt språkvitenskap, Det historisk-filosofiske fakultet, NTNU

Hardanger Folkeblad (Avis): Knutsen, Svein (28.12.2005): ”Slår alle rekorder i Tyssedal”. Hardanger Folkeblad Syse, Trygve D. (06.01.2006): ”Produksjonsrekorder over heile fjøla”. Hardanger Folkeblad

128

VEDLEGG

11 Vedlegg Prosjektskildring for masteroppgåve
Herdis Moldøen Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier, NTNU ”Gutta på Zinken (…)” (arbeidstittel) Bakgrunn Eg tek no mastergrad i språkleg kommunikasjon ved NTNU i Trondheim der eg utdannar meg til forskar i språkleg kommunikasjon. Eg har ein allsidig fagbakgrunn med engelsk, informatikk og særleg filmvitskap som hovudretning. No har eg eitt år igjen av studiet, og det skal eg bruka på eit forskingsprosjekt som resulterer i ei masteroppgåva frå 60-120 sider, som kjem til å bli tilgjengeleg for folk til å lesa. Mål for prosjektet Frode Grytten har uttalt korleis forteljingar er ein viktig del av livet og kanskje særleg på industristader som Odda. Bøkene hans speglar ein kultur, kan hende særskild for industristader, men som ber i seg kor viktig det er å fortelja historier og korleis vi brukar forteljingar til å leva liva våre. Eg skal ikkje basera forskingsprosjektet mitt på Gryttens litteratur. Det har eg ingen intensjonar om, men eg brukar det som utgangspunkt og inspirasjonskjelde. Om eg fagleg, som språkvitar og forskar, gjennom å studera snakk på arbeidsplassen, kan finna det som kunstnarar finn: fasinasjon, inspirasjon og kvardagsliv. Eg vil gjerne dokumentera eit arbeidsmiljø eg har vore ein del av. I eitt år og snart 8 somrar har eg jobba som strippar i elektrolysehallen på Norzink, no New Boliden. Eg kjenner rutinane og arbeidet godt, og eg veit ein god del om snakket som føregår på pauseromma i hallen. Gutta har ein særskild måte å vera mot kvarandre på og dette vil eg dokumentera, og spesielt ha fokuset på forteljingane dei fortel. Dei seier sjølv at forteljartradisjonen er i ferd med å dø ut, det er ikkje slik som det var i gode gamle dagar, men utifrå mi erfaring er snakket og forteljartradisjonen framleis verdifull og levande, og er med på å skapa eit godt arbeidsmiljø. Kva snakk kan eg forventa å finna på denne arbeidsplassen, og kva snakk er det eg er ute etter? Eg er ute etter dei gode historiene, etter forteljingane og identiteten knytt til dei som fortel, lyttar og dei eller det som det vert fortalt om. Eg vil fanga korleis ’gutta på Zinken’ snakkar, og vil særskild fokusera på korleis dei fortel og høyrer historier om folk og slik er saman om å skapa sitt eige sosiale miljø på skiftet. Metode Eg kjem både til å ta lyd- og kameraopptak. Eg byrjar først med lydopptak for å få eit betre bilete av samtalesituasjonen på pauserommet, og for å gjere folk vante og klare for opptak. Vi treng tid for å bli vande med dette, og det trengs derfor mykje opptakmateriale for å sikra 129

VEDLEGG

at pausesnakket vert så autentisk som mogleg. Dessutan er det ein fordel med lydopptak i og med at eg arbeider samtidig. Opptaket kan berre stå og gå sjølv om eg må ut i hallen og arbeide. Eg håpar eg kan bli igjen etter dei andre ferievikarane er ferdige, når heile skiftet er igjen samla i slutten av august, og ta opptak med kamera. Mykje av snakket (har eg erfart allereie) skjer gjennom dramatisering av andre, både gjennom endring av stemmeleie og i etterligningar av andre. Dette er berre noko eit kamera kan fange. Dette prosjektet kan fungera som eit inkluderande prosjekt for skiftet, og som ei dokumentering av eit arbeidsmiljø. Mitt forslag er derfor at vi avgrensar opptaka til nattskifta og helgene, og eventuelt ettermiddagsskift for å unngå at ikkje mange andre vert involvert, og at det ikkje vert så mykje ”forstyrrande” prat rundt akkurat opptakssituasjonen. Er det innvendingar mot dette, kan vi godt endre på det. Eg har skrive ei samtykkeerklæring for alle som er involvert i opptakssituasjonen der dei skriv under på at dei har frivillig meldt seg som informantar. Dette er mest for at dei sjølv skal vita at eg kjem til å opptre etisk korrekt etter alle forskingsetiske reglar, som inneber at dei kjem til å bli anonymisert og kan trekke seg frå prosjektet når som helst, også etter opptaka er gjort. Lyd- og kameraopptak kjem ikkje til å bli lagt direkte ved oppgåva, kun i form av utskrift av samtalane. Opptaka vert kun sett av andre under rettleiinga mi og i undervisningssamanheng, og berre om eg har fått samtykke av dei det er opptak av. Om det eventuelt kjem til å komma opp behov for anna bruk av materialet, kan eg ikkje bruka materialet utan nytt løyve. Dette er ei oppgåve som er ein del av utdanninga mi. Eg har fått ein anarkjent professor, Per Linell, som rettleiar og kjem til å vise vegen mot eit best mogleg resultat. Det kjem sikkert til å vere noko som ikkje er korrekt, eller ikkje blir oppfatta korrekt av meg, undervegs og i sluttproduktet, slik er det ofte. Men eg ønskjer svært at eg kan ta ein tur i hallen, eller ringa eit nattskift, om det er noko eg eller andre lurar på, for å sikra eit mest riktig resultat (og for å høra koss det står til)!

130

VEDLEGG

Transkripsjonsnøkkel:
1 . , ? me-men ’ord !ord ”ord” (..) (2.2) nummererte linjer indikerer ei intonasjonseining punktum indikerer synkande intonasjon komma indikerer ein fortsetjande intonasjon spørjeteikn indikerer stigande tonefall avsluttar fort eit ord/refraserer setning trykksterkt ord/staving emfatisk trykk (ekstra mykje trykk) sitatstemme (tilgjort stemme) pause under eitt sekund pausar over 1 sekund blir spesifisert og runda opp til næraste tidel {} : @ <@ ord @> hx X <X ord X> <P ord P> <F ord F> ord= =ord [ord] kommentarar, lydar, kontekstuell informasjon lang vokal latterstaving leande eller lattermild tale pustar ut uhørbar staving/ord usikker transkripsjon lav stemmestyrke sterk stemmestyrke likskapsteikn på suksessive linjer markerer ingen pause mellom samtaleturane samtidig tale. Ved fleire ytringar samtidig er dei som høyrer saman markert med tall t.d [1ord1] <FORT ord FORT> raskt tempo

131

VEDLEGG

Herdis Instefjord Moldøen Master i anvendt språkvitskap Institutt for språk-og kommunikasjonsstudium

Samtykkeerklæring
Eg har fått informasjon om dette prosjektet og meldt meg frivillig som informant til video- og lydopptak. Det vil bli gjort opptak og tatt utskrifter av samtalen til bruk i masteroppgåva. Dette materialet vil bli anonymisert slik at det ikkje kjem fram kven som har deltatt i prosjektet. Dersom eg ønskjer det, har eg muligheit til å trekke meg frå dette prosjektet når som helst, også etter at opptaka er gjort. Eg samtykker i at materialet kan bli brukt til masteroppgave og til undervisningssamanheng.

Sted:

Dato:

Underskrift:

________________________________________

132

Sign up to vote on this title
UsefulNot useful