Ein vestnorsk

intonasjonsfonologi
Jardar Eggesbø Abrahamsen
Dr.art.-avhandling
Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium
Det historisk-filosofiske fakultet
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Trondheim 2003
Prenta av NTNU-trykk, Trondheim
ISBN 82-471-5232-0
i
Innhald
Innhald .................................................................................... i
Føreord .................................................................................... v
1 Innleiing .................................................................................. 1
1.1 Kva denne studien er og ikkje er ............................................... 1
1.2 Trykk og tone ............................................................................ 5
1.3 Eldre toneforsking i norsk ......................................................... 8
1.4 Nyare toneforsking i norsk ....................................................... 12
1.5 Datatilnærming og transkripsjonskonvensjonar ........................ 14
2 Det prosodiske hierarkiet ...................................................... 17
2.1 Trondheimsmodellen ................................................................. 19
2.2 Ontologisk status ....................................................................... 22
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) .................................... 23
2.3.1 Den interne strukturen til AP ..................................................... 24
2.3.2 Tonelag: ord eller AP? ............................................................... 27
2.3.3 Prosodisk ord ............................................................................ 29
2.4 AP og IP ................................................................................... 41
2.4.1 Eigenskapar ved IP .................................................................... 42
2.4.2 IP og ikkje IP: To slags neddrift ............................................... 44
2.4.3 Lyttetestar .................................................................................. 47
2.4.3.1 Generelt om lyttetestane ............................................................ 49
2.4.3.2 Spesielt om lyttetestane ............................................................. 52
2.4.3.3 Lyttetest for mediale AP-ar: dyret-testen ................................... 55
2.4.3.4 Lyttetestar for finale AP-ar: «Renault-testen» og
«gryte-testen» ............................................................................ 70
2.4.4 Oppsummering av lyttetestane ................................................... 83
2.4.5 Etter lyttetestane: litt meir fokus ................................................ 84
2.4.5.1 L] i fokus igjen .......................................................................... 84
2.4.5.2 Fokus i eit par andre høgtonedialektar ....................................... 87
2.4.6 Ei oppsummering av 2.4 ............................................................ 94
2.5 IU og IP .................................................................................... 96
2.5.1 IU-grensetone ........................................................................... 96
2.5.2 Manglande neddrift ................................................................... 100
Innhald
ii
3 Assosiering .............................................................................. 105
3.1 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 1 ............ 105
3.2 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 2 ............ 109
3.3 Den leksikalske tonen ............................................................... 112
3.3.1 Ein mogeleg parallell i latvisk .................................................... 114
3.3.2 Ein optimalitetsteoretisk analyse ................................................ 116
3.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for
AP-grensetonen ......................................................................... 120
3.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen .......................................... 129
3.6 Ein kommentar om assosiering ................................................. 138
4 Materiale utanfor AP ............................................................. 141
4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar ........................................ 143
4.1.1 Anakrusar .................................................................................. 144
4.1.2 AP-eksterne stavingar som ikkje er ytringsinitiale ..................... 148
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 ............................... 155
4.2.1 Restriksjonar på HL .................................................................. 158
4.2.2 Tonelag 2: ein ekstra tone eller ein «skillnad i timing»? ............ 165
4.2.3 Er den leksikalske tonen ein leksikalsk tone? ............................ 170
4.3 IP-dominert H: eit spesialtilfelle ved tonelag 1 .......................... 176
5 Samansette ord ....................................................................... 181
5.1 Oversyn ..................................................................................... 181
5.2 Diakron evidens ........................................................................ 184
5.3 Synkron evidens ........................................................................ 186
5.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve .............................. 190
5.4.1 Morfologi mot fonologi ............................................................ 190
5.4.2 Morfologiske strukturar ............................................................ 193
5.4.3 Det prosodiske ordet igjen ........................................................ 197
5.5 Metriske strukturar .................................................................... 201
5.5.1 Eit tilsynelatande spesialtilfelle .................................................. 201
5.5.2 Blokkering av morfologisk avhengig trykktilordning ................ 212
5.6 Sluttmerknader om etterlekkstrykk ............................................ 214
6 Sluttord ................................................................................... 217
Innhald
iii
Vedlegg .................................................................................... 221
Tabellar over lyttetestane i delkapittel 2.4 .................................. 221
Lyttetest: Det store dyret åt den neddopa mannen ...................... 222
Lyttetest: Eg sette meg vitterleg inn i Renaulten ......................... 232
Lyttetest: Eg har stole ei gryte i Trondheim ............................... 238
Litteratur ................................................................................. 245
v
Føreord
Våren 1995 las eg korrektur på hovudfagsoppgåva til Ingunn Tronstad, Myter
og realiteter om norsk intonasjon (Tronstad 1995). Jamvel om eg hadde hatt
intonasjon på pensumet på lingvistikk grunnfag nokre år tidlegare, var det
fyrst med Tronstad at den særlege interessa for intonasjonsfonologi vart vekt.
Etter fleire søkjerundar fekk eg den jolegåva i 1997 at Noregs forskingsråd
hadde løyvt pengar til det individuelle doktorgradsstipendet eg hadde søkt om.
Eg byrja i stipendiatstillinga 1. juni 1998, og slutta den 28. februar 2003.
Sluttdatoen var noko forskuva i forhold til den opphavlege planen fordi eg
undervegs hadde nokre sjukmeldingar og ein permisjon for å undervisa.
Eg har heile tida hatt arbeidsstad ved Lingvistisk institutt (frå hausten 2002:
Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium), universitetet i Trondheim
(som formelt sett har det noko misvisande namnet NTNU). Som rettleiar
hadde eg i starten professor Thorstein Fretheim ved same institutt, medan
medrettleiaren var professor Curt Rice ved Engelsk institutt (sidan: Institutt for
språkvitskap), Universitetet i Tromsø.
Den fyrste delen av stipendperioden var diverre mykje merkt av sjukdom.
Etter kvart vart også rettleiarkabalen lagd på nytt, og frå august 2000 hadde eg
professor Gjert Kristoffersen som hovudrettleiar (Nordisk institutt, Univer-
sitetet i Bergen). Som nye medrettleiarar hadde eg professor Wim van
Dommelen (Lingvistisk institutt, Trondheim) og fyrsteamanuensis Randi Alice
Nilsen (Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Trondheim).
Avhandlinga er sjølvsagt noko merkt både av rettleiarskiftet og av at
arbeidet skaut fart i 2001, etter dei innleiande sjukdomsperiodane.
Dei fem rettleiarane har hatt ulike faglege bakgrunnar, og har sjølvsagt ytt
ulike typar rettleiing. Alle skal takkast for sine respektive innsatsar, i tilfeldig
rekkjefylgd:
Wim van Dommelen er fonetikar, og har fungert som fagleg kontakt på
instituttet, ettersom hovudrettleiaren sat i Bergen. I rettleiarrolla har van
Dommelen vore spesielt oppteken av at kommunikasjonen mellom Gjert
Kristoffersen og meg skulle gå fint trass i den geografiske avstanden, og han
har funne fram til relevant fonetisk litteratur for meg når eg har trunge det.
Randi Alice Nilsen har gjeve omfattande responsar (og sunn motstand),
særleg på kapittel 2. Samtalane med henne har ikkje vore mange, men til
gjengjeld har dei vore lange.
Føreord
vi
Gjert Kristoffersen skal takkast særskilt for (stundom fånyttes) å ha kome
med kritiske, konstruktive og heilskaplege merknader til det eg har skrive, og
Curt Rice for måten han har oppmuntra meg på.
Thorstein Fretheim hadde nokre merknader til nokre tidlege utkast til det
som no er byrjinga av kapittel 2, og var sjølvsagt òg den som i si tid gav meg
den fyrste innføringa i intonasjon. Elles rakk ikkje det fyrste rettleiarparet å
rettleia meg så mykje.
Det er ei sanning i klisjeen om at det er eg, som forfattar av avhandlinga,
som er ansvarleg for alle veikskapane: Ulike fagfolk vil oppdaga ulike
veikskapar, men det er eg, ikkje rettleiarane, som må svara for breidda i
veikskapsrepertoaret. Rettleiarar kan i høgda berre hjelpa til med å luka ut
delar av det veike, til dømes gjennom direkte påpeikingar og gjennom
inspirasjon som eg kan ha vore både meir og mindre mottakeleg for. Og det
som er att av veikskapar til slutt, kjem visseleg frå meg sjølv, vonleg saman
med mesteparten av styrkane. Det må leggjast til at ei personleg fagleg
utvikling heldigvis ikkje endar når ein leverer avhandlinga si.
I tillegg til å takka rettleiarane fortener instituttet som heilskap heider for
den uformelle omgangstonen som gjer instituttet til ein triveleg stad å vera.
Elles ville det ikkje ha vore like greitt å sitja og arbeida for seg sjølv.
Ei takk går òg til informantane, både dei eg har hatt inne på kontoret mitt,
og dei som eg har analysert utan at dei har visst det, m.a. eit knippe
budsjettdebatterande kommunestyrerepresentantar i Herøy på Sunnmøre som
Bygderadio Vest skaffa meg opptak av.
Tusen takk til Judith, som har fungert både som medisin og som
assisterande korrekturlesar.
Trondheim, 24. mars og 11. september 2003
Jardar Eggesbø Abrahamsen
Merknad
I denne endelege versjonen av avhandlinga er dei styggaste trykkfeila retta, og
nokre få stader er det gjort nokre mindre endringar. Elles er alt som før
disputasen (som fann stad 10. oktober 2003), medrekna pagineringa og alle
veikskapane i teori og metode.
Trondheim, desember 2003
Jardar Eggesbø Abrahamsen
1
1 Innleiing
Menneskespråka har tonar. Når me snakkar, går grunntonefrekvensen
vekselvis opp og ned ut gjennom ytringa. Denne variasjonen på ytringsnivå
vert kalla intonasjon. Hadumod Bußmann (1990:352f) skriv m.a. dette i
artikkelen om Intonation:
Intonation [lat. intonÇre ›stimmen‹].
(1) Im weiteren Sinne: Gesamtheit der prosodischen Eigenschaften von sprachlichen
Äußerungen, die nicht an einen Einzellaut gebunden sind (→Prosodie). Da
intonatorische Merkmale die segmentierbaren Einzellaute überlagern, nennt man sie
auch →Suprasegmentale Merkmale. […] I. i. w. S. ist bezogen auf eine Silbe, ein
Wort, ein Satzgleid (eine Phrase) oder einen Satz.
[…]
(2) Im engeren Sinne (besonders in der Slawistik): auf morphologisch definierte
Segmente (Morphe, Wörter) bezogene Erscheinungen der Tonhöhenverlaufs in
→Tonsprachen.
Medan Bußmanns tronge definisjon 2 m.a. passar på det som me i norsk
kjenner som tonelag, er det den vidare definisjon 1 som ligg nærast det som
eg skal presentera i denne studien: tonegangen i ytringar og i delar av ytringar.
Jamvel om dette også femner om tonelagsfenomenet i norsk, vil tonelag likevel
verta presentert berre som ein del av ein større tonal heilskap i språket.
1.1 Kva denne studien er og ikkje er
Kolbjørn Slethei (1996:106) skriv m.a. dette om intonasjon:
Det er mulig å isolere minst fire forskjellige funksjoner intonasjon kan ha:
1. Intonasjon kan ha samme funksjon som en syntaktisk operasjon. Utsagnet
«det regner» vil høres ut på to helt ulike måter om det er «Det regner!»
sammenlignet med «Det regner?». I stedet for å forandre ordrekkefølgen har vi
forandret intonasjonen, og oppnådd det samme: Vi har formulert et spørsmål.
Slethei legg til at det ikkje finst noko éin til éin-forhold mellom gjevne
intonasjonsmønster og gjevne syntaktiske kategoriar. Tronstad (1995:51ff)
kjem då òg fram til at det ikkje finst nokon eigen «spørsmålsintonasjon» i
norsk.
1 Innleiing
2
Slethei held fram (utdrag):
2. Intonasjon kan signalisere verdi kodi ng av ytringen. En kan indikere
entusiasme og glede, surhet og tverrhet, skepsis og mismot. Vi bruker også
stemmekvaliteter til slik verdikoding. Verdikodingen kan gjelde innholdet i
ytringen, men den kan også gjelde den vi snakker til.
3. Vi kan også adressere talen til bestemte adressater, og utelukke andre adressater
ved valg av intonasjonsmønster. Dette ser vi mest tydelig når en snakker til små
barn eller dyr. Hvis det er åpenbart at barnet eller dyret ikke har mulighet for å
delta i samtalen, kan vi adressere utsagnet ved å bruke intonasjonsmønster vi aldri
ville bruke til andre.
Desse siste to punkta handlar om ein type pragmatisk og sosiolingvistisk
funksjon, der noko kjem til uttrykk gjennom fonetiske eigenskapar ved
intonasjonen. Det ligg nær å tenkja på det som i sosiolingvistikken er kjent
som baby talk eller caretaker speech, som typisk kjem føre når ein vaksen
snakkar til eit barn eller til kjærasten sin, og som er karakterisert m.a. av
«sometimes […] exaggerated INTONATION patterns» (Richards et al. 1985:34).
Slethei avsluttar med dette punktet:
4. Det finnes undersøkelser som tyder på at visse intonasjonsmønster kan være
kjønnsspesifikke. Det har ikke vært undersøkt for norsk, men det har vært
hevdet at visse intonasjonsmønster i amerikansk engelsk er sosialt "forbudt" for
menn. Hvis menn likevel bruker dem, vil de kunne bli oppfattet som feminine
eller homofile.
Dette punktet seier òg noko om sosiolingvistisk funksjon. Det som likevel
er sams for alle dei fire punkta han listar opp, er at dei tek utgangspunkt i
måten som ulike tonale fenomen vert brukte på. Det kan vera snakk om å
bruka eit høgt frekvensregister eller overdrivne tonerørsler som i baby talk;
eller det kan vera no big deal-intonasjon, der ytringa byrjar heller høgt og fell
fort nedover slik at ho sluttar heller lågt, noko som har ein bagatelliserande
effekt, t.d. at det som ein bed om, kostar vedkomande lite å utføra (Nilsen og
Fretheim 1992). Mønsteret er (om ein har sosiale antenner) avgrensa til heller
intime kontekstar.
I denne studien kjem eg ikkje til å sjå på pragmatisk, psykolingvistisk eller
sosiolingvistisk variasjon i intonasjonen. Eg kjem heller ikkje til å sjå på dei
fonetiske karakteristika ved intonasjon i ulike pragmatiske eller sosioling-
vistiske funksjonar.
Derimot skal eg sjå på det grammatiske grunnlaget for intonasjon, dvs. dei
fonologiske strukturane i tonegangen gjennom ytringar. Eg skal sjå på
språkstruktur, og ikkje på bruksmåtar for språk. Det kjem dermed ikkje på
tale å leita etter t.d. situasjonsavhengige skilnader i distribusjonen av ulike
1.1 Kva denne studien er og ikkje er
3
måtar å intonera på, og eg skal ikkje taka opp spørsmål av typen «kva
tyder/signaliserer denne intonasjonen». Slike spørsmål vil sjølvsagt likevel
vera relevante når ein skal presentera ulike fonologiske intonasjonsmønster,
sidan ulike intonasjonsmønster vil vera relevante i ulike språklege kontekstar
(sjå t.d. lyttetestane i delkapittel 2.4), men eg kjem ikkje til å analysera dei
pragmatiske funksjonane.
Sameleis som ein morfolog ikkje vil bry seg om i kva grad ordet trollet
representerer ein skapning i den verkelege verda, men i staden vil konsentrera
seg om den morfologiske strukturen, så vil ikkje eg bry meg med kva eit gjeve
intonasjonsmønster «tyder», men vil i staden konsentrera meg om den
fonologiske strukturen. Eg vil freista å seia noko om korleis ulike fonologiske
konstituentar
1
samhandlar, og sjølvsagt kva for konstituentar som finst i
intonasjonsfonologien.
Eg held meg til generativ fonologi (autosegmental fonologi og nokre
optimalitetsteoretiske analysar), og vil i tråd med dette operera med tonane H
(Høg) og L (Låg). Autosegmental fonologi er velkjend i fagmiljøet, og vil
ikkje verta gjord spesielt greie for. Optimalitetsteori vil få ein stutt
presentasjon, men eg vil gå ut ifrå at lesaren er kjend med teorien frå før. Ein
kan elles tilrå bøker som Kager (2001) og McCarthy (2002).
Det meste av tonal forsking som gjeld norsk språk, tek utgangspunkt i
austnorske dialektar (austlandsk og trøndersk). I litteraturlista er dette fyrst og
fremst representert av Alnæs (1916), Kristoffersen (1992, 2000), Tronstad
(1995) og det meste av Thorstein Fretheim og Randi Alice Nilsen. Litt finst
likevel om vestlandsk og nordnorsk (særleg Lorentz 1981, 1995; Hognestad
1997; Bakke 2001), men då stort sett med fokus på einskildord framfor fulle
ytringar. Nilsen (2001) har studert det geografiske overgangsområdet mellom
lågtone- og høgtonedialektar på Sørlandet, men med dialektologisk vinkling
framfor fonologisk. Visse eldre, førgenerative studiar finst (Selmer 1921,
1948).
Alnæs (1916:2) konstaterte:
Jeg har begrænset mig til at skildre det østlandske maal, som er mit eget; det er man
vistnok nødt til naar det gjælder saa fine og flygtinge ting som de melodiske forhold.
For de vestlandske og for de øvrige maa jeg nøie mig med at henvise til hvad Storm,
Larsen m. fl. har skrevet. Deres undersøkelser gjælder dog væsentlig det enkelte
o r ds melodi, ikke sætningens. Naar der forhaabentlig blir foretat videre
undersøkelser over sætningsmelodien i andre dialekter, vil det ha stor interesse at
1
Det vil dreia seg om hierarkisk ordna delstrenger (domene), der kvar domenetype er
avgrensa og identifisert gjennom fonologiske eigenskapar, særleg tonale eigenskapar. Dette
vil verta presentert i detalj i kapittel 2.
1 Innleiing
4
sammenligne med den rolle som ordmelodien spiller for de andre maals
sætningsmelodi. — Det kan tænkes at en sammenligning av flere saadanne
undersøkelsers resultater ogsaa kunde kaste lys over sætningsmelodiens utvikling i
andre sprog, hvor ordmelodien nu er forsvunden.
Eg ynskjer å yta min skjerv i dette prosjektet, om enn med ei noko meir
synkron vinkling enn den som Alnæs skisserte i siste delen av sitatet over.
Hovudføremålet med studien er å skildra ein høgtonedialekt fonologisk, sjå
nærare på dei fonologiske vilkåra som ligg til grunn for intonasjonen, med
utgangspunkt i ein analysemodell som tidlegare er prøvd ut på austnorsk. Etter
ei grunnstrukturering av den tonale fonologien, med fokus på intonasjon
(kapittel 2 og 3), vil eg presentera nokre spesialtilfelle (kapittel 4 og 5) som
kan fortelja oss meir om dei intonasjonsfonologiske strukturane som heilskap.
Det vil vera eit mål å setja analysane mine inn i ein større språkleg samanheng,
m.a. med referanse til andre dialektar og språk, der det er aktuelt.
Om den tekniske utviklinga er komen lenger i dag enn på Alnæs si tid, så er
det framleis ein føremon å ha morsmålskompetanse i det språket som ein skal
studera. Eit dataprogram kan trekkja ut F0 frå eit akustisk talesignal, men det
er framleis forskaren som må analysera dei fonologiske tilhøva.
Når eg no skal sjå på intonasjonsfonologien i slikt som ikkje er lågtone-
dialektar (sjå drøfting av høgtone- og lågtonedialektar i delkapittel 1.3), dvs.
1.2 Trykk og tone
5
slikt som korkje er austlandsk eller trøndersk, fell det naturleg å taka
utgangspunkt i den dialekten som eg sjølv har morsmålskompetanse i. Eg er
vaksen opp i Herøy kommune på Ytre Søre Sunnmøre. Ytre Søre Sunnmøre
femner om kommunane Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein og Hareid. Indre
Søre Sunnmøre er Volda og Ørsta.
I studien kjem eg til å bruka nemningane sunnmørsk og søresunnmørsk
noko om kvarandre. Dei få gongene det vert referert til noko som er spesifikt
nørdresunnmørsk (det gjeld m.a eit par informantar i nokre lyttetestar i
delkapittel 2.4), vil dette verta presisert.
Det sunnmørske materialet vil her og der verta jamført med data frå to
andre høgtonedialektar, nemleg Gulen i Ytre Sogn og Vestvågøy i Lofoten, i
tillegg til at det vil verta jamført med det me allereie veit om austnorsk
intonasjonsfonologi.
1.2 Trykk og tone
Den som vil lesa noko om tonar i norsk, vil som regel òg støyta på
trykkomgrepet. Ein seier gjerne at norsk har to tonelag, og at desse tonelaga
berre kan realiserast ved primærtrykk. Norsk realiserer trykk i alle fall
gjennom kvantitet, og dersom det fylgjer med ei tonal realisering i tillegg,
kallar me det primærtrykk.
På ei anna side er stoda annleis i latvisk, der trykk vert uttrykt gjennom
tonalitet åleine. Dersom trykk dermed kan realiserast på ulike måtar i ulike
språk, kan det oppstå situasjonar der folk med ulikt morsmål kan ha ulike
persepsjonar på éi og same ytring. I pedagogiske samanhengar kan ein t.d.
seia det latviske ordet av¥ze /á.vì⍧.zè/ ‘avis’ til eit auditorium med
norskspråklege studentar (der ´ i den fonologiske transkripsjonen tyder ‘høg
tone’, ` tyder ‘låg tone’ og punktum markerer stavingsgrenser). Studentane vil
då kunna rapportera (det har mine studentar gjort) at ordet har trykk på den
andre stavinga, som er lang. Ein latviskspråkleg informant vil derimot seia at
ordet har trykket på fyrste stavinga, som har ein høg tone.
Dette gjer det relevant å stilla spørsmål om kva trykk som fenomen er for
noko. Dersom trykk, til skilnad frå t.d. [± stemd] eller [± fremre], ikkje har
eins fonetiske realiseringsmåtar i ulike språk, kva er då trykk?
Trykkfenomenet er sjeldan definert eksplisitt i faglitteraturen. Sidan visse
tonar i norsk (særleg den tonaliteten som er knytt til tonelagsskilnaden og
tonelagsrealisering) ser ut til å henga nøye saman med trykk, bør me i alle fall
sjå litt nærare på korleis trykk vert omtala i nokre fonologiske verk.
1 Innleiing
6
Me kan byrja med Goldsmith (1990:186), som seier om språk som
klassisk arabisk at det har «a stress system in which the first syllable is
stressed, or, in the absence of any heavy syllables, the last syllable is
stressed».
Etter dette skal trykk kunna ha noko å gjera med kor tunge stavingane er.
Og stavingstyngd har igjen å gjera med morastruktur og korleis segmenta
plasserer seg i stavingstemplatet i den aktuelle stavinga, noko som vil kunna
variera frå språk til språk. Goldsmith (1990:157): «We suggested in section
2.3 above that many languages assign stress on the basis of the weight of the
syllables in a given word. Weight, in turn, is intimately linked to the notion of
quantity, the number of positions in the rhyme of the syllable.»
Samstundes skriv Goldsmith (1990:114):
Returning to the notion of syllable weight, we have noted that by far the most
important function associated with this notion concerns the placement of stress. The
principles that assign stress may generally be divided into those that (i) place stress
on a fixed syllable location in each word, typically the initial (Finnish), the final
(French), or the penultimate syllable (Swahili); (ii) assign stress on the basis of
morphological structure; (iii) assign stress on the basis of the internal make-up of
the syllable, rather than on (or in addition to) the syllable’s linear position in the
word. (See chapter 4 on the notion of quantity-sensitivity.)
Det tredje punktet her handlar om den allereie nemnde stavingstyngda.
Men dei to fyrste punkta gjer stavingstyngd irrelevant. Til dømes har det
finske ordet minä ‘eg’ trykk på fyrste stavinga, jamvel om ho er lett. Her har
trykkrealiseringa med tonale tilhøve å gjera: Den fyrste stavinga skil seg ut
berre tonalt. Merk då at Goldsmith ikkje har definert trykk enno, han viser
berre til kva som kan avgjera plasseringa av trykket.
Katamba (1991:221) formulerer det slik at trykk er «primarily a matter of
GREATER PROMINENCE». Og vidare (mine uthevingar i kursiv):
It is essentially a perceptual phenomenon, with ill-defined articulatory correlates. An
element that is stressed is highlighted so that it becomes auditory more salient than
the rest of the elements in the string of which it is a part. The main phonetic
ingredients of stress are PITCH, LENGTH and LOUDNESS. Stressed syllables tend
to have higher pitch and longer duration than their non-stressed counterparts. In
addition, they may be somewhat louder than unstressed syllables; but loudness is a
much less important parameter than length. There may be also increased respiratory
energy in the production of a stressed syllable although this is by no means
essential.
Katamba tek heile tida sine atterhald, og det er ikkje noko han meiner er eit
eintydig teikn på trykk, sidan trykk handlar meir om persepsjon enn om
1.2 Trykk og tone
7
artikulasjon. Samstundes legg han vekt på at lengd er viktigare enn lydstyrke.
Roca (1994:207) utbroderer det same poenget på denne måten:
A previously influential, now discredited, tradition identified stress with acoustic
intensity […]. The experimental evidence militates however against such a unique,
direct physical correlate of stress. Specifically […] stress is perceived on the basis of
other phonetic properties besides intensity, such as duration, vowel quality and,
above all, fundamental frequency.
Alt i alt finn me at mykje sprikjer når ein freistar å gjera greie for korleis
trykk vert realisert. Det kan vera gjennom tonerørsle, men det kan òg vera
gjennom lengd. Trykk er altså eit mentalt fenomen på line med t.d.
autosegment i autosegmental fonologi. Men medan autosegment har konkrete
fonetiske korrelat, og har rettgjort statusen sin i fonologisk teori med
utgangspunkt i at mentale einingar som «runda» eller «stemd» har konkrete,
fysiologiske ovringar, så har ikkje den mentale storleiken «trykk» noka eiga
konkret ovring, i alle fall ikkje i eit tverrspråkleg perspektiv. Og dei ovringane
som er nemnde, særleg lengd og tone, er slikt som me likevel er vane med å
kunna analysera for seg sjølve, utan alltid å draga inn trykkomgrepet.
Chomsky og Halle (1968:25) seier såleis om trykk (s. 25):
There is little reason to suppose that the perceived stress contour must represent
some physical property of the utterance in a point-by-point fashion; a speaker […]
should ‘hear’ the stress contour of the utterance that he perceives and understands,
whether or not it is physically present in any detail.
Trykk ser då ut til å vera eit rytmisk element av eit slag. Hayes (1995:8)
seier det slik, med referanse til Liberman (1975) og Liberman og Prince
(1977):
[…] stress is the linguistic manifestation of rhytmic structure. That is, in stress
languages, every utterance has a rhythmic structure which serves as an organizing
framework for that utterance’s phonological and phonetic realization. One reason for
supposing that stress is linguistic rhythm is that stress patterns exhibit substantial
formal parallels with extra-linguistic rhythmic structures, such as those found in
music and verse; see § 3.1–2, § 4.5.
If the equation of stress and rhythmic structure is valid, then we automatically
account for why there is no invariant physical realization for stress. The reason is
that rhythm in general is not tied to any particular physical realization; one can
detect and recognize rhythm irrespective of whether it is realized by (for example)
drumbeats, musical notes, or speech. Because of this independence, we are not bound
to the prediction that any particular phonetic correlate will invariably realize stress in
any particular language.
1 Innleiing
8
Og sidan dette rytmiske elementet vert realisert på ulike måtar i ulike språk,
kan det altså oppstå situasjonar av den typen me såg fremst i dette
delkapittelet, der folk med ulikt morsmål kan ha ulike persepsjonar på éi og
same ytring.
Skilnaden mellom norsk og latvisk i dette tilfellet er altså at norsk realiserer
det rytmiske elementet trykk i alle fall gjennom kvantitet, medan latvisk
realiserer det gjennom tonerørsler.
Latvisk har i tillegg noko som ser ut til å vera ein tyngdeføresetnad for å
kunna skilja mellom ulike tonerørsler i trykkstavingar: Berre stavingar med
anten lang vokal (ev. diftong), eller med stutt vokal etterfylgd av sonorant (/r, l,
¥, m, n, ≠/), kan skilja mellom stieptÇ intonÇcija (‘strekt tone’, dvs. jamn høg),
kr¥to‰Ç intonÇcija (‘fallande tone’) og lauztÇ intonÇcija (‘broten tone’, dvs.
ein «cirkumflekstone» med stød), jf. t.d. Lasmane (1981:16) og Ekblom
(1933:passim).
1
For norsk sin del kan ein då seia at trykk er avhengig av ei tung staving. I
praksis vil ei tung staving vera bimoraisk, altså ha anten ein lang vokal
(medrekna diftong) eller ein stutt vokal etterfylgd av moraisk konsonant.
Primærtrykk er det dersom den tunge stavinga i tillegg lisensierer ei tonerørsle
(eitt av dei to tonelaga). Om den tunge stavinga ikkje lisensierer noka
tonerørsle, snakkar me om sekundærtrykk. I eit ord som brannmannen vil me
då ha primærtrykk på den fyrste stavinga /bran⍧/, sekundærtrykk på den andre
/man⍧/, og ikkje noko trykk på den tredje /en/. Sjå likevel ei stutt drøfting av
trykkfenomen i dei stutte fyrstestavingane i orda (rettare sagt samansetjings-
lekkane) telefonen og parasollen i underkapittel 5.5.1.
1.3 Eldre toneforsking i norsk
Flesteparten av norske talemål skil mellom to tonemønster i samband med
realisering av primærtrykk. Det same og liknande fenomen finn me i
mesteparten av svensk, i tillegg til somme danske, tyske og nederlandske
dialektar (Brøndsted 1967:44, Gussenhofen 2000:129). Av ikkje-germanske
språk i vårt geografiske nærområde kan ein nemna dei baltiske språka latvisk
og litauisk, som i standarddialektane skil mellom tre slike tonemønster (t.d.
Lasmane 1981, Ekblom 1930, Ekblom 1933 Kari¿‰ 1996).
I nordisk samanheng har desse tonemønstra gjerne vorte kalla tonelag 1 og
2, fyrste og andre tonelag, enkelt og dobbelt tonelag, tonem 1 og 2, aksent 1 og
2, ordaksent 1 og 2. Eg kjem til å omtala dei som tonelag 1 og 2. Også
1
Ein lengre presentasjon av ordaksentar i latvisk finn ein i underkapittel 3.3.1.
1.3 Eldre toneforsking i norsk
9
termane akuttaksent (for tonelag 1) og gravaksent (for tonelag 2) er brukte
(særleg i svensk), og i Norvegia vart dei to tonelaga markerte nettopp med ´
etter ei trykkstaving med tonelag 1, og ` etter ei tykkstaving med tonelag 2. Eg
kjem til å bruka heva tal (
1
og
2
) før trykkstavinga.
Den historiske distribusjonen av tonelaga er velkjend: Ord som i norrønt
hadde éi staving, har i moderne norsk fått tonelag 1 (ákr >
1
åker; strendr >
1
strender), ord som i norrønt hadde minst to stavingar, har i moderne norsk
fått tonelag 2 (hani >
2
hane; sorgir >
2
sorger).
1
Tonaliteten er ufølsam for det
som i norrønt er den etterhengde bundne artikkelen (sorg >
1
sorg; sorgin >
1
sorga).
Som me skal sjå, er norsk tonalitet noko som har med meir å gjera enn
berre det me finn i realiseringa av primærtrykk, men opp gjennom åra er det
likevel desse trykkrelaterte fenomena som har vorte forska mest på. Årsaka
kan vera så enkel som at dette fenomenet med to tonelag er sjeldsynt i den
vitskapskulturelle sfæren som norske og nordiske lingvistar har halde seg i
fram til den generative lingvistikken byrja å slå gjennom med sine
universalistiske postulat dei siste tiåra av 1900-talet: Ikkje noko av dei andre
standardspråka i det vestlege Europa har eit liknande fenomen å visa til, og
norsk og svensk har dermed skilt seg frå t.d. engelsk og tysk på ein påfallande
måte for nordiske og vesteuropeiske språkforskarar.
Ivar Aasen nemner fenomenet på denne måten i sunnmørsgrammatikken
sin frå 1841 (Bondevik et al. 1992:64):
Den første Betoning er dyb eller lav (f.Ex. i Sagen, Tiden, Manden), den anden er
høiere (som i Dage, Sider, Hammeren). Det er vanskeligt at forklare disse Betoninger
skriftligen, og ligesaa vanskeligt at give Regler for deres Brug.
Dei to «Betoninger» som Aasen omtalar, kan me no skildra på noko andre
måtar enn det Aasen hadde føresetnader for. I eit ordpar som liva (substantiv,
bunden form fleirtal) mot levande (verb, presens partisipp) vil me i sunnmørsk
finna ein tonal skilnad heilt til venstre: I liva vil me opna med ein høg tone (H),
i levande med ein låg tone etterfylgd av ein høg tone (LH).
2
Dette konkrete
dømet er illustrert i fig. (2.3.2) i underkapittel 2.3.1.
1
Unntak: korte komparativar av typen lengre, større.
2
Det er òg vanskeleg å sjå Aasens motivasjon for etikettane «dyb eller lav» mot «høiere»,
som i eit moderne, autosegmentalt perspektiv liknar meir på slik me ville ha skildra
austlandsk, ikkje sunnmørsk. Eit framlegg kan vera at Aasen opplevde det brå fallet HL i
tonelag 1 som eit fall mot noko som er «dybt», medan den initiale LH i tonelag 2 kan ha
vorte oppfatta som noko som alt i alt låg noko «høiere». At den initiale L i eit isolert
tonelag 2-ord (LHL) er noko høgre enn den finale L (pga. neddrift, sjå nærare omtale fleire
stader i kapittel 2), kan òg ha hatt sitt å seia.
1 Innleiing
10
Dette er det som skil mellom dei to tonelaga i sunnmørsk. Kva som skjer
etter desse innleiande tonane, er ei anna historie, som me skal sjå nærare på
både i kapittel 2 og seinare. Inntil vidare held det å nemna at i sunnmørsk kjem
det ein låg tone etterpå, slik at me samla får HL ved tonelag 1 og LHL ved
tonelag 2.
No er det ikkje alt norsk talemål som har ein slik opposisjon mellom to
tonelag, og dei som har det, oppfører seg ikkje likt. I austlandsk vil ordet livet
opna med ein låg tone (L), medan levende vil opna med ein høg tone etterfylgd
av ein låg tone (HL), jf. den same fig. (2.3.2) i 2.3.1, med nærare omtale der.
Dialektologen Hallfrid Christiansen er den som har fått æra for å dela inn
norske dialektar etter tonale eigenskapar. Ho skriv m.a. (1954:35):
Et typisk kjennetegn for de store dialektområder er som kjent talemusikken. Innenfor
hovedtypene lavtone og høytone er det karakteristiske variasjoner, som kjennetegner
ganske bestemte områder, og som sammen med andre målmerker danner
karakteristiske komplekser.
Jamfør òg Christiansen (1976:33):
Tonelagene har ikke samme melodi over hele landet. I Østlandsk, midlandsmål og
trøndsk ligger tonen på den aksentuerte stavingen lavere enn tonen på de trykkløse
stavinger; vi kaller det lavtone. I nordnorsk og sørvestnorsk er det høytone; her
ligger tonen på den aksentuerte stavingen høyest.
Om Christiansen var den som for alvor tok til å dela dialektane inn etter
prosodiske kriterium, hadde ho likevel ein terminologi som var henta frå
tidlegare forsking. Eit døme er Hofgaard (1890:40), sitert etter Jensen
(1956:9):
Sterkest er glidningen paa de tunge stavelser, som udhæves baade ved
udaandingstrykkets styrke og varighed og ved forandring i tonen. Forandringen
foregaar enten saaledes, at tonen først hæves over og derpaa glider ned til stemmens
almindelige høide (høitone), eller saa, at tonen først sænkes og derpaa igjen stiger
(lavtone). Høitone er det almindelige i de europæiske sprog, ogsaa i dansk; men i
norsk og tildels i svensk bruges lavtone.
Etter dette er det vanleg å snakka om høgtonedialektar og lågtonedialektar.
Ein høgtonedialekt er ein dialekt som, lik sunnmørsk, har ein høg tone knytt til
primærtrykkstavinga i realiseringa av tonelag 1. Ein lågtonedialekt er ein
dialekt som, lik austlandsk, har ein låg tone knytt til primærtrykkstavinga i
realiseringa av tonelag 1. Den same tonen er til stades også i realiseringa av
tonelag 2, men då fylgjer han etter ein tone med motsett polaritet.
1.3 Eldre toneforsking i norsk
11
Jensen (1956) har sett nærare på måten termane høgtone og lågtone har
vorte brukte på i litteraturen. Eg kjem til å halda meg til det som er vanleg i
dag: Termane «høg tone», «høgtone» eller «H» seier noko om tonehøgd,
medan eg for dialekttypen vil bruka termen «høgtonedialekt». Det same gjeld
«låg tone», «lågtone» og «lågtonedialekt». Med «høgtoneintonasjon» vil eg
forstå intonasjonen til ein høgtonedialekt.
Termane høgtone og lågtone har òg vorte brukte på andre måtar. Til dømes
bruker Svahn (1882) «högton» om tonem 1 og «lågton» om tonem 2, jf.
Jensen (1956:13f). Denne annleise termbruken skal berre nemnast her, og eg
kjem ikkje attende til dette nokon gong meir i denne studien.
Ein av dei fyrste som har sett på tonar i ein norsk høgtonedialekt, er Selmer
(1921). Eit viktig poeng hjå han er (s. 5):
[…] er jeg dog tilbøielig til at tro at den musikalske akcent mi n ds t likesaa godt
lar sig gjøre til gjenstand for undersøkelser helt uavhengig av den dynamiske akcent,
som ikke sjelden forvirrer selv det fineste øre, idet sterke musikalske stigninger eller
synkninger ofte identifiseres med t r y k forandringer, som kan, men ikke
b e h ø v e r at ledsage disse toneændringer.
Dette poenget, at tonar kan undersøkjast separat, kjem til å vera
grunnleggjande for min studie: Jamvel om tonar kan byggja på metrisk trykk
(jf. at tonelagsrealisering er avhengig av metrisk trykk), slik at dei to fenomena
gjerne kan sjåast i samanheng med kvarandre, så er det likevel viktig å skilja
dei åt i analysen, rett og slett fordi t.d. kvantitet er noko anna enn tonar.
Selmer har delt undersøkinga si i to (s. 7–8):
I f ø r s t e del har jeg søkt at komme til klarhet over tonelagene som isolerte
fænomener, knyttet til enkelte »leksikalsk« uttalte ord, i affektløst foredrag med
gjennemsnitlig ca. 1 sekunds mellemrum mellem hvert ords optagelse paa
kymografiet. […] Den a n de n del inneholder korte sætninger, hvor avvekslende de
forskjællige sætningsled er blit forsynet med den sterkeste dynamiske akcent; her er
altsaa ordmelodien rykket ind under sætningsmelodiens lover, og de derav følgende
avvikelser gjort til gjenstand for undersøkelse.
Selmer vil altså skilja mellom setningsmelodi og ordmelodi, noko som òg
kjem til uttrykk i tittelen på arbeidet: Tonelag og tonefald i Bergens bymaal.
Han viser då òg til Alnæs (1916), den fyrste eigentlege intonasjonsforskaren i
norsk språkforskingssoge. Selmer omtalar (s. 3) Alnæs (1916) som «det mest
utførlige som hittil er skrevet paa dette omraade». Men til skilnad frå Alnæs
fokuserer Selmer nettopp på tonelaga. Og det Selmer er mest oppteken av, er
ikkje skilnaden mellom dei to tonelaga, men den stiginga han finn til slutt i
1 Innleiing
12
bergensk HLH (ved tonelag 1) og LHLH (ved tonelag 2).
1
Når Selmer då
prøver ut setningar i andre delen av undersøkinga, oppdagar han at denne
sluttstiginga ikkje alltid kjem (s. 64): «Ogsaa her har sætningsmelodien
hindret ordmelodien i at utvikle fase IV og V: dypleie og stigning.»
Det fyrste som slår ein som les dette rundt åtti år etter at det vart skrive, er
at Selmer tek utgangspunkt i «leksikalsk uttale, isolerte ord, og har altsaa
prøvet at gi en ‘renkultur’ av de to tonelag» (s. 52). Når han seinare set orda
saman til setningar, og ser at tonane oppfører seg på nye måtar, seier han at det
er setningsmelodien som påverkar tonelaget.
Selmer har argumentert for å sjå på tonar som eit sjølvstendig fenomen i
språket, han skil mellom tonelag og intonasjon, men har ikkje drøft korleis eit
ord uttala i isolasjon kan unngå å få lagt på seg alle dei orduavhengige tonane
som elles skulle ha vorte fordelte på ei heil ytring (setning). Dette er eit
problem i mykje av eldre toneforsking i Noreg: Isolerte ord vert rekna som
berarar av berre tonelag, fordi dei er uttala i isolasjon, jamvel om dei då vert
uttala som ei avslutta ytring. Ei drøfting av ei moderne utgåve av Selmers
problem er drøft i Abrahamsen (1998b).
Endeleg må det òg nemnast noko frå eldre toneforsking som, slik eg har
opplevt det, har overlevt som ein seigliva påstand fram til dags dato i somme
miljø. Påstanden er formulert slik av Vanvik (1986:43): «For å få et tonem i
norsk og svensk må vi ha én trykksterk stavelse fulgt av minst én trykksvak
stavelse.» Og slik i Vanvik (1956, hans utheving):
Enstavelsesord og flerstavelsesord hvor siste stavelse bærer trykket,
har ikke tonelag i norsk. [...] Vi trenger minst to stavelser for å få et av våre
tonelag, én trykksterk stavelse etterfulgt av én eller flere trykksvake stavelser.
Denne påstanden byggjer på ein strukturalistisk analyse av isolerte ord. Og
har me eit isolert ord på éi staving, så stemmer det jo for dei fleste dialektane i
Noreg at me ikkje finn nokon tonelagsopposisjon, og me kan operera med det
som etter Praha-strukturalismen kan kallast «arketonem». Og skulle me taka
Vanvik alvorleg, ville me då få eit slikt arketonem i bokmålsoppmodinga slå
en, sidan slå er trykksterkt og einstava, medan en er eit anna ord; samstundes
skulle substantivet slåen få tonelag 1, trass i at uttalen er akkurat den same
som i slå en.
1
Den finale H her er det som me sidan skal kjenna att som ein høg IU-grensetone, H%.
Dette er knytt til ytringsnivået, og ikkje til einskildord eller einskilddelar av ytringa. IU-
grensetonen kan i bergensk (og sunnmørsk) også vera låg, L%.
1.4 Nyare toneforsking i norsk
13
Ein slik analyse er ei modelltvinga tilsløring av den faktiske tonaliteten. Ein
generativist vil seia at analysen blandar saman fonologiske og morfologiske
einingar, og at kartet vert gjort meir gyldig enn terrenget. Eg kjem til å
analysera døme som slå en og slåen likt: Begge har tonelag 1, til liks med
einstavingsoppmodinga slå.
1.4 Nyare toneforsking i norsk
Den fyrste som systematiserte tilhøvet mellom tonelag og større prosodiske
einingar i norsk, var Ivar Alnæs i doktoravhandlinga si frå 1916. Dette var rett
nok kronologisk tidlegare enn Selmer, som er presentert under «eldre
toneforsking», men faghistorisk høyrer Alnæs likevel inn under nyare
toneforsking, gjennom måten han nærma seg det tonale materialet på.
1
Alnæs presenterer nemleg det han kallar «tonelagsgrupper», og observerer
(1916:92):
[…] et sterkt betonet ord med ett eller flere let betonede efter, danner i den
almindelige daglige tale e t s l a g s s a mme n s æ t n i n g, hvor de svakt betonede
ord gaar ind som de svakere betonede endestavelser.
Han nemner døme som vente paa og vente paa os, som tonalt sett dannar
«sammensætninger av forskjellig længde, paa samme maate som ventesal,
venteværelse osv.» Med trykksterkt «ingen» og trykklett substantiv nemner
han òg at ingen bønner og ingen bønder vert uttala likt. Dei to orda
2
bønner
og
1
bønder er elles eit standarddøme på tonelagsopposisjon i faglitteraturen.
Ei tonelagsgruppe i Alnæs’ terminologi er denne eininga med trykkstaving
etterfylgd av eventuelle trykklette stavingar, der alle stavingane til saman er det
domenet som dei relevante tonane vert realiserte innanfor. Om dette domenet
er eit ord eller ei ordgruppe, er tonane likevel dei same.
Alnæs viste òg til at jamvel om val av tonelag skulle vera leksikalsk og
morfologisk motivert, så kan ein i austlandsk likevel finna døme på at
tonelaget kan vera uavhengig av ordnivået: Det heiter Lo du til ham? med
tonelag 1 på lo, men Slog du til ham? med tonelag 2 på slog, trass i at slog er
eit einstavingsord som i seg sjølv ikkje skulle borga for tonelag 2 (Alnæs
1916:97).
1
Ein parallell til dette kan vera «den fyrste grammatiske avhandlinga» (t.d. Benediktsson
1972), som rett nok er frå 1100-talet, men som gjennomfører ein strukturalistisk analyse
som plasserer arbeidet saman med Ferdinand de Saussure på 1900-talet.
1 Innleiing
14
Såleis er tonelaget noko som vert realisert uavhengig av kor langt det
einskilde ordet er, og det kan sameleis verta lisensiert av slikt som ligg utanfor
det trykksterke ordet. Med andre ord skulle det finnast fleire tonale nivå å
rekna med enn berre tonelag.
Dette vil få konsekvensar for Vanvik (1956) og påstanden om
einstavingsord: Dersom det er som Alnæs seier, at tonelaget ikkje er avhengig
av kor langt det einskilde ordet er, så har Vanvik analysert feil nivå, nemleg
ordnivået i staden for det som Alnæs kallar tonelagsgrupper. Alnæs er før-
strukturalistisk, men sjølv strukturalistisk lingvistikk opnar for hierarkiske
analysar.
Tonelagsgruppene til Alnæs svarar til tonelagsvalda til Eilert Mo (1923).
Mo er inne også på eit overordna domene, eit nivå over tonelagsvalda
(1923:27): «Tvo tonelagsvald som står attmed kvarandre, merkjer vi ikkje ut
med auka tyngd på båe. Vi let det fyrste av dei få normal tyngd, og det andre
auka tyngd.»
Ei eksplisitt inndeling i hierarkisk ordna tonale domene finn me sidan fyrst
og fremst i arbeida til Thorstein Fretheim og Randi Alice Nilsen. Fretheim
(1981a) opererer med «accent units», som svarar til Alnæs’ tonelagsgrupper
og Mos tonelagsvald. I seinare arbeid frå Fretheim, og i Nilsen (1992), vert
termen «tonal fot» nytta.
Den fonologiske delen av Fretheim og Nilsens tilrettelegging av denne
analysemodellen er det grunnleggjande hjelpemiddelet mitt i dei fonologiske
analysane som eg skal leggja fram. Analysemodellen vert presentert i
delkapittel 2.1, saman med ei grunnstrukturering av sunnmørsk intonasjons-
fonologi i delkapittel 2.3–2.5, med referansar til eit par andre høgtonedialektar.
I kapittel 3 og 4 vil eg kartleggja intonasjonsfonologien ut over
grunnstruktureringa, medan kapittel 5 tek føre seg ein tonal og (skisse til)
metrisk analyse av samansette ord i sunnmørsk.
1.5 Datatilnærming og transkripsjonskonvensjonar
Arbeidsmetoden vil fyrst og fremst vera basert på introspeksjon, med dei
klassiske problema det fører med seg, særleg faren for feilrapportering. Denne
faren er årsaka til at eg i stor grad kjem til å supplera det introspektive
grunnlaget mitt med fonetiske, empiriske data. Fokalitetsundersøkinga i
delkapittel 2.4 byggjer dermed på lyttetestar med fonetisk manipulert
materiale, medan eg i arbeidet elles, så langt det er mogeleg, prøver å
dokumentera det fonetisk-empiriske grunnlaget for dei fonologiske analysane.
1.5 Datatilnærming og transkripsjonskonvensjonar
15
Sidan eg likevel har eit generativt utgangspunkt, vil det vera uaktuelt å gå
for mykje i djupna på kollektive språknormer. Studien er fyrst og fremst
kvalitativ, hovudinformanten min er framleis eg sjølv, og det må takast
atterhald om i kva grad eg som individ er representativ for det som eg
kollektivt omtalar som sunnmørsk. Slikt vil verta kommentert når eg omtalar
fenomen som truleg kan variera geografisk eller sosiolingvistisk. Det vil òg
verta kommentert i samband med lyttetestane i delkapittel 2.4 (særleg for den
eine informanten), der eg bruker informantar som skal gjeva respons på
talesignal som eg har produsert.
Den fonetiske transkripsjonen i denne studien er mellomgrov. Eg markerer
ikkje aspirasjon, men tek til dels omsyn til vokalkvalitet t.d. ved stutte mot
lange vokalar. Eg prøver å markera ustemde segment (som [n ]), fordi dette har
konsekvensar for om F0 er til stades i figurane eller ikkje.
Talesignala som ligg til grunn for analysane, er produserte av meg, med
mindre noko anna er presisert. F0-kurvene er trekte ut med dataprogrammet
Praat av Paul Boersma og David Weenink.
F0-kurvene er segmenterte. Mellom kvart segment set eg ein stutt, loddbein
strek, og mellom kvar staving set eg ein mellomlang strek. Mellom aksent-
frasar (AP), som skal verta nærare definerte i delkapittel 2.3, set eg lang strek
loddbeint gjennom heile figuren.
Segmenteringa og stavingsmarkeringa er gjorde for å letta lesinga av
segment- og stavingsgrenser, særleg med tanke på kap. 3, som handlar om
assosiering av tonar, og som dermed gjer det viktig å sjå F0-kurvene meir i
samanheng med det segmentale.
1
IPA-teikna under F0-kurvene vert plasserte i
venstre kant av kvart segment.
I ein segmentstreng som [hær⍧ϯ] ‘herre’ skal stavingsgrensa eigentleg gå
inne i segmentet [r]. I F0-kurvene lèt eg likevel stavingsgrensene fylgja
segmentgrensene, og ved geminatar som denne lèt eg stavingsgrense-streken
stå etter segmentet. Dette er gjort fordi strekane er teikna for å gjera figurane
lettare å lesa, og ikkje som del av nokon analyse av stavingsstrukturar.
For å letta lesinga av dei sunnmørske døma generelt kan det nemnast at
bunden form éintal av hankjønnord, som i skriftspråket svarar til suffikset -en,
har i min varietet av søresunnmørsk suffisket /-گ/. Nasalen i suffikset /-گْ/ fall
bort ein gong på 1800-talet, jf. Worren (1980).
1
Eit særskilt problem er sjølvsagt kvar ein skal plassera «segmentgrensa» inne i diftongar
og mellom [j] og ein vokal. Desse markeringane vert naturleg nok meir omtrentlege enn dei
andre.
17
2 Det prosodiske hierarkiet
Me har vore inne på at trykk er eit rytmisk element som vert realisert ulikt frå
språk til språk. I somme språk er trykk noko som er knytt til stavingslengd/
stavingstyngd, i andre språk meir beinveges til tonale eigenskapar. Tradisjonelt
er det òg vanleg å rekna med intensitet som ein måte å realisera trykk på, men
Katamba (1991:221) kommenterer som nemnt om dette at trykkstavingar
(mine uthevingar):
[…] may be somewhat louder than unstressed syllables; but loudness is a much less
important parameter than length. There may be also increased respiratory energy in
the production of a stressed syllable although this is by no means essential.
(2.0.1) Trykkstrukturen i Apalachicola, etter Roca (1994:278).
A p a l a c h i c o l a
σ σ σ σ σ σ
s s s w w w
s s w
w
Intuitivt kan ein oppfatta fleire gradar av trykk. Chomsky og Halle (1968),
òg kjend under avstyttinga SPE, opererer såleis med primærtrykk,
sekundærtrykk, tertiærtrykk osb. Medan andre distinktive trekk i SPE er
binære, er altså trykk multivalent. Og medan andre trekk vert definerte i
paradigmatiske matrisar, vert trykkgraden definert syntagmatisk, avhengig av
2 Det prosodiske hierarkiet
18
andre trykk i nærleiken. I dømet Apalachicola (namnet på ei amerikansk elv)
sette SPE opp ei trykkfordeling med sekundærtrykk på fyrste stavinga,
tertiærtrykk på tredje stavinga, og primærtrykk på den femte.
Liberman og Prince (1977) argumenterte på si side for at trykk ikkje var
noko distinktivt trekk i det heile, men meir eit spørsmål om kva som er sterkast
og svakast i ei gruppering av stavingar. Dei grupperte dei seks stavingane i
Apalachicola parvis, kvar staving med etiketten «sterk» eller «veik» (avstytt s
og w på engelsk). Stavingspara vart deretter grupperte seg imellom igjen med
dei same etikettane, osb., som vist i (2.0.1) (etter Roca 1994:278). Stavingane
er representerte gjennom teiknet σ.
Dette er eit hierarkisk ordna system av prosodiske eigenskapar, der det
lågaste nivået over stavingane i praksis no er best kjent som (metrisk) fot. Det
prosodiske hierarkiet finst i fleire variasjonar (t.d. Selkirk 1981, 1984, 1990;
Nespor og Vogel 1982, 1986; Hayes 1989). I den opphavleg metriske bruken
sin finn me m.a. desse nivåa, her referert frå Selkirk (1981) og Roca
(1994:195ff):
Stavingane er grupperte til føter (og over-føter «super feet», som er
grupperingar av føter). Føtene (eller over-føtene, om dette nivået finst i det
aktuelle ordet) er deretter grupperte til prosodiske ord, som i praksis svarar til
det morfologiske ordet. Desse er igjen grupperte til fonologiske frasar
(eventuelt med det mellomliggjande nivået «klitikongruppe»), som er domenet
for m.a. trykkforskuving ved trykkolisjonar i engelsk. Dei fonologiske frasane
er vidare grupperte under intonasjonsfrasar, som er domene for m.a.
deklinasjon/neddrift, dvs. eit globalt fall i F0, slik at både dei høge og dei låge
tonane vert realiserte på stendig lågare frekvensar. Intonasjonsfrasane er til
slutt grupperte under den fonologiske (eller prosodiske) ytringa, som femner
om det heile.
Om modellen i utgangspunktet var basert på metriske forhold, har han altså
òg vorte brukt på reint tonale tilhøve. Pierrehumbert og Beckman (1988)
bruker modellen på japansk intonasjon, og har vore med på å inspirera
Trondheims-miljøet sitt arbeid, med Thorstein Fretheim i spissen, m.a.
Fretheim (1981a, 1990, 1993). Modellen er tilpassa norske tonale tilhøve, med
utgangspunkt i lågtonedialektar, og går i den varianten under namnet
Trondheimsmodellen.
I kapittel 2 skal me etablera det tonale prosodiske hierarkiet på bakgrunn av
høgtonedialekten sunnmørsk. Dei strukturane som skal etablerast her, høyrer
saman i sin eigen interne heilskap, og dei etterfylgjande kapitla vil meir
markert vera eigne fordjupingar i grunnstrukturen som har vorte etablert i
kapittel 2. Grunnstruktureringa av det tonale prosodiske hierarkiet ynskjer eg
2.1 Trondheimsmodellen
19
difor å halda samla i eitt hovudkapittel. Kapittel 2 kjem difor til å verta det
desidert største einskildkapittelet i avhandlinga, og eg vil be lesarane om å ha
tolmod med denne måten å gjera det på.
2.1 Trondheimsmodellen
Det er Fretheim og Nilsens versjon av hierarkiet som kjem til å vera
utgangspunktet for mine drøftingar.
1
Det kan neppe understrekast nok at det
prosodiske hierarkiet i Trondheimsmodellen er tonalt, ikkje metrisk.
Fretheim (1981a) opererer med stavingar som er grupperte i «accent units»,
som svarar til Alnæs’ tonelagsgrupper og Mos tonelagsvald (jf. delkapittel
1.4). I seinare arbeid frå Fretheim, og i Nilsen (1992), vert termen «tonal fot»
nytta. Fretheim (1981a) grupperer sine «accent units» i «Intonational
Phrases» (IP), som er «a prosodic category between the utterance level and the
level of the accent unit». Termen IP er henta frå metrisk fonologi, sjølv nemner
han dømet Selkirk (1981).
Då Randi Alice Nilsen kom med si doktoravhandling (Nilsen 1992), vart
det prosodiske hierarkiet for norsk presentert med nivåa intonasjonsytring
(eller intonasjonseining, IU), intonasjonsfrase (IP), tonal fot (F), prosodisk
ord (ω) og staving (σ). Nilsen gjev (s. 23–24) tre døme på prosodisk
representasjon av ytringa Thorstein snakker bestandig om intonasjon. Det
eine dømet er attgjeve i faksimile i (2.1.1) hjå meg, saman med den tilsvarande
austnorske F0-konturen i (2.1.2), begge henta frå Nilsen (1992:23–24).
(2.1.1)
1
Trondheimsmodellen deira er ein modell for informasjonsstrukturering, medrekna rolla til
det prosodiske hierarkiet. Difor vil eg presisera at det er den fonologiske delen av modellen
som er utgangspunktet mitt, og at eg med prosodi meiner (tonal, og i kapittel 5 òg
metrisk) fonologi, ikkje fokusprojeksjon, informasjonsstrukturar eller anna som har å gjera
med syntaks eller pragmatiske tilhøve.
2 Det prosodiske hierarkiet
20
(2.1.2) (((
2
thorstein
AP
) (
2
snakker be-
AP
) (
1
standig om intona-
AP
)
(
1
SJON
AP
)
IP
)
IU
) L%
Kvart av desse domena har sine eigne fonologiske eigenskapar. Stavinga
vert rekna som den toneberande eininga. Det prosodiske ordet kjem fyrst i den
tonale foten, og svarar til den stavinga som realiserer primærtrykk, saman med
resten av ordforma til høgre for primærtrykkstavinga. Motivasjonen for å taka
med det prosodiske ordet i dette hierarkiet er, som me skal sjå, fyrst og fremst
informasjonsstrukturell, og vert i Trondheimsmodellen rekna som hovudet i
den tonale foten.
Den tonale foten byrjar med ein ordaksent
1
(tonelag 1 eller 2), og varer til
og med den siste stavinga før neste ordaksent (det finst unntak som me vil
koma attende til). Merk at ein tonal fot dermed ikkje er det same som ein
metrisk fot. For å unngå mistydingar vil eg i mitt eige arbeid omtala nivået
«tonal fot» som aksentfrase (AP), i tråd med m.a. Pierrehumbert og
Beckman (1988) og Kristoffersen (2000), som bruker termen accentual
phrase.
Eit morfologisk ord med trykklette stavingar før ordaksenten (dvs. før
primærtrykkstavinga) vil etter Fretheim og Nilsens definisjon få byrjinga av
den tonale foten på primærtrykkstavinga, og det prosodiske ordet vil svara til
den delen av det morfologiske ordet som er inne i den tonale foten.
Tonelaga vert altså realiserte innanfor grensene til den tonale foten, og berre
éin gong for kvar tonale fot. I austnorsk, som både Fretheim og Nilsen har
konsentrert seg om, kjem ordaksenten (L eller HL) til venstre i den tonale
foten, medan det til høgre kjem ein H «fraseaksent». Dei stavingane som ligg
mellom ordaksenten og fraseaksenten i austnorsk, vil etter deira analyse vera
fonologisk tonalt frie, og den gradvise stiginga som går føre seg mellom den
låge tonen i ordaksenten og den høge fraseaksenten i austnorsk, vil berre vera
uttrykk for fonetisk transisjon, rett og slett ein interpolasjon, frå låg til høg
tone.
1
Ordaksent tyder hjå Fretheim og Nilsen den tonen til venstre (ved tonelag 1) eller dei to
tonane til venstre (ved tonelag 2) som vert realiserte i samband med eit primærtrykk.
2.1 Trondheimsmodellen
21
Den høge fraseaksenten i austnorsk kan realiserast både som «høg» og
som «ekstra høg». Når han er ekstra høg, handlar det om «fokal
aksentuering» av den tonale foten, noko som gjer det fyrste ordet i den tonale
foten spesielt prominent i informasjonsstruktureringa, for å seia det enkelt. Me
vil koma attende til den fonologiske sida av dette meir i detalj seinare, men kan
i fyrste omgang illustrera det med den prominensen som ordet mannen får i
ein vanleg uttale av ytringa det var MANNEN som gjorde det. Termen
emfatisk trykk har vore brukt i tradisjonell norsk prosodi, men den termen kan
vera noko villeiande når me veit at det t.d. i austnorsk ikkje skjer noko spesielt
på sjølve trykkstavinga.
Attende til Fretheim og Nilsen: Det ordet som informasjonsstrukturelt sett
formidlar fokus i slike tilfelle, er det morfologiske ordet som det prosodiske
ordet i den same tonale foten anten er identisk med eller er ein del av, jamvel
om den høge fraseaksenten i austnorsk skulle koma mange stavingar seinare.
Det er difor relevant å snakka om fokale tonale føter.
Medan den tonale foten er domene for fokale mot ikkje-fokale
tonekonturar, kan fleire tonale føter samlast i éin IP. IP er i t.d. Fretheim
(1993), Fretheim og Foldvik (1987) og Nilsen (1992) avgrensa mot høgre ved
ein fokalt aksentuert tonal fot, som då fungerer som hovud for IP.
1
IP er
domenet for fokus i informasjonsstrukturen. Fonologisk sett vil ein IP vera
domenet for deklinasjon. Ved deklinasjon, eller neddrift, kjem både dei høge
og dei låge tonane stendig lågare ut gjennom ytringa (sjå t.d. Cruttenden
1986:126f, Ladd 1998:75). I norsk vil det koma ei ny neddrift (med nytt høgt
startpunkt) berre ved ei IP-grense.
2
Alle desse nivåa sorterer til slutt under IU, som er avgrensa mot høgre av
ein høg eller låg grensetone. Dei ulike nivåa i det prosodiske hierarkiet til
Fretheim og Nilsen er altså avgrensa av ulike tonale kriterium.
Modellen til Fretheim og Nilsen har til no vorte brukt fyrst og fremst på
lågtonedialektar.
3
Eg vil taka utgangspunkt i den fonologiske delen av
modellen, og vil prøva han ut på høgtonedialektar. Analysane vil i praksis stort
sett basera seg på høgtonedialekten sunnmørsk.
1
I tidlegare arbeid, t.d. Nilsen (1988), vart IP brukt òg om ei postfokal gruppe av tonale
føter som ikkje enda med nokon ny fokal fot. Slike tonale føter vert i Nilsen (1992)
plasserte rett under neste nivå, IU. Slik kjem eg òg til å gjera det.
2
Måten dette skjer på, vil variera frå dialekt til dialekt. I austnorsk (sjå t.d. Nilsen 1992) vil
det normalt finnast neddrift berre i IP nr. 2 i ei ytring. Som me skal sjå i denne studien, vil
det normalt alltid vera neddrift i sunnmørsk.
3
Modellen er tidlegare brukt på avgrensa måte som analysereiskap for etablering av
isoglossar mellom høg- og lågtonedialektar, Nilsen (2001).
2 Det prosodiske hierarkiet
22
2.2 Ontologisk status
Noko som framleis må avklarast, er den ontologiske statusen til det
prosodiske hierarkiet og domena i det. Har me å gjera med eit hierarki av
einingar som lisensierer tonar (H og L) og tonale eigenskapar (t.d. neddrift)?
Eller har me å gjera med ein hierarkisk analyse av dei tonane og tonale
eigenskapane som me har observert på førehand? Spurt på ein annan måte: Er
det tonane som konstituerer hierarkiet, eller er det hierarkiet som konstituerer
tonane?
Hierarkiet er bygt opp av ulike domene som er overordna eller underordna
kvarandre. Kvart domene strekkjer seg over ein streng med stavingar, og
domena vert avgrensa av slikt som desse stavingane har sams. Til dømes vil
stavingar som til saman utgjer eit neddriftsområde, kunna verta grupperte til
ein IP, medan stavingar som ordaksent og «frasetone» vert realiserte innanfor,
vert grupperte til aksentfrasar (eller tonale føter i Fretheim og Nilsens
terminologi).
Domena i det prosodiske hierarkiet er altså etablerte på empirisk grunnlag.
Då kan ein òg postulera at domena gjenspeglar underliggjande og lingvistisk
reelle strukturar, strukturar som avgjer nettopp kvar i den eindimensjonale
strengen av stavingar ein vil finna dei og dei tonale fenomena. Sjølve
utstrekninga til dei ulike domena som ein kan finna, er derimot (i genereringa)
avhengig av i alle fall informasjonsstrukturar.
Fonologisk sett kan ein dermed ikkje predikera kva for ein tone ei gjeven
staving vil få, men når ho fyrst har fått tonen, kan ein analysera strukturen i
tonetildelinga.
Dei hierarkisk ordna domena dominerer då stavingane fonologisk. Domena
genererer ikkje tonar, men kan sjåast på som ei gjenspegling av dei prosessane
som genererer tonar. Noko enklare kan ein då seia at dei prosodiske domena
lisensierer tonale eigenskapar, i tydinga ‘slepp dei til’, men altså ikkje sjølve
produserer dei.
På det viset vil ikkje det prosodiske hierarkiet skilja seg frå ikkje-tonal
fonologi: Ein spør aldri om kva som genererer autosegment som [+ stemd],
men ein kan analysera trekket etter at det har vorte generert, og sjå korleis det
t.d. kan ha spreitt seg frå éin skjelettposisjon til ein annan.
Kvar vert då tonar produserte? Dette spørsmålet vil altså vera jamgodt med
spørsmålet om kvar [+ stemd] vert produsert. Dette er spørsmål som me for
ein stor del må gå til leksikon for å få svar på, både når det gjeld spørsmålet
om kvifor ordet bera har ein stemd konsonant inne i seg, og når det gjeld kva
for eit tonelag eit gjeve ord skal ha når tonelag skal realiserast. For tonar i
norsk må ein òg skoda til morfologi (jf. ulikt tonelag gjennom t.d. bøying).
Det finst i tillegg andre tonale eigenskapar (t.d. neddrift) som korkje har med
leksikon eller morfologi å gjera, men direkte med intonasjonssystemet.
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
23
Eit hierarki av prosodiske domene gjenspeglar då den reelle strukturen i
tonegenereringa, kvar no denne genereringa går føre seg. Men dette er altså
berre den eine sida ved det prosodiske hierarkiet. Den andre sida er at denne
«gjenspeglinga av strukturen» vert synleg nettopp gjennom gruppering av
stavingar ut ifrå empirisk materiale, slik me ser det etter at tonane både har
vorte genererte og har vorte assosierte til den eindimensjonale strengen av
stavingar eller moraer.
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ωωω ω)
AP er domenet for tonelagsrealisering og det som Nilsen (1992) kallar
fraseaksent. AP er avgrensa mot venstre av eit tonelag, dvs. av ein førekomst
av den tonen eller dei tonane som er spesifikt knytt(e) til eit primærtrykk.
Terminologisk vil det seia at eit tonelag utgjer alle tonane i ein AP, med unntak
av den siste tonen, som er L på sunnmørsk og H på austnorsk.
Når ei ny tonelagsrealisering kjem, byrjar ein ny AP, og den førre AP-en
må ha teke slutt.
Førekomsten av eit primærtrykk i sunnmørsk vil tonalt manifestera seg
som ein H for tonelag 1 og LH for tonelag 2, begge etterfylgde av ein L som
svarar til Nilsens fraseaksent. I austlandsk er tonesekvensane motsette, med L
for tonelag 1, HL for tonelag 2, og ein H til slutt, jf. dei stiliserte kurvene i fig.
(2.3.1).
1
(2.3.1) Stiliserte kurver for AP-ar i sunnmørsk og austnorsk.
a) sunnmørsk tonelag 1-AP: HL b) sunnmørsk tonelag 2-AP: LHL
c) austnorsk tonelag 1-AP: LH d) austnorsk tonelag 2-AP: HLH
1
Kurvene er altså stiliserte, og tek ikkje omsyn til ulik utsjånad i ulike posisjonar.
2 Det prosodiske hierarkiet
24
Som me skal sjå seinare (kapittel 4), er det likevel noko for enkelt å
avgrensa AP mot høgre ved at ein ny AP byrjar der, og då ser me bort ifrå at
AP-ar kan stå finalt. Me kan difor fyrst som sist nemna den avgrensande rolla
til den tonale eininga til høgre i AP-en. Dette er den låge tonen i sunnmørsk
(og den høge i austnorsk), som m.a. hjå Nilsen (1992) heiter fraseaksent. Då
termen aksent i litteraturen generelt som oftast viser til eit fenomen som er
knytt til trykkstavingar, vil eg heller bruka ein term som seier meir direkte kva
funksjon denne tonen har. «Fraseaksenten» er nemleg ikkje avhengig av
nokon spesiell stavingstype (lett/tung). Nilsens fraseaksent skal difor her få gå
under namnet AP-grensetone (som ikkje må blandast saman med IU-
grensetonen i delkapittel 2.5.1, som hjå Nilsen berre heiter grensetone).
2.3.1 Den interne strukturen til AP
Der det i sunnmørsk og andre høgtonedialektar finst ein høg tone, vil det som
regel finnast ein låg tone i austlandsk; og der det i sunnmørsk er ein låg tone,
vil det som regel vera ein høg tone i austlandsk. Måten tonane fordeler seg på
internt i AP, er òg noko som varierer. I alle fall i somme austnorske dialektar
vil det såleis vera ei gradvis stiging, rett og slett ein fonetisk transisjon, frå den
låge tonen i tonelaget (høvesvis L og HL) og opp til den høge AP-grensetonen
på den siste stavinga. I sunnmørsk finst det ikkje tonalt frie stavingar med
reint fonetiske transisjonar mellom (L)H og AP-grensetonen L. Alle stavingar
etter den høge tonen er låge.
I (2.3.2) ser me AP-konturar på sunnmørsk (lesne inn av meg, mann, fødd
1970) og på austlandsk (kvinne, Halden, fødd 1974). Ver merksam på den
tilsynelatande lågtonen på lateralen fremst i a) og d), som er reint fonetisk. Det
fonologisk tonale materialet tek ikkje til før i stavingskjernen, vokalen.
Nilsen (1992:26) framsteller austnorsk tonelag 1 som L, etterfylgd av AP-
grensetonen («fraseaksenten»), og tonelag 2 som HL, etterfylgd av AP-
grensetonen. Men som Kristoffersen (2000:250–253) peiker på, med
referanse til Lorentz (1995), inneheld begge dei to konturane (LH og HLH)
ikkje berre ein final H, men òg ein L. Som Kristoffersen vel også eg å halda
meg til Lorentz (1995), og skilja åt den fyrste og den andre tonen i tonelag 2.
Eg skal òg halda meg Lorentz’ termar: Den låge tonen som er sams for begge
tonelaga i lågtonedialektar som dei austnorske, skal få gå under namnet
prominenstone, medan den initiale tonen som er til stades ved tonelag 2, skal
få gå under namnet leksikalsk tone.
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
25
(2.3.2) Tonelag 1-AP og tonelag 2-AP på sunnmørsk og austlandsk.
a) sunnmørsk:
1
liva b) sunnmørsk:
2
levande
I i v o I c v o n d c
c) austlandsk:
1
livene d) austlandsk:
2
levende
I i t c n c I c t c n c
Med andre ord vil eg rekna med at realisering av primærtrykk vil innebera
at det dukkar opp ein gjeven tone i samband med trykket. Denne tonen,
prominenstonen, er eit intonasjonelt uttrykk for den rytmiske eininga
primærtrykk. Somme ordformer er i tillegg leksikalsk eller morfologisk
spesifiserte for ein annan tone. I dei tilfella vil den leksikalske tonen verta
realisert før prominenstonen, og me får det som me tradisjonelt kallar tonelag
2. Prominenstonen og den leksikalske tonen er alltid motsette av kvarandre
både i sunnmørsk og i austlandsk.
Medan AP-konturane i austnorsk då er LH ved tonelag 1 og HLH ved
tonelag 2, er dei i høgtonedialekten sunnmørsk HL ved tonelag 1 og LHL
tonelag 2. Nøgnare sagt: Den leksikalske tonen i sunnmørsk er L,
prominenstonen er H, og AP-grensetonen er L.
Måten tonane vert kopla til resten av talestraumen på (stavingar og moraer),
skal me sjå på i kapittel 3. Det finst visse tradisjonar for å markera med stjerne
den tonen som vert assosiert til trykkstavinga (t.d. L* H for austnorsk tonelag
1-AP, og H* L H for tilsvarande tonelag 2). Dette kjem eg ikkje til å gjera.
2 Det prosodiske hierarkiet
26
I det fylgjande vil eg skriva den leksikalske tonen som T
lex
, prominens-
tonen som T
P
og AP-grensetonen som T], der T er anten H eller L. For
sunnmørsk vil ein tonelag 2-AP då ha tonane L
lex
+ H
P
+ L], medan det
tilsvarande for austnorsk er H
lex
+ L
P
+ H]. Tonelag 1-AP-ar vil ha dei same
tonane, minus den leksikalske tonen.
I tillegg til at tonane er motsette i sunnmørsk og i austnorsk, skal me òg
merkja oss at i sunnmørsk er det ikkje nokon gradvis overgang gjennom fleire
stavingar frå prominenstonen til AP-grensetonen. Det er heller ikkje slik at
AP-grensetonen viser seg berre på den siste stavinga i AP-en. I sunnmørsk er
det prominenstonen som berre viser seg på éi staving (rettare sagt éin mora, jf.
kap. 3), medan resten av stavingane (eller moraene) til høgre i AP-en vert
knytte til den låge AP-grensetonen. Me ser eit døme på dette ved tonelag 1 i
(2.3.3), |
1
mon:i I5g p5
1
r.j z:i ncdi Io:d5| ‘mannen låg på ryggen nedi løa’;
og ved tonelag 2 i (2.3.4), |
2
jæn:t5 I5g p5
2
mo:ji ncdi Io:d5| ‘jenta låg på
magen nedi løa’. Grensa mellom AP-ane er markert med ein lang, loddbein
strek, jf. merknadene i delkapittel 1.5.
(2.3.3) |
1
mon:i I5g p5
1
r.j z:i ncdi Io:d5|
mo n i I 5 g p 5 r. j z i n c di I o d 5
(2.3.4) |
2
jæn:t5 I5g p5
2
mo:ji ncdi Io:d5|
j æ n t 5 I 5 g p 5 m o j i n c d i I o d 5
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
27
2.3.2 Tonelag: ord eller AP?
Valet mellom tonelag 1 og 2 er dels leksikalsk avhengig, dels morfologisk
avhengig. Tonelaget kan variera gjennom bøying, t.d.
2
skrive (verb, infinitiv)
mot
1
skrive (presens, sunnmørsk); og det kan variera leksikalsk, t.d. ved at
materi
1
ale har tonelag 1, medan fi
2
nale har tonelag 2.
Aksentfrasen er m.a. domenet for realisering av tonelag, dvs. at tonelag
berre kan realiserast inne i ein AP, og berre éin gong i kvar AP, slik AP har
vorte definert, sjølv om det skulle finnast fleire ord i AP-en som er leksikalsk
eller morfologisk spesifiserte for eit gjeve tonelag. Tonelag kan altså berre
realiserast i samband med primærtrykk, og ord som ikkje har primærtrykk i
seg, kan ikkje få realisert det tonelaget som ordet måtte vera spesifisert for. Eit
døme er løda ‘løa’ i (2.3.4), som er eit hokjønnsord som er leksikalsk
spesifisert for tonelag 2,
2
løda. Her kjem det ordet inne i ein AP, men utan
noko primærtrykk. Dermed kan ikkje tonelaget realiserast.
Etter drøftinga i 2.1 vil alt dette vera det same som å seia at AP er domenet
for realisering av prominenstone (og AP-grensetone), med eller utan
leksikalsk tone. Dette vil òg seia at tonelagsrealisering ikkje berre definerer
venstregrensa for AP, men òg at tonelagsrealisering er eit AP-fenomen.
Når eg seier dette, har eg i tankane ein motsetnad til det at
tonelagsrealisering skulle vera eit fenomen knytt til ordforma, slik det
eksplisitt eller implisitt har vorte analysert av strukturalistar og prestruktura-
listar. Me har sett litt på dette i eit tidlegare kapittel (delkapittel 1.3), korleis
Vanvik (1956) la fram eit postulat som ville ha gjort det naudsynt for oss, om
me tok det på alvor, å analysera slå en og slåen tonalt ulikt, trass i identisk
uttale.
Alnæs (1916:92) nemnde i denne samanhengen at tonerørsla i austlandsk
vente paa og vente paa os er den same som i respektive ventesal og
venteværelse. På dette grunnlaget meinte han at tonerørsla ved dei to tonelaga
(berre tonelag 2 i dette konkrete dømet) dermed må vera knytt til AP-en
(Alnæs’ term: tonelagsgruppa), og ikkje til ordet: Det er ikkje lengda på ordet
som avgjer tonerørsla, men lengda på AP-en.
1
1
For austlandsk vil det t.d. seia at H til slutt i ordet venteværelse ikkje er knytt til sjølve
ordet venteværelse, sidan den same H kjem til slutt i både ventesal, vente paa og vente
paa os.
2 Det prosodiske hierarkiet
28
Om me no skodar til sunnmørsk, kan det ved fyrste augnekast likevel sjå ut
som om det er ein ordavhengig skilnad mellom |
2
jæn:tc| ‘jenter’ (2.3.5) og
|
2
jæn:tinc| ‘jentene’ (2.3.6), ved at jenter har to tonar på den fyrste stavinga,
medan jentene har éin tone på kvar staving.
(2.3.5) jenter |
2
jæn:tc|
j æ n t c
(2.3.6) jentene |
2
jæn:tinc|
j æ n t i n c
Men med Alnæs i bakhovudet kan ein òg nemna sunnmørske døme som
(2.3.7) |1on
1
so:g
2
jæn:tc dæ:r| ‘han såg jenter der’ og (2.3.8) |1an
1
so:g
2
jæn:tinc| ‘han såg jentene’, som har akkurat den same tonerørsla. Det er altså
ikkje eigenskapar ved sjølve ordet som avgjer måten som tonane vert realiserte
på, men eigenskapar ved domenet AP, i dette tilfellet at AP-ane jenter der og
jentene er på tre og ikkje på to stavingar.
1
Dermed landar L
lex
på jen, H
P
på te
og L] på der (2.3.7) eller ne (2.3.8).
1
AP-ar må innehalda og byrja med eit tonelag, dei trykklette han kjem difor utanfor AP-ane
i (2.3.7) og (2.3.8).
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
29
(2.3.7) han såg jenter der |1on
1
so:g
2
jæn:tc dæ:r |
1 o n s o g j æ n t c d æ r
(2.3.8) han såg jentene |1an
1
so:g
2
jæn:tinc|
1 o n s o g j æ n t i n c
For andre dialektar enn dei som allereie er omtala, må det sjølvsagt takast
atterhald om kva som avgjer korleis tonane vert realiserte på dette nivået: om
det er lengda på den AP-en som tonane til tonelaget vert realiserte innanfor,
eller om det er lengda på det ordet som tonane til tonelaget er knytt til gjennom
den trykkstavinga som trengst for å få realisert eit tonelag.
2.3.3 Prosodisk ord
Det prosodiske ordet (ω) er etter m.a. Nilsen (1992:68f) og Fretheim
(1990:88) hovudet i AP-en, og ligg heilt til venstre i han. Mot venstre er det
prosodiske ordet avgrensa av tonelaget, slik at både det prosodiske ordet og
AP-en opnar med eit primærtrykk. Venstregrensene for dei to konstituent-
typane er altså alltid synkroniserte. Eit morfologisk ord som har realisert
tonelag på ei anna staving enn den fyrste (t.d. kommune |ku
2
mu:nc|), vil
dermed verta delt slik at berre stavingane frå og med trykkstavinga kjem inn
under den AP-en (i dette dømet mune). Mot høgre er det prosodiske ordet
2 Det prosodiske hierarkiet
30
avgrensa av den høgre enden til det morfologiske ordet. Det prosodiske ordet
er altså hjå Nilsen og Fretheim definert både tonalt og morfologisk.
Det kan vera verdt å nemna at i litteraturen elles (t.d. Selkirk 1981) vil det
prosodiske ordet vera ein metrisk konstituent, og at det vil svara til heile det
morfologiske ordet, og vera domene for forhold som t.d. plasseringa av
potensielle trykkstavingar inne i kvart einskilde morfologiske ord. Termen
prosodisk ord har altså ein annan bruk hjå Fretheim og Nilsen, jf. ordet
bestandig i fig. (2.3.9), som er ein representasjon av ytringa Thorstein
snakker bestandig om intonasjon. Figuren er ein faksimilie frå Nilsen
(1992:66). I det dømet finn me det prosodiske ordet standig, medan be kjem
utanom. Hjå Selkirk og andre vil heile ordet bestandig vera eit prosodisk ord.
(2.3.9)
Motivasjonen som Nilsen og Fretheim har for det morfo-tonale domenet
prosodisk ord, er i alle fall todelt. Fretheim (1990:88) skriv m.a.:
The ω is the domain of the morpholexically determined word-tone distinction
between so-called Accent 1 and Accent 2.
Nilsen (1992:68) siterer dette, etter sjølv å ha lagt til:
Motivasjonen for å innføre ω-nivået i Trondheimsmodellens prosodiske hierarki er,
som tidligere nevnt, blant annet grunnet i et ønske om bedre å kunne beskrive
forbindelsen mellom fokusprojeksjon i syntaksen og trekket [±fokal] i det prosodiske
hierarkiet. Dette krevde en finere inndeling av fotens oppbygging.
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
31
Statusen til det morfo-tonale prosodiske ordet
1
hjå Fretheim og Nilsen er
interessant: Det tonale prosodiske hierarkiet deira er eksplisitt fonologisk
motivert, jf. Nilsen (1992:25): «De ulike nivåene i det prosodiske hierarkiet er
ene og alene definerte ut fra de tonale særtrekk som karakteriserer deres
domener.» Nilsen (1995:112) modifiserer dette av omsyn til det prosodiske
ordet: «Formuleringen ‘ene og alene’ burde ha vært skiftet ut med
‘hovedsakelig’.» Det prosodiske ordet er både prosodisk og morfologisk
definert.
Men som me ser i sitata frå Nilsen og Fretheim, handlar deira prosodiske
ord ikkje berre om tonelagsrealisering og morfologi, men òg om både
tonelagsdistinksjon (dvs. valet mellom dei to tonelaga) og om
fokusprojeksjon.
Fokusprojeksjon er etter deira arbeid ein prosess som lèt tonale strukturar
leggja premissane for korleis ein tolkar ein streng av ord etter diskursive
kriterium som «tema» og «rema». Om noko er fokalt aksentuert (i austlandsk
ved at AP-grensetonen vert ekstra høg), vil dette få konsekvensar for korleis
ein tolkar informasjonsstrukturen i ytringa. Koplingspunktet for
fokusprojeksjon frå ein fokal AP og inn i den syntaktiske
2
strukturen vil alltid
vera det fyrste ordet i AP-en (jamvel om den relevante tonale eigenskapen,
ekstra høg AP-grensetone, fyrst kjem mange stavingar seinare). Dermed treng
Nilsen og Fretheim ein konstituent inne i AP som kan representera denne
koplinga mellom det fokuserte ordet og den allmenne fokale tonestrukturen i
AP.
Nilsen (1992:70) seier såleis:
Ved å anta det prosodiske ord som det obligatoriske hode i en fot, og si at det
prosodiske ord i egenskap av å være hodet i foten, arver alle de egenskaper som
karakteriserer den, så oppnår vi at fotens eventuelle fokale eller ikke-fokale egenskap
via sitt hode (ω) overføres fra det fonologiske nivået til en tilsvarende formativ i den
syntaktiske overflatestrukturen som derved spesifiseres for den samme egenskapen.
Formativer, spesifisert som [+fokal] tjener som fokuseksponenter (eller
fokustilordnere) i det syntaktiske hierarkiet, og vil projisere [+fokal] oppover i treet i
samsvar med fokusprojeksjonsprinsippet […] som bestemmer hvor langt oppover i
treet fokuseksponenten kan virke før projeksjonen hindres av tonalt baserte barrierer.
1
Fretheim og Nilsen skriv berre «prosodisk ord». Etiketten «morfo-tonalt» er mi
presisering.
2
Fokus hjå Fretheim og Nilsen er definert i syntaksen. Dette er i og for seg irrelevant for
oss, sidan me ikkje skal sjå på informasjonsstrukturar, men på fonologi, t.d. korleis
fokalitet oppfører seg fonologisk.
2 Det prosodiske hierarkiet
32
Fokusprojeksjon baserer seg på intonasjonsstrukturar og syntaks, og er i
seg sjølv noko som sorterer under informasjonsstrukturering. Fokus-
projeksjonen sluttar ikkje eingong ved det prosodiske ordet, men held fram i
syntaksen heilt til han når ein barrière etter nærare definerte syntaktiske, tonale
og informasjonsstrukturelle prinsipp (Nilsen 1992:37f).
Korkje Fretheim eller Nilsen ser på fokusprojeksjon som fonologi, og det
gjer heller ikkje eg. Fokusprojeksjon kan difor, slik eg ser det, ikkje vera
grunnlag for eit fonologisk domene av typen «(morfo-tonalt) prosodisk ord»,
som jamvel skal vera dels morfologisk avgrensa. Eit fonologisk domene må
vera avgrensa av empirisk observerte fonologiske eigenskapar. Vel er det
påvist at det fyrste ordet som er med i ein AP, på grunnlag av intonasjonen kan
få tildelt visse informasjonsstrukturelle eigenskapar, og spreia desse i
syntaksen etter gjevne prinsipp. Og vel vil då det ordet fungera som eit
knutepunkt mellom fonologi og syntaks. Men det er langt frå dette og til å
postulera eit eige prosodisk domene i det tonale hierarkiet. Så lenge det
morfo-tonale prosodiske ordet likevel ikkje treng femna om heile det
morfologiske ordet, skulle det heller ikkje vera noko i vegen for å lata den
fyrste stavinga i AP, som dannar grunnlaget for tonelagsrealiseringa, fungera
som knutepunkt i staden for det prosodiske ordet. Og det er då òg ein del av
faghistoria at Trondheimsmodellen fyrst vart etablert utan noko prosodisk ord,
og med fokusprojeksjon direkte frå det morfologiske ordet til venstre i AP
(t.d. Nilsen 1988).
Fretheims siterte motivasjon er fonologisk. Han gjekk ut på at det
prosodiske ordet er domenet til den morfoleksikalske ordtonedistinksjonen
1
mellom tonelag 1 og tonelag 2. Men me har allereie sett for sunnmørsk sin del
at det ikkje er ordnivået som avgjer kva stavingar tonane ved primærtrykk vert
realiserte på. Me har sett at jenter der i (2.3.7) har det same tonale mønsteret
som jentene i (2.3.8). Dette er elles fullt i samsvar med studiane frå Fretheim
og Nilsen.
Ein viktig motivasjon for det morfo-tonale prosodiske ordet i det tonale
hierarkiet er elles å finna i fenomenet tonelagsskifte (Thorstein Fretheim,
munnleg opplysning). Dette opptrer i austlandsk m.a. i konstruksjonar med
verb + verbpartikkel, t.d.
1
slå men
2
slå opp (i leksikonet). Det vil framleis vera
tonelag 2 dersom det kjem noko imellom verbet og partikkelen:
2
slå det opp.
Ut ifrå dette kan det vera nyttig med eit eige tonalt domene som femner om alt
frå og med trykkstavinga og — i dette tilfellet — til og med partikkelen.
1
Dvs. tonelagsdistinksjonen.
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
33
I underkapittel 5.4.3 skal me sjå at verb med partikkel på sunnmørsk
oppfører seg som samansette ord, og at dette kan analyserast med eit metrisk
prosodisk ord. Eg ser difor ikkje noko i tonelagsskifte-fenomenet som talar
for at ein må bruka eit eige, morfo-tonalt prosodisk ord i det reint tonale
prosodiske hierarkiet, når ein truleg er like godt hjelpt med metriske analysar.
Denne bruken av det morfo-tonale prosodiske ordet bryt elles med den
morfologisk definerte høgreavgrensinga ved slutten på det fyrste morfologiske
ordet som er representert i ein AP.
Ein kan likevel argumentera for det morfo-tonale prosodiske ordet på fleire
måtar, om ikkje alle er i tråd med Fretheim og Nilsen.
Til dømes kan ein peika på at dei to fyrste tonane (L
lex
H
P
) faktisk vert
realiserte innanfor det fyrste ordet i både jenter der (2.3.7) og jentene (2.3.8).
Likevel kan ein ikkje koma forbi at tonemønsteret held seg uendra jamvel om
det fyrste ordet skulle ha berre éi realisert staving: Om ordet med primærtrykk
og tonelag 2 er einstava pga. bortfall av endestavinga (2.3.10) (leve ikkje
lenger til lev’ ikkje lenger), eller om det har vorte til tonelag 2 (altså om me har
tonelagsskifte) pga. ein partikkel
1
(2.3.11) (slo inn ei), så er likevel
prominenstonen i tonelag 2 realisert på staving nr. 2 frå venstre, så sant AP-en
er på minst tre stavingar. Er det berre to stavingar der, vert tonerørsla den same
som i dømet med det isolerte ordet jenter, jf. (2.3.12) (slo ned). Det viktige er
dermed at det i det heile finst ei staving som er trykksterk, slik at tonelaget kan
realiserast. At trykkstavinga naudsynleg må vera ein del av eit morfologisk
ord, gjev ikkje dette ordet nokon uavleidd status i den fonologiske analysen.
(2.3.10) han lev’ ikkje lenger |1an
2
Ic:v ic cc Iæn:gcr |
1 o n I c v i c c c I æ n g c r
1
Slikt tonelag 2 er eit nyare fenomen i vestnorsk. I tradisjonell dialektologi vil verb med
verbpartikkel få primærtrykket på verbpartikkelen på Vestlandet (Christiansen 1976:206).
2 Det prosodiske hierarkiet
34
(2.3.11) ho slo inn ei tann på ’nom |1u
2
sIu: in æi
1
ton: p5 n5|
1 u s I u i n æ i t o n p 5 n 5
(2.3.12) ho slo ned guten |1u
2
sIu: nc:
1
gu:ti|
1u s I u n c g u t i
Med andre ord kan ikkje det prosodiske ordet seiast å vera domene for
realisering av tonelaget. Om ein i staden vel å tolka det prosodiske ordet hjå
Fretheim og Nilsen som uttrykk for ein (morfo-)tonal konstituent som avgjer
om det er tonelag 1 eller 2 som skal brukast, så vert ikkje nivået rettgjort av
dette heller, sidan eit reint tonalt hierarki ikkje genererer tonar, men berre
skildrar dei. Leksikalske tonar er i seg sjølve prosodiske konstituentar, og er
ikkje henta frå andre prosodiske konstituentar, men frå leksikon (og
morfologien) som ein del av dei fonologiske (og morfologiske) eigenskapane
til ordet.
Kan då ikkje det prosodiske ordet seiast å skildra det at det er eit tonelag til
stades? Jau, det kunne me seia, dersom berre dei stavingane som tonelaget vert
realisert på, på nokon måte kunne danna ein streng som var tonalt avhengig av
t.d. lengda på det morfologiske ordet. Men slik er det korkje i sunnmørsk eller
(som me har sett det i Alnæs 1916:92) austlandsk.
1
Når «at eit tonelag er til
1
I kapittel 5 skal me likevel sjå på korleis morfologiske forhold i samansetjingar speler ei
stor rolle i metriske og tonale forhold. Der vert det likevel meir aktuelt å bruka det metriske
prosodiske ordet enn Fretheim og Nilsens morfo-tonale prosodiske ord.
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
35
stades» i tillegg berre er ein annan måte å seia det på, at det finst eit
primærtrykk, går tankane elles i metrisk retning.
Den fonologiske statusen til det prosodiske ordet er òg problematisk når
det er dels fonologisk definert (den tonalt definerte avgrensinga mot venstre),
dels morfologisk definert (avgrensinga mot høgre) og dels informasjons-
strukturelt definert (gjennom funksjonen i fokusprojiseringa).
Kan me i staden bruka det morfo-tonale prosodiske ordet slik at ein frå ω
og nedover finn dei leksikalske prosessane, medan ein frå AP og oppover finn
dei postleksikalske? Vel, dette vert òg problematisk. Stavingane (eller
moraene) i austlandsk og sunnmørsk vert ikkje assosierte til tonar på måtar
som skulle tyda på leksikalsk-fonologiske prosessar: Me har allereie sett at i
sunnmørsk vert tonane fordelte på det segmentale materialet alt etter kor lang
AP er, ikkje etter korleis det morfologiske eller morfo-tonale ordet ser ut.
Det morfo-tonale prosodiske ordet har heller ikkje innverknad på tonane,
anna enn at det representerer (ein del av) ei morfo-leksikalsk eining som for
det meste er det som avgjer kva for eit tonelag som skal brukast. Men då er me
igjen borte i tonegenerering i staden for skildring av område med sams tonale
eigenskapar. I tillegg har me dermed å gjera med ei eining som er av eit anna
slag enn dei andre einingane i det tonale prosodiske hierarkiet: Medan IU, IP,
AP og stavingar nettopp representerer hierarkisk ordna tonale område av ein
eindimensjonal streng, vil ω representera ei tonegenererande eining som ligg i
leksikon og i den tonale delen av morfologien (og morfologien er ikkje
avgrensa til berre dei delane av ordet som kjem på og etter trykkstavinga), men
altså ikkje som noko hierarkisk ordna område (domene) av ein streng.
1
For sunnmørsk vil eg difor ikkje rekna med Fretheim og Nilsens morfo-
tonale prosodiske ord som domene i eit tonalt hierarki.
Det må likevel nemnast at det finst norske dialektar der det kan førast
fonologiske argument for å operera med eit slags prosodisk ord, ved at den
morfologiske høgregrensa for det fyrste ordet som er med i AP-en, faktisk har
fonologiske konsekvensar. Mellom anna i høgtonedialekten i Vestvågøy i
Lofoten kan me finna eit tonalt mønster som treng nærare forklaring, jf.
(2.3.13) og (2.3.14). Informanten min frå Vestvågøy er kvinne og fødd i
1970.
1
For meir omtale av det prosodiske ordet til Nilsen (1992) kan ein sjå Kristoffersen
(1995:95, 101).
2 Det prosodiske hierarkiet
36
(2.3.13) Vestvågøy: jentenivået va bra |
2
jcn:tcnivo:c va
1
bra:|
j c n t c n i v o c v a b r a
(2.3.14) Vestvågøy:
men jenta e så på, va bra, ja |mcn
2
jcn:ta c so: p5 va
1
bra: ja|
mc n j c n t a c s o p 5 v a b r a j a
I den fyrste AP-en i både (2.3.13) og (2.3.14), dvs. frå og med ordet jenta,
har me konturen til ein tonelag 2-AP (L
lex
H
P
L]). Det er like mange stavingar
i den AP-en i dei to døma, og i tillegg til eit primærtrykk finn me eit
sekundærtrykk. I begge døma er sekundærtrykket på den fjerde stavinga i AP-
en.
Likevel er det skilnad på korleis tonane vert assosierte. I (2.3.13) går ein
ikkje ned frå H
P
til L] før ved sekundærtrykket i stavinga vå. Den litle uroa me
ser på strengen «jentenivå» i ordet «jentenivået», kjem av mikroprosodiske
forhold under artikulasjonen av t og v.
Mønsteret med fall på sekundærtrykket har ikkje noko å gjera med om det
finst eit sekundærtrykk i AP-en. Ser me på (2.3.14), har den tilsvarande AP-en
eit sekundærtrykk på den tilsvarande stavinga, men her fell tonen ned til L]
allereie i den fyrste trykklette stavinga etter stavinga med primærtrykk.
Til fig. (2.3.14) vil eg nemna at ytringa opnar med eit men for å gjera det
enklare for informanten å tenkja seg ein kontekst som dette kunne ytrast i
(guten eg såg på, var dårleg; men jenta eg såg på, var bra, ja). Eg lét
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
37
informanten avslutta ytringa med eit etterhengt, trykklett ja. Dette vart gjort
slik fordi informanten hadde ein tendens til å bruka knirkestemme på slutten
av ytringane. Ved å gjera den slutten litt lengre, vart knirkestemma avgrensa til
den siste stavinga, og konturen i siste AP-en vert ikkje tilrota på upedagogiske
måtar.
Attende til analysen: Eg sa at det ikkje er avgjerande at det finst eit
sekundærtrykk i AP-en. Det er likevel openbert ut ifrå (2.3.13) at det er
sekundærtrykket som avgjer tidspunktet for overgangen frå T
P
til T].
Fenomenet er m.a. nemnt frå samansette ord i Tromsø (høgtonedialekt, Nord-
Noreg) og Stockholm (lågtonedialekt, Sør-Sverige) i Lorentz (1981:168f).
1
Det som skil dei to døma frå kvarandre, er den morfologiske plasseringa av
sekundærtrykket. I (2.3.14) er sekundærtrykket plassert i eit anna ord enn
primærtrykket, noko som ikkje er tilfellet for (2.3.13). Sekundærtrykket har
altså noko å seia for korleis tonane vert assosierte, men berre dersom
sekundærtrykket er i det same morfologiske ordet som primærtrykket.
I slike dialektar vil det vera naturleg å operera med eit slags ω-nivå, jamvel
om det vil trengast analysar for å slå fast om det er det metriske prosodiske
ordet (i eit metrisk hierarki, og som dermed kan gå på tvers av tonale AP-
grenser) eller Fretheim og Nilsens morfo-tonale prosodiske ord (i eit tonalt
hierarki).
2
Det vil vera naturleg å avgrensa ω mot høgre fonologisk, i og med at det er
sekundærtrykket som er relevant for kor mange stavingar den høge
prominenstonen fordeler seg på. Likevel kan ein ikkje avgrensa ω mot høgre
berre på grunnlag av sekundærtrykket, sidan sekundærtrykket må ha den rette
morfologiske plasseringa.
Kva då dersom det er fleire sekundærtrykk i det fyrste ordet? Informanten
frå Vestvågøy fekk i oppdrag å tenkja seg at det finst eit «Institutt for
jentenivå», og at dette instituttet har ein styrar, eller på dialekt med bokmålsk
gloseinnlån: «bestyrer». Om det i tillegg finst slike institutt ved alle dei norske
universiteta, skulle informanten karakterisera desse styrarane som bra, på same
måten som informanten tidlegare hadde uttala seg om «jentenivåan».
Resultatet vart som i (2.3.15), jentenivåbestyreran va bra, ja, og viser at det er
det siste sekundærtrykket i ordet som er avgjerande: Tonen fell nettopp ved
den siste sekundærtrykket. Dette vert stadfest av (2.3.16), jentenivåbestyreran
1
Fenomenet er òg kjent frå Agder, jf. Nilsen (2001:180), der ein informant frå Høvåg
uttalar ordet hjerteproblemer med ein slik spreidd H
P
. Figuren der er diverre ikkje
segmentert, og fenomenet er heller ikkje drøft spesielt i artikkelen, men eg har høyrt
opptaket.
2
Sjå vidare drøfting i underkapittel 5.4.3.
2 Det prosodiske hierarkiet
38
e så på, va bra, ja, der den fyrste AP-en i tillegg har eit sekundærtrykk
(nemleg så) som ikkje høyrer til det fyrste morfologiske ordet. Der fell tonen
ved det siste sekundærtrykket i ordet, ikkje det siste sekundærtrykket i AP-en.
Dermed har me faktisk òg døme på at det er ordet, og ikkje AP, som avgjer
korleis tonane vert fordelte på stavingane. Men det er likevel eit spesialtilfelle,
og ein kan trygt seia at det ikkje var dette Vanvik (1956) tenkte på då han
tilskreiv ordet rolla som domene for tonelag.
Eg vil difor inntil vidare føreslå at det i desse nordnorske dialektane finst eit
fonologisk nivå som har å gjera med det morfologiske ordet. For å gjera det
enkelt, kan me framleis kalla dette fonologiske nivået ω. Innanfor det
prosodiske domenet ω er det då visse eigenskapar som er knytte til det siste
sekundærtrykket.
Det kan vera aktuelt å hevda at denne fordelinga av tonar ikkje fyrst og
fremst har med sekundærtrykket å gjera, men med at me har samansette ord.
Dette er drøft nærare i delkapittel 5.4.
(2.3.15) Vestvågøy: jentenivåbestyreran va bra, ja
|
2
jcn:tcnivo:bcsty:+c+an va
1
bra: ja|
j c n t c n i vo b c s t y + c + a n v a b r a j a
(2.3.16) Vestvågøy: jentenivåbestyraran e så på, va bra, ja
|
2
jcn:tcnivo:bcsty:+c+an c so: p5 va
1
bra: ja|
j c n t cn i vo bc s t y + c + a nc s o p 5 va br a j a
2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)
39
(2.3.17) Vestvågøy-analyse med prosodisk ord
1
jentenivåbestyreran e så på, va bra, ja
σ σ σ σ σ σ σ σ σ σ σ σ σ σ
jen - te - ni - vå - be - sty - re - ran e så på va bra ja
ω
AP
ω
AP
I alle fall har me openbert å gjera med ei fonologisk høgregrense som fell
saman med ei morfologisk høgregrense. Den fonologiske høgregrensa er
avleidd frå den morfologiske. Prinsipielt sett dreier det seg dermed ikkje om éi
og den same høgregrensa, berre om eit samanfall av to grenser, på same måten
som at venstregrensa til AP er avleidd frå venstregrensa til trykkstavinga.
Dette kan sjå ut som ei avvising av den kritikken eg har retta mot Fretheim
og Nilsen, sidan det altså kan finnast prosodiske domene som baserer seg på
morfologi. Det finst likevel ein skilnad: Eg observerer eit prosodisk domene
som er avleitt frå morfologien, og der det skjer fonologiske prosessar som er
karakteristiske for dette domenet. Domenet er altså konstituert av reint
fonologiske kriterium, som rett nok kan relaterast dels til morfologiske. Dette
skil seg frå Fretheim og Nilsens prosodiske ord, som er konstituert ikkje reint
ut frå fonologiske kriterium, men direkte ut frå både fonologiske og
morfologiske kriterium og utan fonologisk evidens (med unntak av tilfella
med tonelagsskifte, som truleg kan tolkast som eit utslag av eit spesialtilfelle
av metrisk ω), noko som i eit fonologisk perspektiv vert ei samanblanding av
det fonologiske og det morfologiske nivået.
For austlandsk (og sunnmørsk!) vil eg då seia det så enkelt som at
Fretheim og Nilsens prosodiske ord ikkje ser ut til å kunna forsvara plassen
sin som tonalt prosodisk domene i analysen av tonale eigenskapar. Medrekna
her er distribusjonen av tonelag 1 og tonelag 2, som heller er morfo-leksikalsk
lisensiert enn avgjord av eit postulert domene i det tonale prosodiske
hierarkiet.
2
1
I dette tilfellet vil det metriske prosodiske ordet og den morfo-tonale prosodiske ordet i
praksis ha det same utstrekninga.
2
Strengt teke ville ein hypotese om at det morfo-tonale prosodiske ordet avgjer
distribusjonen/valet av dei respektive tonelaga, implisera at det finst to slags morfo-tonale
prosodiske ord, alt etter tonelaget, eventuelt at det morfo-tonale prosodiske ordet som
2 Det prosodiske hierarkiet
40
At det prosodiske ordet i Nilsen og Fretheims bruk kan vera relevant for
fokusprojeksjon, vert ei anna sak, som har å gjera med informasjonsstrukturar,
og ikkje er reint fonologisk. Men det er òg klart at når ein analyserer
fokusprojeksjon og informasjonsstrukturar, så vert utgangspunktet likevel eit
anna enn når ein konsentrerer seg om fonologi åleine. Kritikken min kan difor
vera urimeleg, sidan eg har eit anna utgangspunkt enn Fretheim og Nilsen.
Inntil vidare
1
kan det sjå ut som Vestvågøy har eit slags prosodisk ord, men
eg kjem altså ikkje til å taka med Fretheim og Nilsens prosodiske ord i det
prosodiske hierarkiet for sunnmørsk. Det er kjent at ein i sunnmørsk har noko
som fonetisk liknar på kurvene me har sett frå Vestvågøy, sjå t.d. LHL-
konturen til venstre i (2.3.18), med H på stavinga vå (og berre der, til skilnad
frå Vestvågøy). I kapittel 5 vil dette likevel verta analysert som noko anna,
nemleg ei (metrisk) forskuving av primærtrykket, slik at dei tre fyrste
stavingane ikkje sorterer under den AP-en som resten av ordet kjem inn under.
Dette vil i delkapittel 5.5 få konsekvensar for statusen til det metriske
prosodiske ordet i sunnmørsk.
(2.3.18) Sunnmøre: jentenivået va bra.
2
j æ n t c n i v o c v o b r o
domene er til stades berre ved eitt av dei to tonelaga. Å leita etter den fonologiske
lisensiatoren for t.d. den leksikalske tonen i ein gjeven AP ville vera som å leita etter ein
fonologisk lisensiator til trekket [+ stemd] i |b|, t.d. i ordet bil som motsetnad til pil.
Distribusjonen av [+ stemd] i det dømet er leksikalsk avgjord, ikkje fonologisk.
1
Dette vil verta nærare drøft i underkapittel 5.4.3, og der vil eg konkludera med at eg ikkje
finn nokon grunn til å halda på Fretheim og Nilsens morfo-tonale prosodiske ord heller enn
det metriske prosodiske ordet.
2
I figuren er det brukt ein lang loddbein strek for å markera AP-grense framfor bra. Etter
analysen i kapittel 5 skal det vera ei AP-grense også føre vå.
2.4 AP og IP
41
2.4 AP og IP
IP, intonasjonsfrasen, er nivået over AP, aksentfrase. Ein IP grupperer AP-ar
som har visse kjenneteikn sams. Etter Nilsen (1992), Fretheim (1981a) og
fleire er det fokalitet som vil vera grunnlaget for denne grupperinga. Stutt sagt
er IP ei gruppe av AP-ar, der den siste AP-en er fokal. Mot høgre er altså IP
avgrensa av ein fokal AP. Venstregrensa for IP-en vil då anten falla saman
med den fyrste AP-en i ytringa, eller grensa mot høgregrensa til ein
føregåande IP. Dette er noko forenkla sagt her, me skal sidan sjå på materiale
som er AP-eksternt (kap. 4).
I alle fall: Det obligatoriske hovudet i ein IP er ein fokal AP, medan ein IP
òg har visse informasjonsstrukturelle funksjonar ved å generera fokusområde
i syntaksen.
No har eg allereie nytta termen «fokal», adjektiv til «fokus» eller
«fokalitet». Kikar me på oppslagsordet «Fokus» hjå Bußmann (1990:245f),
finn me denne omtalen:
Bezeichnung für das »Informationszentum« des Satzes, auf das das
Mitteilungsinteresse des Sprechers gerichtet ist. Grammatische Mittel zur
Kennzeichnung des F. sind vor allem →Wort- und Satzgliedstellung (vgl.
→Topikalisiering) und →Akzent. Im Fragetest entspricht der F. in der natürlichen
Antwort dem →Skopus der Wort-Frage, d.h. er besteht fast ausschließlich aus
kontextuell ungebundenen Elementen: Wer hat die meisten Stimmen erhalten? – Die
am wenigsten damit gerechnet haben [haben die meisten Stimmen erhalten]. Vgl.
auch →Funktionale Satzperspektive und →Thema vs. Rhema, →Topik vs.
Prädikation.
Det er klart at i fonologisk intonasjonssamanheng er det ikkje den
pragmatiske bruken av termen det er snakk om, men den fonologiske og
fonetiske realiseringa av fokalitet. I sine innleiande ord om fokus i
delkapittelet «Trykk, aksent, tone» innfører då òg Nilsen (1992:26) trekket
[± fokal] gjennom praktiske døme, og ikkje gjennom nokon definisjon. For
Nilsen, som ser på austnorsk, er ein fokal AP kjenneteikna av ein ekstra høg
AP-grensetone (hjå henne: «fraseaksent»). I ein austnorsk tonelag 2-AP med
tonane H
lex
L
P
H] kan altså H] vera høg eller veldig høg. Er han veldig høg, er
AP-en fokal. Pragmatisk sett vil fokus verta projisert frå den fyrste ordforma
som er representert i AP-en, jamvel om denne siste høge tonen skulle koma
fleire stavingar etter at dette ordet er ferdig. Dette var òg den viktigaste
motivasjonen hjå Fretheim og Nilsen for å operera med eit prosodisk ord i
Trondheimsmodellen: Det prosodiske ordet skulle fungera som kontakt-
punktet i AP-en mellom syntaksen og fonologien.
2 Det prosodiske hierarkiet
42
I sin omtale av Trondheimsmodellen definerer Kristoffersen (2000:279)
fokus på denne måten: «Focus can be defined as a syntactic or intonational
means to foreground a discourse constituent.» Den type «foregrounding»
som det typisk er snakk om, er (Nilsen 1991:39ff) tema (kjend informasjon)
og rema (ny informasjon).
Med (fonologisk) fokus som det obligatoriske elementet i ein IP skal me
no sjå på korleis IP og fokusmarkering opptrer i sunnmørsk. Eg vil for det
meste bruka termen fokus om fonologiske (ikkje informasjonsstrukturelle eller
syntaktiske) forhold, i tydinga ‘fokal AP’.
2.4.1 Eigenskapar ved IP
Me har allereie vore innom ein informasjonsstrukturell funksjon som er knytt
til IP: fokustilordning. Den fonologiske eigenskapen som er mest openberr, er
at IP er domene for neddrift. I figur (2.4.1) ser me den sunnmørske ytringa
mannen som åt PØLSA mi, var ein dum TULLING.
1
Ei slik ytring kan vera
relevant i ein situasjon der det er snakk om ulike slags menn, men han som åt
pølsa, vert nemnd for fyrste gong (rema, ny informasjon).
(2.4.1) (((
1
mannen som
AP
) (
1
åt
AP
) (
2
PØLSA mi
AP
)
IP
) ((
1
var ein
AP
)
(
1
dumme
AP
) (
2
TULLING
AP
)
IP
)
IU
)
2
mo n i s u 1o t p o I s 5 mi v o cn du m c t u í i ng
Både dei høge og dei låge tonane kjem gradvis lågare, men berre fram til
IP-en er slutt. Når den nye IP-en byrjar, byrjar òg ei ny neddrift (downdrift).
Det er vanleg å tolka neddrift som ei lågning av den høge tonen etter ein låg
1
Fokuseksponentar (dvs. det fyrste ordet som er representert i ein fokal AP) vert gjerne
transkriberte med majusklar.
2
Heilt til venstre i figuren er ein tilsynelatande lågtone. Dette er |m|, og tonen er låg berre
akustisk sett. Det fonologiske tonale materialet kjem ikkje før med vokalen.
2.4 AP og IP
43
tone, dvs. som ein partiell tonal assimilasjon. Termane nedsteg (downstep) og
deklinasjon er òg vanlege, om enn t.d. Roca (1994:264) vel å skilja mellom
desse tre på denne måten:
There are three phenomena involving a lowering of the pitch register. First,
‘declination’, a gradual fall in the tone baseline. Second, ‘downdrift’, a lowering of
all H(s) after L. Third, ‘downstep’, a lowering of some H(s) not overtly preceded by
Ls, usually attributed to the presence of a floating L.
Innanfor det autosegmentale tenkjesettet er det likevel ikkje nokon
prinsipiell skilnad mellom ein flytande L og ein assosiert L. Eg vel å bruka
termen neddrift, i tråd med Roca.
1
I arbeida til Randi A. Nilsen og Thorstein
Fretheim er deklinasjon den vanlegaste termen.
Analysen av neddrift som assimilasjon byggjer på ein idé om H og L som
fonologiske einingar som kan påverka kvarandre fonetisk. Trass alt byrjar den
andre IP-en med ein høg topp, sjølv om den førre AP-en slutta heller lågt. I
dette dømet ser me jamvel at den høge toppen fremst i andre IP er høgre enn
den fyrste toppen i fyrste IP, sjølv om startfasen fremst i den fyrste IP-en
naturleg nok byrjar fonetisk høgre enn den låge tonen til slutt i IP-en (som er
den siste låge tonen før den fyrste toppen i den andre IP-en). Det kan dermed
ikkje vera fonetisk låge frekvensar i seg sjølve som fører til at H vert lågare og
lågare. Neddrifta må vera eit fonologisk fenomen.
2
Slethei (1996:105) har ein alternativ, fonetisk analyse:
Selv om vi bruker en del muskelarbeid på å regulere denne luftmengden slik at vi
ikke får en tilsvarende stor forskjell i lufttrykk under glottis, er det trolig ulikhetene i
luftmengde og lufttrykk som er årsaken til at de fleste språk har en fallende tone over
ytringen etterhvert som tiden går. (Østnorske dialekter er unntak fra denne
hovedregelen.)
Det kan nemnast at også i austlandsk er IP domene for neddrift, men, som
Slethei kjem inn på i parentesen sin, distribusjonen av neddrift er fonologisk
annleis der enn i sunnmørsk og vestlandsk elles. Medan IP-grenser i
sunnmørsk er grenser for åtskilde neddriftsområde, finst det i austnorsk
1
Jf. ar det finst både sekvensar av L og L og sekvensar av H og H i sunnmørsk (kap. 4), og
det skjer ikkje noko gradvis fall inne i ein slik sekvens. Det gradvise fallet gjennom
neddriftsområdet skjer slik at ein tone med gjeven polaritet (t.d. H) kjem lågare enn førre
slike tone dersom ein tone med motsett polaritet (L) står imellom dei.
2
Mot slutten av 4.1.2 kjem ein fonologisk analyse som m.a. kan forklara at IP-grenser gjev
ny neddrift i sunnmørsk.
2 Det prosodiske hierarkiet
44
område utan neddrift. Dette gjeld den fyrste IP-en i ei austnorsk ytring
(Fretheim 1987:38).
Hadde det vore fysiologiske vilkår som låg til grunn for neddrift, ville me
ikkje fått to neddriftsområde i figur (2.4.1), sidan denne ytringa er sagd på éin
utpust. Det ville heller ikkje ha funnest «unntak» frå regelen. Det vil seia, ein
kan framleis mistenkja at det ligg fysiologiske prosessar til grunn for
tendensen til neddrift i verdas språk, men ein har altså fonologisk høve til å
vika frå denne tendensen. Det som er vandt å forklara ut frå ein reint fonetisk
analyse, er at ein kan ha to neddriftsområde på éin utpust.
I delkapittel 2.5.2 skal me sjå at det kjem føre IP-ar i sunnmørsk som ikkje
har neddrift. I mellomtida skal me sjå nøgnare på neddriftsområde, og då
særleg korleis fokus vert realisert i neddriftsområde i sunnmørsk.
2.4.2 IP og ikkje IP: To slags neddrift
Frå dømet over ser me i alle fall at IP vert realisert som eit neddriftsområde.
Men vert fokus signalisert berre gjennom førekomsten av eit neddriftsområde?
Me skal no sjå at svaret på dette spørsmålet openbert må vera nei, i alle fall for
sunnmørsk sin del.
I (2.4.2) og (2.4.3) har me to alternative svar på spørsmålet: Kven har stole
ei gryte i byen? Svaret i (2.4.2) er EG har stole ei gryte i TRONDHEIM.
Dette svaret er aktuelt når svararen skjønar ordet «byen» slik at det refererer til
ein annan by enn Trondheim, t.d. Namsos. For ein sunnmøring kunne det t.d.
vera naturleg å tenkja på «byen» som Ålesund, slik at det må presiserast
dersom tjuveriet faktisk fann stad i Trondheim. Bynamnet Trondheim vert her
fokalt aksentuert, og vil verta oppfatta som ny informasjon av den som lyttar til
svaret. Same kva den opphavlege spørsmålsstillaren tenkte på med ordet
«byen», vil han eller ho no skjøna at svararen må ha forstått «byen» som noko
anna enn Trondheim.
I (2.4.3) er svaret EG har stole ei gryte i Trondheim, utan fokal
aksentuering av bynamnet. Svararen tek det her for gjeve at ja, det er
Trondheim det er snakk om, og jau då, det var der denne gryta vart stolen.
I både (2.4.2) og (2.4.3) er forresten «eg» fokalt aksentuert, som gjeven
informasjon. Samstundes er det klart at det ville vera mogeleg å svara på andre
måtar enn dei eg presenterer her, men eg har valt desse to måtane fordi dei er
heller illustrerande.
Den fyrste IP-en i begge døma inneheld berre AP-en eg har. Me skal
konsentrera oss om det skjer til høgre for denne fyrste AP-en. Strengen eg
har til venstre er elles så stutt (berre éin AP) at han ikkje eignar seg for
2.4 AP og IP
45
analysar av neddrift. Han er med berre for å skapa høve til det som kjem
etterpå.
I (2.4.2) har me då to fokale AP-ar, og dermed to IP-ar. Etter den fyrste
AP-en har me ein ny IP, og me ser at han har neddrift på den måten me
kjenner att frå (2.4.1).
Slik er det ikkje i (2.4.3). Der har me éin førekomst av fokus, nemleg eit
snevert fokus heilt til venstre i ytringa. Det området som kjem etter den fyrste
AP-en, har ikkje noko fokalt i seg. Og kva skjer med neddrifta? Jau, neddrift
har me framleis, men med unntak av den fyrste førekomsten av L
lex
H
P
-
transisjon finn me ikkje nokon fonetisk overgang frå låg til høg tone. I staden
for ei fonetisk stiging frå ein låg til ein høg frekvens har me ein heller jamn
frekvens bortetter, før me fell i frekvens att når ein skal over frå ein høg til ein
låg tone.
(2.4.2) (((
1
EG har
AP
)
IP
) ((
2
stole ei
AP
) (
2
gryte i
AP
) (
2
TRONDHEIM
AP
)
IP
)
IU
)
1 c i h c s t o I c æ i g r y t c i t r u n dh æ i m
(2.4.3) (((
1
EG har
AP
)
IP
) (
2
stole ei
AP
) (
2
gryte i
AP
) (
2
trondheim
AP
)
IU
)
1 c i h c s t o I c æ i g r y t c i t r u n dhæ i m
Distribusjonen av desse to neddriftstypane i sunnmørsk skil seg frå det
som allereie er kjent frå austnorsk: Fretheim (1987:38) nemner for austnorsk,
som har høg AP-grensetone, at «a nonfocal foot following a focal peak
2 Det prosodiske hierarkiet
46
normally has a very flat tone after the fall, with practically no elevation at the
end». Med referanse til Gårding (1983) og termen compressed falling grid
vert dette likevel sett på som ei stiging mot ein H sett i høve til den fallande
grunnlina (streken som er trekt gjennom botnpunkta) i det postfokale området.
Dette i motsetnad til «the level grid», som austnorsk har i den neddriftsfrie
prefokale posisjonen.
Så medan det i austnorsk (sjå òg Nilsen 1992:28f) berre finst éi slags
neddrift (og då berre postfokalt, sidan ein ikkje har neddrift prefokalt), har me
altså to typar i sunnmørsk. I sunnmørsk har me neddrift både prefokalt og
postfokalt, men postfokalt finn me altså ukomprimert neddrift når neddrifta
skjer inni ein IP, og komprimert neddrift når neddrifta skjer i eit område som
pga. manglande fokus må vera IP-eksternt, og sortera rett under eit høgre nivå
i det prosodiske hierarkiet, intonasjonsytringa, IU, som me skal koma attende
til.
Komprimert neddrift er neddrift der rørsla oppover frå L til H ikkje er ei
rørsle i forhold til den absolutte y-aksen, men der oppoverrørsla er relativ til
det koordinatsystemet som grunn- og topplina dannar. Sagt på ein mindre
teknisk måte: Den fonologiske rørsla frå L til H vert ikkje realisert fonetisk
som ei oppoverrørsle, berre slik at frekvensnivået nærmar seg den lina som er
trekt gjennom toppunkta i konturen. Dette skjer då ved at toneleiet held seg på
éin og same frekvens, medan lina gjennom toppunkta skrånar nedover. Tek me
eit utsnitt frå det komprimerte neddriftsområdet i (2.4.3) og snur det litt mot
klokka, slik at den fallande grunnlina (lina gjennom botnpunkta) ligg vassrett
på papiret, (2.4.4), ser me tydelegare korleis dette er.
(2.4.4)
Ytringa med to fokale AP-ar kan noterast slik: (((
1
EG har
AP
)
IP
) ((
2
stole
ei
AP
) (
2
gryte i
AP
) (
2
TRONDHEIM
AP
)
IP
)
IU
). Og ytringa med éin fokal AP, og
dermed berre éin IP, slik: (((
1
EG har
AP
)
IP
) (
2
stole ei
AP
) (
2
gryte i
AP
)
(
2
trondheim
AP
)
IU
).
Legg forresten merke til at den leksikalske, låge tonen i AP-ar med tonelag
2 (L
lex
H
P
L]) alltid er fonetisk på same nivå som den låge AP-grensetonen i
AP-en framføre. Sikre indikasjonar på ny neddrift kjem altså fyrst med den
høge tonen i den fyrste AP-en i det nye neddriftsområdet (anten dette er IP-
2.4 AP og IP
47
internt eller IP-eksternt), då denne høge tonen sjølvsagt ligg noko høgre enn
han ville ha lege om det ikkje hadde kome noka ny neddrift.
Overgangen nedover frå H
P
til L] er òg noko meir samantrykt i komprimert
neddrift enn i ukomprimert (det tilgjengelege frekvensregisteret vert smalare),
men her skjer det framleis ei tydeleg fonetisk rørsle nedover.
2.4.3 Lyttetestar
Ut frå rein observasjon ser me at me kan skilja mellom fokus og ikkje-fokus
ut frå om området før den eventuelt fokale AP-en har komprimert eller
ukomprimert neddrift. Sidan IP har som hovud ein fokal AP, kan me seia at
dersom neddrifta er ukomprimert, har me ein IP, elles sorterer AP-ane under
neste nivå igjen, som er intonasjonsytringa, IU. Men finst det trekk også ved
sjølve den fokale AP-en, den siste AP-en i ein IP, som skil slike AP-ar frå
andre AP-ar? Finst det noko distinktivt i AP som signaliserer fokus eller
ikkje-fokus?
Med programmet Praat kan ein manipulera F0 i eit gjeve talesignal, slik at
ein kan variera gjevne variablar i F0, og deretter bruka desse manipulerte
signala som grunnlag for lyttetestar. Dette har eg gjort.
Til grunn for manipulasjonane i lyttetestane mine ligg det nokre arbeids-
hypotesar for korleis fokal aksentuering kan realiserast i sunnmørsk, eller
altså korleis ein avgrensar ein IP. Trass i morsmålskompetanse er dette eit
spørsmål som eg ikkje har vilja vore for bastant i svaret på under arbeidet.
Arbeidshypotesane har vore:
– IP-ar kan avgrensast gjennom ny neddrift, og ikkje noko anna.
– IP-ar kan avgrensast ved at heile den siste AP-en vert ekstra låg.
– IP-ar kan avgrensast ved at berre den låge AP-grensetonen i den siste AP-
en er spesielt låg.
– IP-ar kan avgrensast ved at den neste neddrifta byrjar spesielt høgt.
– IP-ar kan avgrensast ved at den høge prominenstonen vert ekstra høg i den
siste AP-en.
Den siste arbeidshypotesen kan snøgt avskaffast. Me har allereie sett at den
høge tonen ikkje er spesielt høg i den siste AP-en i ein IP. Samstundes skal
det nemnast at jau, under innspelinga av dømeytringane (innlesne av meg)
kom det tilfelle der denne høge tonen faktisk var ekstra høg. Men det har
verka noko tilfeldig om det vart slik eller ikkje, og stort sett har den høge
prominenstonen berre kome lågare og lågare innanfor ein IP.
2 Det prosodiske hierarkiet
48
Eit døme på ein ekstra høg prominenstone finn me i «åt» i (2.4.5), «det
store dyret ÅT den neddopa MANNEN». Sjå underkapittel 2.5.2 for nærare
omtale av fenomenet.
(2.4.5) (det ((
2
store
AP
) (
1
dyret
AP
) (
1
ÅT den
AP
)
IP
) ((
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d c s t u r c d y rc 1 o t c n c d u po mo n i
Når eg har manipulert F0 etter dei opplista hypotesane, har eg konsentrert
meg om heilt lokale område i konturane. Såleis har eg ikkje manipulert kva
slags neddrift me har hatt (komprimert eller ukomprimert). Dermed kan det òg
ha oppstått talesignal med ein kombinasjon av komprimert neddrift
(signaliserer manglande fokalitet i siste AP) og ein final AP som er regelrett
klipt og henta frå ein kontur med finalt fokus. Den kombinasjonen ville ikkje
ha kome føre i naturleg tale.
Som i generativ lingvistikk elles tek eg då utgangspunkt i at den språklege
kompetansen ligg føre og vil respondera på talesignal, same korleis desse
talesignala ser ut. Ved å manipulera isolerte delar av F0 vil det kunna oppstå
signal som i beste fall er marginale i naturleg tale, men som språkkompetansen
likevel prosesserer.
Det er sjølvsagt ikkje problemfritt å lata eit talesignal med låg eller ingen
akspetabilitet passera gjennom ein språkleg prosesseringsmekanisme. Dersom
talesignalet ikkje er akseptabelt, korleis kan det då brukast som grunnlag for
kartlegging av dei språklege strukturane som det signalet tydelegvis ikkje
representerer?
Om dette er eit problem, så er det likevel eit interessant problem, sidan det
røyver ved det grunnleggjande spørsmål om kva språk som fenomen i
grunnen er.
Såleis er dette spørsmålet i slekt med spørsmålet om t.d. korleis
pidginspråk kan verta kreoliserte, og korleis kreolspråk då kan ha strukturar
som ikkje fanst i det pidginspråket som låg til grunn: Både når det gjeld
2.4 AP og IP
49
kreolisering og når det gjeld prosessering av uakseptable talesignal, er det
snakk om korleis språkkompetansen ser ut; for kreolisering gjeld det fyrst og
fremst den generelle, medfødde språkkompetansen (universalgrammatikk,
bioprogramhypotesen), for prosessering av uakseptable talesignal er det snakk
om den same eigenskapen menneskja har til å leggja uakseptable ytringar inn i
førehandsdefinerte strukturar, om enn no på eit særspråksnivå.
For begge handlar det likevel om den evna menneskja har til å bruka
føreåtsdefinerte strukturar til å prosessera stimuli som desse føreåtsdefinerte
strukturane ikkje ville ha produsert. I den ekstreme språksituasjonen som
kreolisering er, er denne evna særleg tydeleg, sidan det vert etablert
særspråksstrukturar på grunnlag av stimuli som desse særspråksstrukturane
ikkje ville ha produsert. I den ikkje fullt så ekstreme språksituasjonen med eit
uakseptabelt talesignal utan kreolisering er det framleis desse grunnleggjande
eigenskapane ved språk som fenomen som er i sving. Det ser me òg når folk
produserer uakseptable ytringar på eit framandspråk, men likevel vert forståtte.
Den retninga innan generativ lingvistikk der dette momentet vert trekt
sterkast fram, er i dag kanskje optimalitetsteori. Der vert den språklege
innputten sila forbi visse særspråksspesifikt ordna føringar, og kjem ut som
ein fiks ferdig struktur, tilpassa det særspråket som føringane indikerte (eller:
det særspråket som føringane utgjer, sidan den viktigaste skilnaden mellom
språk på dette nivået er måten føringane er ordna på).
Medan tradisjonell filologi, korpuslingvistikk og tradisjonell strukturalisme
(for å nemna nokre få) har som føremål å kartleggja faktisk språkbruk,
performansen, har generativ lingvistikk som føremål å kartleggja den
kompetansen som ligg til grunn for både produksjon og persepsjon av språk.
I den samanhengen vil grensetilfelle vera spesielt interessante, sidan me då vil
sjå korleis kompetansen prosesserer signal som eigentleg ikkje skulle ha vorte
produserte. Når slikt skjer, kan det altså ikkje vera anna enn sjølve
språkkompetansen me eksperimenterer med, ved å utsetja han for stimuli som
må prosesserast.
2.4.3.1 Generelt om lyttetestane
Fyrst og fremst må terminologien presiserast. Eg bruker termen dobbelfokus
om konstruksjonar som inneheld to fokale AP-ar, vi dfokus om
konstruksjonar som inneheld éin fokal AP som er plassert heilt til høgre, og
sneverfokus om konstruksjonar som inneheld éin fokal AP som ikkje er
plassert heilt til høgre. Desse termane er kjende frå arbeid om
informasjonsstrukturering, t.d. Nilsen (1992). Det som må presiserast her, er
2 Det prosodiske hierarkiet
50
at eg bruker termane om dei reint fonologiske (eller fonetiske) tilhøva, utan å
taka omsyn til informasjonsstrukturane. Dette kan stundom føra til termino-
logisk asymmetri mellom meg og t.d. Nilsen.
At eg bruker desse termane uavhengig av informasjonsstrukturane, tyder
ikkje at informasjonsstrukturar er uviktige. Dei lyttetestane som eg gjennom-
fører her, gjer nytte nettopp av dei informasjonsstrukturelle funksjonane til
intonasjonen. Bortsett frå det reint tekniske kriteriet å ha flest råd stemde
segment (av omsyn til det dataprogrammet som skal analysera og manipulera
talesignala akustisk) er testane utforma på grunnlag av respons og problem
som dukka opp under pilottestane. Pilottestane kunne t.d. ha svaralternativ
som «OK» og «ikkje OK» for å sjekka akseptabiliteten for eit gjeve talesignal.
Informantane kunne då svara det eine og det andre på uventa måtar, fordi dei
tolka inn kontekstar som ikkje hadde vorte tekne omsyn til. Reine testar på
akseptabilitet ville altså lida under det at eit talesignal som var uakseptabelt i
éin situasjon, kunne vera akseptabelt i ein annan som informanten sjølv kunne
tolka inn.
Informantane kunne òg ha problem med prosesseringa av talesignala, t.d.
dersom ei ytring for å verta lang nok til fonologisk analyse inneheldt ein
syntaks som i seg sjølv kravde ein viss innsats for å verta prosessert.
Dette siste var tilfellet med «dame-testen», der dei originale talesignala var
ho dama som PRESENTERER vêret er FLINK og ho dama som presenterer
vêret er FLINK. Desse to skulle tyda høvesvis at det berre er éi dame som
presenterer vêret på TV 2, og at ho dessutan er flink; og at ho som presenterer
vêret akkurat no, er flink, men at det ikkje vert sagt noko om kor mange
vêrdamer som arbeider i TV2.
Denne lyttetesten forvirra informantane, både fordi det vart brukt
polaritetsfokus på verbet i som-setninga, som igjen modifiserte «dama» (altså
forferdeleg mykje å prosessera), og fordi H
P
i «vêret» i vidfokusvarianten
truleg var så lite låg at informantane ofte oppfatta vidfokusvarianten som
dobbelfokus med ny neddrift frå «vêret» av. «Dame-testen» vart difor bytt ut
med «dyret-testen».
Dei endelege testane er då desse tre: «dyret-testen», «gryte-testen» og
«Renault-testen». I «dyret-testen» er F0 manipulert på (den potensielle)
grensa mellom to (potensielle) IP-ar, for å sjå om det finst AP-spesifikke trekk
som skil mellom fokalitet, altså om det finst fokale og ikkje-fokale AP-ar.
Dei to andre testane, «gryte-testen» og «Renault-testen», ser på fokalitet i
final posisjon. Det einaste som skil dei to siste testane, er tonelaget i den AP-
en som vert manipulert. Når eg tek med ein slik tonelagsspesifikk test for final
posisjon, men ikkje for medial, er det fordi eg under pilottestane meinte å
2.4 AP og IP
51
leggja merke til at skiljet mellom fokale og ikkje-fokale AP-ar var vandare å
observera finalt, fordi desse AP-ane er noko flatare enn andre AP-ar. Å taka
med begge tonelaga der tener då som ein ekstra tryggleik ved at fenomenet
vert forska ut dobbelt, særleg når ei slik flatare kurve skal innehalda like
mange tonar som før (respektive H
P
L] eller L
lex
H
P
L] for dei to tonelaga). Eg
har derimot ingen grunn til å venta nokon skilnad for dei to tonelaga i måten
som fokalitet ovrar seg på.
Eg skal presentera kvar av testane i detalj i avsnitta 2.4.3.3 og 2.4.3.4, men
vil fyrst nemna stutt hovudtrekka:
I «dyret-testen» lyder talesignalet: det store dyret åt den neddopa mannen.
Med dei ulike grunntonekonturane gjennom testen kan dette signalet
oppfattast fonologisk som det store dyret åt den neddopa MANNEN, som gjev
den tolkinga at det var mannen som vart eten, ikkje kvinna; eller det kan
oppfattast fonologisk som det store dyret ÅT den neddopa MANNEN, med
tolkinga at det var eten han vart, ikkje berre slikka på. Det som vert variert
gjennom testen, er F0 i og like etter verbet åt.
I «Renault-testen» lyder talesignalet: Om eg sette meg inn i nyebilen? Eg
sette meg vitterleg inn i Renaulten. Det som vert variert, er F0 i ordet
Renaulten |rc
1
no:i|, slik at ytringa kan oppfattast anten som EG sette meg
vitterleg inn i Renaulten, dvs. at Renaulten er nyebilen; eller som EG sette meg
vitterleg inni RENAULTEN, dvs. at Renaulten er ein annan bil enn nyebilen.
Sameleis for «gryte-testen»: Om eg har stole ei gryte i byen? Eg har stole
ei gryte i Trondheim. Vert signalet oppfatta som EG har stole ei gryte i
Trondheim, er det Trondheim som er den omtala byen. Med lesinga EG har
stole ei gryte i TRONDHEIM er Trondheim ein annan by.
Sams for alle dei tre testane er at eg opererer med to autentiske talesignal,
der kvart av signala borgar for kvar si tolking. Så vert kvart av dei to autentiske
signala manipulert digitalt til å likna stendig meir på det andre signalet.
Føremålet er å sjå kva tid eit gjeve signal bikkar over til å verta oppfatta som
ekvivalent med det andre originalsignalet.
Manipulasjonane rettar seg mot einskilde variablar i F0-konturen, i tillegg
til at einskildmanipulasjonane vert kombinerte. Også her er det altså dobbelt
opp av materiale, denne gongen av ein openberr grunn: Når ein F0 vert
manipulert, er det i prinsippet noko tilfeldig akkurat kor mykje ein gjeven type
manipulasjon vert utførd. Kan henda er manipulasjonen i eit gjeve tilfelle
akkurat for liten til at signalet vert tolka annleis enn originalen. Ved å nærma
seg grensa mellom dei to tolkingane frå begge sider vil me redusera faren for å
gå glipp av slike grenseovergangar.
2 Det prosodiske hierarkiet
52
Eg vil òg presisera at eg med desse testane ikkje er ute etter absolutte
verdiar for kor mykje ein må endra på ein gjeven variabel for å nå grensa
mellom tolkingane. Sameleis har eg heller ikkje vore ute etter å presentera eller
koma fram til absolutte verdiar for Hz-skilnadene som må til for å oppfatta ein
AP-kontur som ein tonelag 1-AP eller tonelag 2-AP. Det eg er ute etter, er å
kartleggja dei relevante variablane, der variablane tek utgangspunkt i dei
hypotesane som eg ramsa opp i underkapittel 2.4.3. Om lyttetestane då skulle
visa seg å gjeva utslag på ein gjeven variabel, vil eg difor heller ikkje venta at
dette utslaget går att og er like markant for alle informantane. Det viktige er
om lyttetestane i det heile gjev utslag for spesifikke variablar.
2.4.3.2 Spesielt om lyttetestane
Lyttetestane vart gjennomførde med øyretelefon på kontoret mitt medan eg sat
på eit anna rom. Informantane var seks sunnmøringar, tre av kvart kjønn,
fødde i perioden 1969–1982. Eg har ikkje i utgangspunktet nokon mistanke
om at det skulle vera skilnader mellom Søre og Nørdre Sunnmøre på dette
punktet, men vil nemna at tre av informantane kom frå Søre, og tre frå Nørdre.
Ingen av informantane frå Nørdre Sunnmøre var frå noko grenseområde mot
Romsdal eller Oppland, bortsett frå GEH, som er frå Norddal kommune
(grensar mot Oppland).
Dei seks informantane, med fødselsår, kjønn og geografisk opphav
(kommune), var:
TK, 1969, mann, Ørsta
KMS, 1970, mann, Hareid
TS, 1970, kvinne, Herøy
IF, 1973, kvinne, Skodje
GEH, 1980, kvinne, Norddal
RB, 1982, kvinne, Sula
Ørsta, Hareid og Herøy ligg på Søre Sunnmøre, resten på Nørdre
Sunnmøre. Alle talesignala som låg til grunn for lyttetestane, var innlesne av
meg, som er frå Herøy.
Som me skal sjå, er responsane frå GEH atypiske. Det er vandt å seia om
dette kjem av det geografiske opphavet, eller om det kan vera andre moment
som òg speler inn. Det kan nemnast at GEH var etter måten ung på
tidspunktet for testen (21 år). Men me ser òg at GEH i snitt brukte heller stutt
tid på å taka stilling til kvart talesignal: 9,8 sekund. I desse sekunda ligg det òg
2.4 AP og IP
53
5–6 sekund berre for å lasta ned kvart einskilde signal, i tillegg til eit par
sekund for å spela av signalet. Det vil seia at ho ikkje har brukt meir enn eitt til
to sekund på å taka stilling til korleis ho tolkar signalet, og det gjeld berre
snittida. Av dei 120 signalførekomstane ho tok stilling til, var 11 unnagjorde
på 6 sekund (medrekna nedlastinga) og 22 på 7 sekund. Me må difor rekna
med at det var fleire signal ho knapt høyrde ferdig før ho leverte responsen
sin.
Til samanlikning kan me føra opp GEH saman med snittidene for dei andre
informantane:
TK: 11,1 sekund
KMS: 10,7 sekund
TS: 24,3 sekund
IF: 13,6 sekund
GEH: 9,8 sekund
RB: 9,4 sekund
Den som ligg nærast GEH, er RB, men til gjengjeld hadde ho berre tre
signal som ho tok stilling til etter 6 sekund, og 20 etter 7 sekund. I tillegg til
dette er RB frå den delen av Nørdre Sunnmøre som grensar mot Søre
Sunnmøre.
Alt i alt vil eg i dei komande analysane leggja noko mindre vekt på GEH
enn på dei andre informantane.
Testane vart utførde gjennom eit heimesnekra skript
1
over den lokale fliken
av Internett ved universitetet i Trondheim, dette av reint praktiske grunnar.
Informantane fekk for kvar test fyrst lesa ein instruksjonstekst som skulle
setja testsignala inn i ein gjeven kontekst. I denne instruksjonen fekk
informantane òg høyra dei to originale talesignala.
Under sjølve testane fekk informantane høyra eitt og eitt talesignal, og
skulle kvar gong klikka på éi av to mogelege tolkingar. I tillegg til at tolkinga
vart registrert, vart det også, som eg allereie har vore inne på, registrert kor
mange heile sekund det hadde gått frå informanten hadde klikka på tolkinga si
av det førre talesignalet. (Informantane måtte òg klikka for å koma til det fyrste
talesignalet i kvar test, slik at også den tida kunne registrerast.) Informantane
hadde høve til å høyra talesignala på nytt (så mange gonger dei ville) før dei
klikka på tolkinga.
1
Eit skript er ein type dataprogram.
2 Det prosodiske hierarkiet
54
Frå sosiolingvistikken kjenner me drøftinga av spørjeskjema med opne
spørsmål og spørsmål med predefinerte svar. Opne spørsmål har den føre-
monen at informantane kan uttrykkja seg fritt, men samstundes kan ein då få
svar på heilt andre ting enn det ein prøver å spørja om. Spørsmål med gjevne
svarhøve kan på si side skuva svara inn i båsar som ikkje alltid passar heilt for
den som skal svara kva han eller ho meiner.
Når det gjeld desse lyttetestane, vart pilottestane gjennomførde slik at
informantane fekk velja mellom ulike tolkingar, samstundes som dei fekk
kommentera fritt. Det skjedde forresten over telefon og på ein uformell måte.
På dette viset kunne testane formast ut slik, både med talesignal og med
kontekstar, at «konkurrerande kontekstar» ikkje skulle påverka tolkingane av
talesignala. Det at informantane då fekk predefinerte svar å velja mellom,
gjorde det endå enklare å tolka talesignala nettopp ut ifrå den konteksten som
dei predefinerte svara høyrde heime i. Det høyrer sjølvsagt med til soga at dei
predefinerte svara òg vart utforma slik at eventuelle andre mogelege kontekstar
ikkje vart relevante for tolkinga.
Kvar lyttetest var altså oppbygd av to originale talesignal som vil gjeva ulik
tolking, saman med fleire manipulasjonar av desse originalane. Kvart
talesignal, både originalane og dei manipulerte, dukka opp tre gonger gjennom
testen, og i tilfeldig rekkjefylgd (men med den same rekkjefylgda for alle
informantane). Det var eitt unntak for den tilfeldige rekkjefylgda: Under
testane var dei to fyrste talesignala alltid dei to originalane, før manipula-
sjonane. Dette vart gjort både for at informantane skulle verta litt meir
fortrulege med den einskilde lyttetesten (ein skulle venta at originalar er lettare
å tolka enn manipulasjonar er), og for at informantane då skulle få øva seg på
materiale som likevel er noko perifert i analysen i høve til manipulasjonane.
Det er jo manipulasjonane som skal fortelja oss kva som er dei viktigaste
indikatorane på fokalitet.
Så til det praktiske rundt presentasjonen av testane:
Figurane med F0 for dei einskilde signala er mange, samstundes som alle
signala innanfor éin lyttetest høyrer saman. Eg har difor valt å gjera det slik at
alle F0-ane i for ein gjeven test er nummererte likt, med tillegg av ein bokstav
og nok eit tal. Såleis er F0-ane i dyret-testen nummererte som (2.4.6) med
tillegg. Alle signala som byggjer på det originale dobbelfokussignalet, vil få
bokstaven d etter nummeret, medan signala som byggjer på det originale
vidfokussignalet, vil få bokstavet v. Etter denne bokstaven vil det stå eit tal.
Originalane vil få talet 0, manipulasjonane vil få tal frå 1 og oppover. Signal
(2.4.6 v3) er då den tredje manipulasjonen av det opphavlege vidfokussignalet.
2.4 AP og IP
55
For gryte-testen og Renault-testen finst det sameleis eit opphavleg
dobbelfokussignal (d) og eit opphavleg sneverfokussignal (s).
I figurane med manipulert F0 er den originale F0-en teken med som ei
smal kurve, medan den manipulerte kurva er tjukkare, og ligg oppå kurva til
originalen.
2.4.3.3 Lyttetest for mediale AP-ar: dyret-testen
Den instruksen som informantane fekk lesa før testen, lydde slik:
I skogen er det eit stort dyr som har ein stygg tendens til ikkje å slikka
menneske, men å eta dei. Og særleg dersom mennesket er neddopa på
førehand.
«Det store dyret åt den neddopa mannen» er ei fråsegn som kan
leggja vekt på to ulike ting, alt etter korleis ein uttalar det.
«Det store dyret ÅT den neddopa mannen!» [Talesignal kunne
høyrast her.] Dette legg vekt på at det var eta mannen det gjorde, ikkje
slikka mannen. På lyttetesten skal du klikka på «Det var ETA mannen
det gjorde, ikkje slikka mannen».
«Det store dyret åt den neddopa MANNEN!» [Talesignal kunne
høyrast her.] Dette legg vekt på at det var mannen det åt, og ikkje
kvinna. På lyttetesten skal du klikka på «Det var MANNEN det åt, ikkje
kvinna».
Dei to originale signala var altså eit dobbelfokussignal,
1
skrive som «Det
store dyret ÅT den neddopa mannen!» i instruksjonsteksten, og eit
vidfokussignal, «Det store dyret åt den neddopa MANNEN!». Når eit signal
vert tolka som dobbelfokus, indikerer det ei IP-grense etter AP-en åt den.
Dobbelfokusformuleringa kunne i instruksjonsteksten sjølvsagt ha vorte
skriven med store bokstavar også på det siste ordet, «mannen», sidan det ordet
utgjer ein fokal AP (høg IU-grensetone, som her, finst berre etter ein fokal
AP), men det vart vurdert som mest pedagogisk å sløyfa denne strikse
notasjonen akkurat der.
No til dei einskilde signala. Eg vil berre kjapt repetera grunnlaget for
manipulasjonane: Arbeidshypotesane er altså at IP kan avgrensast gjennom ny
1
Av fare for mistydingar hjå lesarar som har eit meir pragmatisk forhold til intonasjon,
minner eg om presiseringa av den fonologiske bruken av termane dobbelfokus, vidfokus og
sneverfokus øvst i avsnitt 2.4.3.1.
2 Det prosodiske hierarkiet
56
neddrift, ved at heile den fokale AP-en er ekstra låg, ved at berre L] er ekstra
låg i den AP-en, eller ved at den neste neddrifta byrjar spesielt høgt. Ein
hypotese om ekstra høg H
P
i den fokale AP-en vart nemnd og funnen tvilsam,
men er likevel teken med her. Dei variablane som eg undersøkjer i denne
lyttetesten, er då praktisk avgrensa til høgda på H
P
og L] i den siste AP-en i
den fyrste IP-en, i tillegg til høgda på H
P
i den fyrste AP-en i den andre IP-en.
Detaljane er slik:
(2.4.6 d0) er det originale dobbelfokussignalet: (det ((
2
store
AP
)
(
1
dyret
AP
) (
1
ÅT den
AP
)
IP
) ((
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
).
(2.4.6 d1), her er H
P
i ÅT gjord høgre.
(2.4.6 d2), her er H
P
i ÅT gjord lågare.
(2.4.6 d3), her er L] i ÅT den gjord høgre.
(2.4.6 d4), dette er ei digital spleising av (2.4.6 d2) og (2.4.6 d3), slik at
ÅT den har fått lågare H
P
og høgre L], og dermed er noko
flatare enn originalen.
Dette var manipulasjonane med endringar berre på venstre sida av IP-grensa.
(2.4.6 d5), her er H
P
i neddopa gjord lågare.
Dette var ein manipulasjon med ei endring berre på høgre sida av IP-grensa.
Resten av manipulasjonane av dobbelfokussignalet er laga ved å kombinera
(2.4.6 d5) med dei føregåande. Dette er gjort med digital spleising.
(2.4.6 d6), her er H
P
i ÅT gjord høgre, og H
P
i neddopa gjord lågare.
(2.4.6 d7), her er H
P
i ÅT og H
P
i neddopa begge gjorde lågare.
(2.4.6 d8), her er L] i ÅT den høgre enn i originalen, medan H
P
i
neddopa er gjord lågare.
(2.4.6 d9), ÅT den har fått lågare H
P
og høgre L], medan H
P
i neddopa
er gjord lågare.
Dette var dobbelfokussignalet med dei respektive manipulasjonane. No til
vidfokussignalet. Her vert det gjort endringar på dei same stadene i tale-
strengen, men utgangspunktet er altså eit signal som berre har eitt fokus, og
2.4 AP og IP
57
dermed berre éin IP. Medan lyttetesten vil visa om nokon av manipulasjonane
(2.4.6 d1) – (2.4.6 d9) vert oppfatta som vidfokus, vil den same lyttetesten òg
visa om nokon av dei manipulasjonane (2.4.6 v1) – (2.4.6 v9) vert oppfatta
som dobbelfokus. Sagt på ein annan måte vil lyttetestane visa om me klarer å
manipulera bort, respektive inn, ei IP-grense.
Manipulasjonane av vidfokussignalet fylgjer det same mønsteret som
manipulasjonane av dobbelfokussignalet.
(2.4.6 v0) er det originale vidfokussignalet: (det ((
2
store
AP
) (
1
dyret
AP
)
(
1
åt den
AP
) (
1
neddopa
AP
) (
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
).
(2.4.6 v1), her er H
P
i åt gjord høgre.
(2.4.6 v2), her er L] i åt den gjord lågare.
(2.4.6 v3), her er L] i åt den gjord lågare.
(2.4.6 v4), dette er ei digital spleising av (2.4.6 v2) og (2.4.6 v3), slik at
åt den har fått lågare H
P
og lågare L], og dermed ligg heile
AP-en noko lågare enn i originalen.
Dette var manipulasjonane med endringar berre på venstre sida av den IP-
grensa som ikkje finst i originalen, men som kanskje dukkar opp i manipula-
sjonane.
(2.4.6 v5), her er H
P
i neddopa gjord høgre.
Dette var ein manipulasjon på den høgre sida av den potensielle IP-grensa.
Resten av manipulasjonane av vidfokussignalet er laga ved å kombinera (2.4.6
v5) med dei føregåande, på same måten som med dobbelfokussignalet.
(2.4.6 v6), her er både H
P
i åt og H
P
i neddopa gjorde høgre.
(2.4.6 v7), her er H
P
i åt gjord lågare, medan H
P
i neddopa er gjord
høgre.
(2.4.6 v8), her er L] i åt den lågare enn i originalen, medan H
P
i
neddopa er gjord høgre.
(2.4.6 v9), åt den har fått lågare H
P
og lågare L], medan H
P
i neddopa
er gjort høgre.
2 Det prosodiske hierarkiet
58
(2.4.6 d0) (det ((
2
store
AP
) (
1
dyret
AP
) (
1
ÅT den
AP
)
IP
) ((
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
(2.4.6 d1)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
(2.4.6 d2)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
2.4 AP og IP
59
(2.4.6 d3)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
(2.4.6 d4)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
(2.4.6 d5)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
2 Det prosodiske hierarkiet
60
(2.4.6 d6)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
(2.4.6 d7)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
(2.4.6 d8)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
2.4 AP og IP
61
(2.4.6 d9)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
(2.4.6 v0) (det ((
2
store
AP
) (
1
dyret
AP
) (
1
åt den
AP
) (
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
(2.4.6 v1)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
2 Det prosodiske hierarkiet
62
(2.4.6 v2)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
(2.4.6 v3)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
(2.4.6 v4)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
2.4 AP og IP
63
(2.4.6 v5)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
(2.4.6 v6)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
(2.4.6 v7)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
2 Det prosodiske hierarkiet
64
(2.4.6 v8)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
(2.4.6 v9)
dc s t u rc d y rc o t c n c d up omo n i
Fem av dei seks informantane var med på denne testen: TK, TS, IF, GEH og
RB. I tabell (2.4.7) ser me korleis informantane tolka dei ulike signala. Det eg
fører opp her, er frekvensen av dei tolkingane som er motsette av det som
originalsignalet skulle borga for, sidan me er ute etter å sjå kva som kan
manipulerast for å oppnå nettopp den effekten. For signala d0, d1, d2 osb., der
originalen er eit dobbelfokussignal, ser eg altså på kor mykje det har kome
vidfokustolkingar. For v0, v1, v2 osb. er det dobbelfokustolkingane som vert
talde.
Alle signala vart køyrde tre gonger kvar, og om ein informant har gjeve ei
motsett tolking alle gongene, vil det då svara til talet 3. Til saman for alle dei
fem informantane vil eit maksimalt tal vera 15. For oversynet si skuld sløyfar
eg å skriva talet 0.
2.4 AP og IP
65
(2.4.7) Motsette tolkingar i «dyret-testen».
informantar
signal
motsett tolking
som TK TS IF GEH RB sum
d0 vidfokus 1 1 2
d1 vidfokus
d2 vidfokus
d3 vidfokus 1 1
d4 vidfokus
d5 vidfokus 1 1 2
d6 vidfokus 2 2
d7 vidfokus 1 1
d8 vidfokus 1 1
d9 vidfokus
v0 dobbelfokus 1 1
v1 dobbelfokus 1 2 3
v2 dobbelfokus
v3 dobbelfokus 1 1
v4 dobbelfokus
v5 dobbelfokus
v6 dobbelfokus 1 1 2
v7 dobbelfokus 1 1
v8 dobbelfokus 1 2 2 1 1 7
v9 dobbelfokus 3 1 1 5
Merk: Informant GEH rapporterte motsett tolking på originalsignalet d0.
Dette gjeld éin førekomst av dette signalet, nemleg den fyrste førekomsten av
det i heile lyttetesten. Dei to fyrste signala i lyttetesten var høvesvis v0 og d0.
For informant TK var den tilsvarande motsette tolkinga noko som skjedde
tredje gongen d0 vart spelt.
Informant TK rapporterte motsett tolking av originalsignalet v0 éin gong.
Dette var det fyrste signalet i heile lyttetesten.
Det er spesielt ein av dei to yngste informantane, GEH, som alt i alt ser ut
til å tolka flest av signalførekomstane motsett. GEH rapporterer motsett
tolking 12 gonger. Ved dei opphavlege dobbelfokussignala som vert tolka
som vidfokus, får ho fylgje så vidt det er, av den yngste informanten, RB.
Begge desse er frå Nørdre Sunnmøre, men GEH er altså frå grenseområdet
2 Det prosodiske hierarkiet
66
mot Oppland, og har i tillegg, som me har sett, hatt ein omgang med
testsignala som ein kan stilla spørsmål ved.
Dei signala, bortsett frå originalsignala, som har vorte tolka motsett av to
informantar eller meir, er d5, v1, v6, v8 og v9. Dei signala som har vorte tolka
motsett av minst tre informantar, er v8 og v9. Berre v8 har vorte tolka motsett
av alle informantane.
Dei signala som oftast har vorte tolka motsett, er særleg v8 (7 motsette
tolkingar av 15 mogelege) og v9 (5 av 15).
Me skal no sjå nærare på dette i lys av dei opplista arbeidshypotesane.
Hypotesen at IP vert avgrensa av ny neddrift åleine, er prøvd ut i v5, der ny
neddrift er manipulert inn, utan at noko anna er endra. Ingen av informantane
har tolka dette signalet som dobbelfokus, og det ser difor ut til at ny neddrift
åleine ikkje er noko godt signal på at ein IP er avslutta.
I d8 har eg prøvt å laga eit vidfokussignal ved å heva L] i den fokale AP-en
(hypotesen om ekstra låg L]) og gjera H
P
lågare i etterfylgjande AP. Berre
informant GEH har tolka dette signalet (éin gong) som eit vidfokussignal.
Hypotesen at IP vert avgrensa ved at den nye neddrifta byrjar spesielt høgt,
er forsøkt prøvd ut i v4 (manipulert til ny neddrift frå eit middels høgt nivå i
forhold til H
P
i AP-en like framføre, ved at heile den fyrste av dei to AP-ane er
gjort lågare) og v5 (manipulert til ny neddrift frå eit høgre nivå ved at H
P
til
høgre for den potensielle IP-grensa er gjord høgre). Her var det ingen av
informantane som oppfatta noka ny IP-grense. Det kan dermed sjå ut som om
ny neddrift i seg sjølv, med eller utan ekstra høgt nivå, ikkje har nokon effekt.
Då er det heller ikkje noka overrasking at d5 har vorte heller lite tolka som
vidfokus. Der er den nye neddrifta er manipulert slik at den fyrste H i den nye
neddrifta kjem på eit lågare nivå enn H framføre; at det er ny neddrift der, ser
ein dermed berre av at L-ane byrjar på eit høgre nivå igjen. Signalet vert likevel
tolka som eit dobbelfokussignal. Signal d5 har rett nok vorte tolka som
vidfokus av to informantar, men berre éin gong kvar, og den eine informanten
er GEH, som me har sett er ein atypisk informant. Det er likevel interessant at
den andre informanten, TK, rapporterer ei vidfokustolking éin gong, medan
den same TK ikkje rapporterer om noka dobbelfokustolking av v4 eller v5.
Hypotesen om at IP vert avgrensa av ein ekstra låg fokal AP, er prøvd i den
allereie nemnde v4, som ved å ha ein ekstra låg AP fekk ny neddrift. Ingen
tolka altså v4 som at han skulle ha to IP-ar. Den motsette strategien var d4, der
den fokale AP-en er gjord høgre. Heller ikkje der var det nokon som gav
motsett tolking i høve til originalsignalet.
2.4 AP og IP
67
Likevel er det interessant at informant AK har éi vidfokustoling av d3, der
berre L] i den fokale AP-en er gjort høgre. Sameleis har GEH éi
dobbelfokustolking av v3, der den same L] er gjord ekstra låg.
Signal v2 er endå eit signal der det er manipulert inn ny neddrift. Der er det
gjort ved at H
P
i den potensielt fokale AP-en er gjord lågare. Heller ikkje dette
signalet vart tolka som dobbelfokussignal av nokon.
Så langt har me altså ikkje sikre indisium på noko som helst: korkje at ny
neddrift (frå eit gjeve nivå) signaliserer IP-grense, at den fokale AP-en skal
vera spesielt låg, eller at L] i den fokale AP-en skal vera spesielt låg.
Ein hypotese var at H
P
kunne vera spesielt høg i den fokale AP-en. I v1 er
denne tonen gjord ekstra høg, og me ser at éin informant (RB) faktisk tolkar
signalet som eit dobbelfokussignal heile to gonger, medan ein annan
informant gjer det same éin gong. Denne andre informanten er likevel GEH,
som generelt er atypisk. Ein skal likevel merkja seg dei to tolkingane hjå RB. I
underkapittel 2.5.2 skal me sjå at det finst situasjonar i sunnmørsk der ein har
ein ekstra høg H
P
i fokal AP, men då berre i samband med manglande
neddrift. Når det finst neddrift i v1, kan dette ha gjort det vanskeleg å
prosessera kombinasjonen med ekstra høg H
P
, og dette kan vera noko av
bakgrunnen for at ingen andre gav noka dobbelfokustolking av signalet.
Når me no har sett på einskildvariablar i manipulasjonane, kan me sjå på
kombinasjonar av variablar.
Signal d6 er berre ei auking av dei tonale skilnadene på kvar side av IP-
grensa: H
P
er gjord høgre i den fokale AP-en og lågare i den som kjem like
etter, fremst i den andre IP-en. Denne manipulasjonen er ikkje i samsvar med
nokon av arbeidshypotesane, og berre GEH tolkar signalet som eit
vidfokussignal (to gonger).
Signal d7 har gjort heile den fokale AP-en lågare, saman med H
P
i
etterfylgjande AP. Dette er altså ein kombinasjon av ein ikkje-eksisterande
hypotese om at H
P
i den nye neddrifta skal vera heller låg, med den
eksisterande hypotesen om ein låg fokal AP. Utslaga i lyttetesten er minimale,
slik me skulle venta, der berre GEH har éi vidfokustolking.
Det same (med tillegg av RB) er tilfellet for v6, som er ein kombinasjon av
dei to hypotesane at H
P
i fokal AP skal vera ekstra høg, og at H
P
fremst i det
nye neddriftsområdet skal vera ekstra høg (dvs. ny neddrift frå ekstra høgt
nivå). Sidan dette vert ein kombinasjon av desse to, har me i praksis fått ein H
P
fremst i det nye neddriftsområdet som rett nok er ekstra høg i eit globalt
perspektiv, men som likevel er på omtrent det same fonetiske frekvensnivået
som H
P
i føregåande, fokale AP. Den lokale kontrasten i tonehøgd er dermed
minimal, og kombinasjonen har truleg nøytralisert dei to variablane «ekstra
2 Det prosodiske hierarkiet
68
høg H
P
i fokal AP» og «ekstra høgt startnivå på den nye neddrifta». Det er
difor ikkje overraskande at denne kombinasjonen ikkje gav noka
dobbelfokustolking.
Signal d9 er òg eit bastardsignal: Det er ein kombinasjon av den ikkje-
eksisterande hypotesen at fokal AP skal vera ekstra høg, og den eksisterande
hypotesen at manglande neddrift indikerer manglande IP-grense (ei
omskriving av hypotesen at ny neddrift indikerer IP-grense). Alt i alt har me
då fått eit signal som har ny neddrift for H-tonane, men ikkje for L-tonane, ein
kombinasjon som ikkje kjem føre i naturleg tale. Ingen av informantane har
oppfatta dette signalet som vidfokussignal.
I v7 har eg kombinert hypotesen om ny neddrift frå ekstra høgt nivå (ved at
H
P
i det nye neddriftsområdet er ekstra høg) med den ikkje-eskisterande
hypotesen om ein noko lågare H
P
i den potensielt fokale AP-en. Heller ikkje
her skjer det spesielt mykje: GEH har éi dobbelfokustolking, og det er alt.
Fyrst i v8 og v9 ser det ut til at me har funne ein kombinasjon av variablar
som gjev utslag. I v9 er heile den potensielt fokale AP-en gjord lågare, og i v8
er det L] i den AP-en som er gjord ekstra låg. Samstundes er det i begge
signala gjort slik at H
P
fremst i den potensielt andre IP-en er gjort ekstra høg,
slik at den nye neddrifta byrjar frå eit ekstra høgt nivå.
Begge desse signala har eit etter måten stort innslag av
dobbelfokustolkingar. Signal v9 er tolka som dobbelfokussignal både av GEH
og RB (éin gong kvar), men òg (alle tre gongene) av TS. Endå meir har v8
vorte tolka som dobbelfokussignal. Det har alle informantane vore innom med
dobbelfokustolking minst éin gong, og v8 er dermed òg det einaste signalet i
heile lyttetesten som alle informantane har tolka motsett av originalsignalet.
Eg har tidlegare varsla at eg ikkje er ute etter absolutte mål, men
indikasjonar på kva variablar som kan vera relevante når ein skal oppfatta ei
IP-grense, dvs. fokalitet. Skal ein tolka noko ut av desse dataa, må det i alle fall
vera at ut frå tolkingane av v8 vert fokalitet mest eintydig markert gjennom ein
ekstra låg L] i den fokale AP-en, saman med ei ny neddrift i den etterfylgjande
AP-en, der H
P
ligg spesielt høgt.
Av v5 ser me at det ikkje held å berre få ny neddrift (heva H
P
i neddopa),
og det same gjeld v2 (H
P
i åt er gjord lågare enn H
P
i neddopa). Av v3 ser me
sameleis at det ikkje er nok å ha ein ekstra låg L] åleine, ein må òg ha ein
ekstra høg H
P
etterpå, slik at me får ny neddrift.
Den informanten som ligg geografisk nærast mitt eige opphav, er TS. Ho
har vakse opp ein kilometer unna meg, og har teke seg etter måten god tid med
å taka stilling til testsignala. TS tolkar ikkje berre v8 motsett (altså med IP-
grense etter åt den), men også v9. Signal v9 er som v8, men med tillegg av ein
2.4 AP og IP
69
lågare H i åt, slik at heile AP-en åt den kjem lågare. Me legg merke til at den
tilsvarande v4, der den same AP-en er like låg, men der neddopa ikkje er
manipulert, ikkje gjev noka motsett tolking hjå nokon av informantane.
Det er ikkje urimeleg å rekna med at opptil fleire av manipulasjonane kunne
høyrast unaturlege ut, og at dette kan ha gjeve andre resultat enn det ein elles
kunne ha venta. Persepsjon er trass alt noko anna enn produksjon.
Tilnærminga med lyttetest er den stikk motsette av ei tilnærming med analyse
av produsert, autentisk materiale.
Når det er slik, kan persepsjonsanalysar som denne likevel seia oss noko
om særspråkkompetansen generelt, og det er språkkompetansen som både
presiperer/prosesserer og produserer. Dette er spesielt relevant i situasjonar
som denne, der det ikkje er berre éin variabel inne i biletet, men ein spesifikk
kombinasjon av to variablar. Dette ville ha vore vanskelegare å avdekkja
gjennom rein observasjon.
Dataa frå denne lyttetesten indikerer då at dei viktigaste fokalitetsvariablane,
i alle fall inne i ei ytring, ser ut til å vera ein ekstra låg L] i den fokale AP-en,
saman med ny neddrift etterpå, der H
P
altså byrjar eit stykke over H
P
-en i den
fokale AP-en.
Det bør presiserast at «ekstra låg L]» ikkje naudsynleg handlar om eit stort
frekvensfall frå H til L innanfor éin og same AP. Det handlar om at den
«ekstra låge L]» ligg svært lågt i eit globalt perspektiv, i alle fall her i ytrings-
innlyd (siste AP i det som potensielt er den fyrste av to IP-ar).
Eg har no konsentrert meg om dei manipulerte signala som oftast eller av
flest informantar har vorte tolka motsett av originalen. Dette var i praksis
nokre signal som opphavleg var vidfokussignal. Når det gjeld dei opphavlege
dobbelfokussignala vel eg å ikkje gå meir i djupna på dei enn eg allereie har
gjort, sidan dei motsette tolkingane er få, og stort sett avgrensa til ein av dei to
yngste informantane. At det skulle vera ein slik påfallande skilnad mellom
korleis manipulasjonane av høvesvis vidfokussignal og dobbelfokussignal vert
tolka motsett, kan koma av noko så enkelt som at manipulasjonane av
dobbelfokussignala ikkje har vore like heldige på dei avgjerande punkta som
tilfellet var for den andre gruppa av talesignal.
Heilt til slutt skal signala d1 og d2 nemnast. Signal d1 gav den fokale AP-
en eit ekstra stort frekvensregister (ved at H
P
vart gjord ekstra høg). I d2 var
det motsett, med eit smalare frekvensregister og lågare H
P
. Desse to signala
vart med i testen berre som manipulasjons-parallellar til v1 og v2. Ingen av
informantane (ikkje eingong GEH!) tolka d1 eller d2 som vidfokussignal.
Dette overraskar slett ikkje, for det var ikkje noko av desse to signala som på
nokon måte var i samsvar med arbeidshypotesane, heller tvert imot.
2 Det prosodiske hierarkiet
70
2.4.3.4 Lyttetestar for finale AP-ar: «Renault-testen» og «gryte-testen»
«Dyret-testen» fortalde oss at IP-grensa vart signalisert gjennom eit samspel
mellom variablar på begge sidene av grensa. Eit slikt samspel er sjølvsagt ikkje
mogeleg dersom den fokale AP-en kjem sist i ytringa. Kva er det då som
signaliserer om ein final AP er fokal eller ikkje-fokal?
Fyrst då: Ein opposisjon mellom fokal og ikkje-fokal AP i final posisjon
kan berre finnast der det allereie er ein fokal AP tidlegare i ytringa. Sagt på ein
annan måte, me må alltid ha minst éin IP.
Me har allereie sett at det er skilnad i neddriftstypen, slik at ein har
ukomprimert neddrift inne i ein IP, og komprimert utanfor. Det vil seia at
dersom den siste AP-en ikkje er fokal, så vil neddriftsområdet som denne AP-
en er i, vera komprimert.
Det vil ikkje vera uventa om ein fokal AP som vert manipulert til å likna på
ein ikkje-fokal, vil gjeva ei anna tolking enn originalsignalet, og motsett. Det er
klart at ei komprimert neddrift som sluttar med ein ukomprimert AP, vil kunna
skapa ein konflikt i prosesseringa, og det same gjeld ukomprimert neddrift
som sluttar med ein komprimert AP. Likevel, om manipulasjonar av ein final
AP gjev utslag, kan det òg underbyggja observasjonen kring «dyret-testen»
om ein (i globalt perspektiv) ekstra låg AP-grensetone L] som indikator på
fokus (sidan ein ekstra låg L] impliserer ikkje-kompresjon; sjå elles meir om
dette i avsnitt 2.4.5.1). Eg vil presisera ordet «kan». Me skal nemleg ikkje sjå
bort ifrå at ein final AP som har eit anna kompresjonsmønster enn
neddriftsområdet som han markerer slutten på, kan få førerang under
prosesseringa av motstridande kompresjonsdata.
Måten figurane er teikna på, har eg gått gjennom under presentasjonen av
førre lyttetest. I «Renault-testen», (2.4.8), var instruksjonen slik:
Familien har fått seg ny bil, og har no to bilar.
«Om eg sette meg inn i nyebilen? Eg sette meg vitterleg inn i
Renaulten!» Dette kan tyda to ting, alt etter korleis ein uttalar det.
«EG sette meg vitterleg inn i Renaulten!» [Talesignal kunne høyrast
her.] Dette tyder at jau, eg sette meg inn i nyebilen, og nyebilen er
Renaulten. Dersom du meiner at dette er den rette tydinga av det du
høyrer under testen, klikkar du på «Renaulten er nyebilen».
«EG sette meg vitterleg inn i RENAULTEN!» [Talesignal kunne
høyrast her.] Dette tyder at nei, eg sette meg ikkje inn i nyebilen, eg sette
meg inn i Renaulten, eg. Dersom du meiner at dette er den rette tydinga
av det du høyrer under testen, klikkar du på «Renaulten er gamlebilen».
2.4 AP og IP
71
Stimulussignala «eg sette meg vitterleg inn i Renaulten» vart alle innleidde
med denne kontekstsetninga: Om
1
eg sette meg
1
inn i nye
1
bilen? Kontekst-
setninga «om eg sette meg inn i nyebilen?» var identisk for alle signala, medan
det som kom etterpå, i alle fall dei to originale ytterpunkta, anten gav to fokale
AP-ar (EG sette meg og -NAULTEN) eller berre éin fokal AP (EG sette meg).
Der talesignalet vart oppfatta som eit dobbelfokussignal, ville «Renaulten»
verta tolka som gamlebilen. Ved sneverfokus, slik at «Renaulten» kom i eit
postfokalt område, ville Renaulten verta tolka som identisk med nyebilen.
Også i denne testen kom kvart signal tre gonger, med to ikkje-manipulerte
signal fyrst. I namngjevinga av signala fylgjer eg det same mønsteret som før,
med bokstaven d ved eit originalt dobbelfokussignal, og bokstaven s ved eit
originalt sneverfokussignal. I figurane tek eg ikkje med den innleiande
kontekstsetninga.
Manipulasjonane er slik at dei skal stetta hypotesane om at IP vert avgrensa
gjennom kor låg L] er eller kor høg H
P
er. I praksis vil dette handla om kor
stor skilnad det er mellom H
P
og L], altså kor flat eller bratt konturen er. Og
dette er igjen i praksis det same som å spørja om komprimert mot
ukomprimert neddrift, sidan skilnaden mellom dei to neddriftstypane m.a. er at
komprimert neddrift har eit mindre frekvensregister enn ukomprimert neddrift.
Sidan det er ein final AP som vert manipulert no, har me ikkje noko å
manipulera etter denne, og me kan avgrensa oss til fire manipulasjonar.
(2.4.8 d0) er det originale dobbelfokussignalet: (((
1
EG sette meg
AP
)
IP
)
((
2
vitterleg
AP
) (
1
inn i re-
AP
) (
1
NAULTEN
AP
)
IP
)
IU
).
(2.4.8 d1), her er H
P
i -NAULTEN gjord lågare, slik at AP-en vert noko
flatare.
(2.4.8 d2), her er L] i -NAULTEN gjord høgre, slik at AP-en vert noko
flatare.
(2.4.8 d3) er ei spleising av dei to førre, slik at både H
P
vert lågare og
L] høgre, og AP-en vert endå flatare.
(2.4.8 d4) er som originalen, men -naulten er her ikkje manipulert i seg
sjølv, men er henta frå originalsignalet med sneverfokus,
(2.4.8 s0), og limt inn i staden for den originale AP-en.
Merk at segmenteringa i den siste AP-en er markert i tråd
med segmentgrensene i d4-signalet, og ikkje i tråd med d0,
sjølv om F0 frå d0 ligg som referanse med smal strek.
2 Det prosodiske hierarkiet
72
(2.4.8 s0) er det originale sneverfokussignalet: (((
1
EG sette meg
AP
)
IP
)
(
2
vitterleg
AP
) (
1
inn i re-
AP
) (
1
naulten
AP
)
IU
).
(2.4.8 s1), her er H
P
fremst i -naulten gjord høgre, slik at AP-en vert
noko mindre flat.
(2.4.8 s2), her er L] til slutt i -naulten gjord lågare, slik at AP-en vert
noko mindre flat.
(2.4.8 s3) er ei spleising av dei to førre, slik at både H
P
vert høgre og
L] lågare, og AP-en vert endå mindre flat.
(2.4.8 s4) er som originalen, men -NAULTEN er her ikkje manipulert i
seg sjølv, men er henta frå originalsignalet med
dobbelfokus, (2.4.8 d0), og limt inn i staden for den
originale AP-en. Segmenteringa i figuren er i tråd med dei
røynlege segmentgrensene i s4-signalet, og ikkje med
referansekurva frå s0.
Skilnaden mellom signal 0–4 i kvart delsett er då i praksis ein gradvis
skilnad i kor flat eller bratt konturen er i den finale AP-en (kor stort
frekvensregister konturen har).
I d0 finn me det største frekvensregisteret, i d1 og d2 er det mindre, i d3
endå mindre, og i d4 er det minst. I s0 er frekvensregisteret minst, i s1 og s2 er
det større, i s3 er det endå større, og i s4 er det størst.
(2.4.8 d0) (((
1
EG sette meg
AP
)
IP
) ((
2
vitterleg
AP
) (
1
inn i re-
AP
)
(
1
NAULTEN
AP
)
IP
)
IU
)
1c i s c t cmi vi t æ rI i 1 i n i rc n o i
2.4 AP og IP
73
(2.4.8 d1)
1c i s c t cmi vi t æ rI i 1 i n i rc n o i
(2.4.8 d2)
1c i s c t cmi vi t æ rI i 1 i n i rc n o i
(2.4.8 d3)
1c i s c t cmi vi t æ rI i 1 i n i rc n o i
2 Det prosodiske hierarkiet
74
(2.4.8 d4)
1c i s c t cmi vi t æ rI i 1 i n i rc no i
(2.4.8 s0) (((
1
EG sette meg
AP
)
IP
) (
2
vitterleg
AP
) (
1
inn i re-
AP
) (
1
naulten
AP
)
IU
)
1c i s c t cmi vi t æ rIi 1i n i rc no i
(2.4.8 s1)
1c i s c t cmi vi t æ rIi 1i n i rc no i
2.4 AP og IP
75
(2.4.8 s2)
1c i s c t cmi vi t æ rIi 1i n i rc no i
(2.4.8 s3)
1c i s c t cmi vi t æ rIi 1i n i rc no i
(2.4.8 s4)
1c i s c t cmi vi t æ rIi 1i n i rc n o i
2 Det prosodiske hierarkiet
76
Alle dei seks informantane var med på denne testen. Me ser resultatet i tabell
(2.4.9), med det same oppsettet som (2.4.7). Sidan det maksimale talet for
motsett tolking er 3 for kvart signal, og sidan me har seks informantar her, er
det maksimalt oppnåelege talet for eit gjeve signal 18 til saman (15 når me
straks skal sjå bort frå GEH).
(2.4.9) Motsette tolkingar i «Renault-testen».
informantar
signal motsett tolking
som TK KMS TS IF GEH RB sum
d0 sneverfokus 2 1 3
d1 sneverfokus 1 1
d2 sneverfokus 1 1
d3 sneverfokus 3 1 3 7
d4 sneverfokus 3 3 3 2 1 3 15
s0 dobbelfokus 1 1 2
s1 dobbelfokus 1 1 3 1 6
s2 dobbelfokus 3 3
s3 dobbelfokus 2 1 2 1 6
s4 dobbelfokus 3 2 3 3 1 3 15
Igjen er det informant GEH som ser ut til å tolka signala noko annleis enn
dei andre informantane. Eg vil difor freamleis vera varsam med å leggja vekt
på henne. Ikkje noka av hennar to motsette tolkingar av originalsignalet d0
skriv seg frå den fyrste førekomsten av det signalet i lyttetesten. Den motsette
tolkinga hennar av s0 er derimot den fyrste førekomsten av det signalet. Det
same gjeld RB si motsette tolking av d0, medan KMS har tolka s0 motsett den
andre av dei tre gongene det signalet vart spelt.
Dei to signala som informantane samla sett oftast tolkar motsett av
originalen, er d4 og s4, som jo har fått bytt ut den siste AP-en sin med den
tilsvarande AP-en frå det motsette originalsignalet. Ser me bort frå informant
GEH, finn me deretter s3 (6 av 15 mogelege motsette tolkingar når GEH vert
rekna frå), og under der igjen d3 (4 av 15).
Dei signala som flest informantar har tolka motsett av originalen, er dei
same: d4 og s4 (alle seks informantane), s3 (fire informantar, men ikkje GEH)
og d3 (tre informantar medrekna GEH). Dette overraskar ikkje, sidan d3 og s3
er manipulerte til å likna mykje nettopp på det me får i d4 og s4.
2.4 AP og IP
77
Alt i alt ser me her at kompresjonsgrad fungerer som indikator på
postfokalt fokus eller postfokalt ikkje-fokus. Men som me ser i dei åtte
figurane her, så er den finale L] også meir eller mindre like låg (i eit globalt
perspektiv, og målt i Hz) i både dobbelfokus-signalet med manipulasjonar og i
sneverfokussignalet med manipulasjonar. Sneverfokus-signala med final
ikkje-fokal AP endar like lågt som dobbelfokus-signala med final fokal AP.
Medan me for dyret-testen (variablar i ytringsinnlyd, ved slutten på den fyrste
av to IP-ar og byrjinga på den andre IP-en) kunne identifisera ein L] som var
ekstra låg i eit globalt perspektiv, ser det altså ut til at me i ytringsfinal
posisjon er meir avhengige av ein lokal skilnad mellom H
P
og L], i praksis eit
større frekvensregister i fokal AP enn i ikkje-fokal AP.
Eg har allereie skissert kvifor eg har gjennomført to lyttetestar på finale
AP-ar, nemleg som ein ekstra tryggleik når eg under pilottestane meinte å
kunna observera at fokus mot ikkje-fokus i final posisjon var vanskelegare å
skilja åt fonetisk enn tilfellet var for ikkje-final posisjon. Den andre testen for
final posisjon, «gryte-testen», har tonelag 2 i den siste AP-en, med denne
instruksjonen:
På spørsmålet om eg har stole ei gryte i byen, svarar eg: «Eg har stole ei
gryte i Trondheim!» Dette svaret kan tyda to ting, alt etter korleis eg
uttalar det.
«EG har stole ei gryte i Trondheim!» [Talesignal kunne høyrast her.]
Dette tyder at ja, eg har stole gryta i byen, og den byen me snakkar om,
er altso Trondheim. Under lyttetesten skal du klikka på «Ja, eg har stole
ei gryte i byen» dersom du meiner at dette er den tydinga som er den
rettaste.
«EG har stole ei gryte i TRONDHEIM!» [Talesignal kunne høyrast
her.] Dette tyder at jau då, eg har stole ei gryte, men ikkje i den byen
som du tenkjer på. Det var nemleg i Trondheim eg stal den gryta. Under
lyttetesten skal du klikka på «Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta»
dersom du meiner at denne tydinga er den rettaste.
Den varierte og manipulerte delen av talesignala vart alltid innleidd av denne
setninga: Om
1
eg har
2
stole ei
2
gryte i
1
byen? Etterfylgt av dobbelfokus-
signalet EG har stole ei gryte i TRONDHEIM ville tolkinga verta at
Trondheim var ein annan by enn den som det fyrst var tenkt på. Med
sneverfokussignalet EG har stole ei gryte i Trondheim er tolkinga den at det
heile tida er snakk om den same byen, nemleg Trondheim.
2 Det prosodiske hierarkiet
78
Dei same informantane gjekk gjennom denne testen som «Renault-testen».
I figurane tek eg ikkje med den innleiande kontekstsetninga. Variablane er
akkurat dei same som i «Renault-testen». Og også her vil manipulasjonane i
praksis dreia seg om ein gradvis skilnad i kor flat eller bratt konturen er i den
finale AP-en, eller kor stort frekvensregister er.
I d0 finn me det største frekvensregisteret, i d1 og d2 er det mindre, i d3
endå mindre, og i d4 er det minst. I s0 er frekvensregisteret minst, i s1 og s2 er
det større, i s3 er det endå større, og i s4 er det størst.
(2.4.10 d0) er det originale dobbelfokussignalet: (((
1
EG har
AP
)
IP
)
((
2
stole ei
AP
) (
2
gryte i
AP
) (
2
TRONDHEIM
AP
)
IP
)
IU
).
(2.4.10 d1), her er H
P
i TRONDHEIM gjord lågare, slik at den AP-en
vert noko flatare.
(2.4.10 d2), her er L] (AP-grensetonen) gjord høgre, slik at den AP-en
vert noko flatare.
(2.4.10 d3) er ei spleising av dei to førre, slik at den AP-en vert endå
flatare, med lågare prominenstone H
P
og høgre AP-
grensetone L]. Dermed vert AP-en endå flatare.
(2.4.10 d4) er som originalen, men Trondheim er ikkje manipulert i
seg sjølv, men er henta frå originalsignalet med
sneverfokus, (2.4.10 s0), og limt inn i staden for den
originale AP-en. Segmentmarkeringa i figuren er i samsvar
med den røynlege d4-lyden, ikkje med referansekurva frå
d0.
(2.4.10 s0) er det originale sneverfokussignalet: (((
1
EG har
AP
)
IP
)
(
2
stole ei
AP
) (
2
gryte i
AP
) (
2
trondheim
AP
)
IU
).
(2.4.10 s1), her er H
P
i trondheim gjord høgre, slik at me får ei fonetisk
stiging fremst i ordet, og slik at denne AP-en dermed òg
vert mindre flat.
(2.4.10 s2), her er L] gjord lågare, slik at den AP-en vert mindre flat.
(2.4.10 s3) er ei spleising av dei to førre, slik at AP-en vert endå
mindre flat.
(2.4.10 s4) er som originalen, men TRONDHEIM er henta frå
originalsignalet med dobbelfokus, (2.4.10 d0), og limt inn i
staden for den originale AP-en. Segmentmarkeringa i
figuren er i samsvar med den røynlege s4-lyden, ikkje med
referansekurva frå s0.
2.4 AP og IP
79
(2.4.10 d0) (((
1
EG har
AP
)
IP
) ((
2
stole ei
AP
) (
2
gryte i
AP
)
(
2
TRONDHEIM
AP
)
IP
)
IU
)
1c i h c s t o I c æi g r y t c i t ru n dh æ i m
(2.4.10 d1)
1c i h c s t o I c æi g r y t c i t ru n dh æ i m
(2.4.10 d2)
1c i h c s t o I c æi g r y t c i t ru n dh æ i m
2 Det prosodiske hierarkiet
80
(2.4.10 d3)
1c i h c s t o I c æi g r y t c i t ru n dh æ i m
(2.4.10 d4)
1c i h c s t o I c æi g r y t c i t ru ndhæi m
(2.4.10 s0) (((
1
EG har
AP
)
IP
) (
2
stole ei
AP
) (
2
gryte i
AP
) (
2
trondheim
AP
)
IU
)
1c i hc s t o I c æi g r y t c i t ru n dhæi m
2.4 AP og IP
81
(2.4.10 s1)
1c i hc s t o I c æi g r y t c i t ru n dhæi m
(2.4.10 s2)
1c i hc s t o I c æi g r y t c i t ru n dhæi m
(2.4.10 s3)
1c i hc s t o I c æi g r y t c i t ru n dhæi m
2 Det prosodiske hierarkiet
82
(2.4.10 s4)
1c i hc s t o I c æi g r y t c i t ru n dh æ i m
Resultatet av «gryte-testen» ser me i tabell (2.4.11), med 18 som det
maksimale samla talet på motsett tolking av kvart signal.
(2.4.11) Motsette tolkingar i «gryte-testen».
informantar
signal motsett tolking
som TK KMS TS IF GEH RB sum
d0 sneverfokus 1 1
d1 sneverfokus
d2 sneverfokus 1 1
d3 sneverfokus 1 2 3
d4 sneverfokus 3 3 3 3 1 3 13
s0 dobbelfokus 2 2
s1 dobbelfokus
s2 dobbelfokus
s3 dobbelfokus 1 1
s4 dobbelfokus 3 3 3 3 3 3 18
Som vanleg skil GEH seg ut ved å svara noko annleis enn dei andre
informantane. Dei to motsette tolkingane hennar av s0 er dei to fyrste
førekomstane av det signalet i testen, m.a. det fyrste talesignalet i det heile teke
i lyttetesten. Den motsette tolkinga hennar av d0 dreier seg om den andre
førekomsten av det signalet.
2.4 AP og IP
83
Også her er det d4 og s4 som både oftast og av flest informantar vert tolka
motsett av originalsignalet. Ser me bort frå GEH, er det berre IF som i det
heile har oppfatta eit anna signal enn dette som motsett av originalen, og då
berre eitt tilfelle av d3, som er ein mellomting mellom d4 og d0.
Ut ifrå at Renault-testen indikerte at fokus i final AP har å gjera med kor
stort frekvensregisteret er, er det noko overraskande at d3 og s3 har så få
motsette tolkingar som dei har, særleg jamført med det noko større utslaget for
d3 og s3 i Renault-testen. Dette kan ha å gjera med at eg har vore uheldig i
den konkrete utforminga av 3. manipulasjon, men det kan òg ha å gjera med
durasjonsforholda i originalsignala for gryte-testen, noko eg skal utdjupa i
oppsummeringa no straks, rett nok med utgangspunkt i Renault-testen.
2.4.4 Oppsummering av lyttetestane
Alt i alt ser det ut til at fokus inne i ei ytring (i «ytringsinnlyd», jf. dyret-
testen) vert best koda gjennom ein kombinasjon av to ting: Den fokale AP-en
har ein ekstra låg grensetone, og den høge tonen i den fyrste postfokale AP-en
er spesielt høg, dvs. at me får eit nytt neddriftsområde.
Me ser på typen neddrift (komprimert eller ukomprimert) om det som kjem
etter den fyrste IP-en, er ein ny IP (med noko fokalt på slutten) eller noko som
sorterer rett under IU (utan noko fokalt på slutten). Neddrift inne i ein IP er
ukomprimert, neddrift utanfor IP er komprimert. Renault-testen og gryte-
testen har ikkje anna enn stadfest dette: Ein final AP skil etter alt å døma
mellom fokus og ikkje-fokus ved å ha same konturtype som dei andre AP-ane
i neddriftsområdet sitt: komprimert neddrift utanfor IP (ikkje-fokal AP),
ukomprimert neddrift innanfor IP (fokal AP). Samstundes såg me i figur
(2.4.1) og (2.4.2) at i alle fall ein final fokal AP kan ha ein noko flatare kontur
enn andre ukomprimerte AP-ar, i final AP kan L] jamvel vera omtrent like låg
anten AP-en er fokal eller ikkje; men konturen er altså framleis flatare i ikkje-
fokal final AP enn i fokal final AP.
Det er likevel eit spørsmål kvifor me fekk så få motsette tolkingar av dei
manipulerte signala som me fekk. Eg har tidlegare indikert at slikt kunne skje,
fordi det var noko tilfeldig akkurat korleis og kor mykje ein gjeven kontur vart
endra under manipulasjonane.
Me bør vel heller ikkje undervurdera trykk- eller kvantitetstilhøva, eller skal
me seia durasjonstilhøva, i dei ulike signala. Samanliknar me t.d. den nest
siste stavinga |no:| i Renaulten |rc
1
no:i| i (2.4.8 d0) og (2.4.8 s0), ser me at
denne er markant stuttare i sneverfokussignalet enn i vidfokussignalet. At det
var så få motsette tolkingar, kan tyda på at desse durasjonstilhøva har
2 Det prosodiske hierarkiet
84
samanheng med fokus mot ikkje-fokus, men det trengst ein større analyse, og
kanskje nye testar, for å avgjera dette. Det har ikkje eg tenkt å gjera, men nøyer
meg med å peika på indisia.
I tillegg til durasjon kan det òg vera anna akustisk som er ulikt for dei to
originalsignala i kvar av testane, og som ikkje vert endra når ein manipulerer
F0, t.d. vokalkvalitet og lydstyrke. Alt dette kan sjølvsagt stå i fare for å senda
andre signal om fokaliteten enn det den manipulerte F0 sender. Me gjer difor
best i å fokusera meir på kvar det i det heile teke kom motsette tolkingar av
testsignala, enn på omfanget av dei motsette tolkingane.
2.4.5 Etter lyttetestane: litt meir fokus
I lyttetestane såg me ein ekstra låg L] i samband med fokus i ytringsinnlyd, og
finalt såg me eit samspel med neddriftstype, dvs. frekvensregister. Her skal me
fyrst sjå litt nærare på denne L], deretter skal me sjå på fokus i nokre andre
høgtonedialektar. Der skal me òg koma innom kompresjonsfenomenet igjen.
2.4.5.1 L] i fokus igjen
Me har sett at me kan skilja mellom fokus og ikkje-fokus ved å sjå på om
neddrifta er komprimert eller ikkje. Kva no om det andre neddriftsområdet,
altså det som kjem etter den fyrste fokale AP-en, er éin einaste AP? For
tonelag 2-AP-ar sin del (L
lex
H
P
L]) har me sett at den leksikalske tonen L
lex
til venstre i AP-en kjem i den same fonetiske høgda som den låge AP-
grensetonen framføre. Dette gjeld anten det er ei IP-grense imellom eller ikkje.
Dersom den siste AP-en i eit nytt neddriftsområde er ikkje-fokal, vil han
vera komprimert. Det vil seia at overgangen frå L
lex
til H
P
vert fonetisk heller
flat. Overgangen frå H
P
til L] kjem framleis fonetisk til uttrykk gjennom ei
nedoverrørsle.
Om me har berre éin postfokal AP, må det vera noko ved denne AP-en som
signaliserer om han er fokal eller ikkje. Det kan anten vera noko i overgangen
frå prominenstonen H
P
til AP-grensetonen L], eller det kan, for tonelag 2 sin
del (L
l ex
H
P
L]), vera noko i overgangen frå den initiale L
l ex
til
prominenstonen H
P
.
For å taka det siste fyrst: Overgangen frå L
lex
til H
P
i tonelag 2 er den same
i alle AP-ar som kjem like etter ein fokal AP: Den låge tonen er like låg som
den ekstra låge AP-grensetonen i den fokale AP-en like til venstre, og den
høge prominenstonen er nokså høg, fordi han markerer starten på eit nytt
2.4 AP og IP
85
neddriftsområde. Starten på den einaste postfokale AP-en seier oss altså ikkje
noko om i kva grad AP-en er fokal eller ikkje.
Då må me sjå på slutten til AP-en. Kan overgangen frå H
P
til L] finnast på
to måtar, éin fokal og éin ikkje-fokal?
Me har sett at AP-ar i eit neddriftsområde som endar med ein ikkje-fokal
AP, har komprimert neddrift. Dette bør òg gjelda einsame, ikkje-fokale AP-ar.
Der, som elles, byrjar det nye neddriftsområdet med den høge H
P
-en, slik at
AP-grensetonen er inne i det komprimerte neddriftsområdet.
I Renault- og gryte-testen såg me at finale AP-ar kan enda med ein omtrent
like låg L], i motsetnad til det me såg for ytringsinnlyd i dyret-testen. Sidan
me no skal ha berre éin postfokal AP, og sidan den fyrste høgtonen etter ei IP-
grense alltid er ekstra høg, har me ei ekstra utfordring: Her har me nemleg
ikkje mange AP-ar å fordela neddrifta på, slik at final L] problemfritt kunne
koma ned til det same fonetiske frekvensnivået uavhengig av fokalitet. Dersom
den finale L] skal kunna koma like langt ned uavhengig av fokalitet, når me
berre har éin AP å gjera det på, vil det i praksis innebera at ein fokal og ein
ikkje-fokal AP ser likeeins ut.
Me har altså sett at komprimerte neddriftsområde har eit heller smalare
frekvensregister å boltra seg innanfor samanlikna med ukomprimerte
neddriftsområde. Sidan AP-grensetonen i ein einsam, postfokal, final AP er
inne i neddriftsområdet, vil det vera aktuelt å spå at avgjerande for tolkinga av
om denne AP-en er fokal eller ikkje, er kor stort frekvensregister han har å
boltra seg på, i tråd med det me såg i Renault- og gryte-testen.
I praksis vil det seia at det må vera ein skilnad i kor lågt ned den låge AP-
grensetonen kjem: Den høge prominenstonen ligg fast på det særleg høge
startpunktet for den nye neddrifta, då er det berre den låge AP-grensetonen att
å variera.
Dette er ikkje så mykje anna enn det me allereie har sett for komprimerte
neddriftsområde med fleire AP-ar. Men det bør vera ekstra viktig å kunna
påvisa rolla til AP-grensetonen i slike einsame, postfokale AP-ar, sidan desse
AP-ane ikkje har komprimerte granne-AP-ar som me kan jamføra med.
Me ser i (2.4.12) og (2.4.13) at AP-grensetonen oppfører seg som venta. I
ein kontekst med spørsmålet «var det gutane du såg?», vil ein som såg jentene
og ikkje gutane, kunna svara som i (2.4.12): (((
1
EG såg
AP
)
I P
)
((
2
JENTENE
AP
)
IP
)
IU
). Om spørsmålet til den same personen derimot var
«kven var det som såg jentene?», kan svaret vera som i (2.4.13): (((
1
EG
såg
AP
)
IP
) (
2
jentene
AP
)
IU
).
2 Det prosodiske hierarkiet
86
Det er nettopp djupna på L] i siste AP som skil: Den fokale AP-en jentene i
(2.4.12) har ein lågare AP-grensetone L] enn det som er tilfellet for den ikkje-
fokale tilsvarande AP-en i (2.4.13).
(2.4.12) (((
1
EG såg
AP
)
IP
) ((
2
JENTENE
AP
)
IP
)
IU
)
1 c i s o g j æ n t i n c
(2.4.13) (((
1
EG såg
AP
)
IP
) (
2
jentene
AP
)
IU
)
1 c i s o g j æ n t i n c
Det me har sett her, er ikkje anna enn ei stadfesting av Renault- og gryte-
testen (at kompresjonstilhøva signaliserer fokustilhøva), med ei presisering av
at ukomprimert neddrift inneber nettopp at den låge AP-grensetonen kjem
lågare ned enn i komprimert neddrift. Alt i alt vert altså fokus markert
gjennom neddriftstype og/eller kor lågt ned AP-grensetonen kjem. Dette er to
sider av same sak, men konkret har ein i situasjonar med ein einsam, postfokal
AP berre AP-grensetonen å halda seg til.
2.4 AP og IP
87
2.4.5.2 Fokus i eit par andre høgtonedialektar
Det som eg har skrive til no om fokusmarkering, er slikt som gjeld
sunnmørsk. Det alle sunnmøringar veit, er at fjordamålet (Nordfjord,
Sunnfjord, Ytre Sogn) har ein setningsmelodi som skil seg frå sunnmørsk
akkurat så mykje at ein høyrer skilnaden, men slik at det framleis er vanskeleg
å setja fingeren på kva skilnaden er.
Noko som i alle fall skil, er nettopp måten fokus vert markert på. Medan
ein i sunnmørsk har ein ekstra låg AP-grensetone til høgre i fyrste IP, og med
ny neddrift etterpå (sjå drøftingane av lyttetestane i delkapittel 2.4), vil ein i
Ytre Sogn òg ha ein ekstra høg prominenstone H
P
i den fokale AP-en i fyrste
IP. Med «ekstra høg H» meiner eg ein høg tone som ligg høgre enn den
tenkte lina som me trekkjer gjennom høgpunkta i eit neddriftsområde.
Fokusmarkering med ein ekstra høg prominenstone i skandinaviske
høgtonedialektar er kjent frå litteraturen frå før, og tener her berre som ei
utfylling etter presentasjonen av sunnmørsk. Til dømes nemner Riad
(1998:94) Malmö og Dalarna med LHL
1
i tonelag 2, dvs. det me vil kalla
høgtonedialektar. Bruce og Gårding (1978:224f) gjev figurar med omtale som
indikerer at medan Dalarna har ein ekstra høg prominenstone H
P
i fokal
posisjon, har Malmö ikkje denne, men har i staden ein ekstra låg grensetone
L].
Eg skal her taka føre meg ein informant frå Gulen i Ytre Sogn og ein frå
Vestvågøy i Lofoten. Desse to dialektane er neppe representative i eitt og alt
for vestlandsk og nordnorsk, men er med her for at me skal kunna sjå
sunnmørsk i ein noko større samanheng. At det vart akkurat desse to
dialektane, kjem av det enkle at det var desse informantane eg hadde
tilgjengelege i skrivande stund. Det seier elles seg sjølv at det må takast
atterhald både om kor representative desse informantane er for dialektområda
dei representerer, og om kor valid jamføringa med sunnmørsk er. Eg har trass
alt ikkje morsmålskompetanse med tilhøyrande intuisjonar for dialektane i
Gulen og Vestvågøy.
I (2.4.14) ser me den kjende formuleringa det store dyret ÅT den neddopa
MANNEN uttala av ein informant frå Gulen (kvinne, fødd 1971), og i (2.4.15)
det store DYRET åt den neddopa MANNEN med fyrste fokus flytt litt til
venstre for å kunna sjå det postfokale området betre, og for å kunna slå fast at
det er eit neddriftsområde både til venstre og til høgre for den fyrste fokale
AP-en, som på sunnmørsk. Me ser at den fyrste fokale AP-en i begge
1
Malmö med ein final H i tillegg. Sjå elles Abrahamsen 1998b for ein kritikk av analysane
hans av desse tonesekvensane, med utgangspunkt i ein tidlegare versjon, Riad (1996).
2 Det prosodiske hierarkiet
88
figurane har ein ekstra høg prominenstone H
P
, i tillegg til at den låge AP-
grensetonen går ned til det lågaste punktet i heile konturen, på same nivå som
den siste låge tonen i det heile. Etter den fokale AP-en går derimot ikkje F0
like høgt opp som han gjer på sunnmørsk, men byrjar på det nye
neddriftsområdet noko meir midt på treet. Til liks med sunnmørsk igjen vert
det ikkje nokon ekstra høg H
P
i den finale, fokale AP-en.
For oversynet si skuld gjentek eg den sunnmørske varianten (2.4.6 d0).
(2.4.6 d0) Herøy:
(det ((
2
store
AP
) (
1
dyret
AP
) (
1
ÅT den
AP
)
IP
) ((
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d c s t u rc d y rc 1 o t c nnc d u po mon i
(2.4.14) Gulen:
(det ((
2
store
AP
) (
1
dyret
AP
) (
1
ÅT den
AP
)
IP
) ((
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d os t u r c d y r c 1 o t c n c du p o m o n
2.4 AP og IP
89
(2.4.15) Gulen:
(det ((
2
store
AP
) (
1
DYRET
AP
)
IP
) ((
1
åt den
AP
) (
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d Ϫs t u שϯ d y ש ϯ Б o t ϯ n e dup Ϫ mϪ n
Den vesle svingen fremst i [stu⍧re] vitnar ikkje om nokon høg tone til
venstre, men er eit akustisk fenomen som ofte opptrer etter ustemde
lukkelydar, jf. Haggard, Ambler og Callow (1970), jf. òg Silverman (1986).
Lat oss no samanlikna med ein nordnorsk høgtonedialekt, og med
informanten frå Vestvågøy i Lofoten (kvinne, fødd 1970). I (2.4.16) finn me
det store dyret ÅT den neddopa MANNEN, og i (2.4.17) det store DYRET åt
den neddopa MANNEN.
(2.4.16) Vestvågøy:
(det ((
2
store
AP
) (
1
dyret
AP
) (
1
ÅT den
AP
)
IP
) ((
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d ϯ s t u ש ϯ d y ש ϯ Б o t ϯ n e d u p Ϫ m Ϫ ْ
2 Det prosodiske hierarkiet
90
(2.4.17) Vestvågøy:
(det ((
2
store
AP
) (
1
DYRET
AP
)
IP
) ((
1
åt den
AP
) (
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d c s t u rc d y r c 1 o t c n c du p o m o n
Både døma frå Gulen og døma frå Vestvågøy har ein ekstra høg
prominenstone i den fyrste fokale AP-en, og begge byrjar på eit nytt
neddriftsområde etterpå. Vestvågøy har jamvel det fyrste toppunktet i den nye
neddrifta omtrent på same nivå som Gulen, altså under Sunnmøre. Skilnaden
mellom Gulen og Vestvågøy er her at Vestvågøy har ein ekstra høg H
P
også i
den finale fokale AP-en.
Av desse to er det òg berre Vestvågøy (2.4.19) som har ein ekstra høg
prominenstone i den fokale AP-en når denne er den einaste fokale AP-en i
ytringa, og er final, dvs. når me har det som informasjonsstrukturforskarane
kallar vidfokus. Gulen (2.4.18) har altså det same mønsteret som sunnmørsk,
med eit framhald av neddifta utan nokon ekstra høg prominenstone.
Eg lét informanten frå Vestvågøy her seia «det lille dyret» fordi det kom til
ein del akustisk turbulens rundt |st| i «store» som gjorde det vanskeleg reint
datateknisk å trekkja ut F0.
(2.4.18) Gulen:
(det ((
2
store
AP
) (
1
dyret
AP
) (
1
åt den
AP
) (
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d o s t u r c d y r c 1 o t c n c d u p o m o n
2.4 AP og IP
91
(2.4.19) Vestvågøy:
(det ((
2
lille
AP
) (
1
dyret
AP
) (
1
åt den
AP
) (
1
neddopa
AP
)
(
1
MANNEN
AP
)
IP
)
IU
)
d c I i I c d y r c o t c n c du p o m o n
Dette ser då ut til å skilja nord-vestlandsk frå nordnorsk, i alle fall
representert med dialektane frå Gulen, Herøy og Vestvågøy: Vestvågøy har ein
ekstra høg prominenstone i alle fokale AP-ar, jf. (2.4.16), (2.4.17) og (2.4.19);
korkje Gulen eller Herøy har ein slik i finale, fokale AP-ar, jf. (2.3.6 d0),
(2.4.14), (2.4.15) og (2.4.18); men Gulen har i ikkje-finale, fokale AP-ar, jf.
(2.4.14) og (2.4.15).
I resten av dette underkapittelet skal me for referansen si skuld veldig kjapt
sjå på neddrift i og utanfor IP, dvs. i dobbelfokus-signal mot sneverfokus-
signal. Eg kjem ikkje til å gå like djupt i dette som eg har gjort for sunnmørsk.
Som me ser i (2.4.20) og (2.4.21), har både Gulen og Vestvågøy eit heller
smalt frekvensregeister i det som truleg er AP-ar som sorterer rett under IU,
akkurat som tilfellet er for sunnmørsk. Det ser ved fyrste augnekast ut til at
frekvensregisteret er smalare her enn for sunnmørsk, jf. (4.2.3). Det trengst
truleg nøgnare analysar og betre materiale for å kunna seiast noko sikkert om
dette. Ut ifrå dei sparsame dataa i (2.4.20) og (2.4.21) kan det like gjerne sjå
ut som ein fonetisk interpolasjon (utan primærtrykk) mellom ein H til venstre
og ein L til høgre i det postfokale området. Dette bør undersøkjast nærare ved
eit anna høve.
(2.4.20) og (2.4.21) dreier seg om såpemerket Lano. For (2.4.20) må
kommenterast at det brå søkket i kurva ved ca. 0,7 sekund kjem av at
informanten hadde knirkestemme akkurat der. I (2.4.20) frå Gulen ser me òg
at den nye, IP-eksterne neddrifta tek til på eit høgre frekvensnivå enn i (2.4.14)
og (2.4.15), der den nye neddrifta var IP-intern. Eg har ikkje undersøkt om det
ligg noko systematisk i dette.
2 Det prosodiske hierarkiet
92
Informanten frå Gulen fekk servert ein påstand frå meg om at ei høne
hadde bada seg i gamal Lano, og informanten skulle stilla seg kritisk til meg
som kjelde for denne opplysninga. Responsen vart som i (2.4.20).
Informanten frå Lofoten fekk spørsmålet: Har du bada ei høne i Lano?
Svaret vart som i (2.4.21).
Sidan konteksten kunne borga for fleire responsar enn dei strukturane som
eg var ute etter i (2.4.20) og (2.4.21), vart informantane instruerte til å
reprodusera på sine respektive dialektar ein struktur som eg fyrst produserte
på sunnmørsk. Det må sjølvsagt takast alle atterhald om mistydingar, og me
kan heller ikkje sjå bort ifrå at éin og same pragmatiske struktur kan verta
gjenspegla i ulike måtar å strukturera tonaliteten på i ulike dialektar.
(2.4.20) Gulen:
(((
1
SÅG du
AP
)
IP
) (
2
høna
AP
) (
2
bad’ i
AP
) (
2
gammal
AP
) (
1
lano
AP
)
IU
)
s o g du h o n o b o d i g o m o I o n u
(2.4.21) Vestvågøy:
(((
1
EG har
AP
)
IP
) (
2
bada ei
AP
) (
2
høne i
AP
) (
1
lano
AP
)
IU
)
1 c g h o b o d o c i h o n c i I o n u
2.4 AP og IP
93
For ein einsam AP like etter ein fokal AP såg me for sunnmørsk i (2.4.12)
og (2.4.13) at fokus kom til uttrykk gjennom vidda på det det
frekvensregisteret som vart brukt.
Etter (2.4.22)–(2.4.25) ser det ut til at det same gjeld for Gulen og
Vestvågøy: Breitt frekvensregister svarar til fokal final AP, (2.4.22) og
(2.4.23); smalt frekvensregister svarar til ikkje-fokal final AP, (2.4.24) og
(2.4.25).
For produksjonen av (2.4.22) og (2.4.23) ligg desse spørsmåla til grunn:
Kva var det du såg? Kven var det du såg? For (2.4.24) og (2.4.25): Kven
såg bilane? Kven såg jentene?
I somme av desse døma er ordlyden noko annleis enn dei formuleringane
som er brukte tidlegare, dette for å unngå nokre akustiske krumspring som
ville ha vore misvisande i den grafiske framstellinga som datamaskina laga.
(2.4.22) Gulen:
(((
1
EG såg
AP
)
IP
) ((
2
BILANE
AP
)
IP
)
IU
)
1 c g s o g b i I o n c
(2.4.23) Vestvågøy:
(((
1
EG såg
AP
)
IP
) ((
2
JENTAN
AP
)
IP
)
IU
)
1 c g s o j c n t o n
2 Det prosodiske hierarkiet
94
(2.4.24) Gulen:
(((
1
EG såg
AP
)

(
2
bilane
AP
)
IU
)
1 c g s o g b i I o n c
(2.4.25) Vestvågøy:
(((
1
EG såg
AP
)

(
2
jent’n
AP
)
IU
)
1 c g s o j c n t n
Nok ein gong vil eg understreka at eg ikkje har morsmålskompetanse for
desse to dialektane, og at Gulen- og Vestvågøy-konturane som eg har
presentert, kan vera noko anna enn eg trur dei er. Eg vil difor ikkje trekkja for
bastante konklusjonar om dataa i (2.4.20)–(2.4.25), men lèt dei stå her som
agn for fagfolk som ved seinare høve vonleg vil korrigera meg.
2.4.6 Ei oppsummering av 2.4
I delkapittel 2.4 har me sett på forholdet mellom AP og IP, fyrst og fremst
korleis fokus vert realisert i sunnmørsk. I desse analysane brukte eg nokre
omfattande lyttetestar, og kunne til slutt konkludera med at til slutt i den fyrste
av to IP-ar vil L] koma på eit globalt lågt nivå, samstundes som det etterpå skal
koma ny neddrift.
Ettersom alle IU-ar må ha minst éin IP, var undersøkinga av final fokalitet
avgrensa til spørsmålet om korleis sin skil mellom fokal og ikkje-fokal AP
2.4 AP og IP
95
som er plassert ein stad etter ein initial AP, dvs. postfokalt. Dei to lyttetestane
som tok føre seg dette, indikerte ikkje nokon fokalitetsavhengig skilnad i
frekvensnivået på den finale L]: Både fokal og ikkje-fokal AP kunne enda med
ein like låg L]. Det som skil mellom fokal og ikkje-fokal AP i ytringsfinal
posisjon, er den lokale konturen i den AP-en, nærare sagt om me har eit smalt
frekvensregister (dvs. relativt liten skilnad mellom H
P
og L]) eller eit eit breitt
frekvensregister. Dette svarar til neddrift innanfor og utanfor IP: Ved smalt
frekvensregister er me utanfor IP, og har noko ikkje-fokalt i slutten av
neddriftsområdet. Ved breitt frekvensregister er me inni IP, og har noko fokalt
til slutt.
Stundom skjer det at området etter den fyrste IP-en er på berre éin AP. Alle
AP-ar som kjem som fyrste AP etter ein fokal AP, har ein ekstra høg H
P
. I
motsetnad til dei lange, postfokale neddriftsområda i lyttetestane «Renault-
testen» og «gryte-testen» har ein altså ikkje høve til å plassera denne H
P

andre gjevne stader enn langt der oppe på Hertz-skalaen. Når ein i denne
situasjonen skal skilja mellom fokal og ikkje-fokal final AP, har ein berre L] å
variera. Dette vil i praksis tyda at L] i ikkje-fokal AP i denne posisjonen vil
landa på eit høgre frekvensnivå enn L] i fokal AP. Dette bryt likevel berre
tilsynelatande med det me såg i lyttetestane, nemleg at L] kan landa på det
same låge frekvensnivået, uavhengig av fokalitet. Det grunnleggjande
prinsippet for lange og stutte postfokale område (med fleire respektive éin AP)
er nemleg det same: breitt frekvensregister innanfor IP, smalt utanfor IP.
Det spesielle med konstruksjonane med berre éin postfokal AP er berre at
ein ikkje rekk å driva ned (med neddrift) til den globalt lågaste punktet. Skulle
ein taka heile den neddrifta i eitt jafs innanfor den einaste postfokale AP-en,
ville det sprengja rammene for det smale frekvensregisteret utanfor IP, medan
det nettopp er eit slikt jafs ned til det globalt lågaste punktet me har dersom
AP-en er fokal, og dermed kan tillata seg eit breitt frekvensregister som eit
slikt jafs vil innebera.
Eg har presentert jamførande data frå to andre høgtonedialektar, men vågar
ikkje å leggja for stor vekt på dei, fordi eg ikkje har den morsmålskompe-
tansen som ville vera ynskjeleg for djupare analysar.
2 Det prosodiske hierarkiet
96
2.5 IU og IP
Intonasjonsytringa, òg kalla intonasjonseining (intonational utterance og
intonational unit), her avstytt IU, er det øvste nivået i det prosodiske hierarkiet.
Etter Nilsen (1992:107) kan det i ein norsk IU av informasjonsstrukturelle
grunnar vera minst eitt, maksimalt to fokusområde, dvs. IP-ar.
2.5.1 IU-grensetone
I tillegg til å gruppera IP-ar har IU-en ein tonal eigenskap, i at han deler ut ein
grensetone til høgre. Denne tonen er anten H eller L, og vert av m.a. Nilsen
(1992) notert med eit prosentteikn etter seg, H% og L%. Nilsen konsentrerer
seg om austnorsk, men den tonale opposisjonen mellom dei to IU-
grensetonane kan utan problem overførast til sunnmørsk.
Distribusjonen av H% og L% er dels pragmatisk motivert. Til dømes er
skilnaden mellom H% og L% i kv-spørsmål slik at eit reint kv-spørsmål vil få
L%, medan eit ekkospørsmål vil få H%. I (2.5.1) ser me det isolerte
spørsmålet kva gjorde dei i bilen?, medan (2.5.2) er ekkospørsmålet til (2.5.1),
der det vert spurt om kva gjorde dei i bilen? var det spørsmålet som vart stilt.
1
(2.5.1) har L%, (2.5.2) har H%, men segmentalt sett er dei identiske. Merk at
syntaksen i sunnmørsk skil seg frå skriftmålet i kv-spørsmål. I normert språk
vil (2.5.1) svara til kva gjorde dei i bilen?, medan (2.5.2) vil svara til kva dei
gjorde i bilen?.
2
(2.5.1) (((
1
kva dei
AP
) (
2
gjord’ i
AP
) (
1
BILEN
AP
)
IP
)
IU
) L%
k o d æ i j u r i b i I i
1
Eventuelt kan (2.5.2) brukast som (overraska) reprisespørsmål for å få reprise på svaret.
2
Figur (2.5.2) manglar neddrift, sjå underkapittel 2.5.2.
2.5 IU og IP
97
(2.5.2) (((
1
kva dei
AP
) (
2
gjord’ i
AP
) (
1
BILEN
AP
)
IP
)
IU
) H%
k o d æ i j u r i b i I i
Den autosegmentale representasjonen av tonar vert då som i (2.5.1') og
(2.5.2'). Legg merke til at L] og L% landar på éi og same sluttstaving i
(2.5.1'). Einaste evidensen me har her og no for at L% finst i (2.5.1) og
(2.5.1'), er at han står i opposisjon til H% i (2.5.2) og (2.5.2'), slik at me der
kan sjå at IU lisensierer ein tone. Sjå likevel delkapittel 4.3 for fleire
indikasjonar på at L% eksisterer som IU-grensetone.
I (2.5.1') og (2.5.2') tek eg elles med nokre boga liner mellom tonane og
dei nodane i det prosodiske hierarkiet som dei sorterer under. Merk at desse
boga linene ikkje er assosiasjonsliner, berre hjelpeliner som skal illustrera
grafisk det me allereie veit: at leksikalsk tone, prominenstone og AP-
grensetone sorterer under AP, medan IU-grensetonen er knytt til domenet IU.
Det er eit poeng i figurane (2.5.1') og (2.5.2') at den eindimensjonale strengen
av tonar vert relatert til dei hierarkisk ordna domena som dei tonale fenomena
konstituerer. Dei einaste assosiasjonslinene i figurane er linene mellom
tonane og stavingane, utan at eg no vil taka stilling til om det er stavingar eller
moraer som er toneberande einingar. Akkurat det spørsmålet kjem me attende
til i kapittel 3 (og svaret på spørsmålet vert moraer).
2 Det prosodiske hierarkiet
98
(2.5.1') (((
1
ka dei
AP
) (
2
gjord’ i
AP
) (
1
BILEN
AP
)
IP
)
IU
) L%
ka dei gjord’ i bi
σ σ σ σ σ σ
len -
AP AP AP
H
P
L] L
lex
L] H
P
L] H
P
L%
IP
IU
2.5 IU og IP
99
(2.5.2') (((
1
ka dei
AP
) (
2
gjord’ i
AP
) (
1
BILEN
AP
)
IP
)
IU
) H%
ka dei gjord’ i bi
σ σ σ σ σ σ
len -
AP AP AP
H
P
L] L
lex
L] H
P
L] H
P
H%
IP
IU
Distribusjonen av H% og L% er òg fonologisk avhengig. H% kan koma
føre berre dersom den siste AP-en i IU-en er fokal. Det vil seia at berre L% er
mogeleg etter eit komprimert neddriftsområde. Dette er den same regelen som
Fretheim (1993:226f) formulerer slik for austnorsk: «Høy grensetone
forutsetter at siste fot i ytringen er fokal, så lav grensetone er eneste mulighet i
Figur 4 og Figur 5.» Hans figurar 4 og 5 er to F0-kurver der den siste AP-en
(eller «foten» i hans terminologi) er ikkje-fokal.
Eg vil tillata meg å uttrykkja ein viss skepsis til den austnorske varianten av
denne regelen. I austnorsk er all neddrift komprimert. Ein IU må ha minst éin
IP. Ein final AP som er ikkje-fokal, må dermed stå i eit postfokalt område, og
dermed i eit neddriftsområde. Om denne AP-en har austnorsk tonelag 1, dvs.
tonesekvensen L
P
H], vil dette verta realisert fonetisk som ein jamn eller litt
fallande tone, dette i motsetnad til tonelag 2, H
lex
L
P
H], som har eit meir
markert fall frå H
lex
til L
P
, og deretter ein knekk til ein meir jamn tone igjen
2 Det prosodiske hierarkiet
100
frå L
P
til H], jf. Nilsen (1992:30), Fretheim (1993, figurane) og ikkje minst
Fretheim (1987). Kort sagt: Overgangar frå L til H vert fonetisk heller flate i
komprimerte neddriftsområde, medan overgangar frå H til L vert realiserte
som eit tydeleg fonetisk fall i frekvens.
Dette vil seia at ein komprimert, ikkje-fokal AP med tonane L
P
H] L% på
austnorsk burde kunna visa fram eit tydeleg fall frå den nest siste tonen (H])
til den siste tonen (L%).
Studerer ein F0-kurvene til Fretheim og Nilsen, ser ein at det ikkje finst
noko fall der det skulle ha vore eit slikt fall. AP-grensetonen H] i austnorsk
kan altså i final, ikkje-fokal AP ikkje skiljast frå IU-grensetonen. Det vil då
vera rimeleg å rekna med at IU-grensetonen er H%, ikkje L%.
Held ein seg til analysen av komprimerte neddriftsområde, med fonetisk
fall frå H til L, men utan fonetisk stiging frå L til H, så er altså distribusjonen
av fonologisk H% og L% den motsette i austnorsk av i sunnmørsk: L% kan i
austnorsk koma føre berre etter ein fokal AP, medan H% kan koma føre både
etter fokal og ikkje-fokal AP. I sunnmørsk er det H% som berre kan koma
føre etter fokal AP, medan L% kan stå både etter fokal og etter ikkje-fokal AP.
Dette skal eg ikkje fordjupa meg meir i.
2.5.2 Manglande neddrift
I alt det eg har lagt fram til no om korleis fokus ovrar seg, har eg teke
utgangspunkt i at alle IP-ar i sunnmørsk har neddrift. Det er då også rett at eit
neddriftsområde tek slutt når ein IP tek slutt, og at det openbert finst
neddriftsområde som kjem utanfor IP-ar, nemleg dei komprimerte
neddriftsområda rett under IU, i alle fall slik eg har teke utgangspunkt i IP
som domene for fokus og ikkje berre for neddrift.
I austnorsk har me sett at den fyrste IP-en ikkje har neddrift (Fretheim
1987:38, Slethei 1996:105). I sunnmørsk hender det òg at den fyrste IP-en
ikkje har neddrift, men dette ser ut til å vera meir unntaket enn hovudregelen.
Ein grunn til at dette ser ut til å vera unntak heller enn hovudregel, kan vera
noko så enkelt som at det kan finnast fonologiske eller pragmatiske
føresetnader for manglande neddrift, og at desse føresetnadene ikkje alltid er
til stades når ein i ro og mak produserer enkle ytringar spesiallaga for
analyseføremål. I figur (2.5.2) hadde me likevel ei dømeytring utan neddrift,
innlesen av meg i ro og mak.
Eg har tidlegare gjort bruk av lyttetestar for å kartleggja fokusrealisering i
IP-ar med neddrift. Dette er ikkje nokon aktuell strategi for IP-ar utan
neddrift. IP-ar utan neddrift ser nemleg ut til å koma føre berre i
2.5 IU og IP
101
vidfokusytringar, altså når ein berre har éin IP til rådvelde, og ikkje noko kjem
etter den IP-en. Dette gjer det umogeleg å laga lyttetestar som baserer seg på
ulik fokusstruktur, slik me kunne gjera det for ytringane med to IP-ar i dei
føregåande lyttetestane.
Distribusjonen av neddrift og manglande neddrift har eg ikkje klart å koma
eintydig fram til gjennom introspeksjon. Eg meiner å ha lagt merke til at
neddrift ofte manglar hjå meg når eg har høg IU-grensetone, men eg har òg
sett tilfelle der eg manglar neddrift ved låg grensetone, og der eg har høg
grensetone og framleis neddrift. Lenger enn dette vil eg ikkje trekkja
introspeksjonen og sjølvanalysen.
I staden har Fosnavåg-avdelinga til Bygderadio Vest forsynt meg med
opptak av ein del av kommunestyremøtet i Herøy på Sunnmøre 18.12.1997.
Dette materialet inneheld mange engasjerte innlegg som ikkje er bundne av
manuskript. Eg har ikkje teke meg tid til å transkribera eller analysera alle dei
tre timane med kommunalpolitisk ordskifte som eg har opptak av, og eg kjem
heller ikkje til å gjera noko slikt i denne studien. Kvantitative analysar av
neddriftsvariasjonen er altså uaktuelt i denne samanhengen.
I staden har eg plukka meg ut nokre ytringar for å illustrera neddrift og
manglande neddrift. Og om eg ikkje har laga statistikkar over det eg høyrde i
desse opptaka, er i alle fall hovudinntrykket svært tydeleg:
– For det fyrste: Manglande neddrift og høg IU-grensetone ser ut til ofte å gå
hand i hand.
– For det andre: Manglande neddrift ser ut til å koma føre berre i IU-ar som
inneheld berre éin IP.
Til saman tyder dette at neddrift kan mangla (i alle fall særleg) i
konstruksjonar med finalt fokus høg IU-grensetone. Det må presiserast at
dette ser ut til å vera ein sterk tendens, og at unntak finst, utan at eg har vore i
stand til å seia kvifor.
Det bør òg noterast at i spontan tale vil dei prosodiske konstituentane
opptre mykje meir sjølvstendig i forhold til syntaktisk fulle ytringar enn det eg
har lagt til grunn for døma mine til no. Døma har så absolutt vore språkleg
korrekte, men eg har sett det som mest pedagogisk å bruka døme der IU-ane
svarar til syntaktiske setningar. Nilsen (1992:145) nemner såleis ei ytring frå
spontan tale sett saman av heile åtte IU-ar.
Som døme på IU-ar utan neddrift vel eg ei setning som er sett saman av to
IU-ar, den fyrste typisk nok med H%, den andre med L%. Setninga vart ytra
av ein mannleg herøyværing fødd 1944: Det er jo ei budsjettendring… på
2 Det prosodiske hierarkiet
102
budsjettet for… eh… 1997.
1
For oversynet si skuld presenterer eg setninga
over to figurar, (2.5.3) og (2.5.4). Den V-forma starten på (2.5.4) er
mikroprosodisk, botnpunktet svarar til plosiven |b|, jf. Silverman (1986) og
Haggard, Ambler og Callow (1970).
Jamvel om eg allereie har presentert F0-kurver med neddrift og høg IU-
grensetone, vil eg for ordens skuld taka med ei slik kurve også frå det nemnde
kommunestyremøtet i figur (2.5.5), ytra av ein mannleg herøyværing fødd
1947: Det vart ikkje med på økonomiplanen.
(2.5.3) (((
1
d’er jo ei bud-
AP
) (
1
SJETTENDRING
AP
)
IP
)
IU
) H%
dc j u æ i b u j c t æ n dr i n g
(2.5.4) (på bud-((
1
sjettet for… eh…
AP
) (
2
nitten nitti-
AP
) (
1
SJU
AP
)
IP
)
IU
) L%
p 5 b u j c t c I 5 rc ni t n i t i j u
1
Det er ein syntaktisk «presenteringskonstruksjon» i dette dømet, eventuelt ein utbrytings-
kontruksjon. Eg vil likevel åtvara mot å sjå den ekstra høge prominenstonen på bakgrunn
av den syntaktiske konstruksjonen. Den syntaktiske kodinga av fokusstrukturar kan vera
avgjerande for den tonale konstruksjonen med fokal AP, men då er det den tonale
konstruksjonen me må leggja til grunn for høgda på prominenstonen. Jamfør òg døme
(2.5.2), som òg manglar neddrift, og som har ein ekstra høg prominenstone i den fokale
AP-en, men som ikkje representerer noko syntaktisk koda fokus på siste AP på line med det
me finn i presentering eller utbryting.
2.5 IU og IP
103
(2.5.5) (det ((
1
vart ikkje
AP
) (
1
med på økono-
AP
) (
1
MIPLANEN
AP
)
IP
)
IU
) H%
d c v o r t i c c c m c p œ k unum i p I o n i
I figurane med F0 utan neddrift, (2.5.3) og (2.5.4), ser me at den fokale
AP-en ikkje berre har ein grensetone L] som er lågare enn dei andre lågtonane
i ytringa. I tillegg har den fokale AP-en ein ekstra høg prominenstone H
P
. Me
hugsar at ein slik ekstra høg H
P
i fokale AP-ar som regel ikkje kjem føre i
sunnmørske neddriftsområde, men at dei kjem føre i neddriftsområde både i
Gulen og i Vestvågøy.
Og medan koplinga mellom høg IU-grensetone H% og manglande neddrift
i sunnmørsk ser ut til å vera ein tendens med ikkje kartlagde unntak, så verkar
det av desse døma som at ein endå sterkare tendens er koplinga mellom
manglande neddrift og ekstra høg prominenstone i den fokale AP-en.
Det er kjent frå hausa at neddrift kan falla bort i spørsmål (Ladd
1998:151f), noko som vert analysert som «the operation or non-operation of
the downstep rule at successive points in a sequence of tones» (op.cit.:152).
1
Overførd til sunnmørsk kan analysen av hausa forklara koplinga mellom
neddrift og prominenstonen i fokal AP slik: Det globale fallet i det
sunnmørske pitch-registeret er (som utgangspunktet mitt har vore) fonologisk
neddrift. Det er neddrift eller ikkje-neddrift som regulerer kor høg prominens-
tonen skal vera. Dette skjer då slik: Utan dei fonologiske prosessane som
konstituerer neddrift, det vil seia når neddrift ikkje er til stades, vil ein fokal AP
markera fokaliteten sin ved å ha stor avstand mellom prominenstonen H
P
og
1
For å rekapitulera litt frå underkapittel 2.4.1: Neddrift (downdrift) er etter termbruken i
Roca (1994:264) ei lokal lågning av grunntonen ved partiell assimilasjon frå lågtonane på
høgtonane, med den konsekvensen at alt i alt vert det eit globalt fall. Nedsteg (downstep) er
det same, berre at det her dreier seg om flytande, uassosierte lågtonar. I sitatet frå Ladd
(1998:153) er «downstep» truleg brukt både slik Roca bruker «downdrift» (Ladd 1998:75),
og slik Roca bruker «downstep» (t.d. Ladd 1998:270). Eg valde termen «neddrift» på
grunnlag av Roca, med argument om at det her dreier seg om ein fonologisk prosess, og
ikkje ein fonetisk-artikulatorisk, slik Slethei (1996:105) indikerte. Sletheis indikasjon
svarar helst til det som både Roca og Ladd omtalar som «declination».
2 Det prosodiske hierarkiet
104
AP-grensetonen L]. Dette skjer ved at høgtonen vert ekstra høg, og/eller at
lågtonen vert ekstra låg. Når neddrift vert kopla inn, vil lågtonen før den høge
prominenstonen i kvar AP gjera at prominenstonen (og den låge AP-
grensetonen) kjem stendig lågare gjennom IP-en, og jamvel ein fokal
prominenstone vil koma lågare enn prominenstonen i AP-en framføre. Dette
dreier seg då om det som ein med klassiske termar vil kalla ein partiell
kontaktassimilasjon, der L gjer ein etterfylgjande H lågare enn han elles kunne
ha vore.
Etter denne analysen er det altså fonologisk neddrift som, i form av
kontaktassimilasjon, suspenderer fonetisk den ekstra høge prominenstonen i
den fokale AP-en.
1
Dette kan òg forklara kvifor eg under gjennomlyttinga av opptaket frå
kommunestyremøtet ikkje greidde å finna eintydige døme på denne kontur-
typen: manglande neddrift utan ekstra høg prominenstone i fokal AP.
Motsett kunne ein tenkja seg at det er ein ekstra høg prominenstone som
suspenderer neddrifta, men eg har vanskar med å sjå då korleis ein einsam,
ekstra høg prominenstone i den siste AP-en i ei ytring skulle kunna
suspendera neddrifta i ein heil serie med AP-ar til venstre for seg. Likevel, når
det er registrert ein tendens til manglande neddrift i samband med høg IU-
grensetone, kan ein ikkje sjå heilt bort frå slike prosessar.
Ein analyse med fonetisk suspensjon av ekstra høg H
P
er altså den mest
tilgjengelege analysen med dei dataa me har her og no. I underkapittel 4.1.2 vil
det likevel verta lagt fram ein fonologisk analyse på grunnlag av slikt som vert
observert i delkapittel 4.1 med underkapittel.
1
Eit uforklara unntak er nemnt i figur (2.4.5).
105
3 Assosiering
Kapittel 2 presenterte dei einskilde domena i det prosodiske hierarkiet. Som
del av dette såg me på ein del tonale fenomen og eigenskapar som knyter seg
til dei einskilde domena. Her frå kapittel 3 av skal me bruka det prosodiske
hierarkiet som referanseramme og analysereiskap, og sjå nærare på korleis
tonane oppfører seg: I kapittel 3 skal me sjå på korleis dei oppfører seg med
omsyn til assosiering og spreiing, i kapittel 4 skal me sjå på korleis dei
oppfører seg i posisjonar i det prosodiske hierarkiet som ikkje er drøfte enno,
og i kapittel 5 skal me sjå på tonar og trykkforhold i samansette ord.
Me har altså fått etablert eit prosodisk hierarki etter tonale kriterium:
Leksikalsk tone (for tonelag 2), prominenstone og AP-grensetone sorterer
under AP. AP-ar kan grupperast til IP-ar på grunnlag av fokus. IP-ar kan
igjen grupperast til IU-ar, der ein IU så har sin grensetone til høgre.
Det me derimot ikkje har sett på, er korleis dei einskilde tonane assosierer
seg til det segmentale materialet. Noko er teke med implisitt gjennom figurane,
men me har enno ikkje sett systematisk på det. Lat det då vera nemnt at eg i
analysane til no har lagt til grunn assosiering mellom tonar og stavingar, ikkje
mellom tonar og moraer, utan at dette har vore spesielt viktig. Det er fyrst no
når det skal sjåast nærare på assosieringa, at tilhøvet mellom stavingar og
moraer i tonaliteten må avklarast.
Eit mål i dette kapittelet må nemleg vera å undersøkja på kva måte ein på
sunnmørsk kan operera med ei toneberande eining. Tone-bearing unit (TBU)
er den eininga som er i stand til å bera tonar, og som tonar dermed assosierer
seg til. I litteraturen er det typisk snakk om stavingar eller moraer, der ein
mora er ei metrisk eining på nivået under stavinga. Ideen er då at ein tone ikkje
vert assosiert direkte til eit gjeve segment, men at assosieringa skjer til ein
TBU.
Her som elles er det sunnmørsk som ligg til grunn for analysane, og
framleis er det eg som har produsert talesignala bak F0-kurvene, med mindre
noko anna er presisert.
3.1 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 1
Det finst allereie mange døme på tonelag 1 i det eg har skrive til no, men i
staden for å plukka mange figurar frå ulike andre stader for å dekkja dei ulike
kontekstane skal eg berre gjeva eit par nye døme som til saman inneheld
3 Assosiering
106
fokale og ikkje-fokale AP-ar med éi staving og fleire stavingar, og med dei
ikkje-fokale AP-ane i ukomprimert og komprimert neddrift. Figur (3.1.1) har
to ikkje-komprimerte neddriftsområde, (3.1.2) har eitt komprimert neddrifts-
område. Elles gjentek eg den neddriftsfrie (2.5.2) som (3.1.3).
(3.1.1) (((
1
guten og
AP
) (
1
du
AP
) (
1
HEV no
AP
)
IP
) ((
1
råd til
AP
)
(
1
BILEN
AP
)
IP
)
IU
) H%
g u t i 5 d u h c n u ro t i b i I i
(3.1.2) (((
1
EG
AP
)
IP
) (
1
ser
AP
) (
1
kva du
AP
) (
2
gjerer
AP
) (
1
no
AP
)
IU
) L%
1c i s c r k o d u j æ rc n u
(3.1.3) (((
1
ka dei
AP
) (
2
gjord’ i
AP
) (
1
BILEN
AP
)
IP
)
IU
) H%
k o d æ i j u r i b i I i
3.1 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 1
107
Det me ser i desse tre figurane, er eintydig: Tonelag 1, som i sine AP-ar har
tonesekvensen H
P
L], byrjar å falla allereie i fyrste stavinga. Prominenstonen
H
P
nøyer seg med venstre enden av trykkstavinga, og gjev høgre enden til den
låge AP-grensetonen, jamvel om det finst fleire stavingar til høgre som AP-
grensetonen legg seg på i tillegg.
Denne fyrste stavinga i AP-en er lang, slik ho må vera for å initiera ein
ordaksent. Etter gjengse analysar er lange stavingar bimoraiske i norsk, medan
stutte stavingar er monomoraiske (t.d. Kristoffersen 1992:43; 2000:116ff).
Om me for figurane (3.1.1)–(3.1.3) tek utgangspunkt i at tonar må assosierast
til anten stavingar eller moraer, vil dette seia at prominenstonen H
P
vert
assosiert til den fyrste ledige moraen, og han spreier seg ikkje.
1
Alt til høgre
for denne moraen assosierer AP-grensetonen L] seg til, slik det er skissert i
(3.1.4). Eg tek ikkje stilling her til om L] er primært assosiert til den eine eller
den andre moraen, eller korleis han spreier seg til dei andre moraene, men
kjem attende til dette spørsmålet i delkapittel 3.5.
(3.1.4) (
1
guten og
AP
) (
1
du
AP
) |
1
gu:ti 5
1
du:|
g u :
t i
σ
σ
µ µ µ
H
P
L]
µ µ µ
σ σ
5 d u :
L] H
P
AP AP
I dette er det vel verdt å merkja seg at AP-grensetonen vert assosiert til alle
dei moraene som kjem etter prominenstonen. Dette er ulikt den varieteten
(eller dei varietetane) av søraustnorsk som Thorstein Fretheim og Randi A.
1
I (3.1.3) kjem me ikkje ned til sjølve botnpunktet for L] i den fyrste AP-en før i den andre
stavinga, jamvel om fallet byrjar i fyrste stavinga. Det er uvisst kvifor. I alle fall er ein på
god veg, og når botnpunktet før vokalen i den andre stavinga.
3 Assosiering
108
Nilsen har granska. Eit døme er ytringa (((
2
thorstein
AP
) (
2
snakker be-
AP
)
(
1
standig om intona-
AP
) (
1
SJON
AP
)
IP
)
IU
) L% som er attgjeven i figur (2.1.2) i
delkapittel 2.1, henta frå Nilsen (1992:24). I AP-en standig om intona er den
austnorske prominenstonen L
P
å finna heilt til venstre, og den austnorske AP-
grensetonen H] heilt til høgre. Området imellom er ikkje assosiert til nokon
tone, og i staden for ein heller brå overgang mellom prominens- og grensetone
som i sunnmørsk har ein i søraustnorsk eit område med ein gradvis, fonetisk
transisjon mellom dei to tonane.
Figur (2.1.2) er attgjeven her som (3.1.5), og då med tillegg av ein firkant
(teikna inn av meg) rundt AP-en standig om intona. I (3.1.6) gjev eg att
Nilsens analyse av toneassosieringa, tidlegare attgjeven som (2.3.9).
Sjå til samanlikning (2.3.3) i delkapittel 2.3.1, som med sine mange
stavingar viser endå tydelegare enn (3.1.1) og (3.1.2) korleis den låge AP-
grensetonen på sunnmørsk vert assosiert til heile området etter prominens-
tonen: (((
1
mannen låg på
AP
) (
1
RYGGEN nedi løa
AP
)
IP
)
IU
) L%. Denne er
gjenteken her for oversynet si skuld som (3.1.7).
(3.1.5) Nilsen (1992:24) med tillegg av markering:
(((
2
thorstein
AP
) (
2
snakker be-
AP
) (
1
standig om intona-
AP
)
(
1
SJON
AP
)
IP
)
IU
) L%
(3.1.6) Nilsen (1992:66)
3.2 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 2
109
(3.1.7) |
1
mon:i I5g p5
1
r.j z:i ncdi Io:d5|
mo n i I 5 g p 5 r. j z i n c di I o d 5
I Abrahamsen (1998a:26; artikkelen vart skriven i 1996) opplyste eg om at
sekvensen H
P
L] i tonelag 1-AP-ar på sunnmørsk kunne realiserast med H
P

den trykktunge fyrstestavinga og L] på resten (i tillegg til H
P
L] allereie i
fyrstestavinga). Dette var henta frå ei semesteroppgåve eg skreiv i 1995, men
eg kan i dag ikkje sjå anna enn at eg på den tida bygde på ein dårleg analyse.
Det einaste eg kan finna i den nemnde semesteroppgåva som kan underbyggja
at H
P
skulle kunna ha heile den bimoraiske fyrstestavinga for seg sjølv, er ein
F0-kontur med spektrogram der eg må ha mistolka spektrogrammet.
I høgtonedialekten bergensk er stoda annleis enn i høgtonedialekten
sunnmørsk. Lorentz (1995) rapporterer at i bergensk vil H
P
assosiera seg til
heile trykkstavinga.
Når prominenstonen i sunnmørsk ikkje vil assosiera seg til meir enn éin
mora, er det aktuelt å konkludera med at den toneberande eininga i sunnmørsk
er mora. For dette talar òg at også AP-grensetonen legg seg på alle dei ledige
moraene etter prominenstonen, utan å krevja noko meir enn éin mora (i
trykkstavinga ved tonelag 1, der berre den fyrste moraen vert okkupert av noko
anna enn L]).
3.2 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 2
Lat oss sjå ein gong til på figur (2.3.4), her attgjeven som (3.2.1), som har to
AP-ar med tonelag 2, og som òg har fire og seks stavingar i AP-ane. Her ser
me det tydeleg korleis den leksikalske tonen L
lex
legg seg på den fyrste
stavinga i AP-en, prominenstonen H
P
legg seg deretter på den andre stavinga,
før AP-grensetonen L] legg seg på resten av stavingane. Jamvel om
3 Assosiering
110
prominenstonen definerer trykket som primærtrykk, kan han altså sjølv
assosierast til ei anna staving enn sjølve trykkstavinga.
(3.2.1) (((
2
jenta låg på
AP
) (
2
MAGEN nedi løa
AP
)
IP
)
IU
) L%
|
2
jæn:t5 I5g p5
2
mo:ji ncdi Io:d5|
j æ n t 5 I 5 g p 5 m o j i n c d i I o d 5
I førre delkapittel såg me for tonelag 1 sin del at prominenstonen H
P
okkuperte berre éin mora, slik at ein kunne ha H
P
L] på éi staving. Her i (3.2.1)
ser me at H
P
okkuperer ei heil staving, og at L] fyrst kjem på stavinga deretter
igjen. Dette var òg det som vart rapportert om i Abrahamsen (1998a).
Grunnen til at tonane ser ut til å assosiera seg til stavingar her, ligg i
datagrunnlaget. I alle dei sunnmørske døma med tonelag 2 til no har
andrestavinga, der prominenstonen har landa, vore monomoraisk, og dermed
har ho hatt plass berre til H
P
. Lat oss difor sjå kva som skjer når andrestavinga
vert bimoraisk.
I (3.2.2) har me denne ytringa: (((
2
dama vil ha
AP
) (
2
blodmat i
AP
)
(
1
DAG
AP
))) L%. I andre AP-en, blodmat i, har me to moraer i både den fyrste
og den andre stavinga. L
lex
ligg på heile fyrstestavinga.
1
Dersom
prominenstonen klarer seg med éin mora, skulle me få eit fall H
P
L] allereie
inne i den andre stavinga, i motsetnad til i fyrste AP-en, dama vil ha. Og me
ser at slik er det i den figuren.
2
1
Ein morabasert analyse av dette finn ein i delkapittel 3.3 straks.
2
I delkapittel 5.3 vil validiteten til døma med blodmat verta drøft.
3.2 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 2
111
(3.2.2) (((
2
dama vil ha
AP
) (
2
blodmat i
AP
) (
1
DAG
AP
)
IP
)
IU
) L%
|
2
do:m5 vi ho
2
bIu:mo:t i
1
do:g |
d o m5 vi h o b I u mo t i d o g
Lat det òg for ordens skuld vera nemnt at når me har ein AP med berre to
bimoraiske stavingar (og ikkje noko meir), som blodmat, kan det like gjerne
skje at L
lex
H
P
begge kjem på den fyrste stavinga, som om den andre stavinga
skulle ha vore stutt, som jenter i (2.3.5), attgjeven som (3.3.1) i neste
delkapittel. I (3.2.3) ser me såleis nesten den same ytringa som i (3.2.2), men
med berre to stavingar i andre AP-en, før den tredje AP-en kjem med ei ny
primærtrykkstaving. I (3.2.3) har me L
lex
og H
P
på fyrste stavinga i blodmat
og L] på den andre stavinga.
(3.2.3) (((
2
dama vil ha
AP
) (
2
blodmat
AP
) (
1
NO
AP
)
IP
)
IU
) L%
|
2
do:m5 vi ho
2
bIu:mo:t
1
nu:|
d o m5 vi h o b I u m o t n u
Kvifor dette skjer når ein har fire moraer til rådvelde, har eg ikkje noko
eintydig svar på. Eit framlegg kan vera at når den bimoraiske stavinga mat står
slik mellom to stavingar med primærtrykk, slik at ein får (dobbelt opp av) det
som i engelskspråkleg litteratur heiter «stress clash», så vert den andre
stavinga metrisk redusert. Figur (3.2.3) syner visseleg at vokalen i den andre
3 Assosiering
112
stavinga i blodmat er stuttare enn vokalen i den fyrste stavinga, men han er
framleis lengre enn vokalane i dei stutte stavingane i fyrste AP-en. For den
metriske strukturen kan dette likevel vera nok: stavinga står imellom to trykk-
stavingar, og vil helst verta handsama som trykklett staving.
3.3 Den leksikalske tonen
I (3.2.1) og (3.2.2) var det nok stavingar og moraer til at den leksikalske L
lex
kunne få ei staving for seg sjølv, og det har framleis vore plass til både
prominenstone H
P
og AP-grensetone L]. I underkapittel 2.3.2 var me inne på
at sekvensen L
lex
H
P
L] kan realiserast med ulike toneassosieringar, alt etter
kor mange stavingar som finst i AP-en. Me såg at dersom det er tre eller fleire
stavingar i AP-en (me vil vel no helst seia: fire eller fleire moraer), vil den
fyrste tonen ha den fyrste stavinga for seg sjølv. Er det to stavingar i AP-en
(med til saman tre moraer, derav to i den fyrste stavinga), vil den fyrste
stavinga få tonane L
lex
H
P
, og den andre stavinga vil få L]. Døma var jenter og
jentene, her attgjevne på nytt som (3.3.1) og (3.3.2).
(3.3.1) (((
2
JENTER
AP
)
IP
)
IU
) L% |
2
jæn:tc|
j æ n t c
(3.3.2) (((
2
JENTENE
AP
)
IP
)
IU
) L% |
2
jæn:tinc|
j æ n t i n c
3.3 Den leksikalske tonen
113
Med tre moraer i AP-en må altså den leksikalske tonen dela staving med
prominenstonen. Lorentz (1995) ser på TBU i bergensk, ein vestnorsk
høgtonedialekt som i det heile i klassisk dialektologi vert sett på som heller lik
sunnmørsk. Lorentz registrerer for bergensk, som eg òg har registrert for
sunnmørsk, at i tonelag 2-AP-ar (L
lex
H
P
L]) med tre (eller fleire) stavingar vil
det landa éin tone på kvar staving, medan dei to fyrste tonane vil samla seg på
den fyrste stavinga (som er bimoraisk) dersom dei tre tonane berre har to
stavingar å fordela seg på.
Lorentz konkluderer med at stavinga er den dominerande TBU i bergensk,
men at mora kan fungera som TBU når det trengst. Analysen, som er
optimalitetsteoretisk, inneheld denne formuleringa (s. 44):
A strict classification into languages having syllables and languages having morae as
TBU, breaks down. Instead we see that both constraints are active in the language,
and that the dominant constraint may be violated under duress.
For sunnmørsk vil det vera mindre aktuelt å rekna med ein slik vekslande
TBU, sidan det allereie er indikert av både prominenstone og AP-grensetone at
det er mora som fungerer som primær TBU. Likevel ser me at når det er god
plass i AP-en, og den leksikalske tonen dermed ikkje er under press,
føretrekkjer han å landa på begge moraene i trykkstavinga.
Me har openbert å gjera med eit tilfelle av tonetrengsle både i sunnmørsk
og i bergensk: tre tonar vil inn på ein plass som er litt for liten. Eg vil likevel
vera varsam med å kalla dette eit reint fonetisk fenomen. Ein viktig grunn til
denne varsemda er at når noko skal manifesterast fonetisk, skjer dette m.a. på
grunnlag av prosessane på vegen frå den underliggjande strukturen til over-
flateforma. Særleg ved systematiske vekslingar vil slike prosessar utvilsamt
sortera under fonologi, i alle fall i eit generativt perspektiv. Som fonetikk vil eg
der rekna berre reint akustiske eller fysiologiske fenomen, saman med
artikulatoriske smådetaljar. Til jamføring med sunnmørsk kan nemnast at i
den same fonologiske særstoda har Kristoffersen (2000:246) opphoping av
tonar til høgre i sin austnorske varietet. Når sunnmørsk då vel ei tilsvarande
opphoping til venstre, må desse skilnadene koma av ulike implementasjonar i
form av ulik fonologi, og ikkje av ulik fysiologi eller ulik akustikk.
Ein annan grunn til å vera varsam med å sjå på toneopphopinga som
fonetikk, er at me allereie har sett at TBU i sunnmørsk ser ut til å vera mora.
Spørsmålet for vekslinga i assosiasjonen av L
lex
i (3.3.1) og (3.3.2) er dermed
heller ikkje kvifor det er to tonar på fyrste stavinga i (3.3.1), men kvifor det
berre er éin tone på fyrste stavinga i (3.3.2). For bergensk kunne nok
spørsmålet ha vore det motsette.
3 Assosiering
114
Den sunnmørske vekslinga kunne sjølvsagt indikera at ulike tonale einingar
er spesifiserte for ulike primære TBU-ar. Ein kunne då seia at L
lex
har
stavinga som TBU, at resten har moraen som TBU, men at ein ved L
lex
kan
oppleva ei toneopphoping som i bergensk dersom det vert trongt om plassen.
Dette er likevel problematisk når ein ikkje er i stand til å finna parallelle
ovringar i andre språk. Og når resten av materialet lèt seg analysera med mora
som TBU, vil eg vera skeptisk til å innføra staving som TBU attpå, men vil
heller sjå om ikkje det kan lata seg gjera å analysera også L
lex
ut ifrå at TBU
er mora. Ein slik analyse vil eg presentera i underkapittel 3.3.1 og 3.3.2. Ein
mogeleg parallell til den sunnmørske situasjonen finn me nemleg i standard-
latvisk.
3.3.1 Ein mogeleg parallell i latvisk
Med primærtrykk på bimoraiske stavingar (lang vokal; eller stutt vokal +
sonorant) har standard-latvisk tre tonale måtar å framheva trykket på.
1
Desse
tre «tonelaga» kan me her enkelt kalla tonelag 1, 2 og 3. Dette er mi private
nummerering, berre til reint praktisk bruk akkurat her i dette underkapittelet,
3.3.1. I latvisk og engelskspråkleg litteratur vil dei tre ofte verta omtala slik:
1. stieptÇ intonÇcija; level tone
2. kr¥to‰Ç intonÇcija; falling tone
3. lauztÇ intonÇcija; broken tone
Tonelag 1, ved ord som liela ‘stor’ f., har ein høg tone på heile den fyrste
stavinga, medan den andre stavinga får ein L, som vil svara til det som eg for
sunnmørsk har kalla AP-grensetone. Denne L i latvisk vert elles assosiert til
alt fram til neste primærtrykk.
Tonelag 2, ved ord som diena f. ‘dag’, har ein fallande tone på den fyrste
stavinga, med L etterpå.
Tonelag 3, ved ord som zÇle f. ‘gras’, vert gjerne skildra som ein HL-
sekvens med stød (glottal lukkelyd) inni, alt innanfor den fyrste stavinga.
1
Denne omtalen av «tonelaga» i standard-latvisk byggjer på dei sparsame opplysningane i
Lasmane (1981:16), fonetiske observasjonar i Ekblom (1933), framstellinga i Kari¿‰
(1996), data frå ein latvisk informant, og personleg kommunikasjon med dr. Aleksandra
Steinbergs, Memorial University of Newfoundland.
3.3 Den leksikalske tonen
115
Det som er viktig for oss, er latvisk tonelag 1 og 2. I fig. (3.3.3) ser me
kurva til ytringa diena ir liela ‘dagen er stor’.
1
Materialet er uttala av ei kvinne
frå R¥ga
2
, fødd 1957, busett i Noreg. Det er to primærtrykk i ytringa. Det
fyrste er «tonelag 2» på dien’ ir (-a i diena vart elidert framfor vokalen i det
trykklette verbet etterpå, det tonale mønsteret er teke vare på), det andre er
«tonelag 1» i liela. Det som ortografisk vert skrive ‹ie› i latvisk, svarar til ein
diftong i området mellom |ic| og |ia|. I figuren har eg sett ein lang, loddbein
strek framfor det andre primærtrykket.
(3.3.3) Latvisk: |
2
dicn ir
1
IiaIa|
d i c n i r I i a I a
Ver merksam på at den tilsynelatande lågtonen heilt til venstre er ein effekt
frå den initiale |d|; det fonologiske tonale materialet kjem ikkje før i vokalen.
Me ser her det som allereie er omtala: Ved det fyrste primærtrykket kjem
det ein HL-kontur allereie på den fyrste stavinga,
3
ved det andre primærtrykket
held H seg ut den fyrste stavinga, og L kjem ikkje før i andre stavinga. Dette
ser ut til å vera ein parallell til det sunnmørske tilfellet der den leksikalske
tonen såg ut til å vilja ha ei heil staving som TBU, medan resten av tonane
eintydig hadde mora som TBU.
Kari¿‰ (1996) analyserer det ikkje slik. Stutt sagt seier han dette (særleg s.
140ff): L til høgre er ein intonasjonell frasetone, dvs. ein tone på line med L] i
sunnmørsk. Primærtrykk vert i latvisk markert med ein metrisk frasetone H,
1
Latvisk bøyer ikkje substantiv i definitet. Ordstillinga i døma er identisk med ordstillinga i
den norske omsetjinga: ir tyder ‘er’.
2
R¥ga-dialekten ligg nær standardlatvisk, men har ikkje det tredje tonelaget.
3
Denne konkrete konturen innbyd til ei alternativ tolking, nemleg fonetisk interpolasjon frå
H i den fyrste stavinga til ein L i den andre stavinga. Eg vil likevel ikkje på grunnlag av
dette isolerte dømet overprøva Kari¿‰ (1996) eller andre med morsmålskompetanse og
spesifikk fagkompetanse i latvisk, og tek med denne figuren berre som ein illustrasjon på
det som Kari¿‰, som me straks skal sjå, analyserer som ulikt assosieringspunkt for den
metriske høgtonen.
3 Assosiering
116
som etter mi forståing speler ei metrisk rolle som kan jamførast med rolla til
H
P
på sunnmørsk. Denne metriske H er der i latvisk også om trykkstavinga er
monomoraisk og ikkje kan skilja mellom ulike tonelag.
Det som skil tonelaga frå kvarandre i latvisk, er etter den
optimalitetsteoretiske analysen til Kari¿‰ dette (s. 141): «RIGHTMOST: Free
tones (non-lexical) attach to the rightmost free tone bearing unit». TBU i
latvisk er mora. «Nivåtonelaget» (som i liela ‘stor’) har ikkje nokon
leksikalsk tone, og den metriske tonen H assosierer seg dermed til den høgre
moraen i trykkstavinga. I praksis vert heile stavinga då høg eller noko
stigande.
I «det fallande tonelaget» (som i diena ‘dag’) finst det ein leksikalsk tone
L på den høgre moraen i trykkstavinga. (OCP slår ikkje saman denne
leksikalske tonen med den låge frasetonen, fordi MAX-T er høgre rangert.)
Dermed vert den metriske tonen H pressa til den venstre moraen, som då er
den moraen lengst til høgre (rightmost) som er ledig. Resultatet er ein HL-
kontur på fyrste stavinga.
I «det brotne tonelaget» (som i zÇle ‘gras’) er den leksikalske tonen LH.
Den underliggjande sekvensen vert då metrisk H på fyrste mora, LH på andre
mora, og deretter frasetonen L. «Stød»-aspektet kjem inn som eit utslag av L i
leksikalsk LH, medan H i leksikalsk LH òg gjer at ord med dette tonelaget
alltid stig litt i tonen før eit fall til slutt.
Det viktige for oss er at jamvel om H i diena ser ut til å liggja til venstre i
den fyrste stavinga (som om TBU skulle vera mora), medan H i liela ser ut til
å liggja på heile den fyrste stavinga (som om TBU skulle vera staving), så lèt
det seg i staden gjera å analysera skilnaden som ein skilnad i
assosieringspunkt. Dette gjer det aktuelt å prøva ein liknande analyse for
sunnmørsk, utan å postulera ulike TBU-ar for ulike tonar, slik me prøvde oss
på i innleiinga til delkapittel 3.3.
3.3.2 Ein optimalitetsteoretisk analyse
Overfører me den latviske analysen til sunnmørsk, kan me seia at den
leksikalske tonen L
lex
i sunnmørsk assosierer seg til den høgre moraen i
trykkstavinga, men kan nøya seg med venstre mora om det er dårleg med plass
i AP-en. Den metriske prominenstonen H
P
vil (i tonelag 1, når det ikkje er
nokon leksikalsk tone til stades) assosiera seg heilt til venstre i trykkstavinga,
men kan flytta på seg til høgre mora eller jamvel til neste staving, om det kjem
ein leksikalsk tone til venstre for han. Ein skilnad mellom sunnmørsk og
3.3 Den leksikalske tonen
117
latvisk er forresten rekkjefylgda på tonane: I latvisk kjem den metriske tonen
alltid før den leksikalske, i sunnmørsk er det motsett.
Ein føremon med ein slik analyse for sunnmørsk er at den leksikalske
tonen oppfører seg slik som me skal sjå i delkapittel 3.5 at AP-grensetonen
oppfører seg: han assosierer seg primært til høgre, og spreier seg deretter mot
venstre (for å seia det på ein autosegmental måte). Ei ulempe med analysen er
at det er umogeleg å påvisa fonetisk eller fonologisk eintydig at den leksi-
kalske tonen faktisk er primært assosiert til høgre mora og spreier seg til
venstre, sidan det ikkje finst noka tonal veksling som eintydig indikerer noko
slikt. Analysen med leksikalsk tone på andre mora og spreiing til fyrste mora
er dermed fyrst og fremst ein analyse som unngår å innføra ulike TBU-ar for
ulike tonale einingar, og som har den bonuseffekten at spreiingsprosessar
alltid skjer mot venstre. Sagt med andre ord er dette den mest konsistente
analysen.
At ulike tonale einingar vert lina opp på motsette kantar av trykkstavinga, er
elles ikkje nokon revolusjon, og er fullt i samsvar med Kari¿‰ (1996), som òg
må skilja mellom leksikalske og intonasjonelle tonar i OT-analysen sin.
Dersom me tek utgangspunkt i at sunnmørsk har mora som toneberande
eining, at T
lex
vil assosiera seg til andre moraen i trykkstavinga, og at dette
siste likevel kan overstyrast av lengda på AP-en utan at det vert ugrammatisk,
så har me ein situasjon som ikkje berre kan sjåast nærare på i ein OT-analyse.
Me har òg ein situasjon av det slaget som motiverer optimalitetsteoretiske
analysar i utgangspunktet: Ulike føringar kan gjerne stå i konflikt med
kvarandre, og oppgåva til OT-analysen vil då vera å rangera føringane, slik at
det vert klart kva for ei føring som skal overhaldast dersom føringane kjem i
konflikt.
Eg vel difor å sjå nærare på desse toneassosieringane i eit optimalitets-
teoretisk perspektiv. Eg reknar med at lesarane er kjende med OT, og eg vil
ikkje utdjupa grunnlaget for slike analysar meir enn eg allereie har gjort. Ein
kan elles lesa t.d. Kager (2001) og McCarthy (2002).
Føringane og føringsskjemaa (t.d. ALIGN) som eg skal bruka, vil fyrst og
fremst vera slike føringar som er kjende frå før, men sjølvsagt med
språkspesifikt innhald (sidan t.d. ALIGN-føringsskjema skal lina opp einingar
som ikkje alltid er universelle, t.d. T
lex
). Ein viss bruk av ad hoc-føringar vil
koma føre, og vil verta kommentert der og då.
3Assosiering
118
For sunnmørsk kan me i fyrste omgang spesifisera desse føringane:
1
ALIGN (T
l e x
, ', Rt): For kvar T
lex
skal denne falla saman med
høgrekanten til ei primærtrykkstaving.
ALIGN (T
l e x
, Lt): For kvar T
lex
skal denne koma så langt til venstre
som mogeleg. Saman med førre føring vil dette
seia at T
lex
spreier seg mot venstre når T
lex
er
lina opp med høgrekanten av trykkstavinga.
2
ALIGN (T
P
, Lt): For kvar T
P
skal denne koma så langt til venstre
som mogeleg.
3
ASSOC (T): Alle tonar skal assosierast.
Med den noko underspesifiserte ALIGN (T
P
, Lt) er det mindre viktig å lata
T
P
landa på sjølve trykkstavinga enn å lata T
lex
få høgrekanten av
trykkstavinga, jf. (3.3.4).
(3.3.4) Mangestava tonelag 2-AP i isolasjon.
L
lex
H
P
L]
µµ.µ.µ…
ALIGN
(T
lex
, Lt)
ALIGN
(T
P
, Lt)
ASSOC (T) ALIGN
(T
lex
, ', Rt)
a. L.H.L…
b. LH.L… *
Ein kunne sjølvsagt tenkja seg ein tredje utputt: H
P
+ L
lex
+ L]. På den
måten ville både T
lex
få koma til høgre i trykkstavinga, og H
P
ville få koma så
langt mot venstre som det er mogeleg, jamvel i trykkstavinga, og framleis utan
at noka av føringane vert brotne. Når dette ikkje skjer, vil det vera naturleg å
analysera det slik at T
lex
oppfører seg som eit tonalt prefiks, t.d. ved å rangera
ALIGN (T
lex
, Lt) over ALIGN (T
P
, Lt). Eg skal ikkje gå djupare i det enn dette,
og vil framover heller ikkje spesifisera denne rangeringa, men taka henne for
gjeven der det trengst.

1
Yip (2002) inneheld truleg mykje som ville ha vore relevant for mine analysar. Diverre
vart eg ikkje merksam på boka før like før denne avhandlinga skulle leverast, og eg må taka
det atterhaldet at eg kunne ha analysert mangt annleis i kapittel 3 og 4 dersom eg hadde lese
Yip fyrst.
2
Gussenhoven (2000:153) formaliserer spreiing ved å bruka ein tilsvarande kombinasjon av
ei Align-føring som er spesifisert for samanfall mellom to konstituentgrenser, og ei Align-
føring som ikkje er spesifisert for dette.
3
Dvs. så langt til venstre i det tonale domenet som han sorterer under, dvs. AP.
3.3Den leksikalske tonen
119
I dette tablået, (3.3.4), har me ein mangestava tonelag 2-AP i isolasjon (fire
eller fleire moraer, tre eller fleire stavingar), med nivåtone på den fyrste
stavinga. I (3.1.1) var det ikkje slik, og den trimoraiske tonelag 2-AP-en fekk
konturtone på fyrste stavinga. Det er openbert at det trengst endå ei føring
dersom ein skal skildra denne vekslinga mellom nivåtone og konturtone. Ei
slik føring kan vera denne:
MAX (contour): Ikkje slett ein tone som berre har motsette nabotonar.
Denne MAX-føringa er ei OCP-motivert føring som skal taka vare på
kontrastar som ligg føre i innputt. Ei funksjonalisering av OCP er logisk sett
todelt: For det fyrste kan ein setja inn (epentese) eller fjerna noko (elisjon) for
å stetta OCP der innputt sjølv ikkje stettar OCP. For det andre kan ein unngå å
sletta (eller setja inn) noko dersom ei slik sletting (eller innsetjing) vil føra til
brot mot OCP.
MAX (contour) er ei formalisering av den andre delen av OCP-
funksjonaliseringa, og vil vera høgre rangert enn MAX (T), som igjen vil vera
høgre rangert enn den fyrste delen av OCP-funksjonaliseringa. Føringa MAX
(contour) vert dermed broten dersom ein tone som står ved sida av ein motsett
tone, vert sletta.
For tonelag 2-AP-ar med tre moraer vil me då få dette tablået (3.3.5):
(3.3.5) Trimoraisk/disyllabisk tonelag 2-AP i isolasjon.
L
lex
H
P
L] MAX
(contour)
ALIGN
(T
lex
, Lt)
ALIGN
(T
P
, Lt)
ASSOC
(T)
ALIGN
(T
lex
, ', Rt)
a. LH.L *
b. L.H ൻ *
c. L.H *
Merk at føringa MAX (contour) er mellombels, og bortsett frå referansen til
OCP har eg ikkje grunnlag for å seia at ho skal vera universell. Her hjå meg
har føringa rolle som ei ad hoc-føring. I underkapittel 4.2.1 vil MAX (contour)
verta kjend mindre relevant for analysen, til fordel for eit føringspar som gjeld
forholdet mellom trykkstavingar og den tonale sekvensen HL. Eit alternativ til
MAX (contour)-analysane i delkapittel 3.3 og 3.4 vert skissert heilt på slutten
av underkapittel 4.2.1.
3 Assosiering
120
3.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-
grensetonen
Til no har me sett døme på mangestava tonelag 2-AP-ar, og me har sett døme
på isolerte tostava tonelag 2-AP-ar. I den siste typen såg me at den leksikalske
tonen deler staving med prominenstonen når AP-en har berre tre moraer til
rådvelde, slik at den fyrste stavinga får sekvensen L
lex
H
P
, og den andre
stavinga får tonen L].
Det neste me skal sjå på, er døme på tostava, trimoraiske AP-ar der den
leksikalske tonen ser ut til å okkupera heile den fyrste stavinga. Dette har m.a.
ein tendens til å skje i ein trimoraisk tonelag 2-AP som står framfor ein annan
tonelag 2-AP, som i (3.4.1).
(3.4.1) (((
2
grøne
AP
) (
2
jenter
AP
) (
2
LEVER
AP
)
IP
)
IU
) L%
|
2
gro:nc
2
jæn:tc
2
Ic:vc|
g r o n c j æ n t c I c v c
I den fyrste AP-en,
2
grøne, ser me at den låge tonen til venstre held seg låg
gjennom heile |o:|, bortsett frå ei stiging mot slutten, mot den H
P
som kjem i
andrestavinga |nc| (i tillegg kjem det noko mikroprosodisk rusk heilt til
venstre i AP-en). I andrestavinga fell deretter kurva, men når ikkje lågpunktet
før inne i fyrstestavinga i andre AP.
I andre AP-en,
2
jenter, manglar delar av F0-kurva pga. den ustemde
plosiven (jamvel delar av nasalen er ustemd), men også her ser me at H
P
er
plassert i den andre stavinga. Her òg fell kurva utan å nå L før inne i fyrste
stavinga i neste AP igjen.
I tredje AP-en,
2
lever, kjem H
P
-punktet mykje lenger til venstre enn i dei to
fyrste AP-ane, og den fyrste stavinga, |Ic:|, hyser openbert begge dei to fyrste
tonane, L
lex
H
P
.
Samanlikn no den fyrste AP-en i (3.4.1) med den fyrste AP-en i (3.4.2). I
(3.4.2) er den andre AP-en ein tonelag 1-AP, resten er identisk med (3.4.1).
3.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen
121
I (3.4.2) ser me ser at H
P
i den fyrste AP-en kjem tidlegare enn i (3.4.1).
Den fyrste AP-en i (3.4.2) har to tonar på den fyrste stavinga, den tilsvarande
AP-en i (3.4.1) hadde openbert éin tone på den fyrste stavinga, og utsette H
P
til andre stavinga.
(3.4.2) (((
2
grøne
AP
) (
1
dådyr
AP
) (
2
LEVER
AP
)
IP
)
IU
) L%
|
2
gro:nc
1
do:dy:r
2
Ic:vc|
g r o n c d o d y rI c v c
Men om dette er det vanlege i denne situasjonen, er det likevel fullt mogeleg
å få konturtone på den fyrste stavinga, sjølv om det kjem ein tonelag 2-AP
etterpå, som i fig. (3.4.3). Ytringa er henta frå kommunestyremøtet i Herøy
18.12.1997, der ein svært engasjert representant
1
(mann frå Herøy, fødd
1943) sa: Og då… får du no sjå på om der er andre tomter som er betre
eigna. Den prosodiske strukturen er: (og ((
1
då… får du no
AP
) (
1
sjå
AP
) (
1

om der er
AP
) (
2
andre
AP
) (
2
tomter som er
AP
) (
2
BETRE eigna
AP
)
IP
)
IU
) L%
Sidan ytringa er så lang, tek eg med i figuren berre den siste delen: sjå på
om der er andre tomter som er betre eigna.
Den tredje AP-en i figuren, andre, har L
lex
H
P
på fyrste stavinga, sjølv om
det kjem ein tonelag 2-AP etterpå. Sjølv dei to siste AP-ane, som begge har tre
eller fleire stavingar, har i dette tilfellet L
lex
H
P
på fyrste stavinga.
2
1
Det er mogeleg at det nettopp er det sterke engasjementet som har ført til konturtonen, og
at me har å gjera med den rolla som intonasjonen speler som stemningsindikator og
formidlar av den haldninga som sendaren har til det proposisjonelle innhaldet i ytringa.
2
Ytringa ser forresten ut til å slutta på med ein IU-grensetone H%, men dette er feil. Det
vesle søkket i konturen heilt til høgre er knirkestemme på dei to siste stavingane. Merk òg
det markerte søkket fremst i AP-en andre, som ikkje er anna enn eit akustisk utslag av den
glottale lukkelyden, kombinert med knirkestemme like framføre.
3 Assosiering
122
Denne personen produserte òg ytringar der prominenstonen venta til den
andre stavinga, jf. den trestava AP-en inne på i (3.4.4)
1
, i motsetnad til AP-en
Leikong viss, som har L
lex
H
P
på fyrste stavinga. (3.4.4) er eit utdrag frå
ytringa heilt inne på Leikong, viss dét skulle vere noko (((
1
heilt
AP
) (
2
inne

AP
) (
2
leikong viss
AP
) (
1
DET skulle vere noko
AP
)
IP
)
IU
) L%.
(3.4.3) (
1
sjå
AP
) (
1
på om der er
AP
) (
2
andre
AP
) (
2
tomter som er
AP
)
(
2
BETR’ eigna
AP
)
IP
)
IU
) L%
z j o p o u mdæ rc 1 o ndrc t u mt c s u c bæ i rc nn o
(3.4.4) (((
1
heilt
AP
) (
2
inne på
AP
) (
2
leikong viss
AP
)…
h æ i I t 1i n c p 5 I æ i k u n v i s
I tillegg til at L
lex
i ein trimoraisk tonelag 2-AP som oftast (men ikkje alltid,
som me no har sett) vert assosiert til heile den fyrste stavinga når neste AP er
ein tonelag 2-AP, finst det ein posisjon som ein tonelag 2-AP kan stå i, der
han må få assosiert L
lex
til heile den fyrste stavinga, same kor lang eller stutt
AP-en er, og same kva som måtte koma etterpå. Dette er når tonelag 2-AP-en
1
For ordens skuld: Stavingsgrensa skulle etter gjengs formalisme helst ha vorte markert
inne i den palatale nasalen i andre AP, men sidan eg har basert meg på segmentgrenser,
markerer eg ny staving her etter det segmentet.
3.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen
123
er plassert som fyrste AP etter ein fokal AP.
1
Døme er (3.4.5) og (3.4.6), med
andre AP rett etter ein fokal AP, og med den leksikalske tonen assosiert til
heile den fyrste stavinga der, uavhengig av kva som kjem i tredje AP.
(3.4.5) (((
2
GRØNE
AP
)
IP
) ((
2
jenter
AP
) (
2
lever
AP
) (
1
DER
AP
)
IP
)
IU
) H%
g r o n c j æ n t c I c v c d æ r
(3.4.6) (((
2
GRØNE
AP
)
IP
) ((
2
jenter
AP
) (
1
leser
AP
) (
1
DER
AP
)
IP
)
IU
) H%
g r o n c j æ n t c I c s c d æ r
(3.4.7) (dei ((
2
GRØNE
AP
)
IP
) ((
2
jentene
AP
) (
1
leser
AP
) (
1
DER
AP
)
IP
)
IU
) H%
d æi g r o n c j æn t i n c I c s c d æ r
1
Endå ein situasjon der den leksikalske tonen som oftast eller alltid okkuperer heile den
fyrste stavinga, er ved manglande neddrift.
3 Assosiering
124
Nok ein gong ser me, no i (3.4.5), at L] i dei to fyrste AP-ane ikkje vert
realisert på venstre side av AP-grensa. Dette er spesielt tydeleg i andre AP-en.
At konturen går så langt ned som han trass alt gjer til høgre i fyrste AP,
GRØNE, kan koma av at denne AP-en er fokal. Me såg i kap. 2 at fokalitet
m.a. vert markert ved at L] vert spesielt låg. I (3.4.5) når tonekurva framleis
ikkje botnen innanfor grensene til fyrste AP-en, men ho rekk å vera på god
veg dit, i motsetnad til den ikkje-fokale andre AP-en.
I den same (3.4.5), der tredje AP er ein tonelag 2-AP (byrjar dermed på ein
L
lex
), ser me elles at det som venta finst ein L der som skaper eit søkk mellom
dei to H
P
-tonane i andre og tredje AP.
Me kan no samanlikna desse AP-ane med dei tilsvarande AP-ane i (3.4.6).
Den tredje AP-en i (3.4.6) er ein tonelag 1-AP (H
P
L], ingen L
lex
fyrst). Om
L] i den andre AP-en i (3.4.6) på noko vis var assosiert til noko, skulle me
venta eit slikt søkk der òg, som i (3.4.5), og slik som i (3.4.7), der den andre
AP-en er på fire moraer og ikkje gjer det trongt om plassen for tonane. Sidan
det ikkje finst noko slikt søkk mellom høgtonane i andre og tredje AP-en i
(3.4.6), må det tyda at det ikkje finst nokon L] frå andre AP-en som er
assosiert til noko.
Dersom andre AP-en i (3.4.6) dermed berre har tonane L
lex
H
P
, og tredje
AP-en har tonane H
P
L], skulle me i utgangspunktet venta at grenseområdet
mellom dei to AP-ane heldt seg fonetisk like høgt. Me ser at dette ikkje er
tilfellet. Høgtonen i andre AP-en er høgst, deretter kjem ein knekk i konturen,
før me kjem til ein noko lågare høgton i tredje AP-en. Med grunnlag i at ein
assosiert L] imellom dei ville ha ført til eit søkk i konturen, og ikkje berre eit
fall, må me konkludera med at knekken i konturen mellom dei to høgtonane er
ein overgang mellom to ulikt høge høgtonar. Me ser då òg at konturen flatar
seg ut i tredje AP-en der H
P
er assosiert til fyrste moraen; konturen fer ikkje
rakt ned frå H
P
i andre AP-en (som er L
lex
H
P
) til L] i tredje AP-en (som er
H
P
L]), men markerer høgtonen i tredje AP-en undervegs.
Det einaste tonale materialet me har tilgjengeleg der knekken kjem, er L] frå
andre AP-en, som altså ikkje er assosiert. Likevel må han openbert vera til
stades, og me har ein flytande L], slik det er skissert i (3.4.8).
1
Den flytande
tonen er markert med ein sirkel rundt seg, etter mønster frå t.d. Goldsmith
(1990).
1
Ein alternativ analyse kunne vera at knekken er ein realisasjon av ein L] som er pressa av
tonetrengsle. Dette ville likevel ikkje vera noko anna enn ein fonetisk måte å skildra det på,
det som ein i fonologien kallar ein flytande tone som påverkar ein grannetone, og der den
flytande tonen er flytande nettopp pga. tonetrengsle, slik som her.
3.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen
125
(3.4.8) Autosegmental analyse av (3.4.6).
σ
µ
j æ n ⍧
t ϯ
σ
µ µ
AP
l e ⍧
s ϯ
σ
σ
µ µ
AP
µ
L
lex
L] H
P
H
P
L]
Dermed har me har eit sunnmørsk døme på nedsteg (downstep på engelsk),
som elles er kjent frå ei rekkje andre språk: To H-tonar som står ved sida av
kvarandre, skulle ha vore fonetisk like høge, men ein flytande L imellom dei
gjer at H-tonen til høgre vert realisert noko lenger nede enn H-tonen til
venstre.
1
Eit openbert spørsmål er kva som skjer med AP-grensetonen L] i dei to
fyrste AP-ane i (3.4.1): I eit døme som (3.2.1), der den fyrste AP-en var på
heile fire stavingar, var det god plass til alle dei tre tonane L
lex
H
P
L], og L] var
altså til stades i AP-en, og låg på begge dei to siste stavingane. I (3.4.2) var det
berre to stavingar (med tre moraer) i den fyrste AP-en, og me fekk konturtone
på den fyrste stavinga. Framleis var L] til stades, og landa no på den siste
stavinga i AP-en.
I (3.4.1) er den fyrste AP-en identisk med den fyrste AP-en i (3.4.2), og
me skulle ha venta konturtone på fyrste stavinga, til liks med figur (3.4.2).
Men slik er det ikkje. Det einaste som er ulikt for den fyrste AP-en i (3.4.1)
og (3.4.2) er at i (3.4.1) grensar AP-en til ein tonelag 2-AP, medan han
1
Med utgangspunkt i drøftinga i delkapittel 2.4 kan ein òg nemna deklinasjon, eit ikkje-
fonologisk og «gradual fall in the tone baseline» (Roca 1994:264), som må kunna føra til
at to høgtonar ved sida av kvarandre har ulik fonetisk høgd. For sunnmørsk har me likevel
sett (delkapittel 2.5.2) at neddrift er noko som må relaterast til fonologien, og i alle tilfelle
er det ein tydeleg knekk mellom dei to relevante høgtonane i (3.4.6), som ikkje kan
tilskrivast noko «gradual fall in the tone baseline». I kapittel 4 skal me elles sjå både døme
på og drøfting av ulike H-tonar som står ved sida av kvarandre, og desse har den same
fonetiske tonehøgda.
3 Assosiering
126
grensar til ein tonelag 1-AP i (3.4.1). Det som skjer, er altså at ein trimoraisk
tonelag 2-AP vekslar mellom dei to assosieringsstrategiane for den leksikalske
tonen (L
lex
på heile den fyrste stavinga vs. på berre den fyrste moraen) alt etter
kva slags tonelag som kjem i den etterfylgjande AP-en.
Dette kunne me ha venta dersom me ikkje hadde fått dissosiering av L] i
(3.4.6), og då kunne me ha analysert (3.4.1) slik at L] i dei to fyrste AP-ane er
flytande, noko som gjev betre plass til L
lex
. Problemet med dette er: Ein slik
analyse av (3.4.1) seier at det er det som skjer med L], som har konekvensar
for kva som skjer med L
lex
. Me ser jo i (3.4.2) at L] slett ikkje treng å verta
pressa bort. Men dette er den motsette analysen av den me har i (3.4.6), der
det er det som skjer med L
lex
, som har konsekvensar for kva som skjer med
L]. Det problematiske i dette er at me på den eine sida seier at L] er i stand til å
pressa L
lex
, men på den andre sida seier me at det er L
lex
som er i stand til å
pressa L]. Dersom det er L] som er i stand til å pressa L
lex
, slik me ser ut til å
ha evidens for i vekslinga mellom (3.4.1) og (3.4.2), så skulle me ikkje ha
venta at L
lex
hadde pressa L] i (3.4.6).
Denne motsetnaden treng ikkje vera problematisk. Om me framleis tek
utgangspunkt i optimalitetsteori, har me her berre eit døme på ein konflikt som
motiverer slike analysar, og me kan førestella oss ein samverknad mellom dei
definerte føringane som i tablåa i (3.4.9) og (3.4.10). I tillegg til å peika ut
vinnaren har eg for (3.4.10) markert den nest beste kandidaten også.
Merk at eg ikkje har teke med ALIGN (T
P
, Lt) eller ALIGN (T
lex
, Lt), sidan
desse alltid vert overhaldne, og ikkje er viktige for denne analysen. For
samanhengen si skuld tek eg i staden med denne føringa:
MAX (T): Alle tonar frå innputt skal finnast i utputt.
1
(3.4.9) Trimoraisk/disyllabisk tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 1 (initial H)
L
lex
H
P
L] + H MAX
(contour)
ASSOC
(T)
ALIGN
(T
lex
, 'σ, Rt)
MAX
(T)
a. LH.L + H *
b. L.H ൻ + H *
c. L.H + H *

1
Det er ikkje umogeleg at ein bør operera med ei spesifisert føring à la MAX (T]), men i
desse døma gjer eg det enkelt.
3.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen
127
(3.4.10) Trimoraisk/disyllabisk tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 2 (initial L)
L
lex
H
P
L] + L MAX
(contour)
ASSOC
(T)
ALIGN
(T
lex
, 'σ, Rt)
MAX
(T)
a. | LH.L + L *
b. L.H ൻ + L *
c. L.H + L *
Som me ser i (3.4.10), er det ikkje berre ei dissosiering av av L] som er
inne i biletet her, men rett og slett ei stryking av L], med brot mot MAX (T).
Dette kan gjerne vera eit utslag av OCP, med ei samanslåing av L] i den fyrste
AP-en med L
lex
i den andre AP-en, noko som kan sameinast med MAX
(contour). Når eg ikkje har lagt inn noka føring som tvingar fram ei slik
samanslåing av identiske nabotonar, men i staden tek utgangspunkt i ein lågt
rangert MAX (T), kjem det av at det finst evidens for at MAX (T) er høgre
rangert enn ei eventuell slik samanslåingsføring i sunnmørsk. I kapittel 4 skal
me i tråd med dette sjå nærare på korleis grannetonar med same polaritet ikkje
vert fusjonerte.
I (3.4.10) ser me at ALIGN (T
lex
, 'σ, Rt) » MAX (T), sidan det er denne
grensa som skil mellom vinnaren og den nest beste kandidaten, og me kan
med godt samvit trekkja ei heil line mellom dei.
Det er verdt å merkja seg at den nest beste kandidaten i (3.4.10) er a, med
konturtone på fyrste stavinga. Dette er slik kommunestyrerepresentanten uttala
AP-en andre i (3.4.3).
Rett etter ein fokal AP vert ALIGN (T
lex
, 'σ, Rt) alltid overhalden. Eg har
ikkje noko klart svar på kvifor, men vonar at framtidig forsking kan seia noko
om det. I alle fall, det at ALIGN (T
lex
, 'σ, Rt) alltid vert overhalden i slike
situasjonar, har sine konsekvensar for L]. Sidan ALIGN (T
lex
, 'σ, Rt) av
uutforska grunnar alltid vert overhalden, tek eg med berre utputtar med L på
heile den fyrste stavinga (og ikkje utputtar med konturtonar som t.d. (3.4.9a)).
Når ein slik AP kjem framfor ein tonelag 1-AP, som i (3.4.6), sa den
autosegmentale analysen i (3.4.8) at L] vert flytande. I tablået i (3.4.11) ser me
nettopp dette.
3 Assosiering
128
(3.4.11) Postfokal
1
, trimoraisk tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 1 (initial H).
L
lex
H
P
L] + H MAX
(contour)
ASSOC
(T)
ALIGN
(T
lex
, 'σ, Rt)
MAX
(T)
a. L.H ൻ + H *
b. L.H + H * *
(3.4.12) Postfokal, trimoraisk tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 2 (initial L).
L
lex
H
P
L] + L MAX
(contour)
ASSOC
(T)
ALIGN
(T
lex
, 'σ, Rt)
MAX
(T)
a. L.H ൻ + L *
b. L.H + L *
(3.4.11) viser oss at MAX (contour) » ASSOC (T). Dei andre rangeringane
er etablerte frå før, og me får det som er ført opp i tablåa: MAX (contour) »
ASSOC (T) » ALIGN (T
lex
, 'σ, Rt) » MAX (T). Utputt b i (3.4.11) slettar L]
fullstendig, dermed får me ein tonesekvens LH + H der innputt hadde LHL +
H. Dette bryt mot den høgt rangerte MAX (contour). Vinnaren er utputt a, som
berre bryt mot ASSOC (T). At L] faktisk er flytande, har me då òg sett på at me
får nedsteg i slike tilfelle, fig. (3.4.6) og (3.4.8).
Dersom det derimot er ein tonelag 2-AP som kjem etterpå, som i (3.4.12),
er det utputt b som går av med sigeren. Det må likevel nemnast at det vil vera
vanskeleg å etterprøva (3.4.12), sidan eit eventuelt nedsteg ved utputt a ikkje
ville ha late seg kontrollera, ettersom neste assosierte tone likevel er L.
Nedsteg kan ein påvisa sikkert berre ved to H-tonar som er assosierte attmed
kvarandre.
Det me har sett her, er då dette: Me hadde evidens for at det er L
lex
som er i
stand til å pressa L], og me hadde evidens for at det er L] som er i stand til å
pressa L
lex
. Slike motsette evidensar kan ikkje i seg sjølve sameinast, i alle fall
ikkje om me vil ha ein analyse som eintydig seier noko om kva for ei tonal
eining som skal vera i stand til å pressa ei anna tonal eining. Men det som såg
ut som ein motsetnad, viste seg å ikkje vera ein motsetnad likevel. Den
tilsynelatande motsetnaden var berre eit symptom på ei viss rangering av
føringar.
1
Terminologisk merknad: Postfokal tyder her ‘som står like etter ein fokal AP’.
3.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen
129
Både i (3.4.11)–(3.4.12) og i tidlegare tablå har det vorte teke for gjeve at
ein TBU (mora) ikkje kan ha meir enn éin tone. Ei slik føring, *CROWD,
1

vera høgre rangert enn både MAX (T), ALIGN (T
lex
, 'σ, Rt) og ASSOC (T),
sidan ein elles kunne ha fått vinnarutputtar som overheldt alle føringane i
(3.4.5) og (3.4.9)–(3.4.12). I desse tablåa har eg ikkje teke med slike
kandidatar, men vil koma attende til rolla til *CROWD både no straks i
delkapittel 3.5, til slutt i underkapittel 4.2.1, og ikkje minst i delkapittel 4.3.
I (3.3.4) såg me på assosieringa av L
lex
i isolerte tonelag 2-AP-ar med fire
eller fleire moraer. I (3.4.13) og (3.4.14) ser me ein eksplisitt analyse av
korleis L
lex
vil assosiera seg til høgre i trykkstavinga i slike AP-ar uavhengig
av kva som kjem etter: Det er rett og slett for god plass i AP-en til at det vil
vera aktuelt å bryta med noka føring for å overhalda andre.
(3.4.13) Mangestava tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 1 (initial H).
L
lex
H
P
L] + H MAX
(contour)
ASSOC
(T)
ALIGN
(T
lex
, 'σ, Rt)
MAX
(T)
a. L.H.L… + H
b. LH.L… + H *
(3.4.14) Mangestava tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 2 (initial L).
L
lex
H
P
L] + L MAX
(contour)
ASSOC
(T)
ALIGN
(T
lex
, 'σ, Rt)
MAX
(T)
a. L.H.L… + L
b. LH.L… + L *
3.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen
Kristoffersen (2000:241) meiner at «the choice of TBU can vary from
language to language», og ynskjer å finna ut «what is the relevant TBU in East
Norwegian, the mora or the syllable?» Kristoffersen kjem fram til (s. 245–
246) at i hans varietet av austnorsk er det fyrst og fremst stavinga som
fungerer som TBU, sidan ikkje noka staving i ein austnorsk AP, bortsett frå
den siste stavinga, kan vera assosiert til meir enn éin tone.
Lorentz (1995) kunne fortelja oss frå bergensk at TBU der ser ut til å vera
stavinga, men at TBU gjerne kan vera mora dersom det vart trongt om plassen.
1
Gussenhoven (2000:158): «*CROWD: A TBU is associated with at most one tone.»
3 Assosiering
130
For sunnmørsk ser det ut til at TBU er mora: Ingen av tonane treng noko
meir enn ein mora for å verta assosiert. For sunnmørsk har me elles sett at der
Kristoffersen i sin austnorske varietet, med stavinga som TBU, vil få ei
opphoping av tonar til høgre, vil me på sunnmørsk få ei opphoping av tonar til
venstre.
Ser me vidare på den sunnmørske AP-grensetonen L], har me observert at
denne tonen stundom kan verta flytande, nemleg når det ikkje finst nokon
ledig mora til han. L] treng dermed minst éin mora. Samstundes har me sett at
i tonelag 1 AP-ar (H
P
L]) vert L] knytt til berre den siste moraen i den fyrste
stavinga, i tillegg til resten av området ut til AP-grensa til høgre, om AP-en er
på meir enn éi staving.
At L] assosierer seg til alle TBU-ane mellom prominenstonen og
høgrekanten på AP-en, må anten koma av at L] er primært assosiert i den
høgre AP-kanten og spreier seg mot venstre (3.5.1a), eller at L] er primært
assosiert til den fyrste ledige TBU-en til høgre for prominenstonen, og spreier
seg mot høgre (3.5.1b).
(3.5.1) To kandidatar til analyse av korleis T] vert assosiert i sunnmørsk.
a) ALIGN (T], AP, Rt): For kvar T] skal denne falla saman
med høgregrensa til ein AP.
ALIGN (T], Lt): For kvar T] skal denne koma så langt
til venstre som mogeleg.
Autosegmentalt: T] vert primært assosiert ved høgre AP-grense,
og spreier seg mot venstre.
b) ALIGN (T], Lt, T
P
, Rt): For kvar T] skal denne falla saman til
venstre med høgregrensa til ein T
P
.
ALIGN (T], Rt): For kvar T] skal denne koma så langt
til høgre som mogeleg.
Autosegmentalt: T] vert primært assosiert like etter H
P
, og
spreier seg mot høgre.
I figur (3.5.2) har me ei ytring
1
(((
1
EG vil gå
AP
)
IP
)
IU
) H%. Ytringa
inneheld éin AP (med tonelag 1 og tre stavingar), og tonane me har, er H
P
L]
H%. Den siste stavinga i ytringa er lang (bimoraisk), og me ser at L] deler
1
Her som elles bruker eg lengdeteikn etter bimoraiske diftongar i sunnmørsk. Dette er ikkje
alltid like vanleg i fonologisk litteratur, men eg vel å gjera det her fordi sunnmørsk òg har
monomoraiske diftongar.
3.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen
131
siste stavinga med IU-grensetonen H%. Dette indikerer at H% vil assosiera
seg til ein mora, akkurat som L], og dermed kan dei dela stavinga mellom
seg.
1
At L] ikkje okkuperer siste moraen, kan tyda på at det er hypotesen i
(3.5.1b) som er rett.
Men i (3.5.3) har me ei parallell ytring (((
1
EG vil ete
AP
)
IP
)
IU
) H% der den
siste stavinga er monomoraisk. Om (3.5.1b) er den rette hypotesen, skulle me
her venta at den siste vokalen fekk H%, medan den nest siste vokalen fekk L].
Det me ser i (3.5.3), er likevel at den siste vokalen får både L] og H%. Her vil
altså L] slett ikkje gjeva frå seg den siste moraen til H%.
(3.5.2) (((
1
EG vil gå
AP
)
IP
)
IU
) H% |
1
ci: vi go:|
1 c i v i g o
(3.5.3) (((
1
EG vil ete
AP
)
IP
)
IU
) H% |
1
ci: vi c:tc|
1c i v i 1 c t c
1
Ver elles merksam på |v|, som skaper ei lokal, mikroprosodisk lågning av F0. Saman med
at (3.5.3) er 0,4 sekund lengre enn (3.5.2), men tek like mykje plass på papiret, kan det
verta skapt eit falskt inntrykk av at fallet frå H til L i (3.5.2) skjer seinare og meir gradvis
enn i (3.5.3). For begge er det likevel tilfellet at overgangen frå H til L skjer inne i den
fyrste stavinga. Ei lita, mikroprosodisk lågning finn me òg heilt til venstre i begge
figurane, i samband med |1|.
3 Assosiering
132
Kristoffersen (2000:244f) opplever parallelt for austlandsk at ei final,
monomoraisk staving kan dela seg mellom to tonar. For Kristoffersen er dette
eit indirekte hovudargument for at TBU i den varieteten av austnorsk er
stavinga: Både den leksikalske tonen H
lex
og prominenstonen L
P
i austlandsk
føretrekkjer å ha ei heil staving for seg sjølve (for den austlandske prominens-
tonen er dette spesielt tydeleg ved tonelag 1, der han alltid vil okkupera ei
bimoraisk staving, om det er plass). Når det vert trongt om plassen, som med
tre tonar (tonelag 2) i ein AP på to stavingar, vert den fyrste tonen framleis
assosiert til ei heil, bimoraisk staving, medan dei to siste må dela den andre
stavinga mellom seg, sjølv om den stavinga er monomoraisk. Den austnorske
strategien for å assosiera tonane når det er trongt om plassen, er altså den
motsette av strategien i bergensk og av (den vanlegaste strategien i)
sunnmørsk. I Kristoffersens austnorsk er det då òg slik at dersom det ikkje er
trongt om plassen, vil kvar av tonane få ei staving for seg sjølv.
Kristoffersen tek ikkje føre seg korleis ein austnorsk IU-grensetone L%
(som er ulik AP-grensetonen H]) vil assosiera seg, men nøyer seg med å visa
at samanstimlinga av tonar skjer til høgre når det er liten plass. For sunnmørsk
har me sett at samanstimlinga skjer til venstre ved liknande omstende (tonelag
2-AP på to stavingar), men me ser òg at det skjer ei samanstimling til høgre
når me har ei ytring som endar på L] + H%. Denne samanstimlinga skjer
jamvel om AP-en er så lang at det ikkje skulle vera trongt om plassen.
Den mest tilgjengelege forklaringa er at IU-grensetonen H% må
assosierast til noko. Når AP-grensetonen L] ikkje vik plass for H% på ei final,
monomoraisk staving, slik at begge tonane landar på den same moraen, må det
koma av at L] er primært assosiert til denne siste posisjonen i AP-en. Dermed
er ikkje dette nokon stad som L] kan eller ikkje kan spreia seg til: det er her
han vert spreidd frå.
Dette tyder på at hypotesen i (3.5.1a) er den mest korrekte. Samstundes
tyder det på ei rangering ALIGN (L], AP, Rt) » *CROWD, som skissert i
(3.5.4), med autosegmental representasjon i (3.5.5).
Det er sjølvsagt ikkje heilt uproblematisk å operera med optimalitets-
teoretiske og autosegmentale analysar om kvarandre, slik eg gjer her, sidan det
i prinsippet ligg til grunn ulike syn på korleis fonologiske prosessar er av
natur. Medan den autosegmentale representasjonen i (3.5.5) impliserer at
noko skjer fyrst, og deretter noko anna (fyrst primær assosiering, deretter
spreiing), vil den optimalitetsteoretiske analysen i (3.5.4) ikkje ha rom for
noka intern rekkjefylgd av dei fonologiske operasjonane.
Samstundes er det likevel slik at dei to modellane (eller teoriane) kan utfylla
kvarandre i forståinga av eit gjeve språkleg fenomen. Den autosegmentale
3.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen
133
representasjonen i (3.5.5) seier oss at L] er låst til ein gjeven posisjon til høgre
(nemleg ved høgre AP-grense, noko OT-analysen presiserer), men at han
samstundes vert assosiert til tilgjengelege TBU-ar til venstre så langt det lèt
seg gjera, men utan nokon fastlåst venstreposisjon. Dette er akkurat det same
som OT-føringsparet i (3.5.1a) saman med rangeringa i (3.5.4) seier.
Skilnaden vert i praksis at (3.5.5) fortel korleis den tonale stoda er, medan
(3.5.4) seier kvifor det er slik. I eit OT-perspektiv vil då (3.5.5) seia mindre
om prosessar (det vert overlate til (3.5.4)), men heller tena som rein
representasjon av vinnarkandidaten i (3.5.4).
(3.5.4) Mogeleg analyse av (3.5.3).
L] H%
µµ . µ
ALIGN (T], AP, Rt) *CROWD
a. L . H *
b. . L H *
(3.5.5) (((
1
EG vil ete
AP
)
IP
)
IU
) H%
σ σ σ
c i : v i c :
µ µ
µ
µ µ
L] H%
t c
σ
µ
H
P
At éin mora kan delast mellom to tonar, er ikkje noko særsyn. Frå den
same dialekten, sunnmørsk, er det vel kjent korleis to vokalar kan dela éin
mora mellom seg. Stutte diftongar (t.d. i inkjekjønnsforma raudt, mot lang
diftong i fleirtal raude) er skildra så tidleg som i 1848 av Ivar Aasen (Aasen
1996:34), og er elles kjende frå t.d. islandsk. Me har òg sett på at to tonar kan
dela éin TBU i Kristoffersen (2000).
Når den siste stavinga derimot er bimoraisk, som i (3.5.2), verkar det som
om L] gjerne kan vika for H% på den siste moraen, slik at ein bryt med ALIGN
(T], AP, Rt).
3 Assosiering
134
Dersom T
lex
kan identifisera mora som TBU, men likevel vera følsam for
stavingsnivået (ved å assosiera seg til andre moraen i trykkstavinga), skulle det
heller ikkje vera noka overrasking om også T] kan vera følsam for
stavingsnivået, trass i at han elles ser ut til å identifisera mora som TBU. Det
er difor freistande å gjera framlegg om at knippet ALIGN (T], AP, Rt) og
ALIGN (T], Lt) kan skiftast ut med dette knippet:
ASSOC (T], σσσ σ]): For kvar T] skal denne assosierast til (noko i) den siste
stavinga i AP.
ALIGN (T], Lt): For kvar T] skal denne koma så langt til venstre som
mogeleg.
Assosiasjonsføringa er naudsynt fordi T] ikkje vil gjeva slepp på siste
stavinga, sjølv om denne er oppteken av T%. Eit problem med dette er likevel
at ASSOC (T], σ]) må vera høgre rangert enn *CROWD, noko som ikkje kan
sameinast med den flytande L] me såg i samband med nedstegsfenomenet i
delkapittel 3.4. Eit alternativ kunne då vera å dela *CROWD opp i *HL og
*LH, begge med referanse til mora. Med ei rangering *HL » *LH vert den
flytande L] teken vare på av *HL, medan *LH vert broten berre i tilfelle som
(3.5.3).
Endå ein alternativ analyse kan vera at me held på føringsparet i (3.5.1a),
men at me i (3.5.2) har å gjera med ein motsett parallell til strategien for dei to
fyrste tonane i ein bergensk disyllabisk tonelag 2-AP: Medan den leksikalske
tonen i bergensk ser ut til å identifisera stavinga som TBU, men kan nøya seg
med ein mora når det vert trongt om plassen, vil L] (og andre tonar) i
sunnmørsk identifisera mora som TBU, L] vert primært assosiert til TBU-en
lengst til høgre i AP-en, men kan endra TBU for primær assosiering frå mora
til staving dersom det kjem ein H% som òg vil ha denne posisjonen heilt til
høgre. Frå å verta primært assosiert til den siste moraen går L] då over til å
verta primært assosiert til den siste stavinga. *CROWD kan då ikkje lenger
spesifiserast som «maksimalt éin tone pr. TBU», men må endrast til
«maksimalt éin tone pr. primære TBU, dvs. mora», t.d. notert som
*CROWD-µ (T).
Då kan me få eit tablå som i (3.5.6), der kandidat a har den assosieringa
som ein intuitivt les ut av (3.5.2), men vert avvist fordi T] ikkje er lina opp med
(den konstituenten som representerer) høgre AP-grense. Kandidat b overheld
den føringa, ved at LH ikkje kjem før i siste moraen. Figuren i (3.5.2) tyder
likevel ikkje på at stiginga LH kjem spesielt seint, og kandidaten må avvisast
på empirisk grunnlag. Vinnaren vert kandidat c.
3.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen
135
Ein autosegmental representasjon av analysen i (3.5.6), med stavinga som
lokal TBU, vert då som i (3.5.7).
(3.5.6) Mogeleg analyse av (3.5.2).
1
L] H%
. µµ
ALIGN (T], AP, Rt) *CROWD-µ (T) TBU = µ
a. (L
µ
) (H
µ
) *
b. (…
µ
) (LH
µ
) *
c. (LH
σ
) *
(3.5.7) (((
1
EG vil gå
AP
)
IP
)
IU
) H%
σ σ σ
c i : v i g o :
µ µ µ µ µ
H
P L] H%
Det er likevel eit spørsmål om nokon av dei skisserte analysane av (3.5.2)
er fullstettande, og om kva for ein analyse me eventuelt skulle peika ut som det
beste. Riad (1998) tek til orde for at grensetonar (i vår forståing: IU-
grensetonar) i visse dialektar ikkje er assosierte, berre lina opp med slutten av
ytringa. Om H% i (3.5.2) såleis ikkje er assosiert, men berre lina opp, vil L]
framleis kunna ha tilgang til den siste TBU-en i AP-en, jamvel om TBU
framleis er mora. Problemet då vert at me har ei stiging gjennom den siste
stavinga i (3.5.2), medan me berre skulle venta eit udokumenterbart
2
oppsteg
(upstep) etter IU-en, ettersom L] skulle vera assosiert til siste mora.
1
Parentesane i utputtane markerer omfanget av moraer (i a og b) eller staving (i c). Utputt
a og c vil vera fonetisk identiske, men fonologisk vil TBU vera ulik.
2
Eit slikt oppsteg ville ha vore udokumenterbart fordi det ville ha kome etter at ytringa var
slutt.
3 Assosiering
136
Alternativt kunne me seia at det er L] som er lina opp med høgre AP-grense
utan naudsynleg å vera assosiert akkurat der. Men då skulle me heller ikkje ha
venta at L] insisterte på å assosiera seg til siste mora i (3.5.3). Me har òg vore
inne på andre problem i samband med drøftinga av det alternative knippet med
føringar for T].
Omsider kan ein prøva å innføra posisjonsavhengige *CROWD-føringar,
slik at opphoping av tonar er meir tillate i final posisjon enn i ikkje-final
posisjon. Dette er diverre òg problematisk:
Taparkandidaten a i (3.5.4) er nemleg fullt mogeleg å produsera, men ikkje
som utputt av den innputten som låg til grunn der. Innputten må vera ein
trimoraisk tonelag 2-AP (dvs. at den fyrste stavinga er bimoraisk og den andre
monomoraisk), der L
lex
okkuperer heile den fyrste stavinga,
1
og der denne
AP-en er etterfylgd av H%, som illustrert i (3.5.8) og (3.5.9).
2
Ver elles merksam på at strykinga av L] i (3.5.9) ikkje får konsekvensar for
analysane av (3.5.2) eller (3.5.3), sidan det i alle tilfelle ikkje var aktuelt å sletta
L] der (problemet var assosieringspunktet til høgre, ikkje assosiering eller
eksistens generelt).
(3.5.8) (((
1
EG vil
AP
)
IP
) ((
2
ETE
AP
)
IP
)
IU
) H%
1 c i v i 1 c t c
(3.5.9) Grov analyse av (3.5.8).
L
lex
H
P
L] H% *CROWD MAX (T)
a. L.HLH * *
b. L.HL * *
c. L.H * *
1
Slike AP-ar finn me, som me har sett, særleg etter ein fokal AP.
2
(3.5.8) og (3.5.9), med bortfall av L mellom to H-ar, er elles eit fint døme på at ein høgt
rangert MAX (contour) bør skiftast ut med noko anna. Det kjem til å skje i kapittel 4.
3.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen
137
I og med at ein føresetnad er at L
lex
okkuperer hele trykkstavinga, er det
mogeleg at *CROWD framleis er unøyaktig formulert. Det er, som me har sett,
fullt mogeleg å ha to tonar på same mora. Det som derimot er umogeleg i alle
tilfelle, er å ha tre tonar på éin mora.
Det kan likevel vera aktuelt med ei posisjonsavhengig *CROWD-føring
dersom me innfører t.d. *CROWD-3 » *CROWD-2, der *CROWD-3 er ei
føring mot tre tonar på same TBU, medan *CROWD-2 er ei føring mot to
tonar på same TBU. Då kan to tonar (L] H%) på ein final TBU vera meir
tillate enn tre tonar (H
P
L] H%) på ein final TBU. I ikkje-final posisjon vil to
tonar (H
P
L]) på éin TBU vera mindre tillate enn i final posisjon, og i tilfelle
som (3.4.6) vil L] dermed ikkje verta assosiert, og me får nedsteg.
På ei anna side er (3.5.9b) umogeleg (HL på éin final mora), medan
(3.5.4b) er mogeleg (LH på éin final mora). Dette kan indikera at me nettopp
må operera med ei rangering av *HL og *LH heller enn berre *CROWD, sjølv
om *CROWD skulle vera posisjonsavhengig. Med ei rangering *HL » *LH vil
me kunna få flytande L] som skissert i (3.4.8) (pga. *HL), medan det framleis
er meir mogeleg å få L] H% i (3.5.3), jf. (3.5.5). Når (3.5.8) har mist L] i final
TBU, kan det vera fordi innputt H
P
L] H% ville bryta med *HL. I staden for
tablået i (3.5.9) kan me då ha (3.5.10).
(3.5.10) Ny analyse av (3.5.8).
L
lex
H
P
L] H% MAX ('σ) *HL MAX (T)
a. L.HLH *
b. L.HL * *
c. L.LH * *
d. L.HH *
e. L.H * *
I (3.5.10) har eg teke med ei føring MAX ('σ) som skal sikra at
primærtrykk frå innputt skal finnast også i utputt. Utputt c svarar nemleg til
den strukturen me har i (3.5.3), med berre éi primærtrykkstaving. Me kjem
attende til MAX ('σ) i underkapittel 4.2.1.
3 Assosiering
138
3.6 Ein kommentar om assosiering
I innleiinga til delkapittel 3.3 indikerte eg at eg ville vera varsam med kva eg
tilskriv fonetikk og kva eg tilskriv fonologi: Når noko skal manifesterast
fonetisk, skjer dette m.a. i form av prosessane på vegen frå den underliggjande
strukturen til overflateforma. Særleg ved systematiske vekslingar vil slike
prosessar gjerne sortera under fonologi, i alle fall i eit generativt perspektiv,
skreiv eg.
Gussenhoven og Bruce (1999:238–239) presenterer for svensk den
hypotesen at i ein sekvens H+L (i praksis, og etter min terminologi: leksikalsk
tone + prominenstone, det er altså snakk om tonelag 2) er det berre den fyrste
tonen som vert assosiert til primærtrykkstavinga. L er lina opp med H, og
ikkje med ikkje-tonalt materiale:
The representation of Accent II correctly expresses the fact that the beginning of the
falling movement described by H+L, rather than its end, occurs at a fixed location in
the stressed syllable. But what about the L? This tone is timed with reference to an
adjacent target, the preceding H, rather than an element in the nontonal
representation. Therefore, we do not show an association line. If the tone’s target is
placed at a fairly constant distance from the other target, as is the case here, we regard
its relation with the adjacent tone as “close knit”; we will interpret the “+” in the
representation of Accent II […] to mean that the fall described by H+L has a
relatively constant duration (in the speech of someone speaking at a given speech
rate).
Dei dataa som me no har sett for sunnmørsk, viser at den tilsvarande
stiginga L
lex
+ H
P
ikkje tek til i nokon konstant posisjon. I somme tilfelle
skjer stiginga inne i ei bimoraisk staving, i andre tilfelle skjer stiginga i
overgangen mellom den fyrste (bimoraiske) og den andre (mono- eller
bimoraiske) stavinga. Det verkar difor som det i alle fall for sunnmørsk har
meir føre seg å sjå overgangen frå T
lex
til T
P
i lys av moraer og stavingar enn i
lys av den fonetiske durasjonen som er nemnd til slutt i sitatet.
Jamvel om T
P
i sunnmørsk er sagd å vera lina opp «mot venstre», slik at
plasseringa vert direkte avhengig nettopp av T
lex
, vil eg framleis ikkje seia at ei
slik opplining, som er ei plassering relativt til ein annan tone, kan borga for at
T
P
ikkje skulle vera assosiert. Plasseringa av ein tone, dvs. opplining, er noko
anna enn assosiering.
Dette er spesielt tydeleg i den sunnmørske sekvensen H
P
+ L]. AP-
grensetonen L] skal som kjent koma like etter H
P
. Sidan H
P
aldri kan få meir
enn éin mora (i motsetnad til L
lex
), skulle me tru at me kunne bruka ein
fonetisk analyse à la Gussenhoven og Bruce, for overgangen mellom dei to
tonane har truleg ein heller konstant durasjon og ei konstant plassering i
3.6 Ein kommentar om assosiering
139
forhold til den fyrste av dei to tonane. Men dette er altså ikkje nok for meg til
å seia at t.d. ein av tonane ikkje er assosiert:
I (3.4.6), med analysar i (3.4.8) og (3.4.11), såg me t.d. at L] var plassert
ein stad i den tonale strengen (nemleg straks etter H
P
), men han var ikkje
assosiert. Dermed fekk me nedsteg i staden for ein U-forma kontur.
Skilnaden mellom søkket i (3.4.7) og nedsteget i (3.4.6) handlar nettopp om
L] er assosiert eller ikkje, same kva som gjer at L] hamnar på den plassen i
tonestrengen som han gjer.
Skal sjølve plasseringa (opplininga) av ein tone ha prinsipielle
konsekvensar for korleis ein analyserer noko som assosiert eller uassosiert, så
vil nedstegsfenomen truleg berre vera eitt av fleire fenomen som må
analyserast på nytt, og nedsteg må analyserast uavhengig av assosierings-
forhold. I tillegg vil til dømes direksjonal assosiering av tonar verta eit veldig
problematisk fenomen, sidan ein tydeleg direksjonalitet i assosieringa, med éin
tone pr. TBU bortover, vil kunna føra med seg ein konklusjon om at tonane
likevel ikkje er assosierte til TBU-ane sine.
Eg kjem difor til å halda fram med å assosiera tonar, sjølv om dei skulle ha
ei plassering i talestrengen som er avhengig av andre tonar.
141
4 Materiale utanfor AP
Innanfor metrisk
1
fonologi kjenner me «Strict Layer Hypothesis», SLH (t.d.
Selkirk 1990:195; Roca 1994:195f). Enkelt oppsummert seier SLH at eit
domenetre til ei gjeven ytring skal vera ordna slik at eit domene på eitt nivå
alltid dominerer domenet som ligg på neste nivå. Det vil seia at t.d. domenet
IU ikkje kan dominera ein AP direkte, men at denne AP-en må liggja inne i ein
IP, som igjen er dominert av IU. Sameleis kan heller ikkje ei staving stå
utanfor ein AP, og vera dominert direkte av ein IP eller IU.
I kapittel 2 gjennomførde eg analysar som var i strid med denne hypotesen,
ved at eg definerte IP på grunnlag av fokalitet. Ein streng av AP-ar som vart
avslutta med ein ikkje-fokal AP, vart dermed ikkje gruppert til ein IP, men vart
plassert rett under IU. Eit alternativ kunne ha vore å operera med to slags IP-
ar: éin type som slutta med ein fokal AP, og éin type som slutta med ein ikkje-
fokal AP.
2
Eit problem med ein slik alternativ analyse er at dei to IP-typane har ulike
tonale eigenskapar, ikkje berre når det gjeld fokalitet, men òg når det gjeld
neddriftstype: IP-ar med eit fokalt element til slutt ville hatt ukomprimert
neddrift, IP-ar utan eit fokalt element ville hatt komprimert neddrift.
Neddriftstypen er ein eigenskap for heile neddriftsområdet. Om me då skal ha
to slags IP-ar, vil me ikkje berre få «to slags IP-ar», men to ulike
domenetypar. Den eine domenetypen vil vera kjenneteikna av ukomprimert
neddrift, den andre av komprimert neddrift. Desse to domenetypane måtte i
tillegg finnast på eitt og same nivå.
Med ein slik analyse vil ein stå i fare for å «finna» svært mange ulike
domenetypar som skal stå på same nivå i hierarkiet. Dette skaper m.a. det
problemet at eit domene ikkje lenger kan forståast som ei delstrengs-
gruppering på eit gjeve nivå: Med to ulike domenetypar på same nivå vil ein
oppleva at eit overordna domene (t.d. IU) må dominera direkte to ulike
1
Det som er skrive om metrisk fonologi i dette øvste avsnittet, vil også gjelda den
hierarkiske ordninga av tonale domene. Det prosodiske hierarkiet som eg nyttar i skildringa
av tonale forhold, byggjer på eit tilsvarande hierarki for metriske forhold, og til grunn for
t.d. det tonale domenet AP ligg òg det metriske hierarkiet, med primærtrykk som lisensierer
prominenstonen og den etterfylgjande AP-grensetonen.
2
I tidlege arbeid innanfor Trondheimsmodellen, t.d. Nilsen (1988), vart IP brukt både om
det som no er IP, og om ei postfokal gruppe av tonale føter som ikkje enda med nokon ny
fokal fot. Dette har ein gått bort ifrå.
4 Materiale utanfor AP
142
underdomene (dei to IP-typane), samstundes som desse to ulike underdomena
dominerer éin og same domenetype igjen (AP). Dette er sjølvsagt i strid med
den same SLH som motiverte nettopp ein slik analyse. Kuttar me i staden ut
IP som eige nivå, må me operera med AP-ar som sorterer rett under IU, men
då slik at me framleis har ulike slags AP-ar på same nivå: AP-ar med
komprimert neddrift og AP-ar med ukomprimert neddrift.
1
Alternativet til dette alternative analyseparet er å sortera dei mange nye
domena hierarkisk. Då vil me ikkje få to ulike domenetypar på same nivå, men
me vil få dei over og under kvarandre. Men som Ladd (1998:240f) peiker på,
vil ein då stå i fare for å få mange nye nivå av ulike domene som det ikkje
eingong finst fonetisk evidens for.
Ladd og andre har løyst dette problemet ved å innføra omgrepet
ekstrametrikalitet, og dermed bryta med den strenge bruken av SLH. I staden
for å innføra mange nye domenetypar, så søkjer ein å analysera dei
metriske/tonale indikasjonane som uttrykk for samspel mellom eit domene på
eitt nivå og eit domene på eit gjeve anna nivå, der samspelet ikkje er apriorisk
sett fast av den maksimale domenegeografien. Det vil for oss seia at ein AP
kan vera dominert av ein IP, og då oppføra seg på éin måte (neddrifta vert
ukomprimert); men ein AP kan òg vera direkte dominert av IU, og oppføra seg
på ein annan måte (neddrifta vert komprimert).
Den ikkje-rekursive arven etter SLH er likevel teken med: Eit høgt ordna
domene kan berre dominera domene som er lågare ordna. Ein AP kan t.d.
ikkje dominera ein IP.
Ordet ekstrametrisk kan verka noko misvisande i eit tonalt hierarki.
Alternativet ekstratonal kan òg verka noko misvisande, sidan me er innanfor
det tonale systemet også i domene som er direkte dominerte av eit anna
domene enn det som det typisk vil vera dominert av: IU-dominerte AP-ar har
tonar, dei òg, sjølv om slike AP-ar står utanfor IP. Eg vel å ikkje bruka nokon
eigen term for dette, og nøyer meg med å indikera om t.d. ein AP er dominert
av ein IP-node eller direkte av ein IU-node.
1
Fokale og ikkje-fokale AP-ar kan sjå ut som ei mogeleg felle her, i og med at ein kan
innvenda at eg sjølv har brukt to ulike slags AP-ar på same nivå i analysane til no.
Forsvaret mitt vil vera at positiv fokalitet er ein eigenskap som er knytt til nivået IP, ikkje
til AP, sjølv om dei tonale verknadene av fokalitet er å finna på ein plass i tonestrengen
som også ligg inni ein AP. Motivasjonen for IP er elles å etablera ei grense mellom ulike
neddriftsområde i same IU på ein måte som òg grupperer AP-ar som i ein slik samanheng
har sams eigenskapar. Om «fokal AP» skulle tena som grense mellom neddriftsområde,
utan IP, ville det vera ein meir innfløkt prosess å skildra dei to neddriftstypane som kvar AP
kan realisera.
4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar
143
Me har allereie sett på AP-ar som stod utanfor IP, utan å problematisera det
før no. Her i kapittel 4 skal me sjå nærare på stavingar som ser ut til ikkje å
vera dominerte av nokon AP, men som sorterer rett under IP eller IU. Me skal
òg sjå på nokre konsekvensar av dei analysane som kjem i dette kapittelet.
Ei avsluttande drøfting av den teoretiske (modellinterne) statusen til AP-
eksterne stavingar kan lesast i oppsummeringa i kapittel 6, når kapittel 5 har
gjeve oss betre høve til å trekkja inn statusen til metriske forhold. Eg vil då sjå
dei AP-eksterne stavingane i samanheng med statusen til det tonale metriske
hierarkiet som heilskap.
4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar
Ein AP er definert slik at han har ei staving med primærtrykk i venstre kant.
Både i kapittel 2 og 3 har me sett nokre døme på ytringar som byrjar med
noko trykklett før den fyrste AP-en, t.d. (3.4.7), her attgjeven som (4.1.1), som
har eit trykklett «dei» fyrst:
(4.1.1) (dei ((
2
GRØNE
AP
)
IP
) ((
2
jentene
AP
) (
1
leser
AP
) (
1
DER
AP
)
IP
)
IU
) H%
d æi g r o n c j æn t i n c I c s c d æ r
Med ei slik avgrensing av AP må anakrusar, dvs. initiale trykklette
stavingar, stå utanfor AP. Dette er i seg sjølv eit problem for ein streng bruk av
SLH, noko Fretheim (1990) og Nilsen (1992:71ff) drøfter i detalj.
Eg har plassert anakrusar rett under IU utan å drøfta det. Både Nilsen og
Fretheim plasserer anakrusar under IP. Ingen av dei presenterer nokon
eksplisitt motivasjon for denne plasseringa, og det er då heller ikkje viktig for
dei informasjonsstrukturelle analysane deira. Når anakrusar skal analyserast,
er det å sjå nærare på forholdet mellom IU og IP meir relevant i ein fonologisk
studie som min enn hjå Fretheim og Nilsen.
Eg vil no sjå nærare på anakrusar, og deretter vil eg sjå nærare på AP-
eksternt materiale i ikkje-initial posisjon.
4 Materiale utanfor AP
144
4.1.1 Anakrusar
Ein lengre anakruse enn den i (4.1.1) finn me i (4.1.2): der var katamaranar.
IU-en har eitt primærtrykk, og dermed berre éin AP. Den AP-en byrjar med
den sjette stavinga i heile ytringa, slik at fem stavingar kjem utanfor. I
parentesnotasjonen over figuren har eg markert byrjinga på IU eksplisitt, men
ikkje byrjinga på IP, sidan det er uvisst om denne skal falla saman med venstre
IU-grense eller med venstre AP-grense.
(4.1.2) (
IU
der var katama- (
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%
dæ r v o k o t o m o r o n o
Me ser i (4.1.2) at anakrusen har ein jamt låg tone, i alle fall fonetisk sett.
1
Dersom han er låg også fonologisk sett, ser me at han likevel er fonetisk høgre
enn lågtonen til høgre i figuren, noko som kan tilskrivast neddrift, i tillegg til
fokaliteten til høgre, som gjer den finale L] ekstra låg (pga. stort frekvens-
register i IP-intern neddrift). Legg merke til at ytringsinitial L
lex
er på same
nivået som anakrusar, t.d. i (4.1.1).
Me skal straks koma attende til spørsmålet om anakrusen i (4.1.2) er
fonologisk låg, eller om han berre er fonetisk låg, og fonologisk «tonalt fri».
(4.1.2) er ein typisk anakruse i sunnmørsk, men det er likevel ikkje den
einaste måten å laga anakrusar på. Ein annan måte er den som me finn i
(4.1.3), med fyrst ein låg tone, og deretter ein gradvis stigande kontur fram til
byrjinga av AP.
1
Nok ein gong kan me sjå bort frå dei mikroprosodiske tilhøva som skaper inntrykk av ein
liten høgtone der dei ustemde plosivane tek slutt.
4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar
145
(4.1.3) (
IU
der var katama- (
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%
d æ r v o k o t o mo r o n o
Konturen i (4.1.3) byrjar å stiga før venstre AP-grensa, altså i anakrusen
sjølv. Når det skjer ei tonal endring, plar ein rekna med at det finst prosodiske
årsaker til den endringa. Ei prosodisk årsak til ei endring i F0 er det same som
ei prosodisk grense akkurat der endringa skjer, anten det då er ei grense
mellom grannetonar eller ei grense mellom ulike domene.
(4.1.3) kan dermed neppe analyserast annleis enn at det finst ei prosodisk
grense inne i anakrusen, akkurat der konturen sluttar å vera flat, og byrjar å
stiga. Dersom me ikkje innfører tilleggsnivå og nye domenetypar ad hoc, men
held oss til dei me har til rådvelde frå før, vil det seia at i (4.1.3) må venstre IP-
grensa vera der konturen tek til å stiga. Den fyrste stavinga i IP vil då vera ka.
Ein plausibel analyse av (4.1.3) vil dermed vera denne: (der var (katama-
(
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%.
1
Dette vil òg seia at anakrusar med flat kontur er direkte dominerte av IU, og
(4.1.2) vil ha denne strukturen: (der var katama- ((
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%.
Dersom anakrusen har ein lågtone mellom venstre IU-kant og IP- eller AP-
grensa, må det vera eit spørsmål kva denne lågtonen er for noko.
Om austnorsk skriv Fretheim (1990:92) at dei AP-eksterne
2
stavingane i
døma hans «are supposed to be tonally ‘free’ in the sense that they are not
associated with any tones specified on the tone tier». Med fokus på at AP-
1
Alternativt med ka- utanfor IP og -tama- innanfor, sidan ka- ser ut til å vera på det same
nivået som der var. Det er vanskeleg å finna døme på stigande anakrusar i tilgjengeleg
materiale, men mi eiga språkkjensle tilseier at stiginga kan byrja berre i samband med
starten på eit nytt morfologisk ord, altså på eller like etter den fyrste stavinga i ordet. Om
det ved seinare etterprøving skulle visa seg å vera ein systematikk i favør av språkkjensla
mi, vil det tala for notasjonen med ka- innanfor IP, trass i at den fonetiske konturen i
akkurat dette dømet, (4.1.3), ikkje kan seia noko eintydig om det. At både der og var òg er
morfologiske ord, indikerer forresten at det kanskje vert stilt krav til kva slags ord som kan
initiera ei slik stiging, kanskje at ordet må ha leksikalsk innhald.
2
«F-external» i hans terminologi.
4 Materiale utanfor AP
146
eksterne stavingar kjem føre også andre stader enn ytringsinitialt, vert dette
sidan (s. 102) modifisert og presisert til at i austnorsk vil ei IP-dominert
staving til slutt i ein IP ha den same tonen som den høge fokale tonen som ho
kjem etter. Fremst i ein IP vil ei slik staving ha den same tonen som den fyrste
tonen i den etterfylgjande AP-en i den IP-en. Fretheim (1990) er mest
oppteken av dei informasjonsstrukturelle forholda, og ser berre på AP-
eksterne stavingar i ikkje-initial posisjon.
1
For sunnmørsk må ein, i alle fall ytringsinitialt, taka litt andre omsyn, sidan
ein sjølv i ein slik avgrensa posisjon har i alle fall to ulike anakrusar: låg og
stigande.
Det at anakrusen i (4.1.2) er låg trass i den høge tonen i
primærtrykkstavinga, tyder på at anakrusen ikkje er «tonalt fri». Det skjer ei
tonal endring der AP-en tek til. Samanliknar ein med (4.1.1), ser ein òg at
anakrusen der har det som må tolkast som ein L, sidan den fyrste AP-en er ein
tonelag 2-AP med tonesekvensen LHL, og anakrusen er på nivå med starten
på den AP-en. Det vil vera rimeleg å tolka dette slik at initiale, IU-dominerte
stavingar har ein venstre grensetone %L frå IU.
Identisk tonenivå kan sjølvsagt òg koma føre ved at ein ikkje har to tonar
med same polaritet, men éin einaste tone. Mogleiken for at %L og L
lex
er
same tonen, vil verta drøft i underkapittel 4.2.2. Konklusjonen der er at dei
ikkje er same tonen.
Venstre IU-grensetone vert ikkje delt ut dersom det vantar ein IU-dominert
anakruse. Det ser me på at alle ytringar som opnar med ein tonelag 1-AP,
faktisk byrjar med H
P
, og ikkje med ein %L.
2
Her skil venstre IU-grensetone
seg frå høgre IU-grensetone H%, som jo vert assosiert til siste TBU, jamvel
om denne skulle vera oppteken av ein AP-grensetone, slik me har sett det i
delkapittel 3.5.
1
IP-tilhøyrsla til AP-eksterne stavingar i ikkje-initial posisjon i ytringa er viktigare i eit
informasjonsstrukturelt perspektiv enn saka er for AP-eksterne stavingar i initial posisjon i
ytringa. Dette fordi ein i ikkje-initial posisjon, dvs. i grenseområdet mellom to IP-ar, vil
kunna få ulike fokusforhold alt etter kva IP ei AP-ekstern staving høyrer til. Fretheim
(1990) demonsterer korleis du kan FÅ det der kan ha ulike tydingar, alt etter om det AP-
eksterne ordet det er til høgre eller venstre for den IP-grensa som kjem etter det fokale FÅ.
Med det til venstre for IP-grensa vil der referera til ein stad. Med det til høgre for grensa
vil det der fungera som eit demonstrativ, den distale varianten av dette. For ordens skuld
bør det no nemnast at Fretheim i denne artikkelen opererer med ein IP nr. 2 som ikkje
inneheld noko fokalt. Dette har han sidan gått bort frå, slik at Fretheims AP der no vil
verta analysert som hjå meg: direkte under IU. Dette har ikkje konsekvensar for oss i dette
tilfellet.
2
Derimot kan det koma føre ein akustisk låg tone på den initiale konsonanten, t.d. i (3.1.1).
4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar
147
I (4.1.3) skjer det ei stiging frå IP-grensa til AP-grensa. Denne stiginga er
gradvis, og liknar fonetisk sett mykje på den som me kjenner frå den AP-
interne stiginga i austnorsk. I begge tilfella går stiginga frå ein L i venstre kant
til ein H i høgre kant, og er uavhengig av kor mange stavingar som måtte liggja
imellom. I austnorsk vert dette analysert som at stavingane er tonalt frie, og at
stiginga inne i AP-en er ein fonetisk transisjon mellom dei to tonane. Den
same analysen vil vera aktuell her: Stiginga i andre delen av anakrusen i
(4.1.3) er ein fonetisk transisjon mellom ein L til venstre og ein H til høgre.
(4.1.2) og (4.1.3) er ordinære anakrusar. Det som skil dei, er at (4.1.3) er
meir sannsynleg di lengre anakrusen er. I så måte skil dei seg frå (4.1.4), der
heile anakrusen ser ut til å liggja på ein H. I (4.1.4) har eg korkje markert
byrjinga av IU eller byrjinga av IP, av grunnar som skal drøftast i
underkapittel 4.1.2. Medan (4.1.2) og (4.1.3) kan brukast meir eller mindre
om kvarandre, vil anakrusar av typen i (4.1.4) typisk koma føre i situasjonar
der ein fullfører noko som nokon annan har byrja på, t.d. slik:
A: Og då kom han og fortalde at… at…
1
B: …(at) der var katamaranar.
(4.1.4) der var katama- (
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%
d æ rv o k o t o m o r o n o
Ser me på (4.1.3) igjen, vil det stigande IP-dominerte området openbert ha
ein L til venstre, og denne L er det all grunn til å tru er venstre IU-grensetone
%L, som elles er assosiert til alle dei IU-dominerte stavingane. H til høgre for
det stigande området skulle intuitivt vera H
P
, slik at det området som er direkte
dominert av IP, ikkje sjølv får tildelt nokon tone, men er tonalt fritt. Dette er òg
1
A vil enda med ein lågtone, nemleg L]. Høgtonen fremst i B, som vist i (4.1.4), kan difor
ikkje vera noka form for «smitte» eller «spreiing» av nokon høgone i A.
4 Materiale utanfor AP
148
i samsvar med at F0 stig heilt fram til AP-grensa, og faktisk heilt til vokalen
fremst i AP-en.
I delkapittel 4.2 skal me sjå at dette ikkje er fullt så enkelt, og at det finst ein
IP-dominert H til venstre for AP-grensa. Inntil vidare skal eg likevel lata dette
liggja, sidan det ikkje er viktig for analysen enno.
Dei tonale mønstra i (4.1.2) og (4.1.3) er i bruk også ved andre AP-
eksterne område enn dei som finst ytringsinitialt. Eg skal difor taka føre meg
stigande og høg anakruse om litt i underkapittel 4.1.2, når me kan sjå dei i lys
av andre AP-eksterne stavingar.
4.1.2 AP-eksterne stavingar som ikkje er ytringsinitiale
AP er avgrensa mot høgre av L]. Etter ein fokal AP kan det skje at det kjem
nokre stavingar som ikkje har denne AP-grensetonen (og som dermed ikkje
kan vera med i AP-en), og som heller ikkje inneheld noko primærtrykk med
realisering av tonelag. Dette kan skje i grenseområdet mellom to IP-ar, som i
(4.1.5) og (4.1.6); det kan skje i grenseområdet mellom ein IP og eit IP-
eksternt område med komprimert neddrift, som i (4.1.7); og det kan skje
ytringsfinalt, som i (4.1.8). Eg har ikkje ført inn IU- eller IP-nivået i desse
figurane, sidan det førebels er uvisst kvar IP-grensene skal vera. Derimot har
eg markert med vassrette strekar (over og under IPA-teikna) det området av
kvar figur som me skal sjå nærare på. Anakrusen han skal me ikkje sjå på.
(4.1.5) han (
2
OLA
AP
) vilde male (
1
MUREN
AP
) L%
БϪ ْ Б u l Ϫ vگ l dϯ mϪ l ϯ m᭳ ש گ
4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar
149
(4.1.6) han (
2
OLA
AP
) vilde male (
1
MUREN
AP
) L%
1o n 1 u I o v i I dcm o I c m u r i
(4.1.7) han (
2
OLA
AP
) vilde male (
1
muren
AP
) L%
1o n 1 u I o v i I dcm o I c m u r i
(4.1.8) han (
2
OLA
AP
) vilde male muren H%
1o n 1 u I o v i I dc m o I c m u r i
4 Materiale utanfor AP
150
(4.1.5) og (4.1.6) er skilde åt ved at (4.1.5) har ei gradvis fonetisk stiging
mellom ein L til venstre og ein H til høgre, medan (4.1.6) har H på heile det
AP-eksterne området.
1
Som med anakrusar ser me at H fremst i siste AP er
høgre enn slutten på det stigande området i (4.1.5), men på nivå med det høge
området i (4.1.6).
Desse to konstruksjonane kjem føre spontant, og er informasjonsstruk-
turelt synonyme med (han ((
2
OLA ville måla
AP
)
IP
) ((
1
MUREN
AP
)
IP
)
IU
) L%,
altså med ville måla inni AP, som illustrert i (4.1.9).
(4.1.7) er sameleis synonym med (han ((
2
OLA ville måla
AP
)
IP
) (
1
muren))
L% som i (4.1.10), t.d. som stadfestande svar på eit spørsmål om Ola ville
måla muren.
(4.1.8) er synonym med (han ((
2
OLA ville måla muren
AP
)
IP
)
IU
) H% i
(4.1.11), t.d. som eit «jau visst»-svar på eit spørsmål som «ville ikkje Ola måla
muren, då?». Sams for (4.1.5)–(4.1.8) er likevel at dei verkar forsterkande på
det fokale elementet som dei kjem etter, som ein fokalitets-«augmentativ».
2
(4.1.9) (han ((
2
OLA vilde male
AP
)
IP
) (
1
MUREN
AP
)
IP
)
IU
) L%
1 o n 1 u I o v i I dc m o I c m u r i
1
Ver elles merksam på den mikroprosodiske lågninga ved |m| fremst i den siste AP-en både
i (4.1.6) og (4.1.7).
2
Det ikkje-augmentative alternativet plasserer det elles AP-dominerte materialet inni AP-en
som byrjar med Ola, slik det er indikert i notasjonane av informasjonsstrukturelt synonyme
ytringar. Det vil seia at det ligg på ein låg tone, L], og at me ikkje får nokon H før F0 brått
stig mot prominenstonen i fyrste AP-en etter denne igjen. Med andre ord vil det ikkje-
augmentative alternativet sjå ut akkurat som dei døma me har sett i kapittel 2 og 3, før me
byrja å sjå på ytringar med IP-dominerte stavingar her i kapittel 4.
4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar
151
(4.1.10) (han ((
2
OLA vilde male
AP
)
IP
) (
1
muren
AP
)
IU
) L%
1 o n 1 u I o v i I dc m o I c m u ri
(4.1.11) (han ((
2
OLA vilde male muren
AP
)
IP
)
IU
) H%
1 o n 1 u I o v i I dc m o I c m u r i
Det AP-eksterne området i (4.1.6)–(4.1.8) ligg på ein høgtone. Me skal
koma attende til denne høgtonen straks, og plassera han under IP, men fyrst
skal me systematisera litt det materialet som ligg til grunn.
Det som er verdt å merkja seg fonologisk når ein har éin IP etterfylgd av
éin eller fleire IP-eksterne AP-ar,
1
er at når me som her har AP-eksternt
materiale rett under IP, så er det berre H-mønsteret i (4.1.7) som kjem føre.
Lange, tonale transisjonsområde gjennom dei IP-dominerte stavingane, som i
(4.1.5), finst ikkje der.
I denne delen av analysen møter me eit prinsipielt problem. AP-eksterne
stavingar av den typen som me finn i (4.1.5)–(4.1.8), kan nok koma føre både
no og då i spontan tale, men ikkje så systematisk at det utan vidare lèt seg
gjera å finna eller framkalla strukturane eksperimentelt, t.d. ved å få respons på
kontekstskildringar og utløysarspørsmål. Den augmentative funksjonen til
desse strukturane er ikkje like medgjerleg i laboratoriesituasjonar som tilfellet
ville ha vore for ein eventuell morfologisk augmentativ.
1
(2.4.3) gjev eit døme på dette, men utan at noko av materialet hamnar utanfor AP.
4 Materiale utanfor AP
152
Alternativet til observert språkbruk er introspeksjon, i god, generativ
tradisjon. Problemet med introspeksjon er velkjent: feilrapportering.
Lyttetestar der ein kan svara på om noko høyrest greitt ut eller ikkje, er òg i
prinsippet introspektive.
Påstanden om at H-mønsteret i (4.1.7) er det einaste mogelege for
konstruksjonar med ikkje-fokus til høgre, er ein påstand som byggjer på min
eigen introspeksjon. Eg har prøvt å produsera variantar av (4.1.7), men med
gradvis overgang som den i (4.1.5), i staden for H på heile det AP-eksterne
området. Og eg har lytta til opptak av (4.1.7) og samanlikna med opptak av
slike variantar med stigande AP-eksternt område. Konklusjonen for min del er
at eg er i stand til å produsera variantar av (4.1.7) med eit stigande AP-eksternt
område der den verkelege (4.1.7) har ein H, men at eg må konsentrera meg
veldig for å gjera det, og at språkkompetansen min reagerer mot det som
ugrammatisk når eg høyrer det.
Med alle atterhald som sømer seg, vil eg difor halda fast ved at i
konstruksjonar med IP- og IU-dominerte AP-ar kan IP-dominerte stavingar
imellom den fokale AP-en og neste, IU-dominerte AP berre ha den høge
konturen som er presentert i (4.1.7), og ikkje det gradvis stigande mønsteret
som finst i grenseområdet mellom dei to IP-ane i (4.1.5).
Eit slikt stigande område var eg elles ikkje i stand til å produsera i
ytringsfinal posisjon utan at eg konsentrerte meg der òg. Intuitivt høyrdest det
fonetisk ut som austlandsk, og slett ikkje sunnmørsk.
Då har me denne distribusjonen av IP-dominerte stavingar:
Det som har vorte karakterisert som eit fonetisk transisjonsområde, finst i
grenseområdet mellom to IP-ar (4.1.5), og det finst fremst i ein IP (4.1.3).
Som anakruse (4.1.3) kjem det føre berre når det i tillegg finst materiale som
sorterer rett under IU.
IP-dominerte stavingar som får tildelt ein H, finst i grenseområdet mellom
to IP-ar (4.1.6) og ytringsfinalt (4.1.8).
Like interessant er det å sjå på kvar dei to mønstra ikkje finst. Det stigande
mønsteret finst ikkje ytringsfinalt, og det finst ikkje etter ein IP som berre har
IP-eksterne AP-ar etter seg. Mønsteret med H finst i og for seg ytringsinitialt
(4.1.4), men då berre i kontekstar der ein held fram ei ytring for ein annan
talar, noko som er ein pragmatisk spesiell situasjon.
Ei freistande generalisering er då at det stigande mønsteret finst i AP-
eksterne område til venstre i ein IP, medan H-mønsteret finst i AP-eksterne
område til høgre i ein IP. Dette vil seia at på same vis som IU deler ut %L til
eventuelt materiale til venstre (IU-anakrusar), så deler IP ut H til eventuelt
materiale til høgre.
4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar
153
Dermed vil AP-eksternt materiale til venstre i ein IP vera tonalt uassosiert,
og berre ha ein fonetisk transisjon mellom venstre IU-grensetone %L eller
AP-grensetone L] og oppover mot H til venstre i AP. AP-eksternt materiale til
høgre i ein IP vil derimot få ein eigen H å assosiera seg til.
Det som i (4.1.4) er framstilt som ein anakruse, kan i staden analyserast
som eit fonologisk spesialtilfelle som er i tråd med dei situasjonane der
mønsteret kan dukka opp: Me kan her rett og slett ha å gjera med ein tonal
rekonstruksjon av førre talars ufullførde IP, men sjølvsagt utanfor AP (sidan
det vert ein slags anakruse hjå den andre talaren), og då i ein rekonstruert hale
frå førre IP, slik: der var katama-
IP
) ((
1
RANA
AP
)
IP
)
IU
).
I så fall har me desse strukturane for (4.1.2)–(4.1.8):
1
(4.1.2') (der var katama- ((
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%
(4.1.3') (der var (katama- (
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%
(4.1.4') der var katama-
IP
) ((
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%
(4.1.5') (han ((
2
OLA
AP
)
IP
) (vilde male (
1
MUREN
AP
)
IP
)
IU
) L%
(4.1.6') (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) ((
1
MUREN
AP
)
IP
)
IU
) L%
(4.1.7') (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) (
1
muren
AP
)
IU
) L%
(4.1.8') (han ((
2
OLA
AP
) vilde male muren
IP
)
IU
) H%
Sidan det ikkje finst nokon nedoverbøy til slutt i (4.1.8), må høgre IU-
grensetone vera H, og dermed på same nivå som den tonen som høgre IP-
grense deler ut til AP-eksternt materiale.
2
Dette valet av H% framfor L% i
(4.1.8) er elles i samsvar med den synonyme men ikkje-augmentative
konstruksjonen, der alt det finale materialet er AP-internt, (han ((
2
OLA vilde
male muren
AP
)
IP
)
IU
) H%. Ein vanske med (4.1.8) er då at me ikkje kan påvisa
om dei AP-eksterne stavingane verkeleg er IP-dominerte som i (4.1.8'), eller
om dei skal vera IU-dominerte. Er dei IU-dominerte, kan me like gjerne seia at
dei er høge pga. H%. Dette problemet skal eg lata liggja.
Eit spørsmål vil omsider vera kvar IP-høgtonen kjem frå. Dette spørsmålet
må sjåast i lys av at den nemnde høgtonen dukkar opp berre dersom det finst
materiale som er direkte dominert av IP. Eit mogeleg svar vil då kunna vera at
fenomenet har samanheng med tidssamanfall vs. ikkje-tidssamanfall mellom
1
Eg har ikkje notert %L til venstre for IU-ane, sidan %L er obligatorisk i IU-dominert
anakruse. Sameleis har eg heller ikkje notert L] til høgre i AP-ane.
2
Noko anna er at dersom det hadde vore ein nedoverbøy mot ein L til slutt, ville dette truleg
ha vorte oppfatta som ein ny AP. Dette er i alle fall røynsla i min morsmålskompetanse.
4 Materiale utanfor AP
154
domenegrensene på ulike nivå i det prosodiske hierarkiet (her: at AP og IP
ikkje har sams grense), på same måten som ein AP har komprimert eller
ukomprimert neddrift alt etter forholdet til nivået over, IP.
Ei interessant utviding av ein slik analyse er at H frå IP kan ha noko å gjera
med det at det alltid kjem eit nytt neddriftsområde etter IP. Som me ser av
figurane, er IP-høgtonen mykje høgre enn høgtonane i den fyrste IP-en, men
alltid på høgd med den fyrste høgtonen i den andre IP-en. Samanlikn òg med
konturane i kapittel 2, t.d. (2.4.1), som ikkje har materiale som er direkte
dominert av IP, men der den andre IP-en også der har sin fyrste høgtone over
nivået til den høgste høgtonen i fyrste IP. Også i den figuren er den fyrste
høgtonen i andre IP på nivå med den IP-dominerte høgtonen som me har vorte
kjende med her i delkapittel 4.1.
Om H frå IP finst i ein eller annan tilstand i (2.4.1), og om det då er denne
som er årsak til «oppsteget» (motsett av «nedsteg, downstep») til ny neddrift,
så er det mogeleg at me har eit system som djupast sett liknar på det som er
skildra i austlandsk. I austlandsk vert fokalitet markert med ein ekstra høg AP-
grensetone H] (t.d. Fretheim 1990:91). Som me har sett i kapittel 2, vert
fokalitet i sunnmørsk m.a. markert med ny neddrift, og me har lagt merke til at
den fyrste H-en i den nye neddrifta er ekstra høg.
Det har vorte lagt til grunn (m.a. i kapittel 2 her) at IP er domenet for
fokus. Me skal då ikkje sjå bort ifrå at den IP-dominerte, ekstra høge H som
me har sett her, er det som er årsak til at ny neddrift byrjar frå eit ekstra høgt
nivå, og at denne ekstra høge H òg er identisk med den ekstra høge H] i
austlandske fokale AP-ar. Skilnaden mellom sunnmørsk og austlandsk,
bortsett frå at sunnmørsk L] i fokal AP ser ut til å vera ekstra låg (globalt eller
lokalt), er i så tilfelle at den ekstra høge H frå IP vert realisert til venstre for
høgre IP-grensa i austlandsk (saman med H]), men til høgre for IP-grensa i
sunnmørsk (saman med H
P
). I begge dialektane kan han òg assosierast til AP-
eksternt materiale.
Såleis vil høgtonedialekten sunnmørsk likna på lågtonedialektane i
Trøndelag, som i motsetnad til austlandsk er kjenneteikna ved at den fokale H
ikkje kjem som ein ekstra høg H] i den fokale AP-en, men som ein topp i den
fyrste stavinga i neste AP (Nilsen 1992:91ff).
Me har elles sett i døme (2.5.3) og (2.5.4) at i alle fall ved manglande
neddrift vil denne fokale høgtonen i sunnmørsk verta samlokalisert med H
P
nettopp i den fokale AP-en, altså til venstre for IP-grensa, som på austlandsk.
Stemmer denne analysen, har me ein fonologisk analyse av ekstra høg H
P
i
fokal AP, der underkapittel 2.5.2 vart avrunda med ein fonetisk analyse
(fonetisk suspensjon av ekstra høg H
P
pga. neddrift).
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
155
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
I delkapittel 4.1 la eg fram data som indikerer at materiale som er direkte
dominert av IP, og som er til venstre i IP-en, er tonalt uassosiert. Materiale
som er direkte dominert av IP, og som er til høgre i IP, vert assosiert til ein
eigen H.
Dette er likevel ikkje det same som at IP deler ut ein H berre til høgre, og
ikkje til venstre. Alle døma i delkapittel 4.1 hadde ein tonelag 1-AP etter det
IP-dominerte området. Lat oss difor sjå på (4.2.1)–(4.2.3), som har ein
tonelag 2-AP på den staden.
1
Det fyrste me legg merke til, er at L
lex
ikkje lenger er L, men har vorte H.
Me skal snøgt koma attende til korleis dette har skjett.
Eg vil nemleg hevda at T
lex
ikkje har forsvunne, men berre skift polaritet frå
L til H. Ein openberr grunn til dette er at L] i den fyrste AP-en etter det IP-
dominerte området kjem der han også elles ville ha kome:
I ein AP med tre moraer (og med ingenting eller ein tonelag 1-AP etter seg)
kjem L
lex
til vanleg på den fyrste moraen, H
P
på den andre, og L] på den
tredje, som i jenter i (2.3.5). I ein tilsvarande AP med fire eller fleire moraer
kjem L
lex
til vanleg på heile den fyrste (bimoraiske) stavinga, deretter H
P

tredje mora, og L] på fjerde mora og ut AP-en, som i jentene i (2.3.6) eller Ola
ville male muren i (4.1.11).
I (4.2.1) og (4.2.3) er den fyrste AP-en etter det IP-dominerte området
murar, med tre moraer. Her kjem L] på tredje mora, slik som i jenter i (2.3.5).
I (4.2.2) er AP-en murar med, med fire moraer, og L] landar på fjerde mora,
slik som i jentene i (2.3.6) og Ola ville male muren i (4.1.11).
I (4.2.1)–(4.2.3) kan me ikkje identifisera nokon T
lex
direkte, sidan me har
ein H der L
lex
skulle ha vore, og denne ligg mellom to andre posisjonar som
skal ha H (nemleg det IP-dominerte området og H
P
). Likevel ser me at L] har
ei plassering som svarar til den ordinære utstrekninga av L] i situasjonar der
L
lex
kan identifiserast utan vanskar. Dette gjer det aktuelt å postulera at T
lex
er
til stades i (4.2.1)–(4.2.3), at det er T
lex
som er årsak til den varierande
plasseringa av L] her som elles, men at T
lex
vert realisert som H, ikkje L.
Det fyrste me ser, er altså at L
lex
har vorte H
lex
.
Det neste me ser, er at i (4.2.3), der det IP-dominerte området ligg til
venstre i IP-en, når F0 høgpunktet allereie på venstre sida av AP-grensa. Dette
1
Nok ein gong må ein vera merksam på alle dei mikroprosodiske ovringane. Ver spesielt
merksam på forstyrringane ved den glottale lukkelyden, og på «krusingane» i det høge, IP-
dominerte området, særleg i (4.2.2).
4 Materiale utanfor AP
156
er ein viktig skilnad frå t.d. (4.1.5), der høgpunktet ikkje kom før H
P
inne i
tonelag 1-AP-en.
(4.2.1) (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) ((
2
murar
AP
) (
1

AP
)
IP
)
IU
) L%
БϪْ Б u l Ϫ vگ l dϯ mϪ l ϯ m ᭳ r Ϫ d o
(4.2.2) (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) ((
2
murar med
AP
) (
2
MALING
AP
)
IP
)
IU
) H%
БϪ ْ Б u l Ϫ vگ l dϯmal ϯ m᭳ r Ϫ mϯ mϪ l گ ֊ ց
(4.2.3) (han ((
2
OLA
AP
)
IP
) (vilde male (
2
murar
AP
) (
1

AP
)
IP
)
IU
) L%
БϪ ْ Б u l Ϫ v گ l dϯma l ϯ m ᭳ r Ϫ d o
Det finst altså ein H til venstre for AP-en murar i (4.2.3), ein H som
dermed ligg til venstre i IP, om enn til høgre i det IP-dominerte området som
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
157
ligg til venstre i IP. Når OCP forbyd identiske element like etter kvarandre, er
det interessant at denne IP-dominerte høgtonen i akkurat dette dømet er til
stades, sjølv om han er nabo av ein H til venstre i AP like etter. Når ein slik
IP-dominert H finst i (4.2.3), skulle ein ha venta ein slik H også i (4.1.5). Når
det ikkje finst nokon slik IP-dominert høgtone i (4.1.5), tyder det på at den
venstre IP-høgtonen der er sletta pga. naboskapen med H
P
, med eit brot mot
MAX (T) eller ein spesifisert variant av denne, noko me skal koma attende til i
underkapittel 4.2.1, der me skal sjå på ein mogeleg OCP-prosess. Skilnaden
mellom (4.1.5) og (4.2.3) er då òg nettopp den at (4.2.3) har ein tonelag 2-AP
etter det IP-dominerte området, og dermed ein underliggjande lågtone imellom
den IP-dominerte H og den AP-dominerte H
P
. Denne underliggjande L
lex
,
som her har vorte H, blokkerer for ei OCP-motivert sletting av den IP-
dominerte H, i motsetnad til døme med tonelag 1, som (4.1.5), som ikkje har
nokon underliggjande L
lex
mellom dei to underliggjande høgtonane.
Også det faktum at F0 i (4.2.3) stig i det IP-dominerte området, trass i at
AP like etter byrjar med ein underliggjande lågtone, gjer det umogeleg å koma
frå at me har å gjera med ein høgtone.
Spørsmålet vert i staden kva som har hendt med L
lex
. Ettersom venstre IP-
høgtone ikkje fell bort i (4.2.3), medan han gjorde det i (4.1.5), må me i alle
fall registrera at venstre IP-høgtone fell bort berre når han grensar til H
P
.
Dersom T
lex
var borte i (4.2.3), slik at ein hadde brote med ei føring à la
MAX (T
lex
), så ville venstre IP-høgtone vera næraste grannen til H
P
, og ein
skulle venta at venstre IP-høgtone fall bort i (4.2.3) òg. Slik er det altså ikkje
fatt.
Den meir rimelege analysen er då at T
lex
framleis finst i (4.2.3), men at han
har vorte H
lex
, og bryt med ei føring à la IDENT (T
lex
).
Det som me skal sjå nærare på i dei komande delkapitla, er då dette: I
underkapittel 4.2.1 skal me taka føre oss bakgrunnen for brotet mot IDENT
(T
lex
). Deretter skal me i underkapittel 4.2.2 sjå meir på tonelag 2 etter IP-
dominert H, og halda dette saman med det bortfallet me har observert av IP-
initial IP-dominert H som grensar til H
P
. Dataa skal hjelpa oss til å avgjera om
T
lex
er ein leksikalsk tone, eller om skilnaden mellom tonelaga berre er ein
assosieringsskilnad. Eg landar på at T
lex
er ein leksikalsk (eller morfo-
leksikalsk) tone.
I underkapittel 4.2.3 skal me sjå døme på at H
P
likevel kan finnast på ein
høgreforskuva plass etter ein bortfallen T
lex
. Drøftinga frå underkapittel 4.2.2
vert dermed utvida i 4.2.3 til det sentrale spørsmålet: Er den leksikalske tonen
verkeleg leksikalsk, eller er han eit intonasjonelt produkt etter ei
høgreforskuving av H
P
?
4 Materiale utanfor AP
158
4.2.1 Restriksjonar på HL
I kapittel 3 gjorde eg meg nytte av ei føring MAX (contour), som hindra
sletting av tonar som berre har grannetonar med motsett polaritet, men allereie
ved døme (3.5.8) kunne me sjå at ei slik føring ikkje har mykje føre seg, i alle
fall når føringa er meint å vera svært høgt rangert.
Gjennom empirien er me likevel på sporet av noko som kan koma i staden
for MAX (contour). Me har sett at L
lex
endrar polaritet til H
lex
etter ein IP-
dominert H. Me har òg sett i (3.4.1) og (3.4.10) at L] kan forsvinna i
trimoraiske tonelag 2-AP-ar før ein annan tonelag 2-AP, slik at den siste tonen
i den fyrste av dei to AP-ane er H
P
, men i slike tilfelle vil L
lex
halda fram med
å vera L, og ikkje skifta polaritet. Etter H
P
vil ein elles normalt få L].
Ein L kan altså koma føre i desse situasjonane:
– etter H
P
(då kan me ha L] eller L
lex
),
– etter L] (då kan me ha L
lex
),
– etter %L (då kan me ha L
lex
).
Ein L kan derimot ikkje koma etter ein IP-dominert H. Der må me venta til
H
P
før me kan koma med ein L igjen.
Ei grei generalisering er då at sekvensen HL kan koma føre berre éin gong
pr. AP.
Me såg i (3.5.8) med tilhøyrande analysar i (3.5.9) og (3.5.10) at HL ikkje
treng koma føre i samband med ein AP. Samstundes vart det kommentert i ein
note om (4.1.8) at ein ekstra nedoverbøy (dvs. ein ekstra L etter ein H) ville ha
vorte oppfatta som ein ny AP. Det vil i denne nye situasjonen seia at medan
det ikkje treng å finnast nokon HL-sekvens i ein AP, så vil ein HL-sekvens
indikera at ein AP er til stades. Ein L
lex
etter ein IP-dominert H ville altså verta
oppfatta som at det finst eitt primærtrykk meir enn det som innputt borgar for.
Og det ekstra primærtrykket vil verta oppfatta å eksistera ein stad til venstre
for denne L
lex
.
Det er viktig å merkja seg skilnaden mellom lisensiering av dei tonane som
finst i innputten, og det som speler inn i prosessen frå innputt til utputt: I
innputt vil det alltid finnast ein HL-kontur i kvar AP (prominenstone + AP-
grensetone), men me har sett i (3.4.1) og (3.4.10) at i utputten kan L] falla
bort. Det me skal sjå på her, er difor ikkje korleis nærværet av ei staving med
primærtrykk fører til at me har ein H
P
og ein L], det høyrer heime under
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
159
genereringa av det som her vert rekna som innputt. Det me har med å gjera, er
at ein HL-sekvens i utputt er avhengig av at det finst ei staving med
primærtrykk, eitt primærtrykk for kvar HL-sekvens. HL-sekvensen treng ikkje
eingong vera identisk med H
P
+ L], jf. (3.4.1) og (3.4.10), der L] fell bort,
men HL-konturen vert teken vare på av L
lex
i etterfylgjande AP.
Ein L
lex
(t.d. fremst i murar) like etter ein IP-dominert H vil altså verta
oppfatta som L] eller som summen av L] + L
lex
(jf. bortfall av L] framfor L
lex
i visse tilfelle), slik at det siste som ligg under IP (siste stavinga i male), vil
verta oppfatta som ein H
P
, og dermed har me ein ny AP, som gjev male
primærtrykk.
Ein liten lytte- og produksjonstest stadfester at HL krev trykk, og at ein L
etter ein IP-dominert H dermed skaper ein ekstra AP. I (4.2.4) er ytringa (han
(
1
SA der
AP
) var
IP
) ((
2
DØRER
AP
)
IP
)
IU
) L%. Ordet var |vo| utgjer ei stutt
staving, og sorterer rett under IP, med ein H. Tonelag 2-AP-en etterpå har i
tråd med dette ikkje L
lex
men H
lex
.
I (4.2.5) har me ein manipulert variant av (4.2.4). Det som er endra, er AP-
en dører, der eg har justert F0 slik at den leksikalske tonen er L, i tråd med
den underliggjande representasjonen.
Eg bad tre sunnmøringar om å høyra på setningane, og for kvar av
setningane bad eg informantane om å uttala setninga slik som dei sjølve ville
ha uttala henne i ein «avslappa, nøytral situasjon», dvs. ikkje-augmentativt.
1
(4.2.4) uttala dei då konsekvent som (han (
1
SA der var
AP
)
I P
)
((
2
DØRER
AP
)
IP
)
IU
) L%, dvs. utan noko trykk på var. (4.2.5) uttala dei
derimot konsekvent som (han (
1
SA der
AP
)
IP
) ((
1
var
AP
) (
2
DØRER
AP
)
IP
)
IU
)
L%, dvs. med primærtrykk på var |vo:| (som då må vera lang). Dette stemmer
òg med min eigen morsmålskompetanse, og eg legg spesielt merke til at
tolkinga vart slik trass i at stavinga |vo| i testsignalet var stutt, og dermed ikkje
skulle kunna ha primærtrykk.
1
Dei tre var ein mann fødd 1967, Volda; ein mann fødd 1973, Herøy; og ein mann fødd
1937, Herøy. Dei svara spontant. Ei kvinne frå Herøy med akademisk bakgrunn, fødd 1948,
var openbert litt for mykje oppteken av å høyra på konkrete tonar, og i staden for å svara
med det utgangspunktet ho vart beden om å svara med, fortalde ho meg kva manipulasjonen
i (4.2.5) hadde gått ut på, før ho ved det talesignalet, etter å ha tenkt seg nøye og akademisk
om, konkluderte stikk motsett av dei tre andre informantane.
4 Materiale utanfor AP
160
(4.2.4) (han (
1
SA der
AP
) var
IP
) ((
2
DØRER
AP
)
IP
)
IU
) L%
1 o n s o d æ r v o d o r c
(4.2.5) Manipulert variant av (4.2.4).
1 o n s o d æ r v o d o r c
Det er mogeleg at dette kan uttrykkjast gjennom ein kombinasjon av ulike
føringar, som til saman seier m.a. at for kvar H som kjem før ein L, skal det
finnast ei trykkstaving. Korleis ein kan uttrykkja dette i den optimalitets-
teoretiske formalismen, vert eit spørsmål som eg ikkje skal gå inn på her, anna
enn at ei ALIGN-føring mellom ein slik H og 'σ må vera underspesifisert for
høgre eller venstre kant (under er dette enkelt notert som HL/'σ), og overlata
den nøyaktige plasseringa av trykkstavinga til andre føringar. Dette fordi me
veit dette om H i HL-sekvensen, medrekna ei føregriping av delkapittel 4.3:
– I tonelag 1 kjem H til venstre i trykkstavinga (delkapittel 3.1).
– I tonelag 2 kjem H til høgre i trykkstavinga når det er trongt om plassen
(delkapittel 3.3).
– I tonelag 2 kjem H elles på fyrste mora etter trykkstavinga (delkapittel
3.3).
– I nokre marginale tilfelle kjem H på moraen før trykkstavinga
(delkapittel 4.3).
1
1
I dei tilfella er det prominenstonen som vert sletta pga. OCP, og ikkje den IP-dominerte
H.
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
161
H i sekvensen HL er altså avhengig av at det finst ei staving med
primærtrykk, men sekvensen kan altså koma både i, etter, delvis før og delvis
etter primærtrykkstavinga. Den nøyaktige plasseringa av H
P
er styrd av i alle
fall ALIGN (T
P
, Lt) og ALIGN (T
lex
, 'σ, Rt), med eventuelt brot mot den siste,
som me allereie har vore inne på i kapittel 3.
For ordens skuld tek eg med ei språkspesifikk ad hoc-føring HL/'σ i
tablået (4.2.6), på reint empirisk grunnlag. Føringa spesifiserer ikkje kvar
trykkstavinga skal vera i forhold til HL-sekvensen. Det er mogeleg det finst
betre måtar å notera det på, med ei intern rangering av universelle føringar
(ikkje ad hoc-føringar), men så lenge eg har empirisk evidens for HL/'σ, vil eg
ikkje konsentrera meg her om korleis samspelet HL/'σ best kan formaliserast
gjennom universelle føringar. Det som er viktig i denne samanhengen, er
eksistensen av eit samspel mellom HL og trykk i sunnmørsk, same korleis
dette samspelet i seg sjølv skulle vera bygt opp.
Utan å gå nærare inn på kva som gjer at ein HL-sekvens er avhengig av
primærtrykk, så kan ein i alle fall seia dette om den omsnudde polariteten for
den leksikalske tonen: Når me i innputt har ein IP-dominert H etterfylgd av
ein tonelag 2-AP (L
lex
+ H
P
+ L]), har me ein innputt med tonesekvensen
HLHL, samstundes som berre éin instans av HL (nemleg den andre instansen)
er lisensiert av det primærtrykket som ligg i innputt. Om sekvensen HLHL
overlever i utputt, vil dette tvinga fram eit primærtrykk som ikkje fanst i
innputt. Ei slik framtvinging vil bryta mot DEP ('σ), som elles må vera høgre
rangert enn IDENT (T
lex
). Høgre rangert enn sistnemnde må også MAX (T
lex
)
vera.
DEP ('σσσ σ): Ikkje set inn eit primærtrykk i utputt som ikkje finst i
innputt.
HL/'σσσ σ: For kvar HL-sekvens skal det finnast ei staving med
primærtrykk. (Ad hoc!)
IDENT (T
lex
): T
lex
skal ikkje endra polariteten sin.
MAX (T
lex
): Ikkje slett T
lex
.
DEP ('σ) og HL/'σ overtek for den mellombelse føringa MAX (contour) frå
kapittel 3, og må vera svært høgt rangerte.
4 Materiale utanfor AP
162
(4.2.6) IP-dominert H + tonelag 2 (LHL).
H
IP
+ L
lex
H
P
L]
1 'σ
DEP
('σ)
HL/'σ MAX
(T
lex
)
IDENT
(T
lex
)
a. H
IP
+ L
lex
H
P
L]
1 'σ
*
b. H
IP
+ L
lex
H
P
L]
2 'σ
*
c. H
IP
+ H
lex
H
P
L]
1 'σ
*
d. H
IP
+ H
P
L]
1 'σ
*
Kandidat a og b taper pga. sine respektive og komplementære brot mot
HL/'σ og DEP ('σ). Kandidat d taper pga. brotet mot MAX (T
lex
). At kandidat
d vil vera ein tapskandidat, ser me av at T
lex
stengjer for OCP-motivert sletting
av venstre IP-dominert H føre H
P
i (4.2.3), medan ei slik sletting skjer i
(4.1.5), der T
lex
ikkje ligg imellom dei to. Det vil seia at T
lex
er til stades i
(4.2.3), noko tablået i (4.2.6) må dekkja.
Utputt d vil i prinsippet kunna ha den same fonetiske realisering som c,
dersom H
P
ikkje flytter seg til venstre, men held seg på plassen sin på 2. eller
3. mora
1
i AP-en. Elles vil me få H på fyrste mora og L på resten.
Den OCP-motiverte slettinga av IP-dominert H føre H
P
kan då uttrykkjast
som i (4.2.7) og (4.2.8), med desse spesifikasjonane i tillegg til dei førre
føringane:
OCP/*MAX (H): Slett ein H som står ved sida av ein annan H i same IP.
MAX (H
[IP
): Ikkje slett IP-dominert H til venstre i IP.
MAX (T
P
): Ikkje slett T
P
.
OCP-føringa er rettgjord ved at OCP kan overhaldast anten ved å bryta
med MAX-føringar (då får ein bortfall av noko) eller ved å bryta med DEP-
føringar (då får ein epentese). Her dreier det seg om å bryta med ei MAX-
føring, noko eg reint praktisk har notert som «OCP/*MAX».
OCP-føringa må elles vera avgrensa til å gjelda H-tonar innanfor same IP,
jf. at ein IP-dominert H til høgre i ein IP ikkje fell bort til fordel for H
P
i ein
tonelag 1-AP fremst i andre IP. Eit alternativ kunne kunne ha vore ei høgt

1
Alt etter kor lang AP er.
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
163
rangert MAX-føring for høgre IP-dominerte H, MAX (T
IP]
), som dermed ville
ha vore spesifikk for ein tone, og ikkje i seg sjølv seia noko om prosessar som
kan vera knytte til domene. Eg vel likevel å halda meg til den domeneavgrensa
OCP-føringa, sidan det er godt kjent frå litteraturen nettopp at domene kan
skapa grenser for gjevne fonologiske prosessar. Roca (1994:198ff) listar opp
ein del slike domeneavgrensa prosessar, t.d. frikativering av intervokaliske
ustemde plosivar i toskansk, som er avhengig av at vokalane på begge sidene
av plosiven sorterer under det same (metriske) IP-domenet (med referanse til
Nespor og Vogel 1986:206).
(4.2.7) IP-dominert H + tonelag 1 (HL).
H
IP
+ H
P
L] DEP
('σ)
HL/

MAX
(T
lex
)
MAX
(H
P
)
OCP/
*MAX (H)
MAX
(T
[IP
)
IDENT
(T
lex
)
a. H
IP
+ H
P
L] *
b. H
IP
+ L] *
c. H
P
L] *
(4.2.8) IP-dominert H + tonelag 2 (LHL).
H
IP
+ L
lex
H
P
L] DEP
('σ)
HL/

MAX
(T
lex
)
MAX
(H
P
)
OCP/
*MAX
(H)
MAX
(T
[IP
)
IDENT
(T
lex
)
a. H
IP
+ L
lex
H
P
L]
1 'σ
*
b. H
IP
+ L
lex
H
P
L]
2 'σ
*
c. H
IP
+ H
lex
H
P
L]
1 'σ
* * *
d. H
IP
+ H
P
L]
1 'σ
* *
e. H
P
L]
1 'σ
* *
f. H
IP
+ L]
1 'σ
* *
g. H
IP
+ H
lex
L]
1 'σ
* * *
4 Materiale utanfor AP
164
Tablået i (4.2.8) tek ikkje med alle tenkjelege kandidatar. For ordens skuld
vil eg kjapt nemna kva for nokre kandidatar dette gjeld, og kvifor dei ikkje er
tekne med:
Ein kunne tenkja seg ein utputt med stroken H under IP og HHL i AP.
Denne er uaktuell å taka med fordi T
lex
ikkje skulle ha nokon grunn til å verta
H dersom IP-dominert H er borte.
Ein annan kandidat kunne vera å stryka IP-dominert H, og lata AP ha
tonane LHL. Denne kandidaten er heller ikkje teken med, sidan det elles IP-
dominerte området då ville ha lege mellom L] til venstre og L
lex
til høgre,
området ville dermed ha lege på eit L-nivå, og dermed ikkje skilja seg frå
ytringar der alt er i AP, og ingenting ville ha vore direkte dominert av IP.
Det kan òg nemnast at utputtane d og g i (4.2.8) i prinsippet er identiske
(nemleg med H på fyrste mora i AP, deretter L), med mindre ein set føre at H
P
i d ikkje kjem før på 2. eller 3. mora, slik han ville ha gjort om T
lex
var til
stades. Då vil me i staden få ein overflatestruktur der d vert identisk med c (H
på dei to eller tre
1
fyrste moraene i AP, deretter L).
Så langt kommentarar rundt (4.2.8).
Når eg no har innført DEP ('σ) og HL/'σ i staden for MAX (contour), har
det konsekvensar for tidlegare analysar, og dei konsekvensane skal eg skissera
kjapt her.
Analysen i (3.4.10) må reviderast. Det handla der om at L] i trimoraisk
tonelag 2-AP forsvinn før ein annan tonelag 2-AP (LHL). Dette vart tillate
fordi det ikkje braut med MAX (contour). Mitt nye framlegg er at det finst ei
føring OCP/*MAX (L) som er så lågt rangert at ein som regel ikkje har noka
samansmelting av L-tonar. Føringa er lågare rangert enn ei føring *CROWD
som forbyd to tonar på same mora, eventuelt ei meir spesifikk føring
*CROWD-µ (HL), eller formulert annleis: *HL (noko me kom inn på i
delkapittel 3.5). Dermed kan L] strykast for å overhalda *CROWD eller *HL,
dersom det finst ein L
lex
like etter L].
For (3.4.9) og (3.3.5) gjeld det same, berre at der finst det ikkje nokon L
lex
etter L] som kan gjera OCP/*MAX (L) relevant.
Rolla til MAX (T), i tydinga MAX (T]), i (3.4.9) og (3.4.10) vert elles
mindre viktig når ein har ein analyse med ei komplementær OCP-føring. Utan
å gjennomføra fullstendige, nye analysar av det som er skildra i kapittel 3, vil
eg nøya meg med denne skissa.
1
Alt etter kor lang AP er.
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
165
4.2.2 Tonelag 2: ein ekstra tone eller ein «skillnad i timing»?
Det finst ein tradisjon m.a. i Sverige for å analysera dei to tonelaga som tonalt
identiske, men med ulik assosiering. Bruce (1998:46) seier såleis at ein har
«en skillnad i timing för ett och samma tonförlopp (H L), vilket relativt den
betonade stavelsen kommer tidigare för H L* än för H* L». Stjerna indikerer
kva for ein tone som er assosiert til trykkstavinga.
Bruce tek utgangspunkt i sveamål/stockholmsk, som er ein lågtonedialekt.
Det som eg då etter sunnmørsk mønster ville ha kalla H
lex
og L
P
, vert i Bruces
analyse skildra som at L i sekvensen HL vert assosiert til trykkstavinga ved
tonelag 1, slik at H vert verande uassosiert. Ved tonelag 2 vert derimot H
assosiert til trykkstavinga, og L kjem noko lenger til høgre. Ved tonelag 1 vil
H likevel verta assosiert til ei eventuell staving like før trykkstavinga (s. 104f).
Dermed har ein i stockholmsk eit system som me med ein sunnmørsk-
inspirert analyse kan skildra slik: Ikkje-fokale AP-ar har H] framfor tonelag 1,
men ikkje framfor tonelag 2. Og forklaringa til Bruce er at T] som AP-
grensetone ikkje finst. Det som derimot finst, er det som eg kallar T
lex
. Ved
tonelag 1 hamnar denne tonen til venstre for trykkstavinga, og risikerer å verta
verande uassosiert (når det ikkje er noko der til venstre å assosiera seg til).
Ved tonelag 2 vert tonen assosiert til trykkstavinga. Der eg seier at eg har ein
T], vil altså Bruce seia at eg ikkje har nokon AP-grensetone, men berre ein T
som hamna til venstre for AP-grensa, og som eigentleg er lisensiert av
primærtrykket til høgre for AP-grensa.
Om Bruce ikkje har T], så har han likevel ein fokustone i fokale AP-ar. I
ein AP finst dermed i utgangspunktet berre to tonar: H + L, eventuelt berre L
(tonelag 1, med uassosiert initial H). Ein final H i den stockholmske AP-en
(som då vert LH eller HLH) er anten den initiale H frå neste AP (når neste AP
har tonelag 1), eller så er det snakk om ein fokustone, hjå Bruce kalla
«frasaccent».
Overført til sunnmørsk vil ein slik analyse seia oss dette:
Både tonelag 1 og tonelag 2 har tonesekvensen LH. I tonelag 2-AP-en
2
jenter vil me fyrst få L og deretter H. I tonelag 1-AP-en
1
guten vert ikkje den
initiale L assosiert til trykkstavinga, men H vert det. Dette er illustrert i (4.2.9).
4 Materiale utanfor AP
166
(4.2.9)
2
jente og
1
guten
jen te
σ
σ
L* H
- gu ten
σ
σ
L H*
-
I ein konstruksjon som (((
1
der var
AP
) (
1
GUTEN
AP
)
IP
)
IU
) har me i fyrste
AP noko som eg har kalla L]. Denne L] er etter den Bruce-inspirerte analysen
ikkje noko anna enn den initiale L frå guten som ikkje vart assosiert til
trykkstavinga, men som i staden er assosiert til det som er til venstre for
trykkstavinga, nemleg det som er til høgre i fyrste AP. Dette er illustrert i
(4.2.10)
(4.2.10) (((
1
der var
AP
) (
1
GUTEN
AP
)
IP
)
IU
)
gu ten
σ σ
L H*
- der var
σ σ
L H*
Til skilnad frå stockholmsk vil denne L i sunnmørsk spreia seg til førre AP
anten L er eller ikkje er assosiert til trykkstavinga. Dermed har me ein L til
høgre i ein AP også neste AP skulle vera ein tonelag 2-AP. I stockholmsk
(med motsett polaritet på tonane) finst som kjent H til slutt i ein AP berre
dersom neste AP er ein tonelag 1-AP.
Denne analysen er dessutan i samsvar med det at me ikkje finn noka
fonetisk endring (t.d. ei lågning av frekvensen) på grensa mellom mellom L]
og L
lex
som kunne ha indikert at dei to toneeiningane er to ulike L-tonar. Når
me likevel har ein lågtone til slutt i finale AP-ar i sunnmørsk, kan dette vera ein
låg fokustone som kjem i fokale AP-ar, eller (om siste AP ikkje er fokal)
jamvel L%. Slik treng me ikkje L] i analysen lenger.
Ein slik analyse kan i tillegg forklara kvifor me tilsynelatande får H
lex
etter
det som eg har analysert som ein IP-dominert H, og me treng ikkje føringa
DEP ('σ). Det held å seia at LHL-mønsteret i -la vilde male mura i (4.2.1) og i
der var dører i (4.2.4) byrjar med den LH som er sams for alt, og at den siste
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
167
L kjem frå neste AP i (4.2.1), og frå L% eller ein låg fokustone L
fok
i (4.2.4).
Ei skisse til ein slik analyse av (4.2.1) er illustrert i (4.2.11).
(4.2.11) (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) ((
2
murar
AP
) (
1

AP
)
IP
)
IU
), jf. (4.2.1).
han
Ola
vilde male murar
σ σ σ σ σ σ σ σ σ
L* H L* H L
fok

σ
L H*
Det kan vera eit problem at H likevel assosierer seg til trykkstavinga mu (i
2
murar) i tonelag 2-AP-ane i desse døma. Det strid mot den tanken at tonelag
2 går ut på å assosiera ein L til trykkstavinga slik at H kjem seinare enn han
elles ville ha gjort. Men dette problemet kan løysast ved å justera den Bruce-
inspirerte analysen slik at det på eitt eller anna vis framleis berre er snakk om
to/tre tonar LH(L), men med eit særtilfelle for assosieringa eller plasseringa av
dei. Dermed kan H landa på heile trykkstavinga i staden for L, sjølv om det er
tonelag 2, og me difor skulle ha venta at det var L som landa på trykkstavinga.
Då har me framleis eit lite tal på toneeiningane, og me kan samstundes få dei
tonale mønstra som me har fått.
Denne Bruce-inspirerte analysen er likevel problematisk, og han er
problematisk fordi det må finnast både ein eigen IP-dominert H og ein eigen
H
lex
i desse døma:
Dersom L] og L
lex
skulle vera den same tonen, så tyder det òg, som me har
sett, at IP-dominert H er den same tonen som eg har kalla H
P
: Det er H frå
sekvensen LH som skal leggja seg på både det IP-eksterne området og det
som kjem like etterpå.
Likevel ser me ein viktig skilnad mellom (4.1.5) og (4.2.3): I dømet med
tonelag 1 etter det IP-dominerte området, (4.1.5), ser me ikkje nokon IP-
dominert H. Der konturen i det IP-dominerte området stig, stig han heilt til H
P
inne i den fyrste AP-en etter det IP-dominerte området.
Annleis er det med (4.2.3), som har tonelag 2 etter det IP-dominerte
området. Der stig konturen gjennom det IP-dominerte området, men han når
toppunktet før tonelag 2-AP-en byrjar.
Dette skjer systematisk, og indikerer at IP-dominert H ikkje berre er ein
vilkårleg H, men at han finst som ei eiga toneeining også her til venstre i IP,
der me kan kalla tonen H
[IP
. Ettersom tonelag 2 skulle vera ei forskuving av
tonane mot høgre, vil eksistensen av H
[IP
vera endå sikrare, sidan me her har
4 Materiale utanfor AP
168
ein ekstra H
[IP
til venstre for trykkstavinga, medan heile LH-sekvensen
eigentleg skulle ha vorte flytt mot høgre.
Dersom H
[IP
finst, må analysen som eg har lagt fram tidlegare, vera
korrekt: Ved tonelag 2 i (4.2.3) ligg det ein tone mellom H
[IP
og H
P
som
grunna høg rangering av MAX hindrar ei OCP-motivert sletting av H
[IP
eller
H
P
. Ein slik tone ligg ikkje imellom i tonelag 1-dømet (4.1.5), og me får OCP-
motivert sletting av H
[IP
.
Dersom det ligg ein slik tone imellom H
[IP
og H
P
ved tonelag 2, og denne
tonen til overmål tek like mykje plass som L fremst i tonelag 2 elles (jf.
(4.2.1)–4.2.3)), så skulle alt tala for at denne tonen er T
lex
, berre med
omsnudd polaritet.
T
lex
finst dermed som ei eiga eining. Dette er i og for seg heller ikkje i strid
med Bruce. Der er det eksistensen av ein eigen T] som er problematisert.
Men dersom T
lex
finst i tonelag 2-døma (4.2.1)–(4.2.3), så måtte ein med
Bruce seia at denne tonen ligg til høgre for H
[IP
her, men til venstre for den
sletta H
[IP
i tonelag 1-dømet (4.1.5).
Det vil i praksis seia at i (4.1.5) med tonelag 1 ligg T
lex
, eller L frå
sekvensen LH, til venstre for det tonalt uassosierte området som sorterer rett
under IP (og eventuelt samlokalisert med ein låg «fokustone» til slutt i førre
AP/IP). Dermed skulle me ved tonelag 1 etter IP-dominert område (som i
dette dømet) ha ein sekvens L H*, med H* assosiert til trykkstavinga mu i
muren, L skal vera assosiert til noko som ligg mykje lenger til venstre, nemleg
-la i Ola, og imellom dei er det plass til eit tonalt infiks H
[IP
som rett nok har
vorte sletta her fordi T
lex
ikkje ligg imellom H
[IP
og H
P
og blokkerer for
slettinga. Dette er illustrert i (4.2.12), med eit fonologisk tonefritt område vilde
male.
(4.2.12) (han ((
2
OLA
AP
)
IP
) (vilde male (
1
MUREN
AP
)
IP
)
IU
), jf. (4.1.5).
han Ola
vilde
male muren
σ σ σ σ σ σ σ σ σ
L* H LH* L
foc
H
[IP
L i sekvensen L H
[IP
H* skal ikkje berre liggja til venstre for eit tonalt
uassosiert område. Han skal òg vera lisensiert av den trykkstavinga som H* til
høgre for dette området er assosiert til.
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
169
Dersom skilnaden mellom dei to tonelaga då skal vera ein «skillnad i
timing» for L og H i totone-sekvensen LH, då har me eit problem: L
lex
(dvs. L
frå sekvensen L H*) til venstre for det tonalt frie området kan nemleg ikkje
påvisast. Me har ein L der, men han kan like gjerne vera ein «fokustone». Det
einaste som kan påvisast, er at ved tonelag 2 finst det ein tone som ikkje finst
ved tonelag 1, sidan denne tonen kan hindra ei OCP-motivert sletting av H
[IP
.
Når det finst L-anakruse (IU-anakruse) etterfylgd av stigande anakruse
(IP-anakruse), som i (4.1.3), vil det òg vera problematisk å seia at %L er
identisk med L
lex
. (4.1.3) var (der var (katama- (
1
RANAR
AP
)
IP
)
IU
) L%.
Dersom L
lex
vil assosierast til tilgjengeleg materiale til venstre for AP, slik ein
Bruce-inspirert analyse ville ha sagt, skulle me i det minste ha venta at han
assosierte seg til dei ledige TBU-ane i det IP-dominerte området katama til
venstre i IP. Men då ville stigande anakruse med tonalt uassosierte TBU-ar ha
vore umogeleg, og me ville hatt berre L-anakrusar. Stigande, IP-dominerte
område i IP nr. 2, som i (4.2.12), ville òg ha vore umogelege.
Det verkar difor for meg som om det er mest i tråd med empirien å lata %L,
L] og L
lex
gå inn i analysen som tre ulike tonale einingar, slik som eg har gjort
det til no. Tonelag 2 er då ikkje tonalt identisk med tonelag 1, slik Bruces
analyse seier. Skilnaden ligg ikkje i assosieringspunkta for tonane, men i at
tonelag 2 har ein ekstra tone, T
lex
, til venstre i AP.
I tillegg kjem den morfologiske rolla til den leksikalske tonen. Når eit
adjektiv som grøn heiter |
1
gro:nc| med H
P
+ L] i eintal (m. og f.) på
sunnmørsk, men |
2
gro:nc| med L
lex
+ H
P
+ L] i fleirtal, så ville ein i andre
språk utan tvil ha analysert den initiale L som eit tonalt prefiks, og ikkje som
eit resultat av ein «skillnad i timing», med eit postulert, flytande L-prefiks i
eintal som ikkje kunne påvisast. Det kjem meir om den morfologiske rolla til
T
lex
i underkapittel 4.2.3 straks.
Analysen av L
lex
som tonalt prefiks gjer det òg mogeleg å tolka
tonelagsskiftet frå
1
snik til
2
snikmord som ei tonal samansetjingsfuge (L
lex
mellom samansetjingslekkane, men som assosierer seg heilt til venstre i AP-
en), slik Kristoffersen (1992) gjer framlegg om for austlandsk; eventuelt eit
tonalt prefiks som lagar samansetjingsstamme. Alternativet til dette ville etter
Bruces mønster vera ein prosess som endrar assosiasjonstilhøva mellom ein
gjeven TBU og tonane T
lex
og T
P
, slik at det i snik er berre T
P
som vert
assosiert, medan det i snikmord er både T
lex
og T
P
. Dette må i t.d. sunnmørsk
og austlandsk vidare vera leksikalsk avhengig, slik at somme ord får dette
skiftet i toneassosiering, medan andre ord ikkje får det. Eit døme på dei siste
kan vera
1
brann, som i samansetjing har det same tonelaget, t.d.
1
brannmann.
4 Materiale utanfor AP
170
Som avrunding kan eg i tillegg nemna den innvendinga for austnorsk
1
som
Nilsen (1995:121) avrundar sitt svar til andreopponenten (Horne 1995) med:
Å postulere en H foran L* ved tonelag 1 er like dårlig motivert som f.eks. å
postulere en L foran H* ved tonelag 2 som skulle assosieres til anakrustiske
stavelser i ord som f.eks. sjoko
2
lade og kom
2
mune. Under Bruces analyse vil
tuberku
1
løse ha en tone assosiert med anakrusen (opptakten) mens tuberku
2
lose
ikke vil ha det.
Heller enn å sjå på tonelagsskilnaden som ein skilnad i
assosieringsforholda, kjem eg altså framleis til å halda meg til den analysen at
tonelag 2 har ein underliggjande leksikalsk tone som tonelag 1 ikkje har, i alle
fall i sunnmørsk.
Me skal likevel sjå no at heller ikkje dette er uproblematisk.
4.2.3 Er den leksikalske tonen ein leksikalsk tone?
Til no har me sett døme på både tonelag 1 og tonelag 2 etter IP-dominert H
inne i ei ytring, og me har sett døme på tonelag 1 etter IP-dominert H i
byrjinga på ei ytring. Der den IP-dominerte H-en stod til venstre i same IP-en
som H
P
like etterpå, vart den IP-dominerte H-en sletta fordi han var nabo av
H
P
. Kom det ein T
lex
imellom dei to H-ane, vart denne til ein H
lex
, men H
[IP
vart ikkje sletta, trass i naboskapen sin med H
lex
, dette truleg pga. ein høgre
rangert MAX (T
lex
).
Det me ikkje har sett på då, er tonelag 2 etter IP-dominert H i fyrste IP, dvs.
tonelag 2 etter «stigande anakruse». Me har to døme i (4.2.13) og (4.2.14).
(4.2.13) (han (vilde male (
2
murar med
AP
) (
2
MALING
AP
)
IP
)
IU
) H%
1onv i I dc m o I c m u r o m c m o I i n g
1
I sunnmørsk vil denne innvendinga vera mindre relevant, sidan sunnmørsk alltid vil ha %L
i IU-anakrusar, uavhengig av om den fyrste AP-en byrjar med H (ved tonelag 1) eller L (ved
tonelag 2).
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
171
(4.2.14) (han (vilde male (
2
murar
AP
) (
1

AP
)
IP
)
IU
) H%
1 o n v i I dc m o I c m u r o d o
Noko av det som er påfallande her, er at H
[IP
og T
lex
begge er borte. No
kan det sjølvsagt tenkjast at føringa OCP/*MAX (H) er posisjonelt avhengig,
og at ein må innføra ei eiga føring for den fyrste instansen av H, og operera
med rangeringa: OCP/*MAX-INITIAL (H) » Max (T
lex
) » OCP/*MAX (H).
Alternativt kunne ein gjera MAX (T
lex
) var for posisjonar, og seia noko à la
MAX-POSTFOKAL (T
lex
) » OCP/*MAX (H) » MAX (T
lex
).
Det lèt seg diverre ikkje avgjera med desse få dataa kva for eitt av desse
rangeringssetta som er det beste. Det kan òg vera at det er andre
posisjonsspesifikke faktorar som speler inn her. For alle tilfella er det likevel
ei sak at det ikkje er ukjent frå litteraturen at det kan finnast
posisjonsspesifikke føringar, jf. t.d. Beckman (1998).
Eg har ikkje ambisjonar om å utvikla optimalitetsteorien på dette området,
positional (un)faithfulness, og eg vel difor å ikkje gå djupare i toneslettinga å
konstatera at T
lex
fell bort saman med H
[IP
i initial posisjon, i motsetnad til
ikkje-initial posisjon. I staden vil eg konsentrera meg om sider ved den
ontologiske statusen til tonelag 2, ut ifrå det me har sett i døma (4.2.13) og
(4.2.14), nemleg at T
lex
kan falla heilt bort.
Ser me nærare på dei to døma, ser me dette: I (4.2.13) er den fyrste AP-en,
murar med, på fire moraer (tre stavingar), i (4.2.14) er han på tre moraer (to
stavingar), murar. Både H
[IP
og T
lex
er borte, slik at H
P
er den einaste
høgtonen som er att. I (4.2.13) kjem denne høgtonen i stavinga ra, i (4.2.14)
ein mora tidlegare.
Plasseringa av H
P
er altså i samsvar med det mønsteret me har sett
tidlegare, når T
lex
er til stades: Når det er god plass i AP-en, kjem fyrst T
lex

heile den fyrste stavinga, og deretter kjem H
P
. Er det berre tre moraer i AP-en,
kjem T
lex
på fyrste mora og H
P
på andre mora, framleis i fyrste stavinga.
4 Materiale utanfor AP
172
Dette har vorte forklara med at T
lex
vil lina seg opp med høgrekanten av
trykkstavinga, men at den føringa kan brytast, og at T
P
i alle fall kjem rett etter
ein eventuell T
lex
.
Den forklaringa held ikkje her. Her manglar nemleg T
lex
fullstendig, og H
P
skulle ikkje ha nokon grunn til å landa på tredje, respektive andre, mora. I
staden skulle me venta at H
P
i mangel av ein sperrande T
lex
la seg heilt inntil
venstrekanten på AP, altså på fyrste mora, slik at me i praksis ville ha fått eit
samanfall med tonelag 1. Likevel oppfører H
P
seg som om det skulle ha vore
ein T
lex
til venstre for han.
Dette er problematisk, ikkje berre for mine analysar, men òg for analysar
som den Bruce legg til grunn, sidan me ved bortfallen L* i sekvensen L* H
heller ikkje skulle venta at H heldt seg så langt til høgre som han gjer i
(2.4.13) og (2.4.14).
Når H
P
landar der han gjer i (4.2.13) og (4.2.14), trass i at det ikkje finst
nokon T
lex
til venstre som tvingar H
P
dit, kan dette tala imot den
arbeidshypotesen eg har lagt til grunn til no, og som eg lét vinna i
underkapittel 4.2.2, nemleg at fenomenet tonelag 2 går ut på å vera leksikalsk
eller morfologisk merkt for eit tonalt prefiks. Tvert imot ser det her ut til at det
slett ikkje er T
lex
som tvingar H
P
til høgre, men ein høgrejustert H
P
som
skaper plass for den tonen som eg til no har kalla T
lex
, ein tone som i desse
siste døma ikkje lenger er til stades.
Der eg har teke utgangspunkt i at tonelag 2 er karakterisert ved eit morfo-
leksikalsk prefiks, og der Bruce har teke utgangspunkt i ein assosierings-
tidsskilnad mellom tonelaga, har Lorentz (1981, sjå særleg s. 177f) ein tredje
hypotese. Han opererer med [± delayed tone], slik at tonelag 1 er karakterisert
ved at den metriske tonen kjem på trykkstavinga, [– delayed tone], medan
tonelag 2 er karakterisert ved at den tonen kjem seinare, [+ delayed tone].
I eit seinare arbeid, Lorentz (1995), har han gått vekk frå dette, og over til
hypotesen om det me kan kalla ein morfo-leksikalsk tone som i samsvar med
morfologiske eller leksikalske tilhøve er eller ikkje er til stades.
Dataa i (4.2.13) og (4.2.14) gjer Lorentz (1981) unekteleg interessant. Eit
spørsmål som likevel må avklarast, er i kva grad liknande fenomen også kan
finnast i andre språk enn dei skandinaviske: Er det eit kjent fenomen at ord
kan bøyast eller avleiast ved at ein tone (ikkje trykk, men tone; og i eller utan
kombinasjon med segmentale affiks) vert flytt frå éi staving til ei anna, eller frå
éin mora til ein annan? Om svaret er nei, vil eg vera måtehalden med å tilleggja
skandinaviske språk eit morfo-fonologisk fenomen som ikkje har parallellar
andre stader.
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
173
Det er kjent frå ulike språk at tonar kan migrera frå staving til staving utan å
verta pressa av andre tonar, slik at tonen dukkar opp andre stader enn den
underliggjande representasjonen skulle tilseia, jf. Odden (2001). Men dette
skjer uavhengig av morfologi, og dreier seg i staden om reint fonologiske
eigenskapar ved dei språka.
Det er på ei anna side òg kjent frå ulike språk at plasseringa av tonar kan
vera avhengig av den morfologiske strukturen, jf. Alderete (1999), som ser på
russisk og japansk. Men i desse tilfella er det snakk om eit samspel mellom
«root controlled accent» og «affix controlled accent», og ikkje om ei flytting
av ein tone der flyttinga i seg sjølv er reint morfologisk (op. cit.:1):
a. Root-Controlled Accent (RCA): inherent accent in the root precludes the
realization of accent elsewhere in the word.
b. Affix-Controlled Accent (ACA): the attachment of an affix correlates with a
mutation of the accent in the base of affixation.
Dette skil seg altså frå den sunnmørske situasjonen, der tonelaga kan vera
det einaste som skil mellom to ordformer, jf. (4.2.15a), og der tonelaga i seg
sjølve ber morfologisk (4.2.15a) og/eller leksikalsk (4.2.15c) innhald.
(4.2.15) Tonelagspar i sunnmørsk.
a) minimale par med morfologisk åtskilde ordformer av same
leksem
[
1
skri⍧vϯ] skriv pres. ~ [
2
skri⍧vϯ] skriva inf.
[
1
stu⍧rϯ] stor adj. m./f. sg. ~ [
2
stu⍧rϯ] store pl.
b) tonelagsopposisjon i kombinasjon med segmental morfologi
[
1
bi⍧lگ] bilen bunden sg. ~ [
2
bi⍧lϪْϯ] bilane bunden pl.
[
1
te⍧kϯ] tek pres. ~ [
2
tϪ⍧kϯ] taka inf.
c) leksikalske opposisjonar
[
1
kϪ⍧rϯ] karet bunden form sg. av kar n. ~ [
2
kϪ⍧rϯ] kara inf.
[
1
æn⍧dϯ] ender ubunden form pl. av and ~ [
2
æn⍧dϯ] ende m.
Dersom T
lex
i sunnmørsk då framleis er morfo-leksikalsk, må (4.2.15b) i
klassisk terminologi vera døme på diskontinuerlege affiks, med suffigert
segmentalt materiale i kombinasjon med ein prefigert
1
tone. Om det derimot
1
At tonen vert prefigert i overflateforma, treng ikkje å tyda at han underliggjande er eit
prefiks. Plasseringa som prefiks i overflateforma kan vera eit resultat av ei rangering
4 Materiale utanfor AP
174
ikkje finst nokon slik morfo-leksikalsk tone, er (4.2.15b) eit døme på korleis
affiks kan påverka plasseringa av T
P
. Problemet då vert (4.2.15a) og (4.2.15c),
der det ikkje finst nokon morfologisk eller fonologisk grunn til at T
P
skulle
flytta på seg.
Eg har ikkje funne døme frå andre språk på at ein tone kan flytta seg
systematisk av morfologiske grunnar utan som utslag av affigering eller endra
trykkplassering. Eg vil difor avvisa hypotesen om at tonelag 2 i sunnmørsk
går ut på å flytta T
P
som utslag av eit trekk [+ delayed tone]. I staden vil eg
halda meg til den opphavlege hypotesen: at tonelag 2 dreier seg om eit tonalt
prefiks som ikkje er til stades i tonelag 1, og som pressar T
P
til høgre.
Me er då attende hjå det problemet som førde til denne drøftinga: Kvifor
held T
P
seg på plassen sin på 2. eller 3. mora i tonelag 2, sjølv når T
lex
manglar, og dermed ikkje kan pressa H
P
til høgre?
Innanfor ein reint autosegmental analyse vil det vera naturleg å skissera at
T
lex
(og T
[IP
) vert sletta (eller slegne saman med T
P
på plassen til T
P
) etter at
T
P
er pressa til høgre av T
lex
. Omsett til ein optimalitetsteoretisk analyse utan
kronologisk ordna prosessar må me ha å gjera med at T
P
i utputt forheld seg
til slikt som er til stades i innputt, sjølv om det er borte i utputt (i praksis er det
her altså snakk om å forhalda seg til T
lex
).
Ein mogeleg analyse kan då vera å sjå på dei tonale strukturane i fyrste AP
i (4.2.13) og (4.2.14) som nedstytte (truncated) former, og at desse
korresponderer med ikkje-nedstytte former (base forms). Eg har leitt etter
skildringar av tonar i slike samanhengar, men har i litteraturen stort sett berre
funne andre prosodiske einingar, som stavingar og metriske føter.
Vekslingane mellom base og nedstytt form i den litteraturen eg har funne,
handlar dessutan om segment, medan den vekslinga som eg meiner å ha
registrert i sunnmørsk, dreier seg om tonar: I basen har ein sekvensen T
lex
+
T
P
, i den nedstytte forma er T
lex
borte, men det segmentale materialet er på
plass.
Fleire har brukt OO-føringar (output-output: eit systematisk samsvar
mellom to utputtar) av typen IDENT-BT, der det skal vera ein eller annan
gjeven identitet mellom baseforma (B, base form) og den nedstytte forma (T,
truncated form). Baseforma er ein utputt der alt det relevante materialet er til
stades (om det relevante materialet er tonar: til dømes at T
lex
er til stades i
utputt ved tonelag 2 etter noko som ikkje er IP-dominert), medan den nedstytte
ALIGN (T
lex
, Lt) » ALIGN (T
P
, Lt), som skissert i 3.3.2. Jamfør Kristoffersen (1992), som
opererer med H
lex
i austlandsk m.a. som ein leksikalsk gjeven del av fugeformativen -e-:
Fugeformativen kjem mellom samansetjingslekka, men høgtonen som fylgjer med, landar
heilt til venstre i det samansette ordet, slik at ein får tonelag 2.
4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2
175
forma er ein utputt der noko av det relevante materialet ikkje er til stades (t.d.
at T
lex
manglar). Kager (2001:264) har såleis ei slik føring brukt om heile
segment, og Benua (1997:143f) opererer med OO-identitet i «truncated
words». Ein slik BT-identitet mellom baseform og nedstytt form går ut på at
den nedstytte forma har eigenskapar som ikkje kan skriva seg frå den
nedstytte forma i seg sjølv, men som er i samsvar med eigenskapar frå
baseforma. For utdjuping av dette kan ein sjå dei nemnde referansane.
På grunnlag av dei sunnmørske dataa vil eg herved leggja fram den
hypotesen at føringsskjema for korrespondanse mellom base og nedstytt form
ikkje berre kan gjelda segment eller autosegment, men òg assosiasjonsliner.
Eit generelt skjema kan vera IDENT-BT
ααα α
(ASSOC; βββ β, γγγ γ) ‘for korrespon-
dansen mellom baseformer (B) og nedstytte former (T) av materiale av type α
gjeld det at dersom ei assosiasjonsline i basen går mellom β, som er av type α,
og γ, skal den assosiasjonslina gå slik også i den nedstytte forma’.
I dei sunnmørske døma her er materialtypen tonar, og me kan postulera ei
høgt rangert føring slik:
IDENT-BT
T
(ASSOC; T
P
, µµµ µ): Ved nedstytting av det tonale materialet skal
assosiasjonslina mellom T
P
og ein gjeven
mora i den nedstytte forma vera identisk med
assosiasjonslina frå T
P
til den moraen i
basen.
Dette vil i praksis seia at dersom andre reelle og ikkje-nedstytte utputtar
gjev T
P
på andre eller tredje mora i AP-en (slik tilfellet som oftast er ved
tonelag 2, når ein T
lex
kjem framfor T
P
utan å forsvinna) så skal T
P
framleis
liggja på andre eller tredje mora, sjølv når det tonale materialet er nedstytt ved
at T
lex
manglar. Posisjonen til T
P
vert altså bunden til den posisjonen som T
P
ligg på i den ikkje-nedstytte overflateforma.
Det er verdt å nemna at også i (2.3.10) hadde me eit døme på ei nedstytt
form, i at presensforma |
2
Ic:vc| ‘lever’ miste den siste vokalen sin. Til den
vokalen skulle eigentleg T
P
vera assosiert, men denne tonen landa no på neste
vokal, som låg i det neste morfologiske ordet. I det tilfellet var det ikkje tonar
som utgjorde den relevante materialtypen, men vokalar, eventuelt moraer, i
form av den moraen som tonen skulle assosierast til.
På ei anna side har me døme som presensforma av verbet ha på
søresunnmørsk, som i fullforma si (base) er |
2
hc:vc| med LH.L når ordet vert
uttala i sin eigen AP. Den nedstytte forma manglar ei heil staving, og er |
1
hc:|
med HL. Her er det òg segmentalt materiale som forsvinn til høgre, men H
P
4 Materiale utanfor AP
176
vert ikkje verande på moraen sin av den grunn (2. mora i fullforma), faktisk
ikkje under noko omstende som helst. I staden får me ein ordinær tonelag 1-
AP (med H
P
på 1. mora), og ikkje berre ein bortfallen T
lex
på ein då tonalt
uassosiert 1. mora.
Slike døme gjer at eg finn det best å spesifisera kva slags nedstytting det er
snakk om i vekslinga mellom baseform og nedstytt form, om det er tonar eller
t.d. ein mora eller ein vokal som forsvinn. I skjema av typen IDENT-BT
α
vert
dette spesifisert gjennom α, og i dette konkrete tilfellet i (4.2.13) og (4.2.14)
handla det altså om tonal nedstytting.
Til slutt skal det kommenterast at denne utputt-utputt-korrespondansen
ikkje er i konflikt med det faktum at T
P
stundom kjem på andre, og stundom
på tredje mora (eller på fyrste mora ved tonelag 1). Valet av plassering på
andre eller tredje mora er avhengig av kor god plass det er til T
lex
, anten T
lex
er til stades (baseform) eller ikkje (avstytt form).
I spesialtilfellet som me straks skal sjå på (og som vart føregripe i
strekpunkta i underkapittel 4.2.1), der H i HL-sekvensen kjem til venstre for
AP-en ved tonelag 1, dreier det seg heller ikkje om brot med denne BT-
korrespondansen, sidan H i dei tilfella er H
[IP
eller H
IP]
, og ikkje H
P
. Dermed
dreier det seg der om eit brot mot MAX (T
P
), og ikkje om ei flytting av H
P
, som
jo ville ha brote med IDENT-BT
T
(ASSOC; T
P
, µ).
4.3 IP-dominert H: eit spesialtilfelle ved tonelag 1
Etter IP-dominert materiale vil ein tonelag 1-AP som regel ha H på fyrste
mora, dvs. på vanleg plass, slik me har sett i delkapittel 4.1, t.d. fig. (4.1.3),
(4.1.5) og (4.1.6). I alle desse døma er det tre moraer i den AP-en. Hadde det
vore fleire moraer der, ville det ha sett ut på same måten.
I (4.3.1) har me òg ein tonelag 1-AP etter det IP-dominerte området. Denne
AP-en har berre éi staving, to moraer, og framleis kjem H
P
på fyrste mora, og
L] på andre mora.
Dette er ikkje tilfellet for (4.3.2) og (4.3.3). I dei to figurane er det ikkje
nokon H
P
i den bimoraiske tonelag 1-AP-en som kjem rett etter det IP-
dominerte området. Det som skil desse to figurane frå tidlegare døme med
AP-ar etter IP-dominert materiale, er kombinasjonen av ytringsfinalitet og
berre to moraer.
Når ein tonelag 1-AP har to moraer, kjem til slutt i ytringa, og kjem like
etter noko som er IP-dominert, forsvinn altså H
P
. Dette er uavhengig av om
IU-grensetonen er L%, som i (4.3.2), eller om han er H%, som i (4.3.3).
4.3 IP-dominert H: eit spesialtilfelle ved tonelag 1
177
Etter eit IP-initialt AP-eksternt område (dvs. med stigande kontur i det IP-
dominerte området) har me tidlegare sett at ved tonelag 1 vil H
[IP
forsvinna til
fordel for H
P
pga. OCP, t.d. (4.1.3). I (4.3.2) er det motsett: Der manglar H
P
,
og det er H
[IP
som overlever, akkurat til venstre for AP-grensa, der han elles er
observert ved tonelag 2 i (4.2.3).
(4.3.1) (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) ((
1
mur
AP
) (
1
NO
AP
)
IP
)
IU
) H%
1o n 1 u I o vi I dcmo I c m u r n u
(4.3.2) (han (vilde male (
1
MUR
AP
)
IP
)
IU
) L%
1 o n vi I dc m o I c m u r
(4.3.3) (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) ((
1
MUR
AP
)
IP
)
IU
) H%
1o n 1 u I o vi I dc m o I c m u r
4 Materiale utanfor AP
178
Etter analysen i (4.2.7) har me ei rangering MAX (H
P
) » OCP/*MAX (H)
» MAX (H
[IP
), der OCP-føringa var domeneavgrensa til H-ar i same IP. For
tonelag 1-AP-ar like etter IP-dominert matieriale til venstre i AP-en førde dette
til at den IP-dominerte H-en forsvann, medan prominenstonen overlevde.
I døma (4.3.2) og (4.3.3) er det H
P
som forsvinn. Når det eine særtrekket
ved dette fenomenet er at det berre skjer ytringsfinalt (H
P
forsvinn ikkje i
(4.3.1)), er det freistande å mistenkja den ytringsfinale tonaliteten for å ha
noko med det å gjera. Det som finst i slutten av ein IU, og som ikkje finst
andre stader, er IU-grensetonen T%.
I underkapittel 2.5.1 hadde eg ikkje annan grunn til å operera med L% enn
at L% stod i opposisjon til H%. For alt me kunne vita, kunne H% like gjerne
vera eit tonalt ytringssuffiks, medan L% eigentleg ikkje eksisterte. L% er då
heller ikkje mogeleg å observera direkte, sidan han kjem etter L], som allereie
er låg, slik at me ikkje får noka endring i F0.
Om bortfallet av H
P
no har noko å gjera med nærværet av ein T%, så stiller
saka seg litt annleis. H
P
fell nemleg bort ikkje berre i (4.3.3), som har H%,
men òg i (4.3.2), som dermed òg må ha ein T%, nærare sagt ein L%.
Det andre særtrekket ved (4.3.2) og (4.3.3) var at AP-en utan H
P
ikkje
hadde meir enn to moraer, dvs. trykkstavinga og inkje meir. Med ein T% til
stades har me to TBU-ar og tre tonar: H
P
+ L] + T%. Tankane går då intuitivt
til tonetrengsle og ei eller anna utgåve av *CROWD igjen. I delkapittel 3.4 såg
me fleire døme på at L] fall bort i trimoraiske tonelag 2-AP-ar dersom det kom
ein L
lex
like etterpå. Det me har i (4.3.2) og (4.3.3), må difor òg innebera at
den føreslegne OCP/*MAX (L) ikkje berre må plasserast på rett stad i eit
hierarki med *CROWD (slik at L] kan strykast medialt i ytringa) men òg at
OCP/*MAX (L) er posisjonelt avhengig, slik at L] ikkje vert stroken pga.
OCP i siste AP ved tonetrengsle der. Utan å gå det nøgnare etter i saumane
kan dette uttrykkjast på fleire måtar. I (4.3.4) har eg valt å uttrykkja det med
ein høgt rangert MAX/*OCP-FINAL (L), utan å trekkja inn den lågt rangerte
OCP/*MAX (L).
(4.3.4) Final tonetrengsle ved L%, med IP-dominert H framføre.
H
IP
+ H
P
L] L%
µµ
MAX/*OCP-
FINAL (L)
*CROWD MAX (H
P
)
a. H
IP
+ H L L *
b. H
IP
+ L L *
c. H L L *
d. H
IP
+ H L *
e. H L *
4.3 IP-dominert H: eit spesialtilfelle ved tonelag 1
179
Eit spørsmål som melder seg, er sjølvsagt kvifor H
P
ikkje på liknande vis
kan forsvinna under tonetrengsle der det ikkje er nokon IP-dominert H rett
framføre, som i siste AP-en i (4.2.1), som har H
P
+ L] + L%. Dette er
forresten akkurat den same tonetrengsla som i siste AP-en i (4.3.1), med H
P
+
L] + H% (einaste skilnaden mellom dei to er polariteten til T%). Svaret må
openbert vera at i slike tilfelle vil ein AP-initial L] (for han vert AP-initial når
H
P
fell bort) auditivt sett fungera som framhald på L] i AP-en til venstre. Det
finst dermed ikkje noko som indikerer at det finst eit primærtrykk der, og me
bryt med ei føring MAX ('σ) som må vera heller høgt rangert.
Etter ein IP-dominert H vil derimot ein AP-initial L] kunna forsvarast ved
at overgangen frå H til L genererer eit primærtrykk, slik me såg det i
underkapittel 4.2.1. Medan HL/'σ i det underkapittelet forbaud visse
konstruksjonar (og tvinga L
lex
til å verta H
lex
), er det her den same
mekanismen som bergar vinnarkandidat b i (4.3.4) ved å indikera nettopp at
ved HL skal det finnast eit primærtrykk, slik at me dermed heller ikkje bryt
med MAX ('σ).
Tablået i (4.3.5) illustrerer ved fyrste augnekast ei anna side av det same,
altså korleis HL og 'σ heng saman. Taparkandidat b har ikkje HL, og dermed
saknar me eit primærtrykk. Døme (3.5.8) synte likevel at ein kan ha eit
primærtrykk utan HL (der var det L
lex
+ H). Den prosessen som gjer at ein
persiperer eit primærtrykk ved HL, gjeld altså ikkje motsett veg: Ein treng
ikkje HL fordi om ein har eit primærtrykk. Når kandidat b taper i (4.3.5), kjem
det av at ingenting skjer i AP-en. AP-en inneheld berre to lågtonar, noko som
anten vil verta oppfatta som eit framhald på ein føregåande AP (og dermed
forsvinn eit primærtrykk), eller som fråvær av metrisk informasjon i det heile
teke. Alt i alt verkar det då som primærtrykk er avhengig i alle fall av ein H,
medan HL i alle tilfelle vil indikera primærtrykk.
(4.3.5) Final tonetrengsle ved L%, utan IP-dominert H framføre.
(L) + H
P
L] L%
µµ
MAX
('σ)
MAX/*OCP-
FINAL (L)
*CROWD MAX
(H
P
)
a. (L) + H L L *
b. (L) + L L * *
c. (L) + H L *
Når IU-grensetonen er H%, gjeld meir eller mindre dei same prosessane
som når han er L%. Føringa MAX ('σ) er ikkje teken med i tablået i (4.3.4),
4 Materiale utanfor AP
180
men ho er med i (4.3.6). Der trengst ho eksplisitt, samstundes som me ved
H% ikkje treng å taka med MAX/*OCP-FINAL (L). Det same gjeld (4.3.7).
(4.3.6) Final tonetrengsle ved H%, med IP-dominert H framføre.
H
IP
+ H
P
L] H%
µµ
MAX ('σ) *CROWD MAX (H
P
)
a. H
IP
+ H
P
L] H% *
b. H
IP
+ L] H% *
c. H
P
L] H% *
d. H
IP
+ H
P
H% *
e. H
P
H% *
Kandidatane d og e i (4.3.6) ville ikkje ha sett annleis ut reint fonetisk enn
ein ytringsfinal og IP-dominert H av den typen me såg i (4.1.8). Dermed ville
heller ikkje primærtrykket i AP-en ha overlevt som primærtrykk, og AP-en
ville ikkje ha overlevt som AP.
(4.3.7) Final tonetrengsle ved H%, utan IP-dominert H framføre.
(L) + H
P
L] H%
µµ
MAX ('σ) *CROWD MAX (H
P
)
a. (L) + H
P
L] H% *
b. (L) + L] H% * *
c. (L) + H
P
H% *
Som me var inne på i delkapittel 3.5, er statusen til *CROWD noko som må
sjåast nærare på, både med tanke på posisjonsavhengige prosessar og med
tanke på ei eventuell oppsplitting i *HL og *LH. Vidare er den sentrale
føringa HL/'σ ei språkspesifikk ad hoc-føring som treng å verta analysert som
eit sett av universelle føringar.
Fleire stader manglar det òg evidens for ei indre rangering av ulike føringar,
t.d. DEP ('σ), HL/'σ, MAX (T
P
) og MAX (T
lex
) i (4.2.7). Når det finst mange
slike samgrupperingar utan indre rangering, trengst det openbert fleire
undersøkingar før ein kan byrja å kombinera dei ulike føringssetta i stor stil.
Med slike manglar i analysen min vel eg å ikkje setja opp noko samla
rangeringsskjema for dei føringane eg har brukt i kapittel 3 og 4.
181
5 Samansette ord
I den dialektologiske litteraturen er det nemnt at samansette ord i søre-
sunnmørsk har «etterlekksaksent», eller «oksytonering», med primærtrykk på
andre samansetjingslekken i dei tilfella der andre dialektar har tonelag 2 med
primærtrykk på fyrste samansetjingslekken. Christiansen (1976:197ff) held
dette saman med andre dialektområde, og nemner (s. 197): «Det er særlig
dialektene i Nord-Gudbrandsdal, Øst-Telemark (Tinn), Trysil, Sunnmøre og
Nordfjord som er kjent for bruk av etterleddsaksent.» Ho nemner fleire
område på s. 197ff.
5.1 Oversyn
I delkapittel 2.3 presenterte eg ein figur (2.3.18), her attgjeven som (5.1.1).
Berre den siste AP-en, bra, var skild ut med lang, loddbein strek i (2.3.18).
Likevel skreiv eg at når H
P
i ordet «jentenivået» kjem i fjerde stavinga, så var
dette ei forskuving av primærtrykket, og at dei tre fyrste stavingane ikkje
sorterer under den AP-en som primærtrykket i ordet, på fjerde stavinga, høyrer
til. Ein alternativ analyse med L
lex
på dei tre fyrste stavingane ville dermed
vera feil, og ytringa må analyserast med anakruse: (jenteni- ((
1
vået var)
(
1
BRA))) L%. I (5.1.1) er alle AP-grensene markerte i tråd med denne
analysen.
(5.1.1) Analysert slik: (jenteni- ((
1
vået var
AP
) (
1
BRA
AP
)
IP
)
IU
) L%
j æ n t c n i v o c v o b r o
For søresunnmørsk avviste eg dermed å taka med Trondheimsmodellens
morfo-tonale prosodiske ord (dvs. ‘segmentstreng frå og med primær-
trykkstavinga til og med slutten på det morfologiske ordet’). For Vestvågøy
5 Samansette ord
182
fann eg at eit slags prosodisk ord måtte finnast, sidan det avgjorde
assosieringa av H
P
, men utan at eg ville vera for bastant på om det var det
metriske prosodiske ordet i eit metrisk prosodisk hierarki eller Trondheims-
modellens morfo-tonale prosodiske ord i eit tonalt hierarki.
Når eg avviste at det var eit morfo-tonalt prosodisk ord som avgjorde
tonaliteten i (5.1.1), var dette å seia at den initiale L der ikkje er noko L
lex
som
spreier seg. Dermed dreier den initiale L-tonen seg ikkje om nokon parallell til
den nordnorske spreiinga av H
P
.
Det sunnmørske dømet (5.1.1) skal etter denne analysen altså ikkje vera eit
døme på at ein AP-initial L spreier seg på grunnlag av utstrekninga til eit
morfo-tonalt prosodisk ord, men derimot at sjølve venstregrensa til AP flytter
seg mot høgre. Tonelaget vert tonelag 1, altså utan L
lex
. Den initiale L i (5.1.1)
må vera %L, og primærtrykket kjem på stavinga vå.
I innleiinga til dette kapittelet nemnde eg at Christiansen (1976) ser på
fenomenet. Selmer (1948, særleg s. 45ff) ser òg på det, men analysen hans er
fonetisk fundert, og sidan 1948 var rundt 30 år før autosegmental fonologi
vart lansert, problematiserer Selmer sjølvsagt ikkje i kva grad det er dei ulike
tonane som berre har andre assosieringsmåtar enn me kjenner frå usamansette
ord.
I Abrahamsen (1998a) argumenterte eg for den analysen som eg m.a. la til
grunn for avvisinga av det morfo-tonale prosodiske ordet til slutt i delkapittel
2.3: at me ikkje har nokon spreidd L
lex
i slike ord, men derimot anakruse, og
at primærtrykket (med tonelag 1) kjem på ei seinare staving.
Det eine argumentet mitt den gongen gjekk ut på at fallet frå H
P
til L] i
slike samansette ord skjer innanfor éi staving. Dette ser me i (5.1.1), der dette
fallet skjer innanfor stavinga vå. I Abrahamsen (1998a) la eg då til grunn at
når dette fallet skjer innanfor éi og same staving, så er dette identisk med det
som kan observerast ved tonelag 1. Ved tonelag 2, derimot, deler H
P
og L]
ikkje staving. Overgangen frå H
P
til L] ved etterlekkstrykk var altså identisk
med den tilsvarande overgangen frå H
P
til L] i det som utvilsamt er tonelag 1.
Problemet med dette argumentet er, som me har sett i kapittel 3, at grunnen
til at H
P
og L] ved tonelag 2 til vanleg ikkje deler staving, er at den andre
stavinga i tonelag 2-AP-ar som oftast er monomoraisk, medan H
P
ved tonelag
1 alltid er å finna til venstre i ei bimoraisk staving (primærtrykkstavinga), som
dermed òg har plass til L]. Dermed ser overgangen frå H
P
til L] ut til å skje på
ulikt vis ved tonelag 1 og tonelag 2, men i røynda er det ikkje tonelaget men
stavingsstrukturane som avgjer korleis den overgangen skal skje (inne i éi
staving eller fordelt på to stavingar). Argumentet fell altså saman fordi det
bygde på ein for dårleg analyse av dei tonale forholda i søresunnmørsk.
5.1 Oversyn
183
Eit anna argument i Abrahamsen (1998a) var: Når ein plasserer eit
samansett ord med potensielt etterlekkstrykk (eg brukte dømet vanedyra) etter
ein IP-dominert H, så held tonen seg på eit H-nivå langt inn i det gjevne ordet.
Såleis plasserte eg vanedyra etter ein IP-dominert H, og tonen heldt seg på H-
nivået gjennom stavingane vane, før me fekk eit HL-fall i dy og L i ra. Det
ville for jentenivået svara til eit H-nivå på jenteni, fall på vå og L på et, dersom
ordet vert plassert etter ein IP-dominert H.
Eg meinte her at dersom dei initiale stavingane i ordet vanedyret, dvs.
stavingane vane (eller jenteni i (5.1.1)), i utgangspunktet bar på ein leksikalsk
lågtone, så ville det vera umogeleg å skifta ut denne lågtonen med ein H.
Stavingane vane (eller jenteni) måtte difor, når dei hadde ein H, vera plasserte
rett under IP, og dermed måtte AP-en byrja fyrst med stavinga dy (vå). At AP-
en byrjar der, er ein annan måte å seia det på, at den stavinga ber
primærtrykket.
Men som me har sett i kapittel 4, baserer også dette argumentet seg på ein
mangelfull analyse: For det fyrste finst T
lex
som tonal eining i sunnmørsk
(etter alt å døma som underliggjande L), og det er både vel og bra. Men for det
andre er det fullt mogeleg å ha ein H
lex
, og eg har presentert fleire døme på at
H
lex
då framleis er ein eigen H til skilnad frå H-tonane rundt han, sjå t.d.
(4.2.1) og drøftingane i delkapittel 4.2 med underkapittel. At byrjinga av ordet
vanedyra ligg på eit H-nivå når det vert produsert like etter ein IP-dominert H,
seier altså i seg sjølv ingenting om i kva grad desse fyrste stavingane i ordet er
inni eller til venstre for AP-en, eller om ein T
lex
er eller ikkje er til stades.
Det tredje argumentet mitt den gongen handla òg om det som skjer etter IP-
dominert H, nemleg det me har sett i delkapittel 4.3 (sjå t.d. døme (4.3.3)): Ein
monosyllabisk (dvs. bimoraisk) tonelag 1-AP (i final posisjon, det vart ikkje
presisert i den artikkelen) manglar H
P
.
I artikkelen brukte eg dømet vanedyr, med postulert primærtrykk på siste
stavinga, medan dei to fyrste stavingane vart sagde å vera direkte dominerte av
IP, og dermed hadde H: (((
1
der
AP
) (
1
GJ ENGER
AP
) eit vane-
IP
)
((
1
DYR
AP
)
IP
)
IU
) L%. Dømet var altså, med unntak av polariteten til T%,
parallelt med (4.3.3): (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) ((
1
MUR
AP
)
IP
)
IU
) H%.
Eg viste i artikkelen at den siste stavinga i vanedyr mangla H
P
, til skilnad
frå ein tilsvarande konstruksjon med vanedyra, som òg hadde eit postulert
primærtrykk på tredje stavinga, og dei to fyrste rett under IP: vanedyr
|vo :nc dy :r| mot vanedyra |vo :nc dy :ro |. Det konkrete dømet var (((
1
der
AP
)
(
1
GJENGER
AP
) no vane-
IP
) ((
1
DYRA
AP
)
IP
)
IU
) L%, som er parallelt med
(4.1.6): (han ((
2
OLA
AP
) vilde male
IP
) ((
1
MUREN
AP
)
IP
)
IU
) L%
5 Samansette ord
184
Eg la til grunn ein autosegmental analyse, og meinte at eit slikt bortfall av
H
P
berre kunne skje i monosyllabiske AP-ar. Det var då òg i og for seg rett,
noko som er drøft på ein heilt annan måte (nemleg optimalitetsteoretisk) i
delkapittel 4.3. Dermed burde analysen av vanedyr i den samanhengen vera
grei nok: dyr var åleine i AP.
Problemet med dette er at det er fullt mogeleg å analysera det slik at etter
IP-dominert H (på stavinga eit i der gjenger eit vanedyr) har vanedyr tonelag
2 med tonane H
lex
(på 1. staving) + H
P
(på andre staving) + L] (siste staving):
|vo:ncdy:r|. H
P
skulle eigentleg koma på tredje stavinga, kunne me seia, slik
tilfellet er for vanedyra |vo :nc dy :ro | etter IP-dominert H, og dessutan for
vanedyr |vo :nc dy :r| som ikkje kjem etter ein IP-domert H. Så kan ein seia at
pga. tonetrengsle må H
P
skuvast litt til venstre, noko som av ymse grunnar går
greitt, og dermed har me altså det som er skissert: H
lex
på 1. staving, H
P

andre staving, og L] (siste staving): |vo :nc dy :r|.
Dermed kan det sjå ut til at konturen til venstre i (5.1.1) kan analyserast
både som ei forskuving av primærtrykket til fjerde stavinga, og som ei
realisering av tonelag 2 der L
lex
ligg på alle dei tre fyrste stavingane. Det
trengst ei avklaring, og særleg når det påståtte etterlekkstrykket berre finst i
ord som har tonelag 2 i andre dialektar. Eit samansett ord som
1
brannmannen, som har tonelag 1 med primærtrykk på fyrste stavinga i t.d.
austlandsk, har dermed tonelag 1 med primærtrykk på fyrste stavinga også i
søresunnmørsk.
5.2 Diakron evidens
Ein skal vera varsam med å trekkja inn diakrone tilhøve, men som ei innleiing
kan slikt vera nyttig for oversynet sin del. Kunnskapar om korleis eit språk
har vore på eit tidlegare stadium, kan gjeva oss idear om korleis ein kan
analysera det same språket på eit seinare stadium, men ein kan sjølvsagt ikkje
låsa den synkrone analysen på grunnlag av diakron evidens.
I dagens sunnmørsk vil eit samansett ord som jentenivået ha to moraer
både i den stavinga der primærtrykket ligg i den usamansette fyrstelekken, og i
den stavinga der primærtrykket ligg i den usamansette andrelekken. Med dei
usamansette formene |
2
jæn:tc| og |ni
1
vo:c| vil det seia at i ordet jentenivået er
både den fyrste og den fjerde stavinga bimoraisk.
Hevdar me at me har tonelag 1 med trykkforskuving mot høgre, så er dette
ein analyse som seier at fjerdestavinga har primærtrykk og fyrstestavinga
sekundærtrykk.
5.2 Diakron evidens
185
Hevdar me derimot at me har tonelag 2 med ein utstrekt leksikalsk tone, så
er dette ein analyse som seier at fyrstestavinga har primærtrykk og
fjerdestavinga sekundærtrykk. Eg legg då til grunn at den leksikalske tonen
finst berre innanfor ein AP, og er assosiert til primærtrykkstavinga (jf.
drøftinga i underkapittel 4.2.2 og 4.2.3, med den konklusjonen at ein L til
venstre for ein AP anten er %L eller ein L], som igjen er noko anna enn L
lex
).
I eldre sunnmørsk var dei metriske forholda annleis enn no i ord som
jentenivået, noko som leksikaliserte former vitnar om også i dag. Eit døme er
tralemasket ‘alle smågreiene, heile ruklet’, som er sett saman av tral ‘skrap,
verdilaus ting’ og mask ‘småbitar, rusk’ med e som fuge. I produktivt
samansetjingsmønster skulle dette ha vorte |tro :Ic mo c:c cc |, men det er
leksikalisert som |tro Ic mo c:c cc |. Den leksikaliserte forma har éi lang staving,
nemleg den tredje, som dermed er den einaste kandidaten til rolla som
primærtrykkstaving, og som dermed innleier ein tonelag 1-AP. Ordet
tralemasket har dermed same tonalitet og metrikk som kvart eit ord som har
fire stavingar med tonelag 1 og primærtrykk på tredje staving, t.d. telefonen.
1
Christiansen (1976:203) nemner fleire døme, men desse døma må vera frå
ei tid då denne kvantitetsvekslinga var produktiv. Ho nemner t.d. (med hennar
transkripsjon) grågå
·
´sa, dvs. (i mi omskriving) |gr5
1
go:so|, med same
metrikken som i framandordet metrikken. I dagens sunnmørsk vil det heita
|gro :go :so |, altså med lang fyrstestaving (men framleis me
1
trikken med stutt
fyrstestaving).
At det har funnest ei produktiv veksling mellom ulike metriske forhold,
tyder i det minste på at det ein gong i tida verkeleg har handla om
etterlekkstrykk. Spørsmålet er korleis ein skal analysera LHL-sekvensen i den
produktive forma |gro :go :so |, altså om primærtrykket framleis ligg på
andrestavinga (eller fjerdestavinga i jentenivået |jæ n :tc ni vo :c |), slik at
fyrstestavinga berre har sekundærtrykk, eller om det ligg eit primærtrykk på
fyrstestavinga, og eit sekundærtrykk på stavinga gå (vå).
2
Ein konsekvens av
denne siste analysen er at ein eventuell L
lex
frå innputt rett og slett forsvinn på
vegen mot utputt.
1
Det finst mange slike leksikaliserte former med kvantitativt redusert fyrstestaving og
primærtrykk på andrelekken, særleg i stadnamn, t.d. Vanylven [vo n. I :vi ] Sykkylven
[s. c c. I :vi ], Sævikane |sc vi :ko nc |. Til det siste stadnamnet svarar forresten slektsnamnet
Sævik |sc :vi :k|, som har lang fyrstestaving.
2
Eg tek då utgangspunkt i at den leksikalske tonen alltid skal vera assosiert til (noko i)
primærtrykkstavinga til venstre i AP, jf. underkapittel 4.2.2 og dei problema for analysen
av dei empiriske dataa som oppstår dersom me lèt den leksikalske tonen stå nokon stad til
venstre for AP.
5 Samansette ord
186
Dei to arbeidshypotesane er altså at me anten har etterlekkstrykk med
tonelag 1 (og dermed utan T
lex
), eller at me har tonelag 2 med primærtrykk på
den fyrste stavinga (og dermed ein T
lex
som vert assosiert til meir enn berre
den fyrste stavinga). Det kan sjølvsagt vera at T
lex
, trass i alle drøftingane i
4.2.2 og 4.2.3, ikkje treng vera avhengig av å landa på primærtrykkstavinga, og
at han dermed under visse omstende (t.d. i samansette ord) kan innleia ein AP
som har den metrisk tyngste stavinga lenger til høgre, dvs. primærtrykk på vå i
jentenivået, men framleis T
lex
på jenteni. Denne tredje hypotesen skal eg lata
liggja, og konsentrera meg om det overordna spørsmålet: Er T
lex
til stades,
eller er han ikkje til stades i eit ord som jentenivået? Er T
lex
ikkje til stades, vil
denne tredje hypotesen i alle fall vera irrelevant.
I det ubøygde dømet grågås med lang fyrstestaving og lang andrestaving
er det sjølvsagt òg eit spørsmål kvar primærtrykket og sekundærtrykket ligg.
Der er tonaliteten den same som i blodmat i i fig. (3.2.2), der det vart sagt at
me hadde tonelag 2, og dermed implisitt primærtrykk på den fyrste stavinga.
Dømet blodmat vil difor verta særleg drøft i omtalen av figurane (5.3.4) og
(5.3.5) under.
5.3 Synkron evidens
For moderne søresunnmørsk kan altså spørsmålet om etterlekkstrykk eller
ikkje etterlekkstrykk formulerast slik: Har me ein T
lex
i slike tilfelle? Dersom
me har ein T
lex
, må me utvida analysen med spørsmålet om kvar den metrisk
sterkaste stavinga ligg (jf. den tredje hypotesen).
I delkapittel 4.2 såg me at etter ein stigande, IP-dominert kontur (dvs. med
materiale til venstre og direkte under IP) i ikkje-initial posisjon (dvs. IP nr. 2 i
ein IU) vil T
lex
stengja for ein OCP-fusjon av H
[IP
og høgtonane til høgre.
Dermed vert H
[IP
synleg til venstre for venstre AP-grense, jf. fig. (4.2.3).
Dersom det finst ein T
lex
til venstre i (5.1.1), anten den fyrste stavinga har
primærtrykk eller (som i den tredje hypotesen) sekundærtrykk, så må me
venta at når det ordet som lisensierer den tonen, jentenivået, vert plassert til
høgre for IP-dominert materiale til venstre i andre IP, så vil me kunna sjå H
[IP
på slutten av det stigande området, og før ordet jentenivået tek til. Ein struktur
som (han (
2
OLA
AP
)
IP
) (vilde prat’ om (
2
JENTENIVÅET
AP
)
IP
)
IU
) skal då vera
den einaste mogelege, og stavinga om skal ha ein H. Om T
lex
ikkje er til
stades, skal me få (han (
2
OLA
AP
)
IP
) (vilde prat’ om jenteni- (
1
VÅET
AP
)
IP
)
IU
)
med ei stiging gjennom heile vilde prat’ om jenteni, og deretter éin einaste H,
nemleg på vå.
5.3 Synkron evidens
187
Dersom H
lex
ikkje er til stades, tyder det at lågtonen til venstre i (5.1.1)
ikkje er leksikalsk, men intonasjonell, nærare sagt %L. Det tyder vidare at
primærtrykket ligg på den fjerde stavinga, og at me har tonelag 1. Ved IP-
dominert materiale til venstre i IP nr. 2 skal me då få ei stiging opp mot éin
einaste H, og den høgtonen skal liggja inne i den fjerde stavinga i ordet
jentenivået, og vera identisk med H
P
. H
[IP
skal ikkje vera synleg, sidan han er
OCP-fusjonert i og med at T
lex
ikkje la seg imellom H
[IP
og H
P
og sperra for
den fusjonen.
Resultatet ser me i fig. (5.3.1), han OLA vilde prat’ om JENTENIVÅET.
Stiginga frå vilde held fram gjennom heile jenteni-, og når ikkje H
P
før i
stavinga vå. Det finst berre éin høgtone i ordet jentenivået, dvs. at det ikkje
finst nokon H
[IP
eller H
lex
der. Utan leksikalsk tone har me tonelag 1; og H
P
,
som ikkje har nokon T
lex
til venstre for seg, legg seg ved venstrekanten av
primærtrykkstavinga. Primærtrykkstavinga er altså vå, og me har å gjera med
etterlekkstrykk.
Transkripsjonen og AP-inndelinga i (5.3.1) vert difor slik som dei er
presenterte der.
(5.3.1) (han (
2
OLA
AP
)
IP
) (vilde prat’ om jenteni- (
1
VÅET
AP
)
IP
)
IU
) L%
1 o n 1 u I o v iI dc pr o t umjæ n t c n i v o c
Minimale par mellom tonelag 2 og etterlekkstrykk finst, slik at ein skil
mellom samansette og usamansette ord. Substantivet leigebil har såleis
obligatorisk primærtrykk på bil, medan verb + objekt leige bil ikkje har det.
Ein sekvens |Iæ i :gc bi :I| med H
P
på ge vert eintydig oppfatta som (
2
LEIGE
bil
AP
), t.d. i ein konstruksjon som han får LEIGE bil; medan leigebil må
realiserast som |Iæ i :gc bi :I| med H
P
på bil. Det er òg berre desse tonale tilhøva
som skil mellom han fekk fiskemat (han fekk fiske- (
1
MAT
AP
)
IP
)
IU
) og han
fekk (laut) FISKE mat (han fekk ((
2
FISKE mat
AP
)
IP
)
IU
). I det fyrste tilfellet
fekk han servert mat med fisk som viktig ingrediens, t.d. fiskekaker, i det
andre tilfellet måtte han sjølv ut på sjøen og fiska seg mat. Leigebil-dømet er
5 Samansette ord
188
illustrert i (5.3.2) og (5.3.3). Ver merksam på det mikroprosodiske rusket som
får den stutte, fyrste stavinga han i figurane til å sjå ut som eit HL-fall.
(5.3.2) (han fær (
2
LEIGE bil
AP
)
IP
)
IU
) L%
1 o n I c I æ i g c b i I
(5.3.3) (han fær leige-(
1
BIL
AP
)
IP
)
IU
) L%
1 o n I c I æ i g c b i I
Christiansen (1976:203) nemner: «Tostavete komposita har som regel
aksenten på 1. ledd[.] Har ordet dobbelt tonelag, skifter aksenten over til
etterleddet i de bøyde formene.» Ho nemner døme som m.a. grå
·
`gå
·
s, dvs.
|
2
gro:go:s|, mot grågå
·
´sa, dvs. |gr5
1
go:so|.
I døme (3.2.2) brukte eg dømet blodmat, og sa at fyrste stavinga, blod-,
fekk L
lex
, medan mat fekk H
P
+ L]. Dette var ein del av drøftinga av mora
som TBU. Eg problematiserte likevel ikkje der om dette kunne vera eit tilfelle
av etterlekkstrykk, slik at me ikkje hadde L
lex
på fyrstestavinga, men at denne
heller sorterte under førre AP, med L].
Om Christiansen har rett, er ikkje dette noko problem, sidan samansetjinga
berre har to stavingar, og dermed har tonelag 2. I figurane (5.3.4) og (5.3.5)
prøver me ut dette. Og det me ser, er at blodmat i (5.3.4) har ein H gjennom
heile den fyrste og halve den andre stavinga, i tillegg til noko som er litt
utydeleg på konturen, men som må vera ein H
[IP
til venstre for fyrstestavinga.
5.3 Synkron evidens
189
Dette rimar godt med at me har ein H
lex
på blod-. I (5.3.5) ser me derimot
blodmaten, som ikkje har H før til venstre i stavinga mat. Dette rimar med
etterlekkstrykk og tonelag 1.
(5.3.4) (((DAMENE vil-
AP
)
IP
) (d’ ete (BLODMAT no
AP
)
IP
)
IU
) L%
d o m i n c vi I dc t cb I u m o t nu
(5.3.5) (((DAMENE
AP
)
IP
) (vild’ ete blod- (MATEN no
AP
)
IP
)
IU
) L%
d o m i n c v i I dc t cb I u m o t i n u
For ordens skuld vert siste AP-en i dei to figurane avslutta med no, for å
unngå eventuelle tonetrengsleeffektar som eg ikkje har tenkt på.
Jamvel om Christiansen er morfologisk orientert, og skriv «i de bøyde
formene», vil det i eit fonologisk perspektiv vera naturleg å sjå på vekslinga
mellom tonelag 2 i (5.3.4) og etterlekkstrykk i (5.3.5) som eit utslag av lengda
på ordet blodmat/blodmaten målt i talet på metriske einingar, t.d. stavingar.
Dette ekstra no i (5.3.4) viser forresten at etterlekkstrykk er knytt til
ordnivået, ikkje til AP-nivået, sidan me med no (som har sekundærtrykk i
begge figurane) har den ekstra stavinga som elles ville ha ført til
etterlekkstrykk.
5 Samansette ord
190
5.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve
Både Christiansen og Selmer omtalar etterlekkstrykk i søresunnmørsk som eit
reint morfologisk fenomen, som har å gjera med at orda er samansette. At
komposita generelt kan ha ein særstatus i språk, er heller ikkje noko nytt, sjå
t.d. Johannessen (2001) for eit morfologisk perspektiv på dette. Ove Lorentz
(personleg melding) fortel òg om talemålet i indre Nord-Troms og Finnmark,
som ikkje har tonelagsmotsetnader, men som likevel skil mellom antabusen
(lækjarmiddel) og altabussen (bussen til Alta) reint tonalt. Begge orda har
primærtrykk på fyrstestavinga og sekundærtrykk på tredjestavinga. Det
usamansette ordet antabusen har H på an og L på resten,
1
medan det
samansette ordet altabussen har H på alta, og L frå sekundærtrykkstavinga og
utover, bussen.
5.4.1 Morfologi mot fonologi
Eit spørsmål er om det er statusen som morfologisk samansett ord som fører
til etterlekkstrykk i søresunnmørsk, eller om det er andre restriksjonar som er
knytte til ordforma som heilskap.
For nokre år gjekk det eit språkprogram på radioen, der ein av dei meir
normative passasjane gjekk ut på at ordet adjektiv skulle uttalast med tonelag
2. Etter å ha spurt meg føre mellom austlendingar som snakkar meir eller
mindre «standard søraustnorsk», og som legg trykket på siste stavinga i ord
som avis og banan, har eg fått det stadfest at adjektiv gjerne vert uttala nettopp
med tonelag 2 (og trykk på fyrste stavinga, som i sunnmørsk), om enn tonelag
1 òg er brukt. Også orda substantiv, Abraham og Abrahamsen vert ofte uttala
med tonelag 2, og trykk på fyrste stavinga, altså:
2
adjektiv,
2
substantiv,
2
Abraham,
2
Abrahamsen.
For meg som har morsmålskompetansen min frå Søre Sunnmøre, heiter det
1
adjektiv,
1
substantiv,
1
Abraham og
1
Abrahamsen.
2
Sams for desse orda er at dei har to tunge stavingar: primærtrykket ligg på
fyrste stavinga, medan tredje stavinga har eit sekundærtrykk, t.d. (på
sunnmørsk) |
1
od:jckti:v| og |
1
o:brohom:|. Sams er òg at det for meg med
nemnde morsmålskompetanse er direkte ugrammatisk å seia |
2
od:jckti:v| osb.
Eg klarer det rett nok, men berre fordi eg er trena i å eksperimentera med
1
Det same gjeld ananasen og andre usamansette ord med dei same metriske tilhøva.
2
Eg skal ikkje løyna at det er uttalen av Abrahamsen som har sett meg på sporet av denne
skilnaden mellom sunnmørsk og søraustlandsk.
5.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve
191
tonar. Dei to einaste grammatiske måtane å uttala dette ordet på er
|
1
od:jckti:v| og |od:jck
1
ti:v|. Det er den fyrste av dei to uttalane som er den
leksikalsk etablerte. Den andre er fonologisk uproblematisk (men finst ikkje i
vanleg sunnmørsk), og er den som melder seg i staden for tonelag 2 når eg
prøver å uttala ordet i tråd med retningslinene frå det nemnde radio-
programmet. Det same gjeld dei andre orda.
1
Det verkar såleis som etterlekkstrykket i ord som jentenivået ikkje treng å
ha med statusen som morfologisk samansett ord å gjera. Det kan like gjerne
grunna i at eit morfologisk ord ikkje kan ha primærtrykk på fyrste stavinga
med tonelag 2 og sidan eit sekundærtrykk.
Ein slik restriksjon på tonelag 2 + sekundærtrykk lyder unekteleg noko
spesiell og umotivert. Det melder seg difor ein tredje analyse som ein
mellomting mellom desse to. Kristoffersen (2000:186f) nemner morfologisk
usamansette ord som oppfører seg prosodisk (metrisk) som samansette ord.
Ut ifrå tilordninga av primærtrykk i austlandsk meiner han at ord som
óbjektìv
2
og eventyr |
2
c:.tn .ty:r| må vera prosodisk samansette. Om
adjektivet objektiv har eit historisk suffiks -iv, er i alle fall eventyr morfologisk
usamansett, og om denne siste typen seier han (s. 187): «What is problematic
with these words is that they have the prosodic structure of a compound, but
lack the morphological structure that would justify an analysis of them as
compounds.»
Kristoffersen legg til grunn at morfologi og fonologi ikkje alltid fylgjest åt
(han refererer til den leksikalsk spesifiserte syllabifiseringa av austlandsk
sagn |
1
sann| mot lyngen |
1
Iyn.nn |), og ser på det morfologisk usamansette
eventyr som prosodisk samansett.
Frå ein slik synsvinkel kan sunnmørsk
1
adjektiv og
1
Abraham (og
1
eventyr, som òg har tonelag 1 på sunnmørsk) sjåast på nettopp som
prosodisk samansette, slik at dei har ein prosodi som svarar til den dei ville
hatt om dei var morfologiske samansetjingar: adjek+tiv og abra+ham.
Eit spørsmål som melder seg då, er kvifor desse orda likevel har
primærtrykket på den fyrste stavinga, og ikkje på den andre samansetjings-
lekken, dvs. på tredje stavinga. Dette spørmålet kjem me attende til i 5.4.2, etter
at dei samansette orda herrepelshuve i (5.4.1)–(5.4.4) er presenterte og drøfte.
1
Om eg, som har trening i å eksperimentera med tonar, verkeleg uttalar adjektiv
ugrammatisk, med tonelag 2 |o d:jc kti :v|, høyrest det intuitivt ut som eg syng ordet på
melodien til barnesongen «Mikkel rev».
2
I dette siterte dømet har me den metriske bruken av aksentar, der oppskrå indikerer
primærtrykk og nedskrå indikerer sekundærtrykk.
5 Samansette ord
192
Legg elles merke til at det ikkje er noko problem å ha ein AP med tonelag
2, der det kjem eit sekundærtrykk seinare i AP-en, men etter det initiale ordet,
sjå t.d. fig. (2.3.10), som er sitert her. Det tyder på at jamvel om eksistensen av
etterlekkstrykk i søresunnmørsk i seg sjølv ikkje er knytt til statusen som
morfologisk samansett ord, så handlar det likevel ikkje berre om samspelet
mellom metriske forhold og tonalitet. Det handlar òg om morfologi: Ein AP
kan gjerne ha tonelag 2, og ha, rekna frå venstre, bimoraisk, monomoraisk,
monomoraisk og bimoraisk staving (og meir til), som i (2.3.10). Det er når
desse stavingane med desse morastrukturane er i det same morfologiske ordet,
at det vert problem.
(2.3.10) (han ((
2
LEV’ ikkje lenger
AP
)
IP
)
IU
) L%
|1on
2
Ic:v ic cc Iæn:gcr |
1 o n I c v i c c c I æ n g c r
Det dreier seg altså om morfologi (etterlekkstrykk er avhengig av
ordgrensene), det dreier seg om fonologi (prosodiske samansetjingar), og det
dreier seg dermed òg om samspelet mellom morfologi og fonologi.
Det dreier seg jamvel om kva ordklasse samansetjingslekkane har, nærare
sagt den fyrste samansetjingslekken. Eit døme er firetauet. Det kan vera eit tau
som vert brukt til å fira med, men det kan òg vera «tau nr. 4». Når den fyrste
samansetjingslekken svarar til verbet fire, heiter det fire
1
tauet. Er det derimot
snakk om «tau nr. 4», slik at den fyrste samansetjingslekken svarar til talordet
fire, heiter det
2
firetauet. Liknande observasjonar er elles gjorde for
romsdalsk, jf. Sandøy (1986).
Det morfologiske aspektet med ordgrenser kjem til synes også på denne
måten: Dersom eit morfologisk ord ikkje byrjar på primærtrykkstavinga, altså
dersom ein AP byrjar inne i eit morfologisk ord, vert det ikkje etterlekkstrykk.
Ordet kommunestyre, av |ku
2
mu: nc| og |
2
sty:rc|, vert såleis uttala
|ku
2
mu:ncsty:rc|. Hadde kommune berre heitt
2
mune, framleis med tonelag 2,
5.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve
193
ville me derimot fått etterlekkstrykk, med primærtrykket (tonelag 1) på sty,
|mu:nc
1
sty:rc|.
1
5.4.2 Morfologiske strukturar
I tillegg til dette finst det òg ein systematikk i staden som etterlekkstrykket
kjem på, som er avhengig av den morfologiske strukturen til samansetjinga.
Ei herrepelshuve kan vera minst to ting. Det kan dreia seg om ei huve som
er laga av pels, og som klesmoten tilseier at berre menn skal bruka. Den
morfologiske strukturen då er [herre + [pels + huve]], som i (5.4.1). Men ei
herrepelshuve kan òg vera noko meir usmakeleg, nemleg ei huve som er laga
av herrepels, dvs. huda frå menn som har mykje hår på brystet og magen. Då
er strukturen [[herre + pels] + huve], som i (5.4.2).
Begge dei samansette orda har etterlekkstrykk i søresunnmørsk, men ikkje
på same staden. Ordet i (5.4.1) har primærtrykket på andre stavinga, sjå
(5.4.2), medan ordet i (5.4.3) har primærtrykket på tredje stavinga, sjå
(5.4.4).
2
I (5.4.1) er begge dei to fyrste stavingane lange, i (5.4.3) kan dei
gjerne vera det (og er det i (5.4.4)), men det er for (5.4.3) sin del òg mogeleg å
redusera kvantiteten til andrestavinga.
(5.4.1) herre
1
pelshuve
herre pels huve - -
1
Det finst truleg geografisk variasjon her. På føremiddagen den 29.1.2003 var det ein
radiojournalist frå Volda (mann, fødd 1973) på kanalen NRK Alltid nyhende som fleire
gonger snakka om komune
1
styret. Same kvelden kunne ein sportsjournalist frå Volda
(kvinne, fødd 1975) snakka på NRK fjernsynet om elite
1
serien, som eg ville ha kalla
e
2
liteserien.
2
Den mellomlange streken mellom fyrste og andre stavinga i (5.4.2) og (5.4.4) er lagd til
segmentgrensa mellom |r| og |c|, jf. delkapittel 1.5.
5 Samansette ord
194
(5.4.2) herre
1
pelshuve som i (5.4.1): (herre- (
1
PELSHUVE
AP
)
IP
)
IU
) L%
h æ r c p c I s h u c
(5.4.3) herrepels
1
huve
herre pels huve - -
(5.4.4) herrepels
1
huve som i (5.4.3): (herrepels- (
1
HUVE
AP
)
IP
)
IU
) L%
h æ r c p c I s h u c
Det same som for herrepelshuve gjeld dame
1
hårpynt ‘hårpynt for damer’
mot damehår
1
pynt ‘pynt laga for eller av damehår’; dame
1
skinnhanske
‘skinnhanske for damer’ mot dameskinns
1
hanske ‘hanske laga av
dameskinn’; husdør
1
seljar ‘person som sel husdører’ mot hus
1
dørseljar
‘dørseljar som går frå hus til hus, eller som sel ved dørene berre inne i eitt
einskild hus’; husdør
1
sal ‘sal av husdører’ mot hus
1
dørsal ‘dørsal ved/i
husa’, osb.
5.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve
195
Det vil seia at ved etterlekkstrykk i ord med tre lekkar landar primærtrykket
til venstre i den andre av dei to primære samansetjingslekkane (dvs. på det nest
øvste nivået i den morfologiske strukturen). I (5.4.1) vil denne lekken vera
pelshuve.
Alt i alt: Eit samansett ord kan ha etterlekkstrykk,
1
men det skjer berre
dersom det ikkje i staden har tonelag 1, då kan nemleg primærtrykket koma på
den fyrste lekken, som i
1
brannmannen. Ser me bort frå ord som byrjar på
trykklett staving, som ko
2
mune(-huset),
2
har me altså denne situasjonen:
Tonelag 2 pluss sekundærtrykk er umogeleg dersom ordforma har minst
tre stavingar. Er ordet sett saman av to eller fleire morfologiske røter (som i
grågåsa og begge variantane av herrepelshuve), kan ein unngå tonelag 2 med
primærtrykk på fyrste staving ved å leggja primærtrykket (med tonelag 1) på
den tunge stavinga lengst til venstre i den andre primære samansetjingslekken.
Primærtrykket hamnar difor på den tunge stavinga lenst til venstre i den andre
primære (men sjølv samansette) samansetjingslekken -pelshuve i (5.4.3), og
sameleis på den tunge stavinga lengst til venstre i den andre primære (og sjølv
usamansette) samansetjingslekken -huve i (5.4.4). På same måten hamnar
primærtrykket også på den tunge stavinga lengst til venstre i den andre (og i
seg sjølv usamansette) samansetjingslekken -gåsa i grå
1
gåsa, og sameleis på
vå i lekken -nivået i samansetjinga jenteni
1
vået i (5.1.1).
3
Eit alternativ til etterlekkstrykk kunne ha vore å leggja primærtrykket på
fyrstelekken, men då med tonelag 1 (som er det einaste mogelege då). Men
dette ville ha brote med dei leksikalske eller morfologiske opplysningane om
at det skal brukast noko anna enn tonelag 1 når den lekken er fyrstelekk i ei
samansetjing.
4
1
Og ordet etterlekkstrykk heiter då typisk nok etterlekks
1
trykk på søresunnmørsk.
2
Ortografi og fonologi går ikkje alltid hand i hand. Den fyrste stavinga i kommune er ko,
ikkje kom. For å unngå mistydingar vel eg å avvika frå rettskrivinga til dette ordet når eg
markerer trykk og tone. Eg kjem sidan til å avvika på liknande vis med ordet kollega.
3
Unntak finst. Sjølv uttalar eg litlejolaftan som |Iij:cju
1
IoI:to|, med primærtrykk på tredje
samansetjingslekken, der ein skulle ha venta primærtrykk på andre lekken, sidan ordet er
sett saman som litle+jolaftan. Dette, saman med andre tilsvarande døme, kan tyda på at
tilfella med primærtrykk på den andre av tre samansetjingslekkar kan ha ein presiserande
funksjon i høve til den morfologiske strukturen, når den primære samansetjingsstaden går
mellom fyrste og andre lekken. Til skilnad frå litlejolaftan må eg t.d. skilja obligatorisk
mellom gaml efar
1
saka (saka om gamlefar) og gaml e
1
farssaka (den gamle
far(skap)ssaka). Derimot er det valfritt for meg med jole
1
høgtida eller jolehøg
1
tida;
Nynorsk
1
ordboka eller Nynorskord
1
boka. Det kan sjølvsagt òg vera at eg som
informant og sunnmøring har to konkurrerande system i språkkompetansen min.
4
Kristoffersen (1992) drøfter den leksikalske statusen til tonale eigenskapar ved
samansetjingar, og meiner at det er ein leksikalsk eigenskap ved t.d. lys når lysår i
5 Samansette ord
196
Visse restriksjonar må det likevel vera her. Dersom andrelekken i eit
trikompositum har minst éi staving etter den potensielle trykkstavinga si (dvs.
dersom andrelekken har minst éi monomoraisk staving etter den leksikalsk
bimoraiske), vil dette blokkera for primærtrykk på tredjelekken, og
primærtrykket kjem obligatorisk på andrelekken: hus
1
eigarbil ‘bilen til
huseigaren’, sjølv om me etter den kartlagde strukturen skulle ha venta
*huseigar
1
bil. Sameleis storko
1
muneprat ‘prat om storkommune’, ikkje
*storkomune
1
prat. Med den tunge stavinga plassert til slutt i andrelekken
(t.d. nivå) vert derimot ikkje trykkplasseringa på tredjelekken blokkert:
jentenivåbe
1
styrar. Me kjem attende til dette i underkapittel 5.5.2.
Merk at «den tunge stavinga lengst til venstre» gjerne kan vera ei staving
som berre har sekundærtrykk i det usamansette ordet som lekken
representerer. Ordet fantasi har såleis sekundærtrykk på den fyrste stavinga
og primærtrykk på den tredje: |Ion:to
1
si:|. Samansetjinga barnefantasi har
derimot primærtrykket på stavinga fan, slik: |bo:nc
1
Ion:tosi:|. Sameleis
orangutang |1uron:gu
1
tong| men barneorangutang |bo:nc1u
1
ron:gutong|;
identiteten |idæn:titc:ti| men dameidentiteten |do:mc1i
1
dæn:titc:ti|.
1
Då kan me koma attende til spørsmålet om kvifor adjektiv og Abraham
ikkje har primærtrykket på tredje stavinga, men på den fyrste, med tonelag 1.
I orda adjektiv og Abraham, som har vorte analyserte som prosodisk
samansette, finst det berre eitt leksikalsk morfem. Orda er morfologisk
usamansette. Her har primærtrykket ikkje nokon alternativ morfologisk node
å verta knytt til, og primærtrykket må dermed halda seg på fyrste stavinga. På
grunn av statusen som prosodiske samansetjingar vert det i den situasjonen
umogeleg å få tonelag 2. Alternativet ville vera, som skissert, å få primær-
trykket på tredje stavinga (slik som i substantiva objek
1
tiv og penta
1
gram),
men dette ville bryta med den leksikalske plasseringa av primærtrykket på
fyrste stavinga. Løysinga vert då å leggja trykket på den fyrste stavinga, men
då med tonelag 1, som i morfologiske samansetjingar av typen
1
esel +
2
hale =
1
eselhale.
Kvifor det ikkje kan vera tonelag 2 i slike tilfelle, vert såleis eit spørsmål om
kvifor etterlekkstrykk i samansette ord berre finst som obligatorisk avløysar til
tonelag 2, medan samansetjingar med primærtrykk på den fyrste stavinga i den
fyrste lekken berre har tonelag 1 (
1
brannmannen,
1
eselhale). Eg tek ikkje
mål av meg her i denne studien til å svara på dette mest grunnleggjande
austnorsk har tonelag 2, medan lakksko har tonelag 1. Analysen hans jamfører dette med
segmentale fugar som e-fugen i sansebedrag og s-fuge i dåpshandling.
1
Dei metriske forholda i slike samansetjingar vil verta nærare drøfte i delkapittel 5.5.
5.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve
197
spørsmålet, men minner om at i både nordnorsk og i delar av svensk er tonelag
2 obligatorisk i samansette ord (Lorentz 1981:168f; Bruce 1998:53f). Der kan
ein sameleis spørja om kvifor det ikkje kan finnast tonelag 1 i slike tilfelle,
men eg vel altså å ikkje gjeva meg i kast med nokon analyse her.
Etterlekkstrykk vert då i alle fall resultatet av eit samspel mellom morfologi
og fonologi. Flyttinga av trykket er i seg sjølv ikkje reint morfologisk basert,
men grunnar truleg i (ikkje utforska) restriksjonar på det som fonologisk sett
er eit samansett ord, og då innanfor det prosodiske domenet som er konstituert
av det morfologiske ordet, jf. opposisjonen mellom leigebil og leige bil. Det
morfologiske aspektet kjem òg til uttrykk i måten etterlekkstrykket oppfører
seg på, t.d. dei to utgåvene av herrepelshuve.
5.4.3 Det prosodiske ordet igjen
Om lengda på ordet har mykje å seia for etterlekkstrykk, er det likevel ikkje
nok å taka i bruk det morfo-tonale prosodiske ordet til Fretheim og Nilsen,
som eg for sunnmørsk sin del avviste i 2.3.3. Hadde venstregrensa til det
morfologisk baserte prosodiske domenet per definisjon falle saman med
venstrekanten til AP, slik deira prosodiske ord er, ville ikkje samansetjinga
kommunestyre kunna hatt tonelag 2, fordi ho ville ha fått ein prosodisk
struktur som munestyre eller leigebil, som må ha etterlekkstrykk. Om me i
samsvar med Fretheim og Nilsen flytter den venstre grensa av det (morfo-
tonale) prosodiske ordet til primærtrykkstavinga, slik at leigebil berre har eit
prosodisk ord som er avgrensa til bil, ville me heller ikkje hatt noka forklaring
på kvifor trykkstavinga (og dermed Fretheim og Nilsens prosodiske ord) kom
akkurat der, og ikkje på lei. Me ville berre hatt ei skildring av at det er der
primærtrykket ligg. Men spørsmålet om trykkplasseringa er då òg eit metrisk
spørsmål, og dermed heller ikkje noko for eit domene i eit tonalt hierarki.
Dette vil seia at om eg for sunnmørsk har avvist det prosodiske ordet til
Fretheim og Nilsen, så treng me framleis eit ordbasert prosodisk domene for å
avgjera trykkplasseringa i samansetjingar. Dette domenet må vera metrisk, og
stemmer meir overeins med det prosodiske ordet hjå t.d. Selkirk (1981) og
Roca (1994:203). Hjå dei femner det metriske prosodiske ordet om heile det
morfologiske ordet, og kan dermed, som i døma ko
2
mune og jenteni
1
vået i
sunnmørsk, liggja på tvers av ei AP-grense.
I døma (2.3.11) og (2.3.12) brukte eg verb med verbpartiklar, der slo ned
og slo inn fekk tonelag 2. Dette er eit heller nytt fenomen i vestnorsk, jf.
Christiansen (1976:206). For sunnmørsk gjeld det at dersom verbet har to
stavingar, slik at partikkelen byrjar på den tredje stavinga i sambandet, så er
5 Samansette ord
198
tonelag 2 umogeleg, og ein må få primærtrykk på partikkelen: kjenne
1
gjen,
leite
1
opp. Dette minner mykje om det me har sett som gjeld etterlekkstrykk
elles: To stavingar og tonelag 2 går fint, men tre stavingar med tonelag 2 og
primærtrykk på den fyrste går ikkje. Verb pluss partikkel oppfører seg med
andre ord som eitt metrisk prosodisk ord.
Dette gjeld òg dersom det kjem noko trykklett imellom verbet og
partikkelen: leite dei
1
opp, *
2
leite dei opp.
1
Det avgjerande er at verb +
partikkel, saman med eventuelt trykklett materiale imellom, er på minst tre
stavingar. Såleis heiter det òg slå dei
1
ned, medan *
2
slå dei ned er umogeleg,
sjølv om
2
slå ned
1
folket er greitt.
I underkapittel 2.3.3 såg me elles at austlandsk har tonelagsskifte i
samband med verbpartiklar, og som i sunnmørsk opptrer det partikkel-relaterte
fenomenet også dersom det kjem noko imellom verbet og partikkelen. Når ein
ser denne likskapen på tvers av dialektane, vil eg heller landa på at verb +
partikkel i austlandsk oppfører seg som eit (metrisk) samansett ord (med tonal
fuge, jf. Kristoffersen 1992), enn at verb + partikkel i austlandsk skulle gjera
det naudsynt med eit eige domene i det tonale prosodiske hierarkiet.
I det same underkapittel 2.3.3 kom eg fram til at Fretheim og Nilsens
prosodiske ord ikkje ville vera i strid med dei tonale fenomena me ser t.d. i
Vestvågøy. Når det gjeld Vestvågøy, er det likevel vanskeleg å seia om det er
statusen som morfologisk samansett ord som som fører til spreiing av H
P
,
som i (2.3.15), eller om det er statusen som prosodisk samansetjing. For rett
nok vert adjektiv i den dialekten uttala som eit ordinært tonelag 1, med ein
uspreidd H
P
til venstre og deretter L], som i (5.4.5), og rett nok vert
samansetjinga adjektivfrasan (bunden form fleirtal av adjektivfrase) uttala med
tonelag 2 og spreidd H
P
, som i (5.4.6).
2
Og rett nok ser tonelag 2 ut til å vera
obligatorisk i (morfologisk) samansette ord, slik det òg er i sentralsvensk
(Bruce 1998:53f).
1
Denne siste kan brukast for å presisera verbet, t.d. om lyttaren har misforstått, og høyrde
banke (dei) opp i staden for det korrekte leite (dei) opp. Slik sett verkar det som om verb +
partikkel dels oppfører seg som ei samansetjing, og dels (i metadiskursive samanhengar)
ikkje.
2
Informanten er den same som i delkapittel 2.3.
5.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve
199
(5.4.5) Vestvågøy:
1
adjektiv (leksikalsk uttale med tonelag 1).
1
1 a d j c k t i t
(5.4.6) Vestvågøy: (((
2
adjektivfrasan var
AP
) (
1
BRA
AP
)
IP
)
IU
) L%
2
1 a d j c k t i v I + a s a n v a b r a
Men om spreiiinga av H
P
i (5.4.6) har å gjera med statusen som
morfologisk samansett ord (som må vera tilfellet i indre Nord-Troms og
Finnmark), eller om det også her (som i søresunnmørsk) er eit utslag av noko
som kan kallast ei prosodisk samansetjing, det er vanskeleg å seia noko om,
rett og slett fordi morfologisk usamansette ord som adjektiv likevel alltid har
tonelag 1. Det lèt seg altså vanskeleg gjera å finna lange, usamansette ord med
tonelag 2, tidleg primærtrykk og seint sekundærtrykk.
Informanten min frå Vestvågøy rapporterer likevel at det er mogeleg (i
motsetnad til i sunnmørsk) å uttala eit oppkonstruert ord som bulimavan med
tonelag 2, primærtrykk på fyrste stavinga og sekundærtrykk på siste stavinga,
her bøygt i bunden form fleirtal, bulimavanan: |
2
bu:Iimava:nan|.
Me ser dette i (5.4.7), og legg merke til at dette oppkonstruerte og
usamansette ordet har den same spreiinga av H
P
som adjektivfrasan i (5.4.6).
1
Sjå bort frå den falske F0 i grenseområdet mellom |k| og |t|, som skriv seg frå støy.
Figuren endar med knirkestemme, noko som gjer F0 usynleg på slutten.
2
Av ein eller annan grunn er H
P
lågare i andre AP enn i fyrste AP, sjølv om det er den
andre som skal vera fokal.
5 Samansette ord
200
(5.4.7) Vestvågøy: bulimavanan |
2
bu:Iimava:nan |.
b u I i m a v a n a n
Det kan då sjå ut til at Vestvågøy har ein slektskap med Søre Sunnmøre på
den måten at det ikkje er den morfologiske statusen som samansett ord som er
avgjerande for eit gjeve fenomen, men derimot fonologiske forhold som kan
analyserast som prosodiske samansetjingar.
Kristoffersen (2000:158f og passim) opererer med ein Main Stress Rule
for norsk som m.a. har som eigenskap å orientera primærtrykket mot den
høgre kanten av ordet («Form a moraic trochee at the right end», s. 158). Dette
predikerer at dersom bulimavanan ikkje vert oppfatta som ei eller anna slags
samansetjing, skal me få primærtrykket mykje lenger mot høgre.
Det kan nemnast i den samanhengen at informanten kommenterte at ho like
gjerne kunne ha uttala ordet som |buIima
1
va:nan|, fordi det såg ut som eit
framandord. Dette stadfester prediksjonen, og indikerer igjen at me kan ha å
gjera med eit fenomen som er knytt til det som Kristoffersen har analysert
som prosodiske, ikkje morfologiske, samansetjingar.
Problem med tonelag 2 hadde informanten i alle fall ikkje, i motsetnad til
sunnmøringar med etterlekkstrykk, som må vera spesielt trena i tonar for å
produsera noko slikt. Informanten er ikkje trena i tonar, berre til å høyra
skilnaden mellom tonelaga.
I alle tilfelle vil det vera freistande å avskriva Fretheim og Nilsens morfo-
tonale prosodiske ord også for Vestvågøy sin del, til fordel for det metriske
prosodiske ordet. Det er i alle fall ingenting som tyder på at det metriske
prosodiske ordet skulle vera problematisk med Vestvågøy på nokon måte.
1
1
Informanten frå Vestvågøy seier kul
1
tur og mi
1
nister, men kul
2
turminister, med L
lex

tur og H
P
på minis, altså med H-spreiing som i adjektivfrasan. Det er dermed ikkje nokon
skilnad mellom samansette ord som har primærtrykk på fyrste stavinga (
2
adjektivfrasan)
og samansette ord som har primærtrykk på andre stavinga (kul
2
turminister), og me har
ikkje noko direkte indisium på at det er det reint morfologisk avgrensa (metriske) prosodiske
5.5 Metriske strukturar
201
Om det skulle visa seg i seinare forsking at testordet bulimavanan var
dårleg eigna, og at det likevel er den morfologiske statusen som samansett ord
som verkar inn på spreiinga av H
P
, så vil Vestvågøy skilja seg frå indre Nord-
Troms og Finnmark ved at indre Nord-Troms og Finnmark ikkje kan ha
nokon L til venstre for H
P
, og dermed ikkje noko tonelagsskilje i tydinga
‘legg til T
lex
’.
5.5 Metriske strukturar
Denne avhandlinga har konsentrert seg om tonal fonologi, og analysane av
etterlekkstrykk hittil har òg stort sett vore tonale. Samstundes har dei tonale
analysane indikert at etterlekkstrykk nettopp handlar om at primærtrykket
landar på ein ikkje-initial lekk. I underkapittel 5.4.2 kom me jamvel inn på at
trykkplasseringa ved etterlekkstrykk er avhengig av stavingstyngd (jf. dømet
barneo
1
rangutang, der trykket landar på ran, ikkje på o). Då har me allereie
kome inn på metriske strukturar. Her i delkapittel 5.5 skal dei metriske
premissane for etterlekkstrykk utdjupast.
5.5.1 Eit tilsynelatande spesialtilfelle
At primærtrykk i den reint tonale tydinga (nærvær av H
P
) berre kan skje i
samband med ei lang staving i norsk, finst det lange faglege tradisjonar for.
Med unntak av Nord-Gudbrandsdalen og somme andre målføre heiter det at
lang staving + ordaksent er primærtrykk, lang staving utan ordaksent er
sekundærtrykk, stutt staving uten ordaksent er trykklett staving, medan stutt
staving med ordaksent ikkje finst.
I sunnmørsk finst det likevel unntak til dette.
Ordet parasollen |poro
1
s5I:i| har to monomoraiske stavingar og éi
bimoraisk, der primærtrykket ligg, før den siste monomoraiske stavinga. Ordet
hageparasollen |ho:gc
1
poros5I:i|, sjå (5.5.1)
1
, har framleis to stutte stavingar
til venstre i andre lekken. Likevel kjem H
P
obligatorisk på den stutte stavinga
pa. I dette tilfellet, der den fyrste (og einaste) bimoraiske stavinga til høgre for
morfemgrensa ikkje kjem før på tredje stavinga etter den grensa, må H
P
ordet som speler inn; då i motsetnad til sunnmørsk, der etterlekkstrykk ikkje kjem føre i ord
som ko
2
munestyre, jf. slutten på underkapittel 5.4.1.
1
Den mellomlange streken mellom nest siste og siste stavinga er lagd til segmentgrensa
mellom |I| og |i|.
5 Samansette ord
202
obligatorisk liggja på den fyrste stavinga i den samansetjingslekken, sjølv om
stavinga er stutt.
Eg vil presisera at det finst (fonetisk og fonologisk) både lange og stutte r-
ar på sunnmørsk, sjå t.d. lange i (5.4.2) og (5.4.4). Når [ש] er stutt i (5.5.1),
kan det altså ikkje vera fordi han er ein tapp, som dermed ikkje kan gjerast
lang. Derimot har han høve til å vera ein tapp nettopp fordi han er stutt. I
(5.4.2) og (5.4.4) er han ein trill.
(5.5.1) (hage- ((
1
PARASOLLEN
AP
)
IP
)
IU
) L%
h Ϫ ց ϯ p Ϫ ש Ϫ s ѐ l گ
Sameleis kan det skje som i (5.5.2), at H
P
landar på den monomoraiske
stavinga ko i lærarkollega, som er sett saman av
2
lærar og ko
1
lega, altså
[⎅læ⍧rϪr
1
ku⎅le⍧ցϪ].
1
Eg har ikkje dokumentasjon for det, men det er mitt inntrykk at H
P
fremst i
ein ikkje-initial samansetjingslekk, der denne lekken byrjar med éi lett og éi
tung staving, er meir vanleg i t.d. Volda (Indre Søre Sunnmøre) enn i Herøy
(Ytre Søre Sunnmøre). Jamvel om ein i Herøy som oftast vil seia lærarkollega
med primærtrykk på le, som i (5.5.3) [⎅læ⍧rϪrku
1
le⍧ցϪ], er (5.5.2) likevel fullt
mogeleg, medan (5.5.1), med to (og ikkje éi) monomoraiske stavingar fremst i
den andre lekken, altså er obligatorisk.
2
1
Ortografi og fonologi går som sagt ikkje alltid hand i hand. Den fyrste stavinga i kollega
er ko, ikkje kol.
2
Såleis vart det observert i romjola 2002 at då ei kvinne frå Herøy, fødd 1948, fekk ein
mobiltelefon med stemmeaktivert oppringing i jolegåve, uttala ho menyvalet talesignal
som [⎅tϪ⍧lϯ
1
sگ⎅ցnϪ⍧l], medan sonen, fødd 1973, svara med [⎅tϪ⍧lϯsگ
1
ցnϪ⍧l]. Også jentenivået
kan uttalast slik, [⎅jæn⍧tϯ
1
nگv⎅o⍧ϯ], og barneorangutang [⎅bϪ⍧ْϯ
1
БurϪ⎅֊⍧ց᭳⎅tϪ֊ց] osb. Ein
radiojournalist (kvinne, fødd 1973) frå Fjørtofta i Haram kommune på Ytre Nørdre
Sunnmøre, like ved grensa til Ytre Romsdal, sa elles flyttebyrå [⎅fl௙t⍧ϯ
1
b௙⎅ro⍧] på kanalen
NRK Alltid nyhende den 29.1.2003. For ordens skuld kan det nemnast at også Ytre
Romsdal har etterlekkstrykk, jf. Sandøy (1986).
5.5 Metriske strukturar
203
(5.5.2) (lærar- ((
1
KOLEGA
AP
)
IP
)
IU
) L%
I æ r o r k u I c g o
(5.5.3) (lærarko- ((
1
LEGA
AP
)
IP
)
IU
) L%
I æ r o r k u I c g o
Me har tidlegare sett at H
P
kan liggja på ei stutt staving, nemleg etter T
lex
.
Det me ser her, er likevel noko anna. Hugs at me har etterlekkstrykk og
dermed tonelag 1 her, slik at H
P
i mangel av T
lex
ligg heilt til venstre i AP, slik
me såg i delkapittel 5.3. Når H
P
då ligg på ei stutt staving i (5.5.1) og (5.5.2),
tyder det at den tradisjonelle regelen om at ordaksent (H
P
eller L
lex
H
P
) ikkje
kan liggja på stutt staving, ikkje gjeld fullt ut.
H
P
i døme som (5.5.2) er framleis ein metrisk tone, og skulle vera lisensiert
av ei staving med primærtrykk. Den einaste tradisjonelle kandidaten til å vera
ei slik staving (nemleg den einaste lange stavinga), er le, stavinga etter H
P
.
Stavinga le ser òg ut til å vera fonetisk like lang som den tilsvarande stavinga i
(5.5.3), der ho utvilsamt har primærtrykk. Då kunne ein kanskje analysera
(5.5.2) slik at H
P
kjem på stavinga føre primærtrykkstavinga, til skilnad frå
tilfelle med tonelag 2, der H
P
ofte kjem på stavinga etter primærtrykkstavinga.
Eg vel likevel å ikkje analysera det slik. Grunnen er fyrst og fremst det me
har observert i (5.5.1). Der hadde me òg H
P
på ei stutt staving, og den einaste
stavinga i området som var lang, og dermed kunne vera kandidat til funksjonen
som tradisjonell staving med primærtrykk, låg ikkje berre éi men to stavingar
5 Samansette ord
204
mot høgre: soll. Det ville vera nokså eineståande om ein prominenstone berre
kunne landa opptil fleire stavingar før trykkstavinga, men ikkje på sjølve
trykkstavinga.
For (5.5.2) vil eg difor heller gjera framlegg om at primærtrykket er reint
tonalt markert, og at primærtrykkstavinga er ko, trass i at ho er stutt. For
(5.5.1) må sameleis primærtrykket liggja på den stutte stavinga pa.
Denne hypotesen kan sjå uvanleg ut for ein norsk dialekt som i
dialektologisk tradisjon ikkje har korte trykkstavingar. I eit vidare perspektiv,
med sunnmørsk som eit germansk språksystem, finst det likevel tidlegare
analysar som kan rettgjera ein slik hypotese.
Dresher og Lahiri (1991) lanserer «den germanske foten». Det har vist seg
at visse fonologiske prosessar i m.a. gamalengelsk opptrer i kontekstar som
ved fyrste augnekast ser ut til å vera metrisk grunnleggjande ulike: Tronge,
korte vokalar i gamalengelsk fell bort dersom dei kjem i ei open staving som
er plassert anten etter ei lang staving, eller etter stutt staving + stutt eller lang
staving.
Analysen deira er at to stutte stavigar (til saman to moraer) veg like mykje
som ei lang staving (med to moraer til saman). Bortfall av stutt, trong vokal i
open staving skjer då når denne vokalen er plassert etter minst to moraer
innanfor den same metriske foten, anten no desse (minst) to fyrste moraene
utgjer éi eller to stavingar til saman.
Den metriske foten er i alle tilfelle trokeisk. Hovudet, den sterke delen av
foten (strong, S), ligg altså til venstre, medan ein eventuell veik del (weak, W)
ligg til høgre. Som veik del av ein binært forgreina fot kan ein ha berre lette,
dvs. monomoraiske, stavingar. Hovudet kan sjå ut som eitt av desse tre:
– µµ: éi tung staving, t.d. i føtene (goo.du) og (wor.du)
– µ.µ: to lette stavingar, t.d. i foten ([we.ru].du)
– µ.µµ: éi lett og éi tung staving, t.d. i foten ([fæ.rel].du)
Derimot kan hovudet ikkje vera bygt opp av éi bimoraisk + éi
monomoraisk staving, sidan det i seg sjølv ville konstituera ein trokeisk fot.
Døma goodu osb. er ikkje-eksisterande i gamalengelsk, sidan evidensen for
at desse tre fothovud-strukturane er ekvivalente, ligg nettopp i at tronge vokalar
som u fell bort når dei er plasserte i lette stavingar til høgre i ein forgreina fot.
Ikkje-tronge vokalar fell ikkje bort.
Kristoffersen (2000:158f) vil for usamansette ord i søraustnorsk leggja
primærtrykket til hovudet i ein moraisk troké
1
til høgre ordet, i praksis den
1
Moraisk troké, sjå Kristoffersen (2000:146) med referanse til Hayes (1995, særleg s.
104f). Skiljet mellom moraisk og syllabisk troké er ikkje relevant å drøfta her, og me kjem
berre stutt tilbake til det heilt på tampen av neste underkapittel, 5.5.2.
5.5 Metriske strukturar
205
siste tunge stavinga (med unntak i visse markerte tilfelle). Dette vert i
søraustnorsk overstyrt av andre reglar i samansetjingar, slik at ein i umarkerte
tilfelle vil få primærtrykket til venstre i staden (op.cit.:196).
For sunnmørsk kunne me tenkja oss at samansette ord ikkje har den same
overstyringa av trykktilordninga som i søraustnorsk. Dermed vil primær-
trykket koma mot høgre (dvs. at me får etterlekkstrykk), men av uutforska
grunnar skjer dette berre dersom ein elles står i fare for å få tonelag 2 til
venstre: Primærtrykk til venstre med tonelag 1 er heilt uproblematisk. I tillegg
finst det openbert visse morfologiske restriksjonar som lèt oss skilja mellom
dei to typane av herrepelshuve.
Den germanske foten kan, om han finst i sunnmørsk, saman med
Kristoffersen forklara både (5.5.1), (5.5.2) og (5.5.3). Eg skal fyrst taka føre
meg (5.5.1), hageparasollen.
I (5.5.4) ser me den metriske strukturen for det usamansette ordet
para
1
sollen. Med den germanske foten som analysegrunnlag vil ordet vera
sett saman av to føter. Den fyrste har ein sterk del (S) og inkje meir, men den
sterke delen er bygd opp av to moraer som er fordelte på to stavingar. Den
andre foten har både ein sterk og ein veik del. Primærtrykket fell her på
hovudet i den siste foten, jf. Kristoffersen.
Teiknet ω i dei fylgjande figurane står for det metriske prosodiske ordet, og
er indeksert etter nivået i den morfologisk-metriske strukturen, der det finst
fleire ω i same strukturen. All omtale av prosodiske ord i delkapittel 5.5 dreier
seg òg om det metriske prosodiske ordet, og ikkje om det morfo-tonale
prosodiske ordet til Fretheim og Nilsen.
(5.5.4) Metrisk struktur for para
1
sollen.
µ µ µµ
pa sol ra
µ
len
S
F
S
W
F
ω
5 Samansette ord
206
Dersom me lagar eit samansett ord som det i (5.5.1), hageparasollen, ser den
metriske strukturen ut som i (5.5.5). Eg skreiv at me for sunnmørsk kan
tenkja oss at me i samansetjingar ikkje har den same overstyringa av
høgretrykk som dei har i austlandsk. I samband med herrepelshuve var eg òg
inne på at trykket skal landa til venstre i den siste primære samansetjings-
lekken (som i seg sjølv kan vera både samansett, -pelshuve, eller usamansett,
-huve).
Dette vil seia at trykket skal landa på (hovudet i) fyrste foten i det siste
metriske prosodiske ordet på det morfologiske nivået som er nærast den
ferdig samansette ordforma (dvs. det nest øvste nivået). Det siste metriske
prosodiske ordet på nest øvste nivå i (5.5.5) er parasollen, og den fyrste foten
der er para. Trykket landar difor på para.
1
(5.5.5) Metrisk struktur for hageparasollen.
µ µ µµ
pa sol ra
µ
len
S
F
S
W
F
µµ
ha
µ
ge
S
W
F
ω
1
ω
1
ω
0
1
Det vil vera eit spørsmål om trykk vert tilordna fothovud eller stavingar, eller kanskje til
og med moraer. Dette spørsmålet ligg likevel langt utanfor det som er hovudstudieobjektet i
denne avhandlinga, nemleg tonalitet, og eg nøyer meg med å observera at prominenstonen
kjem så langt til venstre som mogeleg, anten han i (5.5.1) og (5.5.5) kjem «til venstre i
trykkfoten» eller «til venstre i trykkstavinga».
5.5 Metriske strukturar
207
Korleis ein eventuell SW-struktur internt mellom dei to moraene i para er,
vert eit spørsmål som ligg langt utanfor det tonale hovudføremålet med denne
avhandlingam, men med ein trokeisk struktur bør det vera fyrste mora som er
S og andre mora som er W. Ver òg merksam på at i figurane markerer eg
SW-forholda berre for det nivået like under fotnoden.
Med slike fotstrukturar må me òg venta at H
P
på ra skal vera umogeleg,
*hagepa
1
rasollen, med metrisk struktur *(ha.ge)<pa>(ra)(sol.len), som
(under føresetnad av at H
P
ved tonelag 1 skal landa ved ei venstregrense til ein
prosodisk konstituent) ville ha gjeve ein monomoraisk fot ra, noko som ville
vera heller tvilsamt. Og prediksjonen er korrekt: H
P
kan ikkje landa på ra i
hageparasollen.
Analysen av trykktildelinga i hageparasollen som er skissert i (5.5.5), gjer
«trykk på stutt staving» til noko som ikkje lenger er eit spesialtilfelle, men som
er akkurat det same som trykktildelinga i dei to tilfella av herrepelshuve. Med
par a som eigen fot har me òg ei direkte forklaring på kvifor
*hagepara
1
sollen er umogeleg: Trykket skal landa på hovudet i den fyrste
foten i samansetjingslekken, og den fyrste foten er altså para.
I [herre + [pels + huve]] (5.5.6) vil det siste prosodiske ordet på nest øvste
nivå vera pelshuve, med fotstrukturen (pels)(hu.ve). Foten pels er bimoraisk,
som para, men har til skilnad berre éi staving. Foten pels er den fyrste foten i
det prosodiske ordet pelshuve, og trykket landar på pels, som i (5.4.1) og
(5.4.2).
(5.5.7) med [[herre + pels] + huve] har derimot på nest øvste nivå dei to
prosodiske orda herrepels og huve. Lengst til høgre finn me det prosodiske
ordet huve, som har éin fot, og denne einsame foten er dermed òg den foten
som er lengst til venstre i dette prosodiske ordet huve. Foten huve får dermed
trykket. Trykktildelinga i herrepelshuve (begge variantane) og hageparasollen
er altså éin og same prosessen.
For figurane her kan ein merkja seg at (metriske) prosodiske ord som
fonologiske domene i praksis vil svara til morfologiske ord (men ikkje alltid,
jf. observasjonen i underkapittel 5.4.4 om at verb + partikkel oppfører seg
metrisk som eitt samansett ord). Den metriske struktureringa på ordnivåa i dei
to figurane svarar til den morfologiske strukturen, men dette er openbert slik
fordi trykktilordninga er avhengig nettopp av dei morfologiske strukturane.
Den metriske grupperinga av ω
1
- og ω
2
-konstituentane i (5.5.6) og (5.5.7) er
altså ikkje i seg sjølv ei metrisk forklaring, men derimot ei skildring av
metriske forhold, der dei metriske forholda har morfologiske premissar. Eg
presiserer dette for å unngå mistydingar av kva figurane illustrerer.
5 Samansette ord
208
I denne samanhengen ser eg altså på det metriske prosodiske ordet som eit
rekursivt domene, som kan innehalda andre prosodiske ord. Det kan godt vera
at ein analyse med prosodiske «del-ord» av eitt eller anna slag kunne ha gjort
same nytten (eller betre nytte). Eg vil difor presisera at eg her og no ikkje
ynskjer å taka prinsipiell stilling til akkurat dette, men bruker denne postulerte
rekursiviteten som ei reint praktisk hjelperåd. Det kan òg vera at eit betre
grafisk oppsett ville ha vore å kombinera ein eksplisitt og reint morfologisk
trestruktur med ein eksplisitt og reint metrisk trestruktur. Den metriske
trestrukturen vil då vera som skissert i (5.5.6) og (5.5.7), men med t.d. S og
W der det no står ω
1
og ω
2
.
1
(5.5.6) Metrisk struktur for herre
1
pelshuve.
µµ µµ
hu pels
µ
ve
S
F
S
W
F
µµ
her
µ
re
S
W
F
ω
1
ω
1
ω
0
ω
2
ω
2
1
Det ville i tilfelle vera W på plassen til venstre ω
1
og høgre ω
2
, og S på plassen til høgre
ω
1
og venstre ω
2
.
5.5 Metriske strukturar
209
(5.5.7) Metrisk struktur for herrepels
1
huve.
µµ µµ
hu pels
µ
ve
S
F
S
W
F
µµ
her
µ
re
S
W
F
ω
1
ω
1
ω
0
ω
2
ω
2
Skilnaden mellom lærar
1
kolega i (5.5.2) og lærarko
1
lega i (5.5.3) er
truleg ein dialektskilnad, sjølv om begge dei to aksentueringsstrategiane er
mogelege innanfor eitt og same geografiske område. Frå sosiolingvistikken er
det gamalt nytt at to system kan leva side om side, jamvel hjå eitt og same
individ.
1
(5.5.3) med l ærarko
1
l ega vil det vera aktuelt å analysera som
(læ.rar)<ko>(le.ga), med ko ekstrametrisk, utanfor føtene. Dette er illustrert i
(5.5.8). I det samansette ordet lærarkollega har me ein trokeisk fot til høgre i
lekken kollega, og trykket vert då tilordna her, sidan denne foten er den einaste
foten (og dermed foten lengst til venstre) i det prosodiske ordet kollega.
Trykkstavinga vert dermed le, som er hovudet i den foten.
1
Ein av dei mest ekstreme måtane dette kan manifestera seg på, er kodeveksling (t.d. Fasold
1992:180ff).
5 Samansette ord
210
(5.5.8) Metrisk struktur i lærarko
1
lega.
µ µµ
ko le
µ
ga
S
W
F
µµ

µ
rar
S
W
F
ω
1
ω
1
ω
0
Varianten lærar
1
kolega (eller for den saks skuld, jente
1
nivået med H
P

den stutte stavinga ni) kan på si side forklarast på i alle fall to måtar. Det kan
anten dreia seg om ein annan måte å laga føter på, eller det kan dreia seg om ei
reint morfologisk trykktilordning.
Me har vore inne på at Dresher og Lahiri (1991) tillèt hovudet i ein
gamalengelsk trokeisk fot å ha desse strukturane:
– µµ: éi tung staving
– µ.µ: to lette stavingar
– µ.µµ: éi lett og éi tung staving
Fothovud-typen med to lette stavingar, µ.µ, trengst openbert i sunnmørsk,
jf. (5.5.5). Det vil difor vera aktuelt å spørja om også µ.µµ kan vera fothovud i
sunnmørsk, slik at lærar
1
kolega som i (5.5.2) kan analyserast som i (5.5.9).
5.5 Metriske strukturar
211
(5.5.9) Eventuell struktur for lærar
1
kolega.
µ µµ
ko le
µ
ga
S W
F
µµ

µ
rar
S
W
F
ω
1
ω
1
ω
0
Er (5.5.9) korrekt, vil det seia at skilnaden mellom (5.5.2) og (5.5.3) ligg i
korleis ein fot kan sjå ut. I begge tilfella vil trykket landa på hovudet i den
foten som er lengst til venstre i det prosodiske ordet som står til høgre på nest
øvste nivå.
Vel å merka vil *|
1
kuIc:go| som usamansett ord kollega vera umogeleg.
Meir generelt lèt det seg ikkje gjera å leggja H
P
på fyrste stavinga i ei ordform
dersom den stavinga er monomoraisk. Dette talar likevel ikkje imot analysen i
(5.5.9), sidan det openbert (jf. heile kapittel 5) finst ulike
trykktilordningsprosessar for samansette og usamansette ord (høgretrykk i
usamansette ord, venstretrykk på høgrelekk i samansette ord). Derimot vil ein
analyse som den i (5.5.9) vera problematisk fordi kollega som usamansett ord
utvilsamt må vera <ko>(
1
le.ga), med ekstrametrisk ko, og ikkje med noko
trimoraisk fothovud ko.le, som ville ha gjeve H
P
på ko, som i det samansette
ordet i (5.5.9). Dermed måtte me ha operert med eit tillate fothovud µ.µµ i
samansetjingar og eit forbode fothovud *µ.µµ i usamansette ord. Sidan det er
5 Samansette ord
212
dei tillatne fotstrukturane som, uavhengig av morfologisk struktur, skal romma
trykk, vert denne analysen urimeleg.
1
Den andre måten å forklara lærar
1
kolega på er at me har den same
metriske strukturen som i (5.5.8), men at med dette trykktildelingssystemet
vert trykk tilordna ikkje den fyrste foten i høgre samansetjingslekken, men den
fyrste stavinga (eller moraen). Likskapen mellom lærar
1
kolega og
lærarko
1
lega vert då at trykket vert tilordna venstregrensa til ein metrisk
konstituent. Skilnaden ligg i at for lærarko
1
lega er denne konstituenten ein
fot, medan konstituenten er eit prosodisk ord i lærar
1
kolega.
Og for denne andre forklaringa har me allereie no ytre evidens å trekkja
inn: Det er nettopp morfologiske strukturar som er årsak til dei metriske
strukturane (les: trykktilordninga) i herrepelshuve (5.5.6) og (5.5.7). Då har
me allereie sett i den same dialekten at morfologi avgjer trykkplasseringa, og
då er vegen heller ikkje lang til å seia at i lærar
1
kolega er trykket lina opp
nettopp med den metriske konstituenten ω, medan det er lina opp med venstre
fotgrense i lærarko
1
lega.
Me har òg sett at ein tillaten fotstruktur med to monomoraiske stavingar, jf.
analysen i (5.5.5), predikerer korrekt at hage
1
parasollen er obligatorisk
medan *hagepa
1
rasollen ville vera umogeleg, sidan me dfor sistnemnde måtte
ha fått ein monomoraisk fot ra. Dersom fothovudet µ.µµ frå (5.5.9)
lærar
1
kolega var ein korrekt analyse, skulle me sameleis ha venta at rasoll
kunne fungera som fothovud, slik at *hagepa
1
rasollen var mogeleg. Men slik
er det altså ikkje. Eg vil difor forkasta analysen i (5.5.9). Plasseringa av H
P
i
hage
1
par as ol l en, l ær ar k o
1
l ega og l ær ar
1
kol ega, men ikkje
*hagepa
1
rasollen, indikerer tydeleg at dersom H
P
i desse døma er lina opp
med ei prosodisk venstregrense så kan ikkje ein sekvens µ.µµ konstituera ei
slik venstregrense.
5.5.2 Blokkering av morfologisk avhengig trykktilordning
I underkapittel 5.4.2 var me inne på at det finst visse restriksjonar for
etterlekkstrykk: Ein kan ikkje flytta trykket forbi ein andrelekk som har to
stavingar. Det må heita hus
1
eigarbil ‘bilen til huseigaren’, ikkje
*husei gar
1
bil, trass i den morfologiske strukturen. Derimot er
1
I tillegg ville det vera kontroversielt i det heile teke å ha eit jambisk fothovud i ein
trokeisk fot, sjølv om Dresher og Lahiri har nettopp det.
5.5 Metriske strukturar
213
⎅jenteni⎅våbe
1
styrar mogeleg,
1
sjølv om det (som òg i huseigarbil) ligg éi
monomoraisk staving mellom dei to potensielle trykkstavingane i 2. lekken
(eig, vå) og 3. lekken (bil, sty).
Me kan illustrera skilnadene mellom desse to orda i figurane (5.5.10) og
(5.5.11), der eg har teke med den metriske strukturen frå moraer og opp til det
nedste ω-nivået.
Skilnaden er at (5.5.10), huseigarbil har ein forgreina fot i det andre
prosodiske ordet på det nivået. I (5.5.11), jentenivåbestyrar, er den tilsvarande
foten i (5.5.11) uforgreina.
Ved etterlekkstrykk har me altså morfologiske strukturar som avgjer kva
for ein samansetjingslekk som skal få primærtrykket, og trykket vert då delt ut
til hovudet i den fyrste foten i denne lekken. Den morfologisk baserte delen av
trykkplasseringa vert likevel overstyrd av metriske forhold, ved at ein ikkje-
initial forgreina fot vil blokkera for ei trykktilordning til høgre for seg.
Kvifor det er slik, har eg derimot ikkje noka god forklaring på her, og eg
vel å ikkje gå djupare inn i det, sidan føremålet med denne avhandlinga fyrst
og fremst har vore å sjå på tonale forhold, i tråd med den modellen
(Trondheimsmodellen) som er lagd til grunn.
(5.5.10) hus
1
eigarbil opp til nedste ω-nivået
µµ µµ
bil hus
S
F
S
F
µ
gar
µµ
ei
W S
F
ω
ω ω
1
Også ⎅jenteni
1
våbe⎅styrar er mogeleg, men det viktige for oss her og no er altså at
*⎅hus⎅eigar
1
bil er umogeleg. Eit autentisk døme kunne vera ⎅reiseby⎅rå
1
dame, som eg greip
meg sjølv i å seia på denne måten den 16.1.2001.
5 Samansette ord
214
(5.5.11) jentenivåbe
1
styrar opp til nedste ω-nivået
µµ
sty
µ
rar
F
S
W
F
µµ
jen
µ
te
S W
F
ω ω ω
µ
ni
µµ

S
µ
be
Til slutt skal det nemnast at ein noko annleis måte å analysera dataa i
delkapittel 5.5 på ville vera å taka utgangspunkt i moraiske trokear (Hayes
1995:69), slik Kristoffersen (2000, t.d. s. 158) gjer for austlandsk. Då vil ein
fot alltid vera på to moraer (anten to monomoraiske stavingar, der den fyrste er
S og den andre W; eller éi bimoraisk staving, som i seg sjølv er S). Eit døme
som herrepelshuve (begge variantane) vil på denne måten ha fotstrukturen
(her)<re>(pels)(hu)<ve>. Dømet parasollen vil vera (pa.ra)(sol)<len>, og
hageparasollen vert (ha)<ge>(pa.ra)(sol)<len>. Då kan ein framleis seia at
trykket skal landa i venstre foten i høgre lekk. Problemet med moraiske
trokear i sunnmørsk er då at me treng den forgreina foten µµ.µ for å forklara
skilnaden mellom huseigarbil (5.5.10) og jentenivået (5.5.11), og ein slik fot
er det ikkje plass til i ein moraisk troké.
5.6 Sluttmerknader om etterlekkstrykk
Me har sett at stutte stavingar kan få primærtrykk i sunnmørsk (i form av
nærvær av den metriske tonen T
P
), og dette er jo noko heilt anna enn den
gamle, tradisjonelle regelen som seier at primærtrykk på norsk må realiserast
på ei lang staving. I staden har me i alle fall å gjera med rolla til metriske føter
og rolla til morfologiske forhold.
Ein må likevel hugsa at etterlekkstrykk ser ut til å vera ein strategi for å
unngå å få T
lex
på ei ordinitial primærtrykkstaving når ordet er (prosodisk)
samansett. Vekslinga mellom
2
grågås og grå
1
gåsa, og sameleis
2
blodmat
5.6 Sluttmerknader om etterlekkstrykk
215
og blod
1
maten, er òg noko som indikerer at til grunn for etterlekkstrykk ligg
eit tonelag 2 som det finst visse distributoriske restriksjonar på. Kvifor det
likevel er tonelag 2 i grågås, er uvisst. Ordet grågås er sett saman av to lekkar,
kvar med sin fot. Ein må tydelegvis ha ei ordform på minst tre stavingar for å
få etterlekkstrykk i staden for tonelag 2 (leige
1
bil, grå
1
gåsa), samstundes
som den fyrste lekken ikkje kan byrja med noko foteksternt (ko
2
mune).
Etterlekkstrykk, anten H
P
landar på ei lang eller på ei stutt staving,
gjenspeglar dermed ikkje tonaliteten i dei underliggjande formene direkte. I
dei underliggjande formene må det framleis finnast ein T
lex
som potensielt
kan fungera som tonalt prefiks, men som i visse tilfelle forsvinn, og så vert
kontrasten til det T
lex
-frie primærtrykket (tonelag 1) oppretthalden på ein
annan måte, nemleg ved etterlekkstrykk. Det finst med andre ord ikkje noko
som tyder på at sunnmørsk kan ha underliggjande former med tonalt
primærtrykk på monomoraiske stavingar, sjølv om det finst representasjonar
som (5.5.1) og (5.5.2), som i eit meir strukturalistisk perspektiv kunne ha
vorte analyserte slik. Dette er ikkje meir mystisk enn det me har sett i tallause
døme på tonelag 2, at alt etter omstenda kan H
P
koma på den andre stavinga i
AP-en (som gjerne er monomoraisk) når ein T
lex
kjem framføre. Noko av det
spesielle med tilfella der H
P
ved etterlekkstrykk landar på ei monomoraisk
staving, er at me reint tonalt må operera med ei AP-venstregrense på same
staden, i alle fall i overflaterepresentasjonen/utputt.
Når dette er sagt, kan det leggjast til at ein kvinneleg informant frå Herøy,
fødd 1948, vekslar ein del mellom tonelag 2 og etterlekkstrykk i samansette
ord (og eg har ikkje funne nokon systematikk i det). Det er uvisst om dette er
eit utslag av ein generell diakron prosess på Sunnmøre, eller om dei to
systema har funnest jamsides med kvarandre lenge. I målførelitteraturen om
etterlekkstrykk (sjå delkapittel 5.1) har ein i tråd med dialektologiske
tradisjonar ikkje sagt noko om eventuell variasjon, men i staden konsentrert
seg om å skildra det som vert rekna som særmerkt for dei ulike geografiske
områda. Etterlekkstrykk er i alle fall framleis dominerande på Søre Sunnmøre,
og underskrivne, som er son av nemnde informant, har det dominerande
systemet som det einaste mogelege, med dei avgrensingane som er skisserte
(jf. døma
2
fire¤tauet og ko
2
mune¤styre).
Alt i alt botnar etterlekkstrykk i både metriske og morfologiske tilhøve.
Desse tilhøva er skisserte og delvis analyserte, men mykje manglar før ein kan
seia at dei er kartlagde.
Dei viktigaste spørsmåla som har dukka opp i kapittel 5, er:
5 Samansette ord
216
– Kvifor treng ein tre stavingar for å få etterlekkstrykk (jf. vekslinga
mellom
2
grågås og grå
1
gåsa)?
– Kvifor kan ein ikkje få trykkforskuving forbi ein forgreina fot (som
eigar i huseigarbil)?
– Kvifor er trykkforskuving aktuelt berre ved underliggjande T
lex
?
– Kvifor er etterlekkstrykk avhengig av ordklassetilhøyrsle (firetauet)?
– Kvifor er etterlekkstrykk uaktuelt dersom den fyrste lekken byrjar med
ei trykklett staving (kommune)?
Det er mi oppleving at vidare analysar av etterlekkstrykk i sunnmørsk er
avhengige av at ein fyrst kartlegg den metriske fonologien betre. Dette er ikkje
gjort her, og alle skissene mine til analysar av etterlekkstrykk må difor sjåast
på som spekulasjonar eller framtidige arbeidshypotesar.
Vidare analysar av etterlekkstrykk i sunnmørsk bør òg skje i samanheng
med analysar av etterlekkstrykk i andre dialektar. For kapittel 2, 3 og 4 hadde
eg studiar av andre dialektar og språk å stø meg til. Eg vonar at kapittel 5
sameleis kan vera eit utgangspunkt for korrigerande analysar anten hjå andre
fagfolk eller hjå meg sjølv. Med den sparsame kunnskapen om metriske
forhold i sunnmørsk, og med den tonale vinklinga for denne avhandlinga, har
eg ikkje funne grunnlag for å gå djupare i dei metriske analysane enn eg har
gjort.
217
6 Sluttord
I innleiingskapittelet sette eg meg føre å kartleggja sunnmørsk intonasjons-
fonologi ved hjelp av den hierarkiske modellen som Thorstein Fretheim og
Randi Alice Nilsen har tilpassa til austnorske dialektar, Trondheimsmodellen.
I kapittel 2, 3 og 4 såg me på korleis dette tonale prosodiske hierarkiet er
bygt opp, me har sett på assosiering av tonar, og me har sett på fenomen som
er knytte til dei ulike posisjonane i hierarkiet. Tilnærminga har basert seg på
den vestnorske dialekten søresunnmørsk, med analysegrunnlag i eit hierarki av
prosodiske domene. Det prosodiske hierarkiet som analysereiskap er frå før
kjent særleg frå metrisk fonologi, sjå t.d. Selkirk (1981, 1984, 1990), Nespor
og Vogel (1982, 1986) og Hayes (1989).
Den hierarkiske tilnærminga til språkmaterialet var i seg sjølv heller
uproblematisk. Visse justeringar måtte likevel gjerast i høve til den bruken av
det prosodiske hierarkiet som Thorstein Fretheim og Randi A. Nilsen har lagt
til grunn for austnorsk. Deira utgangspunkt er reint tonalt (med unntak av det
prosodiske ordet deira, som var tonalt og morfologisk), medan det prosodiske
hierarkiet elles i litteraturen har eit eksplisitt metrisk utgangspunkt.
I delkapittel 4.2 (særleg underkapittel 4.2.1) vart den hierarkiske analysen
avhengig av ei eksplisitt relatering av tonaliteten til metriske tilhøve gjennom
føringa DEP ('σ). Analysen var framleis tonalt-hierarkisk, sidan det låg til
grunn at dei ulike tonale einingane sorterte under ulike domene, ulike nivå i det
tonale prosodiske hierarkiet. I delkapittel 3.3 var det sameleis naturleg i
samanlikninga med latvisk å omtala prominenstonen (i sunnmørsk) som
metrisk tone. AP-grensetonen T] må sameleis vera lisensiert av metriske
forhold, nærare sagt av nærværet av den same trykkstavinga til venstre.
Den fyrste drøftinga mi av statusen til det morfo-tonale prosodiske ordet
hjå Fretheim og Nilsen (underkapittel 2.3.3) munna ut i ein noko diffus
konklusjon. I 5.4.3 vart konklusjonen tydelegare: Det prosodiske ordet trengst
i skildringa av tonale forhold, men for søresunnmørsk må dette vera det
metriske prosodiske ordet i eit metrisk prosodisk hierarki, og eg fann heller
ingen grunn til å gjera det annleis for Vestvågøy i Lofoten. Det metriske
prosodiske ordet var òg avgjerande for analysane i 5.5.
Kristoffersen (1995:102ff) problematiserer måten som Nilsen (1992) har
brukt ekstrametrikalitetsanalysar på. Nilsen hadde nemleg plassert somme
stavingar utanfor AP, noko også eg har gjort. Kristoffersen innvender, kort
6 Sluttord
218
sagt, at ekstrametrisk materiale skal utgjera ein eigen konstituent, noko
strengene av «ekstrametriske» stavingar hjå Nilsen ikkje gjer.
Til dette vil eg kommentera at me no har sett eit visst samspel mellom
metriske og tonale strukturar. Dei tonale strukturane byggjer openbert på
metriske forhold, og eg har sjølv måtta trekt inn dei metriske forholda i noko
større grad enn Trondheimsmodellen har invitert til.
Når det fyrst er slik fatt, vil den tonale analysemodellen framleis vera nyttig,
og han kan òg forsvarast ut ifrå fonologiske prosessar som er reint tonale. Til
dømes trengst det tonale domenet AP, m.a. fordi førekomsten av flytande L]
og plasseringa av T
lex
(på heile eller berre byrjinga av trykkstavinga) er
avhengig av kor stor den tonale konstituenten AP er.
Akkurat desse tonetrengslefenomena kan sjølvsagt også sjåast i samanheng
med plasseringa av primærtrykket, noko som vert ein metrisk basert analyse.
Samstundes finst det ikkje nokon metrisk ekvivalent til AP, sidan eit AP-
initialt ord med trykklett fyrstestaving (t.d. for
1
teljingar) vil verta delt mellom
to AP-ar, t.d. (
2
store for-
AP
)(
1
teljingar
AP
). Den trykklette fyrstestavinga for
hamnar i halen på ein føregåande AP, og får den AP-grensetonen L] som, ved
å vera grensetonen til ein AP, er lisensiert av primærtrykket i denne føregåande
AP-en; og primærtrykket i denne føregåande AP-en ligg sjølvsagt i eit heilt
anna ord, nemleg store. Tonaliteten på stavinga for vil altså ha samanheng med
ein annan metrisk konstituent enn den som resten av ordet sorterer under.
Men om det tonale prosodiske hierarkiet dermed er rettgjort, må ein likevel
vera merksam på rolla til det metriske hierarkiet, eit hierarki som jo ligg til
grunn for dei tonale fenomena som me har brukt eit tonalt hierarki til å
analysera. Det er nok å minna om at det tonale domenet AP alltid opnar med ei
metrisk trykkstaving.
Det AP-eksterne (Nilsen 1992: «ekstrametriske») i det tonale hierarkiet
(kapittel 4 hjå meg) som Kristoffersen (1995) har problematisert, er ikkje
tonale konstituentar, men det AP-eksterne materialet svarar til metriske
konstituentar i det metriske hierarkiet: stavingar og føter. Det er ikkje noko éin
til éin-forhold mellom det metriske hierarkiet og det tonale hierarkiet. Med ei
slik presisering vil kritikken frå Kristoffersen vera mindre viktig, men
presiseringa er altså naudsynt.
Dette er i og for seg òg delvis presisert av Nilsen sjølv (Nilsen 1995:117),
som svar på fyrsteopponent Kirstoffersen (Kristoffersen 1995):
Vårt ekstrametrikalitetsbegrep […] handler om tonal ekstrametrikalitet på overflaten.
Når en streng av ord, eller en del av et ord defineres som ekstrametrisk i vår forstand,
er det rett og slett fordi denne delen tonalt sett ikke domineres av den prosodiske
noden som tilsvarer neste nivå i det prosodiske hierarkiet.
6 Sluttord
219
Nilsen legg til at det på ei anna side ikkje er naudsynt å bruka ein terminologi
som strid mot tradisjonell bruk, og føreslår i staden «foteksterne stavelser»
(dvs. «AP-eksterne stavingar» i min terminologi).
I denne studien har eg stort sett vore tonalt orientert. Ei nærare utforsking
av samspelet mellom metriske og tonale forhold bør t.d. kunna seia oss meir
om kva som kan hamna rett under IP (utanfor AP) enn eg har klart å koma
fram til her. Ei slik utforsking er òg naudsynt for å få svar på dei mange
spørsmåla som eg skisserte til slutt i kapittel 5.
Samstundes har eg herved presentert i alle fall den tonale delen av dei
fonologiske vilkåra som ligg til grunn for intonasjon i sunnmørsk, slik eg
skisserte målet for studien i delkapittel 1.1. Analysemodellen viste seg å vera
brukande, både i grunnstruktureringa i kapittel 2 og 3 og i djupdykka i kapittel
4; men under analysane, særleg i kapittel 5, kom det altså fram at tonale og
metriske tilhøve, i alle fall i sunnmørsk, må sjåast i samanheng med kvarandre,
somme tider meir enn elles, somme tider mindre.
221
Vedlegg
Tabellar over lyttetestane i delkapittel 2.4
Tabellane har tre kolonnar. I den fyrste kolonnen står koden til kvart signal. I
den andre kolonnen står den responsen som informanten gav. I den tredje
kolonnen er det oppgjeve i sekund kor lang tid det gjekk før informanten gav
responsen sin, rekna frå det tidspunktet då informanten leverte førre respons
(eller, for det fyrste signalet sin del: rekna frå det tidspunktet då informanten
klikka på «OK» for å starta lyttetesten). Tida det tok å lasta ned og høyra
signalet, er dermed rekna inn der, og det var òg mogeleg å høyra signalet på
nytt. Resultata i tabellane er presenterte med den rekkjefylgda som signala
hadde under lyttetestane.
Sjølve stimulussignala varde så lenge, medrekna kontekstsetningane for dei
signala som hadde slike (nemleg Renault-testen og gryte-testen):
Det store dyret åt den neddopa mannen:
signal tid (s) signal tid (s) signal tid (s) signal tid (s)
d0 3,18 d5 3,18 v0 3,08 v5 3,08
d1 3,18 d6 3,18 v1 3,08 v6 3,08
d2 3,18 d7 3,18 v2 3,08 v7 3,08
d3 3,18 d8 3,15 v3 3,08 v8 3,08
d4 3,18 d9 3,16 v4 3,08 v9 3,07
Eg sette meg vitterleg
inn i Renaulten: Eg har stole ei gryte i Trondheim:
signal tid (s) signal tid (s) signal tid (s) signal tid (s)
d0 5,51 s0 5,30 d0 5,70 s0 5,43
d1 5,51 s1 5,30 d1 5,70 s1 5,43
d2 5,51 s2 5,30 d2 5,70 s2 5,43
d3 5,50 s3 5,29 d3 5,70 s3 5,43
d4 5,33 s4 5,44 d4 5,40 s4 5,75
Vedlegg
222
Lyttetest: Det store dyret åt den neddopa mannen.
informant: TK
signal respons tid
v0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 13
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 14
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 19
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 15
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 23
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 12
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 22
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 13
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 12
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
Dyret-testen
223
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 15
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 13
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 16
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 12
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 6
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 14
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 11
d3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
v8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 13
d0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 15
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
Vedlegg
224
informant: TS
signal respons tid
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 24
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 36
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 42
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 42
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 66
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 23
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 25
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 40
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 14
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 17
v9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 70
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 11
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 26
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 18
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 17
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 44
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 13
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 24
v8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 103
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 18
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 17
v8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 26
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 13
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 39
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
Dyret-testen
225
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 111
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 13
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 21
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 11
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 54
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 11
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 11
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 25
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 14
v8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 31
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 14
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 18
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 13
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 55
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 19
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 17
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 12
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 71
Vedlegg
226
informant: IF
signal respons tid
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 16
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 24
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 27
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 18
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 15
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 16
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 14
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 24
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 16
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
Dyret-testen
227
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 18
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
v8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 14
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
Vedlegg
228
informant: GEH
signal respons tid
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 20
d0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
v3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 12
d6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
v1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
d7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 11
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
v9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
d8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 11
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 12
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
v7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 11
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 12
v8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 11
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 6
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 6
Dyret-testen
229
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 6
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 6
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
v8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 6
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 6
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 6
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 6
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 6
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 6
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 6
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
Vedlegg
230
informant: RB
signal respons tid
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 12
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d7 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 6
v8 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 9
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v9 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
Dyret-testen
231
v2 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 10
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v0 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
v1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 10
d2 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 11
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v4 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 6
d3 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
v8 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
d0 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v5 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 15
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 6
d4 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
v1 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d5 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v3 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 8
d6 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v7 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 7
d1 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 7
v6 Det var MANNEN det åt, ikkje kvinna 9
d9 Det var ETA mannen det gjorde, ikkje slikka mannen 8
Vedlegg
232
Lyttetest: Eg sette meg vitterleg inn i Renaulten
informant: TK
signal respons tid
d0 Renaulten er gamlebilen 17
s0 Renaulten er nyebilen 15
d1 Renaulten er gamlebilen 15
s3 Renaulten er gamlebilen 15
d3 Renaulten er gamlebilen 12
s1 Renaulten er nyebilen 14
d4 Renaulten er nyebilen 15
s1 Renaulten er gamlebilen 17
d1 Renaulten er gamlebilen 10
s3 Renaulten er gamlebilen 14
d2 Renaulten er gamlebilen 11
s4 Renaulten er gamlebilen 13
d2 Renaulten er gamlebilen 10
d4 Renaulten er nyebilen 16
s4 Renaulten er gamlebilen 10
d2 Renaulten er gamlebilen 9
s3 Renaulten er nyebilen 10
d4 Renaulten er nyebilen 11
s0 Renaulten er nyebilen 11
s4 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 10
d1 Renaulten er gamlebilen 11
d3 Renaulten er gamlebilen 12
s0 Renaulten er nyebilen 14
d0 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 20
d0 Renaulten er gamlebilen 9
s2 Renaulten er nyebilen 11
d3 Renaulten er gamlebilen 10
s1 Renaulten er nyebilen 11
Renault-testen
233
informant: KMS
signal respons tid
d0 Renaulten er gamlebilen 11
s0 Renaulten er nyebilen 11
d1 Renaulten er gamlebilen 17
s3 Renaulten er nyebilen 12
d3 Renaulten er gamlebilen 10
s1 Renaulten er nyebilen 15
d4 Renaulten er nyebilen 16
s1 Renaulten er nyebilen 17
d1 Renaulten er gamlebilen 11
s3 Renaulten er gamlebilen 12
d2 Renaulten er gamlebilen 14
s4 Renaulten er gamlebilen 12
d2 Renaulten er gamlebilen 13
d4 Renaulten er nyebilen 11
s4 Renaulten er nyebilen 12
d2 Renaulten er gamlebilen 13
s3 Renaulten er nyebilen 11
d4 Renaulten er nyebilen 11
s0 Renaulten er gamlebilen 11
s4 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 11
d1 Renaulten er gamlebilen 9
d3 Renaulten er gamlebilen 11
s0 Renaulten er nyebilen 10
d0 Renaulten er gamlebilen 11
s2 Renaulten er nyebilen 16
d0 Renaulten er gamlebilen 11
s2 Renaulten er nyebilen 12
d3 Renaulten er gamlebilen 13
s1 Renaulten er gamlebilen 17
Vedlegg
234
informant: TS
signal respons tid
d0 Renaulten er gamlebilen 25
s0 Renaulten er nyebilen 20
d1 Renaulten er gamlebilen 55
s3 Renaulten er nyebilen 11
d3 Renaulten er nyebilen 31
s1 Renaulten er nyebilen 24
d4 Renaulten er nyebilen 33
s1 Renaulten er nyebilen 41
d1 Renaulten er gamlebilen 12
s3 Renaulten er nyebilen 47
d2 Renaulten er gamlebilen 13
s4 Renaulten er gamlebilen 21
d2 Renaulten er gamlebilen 55
d4 Renaulten er nyebilen 11
s4 Renaulten er gamlebilen 13
d2 Renaulten er gamlebilen 41
s3 Renaulten er nyebilen 11
d4 Renaulten er nyebilen 11
s0 Renaulten er nyebilen 19
s4 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 19
d1 Renaulten er gamlebilen 63
d3 Renaulten er nyebilen 45
s0 Renaulten er nyebilen 33
d0 Renaulten er gamlebilen 75
s2 Renaulten er nyebilen 18
d0 Renaulten er gamlebilen 20
s2 Renaulten er nyebilen 18
d3 Renaulten er nyebilen 35
s1 Renaulten er nyebilen 11
Renault-testen
235
informant: IF
signal respons tid
d0 Renaulten er gamlebilen 11
s0 Renaulten er nyebilen 57
d1 Renaulten er nyebilen 21
s3 Renaulten er nyebilen 17
d3 Renaulten er nyebilen 21
s1 Renaulten er nyebilen 20
d4 Renaulten er nyebilen 26
s1 Renaulten er nyebilen 27
d1 Renaulten er gamlebilen 64
s3 Renaulten er gamlebilen 23
d2 Renaulten er gamlebilen 13
s4 Renaulten er gamlebilen 12
d2 Renaulten er gamlebilen 10
d4 Renaulten er gamlebilen 15
s4 Renaulten er gamlebilen 18
d2 Renaulten er gamlebilen 10
s3 Renaulten er gamlebilen 19
d4 Renaulten er nyebilen 42
s0 Renaulten er nyebilen 10
s4 Renaulten er gamlebilen 11
s2 Renaulten er nyebilen 18
d1 Renaulten er gamlebilen 18
d3 Renaulten er gamlebilen 11
s0 Renaulten er nyebilen 17
d0 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 11
d0 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 11
d3 Renaulten er gamlebilen 31
s1 Renaulten er nyebilen 16
Vedlegg
236
informant: GEH
signal respons tid
d0 Renaulten er gamlebilen 11
s0 Renaulten er gamlebilen 10
d1 Renaulten er gamlebilen 13
s3 Renaulten er nyebilen 10
d3 Renaulten er nyebilen 11
s1 Renaulten er gamlebilen 13
d4 Renaulten er nyebilen 11
s1 Renaulten er gamlebilen 16
d1 Renaulten er gamlebilen 10
s3 Renaulten er nyebilen 12
d2 Renaulten er nyebilen 16
s4 Renaulten er nyebilen 10
d2 Renaulten er gamlebilen 12
d4 Renaulten er gamlebilen 9
s4 Renaulten er nyebilen 10
d2 Renaulten er gamlebilen 12
s3 Renaulten er nyebilen 18
d4 Renaulten er gamlebilen 11
s0 Renaulten er nyebilen 9
s4 Renaulten er gamlebilen 11
s2 Renaulten er gamlebilen 16
d1 Renaulten er gamlebilen 16
d3 Renaulten er nyebilen 10
s0 Renaulten er nyebilen 11
d0 Renaulten er nyebilen 10
s2 Renaulten er gamlebilen 14
d0 Renaulten er nyebilen 11
s2 Renaulten er gamlebilen 11
d3 Renaulten er nyebilen 11
s1 Renaulten er gamlebilen 15
Renault-testen
237
informant: RB
signal respons tid
d0 Renaulten er nyebilen 16
s0 Renaulten er nyebilen 9
d1 Renaulten er gamlebilen 12
s3 Renaulten er gamlebilen 17
d3 Renaulten er gamlebilen 14
s1 Renaulten er nyebilen 13
d4 Renaulten er nyebilen 16
s1 Renaulten er gamlebilen 15
d1 Renaulten er gamlebilen 12
s3 Renaulten er nyebilen 13
d2 Renaulten er gamlebilen 12
s4 Renaulten er gamlebilen 12
d2 Renaulten er gamlebilen 13
d4 Renaulten er nyebilen 11
s4 Renaulten er gamlebilen 11
d2 Renaulten er gamlebilen 10
s3 Renaulten er nyebilen 10
d4 Renaulten er nyebilen 12
s0 Renaulten er nyebilen 9
s4 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 10
d1 Renaulten er gamlebilen 11
d3 Renaulten er gamlebilen 11
s0 Renaulten er nyebilen 9
d0 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 10
d0 Renaulten er gamlebilen 10
s2 Renaulten er nyebilen 9
d3 Renaulten er gamlebilen 12
s1 Renaulten er nyebilen 10
Vedlegg
238
Lyttetest: Eg har stole ei gryte i Trondheim
informant: TK
signal respons tid
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 13
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 12
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 14
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 12
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 13
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 12
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 17
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 12
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
Gryte-testen
239
informant: KMS
signal respons tid
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 8
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 8
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 8
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
Vedlegg
240
informant: TS
signal respons tid
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 40
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 19
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 118
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 44
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 12
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 14
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 50
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 12
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 12
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 30
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 18
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 13
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 12
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 13
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 13
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 16
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 14
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 19
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 27
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 20
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 26
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
Gryte-testen
241
informant: IF
signal respons tid
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 27
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 21
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 18
d3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 17
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 26
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 21
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 20
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 17
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 26
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 17
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 17
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 17
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 20
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
Vedlegg
242
informant: GEH
signal respons tid
s0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 14
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
d3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 12
d3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 13
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 13
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 13
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 9
d2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 13
Gryte-testen
243
informant: RB
signal respons tid
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s0 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 11
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 11
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
d0 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s2 Ja, eg har stole ei gryte i byen 12
d4 Ja, eg har stole ei gryte i byen 9
s1 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d3 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s3 Ja, eg har stole ei gryte i byen 10
d1 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
d2 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
s4 Nei, det var i Trondheim eg stal den gryta 10
245
Litteratur
Abrahamsen, Jardar Eggesbø 1998a. Remarks on the oxytonic accentual
pattern in a West Norwegian dialect. Stefan Werner (1998:23–33).
Abrahamsen, Jardar Eggesbø 1998b. Ordaksent og andre tonar: ein
kommentar. Faarlund, Mæhlum og Nordgård (1998:2–12).
Alderete, John D. 1999. Morphologically Governed Accent in Optimality
Theory. Doktoravhandling, Department of Linguistics, University of
Massachusetts Amherst.
Alnæs, Ivar 1916. Norsk sætningsmelodi. Dens forhold til ordmelodien.
Kristiania: H. Aschehough & Co.
Bakke, Camilla 2001. I møte med vestnorske tonem. Ein studie av tonale
trykkstrukturar i nokre vestnorske dialektar, og ei gruppe andre-
språklege si tileigning av desse. Hovudfagsoppgåve, Nordisk institutt,
Universitetet i Bergen.
Beckman, Jill N. 1998. Positional Faithfulness. Doktoravhandling,
Department of Linguistics, University of Massachusetts Amherst.
Benua, Laura 1997. Transderivational Identity: Phonological Relations
between Words. Doktoravhandling, Department of Linguistics,
University of Massachusetts Amherst.
Beito, Olav T. og Ingeborg Hoff (red.) 1973. Frå norsk målføregransking.
Utvalde utgreiingar 1908–1963. Oslo, Bergen, Tromsø: Universitets-
forlaget.
Benediktsson, Hreinn (red.) 1972. The First Grammatical Treatise.
Reykjavík: University of Iceland.
Bondevik, Jarle, Oddvar Nes og Terje Aarset (red.) 1992. Sunnmørsgram-
matikkane av Ivar Aasen. Bergen: Norsk bokreidingslag.
Bruce, Gösta og Eva Gårding 1978. A Prosodic Typology for Swedish
Dialects. Gårding, Bruce og Bannert (1978:219–228).
Bruce, Gösta 1998. Allmän och svensk prosodi. Institutionen för lingvistik,
Lunds universitet.
Litteratur
246
Brøndsted, Mogens 1967. Dansk for normænd. Oslo: Aschehoug.
Bußmann, Hadumod 1990. Lexikon der Sprachwissenschaft. Stuttgart: Alfred
Kröner Verlag.
Chomsky, Noam og Morris Halle 1968. The Sound Pattern of English. New
York: Harper and Row.
Christiansen, Hallfrid 1954. Hovedinndelingen av norske dialekter. Maal og
Minne 1954, 30–41. Attgjeven i Beito og Hoff (1973:39–48).
Christiansen, Hallfrid [1976]. Norske dialekter. Oslo: Tanum-Norli.
Cruttenden, Alan 1986. Intonation. Cambridge University Press.
van Dommelen, Wim A. og Thorstein Fretheim (red.) 2001. Nordic Prosody.
Proceedings of the VIIIth Conference, Trondheim 2000. Frankfurt am
Main, Berlin, Bern, New York, Paris, Wien: Peter Lang Europäischer
Verlag der Wissenschaften.
Dresher, E. Elan og Aditi Lahiri 1991. The Germanic Foot: Metrical
Coherence in Old English. Linguistic Inquiry, Volume 22, 2/1991, 251–
286.
Ekblom, R. 1930. Zur Entstehung und Entwicklung der slavo-baltischen und
der nordischen Akzentarten. Uppsala: Almqvist & Wiksells bok-
tryckeri. Leipzig: Otto Harrassowitz.
Ekblom, R. 1933. Die lettischen Akzentarten. Uppsala: Almquist & Wiksels
boktryckeri; Paris: Libraire Anc. H. Champion; Leipzig: Otto
Harrassowitz; Haag: Martinus Nijhoff.
Engstrand, O. 1995. Phonetic interpretation of the word accent contrast in
Swedish. Phonetica 52,171–179.
Fasold, Ralph 1992. The Sociolinguistics of Society. Blackwell.
Fretheim, Thorstein 1981a. Intonational Phrasing in Norwegian. Nordic
Journal of Linguistics, 111–137.
Fretheim, Thorstein (red.) 1981b. Nordic Prosody II. Papers from a
Symposium. Trondheim: Tapir.
Fretheim, Thorstein 1987. Phonetically Low Tone–Phonologically High Tone,
and Vice Versa. Nordic Journal of Linguistics 10, 35–58.
Litteratur
247
Fretheim, Thorstein 1990. The Form and Function of Foot-External Syllables
in Norwegian Intonation. Wiik og Raimo (1990:87–110).
Fretheim, Thorstein 1993. Om ikoniske og ikke-ikoniske delmelodier i
østnorske intonasjonsmønstre. Det Kongelige Norske Videnskabers
Selskabs Forhandlinger 1992. Trondheim: Universitetsforlaget, 219–
233.
Fretheim, Thorstein og Arne Kjell Foldvik 1987. Accentuation and semantic
specificness. Gregersen og Basbøll (1987:51–60).
Faarlund, Jan Terje; Brit Mæhlum; Torbjørn Nordgård (red.) 1998. MONS 7.
Utvalde artiklar frå det 7. Møtet Om Norsk Språk i Trondheim 1997.
Oslo: Novus forlag.
Goldsmith, John A. 1990. Autosegmental and Metrical Phonology. Oxford
(UK), Cambridge (USA): Blackwell.
Gregersen Kirsten og Hans Basbøll (red.): Nordic Prosody IV. 51–60.
Gussenhoven, Carlos 2000. The lexical tone contrast of Roermond Dutch in
Optimality Theory. Horne (2000:129–167).
Gussenhoven, Carlos og Gösta Bruce 1999. Word prosody and intonation.
van der Hulst (1999:233–271).
Gårding, E. 1983. Superposition as an invariant feature of intonation. Innlegg
på symposium om «Invariance and Variability», MIT.
Gårding, Eva; Gösta Bruce; Robert Bannert (red.) 1978. Nordic Prosody.
Papers fom a Symposium. Department of Linguistics, Lund University.
Haggard, Mark; Stephen Ambler; Mo Callow 1970. Pitch as a Voicing Cue.
The Journal of Acoustical Society of America 47 (1970), 614–617.
Hayes, Bruce 1989. The Prosodic Hierarchy in Meter. Kiparsky og Youmans
(1989:201–260).
Hayes, Bruce 1995. Metrical Stress Theory. Principles and Case Studies.
Chicago: University of Chicago Press.
Hofgaard, S.W. 1890. Omrids af lydlæren. Kristiania.
Hognestad, Jan K. 1997. Tonemer i en høytonedialekt. En undersøkelse med
utgangspunkt i Egersund bymål. Oslo: Det Norske Samlaget.
Litteratur
248
Horne, Merle 1995. Andre opponent. Norsk Lingvistisk Tidsskrift 1/1995.
Oslo: Novus, 106–110.
Horne, Merle (red.) 2000. Prosody: Theory and Experiment. Studies
Presented to Gösta Bruce. Dordrecht – Boston – London: Kluwer
Academic Publishers.
van der Hulst, Harry og N. Smith (red.) 1982. The Structure of Phonological
Representations (Part I). Dordrecht: Foris.
van der Hulst, Harry (red.) 1999. Word Prosodic Systems in the Languages
of Europe. Berlin, New York: Mouton de Gruyter.
Jahr, Ernst Håkon og Ove Lorentz (red.) 1983. Prosodi/Prosody. Oslo:
Novus.
Jensen, Martin Kloster 1956. «Høytone». Opplegg til en systematikk.
Universitetet i Bergen: Årbok 1956. Historisk-antikvarisk rekke. Nr. 1.
Johannessen, Janne Bondi 2001. Sammensatte ord. Norsk Lingvistisk
Tidsskrift 1/2001. Oslo: Novus, 59–91.
Kager, René 2001. Optimality Theory. Cambridge University Press.
Kari¿‰, Arturs Kri‰jÇnis 1996. The prosodic structure of Latvian. Doktor-
avhandling, University of Pennsylvania.
Katamba, Francis 1991. An Introduction to Phonology. London – New York:
Longman.
Kehrein, Wolfgang og Richard Wiese (red.) 1998. Phonology and
Morphology of the Germanic Languages. Tübingen: Max Niemeyer
Verlag.
Kingston, J. og M.E. Beckman (red.) 1990. Papers in Laboratory
Phonology, vol. I. Cambridge: Cambridge University Press.
Kiparsky, P. og G. Youmans (red.) 1989. Rythm and Meter. Orlando, FL:
Academic Press.
Kristoffersen, Gjert 1992. Tonelag i sammensatte ord i østnorsk. Norsk
Lingvistisk Tidsskrift 1/1992. Oslo: Novus, 39–65.
Kristoffersen, Gjert 1995. Første opponent. Norsk Lingvistisk Tidsskrift
1/1995. Oslo: Novus, 91–105.
Litteratur
249
Kristoffersen, Gjert 2000. The Phonology of Norwegian. Oxford University
Press.
Ladd, D. Robert 1998. Intonational phonology. Cambridge University Press.
Lasmane, Valentine 1981. Översikt över lettisk grammatik. Stockholm:
Lettiska Centralrådet i Sverige/Zvedrijas Latvie‰u CentrÇlÇs.
Liberman, Mark 1975. The Intonational System of English. Doktoravhandling,
Massachusettes Institute of Technology, Cambridge.
Liberman, Mark og Alan Prince 1977. On Stress and Linguistic Rythm.
Linguistic Inquiry 8, 249–336.
Lorentz, Ove 1981. Adding tone to tone in Scandinavian dialects. Fretheim
(1981b:166–180).
Lorentz, Ove 1995. Tonal Prominence and Alignment. Phonology at Santa
Cruz 4, 39–56.
Louis-Jensen, Jonna og Hendrik W. Poulsen (red.) 1992. The Nordic
languages and modern linguistics: proceedings of the Seventh
International Conference of Nordic and General Linguistics in
Tórshavn, 7–11 August 1989. Vol. II. Tórshavn: Føroya Fró&skapar-
felag.
McCarthy, John J. 2002. A Thematic Guide to Optimality Theory. Cambridge
University Press.
Mo, Eilert 1923. Tonelagstilhøve i rindalsk. Med umtale av nokre
eksperimentale freistnader på Det Fonetiske Institutt. Melding til Det
Akademiske Kollegium, Kristiania. (Videnskapsselskapets Forhand-
linger 1922 nr. 1.) Kristiania: Jacob Dybwad.
Nespor, M. og I. Vogel 1982. Prosodic Domains of External Sandhi Rules.
van der Hulst og Smith (1990:225–255)
Nespor, M. og I. Vogel 1986. Prosodic Phonology. Dordrecht: Foris.
Nilsen, Randi Alice 1988. On prosodically marked information structure in
spoken Norwegian. Hovudfagsoppgåve, Lingvistisk institutt, Universi-
tetet i Trondheim.
Nilsen, Randi A. 1992. Intonasjon i interaksjon — sentrale spørsmål i norsk
intonologi. Universitetet i Trondheim.
Litteratur
250
Nilsen, Randi A. 1995. Svar frå doktoranden. Norsk Lingvistisk Tidsskrift
1/1995. Oslo: Novus, 111–122.
Nilsen, Randi Alice 2001. “Borderline Cases”. Tonal characteristics of some
varieties of spoken South Norwegian. van Dommelen og Fretheim
(2001:173–186).
Nilsen, Randi Alice og Thorstein Fretheim 1992. The East Norwegian “No
Big Deal” Intonation. Louis-Jensen og Poulsen (1992:453–463).
Odden, David 2001. Tone Shift and Spread in Taita I. Studies in African
linguistics 30, 75–110.
Pierrehumbert, Janet og Mary Beckman 1988. Japanese Tone Structure.
Cambridge, London: The MIT Press.
Riad, Tomas 1996. Remarks on the Scandinavian tone accent typology.
Nordlyd 24, 1996, 129–156.
Riad, Tomas 1998. Towards a Scandinavian accent typology. Kehrein og
Wiese (1998:77–109).
Richards, Jack; John Platt; Heidi Weber 1985. Dictionary of Applied
Linguistics. Longman.
Roca, Iggy 1994. Generative Phonology. London, New York: Routledge.
Sandøy, Helge 1986. Trykk og tonem i dialekten i Ytre Romsdal. Norsk
Lingvistisk Tidsskrift 1–2/1986. Oslo: Novus forlag, 133–142.
Selkirk, Elisabeth O. 1981. On Prosodic Structure and its Relation to
Syntactic Structure. Fretheim (1981b:111–140).
Selkirk, Elisabeth O. 1984. Phonology and Syntax: The Relationship between
Sound and Structure. Cambridge, MA: MIT Press.
Selkirk, Elisabeth O. 1990. On the Nature of Prosodic Costituency. Kingston
og Beckman (1990:179–200).
Selmer, Ernst W. 1921. Tonelag og tonefald i Bergens bymaal.
(Videnskapsselskapets Skrifter. II. Hist.-filos. Klasse. 1921. No. 8.)
Kristiania: Jacob Dybwad.
Selmer, Ernst W. 1948. Sunnmøre-studier. (Avhandlinger utgitt av Det
Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. II. Hist.-filos. klasse. 1948. No.
2.) Oslo: Jacob Dybwad.
Litteratur
251
Silverman, Kim 1986. F
0
Segmental Cues Depend on Intonation: The Case of
the Rise after Voiced Stops. Phonetica 43, 3/1986, 76–91.
Slethei, Kolbjørn 1996. Grunnbok i fonetikk for språkstudenter. Cappelen
Akademisk Forlag.
Tronstad, Ingunn 1995. Myter og realiteter om norsk intonasjon. Hovudfags-
oppgåve, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet i
Trondheim.
Vanvik, Arne 1956. Norske tonelag. Maal og Minne 1956:92–102. Attgjeven i
Jahr og Lorentz (1983:209–219).
Vanvik, Arne 1986. Kort innføring i fonetikk. Oslo, Bergen, Stavanger,
Tromsø: Universitetsforlaget.
Werner, Stefan (red.) 1998. Nordic Prosody VII. Proceedings of the VIIth
Conference, Joensuu 1996. Frankfurt am Main, Berlin, Bern, New York,
Paris, Wien: Peter Lang Europäischer Verlag der Wissenschaften.
Wiik, Kalevi og Ilkka Raimo (red.) 1990. Nordic Prosody V. Turku:
Painosalama.
Worren, Dagfinn 1980. Om bortfall av palatal nasal på Søre Sunnmøre. Maal
og Minne. Oslo: Bymålslaget, 193–214.
Yip, Moira 2002. Tone. Cambridge University Press.
Aasen, Ivar 1996 (utg. Terje Aarset). Det norske Folkesprogs Grammatik.
Høgskulen i Volda.

Prenta av NTNU-trykk, Trondheim ISBN 82-471-5232-0

Innhald
Innhald .................................................................................... Føreord .................................................................................... 1 1.1 1.2 1.3 1.4 1.5 2 2.1 2.2 2.3 2.3.1 2.3.2 2.3.3 2.4 2.4.1 2.4.2 2.4.3 2.4.3.1 2.4.3.2 2.4.3.3 2.4.3.4 Innleiing .................................................................................. Kva denne studien er og ikkje er ............................................... Trykk og tone ............................................................................ Eldre toneforsking i norsk ......................................................... Nyare toneforsking i norsk ....................................................... Datatilnærming og transkripsjonskonvensjonar ........................ i v 1 1 5 8 12 14

Det prosodiske hierarkiet ...................................................... 17 Trondheimsmodellen ................................................................. 19 Ontologisk status ....................................................................... 22 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) .................................... 23 Den interne strukturen til AP ..................................................... 24 Tonelag: ord eller AP? ............................................................... 27 Prosodisk ord ............................................................................ 29 AP og IP ................................................................................... 41 Eigenskapar ved IP .................................................................... 42 IP og ikkje IP: To slags neddrift ............................................... 44 Lyttetestar .................................................................................. 47 Generelt om lyttetestane ............................................................ 49 Spesielt om lyttetestane ............................................................. 52 Lyttetest for mediale AP-ar: dyret-testen ................................... 55 Lyttetestar for finale AP-ar: «Renault-testen» og «gryte-testen» ............................................................................ 70 2.4.4 Oppsummering av lyttetestane ................................................... 83 2.4.5 Etter lyttetestane: litt meir fokus ................................................ 84 2.4.5.1 L] i fokus igjen .......................................................................... 84 2.4.5.2 Fokus i eit par andre høgtonedialektar ....................................... 87 2.4.6 Ei oppsummering av 2.4 ............................................................ 94 2.5 IU og IP .................................................................................... 96 2.5.1 IU-grensetone ........................................................................... 96 2.5.2 Manglande neddrift ................................................................... 100

i

Innhald

3 3.1 3.2 3.3 3.3.1 3.3.2 3.4 3.5 3.6 4 4.1 4.1.1 4.1.2 4.2 4.2.1 4.2.2 4.2.3 4.3 5 5.1 5.2 5.3 5.4 5.4.1 5.4.2 5.4.3 5.5 5.5.1 5.5.2 5.6 6

Assosiering .............................................................................. Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 1 ............ Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 2 ............ Den leksikalske tonen ............................................................... Ein mogeleg parallell i latvisk .................................................... Ein optimalitetsteoretisk analyse ................................................ Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen ......................................................................... AP-grensetonen og IU-grensetonen .......................................... Ein kommentar om assosiering ................................................. Materiale utanfor AP ............................................................. Anakrusar og ikkje-initiale parallellar ........................................ Anakrusar .................................................................................. AP-eksterne stavingar som ikkje er ytringsinitiale ..................... IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 ............................... Restriksjonar på HL .................................................................. Tonelag 2: ein ekstra tone eller ein «skillnad i timing»? ............ Er den leksikalske tonen ein leksikalsk tone? ............................ IP-dominert H: eit spesialtilfelle ved tonelag 1 .......................... Samansette ord ....................................................................... Oversyn ..................................................................................... Diakron evidens ........................................................................ Synkron evidens ........................................................................ Morfologisk status og morfologiske tilhøve .............................. Morfologi mot fonologi ............................................................ Morfologiske strukturar ............................................................ Det prosodiske ordet igjen ........................................................ Metriske strukturar .................................................................... Eit tilsynelatande spesialtilfelle .................................................. Blokkering av morfologisk avhengig trykktilordning ................ Sluttmerknader om etterlekkstrykk ............................................

105 105 109 112 114 116 120 129 138 141 143 144 148 155 158 165 170 176 181 181 184 186 190 190 193 197 201 201 212 214

Sluttord ................................................................................... 217

ii

Innhald

Vedlegg .................................................................................... Tabellar over lyttetestane i delkapittel 2.4 .................................. Lyttetest: Det store dyret åt den neddopa mannen ...................... Lyttetest: Eg sette meg vitterleg inn i Renaulten ......................... Lyttetest: Eg har stole ei gryte i Trondheim ...............................

221 221 222 232 238

Litteratur ................................................................................. 245

iii

.

og har sjølvsagt ytt ulike typar rettleiing. Dei fem rettleiarane har hatt ulike faglege bakgrunnar. Den fyrste delen av stipendperioden var diverre mykje merkt av sjukdom.Føreord Våren 1995 las eg korrektur på hovudfagsoppgåva til Ingunn Tronstad. Randi Alice Nilsen har gjeve omfattande responsar (og sunn motstand). juni 1998. Etter kvart vart også rettleiarkabalen lagd på nytt. men til gjengjeld har dei vore lange. ettersom hovudrettleiaren sat i Bergen. Samtalane med henne har ikkje vore mange. Eg har heile tida hatt arbeidsstad ved Lingvistisk institutt (frå hausten 2002: Institutt for språk. etter dei innleiande sjukdomsperiodane.og kommunikasjonsstudium). Trondheim). Som rettleiar hadde eg i starten professor Thorstein Fretheim ved same institutt. Alle skal takkast for sine respektive innsatsar. Trondheim) og fyrsteamanuensis Randi Alice Nilsen (Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Avhandlinga er sjølvsagt noko merkt både av rettleiarskiftet og av at arbeidet skaut fart i 2001. v . og har fungert som fagleg kontakt på instituttet. særleg på kapittel 2. Jamvel om eg hadde hatt intonasjon på pensumet på lingvistikk grunnfag nokre år tidlegare. Myter og realiteter om norsk intonasjon (Tronstad 1995). medan medrettleiaren var professor Curt Rice ved Engelsk institutt (sidan: Institutt for språkvitskap). I rettleiarrolla har van Dommelen vore spesielt oppteken av at kommunikasjonen mellom Gjert Kristoffersen og meg skulle gå fint trass i den geografiske avstanden. og frå august 2000 hadde eg professor Gjert Kristoffersen som hovudrettleiar (Nordisk institutt. Universitetet i Bergen). og slutta den 28. og han har funne fram til relevant fonetisk litteratur for meg når eg har trunge det. universitetet i Trondheim (som formelt sett har det noko misvisande namnet NTNU). var det fyrst med Tronstad at den særlege interessa for intonasjonsfonologi vart vekt. Etter fleire søkjerundar fekk eg den jolegåva i 1997 at Noregs forskingsråd hadde løyvt pengar til det individuelle doktorgradsstipendet eg hadde søkt om. Sluttdatoen var noko forskuva i forhold til den opphavlege planen fordi eg undervegs hadde nokre sjukmeldingar og ein permisjon for å undervisa. februar 2003. Eg byrja i stipendiatstillinga 1. Som nye medrettleiarar hadde eg professor Wim van Dommelen (Lingvistisk institutt. Universitetet i Tromsø. i tilfeldig rekkjefylgd: Wim van Dommelen er fonetikar.

Trondheim. vonleg saman med mesteparten av styrkane. og nokre få stader er det gjort nokre mindre endringar. desember 2003 Jardar Eggesbø Abrahamsen vi . Ei takk går òg til informantane. ikkje rettleiarane. Og det som er att av veikskapar til slutt. medrekna pagineringa og alle veikskapane i teori og metode. Rettleiarar kan i høgda berre hjelpa til med å luka ut delar av det veike. Det er ei sanning i klisjeen om at det er eg. eit knippe budsjettdebatterande kommunestyrerepresentantar i Herøy på Sunnmøre som Bygderadio Vest skaffa meg opptak av. og var sjølvsagt òg den som i si tid gav meg den fyrste innføringa i intonasjon. konstruktive og heilskaplege merknader til det eg har skrive. Det må leggjast til at ei personleg fagleg utvikling heldigvis ikkje endar når ein leverer avhandlinga si. Trondheim. mars og 11. Thorstein Fretheim hadde nokre merknader til nokre tidlege utkast til det som no er byrjinga av kapittel 2. I tillegg til å takka rettleiarane fortener instituttet som heilskap heider for den uformelle omgangstonen som gjer instituttet til ein triveleg stad å vera. Elles ville det ikkje ha vore like greitt å sitja og arbeida for seg sjølv. men det er eg.a. som er ansvarleg for alle veikskapane: Ulike fagfolk vil oppdaga ulike veikskapar. både dei eg har hatt inne på kontoret mitt. oktober 2003). september 2003 Jardar Eggesbø Abrahamsen Merknad I denne endelege versjonen av avhandlinga er dei styggaste trykkfeila retta. til dømes gjennom direkte påpeikingar og gjennom inspirasjon som eg kan ha vore både meir og mindre mottakeleg for. som har fungert både som medisin og som assisterande korrekturlesar. Tusen takk til Judith. som forfattar av avhandlinga.Føreord Gjert Kristoffersen skal takkast særskilt for (stundom fånyttes) å ha kome med kritiske. 24. Elles rakk ikkje det fyrste rettleiarparet å rettleia meg så mykje. og Curt Rice for måten han har oppmuntra meg på. kjem visseleg frå meg sjølv. og dei som eg har analysert utan at dei har visst det. m. som må svara for breidda i veikskapsrepertoaret. Elles er alt som før disputasen (som fann stad 10.

Intonasjon kan ha samme funksjon som en syntaktisk operasjon. Jamvel om dette også femner om tonelagsfenomenet i norsk.a. Wörter) bezogene Erscheinungen der Tonhöhenverlaufs in →Tonsprachen. ist bezogen auf eine Silbe. Tronstad (1995:51ff) kjem då òg fram til at det ikkje finst nokon eigen «spørsmålsintonasjon» i norsk. 1. Da intonatorische Merkmale die segmentierbaren Einzellaute überlagern. 1 . nennt man sie auch →Suprasegmentale Merkmale. S. Denne variasjonen på ytringsnivå vert kalla intonasjon.1 Innleiing Menneskespråka har tonar. og oppnådd det samme: Vi har formulert et spørsmål. vil tonelag likevel verta presentert berre som ein del av ein større tonal heilskap i språket. ein Wort. […] (2) Im engeren Sinne (besonders in der Slawistik): auf morphologisch definierte Segmente (Morphe. passar på det som me i norsk kjenner som tonelag. i. Medan Bußmanns tronge definisjon 2 m.a. ein Satzgleid (eine Phrase) oder einen Satz.a. går grunntonefrekvensen vekselvis opp og ned ut gjennom ytringa. Slethei legg til at det ikkje finst noko éin til éin-forhold mellom gjevne intonasjonsmønster og gjevne syntaktiske kategoriar. dette i artikkelen om Intonation: Intonation [lat. die nicht an einen Einzellaut gebunden sind (→ Prosodie). Hadumod Bußmann (1990:352f) skriv m.1 Kva denne studien er og ikkje er Kolbjørn Slethei (1996:106) skriv m. I stedet for å forandre ordrekkefølgen har vi forandret intonasjonen. dette om intonasjon: Det er mulig å isolere minst fire forskjellige funksjoner intonasjon kan ha: 1. […] I. (1) Im weiteren Sinne: Gesamtheit der prosodischen Eigenschaften von sprachlichen Äußerungen. Når me snakkar. er det den vidare definisjon 1 som ligg nærast det som eg skal presentera i denne studien: tonegangen i ytringar og i delar av ytringar. Utsagnet «det regner» vil høres ut på to helt ulike måter om det er «Det regner!» sammenlignet med «Det regner?». intonÇre ›stimmen‹]. w.

skepsis og mismot. noko som har ein bagatelliserande effekt. Det kan vera snakk om å bruka eit høgt frekvensregister eller overdrivne tonerørsler som i baby talk. eller det kan vera no big deal-intonasjon.a. Derimot skal eg sjå på det grammatiske grunnlaget for intonasjon. I denne studien kjem eg ikkje til å sjå på pragmatisk. at det som ein bed om. situasjonsavhengige skilnader i distribusjonen av ulike 2 . Hvis det er åpenbart at barnet eller dyret ikke har mulighet for å delta i samtalen. Vi kan også adressere talen til bestemte adressater. En kan indikere entusiasme og glede. 1985:34). er at dei tek utgangspunkt i måten som ulike tonale fenomen vert brukte på. 3. Dette punktet seier òg noko om sosiolingvistisk funksjon. der ytringa byrjar heller høgt og fell fort nedover slik at ho sluttar heller lågt.d. t. Vi bruker også stemmekvaliteter til slik verdikoding. vil de kunne bli oppfattet som feminine eller homofile. som typisk kjem føre når ein vaksen snakkar til eit barn eller til kjærasten sin.1 Innleiing Slethei held fram (utdrag): 2. og utelukke andre adressater ved valg av intonasjonsmønster. av «sometimes […] exaggerated INTONATION patterns» (Richards et al. Det har ikke vært undersøkt for norsk. Intonasjon kan signalisere verdikoding av ytringen. men det har vært hevdet at visse intonasjonsmønster i amerikansk engelsk er sosialt "forbudt" for menn. der noko kjem til uttrykk gjennom fonetiske eigenskapar ved intonasjonen. dvs. Desse siste to punkta handlar om ein type pragmatisk og sosiolingvistisk funksjon. Mønsteret er (om ein har sosiale antenner) avgrensa til heller intime kontekstar. Eg skal sjå på språkstruktur. og ikkje på bruksmåtar for språk. Det finnes undersøkelser som tyder på at visse intonasjonsmønster kan være kjønnsspesifikke. og som er karakterisert m. kan vi adressere utsagnet ved å bruke intonasjonsmønster vi aldri ville bruke til andre. dei fonologiske strukturane i tonegangen gjennom ytringar. men den kan også gjelde den vi snakker til. Slethei avsluttar med dette punktet: 4. kostar vedkomande lite å utføra (Nilsen og Fretheim 1992). Dette ser vi mest tydelig når en snakker til små barn eller dyr. Eg kjem heller ikkje til å sjå på dei fonetiske karakteristika ved intonasjon i ulike pragmatiske eller sosiolingvistiske funksjonar. Det ligg nær å tenkja på det som i sosiolingvistikken er kjent som baby talk eller caretaker speech. Det kjem dermed ikkje på tale å leita etter t. Det som likevel er sams for alle dei fire punkta han listar opp. psykolingvistisk eller sosiolingvistisk variasjon i intonasjonen. Hvis menn likevel bruker dem. surhet og tverrhet. Verdikodingen kan gjelde innholdet i ytringen.d.

3 . førgenerative studiar finst (Selmer 1921. 1995. 2000). Nilsen (2001) har studert det geografiske overgangsområdet mellom lågtone. Eg held meg til generativ fonologi (autosegmental fonologi og nokre optimalitetsteoretiske analysar).1. Litt finst likevel om vestlandsk og nordnorsk (særleg Lorentz 1981. Larsen m. 1948). Visse eldre. Kristoffersen (1992. Det meste av tonal forsking som gjeld norsk språk. sidan ulike intonasjonsmønster vil vera relevante i ulike språklege kontekstar (sjå t. Naar der forhaabentlig blir foretat videre undersøkelser over sætningsmelodien i andre dialekter. som er mit eget. Bakke 2001). Eg vil freista å seia noko om korleis ulike fonologiske konstituentar1 samhandlar. vil det ha stor interesse at 1 Det vil dreia seg om hierarkisk ordna delstrenger (domene). og sjølvsagt kva for konstituentar som finst i intonasjonsfonologien.4). fl. Optimalitetsteori vil få ein stutt presentasjon.1 Kva denne studien er og ikkje er måtar å intonera på. Deres undersøkelser gjælder dog væsentlig det enkelte o r ds melodi. Dette vil verta presentert i detalj i kapittel 2. Alnæs (1916:2) konstaterte: Jeg har begrænset mig til at skildre det østlandske maal. men i staden vil konsentrera seg om den morfologiske strukturen. har skrevet. men eg vil gå ut ifrå at lesaren er kjend med teorien frå før. det er man vistnok nødt til naar det gjælder saa fine og flygtinge ting som de melodiske forhold. og vil ikkje verta gjord spesielt greie for. men vil i staden konsentrera meg om den fonologiske strukturen. men då stort sett med fokus på einskildord framfor fulle ytringar. ikke sætningens. men eg kjem ikkje til å analysera dei pragmatiske funksjonane.d. Sameleis som ein morfolog ikkje vil bry seg om i kva grad ordet trollet representerer ein skapning i den verkelege verda.og høgtonedialektar på Sørlandet. lyttetestane i delkapittel 2. Slike spørsmål vil sjølvsagt likevel vera relevante når ein skal presentera ulike fonologiske intonasjonsmønster. Hognestad 1997. og vil i tråd med dette operera med tonane H (Høg) og L (Låg). Autosegmental fonologi er velkjend i fagmiljøet. tek utgangspunkt i austnorske dialektar (austlandsk og trøndersk). så vil ikkje eg bry meg med kva eit gjeve intonasjonsmønster «tyder». Tronstad (1995) og det meste av Thorstein Fretheim og Randi Alice Nilsen. og eg skal ikkje taka opp spørsmål av typen «kva tyder/signaliserer denne intonasjonen». der kvar domenetype er avgrensa og identifisert gjennom fonologiske eigenskapar. men med dialektologisk vinkling framfor fonologisk. Ein kan elles tilrå bøker som Kager (2001) og McCarthy (2002). For de vestlandske og for de øvrige maa jeg nøie mig med at henvise til hvad Storm. I litteraturlista er dette fyrst og fremst representert av Alnæs (1916). særleg tonale eigenskapar.

Når eg no skal sjå på intonasjonsfonologien i slikt som ikkje er lågtonedialektar (sjå drøfting av høgtone. Hovudføremålet med studien er å skildra ein høgtonedialekt fonologisk. m.a. Eg ynskjer å yta min skjerv i dette prosjektet.og lågtonedialektar i delkapittel 1. vil eg presentera nokre spesialtilfelle (kapittel 4 og 5) som kan fortelja oss meir om dei intonasjonsfonologiske strukturane som heilskap. med referanse til andre dialektar og språk. så er det framleis ein føremon å ha morsmålskompetanse i det språket som ein skal studera. Etter ei grunnstrukturering av den tonale fonologien. Eit dataprogram kan trekkja ut F0 frå eit akustisk talesignal. 4 . sjå nærare på dei fonologiske vilkåra som ligg til grunn for intonasjonen. Om den tekniske utviklinga er komen lenger i dag enn på Alnæs si tid.1 Innleiing sammenligne med den rolle som ordmelodien spiller for de andre maals sætningsmelodi. Det vil vera eit mål å setja analysane mine inn i ein større språkleg samanheng. om enn med ei noko meir synkron vinkling enn den som Alnæs skisserte i siste delen av sitatet over. med utgangspunkt i ein analysemodell som tidlegare er prøvd ut på austnorsk. der det er aktuelt.3). men det er framleis forskaren som må analysera dei fonologiske tilhøva. — Det kan tænkes at en sammenligning av flere saadanne undersøkelsers resultater ogsaa kunde kaste lys over sætningsmelodiens utvikling i andre sprog. hvor ordmelodien nu er forsvunden. med fokus på intonasjon (kapittel 2 og 3). dvs.

Studentane vil då kunna rapportera (det har mine studentar gjort) at ordet har trykk på den andre stavinga. nemleg Gulen i Ytre Sogn og Vestvågøy i Lofoten.4). Dersom trykk dermed kan realiserast på ulike måtar i ulike språk. bør me i alle fall sjå litt nærare på korleis trykk vert omtala i nokre fonologiske verk. Dersom trykk. seia det latviske ordet av¥ze /á. og at desse tonelaga berre kan realiserast ved primærtrykk.2 Trykk og tone Den som vil lesa noko om tonar i norsk.vì . kan det oppstå situasjonar der folk med ulikt morsmål kan ha ulike persepsjonar på éi og same ytring. i tillegg til at det vil verta jamført med det me allereie veit om austnorsk intonasjonsfonologi. Norsk realiserer trykk i alle fall gjennom kvantitet.d. ` tyder ‘låg tone’ og punktum markerer stavingsgrenser). Sande. Eg er vaksen opp i Herøy kommune på Ytre Søre Sunnmøre.1.zè/ ‘avis’ til eit auditorium med norskspråklege studentar (der ´ i den fonologiske transkripsjonen tyder ‘høg tone’. Ein latviskspråkleg informant vil derimot seia at ordet har trykket på fyrste stavinga. Dei få gongene det vert referert til noko som er spesifikt nørdresunnmørsk (det gjeld m. Sidan visse tonar i norsk (særleg den tonaliteten som er knytt til tonelagsskilnaden og tonelagsrealisering) ser ut til å henga nøye saman med trykk. På ei anna side er stoda annleis i latvisk. Ein seier gjerne at norsk har to tonelag. Vanylven. 1. og dersom det fylgjer med ei tonal realisering i tillegg. [± stemd] eller [± fremre]. vil som regel òg støyta på trykkomgrepet.2 Trykk og tone slikt som korkje er austlandsk eller trøndersk. 5 .a eit par informantar i nokre lyttetestar i delkapittel 2. til skilnad frå t. Ytre Søre Sunnmøre femner om kommunane Herøy. I studien kjem eg til å bruka nemningane sunnmørsk og søresunnmørsk noko om kvarandre. Ulstein og Hareid. Dette gjer det relevant å stilla spørsmål om kva trykk som fenomen er for noko. kva er då trykk? Trykkfenomenet er sjeldan definert eksplisitt i faglitteraturen. Indre Søre Sunnmøre er Volda og Ørsta.d. som er lang. som har ein høg tone. kallar me det primærtrykk. I pedagogiske samanhengar kan ein t. fell det naturleg å taka utgangspunkt i den dialekten som eg sjølv har morsmålskompetanse i. ikkje har eins fonetiske realiseringsmåtar i ulike språk. vil dette verta presisert. Det sunnmørske materialet vil her og der verta jamført med data frå to andre høgtonedialektar. der trykk vert uttrykt gjennom tonalitet åleine.

we have noted that by far the most important function associated with this notion concerns the placement of stress. noko som vil kunna variera frå språk til språk. Stressed syllables tend to have higher pitch and longer duration than their non-stressed counterparts. Weight. Men dei to fyrste punkta gjer stavingstyngd irrelevant. In addition. The principles that assign stress may generally be divided into those that (i) place stress on a fixed syllable location in each word. typically the initial (Finnish). Katamba tek heile tida sine atterhald. but loudness is a much less important parameter than length. jamvel om ho er lett. or the penultimate syllable (Swahili). Goldsmith (1990:157): «We suggested in section 2. There may be also increased respiratory energy in the production of a stressed syllable although this is by no means essential. som seier om språk som klassisk arabisk at det har «a stress system in which the first syllable is stressed. they may be somewhat louder than unstressed syllables. Etter dette skal trykk kunna ha noko å gjera med kor tunge stavingane er. the last syllable is stressed».3 above that many languages assign stress on the basis of the weight of the syllables in a given word. the final (French). An element that is stressed is highlighted so that it becomes auditory more salient than the rest of the elements in the string of which it is a part. in the absence of any heavy syllables. (See chapter 4 on the notion of quantity-sensitivity. Til dømes har det finske ordet minä ‘eg’ trykk på fyrste stavinga. rather than on (or in addition to) the syllable’s linear position in the word. (iii) assign stress on the basis of the internal make-up of the syllable. the number of positions in the rhyme of the syllable. Katamba (1991:221) formulerer det slik at trykk er «primarily a matter of GREATER PROMINENCE». Her har trykkrealiseringa med tonale tilhøve å gjera: Den fyrste stavinga skil seg ut berre tonalt. Og stavingstyngd har igjen å gjera med morastruktur og korleis segmenta plasserer seg i stavingstemplatet i den aktuelle stavinga. og det er ikkje noko han meiner er eit eintydig teikn på trykk. in turn. with ill-defined articulatory correlates. han viser berre til kva som kan avgjera plasseringa av trykket. Merk då at Goldsmith ikkje har definert trykk enno.) Det tredje punktet her handlar om den allereie nemnde stavingstyngda. sidan trykk handlar meir om persepsjon enn om 6 . or. is intimately linked to the notion of quantity. LENGTH and LOUDNESS.» Samstundes skriv Goldsmith (1990:114): Returning to the notion of syllable weight. Og vidare (mine uthevingar i kursiv): It is essentially a perceptual phenomenon. The main phonetic ingredients of stress are PITCH. (ii) assign stress on the basis of morphological structure.1 Innleiing Me kan byrja med Goldsmith (1990:186).

then we automatically account for why there is no invariant physical realization for stress. Roca (1994:207) utbroderer det same poenget på denne måten: A previously influential. autosegment i autosegmental fonologi. The reason is that rhythm in general is not tied to any particular physical realization.5. 25): There is little reason to suppose that the perceived stress contour must represent some physical property of the utterance in a point-by-point fashion. Trykk er altså eit mentalt fenomen på line med t. every utterance has a rhythmic structure which serves as an organizing framework for that utterance’s phonological and phonetic realization. med referanse til Liberman (1975) og Liberman og Prince (1977): […] stress is the linguistic manifestation of rhytmic structure. such as those found in music and verse. If the equation of stress and rhythmic structure is valid. i alle fall ikkje i eit tverrspråkleg perspektiv. Men medan autosegment har konkrete fonetiske korrelat. we are not bound to the prediction that any particular phonetic correlate will invariably realize stress in any particular language. now discredited. or speech. Alt i alt finn me at mykje sprikjer når ein freistar å gjera greie for korleis trykk vert realisert.1–2. Trykk ser då ut til å vera eit rytmisk element av eit slag. see § 3. one can detect and recognize rhythm irrespective of whether it is realized by (for example) drumbeats. fundamental frequency.1. så har ikkje den mentale storleiken «trykk» noka eiga konkret ovring. That is. 7 . Chomsky og Halle (1968:25) seier såleis om trykk (s. er slikt som me likevel er vane med å kunna analysera for seg sjølve. Samstundes legg han vekt på at lengd er viktigare enn lydstyrke. særleg lengd og tone. Specifically […] stress is perceived on the basis of other phonetic properties besides intensity. a speaker […] should ‘hear’ the stress contour of the utterance that he perceives and understands. in stress languages. § 4. The experimental evidence militates however against such a unique. men det kan òg vera gjennom lengd. One reason for supposing that stress is linguistic rhythm is that stress patterns exhibit substantial formal parallels with extra-linguistic rhythmic structures. above all. utan alltid å draga inn trykkomgrepet. fysiologiske ovringar. Og dei ovringane som er nemnde. such as duration. og har rettgjort statusen sin i fonologisk teori med utgangspunkt i at mentale einingar som «runda» eller «stemd» har konkrete. Det kan vera gjennom tonerørsle. Because of this independence.d. whether or not it is physically present in any detail.2 Trykk og tone artikulasjon. musical notes. direct physical correlate of stress. vowel quality and. Hayes (1995:8) seier det slik. tradition identified stress with acoustic intensity […].

1 Innleiing

Og sidan dette rytmiske elementet vert realisert på ulike måtar i ulike språk, kan det altså oppstå situasjonar av den typen me såg fremst i dette delkapittelet, der folk med ulikt morsmål kan ha ulike persepsjonar på éi og same ytring. Skilnaden mellom norsk og latvisk i dette tilfellet er altså at norsk realiserer det rytmiske elementet trykk i alle fall gjennom kvantitet, medan latvisk realiserer det gjennom tonerørsler. Latvisk har i tillegg noko som ser ut til å vera ein tyngdeføresetnad for å kunna skilja mellom ulike tonerørsler i trykkstavingar: Berre stavingar med anten lang vokal (ev. diftong), eller med stutt vokal etterfylgd av sonorant (/r, l, ¥, m, n, ≠/), kan skilja mellom stieptÇ intonÇcija (‘strekt tone’, dvs. jamn høg), kr¥to‰Ç intonÇcija (‘fallande tone’) og lauztÇ intonÇcija (‘broten tone’, dvs. ein «cirkumflekstone» med stød), jf. t.d. Lasmane (1981:16) og Ekblom (1933:passim).1 For norsk sin del kan ein då seia at trykk er avhengig av ei tung staving. I praksis vil ei tung staving vera bimoraisk, altså ha anten ein lang vokal (medrekna diftong) eller ein stutt vokal etterfylgd av moraisk konsonant. Primærtrykk er det dersom den tunge stavinga i tillegg lisensierer ei tonerørsle (eitt av dei to tonelaga). Om den tunge stavinga ikkje lisensierer noka tonerørsle, snakkar me om sekundærtrykk. I eit ord som brannmannen vil me då ha primærtrykk på den fyrste stavinga /bran /, sekundærtrykk på den andre /man /, og ikkje noko trykk på den tredje /en/. Sjå likevel ei stutt drøfting av trykkfenomen i dei stutte fyrstestavingane i orda (rettare sagt samansetjingslekkane) telefonen og parasollen i underkapittel 5.5.1.

1.3 Eldre toneforsking i norsk
Flesteparten av norske talemål skil mellom to tonemønster i samband med realisering av primærtrykk. Det same og liknande fenomen finn me i mesteparten av svensk, i tillegg til somme danske, tyske og nederlandske dialektar (Brøndsted 1967:44, Gussenhofen 2000:129). Av ikkje-germanske språk i vårt geografiske nærområde kan ein nemna dei baltiske språka latvisk og litauisk, som i standarddialektane skil mellom tre slike tonemønster (t.d. Lasmane 1981, Ekblom 1930, Ekblom 1933 Kari¿‰ 1996). I nordisk samanheng har desse tonemønstra gjerne vorte kalla tonelag 1 og 2, fyrste og andre tonelag, enkelt og dobbelt tonelag, tonem 1 og 2, aksent 1 og 2, ordaksent 1 og 2. Eg kjem til å omtala dei som tonelag 1 og 2. Også
1Ein lengre presentasjon av ordaksentar i latvisk finn ein i underkapittel 3.3.1.

8

1.3 Eldre toneforsking i norsk

termane akuttaksent (for tonelag 1) og gravaksent (for tonelag 2) er brukte (særleg i svensk), og i Norvegia vart dei to tonelaga markerte nettopp med ´ etter ei trykkstaving med tonelag 1, og ` etter ei tykkstaving med tonelag 2. Eg kjem til å bruka heva tal (1 og 2) før trykkstavinga. Den historiske distribusjonen av tonelaga er velkjend: Ord som i norrønt hadde éi staving, har i moderne norsk fått tonelag 1 (ákr > 1åker; strendr > 1strender), ord som i norrønt hadde minst to stavingar, har i moderne norsk fått tonelag 2 (hani > 2hane; sorgir > 2sorger).1 Tonaliteten er ufølsam for det som i norrønt er den etterhengde bundne artikkelen (sorg > 1sorg; sorgin > 1sorga). Som me skal sjå, er norsk tonalitet noko som har med meir å gjera enn berre det me finn i realiseringa av primærtrykk, men opp gjennom åra er det likevel desse trykkrelaterte fenomena som har vorte forska mest på. Årsaka kan vera så enkel som at dette fenomenet med to tonelag er sjeldsynt i den vitskapskulturelle sfæren som norske og nordiske lingvistar har halde seg i fram til den generative lingvistikken byrja å slå gjennom med sine universalistiske postulat dei siste tiåra av 1900-talet: Ikkje noko av dei andre standardspråka i det vestlege Europa har eit liknande fenomen å visa til, og norsk og svensk har dermed skilt seg frå t.d. engelsk og tysk på ein påfallande måte for nordiske og vesteuropeiske språkforskarar. Ivar Aasen nemner fenomenet på denne måten i sunnmørsgrammatikken sin frå 1841 (Bondevik et al. 1992:64):
Den første Betoning er dyb eller lav (f.Ex. i Sagen, Tiden, Manden), den anden er høiere (som i Dage, Sider, Hammeren). Det er vanskeligt at forklare disse Betoninger skriftligen, og ligesaa vanskeligt at give Regler for deres Brug.

Dei to «Betoninger» som Aasen omtalar, kan me no skildra på noko andre måtar enn det Aasen hadde føresetnader for. I eit ordpar som liva (substantiv, bunden form fleirtal) mot levande (verb, presens partisipp) vil me i sunnmørsk finna ein tonal skilnad heilt til venstre: I liva vil me opna med ein høg tone (H), i levande med ein låg tone etterfylgd av ein høg tone (LH).2 Dette konkrete dømet er illustrert i fig. (2.3.2) i underkapittel 2.3.1.
1Unntak: korte komparativar av typen lengre, større. 2Det er òg vanskeleg å sjå Aasens motivasjon for etikettane «dyb eller lav» mot «høiere»,

som i eit moderne, autosegmentalt perspektiv liknar meir på slik me ville ha skildra austlandsk, ikkje sunnmørsk. Eit framlegg kan vera at Aasen opplevde det brå fallet HL i tonelag 1 som eit fall mot noko som er «dybt», medan den initiale LH i tonelag 2 kan ha vorte oppfatta som noko som alt i alt låg noko «høiere». At den initiale L i eit isolert tonelag 2-ord (LHL) er noko høgre enn den finale L (pga. neddrift, sjå nærare omtale fleire stader i kapittel 2), kan òg ha hatt sitt å seia.

9

1 Innleiing

Dette er det som skil mellom dei to tonelaga i sunnmørsk. Kva som skjer etter desse innleiande tonane, er ei anna historie, som me skal sjå nærare på både i kapittel 2 og seinare. Inntil vidare held det å nemna at i sunnmørsk kjem det ein låg tone etterpå, slik at me samla får HL ved tonelag 1 og LHL ved tonelag 2. No er det ikkje alt norsk talemål som har ein slik opposisjon mellom to tonelag, og dei som har det, oppfører seg ikkje likt. I austlandsk vil ordet livet opna med ein låg tone (L), medan levende vil opna med ein høg tone etterfylgd av ein låg tone (HL), jf. den same fig. (2.3.2) i 2.3.1, med nærare omtale der. Dialektologen Hallfrid Christiansen er den som har fått æra for å dela inn norske dialektar etter tonale eigenskapar. Ho skriv m.a. (1954:35):
Et typisk kjennetegn for de store dialektområder er som kjent talemusikken. Innenfor hovedtypene lavtone og høytone er det karakteristiske variasjoner, som kjennetegner ganske bestemte områder, og som sammen med andre målmerker danner karakteristiske komplekser.

Jamfør òg Christiansen (1976:33):
Tonelagene har ikke samme melodi over hele landet. I Østlandsk, midlandsmål og trøndsk ligger tonen på den aksentuerte stavingen lavere enn tonen på de trykkløse stavinger; vi kaller det lavtone. I nordnorsk og sørvestnorsk er det høytone; her ligger tonen på den aksentuerte stavingen høyest.

Om Christiansen var den som for alvor tok til å dela dialektane inn etter prosodiske kriterium, hadde ho likevel ein terminologi som var henta frå tidlegare forsking. Eit døme er Hofgaard (1890:40), sitert etter Jensen (1956:9):
Sterkest er glidningen paa de tunge stavelser, som udhæves baade ved udaandingstrykkets styrke og varighed og ved forandring i tonen. Forandringen foregaar enten saaledes, at tonen først hæves over og derpaa glider ned til stemmens almindelige høide (høitone), eller saa, at tonen først sænkes og derpaa igjen stiger (lavtone). Høitone er det almindelige i de europæiske sprog, ogsaa i dansk; men i norsk og tildels i svensk bruges lavtone.

Etter dette er det vanleg å snakka om høgtonedialektar og lågtonedialektar. Ein høgtonedialekt er ein dialekt som, lik sunnmørsk, har ein høg tone knytt til primærtrykkstavinga i realiseringa av tonelag 1. Ein lågtonedialekt er ein dialekt som, lik austlandsk, har ein låg tone knytt til primærtrykkstavinga i realiseringa av tonelag 1. Den same tonen er til stades også i realiseringa av tonelag 2, men då fylgjer han etter ein tone med motsett polaritet.

10

1.3 Eldre toneforsking i norsk

Jensen (1956) har sett nærare på måten termane høgtone og lågtone har vorte brukte på i litteraturen. Eg kjem til å halda meg til det som er vanleg i dag: Termane «høg tone», «høgtone» eller «H» seier noko om tonehøgd, medan eg for dialekttypen vil bruka termen «høgtonedialekt». Det same gjeld «låg tone», «lågtone» og «lågtonedialekt». Med «høgtoneintonasjon» vil eg forstå intonasjonen til ein høgtonedialekt. Termane høgtone og lågtone har òg vorte brukte på andre måtar. Til dømes bruker Svahn (1882) «högton» om tonem 1 og «lågton» om tonem 2, jf. Jensen (1956:13f). Denne annleise termbruken skal berre nemnast her, og eg kjem ikkje attende til dette nokon gong meir i denne studien. Ein av dei fyrste som har sett på tonar i ein norsk høgtonedialekt, er Selmer (1921). Eit viktig poeng hjå han er (s. 5):
[…] er jeg dog tilbøielig til at tro at den musikalske akcent m i n ds t likesaa godt lar sig gjøre til gjenstand for undersøkelser helt uavhengig av den dynamiske akcent, som ikke sjelden forvirrer selv det fineste øre, idet sterke musikalske stigninger eller synkninger ofte identifiseres med t r y k forandringer, som kan, men ikke b e h ø v e r at ledsage disse toneændringer.

Dette poenget, at tonar kan undersøkjast separat, kjem til å vera grunnleggjande for min studie: Jamvel om tonar kan byggja på metrisk trykk (jf. at tonelagsrealisering er avhengig av metrisk trykk), slik at dei to fenomena gjerne kan sjåast i samanheng med kvarandre, så er det likevel viktig å skilja dei åt i analysen, rett og slett fordi t.d. kvantitet er noko anna enn tonar. Selmer har delt undersøkinga si i to (s. 7–8):
I f ø r s t e del har jeg søkt at komme til klarhet over tonelagene som isolerte fænomener, knyttet til enkelte »leksikalsk« uttalte ord, i affektløst foredrag med gjennemsnitlig ca. 1 sekunds mellemrum mellem hvert ords optagelse paa kymografiet. […] Den a n de n del inneholder korte sætninger, hvor avvekslende de forskjællige sætningsled er blit forsynet med den sterkeste dynamiske akcent; her er altsaa ordmelodien rykket ind under sætningsmelodiens lover, og de derav følgende avvikelser gjort til gjenstand for undersøkelse.

Selmer vil altså skilja mellom setningsmelodi og ordmelodi, noko som òg kjem til uttrykk i tittelen på arbeidet: Tonelag og tonefald i Bergens bymaal. Han viser då òg til Alnæs (1916), den fyrste eigentlege intonasjonsforskaren i norsk språkforskingssoge. Selmer omtalar (s. 3) Alnæs (1916) som «det mest utførlige som hittil er skrevet paa dette omraade». Men til skilnad frå Alnæs fokuserer Selmer nettopp på tonelaga. Og det Selmer er mest oppteken av, er ikkje skilnaden mellom dei to tonelaga, men den stiginga han finn til slutt i

11

1 Innleiing

bergensk HLH (ved tonelag 1) og LHLH (ved tonelag 2).1 Når Selmer då prøver ut setningar i andre delen av undersøkinga, oppdagar han at denne sluttstiginga ikkje alltid kjem (s. 64): «Ogsaa her har sætningsmelodien hindret ordmelodien i at utvikle fase IV og V: dypleie og stigning.» Det fyrste som slår ein som les dette rundt åtti år etter at det vart skrive, er at Selmer tek utgangspunkt i «leksikalsk uttale, isolerte ord, og har altsaa prøvet at gi en ‘renkultur’ av de to tonelag» (s. 52). Når han seinare set orda saman til setningar, og ser at tonane oppfører seg på nye måtar, seier han at det er setningsmelodien som påverkar tonelaget. Selmer har argumentert for å sjå på tonar som eit sjølvstendig fenomen i språket, han skil mellom tonelag og intonasjon, men har ikkje drøft korleis eit ord uttala i isolasjon kan unngå å få lagt på seg alle dei orduavhengige tonane som elles skulle ha vorte fordelte på ei heil ytring (setning). Dette er eit problem i mykje av eldre toneforsking i Noreg: Isolerte ord vert rekna som berarar av berre tonelag, fordi dei er uttala i isolasjon, jamvel om dei då vert uttala som ei avslutta ytring. Ei drøfting av ei moderne utgåve av Selmers problem er drøft i Abrahamsen (1998b). Endeleg må det òg nemnast noko frå eldre toneforsking som, slik eg har opplevt det, har overlevt som ein seigliva påstand fram til dags dato i somme miljø. Påstanden er formulert slik av Vanvik (1986:43): «For å få et tonem i norsk og svensk må vi ha én trykksterk stavelse fulgt av minst én trykksvak stavelse.» Og slik i Vanvik (1956, hans utheving):
Enstavelsesord og flerstavelsesord hvor siste stavelse bærer trykket, har ikke tonelag i norsk. [...] Vi trenger minst to stavelser for å få et av våre tonelag, én trykksterk stavelse etterfulgt av én eller flere trykksvake stavelser.

Denne påstanden byggjer på ein strukturalistisk analyse av isolerte ord. Og har me eit isolert ord på éi staving, så stemmer det jo for dei fleste dialektane i Noreg at me ikkje finn nokon tonelagsopposisjon, og me kan operera med det som etter Praha-strukturalismen kan kallast «arketonem». Og skulle me taka Vanvik alvorleg, ville me då få eit slikt arketonem i bokmålsoppmodinga slå en, sidan slå er trykksterkt og einstava, medan en er eit anna ord; samstundes skulle substantivet slåen få tonelag 1, trass i at uttalen er akkurat den same som i slå en.

1Den finale H her er det som me sidan skal kjenna att som ein høg IU-grensetone, H%.

Dette er knytt til ytringsnivået, og ikkje til einskildord eller einskilddelar av ytringa. IUgrensetonen kan i bergensk (og sunnmørsk) også vera låg, L%.

12

Benediktsson 1972). som rett nok er frå 1100-talet. 1Ein parallell til dette kan vera «den fyrste grammatiske avhandlinga» (t. gjennom måten han nærma seg det tonale materialet på. men som gjennomfører ein strukturalistisk analyse som plasserer arbeidet saman med Ferdinand de Saussure på 1900-talet. var Ivar Alnæs i doktoravhandlinga si frå 1916. og at kartet vert gjort meir gyldig enn terrenget. 1. og observerer (1916:92): […] et sterkt betonet ord med ett eller flere let betonede efter.1. trass i at slog er eit einstavingsord som i seg sjølv ikkje skulle borga for tonelag 2 (Alnæs 1916:97). Ein generativist vil seia at analysen blandar saman fonologiske og morfologiske einingar. Dette var rett nok kronologisk tidlegare enn Selmer.4 Nyare toneforsking i norsk Ein slik analyse er ei modelltvinga tilsløring av den faktiske tonaliteten. der alle stavingane til saman er det domenet som dei relevante tonane vert realiserte innanfor. som tonalt sett dannar «sammensætninger av forskjellig længde. som er presentert under «eldre toneforsking». venteværelse osv. så kan ein i austlandsk likevel finna døme på at tonelaget kan vera uavhengig av ordnivået: Det heiter Lo du til ham? med tonelag 1 på lo. Dei to orda 2bønner og 1bønder er elles eit standarddøme på tonelagsopposisjon i faglitteraturen.» Med trykksterkt «ingen» og trykklett substantiv nemner han òg at ingen bønner og ingen bønder vert uttala likt. 13 . men Slog du til ham? med tonelag 2 på slog. hvor de svakt betonede ord gaar ind som de svakere betonede endestavelser. danner i den almindelige daglige tale e t s l a g s s a m m e n s æ t n i n g. Eg kjem til å analysera døme som slå en og slåen likt: Begge har tonelag 1. Han nemner døme som vente paa og vente paa os.1 Alnæs presenterer nemleg det han kallar «tonelagsgrupper». Om dette domenet er eit ord eller ei ordgruppe. Alnæs viste òg til at jamvel om val av tonelag skulle vera leksikalsk og morfologisk motivert.4 Nyare toneforsking i norsk Den fyrste som systematiserte tilhøvet mellom tonelag og større prosodiske einingar i norsk. paa samme maate som ventesal. er tonane likevel dei same. til liks med einstavingsoppmodinga slå. Ei tonelagsgruppe i Alnæs’ terminologi er denne eininga med trykkstaving etterfylgd av eventuelle trykklette stavingar. men faghistorisk høyrer Alnæs likevel inn under nyare toneforsking.d.

medan kapittel 5 tek føre seg ein tonal og (skisse til) metrisk analyse av samansette ord i sunnmørsk. 1. men sjølv strukturalistisk lingvistikk opnar for hierarkiske analysar.» Ei eksplisitt inndeling i hierarkisk ordna tonale domene finn me sidan fyrst og fremst i arbeida til Thorstein Fretheim og Randi Alice Nilsen. så langt det er mogeleg. 14 .1.1 Innleiing Såleis er tonelaget noko som vert realisert uavhengig av kor langt det einskilde ordet er. empiriske data. saman med ei grunnstrukturering av sunnmørsk intonasjonsfonologi i delkapittel 2. I seinare arbeid frå Fretheim. og det kan sameleis verta lisensiert av slikt som ligg utanfor det trykksterke ordet. som svarar til Alnæs’ tonelagsgrupper og Mos tonelagsvald. og i Nilsen (1992). Mo er inne også på eit overordna domene.3–2. nemleg ordnivået i staden for det som Alnæs kallar tonelagsgrupper. Alnæs er førstrukturalistisk. Dette vil få konsekvensar for Vanvik (1956) og påstanden om einstavingsord: Dersom det er som Alnæs seier.5. med referansar til eit par andre høgtonedialektar. eit nivå over tonelagsvalda (1923:27): «Tvo tonelagsvald som står attmed kvarandre. så har Vanvik analysert feil nivå.5 Datatilnærming og transkripsjonskonvensjonar Arbeidsmetoden vil fyrst og fremst vera basert på introspeksjon. merkjer vi ikkje ut med auka tyngd på båe.4 byggjer dermed på lyttetestar med fonetisk manipulert materiale. Fretheim (1981a) opererer med «accent units». Med andre ord skulle det finnast fleire tonale nivå å rekna med enn berre tonelag. Vi let det fyrste av dei få normal tyngd. og det andre auka tyngd. vert termen «tonal fot» nytta. Fokalitetsundersøkinga i delkapittel 2. Analysemodellen vert presentert i delkapittel 2. Denne faren er årsaka til at eg i stor grad kjem til å supplera det introspektive grunnlaget mitt med fonetiske. Tonelagsgruppene til Alnæs svarar til tonelagsvalda til Eilert Mo (1923). at tonelaget ikkje er avhengig av kor langt det einskilde ordet er. særleg faren for feilrapportering. prøver å dokumentera det fonetisk-empiriske grunnlaget for dei fonologiske analysane. Den fonologiske delen av Fretheim og Nilsens tilrettelegging av denne analysemodellen er det grunnleggjande hjelpemiddelet mitt i dei fonologiske analysane som eg skal leggja fram. I kapittel 3 og 4 vil eg kartleggja intonasjonsfonologien ut over grunnstruktureringa. med dei klassiske problema det fører med seg. medan eg i arbeidet elles.

F0-kurvene er segmenterte. 15 . Det vil òg verta kommentert i samband med lyttetestane i delkapittel 2. med mindre noko anna er presisert. har i min varietet av søresunnmørsk suffisket /. jf.1. Eg prøver å markera ustemde segment (som [n]). som skal verta nærare definerte i delkapittel 2. vil det vera uaktuelt å gå for mykje i djupna på kollektive språknormer. hovudinformanten min er framleis eg sjølv. som i skriftspråket svarar til suffikset -en. er produserte av meg. særleg med tanke på kap.og stavingsgrenser. fordi dette har konsekvensar for om F0 er til stades i figurane eller ikkje. og mellom kvar staving set eg ein mellomlang strek. Segmenteringa og stavingsmarkeringa er gjorde for å letta lesinga av segment. Studien er fyrst og fremst kvalitativ. ved stutte mot lange vokalar.1 IPA-teikna under F0-kurvene vert plasserte i venstre kant av kvart segment. Slikt vil verta kommentert når eg omtalar fenomen som truleg kan variera geografisk eller sosiolingvistisk. 3. Talesignala som ligg til grunn for analysane. Eg markerer ikkje aspirasjon. Mellom kvart segment set eg ein stutt. Dette er gjort fordi strekane er teikna for å gjera figurane lettare å lesa. set eg lang strek loddbeint gjennom heile figuren. Desse markeringane vert naturleg nok meir omtrentlege enn dei andre. F0-kurvene er trekte ut med dataprogrammet Praat av Paul Boersma og David Weenink. loddbein strek. og det må takast atterhald om i kva grad eg som individ er representativ for det som eg kollektivt omtalar som sunnmørsk. I ein segmentstreng som [hær ] ‘herre’ skal stavingsgrensa eigentleg gå inne i segmentet [r]. men tek til dels omsyn til vokalkvalitet t./.3. I F0-kurvene lèt eg likevel stavingsgrensene fylgja segmentgrensene. Nasalen i suffikset /. For å letta lesinga av dei sunnmørske døma generelt kan det nemnast at bunden form éintal av hankjønnord./ fall bort ein gong på 1800-talet. Worren (1980). som handlar om assosiering av tonar. der eg bruker informantar som skal gjeva respons på talesignal som eg har produsert. og ved geminatar som denne lèt eg stavingsgrense-streken stå etter segmentet. 1Eit særskilt problem er sjølvsagt kvar ein skal plassera «segmentgrensa» inne i diftongar og mellom [j] og ein vokal.4 (særleg for den eine informanten).5 Datatilnærming og transkripsjonskonvensjonar Sidan eg likevel har eit generativt utgangspunkt. Den fonetiske transkripsjonen i denne studien er mellomgrov.d. og ikkje som del av nokon analyse av stavingsstrukturar. og som dermed gjer det viktig å sjå F0-kurvene meir i samanheng med det segmentale. Mellom aksentfrasar (AP).

.

tertiærtrykk osb. w s w s s w s w s w σ σ σ σ σ σ Apa lachi cola Intuitivt kan ein oppfatta fleire gradar av trykk. sekundærtrykk. There may be also increased respiratory energy in the production of a stressed syllable although this is by no means essential. opererer såleis med primærtrykk. men Katamba (1991:221) kommenterer som nemnt om dette at trykkstavingar (mine uthevingar): […] may be somewhat louder than unstressed syllables.1) Trykkstrukturen i Apalachicola. (2. Chomsky og Halle (1968). Medan andre distinktive trekk i SPE er binære. avhengig av 17 . er altså trykk multivalent.2 Det prosodiske hierarkiet Me har vore inne på at trykk er eit rytmisk element som vert realisert ulikt frå språk til språk. Tradisjonelt er det òg vanleg å rekna med intensitet som ein måte å realisera trykk på.0. Og medan andre trekk vert definerte i paradigmatiske matrisar. òg kjend under avstyttinga SPE. I somme språk er trykk noko som er knytt til stavingslengd/ stavingstyngd. vert trykkgraden definert syntagmatisk. but loudness is a much less important parameter than length. etter Roca (1994:278). i andre språk meir beinveges til tonale eigenskapar.

om dette nivået finst i det aktuelle ordet) er deretter grupperte til prosodiske ord. Dette er eit hierarkisk ordna system av prosodiske eigenskapar. og primærtrykk på den femte. men meir eit spørsmål om kva som er sterkast og svakast i ei gruppering av stavingar. Grunnstruktureringa av det tonale prosodiske hierarkiet ynskjer eg 18 . 1993). Desse er igjen grupperte til fonologiske frasar (eventuelt med det mellomliggjande nivået «klitikongruppe»). 1984. deklinasjon/neddrift. som femner om det heile. m. 1986.a. har han altså òg vorte brukt på reint tonale tilhøve. eit globalt fall i F0. osb.a. 1990. 1990. Dei strukturane som skal etablerast her. I den opphavleg metriske bruken sin finn me m. Om modellen i utgangspunktet var basert på metriske forhold. med utgangspunkt i lågtonedialektar. som er grupperingar av føter). Selkirk 1981. Føtene (eller over-føtene. I kapittel 2 skal me etablera det tonale prosodiske hierarkiet på bakgrunn av høgtonedialekten sunnmørsk. Dei fonologiske frasane er vidare grupperte under intonasjonsfrasar. Liberman og Prince (1977) argumenterte på si side for at trykk ikkje var noko distinktivt trekk i det heile. kvar staving med etiketten «sterk» eller «veik» (avstytt s og w på engelsk). som er domene for m.. som vist i (2. som i praksis svarar til det morfologiske ordet. I dømet Apalachicola (namnet på ei amerikansk elv) sette SPE opp ei trykkfordeling med sekundærtrykk på fyrste stavinga. Stavingspara vart deretter grupperte seg imellom igjen med dei same etikettane. Stavingane er representerte gjennom teiknet σ. tertiærtrykk på tredje stavinga. høyrer saman i sin eigen interne heilskap. som er domenet for m.a. dvs. Pierrehumbert og Beckman (1988) bruker modellen på japansk intonasjon. Hayes 1989). desse nivåa. Fretheim (1981a.0. Dei grupperte dei seks stavingane i Apalachicola parvis. slik at både dei høge og dei låge tonane vert realiserte på stendig lågare frekvensar. Det prosodiske hierarkiet finst i fleire variasjonar (t. der det lågaste nivået over stavingane i praksis no er best kjent som (metrisk) fot. her referert frå Selkirk (1981) og Roca (1994:195ff): Stavingane er grupperte til føter (og over-føter «super feet».d.1) (etter Roca 1994:278).a. Nespor og Vogel 1982. og dei etterfylgjande kapitla vil meir markert vera eigne fordjupingar i grunnstrukturen som har vorte etablert i kapittel 2. med Thorstein Fretheim i spissen. trykkforskuving ved trykkolisjonar i engelsk. Intonasjonsfrasane er til slutt grupperte under den fonologiske (eller prosodiske) ytringa.2 Det prosodiske hierarkiet andre trykk i nærleiken. og går i den varianten under namnet Trondheimsmodellen. og har vore med på å inspirera Trondheims-miljøet sitt arbeid. Modellen er tilpassa norske tonale tilhøve.

begge henta frå Nilsen (1992:23–24). 19 . tonal fot (F).2). medrekna rolla til det prosodiske hierarkiet. og i Nilsen (1992). ikkje fokusprojeksjon. Termen IP er henta frå metrisk fonologi.1) 1Trondheimsmodellen deira er ein modell for informasjonsstrukturering. Kapittel 2 kjem difor til å verta det desidert største einskildkapittelet i avhandlinga. informasjonsstrukturar eller anna som har å gjera med syntaks eller pragmatiske tilhøve. 23–24) tre døme på prosodisk representasjon av ytringa Thorstein snakker bestandig om intonasjon. Fretheim (1981a) opererer med stavingar som er grupperte i «accent units». I seinare arbeid frå Fretheim. og eg vil be lesarane om å ha tolmod med denne måten å gjera det på. og at eg med prosodi meiner (tonal. intonasjonsfrase (IP). delkapittel 1. saman med den tilsvarande austnorske F0-konturen i (2.1 Trondheimsmodellen Det er Fretheim og Nilsens versjon av hierarkiet som kjem til å vera utgangspunktet for mine drøftingar. IU).1. 2.4). Nilsen gjev (s.1 Det kan neppe understrekast nok at det prosodiske hierarkiet i Trondheimsmodellen er tonalt. sjølv nemner han dømet Selkirk (1981). som svarar til Alnæs’ tonelagsgrupper og Mos tonelagsvald (jf. ikkje metrisk. vert termen «tonal fot» nytta. Då Randi Alice Nilsen kom med si doktoravhandling (Nilsen 1992). (2.1.1 Trondheimsmodellen difor å halda samla i eitt hovudkapittel. Fretheim (1981a) grupperer sine «accent units» i «Intonational Phrases» (IP).2. Det eine dømet er attgjeve i faksimile i (2. vart det prosodiske hierarkiet for norsk presentert med nivåa intonasjonsytring (eller intonasjonseining. prosodisk ord (ω) og staving (σ). og i kapittel 5 òg metrisk) fonologi. Difor vil eg presisera at det er den fonologiske delen av modellen som er utgangspunktet mitt.1) hjå meg. som er «a prosodic category between the utterance level and the level of the accent unit».1.

rett og slett ein interpolasjon. som me skal sjå. frå låg til høg tone. og vert i Trondheimsmodellen rekna som hovudet i den tonale foten. som bruker termen accentual phrase. Eit morfologisk ord med trykklette stavingar før ordaksenten (dvs.1. I austnorsk. Dei stavingane som ligg mellom ordaksenten og fraseaksenten i austnorsk. Stavinga vert rekna som den toneberande eininga.a. Det prosodiske ordet kjem fyrst i den tonale foten. For å unngå mistydingar vil eg i mitt eige arbeid omtala nivået «tonal fot» som aksentfrase (AP). og den gradvise stiginga som går føre seg mellom den låge tonen i ordaksenten og den høge fraseaksenten i austnorsk. før primærtrykkstavinga) vil etter Fretheim og Nilsens definisjon få byrjinga av den tonale foten på primærtrykkstavinga. Motivasjonen for å taka med det prosodiske ordet i dette hierarkiet er. 20 . Merk at ein tonal fot dermed ikkje er det same som ein metrisk fot. som både Fretheim og Nilsen har konsentrert seg om. i tråd med m. kjem ordaksenten (L eller HL) til venstre i den tonale foten. 1Ordaksent tyder hjå Fretheim og Nilsen den tonen til venstre (ved tonelag 1) eller dei to tonane til venstre (ved tonelag 2) som vert realiserte i samband med eit primærtrykk. Den tonale foten byrjar med ein ordaksent1 (tonelag 1 eller 2). vil etter deira analyse vera fonologisk tonalt frie. saman med resten av ordforma til høgre for primærtrykkstavinga. Pierrehumbert og Beckman (1988) og Kristoffersen (2000).2 Det prosodiske hierarkiet (2. og varer til og med den siste stavinga før neste ordaksent (det finst unntak som me vil koma attende til). Tonelaga vert altså realiserte innanfor grensene til den tonale foten. vil berre vera uttrykk for fonetisk transisjon. og berre éin gong for kvar tonale fot.2) (((2thorsteinAP) (2snakker be-AP) (1standig om intona-AP) (1SJONAP)IP)IU) L% Kvart av desse domena har sine eigne fonologiske eigenskapar. og det prosodiske ordet vil svara til den delen av det morfologiske ordet som er inne i den tonale foten. fyrst og fremst informasjonsstrukturell. og svarar til den stavinga som realiserer primærtrykk. medan det til høgre kjem ein H «fraseaksent».

handlar det om «fokal aksentuering» av den tonale foten. som er avgrensa mot høgre av ein høg eller låg grensetone. vil det normalt alltid vera neddrift i sunnmørsk. Fonologisk sett vil ein IP vera domenet for deklinasjon. Slike tonale føter vert i Nilsen (1992) plasserte rett under neste nivå. som då fungerer som hovud for IP.2. Cruttenden 1986:126f.d. Attende til Fretheim og Nilsen: Det ordet som informasjonsstrukturelt sett formidlar fokus i slike tilfelle. i austnorsk ikkje skjer noko spesielt på sjølve trykkstavinga. 2 i ei ytring. vart IP brukt òg om ei postfokal gruppe av tonale føter som ikkje enda med nokon ny fokal fot.d.d.d. 3 Eg vil taka utgangspunkt i den fonologiske delen av modellen. I austnorsk (sjå t. Dei ulike nivåa i det prosodiske hierarkiet til Fretheim og Nilsen er altså avgrensa av ulike tonale kriterium. men kan i fyrste omgang illustrera det med den prominensen som ordet mannen får i ein vanleg uttale av ytringa det var MANNEN som gjorde det. og vil prøva han ut på høgtonedialektar. vil variera frå dialekt til dialekt.d. Nilsen (1988). IU. Ved deklinasjon. Det er difor relevant å snakka om fokale tonale føter.2 Alle desse nivåa sorterer til slutt under IU. IP er i t. 21 . Me vil koma attende til den fonologiske sida av dette meir i detalj seinare. t. Modellen til Fretheim og Nilsen har til no vorte brukt fyrst og fremst på lågtonedialektar. 1I tidlegare arbeid. Slik kjem eg òg til å gjera det. 2Måten dette skjer på. kjem både dei høge og dei låge tonane stendig lågare ut gjennom ytringa (sjå t. Nilsen 1992) vil det normalt finnast neddrift berre i IP nr. noko som gjer det fyrste ordet i den tonale foten spesielt prominent i informasjonsstruktureringa. Nilsen (2001). jamvel om den høge fraseaksenten i austnorsk skulle koma mange stavingar seinare. Når han er ekstra høg.1 Trondheimsmodellen Den høge fraseaksenten i austnorsk kan realiserast både som «høg» og som «ekstra høg». Som me skal sjå i denne studien. er det morfologiske ordet som det prosodiske ordet i den same tonale foten anten er identisk med eller er ein del av. Analysane vil i praksis stort sett basera seg på høgtonedialekten sunnmørsk. Termen emfatisk trykk har vore brukt i tradisjonell norsk prosodi. Fretheim (1993). eller neddrift. Medan den tonale foten er domene for fokale mot ikkje-fokale tonekonturar. I norsk vil det koma ei ny neddrift (med nytt høgt startpunkt) berre ved ei IP-grense. 3 Modellen er tidlegare brukt på avgrensa måte som analysereiskap for etablering av isoglossar mellom høg. kan fleire tonale føter samlast i éin IP. for å seia det enkelt. Fretheim og Foldvik (1987) og Nilsen (1992) avgrensa mot høgre ved ein fokalt aksentuert tonal fot. men den termen kan vera noko villeiande når me veit at det t. Ladd 1998:75).og lågtonedialektar.1 IP er domenet for fokus i informasjonsstrukturen.

Då kan ein òg postulera at domena gjenspeglar underliggjande og lingvistisk reelle strukturar. Domena genererer ikkje tonar. Noko enklare kan ein då seia at dei prosodiske domena lisensierer tonale eigenskapar. kunna verta grupperte til ein IP.2 Det prosodiske hierarkiet 2. bøying). eller er det hierarkiet som konstituerer tonane? Hierarkiet er bygt opp av ulike domene som er overordna eller underordna kvarandre. i tydinga ‘slepp dei til’. men direkte med intonasjonssystemet. Kvart domene strekkjer seg over ein streng med stavingar. både når det gjeld spørsmålet om kvifor ordet bera har ein stemd konsonant inne i seg.d. og sjå korleis det t. Domena i det prosodiske hierarkiet er altså etablerte på empirisk grunnlag.d. For tonar i norsk må ein òg skoda til morfologi (jf. men kan sjåast på som ei gjenspegling av dei prosessane som genererer tonar. Dei hierarkisk ordna domena dominerer då stavingane fonologisk.2 Ontologisk status Noko som framleis må avklarast. kan ha spreitt seg frå éin skjelettposisjon til ein annan. 22 . neddrift) som korkje har med leksikon eller morfologi å gjera. og når det gjeld kva for eit tonelag eit gjeve ord skal ha når tonelag skal realiserast. men altså ikkje sjølve produserer dei. Har me å gjera med eit hierarki av einingar som lisensierer tonar (H og L) og tonale eigenskapar (t. ulikt tonelag gjennom t. er den ontologiske statusen til det prosodiske hierarkiet og domena i det. Kvar vert då tonar produserte? Dette spørsmålet vil altså vera jamgodt med spørsmålet om kvar [+ stemd] vert produsert. strukturar som avgjer nettopp kvar i den eindimensjonale strengen av stavingar ein vil finna dei og dei tonale fenomena. kan ein analysera strukturen i tonetildelinga.d. medan stavingar som ordaksent og «frasetone» vert realiserte innanfor. Til dømes vil stavingar som til saman utgjer eit neddriftsområde. vert grupperte til aksentfrasar (eller tonale føter i Fretheim og Nilsens terminologi). Det finst i tillegg andre tonale eigenskapar (t.d. Fonologisk sett kan ein dermed ikkje predikera kva for ein tone ei gjeven staving vil få. Dette er spørsmål som me for ein stor del må gå til leksikon for å få svar på. og domena vert avgrensa av slikt som desse stavingane har sams. På det viset vil ikkje det prosodiske hierarkiet skilja seg frå ikkje-tonal fonologi: Ein spør aldri om kva som genererer autosegment som [+ stemd]. neddrift)? Eller har me å gjera med ein hierarkisk analyse av dei tonane og tonale eigenskapane som me har observert på førehand? Spurt på ein annan måte: Er det tonane som konstituerer hierarkiet. Sjølve utstrekninga til dei ulike domena som ein kan finna. men når ho fyrst har fått tonen. er derimot (i genereringa) avhengig av i alle fall informasjonsstrukturar. men ein kan analysera trekket etter at det har vorte generert.

Men dette er altså berre den eine sida ved det prosodiske hierarkiet. med unntak av den siste tonen.1 (2.2. Den andre sida er at denne «gjenspeglinga av strukturen» vert synleg nettopp gjennom gruppering av stavingar ut ifrå empirisk materiale. byrjar ein ny AP.3.1) Stiliserte kurver for AP-ar i sunnmørsk og austnorsk. og tek ikkje omsyn til ulik utsjånad i ulike posisjonar. dvs. (2. med L for tonelag 1.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) Eit hierarki av prosodiske domene gjenspeglar då den reelle strukturen i tonegenereringa. begge etterfylgde av ein L som svarar til Nilsens fraseaksent. a) sunnmørsk tonelag 1-AP: HL b) sunnmørsk tonelag 2-AP: LHL c) austnorsk tonelag 1-AP: LH d) austnorsk tonelag 2-AP: HLH 1Kurvene er altså stiliserte. HL for tonelag 2. og ein H til slutt. og den førre AP-en må ha teke slutt. 23 . av ein førekomst av den tonen eller dei tonane som er spesifikt knytt(e) til eit primærtrykk. kvar no denne genereringa går føre seg. som er L på sunnmørsk og H på austnorsk.1). Terminologisk vil det seia at eit tonelag utgjer alle tonane i ein AP.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω ) AP er domenet for tonelagsrealisering og det som Nilsen (1992) kallar fraseaksent. dei stiliserte kurvene i fig.3. AP er avgrensa mot venstre av eit tonelag. I austlandsk er tonesekvensane motsette. slik me ser det etter at tonane både har vorte genererte og har vorte assosierte til den eindimensjonale strengen av stavingar eller moraer. ω 2. Førekomsten av eit primærtrykk i sunnmørsk vil tonalt manifestera seg som ein H for tonelag 1 og LH for tonelag 2. Når ei ny tonelagsrealisering kjem. jf.

er òg noko som varierer. Nilsen (1992:26) framsteller austnorsk tonelag 1 som L.2) ser me AP-konturar på sunnmørsk (lesne inn av meg. «Fraseaksenten» er nemleg ikkje avhengig av nokon spesiell stavingstype (lett/tung). som hjå Nilsen berre heiter grensetone). Eg skal òg halda meg Lorentz’ termar: Den låge tonen som er sams for begge tonelaga i lågtonedialektar som dei austnorske. etterfylgd av APgrensetonen. hjå Nilsen (1992) heiter fraseaksent. Nilsens fraseaksent skal difor her få gå under namnet AP-grensetone (som ikkje må blandast saman med IUgrensetonen i delkapittel 2. medan den initiale tonen som er til stades ved tonelag 2.5. vil det som regel vera ein høg tone i austlandsk. Halden. og skilja åt den fyrste og den andre tonen i tonelag 2. og der det i sunnmørsk er ein låg tone.2 Det prosodiske hierarkiet Som me skal sjå seinare (kapittel 4). 24 . frå den låge tonen i tonelaget (høvesvis L og HL) og opp til den høge AP-grensetonen på den siste stavinga. skal få gå under namnet leksikalsk tone. I alle fall i somme austnorske dialektar vil det såleis vera ei gradvis stiging.a. Ver merksam på den tilsynelatande lågtonen på lateralen fremst i a) og d). Då termen aksent i litteraturen generelt som oftast viser til eit fenomen som er knytt til trykkstavingar. rett og slett ein fonetisk transisjon. og tonelag 2 som HL. skal få gå under namnet prominenstone. som er reint fonetisk. inneheld begge dei to konturane (LH og HLH) ikkje berre ein final H. Som Kristoffersen vel også eg å halda meg til Lorentz (1995).1 Den interne strukturen til AP Der det i sunnmørsk og andre høgtonedialektar finst ein høg tone. etterfylgd av APgrensetonen («fraseaksenten»). fødd 1970) og på austlandsk (kvinne. vokalen.3. Dette er den låge tonen i sunnmørsk (og den høge i austnorsk). Alle stavingar etter den høge tonen er låge. vil det som regel finnast ein låg tone i austlandsk. I (2.3. vil eg heller bruka ein term som seier meir direkte kva funksjon denne tonen har. 2. med referanse til Lorentz (1995). som m. er det likevel noko for enkelt å avgrensa AP mot høgre ved at ein ny AP byrjar der.1. og då ser me bort ifrå at AP-ar kan stå finalt. mann. Men som Kristoffersen (2000:250–253) peiker på. Det fonologisk tonale materialet tek ikkje til før i stavingskjernen. Måten tonane fordeler seg på internt i AP. men òg ein L. Me kan difor fyrst som sist nemna den avgrensande rolla til den tonale eininga til høgre i AP-en. I sunnmørsk finst det ikkje tonalt frie stavingar med reint fonetiske transisjonar mellom (L)H og AP-grensetonen L. fødd 1974).

Det finst visse tradisjonar for å markera med stjerne den tonen som vert assosiert til trykkstavinga (t. Somme ordformer er i tillegg leksikalsk eller morfologisk spesifiserte for ein annan tone.3. Prominenstonen og den leksikalske tonen er alltid motsette av kvarandre både i sunnmørsk og i austlandsk. er eit intonasjonelt uttrykk for den rytmiske eininga primærtrykk. L* H for austnorsk tonelag 1-AP.d. b) sunnmørsk: 2levande a) sunnmørsk: 1liva l i v l e v n d c) austlandsk: 1livene d) austlandsk: 2levende l i n l e n Med andre ord vil eg rekna med at realisering av primærtrykk vil innebera at det dukkar opp ein gjeven tone i samband med trykket. prominenstonen er H. og me får det som me tradisjonelt kallar tonelag 2.2. er dei i høgtonedialekten sunnmørsk HL ved tonelag 1 og LHL tonelag 2. I dei tilfella vil den leksikalske tonen verta realisert før prominenstonen. 25 . og AP-grensetonen er L. Nøgnare sagt: Den leksikalske tonen i sunnmørsk er L. Denne tonen. Måten tonane vert kopla til resten av talestraumen på (stavingar og moraer).2) Tonelag 1-AP og tonelag 2-AP på sunnmørsk og austlandsk.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) (2. og H* L H for tilsvarande tonelag 2). Medan AP-konturane i austnorsk då er LH ved tonelag 1 og HLH ved tonelag 2. skal me sjå på i kapittel 3. prominenstonen. Dette kjem eg ikkje til å gjera.

Det er heller ikkje slik at AP-grensetonen viser seg berre på den siste stavinga i AP-en. Tonelag 1-AP-ar vil ha dei same tonane. skal me òg merkja oss at i sunnmørsk er det ikkje nokon gradvis overgang gjennom fleire stavingar frå prominenstonen til AP-grensetonen.3). prominenstonen som T P og AP-grensetonen som T].4) [2jæn t l p l 2m p r  ne d l ø d j ned lø d ] j æn t l p m j ne d l ø d 26 . der T er anten H eller L. kap.3. [1m l p 1r ned lø d ] ‘mannen låg på ryggen nedi løa’. medan det tilsvarande for austnorsk er Hlex + LP + H]. 3).3. Me ser eit døme på dette ved tonelag 1 i (2.4). jf. [ p 2m j ned lø d ] ‘jenta låg på magen nedi løa’.3. minus den leksikalske tonen. (2.3) [1m l p 1r ned lø d ] m (2. medan resten av stavingane (eller moraene) til høgre i AP-en vert knytte til den låge AP-grensetonen. merknadene i delkapittel 1.5. 2jæn t l og ved tonelag 2 i (2. Grensa mellom AP-ane er markert med ein lang. I tillegg til at tonane er motsette i sunnmørsk og i austnorsk.2 Det prosodiske hierarkiet I det fylgjande vil eg skriva den leksikalske tonen som Tlex.3. For sunnmørsk vil ein tonelag 2-AP då ha tonane L lex + HP + L]. jf. I sunnmørsk er det prominenstonen som berre viser seg på éi staving (rettare sagt éin mora. loddbein strek.

og det kan variera leksikalsk. sunnmørsk). Her kjem det ordet inne i ein AP. Dermed kan ikkje tonelaget realiserast. som er eit hokjønnsord som er leksikalsk spesifisert for tonelag 2. trass i identisk uttale. slik AP har vorte definert. domenet for realisering av tonelag. 2løda.2 Tonelag: ord eller AP? Valet mellom tonelag 1 og 2 er dels leksikalsk avhengig. og ikkje til ordet: Det er ikkje lengda på ordet som avgjer tonerørsla. kan ikkje få realisert det tonelaget som ordet måtte vera spesifisert for. sjølv om det skulle finnast fleire ord i AP-en som er leksikalsk eller morfologisk spesifiserte for eit gjeve tonelag. dvs. slik det eksplisitt eller implisitt har vorte analysert av strukturalistar og prestrukturalistar. at tonelag berre kan realiserast inne i ein AP. men utan noko primærtrykk.a. om me tok det på alvor.d. Når eg seier dette.3.3). seia at H til slutt i ordet venteværelse ikkje er knytt til sjølve ordet venteværelse. Etter drøftinga i 2. vente paa og vente paa os. Aksentfrasen er m.d. men òg at tonelagsrealisering er eit AP-fenomen. Tonelag kan altså berre realiserast i samband med primærtrykk. Alnæs (1916:92) nemnde i denne samanhengen at tonerørsla i austlandsk vente paa og vente paa os er den same som i respektive ventesal og venteværelse. 2skrive (verb.4). t. sidan den same H kjem til slutt i både ventesal. dels morfologisk avhengig. og berre éin gong i kvar AP. Dette vil òg seia at tonelagsrealisering ikkje berre definerer venstregrensa for AP. Tonelaget kan variera gjennom bøying.3.1 vil alt dette vera det same som å seia at AP er domenet for realisering av prominenstone (og AP-grensetone). korleis Vanvik (1956) la fram eit postulat som ville ha gjort det naudsynt for oss. med eller utan leksikalsk tone. har eg i tankane ein motsetnad til det at tonelagsrealisering skulle vera eit fenomen knytt til ordforma.2. Me har sett litt på dette i eit tidlegare kapittel (delkapittel 1.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) 2.d. og ord som ikkje har primærtrykk i seg. men lengda på AP-en. infinitiv) mot 1skrive (presens.1 1For austlandsk vil det t. t. ved at materi1ale har tonelag 1. På dette grunnlaget meinte han at tonerørsla ved dei to tonelaga (berre tonelag 2 i dette konkrete dømet) dermed må vera knytt til AP-en (Alnæs’ term: tonelagsgruppa). medan fi2nale har tonelag 2. Eit døme er løda ‘løa’ i (2. å analysera slå en og slåen tonalt ulikt. 27 .

som har akkurat den same tonerørsla.3.3.5) og [2jæn t ] ‘jentene’ (2.3.7) [ 2jæn t ] ‘han såg jentene’.1 Dermed landar Llex på jen. Det er altså ikkje eigenskapar ved sjølve ordet som avgjer måten som tonane vert realiserte på.5) jenter [2jæn t ] j (2.3. ved at jenter har to tonar på den fyrste stavinga. (2. kan det ved fyrste augnekast likevel sjå ut som om det er ein ordavhengig skilnad mellom [2jæn t ] ‘jenter’ (2.6) æ n ] t jentene [2jæn t j æ n t Men med Alnæs i bakhovudet kan ein òg nemna sunnmørske døme som 1so 2jæn t dæ r] ‘han såg jenter der’ og (2.8).8) [ a 1so (2.3.3.8). medan jentene har éin tone på kvar staving.3.7) og (2.6).3. HP på te og L] på der (2. 28 .7) eller ne (2. men eigenskapar ved domenet AP.3. 1AP-ar må innehalda og byrja med eit tonelag. dei trykklette han kjem difor utanfor AP-ane i (2.3.2 Det prosodiske hierarkiet Om me no skodar til sunnmørsk. i dette tilfellet at AP-ane jenter der og jentene er på tre og ikkje på to stavingar.

a. slik at både det prosodiske ordet og AP-en opnar med eit primærtrykk. Eit morfologisk ord som har realisert tonelag på ei anna staving enn den fyrste (t.2. kommune [ku2m n ]). Venstregrensene for dei to konstituenttypane er altså alltid synkroniserte. vil dermed verta delt slik at berre stavingane frå og med trykkstavinga kjem inn under den AP-en (i dette dømet mune). Nilsen (1992:68f) og Fretheim (1990:88) hovudet i AP-en. Mot høgre er det prosodiske ordet 29 .8) o 1so j æ 2jæn t n ] t dæ r han såg jentene [ a s o j æ n t For andre dialektar enn dei som allereie er omtala. eller om det er lengda på det ordet som tonane til tonelaget er knytt til gjennom den trykkstavinga som trengst for å få realisert eit tonelag.3 Prosodisk ord Det prosodiske ordet (ω) er etter m. må det sjølvsagt takast atterhald om kva som avgjer korleis tonane vert realiserte på dette nivået: om det er lengda på den AP-en som tonane til tonelaget vert realiserte innanfor.7) han såg jenter der [ 1so 2jæn t dæ r] s (2.3. Mot venstre er det prosodiske ordet avgrensa av tonelaget.3. og ligg heilt til venstre i han.3. 2.d.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) (2.

Dette krevde en finere inndeling av fotens oppbygging.d. Nilsen (1992:68) siterer dette. Selkirk 1981) vil det prosodiske ordet vera ein metrisk konstituent. etter sjølv å ha lagt til: Motivasjonen for å innføre ω-nivået i Trondheimsmodellens prosodiske hierarki er. som er ein representasjon av ytringa Thorstein snakker bestandig om intonasjon.9).a. 30 .: The ω is the domain of the morpholexically determined word-tone distinction between so-called Accent 1 and Accent 2. ordet bestandig i fig. Figuren er ein faksimilie frå Nilsen (1992:66). jf.d. Termen prosodisk ord har altså ein annan bruk hjå Fretheim og Nilsen.2 Det prosodiske hierarkiet avgrensa av den høgre enden til det morfologiske ordet. og vera domene for forhold som t. og at det vil svara til heile det morfologiske ordet. I det dømet finn me det prosodiske ordet standig. er i alle fall todelt. plasseringa av potensielle trykkstavingar inne i kvart einskilde morfologiske ord.3. Det prosodiske ordet er altså hjå Nilsen og Fretheim definert både tonalt og morfologisk.9) Motivasjonen som Nilsen og Fretheim har for det morfo-tonale domenet prosodisk ord. medan be kjem utanom. som tidligere nevnt. (2. blant annet grunnet i et ønske om bedre å kunne beskrive forbindelsen mellom fokusprojeksjon i syntaksen og trekket [±fokal] i det prosodiske hierarkiet. Fretheim (1990:88) skriv m. (2. Det kan vera verdt å nemna at i litteraturen elles (t. Hjå Selkirk og andre vil heile ordet bestandig vera eit prosodisk ord.3.

Formativer. Fokusprojeksjon er etter deira arbeid ein prosess som lèt tonale strukturar leggja premissane for korleis ein tolkar ein streng av ord etter diskursive kriterium som «tema» og «rema». 31 . jf. Dette er i og for seg irrelevant for oss. arver alle de egenskaper som karakteriserer den. Koplingspunktet for fokusprojeksjon frå ein fokal AP og inn i den syntaktiske2 strukturen vil alltid vera det fyrste ordet i AP-en (jamvel om den relevante tonale eigenskapen. Nilsen (1992:25): «De ulike nivåene i det prosodiske hierarkiet er ene og alene definerte ut fra de tonale særtrekk som karakteriserer deres domener.2. ekstra høg AP-grensetone.d. Etiketten «morfo-tonalt» er mi presisering. og vil projisere [+fokal] oppover i treet i samsvar med fokusprojeksjonsprinsippet […] som bestemmer hvor langt oppover i treet fokuseksponenten kan virke før projeksjonen hindres av tonalt baserte barrierer. handlar deira prosodiske ord ikkje berre om tonelagsrealisering og morfologi. valet mellom dei to tonelaga) og om fokusprojeksjon. Nilsen (1992:70) seier såleis: Ved å anta det prosodiske ord som det obligatoriske hode i en fot. vil dette få konsekvensar for korleis ein tolkar informasjonsstrukturen i ytringa.» Det prosodiske ordet er både prosodisk og morfologisk definert.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) Statusen til det morfo-tonale prosodiske ordet1 hjå Fretheim og Nilsen er interessant: Det tonale prosodiske hierarkiet deira er eksplisitt fonologisk motivert. sidan me ikkje skal sjå på informasjonsstrukturar. 2Fokus hjå Fretheim og Nilsen er definert i syntaksen. fyrst kjem mange stavingar seinare). Men som me ser i sitata frå Nilsen og Fretheim. korleis fokalitet oppfører seg fonologisk. Om noko er fokalt aksentuert (i austlandsk ved at AP-grensetonen vert ekstra høg). men på fonologi. t. spesifisert som [+fokal] tjener som fokuseksponenter (eller fokustilordnere) i det syntaktiske hierarkiet. og si at det prosodiske ord i egenskap av å være hodet i foten.» Nilsen (1995:112) modifiserer dette av omsyn til det prosodiske ordet: «Formuleringen ‘ene og alene’ burde ha vært skiftet ut med ‘hovedsakelig’. men òg om både tonelagsdistinksjon (dvs. så oppnår vi at fotens eventuelle fokale eller ikke-fokale egenskap via sitt hode (ω) overføres fra det fonologiske nivået til en tilsvarende formativ i den syntaktiske overflatestrukturen som derved spesifiseres for den samme egenskapen. Dermed treng Nilsen og Fretheim ein konstituent inne i AP som kan representera denne koplinga mellom det fokuserte ordet og den allmenne fokale tonestrukturen i AP. 1 Fretheim og Nilsen skriv berre «prosodisk ord».

Fokusprojeksjon kan difor. tonelagsdistinksjonen. Fretheims siterte motivasjon er fonologisk. ikkje vera grunnlag for eit fonologisk domene av typen «(morfo-tonalt) prosodisk ord». 1slå men 2slå opp (i leksikonet). Så lenge det morfo-tonale prosodiske ordet likevel ikkje treng femna om heile det morfologiske ordet. og med fokusprojeksjon direkte frå det morfologiske ordet til venstre i AP (t. og det gjer heller ikkje eg. på grunnlag av intonasjonen kan få tildelt visse informasjonsstrukturelle eigenskapar. fungera som knutepunkt i staden for det prosodiske ordet. skulle det heller ikkje vera noko i vegen for å lata den fyrste stavinga i AP. slik eg ser det. som dannar grunnlaget for tonelagsrealiseringa. Han gjekk ut på at det prosodiske ordet er domenet til den morfoleksikalske ordtonedistinksjonen1 mellom tonelag 1 og tonelag 2. og spreia desse i syntaksen etter gjevne prinsipp. tonale og informasjonsstrukturelle prinsipp (Nilsen 1992:37f). Og det er då òg ein del av faghistoria at Trondheimsmodellen fyrst vart etablert utan noko prosodisk ord. Ut ifrå dette kan det vera nyttig med eit eige tonalt domene som femner om alt frå og med trykkstavinga og — i dette tilfellet — til og med partikkelen. Men me har allereie sett for sunnmørsk sin del at det ikkje er ordnivået som avgjer kva stavingar tonane ved primærtrykk vert realiserte på. Og vel vil då det ordet fungera som eit knutepunkt mellom fonologi og syntaks. Det vil framleis vera tonelag 2 dersom det kjem noko imellom verbet og partikkelen: 2slå det opp. t.8). Fokusprojeksjonen sluttar ikkje eingong ved det prosodiske ordet.3. Nilsen 1988). Eit fonologisk domene må vera avgrensa av empirisk observerte fonologiske eigenskapar. og er i seg sjølv noko som sorterer under informasjonsstrukturering. men held fram i syntaksen heilt til han når ein barrière etter nærare definerte syntaktiske.3. Men det er langt frå dette og til å postulera eit eige prosodisk domene i det tonale hierarkiet. Me har sett at jenter der i (2.a.d. 32 . munnleg opplysning). som jamvel skal vera dels morfologisk avgrensa. Korkje Fretheim eller Nilsen ser på fokusprojeksjon som fonologi.2 Det prosodiske hierarkiet Fokusprojeksjon baserer seg på intonasjonsstrukturar og syntaks. 1Dvs. Vel er det påvist at det fyrste ordet som er med i ein AP. i konstruksjonar med verb + verbpartikkel.d. Dette opptrer i austlandsk m. Ein viktig motivasjon for det morfo-tonale prosodiske ordet i det tonale hierarkiet er elles å finna i fenomenet tonelagsskifte (Thorstein Fretheim.7) har det same tonale mønsteret som jentene i (2. Dette er elles fullt i samsvar med studiane frå Fretheim og Nilsen.

4. 33 . Til dømes kan ein peika på at dei to fyrste tonane (LlexH P) faktisk vert realiserte innanfor det fyrste ordet i både jenter der (2. eller om det har vorte til tonelag 2 (altså om me har tonelagsskifte) pga. så sant AP-en er på minst tre stavingar. om ikkje alle er i tråd med Fretheim og Nilsen.3. (2.3. Ein kan likevel argumentera for det morfo-tonale prosodiske ordet på fleire måtar. At trykkstavinga naudsynleg må vera ein del av eit morfologisk ord. Denne bruken av det morfo-tonale prosodiske ordet bryt elles med den morfologisk definerte høgreavgrensinga ved slutten på det fyrste morfologiske ordet som er representert i ein AP.3.10) han lev’ ikkje lenger [ a 2le v c læ r] l e v c l æ r 1Slikt tonelag 2 er eit nyare fenomen i vestnorsk.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) I underkapittel 5.3. slik at tonelaget kan realiserast.3. (2. vert tonerørsla den same som i dømet med det isolerte ordet jenter. Likevel kan ein ikkje koma forbi at tonemønsteret held seg uendra jamvel om det fyrste ordet skulle ha berre éi realisert staving: Om ordet med primærtrykk og tonelag 2 er einstava pga. ein partikkel 1 (2.3. Det viktige er dermed at det i det heile finst ei staving som er trykksterk.2. når ein truleg er like godt hjelpt med metriske analysar.8). I tradisjonell dialektologi vil verb med verbpartikkel få primærtrykket på verbpartikkelen på Vestlandet (Christiansen 1976:206).11) (slo inn ei).3 skal me sjå at verb med partikkel på sunnmørsk oppfører seg som samansette ord. bortfall av endestavinga (2. gjev ikkje dette ordet nokon uavleidd status i den fonologiske analysen.12) (slo ned). Eg ser difor ikkje noko i tonelagsskifte-fenomenet som talar for at ein må bruka eit eige.7) og jentene (2. 2 frå venstre. og at dette kan analyserast med eit metrisk prosodisk ord. Er det berre to stavingar der.10) (leve ikkje lenger til lev’ ikkje lenger). så er likevel prominenstonen i tonelag 2 realisert på staving nr. morfo-tonalt prosodisk ord i det reint tonale prosodiske hierarkiet. jf.

2 Det prosodiske hierarkiet (2.d.3. Der vert det likevel meir aktuelt å bruka det metriske prosodiske ordet enn Fretheim og Nilsens morfo-tonale prosodiske ord.1 Når «at eit tonelag er til 1I kapittel 5 skal me likevel sjå på korleis morfologiske forhold i samansetjingar speler ei stor rolle i metriske og tonale forhold. 34 . sidan eit reint tonalt hierarki ikkje genererer tonar. Leksikalske tonar er i seg sjølve prosodiske konstituentar. det kunne me seia.3. Om ein i staden vel å tolka det prosodiske ordet hjå Fretheim og Nilsen som uttrykk for ein (morfo-)tonal konstituent som avgjer om det er tonelag 1 eller 2 som skal brukast. dersom berre dei stavingane som tonelaget vert realisert på. men berre skildrar dei. Kan då ikkje det prosodiske ordet seiast å skildra det at det er eit tonelag til stades? Jau. Men slik er det korkje i sunnmørsk eller (som me har sett det i Alnæs 1916:92) austlandsk. lengda på det morfologiske ordet. på nokon måte kunne danna ein streng som var tonalt avhengig av t.12) ho slo ned guten [ u 2slu ne  u s l u n e t Med andre ord kan ikkje det prosodiske ordet seiast å vera domene for realisering av tonelaget. så vert ikkje nivået rettgjort av dette heller. men frå leksikon (og morfologien) som ein del av dei fonologiske (og morfologiske) eigenskapane til ordet. og er ikkje henta frå andre prosodiske konstituentar.11) ho slo inn ei tann på ’nom [ u 2slu æ 1t p n ] u s l u æ 1 t t] p n (2.

faktisk har fonologiske konsekvensar. dels morfologisk definert (avgrensinga mot høgre) og dels informasjonsstrukturelt definert (gjennom funksjonen i fokusprojiseringa). ikkje etter korleis det morfologiske eller morfo-tonale ordet ser ut. ved at den morfologiske høgregrensa for det fyrste ordet som er med i AP-en. 1 For meir omtale av det prosodiske ordet til Nilsen (1992) kan ein sjå Kristoffersen (1995:95. går tankane elles i metrisk retning. Det må likevel nemnast at det finst norske dialektar der det kan førast fonologiske argument for å operera med eit slags prosodisk ord. 101). AP og stavingar nettopp representerer hierarkisk ordna tonale område av ein eindimensjonal streng. Mellom anna i høgtonedialekten i Vestvågøy i Lofoten kan me finna eit tonalt mønster som treng nærare forklaring. Men då er me igjen borte i tonegenerering i staden for skildring av område med sams tonale eigenskapar. dette vert òg problematisk. Det morfo-tonale prosodiske ordet har heller ikkje innverknad på tonane.13) og (2. IP.1 For sunnmørsk vil eg difor ikkje rekna med Fretheim og Nilsens morfotonale prosodiske ord som domene i eit tonalt hierarki.3. (2. vil ω representera ei tonegenererande eining som ligg i leksikon og i den tonale delen av morfologien (og morfologien er ikkje avgrensa til berre dei delane av ordet som kjem på og etter trykkstavinga). Stavingane (eller moraene) i austlandsk og sunnmørsk vert ikkje assosierte til tonar på måtar som skulle tyda på leksikalsk-fonologiske prosessar: Me har allereie sett at i sunnmørsk vert tonane fordelte på det segmentale materialet alt etter kor lang AP er. jf. Informanten min frå Vestvågøy er kvinne og fødd i 1970. at det finst eit primærtrykk. I tillegg har me dermed å gjera med ei eining som er av eit anna slag enn dei andre einingane i det tonale prosodiske hierarkiet: Medan IU. Den fonologiske statusen til det prosodiske ordet er òg problematisk når det er dels fonologisk definert (den tonalt definerte avgrensinga mot venstre).3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) stades» i tillegg berre er ein annan måte å seia det på. Kan me i staden bruka det morfo-tonale prosodiske ordet slik at ein frå ω og nedover finn dei leksikalske prosessane.2.14). anna enn at det representerer (ein del av) ei morfo-leksikalsk eining som for det meste er det som avgjer kva for eit tonelag som skal brukast. men altså ikkje som noko hierarkisk ordna område (domene) av ein streng.3. 35 . medan ein frå AP og oppover finn dei postleksikalske? Vel.

2 Det prosodiske hierarkiet (2. Mønsteret med fall på sekundærtrykket har ikkje noko å gjera med om det finst eit sekundærtrykk i AP-en. var dårleg. ja). Til fig. frå og med ordet jenta.13) går ein ikkje ned frå HP til L] før ved sekundærtrykket i stavinga vå. Likevel er det skilnad på korleis tonane vert assosierte.3.14) vil eg nemna at ytringa opnar med eit men for å gjera det enklare for informanten å tenkja seg ein kontekst som dette kunne ytrast i (guten eg såg på. dvs.3. ja [m n 2j n ta so p va 1bra ja] m n j n t a s o p va b r a j a I den fyrste AP-en i både (2.14). var bra.3.3.3. har me konturen til ein tonelag 2-AP (Llex HP L]). I begge døma er sekundærtrykket på den fjerde stavinga i APen. I (2.14). va bra. men her fell tonen ned til L] allereie i den fyrste trykklette stavinga etter stavinga med primærtrykk.13) og (2.14) Vestvågøy: men jenta e så på. Eg lét 36 . og i tillegg til eit primærtrykk finn me eit sekundærtrykk.3. men jenta eg såg på. Ser me på (2.13) Vestvågøy: jentenivået va bra [2j n t n vo va 1bra ] j n t n v o v a b r a (2. kjem av mikroprosodiske forhold under artikulasjonen av t og v.3. Den litle uroa me ser på strengen «jentenivå» i ordet «jentenivået». har den tilsvarande AP-en eit sekundærtrykk på den tilsvarande stavinga. Det er like mange stavingar i den AP-en i dei to døma. (2.

Dette vart gjort slik fordi informanten hadde ein tendens til å bruka knirkestemme på slutten av ytringane. noko som ikkje er tilfellet for (2. trykklett ja.15).4. Likevel kan ein ikkje avgrensa ω mot høgre berre på grunnlag av sekundærtrykket. 37 . Resultatet vart som i (2. Nilsen (2001:180).3. jentenivåbestyreran 1 Fenomenet er òg kjent frå Agder. skulle informanten karakterisera desse styrarane som bra. Om det i tillegg finst slike institutt ved alle dei norske universiteta. Dette vert stadfest av (2. jentenivåbestyreran va bra. NordNoreg) og Stockholm (lågtonedialekt. men eg har høyrt opptaket. Figuren der er diverre ikkje segmentert.3. er den morfologiske plasseringa av sekundærtrykket. ja. jamvel om det vil trengast analysar for å slå fast om det er det metriske prosodiske ordet (i eit metrisk hierarki.3.13) at det er sekundærtrykket som avgjer tidspunktet for overgangen frå TP til T].3. der ein informant frå Høvåg uttalar ordet hjerteproblemer med ein slik spreidd HP . og at dette instituttet har ein styrar. I slike dialektar vil det vera naturleg å operera med eit slags ω-nivå. i og med at det er sekundærtrykket som er relevant for kor mange stavingar den høge prominenstonen fordeler seg på.13).a.16). og fenomenet er heller ikkje drøft spesielt i artikkelen. men berre dersom sekundærtrykket er i det same morfologiske ordet som primærtrykket. Det er likevel openbert ut ifrå (2. 2Sjå vidare drøfting i underkapittel 5. og som dermed kan gå på tvers av tonale APgrenser) eller Fretheim og Nilsens morfo-tonale prosodiske ord (i eit tonalt hierarki).1 Det som skil dei to døma frå kvarandre.2. Sør-Sverige) i Lorentz (1981:168f). vart knirkestemma avgrensa til den siste stavinga. sidan sekundærtrykket må ha den rette morfologiske plasseringa.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω) informanten avslutta ytringa med eit etterhengt. Sekundærtrykket har altså noko å seia for korleis tonane vert assosierte.2 Det vil vera naturleg å avgrensa ω mot høgre fonologisk.14) er sekundærtrykket plassert i eit anna ord enn primærtrykket. Fenomenet er m. Attende til analysen: Eg sa at det ikkje er avgjerande at det finst eit sekundærtrykk i AP-en. og viser at det er det siste sekundærtrykket i ordet som er avgjerande: Tonen fell nettopp ved den siste sekundærtrykket. jf. Ved å gjera den slutten litt lengre. eller på dialekt med bokmålsk gloseinnlån: «bestyrer». og konturen i siste AP-en vert ikkje tilrota på upedagogiske måtar.3. på same måten som informanten tidlegare hadde uttala seg om «jentenivåan». Kva då dersom det er fleire sekundærtrykk i det fyrste ordet? Informanten frå Vestvågøy fekk i oppdrag å tenkja seg at det finst eit «Institutt for jentenivå».3. nemnt frå samansette ord i Tromsø (høgtonedialekt. I (2.

3. va bra. ja [2j n ten vo b sty an so p va 1bra ja] j nt n vo b s t y an s o p va br a j a 38 . Innanfor det prosodiske domenet ω er det då visse eigenskapar som er knytte til det siste sekundærtrykket. Dette er drøft nærare i delkapittel 5. For å gjera det enkelt. ikkje det siste sekundærtrykket i AP-en. Men det er likevel eit spesialtilfelle. der den fyrste AP-en i tillegg har eit sekundærtrykk (nemleg så) som ikkje høyrer til det fyrste morfologiske ordet. som avgjer korleis tonane vert fordelte på stavingane. ja [2j n ten vo b sty an va 1bra ja] j n t n vo b s t y a nva b r a j a (2.4. (2.3. Det kan vera aktuelt å hevda at denne fordelinga av tonar ikkje fyrst og fremst har med sekundærtrykket å gjera. va bra. men med at me har samansette ord.15) Vestvågøy: jentenivåbestyreran va bra. ja.16) Vestvågøy: jentenivåbestyraran e så på. Eg vil difor inntil vidare føreslå at det i desse nordnorske dialektane finst eit fonologisk nivå som har å gjera med det morfologiske ordet. kan me framleis kalla dette fonologiske nivået ω. og ein kan trygt seia at det ikkje var dette Vanvik (1956) tenkte på då han tilskreiv ordet rolla som domene for tonelag. og ikkje AP. Dermed har me faktisk òg døme på at det er ordet.2 Det prosodiske hierarkiet e så på. Der fell tonen ved det siste sekundærtrykket i ordet.

2.3 Aksentfrase (AP) og prosodisk ord (ω)

(2.3.17) Vestvågøy-analyse med prosodisk ord1 jentenivåbestyreran e så på, va bra, ja AP ω ω AP

σ σ σ σ σ σ σ σ σ jen - te - ni - vå - be - sty - re - ran e

σ σ σ σ σ så på va bra ja

I alle fall har me openbert å gjera med ei fonologisk høgregrense som fell saman med ei morfologisk høgregrense. Den fonologiske høgregrensa er avleidd frå den morfologiske. Prinsipielt sett dreier det seg dermed ikkje om éi og den same høgregrensa, berre om eit samanfall av to grenser, på same måten som at venstregrensa til AP er avleidd frå venstregrensa til trykkstavinga. Dette kan sjå ut som ei avvising av den kritikken eg har retta mot Fretheim og Nilsen, sidan det altså kan finnast prosodiske domene som baserer seg på morfologi. Det finst likevel ein skilnad: Eg observerer eit prosodisk domene som er avleitt frå morfologien, og der det skjer fonologiske prosessar som er karakteristiske for dette domenet. Domenet er altså konstituert av reint fonologiske kriterium, som rett nok kan relaterast dels til morfologiske. Dette skil seg frå Fretheim og Nilsens prosodiske ord, som er konstituert ikkje reint ut frå fonologiske kriterium, men direkte ut frå både fonologiske og morfologiske kriterium og utan fonologisk evidens (med unntak av tilfella med tonelagsskifte, som truleg kan tolkast som eit utslag av eit spesialtilfelle av metrisk ω), noko som i eit fonologisk perspektiv vert ei samanblanding av det fonologiske og det morfologiske nivået. For austlandsk (og sunnmørsk!) vil eg då seia det så enkelt som at Fretheim og Nilsens prosodiske ord ikkje ser ut til å kunna forsvara plassen sin som tonalt prosodisk domene i analysen av tonale eigenskapar. Medrekna her er distribusjonen av tonelag 1 og tonelag 2, som heller er morfo-leksikalsk lisensiert enn avgjord av eit postulert domene i det tonale prosodiske hierarkiet.2
1I dette tilfellet vil det metriske prosodiske ordet og den morfo-tonale prosodiske ordet i

praksis ha det same utstrekninga.
2 Strengt teke ville ein hypotese om at det morfo-tonale prosodiske ordet avgjer

distribusjonen/valet av dei respektive tonelaga, implisera at det finst to slags morfo-tonale prosodiske ord, alt etter tonelaget, eventuelt at det morfo-tonale prosodiske ordet som

39

2 Det prosodiske hierarkiet

At det prosodiske ordet i Nilsen og Fretheims bruk kan vera relevant for fokusprojeksjon, vert ei anna sak, som har å gjera med informasjonsstrukturar, og ikkje er reint fonologisk. Men det er òg klart at når ein analyserer fokusprojeksjon og informasjonsstrukturar, så vert utgangspunktet likevel eit anna enn når ein konsentrerer seg om fonologi åleine. Kritikken min kan difor vera urimeleg, sidan eg har eit anna utgangspunkt enn Fretheim og Nilsen. Inntil vidare1 kan det sjå ut som Vestvågøy har eit slags prosodisk ord, men eg kjem altså ikkje til å taka med Fretheim og Nilsens prosodiske ord i det prosodiske hierarkiet for sunnmørsk. Det er kjent at ein i sunnmørsk har noko som fonetisk liknar på kurvene me har sett frå Vestvågøy, sjå t.d. LHLkonturen til venstre i (2.3.18), med H på stavinga vå (og berre der, til skilnad frå Vestvågøy). I kapittel 5 vil dette likevel verta analysert som noko anna, nemleg ei (metrisk) forskuving av primærtrykket, slik at dei tre fyrste stavingane ikkje sorterer under den AP-en som resten av ordet kjem inn under. Dette vil i delkapittel 5.5 få konsekvensar for statusen til det metriske prosodiske ordet i sunnmørsk. (2.3.18) Sunnmøre: jentenivået va bra.2

j

æ

n

t

n

v o

v

b r

domene er til stades berre ved eitt av dei to tonelaga. Å leita etter den fonologiske lisensiatoren for t.d. den leksikalske tonen i ein gjeven AP ville vera som å leita etter ein fonologisk lisensiator til trekket [+ stemd] i [b], t.d. i ordet bil som motsetnad til pil. Distribusjonen av [+ stemd] i det dømet er leksikalsk avgjord, ikkje fonologisk.
1Dette vil verta nærare drøft i underkapittel 5.4.3, og der vil eg konkludera med at eg ikkje

finn nokon grunn til å halda på Fretheim og Nilsens morfo-tonale prosodiske ord heller enn det metriske prosodiske ordet.
2I figuren er det brukt ein lang loddbein strek for å markera AP-grense framfor bra. Etter analysen i kapittel 5 skal det vera ei AP-grense også føre vå.

40

2.4 AP og IP

2.4 AP og IP
IP, intonasjonsfrasen, er nivået over AP, aksentfrase. Ein IP grupperer AP-ar som har visse kjenneteikn sams. Etter Nilsen (1992), Fretheim (1981a) og fleire er det fokalitet som vil vera grunnlaget for denne grupperinga. Stutt sagt er IP ei gruppe av AP-ar, der den siste AP-en er fokal. Mot høgre er altså IP avgrensa av ein fokal AP. Venstregrensa for IP-en vil då anten falla saman med den fyrste AP-en i ytringa, eller grensa mot høgregrensa til ein føregåande IP. Dette er noko forenkla sagt her, me skal sidan sjå på materiale som er AP-eksternt (kap. 4). I alle fall: Det obligatoriske hovudet i ein IP er ein fokal AP, medan ein IP òg har visse informasjonsstrukturelle funksjonar ved å generera fokusområde i syntaksen. No har eg allereie nytta termen «fokal», adjektiv til «fokus» eller «fokalitet». Kikar me på oppslagsordet «Fokus» hjå Bußmann (1990:245f), finn me denne omtalen:
Bezeichnung für das »Informationszentum« des Satzes, auf das das Mitteilungsinteresse des Sprechers gerichtet ist. Grammatische Mittel zur Kennzeichnung des F. sind vor allem → Wort- und Satzgliedstellung (vgl. →Topikalisiering) und →Akzent. Im Fragetest entspricht der F. in der natürlichen Antwort dem →Skopus der Wort-Frage, d.h. er besteht fast ausschließlich aus kontextuell ungebundenen Elementen: Wer hat die meisten Stimmen erhalten? – Die am wenigsten damit gerechnet haben [haben die meisten Stimmen erhalten]. Vgl. auch → Funktionale Satzperspektive und → Thema vs. Rhema, → Topik vs. Prädikation.

Det er klart at i fonologisk intonasjonssamanheng er det ikkje den pragmatiske bruken av termen det er snakk om, men den fonologiske og fonetiske realiseringa av fokalitet. I sine innleiande ord om fokus i delkapittelet «Trykk, aksent, tone» innfører då òg Nilsen (1992:26) trekket [± fokal] gjennom praktiske døme, og ikkje gjennom nokon definisjon. For Nilsen, som ser på austnorsk, er ein fokal AP kjenneteikna av ein ekstra høg AP-grensetone (hjå henne: «fraseaksent»). I ein austnorsk tonelag 2-AP med tonane Hlex LP H] kan altså H] vera høg eller veldig høg. Er han veldig høg, er AP-en fokal. Pragmatisk sett vil fokus verta projisert frå den fyrste ordforma som er representert i AP-en, jamvel om denne siste høge tonen skulle koma fleire stavingar etter at dette ordet er ferdig. Dette var òg den viktigaste motivasjonen hjå Fretheim og Nilsen for å operera med eit prosodisk ord i Trondheimsmodellen: Det prosodiske ordet skulle fungera som kontaktpunktet i AP-en mellom syntaksen og fonologien.

41

2 Det prosodiske hierarkiet

I sin omtale av Trondheimsmodellen definerer Kristoffersen (2000:279) fokus på denne måten: «Focus can be defined as a syntactic or intonational means to foreground a discourse constituent.» Den type «foregrounding» som det typisk er snakk om, er (Nilsen 1991:39ff) tema (kjend informasjon) og rema (ny informasjon). Med (fonologisk) fokus som det obligatoriske elementet i ein IP skal me no sjå på korleis IP og fokusmarkering opptrer i sunnmørsk. Eg vil for det meste bruka termen fokus om fonologiske (ikkje informasjonsstrukturelle eller syntaktiske) forhold, i tydinga ‘fokal AP’.

2.4.1 Eigenskapar ved IP Me har allereie vore innom ein informasjonsstrukturell funksjon som er knytt til IP: fokustilordning. Den fonologiske eigenskapen som er mest openberr, er at IP er domene for neddrift. I figur (2.4.1) ser me den sunnmørske ytringa mannen som åt PØLSA mi, var ein dum TULLING.1 Ei slik ytring kan vera relevant i ein situasjon der det er snakk om ulike slags menn, men han som åt pølsa, vert nemnd for fyrste gong (rema, ny informasjon). (2.4.1) (((1mannen somAP) (1åtAP) (2PØLSA miAP)IP) ((1var einAP) (1dummeAP) (2TULLINGAP)IP)IU)2

s u  o

t p øl s

m  v

du m

t u

Både dei høge og dei låge tonane kjem gradvis lågare, men berre fram til IP-en er slutt. Når den nye IP-en byrjar, byrjar òg ei ny neddrift (downdrift). Det er vanleg å tolka neddrift som ei lågning av den høge tonen etter ein låg
1Fokuseksponentar (dvs. det fyrste ordet som er representert i ein fokal AP) vert gjerne

transkriberte med majusklar.
2Heilt til venstre i figuren er ein tilsynelatande lågtone. Dette er [m], og tonen er låg berre

akustisk sett. Det fonologiske tonale materialet kjem ikkje før med vokalen.

42

2.4 AP og IP

tone, dvs. som ein partiell tonal assimilasjon. Termane nedsteg (downstep) og deklinasjon er òg vanlege, om enn t.d. Roca (1994:264) vel å skilja mellom desse tre på denne måten:
There are three phenomena involving a lowering of the pitch register. First, ‘declination’, a gradual fall in the tone baseline. Second, ‘downdrift’, a lowering of all H(s) after L. Third, ‘downstep’, a lowering of some H(s) not overtly preceded by Ls, usually attributed to the presence of a floating L.

Innanfor det autosegmentale tenkjesettet er det likevel ikkje nokon prinsipiell skilnad mellom ein flytande L og ein assosiert L. Eg vel å bruka termen neddrift, i tråd med Roca.1 I arbeida til Randi A. Nilsen og Thorstein Fretheim er deklinasjon den vanlegaste termen. Analysen av neddrift som assimilasjon byggjer på ein idé om H og L som fonologiske einingar som kan påverka kvarandre fonetisk. Trass alt byrjar den andre IP-en med ein høg topp, sjølv om den førre AP-en slutta heller lågt. I dette dømet ser me jamvel at den høge toppen fremst i andre IP er høgre enn den fyrste toppen i fyrste IP, sjølv om startfasen fremst i den fyrste IP-en naturleg nok byrjar fonetisk høgre enn den låge tonen til slutt i IP-en (som er den siste låge tonen før den fyrste toppen i den andre IP-en). Det kan dermed ikkje vera fonetisk låge frekvensar i seg sjølve som fører til at H vert lågare og lågare. Neddrifta må vera eit fonologisk fenomen.2 Slethei (1996:105) har ein alternativ, fonetisk analyse:
Selv om vi bruker en del muskelarbeid på å regulere denne luftmengden slik at vi ikke får en tilsvarende stor forskjell i lufttrykk under glottis, er det trolig ulikhetene i luftmengde og lufttrykk som er årsaken til at de fleste språk har en fallende tone over ytringen etterhvert som tiden går. (Østnorske dialekter er unntak fra denne hovedregelen.)

Det kan nemnast at også i austlandsk er IP domene for neddrift, men, som Slethei kjem inn på i parentesen sin, distribusjonen av neddrift er fonologisk annleis der enn i sunnmørsk og vestlandsk elles. Medan IP-grenser i sunnmørsk er grenser for åtskilde neddriftsområde, finst det i austnorsk

1Jf. ar det finst både sekvensar av L og L og sekvensar av H og H i sunnmørsk (kap. 4), og

det skjer ikkje noko gradvis fall inne i ein slik sekvens. Det gradvise fallet gjennom neddriftsområdet skjer slik at ein tone med gjeven polaritet (t.d. H) kjem lågare enn førre slike tone dersom ein tone med motsett polaritet (L) står imellom dei.
2Mot slutten av 4.1.2 kjem ein fonologisk analyse som m.a. kan forklara at IP-grenser gjev

ny neddrift i sunnmørsk.

43

Namsos. sidan denne ytringa er sagd på éin utpust.2 Det prosodiske hierarkiet område utan neddrift. det er Trondheim det er snakk om.4. og då særleg korleis fokus vert realisert i neddriftsområde i sunnmørsk. I både (2.3) er svaret EG har stole ei gryte i Trondheim. ein kan framleis mistenkja at det ligg fysiologiske prosessar til grunn for tendensen til neddrift i verdas språk. I (2.2) er EG har stole ei gryte i TRONDHEIM. Bynamnet Trondheim vert her fokalt aksentuert.4.5.3) er forresten «eg» fokalt aksentuert.4.2 IP og ikkje IP: To slags neddrift Frå dømet over ser me i alle fall at IP vert realisert som eit neddriftsområde. Det vil seia. og vil verta oppfatta som ny informasjon av den som lyttar til svaret. Det ville heller ikkje ha funnest «unntak» frå regelen. I mellomtida skal me sjå nøgnare på neddriftsområde. Hadde det vore fysiologiske vilkår som låg til grunn for neddrift. Strengen eg har til venstre er elles så stutt (berre éin AP) at han ikkje eignar seg for 44 . og jau då.2) og (2. utan fokal aksentuering av bynamnet. Det som er vandt å forklara ut frå ein reint fonetisk analyse. er at ein kan ha to neddriftsområde på éin utpust.4. vera naturleg å tenkja på «byen» som Ålesund.3) har me to alternative svar på spørsmålet: Kven har stole ei gryte i byen? Svaret i (2. vil han eller ho no skjøna at svararen må ha forstått «byen» som noko anna enn Trondheim.2 skal me sjå at det kjem føre IP-ar i sunnmørsk som ikkje har neddrift. Same kva den opphavlege spørsmålsstillaren tenkte på med ordet «byen». Samstundes er det klart at det ville vera mogeleg å svara på andre måtar enn dei eg presenterer her.4. I delkapittel 2. ville me ikkje fått to neddriftsområde i figur (2.4. t. men ein har altså fonologisk høve til å vika frå denne tendensen. Dette svaret er aktuelt når svararen skjønar ordet «byen» slik at det refererer til ein annan by enn Trondheim.4. det var der denne gryta vart stolen. I (2. Men vert fokus signalisert berre gjennom førekomsten av eit neddriftsområde? Me skal no sjå at svaret på dette spørsmålet openbert må vera nei. som gjeven informasjon. slik at det må presiserast dersom tjuveriet faktisk fann stad i Trondheim. Me skal konsentrera oss om det skjer til høgre for denne fyrste AP-en.d.4. Svararen tek det her for gjeve at ja. men eg har valt desse to måtane fordi dei er heller illustrerande.d.1). Dette gjeld den fyrste IP-en i ei austnorsk ytring (Fretheim 1987:38). Den fyrste IP-en i begge døma inneheld berre AP-en eg har. i alle fall for sunnmørsk sin del.2) og (2. For ein sunnmøring kunne det t. 2.

4.4. I (2.3). Han er med berre for å skapa høve til det som kjem etterpå. I staden for ei fonetisk stiging frå ein låg til ein høg frekvens har me ein heller jamn frekvens bortetter. (2. nemleg eit snevert fokus heilt til venstre i ytringa. Og kva skjer med neddrifta? Jau.2) har me då to fokale AP-ar. har ikkje noko fokalt i seg. før me fell i frekvens att når ein skal over frå ein høg til ein låg tone. Det området som kjem etter den fyrste AP-en. men med unntak av den fyrste førekomsten av LlexH P transisjon finn me ikkje nokon fonetisk overgang frå låg til høg tone.2.4.4. som har høg AP-grensetone.4 AP og IP analysar av neddrift. at «a nonfocal foot following a focal peak 45 .3) s t o l æ ry t t ru n dh æ m (((1EG harAP)IP) (2stole eiAP) (2gryte iAP) (2trondheimAP)IU) h s t o l æ ry t t r u n d hæ m Distribusjonen av desse to neddriftstypane i sunnmørsk skil seg frå det som allereie er kjent frå austnorsk: Fretheim (1987:38) nemner for austnorsk. Slik er det ikkje i (2. Etter den fyrste AP-en har me ein ny IP.2) (((1EG harAP)IP) ((2stole eiAP) (2gryte iAP) (2TRONDHEIMAP)IP)IU) h (2. og dermed to IP-ar. og me ser at han har neddrift på den måten me kjenner att frå (2. neddrift har me framleis.1).4. Der har me éin førekomst av fokus.

har me altså to typar i sunnmørsk. intonasjonsytringa. og dermed berre éin IP. slik: (((1 EG harAP ) IP ) (2 stole eiAP ) (2 gryte iAP ) (2trondheimAP)IU). Sagt på ein mindre teknisk måte: Den fonologiske rørsla frå L til H vert ikkje realisert fonetisk som ei oppoverrørsle.og topplina dannar. (2.4. Og ytringa med éin fokal AP. Legg forresten merke til at den leksikalske. som me skal koma attende til. with practically no elevation at the end». slik at den fallande grunnlina (lina gjennom botnpunkta) ligg vassrett på papiret. berre slik at frekvensnivået nærmar seg den lina som er trekt gjennom toppunkta i konturen. men postfokalt finn me altså ukomprimert neddrift når neddrifta skjer inni ein IP. Dette skjer då ved at toneleiet held seg på éin og same frekvens. I sunnmørsk har me neddrift både prefokalt og postfokalt.4. (2.3) og snur det litt mot klokka.4. låge tonen i AP-ar med tonelag 2 (Llex HP L]) alltid er fonetisk på same nivå som den låge AP-grensetonen i AP-en framføre. manglande fokus må vera IP-eksternt. Dette i motsetnad til «the level grid». sidan ein ikkje har neddrift prefokalt). men der oppoverrørsla er relativ til det koordinatsystemet som grunn. medan lina gjennom toppunkta skrånar nedover.2 Det prosodiske hierarkiet normally has a very flat tone after the fall. som austnorsk har i den neddriftsfrie prefokale posisjonen. IU.4). og komprimert neddrift når neddrifta skjer i eit område som pga. Komprimert neddrift er neddrift der rørsla oppover frå L til H ikkje er ei rørsle i forhold til den absolutte y-aksen. Så medan det i austnorsk (sjå òg Nilsen 1992:28f) berre finst éi slags neddrift (og då berre postfokalt. og sortera rett under eit høgre nivå i det prosodiske hierarkiet. ser me tydelegare korleis dette er.4) Ytringa med to fokale AP-ar kan noterast slik: (((1EG harAP)IP) ((2stole eiAP) (2gryte iAP) (2TRONDHEIMAP)IP)IU). Sikre indikasjonar på ny neddrift kjem altså fyrst med den høge tonen i den fyrste AP-en i det nye neddriftsområdet (anten dette er IP- 46 . Tek me eit utsnitt frå det komprimerte neddriftsområdet i (2. Med referanse til Gårding (1983) og termen compressed falling grid vert dette likevel sett på som ei stiging mot ein H sett i høve til den fallande grunnlina (streken som er trekt gjennom botnpunkta) i det postfokale området.

elles sorterer AP-ane under neste nivå igjen. Me har allereie sett at den høge tonen ikkje er spesielt høg i den siste AP-en i ein IP.4 AP og IP internt eller IP-eksternt). den siste AP-en i ein IP. Men det har verka noko tilfeldig om det vart slik eller ikkje.2. – IP-ar kan avgrensast ved at den neste neddrifta byrjar spesielt høgt. under innspelinga av dømeytringane (innlesne av meg) kom det tilfelle der denne høge tonen faktisk var ekstra høg. Overgangen nedover frå HP til L] er òg noko meir samantrykt i komprimert neddrift enn i ukomprimert (det tilgjengelege frekvensregisteret vert smalare). slik at ein kan variera gjevne variablar i F0. Trass i morsmålskompetanse er dette eit spørsmål som eg ikkje har vilja vore for bastant i svaret på under arbeidet. men her skjer det framleis ei tydeleg fonetisk rørsle nedover. Dette har eg gjort. – IP-ar kan avgrensast ved at berre den låge AP-grensetonen i den siste APen er spesielt låg. og stort sett har den høge prominenstonen berre kome lågare og lågare innanfor ein IP. som skil slike AP-ar frå andre AP-ar? Finst det noko distinktivt i AP som signaliserer fokus eller ikkje-fokus? Med programmet Praat kan ein manipulera F0 i eit gjeve talesignal. og deretter bruka desse manipulerte signala som grunnlag for lyttetestar. då denne høge tonen sjølvsagt ligg noko høgre enn han ville ha lege om det ikkje hadde kome noka ny neddrift. eller altså korleis ein avgrensar ein IP. Til grunn for manipulasjonane i lyttetestane mine ligg det nokre arbeidshypotesar for korleis fokal aksentuering kan realiserast i sunnmørsk. – IP-ar kan avgrensast ved at heile den siste AP-en vert ekstra låg. har me ein IP. som er intonasjonsytringa. og ikkje noko anna. Men finst det trekk også ved sjølve den fokale AP-en.4. – IP-ar kan avgrensast ved at den høge prominenstonen vert ekstra høg i den siste AP-en. Arbeidshypotesane har vore: – IP-ar kan avgrensast gjennom ny neddrift. Sidan IP har som hovud ein fokal AP. kan me seia at dersom neddrifta er ukomprimert. Samstundes skal det nemnast at jau.3 Lyttetestar Ut frå rein observasjon ser me at me kan skilja mellom fokus og ikkje-fokus ut frå om området før den eventuelt fokale AP-en har komprimert eller ukomprimert neddrift. Den siste arbeidshypotesen kan snøgt avskaffast. 47 . IU. 2.

2 for nærare omtale av fenomenet. «det store dyret ÅT den neddopa MANNEN». korleis kan det då brukast som grunnlag for kartlegging av dei språklege strukturane som det signalet tydelegvis ikkje representerer? Om dette er eit problem. Som i generativ lingvistikk elles tek eg då utgangspunkt i at den språklege kompetansen ligg føre og vil respondera på talesignal. Såleis er dette spørsmålet i slekt med spørsmålet om t. men som språkkompetansen likevel prosesserer. (2. Det er sjølvsagt ikkje problemfritt å lata eit talesignal med låg eller ingen akspetabilitet passera gjennom ein språkleg prosesseringsmekanisme. Dermed kan det òg ha oppstått talesignal med ein kombinasjon av komprimert neddrift (signaliserer manglande fokalitet i siste AP) og ein final AP som er regelrett klipt og henta frå ein kontur med finalt fokus. Ved å manipulera isolerte delar av F0 vil det kunna oppstå signal som i beste fall er marginale i naturleg tale. korleis pidginspråk kan verta kreoliserte.2 Det prosodiske hierarkiet Eit døme på ein ekstra høg prominenstone finn me i «åt» i (2.4. Sjå underkapittel 2.4.d. Dersom talesignalet ikkje er akseptabelt. Den kombinasjonen ville ikkje ha kome føre i naturleg tale.5. så er det likevel eit interessant problem. same korleis desse talesignala ser ut.5) (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1ÅT denAP)IP) ((1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d s t u r d y r  o t e d u p m  Når eg har manipulert F0 etter dei opplista hypotesane. har eg konsentrert meg om heilt lokale område i konturane. Såleis har eg ikkje manipulert kva slags neddrift me har hatt (komprimert eller ukomprimert). og korleis kreolspråk då kan ha strukturar som ikkje fanst i det pidginspråket som låg til grunn: Både når det gjeld 48 . sidan det røyver ved det grunnleggjande spørsmål om kva språk som fenomen i grunnen er.5).

om enn no på eit særspråksnivå. I den ekstreme språksituasjonen som kreolisering er. Eg bruker termen dobbelfokus om konstruksjonar som inneheld to fokale AP-ar.4 AP og IP kreolisering og når det gjeld prosessering av uakseptable talesignal. Det som må presiserast her. er 49 .d. Medan tradisjonell filologi. har generativ lingvistikk som føremål å kartleggja den kompetansen som ligg til grunn for både produksjon og persepsjon av språk. og sneverfokus om konstruksjonar som inneheld éin fokal AP som ikkje er plassert heilt til høgre.3. 2. og kjem ut som ein fiks ferdig struktur. t. I den samanhengen vil grensetilfelle vera spesielt interessante. Desse termane er kjende frå arbeid om informasjonsstrukturering.4. medfødde språkkompetansen (universalgrammatikk. er denne evna særleg tydeleg. sidan den viktigaste skilnaden mellom språk på dette nivået er måten føringane er ordna på). sidan me då vil sjå korleis kompetansen prosesserer signal som eigentleg ikkje skulle ha vorte produserte. Når slikt skjer. sidan det vert etablert særspråksstrukturar på grunnlag av stimuli som desse særspråksstrukturane ikkje ville ha produsert. tilpassa det særspråket som føringane indikerte (eller: det særspråket som føringane utgjer. I den ikkje fullt så ekstreme språksituasjonen med eit uakseptabelt talesignal utan kreolisering er det framleis desse grunnleggjande eigenskapane ved språk som fenomen som er i sving. korpuslingvistikk og tradisjonell strukturalisme (for å nemna nokre få) har som føremål å kartleggja faktisk språkbruk.2. Det ser me òg når folk produserer uakseptable ytringar på eit framandspråk. kan det altså ikkje vera anna enn sjølve språkkompetansen me eksperimenterer med. Der vert den språklege innputten sila forbi visse særspråksspesifikt ordna føringar. For begge handlar det likevel om den evna menneskja har til å bruka føreåtsdefinerte strukturar til å prosessera stimuli som desse føreåtsdefinerte strukturane ikkje ville ha produsert. Den retninga innan generativ lingvistikk der dette momentet vert trekt sterkast fram. vidfokus om konstruksjonar som inneheld éin fokal AP som er plassert heilt til høgre. for prosessering av uakseptable talesignal er det snakk om den same eigenskapen menneskja har til å leggja uakseptable ytringar inn i førehandsdefinerte strukturar. ved å utsetja han for stimuli som må prosesserast. er det snakk om korleis språkkompetansen ser ut. Nilsen (1992).1 Generelt om lyttetestane Fyrst og fremst må terminologien presiserast. men likevel vert forståtte. er i dag kanskje optimalitetsteori. bioprogramhypotesen). for kreolisering gjeld det fyrst og fremst den generelle. performansen.

gjer nytte nettopp av dei informasjonsstrukturelle funksjonane til intonasjonen. t. Informantane kunne òg ha problem med prosesseringa av talesignala. er flink. og fordi HP i «vêret» i vidfokusvarianten truleg var så lite låg at informantane ofte oppfatta vidfokusvarianten som dobbelfokus med ny neddrift frå «vêret» av. både fordi det vart brukt polaritetsfokus på verbet i som-setninga.d. ha svaralternativ som «OK» og «ikkje OK» for å sjekka akseptabiliteten for eit gjeve talesignal. dersom ei ytring for å verta lang nok til fonologisk analyse inneheldt ein syntaks som i seg sjølv kravde ein viss innsats for å verta prosessert. At eg bruker desse termane uavhengig av informasjonsstrukturane. Nilsen.d. Dette siste var tilfellet med «dame-testen».2 Det prosodiske hierarkiet at eg bruker termane om dei reint fonologiske (eller fonetiske) tilhøva. er det fordi eg under pilottestane meinte å 50 . men ikkje for medial. kunne vera akseptabelt i ein annan som informanten sjølv kunne tolka inn. «gryte-testen» og «Renault-testen». fordi dei tolka inn kontekstar som ikkje hadde vorte tekne omsyn til. Desse to skulle tyda høvesvis at det berre er éi dame som presenterer vêret på TV 2. som igjen modifiserte «dama» (altså forferdeleg mykje å prosessera). Denne lyttetesten forvirra informantane. ser på fokalitet i final posisjon. Reine testar på akseptabilitet ville altså lida under det at eit talesignal som var uakseptabelt i éin situasjon. I «dyret-testen» er F0 manipulert på (den potensielle) grensa mellom to (potensielle) IP-ar. Bortsett frå det reint tekniske kriteriet å ha flest råd stemde segment (av omsyn til det dataprogrammet som skal analysera og manipulera talesignala akustisk) er testane utforma på grunnlag av respons og problem som dukka opp under pilottestane. «Dame-testen» vart difor bytt ut med «dyret-testen». der dei originale talesignala var ho dama som PRESENTERER vêret er FLINK og ho dama som presenterer vêret er FLINK. Dei to andre testane. og at ho som presenterer vêret akkurat no. Dette kan stundom føra til terminologisk asymmetri mellom meg og t. tyder ikkje at informasjonsstrukturar er uviktige. Det einaste som skil dei to siste testane. for å sjå om det finst AP-spesifikke trekk som skil mellom fokalitet. er tonelaget i den APen som vert manipulert.d. Informantane kunne då svara det eine og det andre på uventa måtar. «gryte-testen» og «Renault-testen». altså om det finst fokale og ikkje-fokale AP-ar. men at det ikkje vert sagt noko om kor mange vêrdamer som arbeider i TV2. Dei lyttetestane som eg gjennomfører her. Når eg tek med ein slik tonelagsspesifikk test for final posisjon. og at ho dessutan er flink. Dei endelege testane er då desse tre: «dyret-testen». Pilottestane kunne t. utan å taka omsyn til informasjonsstrukturane.

4. Sams for alle dei tre testane er at eg opererer med to autentiske talesignal. er F0 i ordet Renaulten [r 1no ]. som gjev den tolkinga at det var mannen som vart eten. med tolkinga at det var eten han vart. ikkje berre slikka på. at Renaulten er ein annan bil enn nyebilen. Også her er det altså dobbelt opp av materiale.3 og 2. er F0 i og like etter verbet åt.2. fordi desse AP-ane er noko flatare enn andre AP-ar. Med lesinga EG har stole ei gryte i TRONDHEIM er Trondheim ein annan by. Å taka med begge tonelaga der tener då som ein ekstra tryggleik ved at fenomenet vert forska ut dobbelt. dvs. Så vert kvart av dei to autentiske signala manipulert digitalt til å likna stendig meir på det andre signalet. Med dei ulike grunntonekonturane gjennom testen kan dette signalet oppfattast fonologisk som det store dyret åt den neddopa MANNEN. denne gongen av ein openberr grunn: Når ein F0 vert manipulert. Det som vert variert gjennom testen. Vert signalet oppfatta som EG har stole ei gryte i Trondheim. er det i prinsippet noko tilfeldig akkurat kor mykje ein gjeven type manipulasjon vert utførd. er det Trondheim som er den omtala byen. særleg når ei slik flatare kurve skal innehalda like mange tonar som før (respektive HPL] eller LlexHPL] for dei to tonelaga). men vil fyrst nemna stutt hovudtrekka: I «dyret-testen» lyder talesignalet: det store dyret åt den neddopa mannen. at Renaulten er nyebilen.4. ikkje kvinna.3. Kan henda er manipulasjonen i eit gjeve tilfelle akkurat for liten til at signalet vert tolka annleis enn originalen.4 AP og IP leggja merke til at skiljet mellom fokale og ikkje-fokale AP-ar var vandare å observera finalt.3. Eg har derimot ingen grunn til å venta nokon skilnad for dei to tonelaga i måten som fokalitet ovrar seg på. eller det kan oppfattast fonologisk som det store dyret ÅT den neddopa MANNEN. 51 . slik at ytringa kan oppfattast anten som EG sette meg vitterleg inn i Renaulten. i tillegg til at einskildmanipulasjonane vert kombinerte. Ved å nærma seg grensa mellom dei to tolkingane frå begge sider vil me redusera faren for å gå glipp av slike grenseovergangar.4. I «Renault-testen» lyder talesignalet: Om eg sette meg inn i nyebilen? Eg sette meg vitterleg inn i Renaulten. eller som EG sette meg vitterleg inni RENAULTEN. Det som vert variert. Sameleis for «gryte-testen»: Om eg har stole ei gryte i byen? Eg har stole ei gryte i Trondheim. der kvart av signala borgar for kvar si tolking. dvs. Eg skal presentera kvar av testane i detalj i avsnitta 2. Føremålet er å sjå kva tid eit gjeve signal bikkar over til å verta oppfatta som ekvivalent med det andre originalsignalet. Manipulasjonane rettar seg mot einskilde variablar i F0-konturen.

KMS. som er frå Norddal kommune (grensar mot Oppland).2 Det prosodiske hierarkiet Eg vil òg presisera at eg med desse testane ikkje er ute etter absolutte verdiar for kor mykje ein må endra på ein gjeven variabel for å nå grensa mellom tolkingane. Det eg er ute etter. Ingen av informantane frå Nørdre Sunnmøre var frå noko grenseområde mot Romsdal eller Oppland. eller om det kan vera andre moment som òg speler inn. Ørsta Hareid Herøy Skodje Norddal Sula Ørsta. kjønn og geografisk opphav (kommune). TS.3. Dei seks informantane. Som me skal sjå. Det viktige er om lyttetestane i det heile gjev utslag for spesifikke variablar. Om lyttetestane då skulle visa seg å gjeva utslag på ein gjeven variabel. Det er vandt å seia om dette kjem av det geografiske opphavet. resten på Nørdre Sunnmøre.3. IF. Sameleis har eg heller ikkje vore ute etter å presentera eller koma fram til absolutte verdiar for Hz-skilnadene som må til for å oppfatta ein AP-kontur som ein tonelag 1-AP eller tonelag 2-AP. er å kartleggja dei relevante variablane. Hareid og Herøy ligg på Søre Sunnmøre. 1973. bortsett frå GEH. Men me ser òg at GEH i snitt brukte heller stutt tid på å taka stilling til kvart talesignal: 9. er responsane frå GEH atypiske. var: TK. fødde i perioden 1969–1982. der variablane tek utgangspunkt i dei hypotesane som eg ramsa opp i underkapittel 2. vil eg difor heller ikkje venta at dette utslaget går att og er like markant for alle informantane.4. Alle talesignala som låg til grunn for lyttetestane.2 Spesielt om lyttetestane Lyttetestane vart gjennomførde med øyretelefon på kontoret mitt medan eg sat på eit anna rom. Eg har ikkje i utgangspunktet nokon mistanke om at det skulle vera skilnader mellom Søre og Nørdre Sunnmøre på dette punktet. 2. I desse sekunda ligg det òg 52 . som er frå Herøy. 1970. GEH. var innlesne av meg. med fødselsår. 1980. kvinne.8 sekund. og tre frå Nørdre. kvinne. mann. RB. mann. 1969. kvinne.4. men vil nemna at tre av informantane kom frå Søre. kvinne. 1970. 1982. tre av kvart kjønn. Informantane var seks sunnmøringar. Det kan nemnast at GEH var etter måten ung på tidspunktet for testen (21 år).

6 9. Me må difor rekna med at det var fleire signal ho knapt høyrde ferdig før ho leverte responsen sin. Informantane fekk for kvar test fyrst lesa ein instruksjonstekst som skulle setja testsignala inn i ein gjeven kontekst.7 24.4 AP og IP 5–6 sekund berre for å lasta ned kvart einskilde signal. Til samanlikning kan me føra opp GEH saman med snittidene for dei andre informantane: TK: KMS: TS: IF: GEH: RB: 11.2.4 sekund sekund sekund sekund sekund sekund Den som ligg nærast GEH.3 13. dette av reint praktiske grunnar. (Informantane måtte òg klikka for å koma til det fyrste talesignalet i kvar test. og skulle kvar gong klikka på éi av to mogelege tolkingar. er RB.1 10. men til gjengjeld hadde ho berre tre signal som ho tok stilling til etter 6 sekund. var 11 unnagjorde på 6 sekund (medrekna nedlastinga) og 22 på 7 sekund. I tillegg til dette er RB frå den delen av Nørdre Sunnmøre som grensar mot Søre Sunnmøre. og det gjeld berre snittida. 53 . Av dei 120 signalførekomstane ho tok stilling til. I denne instruksjonen fekk informantane òg høyra dei to originale talesignala. Under sjølve testane fekk informantane høyra eitt og eitt talesignal. slik at også den tida kunne registrerast. som eg allereie har vore inne på. i tillegg til eit par sekund for å spela av signalet. Testane vart utførde gjennom eit heimesnekra skript1 over den lokale fliken av Internett ved universitetet i Trondheim. Alt i alt vil eg i dei komande analysane leggja noko mindre vekt på GEH enn på dei andre informantane. vart det også. Det vil seia at ho ikkje har brukt meir enn eitt til to sekund på å taka stilling til korleis ho tolkar signalet. registrert kor mange heile sekund det hadde gått frå informanten hadde klikka på tolkinga si av det førre talesignalet.) Informantane hadde høve til å høyra talesignala på nytt (så mange gonger dei ville) før dei klikka på tolkinga. 1Eit skript er ein type dataprogram. og 20 etter 7 sekund. I tillegg til at tolkinga vart registrert.8 9.

Det høyrer sjølvsagt med til soga at dei predefinerte svara òg vart utforma slik at eventuelle andre mogelege kontekstar ikkje vart relevante for tolkinga. samstundes som dei fekk kommentera fritt. gjorde det endå enklare å tolka talesignala nettopp ut ifrå den konteksten som dei predefinerte svara høyrde heime i. men samstundes kan ein då få svar på heilt andre ting enn det ein prøver å spørja om. både med talesignal og med kontekstar. og i tilfeldig rekkjefylgd (men med den same rekkjefylgda for alle informantane). at «konkurrerande kontekstar» ikkje skulle påverka tolkingane av talesignala. Såleis er F0-ane i dyret-testen nummererte som (2.6 v3) er då den tredje manipulasjonen av det opphavlege vidfokussignalet. vart pilottestane gjennomførde slik at informantane fekk velja mellom ulike tolkingar. Det er jo manipulasjonane som skal fortelja oss kva som er dei viktigaste indikatorane på fokalitet. På dette viset kunne testane formast ut slik. medan signala som byggjer på det originale vidfokussignalet.6) med tillegg. Alle signala som byggjer på det originale dobbelfokussignalet. saman med fleire manipulasjonar av desse originalane. Originalane vil få talet 0. både originalane og dei manipulerte.4. før manipulasjonane. dukka opp tre gonger gjennom testen. 54 . med tillegg av ein bokstav og nok eit tal. Signal (2. Så til det praktiske rundt presentasjonen av testane: Figurane med F0 for dei einskilde signala er mange.4. Det skjedde forresten over telefon og på ein uformell måte. Etter denne bokstaven vil det stå eit tal. Kvar lyttetest var altså oppbygd av to originale talesignal som vil gjeva ulik tolking. Kvart talesignal. vil få bokstaven d etter nummeret. manipulasjonane vil få tal frå 1 og oppover. Opne spørsmål har den føremonen at informantane kan uttrykkja seg fritt. Det at informantane då fekk predefinerte svar å velja mellom. vil få bokstavet v. Eg har difor valt å gjera det slik at alle F0-ane i for ein gjeven test er nummererte likt. samstundes som alle signala innanfor éin lyttetest høyrer saman. og for at informantane då skulle få øva seg på materiale som likevel er noko perifert i analysen i høve til manipulasjonane. Spørsmål med gjevne svarhøve kan på si side skuva svara inn i båsar som ikkje alltid passar heilt for den som skal svara kva han eller ho meiner. Det var eitt unntak for den tilfeldige rekkjefylgda: Under testane var dei to fyrste talesignala alltid dei to originalane. Når det gjeld desse lyttetestane.2 Det prosodiske hierarkiet Frå sosiolingvistikken kjenner me drøftinga av spørjeskjema med opne spørsmål og spørsmål med predefinerte svar. Dette vart gjort både for at informantane skulle verta litt meir fortrulege med den einskilde lyttetesten (ein skulle venta at originalar er lettare å tolka enn manipulasjonar er).

og ligg oppå kurva til originalen.2.4 AP og IP For gryte-testen og Renault-testen finst det sameleis eit opphavleg dobbelfokussignal (d) og eit opphavleg sneverfokussignal (s).3 Lyttetest for mediale AP-ar: dyret-testen Den instruksen som informantane fekk lesa før testen.] Dette legg vekt på at det var mannen det åt. og eit vidfokussignal. ikkje slikka mannen. ikkje slikka mannen». «Det store dyret åt den neddopa mannen» er ei fråsegn som kan leggja vekt på to ulike ting.1 skrive som «Det store dyret ÅT den neddopa mannen!» i instruksjonsteksten. På lyttetesten skal du klikka på «Det var ETA mannen det gjorde. lydde slik: I skogen er det eit stort dyr som har ein stygg tendens til ikkje å slikka menneske. Dei to originale signala var altså eit dobbelfokussignal. minner eg om presiseringa av den fonologiske bruken av termane dobbelfokus.3. ikkje kvinna».3. som her. men det vart vurdert som mest pedagogisk å sløyfa denne strikse notasjonen akkurat der. men å eta dei. finst berre etter ein fokal AP).] Dette legg vekt på at det var eta mannen det gjorde. alt etter korleis ein uttalar det. I figurane med manipulert F0 er den originale F0-en teken med som ei smal kurve.4. «mannen». 2.1. «Det store dyret ÅT den neddopa mannen!» [Talesignal kunne høyrast her. 55 .4. medan den manipulerte kurva er tjukkare. Når eit signal vert tolka som dobbelfokus. Eg vil berre kjapt repetera grunnlaget for manipulasjonane: Arbeidshypotesane er altså at IP kan avgrensast gjennom ny 1Av fare for mistydingar hjå lesarar som har eit meir pragmatisk forhold til intonasjon. vidfokus og sneverfokus øvst i avsnitt 2. No til dei einskilde signala. «Det store dyret åt den neddopa MANNEN!» [Talesignal kunne høyrast her. På lyttetesten skal du klikka på «Det var MANNEN det åt. Og særleg dersom mennesket er neddopa på førehand. Dobbelfokusformuleringa kunne i instruksjonsteksten sjølvsagt ha vorte skriven med store bokstavar også på det siste ordet. indikerer det ei IP-grense etter AP-en åt den. sidan det ordet utgjer ein fokal AP (høg IU-grensetone. «Det store dyret åt den neddopa MANNEN!». og ikkje kvinna.

her er HP i ÅT og HP i neddopa begge gjorde lågare. og HP i neddopa gjord lågare. i tillegg til høgda på HP i den fyrste AP-en i den andre IP-en. ved at berre L] er ekstra låg i den AP-en. Dette er gjort med digital spleising. Dette var ein manipulasjon med ei endring berre på høgre sida av IP-grensa. ÅT den har fått lågare HP og høgre L]. her er L] i ÅT den høgre enn i originalen.2 Det prosodiske hierarkiet neddrift.6 d2). (2. (2.4. Dette var manipulasjonane med endringar berre på venstre sida av IP-grensa.6 d5).6 d9). medan HP i neddopa er gjord lågare. (2. (2. her er L] i ÅT den gjord høgre.4. Ein hypotese om ekstra høg HP i den fokale AP-en vart nemnd og funnen tvilsam. ved at heile den fokale AP-en er ekstra låg. (2.4. men utgangspunktet er altså eit signal som berre har eitt fokus. men er likevel teken med her. (2.4.6 d2) og (2.6 d3). her er HP i neddopa gjord lågare.4.6 d7).4. Her vert det gjort endringar på dei same stadene i talestrengen. dette er ei digital spleising av (2. (2. her er HP i ÅT gjord høgre. og 56 .4. er då praktisk avgrensa til høgda på HP og L] i den siste AP-en i den fyrste IP-en. Dei variablane som eg undersøkjer i denne lyttetesten. (2.6 d3).6 d4).6 d8). slik at ÅT den har fått lågare HP og høgre L].6 d5) med dei føregåande. og dermed er noko flatare enn originalen. Resten av manipulasjonane av dobbelfokussignalet er laga ved å kombinera (2. medan HP i neddopa er gjord lågare. No til vidfokussignalet. Detaljane er slik: (2.4.4.4. (2.4.6 d1). her er HP i ÅT gjord høgre. her er HP i ÅT gjord lågare. eller ved at den neste neddrifta byrjar spesielt høgt. Dette var dobbelfokussignalet med dei respektive manipulasjonane.6 d0) er det originale dobbelfokussignalet: (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1ÅT denAP)IP) ((1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU).4.6 d6).4.

6 v1). Manipulasjonane av vidfokussignalet fylgjer det same mønsteret som manipulasjonane av dobbelfokussignalet. dette er ei digital spleising av (2.4. og dermed ligg heile AP-en noko lågare enn i originalen.6 v9) vert oppfatta som dobbelfokus. (2. medan HP i neddopa er gjord høgre. (2. vil den same lyttetesten òg visa om nokon av dei manipulasjonane (2. her er HP i neddopa gjord høgre. respektive inn. her er L] i åt den gjord lågare. her er L] i åt den gjord lågare. men som kanskje dukkar opp i manipulasjonane. (2.6 v0) er det originale vidfokussignalet: (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1åt denAP) (1neddopa AP) (1MANNENAP)IP)IU).4. (2.4. Sagt på ein annan måte vil lyttetestane visa om me klarer å manipulera bort.4 AP og IP dermed berre éin IP.4. her er HP i åt gjord lågare. (2.6 v5). her er HP i åt gjord høgre. her er L] i åt den lågare enn i originalen. (2. her er både HP i åt og HP i neddopa gjorde høgre.6 d9) vert oppfatta som vidfokus.4.4.6 d1) – (2. (2. Medan lyttetesten vil visa om nokon av manipulasjonane (2.6 v3).6 v4).4. åt den har fått lågare HP og lågare L].4. ei IP-grense.6 v1) – (2.2. slik at åt den har fått lågare HP og lågare L]. Resten av manipulasjonane av vidfokussignalet er laga ved å kombinera (2.4.4.4. Dette var manipulasjonane med endringar berre på venstre sida av den IPgrensa som ikkje finst i originalen.6 v2) og (2.6 v7).6 v3).6 v9). på same måten som med dobbelfokussignalet. medan HP i neddopa er gjord høgre. Dette var ein manipulasjon på den høgre sida av den potensielle IP-grensa.6 v2). (2.4. (2. 57 . (2. medan HP i neddopa er gjort høgre.6 v5) med dei føregåande.4.4.6 v6).4.6 v8).4.4.

2 Det prosodiske hierarkiet (2.6 d1) d s t u r dy r o t n e d u p  m   (2.4.6 d0) (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1ÅT denAP)IP) ((1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d s t u r dy r o t n e d u p  m   (2.4.4.6 d2) d s t u r dy r o t n e d u p  m   58 .

6 d3) d s t u r dy r o t n e d u p  m   (2.4.2.6 d5) d s t u r dy r o t n e d u p  m   59 .4 AP og IP (2.4.6 d4) d s t u r dy r o t n e d u p  m   (2.4.

6 d6) d s t u r dy r o t n e d u p  m   (2.6 d8) d s t u r dy r o t n e d u p  m   60 .4.4.2 Det prosodiske hierarkiet (2.6 d7) d s t u r dy r o t n e d u p  m   (2.4.

4 AP og IP (2.6 d9) d s t u r dy r o t n e d u p  m   (2.4.4.6 v1) d  s t u r   dy r o t e d up m 61 .4.2.6 v0) (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1åt denAP) (1neddopa AP) (1MANNENAP)IP)IU) d  s t u r   dy r o t e d up m (2.

2 Det prosodiske hierarkiet (2.4.4.6 v3) d  s t u r   dy r o t e d up m (2.6 v4) d  s t u r   dy r o t e d up m 62 .4.6 v2) d  s t u r   dy r o t e d up m (2.

6 v7) d  s t u r   dy r o t e d up m 63 .4.4.6 v6) d  s t u r   dy r o t e d up m (2.2.6 v5) d  s t u r   dy r o t e d up m (2.4 AP og IP (2.4.

For signala d0.. v2 osb. IF.6 v9) d  s t u r   dy r o t e d up m Fem av dei seks informantane var med på denne testen: TK.7) ser me korleis informantane tolka dei ulike signala. der originalen er eit dobbelfokussignal. er det dobbelfokustolkingane som vert talde. v1. vil det då svara til talet 3. GEH og RB. I tabell (2. d1. Det eg fører opp her.6 v8) d  s t u r   dy r o t e d up m (2. er frekvensen av dei tolkingane som er motsette av det som originalsignalet skulle borga for. Til saman for alle dei fem informantane vil eit maksimalt tal vera 15.4. 64 . og om ein informant har gjeve ei motsett tolking alle gongene. TS. sidan me er ute etter å sjå kva som kan manipulerast for å oppnå nettopp den effekten. For v0. d2 osb. Alle signala vart køyrde tre gonger kvar. For oversynet si skuld sløyfar eg å skriva talet 0.4. ser eg altså på kor mykje det har kome vidfokustolkingar.4.2 Det prosodiske hierarkiet (2.

4. som alt i alt ser ut til å tolka flest av signalførekomstane motsett.2.7) Motsette tolkingar i «dyret-testen». RB. får ho fylgje så vidt det er.4 AP og IP (2. Dette gjeld éin førekomst av dette signalet. men GEH er altså frå grenseområdet 65 . Ved dei opphavlege dobbelfokussignala som vert tolka som vidfokus. For informant TK var den tilsvarande motsette tolkinga noko som skjedde tredje gongen d0 vart spelt. av den yngste informanten. Dette var det fyrste signalet i heile lyttetesten. GEH. Det er spesielt ein av dei to yngste informantane. nemleg den fyrste førekomsten av det i heile lyttetesten. GEH rapporterer motsett tolking 12 gonger. Begge desse er frå Nørdre Sunnmøre. informantar signal d0 d1 d2 d3 d4 d5 d6 d7 d8 d9 v0 v1 v2 v3 v4 v5 v6 v7 v8 v9 motsett tolking som vidfokus vidfokus vidfokus vidfokus vidfokus vidfokus vidfokus vidfokus vidfokus vidfokus dobbelfokus dobbelfokus dobbelfokus dobbelfokus dobbelfokus dobbelfokus dobbelfokus dobbelfokus dobbelfokus dobbelfokus TK 1 TS IF GEH 1 RB sum 2 1 1 1 2 1 1 1 2 2 1 1 1 3 1 1 1 1 2 1 2 3 2 1 1 1 1 1 1 1 2 1 7 5 Merk: Informant GEH rapporterte motsett tolking på originalsignalet d0. Dei to fyrste signala i lyttetesten var høvesvis v0 og d0. Informant TK rapporterte motsett tolking av originalsignalet v0 éin gong.

som ved å ha ein ekstra låg AP fekk ny neddrift. og det ser difor ut til at ny neddrift åleine ikkje er noko godt signal på at ein IP er avslutta. Heller ikkje der var det nokon som gav motsett tolking i høve til originalsignalet. 66 . er prøvd i den allereie nemnde v4. hatt ein omgang med testsignala som ein kan stilla spørsmål ved. v6. er særleg v8 (7 motsette tolkingar av 15 mogelege) og v9 (5 av 15). Hypotesen om at IP vert avgrensa av ein ekstra låg fokal AP. er d5. Dei signala. som me har sett er ein atypisk informant. er v8 og v9. Dei signala som oftast har vorte tolka motsett. medan den same TK ikkje rapporterer om noka dobbelfokustolking av v4 eller v5. men berre éin gong kvar. og den eine informanten er GEH. Her var det ingen av informantane som oppfatta noka ny IP-grense. ikkje har nokon effekt. Berre v8 har vorte tolka motsett av alle informantane. som har vorte tolka motsett av to informantar eller meir. v8 og v9. er prøvd ut i v5. med eller utan ekstra høgt nivå. Signal d5 har rett nok vorte tolka som vidfokus av to informantar. at det er ny neddrift der. ved at heile den fyrste av dei to AP-ane er gjort lågare) og v5 (manipulert til ny neddrift frå eit høgre nivå ved at HP til høgre for den potensielle IP-grensa er gjord høgre).2 Det prosodiske hierarkiet mot Oppland. Ingen av informantane har tolka dette signalet som dobbelfokus. der ny neddrift er manipulert inn. utan at noko anna er endra. rapporterer ei vidfokustolking éin gong. Der er den nye neddrifta er manipulert slik at den fyrste H i den nye neddrifta kjem på eit lågare nivå enn H framføre. som me har sett. bortsett frå originalsignala. Berre informant GEH har tolka dette signalet (éin gong) som eit vidfokussignal. Då er det heller ikkje noka overrasking at d5 har vorte heller lite tolka som vidfokus. TK. og har i tillegg. I d8 har eg prøvt å laga eit vidfokussignal ved å heva L] i den fokale AP-en (hypotesen om ekstra låg L]) og gjera HP lågare i etterfylgjande AP. v1. der den fokale AP-en er gjord høgre. Den motsette strategien var d4. Dei signala som har vorte tolka motsett av minst tre informantar. Hypotesen at IP vert avgrensa ved at den nye neddrifta byrjar spesielt høgt. ser ein dermed berre av at L-ane byrjar på eit høgre nivå igjen. er forsøkt prøvd ut i v4 (manipulert til ny neddrift frå eit middels høgt nivå i forhold til HP i AP-en like framføre. Me skal no sjå nærare på dette i lys av dei opplista arbeidshypotesane. Ingen tolka altså v4 som at han skulle ha to IP-ar. Det er likevel interessant at den andre informanten. Signalet vert likevel tolka som eit dobbelfokussignal. Hypotesen at IP vert avgrensa av ny neddrift åleine. Det kan dermed sjå ut som om ny neddrift i seg sjølv.

Ein hypotese var at HP kunne vera spesielt høg i den fokale AP-en. kan me sjå på kombinasjonar av variablar. Ein skal likevel merkja seg dei to tolkingane hjå RB. har me i praksis fått ein HP fremst i det nye neddriftsområdet som rett nok er ekstra høg i eit globalt perspektiv. Dette er altså ein kombinasjon av ein ikkje-eksisterande hypotese om at HP i den nye neddrifta skal vera heller låg.2 skal me sjå at det finst situasjonar i sunnmørsk der ein har ein ekstra høg HP i fokal AP. I v1 er denne tonen gjord ekstra høg. Den lokale kontrasten i tonehøgd er dermed minimal. I underkapittel 2. Denne manipulasjonen er ikkje i samsvar med nokon av arbeidshypotesane. med den eksisterande hypotesen om ein låg fokal AP. fokale AP. og me ser at éin informant (RB) faktisk tolkar signalet som eit dobbelfokussignal heile to gonger. at den fokale AP-en skal vera spesielt låg. og berre GEH tolkar signalet som eit vidfokussignal (to gonger). Så langt har me altså ikkje sikre indisium på noko som helst: korkje at ny neddrift (frå eit gjeve nivå) signaliserer IP-grense. Utslaga i lyttetesten er minimale. som generelt er atypisk. slik me skulle venta. medan ein annan informant gjer det same éin gong. der berre L] i den fokale AP-en er gjort høgre. Når me no har sett på einskildvariablar i manipulasjonane.2. Signal d7 har gjort heile den fokale AP-en lågare. Der er det gjort ved at HP i den potensielt fokale AP-en er gjord lågare. ny neddrift frå ekstra høgt nivå). som er ein kombinasjon av dei to hypotesane at HP i fokal AP skal vera ekstra høg. og dette kan vera noko av bakgrunnen for at ingen andre gav noka dobbelfokustolking av signalet. eller at L] i den fokale AP-en skal vera spesielt låg. Sidan dette vert ein kombinasjon av desse to. og kombinasjonen har truleg nøytralisert dei to variablane «ekstra 67 . Signal d6 er berre ei auking av dei tonale skilnadene på kvar side av IPgrensa: HP er gjord høgre i den fokale AP-en og lågare i den som kjem like etter. fremst i den andre IP-en. Heller ikkje dette signalet vart tolka som dobbelfokussignal av nokon. der berre GEH har éi vidfokustolking. men som likevel er på omtrent det same fonetiske frekvensnivået som HP i føregåande. Når det finst neddrift i v1. der den same L] er gjord ekstra låg. Denne andre informanten er likevel GEH. Signal v2 er endå eit signal der det er manipulert inn ny neddrift. men då berre i samband med manglande neddrift. Det same (med tillegg av RB) er tilfellet for v6.4 AP og IP Likevel er det interessant at informant AK har éi vidfokustoling av d3.5. Sameleis har GEH éi dobbelfokustolking av v3. kan dette ha gjort det vanskeleg å prosessera kombinasjonen med ekstra høg HP. saman med HP i etterfylgjande AP. og at HP fremst i det nye neddriftsområdet skal vera ekstra høg (dvs.

men ikkje for L-tonane. dvs. fokalitet. Heller ikkje her skjer det spesielt mykje: GEH har éi dobbelfokustolking. og har teke seg etter måten god tid med å taka stilling til testsignala. Skal ein tolka noko ut av desse dataa. Av v3 ser me sameleis at det ikkje er nok å ha ein ekstra låg L] åleine. der HP ligg spesielt høgt. er TS. og i v8 er det L] i den AP-en som er gjord ekstra låg. Alt i alt har me då fått eit signal som har ny neddrift for H-tonane. TS tolkar ikkje berre v8 motsett (altså med IPgrense etter åt den). Det har alle informantane vore innom med dobbelfokustolking minst éin gong. Eg har tidlegare varsla at eg ikkje er ute etter absolutte mål. Signal v9 er tolka som dobbelfokussignal både av GEH og RB (éin gong kvar). slik at den nye neddrifta byrjar frå eit ekstra høgt nivå. Av v5 ser me at det ikkje held å berre få ny neddrift (heva HP i neddopa). slik at me får ny neddrift. og det er alt. Samstundes er det i begge signala gjort slik at HP fremst i den potensielt andre IP-en er gjort ekstra høg. og den eksisterande hypotesen at manglande neddrift indikerer manglande IP-grense (ei omskriving av hypotesen at ny neddrift indikerer IP-grense). men også v9. Ho har vakse opp ein kilometer unna meg. ein kombinasjon som ikkje kjem føre i naturleg tale. Signal v9 er som v8. saman med ei ny neddrift i den etterfylgjande AP-en. må det i alle fall vera at ut frå tolkingane av v8 vert fokalitet mest eintydig markert gjennom ein ekstra låg L] i den fokale AP-en. Ingen av informantane har oppfatta dette signalet som vidfokussignal. Det er difor ikkje overraskande at denne kombinasjonen ikkje gav noka dobbelfokustolking. og det same gjeld v2 (HP i åt er gjord lågare enn HP i neddopa). men òg (alle tre gongene) av TS. men indikasjonar på kva variablar som kan vera relevante når ein skal oppfatta ei IP-grense.2 Det prosodiske hierarkiet høg HP i fokal AP» og «ekstra høgt startnivå på den nye neddrifta». ein må òg ha ein ekstra høg HP etterpå. Signal d9 er òg eit bastardsignal: Det er ein kombinasjon av den ikkjeeksisterande hypotesen at fokal AP skal vera ekstra høg. I v7 har eg kombinert hypotesen om ny neddrift frå ekstra høgt nivå (ved at H P i det nye neddriftsområdet er ekstra høg) med den ikkje-eskisterande hypotesen om ein noko lågare HP i den potensielt fokale AP-en. Den informanten som ligg geografisk nærast mitt eige opphav. Fyrst i v8 og v9 ser det ut til at me har funne ein kombinasjon av variablar som gjev utslag. og v8 er dermed òg det einaste signalet i heile lyttetesten som alle informantane har tolka motsett av originalsignalet. Endå meir har v8 vorte tolka som dobbelfokussignal. men med tillegg av ein 68 . Begge desse signala har eit etter måten stort innslag av dobbelfokustolkingar. I v9 er heile den potensielt fokale AP-en gjord lågare.

men ein spesifikk kombinasjon av to variablar. og stort sett avgrensa til ein av dei to yngste informantane. At det skulle vera ein slik påfallande skilnad mellom korleis manipulasjonane av høvesvis vidfokussignal og dobbelfokussignal vert tolka motsett. der HP altså byrjar eit stykke over HP-en i den fokale AP-en. ser ut til å vera ein ekstra låg L] i den fokale AP-en. men der neddopa ikkje er manipulert. der den same AP-en er like låg. for det var ikkje noko av desse to signala som på nokon måte var i samsvar med arbeidshypotesane. Ingen av informantane (ikkje eingong GEH!) tolka d1 eller d2 som vidfokussignal. Dette er spesielt relevant i situasjonar som denne. I d2 var det motsett. Eg har no konsentrert meg om dei manipulerte signala som oftast eller av flest informantar har vorte tolka motsett av originalen. i alle fall her i ytringsinnlyd (siste AP i det som potensielt er den fyrste av to IP-ar). med eit smalare frekvensregister og lågare HP. Det er ikkje urimeleg å rekna med at opptil fleire av manipulasjonane kunne høyrast unaturlege ut.2. og det er språkkompetansen som både presiperer/prosesserer og produserer. sidan dei motsette tolkingane er få. autentisk materiale. heller tvert imot. Tilnærminga med lyttetest er den stikk motsette av ei tilnærming med analyse av produsert. Dette ville ha vore vanskelegare å avdekkja gjennom rein observasjon.4 AP og IP lågare H i åt. Heilt til slutt skal signala d1 og d2 nemnast. ikkje gjev noka motsett tolking hjå nokon av informantane. Når det gjeld dei opphavlege dobbelfokussignala vel eg å ikkje gå meir i djupna på dei enn eg allereie har gjort. Me legg merke til at den tilsvarande v4. 69 . Det bør presiserast at «ekstra låg L]» ikkje naudsynleg handlar om eit stort frekvensfall frå H til L innanfor éin og same AP. der det ikkje er berre éin variabel inne i biletet. i alle fall inne i ei ytring. og at dette kan ha gjeve andre resultat enn det ein elles kunne ha venta. Desse to signala vart med i testen berre som manipulasjons-parallellar til v1 og v2. Dette overraskar slett ikkje. Dette var i praksis nokre signal som opphavleg var vidfokussignal. kan persepsjonsanalysar som denne likevel seia oss noko om særspråkkompetansen generelt. Det handlar om at den «ekstra låge L]» ligg svært lågt i eit globalt perspektiv. saman med ny neddrift etterpå. Signal d1 gav den fokale APen eit ekstra stort frekvensregister (ved at HP vart gjord ekstra høg). kan koma av noko så enkelt som at manipulasjonane av dobbelfokussignala ikkje har vore like heldige på dei avgjerande punkta som tilfellet var for den andre gruppa av talesignal. slik at heile AP-en åt den kjem lågare. Dataa frå denne lyttetesten indikerer då at dei viktigaste fokalitetsvariablane. Når det er slik. Persepsjon er trass alt noko anna enn produksjon.

] Dette tyder at jau. (2. vil gjeva ei anna tolking enn originalsignalet. så vil neddriftsområdet som denne APen er i. Det er klart at ei komprimert neddrift som sluttar med ein ukomprimert AP. Måten figurane er teikna på.2 Det prosodiske hierarkiet 2. Sagt på ein annan måte. me må alltid ha minst éin IP. og komprimert utanfor.5. og har no to bilar. slik at ein har ukomprimert neddrift inne i ein IP.4.4 Lyttetestar for finale AP-ar: «Renault-testen» og «gryte-testen» «Dyret-testen» fortalde oss at IP-grensa vart signalisert gjennom eit samspel mellom variablar på begge sidene av grensa. Me har allereie sett at det er skilnad i neddriftstypen.] Dette tyder at nei.1). Eit slikt samspel er sjølvsagt ikkje mogeleg dersom den fokale AP-en kjem sist i ytringa. Kva er det då som signaliserer om ein final AP er fokal eller ikkje-fokal? Fyrst då: Ein opposisjon mellom fokal og ikkje-fokal AP i final posisjon kan berre finnast der det allereie er ein fokal AP tidlegare i ytringa. Me skal nemleg ikkje sjå bort ifrå at ein final AP som har eit anna kompresjonsmønster enn neddriftsområdet som han markerer slutten på. Eg vil presisera ordet «kan». sjå elles meir om dette i avsnitt 2. eg. klikkar du på «Renaulten er gamlebilen». om manipulasjonar av ein final AP gjev utslag. eg sette meg ikkje inn i nyebilen. har eg gått gjennom under presentasjonen av førre lyttetest. klikkar du på «Renaulten er nyebilen». vil kunna skapa ein konflikt i prosesseringa. Dersom du meiner at dette er den rette tydinga av det du høyrer under testen. «Om eg sette meg inn i nyebilen? Eg sette meg vitterleg inn i Renaulten!» Dette kan tyda to ting.4.3. 70 .8).4. og nyebilen er Renaulten. alt etter korleis ein uttalar det. og motsett. eg sette meg inn i Renaulten. Likevel. Dersom du meiner at dette er den rette tydinga av det du høyrer under testen. I «Renault-testen». Det vil seia at dersom den siste AP-en ikkje er fokal. «EG sette meg vitterleg inn i Renaulten!» [Talesignal kunne høyrast her. «EG sette meg vitterleg inn i RENAULTEN!» [Talesignal kunne høyrast her. var instruksjonen slik: Familien har fått seg ny bil. Det vil ikkje vera uventa om ein fokal AP som vert manipulert til å likna på ein ikkje-fokal. kan få førerang under prosesseringa av motstridande kompresjonsdata. kan det òg underbyggja observasjonen kring «dyret-testen» om ein (i globalt perspektiv) ekstra låg AP-grensetone L] som indikator på fokus (sidan ein ekstra låg L] impliserer ikkje-kompresjon. og det same gjeld ukomprimert neddrift som sluttar med ein komprimert AP. vera komprimert. eg sette meg inn i nyebilen.

Manipulasjonane er slik at dei skal stetta hypotesane om at IP vert avgrensa gjennom kor låg L] er eller kor høg HP er.4. slik at AP-en vert noko flatare. har me ikkje noko å manipulera etter denne. anten gav to fokale AP-ar (EG sette meg og -NAULTEN) eller berre éin fokal AP (EG sette meg). I namngjevinga av signala fylgjer eg det same mønsteret som før. og me kan avgrensa oss til fire manipulasjonar. (2. ville Renaulten verta tolka som identisk med nyebilen. og bokstaven s ved eit originalt sneverfokussignal. medan det som kom etterpå.4.4. altså kor flat eller bratt konturen er. 71 . Der talesignalet vart oppfatta som eit dobbelfokussignal. her er HP i -NAULTEN gjord lågare. Ved sneverfokus. sidan skilnaden mellom dei to neddriftstypane m.8 d0) er det originale dobbelfokussignalet: (((1EG sette megAP)IP) ((2vitterlegAP) (1inn i re-AP) (1NAULTENAP)IP)IU). og limt inn i staden for den originale AP-en. er at komprimert neddrift har eit mindre frekvensregister enn ukomprimert neddrift.2. ville «Renaulten» verta tolka som gamlebilen.8 d1).8 d4) er som originalen.4.4 AP og IP Stimulussignala «eg sette meg vitterleg inn i Renaulten» vart alle innleidde med denne kontekstsetninga: Om 1eg sette meg 1inn i nye1bilen? Kontekstsetninga «om eg sette meg inn i nyebilen?» var identisk for alle signala. Merk at segmenteringa i den siste AP-en er markert i tråd med segmentgrensene i d4-signalet. og ikkje i tråd med d0. slik at både HP vert lågare og L] høgre. I figurane tek eg ikkje med den innleiande kontekstsetninga. men er henta frå originalsignalet med sneverfokus. I praksis vil dette handla om kor stor skilnad det er mellom HP og L]. slik at AP-en vert noko flatare.8 d3) er ei spleising av dei to førre. med bokstaven d ved eit originalt dobbelfokussignal.a. Også i denne testen kom kvart signal tre gonger. sjølv om F0 frå d0 ligg som referanse med smal strek. (2. med to ikkje-manipulerte signal fyrst. slik at «Renaulten» kom i eit postfokalt område. (2.4.8 s0). (2. (2. i alle fall dei to originale ytterpunkta. og AP-en vert endå flatare. men -naulten er her ikkje manipulert i seg sjølv. her er L] i -NAULTEN gjord høgre. Og dette er igjen i praksis det same som å spørja om komprimert mot ukomprimert neddrift.8 d2).4. Sidan det er ein final AP som vert manipulert no. (2.

her er HP fremst i -naulten gjord høgre. og AP-en vert endå mindre flat. i s3 er det endå større.8 d0) (((1EG sette megAP)IP) ((2vitterlegAP) (1inn i re-AP) (1NAULTENAP)IP)IU) s t m v t æ rl r n o 72 . (2. i d3 endå mindre. og limt inn i staden for den originale AP-en. og i d4 er det minst. og i s4 er det størst. men er henta frå originalsignalet med dobbelfokus. slik at AP-en vert noko mindre flat. (2. (2. Skilnaden mellom signal 0–4 i kvart delsett er då i praksis ein gradvis skilnad i kor flat eller bratt konturen er i den finale AP-en (kor stort frekvensregister konturen har).4.4. Segmenteringa i figuren er i tråd med dei røynlege segmentgrensene i s4-signalet. (2.8 s2). I s0 er frekvensregisteret minst.8 d0).4. I d0 finn me det største frekvensregisteret.8 s3) er ei spleising av dei to førre. (2.4. (2. slik at både HP vert høgre og L] lågare. her er L] til slutt i -naulten gjord lågare. i s1 og s2 er det større. slik at AP-en vert noko mindre flat. og ikkje med referansekurva frå s0.8 s0) er det originale sneverfokussignalet: (((1EG sette megAP)IP) (2vitterlegAP) (1inn i re-AP) (1naultenAP)IU).8 s1).2 Det prosodiske hierarkiet (2.4. men -NAULTEN er her ikkje manipulert i seg sjølv. i d1 og d2 er det mindre.4.4.8 s4) er som originalen.

4 AP og IP (2.4.8 d3) s t m v t æ rl r n o 73 .4.8 d1) s t m v t æ rl r n o (2.4.8 d2) s t m v t æ rl r n o (2.2.

8 s0) (((1EG sette megAP)IP) (2vitterlegAP) (1inn i re-AP) (1naultenAP)IU) s t  m  v  t æ rl     r   n o (2.8 d4) s t m v t æ rl r no (2.8 s1) s t  m  v  t æ rl     r   n o 74 .4.4.2 Det prosodiske hierarkiet (2.4.

8 s3) s t  m  v  t æ rl     r   n o (2.4.2.8 s4) s t  m  v  t æ rl     r   n o 75 .8 s2) s t  m  v  t æ rl     r   n o (2.4 AP og IP (2.4.4.

er d4 og s4. Me ser resultatet i tabell (2. Eg vil difor freamleis vera varsam med å leggja vekt på henne. med det same oppsettet som (2. er dei same: d4 og s4 (alle seks informantane). Det same gjeld RB si motsette tolking av d0.4.4.2 Det prosodiske hierarkiet Alle dei seks informantane var med på denne testen. og under der igjen d3 (4 av 15). Den motsette tolkinga hennar av s0 er derimot den fyrste førekomsten av det signalet. informantar signal motsett tolking som d0 sneverfokus d1 sneverfokus d2 sneverfokus d3 sneverfokus d4 sneverfokus s0 dobbelfokus s1 dobbelfokus s2 dobbelfokus s3 dobbelfokus s4 dobbelfokus TK KMS TS IF 1 3 3 1 2 1 3 1 1 3 3 1 GEH RB 2 1 sum 3 1 1 7 15 2 6 3 6 15 3 1 2 3 3 1 1 1 2 3 1 1 3 3 2 3 Igjen er det informant GEH som ser ut til å tolka signala noko annleis enn dei andre informantane. men ikkje GEH) og d3 (tre informantar medrekna GEH).7). som jo har fått bytt ut den siste AP-en sin med den tilsvarande AP-en frå det motsette originalsignalet. Ser me bort frå informant GEH. Dei signala som flest informantar har tolka motsett av originalen. og sidan me har seks informantar her. medan KMS har tolka s0 motsett den andre av dei tre gongene det signalet vart spelt. finn me deretter s3 (6 av 15 mogelege motsette tolkingar når GEH vert rekna frå). Dei to signala som informantane samla sett oftast tolkar motsett av originalen. Ikkje noka av hennar to motsette tolkingar av originalsignalet d0 skriv seg frå den fyrste førekomsten av det signalet i lyttetesten. (2. Sidan det maksimale talet for motsett tolking er 3 for kvart signal.9) Motsette tolkingar i «Renault-testen».9). Dette overraskar ikkje.4. er det maksimalt oppnåelege talet for eit gjeve signal 18 til saman (15 når me straks skal sjå bort frå GEH). 76 . s3 (fire informantar. sidan d3 og s3 er manipulerte til å likna mykje nettopp på det me får i d4 og s4.

Den andre testen for final posisjon. og den byen me snakkar om. eg har stole ei gryte i byen» dersom du meiner at dette er den tydinga som er den rettaste. eg har stole gryta i byen. «EG har stole ei gryte i Trondheim!» [Talesignal kunne høyrast her. nemleg som ein ekstra tryggleik når eg under pilottestane meinte å kunna observera at fokus mot ikkje-fokus i final posisjon var vanskelegare å skilja åt fonetisk enn tilfellet var for ikkje-final posisjon.2. Eg har allereie skissert kvifor eg har gjennomført to lyttetestar på finale AP-ar.] Dette tyder at ja. «EG har stole ei gryte i TRONDHEIM!» [Talesignal kunne høyrast her. ved slutten på den fyrste av to IP-ar og byrjinga på den andre IP-en) kunne identifisera ein L] som var ekstra låg i eit globalt perspektiv. og målt i Hz) i både dobbelfokus-signalet med manipulasjonar og i sneverfokussignalet med manipulasjonar. men ikkje i den byen som du tenkjer på. er altso Trondheim. Sneverfokus-signala med final ikkje-fokal AP endar like lågt som dobbelfokus-signala med final fokal AP. Med sneverfokussignalet EG har stole ei gryte i Trondheim er tolkinga den at det heile tida er snakk om den same byen. Den varierte og manipulerte delen av talesignala vart alltid innleidd av denne setninga: Om 1eg har 2stole ei 2gryte i 1byen? Etterfylgt av dobbelfokussignalet EG har stole ei gryte i TRONDHEIM ville tolkinga verta at Trondheim var ein annan by enn den som det fyrst var tenkt på. Under lyttetesten skal du klikka på «Ja. med denne instruksjonen: På spørsmålet om eg har stole ei gryte i byen. ser det altså ut til at me i ytringsfinal posisjon er meir avhengige av ein lokal skilnad mellom HP og L]. eg har stole ei gryte. Under lyttetesten skal du klikka på «Nei. nemleg Trondheim. så er den finale L] også meir eller mindre like låg (i eit globalt perspektiv.4 AP og IP Alt i alt ser me her at kompresjonsgrad fungerer som indikator på postfokalt fokus eller postfokalt ikkje-fokus. Men som me ser i dei åtte figurane her. Medan me for dyret-testen (variablar i ytringsinnlyd. har tonelag 2 i den siste AP-en. alt etter korleis eg uttalar det.] Dette tyder at jau då. det var i Trondheim eg stal den gryta» dersom du meiner at denne tydinga er den rettaste. i praksis eit større frekvensregister i fokal AP enn i ikkje-fokal AP. 77 . «gryte-testen». svarar eg: «Eg har stole ei gryte i Trondheim!» Dette svaret kan tyda to ting. Det var nemleg i Trondheim eg stal den gryta.

(2. slik at den AP-en vert endå flatare. i s1 og s2 er det større. Variablane er akkurat dei same som i «Renault-testen». slik at den AP-en vert noko flatare.10 s0) er det originale sneverfokussignalet: (((1EG harAP)IP) (2stole eiAP) (2gryte iAP) (2trondheimAP)IU).4.10 d4) er som originalen. med lågare prominenstone HP og høgre APgrensetone L].10 d0). og i s4 er det størst.4.4. i s3 er det endå større.10 s3) er ei spleising av dei to førre. ikkje med referansekurva frå s0. ikkje med referansekurva frå d0. her er HP i trondheim gjord høgre. Dermed vert AP-en endå flatare. Segmentmarkeringa i figuren er i samsvar med den røynlege s4-lyden. (2. Segmentmarkeringa i figuren er i samsvar med den røynlege d4-lyden. men TRONDHEIM er henta frå originalsignalet med dobbelfokus. (2.10 d1). (2.4. (2. og slik at denne AP-en dermed òg vert mindre flat.4.4.10 s4) er som originalen. slik at den AP-en vert mindre flat.4. men er henta frå originalsignalet med sneverfokus.10 s2). slik at AP-en vert endå mindre flat.4. slik at den AP-en vert noko flatare.4.4. og limt inn i staden for den originale AP-en. (2.4. her er L] (AP-grensetonen) gjord høgre.10 s1). og limt inn i staden for den originale AP-en. I d0 finn me det største frekvensregisteret.4. (2. (2.10 d2). men Trondheim er ikkje manipulert i seg sjølv. slik at me får ei fonetisk stiging fremst i ordet.10 d0) er det originale dobbelfokussignalet: (((1EG harAP)IP) ((2stole eiAP) (2gryte iAP) (2TRONDHEIMAP)IP)IU). I s0 er frekvensregisteret minst. her er L] gjord lågare. (2. (2.10 d3) er ei spleising av dei to førre. 78 . I figurane tek eg ikkje med den innleiande kontekstsetninga. eller kor stort frekvensregister er.10 s0). Og også her vil manipulasjonane i praksis dreia seg om ein gradvis skilnad i kor flat eller bratt konturen er i den finale AP-en. her er HP i TRONDHEIM gjord lågare. i d1 og d2 er det mindre. i d3 endå mindre. og i d4 er det minst. (2.2 Det prosodiske hierarkiet Dei same informantane gjekk gjennom denne testen som «Renault-testen». (2.

2.10 d1)   h s to l æ   ry t t r  u n dh æ m (2.10 d2)   h s to l æ   ry t t r  u n dh æ m 79 .4.4.10 d0) (((1EG harAP)IP) ((2stole eiAP) (2gryte iAP) (2TRONDHEIMAP)IP)IU)   h s to l æ   ry t t r  u n dh æ m (2.4.4 AP og IP (2.

4.10 s0) (((1EG harAP)IP) (2stole eiAP) (2gryte iAP) (2trondheimAP)IU)    h   s to l æ  ry t t r u n dhæ m 80 .10 d3)   h s to l æ   ry t t r  u n dh æ m (2.4.10 d4)   h s to l æ   ry t t r  u n dhæ m (2.4.2 Det prosodiske hierarkiet (2.

10 s2)    h   s to l æ  ry t t r u n dhæ m (2.2.4.10 s1)    h   s to l æ  ry t t r u n dhæ m (2.4.4.4 AP og IP (2.10 s3)    h   s to l æ  ry t t r u n dhæ m 81 .

med 18 som det maksimale samla talet på motsett tolking av kvart signal.4. det fyrste talesignalet i det heile teke i lyttetesten.a. (2. Dei to motsette tolkingane hennar av s0 er dei to fyrste førekomstane av det signalet i testen. informantar signal motsett tolking som d0 sneverfokus d1 sneverfokus d2 sneverfokus d3 sneverfokus d4 sneverfokus s0 dobbelfokus s1 dobbelfokus s2 dobbelfokus s3 dobbelfokus s4 dobbelfokus TK KMS TS IF GEH RB 1 1 2 1 2 sum 1 1 3 13 2 3 3 3 1 3 3 3 3 3 3 1 3 3 1 18 Som vanleg skil GEH seg ut ved å svara noko annleis enn dei andre informantane.10 s4)    h   s to l æ  ry t t r  u n dh æ m Resultatet av «gryte-testen» ser me i tabell (2.11). m.11) Motsette tolkingar i «gryte-testen».2 Det prosodiske hierarkiet (2. 82 .4. Den motsette tolkinga hennar av d0 dreier seg om den andre førekomsten av det signalet.4.

og den høge tonen i den fyrste postfokale AP-en er spesielt høg. jf.4. i final AP kan L] jamvel vera omtrent like låg anten AP-en er fokal eller ikkje. Ser me bort frå GEH. og då berre eitt tilfelle av d3. Samanliknar me t.1) og (2. at me får eit nytt neddriftsområde. dvs.4 Oppsummering av lyttetestane Alt i alt ser det ut til at fokus inne i ei ytring (i «ytringsinnlyd». At det var så få motsette tolkingar. noko eg skal utdjupa i oppsummeringa no straks.4. Eg har tidlegare indikert at slikt kunne skje. den nest siste stavinga [no ] i Renaulten [r 1no ] i (2.4. Me ser på typen neddrift (komprimert eller ukomprimert) om det som kjem etter den fyrste IP-en. Me bør vel heller ikkje undervurdera trykk. er det noko overraskande at d3 og s3 har så få motsette tolkingar som dei har. rett nok med utgangspunkt i Renault-testen.8 s0).4. eller skal me seia durasjonstilhøva. ser me at denne er markant stuttare i sneverfokussignalet enn i vidfokussignalet.8 d0) og (2. Ut ifrå at Renault-testen indikerte at fokus i final AP har å gjera med kor stort frekvensregisteret er. dyrettesten) vert best koda gjennom ein kombinasjon av to ting: Den fokale AP-en har ein ekstra låg grensetone. neddrift utanfor IP er komprimert.4 AP og IP Også her er det d4 og s4 som både oftast og av flest informantar vert tolka motsett av originalsignalet. Dette kan ha å gjera med at eg har vore uheldig i den konkrete utforminga av 3. er det berre IF som i det heile har oppfatta eit anna signal enn dette som motsett av originalen. ukomprimert neddrift innanfor IP (fokal AP). 2. Samstundes såg me i figur (2. men konturen er altså framleis flatare i ikkjefokal final AP enn i fokal final AP. kan tyda på at desse durasjonstilhøva har 83 .2. Det er likevel eit spørsmål kvifor me fekk så få motsette tolkingar av dei manipulerte signala som me fekk.2) at i alle fall ein final fokal AP kan ha ein noko flatare kontur enn andre ukomprimerte AP-ar.d.eller kvantitetstilhøva. er ein ny IP (med noko fokalt på slutten) eller noko som sorterer rett under IU (utan noko fokalt på slutten). men det kan òg ha å gjera med durasjonsforholda i originalsignala for gryte-testen. Renault-testen og grytetesten har ikkje anna enn stadfest dette: Ein final AP skil etter alt å døma mellom fokus og ikkje-fokus ved å ha same konturtype som dei andre AP-ane i neddriftsområdet sitt: komprimert neddrift utanfor IP (ikkje-fokal AP). særleg jamført med det noko større utslaget for d3 og s3 i Renault-testen. som er ein mellomting mellom d4 og d0. manipulasjon. Neddrift inne i ein IP er ukomprimert. i dei ulike signala.4. fordi det var noko tilfeldig akkurat korleis og kor mykje ein gjeven kontur vart endra under manipulasjonane.

frekvensregister.4. må det vera noko ved denne AP-en som signaliserer om han er fokal eller ikkje. Det har ikkje eg tenkt å gjera. for å avgjera dette. og som ikkje vert endra når ein manipulerer F0.d. t. og finalt såg me eit samspel med neddriftstype. er éin einaste AP? For tonelag 2-AP-ar sin del (Llex HP L]) har me sett at den leksikalske tonen Llex til venstre i AP-en kjem i den same fonetiske høgda som den låge APgrensetonen framføre. Overgangen frå HP til L] kjem framleis fonetisk til uttrykk gjennom ei nedoverrørsle. 2. Alt dette kan sjølvsagt stå i fare for å senda andre signal om fokaliteten enn det den manipulerte F0 sender. Der skal me òg koma innom kompresjonsfenomenet igjen. men det trengst ein større analyse.1 L] i fokus igjen Me har sett at me kan skilja mellom fokus og ikkje-fokus ved å sjå på om neddrifta er komprimert eller ikkje. Det vil seia at overgangen frå Llex til HP vert fonetisk heller flat. og kanskje nye testar. for tonelag 2 sin del (L lex HP L]). enn på omfanget av dei motsette tolkingane. vera noko i overgangen frå den initiale Llex til prominenstonen HP. For å taka det siste fyrst: Overgangen frå Llex til HP i tonelag 2 er den same i alle AP-ar som kjem like etter ein fokal AP: Den låge tonen er like låg som den ekstra låge AP-grensetonen i den fokale AP-en like til venstre. Kva no om det andre neddriftsområdet. Her skal me fyrst sjå litt nærare på denne L]. fordi han markerer starten på eit nytt 84 .5 Etter lyttetestane: litt meir fokus I lyttetestane såg me ein ekstra låg L] i samband med fokus i ytringsinnlyd. I tillegg til durasjon kan det òg vera anna akustisk som er ulikt for dei to originalsignala i kvar av testane. altså det som kjem etter den fyrste fokale AP-en. Det kan anten vera noko i overgangen frå prominenstonen HP til AP-grensetonen L]. men nøyer meg med å peika på indisia. eller det kan. Dette gjeld anten det er ei IP-grense imellom eller ikkje. dvs.2 Det prosodiske hierarkiet samanheng med fokus mot ikkje-fokus. deretter skal me sjå på fokus i nokre andre høgtonedialektar. vil han vera komprimert.5. Om me har berre éin postfokal AP.4. Me gjer difor best i å fokusera meir på kvar det i det heile teke kom motsette tolkingar av testsignala. og den høge prominenstonen er nokså høg. Dersom den siste AP-en i eit nytt neddriftsområde er ikkje-fokal. vokalkvalitet og lydstyrke. 2.

Dette er ikkje så mykje anna enn det me allereie har sett for komprimerte neddriftsområde med fleire AP-ar. I ein kontekst med spørsmålet «var det gutane du såg?». vil det i praksis innebera at ein fokal og ein ikkje-fokal AP ser likeeins ut. har komprimert neddrift. I Renault. Sidan me no skal ha berre éin postfokal AP. Me har altså sett at komprimerte neddriftsområde har eit heller smalare frekvensregister å boltra seg innanfor samanlikna med ukomprimerte neddriftsområde. slik at AP-grensetonen er inne i det komprimerte neddriftsområdet. og sidan den fyrste høgtonen etter ei IPgrense alltid er ekstra høg. Me ser i (2.og gryte-testen såg me at finale AP-ar kan enda med ein omtrent like låg L].2.13) at AP-grensetonen oppfører seg som venta. då er det berre den låge AP-grensetonen att å variera. kunna svara som i (2.13): (((1EG sågAP)IP) (2jenteneAP)IU).4. éin fokal og éin ikkje-fokal? Me har sett at AP-ar i eit neddriftsområde som endar med ein ikkje-fokal AP. er kor stort frekvensregister han har å boltra seg på. I praksis vil det seia at det må vera ein skilnad i kor lågt ned den låge APgrensetonen kjem: Den høge prominenstonen ligg fast på det særleg høge startpunktet for den nye neddrifta. vil det vera aktuelt å spå at avgjerande for tolkinga av om denne AP-en er fokal eller ikkje. postfokale AP-ar. vil ein som såg jentene og ikkje gutane. final AP er inne i neddriftsområdet.12): ((( 1 EG såg A P ) I P ) ((2JENTENE AP)IP)IU). Dersom den finale L] skal kunna koma like langt ned uavhengig av fokalitet.4. når me berre har éin AP å gjera det på. 85 . Starten på den einaste postfokale AP-en seier oss altså ikkje noko om i kva grad AP-en er fokal eller ikkje. Sidan AP-grensetonen i ein einsam. byrjar det nye neddriftsområdet med den høge HP-en. Men det bør vera ekstra viktig å kunna påvisa rolla til AP-grensetonen i slike einsame. i tråd med det me såg i Renault. Om spørsmålet til den same personen derimot var «kven var det som såg jentene?». Dette bør òg gjelda einsame. som elles. ikkje-fokale AP-ar. slik at final L] problemfritt kunne koma ned til det same fonetiske frekvensnivået uavhengig av fokalitet. har me ei ekstra utfordring: Her har me nemleg ikkje mange AP-ar å fordela neddrifta på.4.12) og (2. sidan desse AP-ane ikkje har komprimerte granne-AP-ar som me kan jamføra med.4 AP og IP neddriftsområde. Der.og gryte-testen. postfokal. i motsetnad til det me såg for ytringsinnlyd i dyret-testen. Kan overgangen frå HP til L] finnast på to måtar. kan svaret vera som i (2. Då må me sjå på slutten til AP-en.4.

4.4. med ei presisering av at ukomprimert neddrift inneber nettopp at den låge AP-grensetonen kjem lågare ned enn i komprimert neddrift. Dette er to sider av same sak.4. men konkret har ein i situasjonar med ein einsam. 86 . Alt i alt vert altså fokus markert gjennom neddriftstype og/eller kor lågt ned AP-grensetonen kjem.12) (((1EG sågAP)IP) ((2JENTENEAP)IP)IU) s o j æ n t (2. postfokal AP berre AP-grensetonen å halda seg til.13).og grytetesten (at kompresjonstilhøva signaliserer fokustilhøva). (2.12) har ein lågare AP-grensetone L] enn det som er tilfellet for den ikkjefokale tilsvarande AP-en i (2.13) (((1EG sågAP)IP) (2jenteneAP)IU) s o j æ n t Det me har sett her.2 Det prosodiske hierarkiet Det er nettopp djupna på L] i siste AP som skil: Den fokale AP-en jentene i (2. er ikkje anna enn ei stadfesting av Renault.4.

fødd 1971). Me ser at den fyrste fokale AP-en i begge 1Malmö med ein final H i tillegg. Noko som i alle fall skil. Til dømes nemner Riad (1998:94) Malmö og Dalarna med LHL1 i tonelag 2.2 Fokus i eit par andre høgtonedialektar Det som eg har skrive til no om fokusmarkering. med utgangspunkt i ein tidlegare versjon. men har i staden ein ekstra låg grensetone L].2.4. Sjå elles Abrahamsen 1998b for ein kritikk av analysane hans av desse tonesekvensane.4. det me vil kalla høgtonedialektar. er at fjordamålet (Nordfjord. og i (2. dvs. Ytre Sogn) har ein setningsmelodi som skil seg frå sunnmørsk akkurat så mykje at ein høyrer skilnaden. Eg har trass alt ikkje morsmålskompetanse med tilhøyrande intuisjonar for dialektane i Gulen og Vestvågøy. Det alle sunnmøringar veit. 87 .15) det store DYRET åt den neddopa MANNEN med fyrste fokus flytt litt til venstre for å kunna sjå det postfokale området betre. er slikt som gjeld sunnmørsk. Sunnfjord. Riad (1996). er nettopp måten fokus vert markert på. og med ny neddrift etterpå (sjå drøftingane av lyttetestane i delkapittel 2. kjem av det enkle at det var desse informantane eg hadde tilgjengelege i skrivande stund. Med «ekstra høg H» meiner eg ein høg tone som ligg høgre enn den tenkte lina som me trekkjer gjennom høgpunkta i eit neddriftsområde. og tener her berre som ei utfylling etter presentasjonen av sunnmørsk.14) ser me den kjende formuleringa det store dyret ÅT den neddopa MANNEN uttala av ein informant frå Gulen (kvinne. Desse to dialektane er neppe representative i eitt og alt for vestlandsk og nordnorsk. men er med her for at me skal kunna sjå sunnmørsk i ein noko større samanheng. har Malmö ikkje denne. Bruce og Gårding (1978:224f) gjev figurar med omtale som indikerer at medan Dalarna har ein ekstra høg prominenstone HP i fokal posisjon. og om kor valid jamføringa med sunnmørsk er. At det vart akkurat desse to dialektane. Medan ein i sunnmørsk har ein ekstra låg AP-grensetone til høgre i fyrste IP. I (2.4 AP og IP 2. Eg skal her taka føre meg ein informant frå Gulen i Ytre Sogn og ein frå Vestvågøy i Lofoten.4.5. vil ein i Ytre Sogn òg ha ein ekstra høg prominenstone HP i den fokale AP-en i fyrste IP. Det seier elles seg sjølv at det må takast atterhald både om kor representative desse informantane er for dialektområda dei representerer. men slik at det framleis er vanskeleg å setja fingeren på kva skilnaden er. Fokusmarkering med ein ekstra høg prominenstone i skandinaviske høgtonedialektar er kjent frå litteraturen frå før. og for å kunna slå fast at det er eit neddriftsområde både til venstre og til høgre for den fyrste fokale AP-en. som på sunnmørsk.4).

(2.4. Etter den fokale AP-en går derimot ikkje F0 like høgt opp som han gjer på sunnmørsk. i tillegg til at den låge APgrensetonen går ned til det lågaste punktet i heile konturen.6 d0).14) Gulen: (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1ÅT denAP)IP) ((1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d s t u d y o t n e du p m n 88 . på same nivå som den siste låge tonen i det heile. fokale AP-en. Til liks med sunnmørsk igjen vert det ikkje nokon ekstra høg HP i den finale.6 d0) Herøy: (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1ÅT denAP)IP) ((1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d s t u r dy r o t n e d u p  m   (2. men byrjar på det nye neddriftsområdet noko meir midt på treet.2 Det prosodiske hierarkiet figurane har ein ekstra høg prominenstone HP.4.4. For oversynet si skuld gjentek eg den sunnmørske varianten (2.

17) det store DYRET åt den neddopa MANNEN. òg Silverman (1986). (2.4. I (2.4 AP og IP (2. Lat oss no samanlikna med ein nordnorsk høgtonedialekt.4.15) Gulen: (det ((2storeAP) (1DYRETAP)IP) ((1åt denAP) (1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d s t u d y o t n e dup m n Den vesle svingen fremst i [stu re] vitnar ikkje om nokon høg tone til venstre. Haggard.4. fødd 1970). og i (2.2. og med informanten frå Vestvågøy i Lofoten (kvinne.16) finn me det store dyret ÅT den neddopa MANNEN. jf. Ambler og Callow (1970).16) Vestvågøy: (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1ÅT denAP)IP) ((1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d st u dy o t n e dup m 89 .4. men er eit akustisk fenomen som ofte opptrer etter ustemde lukkelydar. jf.

17) Vestvågøy: (det ((2storeAP) (1DYRETAP)IP) ((1åt denAP) (1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d st u d y o t e du p m Både døma frå Gulen og døma frå Vestvågøy har ein ekstra høg prominenstone i den fyrste fokale AP-en.4. når me har det som informasjonsstrukturforskarane kallar vidfokus.4. Vestvågøy har jamvel det fyrste toppunktet i den nye neddrifta omtrent på same nivå som Gulen. Eg lét informanten frå Vestvågøy her seia «det lille dyret» fordi det kom til ein del akustisk turbulens rundt [st] i «store» som gjorde det vanskeleg reint datateknisk å trekkja ut F0.19) som har ein ekstra høg prominenstone i den fokale AP-en når denne er den einaste fokale AP-en i ytringa.4.18) Gulen: (det ((2storeAP) (1dyretAP) (1åt denAP) (1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d s 90 t u d y o t n e dup m n . og begge byrjar på eit nytt neddriftsområde etterpå. dvs. med eit framhald av neddifta utan nokon ekstra høg prominenstone.2 Det prosodiske hierarkiet (2. Skilnaden mellom Gulen og Vestvågøy er her at Vestvågøy har ein ekstra høg HP også i den finale fokale AP-en. Gulen (2.18) har altså det same mønsteret som sunnmørsk. altså under Sunnmøre. og er final.4. Av desse to er det òg berre Vestvågøy (2. (2.

For (2.7 sekund kjem av at informanten hadde knirkestemme akkurat der.14) og (2.4.4.15). Det trengst truleg nøgnare analysar og betre materiale for å kunna seiast noko sikkert om dette.4. i dobbelfokus-signal mot sneverfokussignal.14) og (2.4. fokale AP-ar. 91 . I (2.19) Vestvågøy: (det ((2lilleAP) (1dyretAP) (1åt denAP) (1neddopaAP) (1MANNENAP)IP)IU) d l l d y o t e du p m Dette ser då ut til å skilja nord-vestlandsk frå nordnorsk.4.4.21) kan det like gjerne sjå ut som ein fonetisk interpolasjon (utan primærtrykk) mellom ein H til venstre og ein L til høgre i det postfokale området.4.4.4.14).4.4.3).16).6 d0). jf.21) dreier seg om såpemerket Lano. har både Gulen og Vestvågøy eit heller smalt frekvensregeister i det som truleg er AP-ar som sorterer rett under IU.4 AP og IP (2. Eg har ikkje undersøkt om det ligg noko systematisk i dette. Eg kjem ikkje til å gå like djupt i dette som eg har gjort for sunnmørsk. Ut ifrå dei sparsame dataa i (2. (2.4. der den nye neddrifta var IP-intern. jf.21).4. (2. jf.20) og (2.20) må kommenterast at det brå søkket i kurva ved ca.19).15). (2.4. (2. I resten av dette underkapittelet skal me for referansen si skuld veldig kjapt sjå på neddrift i og utanfor IP.4. IP-eksterne neddrifta tek til på eit høgre frekvensnivå enn i (2. (2. (4. Som me ser i (2. i alle fall representert med dialektane frå Gulen. (2.20) og (2. (2.2. korkje Gulen eller Herøy har ein slik i finale. fokale AP-ar. dvs. akkurat som tilfellet er for sunnmørsk.3.15) og (2.20) og (2.4.4.4.20) frå Gulen ser me òg at den nye.17) og (2.4. men Gulen har i ikkje-finale. Det ser ved fyrste augnekast ut til at frekvensregisteret er smalare her enn for sunnmørsk.2. jf. Herøy og Vestvågøy: Vestvågøy har ein ekstra høg prominenstone i alle fokale AP-ar.18). Dette bør undersøkjast nærare ved eit anna høve. 0.

4.20). og me kan heller ikkje sjå bort ifrå at éin og same pragmatiske struktur kan verta gjenspegla i ulike måtar å strukturera tonaliteten på i ulike dialektar. Sidan konteksten kunne borga for fleire responsar enn dei strukturane som eg var ute etter i (2.4.4.4.20) og (2.2 Det prosodiske hierarkiet Informanten frå Gulen fekk servert ein påstand frå meg om at ei høne hadde bada seg i gamal Lano. og informanten skulle stilla seg kritisk til meg som kjelde for denne opplysninga.4.20) Gulen: (((1SÅG duAP)IP) (2hønaAP) (2bad’ iAP) (2gammalAP) (1lanoAP)IU) s o d hø n b d m l n u (2. Det må sjølvsagt takast alle atterhald om mistydingar. Responsen vart som i (2. vart informantane instruerte til å reprodusera på sine respektive dialektar ein struktur som eg fyrst produserte på sunnmørsk.21).21) Vestvågøy: (((1EG harAP)IP) (2bada eiAP) (2høne iAP) (1lanoAP)IU) h b d h ø n l n u 92 .4. Informanten frå Lofoten fekk spørsmålet: Har du bada ei høne i Lano? Svaret vart som i (2. (2.21).

22)–(2.4.4.13) at fokus kom til uttrykk gjennom vidda på det det frekvensregisteret som vart brukt. For produksjonen av (2.4.23) ligg desse spørsmåla til grunn: Kva var det du såg? Kven var det du såg? For (2. (2.4.12) og (2.4.2.4.25) ser det ut til at det same gjeld for Gulen og Vestvågøy: Breitt frekvensregister svarar til fokal final AP.23).4. smalt frekvensregister svarar til ikkje-fokal final AP.22) Gulen: (((1EG sågAP)IP) ((2BILANEAP)IP)IU) s o b i l n (2.4.4. (2.25): Kven såg bilane? Kven såg jentene? I somme av desse døma er ordlyden noko annleis enn dei formuleringane som er brukte tidlegare.22) og (2.4.4. (2.22) og (2. Etter (2.24) og (2.24) og (2.23) Vestvågøy: (((1EG sågAP)IP) ((2JENTANAP)IP)IU) s o j n t n 93 .4.4 AP og IP For ein einsam AP like etter ein fokal AP såg me for sunnmørsk i (2.4.25). dette for å unngå nokre akustiske krumspring som ville ha vore misvisande i den grafiske framstellinga som datamaskina laga.4.

samstundes som det etterpå skal koma ny neddrift.4 I delkapittel 2. 2.4.6 Ei oppsummering av 2. Eg vil difor ikkje trekkja for bastante konklusjonar om dataa i (2.4.4. I desse analysane brukte eg nokre omfattande lyttetestar.20)–(2. og at Gulen. Ettersom alle IU-ar må ha minst éin IP. var undersøkinga av final fokalitet avgrensa til spørsmålet om korleis sin skil mellom fokal og ikkje-fokal AP 94 .4.25) Vestvågøy: (((1EG sågAP) (2jent’nAP)IU) s o j n t n Nok ein gong vil eg understreka at eg ikkje har morsmålskompetanse for desse to dialektane. kan vera noko anna enn eg trur dei er.4. men lèt dei stå her som agn for fagfolk som ved seinare høve vonleg vil korrigera meg.24) Gulen: (((1EG sågAP) (2bilaneAP)IU) s o b i l n (2.og Vestvågøy-konturane som eg har presentert. og kunne til slutt konkludera med at til slutt i den fyrste av to IP-ar vil L] koma på eit globalt lågt nivå.25).2 Det prosodiske hierarkiet (2.4 har me sett på forholdet mellom AP og IP. fyrst og fremst korleis fokus vert realisert i sunnmørsk.

medan det nettopp er eit slikt jafs ned til det globalt lågaste punktet me har dersom AP-en er fokal. I motsetnad til dei lange. Dette vil i praksis tyda at L] i ikkje-fokal AP i denne posisjonen vil landa på eit høgre frekvensnivå enn L] i fokal AP.4 AP og IP som er plassert ein stad etter ein initial AP. smalt utanfor IP. Eg har presentert jamførande data frå to andre høgtonedialektar. nemleg at L] kan landa på det same låge frekvensnivået. Stundom skjer det at området etter den fyrste IP-en er på berre éin AP. nærare sagt om me har eit smalt frekvensregister (dvs. men vågar ikkje å leggja for stor vekt på dei. Det som skil mellom fokal og ikkje-fokal AP i ytringsfinal posisjon. Dette bryt likevel berre tilsynelatande med det me såg i lyttetestane. har ein berre L] å variera. Dei to lyttetestane som tok føre seg dette. og dermed kan tillata seg eit breitt frekvensregister som eit slikt jafs vil innebera. Det spesielle med konstruksjonane med berre éin postfokal AP er berre at ein ikkje rekk å driva ned (med neddrift) til den globalt lågaste punktet. har ein ekstra høg HP. uavhengig av fokalitet. Alle AP-ar som kjem som fyrste AP etter ein fokal AP. fordi eg ikkje har den morsmålskompetansen som ville vera ynskjeleg for djupare analysar. ville det sprengja rammene for det smale frekvensregisteret utanfor IP. og har noko ikkje-fokalt i slutten av neddriftsområdet. og har noko fokalt til slutt. Dette svarar til neddrift innanfor og utanfor IP: Ved smalt frekvensregister er me utanfor IP. Skulle ein taka heile den neddrifta i eitt jafs innanfor den einaste postfokale AP-en. Det grunnleggjande prinsippet for lange og stutte postfokale område (med fleire respektive éin AP) er nemleg det same: breitt frekvensregister innanfor IP. postfokale neddriftsområda i lyttetestane «Renaulttesten» og «gryte-testen» har ein altså ikkje høve til å plassera denne HP på andre gjevne stader enn langt der oppe på Hertz-skalaen. Ved breitt frekvensregister er me inni IP. postfokalt. relativt liten skilnad mellom HP og L]) eller eit eit breitt frekvensregister. Når ein i denne situasjonen skal skilja mellom fokal og ikkje-fokal final AP. indikerte ikkje nokon fokalitetsavhengig skilnad i frekvensnivået på den finale L]: Både fokal og ikkje-fokal AP kunne enda med ein like låg L]. dvs. 95 .2. er den lokale konturen i den AP-en.

2. Distribusjonen av H% og L% er dels pragmatisk motivert.1 IU-grensetone I tillegg til å gruppera IP-ar har IU-en ein tonal eigenskap.1) ser me det isolerte spørsmålet kva gjorde dei i bilen?.5. men den tonale opposisjonen mellom dei to IUgrensetonane kan utan problem overførast til sunnmørsk. men segmentalt sett er dei identiske.5. IP-ar. H% og L%.5.5. sjå underkapittel 2.1).5. dvs.5.2) vil svara til kva dei gjorde i bilen?. medan eit ekkospørsmål vil få H%. I (2. maksimalt to fokusområde.2) manglar neddrift.1 (2.1) svara til kva gjorde dei i bilen?. Merk at syntaksen i sunnmørsk skil seg frå skriftmålet i kv-spørsmål.1) har L%.5.5.2) er ekkospørsmålet til (2.5. 96 . Nilsen konsentrerer seg om austnorsk.2) brukast som (overraska) reprisespørsmål for å få reprise på svaret.5.5.1) (((1kva deiAP) (2gjord’ iAP) (1BILENAP)IP)IU) L% k dæ j u r b i l 1Eventuelt kan (2. medan (2. (2. Til dømes er skilnaden mellom H% og L% i kv-spørsmål slik at eit reint kv-spørsmål vil få L%.5. er det øvste nivået i det prosodiske hierarkiet. I normert språk vil (2. og vert av m.a. medan (2.2 Det prosodiske hierarkiet 2. Nilsen (1992) notert med eit prosentteikn etter seg. Denne tonen er anten H eller L.2) har H%. 2.2 (2.5 IU og IP Intonasjonsytringa. her avstytt IU. i at han deler ut ein grensetone til høgre. òg kalla intonasjonseining (intonational utterance og intonational unit). Etter Nilsen (1992:107) kan det i ein norsk IU av informasjonsstrukturelle grunnar vera minst eitt. der det vert spurt om kva gjorde dei i bilen? var det spørsmålet som vart stilt. 2Figur (2.

2. er at han står i opposisjon til H% i (2.3 for fleire indikasjonar på at L% eksisterer som IU-grensetone.5. utan at eg no vil taka stilling til om det er stavingar eller moraer som er toneberande einingar.5.5.5.5. Einaste evidensen me har her og no for at L% finst i (2.2') at den eindimensjonale strengen av tonar vert relatert til dei hierarkisk ordna domena som dei tonale fenomena konstituerer.1') og (2.1') og (2.5. prominenstone og APgrensetone sorterer under AP.2'). Dei einaste assosiasjonslinene i figurane er linene mellom tonane og stavingane.2') tek eg elles med nokre boga liner mellom tonane og dei nodane i det prosodiske hierarkiet som dei sorterer under. berre hjelpeliner som skal illustrera grafisk det me allereie veit: at leksikalsk tone.5. medan IU-grensetonen er knytt til domenet IU.5. I (2. Merk at desse boga linene ikkje er assosiasjonsliner. 97 .1'). Sjå likevel delkapittel 4.1').5. slik at me der kan sjå at IU lisensierer ein tone.1) og (2.1') og (2.2) og (2. Legg merke til at L] og L% landar på éi og same sluttstaving i (2.5.2) (((1kva deiAP) (2gjord’ iAP) (1BILENAP)IP)IU) H% k d æ j u r b i l Den autosegmentale representasjonen av tonar vert då som i (2. Det er eit poeng i figurane (2.5 IU og IP (2.2').5.5. Akkurat det spørsmålet kjem me attende til i kapittel 3 (og svaret på spørsmålet vert moraer).

1') (((1ka deiAP) (2gjord’ iAP) (1BILENAP)IP)IU) L% IU IP AP AP AP σ ka σ dei σ gjord’ σ i σ bi - σ len HP L] L lex H P L] HP L] L% 98 .2 Det prosodiske hierarkiet (2.5.

5. Det vil seia at berre L% er mogeleg etter eit komprimert neddriftsområde. Ein IU må ha minst éin IP.2.» Hans figurar 4 og 5 er to F0-kurver der den siste AP-en (eller «foten» i hans terminologi) er ikkje-fokal. Om denne AP-en har austnorsk tonelag 1. vil dette verta realisert fonetisk som ein jamn eller litt fallande tone. I austnorsk er all neddrift komprimert. dvs. må dermed stå i eit postfokalt område. Dette er den same regelen som Fretheim (1993:226f) formulerer slik for austnorsk: «Høy grensetone forutsetter at siste fot i ytringen er fokal. H% kan koma føre berre dersom den siste AP-en i IU-en er fokal.2') (((1ka deiAP) (2gjord’ iAP) (1BILENAP)IP)IU) H% IU IP AP AP AP σ ka σ dei σ gjord’ σ i σ bi - σ len HP L] L lex H P L] HP L] H% Distribusjonen av H% og L% er òg fonologisk avhengig. tonesekvensen LPH]. Hlex LP H]. og dermed i eit neddriftsområde. Ein final AP som er ikkje-fokal. og deretter ein knekk til ein meir jamn tone igjen 99 .5 IU og IP (2. som har eit meir markert fall frå Hlex til LP. Eg vil tillata meg å uttrykkja ein viss skepsis til den austnorske varianten av denne regelen. så lav grensetone er eneste mulighet i Figur 4 og Figur 5. dette i motsetnad til tonelag 2.

I austnorsk har me sett at den fyrste IP-en ikkje har neddrift (Fretheim 1987:38. innlesen av meg i ro og mak. Nilsen (1992:30). Ein grunn til at dette ser ut til å vera unntak heller enn hovudregel. Dette skal eg ikkje fordjupa meg meir i. Dette er ikkje nokon aktuell strategi for IP-ar utan neddrift.2 Det prosodiske hierarkiet frå LP til H]. Det er då også rett at eit neddriftsområde tek slutt når ein IP tek slutt. AP-grensetonen H] i austnorsk kan altså i final. ikkje L%. medan overgangar frå H til L vert realiserte som eit tydeleg fonetisk fall i frekvens. Eg har tidlegare gjort bruk av lyttetestar for å kartleggja fokusrealisering i IP-ar med neddrift. ikkje-fokal AP ikkje skiljast frå IU-grensetonen. med fonetisk fall frå H til L. i alle fall slik eg har teke utgangspunkt i IP som domene for fokus og ikkje berre for neddrift. ikkje-fokal AP med tonane LP H] L% på austnorsk burde kunna visa fram eit tydeleg fall frå den nest siste tonen (H]) til den siste tonen (L%). Held ein seg til analysen av komprimerte neddriftsområde. og at desse føresetnadene ikkje alltid er til stades når ein i ro og mak produserer enkle ytringar spesiallaga for analyseføremål.5.2) hadde me likevel ei dømeytring utan neddrift. har eg teke utgangspunkt i at alle IP-ar i sunnmørsk har neddrift.2 Manglande neddrift I alt det eg har lagt fram til no om korleis fokus ovrar seg. men dette ser ut til å vera meir unntaket enn hovudregelen. Det vil då vera rimeleg å rekna med at IU-grensetonen er H%. Studerer ein F0-kurvene til Fretheim og Nilsen. figurane) og ikkje minst Fretheim (1987). jf. medan L% kan stå både etter fokal og etter ikkje-fokal AP. I sunnmørsk er det H% som berre kan koma føre etter fokal AP.5. ser ein at det ikkje finst noko fall der det skulle ha vore eit slikt fall. I figur (2. Dette vil seia at ein komprimert. Kort sagt: Overgangar frå L til H vert fonetisk heller flate i komprimerte neddriftsområde. så er altså distribusjonen av fonologisk H% og L% den motsette i austnorsk av i sunnmørsk: L% kan i austnorsk koma føre berre etter ein fokal AP. I sunnmørsk hender det òg at den fyrste IP-en ikkje har neddrift. 2. kan vera noko så enkelt som at det kan finnast fonologiske eller pragmatiske føresetnader for manglande neddrift. medan H% kan koma føre både etter fokal og ikkje-fokal AP. Slethei 1996:105). nemleg dei komprimerte neddriftsområda rett under IU. men utan fonetisk stiging frå L til H. Fretheim (1993. og at det openbert finst neddriftsområde som kjem utanfor IP-ar. IP-ar utan neddrift ser nemleg ut til å koma føre berre i 100 .

og ikkje noko kjem etter den IP-en.2. og der eg har høg grensetone og framleis neddrift. Dette gjer det umogeleg å laga lyttetestar som baserer seg på ulik fokusstruktur. Døma har så absolutt vore språkleg korrekte. og at unntak finst. Dette materialet inneheld mange engasjerte innlegg som ikkje er bundne av manuskript. er i alle fall hovudinntrykket svært tydeleg: – For det fyrste: Manglande neddrift og høg IU-grensetone ser ut til ofte å gå hand i hand. Nilsen (1992:145) nemner såleis ei ytring frå spontan tale sett saman av heile åtte IU-ar. – For det andre: Manglande neddrift ser ut til å koma føre berre i IU-ar som inneheld berre éin IP. Eg har ikkje teke meg tid til å transkribera eller analysera alle dei tre timane med kommunalpolitisk ordskifte som eg har opptak av.5 IU og IP vidfokusytringar. Og om eg ikkje har laga statistikkar over det eg høyrde i desse opptaka. Setninga vart ytra av ein mannleg herøyværing fødd 1944: Det er jo ei budsjettendring… på 101 . men eg har sett det som mest pedagogisk å bruka døme der IU-ane svarar til syntaktiske setningar. Det må presiserast at dette ser ut til å vera ein sterk tendens. og eg kjem heller ikkje til å gjera noko slikt i denne studien. altså når ein berre har éin IP til rådvelde. den andre med L%. den fyrste typisk nok med H%. I staden har Fosnavåg-avdelinga til Bygderadio Vest forsynt meg med opptak av ein del av kommunestyremøtet i Herøy på Sunnmøre 18. men eg har òg sett tilfelle der eg manglar neddrift ved låg grensetone. Eg meiner å ha lagt merke til at neddrift ofte manglar hjå meg når eg har høg IU-grensetone.1997. Til saman tyder dette at neddrift kan mangla (i alle fall særleg) i konstruksjonar med finalt fokus høg IU-grensetone. utan at eg har vore i stand til å seia kvifor.12. Kvantitative analysar av neddriftsvariasjonen er altså uaktuelt i denne samanhengen. Som døme på IU-ar utan neddrift vel eg ei setning som er sett saman av to IU-ar. I staden har eg plukka meg ut nokre ytringar for å illustrera neddrift og manglande neddrift. slik me kunne gjera det for ytringane med to IP-ar i dei føregåande lyttetestane. Lenger enn dette vil eg ikkje trekkja introspeksjonen og sjølvanalysen. Distribusjonen av neddrift og manglande neddrift har eg ikkje klart å koma eintydig fram til gjennom introspeksjon. Det bør òg noterast at i spontan tale vil dei prosodiske konstituentane opptre mykje meir sjølvstendig i forhold til syntaktisk fulle ytringar enn det eg har lagt til grunn for døma mine til no.

eventuelt ein utbrytings- kontruksjon. som òg manglar neddrift.5.3) (((1d’er jo ei bud-AP) (1SJETTENDRINGAP)IP)IU) H% d  e (2. jf.1 For oversynet si skuld presenterer eg setninga over to figurar. og som har ein ekstra høg prominenstone i den fokale AP-en. ytra av ein mannleg herøyværing fødd 1947: Det vart ikkje med på økonomiplanen. (2.5. Ambler og Callow (1970). Jamvel om eg allereie har presentert F0-kurver med neddrift og høg IUgrensetone. botnpunktet svarar til plosiven [b].5. Den syntaktiske kodinga av fokusstrukturar kan vera avgjerande for den tonale konstruksjonen med fokal AP. 102 . men som ikkje representerer noko syntaktisk koda fokus på siste AP på line med det me finn i presentering eller utbryting.4) j u æ b t æ n dr (på bud-((1sjettet for… eh… AP) (2nitten nitti-AP) (1SJUAP)IP)IU) L% p b t f   n t n   t 1Det er ein syntaktisk «presenteringskonstruksjon» i dette dømet.2 Det prosodiske hierarkiet budsjettet for… eh… 1997.5. men då er det den tonale konstruksjonen me må leggja til grunn for høgda på prominenstonen. (2. Eg vil likevel åtvara mot å sjå den ekstra høge prominenstonen på bakgrunn av den syntaktiske konstruksjonen.5. vil eg for ordens skuld taka med ei slik kurve også frå det nemnde kommunestyremøtet i figur (2.5.2).3) og (2.5.5).4) er mikroprosodisk. Silverman (1986) og Haggard. Jamfør òg døme (2. Den V-forma starten på (2.4).

3) og (2. Dette skjer då slik: Utan dei fonologiske prosessane som konstituerer neddrift. uassosierte lågtonar. med den konsekvensen at alt i alt vert det eit globalt fall.4. og ikkje ein fonetisk-artikulatorisk.:152). Det er neddrift eller ikkje-neddrift som regulerer kor høg prominenstonen skal vera. vil ein fokal AP markera fokaliteten sin ved å ha stor avstand mellom prominenstonen HP og 1For å rekapitulera litt frå underkapittel 2.1: Neddrift (downdrift) er etter termbruken i Roca (1994:264) ei lokal lågning av grunntonen ved partiell assimilasjon frå lågtonane på høgtonane. så verkar det av desse døma som at ein endå sterkare tendens er koplinga mellom manglande neddrift og ekstra høg prominenstone i den fokale AP-en.5. Me hugsar at ein slik ekstra høg HP i fokale AP-ar som regel ikkje kjem føre i sunnmørske neddriftsområde. (2. Nedsteg (downstep) er det same.4). men at dei kjem føre i neddriftsområde både i Gulen og i Vestvågøy. med argument om at det her dreier seg om ein fonologisk prosess. Sletheis indikasjon svarar helst til det som både Roca og Ladd omtalar som «declination». Det er kjent frå hausa at neddrift kan falla bort i spørsmål (Ladd 1998:151f). Eg valde termen «neddrift» på grunnlag av Roca.5. Ladd 1998:270). slik Slethei (1996:105) indikerte. I tillegg har den fokale AP-en ein ekstra høg prominenstone HP.5) ( det ((1vart ikkjeAP) (1med på økono-AP) (1MIPLANENAP)IP)IU) H% d e v rt c m e p œ k unum i p l n I figurane med F0 utan neddrift. det vil seia når neddrift ikkje er til stades. ser me at den fokale AP-en ikkje berre har ein grensetone L] som er lågare enn dei andre lågtonane i ytringa. og slik Roca bruker «downstep» (t.1 Overførd til sunnmørsk kan analysen av hausa forklara koplinga mellom neddrift og prominenstonen i fokal AP slik: Det globale fallet i det sunnmørske pitch-registeret er (som utgangspunktet mitt har vore) fonologisk neddrift.cit. noko som vert analysert som «the operation or non-operation of the downstep rule at successive points in a sequence of tones» (op. Og medan koplinga mellom høg IU-grensetone H% og manglande neddrift i sunnmørsk ser ut til å vera ein tendens med ikkje kartlagde unntak.5.5 IU og IP (2.d. I sitatet frå Ladd (1998:153) er «downstep» truleg brukt både slik Roca bruker «downdrift» (Ladd 1998:75). berre at det her dreier seg om flytande. 103 .2.

vil lågtonen før den høge prominenstonen i kvar AP gjera at prominenstonen (og den låge APgrensetonen) kjem stendig lågare gjennom IP-en. Ein analyse med fonetisk suspensjon av ekstra høg HP er altså den mest tilgjengelege analysen med dei dataa me har her og no. i form av kontaktassimilasjon. og jamvel ein fokal prominenstone vil koma lågare enn prominenstonen i AP-en framføre. der L gjer ein etterfylgjande H lågare enn han elles kunne ha vore. men eg har vanskar med å sjå då korleis ein einsam. Dette skjer ved at høgtonen vert ekstra høg. 104 . når det er registrert ein tendens til manglande neddrift i samband med høg IUgrensetone.1. Når neddrift vert kopla inn.2 vil det likevel verta lagt fram ein fonologisk analyse på grunnlag av slikt som vert observert i delkapittel 4.1 Dette kan òg forklara kvifor eg under gjennomlyttinga av opptaket frå kommunestyremøtet ikkje greidde å finna eintydige døme på denne konturtypen: manglande neddrift utan ekstra høg prominenstone i fokal AP.1 med underkapittel. Motsett kunne ein tenkja seg at det er ein ekstra høg prominenstone som suspenderer neddrifta. kan ein ikkje sjå heilt bort frå slike prosessar.4. suspenderer fonetisk den ekstra høge prominenstonen i den fokale AP-en.2 Det prosodiske hierarkiet AP-grensetonen L]. Etter denne analysen er det altså fonologisk neddrift som.5). og/eller at lågtonen vert ekstra låg. I underkapittel 4. Dette dreier seg då om det som ein med klassiske termar vil kalla ein partiell kontaktassimilasjon. ekstra høg prominenstone i den siste AP-en i ei ytring skulle kunna suspendera neddrifta i ein heil serie med AP-ar til venstre for seg. Likevel. 1Eit uforklara unntak er nemnt i figur (2.

AP-ar kan grupperast til IP-ar på grunnlag av fokus. 3. I litteraturen er det typisk snakk om stavingar eller moraer. der ein IU så har sin grensetone til høgre. ikkje mellom tonar og moraer. i kapittel 4 skal me sjå på korleis dei oppfører seg i posisjonar i det prosodiske hierarkiet som ikkje er drøfte enno. at tilhøvet mellom stavingar og moraer i tonaliteten må avklarast. Her frå kapittel 3 av skal me bruka det prosodiske hierarkiet som referanseramme og analysereiskap. med mindre noko anna er presisert. men at assosieringa skjer til ein TBU. prominenstone og AP-grensetone sorterer under AP. Lat det då vera nemnt at eg i analysane til no har lagt til grunn assosiering mellom tonar og stavingar. Det me derimot ikkje har sett på. Tone-bearing unit (TBU) er den eininga som er i stand til å bera tonar. og som tonar dermed assosierer seg til. og sjå nærare på korleis tonane oppfører seg: I kapittel 3 skal me sjå på korleis dei oppfører seg med omsyn til assosiering og spreiing. og framleis er det eg som har produsert talesignala bak F0-kurvene. der ein mora er ei metrisk eining på nivået under stavinga. og i kapittel 5 skal me sjå på tonar og trykkforhold i samansette ord.1 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 1 Det finst allereie mange døme på tonelag 1 i det eg har skrive til no. utan at dette har vore spesielt viktig. Ideen er då at ein tone ikkje vert assosiert direkte til eit gjeve segment. Me har altså fått etablert eit prosodisk hierarki etter tonale kriterium: Leksikalsk tone (for tonelag 2). IP-ar kan igjen grupperast til IU-ar. men i staden for å plukka mange figurar frå ulike andre stader for å dekkja dei ulike kontekstane skal eg berre gjeva eit par nye døme som til saman inneheld 105 . Eit mål i dette kapittelet må nemleg vera å undersøkja på kva måte ein på sunnmørsk kan operera med ei toneberande eining. Som del av dette såg me på ein del tonale fenomen og eigenskapar som knyter seg til dei einskilde domena. Det er fyrst no når det skal sjåast nærare på assosieringa. er korleis dei einskilde tonane assosierer seg til det segmentale materialet. Noko er teke med implisitt gjennom figurane. Her som elles er det sunnmørsk som ligg til grunn for analysane. men me har enno ikkje sett systematisk på det.3 Assosiering Kapittel 2 presenterte dei einskilde domena i det prosodiske hierarkiet.

2) som (3. Figur (3. Elles gjentek eg den neddriftsfrie (2. og med dei ikkje-fokale AP-ane i ukomprimert og komprimert neddrift.2) har eitt komprimert neddriftsområde.3) s e r k d j æ   nu (((1ka deiAP) (2gjord’ iAP) (1BILENAP)IP)IU) H% k d æ j u r b i l 106 .1.2) d h e n u r    o t bi l (((1EGAP)IP) (1serAP) (1kva duAP) (2gjererAP) (1noAP)IU) L%   (3.1.1.1) (((1guten ogAP) (1duAP) (1HEV noAP)IP) ((1råd tilAP) (1BILENAP)IP)IU) H% t (3.1) har to ikkje-komprimerte neddriftsområde.3 Assosiering fokale og ikkje-fokale AP-ar med éi staving og fleire stavingar.1.3).5.1.1. (3. (3.

1I (3. som i sine AP-ar har tonesekvensen HPL]. Eg tek ikkje stilling her til om L] er primært assosiert til den eine eller den andre moraen. slik det er skissert i (3. men kjem attende til dette spørsmålet i delkapittel 3.3) kjem me ikkje ned til sjølve botnpunktet for L] i den fyrste AP-en før i den andre stavinga.1)–(3. vil dette seia at prominenstonen HP vert assosiert til den fyrste ledige moraen. eller korleis han spreier seg til dei andre moraene. og gjev høgre enden til den låge AP-grensetonen.1.5. Dette er ulikt den varieteten (eller dei varietetane) av søraustnorsk som Thorstein Fretheim og Randi A. og når botnpunktet før vokalen i den andre stavinga. og han spreier seg ikkje. byrjar å falla allereie i fyrste stavinga. (3.1.d. jamvel om fallet byrjar i fyrste stavinga. 107 . Denne fyrste stavinga i AP-en er lang.1 Alt til høgre for denne moraen assosierer AP-grensetonen L] seg til. Det er uvisst kvifor.4) (1guten ogAP) (1duAP) [1 AP t 1d ] AP t σ σ σ d σ µ µ µ µ µ µ HP L] HP L] I dette er det vel verdt å merkja seg at AP-grensetonen vert assosiert til alle dei moraene som kjem etter prominenstonen. medan stutte stavingar er monomoraiske (t. Prominenstonen HP nøyer seg med venstre enden av trykkstavinga.1. I alle fall er ein på god veg. er eintydig: Tonelag 1. 2000:116ff).3.3) tek utgangspunkt i at tonar må assosierast til anten stavingar eller moraer. jamvel om det finst fleire stavingar til høgre som APgrensetonen legg seg på i tillegg.1. slik ho må vera for å initiera ein ordaksent. Om me for figurane (3. Etter gjengse analysar er lange stavingar bimoraiske i norsk.1 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 1 Det me ser i desse tre figurane.4). Kristoffersen 1992:43.1.

2) er attgjeven her som (3. Figur (2.5). og då med tillegg av ein firkant (teikna inn av meg) rundt AP-en standig om intona.3.1. fonetisk transisjon mellom dei to tonane.3 Assosiering Nilsen har granska.1) og (3.1. Denne er gjenteken her for oversynet si skuld som (3.2) i delkapittel 2. og den austnorske APgrensetonen H] heilt til høgre.1.1.3. Området imellom er ikkje assosiert til nokon tone. tidlegare attgjeven som (2.og grensetone som i sunnmørsk har ein i søraustnorsk eit område med ein gradvis. I AP-en standig om intona er den austnorske prominenstonen LP å finna heilt til venstre.1. Sjå til samanlikning (2. henta frå Nilsen (1992:24).6) gjev eg att Nilsens analyse av toneassosieringa.5) Nilsen (1992:24) med tillegg av markering: (((2thorsteinAP) (2snakker be-AP) (1standig om intona-AP) (1SJONAP)IP)IU) L% (3. Eit døme er ytringa (((2thorsteinAP) (2snakker be-AP) (1standig om intona-AP) (1SJONAP)IP)IU) L% som er attgjeven i figur (2.1.1.1. (3.6) Nilsen (1992:66) 108 .7). som med sine mange stavingar viser endå tydelegare enn (3.1.3. og i staden for ein heller brå overgang mellom prominens. I (3.3) i delkapittel 2.9).2) korleis den låge APgrensetonen på sunnmørsk vert assosiert til heile området etter prominenstonen: (((1mannen låg påAP) (1RYGGEN nedi løaAP)IP)IU) L%.1.1.

utan å krevja noko meir enn éin mora (i trykkstavinga ved tonelag 1. er det aktuelt å konkludera med at den toneberande eininga i sunnmørsk er mora.4).1). er ein F0-kontur med spektrogram der eg må ha mistolka spektrogrammet. Når prominenstonen i sunnmørsk ikkje vil assosiera seg til meir enn éin mora.7) [1m l p 1r ned lø d ] m l p r  ne d l ø d I Abrahamsen (1998a:26.3.2 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 2 Lat oss sjå ein gong til på figur (2. Jamvel om 109 . og som òg har fire og seks stavingar i AP-ane.3.2. prominenstonen HP legg seg deretter på den andre stavinga. som har to AP-ar med tonelag 2. artikkelen vart skriven i 1996) opplyste eg om at sekvensen HPL] i tonelag 1-AP-ar på sunnmørsk kunne realiserast med HP på den trykktunge fyrstestavinga og L] på resten (i tillegg til HPL] allereie i fyrstestavinga). Dette var henta frå ei semesteroppgåve eg skreiv i 1995. 3. Her ser me det tydeleg korleis den leksikalske tonen Llex legg seg på den fyrste stavinga i AP-en. Det einaste eg kan finna i den nemnde semesteroppgåva som kan underbyggja at HP skulle kunna ha heile den bimoraiske fyrstestavinga for seg sjølv.1.2 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 2 (3. I høgtonedialekten bergensk er stoda annleis enn i høgtonedialekten sunnmørsk. der berre den fyrste moraen vert okkupert av noko anna enn L]). men eg kan i dag ikkje sjå anna enn at eg på den tida bygde på ein dårleg analyse. før AP-grensetonen L] legg seg på resten av stavingane. Lorentz (1995) rapporterer at i bergensk vil HP assosiera seg til heile trykkstavinga. For dette talar òg at også AP-grensetonen legg seg på alle dei ledige moraene etter prominenstonen. her attgjeven som (3.

1 Dersom prominenstonen klarer seg med éin mora. (3. der prominenstonen har landa.3 straks. I andre AP-en. 2I delkapittel 5.2.2 1Ein morabasert analyse av dette finn ein i delkapittel 3. blodmat i. Llex ligg på heile fyrstestavinga. I (3.2. Grunnen til at tonane ser ut til å assosiera seg til stavingar her. Her i (3. og dermed har ho hatt plass berre til HP.1) (((2jenta låg påAP) (2MAGEN nedi løaAP)IP)IU) L% [2jæn t l p 2m j ned lø d ] j æn t l p m j ne d l ø d I førre delkapittel såg me for tonelag 1 sin del at prominenstonen HP okkuperte berre éin mora. i motsetnad til i fyrste AP-en. 110 .2) har me denne ytringa: (((2 dama vil haAP ) (2 blodmat iAP ) (1DAGAP))) L%. Lat oss difor sjå kva som skjer når andrestavinga vert bimoraisk. I alle dei sunnmørske døma med tonelag 2 til no har andrestavinga. Og me ser at slik er det i den figuren. vore monomoraisk. skulle me få eit fall HPL] allereie inne i den andre stavinga. ligg i datagrunnlaget. har me to moraer i både den fyrste og den andre stavinga.1) ser me at HP okkuperer ei heil staving.3 vil validiteten til døma med blodmat verta drøft. og at L] fyrst kjem på stavinga deretter igjen.2. Dette var òg det som vart rapportert om i Abrahamsen (1998a). dama vil ha. kan han altså sjølv assosierast til ei anna staving enn sjølve trykkstavinga.3 Assosiering prominenstonen definerer trykket som primærtrykk. slik at ein kunne ha HPL] på éi staving.

I (3. I (3. Eit framlegg kan vera at når den bimoraiske stavinga mat står slik mellom to stavingar med primærtrykk.2). (3.2. kan det like gjerne skje at Llex HP begge kjem på den fyrste stavinga.2) (((2dama vil haAP) (2blodmat iAP) (1DAGAP)IP)IU) L% [2d m v h 2blu m t 1d ] d m v h b l u m t d Lat det òg for ordens skuld vera nemnt at når me har ein AP med berre to bimoraiske stavingar (og ikkje noko meir). attgjeven som (3.2.3) syner visseleg at vokalen i den andre 111 .3) ser me såleis nesten den same ytringa som i (3. har eg ikkje noko eintydig svar på.5).3. som om den andre stavinga skulle ha vore stutt. som blodmat.3) har me Llex og HP på fyrste stavinga i blodmat og L] på den andre stavinga. før den tredje AP-en kjem med ei ny primærtrykkstaving. slik at ein får (dobbelt opp av) det som i engelskspråkleg litteratur heiter «stress clash».2. men med berre to stavingar i andre AP-en.2 Prominenstonen og AP-grensetonen: data frå tonelag 2 (3.3) (((2dama vil haAP) (2blodmatAP) (1NOAP)IP)IU) L% [2d m v h 2blu m t 1nu ] d m  v   h b l u m t n u Kvifor dette skjer når ein har fire moraer til rådvelde.3.3. så vert den andre stavinga metrisk redusert. Figur (3.2.1) i neste delkapittel.2. som jenter i (2.2.

her attgjevne på nytt som (3.3. og det har framleis vore plass til både prominenstone HP og AP-grensetone L]. og vil helst verta handsama som trykklett staving. 3. Me såg at dersom det er tre eller fleire stavingar i AP-en (me vil vel no helst seia: fire eller fleire moraer).3 Assosiering stavinga i blodmat er stuttare enn vokalen i den fyrste stavinga.3.3.1) og (3.1) og (3.1) (((2JENTERAP)IP)IU) L% [2jæn t ] j (3. Døma var jenter og jentene. og den andre stavinga vil få L].2 var me inne på at sekvensen Llex HP L] kan realiserast med ulike toneassosieringar.3.2) var det nok stavingar og moraer til at den leksikalske Llex kunne få ei staving for seg sjølv.3.2.3 Den leksikalske tonen I (3.2) æ n t ] (((2JENTENEAP)IP)IU) L% [2jæn t j 112 æ n t . vil den fyrste stavinga få tonane LlexHP. (3. vil den fyrste tonen ha den fyrste stavinga for seg sjølv. alt etter kor mange stavingar som finst i AP-en. Er det to stavingar i AP-en (med til saman tre moraer.2.2). men han er framleis lengre enn vokalane i dei stutte stavingane i fyrste AP-en. For den metriske strukturen kan dette likevel vera nok: stavinga står imellom to trykkstavingar. I underkapittel 2. derav to i den fyrste stavinga).

Eg vil likevel vera varsam med å kalla dette eit reint fonetisk fenomen. Likevel ser me at når det er god plass i AP-en. inneheld denne formuleringa (s. Til jamføring med sunnmørsk kan nemnast at i den same fonologiske særstoda har Kristoffersen (2000:246) opphoping av tonar til høgre i sin austnorske varietet. 113 .3. medan dei to fyrste tonane vil samla seg på den fyrste stavinga (som er bimoraisk) dersom dei tre tonane berre har to stavingar å fordela seg på. For bergensk kunne nok spørsmålet ha vore det motsette. Instead we see that both constraints are active in the language. sidan det allereie er indikert av både prominenstone og AP-grensetone at det er mora som fungerer som primær TBU. For sunnmørsk vil det vera mindre aktuelt å rekna med ein slik vekslande TBU. Me har openbert å gjera med eit tilfelle av tonetrengsle både i sunnmørsk og i bergensk: tre tonar vil inn på ein plass som er litt for liten. er at me allereie har sett at TBU i sunnmørsk ser ut til å vera mora. i alle fall i eit generativt perspektiv. ein vestnorsk høgtonedialekt som i det heile i klassisk dialektologi vert sett på som heller lik sunnmørsk. Som fonetikk vil eg der rekna berre reint akustiske eller fysiologiske fenomen. føretrekkjer han å landa på begge moraene i trykkstavinga. som er optimalitetsteoretisk.2).3 Den leksikalske tonen Med tre moraer i AP-en må altså den leksikalske tonen dela staving med prominenstonen. Særleg ved systematiske vekslingar vil slike prosessar utvilsamt sortera under fonologi. Lorentz registrerer for bergensk. at i tonelag 2-AP-ar (Llex HP L]) med tre (eller fleire) stavingar vil det landa éin tone på kvar staving. Når sunnmørsk då vel ei tilsvarande opphoping til venstre. breaks down.3.1).a. men at mora kan fungera som TBU når det trengst. som eg òg har registrert for sunnmørsk. Analysen. and that the dominant constraint may be violated under duress.2) er dermed heller ikkje kvifor det er to tonar på fyrste stavinga i (3.3. 44): A strict classification into languages having syllables and languages having morae as TBU. og den leksikalske tonen dermed ikkje er under press. skjer dette m. må desse skilnadene koma av ulike implementasjonar i form av ulik fonologi. Lorentz (1995) ser på TBU i bergensk. på grunnlag av prosessane på vegen frå den underliggjande strukturen til overflateforma. Ein annan grunn til å vera varsam med å sjå på toneopphopinga som fonetikk. saman med artikulatoriske smådetaljar. men kvifor det berre er éin tone på fyrste stavinga i (3.1) og (3. Spørsmålet for vekslinga i assosiasjonen av Llex i (3. og ikkje av ulik fysiologi eller ulik akustikk.3. Ein viktig grunn til denne varsemda er at når noko skal manifesterast fonetisk.3. Lorentz konkluderer med at stavinga er den dominerande TBU i bergensk.

som vil svara til det som eg for sunnmørsk har kalla AP-grensetone. Memorial University of Newfoundland. 2 og 3. Ein kunne då seia at Llex har stavinga som TBU. Og når resten av materialet lèt seg analysera med mora som TBU.3. og personleg kommunikasjon med dr. alt innanfor den fyrste stavinga. broken tone Tonelag 1.3.3. Ein mogeleg parallell til den sunnmørske situasjonen finn me nemleg i standardlatvisk. 114 . Dette er mi private nummerering. men vil heller sjå om ikkje det kan lata seg gjera å analysera også Llex ut ifrå at TBU er mora.1.1 og 3.1 Ein mogeleg parallell i latvisk Med primærtrykk på bimoraiske stavingar (lang vokal. data frå ein latvisk informant. 3. medan den andre stavinga får ein L. vert gjerne skildra som ein HLsekvens med stød (glottal lukkelyd) inni. Denne L i latvisk vert elles assosiert til alt fram til neste primærtrykk. vil eg vera skeptisk til å innføra staving som TBU attpå. 3.1 Desse tre «tonelaga» kan me her enkelt kalla tonelag 1. level tone 2. Aleksandra Steinbergs. Ein slik analyse vil eg presentera i underkapittel 3. eller stutt vokal + sonorant) har standard-latvisk tre tonale måtar å framheva trykket på. kr¥to‰Ç intonÇcija. ‘gras’.3. ved ord som liela ‘stor’ f.3 Assosiering Den sunnmørske vekslinga kunne sjølvsagt indikera at ulike tonale einingar er spesifiserte for ulike primære TBU-ar. Tonelag 3. ved ord som diena f.2. fonetiske observasjonar i Ekblom (1933).. 1Denne omtalen av «tonelaga» i standard-latvisk byggjer på dei sparsame opplysningane i Lasmane (1981:16). Dette er likevel problematisk når ein ikkje er i stand til å finna parallelle ovringar i andre språk. Tonelag 2. har ein høg tone på heile den fyrste stavinga. ‘dag’. men at ein ved Llex kan oppleva ei toneopphoping som i bergensk dersom det vert trongt om plassen. I latvisk og engelskspråkleg litteratur vil dei tre ofte verta omtala slik: 1. ved ord som zÇle f. framstellinga i Kari¿‰ (1996). lauztÇ intonÇcija. at resten har moraen som TBU. falling tone 3. med L etterpå. berre til reint praktisk bruk akkurat her i dette underkapittelet. stieptÇ intonÇcija. har ein fallande tone på den fyrste stavinga.

Stutt sagt seier han dette (særleg s. Eg vil likevel ikkje på grunnlag av dette isolerte dømet overprøva Kari¿‰ (1996) eller andre med morsmålskompetanse og spesifikk fagkompetanse i latvisk.3) Latvisk: [2d n 1l ala] d n l a l a Ver merksam på at den tilsynelatande lågtonen heilt til venstre er ein effekt frå den initiale [d]. 115 . det tonale mønsteret er teke vare på). er latvisk tonelag 1 og 2. analyserer som ulikt assosieringspunkt for den metriske høgtonen. Ordstillinga i døma er identisk med ordstillinga i den norske omsetjinga: ir tyder ‘er’. 2R¥ga-dialekten ligg nær standardlatvisk. Det som ortografisk vert skrive ‹ie› i latvisk. det andre er «tonelag 1» i liela. busett i Noreg. Me ser her det som allereie er omtala: Ved det fyrste primærtrykket kjem det ein HL-kontur allereie på den fyrste stavinga. 140ff): L til høgre er ein intonasjonell frasetone. medan resten av tonane eintydig hadde mora som TBU. Det fyrste er «tonelag 2» på dien’ ir (-a i diena vart elidert framfor vokalen i det trykklette verbet etterpå.3 ved det andre primærtrykket held H seg ut den fyrste stavinga.3. I figuren har eg sett ein lang. 1Latvisk bøyer ikkje substantiv i definitet. Det er to primærtrykk i ytringa. dvs.1 Materialet er uttala av ei kvinne frå R¥ga2.3.3) ser me kurva til ytringa diena ir liela ‘dagen er stor’.3 Den leksikalske tonen Det som er viktig for oss. som me straks skal sjå. (3. og tek med denne figuren berre som ein illustrasjon på det som Kari¿‰. nemleg fonetisk interpolasjon frå H i den fyrste stavinga til ein L i den andre stavinga. Kari¿‰ (1996) analyserer det ikkje slik. loddbein strek framfor det andre primærtrykket. (3. det fonologiske tonale materialet kjem ikkje før i vokalen. svarar til ein diftong i området mellom [ ] og [ a]. fødd 1957. I fig. og L kjem ikkje før i andre stavinga. Primærtrykk vert i latvisk markert med ein metrisk frasetone H. men har ikkje det tredje tonelaget. 3Denne konkrete konturen innbyd til ei alternativ tolking.3. Dette ser ut til å vera ein parallell til det sunnmørske tilfellet der den leksikalske tonen såg ut til å vilja ha ei heil staving som TBU. ein tone på line med L] i sunnmørsk.

og den metriske tonen H assosierer seg dermed til den høgre moraen i trykkstavinga. om det kjem ein leksikalsk tone til venstre for han.2 Ein optimalitetsteoretisk analyse Overfører me den latviske analysen til sunnmørsk. Det som skil tonelaga frå kvarandre i latvisk. Det viktige for oss er at jamvel om H i diena ser ut til å liggja til venstre i den fyrste stavinga (som om TBU skulle vera mora). 3. Denne metriske H er der i latvisk også om trykkstavinga er monomoraisk og ikkje kan skilja mellom ulike tonelag. LH på andre mora.3. «Nivåtonelaget» (som i liela ‘stor’) har ikkje nokon leksikalsk tone. Den metriske prominenstonen HP vil (i tonelag 1. utan å postulera ulike TBU-ar for ulike tonar. TBU i latvisk er mora. Resultatet er ein HLkontur på fyrste stavinga. så lèt det seg i staden gjera å analysera skilnaden som ein skilnad i assosieringspunkt. og deretter frasetonen L.3. I «det fallande tonelaget» (som i diena ‘dag’) finst det ein leksikalsk tone L på den høgre moraen i trykkstavinga. «Stød»-aspektet kjem inn som eit utslag av L i leksikalsk LH. I «det brotne tonelaget» (som i zÇle ‘gras’) er den leksikalske tonen LH. slik me prøvde oss på i innleiinga til delkapittel 3. Ein skilnad mellom sunnmørsk og 116 . medan H i liela ser ut til å liggja på heile den fyrste stavinga (som om TBU skulle vera staving). kan me seia at den leksikalske tonen Llex i sunnmørsk assosierer seg til den høgre moraen i trykkstavinga. når det ikkje er nokon leksikalsk tone til stades) assosiera seg heilt til venstre i trykkstavinga.3 Assosiering som etter mi forståing speler ei metrisk rolle som kan jamførast med rolla til HP på sunnmørsk. er etter den optimalitetsteoretiske analysen til Kari¿‰ dette (s. som då er den moraen lengst til høgre (rightmost) som er ledig. medan H i leksikalsk LH òg gjer at ord med dette tonelaget alltid stig litt i tonen før eit fall til slutt. Den underliggjande sekvensen vert då metrisk H på fyrste mora. fordi MAX-T er høgre rangert. (OCP slår ikkje saman denne leksikalske tonen med den låge frasetonen. I praksis vert heile stavinga då høg eller noko stigande. Dette gjer det aktuelt å prøva ein liknande analyse for sunnmørsk. 141): «RIGHTMOST: Free tones (non-lexical) attach to the rightmost free tone bearing unit». men kan nøya seg med venstre mora om det er dårleg med plass i AP-en. men kan flytta på seg til høgre mora eller jamvel til neste staving.) Dermed vert den metriske tonen H pressa til den venstre moraen.

Analysen med leksikalsk tone på andre mora og spreiing til fyrste mora er dermed fyrst og fremst ein analyse som unngår å innføra ulike TBU-ar for ulike tonale einingar. sidan det ikkje finst noka tonal veksling som eintydig indikerer noko slikt. Ei ulempe med analysen er at det er umogeleg å påvisa fonetisk eller fonologisk eintydig at den leksikalske tonen faktisk er primært assosiert til høgre mora og spreier seg til venstre. t. i sunnmørsk er det motsett. Tlex). ALIGN-føringsskjema skal lina opp einingar som ikkje alltid er universelle. som òg må skilja mellom leksikalske og intonasjonelle tonar i OT-analysen sin.3. og eg vil ikkje utdjupa grunnlaget for slike analysar meir enn eg allereie har gjort.d. Eg vel difor å sjå nærare på desse toneassosieringane i eit optimalitetsteoretisk perspektiv. Eg reknar med at lesarane er kjende med OT. Sagt med andre ord er dette den mest konsistente analysen. Ein kan elles lesa t.5 at AP-grensetonen oppfører seg: han assosierer seg primært til høgre. og at dette siste likevel kan overstyrast av lengda på AP-en utan at det vert ugrammatisk.d. Kager (2001) og McCarthy (2002). ALIGN) som eg skal bruka. vil fyrst og fremst vera slike føringar som er kjende frå før. og er fullt i samsvar med Kari¿‰ (1996).d.3 Den leksikalske tonen latvisk er forresten rekkjefylgda på tonane: I latvisk kjem den metriske tonen alltid før den leksikalske. og vil verta kommentert der og då. Ein viss bruk av ad hoc-føringar vil koma føre. Ein føremon med ein slik analyse for sunnmørsk er at den leksikalske tonen oppfører seg slik som me skal sjå i delkapittel 3. så har me ein situasjon som ikkje berre kan sjåast nærare på i ein OT-analyse. Føringane og føringsskjemaa (t. og oppgåva til OT-analysen vil då vera å rangera føringane. Me har òg ein situasjon av det slaget som motiverer optimalitetsteoretiske analysar i utgangspunktet: Ulike føringar kan gjerne stå i konflikt med kvarandre. slik at det vert klart kva for ei føring som skal overhaldast dersom føringane kjem i konflikt. og som har den bonuseffekten at spreiingsprosessar alltid skjer mot venstre. At ulike tonale einingar vert lina opp på motsette kantar av trykkstavinga. men sjølvsagt med språkspesifikt innhald (sidan t. og spreier seg deretter mot venstre (for å seia det på ein autosegmental måte). at Tlex vil assosiera seg til andre moraen i trykkstavinga. Dersom me tek utgangspunkt i at sunnmørsk har mora som toneberande eining. 117 .d. er elles ikkje nokon revolusjon.

På den måten ville både Tlex få koma til høgre i trykkstavinga.3. og HP ville få koma så langt mot venstre som det er mogeleg.3 Assosiering For sunnmørsk kan me i fyrste omgang spesifisera desse føringane:1 A L I G N(Tl e x. Lt) (TP.3 Alle tonar skal assosierast. Llex HP L] µµ. A LIGN (TP . Rt) * Ein kunne sjølvsagt tenkja seg ein tredje utputt: HP + Llex + L]. b. så langt til venstre i det tonale domenet som han sorterer under. (3. t. jf. Lt) (Tlex.Rt): A LIGN (Tl e x. og vil framover heller ikkje spesifisera denne rangeringa. ' .L… LH. 1Yip (2002) inneheld truleg mykje som ville ha vore relevant for mine analysar.L… ALIGN ALIGN ASSOC (T) ALIGN (Tlex.4) Mangestava tonelag 2-AP i isolasjon. og ei Alignføring som ikkje er spesifisert for dette. og framleis utan at noka av føringane vert brotne. vil det vera naturleg å analysera det slik at Tlex oppfører seg som eit tonalt prefiks. og eg må taka det atterhaldet at eg kunne ha analysert mangt annleis i kapittel 3 og 4 dersom eg hadde lese Yip fyrst. men taka henne for gjeven der det trengst. Lt) over ALIGN (TP.µ.H. AP. Lt): A SSOC (T): Med den noko underspesifiserte ALIGN (TP. 3Dvs. 2Gussenhoven (2000:153) formaliserer spreiing ved å bruka ein tilsvarande kombinasjon av ei Align-føring som er spesifisert for samanfall mellom to konstituentgrenser. Saman med førre føring vil dette seia at Tlex spreier seg mot venstre når Tlex er lina opp med høgrekanten av trykkstavinga. 118 . Lt): For kvar Tlex skal denne falla saman med høgrekanten til ei primærtrykkstaving. Eg skal ikkje gå djupare i det enn dette.d.µ… a. jamvel i trykkstavinga. (3.2 For kvar TP skal denne koma så langt til venstre som mogeleg. L. For kvar Tlex skal denne koma så langt til venstre som mogeleg.3. ved å rangera ALIGN (Tlex. Diverre vart eg ikkje merksam på boka før like før denne avhandlinga skulle leverast. Lt) er det mindre viktig å lata TP landa på sjølve trykkstavinga enn å lata Tlex få høgrekanten av trykkstavinga.4). Lt). dvs. Når dette ikkje skjer. ' .

med nivåtone på den fyrste stavinga. M A X (contour) er ei formalisering av den andre delen av OCPfunksjonaliseringa.H L. vert sletta.1.3.3.1) var det ikkje slik. og den trimoraiske tonelag 2-AP-en fekk konturtone på fyrste stavinga.5): (3. I underkapittel 4. Føringa MAX (contour) vert dermed broten dersom ein tone som står ved sida av ein motsett tone. til fordel for eit føringspar som gjeld forholdet mellom trykkstavingar og den tonale sekvensen HL. Llex HP L] a. For det andre kan ein unngå å sletta (eller setja inn) noko dersom ei slik sletting (eller innsetjing) vil føra til brot mot OCP. b. tre eller fleire stavingar). (3.1 vil MAX (contour) verta kjend mindre relevant for analysen. som igjen vil vera høgre rangert enn den fyrste delen av OCP-funksjonaliseringa.3. 119 . Eit alternativ til MAX (contour)-analysane i delkapittel 3.L L.3 Den leksikalske tonen I dette tablået. For tonelag 2-AP-ar med tre moraer vil me då få dette tablået (3.1.H MAX ALIGN (contour) (Tlex.3. Denne MAX -føringa er ei OCP-motivert føring som skal taka vare på kontrastar som ligg føre i innputt. Her hjå meg har føringa rolle som ei ad hoc-føring. Ei funksjonalisering av OCP er logisk sett todelt: For det fyrste kan ein setja inn (epentese) eller fjerna noko (elisjon) for å stetta OCP der innputt sjølv ikkje stettar OCP. og vil vera høgre rangert enn MAX (T).2. I (3. Lt) ASSOC ALIGN (T) (Tlex. Det er openbert at det trengst endå ei føring dersom ein skal skildra denne vekslinga mellom nivåtone og konturtone. Rt) * * * Merk at føringa MAX (contour) er mellombels.4). Ei slik føring kan vera denne: M AX (contour): Ikkje slett ein tone som berre har motsette nabotonar. Lt) ALIGN (TP.3 og 3. ' . og bortsett frå referansen til OCP har eg ikkje grunnlag for å seia at ho skal vera universell.5) Trimoraisk/disyllabisk tonelag 2-AP i isolasjon. LH. c.4 vert skissert heilt på slutten av underkapittel 4.2. har me ein mangestava tonelag 2-AP i isolasjon (fire eller fleire moraer.

resten er identisk med (3.2) er den andre AP-en ein tonelag 1-AP.4. ser me at den låge tonen til venstre held seg låg gjennom heile [ø ].4. [le ]. (3.1).1).4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for APgrensetonen Til no har me sett døme på mangestava tonelag 2-AP-ar. Samanlikn no den fyrste AP-en i (3. den ustemde plosiven (jamvel delar av nasalen er ustemd). trimoraiske AP-ar der den leksikalske tonen ser ut til å okkupera heile den fyrste stavinga.4. I tredje AP-en.1) (((2grøneAP) (2jenterAP) (2LEVERAP)IP)IU) L% [2 ø n 2jæn t 2le v ] ø n j æ n t l e v I den fyrste AP-en. bortsett frå ei stiging mot slutten. manglar delar av F0-kurva pga. som i (3.3 Assosiering 3. 2lever. 120 .4.1) med den fyrste AP-en i (3. og den fyrste stavinga. hyser openbert begge dei to fyrste tonane. I den siste typen såg me at den leksikalske tonen deler staving med prominenstonen når AP-en har berre tre moraer til rådvelde. I andre AP-en. slik at den fyrste stavinga får sekvensen LlexH P . og den andre stavinga får tonen L]. er døme på tostava. Her òg fell kurva utan å nå L før inne i fyrste stavinga i neste AP igjen. ein tendens til å skje i ein trimoraisk tonelag 2-AP som står framfor ein annan tonelag 2-AP.4. mot den HP som kjem i andrestavinga [n ] (i tillegg kjem det noko mikroprosodisk rusk heilt til venstre i AP-en). kjem HP-punktet mykje lenger til venstre enn i dei to fyrste AP-ane. Dette har m. I andrestavinga fell deretter kurva. 2grøne.a. LlexHP. men også her ser me at HP er plassert i den andre stavinga.2). I (3. men når ikkje lågpunktet før inne i fyrstestavinga i andre AP. 2 jenter. og me har sett døme på isolerte tostava tonelag 2-AP-ar.4. Det neste me skal sjå på.

4. (3.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen I (3.2) ser me ser at HP i den fyrste AP-en kjem tidlegare enn i (3. er det likevel fullt mogeleg å få konturtone på den fyrste stavinga. Ytringa er henta frå kommunestyremøtet i Herøy 18.12. 121 .1) hadde openbert éin tone på den fyrste stavinga. der ein svært engasjert representant1 (mann frå Herøy.1). fødd 1943) sa: Og då… får du no sjå på om der er andre tomter som er betre eigna.2) (((2grøneAP) (1dådyrAP) (2LEVERAP)IP)IU) L% [2 ø n 1do d y 2le v ] ø n d o d y  l e v Men om dette er det vanlege i denne situasjonen. kombinert med knirkestemme like framføre. sjølv om det kjem ein tonelag 2-AP etterpå. Den fyrste AP-en i (3.4.4. 2Ytringa ser forresten ut til å slutta på med ein IU-grensetone H%. men dette er feil. og utsette HP til andre stavinga. Den prosodiske strukturen er: (og ((1då… får du noAP) (1sjåAP) (1på om der erAP) (2andreAP) (2tomter som erAP) (2BETRE eignaAP)IP)IU) L% Sidan ytringa er så lang. som i fig.2 1Det er mogeleg at det nettopp er det sterke engasjementet som har ført til konturtonen. (3. sjølv om det kjem ein tonelag 2-AP etterpå. som ikkje er anna enn eit akustisk utslag av den glottale lukkelyden.4. har LlexHP på fyrste stavinga. andre.4. Sjølv dei to siste AP-ane. som begge har tre eller fleire stavingar. Merk òg det markerte søkket fremst i AP-en andre. Den tredje AP-en i figuren. tek eg med i figuren berre den siste delen: sjå på om der er andre tomter som er betre eigna.3.3).1997.4. har i dette tilfellet LlexHP på fyrste stavinga. og at me har å gjera med den rolla som intonasjonen speler som stemningsindikator og formidlar av den haldninga som sendaren har til det proposisjonelle innhaldet i ytringa. Det vesle søkket i konturen heilt til høgre er knirkestemme på dei to siste stavingane.2) har to tonar på den fyrste stavinga. den tilsvarande AP-en i (3.

4) er eit utdrag frå ytringa heilt inne på Leikong.4. same kor lang eller stutt AP-en er.4)1. der han må få assosiert Llex til heile den fyrste stavinga. markerer eg ny staving her etter det segmentet.4.4) nd  r  t u m t su bæ r  n (((1heiltAP) (2inne påAP) (2leikong vissAP)… h æ l t p l æ k u v s I tillegg til at Llex i ein trimoraisk tonelag 2-AP som oftast (men ikkje alltid.3) (1sjåAP) (1på om der erAP) (2andreAP) (2tomter som erAP) (2BETR’ eignaAP)IP)IU) L% j o p o u mdæ re (3. Dette er når tonelag 2-AP-en 1For ordens skuld: Stavingsgrensa skulle etter gjengs formalisme helst ha vorte markert inne i den palatale nasalen i andre AP. viss dét skulle vere noko (((1heiltAP) (2inne påAP) (2leikong vissAP) (1DET skulle vere nokoAP)IP)IU) L%. som me no har sett) vert assosiert til heile den fyrste stavinga når neste AP er ein tonelag 2-AP.4. 122 . og same kva som måtte koma etterpå. som har LlexH P på fyrste stavinga. finst det ein posisjon som ein tonelag 2-AP kan stå i.3 Assosiering Denne personen produserte òg ytringar der prominenstonen venta til den andre stavinga. den trestava AP-en inne på i (3. i motsetnad til AP-en Leikong viss. jf. men sidan eg har basert meg på segmentgrenser. (3. (3.4.

6) n j æ n t l e v dæ r (((2GRØNEAP)IP) ((2jenterAP) (1leserAP) (1DERAP)IP)IU) H% ø (3. uavhengig av kva som kjem i tredje AP.3.4.1 Døme er (3. og med den leksikalske tonen assosiert til heile den fyrste stavinga der.4.5) og (3.4.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen er plassert som fyrste AP etter ein fokal AP. 123 .6). med andre AP rett etter ein fokal AP.4.5) (((2GRØNEAP)IP) ((2jenterAP) (2leverAP) (1DERAP)IP)IU) H% rø (3. (3.7) n j æn t l e s dæ r (dei ((2GRØNEAP)IP) ((2jenteneAP) (1leserAP) (1DERAP)IP)IU) H% d æ rø n j æn t l e s dæ r 1Endå ein situasjon der den leksikalske tonen som oftast eller alltid okkuperer heile den fyrste stavinga. er ved manglande neddrift.4.

d. Me ser at dette ikkje er tilfellet. Dette er spesielt tydeleg i andre AP-en. i motsetnad til den ikkje-fokale andre AP-en. Dette ville likevel ikkje vera noko anna enn ein fonetisk måte å skildra det på. før me kjem til ein noko lågare høgton i tredje AP-en. etter mønster frå t. no i (3.4.5).6) er ein tonelag 1-AP (HPL]. må det tyda at det ikkje finst nokon L] frå andre AP-en som er assosiert til noko. Det einaste tonale materialet me har tilgjengeleg der knekken kjem.4.4. og ikkje berre eit fall. skulle me venta eit slikt søkk der òg.4. ingen Llex fyrst). At konturen går så langt ned som han trass alt gjer til høgre i fyrste AP.7). I (3. der den andre AP-en er på fire moraer og ikkje gjer det trongt om plassen for tonane.6) dermed berre har tonane LlexHP. Likevel må han openbert vera til stades. men ho rekk å vera på god veg dit. Sidan det ikkje finst noko slikt søkk mellom høgtonane i andre og tredje AP-en i (3.4. som i (3. det som ein i fonologien kallar ein flytande tone som påverkar ein grannetone.4.8). 124 . vert markert ved at L] vert spesielt låg.4.4. deretter kjem ein knekk i konturen. og me har ein flytande L]. slik det er skissert i (3.4.5).4. tonetrengsle.1 Den flytande tonen er markert med ein sirkel rundt seg. men markerer høgtonen i tredje AP-en undervegs. 1Ein alternativ analyse kunne vera at knekken er ein realisasjon av ein L] som er pressa av tonetrengsle. GRØNE. Den tredje AP-en i (3.a.6) på noko vis var assosiert til noko. Me såg i kap. Me kan no samanlikna desse AP-ane med dei tilsvarande AP-ane i (3. der tredje AP er ein tonelag 2-AP (byrjar dermed på ein Llex). at L] i dei to fyrste AP-ane ikkje vert realisert på venstre side av AP-grensa. Me ser då òg at konturen flatar seg ut i tredje AP-en der HP er assosiert til fyrste moraen. og der den flytande tonen er flytande nettopp pga. skulle me i utgangspunktet venta at grenseområdet mellom dei to AP-ane heldt seg fonetisk like høgt. kan koma av at denne AP-en er fokal. I den same (3.3 Assosiering Nok ein gong ser me. og tredje AP-en har tonane HPL]. må me konkludera med at knekken i konturen mellom dei to høgtonane er ein overgang mellom to ulikt høge høgtonar. Med grunnlag i at ein assosiert L] imellom dei ville ha ført til eit søkk i konturen. konturen fer ikkje rakt ned frå HP i andre AP-en (som er LlexHP) til L] i tredje AP-en (som er HPL]). Høgtonen i andre AP-en er høgst.6). Om L] i den andre AP-en i (3. slik som her. som altså ikkje er assosiert. Goldsmith (1990).5).5) når tonekurva framleis ikkje botnen innanfor grensene til fyrste AP-en. og slik som i (3. er L] frå andre AP-en. ser me elles at det som venta finst ein L der som skaper eit søkk mellom dei to HP-tonane i andre og tredje AP. Dersom andre AP-en i (3. 2 at fokalitet m.4.6).

4. I (3.4.2) at neddrift er noko som må relaterast til fonologien. der den fyrste AP-en var på heile fire stavingar. eit ikkje- fonologisk og «gradual fall in the tone baseline» (Roca 1994:264). og låg på begge dei to siste stavingane. som må kunna føra til at to høgtonar ved sida av kvarandre har ulik fonetisk høgd. som ikkje kan tilskrivast noko «gradual fall in the tone baseline».6).2) var det berre to stavingar (med tre moraer) i den fyrste AP-en. og L] var altså til stades i AP-en.1) og (3. og me fekk konturtone på den fyrste stavinga.1).2.4.4.3. og landa no på den siste stavinga i AP-en. medan han 1Med utgangspunkt i drøftinga i delkapittel 2.2). 125 . Men slik er det ikkje. til liks med figur (3. skulle ha vore fonetisk like høge. I (3.1): I eit døme som (3. som elles er kjent frå ei rekkje andre språk: To H-tonar som står ved sida av kvarandre.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen (3.8) Autosegmental analyse av (3. var det god plass til alle dei tre tonane Llex HP L].4.4. og desse har den same fonetiske tonehøgda.4. Framleis var L] til stades. og me skulle ha venta konturtone på fyrste stavinga.4 kan ein òg nemna deklinasjon.5.1) er den fyrste AP-en identisk med den fyrste AP-en i (3.4. og i alle tilfelle er det ein tydeleg knekk mellom dei to relevante høgtonane i (3.6). For sunnmørsk har me likevel sett (delkapittel 2. I kapittel 4 skal me elles sjå både døme på og drøfting av ulike H-tonar som står ved sida av kvarandre. AP AP jæn σ t σ le σ s σ µ µ µ µ µ µ Llex H P L] HP L] Dermed har me har eit sunnmørsk døme på nedsteg (downstep på engelsk).4. Det einaste som er ulikt for den fyrste AP-en i (3.2) er at i (3.4. men ein flytande L imellom dei gjer at H-tonen til høgre vert realisert noko lenger nede enn H-tonen til venstre.4.1) grensar AP-en til ein tonelag 2-AP.1 Eit openbert spørsmål er kva som skjer med AP-grensetonen L] i dei to fyrste AP-ane i (3.2).

og då kunne me ha analysert (3.6). c.4. 'σ.9) og (3.9) Trimoraisk/disyllabisk tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 1 (initial H) Llex HP L] + H a.2). I tillegg til å peika ut vinnaren har eg for (3.1 (3.4. noko som gjev betre plass til Llex. Rt) * * * MAX (T) 1Det er ikkje umogeleg at ein bør operera med ei spesifisert føring à la MAX (T]).3 Assosiering grensar til ein tonelag 1-AP i (3. 126 . slik me ser ut til å ha evidens for i vekslinga mellom (3. men i desse døma gjer eg det enkelt. LH.4. Dersom det er L] som er i stand til å pressa Llex. Det som skjer. Lt). Om me framleis tek utgangspunkt i optimalitetsteori. er altså at ein trimoraisk tonelag 2-AP vekslar mellom dei to assosieringsstrategiane for den leksikalske tonen (Llex på heile den fyrste stavinga vs.4. Det problematiske i dette er at me på den eine sida seier at L] er i stand til å pressa Llex. som har konsekvensar for kva som skjer med L].1) slik at L] i dei to fyrste AP-ane er flytande.4.1) og (3.6). Lt) eller ALIGN (Tlex. sidan desse alltid vert overhaldne.4.4. som har konekvensar for kva som skjer med Llex.1). Dette kunne me ha venta dersom me ikkje hadde fått dissosiering av L] i (3.4.4. Denne motsetnaden treng ikkje vera problematisk. For samanhengen si skuld tek eg i staden med denne føringa: M AX (T): Alle tonar frå innputt skal finnast i utputt. og ikkje er viktige for denne analysen.4. der det er det som skjer med Llex.L L.2) at L] slett ikkje treng å verta pressa bort. Men dette er den motsette analysen av den me har i (3. b.10) markert den nest beste kandidaten også. Problemet med dette er: Ein slik analyse av (3.4. Me ser jo i (3. og me kan førestella oss ein samverknad mellom dei definerte føringane som i tablåa i (3.10).4.4.H +H +H +H MAX (contour) ASSOC ALIGN (T) (Tlex. så skulle me ikkje ha venta at Llex hadde pressa L] i (3. men på den andre sida seier me at det er Llex som er i stand til å pressa L]. Merk at eg ikkje har teke med ALIGN (TP.6).1) seier at det er det som skjer med L]. har me her berre eit døme på ein konflikt som motiverer slike analysar. på berre den fyrste moraen) alt etter kva slags tonelag som kjem i den etterfylgjande AP-en.H L.

Rt) alltid overhalden. sa den autosegmentale analysen i (3. Når ein slik AP kjem framfor ein tonelag 1-AP. sidan det er denne grensa som skil mellom vinnaren og den nest beste kandidaten. I alle fall.4.4. (3.6). Rt) alltid vert overhalden i slike situasjonar.4. med brot mot MAX (T). 127 . Når eg ikkje har lagt inn noka føring som tvingar fram ei slik samanslåing av identiske nabotonar. Eg har ikkje noko klart svar på kvifor. Rt) av uutforska grunnar alltid vert overhalden. det at ALIGN (Tlex. 'σ. Rett etter ein fokal AP vert ALIGN (Tlex. som i (3. Rt) » MAX (T). I kapittel 4 skal me i tråd med dette sjå nærare på korleis grannetonar med same polaritet ikkje vert fusjonerte. Dette kan gjerne vera eit utslag av OCP. noko som kan sameinast med MAX (contour). Dette er slik kommunestyrerepresentanten uttala AP-en andre i (3. Sidan ALIGN (Tlex.10) Trimoraisk/disyllabisk tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 2 (initial L) Llex HP L] + L a.4. kjem det av at det finst evidens for at MAX (T) er høgre rangert enn ei eventuell slik samanslåingsføring i sunnmørsk.d.L L.10) er a. I tablået i (3.H L.10).H +L +L +L MAX (contour) ASSOC ALIGN (T) (Tlex.4. Det er verdt å merkja seg at den nest beste kandidaten i (3.4. men vonar at framtidig forsking kan seia noko om det. har sine konsekvensar for L]. er det ikkje berre ei dissosiering av av L] som er inne i biletet her. Rt) * * * MAX (T) Som me ser i (3. men i staden tek utgangspunkt i ein lågt rangert MAX (T).4.3. med konturtone på fyrste stavinga. 'σ.4 Tonelag 2-AP-ar med tre moraer: konsekvensar for AP-grensetonen (3. 'σ. og me kan med godt samvit trekkja ei heil line mellom dei. 'σ. c.4. b. I (3. med ei samanslåing av L] i den fyrste AP-en med Llex i den andre AP-en. LH. men rett og slett ei stryking av L].10) ser me at ALIGN (Tlex.9a)). tek eg med berre utputtar med L på heile den fyrste stavinga (og ikkje utputtar med konturtonar som t.3).4.11) ser me nettopp dette. 'σ.8) at L] vert flytande.

Llex HP L] + H a. Dei andre rangeringane er etablerte frå før. Rt) » MAX (T). sidan eit eventuelt nedsteg ved utputt a ikkje ville ha late seg kontrollera.4. Rt) * * MAX (T) (3.4.12). har me då òg sett på at me får nedsteg i slike tilfelle. 1Terminologisk merknad: Postfokal tyder her ‘som står like etter ein fokal AP’.6) og (3.12) Postfokal. ettersom neste assosierte tone likevel er L.11) viser oss at MAX (contour) » ASSOC (T).3 Assosiering (3. L. Llex HP L] + L a. Dette bryt mot den høgt rangerte MAX (contour). 'σ.4. 128 . At L] faktisk er flytande. Vinnaren er utputt a.8). Det me har sett her. 'σ. dermed får me ein tonesekvens LH + H der innputt hadde LHL + H. og me får det som er ført opp i tablåa: MAX (contour) » A SSOC (T) » ALIGN (Tlex. trimoraisk tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 2 (initial L).4.H +H +H MAX (contour) * ASSOC ALIGN (T) (Tlex. Nedsteg kan ein påvisa sikkert berre ved to H-tonar som er assosierte attmed kvarandre. Det må likevel nemnast at det vil vera vanskeleg å etterprøva (3. Men det som såg ut som ein motsetnad. som berre bryt mot ASSOC (T).4. Slike motsette evidensar kan ikkje i seg sjølve sameinast. Rt) * * MAX (T) (3.12). er då dette: Me hadde evidens for at det er Llex som er i stand til å pressa L]. Dersom det derimot er ein tonelag 2-AP som kjem etterpå. trimoraisk tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 1 (initial H).4. Utputt b i (3. b.11) slettar L] fullstendig. 'σ. Den tilsynelatande motsetnaden var berre eit symptom på ei viss rangering av føringar. b. L.H L. fig.H +L +L MAX (contour) ASSOC ALIGN (T) (Tlex. (3.H L. er det utputt b som går av med sigeren.4.11) Postfokal1.4. viste seg å ikkje vera ein motsetnad likevel. i alle fall ikkje om me vil ha ein analyse som eintydig seier noko om kva for ei tonal eining som skal vera i stand til å pressa ei anna tonal eining. og me hadde evidens for at det er L] som er i stand til å pressa Llex. som i (3.

4. men at TBU gjerne kan vera mora dersom det vart trongt om plassen.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen Kristoffersen (2000:241) meiner at «the choice of TBU can vary from language to language».4. 'σ. til slutt i underkapittel 4. 'σ. Ei slik føring. Rt) * MAX (T) 3.H. 245– 246) at i hans varietet av austnorsk er det fyrst og fremst stavinga som fungerer som TBU. Rt) * MAX (T) (3.13) Mangestava tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 1 (initial H).4.5) og (3.4.H. I (3. ALIGN (Tlex. 'σ.4. the mora or the syllable?» Kristoffersen kjem fram til (s. I desse tablåa har eg ikkje teke med slike kandidatar.3. kan vera assosiert til meir enn éin tone. bortsett frå den siste stavinga.3.14) ser me ein eksplisitt analyse av korleis Llex vil assosiera seg til høgre i trykkstavinga i slike AP-ar uavhengig av kva som kjem etter: Det er rett og slett for god plass i AP-en til at det vil vera aktuelt å bryta med noka føring for å overhalda andre.4.12) og i tidlegare tablå har det vorte teke for gjeve at ein TBU (mora) ikkje kan ha meir enn éin tone.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen Både i (3. *CROWD. Llex HP L] + L a.L… +L +L MAX (contour) ASSOC ALIGN (T) (Tlex. L.L… LH. sidan ein elles kunne ha fått vinnarutputtar som overheldt alle føringane i (3. og ynskjer å finna ut «what is the relevant TBU in East Norwegian.4.1 må vera høgre rangert enn både MAX (T).2. Lorentz (1995) kunne fortelja oss frå bergensk at TBU der ser ut til å vera stavinga.» 129 .1. 1Gussenhoven (2000:158): «*CROWD: A TBU is associated with at most one tone.12).3. b.L… LH. L.11)–(3.14) Mangestava tonelag 2-AP (LHL) før tonelag 2 (initial L). men vil koma attende til rolla til *CROWD både no straks i delkapittel 3.4.4. Rt) og ASSOC (T).5. Llex HP L] + H a.L… +H +H MAX (contour) ASSOC ALIGN (T) (Tlex.13) og (3. b.4) såg me på assosieringa av Llex i isolerte tonelag 2-AP-ar med fire eller fleire moraer. og ikkje minst i delkapittel 4.9)–(3. (3. sidan ikkje noka staving i ein austnorsk AP. I (3.

Autosegmentalt: T] vert primært assosiert ved høgre AP-grense. A LIGN (T]. I figur (3.5. og spreier seg mot høgre. med stavinga som TBU. og me ser at L] deler 1Her som elles bruker eg lengdeteikn etter bimoraiske diftongar i sunnmørsk. er HP L] H%. AP. og spreier seg mot venstre. TP. må anten koma av at L] er primært assosiert i den høgre AP-kanten og spreier seg mot venstre (3.5. har me observert at denne tonen stundom kan verta flytande. Den siste stavinga i ytringa er lang (bimoraisk).1b). eller at L] er primært assosiert til den fyrste ledige TBU-en til høgre for prominenstonen. For sunnmørsk har me elles sett at der Kristoffersen i sin austnorske varietet. Lt. men eg vel å gjera det her fordi sunnmørsk òg har monomoraiske diftongar. 130 . At L] assosierer seg til alle TBU-ane mellom prominenstonen og høgrekanten på AP-en. Rt): For kvar T] skal denne falla saman til venstre med høgregrensa til ein TP. Dette er ikkje alltid like vanleg i fonologisk litteratur.1a). vil me på sunnmørsk få ei opphoping av tonar til venstre. Ser me vidare på den sunnmørske AP-grensetonen L]. (3.1) To kandidatar til analyse av korleis T] vert assosiert i sunnmørsk. L] treng dermed minst éin mora. Rt): For kvar T] skal denne koma så langt til høgre som mogeleg. i tillegg til resten av området ut til AP-grensa til høgre.3 Assosiering For sunnmørsk ser det ut til at TBU er mora: Ingen av tonane treng noko meir enn ein mora for å verta assosiert. Samstundes har me sett at i tonelag 1 AP-ar (HPL]) vert L] knytt til berre den siste moraen i den fyrste stavinga. Lt): For kvar T] skal denne koma så langt til venstre som mogeleg. vil få ei opphoping av tonar til høgre. Autosegmentalt: T] vert primært assosiert like etter HP . Ytringa inneheld éin AP (med tonelag 1 og tre stavingar). b) A LIGN (T].5. og tonane me har. Rt): For kvar T] skal denne falla saman med høgregrensa til ein AP.5. a) A LIGN (T]. nemleg når det ikkje finst nokon ledig mora til han. om AP-en er på meir enn éi staving. A LIGN (T]. og spreier seg mot høgre (3.2) har me ei ytring1 (((1 EG vil gåAP ) IP ) IU ) H%.

2) skjer seinare og meir gradvis enn i (3. Saman med at (3.5.5. mikroprosodisk lågning finn me òg heilt til venstre i begge figurane. som skaper ei lokal.5. medan den nest siste vokalen fekk L].5. 131 .3). Her vil altså L] slett ikkje gjeva frå seg den siste moraen til H%.3) (((1EG vil eteAP)IP)IU) H% [1 o v et ]   v e t 1Ver elles merksam på [v].5.3. mikroprosodisk lågning av F0.3) har me ei parallell ytring (((1EG vil eteAP)IP)IU) H% der den siste stavinga er monomoraisk. akkurat som L].5. (3.5. kan tyda på at det er hypotesen i (3.3). Men i (3.4 sekund lengre enn (3.5. kan det verta skapt eit falskt inntrykk av at fallet frå H til L i (3. For begge er det likevel tilfellet at overgangen frå H til L skjer inne i den fyrste stavinga. Ei lita.5. Det me ser i (3.2) (((1EG vil gåAP)IP)IU) H% [1 v o] v (3. og dermed kan dei dela stavinga mellom seg.1b) som er rett. i samband med [ ]. Om (3. skulle me her venta at den siste vokalen fekk H%. er likevel at den siste vokalen får både L] og H%.2).1b) er den rette hypotesen.1 At L] ikkje okkuperer siste moraen. Dette indikerer at H% vil assosiera seg til ein mora.3) er 0.5.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen siste stavinga med IU-grensetonen H%. men tek like mykje plass på papiret.

Samstundes tyder det på ei rangering ALIGN (L]. AP. men me ser òg at det skjer ei samanstimling til høgre når me har ei ytring som endar på L] + H%. medan dei to siste må dela den andre stavinga mellom seg.5. slik eg gjer her. deretter spreiing).5) impliserer at noko skjer fyrst. Dette tyder på at hypotesen i (3. Det er sjølvsagt ikkje heilt uproblematisk å operera med optimalitetsteoretiske og autosegmentale analysar om kvarandre.5. Samstundes er det likevel slik at dei to modellane (eller teoriane) kan utfylla kvarandre i forståinga av eit gjeve språkleg fenomen. monomoraisk staving kan dela seg mellom to tonar.5. er altså den motsette av strategien i bergensk og av (den vanlegaste strategien i) sunnmørsk. Denne samanstimlinga skjer jamvel om AP-en er så lang at det ikkje skulle vera trongt om plassen. For Kristoffersen er dette eit indirekte hovudargument for at TBU i den varieteten av austnorsk er stavinga: Både den leksikalske tonen Hlex og prominenstonen LP i austlandsk føretrekkjer å ha ei heil staving for seg sjølve (for den austlandske prominenstonen er dette spesielt tydeleg ved tonelag 1. Den mest tilgjengelege forklaringa er at IU-grensetonen H% må assosierast til noko. Kristoffersen tek ikkje føre seg korleis ein austnorsk IU-grensetone L% (som er ulik AP-grensetonen H]) vil assosiera seg.5. vil den optimalitetsteoretiske analysen i (3. må det koma av at L] er primært assosiert til denne siste posisjonen i AP-en. For sunnmørsk har me sett at samanstimlinga skjer til venstre ved liknande omstende (tonelag 2-AP på to stavingar). monomoraisk staving. Dermed er ikkje dette nokon stad som L] kan eller ikkje kan spreia seg til: det er her han vert spreidd frå. om det er plass).4). men nøyer seg med å visa at samanstimlinga av tonar skjer til høgre når det er liten plass. Når det vert trongt om plassen. som med tre tonar (tonelag 2) i ein AP på to stavingar. Når AP-grensetonen L] ikkje vik plass for H% på ei final. vil kvar av tonane få ei staving for seg sjølv.5. der han alltid vil okkupera ei bimoraisk staving. bimoraisk staving. med autosegmental representasjon i (3.5). slik at begge tonane landar på den same moraen. vert den fyrste tonen framleis assosiert til ei heil. Den autosegmentale 132 . og deretter noko anna (fyrst primær assosiering.3 Assosiering Kristoffersen (2000:244f) opplever parallelt for austlandsk at ei final.4) ikkje ha rom for noka intern rekkjefylgd av dei fonologiske operasjonane. I Kristoffersens austnorsk er det då òg slik at dersom det ikkje er trongt om plassen. Den austnorske strategien for å assosiera tonane når det er trongt om plassen. som skissert i (3.1a) er den mest korrekte. Rt) » *CROWD . Medan den autosegmentale representasjonen i (3. sidan det i prinsippet ligg til grunn ulike syn på korleis fonologiske prosessar er av natur. sjølv om den stavinga er monomoraisk.

Når den siste stavinga derimot er bimoraisk. µ a.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen representasjonen i (3. Rt) * * *CROWD (((1EG vil eteAP)IP)IU) H% v σ σ e σ t σ µ µ µ µ µ µ HP L] H% At éin mora kan delast mellom to tonar.5. Me har òg sett på at to tonar kan dela éin TBU i Kristoffersen (2000). er ikkje noko særsyn. i inkjekjønnsforma raudt. L] H% µµ . men at han samstundes vert assosiert til tilgjengelege TBU-ar til venstre så langt det lèt seg gjera.5.3).d.5.4) seier. I eit OT-perspektiv vil då (3. b.5. sunnmørsk. er det vel kjent korleis to vokalar kan dela éin mora mellom seg.5. men heller tena som rein representasjon av vinnarkandidaten i (3.4).4) seier kvifor det er slik. Skilnaden vert i praksis at (3. slik at ein bryt med ALIGN (T]. AP.5.5.5) fortel korleis den tonale stoda er. 133 . (3.4) Mogeleg analyse av (3. medan (3. Rt).5) seia mindre om prosessar (det vert overlate til (3. mot lang diftong i fleirtal raude) er skildra så tidleg som i 1848 av Ivar Aasen (Aasen 1996:34).5.H . og er elles kjende frå t.4)). Stutte diftongar (t.5.2). Frå den same dialekten.5. (3. Dette er akkurat det same som OT-føringsparet i (3.5) seier oss at L] er låst til ein gjeven posisjon til høgre (nemleg ved høgre AP-grense.3.d. islandsk. men utan nokon fastlåst venstreposisjon. AP.5) L. verkar det som om L] gjerne kan vika for H% på den siste moraen.LH ALIGN (T].5. som i (3. noko OT-analysen presiserer).5.1a) saman med rangeringa i (3.

men må endrast til «maksimalt éin tone pr. Då kan me få eit tablå som i (3. notert som *CROWD-µ (T). Eit alternativ kunne då vera å dela *CROWD opp i *HL og *LH. medan *LH vert broten berre i tilfelle som (3. men likevel vera følsam for stavingsnivået (ved å assosiera seg til andre moraen i trykkstavinga). skulle det heller ikkje vera noka overrasking om også T] kan vera følsam for stavingsnivået.5.5. AP.5. men at me i (3.6).4. Det er difor freistande å gjera framlegg om at knippet ALIGN (T]. Figuren i (3. og kandidaten må avvisast på empirisk grunnlag. Lt) kan skiftast ut med dette knippet: A SSOC (T].3 Assosiering Dersom Tlex kan identifisera mora som TBU. t. Frå å verta primært assosiert til den siste moraen går L] då over til å verta primært assosiert til den siste stavinga.5. men kan endra TBU for primær assosiering frå mora til staving dersom det kjem ein H% som òg vil ha denne posisjonen heilt til høgre. dvs.1a). A LIGN (T]. trass i at han elles ser ut til å identifisera mora som TBU. Med ei rangering *HL » *LH vert den flytande L] teken vare på av *HL.2) tyder likevel ikkje på at stiginga LH kjem spesielt seint.2). men kan nøya seg med ein mora når det vert trongt om plassen. ved at LH ikkje kjem før i siste moraen. *CROWD kan då ikkje lenger spesifiserast som «maksimalt éin tone pr. mora». TBU».2) har å gjera med ein motsett parallell til strategien for dei to fyrste tonane i ein bergensk disyllabisk tonelag 2-AP: Medan den leksikalske tonen i bergensk ser ut til å identifisera stavinga som TBU. Eit problem med dette er likevel at ASSOC (T]. sjølv om denne er oppteken av T%. noko som ikkje kan sameinast med den flytande L] me såg i samband med nedstegsfenomenet i delkapittel 3.3). begge med referanse til mora.5. Lt): For kvar T] skal denne koma så langt til venstre som mogeleg. Rt) og ALIGN (T]. Kandidat b overheld den føringa.5. primære TBU. L] vert primært assosiert til TBU-en lengst til høgre i AP-en. men vert avvist fordi T] ikkje er lina opp med (den konstituenten som representerer) høgre AP-grense. Endå ein alternativ analyse kan vera at me held på føringsparet i (3. σ]) må vera høgre rangert enn *CROWD. der kandidat a har den assosieringa som ein intuitivt les ut av (3. Assosiasjonsføringa er naudsynt fordi T] ikkje vil gjeva slepp på siste stavinga. vil L] (og andre tonar) i sunnmørsk identifisera mora som TBU. Vinnaren vert kandidat c. σ ]): For kvar T] skal denne assosierast til (noko i) den siste stavinga i AP.d. 134 .

(3.5.7).6).2). Riad (1998) tek til orde for at grensetonar (i vår forståing: IUgrensetonar) i visse dialektar ikkje er assosierte. berre lina opp med slutten av ytringa.2) såleis ikkje er assosiert. Rt) *CROWD-µ (T) * * * TBU = µ (((1EG vil gåAP)IP)IU) H% v σ σ o σ µ µ µ µ µ HP L] H% Det er likevel eit spørsmål om nokon av dei skisserte analysane av (3. (3. AP.7) (Lµ) (Hµ) (…µ) (LHµ) (LHσ) ALIGN (T].2). men fonologisk vil TBU vera ulik. Om H% i (3. med stavinga som lokal TBU. men berre lina opp. Utputt a og c vil vera fonetisk identiske.5.5.2) er fullstettande. medan me berre skulle venta eit udokumenterbart2 oppsteg (upstep) etter IU-en.5. 2Eit slikt oppsteg ville ha vore udokumenterbart fordi det ville ha kome etter at ytringa var slutt.5. c. ettersom L] skulle vera assosiert til siste mora. 1Parentesane i utputtane markerer omfanget av moraer (i a og b) eller staving (i c).1 L] H% .3. 135 . µµ a. jamvel om TBU framleis er mora. b. og om kva for ein analyse me eventuelt skulle peika ut som det beste. vil L] framleis kunna ha tilgang til den siste TBU-en i AP-en.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen Ein autosegmental representasjon av analysen i (3.6) Mogeleg analyse av (3.5. Problemet då vert at me har ei stiging gjennom den siste stavinga i (3. vert då som i (3.5.5.

9) ikkje får konsekvensar for analysane av (3. særleg etter ein fokal AP.2 Ver elles merksam på at strykinga av L] i (3. der Llex okkuperer heile den fyrste stavinga.HL L.5. ikkje assosiering eller eksistens generelt).5.5.H *CROWD ** * MAX (T) * ** 1Slike AP-ar finn me.8) og (3. er elles eit fint døme på at ein høgt rangert MAX (contour) bør skiftast ut med noko anna. Men då skulle me heller ikkje ha venta at L] insisterte på å assosiera seg til siste mora i (3. c.5.5.8) (((1EG vilAP)IP) ((2ETEAP)IP)IU) H% v (3. Det kjem til å skje i kapittel 4. Innputten må vera ein trimoraisk tonelag 2-AP (dvs. men ikkje som utputt av den innputten som låg til grunn der. 136 .5.5.2) eller (3.5.9). e t Llex HP L] H% a. Omsider kan ein prøva å innføra posisjonsavhengige *CROWD-føringar.9).5. som illustrert i (3.3 Assosiering Alternativt kunne me seia at det er L] som er lina opp med høgre AP-grense utan naudsynleg å vera assosiert akkurat der.3).8). (3.5. som me har sett. med bortfall av L mellom to H-ar.4) er nemleg fullt mogeleg å produsera. 2(3.8) og (3. b. slik at opphoping av tonar er meir tillate i final posisjon enn i ikkje-final posisjon. sidan det i alle tilfelle ikkje var aktuelt å sletta L] der (problemet var assosieringspunktet til høgre.1 og der denne AP-en er etterfylgd av H%.5. L. Me har òg vore inne på andre problem i samband med drøftinga av det alternative knippet med føringar for T].HLH L. at den fyrste stavinga er bimoraisk og den andre monomoraisk). Dette er diverre òg problematisk: Taparkandidaten a i (3.3).5.9) Grov analyse av (3.

5. c.d. I ikkje-final posisjon vil to tonar (HP L]) på éin TBU vera mindre tillate enn i final posisjon. Det kan likevel vera aktuelt med ei posisjonsavhengig *CROWD-føring dersom me innfører t.2.5. Då kan to tonar (L] H%) på ein final TBU vera meir tillate enn tre tonar (HP L] H%) på ein final TBU.5.5. er å ha tre tonar på éin mora. b. Det som derimot er umogeleg i alle tilfelle. medan (3.4. og i tilfelle som (3. På ei anna side er (3. jf. medan det framleis er meir mogeleg å få L] H% i (3.4. d.HL L.8) (pga.3. *HL). kan det vera fordi innputt HP L] H% ville bryta med *HL.4b) er mogeleg (LH på éin final mora). I staden for tablået i (3.H MAX ('σ) *HL * * MAX (T) * * * ** * I (3.1.10).5. Llex HP L] H% a. Utputt c svarar nemleg til den strukturen me har i (3. Når (3. (3.8) har mist L] i final TBU.10) Ny analyse av (3.5 AP-grensetonen og IU-grensetonen I og med at ein føresetnad er at Llex okkuperer hele trykkstavinga.9) kan me då ha (3. (3. *CROWD-3 » *CROWD-2.5. er det mogeleg at *CROWD framleis er unøyaktig formulert. som me har sett. Me kjem attende til MAX ('σ) i underkapittel 4.5.8). Med ei rangering *HL » *LH vil me kunna få flytande L] som skissert i (3.5). Det er. fullt mogeleg å ha to tonar på same mora.5.HH L.LH L.3). og me får nedsteg. medan *CROWD-2 er ei føring mot to tonar på same TBU.9b) umogeleg (HL på éin final mora). L. Dette kan indikera at me nettopp må operera med ei rangering av *HL og *LH heller enn berre *CROWD. sjølv om *CROWD skulle vera posisjonsavhengig.5.5. der *CROWD-3 er ei føring mot tre tonar på same TBU. e.6) vil L] dermed ikkje verta assosiert.5. med berre éi primærtrykkstaving.HLH L. 137 .3).10) har eg teke med ei føring MAX ('σ) som skal sikra at primærtrykk frå innputt skal finnast også i utputt.

rather than an element in the nontonal representation. Gussenhoven og Bruce (1999:238–239) presenterer for svensk den hypotesen at i ein sekvens H+L (i praksis.6 Ein kommentar om assosiering I innleiinga til delkapittel 3. If the tone’s target is placed at a fairly constant distance from the other target. opplining. APgrensetonen L] skal som kjent koma like etter HP. i andre tilfelle skjer stiginga i overgangen mellom den fyrste (bimoraiske) og den andre (mono. the preceding H. rather than its end.eller bimoraiske) stavinga. slik at plasseringa vert direkte avhengig nettopp av Tlex.3 indikerte eg at eg ville vera varsam med kva eg tilskriv fonetikk og kva eg tilskriv fonologi: Når noko skal manifesterast fonetisk. Plasseringa av ein tone. skreiv eg.a.3 Assosiering 3. som er ei plassering relativt til ein annan tone. Særleg ved systematiske vekslingar vil slike prosessar gjerne sortera under fonologi. skjer dette m. Sidan HP aldri kan få meir enn éin mora (i motsetnad til Llex). viser at den tilsvarande stiginga Llex + HP ikkje tek til i nokon konstant posisjon. dvs. i form av prosessane på vegen frå den underliggjande strukturen til overflateforma. kan borga for at TP ikkje skulle vera assosiert. But what about the L? This tone is timed with reference to an adjacent target. og ikkje med ikkje-tonalt materiale: The representation of Accent II correctly expresses the fact that the beginning of the falling movement described by H+L. for overgangen mellom dei to tonane har truleg ein heller konstant durasjon og ei konstant plassering i 138 . Det verkar difor som det i alle fall for sunnmørsk har meir føre seg å sjå overgangen frå Tlex til TP i lys av moraer og stavingar enn i lys av den fonetiske durasjonen som er nemnd til slutt i sitatet. Dette er spesielt tydeleg i den sunnmørske sekvensen HP + L]. det er altså snakk om tonelag 2) er det berre den fyrste tonen som vert assosiert til primærtrykkstavinga. vil eg framleis ikkje seia at ei slik opplining. Dei dataa som me no har sett for sunnmørsk. occurs at a fixed location in the stressed syllable. i alle fall i eit generativt perspektiv. og etter min terminologi: leksikalsk tone + prominenstone. we will interpret the “+” in the representation of Accent II […] to mean that the fall described by H+L has a relatively constant duration (in the speech of someone speaking at a given speech rate). as is the case here. skulle me tru at me kunne bruka ein fonetisk analyse à la Gussenhoven og Bruce. we regard its relation with the adjacent tone as “close knit”. L er lina opp med H. er noko anna enn assosiering. Therefore. I somme tilfelle skjer stiginga inne i ei bimoraisk staving. Jamvel om TP i sunnmørsk er sagd å vera lina opp «mot venstre». we do not show an association line.

6).3. Skal sjølve plasseringa (opplininga) av ein tone ha prinsipielle konsekvensar for korleis ein analyserer noko som assosiert eller uassosiert.d. Dermed fekk me nedsteg i staden for ein U-forma kontur. Men dette er altså ikkje nok for meg til å seia at t.8) og (3.4. Skilnaden mellom søkket i (3.4. vil kunna føra med seg ein konklusjon om at tonane likevel ikkje er assosierte til TBU-ane sine.6) handlar nettopp om L] er assosiert eller ikkje.4. 139 . at L] var plassert ein stad i den tonale strengen (nemleg straks etter HP).11). sjølv om dei skulle ha ei plassering i talestrengen som er avhengig av andre tonar. same kva som gjer at L] hamnar på den plassen i tonestrengen som han gjer. I tillegg vil til dømes direksjonal assosiering av tonar verta eit veldig problematisk fenomen.4. med éin tone pr.4. sidan ein tydeleg direksjonalitet i assosieringa. TBU bortover. ein av tonane ikkje er assosiert: I (3. så vil nedstegsfenomen truleg berre vera eitt av fleire fenomen som må analyserast på nytt.d. men han var ikkje assosiert. og nedsteg må analyserast uavhengig av assosieringsforhold. såg me t.7) og nedsteget i (3. Eg kjem difor til å halda fram med å assosiera tonar.6 Ein kommentar om assosiering forhold til den fyrste av dei to tonane. med analysar i (3.

.

4 Materiale utanfor AP
Innanfor metrisk1 fonologi kjenner me «Strict Layer Hypothesis», SLH (t.d. Selkirk 1990:195; Roca 1994:195f). Enkelt oppsummert seier SLH at eit domenetre til ei gjeven ytring skal vera ordna slik at eit domene på eitt nivå alltid dominerer domenet som ligg på neste nivå. Det vil seia at t.d. domenet IU ikkje kan dominera ein AP direkte, men at denne AP-en må liggja inne i ein IP, som igjen er dominert av IU. Sameleis kan heller ikkje ei staving stå utanfor ein AP, og vera dominert direkte av ein IP eller IU. I kapittel 2 gjennomførde eg analysar som var i strid med denne hypotesen, ved at eg definerte IP på grunnlag av fokalitet. Ein streng av AP-ar som vart avslutta med ein ikkje-fokal AP, vart dermed ikkje gruppert til ein IP, men vart plassert rett under IU. Eit alternativ kunne ha vore å operera med to slags IPar: éin type som slutta med ein fokal AP, og éin type som slutta med ein ikkjefokal AP.2 Eit problem med ein slik alternativ analyse er at dei to IP-typane har ulike tonale eigenskapar, ikkje berre når det gjeld fokalitet, men òg når det gjeld neddriftstype: IP-ar med eit fokalt element til slutt ville hatt ukomprimert neddrift, IP-ar utan eit fokalt element ville hatt komprimert neddrift. Neddriftstypen er ein eigenskap for heile neddriftsområdet. Om me då skal ha to slags IP-ar, vil me ikkje berre få «to slags IP-ar», men to ulike domenetypar. Den eine domenetypen vil vera kjenneteikna av ukomprimert neddrift, den andre av komprimert neddrift. Desse to domenetypane måtte i tillegg finnast på eitt og same nivå. Med ein slik analyse vil ein stå i fare for å «finna» svært mange ulike domenetypar som skal stå på same nivå i hierarkiet. Dette skaper m.a. det problemet at eit domene ikkje lenger kan forståast som ei delstrengsgruppering på eit gjeve nivå: Med to ulike domenetypar på same nivå vil ein oppleva at eit overordna domene (t.d. IU) må dominera direkte to ulike
1 Det som er skrive om metrisk fonologi i dette øvste avsnittet, vil også gjelda den

hierarkiske ordninga av tonale domene. Det prosodiske hierarkiet som eg nyttar i skildringa av tonale forhold, byggjer på eit tilsvarande hierarki for metriske forhold, og til grunn for t.d. det tonale domenet AP ligg òg det metriske hierarkiet, med primærtrykk som lisensierer prominenstonen og den etterfylgjande AP-grensetonen.
2I tidlege arbeid innanfor Trondheimsmodellen, t.d. Nilsen (1988), vart IP brukt både om

det som no er IP, og om ei postfokal gruppe av tonale føter som ikkje enda med nokon ny fokal fot. Dette har ein gått bort ifrå.

141

4 Materiale utanfor AP

underdomene (dei to IP-typane), samstundes som desse to ulike underdomena dominerer éin og same domenetype igjen (AP). Dette er sjølvsagt i strid med den same SLH som motiverte nettopp ein slik analyse. Kuttar me i staden ut IP som eige nivå, må me operera med AP-ar som sorterer rett under IU, men då slik at me framleis har ulike slags AP-ar på same nivå: AP-ar med komprimert neddrift og AP-ar med ukomprimert neddrift.1 Alternativet til dette alternative analyseparet er å sortera dei mange nye domena hierarkisk. Då vil me ikkje få to ulike domenetypar på same nivå, men me vil få dei over og under kvarandre. Men som Ladd (1998:240f) peiker på, vil ein då stå i fare for å få mange nye nivå av ulike domene som det ikkje eingong finst fonetisk evidens for. Ladd og andre har løyst dette problemet ved å innføra omgrepet ekstrametrikalitet, og dermed bryta med den strenge bruken av SLH. I staden for å innføra mange nye domenetypar, så søkjer ein å analysera dei metriske/tonale indikasjonane som uttrykk for samspel mellom eit domene på eitt nivå og eit domene på eit gjeve anna nivå, der samspelet ikkje er apriorisk sett fast av den maksimale domenegeografien. Det vil for oss seia at ein AP kan vera dominert av ein IP, og då oppføra seg på éin måte (neddrifta vert ukomprimert); men ein AP kan òg vera direkte dominert av IU, og oppføra seg på ein annan måte (neddrifta vert komprimert). Den ikkje-rekursive arven etter SLH er likevel teken med: Eit høgt ordna domene kan berre dominera domene som er lågare ordna. Ein AP kan t.d. ikkje dominera ein IP. Ordet ekstrametrisk kan verka noko misvisande i eit tonalt hierarki. Alternativet ekstratonal kan òg verka noko misvisande, sidan me er innanfor det tonale systemet også i domene som er direkte dominerte av eit anna domene enn det som det typisk vil vera dominert av: IU-dominerte AP-ar har tonar, dei òg, sjølv om slike AP-ar står utanfor IP. Eg vel å ikkje bruka nokon eigen term for dette, og nøyer meg med å indikera om t.d. ein AP er dominert av ein IP-node eller direkte av ein IU-node.

1 Fokale og ikkje-fokale AP-ar kan sjå ut som ei mogeleg felle her, i og med at ein kan

innvenda at eg sjølv har brukt to ulike slags AP-ar på same nivå i analysane til no. Forsvaret mitt vil vera at positiv fokalitet er ein eigenskap som er knytt til nivået IP, ikkje til AP, sjølv om dei tonale verknadene av fokalitet er å finna på ein plass i tonestrengen som også ligg inni ein AP. Motivasjonen for IP er elles å etablera ei grense mellom ulike neddriftsområde i same IU på ein måte som òg grupperer AP-ar som i ein slik samanheng har sams eigenskapar. Om «fokal AP» skulle tena som grense mellom neddriftsområde, utan IP, ville det vera ein meir innfløkt prosess å skildra dei to neddriftstypane som kvar AP kan realisera.

142

4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar

Me har allereie sett på AP-ar som stod utanfor IP, utan å problematisera det før no. Her i kapittel 4 skal me sjå nærare på stavingar som ser ut til ikkje å vera dominerte av nokon AP, men som sorterer rett under IP eller IU. Me skal òg sjå på nokre konsekvensar av dei analysane som kjem i dette kapittelet. Ei avsluttande drøfting av den teoretiske (modellinterne) statusen til APeksterne stavingar kan lesast i oppsummeringa i kapittel 6, når kapittel 5 har gjeve oss betre høve til å trekkja inn statusen til metriske forhold. Eg vil då sjå dei AP-eksterne stavingane i samanheng med statusen til det tonale metriske hierarkiet som heilskap.

4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar
Ein AP er definert slik at han har ei staving med primærtrykk i venstre kant. Både i kapittel 2 og 3 har me sett nokre døme på ytringar som byrjar med noko trykklett før den fyrste AP-en, t.d. (3.4.7), her attgjeven som (4.1.1), som har eit trykklett «dei» fyrst: (4.1.1) (dei ((2GRØNEAP)IP) ((2jenteneAP) (1leserAP) (1DERAP)IP)IU) H%

d æ

n

j æn t

l e

s

r

Med ei slik avgrensing av AP må anakrusar, dvs. initiale trykklette stavingar, stå utanfor AP. Dette er i seg sjølv eit problem for ein streng bruk av SLH, noko Fretheim (1990) og Nilsen (1992:71ff) drøfter i detalj. Eg har plassert anakrusar rett under IU utan å drøfta det. Både Nilsen og Fretheim plasserer anakrusar under IP. Ingen av dei presenterer nokon eksplisitt motivasjon for denne plasseringa, og det er då heller ikkje viktig for dei informasjonsstrukturelle analysane deira. Når anakrusar skal analyserast, er det å sjå nærare på forholdet mellom IU og IP meir relevant i ein fonologisk studie som min enn hjå Fretheim og Nilsen. Eg vil no sjå nærare på anakrusar, og deretter vil eg sjå nærare på APeksternt materiale i ikkje-initial posisjon.

143

4 Materiale utanfor AP

4.1.1 Anakrusar Ein lengre anakruse enn den i (4.1.1) finn me i (4.1.2): der var katamaranar. IU-en har eitt primærtrykk, og dermed berre éin AP. Den AP-en byrjar med den sjette stavinga i heile ytringa, slik at fem stavingar kjem utanfor. I parentesnotasjonen over figuren har eg markert byrjinga på IU eksplisitt, men ikkje byrjinga på IP, sidan det er uvisst om denne skal falla saman med venstre IU-grense eller med venstre AP-grense.

(4.1.2)

(IU der var katama- (1 RANARAP)IP)IU) L%

dæ r v

k

t

m

r

n

Me ser i (4.1.2) at anakrusen har ein jamt låg tone, i alle fall fonetisk sett.1 Dersom han er låg også fonologisk sett, ser me at han likevel er fonetisk høgre enn lågtonen til høgre i figuren, noko som kan tilskrivast neddrift, i tillegg til fokaliteten til høgre, som gjer den finale L] ekstra låg (pga. stort frekvensregister i IP-intern neddrift). Legg merke til at ytringsinitial Llex er på same nivået som anakrusar, t.d. i (4.1.1). Me skal straks koma attende til spørsmålet om anakrusen i (4.1.2) er fonologisk låg, eller om han berre er fonetisk låg, og fonologisk «tonalt fri». (4.1.2) er ein typisk anakruse i sunnmørsk, men det er likevel ikkje den einaste måten å laga anakrusar på. Ein annan måte er den som me finn i (4.1.3), med fyrst ein låg tone, og deretter ein gradvis stigande kontur fram til byrjinga av AP.

1Nok ein gong kan me sjå bort frå dei mikroprosodiske tilhøva som skaper inntrykk av ein

liten høgtone der dei ustemde plosivane tek slutt.

144

4.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar

(4.1.3)

(IU der var katama- (1 RANARAP)IP)IU) L%

dæ r v

k

t

m

r

n

Konturen i (4.1.3) byrjar å stiga før venstre AP-grensa, altså i anakrusen sjølv. Når det skjer ei tonal endring, plar ein rekna med at det finst prosodiske årsaker til den endringa. Ei prosodisk årsak til ei endring i F0 er det same som ei prosodisk grense akkurat der endringa skjer, anten det då er ei grense mellom grannetonar eller ei grense mellom ulike domene. (4.1.3) kan dermed neppe analyserast annleis enn at det finst ei prosodisk grense inne i anakrusen, akkurat der konturen sluttar å vera flat, og byrjar å stiga. Dersom me ikkje innfører tilleggsnivå og nye domenetypar ad hoc, men held oss til dei me har til rådvelde frå før, vil det seia at i (4.1.3) må venstre IPgrensa vera der konturen tek til å stiga. Den fyrste stavinga i IP vil då vera ka. Ein plausibel analyse av (4.1.3) vil dermed vera denne: (der var (katama(1 RANARAP)IP)IU) L%.1 Dette vil òg seia at anakrusar med flat kontur er direkte dominerte av IU, og (4.1.2) vil ha denne strukturen: (der var katama- ((1 RANARAP)IP)IU) L%. Dersom anakrusen har ein lågtone mellom venstre IU-kant og IP- eller APgrensa, må det vera eit spørsmål kva denne lågtonen er for noko. Om austnorsk skriv Fretheim (1990:92) at dei AP-eksterne2 stavingane i døma hans «are supposed to be tonally ‘free’ in the sense that they are not associated with any tones specified on the tone tier». Med fokus på at AP1Alternativt med ka- utanfor IP og -tama- innanfor, sidan ka- ser ut til å vera på det same nivået som der var. Det er vanskeleg å finna døme på stigande anakrusar i tilgjengeleg materiale, men mi eiga språkkjensle tilseier at stiginga kan byrja berre i samband med starten på eit nytt morfologisk ord, altså på eller like etter den fyrste stavinga i ordet. Om det ved seinare etterprøving skulle visa seg å vera ein systematikk i favør av språkkjensla mi, vil det tala for notasjonen med ka- innanfor IP, trass i at den fonetiske konturen i akkurat dette dømet, (4.1.3), ikkje kan seia noko eintydig om det. At både der og var òg er morfologiske ord, indikerer forresten at det kanskje vert stilt krav til kva slags ord som kan initiera ei slik stiging, kanskje at ordet må ha leksikalsk innhald. 2«F-external» i hans terminologi.

145

Konklusjonen der er at dei ikkje er same tonen. og ser berre på APeksterne stavingar i ikkje-initial posisjon. vil kunna få ulike fokusforhold alt etter kva IP ei AP-ekstern staving høyrer til. faktisk byrjar med HP.5. Fretheim (1990) er mest oppteken av dei informasjonsstrukturelle forholda. sidan den fyrste AP-en er ein tonelag 2-AP med tonesekvensen LHL. jamvel om denne skulle vera oppteken av ein AP-grensetone. Samanliknar ein med (4. slik me har sett det i delkapittel 3.2 Her skil venstre IU-grensetone seg frå høgre IU-grensetone H%. vil verta drøft i underkapittel 4. i alle fall ytringsinitialt.d. IU-dominerte stavingar har ein venstre grensetone %L frå IU.2. sidan ein sjølv i ein slik avgrensa posisjon har i alle fall to ulike anakrusar: låg og stigande. Det at anakrusen i (4. den distale varianten av dette. Dette fordi ein i ikkje-initial posisjon. som jo vert assosiert til siste TBU.2. Med det til venstre for IP-grensa vil der referera til ein stad.4 Materiale utanfor AP eksterne stavingar kjem føre også andre stader enn ytringsinitialt.1. i (3. ser ein òg at anakrusen der har det som må tolkast som ein L. Dette har han sidan gått bort frå. taka litt andre omsyn. Det skjer ei tonal endring der AP-en tek til. t.1. 146 . men éin einaste tone. Med det til høgre for grensa vil det der fungera som eit demonstrativ. alt etter om det APeksterne ordet det er til høgre eller venstre for den IP-grensa som kjem etter det fokale FÅ. dvs. 1IP-tilhøyrsla til AP-eksterne stavingar i ikkje-initial posisjon i ytringa er viktigare i eit informasjonsstrukturelt perspektiv enn saka er for AP-eksterne stavingar i initial posisjon i ytringa. For ordens skuld bør det no nemnast at Fretheim i denne artikkelen opererer med ein IP nr. slik at Fretheims AP der no vil verta analysert som hjå meg: direkte under IU. Dette har ikkje konsekvensar for oss i dette tilfellet.2) er låg trass i den høge tonen i primærtrykkstavinga. Venstre IU-grensetone vert ikkje delt ut dersom det vantar ein IU-dominert anakruse.1 For sunnmørsk må ein. vert dette sidan (s. 102) modifisert og presisert til at i austnorsk vil ei IP-dominert staving til slutt i ein IP ha den same tonen som den høge fokale tonen som ho kjem etter. i grenseområdet mellom to IP-ar. Fremst i ein IP vil ei slik staving ha den same tonen som den fyrste tonen i den etterfylgjande AP-en i den IP-en. Fretheim (1990) demonsterer korleis du kan FÅ det der kan ha ulike tydingar. tyder på at anakrusen ikkje er «tonalt fri».1. Identisk tonenivå kan sjølvsagt òg koma føre ved at ein ikkje har to tonar med same polaritet.1). Mogleiken for at %L og Llex er same tonen. 2Derimot kan det koma føre ein akustisk låg tone på den initiale konsonanten. Det ser me på at alle ytringar som opnar med ein tonelag 1-AP. Det vil vera rimeleg å tolka dette slik at initiale. og anakrusen er på nivå med starten på den AP-en.1). og ikkje med ein %L. 2 som ikkje inneheld noko fokalt.

1. og denne L er det all grunn til å tru er venstre IU-grensetone %L. (4. I austnorsk vert dette analysert som at stavingane er tonalt frie. og liknar fonetisk sett mykje på den som me kjenner frå den APinterne stiginga i austnorsk. ikkje sjølv får tildelt nokon tone. og er uavhengig av kor mange stavingar som måtte liggja imellom. er at (4. slik: A: Og då kom han og fortalde at… at…1 B: …(at) der var katamaranar. som vist i (4. Medan (4.1.1. Denne stiginga er gradvis. slik at det området som er direkte dominert av IP. Det som skil dei.4) har eg korkje markert byrjinga av IU eller byrjinga av IP. vil anakrusar av typen i (4.d. Den same analysen vil vera aktuell her: Stiginga i andre delen av anakrusen i (4.4).1.2) og (4.3) er ordinære anakrusar. nemleg L]. Høgtonen fremst i B. og at stiginga inne i AP-en er ein fonetisk transisjon mellom dei to tonane. t.1. I så måte skil dei seg frå (4.2.1.3) er meir sannsynleg di lengre anakrusen er.1. der heile anakrusen ser ut til å liggja på ein H.3) kan brukast meir eller mindre om kvarandre.4. 147 .1. av grunnar som skal drøftast i underkapittel 4.1.4) der var katama.3) skjer det ei stiging frå IP-grensa til AP-grensa.3) er ein fonetisk transisjon mellom ein L til venstre og ein H til høgre. men er tonalt fritt.3) igjen.1. I begge tilfella går stiginga frå ein L i venstre kant til ein H i høgre kant.4) typisk koma føre i situasjonar der ein fullfører noko som nokon annan har byrja på.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar I (4.2) og (4. (4.1.1. H til høgre for det stigande området skulle intuitivt vera HP. som elles er assosiert til alle dei IU-dominerte stavingane. Dette er òg 1A vil enda med ein lågtone. kan difor ikkje vera noka form for «smitte» eller «spreiing» av nokon høgone i A. vil det stigande IP-dominerte området openbert ha ein L til venstre.1.4). I (4.1.(1 RANARAP)IP)IU) L% d æ  v k t m r n Ser me på (4.

1.1.1. Dette kan skje i grenseområdet mellom to IP-ar.2 skal me sjå at dette ikkje er fullt så enkelt. som i (4.1.1.6). sidan det ikkje er viktig for analysen enno.5) han (2OLAAP) vilde male (1MURENAP) L% u l v l d m l m 148 . Dei tonale mønstra i (4.2 AP-eksterne stavingar som ikkje er ytringsinitiale AP er avgrensa mot høgre av L].1. som i (4. Eg skal difor taka føre meg stigande og høg anakruse om litt i underkapittel 4.3) er i bruk også ved andre APeksterne område enn dei som finst ytringsinitialt. Inntil vidare skal eg likevel lata dette liggja. 4.5) og (4. sidan det førebels er uvisst kvar IP-grensene skal vera. når me kan sjå dei i lys av andre AP-eksterne stavingar.8). og som heller ikkje inneheld noko primærtrykk med realisering av tonelag. I delkapittel 4.1. og at det finst ein IP-dominert H til venstre for AP-grensa.2. Derimot har eg markert med vassrette strekar (over og under IPA-teikna) det området av kvar figur som me skal sjå nærare på. som i (4.eller IP-nivået i desse figurane.1. Eg har ikkje ført inn IU. det kan skje i grenseområdet mellom ein IP og eit IPeksternt område med komprimert neddrift. (4. og faktisk heilt til vokalen fremst i AP-en.1.7).2) og (4. og det kan skje ytringsfinalt. Anakrusen han skal me ikkje sjå på.4 Materiale utanfor AP i samsvar med at F0 stig heilt fram til AP-grensa. Etter ein fokal AP kan det skje at det kjem nokre stavingar som ikkje har denne AP-grensetonen (og som dermed ikkje kan vera med i AP-en).

1.1.8) l v l d  m l m han (2OLAAP) vilde male muren H% u l v l d m l m 149 .1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar (4.7) l v l d  m l m han (2OLAAP) vilde male (1murenAP) L% u (4.6) han (2OLAAP) vilde male (1MURENAP) L% u (4.1.4.

1. Det vil seia at det ligg på ein låg tone.1. som eit «jau visst»-svar på eit spørsmål som «ville ikkje Ola måla muren.6) har H på heile det AP-eksterne området.8) er likevel at dei verkar forsterkande på det fokale elementet som dei kjem etter. før me byrja å sjå på ytringar med IP-dominerte stavingar her i kapittel 4.6). 2Det ikkje-augmentative alternativet plasserer det elles AP-dominerte materialet inni AP-en som byrjar med Ola.8) er synonym med (han ((2OLA ville måla murenAP )IP)IU) H% i (4.5)–(4. 150 .4 Materiale utanfor AP (4.10).1. t. som stadfestande svar på eit spørsmål om Ola ville måla muren. t. L].6) er skilde åt ved at (4.1.1.1 Som med anakrusar ser me at H fremst i siste AP er høgre enn slutten på det stigande området i (4. slik det er indikert i notasjonane av informasjonsstrukturelt synonyme ytringar. Med andre ord vil det ikkjeaugmentative alternativet sjå ut akkurat som dei døma me har sett i kapittel 2 og 3.5) har ei gradvis fonetisk stiging mellom ein L til venstre og ein H til høgre. som ein fokalitets-«augmentativ».7).1. Sams for (4.2 (4.9).9) (han ((2OLA vilde maleAP)IP) (1MURENAP)IP)IU) L% u l v l d m l m r 1Ver elles merksam på den mikroprosodiske lågninga ved [m] fremst i den siste AP-en både i (4. då?». og er informasjonsstrukturelt synonyme med (han ((2OLA ville målaAP)IP) ((1MURENAP)IP)IU) L%. Desse to konstruksjonane kjem føre spontant.d.1.11).5).7) er sameleis synonym med (han ((2OLA ville målaAP)IP) (1muren)) L% som i (4. medan (4. altså med ville måla inni AP.1.1.d.1.6) og (4. og at me ikkje får nokon H før F0 brått stig mot prominenstonen i fyrste AP-en etter denne igjen. (4. men på nivå med det høge området i (4.5) og (4.1. som illustrert i (4.1. (4.1.1.1.1.

11) (han ((2OLA vilde male murenAP)IP)IU) H% u l v l d m l m r Det AP-eksterne området i (4.1.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar (4.3) gjev eit døme på dette. som i (4.d.8) ligg på ein høgtone.8). ved å få respons på kontekstskildringar og utløysarspørsmål. Me skal koma attende til denne høgtonen straks. Den augmentative funksjonen til desse strukturane er ikkje like medgjerleg i laboratoriesituasjonar som tilfellet ville ha vore for ein eventuell morfologisk augmentativ. så er det berre H-mønsteret i (4.1.1 er at når me som her har AP-eksternt materiale rett under IP. Lange. tonale transisjonsområde gjennom dei IP-dominerte stavingane.1.1.1.4.6)–(4.4. t. men fyrst skal me systematisera litt det materialet som ligg til grunn. AP-eksterne stavingar av den typen som me finn i (4. og plassera han under IP. 151 .5). Det som er verdt å merkja seg fonologisk når ein har éin IP etterfylgd av éin eller fleire IP-eksterne AP-ar.1. kan nok koma føre både no og då i spontan tale.5)–(4. men ikkje så systematisk at det utan vidare lèt seg gjera å finna eller framkalla strukturane eksperimentelt. finst ikkje der.1.10) (han ((2OLA vilde maleAP)IP) (1murenAP)IU) L% u l v l d m l m (4.1. 1(2. I denne delen av analysen møter me eit prinsipielt problem.7) som kjem føre. men utan at noko av materialet hamnar utanfor AP.

4 Materiale utanfor AP Alternativet til observert språkbruk er introspeksjon. generativ tradisjon. Problemet med introspeksjon er velkjent: feilrapportering.1.5).1. medan H-mønsteret finst i AP-eksterne område til høgre i ein IP. finst i grenseområdet mellom to IP-ar (4.5). finst i grenseområdet mellom to IP-ar (4.8).1. og ikkje det gradvis stigande mønsteret som finst i grenseområdet mellom dei to IP-ane i (4. er ein påstand som byggjer på min eigen introspeksjon. og det finst fremst i ein IP (4. i staden for H på heile det AP-eksterne området. i god.1.7) er det einaste mogelege for konstruksjonar med ikkje-fokus til høgre. og slett ikkje sunnmørsk. Intuitivt høyrdest det fonetisk ut som austlandsk.1. Mønsteret med H finst i og for seg ytringsinitialt (4. Lyttetestar der ein kan svara på om noko høyrest greitt ut eller ikkje. men med gradvis overgang som den i (4.1.1.6) og ytringsfinalt (4.1.5).7) og samanlikna med opptak av slike variantar med stigande AP-eksternt område.1. og det finst ikkje etter ein IP som berre har IP-eksterne AP-ar etter seg. Eit slikt stigande område var eg elles ikkje i stand til å produsera i ytringsfinal posisjon utan at eg konsentrerte meg der òg. Og eg har lytta til opptak av (4.og IU-dominerte AP-ar kan IP-dominerte stavingar imellom den fokale AP-en og neste. IP-dominerte stavingar som får tildelt ein H. men då berre i kontekstar der ein held fram ei ytring for ein annan talar.1. er òg i prinsippet introspektive. 152 . men at eg må konsentrera meg veldig for å gjera det. Då har me denne distribusjonen av IP-dominerte stavingar: Det som har vorte karakterisert som eit fonetisk transisjonsområde. Påstanden om at H-mønsteret i (4. Eg har prøvt å produsera variantar av (4. Det stigande mønsteret finst ikkje ytringsfinalt.3) kjem det føre berre når det i tillegg finst materiale som sorterer rett under IU.1. Som anakruse (4.7) har ein H. Like interessant er det å sjå på kvar dei to mønstra ikkje finst. og at språkkompetansen min reagerer mot det som ugrammatisk når eg høyrer det. så deler IP ut H til eventuelt materiale til høgre. noko som er ein pragmatisk spesiell situasjon.7) med eit stigande AP-eksternt område der den verkelege (4.7).1. Med alle atterhald som sømer seg. Dette vil seia at på same vis som IU deler ut %L til eventuelt materiale til venstre (IU-anakrusar).3). Konklusjonen for min del er at eg er i stand til å produsera variantar av (4.4). vil eg difor halda fast ved at i konstruksjonar med IP. IU-dominerte AP berre ha den høge konturen som er presentert i (4.1.7). Ei freistande generalisering er då at det stigande mønsteret finst i APeksterne område til venstre i ein IP.1.

1. 153 . Dette er i alle fall røynsla i min morsmålskompetanse.4) er framstilt som ein anakruse.1. eller om dei skal vera IU-dominerte.6') (han ((2OLAAP) vilde maleIP) ((1MURENAP)IP)IU) L% (4.1. kan me like gjerne seia at dei er høge pga. Er dei IU-dominerte. kan i staden analyserast som eit fonologisk spesialtilfelle som er i tråd med dei situasjonane der mønsteret kan dukka opp: Me kan her rett og slett ha å gjera med ein tonal rekonstruksjon av førre talars ufullførde IP. AP-eksternt materiale til høgre i ein IP vil derimot få ein eigen H å assosiera seg til.8) er elles i samsvar med den synonyme men ikkje-augmentative konstruksjonen.2 Dette valet av H% framfor L% i (4.1.8) er då at me ikkje kan påvisa om dei AP-eksterne stavingane verkeleg er IP-dominerte som i (4.1. Dette spørsmålet må sjåast i lys av at den nemnde høgtonen dukkar opp berre dersom det finst materiale som er direkte dominert av IP. men sjølvsagt utanfor AP (sidan det vert ein slags anakruse hjå den andre talaren).1.4.1.4') der var katama-IP) ((1RANARAP)IP)IU) L% (4. (han ((2OLA vilde male murenAP)IP)IU) H%. og då i ein rekonstruert hale frå førre IP.1 Anakrusar og ikkje-initiale parallellar Dermed vil AP-eksternt materiale til venstre i ein IP vera tonalt uassosiert. Eit mogeleg svar vil då kunna vera at fenomenet har samanheng med tidssamanfall vs.((1RANARAP)IP)IU) L% (4. H%.(1RANARAP)IP)IU) L% (4. sidan %L er obligatorisk i IU-dominert anakruse. ville dette truleg ha vorte oppfatta som ein ny AP. må høgre IUgrensetone vera H. slik: der var katama-IP) ((1RANAAP)IP)IU). Dette problemet skal eg lata liggja.1.2') (der var katama. Eit spørsmål vil omsider vera kvar IP-høgtonen kjem frå.2)–(4.1. Sameleis har eg heller ikkje notert L] til høgre i AP-ane. og dermed på same nivå som den tonen som høgre IPgrense deler ut til AP-eksternt materiale.8') (han ((2OLAAP) vilde male murenIP)IU) H% Sidan det ikkje finst nokon nedoverbøy til slutt i (4.1.1.1. Ein vanske med (4. der alt det finale materialet er AP-internt. I så fall har me desse strukturane for (4.1.1. 2Noko anna er at dersom det hadde vore ein nedoverbøy mot ein L til slutt. ikkje-tidssamanfall mellom 1 Eg har ikkje notert %L til venstre for IU-ane. Det som i (4.5') (han ((2OLAAP)IP) (vilde male (1MURENAP)IP)IU) L% (4.8):1 (4. og berre ha ein fonetisk transisjon mellom venstre IU-grensetone %L eller AP-grensetone L] og oppover mot H til venstre i AP.3') (der var (katama.7') (han ((2OLAAP) vilde maleIP) (1murenAP)IU) L% (4.8).8').

t. og at denne ekstra høge H òg er identisk med den ekstra høge H] i austlandske fokale AP-ar. men der den andre IP-en også der har sin fyrste høgtone over nivået til den høgste høgtonen i fyrste IP. I begge dialektane kan han òg assosierast til APeksternt materiale.1).3) og (2. altså til venstre for IP-grensa. Også i den figuren er den fyrste høgtonen i andre IP på nivå med den IP-dominerte høgtonen som me har vorte kjende med her i delkapittel 4. er IP-høgtonen mykje høgre enn høgtonane i den fyrste IP-en. bortsett frå at sunnmørsk L] i fokal AP ser ut til å vera ekstra låg (globalt eller lokalt). i kapittel 2 her) at IP er domenet for fokus.a.4.4 Materiale utanfor AP domenegrensene på ulike nivå i det prosodiske hierarkiet (her: at AP og IP ikkje har sams grense). er det som er årsak til at ny neddrift byrjar frå eit ekstra høgt nivå. har me ein fonologisk analyse av ekstra høg HP i fokal AP.d. men som ein topp i den fyrste stavinga i neste AP (Nilsen 1992:91ff). som i motsetnad til austlandsk er kjenneteikna ved at den fokale H ikkje kjem som ein ekstra høg H] i den fokale AP-en. Som me har sett i kapittel 2. vert fokalitet i sunnmørsk m.1.4. på same måten som ein AP har komprimert eller ukomprimert neddrift alt etter forholdet til nivået over. Om H frå IP finst i ein eller annan tilstand i (2. (2. Samanlikn òg med konturane i kapittel 2. som på austlandsk. downstep») til ny neddrift.a. neddrift).2 vart avrunda med ein fonetisk analyse (fonetisk suspensjon av ekstra høg HP pga. men til høgre for IP-grensa i sunnmørsk (saman med HP). IP. og om det då er denne som er årsak til «oppsteget» (motsett av «nedsteg. men alltid på høgd med den fyrste høgtonen i den andre IP-en.1). så er det mogeleg at me har eit system som djupast sett liknar på det som er skildra i austlandsk. ekstra høge H som me har sett her.d.5. er i så tilfelle at den ekstra høge H frå IP vert realisert til venstre for høgre IP-grensa i austlandsk (saman med H]). Stemmer denne analysen. som ikkje har materiale som er direkte dominert av IP. Me har elles sett i døme (2. markert med ny neddrift.5. Skilnaden mellom sunnmørsk og austlandsk. 154 . Som me ser av figurane. Det har vorte lagt til grunn (m. Ei interessant utviding av ein slik analyse er at H frå IP kan ha noko å gjera med det at det alltid kjem eit nytt neddriftsområde etter IP.5. Me skal då ikkje sjå bort ifrå at den IP-dominerte. der underkapittel 2. Fretheim 1990:91).4) at i alle fall ved manglande neddrift vil denne fokale høgtonen i sunnmørsk verta samlokalisert med HP nettopp i den fokale AP-en. I austlandsk vert fokalitet markert med ein ekstra høg APgrensetone H] (t. og me har lagt merke til at den fyrste H-en i den nye neddrifta er ekstra høg. Såleis vil høgtonedialekten sunnmørsk likna på lågtonedialektane i Trøndelag.

2. 155 . som har ein tonelag 2-AP på den staden. særleg i (4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 I delkapittel 4. som i jentene i (2.3. I (4.11). når F0 høgpunktet allereie på venstre sida av AP-grensa.3. der det IP-dominerte området ligg til venstre i IP-en. I (4.1) og (4. men at Tlex vert realisert som H. Alle døma i delkapittel 4. I ein tilsvarande AP med fire eller fleire moraer kjem Llex til vanleg på heile den fyrste (bimoraiske) stavinga.3). med tre moraer. og ikkje til venstre.1 hadde ein tonelag 1-AP etter det IP-dominerte området.1 la eg fram data som indikerer at materiale som er direkte dominert av IP.2.1)–(4. og L] på fjerde mora og ut AP-en.2.5).6) eller Ola ville male muren i (4. sidan me har ein H der Llex skulle ha vore.6) og Ola ville male muren i (4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 4. er tonalt uassosiert. Me skal snøgt koma attende til korleis dette har skjett. Ein openberr grunn til dette er at L] i den fyrste AP-en etter det IPdominerte området kjem der han også elles ville ha kome: I ein AP med tre moraer (og med ingenting eller ein tonelag 1-AP etter seg) kjem Llex til vanleg på den fyrste moraen. at det er Tlex som er årsak til den varierande plasseringa av L] her som elles.2. og L] på den tredje.2.1 Det fyrste me legg merke til. ikkje L.3) kan me ikkje identifisera nokon Tlex direkte. Dette er likevel ikkje det same som at IP deler ut ein H berre til høgre. er altså at Llex har vorte Hlex. deretter HP på tredje mora.1)–(4.3.2. Dette 1Nok ein gong må ein vera merksam på alle dei mikroprosodiske ovringane. Her kjem L] på tredje mora. Det fyrste me ser.3. men har vorte H.3) er den fyrste AP-en etter det IP-dominerte området murar.1)–(4. slik som i jentene i (2.4.1.1. vert assosiert til ein eigen H. Eg vil nemleg hevda at Tlex ikkje har forsvunne. Materiale som er direkte dominert av IP. er at i (4.2. IPdominerte området.3). men berre skift polaritet frå L til H.11). er at Llex ikkje lenger er L. og denne ligg mellom to andre posisjonar som skal ha H (nemleg det IP-dominerte området og HP).2). Ver spesielt merksam på forstyrringane ved den glottale lukkelyden. slik som i jenter i (2.2. som i jenter i (2.5). og som er til venstre i IP-en.2) er AP-en murar med.3). og som er til høgre i IP.2. Det neste me ser. Dette gjer det aktuelt å postulera at Tlex er til stades i (4. med fire moraer. og L] landar på fjerde mora. og på «krusingane» i det høge. HP på den andre. Likevel ser me at L] har ei plassering som svarar til den ordinære utstrekninga av L] i situasjonar der Llex kan identifiserast utan vanskar. I (4. Lat oss difor sjå på (4.2.2.

1. ein H som dermed ligg til venstre i IP.2) (han ((2OLAAP) vilde maleIP) ((2murar medAP) (2MALINGAP)IP)IU) H% u (4.1) (han ((2OLAAP) vilde maleIP) ((2murarAP) (1DÅAP)IP)IU) L% u l v l d m l m r d o (4.2.2.2.5). der høgpunktet ikkje kom før HP inne i tonelag 1-AP-en.3) l v l d mal m r m m l (han ((2OLAAP)IP) (vilde male (2murarAP) (1DÅAP)IP)IU) L% u l v l d ma l m r d o Det finst altså ein H til venstre for AP-en murar i (4. (4.2. om enn til høgre i det IP-dominerte området som 156 .3).d. (4.4 Materiale utanfor AP er ein viktig skilnad frå t.

3) har ein tonelag 2-AP etter det IP-dominerte området. som her har vorte H.2.2.2. naboskapen med HP. og ein skulle venta at venstre IP-høgtone fall bort i (4.2 sjå meir på tonelag 2 etter IPdominert H.1. der me skal sjå på ein mogeleg OCP-prosess.3) stig i det IP-dominerte området. Det som me skal sjå nærare på i dei komande delkapitla. som ikkje har nokon underliggjande Llex mellom dei to underliggjande høgtonane. eller er han eit intonasjonelt produkt etter ei høgreforskuving av HP? 157 . Skilnaden mellom (4.2.3).5). Den meir rimelege analysen er då at Tlex framleis finst i (4. Også det faktum at F0 i (4.2. Dataa skal hjelpa oss til å avgjera om Tlex er ein leksikalsk tone. med eit brot mot MAX (T) eller ein spesifisert variant av denne. så ville venstre IP-høgtone vera næraste grannen til HP.2. Eg landar på at Tlex er ein leksikalsk (eller morfoleksikalsk) tone.2. Når det ikkje finst nokon slik IP-dominert høgtone i (4.5) og (4.1. må me i alle fall registrera at venstre IP-høgtone fell bort berre når han grensar til HP.1.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 ligg til venstre i IP.3). medan han gjorde det i (4. eller om skilnaden mellom tonelaga berre er ein assosieringsskilnad. sjølv om han er nabo av ein H til venstre i AP like etter. Dersom Tlex var borte i (4.2. Deretter skal me i underkapittel 4. er då dette: I underkapittel 4.2.1 skal me taka føre oss bakgrunnen for brotet mot IDENT (Tlex).2. og bryt med ei føring à la IDENT (Tlex).2 vert dermed utvida i 4.3 til det sentrale spørsmålet: Er den leksikalske tonen verkeleg leksikalsk. og halda dette saman med det bortfallet me har observert av IPinitial IP-dominert H som grensar til HP. Ettersom venstre IPhøgtone ikkje fell bort i (4. og dermed ein underliggjande lågtone imellom den IP-dominerte H og den AP-dominerte HP. Når OCP forbyd identiske element like etter kvarandre.3) òg. som (4.1. men at han har vorte Hlex. Drøftinga frå underkapittel 4. Slik er det altså ikkje fatt. blokkerer for ei OCP-motivert sletting av den IPdominerte H. skulle ein ha venta ein slik H også i (4. I underkapittel 4. Spørsmålet vert i staden kva som har hendt med Llex.4.1. Denne underliggjande Llex.3). trass i at AP like etter byrjar med ein underliggjande lågtone.3).5). er det interessant at denne IP-dominerte høgtonen i akkurat dette dømet er til stades. gjer det umogeleg å koma frå at me har å gjera med ein høgtone. noko me skal koma attende til i underkapittel 4.3 skal me sjå døme på at HP likevel kan finnast på ein høgreforskuva plass etter ein bortfallen Tlex.2. Når ein slik IP-dominert H finst i (4. i motsetnad til døme med tonelag 1. tyder det på at den venstre IP-høgtonen der er sletta pga.2.3) er då òg nettopp den at (4. slik at ein hadde brote med ei føring à la MAX (Tlex).5).2.2.5).1.

Det er viktig å merkja seg skilnaden mellom lisensiering av dei tonane som finst i innputten. ein ekstra L etter ein H) ville ha vorte oppfatta som ein ny AP.10) at i utputten kan L] falla bort.4. er difor ikkje korleis nærværet av ei staving med primærtrykk fører til at me har ein HP og ein L]. Det me skal sjå på her.1) og (3. – etter %L (då kan me ha Llex).8) med tilhøyrande analysar i (3. men i slike tilfelle vil Llex halda fram med å vera L.4. og det som speler inn i prosessen frå innputt til utputt: I innputt vil det alltid finnast ein HL-kontur i kvar AP (prominenstone + APgrensetone).2.4.1. så vil ein HL-sekvens indikera at ein AP er til stades.5. slik at den siste tonen i den fyrste av dei to AP-ane er HP.8) at ein ekstra nedoverbøy (dvs. Me har sett at Llex endrar polaritet til Hlex etter ein IPdominert H. Ein L kan altså koma føre i desse situasjonane: – etter HP (då kan me ha L] eller Llex).10) at L] kan forsvinna i trimoraiske tonelag 2-AP-ar før ein annan tonelag 2-AP. og ikkje skifta polaritet. Gjennom empirien er me likevel på sporet av noko som kan koma i staden for MAX (contour).5. Me har òg sett i (3.8) kunne me sjå at ei slik føring ikkje har mykje føre seg.5. i alle fall når føringa er meint å vera svært høgt rangert.1) og (3.9) og (3. Ein Llex etter ein IP-dominert H ville altså verta oppfatta som at det finst eitt primærtrykk meir enn det som innputt borgar for. Me såg i (3.4 Materiale utanfor AP 4. men me har sett i (3. Og det ekstra primærtrykket vil verta oppfatta å eksistera ein stad til venstre for denne Llex.4. det høyrer heime under 158 . Ei grei generalisering er då at sekvensen HL kan koma føre berre éin gong pr. som hindra sletting av tonar som berre har grannetonar med motsett polaritet.1 Restriksjonar på HL I kapittel 3 gjorde eg meg nytte av ei føring MAX (contour). – etter L] (då kan me ha Llex).10) at HL ikkje treng koma føre i samband med ein AP.5. Det vil i denne nye situasjonen seia at medan det ikkje treng å finnast nokon HL-sekvens i ein AP. Etter HP vil ein elles normalt få L]. Ein L kan derimot ikkje koma etter ein IP-dominert H. AP. Der må me venta til HP før me kan koma med ein L igjen. men allereie ved døme (3. Samstundes vart det kommentert i ein note om (4.

Herøy. Ein liten lytte. og sorterer rett under IP.4. dvs. Det me har med å gjera. ein mann fødd 1973. Eg bad tre sunnmøringar om å høyra på setningane.1 (4.10). Herøy. Dette stemmer òg med min eigen morsmålskompetanse. vil verta oppfatta som ein HP. ikkje-augmentativt. I (4. eitt primærtrykk for kvar HL-sekvens. og i staden for å svara med det utgangspunktet ho vart beden om å svara med.og produksjonstest stadfester at HL krev trykk.2. og dermed har me ein ny AP. fremst i murar) like etter ein IP-dominert H vil altså verta oppfatta som L] eller som summen av L] + Llex (jf. før ho ved det talesignalet. konkluderte stikk motsett av dei tre andre informantane. etter å ha tenkt seg nøye og akademisk om. (3.4) er ytringa (han (1SA derAP) varIP) ((2DØRER AP)IP)IU) L%. jf. utan noko trykk på var. og for kvar av setningane bad eg informantane om å uttala setninga slik som dei sjølve ville ha uttala henne i ein «avslappa.2.2.4) uttala dei då konsekvent som (han ( 1 SA der var A P ) I P ) ((2 DØRER AP )IP)IU ) L%.5) uttala dei derimot konsekvent som (han (1SA derAP)IP) ((1varAP) (2DØRERAP)IP)IU) L%. der eg har justert F0 slik at den leksikalske tonen er L.4. I (4.4. bortfall av L] framfor Llex i visse tilfelle).2. fortalde ho meg kva manipulasjonen i (4. er APen dører. Ei kvinne frå Herøy med akademisk bakgrunn. HL-sekvensen treng ikkje eingong vera identisk med HP + L]. som gjev male primærtrykk.5) har me ein manipulert variant av (4. i tråd med den underliggjande representasjonen. Tonelag 2-AP-en etterpå har i tråd med dette ikkje Llex men Hlex. dvs.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 genereringa av det som her vert rekna som innputt.2. og dermed ikkje skulle kunna ha primærtrykk. Dei svara spontant. (4. og ein mann fødd 1937.5) hadde gått ut på. Ein Llex (t. der L] fell bort. Volda. men HL-konturen vert teken vare på av Llex i etterfylgjande AP. Ordet var [v ] utgjer ei stutt staving. med ein H. og at ein L etter ein IP-dominert H dermed skaper ein ekstra AP. fødd 1948.2. nøytral situasjon». slik at det siste som ligg under IP (siste stavinga i male). var openbert litt for mykje oppteken av å høyra på konkrete tonar.d.1) og (3. 1Dei tre var ein mann fødd 1967.4). og eg legg spesielt merke til at tolkinga vart slik trass i at stavinga [v ] i testsignalet var stutt. er at ein HL-sekvens i utputt er avhengig av at det finst ei staving med primærtrykk. 159 . dvs. med primærtrykk på var [v ] (som då må vera lang). Det som er endra.

anna enn at ei ALIGN-føring mellom ein slik H og 'σ må vera underspesifisert for høgre eller venstre kant (under er dette enkelt notert som HL/'σ).3). – I tonelag 2 kjem H til høgre i trykkstavinga når det er trongt om plassen (delkapittel 3. og overlata den nøyaktige plasseringa av trykkstavinga til andre føringar.a.4).4 Materiale utanfor AP (4.4) (han (1SA derAP) varIP) ((2DØRERAP)IP)IU) L% s (4. – I tonelag 2 kjem H elles på fyrste mora etter trykkstavinga (delkapittel 3. medrekna ei føregriping av delkapittel 4. og ikkje den IP-dominerte H. s d æ rv d ø r Det er mogeleg at dette kan uttrykkjast gjennom ein kombinasjon av ulike føringar.1). OCP. skal det finnast ei trykkstaving. Korleis ein kan uttrykkja dette i den optimalitetsteoretiske formalismen.5) d æ rv d ø r Manipulert variant av (4. Dette fordi me veit dette om H i HL-sekvensen. vert eit spørsmål som eg ikkje skal gå inn på her.3).2.2.3). at for kvar H som kjem før ein L. 160 .2.3: – I tonelag 1 kjem H til venstre i trykkstavinga (delkapittel 3. som til saman seier m.1 1I dei tilfella er det prominenstonen som vert sletta pga. – I nokre marginale tilfelle kjem H på moraen før trykkstavinga (delkapittel 4.

(Ad hoc!) I DENT (Tlex ): Tlex skal ikkje endra polariteten sin. Det som er viktig i denne samanhengen. på reint empirisk grunnlag. Føringa spesifiserer ikkje kvar trykkstavinga skal vera i forhold til HL-sekvensen. samstundes som berre éin instans av HL (nemleg den andre instansen) er lisensiert av det primærtrykket som ligg i innputt. same korleis dette samspelet i seg sjølv skulle vera bygt opp. Det er mogeleg det finst betre måtar å notera det på. Lt) og ALIGN (Tlex. som elles må vera høgre rangert enn IDENT (Tlex). etter.6). Om sekvensen HLHL overlever i utputt. M AX (Tlex ): Ikkje slett Tlex. Utan å gå nærare inn på kva som gjer at ein HL-sekvens er avhengig av primærtrykk. som me allereie har vore inne på i kapittel 3. For ordens skuld tek eg med ei språkspesifikk ad hoc-føring HL/'σ i tablået (4. delvis før og delvis etter primærtrykkstavinga. Ei slik framtvinging vil bryta mot DEP ('σ).2.4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 H i sekvensen HL er altså avhengig av at det finst ei staving med primærtrykk. Høgre rangert enn sistnemnde må også MAX (Tlex) vera. men så lenge eg har empirisk evidens for HL/'σ. DEP ('σ) og HL/'σ overtek for den mellombelse føringa MAX (contour) frå kapittel 3. med ei intern rangering av universelle føringar (ikkje ad hoc-føringar). og må vera svært høgt rangerte. har me ein innputt med tonesekvensen HLHL. men sekvensen kan altså koma både i. vil dette tvinga fram eit primærtrykk som ikkje fanst i innputt. σ D EP ('σ ): Ikkje set inn eit primærtrykk i utputt som ikkje finst i innputt. σ HL/'σ: For kvar HL-sekvens skal det finnast ei staving med primærtrykk. Den nøyaktige plasseringa av HP er styrd av i alle fall ALIGN (TP. med eventuelt brot mot den siste. vil eg ikkje konsentrera meg her om korleis samspelet HL/'σ best kan formaliserast gjennom universelle føringar. 'σ. er eksistensen av eit samspel mellom HL og trykk i sunnmørsk. Rt). så kan ein i alle fall seia dette om den omsnudde polariteten for den leksikalske tonen: Når me i innputt har ein IP-dominert H etterfylgd av ein tonelag 2-AP (Llex + HP + L]). 161 .

At kandidat d vil vera ein tapskandidat. men held seg på plassen sin på 2. mora1 i AP-en. b. Kandidat d taper pga.2. OCP-føringa må elles vera avgrensa til å gjelda H-tonar innanfor same IP. noko tablået i (4. der Tlex ikkje ligg imellom dei to. medan ei slik sletting skjer i (4. noko eg reint praktisk har notert som «OCP/*MAX». M AX (TP ): Ikkje slett TP. brotet mot MAX (Tlex). 162 . OCP-føringa er rettgjord ved at OCP kan overhaldast anten ved å bryta med MAX-føringar (då får ein bortfall av noko) eller ved å bryta med DEPføringar (då får ein epentese).2.1. Her dreier det seg om å bryta med ei MAXføring. jf. sine respektive og komplementære brot mot HL/'σ og DEP ('σ). at ein IP-dominert H til høgre i ein IP ikkje fell bort til fordel for HP i ein tonelag 1-AP fremst i andre IP.6) må dekkja.3). d. Utputt d vil i prinsippet kunna ha den same fonetiske realisering som c. HIP + Llex HP L] 1 'σ HIP + Llex HP L] 2 'σ HIP + H lex HP L] 1 'σ HIP + 1 'σ HP L] * DEP ('σ) HL/'σ * * * MAX (Tlex) IDENT (Tlex) Kandidat a og b taper pga. Den OCP-motiverte slettinga av IP-dominert H føre HP kan då uttrykkjast som i (4.5). dersom HP ikkje flytter seg til venstre.8).2.7) og (4.3).4 Materiale utanfor AP (4.2. c.2. Elles vil me få H på fyrste mora og L på resten.2.6) IP-dominert H + tonelag 2 (LHL). M AX (H[IP): Ikkje slett IP-dominert H til venstre i IP. ser me av at Tlex stengjer for OCP-motivert sletting av venstre IP-dominert H føre HP i (4. med desse spesifikasjonane i tillegg til dei førre føringane: OCP/*MAX (H): Slett ein H som står ved sida av ein annan H i same IP. Eit alternativ kunne kunne ha vore ei høgt 1Alt etter kor lang AP er. HIP + Llex HP L] 1 'σ a. Det vil seia at Tlex er til stades i (4. eller 3.

c.8) HIP + HP L] HIP + L] HP L] * * * IP-dominert H + tonelag 2 (LHL).4. HIP + HP L] DEP HL/ MAX MAX OCP/ MAX IDENT ('σ) 'σ (T lex) (HP) *M AX (H) (T[IP) (T lex) a. (4. HIP + 1 'σ HIP + H lex 1 'σ 163 . c. Eg vel likevel å halda meg til den domeneavgrensa OCP-føringa. som er avhengig av at vokalane på begge sidene av plosiven sorterer under det same (metriske) IP-domenet (med referanse til Nespor og Vogel 1986:206).2. (4. sidan det er godt kjent frå litteraturen nettopp at domene kan skapa grenser for gjevne fonologiske prosessar. b. b. og ikkje i seg sjølv seia noko om prosessar som kan vera knytte til domene. MAX (TIP]).7) IP-dominert H + tonelag 1 (HL). d.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 rangert MAX-føring for høgre IP-dominerte H. frikativering av intervokaliske ustemde plosivar i toskansk.d.2. t. Roca (1994:198ff) listar opp ein del slike domeneavgrensa prosessar. som dermed ville ha vore spesifikk for ein tone. HIP + L lex HP L] DEP HL/ MAX MAX OCP/ MAX IDENT ('σ) 'σ (T lex) (HP) *MAX (T[IP) (T lex) (H) a. g. HIP + L lex HP L] 1 'σ HIP + L lex HP L] 2 'σ HIP + H lex HP L] 1 'σ HIP + 1 'σ 1 'σ HP L] HP L] L] L] * * ** * * * * * * * * * * f. e.

8) tek ikkje med alle tenkjelege kandidatar. 1Alt etter kor lang AP er. og ingenting ville ha vore direkte dominert av IP.10) må reviderast. eventuelt ei meir spesifikk føring *C ROWD -µ (HL). Så langt kommentarar rundt (4. dersom det finst ein Llex like etter L]. Det kan òg nemnast at utputtane d og g i (4.4. sidan det elles IPdominerte området då ville ha lege mellom L] til venstre og Llex til høgre.8) i prinsippet er identiske (nemleg med H på fyrste mora i AP. i tydinga MAX (T]). For (3. berre at der finst det ikkje nokon Llex etter L] som kan gjera OCP/*MAX (L) relevant. nye analysar av det som er skildra i kapittel 3. Mitt nye framlegg er at det finst ei føring OCP/*MAX (L) som er så lågt rangert at ein som regel ikkje har noka samansmelting av L-tonar. deretter L). Rolla til MAX (T). Ein annan kandidat kunne vera å stryka IP-dominert H. Føringa er lågare rangert enn ei føring *CROWD som forbyd to tonar på same mora. eller 3. og kvifor dei ikkje er tekne med: Ein kunne tenkja seg ein utputt med stroken H under IP og HHL i AP. og dermed ikkje skilja seg frå ytringar der alt er i AP.4. Det handla der om at L] i trimoraisk tonelag 2-AP forsvinn før ein annan tonelag 2-AP (LHL).2. slik han ville ha gjort om Tlex var til stades.9) og (3.4. 164 . området ville dermed ha lege på eit L-nivå.2.2. Dette vart tillate fordi det ikkje braut med MAX (contour). deretter L). vil eg nøya meg med denne skissa. Utan å gjennomføra fullstendige. Då vil me i staden få ein overflatestruktur der d vert identisk med c (H på dei to eller tre1 fyrste moraene i AP. For ordens skuld vil eg kjapt nemna kva for nokre kandidatar dette gjeld.5). Denne kandidaten er heller ikkje teken med.8).10) vert elles mindre viktig når ein har ein analyse med ei komplementær OCP-føring. med mindre ein set føre at HP i d ikkje kjem før på 2. eller formulert annleis: *HL (noko me kom inn på i delkapittel 3.4. og lata AP ha tonane LHL.3. har det konsekvensar for tidlegare analysar. og dei konsekvensane skal eg skissera kjapt her. Når eg no har innført DEP ('σ) og HL/'σ i staden for MAX (contour). mora. Denne er uaktuell å taka med fordi Tlex ikkje skulle ha nokon grunn til å verta H dersom IP-dominert H er borte.4 Materiale utanfor AP Tablået i (4.9) og (3. i (3. Analysen i (3. Dermed kan L] strykast for å overhalda *CROWD eller *HL.5) gjeld det same.

I tonelag 2-AP-en 2jenter vil me fyrst få L og deretter H. eventuelt berre L (tonelag 1. Ved tonelag 2 vert derimot H assosiert til trykkstavinga. Der eg seier at eg har ein T]. vil altså Bruce seia at eg ikkje har nokon AP-grensetone. Ved tonelag 2 vert tonen assosiert til trykkstavinga. Stjerna indikerer kva for ein tone som er assosiert til trykkstavinga. med uassosiert initial H).a. Det som eg då etter sunnmørsk mønster ville ha kalla Hlex og LP.2. Og forklaringa til Bruce er at T] som APgrensetone ikkje finst. Overført til sunnmørsk vil ein slik analyse seia oss dette: Både tonelag 1 og tonelag 2 har tonesekvensen LH. er det som eg kallar Tlex. slik at H vert verande uassosiert. vert i Bruces analyse skildra som at L i sekvensen HL vert assosiert til trykkstavinga ved tonelag 1. så har han likevel ein fokustone i fokale AP-ar. i Sverige for å analysera dei to tonelaga som tonalt identiske. I tonelag 1-AP-en 1guten vert ikkje den initiale L assosiert til trykkstavinga.2. Ved tonelag 1 hamnar denne tonen til venstre for trykkstavinga. 165 . Ein final H i den stockholmske AP-en (som då vert LH eller HLH) er anten den initiale H frå neste AP (når neste AP har tonelag 1). I ein AP finst dermed i utgangspunktet berre to tonar: H + L. og L kjem noko lenger til høgre. men berre ein T som hamna til venstre for AP-grensa. og som eigentleg er lisensiert av primærtrykket til høgre for AP-grensa. hjå Bruce kalla «frasaccent». Ved tonelag 1 vil H likevel verta assosiert til ei eventuell staving like før trykkstavinga (s. og risikerer å verta verande uassosiert (når det ikkje er noko der til venstre å assosiera seg til). men H vert det. men med ulik assosiering.9). vilket relativt den betonade stavelsen kommer tidigare för H L* än för H* L». Bruce tek utgangspunkt i sveamål/stockholmsk.4. Dermed har ein i stockholmsk eit system som me med ein sunnmørskinspirert analyse kan skildra slik: Ikkje-fokale AP-ar har H] framfor tonelag 1. men ikkje framfor tonelag 2. eller så er det snakk om ein fokustone.2 Tonelag 2: ein ekstra tone eller ein «skillnad i timing»? Det finst ein tradisjon m. Dette er illustrert i (4.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 4. Om Bruce ikkje har T]. som er ein lågtonedialekt. Bruce (1998:46) seier såleis at ein har «en skillnad i timing för ett och samma tonförlopp (H L). Det som derimot finst. 104f).

men som i staden er assosiert til det som er til venstre for trykkstavinga.2.4 Materiale utanfor AP (4. ei lågning av frekvensen) på grensa mellom mellom L] og Llex som kunne ha indikert at dei to toneeiningane er to ulike L-tonar. Ein slik analyse kan i tillegg forklara kvifor me tilsynelatande får Hlex etter det som eg har analysert som ein IP-dominert H.2. kan dette vera ein låg fokustone som kjem i fokale AP-ar.d. nemleg det som er til høgre i fyrste AP. I stockholmsk (med motsett polaritet på tonane) finst som kjent H til slutt i ein AP berre dersom neste AP er ein tonelag 1-AP.ten σ σ L H* L H* Til skilnad frå stockholmsk vil denne L i sunnmørsk spreia seg til førre AP anten L er eller ikkje er assosiert til trykkstavinga.2.2.10) (4. Det held å seia at LHL-mønsteret i -la vilde male mura i (4.te σ L* H L H* I ein konstruksjon som (((1der varAP) (1GUTENAP)IP)IU) har me i fyrste AP noko som eg har kalla L]. Dermed har me ein L til høgre i ein AP også neste AP skulle vera ein tonelag 2-AP.ten σ σ σ jen . og at den siste 166 .1) og i der var dører i (4. Dette er illustrert i (4. Denne L] er etter den Bruce-inspirerte analysen ikkje noko anna enn den initiale L frå guten som ikkje vart assosiert til trykkstavinga.9) 2jente og 1guten gu . Slik treng me ikkje L] i analysen lenger. Når me likevel har ein lågtone til slutt i finale AP-ar i sunnmørsk.4) byrjar med den LH som er sams for alt.2.10) (((1der varAP) (1GUTENAP)IP)IU) der σ var σ gu . eller (om siste AP ikkje er fokal) jamvel L%. og me treng ikkje føringa DEP ('σ). Denne analysen er dessutan i samsvar med det at me ikkje finn noka fonetisk endring (t.

Då har me framleis eit lite tal på toneeiningane.3): I dømet med tonelag 1 etter det IP-dominerte området.2.11) (han ((2OLAAP) vilde maleIP) ((2murarAP) (1DÅAP)IP)IU).1) er illustrert i (4. ser me ikkje nokon IPdominert H.1.2.2. som me har sett. (4. Dermed kan H landa på heile trykkstavinga i staden for L.2.3). Denne Bruce-inspirerte analysen er likevel problematisk. Annleis er det med (4. at IP-dominert H er den same tonen som eg har kalla HP: Det er H frå sekvensen LH som skal leggja seg på både det IP-eksterne området og det som kjem like etterpå. som har tonelag 2 etter det IP-dominerte området. Likevel ser me ein viktig skilnad mellom (4. Dette skjer systematisk. (4. jf.2. stig han heilt til HP inne i den fyrste AP-en etter det IP-dominerte området. men han når toppunktet før tonelag 2-AP-en byrjar.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 L kjem frå neste AP i (4.1. vil eksistensen av H[IP vera endå sikrare. Der stig konturen gjennom det IP-dominerte området. Men dette problemet kan løysast ved å justera den Bruceinspirerte analysen slik at det på eitt eller anna vis framleis berre er snakk om to/tre tonar LH(L). og indikerer at IP-dominert H ikkje berre er ein vilkårleg H.2. Der konturen i det IP-dominerte området stig. han σ Ola σ σ vilde σ σ male σ σ murar σ σ då σ L* H L* H L H* Lfok Det kan vera eit problem at H likevel assosierer seg til trykkstavinga mu (i i tonelag 2-AP-ane i desse døma.2. (4.1). sidan me her har 2murar) 167 .1).5) og (4. så tyder det òg. sjølv om det er tonelag 2.4). men at han finst som ei eiga toneeining også her til venstre i IP. og me difor skulle ha venta at det var L som landa på trykkstavinga. Ei skisse til ein slik analyse av (4.4. Ettersom tonelag 2 skulle vera ei forskuving av tonane mot høgre. og han er problematisk fordi det må finnast både ein eigen IP-dominert H og ein eigen Hlex i desse døma: Dersom L] og Llex skulle vera den same tonen. og me kan samstundes få dei tonale mønstra som me har fått. men med eit særtilfelle for assosieringa eller plasseringa av dei.11). og frå L% eller ein låg fokustone Lfok i (4.2. Det strid mot den tanken at tonelag 2 går ut på å assosiera ein L til trykkstavinga slik at H kjem seinare enn han elles ville ha gjort.5). der me kan kalla tonen H[IP.

berre med omsnudd polaritet.12) (han ((2OLAAP)IP) (vilde male (1MURENAP)IP)IU). Han skal òg vera lisensiert av den trykkstavinga som H* til høgre for dette området er assosiert til. og imellom dei er det plass til eit tonalt infiks H[IP som rett nok har vorte sletta her fordi Tlex ikkje ligg imellom H[IP og HP og blokkerer for slettinga. Det vil i praksis seia at i (4. Tlex finst dermed som ei eiga eining.12).1.5).2. jf.2. med H* assosiert til trykkstavinga mu i muren. nemleg -la i Ola.2. vera korrekt: Ved tonelag 2 i (4. Der er det eksistensen av ein eigen T] som er problematisert. han σ Ola σ σ vilde σ σ male σ σ muren σ σ L* H H [IP LH* Lfoc L i sekvensen L H[IP H* skal ikkje berre liggja til venstre for eit tonalt uassosiert område. med eit fonologisk tonefritt område vilde male.1.5). L skal vera assosiert til noko som ligg mykje lenger til venstre. og me får OCPmotivert sletting av H[IP.2.1. Ein slik tone ligg ikkje imellom i tonelag 1-dømet (4. må analysen som eg har lagt fram tidlegare. så måtte ein med Bruce seia at denne tonen ligg til høgre for H[IP her.3). 168 . Dersom det ligg ein slik tone imellom H[IP og HP ved tonelag 2. (4.3) ligg det ein tone mellom H[IP og HP som grunna høg rangering av MAX hindrar ei OCP-motivert sletting av H[IP eller HP. (4.4 Materiale utanfor AP ein ekstra H[IP til venstre for trykkstavinga. så skulle alt tala for at denne tonen er Tlex . Dette er i og for seg heller ikkje i strid med Bruce. medan heile LH-sekvensen eigentleg skulle ha vorte flytt mot høgre. eller L frå sekvensen LH.2. Dette er illustrert i (4. og denne tonen til overmål tek like mykje plass som L fremst i tonelag 2 elles (jf.3)).2. Dermed skulle me ved tonelag 1 etter IP-dominert område (som i dette dømet) ha ein sekvens L H*. men til venstre for den sletta H[IP i tonelag 1-dømet (4. Dersom H[IP finst.2. til venstre for det tonalt uassosierte området som sorterer rett under IP (og eventuelt samlokalisert med ein låg «fokustone» til slutt i førre AP/IP).1. Men dersom Tlex finst i tonelag 2-døma (4.1)–4.5).5) med tonelag 1 ligg Tlex . (4.1)–(4.

men som assosierer seg heilt til venstre i APen). sidan denne tonen kan hindra ei OCP-motivert sletting av H[IP. Tonelag 2 er då ikkje tonalt identisk med tonelag 1. Når eit adjektiv som grøn heiter [ 1 rø n ] med HP + L] i eintal (m. til venstre i AP. 1brannmann. L] og Llex gå inn i analysen som tre ulike tonale einingar.4.1. Det einaste som kan påvisast. Alternativet til dette ville etter Bruces mønster vera ein prosess som endrar assosiasjonstilhøva mellom ein gjeven TBU og tonane Tlex og TP . medan det i snikmord er både Tlex og TP.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 Dersom skilnaden mellom dei to tonelaga då skal vera ein «skillnad i timing» for L og H i totone-sekvensen LH. slik at det i snik er berre TP som vert assosiert. (4. Det kjem meir om den morfologiske rolla til Tlex i underkapittel 4. Dette må i t.12). Det verkar difor for meg som om det er mest i tråd med empirien å lata %L.) på sunnmørsk.2. Me har ein L der. I tillegg kjem den morfologiske rolla til den leksikalske tonen. slik som eg har gjort det til no.3). 2. slik at somme ord får dette skiftet i toneassosiering. L frå sekvensen L H*) til venstre for det tonalt frie området kan nemleg ikkje påvisast. då har me eit problem: Llex (dvs.d. skulle me i det minste ha venta at han assosierte seg til dei ledige TBU-ane i det IP-dominerte området katama til venstre i IP. men i at tonelag 2 har ein ekstra tone. og me ville hatt berre L-anakrusar.2. t.3 straks. med eit postulert. Når det finst L-anakruse (IU-anakruse) etterfylgd av stigande anakruse (IP-anakruse). men han kan like gjerne vera ein «fokustone». er at ved tonelag 2 finst det ein tone som ikkje finst ved tonelag 1. flytande L-prefiks i eintal som ikkje kunne påvisast. medan andre ord ikkje får det. ville òg ha vore umogelege. som i samansetjing har det same tonelaget. så ville ein i andre språk utan tvil ha analysert den initiale L som eit tonalt prefiks. som i (4. Dersom Llex vil assosierast til tilgjengeleg materiale til venstre for AP. IP-dominerte område i IP nr. slik ein Bruce-inspirert analyse ville ha sagt. Men då ville stigande anakruse med tonalt uassosierte TBU-ar ha vore umogeleg. Stigande. Eit døme på dei siste kan vera 1brann. vil det òg vera problematisk å seia at %L er identisk med Llex. 169 .1. men [2 rø n ] med Llex + HP + L] i fleirtal. Skilnaden ligg ikkje i assosieringspunkta for tonane. sunnmørsk og austlandsk vidare vera leksikalsk avhengig. og f. eventuelt eit tonalt prefiks som lagar samansetjingsstamme. og ikkje som eit resultat av ein «skillnad i timing». som i (4. Analysen av Llex som tonalt prefiks gjer det òg mogeleg å tolka tonelagsskiftet frå 1snik til 2snikmord som ei tonal samansetjingsfuge (Llex mellom samansetjingslekkane. slik Bruces analyse seier.(1 RANAR AP )IP)IU ) L%.d. Tlex.3) var (der var (katama. slik Kristoffersen (1992) gjer framlegg om for austlandsk.

sidan sunnmørsk alltid vil ha %L i IU-anakrusar. og me har sett døme på tonelag 1 etter IP-dominert H i byrjinga på ei ytring. å postulere en L foran H* ved tonelag 2 som skulle assosieres til anakrustiske stavelser i ord som f. tonelag 2 etter «stigande anakruse». ein høgre rangert MAX (Tlex).2. (4. dette truleg pga.eks. Heller enn å sjå på tonelagsskilnaden som ein skilnad i assosieringsforholda. er tonelag 2 etter IP-dominert H i fyrste IP.14). Det me ikkje har sett på då. Kom det ein Tlex imellom dei to H-ane.13) (han (vilde male (2murar medAP) (2MALINGAP)IP)IU) H%  v l d m l m r m m l 1I sunnmørsk vil denne innvendinga vera mindre relevant.13) og (4. trass i naboskapen sin med Hlex. dvs.4 Materiale utanfor AP Som avrunding kan eg i tillegg nemna den innvendinga for austnorsk1 som Nilsen (1995:121) avrundar sitt svar til andreopponenten (Horne 1995) med: Å postulere en H foran L* ved tonelag 1 er like dårlig motivert som f. vart den IP-dominerte H-en sletta fordi han var nabo av HP.eks. vart denne til ein Hlex.2. i alle fall i sunnmørsk. Der den IP-dominerte H-en stod til venstre i same IP-en som HP like etterpå. men H[IP vart ikkje sletta. Me har to døme i (4. uavhengig av om den fyrste AP-en byrjar med H (ved tonelag 1) eller L (ved tonelag 2). sjoko 2 lade og kom 2 mune.3 Er den leksikalske tonen ein leksikalsk tone? Til no har me sett døme på både tonelag 1 og tonelag 2 etter IP-dominert H inne i ei ytring. 4. 170 . Me skal likevel sjå no at heller ikkje dette er uproblematisk. Under Bruces analyse vil tuberku1løse ha en tone assosiert med anakrusen (opptakten) mens tuberku2lose ikke vil ha det.2.2. kjem eg altså framleis til å halda meg til den analysen at tonelag 2 har ein underliggjande leksikalsk tone som tonelag 1 ikkje har.

og eg vel difor å ikkje gå djupare i toneslettinga å konstatera at Tlex fell bort saman med H[IP i initial posisjon.d. i (4. i (4. Ser me nærare på dei to døma. I (4. Det lèt seg diverre ikkje avgjera med desse få dataa kva for eitt av desse rangeringssetta som er det beste. framleis i fyrste stavinga.14) er han på tre moraer (to stavingar). kjem Tlex på fyrste mora og HP på andre mora. I staden vil eg konsentrera meg om sider ved den ontologiske statusen til tonelag 2.13) er den fyrste AP-en. ser me dette: I (4.13) og (4.2. For alle tilfella er det likevel ei sak at det ikkje er ukjent frå litteraturen at det kan finnast posisjonsspesifikke føringar. i motsetnad til ikkje-initial posisjon.2.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 (4.2. ut ifrå det me har sett i døma (4. Plasseringa av HP er altså i samsvar med det mønsteret me har sett tidlegare. t. nemleg at Tlex kan falla heilt bort. jf. Både H[IP og Tlex er borte. Eg har ikkje ambisjonar om å utvikla optimalitetsteorien på dette området.14) ein mora tidlegare.2. positional (un)faithfulness.4. på fire moraer (tre stavingar). Er det berre tre moraer i AP-en. og at ein må innføra ei eiga føring for den fyrste instansen av H. Beckman (1998). og seia noko à la MAX-POSTFOKAL (Tlex) » OCP/*MAX (H) » MAX (Tlex). og operera med rangeringa: OCP/*MAX-INITIAL (H) » Max (Tlex) » OCP/*MAX (H). murar med. 171 .14) (han (vilde male (2murarAP) (1DÅAP)IP)IU) H% v l d  m l m r d o Noko av det som er påfallande her. når Tlex er til stades: Når det er god plass i AP-en. er at H[IP og Tlex begge er borte. slik at HP er den einaste høgtonen som er att. og deretter kjem HP.2. kjem fyrst Tlex på heile den fyrste stavinga.2. No kan det sjølvsagt tenkjast at føringa OCP/*MAX (H) er posisjonelt avhengig. murar. Det kan òg vera at det er andre posisjonsspesifikke faktorar som speler inn her.2.14).13) kjem denne høgtonen i stavinga ra. Alternativt kunne ein gjera MAX (Tlex) var for posisjonar.

2.13) og (4. respektive andre. sjå særleg s. og i eller utan kombinasjon med segmentale affiks) vert flytt frå éi staving til ei anna. Når HP landar der han gjer i (4. har han gått vekk frå dette.13) og (4. Den forklaringa held ikkje her. Tvert imot ser det her ut til at det slett ikkje er Tlex som tvingar HP til høgre. 177f) ein tredje hypotese. vil eg vera måtehalden med å tilleggja skandinaviske språk eit morfo-fonologisk fenomen som ikkje har parallellar andre stader. er i kva grad liknande fenomen også kan finnast i andre språk enn dei skandinaviske: Er det eit kjent fenomen at ord kan bøyast eller avleiast ved at ein tone (ikkje trykk. trass i at det ikkje finst nokon T lex til venstre som tvingar HP dit. ein tone som i desse siste døma ikkje lenger er til stades. I staden skulle me venta at HP i mangel av ein sperrande Tlex la seg heilt inntil venstrekanten på AP. [– delayed tone]. kan dette tala imot den arbeidshypotesen eg har lagt til grunn til no. Dette er problematisk. Dataa i (4. nemleg at fenomenet tonelag 2 går ut på å vera leksikalsk eller morfologisk merkt for eit tonalt prefiks. [+ delayed tone]. medan tonelag 2 er karakterisert ved at den tonen kjem seinare. Her manglar nemleg Tlex fullstendig.4. og over til hypotesen om det me kan kalla ein morfo-leksikalsk tone som i samsvar med morfologiske eller leksikalske tilhøve er eller ikkje er til stades. Likevel oppfører HP seg som om det skulle ha vore ein Tlex til venstre for han.14) gjer Lorentz (1981) unekteleg interessant. og HP skulle ikkje ha nokon grunn til å landa på tredje.14).2.4 Materiale utanfor AP Dette har vorte forklara med at Tlex vil lina seg opp med høgrekanten av trykkstavinga.2. og at TP i alle fall kjem rett etter ein eventuell Tlex. eller frå éin mora til ein annan? Om svaret er nei. og som eg lét vinna i underkapittel 4.13) og (2.4.2. men at den føringa kan brytast.2. og der Bruce har teke utgangspunkt i ein assosieringstidsskilnad mellom tonelaga. har Lorentz (1981. men òg for analysar som den Bruce legg til grunn. Eit spørsmål som likevel må avklarast.2. altså på fyrste mora. slik at tonelag 1 er karakterisert ved at den metriske tonen kjem på trykkstavinga. Han opererer med [± delayed tone]. men tone.14). mora. ikkje berre for mine analysar. Lorentz (1995). men ein høgrejustert HP som skaper plass for den tonen som eg til no har kalla Tlex. slik at me i praksis ville ha fått eit samanfall med tonelag 1. sidan me ved bortfallen L* i sekvensen L* H heller ikkje skulle venta at H heldt seg så langt til høgre som han gjer i (2. Der eg har teke utgangspunkt i at tonelag 2 er karakterisert ved eit morfoleksikalsk prefiks. I eit seinare arbeid. 172 .

jf. av kar n. ~ [2bi l ] bilane bunden pl.2. a) minimale par med morfologisk åtskilde ordformer av same leksem [1skri v ] skriv pres. m. Affix-Controlled Accent (ACA): the attachment of an affix correlates with a mutation of the accent in the base of affixation. ~ [2skri v ] skriva inf. Root-Controlled Accent (RCA): inherent accent in the root precludes the realization of accent elsewhere in the word. der tonelaga kan vera det einaste som skil mellom to ordformer. med suffigert segmentalt materiale i kombinasjon med ein prefigert1 tone. cit. [1stu r ] stor adj. [1æn d ] ender ubunden form pl.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 Det er kjent frå ulike språk at tonar kan migrera frå staving til staving utan å verta pressa av andre tonar.2. Det er på ei anna side òg kjent frå ulike språk at plasseringa av tonar kan vera avhengig av den morfologiske strukturen. [1te k ] tek pres. som ser på russisk og japansk. må (4. slik at tonen dukkar opp andre stader enn den underliggjande representasjonen skulle tilseia.15) Tonelagspar i sunnmørsk. jf. b) tonelagsopposisjon i kombinasjon med segmental morfologi [1bi l ] bilen bunden sg. og ikkje om ei flytting av ein tone der flyttinga i seg sjølv er reint morfologisk (op. (4. ~ [2t k ] taka inf. sg.2. Dette skil seg altså frå den sunnmørske situasjonen. (4. ~ [2stu r ] store pl. Dersom Tlex i sunnmørsk då framleis er morfo-leksikalsk. av and ~ [2æn d ] ende m. Odden (2001).4. c) leksikalske opposisjonar [1k r ] karet bunden form sg.:1): a.2. Om det derimot 1At tonen vert prefigert i overflateforma.2. og der tonelaga i seg sjølve ber morfologisk (4. Men i desse tilfella er det snakk om eit samspel mellom «root controlled accent» og «affix controlled accent».15b) i klassisk terminologi vera døme på diskontinuerlege affiks./f.15a). jf.15c) innhald. ~ [2k r ] kara inf.15a) og/eller leksikalsk (4. b. treng ikkje å tyda at han underliggjande er eit prefiks. og dreier seg i staden om reint fonologiske eigenskapar ved dei språka. Men dette skjer uavhengig av morfologi. Alderete (1999). Plasseringa som prefiks i overflateforma kan vera eit resultat av ei rangering 173 .

der det ikkje finst nokon morfologisk eller fonologisk grunn til at TP skulle flytta på seg.15b) eit døme på korleis affiks kan påverka plasseringa av TP.4 Materiale utanfor AP ikkje finst nokon slik morfo-leksikalsk tone. og at desse korresponderer med ikkje-nedstytte former (base forms). truncated form).15a) og (4. Problemet då vert (4. dreier seg om tonar: I basen har ein sekvensen Tlex + TP. som skissert i 3. mora i tonelag 2. handlar dessutan om segment. og som pressar TP til høgre.2. Eg vil difor avvisa hypotesen om at tonelag 2 i sunnmørsk går ut på å flytta TP som utslag av eit trekk [+ delayed tone].2.2.15c). som ein leksikalsk gjeven del av fugeformativen -e-: Fugeformativen kjem mellom samansetjingslekka. medan den nedstytte ALIGN (Tlex. Vekslingane mellom base og nedstytt form i den litteraturen eg har funne. landar heilt til venstre i det samansette ordet. Fleire har brukt OO-føringar (output-output: eit systematisk samsvar mellom to utputtar) av typen IDENT -BT.14) som nedstytte (truncated) former. I staden vil eg halda meg til den opphavlege hypotesen: at tonelag 2 dreier seg om eit tonalt prefiks som ikkje er til stades i tonelag 1. sjølv når Tlex manglar. medan den vekslinga som eg meiner å ha registrert i sunnmørsk. er (4. men har i litteraturen stort sett berre funne andre prosodiske einingar. sjølv om det er borte i utputt (i praksis er det her altså snakk om å forhalda seg til Tlex). 174 . der det skal vera ein eller annan gjeven identitet mellom baseforma (B. Ein mogeleg analyse kan då vera å sjå på dei tonale strukturane i fyrste AP i (4. og dermed ikkje kan pressa HP til høgre? Innanfor ein reint autosegmental analyse vil det vera naturleg å skissera at Tlex (og T[IP) vert sletta (eller slegne saman med TP på plassen til TP) etter at TP er pressa til høgre av Tlex. men det segmentale materialet er på plass. som stavingar og metriske føter. men høgtonen som fylgjer med. Eg har ikkje funne døme frå andre språk på at ein tone kan flytta seg systematisk av morfologiske grunnar utan som utslag av affigering eller endra trykkplassering. Jamfør Kristoffersen (1992). eller 3.2.2.a. slik at ein får tonelag 2.3. Lt) » ALIGN (TP. Eg har leitt etter skildringar av tonar i slike samanhengar. Baseforma er ein utputt der alt det relevante materialet er til stades (om det relevante materialet er tonar: til dømes at Tlex er til stades i utputt ved tonelag 2 etter noko som ikkje er IP-dominert). i den nedstytte forma er Tlex borte.2. Me er då attende hjå det problemet som førde til denne drøftinga: Kvifor held TP seg på plassen sin på 2.13) og (4. Lt). base form) og den nedstytte forma (T. som opererer med Hlex i austlandsk m. Omsett til ein optimalitetsteoretisk analyse utan kronologisk ordna prosessar må me ha å gjera med at TP i utputt forheld seg til slikt som er til stades i innputt.

når ein Tlex kjem framfor TP utan å forsvinna) så skal TP framleis liggja på andre eller tredje mora. og er [1he ] med HL. γ ) ‘for korrespondansen mellom baseformer (B) og nedstytte former (T) av materiale av type α gjeld det at dersom ei assosiasjonsline i basen går mellom β.d. På grunnlag av dei sunnmørske dataa vil eg herved leggja fram den hypotesen at føringsskjema for korrespondanse mellom base og nedstytt form ikkje berre kan gjelda segment eller autosegment. skal den assosiasjonslina gå slik også i den nedstytte forma’. Det er verdt å nemna at også i (2. Eit generelt skjema kan vera IDENT-BTα (ASSOC. men som er i samsvar med eigenskapar frå baseforma. I det tilfellet var det ikkje tonar som utgjorde den relevante materialtypen. β . Her er det òg segmentalt materiale som forsvinn til høgre.L når ordet vert uttala i sin eigen AP. I dei sunnmørske døma her er materialtypen tonar. men òg assosiasjonsliner.4. i form av den moraen som tonen skulle assosierast til. sjølv når det tonale materialet er nedstytt ved at Tlex manglar. Dette vil i praksis seia at dersom andre reelle og ikkje-nedstytte utputtar gjev TP på andre eller tredje mora i AP-en (slik tilfellet som oftast er ved tonelag 2. som i fullforma si (base) er [2he v ] med LH. men HP 175 . men denne tonen landa no på neste vokal. For utdjuping av dette kan ein sjå dei nemnde referansane. TP. og Benua (1997:143f) opererer med OO-identitet i «truncated words». Den nedstytte forma manglar ei heil staving. Til den vokalen skulle eigentleg TP vera assosiert.3. at Tlex manglar). og me kan postulera ei høgt rangert føring slik: IDENT -BT T (ASSOC . Posisjonen til TP vert altså bunden til den posisjonen som TP ligg på i den ikkje-nedstytte overflateforma. men vokalar.10) hadde me eit døme på ei nedstytt form. eventuelt moraer. som låg i det neste morfologiske ordet. og γ. Ein slik BT-identitet mellom baseform og nedstytt form går ut på at den nedstytte forma har eigenskapar som ikkje kan skriva seg frå den nedstytte forma i seg sjølv. Kager (2001:264) har såleis ei slik føring brukt om heile segment. µ ): Ved nedstytting av det tonale materialet skal assosiasjonslina mellom TP og ein gjeven mora i den nedstytte forma vera identisk med assosiasjonslina frå TP til den moraen i basen. som er av type α. i at presensforma [2le v ] ‘lever’ miste den siste vokalen sin.2 IP-dominert H: konsekvensar for tonelag 2 forma er ein utputt der noko av det relevante materialet ikkje er til stades (t. På ei anna side har me døme som presensforma av verbet ha på søresunnmørsk.

mora). ein mora eller ein vokal som forsvinn. Til slutt skal det kommenterast at denne utputt-utputt-korrespondansen ikkje er i konflikt med det faktum at TP stundom kjem på andre. forsvinn altså HP.1) har me òg ein tonelag 1-AP etter det IP-dominerte området.d.3. om det er tonar eller t. I spesialtilfellet som me straks skal sjå på (og som vart føregripe i strekpunkta i underkapittel 4.2.1. mora. Dermed dreier det seg der om eit brot mot MAX (TP). er kombinasjonen av ytringsfinalitet og berre to moraer. Det som skil desse to figurane frå tidlegare døme med AP-ar etter IP-dominert materiale. der H i HL-sekvensen kjem til venstre for AP-en ved tonelag 1.3. og ikkje berre ein bortfallen Tlex på ein då tonalt uassosiert 1.1.3 IP-dominert H: eit spesialtilfelle ved tonelag 1 Etter IP-dominert materiale vil ein tonelag 1-AP som regel ha H på fyrste mora. fig. anten Tlex er til stades (baseform) eller ikkje (avstytt form).14) handla det altså om tonal nedstytting. og stundom på tredje mora (eller på fyrste mora ved tonelag 1). kjem til slutt i ytringa. slik me har sett i delkapittel 4. på vanleg plass.2). TP.13) og (4. og ikkje om ei flytting av HP. Slike døme gjer at eg finn det best å spesifisera kva slags nedstytting det er snakk om i vekslinga mellom baseform og nedstytt form. eller om han er H%. Denne AP-en har berre éi staving. t. 4. I staden får me ein ordinær tonelag 1AP (med HP på 1. og ikkje HP.5) og (4. µ). sidan H i dei tilfella er H[IP eller HIP].3). Når ein tonelag 1-AP har to moraer. ville det ha sett ut på same måten. 176 . og framleis kjem HP på fyrste mora. Valet av plassering på andre eller tredje mora er avhengig av kor god plass det er til Tlex. (4. I dei to figurane er det ikkje nokon HP i den bimoraiske tonelag 1-AP-en som kjem rett etter det IPdominerte området. dvs.1. I (4.3). som i (4. faktisk ikkje under noko omstende som helst. og L] på andre mora. (4. og i dette konkrete tilfellet i (4. dreier det seg heller ikkje om brot med denne BTkorrespondansen.1. og kjem like etter noko som er IP-dominert. som jo ville ha brote med IDENT-BTT (ASSOC.6). to moraer.d.2) og (4. Dette er ikkje tilfellet for (4.3.3. mora i fullforma). I alle desse døma er det tre moraer i den AP-en. Dette er uavhengig av om IU-grensetonen er L%.3). I skjema av typen IDENT-BTα vert dette spesifisert gjennom α.4 Materiale utanfor AP vert ikkje verande på moraen sin av den grunn (2.1). som i (4. Hadde det vore fleire moraer der.2.2.3.

(4.3).2) l v l d m  l m rn u (han (vilde male (1MURAP)IP)IU) L% v (4. (4.4.1.d. der han elles er observert ved tonelag 2 i (4.2) er det motsett: Der manglar HP.3. t.3.3) l d  m l m r (han ((2OLAAP) vilde maleIP) ((1MURAP)IP)IU) H% u l v l d  m l m r 177 . akkurat til venstre for AP-grensa.1) (han ((2OLAAP) vilde maleIP) ((1murAP) (1NOAP)IP)IU) H% u (4.3).3. med stigande kontur i det IPdominerte området) har me tidlegare sett at ved tonelag 1 vil H[IP forsvinna til fordel for HP pga. I (4. og det er H[IP som overlever.3. OCP.3 IP-dominert H: eit spesialtilfelle ved tonelag 1 Etter eit IP-initialt AP-eksternt område (dvs.2.

Med ein T% til stades har me to TBU-ar og tre tonar: HP + L] + T%. som har H%. d.3.4 Materiale utanfor AP Etter analysen i (4. kunne H% like gjerne vera eit tonalt ytringssuffiks. L% er då heller ikkje mogeleg å observera direkte. Når det eine særtrekket ved dette fenomenet er at det berre skjer ytringsfinalt (HP forsvinn ikkje i (4. er det freistande å mistenkja den ytringsfinale tonaliteten for å ha noko med det å gjera. medan L% eigentleg ikkje eksisterte. Utan å gå det nøgnare etter i saumane kan dette uttrykkjast på fleire måtar. må difor òg innebera at den føreslegne OCP/*MAX (L) ikkje berre må plasserast på rett stad i eit hierarki med *CROWD (slik at L] kan strykast medialt i ytringa) men òg at OCP/*MAX (L) er posisjonelt avhengig. nærare sagt ein L%. For alt me kunne vita. HIP + HP L] L% µµ a. Om bortfallet av HP no har noko å gjera med nærværet av ein T%. HIP + H L L HIP + L L HLL HIP + H L HL MAX/*OCP. OCP i siste AP ved tonetrengsle der. der OCP-føringa var domeneavgrensa til H-ar i same IP. som dermed òg må ha ein T%. er IU-grensetonen T%.3.1 hadde eg ikkje annan grunn til å operera med L% enn at L% stod i opposisjon til H%. sidan han kjem etter L]. slik at me ikkje får noka endring i F0.3. HP fell nemleg bort ikkje berre i (4. Tankane går då intuitivt til tonetrengsle og ei eller anna utgåve av *CROWD igjen. men òg i (4. medan prominenstonen overlevde.3.3.3.4 såg me fleire døme på at L] fall bort i trimoraiske tonelag 2-AP-ar dersom det kom ein Llex like etterpå. I (4. b. I delkapittel 3.*CROWD FINAL (L) * * * * MAX (HP) * 178 . med IP-dominert H framføre. For tonelag 1-AP-ar like etter IP-dominert matieriale til venstre i AP-en førde dette til at den IP-dominerte H-en forsvann. dvs. trykkstavinga og inkje meir.2) og (4. I underkapittel 2. utan å trekkja inn den lågt rangerte OCP/*MAX (L).3).1)).4) Final tonetrengsle ved L%.2. e. Det andre særtrekket ved (4.4) har eg valt å uttrykkja det med ein høgt rangert MAX/*OCP-FINAL (L). (4.3) var at AP-en utan HP ikkje hadde meir enn to moraer.3). slik at L] ikkje vert stroken pga.3. som allereie er låg. c. så stiller saka seg litt annleis.3) er det HP som forsvinn.3.3. Det som finst i slutten av ein IU.2) og (4.3.5.7) har me ei rangering MAX (HP) » OCP/*MAX (H) » MAX (H[IP).3.2). I døma (4. og som ikkje finst andre stader. Det me har i (4.2) og (4.

Det finst dermed ikkje noko som indikerer at det finst eit primærtrykk der. (4. c. Når kandidat b taper i (4. 179 . er det her den same mekanismen som bergar vinnarkandidat b i (4. som i siste AP-en i (4. utan IP-dominert H framføre. noko som anten vil verta oppfatta som eit framhald på ein føregåande AP (og dermed forsvinn eit primærtrykk).*CROWD FINAL (L) * * MAX (HP) Når IU-grensetonen er H%.4) ved å indikera nettopp at ved HL skal det finnast eit primærtrykk. Tablået i (4. (L) + H L L (L) + L L (L) + H L MAX ('σ) * * MAX/*OCP. kjem det av at ingenting skjer i AP-en.3. Svaret må openbert vera at i slike tilfelle vil ein AP-initial L] (for han vert AP-initial når HP fell bort) auditivt sett fungera som framhald på L] i AP-en til venstre.1.1). slik me såg det i underkapittel 4.1). og dermed saknar me eit primærtrykk. er sjølvsagt kvifor HP ikkje på liknande vis kan forsvinna under tonetrengsle der det ikkje er nokon IP-dominert H rett framføre.5. slik at me dermed heller ikkje bryt med MAX ('σ).5) illustrerer ved fyrste augnekast ei anna side av det same. Medan HL/'σ i det underkapittelet forbaud visse konstruksjonar (og tvinga Llex til å verta Hlex).3.4).3.4. gjeld meir eller mindre dei same prosessane som når han er L%.3. Døme (3. Dette er forresten akkurat den same tonetrengsla som i siste AP-en i (4. altså korleis HL og 'σ heng saman.2. som har HP + L] + L%. Taparkandidat b har ikkje HL. medan HL i alle tilfelle vil indikera primærtrykk. Føringa MAX ('σ) er ikkje teken med i tablået i (4. Etter ein IP-dominert H vil derimot ein AP-initial L] kunna forsvarast ved at overgangen frå H til L genererer eit primærtrykk.2. med HP + L] + H% (einaste skilnaden mellom dei to er polariteten til T%). Alt i alt verkar det då som primærtrykk er avhengig i alle fall av ein H.8) synte likevel at ein kan ha eit primærtrykk utan HL (der var det Llex + H).5) Final tonetrengsle ved L%. eller som fråvær av metrisk informasjon i det heile teke. b. Den prosessen som gjer at ein persiperer eit primærtrykk ved HL. og me bryt med ei føring MAX ('σ) som må vera heller høgt rangert. gjeld altså ikkje motsett veg: Ein treng ikkje HL fordi om ein har eit primærtrykk. (L) + HP L] L% µµ a. AP-en inneheld berre to lågtonar.5).3 IP-dominert H: eit spesialtilfelle ved tonelag 1 Eit spørsmål som melder seg.3.3.

3. b. Dermed ville heller ikkje primærtrykket i AP-en ha overlevt som primærtrykk.8). HIP + HP L] H% µµ a. Vidare er den sentrale føringa HL/'σ ei språkspesifikk ad hoc-føring som treng å verta analysert som eit sett av universelle føringar. MAX (TP) og MAX (Tlex) i (4. samstundes som me ved H% ikkje treng å taka med MAX/*OCP-FINAL (L). Når det finst mange slike samgrupperingar utan indre rangering. med IP-dominert H framføre. HIP + HP L] H% HIP + L] H% HP L] H% HIP + HP H% HP H% MAX ('σ) *CROWD MAX (HP) * * * * * Kandidatane d og e i (4.6) Final tonetrengsle ved H%.3. trengst det openbert fleire undersøkingar før ein kan byrja å kombinera dei ulike føringssetta i stor stil. Med slike manglar i analysen min vel eg å ikkje setja opp noko samla rangeringsskjema for dei føringane eg har brukt i kapittel 3 og 4.2.3. e. (4. (L) + HP L] H% (L) + L] H% (L) + HP H% MAX ('σ) *CROWD MAX (HP) * * * * Som me var inne på i delkapittel 3.7). d. b. (4. Der trengst ho eksplisitt.6) ville ikkje ha sett annleis ut reint fonetisk enn ein ytringsfinal og IP-dominert H av den typen me såg i (4. Fleire stader manglar det òg evidens for ei indre rangering av ulike føringar. utan IP-dominert H framføre. c. Det same gjeld (4. HL/'σ.1.4 Materiale utanfor AP men ho er med i (4. er statusen til *CROWD noko som må sjåast nærare på.d. c.3. t. både med tanke på posisjonsavhengige prosessar og med tanke på ei eventuell oppsplitting i *HL og *LH. (L) + HP L] H% µµ a.7) Final tonetrengsle ved H%. og AP-en ville ikkje ha overlevt som AP.5.3. 180 . DEP ('σ).7).6).

høyrer til. og at dei tre fyrste stavingane ikkje sorterer under den AP-en som primærtrykket i ordet.3. så var dette ei forskuving av primærtrykket. var skild ut med lang.3 presenterte eg ein figur (2.1) Analysert slik: (jenteni.3. bra.((1vået varAP) (1BRAAP)IP)IU) L% j æ n t n v o v b r For søresunnmørsk avviste eg dermed å taka med Trondheimsmodellens morfo-tonale prosodiske ord (dvs.1) er alle AP-grensene markerte i tråd med denne analysen. Sunnmøre og Nordfjord som er kjent for bruk av etterleddsaksent.5 Samansette ord I den dialektologiske litteraturen er det nemnt at samansette ord i søresunnmørsk har «etterlekksaksent». eller «oksytonering». Trysil. med primærtrykk på andre samansetjingslekken i dei tilfella der andre dialektar har tonelag 2 med primærtrykk på fyrste samansetjingslekken.1).» Ho nemner fleire område på s.18).1. For Vestvågøy 181 . Øst-Telemark (Tinn). 197): «Det er særlig dialektene i Nord-Gudbrandsdal. Likevel skreiv eg at når HP i ordet «jentenivået» kjem i fjerde stavinga. her attgjeven som (5. ‘segmentstreng frå og med primærtrykkstavinga til og med slutten på det morfologiske ordet’). Christiansen (1976:197ff) held dette saman med andre dialektområde. og nemner (s. (5.1 Oversyn I delkapittel 2.1.18). 197ff. I (5. Ein alternativ analyse med Llex på dei tre fyrste stavingane ville dermed vera feil.((1vået var) ( 1 BRA))) L%. 5. på fjerde stavinga. loddbein strek i (2.1. og ytringa må analyserast med anakruse: (jenteni. Berre den siste AP-en.

Dette ser me i (5. er at den andre stavinga i tonelag 2-AP-ar som oftast er monomoraisk. Argumentet fell altså saman fordi det bygde på ein for dårleg analyse av dei tonale forholda i søresunnmørsk. Dermed dreier den initiale L-tonen seg ikkje om nokon parallell til den nordnorske spreiinga av HP. og sidan 1948 var rundt 30 år før autosegmental fonologi vart lansert. særleg s. og primærtrykket kjem på stavinga vå. men derimot anakruse.1). 45ff) ser òg på det. at grunnen til at HP og L] ved tonelag 2 til vanleg ikkje deler staving.1). men i røynda er det ikkje tonelaget men stavingsstrukturane som avgjer korleis den overgangen skal skje (inne i éi staving eller fordelt på to stavingar). la til grunn for avvisinga av det morfo-tonale prosodiske ordet til slutt i delkapittel 2. som me har sett i kapittel 3. I Abrahamsen (1998a) argumenterte eg for den analysen som eg m. 182 . derimot. så er dette identisk med det som kan observerast ved tonelag 1. men analysen hans er fonetisk fundert. men derimot at sjølve venstregrensa til AP flytter seg mot høgre.1) må vera %L.1.1. der dette fallet skjer innanfor stavinga vå. Overgangen frå HP til L] ved etterlekkstrykk var altså identisk med den tilsvarande overgangen frå HP til L] i det som utvilsamt er tonelag 1. I Abrahamsen (1998a) la eg då til grunn at når dette fallet skjer innanfor éi og same staving.a. var dette å seia at den initiale L der ikkje er noko Llex som spreier seg. Den initiale L i (5. Problemet med dette argumentet er.3: at me ikkje har nokon spreidd Llex i slike ord. Dermed ser overgangen frå HP til L] ut til å skje på ulikt vis ved tonelag 1 og tonelag 2. altså utan Llex. som dermed òg har plass til L]. Selmer (1948. I innleiinga til dette kapittelet nemnde eg at Christiansen (1976) ser på fenomenet. Ved tonelag 2.1. Det eine argumentet mitt den gongen gjekk ut på at fallet frå HP til L] i slike samansette ord skjer innanfor éi staving. og at primærtrykket (med tonelag 1) kjem på ei seinare staving. Når eg avviste at det var eit morfo-tonalt prosodisk ord som avgjorde tonaliteten i (5. Tonelaget vert tonelag 1. medan HP ved tonelag 1 alltid er å finna til venstre i ei bimoraisk staving (primærtrykkstavinga).1) skal etter denne analysen altså ikkje vera eit døme på at ein AP-initial L spreier seg på grunnlag av utstrekninga til eit morfo-tonalt prosodisk ord. Det sunnmørske dømet (5.5 Samansette ord fann eg at eit slags prosodisk ord måtte finnast.1. problematiserer Selmer sjølvsagt ikkje i kva grad det er dei ulike tonane som berre har andre assosieringsmåtar enn me kjenner frå usamansette ord. men utan at eg ville vera for bastant på om det var det metriske prosodiske ordet i eit metrisk prosodisk hierarki eller Trondheimsmodellens morfo-tonale prosodiske ord i eit tonalt hierarki. deler HP og L] ikkje staving. sidan det avgjorde assosieringa av HP.

vera plasserte rett under IP. bimoraisk) tonelag 1-AP (i final posisjon.1)). er ein annan måte å seia det på. Eg viste i artikkelen at den siste stavinga i vanedyr mangla HP. Dømet var altså.1. i utgangspunktet bar på ein leksikalsk lågtone. fall på vå og L på et. med unntak av polariteten til T%. det vart ikkje presisert i den artikkelen) manglar HP.3 (sjå t. (4. Eg meinte her at dersom dei initiale stavingane i ordet vanedyret. at den stavinga ber primærtrykket. dvs.d. som er parallelt med (4.1 Oversyn Eit anna argument i Abrahamsen (1998a) var: Når ein plasserer eit samansett ord med potensielt etterlekkstrykk (eg brukte dømet vanedyra) etter ein IP-dominert H. Det konkrete dømet var (((1derAP) (1GJENGER AP) no vane-IP) ((1DYRA AP)IP)IU) L%. Men som me har sett i kapittel 4.1) og drøftingane i delkapittel 4. sjå t. eller om ein Tlex er eller ikkje er til stades. til skilnad frå ein tilsvarande konstruksjon med vanedyra. døme (4. som òg hadde eit postulert primærtrykk på tredje stavinga. At APen byrjar der. og eg har presentert fleire døme på at H lex då framleis er ein eigen H til skilnad frå H-tonane rundt han. Såleis plasserte eg vanedyra etter ein IP-dominert H.6): (han ((2OLAAP) vilde maleIP) ((1MURENAP)IP)IU) L% 183 . Stavingane vane (eller jenteni) måtte difor. I artikkelen brukte eg dømet vanedyr. dersom ordet vert plassert etter ein IP-dominert H. og tonen heldt seg på Hnivået gjennom stavingane vane.5. og dei to fyrste rett under IP: vanedyr [v n dy r] mot vanedyra [v n dy r ]. Det tredje argumentet mitt den gongen handla òg om det som skjer etter IPdominert H. At byrjinga av ordet vanedyra ligg på eit H-nivå når det vert produsert like etter ein IP-dominert H. stavingane vane (eller jenteni i (5.2 med underkapittel.3)): Ein monosyllabisk (dvs.3. og dermed hadde H: ((( 1 der A P ) (1 G J E N G E R A P ) eit vane-IP ) ((1DYR AP)IP)IU) L%.3.3): (han ((2OLAAP) vilde maleIP) ((1MURAP)IP)IU) H%. så ville det vera umogeleg å skifta ut denne lågtonen med ein H.1. parallelt med (4.d. og det er både vel og bra. Det ville for jentenivået svara til eit H-nivå på jenteni. med postulert primærtrykk på siste stavinga. så held tonen seg på eit H-nivå langt inn i det gjevne ordet. og dermed måtte AP-en byrja fyrst med stavinga dy (vå). seier altså i seg sjølv ingenting om i kva grad desse fyrste stavingane i ordet er inni eller til venstre for AP-en. Men for det andre er det fullt mogeleg å ha ein Hlex. før me fekk eit HL-fall i dy og L i ra. medan dei to fyrste stavingane vart sagde å vera direkte dominerte av IP.2. baserer også dette argumentet seg på ein mangelfull analyse: For det fyrste finst Tlex som tonal eining i sunnmørsk (etter alt å døma som underliggjande L). når dei hadde ein H. nemleg det me har sett i delkapittel 4.

5 Samansette ord

Eg la til grunn ein autosegmental analyse, og meinte at eit slikt bortfall av HP berre kunne skje i monosyllabiske AP-ar. Det var då òg i og for seg rett, noko som er drøft på ein heilt annan måte (nemleg optimalitetsteoretisk) i delkapittel 4.3. Dermed burde analysen av vanedyr i den samanhengen vera grei nok: dyr var åleine i AP. Problemet med dette er at det er fullt mogeleg å analysera det slik at etter IP-dominert H (på stavinga eit i der gjenger eit vanedyr) har vanedyr tonelag 2 med tonane Hlex (på 1. staving) + HP (på andre staving) + L] (siste staving): [v n dy r]. HP skulle eigentleg koma på tredje stavinga, kunne me seia, slik tilfellet er for vanedyra [v n dy r ] etter IP-dominert H, og dessutan for vanedyr [v n dy r] som ikkje kjem etter ein IP-domert H. Så kan ein seia at pga. tonetrengsle må HP skuvast litt til venstre, noko som av ymse grunnar går greitt, og dermed har me altså det som er skissert: Hlex på 1. staving, HP på andre staving, og L] (siste staving): [v n dy r]. Dermed kan det sjå ut til at konturen til venstre i (5.1.1) kan analyserast både som ei forskuving av primærtrykket til fjerde stavinga, og som ei realisering av tonelag 2 der Llex ligg på alle dei tre fyrste stavingane. Det trengst ei avklaring, og særleg når det påståtte etterlekkstrykket berre finst i ord som har tonelag 2 i andre dialektar. Eit samansett ord som 1brann mannen, som har tonelag 1 med primærtrykk på fyrste stavinga i t.d. austlandsk, har dermed tonelag 1 med primærtrykk på fyrste stavinga også i søresunnmørsk.

5.2 Diakron evidens
Ein skal vera varsam med å trekkja inn diakrone tilhøve, men som ei innleiing kan slikt vera nyttig for oversynet sin del. Kunnskapar om korleis eit språk har vore på eit tidlegare stadium, kan gjeva oss idear om korleis ein kan analysera det same språket på eit seinare stadium, men ein kan sjølvsagt ikkje låsa den synkrone analysen på grunnlag av diakron evidens. I dagens sunnmørsk vil eit samansett ord som jentenivået ha to moraer både i den stavinga der primærtrykket ligg i den usamansette fyrstelekken, og i den stavinga der primærtrykket ligg i den usamansette andrelekken. Med dei usamansette formene [2jæn t ] og [n 1vo ] vil det seia at i ordet jentenivået er både den fyrste og den fjerde stavinga bimoraisk. Hevdar me at me har tonelag 1 med trykkforskuving mot høgre, så er dette ein analyse som seier at fjerdestavinga har primærtrykk og fyrstestavinga sekundærtrykk.

184

5.2 Diakron evidens

Hevdar me derimot at me har tonelag 2 med ein utstrekt leksikalsk tone, så er dette ein analyse som seier at fyrstestavinga har primærtrykk og fjerdestavinga sekundærtrykk. Eg legg då til grunn at den leksikalske tonen finst berre innanfor ein AP, og er assosiert til primærtrykkstavinga (jf. drøftinga i underkapittel 4.2.2 og 4.2.3, med den konklusjonen at ein L til venstre for ein AP anten er %L eller ein L], som igjen er noko anna enn Llex). I eldre sunnmørsk var dei metriske forholda annleis enn no i ord som jentenivået, noko som leksikaliserte former vitnar om også i dag. Eit døme er tralemasket ‘alle smågreiene, heile ruklet’, som er sett saman av tral ‘skrap, verdilaus ting’ og mask ‘småbitar, rusk’ med e som fuge. I produktivt samansetjingsmønster skulle dette ha vorte [tr l m c ], men det er leksikalisert som [tr l m c ]. Den leksikaliserte forma har éi lang staving, nemleg den tredje, som dermed er den einaste kandidaten til rolla som primærtrykkstaving, og som dermed innleier ein tonelag 1-AP. Ordet tralemasket har dermed same tonalitet og metrikk som kvart eit ord som har fire stavingar med tonelag 1 og primærtrykk på tredje staving, t.d. telefonen.1 Christiansen (1976:203) nemner fleire døme, men desse døma må vera frå ei tid då denne kvantitetsvekslinga var produktiv. Ho nemner t.d. (med hennar transkripsjon) grågå ·´sa, dvs. (i mi omskriving) [ r 1 o s ], med same metrikken som i framandordet metrikken. I dagens sunnmørsk vil det heita [ ro o s ], altså med lang fyrstestaving (men framleis me1trikken med stutt fyrstestaving). At det har funnest ei produktiv veksling mellom ulike metriske forhold, tyder i det minste på at det ein gong i tida verkeleg har handla om etterlekkstrykk. Spørsmålet er korleis ein skal analysera LHL-sekvensen i den produktive forma [ ro o s ], altså om primærtrykket framleis ligg på andrestavinga (eller fjerdestavinga i jentenivået [jæn t n vo ]), slik at fyrstestavinga berre har sekundærtrykk, eller om det ligg eit primærtrykk på fyrstestavinga, og eit sekundærtrykk på stavinga gå (vå).2 Ein konsekvens av denne siste analysen er at ein eventuell Llex frå innputt rett og slett forsvinn på vegen mot utputt.

1 Det finst mange slike leksikaliserte former med kvantitativt redusert fyrstestaving og

primærtrykk på andrelekken, særleg i stadnamn, t.d. Vanylven [v n l v ] Sykkylven [s c l v ], Sævikane [s vi k ]. Til det siste stadnamnet svarar forresten slektsnamnet Sævik [s vi k], som har lang fyrstestaving.
2 Eg tek då utgangspunkt i at den leksikalske tonen alltid skal vera assosiert til (noko i)

primærtrykkstavinga til venstre i AP, jf. underkapittel 4.2.2 og dei problema for analysen av dei empiriske dataa som oppstår dersom me lèt den leksikalske tonen stå nokon stad til venstre for AP.

185

5 Samansette ord

Dei to arbeidshypotesane er altså at me anten har etterlekkstrykk med tonelag 1 (og dermed utan Tlex), eller at me har tonelag 2 med primærtrykk på den fyrste stavinga (og dermed ein Tlex som vert assosiert til meir enn berre den fyrste stavinga). Det kan sjølvsagt vera at Tlex, trass i alle drøftingane i 4.2.2 og 4.2.3, ikkje treng vera avhengig av å landa på primærtrykkstavinga, og at han dermed under visse omstende (t.d. i samansette ord) kan innleia ein AP som har den metrisk tyngste stavinga lenger til høgre, dvs. primærtrykk på vå i jentenivået, men framleis Tlex på jenteni. Denne tredje hypotesen skal eg lata liggja, og konsentrera meg om det overordna spørsmålet: Er Tlex til stades, eller er han ikkje til stades i eit ord som jentenivået? Er Tlex ikkje til stades, vil denne tredje hypotesen i alle fall vera irrelevant. I det ubøygde dømet grågås med lang fyrstestaving og lang andrestaving er det sjølvsagt òg eit spørsmål kvar primærtrykket og sekundærtrykket ligg. Der er tonaliteten den same som i blodmat i i fig. (3.2.2), der det vart sagt at me hadde tonelag 2, og dermed implisitt primærtrykk på den fyrste stavinga. Dømet blodmat vil difor verta særleg drøft i omtalen av figurane (5.3.4) og (5.3.5) under.

5.3 Synkron evidens
For moderne søresunnmørsk kan altså spørsmålet om etterlekkstrykk eller ikkje etterlekkstrykk formulerast slik: Har me ein Tlex i slike tilfelle? Dersom me har ein Tlex, må me utvida analysen med spørsmålet om kvar den metrisk sterkaste stavinga ligg (jf. den tredje hypotesen). I delkapittel 4.2 såg me at etter ein stigande, IP-dominert kontur (dvs. med materiale til venstre og direkte under IP) i ikkje-initial posisjon (dvs. IP nr. 2 i ein IU) vil Tlex stengja for ein OCP-fusjon av H[IP og høgtonane til høgre. Dermed vert H[IP synleg til venstre for venstre AP-grense, jf. fig. (4.2.3). Dersom det finst ein Tlex til venstre i (5.1.1), anten den fyrste stavinga har primærtrykk eller (som i den tredje hypotesen) sekundærtrykk, så må me venta at når det ordet som lisensierer den tonen, jentenivået, vert plassert til høgre for IP-dominert materiale til venstre i andre IP, så vil me kunna sjå H[IP på slutten av det stigande området, og før ordet jentenivået tek til. Ein struktur som (han (2OLAAP)IP) (vilde prat’ om (2JENTENIVÅETAP)IP)IU) skal då vera den einaste mogelege, og stavinga om skal ha ein H. Om Tlex ikkje er til stades, skal me få (han (2OLAAP)IP) (vilde prat’ om jenteni- (1VÅETAP)IP)IU) med ei stiging gjennom heile vilde prat’ om jenteni, og deretter éin einaste H, nemleg på vå.

186

5.3 Synkron evidens

Dersom Hlex ikkje er til stades, tyder det at lågtonen til venstre i (5.1.1) ikkje er leksikalsk, men intonasjonell, nærare sagt %L. Det tyder vidare at primærtrykket ligg på den fjerde stavinga, og at me har tonelag 1. Ved IPdominert materiale til venstre i IP nr. 2 skal me då få ei stiging opp mot éin einaste H, og den høgtonen skal liggja inne i den fjerde stavinga i ordet jentenivået, og vera identisk med HP. H[IP skal ikkje vera synleg, sidan han er OCP-fusjonert i og med at Tlex ikkje la seg imellom H[IP og HP og sperra for den fusjonen. Resultatet ser me i fig. (5.3.1), han OLA vilde prat’ om JENTENIVÅET. Stiginga frå vilde held fram gjennom heile jenteni-, og når ikkje HP før i stavinga vå. Det finst berre éin høgtone i ordet jentenivået, dvs. at det ikkje finst nokon H[IP eller Hlex der. Utan leksikalsk tone har me tonelag 1; og HP, som ikkje har nokon Tlex til venstre for seg, legg seg ved venstrekanten av primærtrykkstavinga. Primærtrykkstavinga er altså vå, og me har å gjera med etterlekkstrykk. Transkripsjonen og AP-inndelinga i (5.3.1) vert difor slik som dei er presenterte der. (5.3.1) (han (2OLAAP)IP) (vilde prat’ om jenteni- (1VÅETAP)IP)IU) L%

u

l

v  l d p r t u m j æ n t

n

vo

Minimale par mellom tonelag 2 og etterlekkstrykk finst, slik at ein skil mellom samansette og usamansette ord. Substantivet leigebil har såleis obligatorisk primærtrykk på bil, medan verb + objekt leige bil ikkje har det. Ein sekvens [læ bi l] med HP på ge vert eintydig oppfatta som (2LEIGE bilAP), t.d. i ein konstruksjon som han får LEIGE bil; medan leigebil må realiserast som [læ bi l] med HP på bil. Det er òg berre desse tonale tilhøva som skil mellom han fekk fiskemat (han fekk fiske- (1MATAP)IP)IU) og han fekk (laut) FISKE mat (han fekk ((2FISKE matAP)IP)IU). I det fyrste tilfellet fekk han servert mat med fisk som viktig ingrediens, t.d. fiskekaker, i det andre tilfellet måtte han sjølv ut på sjøen og fiska seg mat. Leigebil-dømet er

187

5 Samansette ord

illustrert i (5.3.2) og (5.3.3). Ver merksam på det mikroprosodiske rusket som får den stutte, fyrste stavinga han i figurane til å sjå ut som eit HL-fall. (5.3.2) (han fær (2LEIGE bilAP)IP)IU) L%

f (5.3.3)

e

l

æ

b

i

l

(han fær leige-(1BILAP)IP)IU) L%

f

e

l

æ

b

i

l

Christiansen (1976:203) nemner: «Tostavete komposita har som regel aksenten på 1. ledd[.] Har ordet dobbelt tonelag, skifter aksenten over til etterleddet i de bøyde formene.» Ho nemner døme som m.a. grå·`gå·s, dvs. [2 ro o s], mot grågå·´sa, dvs. [ r 1 o s ]. I døme (3.2.2) brukte eg dømet blodmat, og sa at fyrste stavinga, blod-, fekk Llex, medan mat fekk HP + L]. Dette var ein del av drøftinga av mora som TBU. Eg problematiserte likevel ikkje der om dette kunne vera eit tilfelle av etterlekkstrykk, slik at me ikkje hadde Llex på fyrstestavinga, men at denne heller sorterte under førre AP, med L]. Om Christiansen har rett, er ikkje dette noko problem, sidan samansetjinga berre har to stavingar, og dermed har tonelag 2. I figurane (5.3.4) og (5.3.5) prøver me ut dette. Og det me ser, er at blodmat i (5.3.4) har ein H gjennom heile den fyrste og halve den andre stavinga, i tillegg til noko som er litt utydeleg på konturen, men som må vera ein H[IP til venstre for fyrstestavinga.

188

Dette ekstra no i (5. som ikkje har H før til venstre i stavinga mat. sidan me med no (som har sekundærtrykk i begge figurane) har den ekstra stavinga som elles ville ha ført til etterlekkstrykk.4) (((DAMENE vil-AP)IP) (d’ ete (BLODMAT noAP)IP)IU) L% d m v l d e t  b l u m t nu (5. I (5. Jamvel om Christiansen er morfologisk orientert. vil det i eit fonologisk perspektiv vera naturleg å sjå på vekslinga mellom tonelag 2 i (5.3.4) og etterlekkstrykk i (5. ikkje til AP-nivået.3.3. 189 . (5. t.(MATEN noAP)IP)IU) L% d m v l d e t  b l u m t nu For ordens skuld vert siste AP-en i dei to figurane avslutta med no.5) ser me derimot blodmaten.5) (((DAMENEAP)IP) (vild’ ete blod.3. stavingar.3 Synkron evidens Dette rimar godt med at me har ein Hlex på blod-.5) som eit utslag av lengda på ordet blodmat/blodmaten målt i talet på metriske einingar. for å unngå eventuelle tonetrengsleeffektar som eg ikkje har tenkt på.5.3.4) viser forresten at etterlekkstrykk er knytt til ordnivået.d.3. Dette rimar med etterlekkstrykk og tonelag 1. og skriv «i de bøyde formene».

heiter det 1adjek tiv. der ein av dei meir normative passasjane gjekk ut på at ordet adjektiv skulle uttalast med tonelag 2. Sams er òg at det for meg med nemnde morsmålskompetanse er direkte ugrammatisk å seia [2 d j k ti v] osb. som har å gjera med at orda er samansette.2 Sams for desse orda er at dei har to tunge stavingar: primærtrykket ligg på fyrste stavinga. 190 . men berre fordi eg er trena i å eksperimentera med 1Det same gjeld ananasen og andre usamansette ord med dei same metriske tilhøva. t. og trykk på fyrste stavinga. 2Eg skal ikkje løyna at det er uttalen av Abrahamsen som har sett meg på sporet av denne skilnaden mellom sunnmørsk og søraustlandsk. som ikkje har tonelagsmotsetnader. Ove Lorentz (personleg melding) fortel òg om talemålet i indre Nord-Troms og Finnmark.d.1 medan det samansette ordet altabussen har H på alta. Etter å ha spurt meg føre mellom austlendingar som snakkar meir eller mindre «standard søraustnorsk».5 Samansette ord 5. 2Abra hamsen. som i sunnmørsk). For nokre år gjekk det eit språkprogram på radioen. og L frå sekundærtrykkstavinga og utover. 2Abra ham. men som likevel skil mellom antabusen (lækjarmiddel) og altabussen (bussen til Alta) reint tonalt. 1Abra ham og 1Abra hamsen.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve Både Christiansen og Selmer omtalar etterlekkstrykk i søresunnmørsk som eit reint morfologisk fenomen. og som legg trykket på siste stavinga i ord som avis og banan. Også orda substantiv. At komposita generelt kan ha ein særstatus i språk. 2substan tiv. 5.4. For meg som har morsmålskompetansen min frå Søre Sunnmøre. Johannessen (2001) for eit morfologisk perspektiv på dette. eller om det er andre restriksjonar som er knytte til ordforma som heilskap. Det usamansette ordet antabusen har H på an og L på resten. Eg klarer det rett nok. har eg fått det stadfest at adjektiv gjerne vert uttala nettopp med tonelag 2 (og trykk på fyrste stavinga.1 Morfologi mot fonologi Eit spørsmål er om det er statusen som morfologisk samansett ord som fører til etterlekkstrykk i søresunnmørsk. om enn tonelag 1 òg er brukt. Begge orda har primærtrykk på fyrstestavinga og sekundærtrykk på tredjestavinga. medan tredje stavinga har eit sekundærtrykk. er heller ikkje noko nytt. sjå t. 1substan tiv. (på sunnmørsk) [1 d j k ti v] og [1 br h m ].d. Abraham og Abrahamsen vert ofte uttala med tonelag 2. altså: 2adjek tiv. bussen.

der oppskrå indikerer primærtrykk og nedskrå indikerer sekundærtrykk. n. Dette spørmålet kjem me attende til i 5. 1 Om eg. høyrest det intuitivt ut som eg syng ordet på melodien til barnesongen «Mikkel rev». og om denne siste typen seier han (s.2. som har trening i å eksperimentera med tonar. som òg har tonelag 1 på sunnmørsk) sjåast på nettopp som prosodisk samansette. er i alle fall eventyr morfologisk usamansett. Eit spørsmål som melder seg då. Frå ein slik synsvinkel kan sunnmørsk 1 adjek tiv og 1 Abra ham (og 1 even tyr. Det kan like gjerne grunna i at eit morfologisk ord ikkje kan ha primærtrykk på fyrste stavinga med tonelag 2 og sidan eit sekundærtrykk.4) er presenterte og drøfte. dvs. Den andre er fonologisk uproblematisk (men finst ikkje i vanleg sunnmørsk). Dei to einaste grammatiske måtane å uttala dette ordet på er [1 d j k ti v] og [ d j k1ti v]. verkeleg uttalar adjektiv ugrammatisk.4.1)–(5. Det er den fyrste av dei to uttalane som er den leksikalsk etablerte.1 Det verkar såleis som etterlekkstrykket i ord som jentenivået ikkje treng å ha med statusen som morfologisk samansett ord å gjera. Ein slik restriksjon på tonelag 2 + sekundærtrykk lyder unekteleg noko spesiell og umotivert. ty ] må vera prosodisk samansette. 2 I dette siterte dømet har me den metriske bruken av aksentar. 187): «What is problematic with these words is that they have the prosodic structure of a compound. på tredje stavinga.4. er kvifor desse orda likevel har primærtrykket på den fyrste stavinga. but lack the morphological structure that would justify an analysis of them as compounds.5. og ikkje på den andre samansetjingslekken. Om adjektivet objektiv har eit historisk suffiks -iv. 191 . og ser på det morfologisk usamansette eventyr som prosodisk samansett.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve tonar.4.» Kristoffersen legg til grunn at morfologi og fonologi ikkje alltid fylgjest åt (han refererer til den leksikalsk spesifiserte syllabifiseringa av austlandsk sagn [1sa n] mot lyngen [1ly . Det same gjeld dei andre orda. n]). slik at dei har ein prosodi som svarar til den dei ville hatt om dei var morfologiske samansetjingar: adjek+tiv og abra+ham. og er den som melder seg i staden for tonelag 2 når eg prøver å uttala ordet i tråd med retningslinene frå det nemnde radioprogrammet. Det melder seg difor ein tredje analyse som ein mellomting mellom desse to. etter at dei samansette orda herrepelshuve i (5. med tonelag 2 [ d j kti v]. Ut ifrå tilordninga av primærtrykk i austlandsk meiner han at ord som óbjektìv 2 og eventyr [ 2 e . Kristoffersen (2000:186f) nemner morfologisk usamansette ord som oppfører seg prosodisk (metrisk) som samansette ord.

rekna frå venstre. Ordet kommunestyre. jf. Det kan vera eit tau som vert brukt til å fira med. (2. Hadde kommune berre heitt 2mune.10) (han ((2LEV’ ikkje lengerAP)IP)IU) L% 2le v ic [ læ r] l e v c l æ r Det dreier seg altså om morfologi (etterlekkstrykk er avhengig av ordgrensene). og det dreier seg dermed òg om samspelet mellom morfologi og fonologi. Det morfologiske aspektet med ordgrenser kjem til synes også på denne måten: Dersom eit morfologisk ord ikkje byrjar på primærtrykkstavinga. og ha. det dreier seg om fonologi (prosodiske samansetjingar). som er sitert her. 4». Eit døme er firetauet.10). vert det ikkje etterlekkstrykk. framleis med tonelag 2. Er det derimot snakk om «tau nr.3. sjå t. heiter det fire1tauet. heiter det 2 fire tauet.d. at det vert problem. Det handlar òg om morfologi: Ein AP kan gjerne ha tonelag 2. (2. vert såleis uttala [ku2m n sty r ]. fig. Sandøy (1986). 192 . nærare sagt den fyrste samansetjingslekken. Når den fyrste samansetjingslekken svarar til verbet fire. der det kjem eit sekundærtrykk seinare i AP-en. monomoraisk og bimoraisk staving (og meir til). Liknande observasjonar er elles gjorde for romsdalsk.3. av [ku 2 m n ] og [ 2 sty r ]. Det tyder på at jamvel om eksistensen av etterlekkstrykk i søresunnmørsk i seg sjølv ikkje er knytt til statusen som morfologisk samansett ord. så handlar det likevel ikkje berre om samspelet mellom metriske forhold og tonalitet. slik at den fyrste samansetjingslekken svarar til talordet fire. monomoraisk. Det er når desse stavingane med desse morastrukturane er i det same morfologiske ordet. 4».3. som i (2. altså dersom ein AP byrjar inne i eit morfologisk ord.5 Samansette ord Legg elles merke til at det ikkje er noko problem å ha ein AP med tonelag 2. men det kan òg vera «tau nr. bimoraisk.10). men etter det initiale ordet. Det dreier seg jamvel om kva ordklasse samansetjingslekkane har.

1). [ m n 1sty r ].4) er lagd til segmentgrensa mellom [r] og [ ]. som er avhengig av den morfologiske strukturen til samansetjinga. Det kan dreia seg om ei huve som er laga av pels.1. som i (5.4.4.4). med primærtrykket (tonelag 1) på sty. fødd 1975) snakka på NRK fjernsynet om e lite1 serien. men ikkje på same staden. Men ei herrepelshuve kan òg vera noko meir usmakeleg. medan ordet i (5. nemleg ei huve som er laga av herrepels. Ordet i (5. sjå (5.1) herre1pelshuve herre - pels - huve 1 Det finst truleg geografisk variasjon her. (5. fødd 1973) på kanalen NRK Alltid nyhende som fleire gonger snakka om ko mune 1styret.4.2 Morfologiske strukturar I tillegg til dette finst det òg ein systematikk i staden som etterlekkstrykket kjem på. som i (5.2003 var det ein radiojournalist frå Volda (mann.4.3) har primærtrykket på tredje stavinga.4)).1) har primærtrykket på andre stavinga.4.3) kan dei gjerne vera det (og er det i (5. og som klesmoten tilseier at berre menn skal bruka. 193 .4.4. Den morfologiske strukturen då er [herre + [pels + huve]].4.4. Begge dei samansette orda har etterlekkstrykk i søresunnmørsk.4. sjå (5. delkapittel 1. men det er for (5.4.2) og (5.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve ville me derimot fått etterlekkstrykk.2). dvs. Då er strukturen [[herre + pels] + huve]. i (5.5. 2Den mellomlange streken mellom fyrste og andre stavinga i (5. På føremiddagen den 29. huda frå menn som har mykje hår på brystet og magen. som eg ville ha kalla e 2lite serien. Ei herrepelshuve kan vera minst to ting.1) er begge dei to fyrste stavingane lange.4.2).2 I (5.3) sin del òg mogeleg å redusera kvantiteten til andrestavinga.1 5.5. jf. Same kvelden kunne ein sportsjournalist frå Volda (kvinne.4.4.

1): (herre.4) - pels - huve herre pels1huve som i (5.4.4.4. eller som sel ved dørene berre inne i eitt einskild hus’. 194 .4.(1PELSHUVEAP)IP)IU) L% h (5.4.5 Samansette ord (5.3) æ r p l s h herrepels1huve herre (5. dame 1 skinnhanske ‘skinnhanske for damer’ mot dameskinns 1 hanske ‘hanske laga av dameskinn’.2) herre1pels huve som i (5. osb. husdør 1seljar ‘person som sel husdører’ mot hus 1dørseljar ‘dørseljar som går frå hus til hus.3): (herrepels.(1HUVEAP)IP)IU) L% h æ r p l s h Det same som for herrepelshuve gjeld dame1hårpynt ‘hårpynt for damer’ mot damehår 1 pynt ‘pynt laga for eller av damehår’. husdør 1sal ‘sal av husdører’ mot hus 1dørsal ‘dørsal ved/i husa’.

1) vil denne lekken vera pelshuve.1).3 Eit alternativ til etterlekkstrykk kunne ha vore å leggja primærtrykket på fyrstelekken. på det nest øvste nivået i den morfologiske strukturen). kan ein unngå tonelag 2 med primærtrykk på fyrste staving ved å leggja primærtrykket (med tonelag 1) på den tunge stavinga lengst til venstre i den andre primære samansetjingslekken. Er ordet sett saman av to eller fleire morfologiske røter (som i grågåsa og begge variantane av herrepelshuve). då kan nemleg primærtrykket koma på den fyrste lekken. som i 1brann mannen. 3Unntak finst.d.3). Nynorsk 1 ord boka eller Nynorsk ord 1 boka. Eg kjem sidan til å avvika på liknande vis med ordet kollega.4.huset).d. Den fyrste stavinga i kommune er ko. når den primære samansetjingsstaden går mellom fyrste og andre lekken. og meiner at det er ein leksikalsk eigenskap ved t.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve Det vil seia at ved etterlekkstrykk i ord med tre lekkar landar primærtrykket til venstre i den andre av dei to primære samansetjingslekkane (dvs.5. Det kan sjølvsagt òg vera at eg som informant og sunnmøring har to konkurrerande system i språkkompetansen min. ikkje kom. og sameleis på den tunge stavinga lengst til venstre i den andre primære (og sjølv usamansette) samansetjingslekken -huve i (5. Sjølv uttalar eg litlejolaftan som [ l j 1l f t ].2 har me altså denne situasjonen: Tonelag 2 pluss sekundærtrykk er umogeleg dersom ordforma har minst tre stavingar. Derimot er det valfritt for meg med jole1høg tida eller jole høg 1tida.4. der ein skulle ha venta primærtrykk på andre lekken. og sameleis på vå i lekken -nivået i samansetjinga jenteni1vået i (5.4 1Og ordet etterlekkstrykk heiter då typisk nok etter lekks1trykk på søresunnmørsk. men då med tonelag 1 (som er det einaste mogelege då).1. kan tyda på at tilfella med primærtrykk på den andre av tre samansetjingslekkar kan ha ein presiserande funksjon i høve til den morfologiske strukturen. lys når lysår i 195 . Ser me bort frå ord som byrjar på trykklett staving.4).4.1 men det skjer berre dersom det ikkje i staden har tonelag 1. Alt i alt: Eit samansett ord kan ha etterlekkstrykk. Primærtrykket hamnar difor på den tunge stavinga lenst til venstre i den andre primære (men sjølv samansette) samansetjingslekken -pelshuve i (5. 2Ortografi og fonologi går ikkje alltid hand i hand. saman med andre tilsvarande døme. 4 Kristoffersen (1992) drøfter den leksikalske statusen til tonale eigenskapar ved samansetjingar. På same måten hamnar primærtrykket også på den tunge stavinga lengst til venstre i den andre (og i seg sjølv usamansette) samansetjingslekken -gåsa i grå1gåsa. Dette. I (5. som ko2mune(. For å unngå mistydingar vel eg å avvika frå rettskrivinga til dette ordet når eg markerer trykk og tone. Men dette ville ha brote med dei leksikalske eller morfologiske opplysningane om at det skal brukast noko anna enn tonelag 1 når den lekken er fyrstelekk i ei samansetjing. med primærtrykk på tredje samansetjingslekken. Til skilnad frå litlejolaftan må eg t. skilja obligatorisk mellom g a m l e far 1 saka (saka om gamlefar) og g a m l e 1 fars saka (den gamle far(skap)ssaka). sidan ordet er sett saman som litle+jolaftan.

slik: [ b 1t orangutang [ u r ] men barneorangutang [ b u1r t ]. med tonelag 1. Merk at «den tunge stavinga lengst til venstre» gjerne kan vera ei staving som berre har sekundærtrykk i det usamansette ordet som lekken representerer. 1esel hale). finst det berre eitt leksikalsk morfem. dersom andrelekken har minst éi monomoraisk staving etter den leksikalsk bimoraiske). Samansetjinga barnefantasi har 1f n t si ]. Her har primærtrykket ikkje nokon alternativ morfologisk node å verta knytt til. og primærtrykket må dermed halda seg på fyrste stavinga. vert såleis eit spørsmål om kvifor etterlekkstrykk i samansette ord berre finst som obligatorisk avløysar til tonelag 2. som skissert. å få primærtrykket på tredje stavinga (slik som i substantiva objek1tiv og penta1gram). nivå) vert derimot ikkje trykkplasseringa på tredjelekken blokkert: jenteni våbe1styrar. Ordet fantasi har såleis sekundærtrykk på den fyrste stavinga og primærtrykk på den tredje: [ f n t 1si ].d. sjølv om me etter den kartlagde strukturen skulle ha venta * hus eigar1bil. medan samansetjingar med primærtrykk på den fyrste stavinga i den fyrste lekken berre har tonelag 1 (1brann mannen. 196 . 1dæn t te t ]. men dette ville bryta med den leksikalske plasseringa av primærtrykket på fyrste stavinga. Sameleis storko1mune prat ‘prat om storkommune’.2.5. men på den fyrste. vil dette blokkera for primærtrykk på tredjelekken. og primærtrykket kjem obligatorisk på andrelekken: hus1eigar bil ‘bilen til huseigaren’. Analysen hans jamfører dette med segmentale fugar som e-fugen i sansebedrag og s-fuge i dåpshandling. men då med tonelag 1. Orda er morfologisk usamansette. Me kjem attende til dette i underkapittel 5. Løysinga vert då å leggja trykket på den fyrste stavinga. Med den tunge stavinga plassert til slutt i andrelekken (t. Kvifor det ikkje kan vera tonelag 2 i slike tilfelle. I orda adjektiv og Abraham.5 Samansette ord Visse restriksjonar må det likevel vera her. Alternativet ville vera. som i morfologiske samansetjingar av typen 1esel + 2hale = 1esel hale. Sameleis derimot primærtrykket på stavinga fan. som har vorte analyserte som prosodisk samansette. Dersom andrelekken i eit trikompositum har minst éi staving etter den potensielle trykkstavinga si (dvs.1 identiteten [ dæn t te t ] men dameidentiteten [ d m Då kan me koma attende til spørsmålet om kvifor adjektiv og Abraham ikkje har primærtrykket på tredje stavinga. medan lakksko har tonelag 1. Eg tek ikkje mål av meg her i denne studien til å svara på dette mest grunnleggjande austnorsk har tonelag 2. 1Dei metriske forholda i slike samansetjingar vil verta nærare drøfte i delkapittel 5. På grunn av statusen som prosodiske samansetjingar vert det i den situasjonen umogeleg å få tonelag 2.5. ikkje * storko mune1prat.

men grunnar truleg i (ikkje utforska) restriksjonar på det som fonologisk sett er eit samansett ord. som eg for sunnmørsk sin del avviste i 2. jf. fordi ho ville ha fått ein prosodisk struktur som munestyre eller leigebil. ville me heller ikkje hatt noka forklaring på kvifor trykkstavinga (og dermed Fretheim og Nilsens prosodiske ord) kom akkurat der. Dette domenet må vera metrisk. og kan dermed. slik deira prosodiske ord er. Om me i samsvar med Fretheim og Nilsen flytter den venstre grensa av det (morfotonale) prosodiske ordet til primærtrykkstavinga. Me ville berre hatt ei skildring av at det er der primærtrykket ligg. Der kan ein sameleis spørja om kvifor det ikkje kan finnast tonelag 1 i slike tilfelle.3. Dette vil seia at om eg for sunnmørsk har avvist det prosodiske ordet til Fretheim og Nilsen. jf.4. slik at leigebil berre har eit prosodisk ord som er avgrensa til bil. som må ha etterlekkstrykk. der slo ned og slo inn fekk tonelag 2. Hadde venstregrensa til det morfologisk baserte prosodiske domenet per definisjon falle saman med venstrekanten til AP. er det likevel ikkje nok å taka i bruk det morfo-tonale prosodiske ordet til Fretheim og Nilsen.d.5. liggja på tvers av ei AP-grense.12) brukte eg verb med verbpartiklar.3 Det prosodiske ordet igjen Om lengda på ordet har mykje å seia for etterlekkstrykk. Hjå dei femner det metriske prosodiske ordet om heile det morfologiske ordet. Etterlekkstrykk vert då i alle fall resultatet av eit samspel mellom morfologi og fonologi. Bruce 1998:53f).d. som i døma ko2mune og jenteni1vået i sunnmørsk. så er 197 . Dette er eit heller nytt fenomen i vestnorsk. t. men minner om at i både nordnorsk og i delar av svensk er tonelag 2 obligatorisk i samansette ord (Lorentz 1981:168f. og stemmer meir overeins med det prosodiske ordet hjå t. Det morfologiske aspektet kjem òg til uttrykk i måten etterlekkstrykket oppfører seg på. Men spørsmålet om trykkplasseringa er då òg eit metrisk spørsmål. dei to utgåvene av herrepelshuve.3. I døma (2. For sunnmørsk gjeld det at dersom verbet har to stavingar. så treng me framleis eit ordbasert prosodisk domene for å avgjera trykkplasseringa i samansetjingar. ville ikkje samansetjinga kommunestyre kunna hatt tonelag 2. Christiansen (1976:206). Flyttinga av trykket er i seg sjølv ikkje reint morfologisk basert. og ikkje på lei.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve spørsmålet. og dermed heller ikkje noko for eit domene i eit tonalt hierarki. Selkirk (1981) og Roca (1994:203). men eg vel altså å ikkje gjeva meg i kast med nokon analyse her. 5.3. og då innanfor det prosodiske domenet som er konstituert av det morfologiske ordet. opposisjonen mellom leigebil og leige bil.11) og (2.3. slik at partikkelen byrjar på den tredje stavinga i sambandet.

Verb pluss partikkel oppfører seg med andre ord som eitt metrisk prosodisk ord.3 kom eg fram til at Fretheim og Nilsens prosodiske ord ikkje ville vera i strid med dei tonale fenomena me ser t. medan *2slå dei ned er umogeleg. 1Denne siste kan brukast for å presisera verbet.5).4. er det likevel vanskeleg å seia om det er statusen som morfologisk samansett ord som som fører til spreiing av HP. Dette minner mykje om det me har sett som gjeld etterlekkstrykk elles: To stavingar og tonelag 2 går fint. eller om det er statusen som prosodisk samansetjing. I underkapittel 2.3. Slik sett verkar det som om verb + partikkel dels oppfører seg som ei samansetjing. For rett nok vert adjektiv i den dialekten uttala som eit ordinært tonelag 1. er på minst tre stavingar. jf.15). som i (5. enn at verb + partikkel i austlandsk skulle gjera det naudsynt med eit eige domene i det tonale prosodiske hierarkiet. Kristoffersen 1992).1 Det avgjerande er at verb + partikkel. 2Informanten er den same som i delkapittel 2. t. Når ein ser denne likskapen på tvers av dialektane. *2leite dei opp. og dels (i metadiskursive samanhengar) ikkje. og som i sunnmørsk opptrer det partikkel-relaterte fenomenet også dersom det kjem noko imellom verbet og partikkelen. Såleis heiter det òg slå dei 1ned. Når det gjeld Vestvågøy. I det same underkapittel 2. vil eg heller landa på at verb + partikkel i austlandsk oppfører seg som eit (metrisk) samansett ord (med tonal fuge.4. og rett nok vert samansetjinga adjektivfrasan (bunden form fleirtal av adjektivfrase) uttala med tonelag 2 og spreidd HP.5 Samansette ord tonelag 2 umogeleg. 198 .3.3. leite 1opp. slik det òg er i sentralsvensk (Bruce 1998:53f). som i (5. saman med eventuelt trykklett materiale imellom.d. og høyrde banke (dei) opp i staden for det korrekte leite (dei) opp. og ein må få primærtrykk på partikkelen: kjenne 1gjen. sjølv om 2slå ned 1folket er greitt.3 såg me elles at austlandsk har tonelagsskifte i samband med verbpartiklar.2 Og rett nok ser tonelag 2 ut til å vera obligatorisk i (morfologisk) samansette ord. med ein uspreidd HP til venstre og deretter L].3. som i (2. om lyttaren har misforstått.d. Dette gjeld òg dersom det kjem noko trykklett imellom verbet og partikkelen: leite dei 1opp.6). i Vestvågøy. men tre stavingar med tonelag 2 og primærtrykk på den fyrste går ikkje.

7). eller om det også her (som i søresunnmørsk) er eit utslag av noko som kan kallast ei prosodisk samansetjing. som skriv seg frå støy.4 Morfologisk status og morfologiske tilhøve (5.5. bulimavanan: [2b l ma va nan]. her bøygt i bunden form fleirtal. Me ser dette i (5.4. Det lèt seg altså vanskeleg gjera å finna lange.5) Vestvågøy: 1adjektiv (leksikalsk uttale med tonelag 1). Figuren endar med knirkestemme. det er vanskeleg å seia noko om. tidleg primærtrykk og seint sekundærtrykk.6). 2 Av ein eller annan grunn er H lågare i andre AP enn i fyrste AP.1 a (5. sjølv om det er den P andre som skal vera fokal. rett og slett fordi morfologisk usamansette ord som adjektiv likevel alltid har tonelag 1.6) har å gjera med statusen som morfologisk samansett ord (som må vera tilfellet i indre Nord-Troms og Finnmark).4. noko som gjer F0 usynleg på slutten. 199 .4. Informanten min frå Vestvågøy rapporterer likevel at det er mogeleg (i motsetnad til i sunnmørsk) å uttala eit oppkonstruert ord som bulimavan med tonelag 2. primærtrykk på fyrste stavinga og sekundærtrykk på siste stavinga.6) d j k t i Vestvågøy: (((2adjektivfrasan varAP) (1BRAAP)IP)IU) L%2 a d j k ti v f a s a n v a b r a Men om spreiiinga av HP i (5.4. 1 Sjå bort frå den falske F0 i grenseområdet mellom [k] og [t]. usamansette ord med tonelag 2.4. og legg merke til at dette oppkonstruerte og usamansette ordet har den same spreiinga av HP som adjektivfrasan i (5.

Kristoffersen (2000:158f og passim) opererer med ein Main Stress Rule for norsk som m. 158). s. Det kan nemnast i den samanhengen at informanten kommenterte at ho like gjerne kunne ha uttala ordet som [b l ma1va nan]. altså med H-spreiing som i adjektivfrasan. har som eigenskap å orientera primærtrykket mot den høgre kanten av ordet («Form a moraic trochee at the right end». og me har ikkje noko direkte indisium på at det er det reint morfologisk avgrensa (metriske) prosodiske 200 . i motsetnad til sunnmøringar med etterlekkstrykk. berre til å høyra skilnaden mellom tonelaga.4. Det er dermed ikkje nokon skilnad mellom samansette ord som har primærtrykk på fyrste stavinga (2adjektiv frasan) og samansette ord som har primærtrykk på andre stavinga (kul2turmi nister). til fordel for det metriske prosodiske ordet. Dette predikerer at dersom bulimavanan ikkje vert oppfatta som ei eller anna slags samansetjing. Dette stadfester prediksjonen. men kul2turmi nister. fordi det såg ut som eit framandord. I alle tilfelle vil det vera freistande å avskriva Fretheim og Nilsens morfotonale prosodiske ord også for Vestvågøy sin del. b l m a v a n a n Det kan då sjå ut til at Vestvågøy har ein slektskap med Søre Sunnmøre på den måten at det ikkje er den morfologiske statusen som samansett ord som er avgjerande for eit gjeve fenomen.5 Samansette ord (5. med L lex på tur og HP på minis. og indikerer igjen at me kan ha å gjera med eit fenomen som er knytt til det som Kristoffersen har analysert som prosodiske. ikkje morfologiske. Problem med tonelag 2 hadde informanten i alle fall ikkje.7) Vestvågøy: bulimavanan [2b l ma va nan]. skal me få primærtrykket mykje lenger mot høgre.1 1Informanten frå Vestvågøy seier kul1tur og mi1nister. Informanten er ikkje trena i tonar.a. men derimot fonologiske forhold som kan analyserast som prosodiske samansetjingar. samansetjingar. som må vera spesielt trena i tonar for å produsera noko slikt. Det er i alle fall ingenting som tyder på at det metriske prosodiske ordet skulle vera problematisk med Vestvågøy på nokon måte.

før den siste monomoraiske stavinga. så vil Vestvågøy skilja seg frå indre NordTroms og Finnmark ved at indre Nord-Troms og Finnmark ikkje kan ha nokon L til venstre for HP. 5. finst det lange faglege tradisjonar for. og analysane av etterlekkstrykk hittil har òg stort sett vore tonale. slutten på underkapittel 5. medan stutt staving med ordaksent ikkje finst. Her i delkapittel 5.5 skal dei metriske premissane for etterlekkstrykk utdjupast.5. 1 s l ] har to monomoraiske stavingar og éi Ordet parasollen [p bimoraisk.5 Metriske strukturar Denne avhandlinga har konsentrert seg om tonal fonologi. lang staving utan ordaksent er sekundærtrykk. må HP ordet som speler inn. har framleis to stutte stavingar til venstre i andre lekken. jf. der trykket landar på ran. der primærtrykket ligg.1)1. 201 .1. I dette tilfellet. Då har me allereie kome inn på metriske strukturar. der den fyrste (og einaste) bimoraiske stavinga til høgre for morfemgrensa ikkje kjem før på tredje stavinga etter den grensa.4.2 kom me jamvel inn på at trykkplasseringa ved etterlekkstrykk er avhengig av stavingstyngd (jf.5. Likevel kjem HP obligatorisk på den stutte stavinga pa. stutt staving uten ordaksent er trykklett staving. og dermed ikkje noko tonelagsskilje i tydinga ‘legg til Tlex’. Samstundes har dei tonale analysane indikert at etterlekkstrykk nettopp handlar om at primærtrykket landar på ein ikkje-initial lekk.1 Eit tilsynelatande spesialtilfelle At primærtrykk i den reint tonale tydinga (nærvær av HP) berre kan skje i samband med ei lang staving i norsk. 1Den mellomlange streken mellom nest siste og siste stavinga er lagd til segmentgrensa mellom [l] og [ ].4.5. dømet barneo1rangu tang. I sunnmørsk finst det likevel unntak til dette. Ordet 1p hageparasollen [ h s l ].5 Metriske strukturar Om det skulle visa seg i seinare forsking at testordet bulimavanan var dårleg eigna. 5. Med unntak av Nord-Gudbrandsdalen og somme andre målføre heiter det at lang staving + ordaksent er primærtrykk. I underkapittel 5. ikkje på o). sjå (5. der etterlekkstrykk ikkje kjem føre i ord som ko2mune styre. då i motsetnad til sunnmørsk. og at det likevel er den morfologiske statusen som samansett ord som verkar inn på spreiinga av HP.

Sandøy (1986). med to (og ikkje éi) monomoraiske stavingar fremst i den andre lekken.((1PARASOLLENAP)IP)IU) L% h p s l Sameleis kan det skje som i (5. og barneorangutang [ b t ] osb.5. men det er mitt inntrykk at HP fremst i ein ikkje-initial samansetjingslekk.1.2 1Ortografi og fonologi går som sagt ikkje alltid hand i hand. I (5.5.2).5. der denne lekken byrjar med éi lett og éi tung staving. altså er obligatorisk. uttala ho menyvalet talesignal som [ t l 1s n l].4. like ved grensa til Ytre Romsdal. Jamvel om ein i Herøy som oftast vil seia lærarkollega med primærtrykk på le.4) er han ein trill. fekk ein mobiltelefon med stemmeaktivert oppringing i jolegåve.2) og (5.4. fødd 1973) frå Fjørtofta i Haram kommune på Ytre Nørdre Sunnmøre. For ordens skuld kan det nemnast at også Ytre Romsdal har etterlekkstrykk. kan det altså ikkje vera fordi han er ein tapp. som er sett saman av 2lærar og ko1lega. altså [ læ r r1ku le ]. [ jæn t 1n v o ]. er meir vanleg i t. fødd 1973. sjå t. svara med [ t l s 1 n l].4. sjølv om stavinga er stutt.3) [ læ r rku1le ].5. ikkje kol. Derimot har han høve til å vera ein tapp nettopp fordi han er stutt. sa elles flyttebyrå [ fl t 1b ro ] på kanalen NRK Alltid nyhende den 29. at HP landar på den monomoraiske stavinga ko i lærarkollega. medan sonen.5 Samansette ord obligatorisk liggja på den fyrste stavinga i den samansetjingslekken. fødd 1948.5.2) og (5. Ein radiojournalist (kvinne.4.d. som dermed ikkje kan gjerast lang.2) likevel fullt mogeleg. medan (5.d. (5. Eg vil presisera at det finst (fonetisk og fonologisk) både lange og stutte rar på sunnmørsk.1). 2Såleis vart det observert i romjola 2002 at då ei kvinne frå Herøy. 202 .1). er (5. Volda (Indre Søre Sunnmøre) enn i Herøy (Ytre Søre Sunnmøre).4). som i (5. jf. Når [ ] er stutt i (5. lange i (5.2003.1) (hage.5.1 Eg har ikkje dokumentasjon for det. Også jentenivået 1 ur kan uttalast slik. Den fyrste stavinga i kollega er ko.

2) (lærar.2) er framleis ein metrisk tone.((1KOLEGAAP)IP)IU) L% l (5.5. og den einaste stavinga i området som var lang. nemleg etter Tlex. slik at HP i mangel av Tlex ligg heilt til venstre i AP.2).2) slik at HP kjem på stavinga føre primærtrykkstavinga.5. låg ikkje berre éi men to stavingar 203 .5. Når HP då ligg på ei stutt staving i (5.3). Den einaste tradisjonelle kandidaten til å vera ei slik staving (nemleg den einaste lange stavinga). tyder det at den tradisjonelle regelen om at ordaksent (HP eller LlexHP) ikkje kan liggja på stutt staving.5.5.1). HP i døme som (5. der ho utvilsamt har primærtrykk.5. Det me ser her. er likevel noko anna.((1LEGAAP)IP)IU) L% l æ r r k u l e Me har tidlegare sett at HP kan liggja på ei stutt staving. Då kunne ein kanskje analysera (5. Eg vel likevel å ikkje analysera det slik. og dermed kunne vera kandidat til funksjonen som tradisjonell staving med primærtrykk. der HP ofte kjem på stavinga etter primærtrykkstavinga.5. slik me såg i delkapittel 5. er le.5 Metriske strukturar (5. Hugs at me har etterlekkstrykk og dermed tonelag 1 her.1) og (5. til skilnad frå tilfelle med tonelag 2.5.5.3. stavinga etter HP. Stavinga le ser òg ut til å vera fonetisk like lang som den tilsvarande stavinga i (5.3) æ r r k u l e (lærarko. Grunnen er fyrst og fremst det me har observert i (5. og skulle vera lisensiert av ei staving med primærtrykk. Der hadde me òg HP på ei stutt staving. ikkje gjeld fullt ut.

i føtene (goo. sidan det i seg sjølv ville konstituera ein trokeisk fot. gamalengelsk opptrer i kontekstar som ved fyrste augnekast ser ut til å vera metrisk grunnleggjande ulike: Tronge.5.d. For (5. i foten ([we. Denne hypotesen kan sjå uvanleg ut for ein norsk dialekt som i dialektologisk tradisjon ikkje har korte trykkstavingar. eller etter stutt staving + stutt eller lang staving. ligg nettopp i at tronge vokalar som u fell bort når dei er plasserte i lette stavingar til høgre i ein forgreina fot.ru]. stavingar. Det ville vera nokså eineståande om ein prominenstone berre kunne landa opptil fleire stavingar før trykkstavinga.a. 204 .2.µµ: éi lett og éi tung staving. men ikkje på sjølve trykkstavinga. særleg s. W) ligg til høgre. Hovudet kan sjå ut som eitt av desse tre: – µµ: éi tung staving. monomoraiske. t. Hovudet. For (5. finst det likevel tidlegare analysar som kan rettgjera ein slik hypotese.rel]. trass i at ho er stutt. 104f).du) og (wor.5 Samansette ord mot høgre: soll. S). 5. Den metriske foten er i alle tilfelle trokeisk.d.d. den sterke delen av foten (strong. Dresher og Lahiri (1991) lanserer «den germanske foten».1) må sameleis primærtrykket liggja på den stutte stavinga pa. trong vokal i open staving skjer då når denne vokalen er plassert etter minst to moraer innanfor den same metriske foten.5. korte vokalar i gamalengelsk fell bort dersom dei kjem i ei open staving som er plassert anten etter ei lang staving. Det har vist seg at visse fonologiske prosessar i m. dvs.du) Derimot kan hovudet ikkje vera bygt opp av éi bimoraisk + éi monomoraisk staving. i praksis den 1 Moraisk troké. Analysen deira er at to stutte stavigar (til saman to moraer) veg like mykje som ei lang staving (med to moraer til saman).du) – µ. Som veik del av ein binært forgreina fot kan ein ha berre lette. og me kjem berre stutt tilbake til det heilt på tampen av neste underkapittel. t. Døma goodu osb. Skiljet mellom moraisk og syllabisk troké er ikkje relevant å drøfta her.du) – µ. i foten ([fæ. medan ein eventuell veik del (weak. anten no desse (minst) to fyrste moraene utgjer éi eller to stavingar til saman. er ikkje-eksisterande i gamalengelsk. ligg altså til venstre.µ: to lette stavingar. Bortfall av stutt. Ikkje-tronge vokalar fell ikkje bort. Kristoffersen (2000:158f) vil for usamansette ord i søraustnorsk leggja primærtrykket til hovudet i ein moraisk troké1 til høgre ordet. og at primærtrykkstavinga er ko. med sunnmørsk som eit germansk språksystem.2) vil eg difor heller gjera framlegg om at primærtrykket er reint tonalt markert. I eit vidare perspektiv. t. sjå Kristoffersen (2000:146) med referanse til Hayes (1995. sidan evidensen for at desse tre fothovud-strukturane er ekvivalente.5.

5. Teiknet ω i dei fylgjande figurane står for det metriske prosodiske ordet. saman med Kristoffersen forklara både (5. Dermed vil primærtrykket koma mot høgre (dvs.:196). men av uutforska grunnar skjer dette berre dersom ein elles står i fare for å få tonelag 2 til venstre: Primærtrykk til venstre med tonelag 1 er heilt uproblematisk.5.4) ser me den metriske strukturen for det usamansette ordet para1sollen.4) Metrisk struktur for para1sollen.5.1). For sunnmørsk kunne me tenkja oss at samansette ord ikkje har den same overstyringa av trykktilordninga som i søraustnorsk. I (5. All omtale av prosodiske ord i delkapittel 5. og er indeksert etter nivået i den morfologisk-metriske strukturen. Dette vert i søraustnorsk overstyrt av andre reglar i samansetjingar. Den fyrste har ein sterk del (S) og inkje meir.2) og (5. hageparasollen. (5.5 dreier seg òg om det metriske prosodiske ordet.5 Metriske strukturar siste tunge stavinga (med unntak i visse markerte tilfelle).5. jf.1). og ikkje om det morfo-tonale prosodiske ordet til Fretheim og Nilsen. om han finst i sunnmørsk. der det finst fleire ω i same strukturen. Eg skal fyrst taka føre meg (5. (5.5. ω F F S µ µ S µµ W µ pa ra sol len 205 . I tillegg finst det openbert visse morfologiske restriksjonar som lèt oss skilja mellom dei to typane av herrepelshuve.3). at me får etterlekkstrykk). Den germanske foten kan. Den andre foten har både ein sterk og ein veik del. Primærtrykket fell her på hovudet i den siste foten.cit.5. slik at ein i umarkerte tilfelle vil få primærtrykket til venstre i staden (op. men den sterke delen er bygd opp av to moraer som er fordelte på to stavingar. Med den germanske foten som analysegrunnlag vil ordet vera sett saman av to føter.5. Kristoffersen.

5) kjem «til venstre i trykkfoten» eller «til venstre i trykkstavinga». -huve).5). Dette vil seia at trykket skal landa på (hovudet i) fyrste foten i det siste metriske prosodiske ordet på det morfologiske nivået som er nærast den ferdig samansette ordforma (dvs. og eg nøyer meg med å observera at prominenstonen kjem så langt til venstre som mogeleg. nemleg tonalitet. Trykket landar difor på para. Det siste metriske prosodiske ordet på nest øvste nivå i (5.1). -pelshuve.5.1) og (5. ω0 ω1 ω1 F F F S µµ W µ µ S µ S µµ W µ ha ge pa ra sol len 1Det vil vera eit spørsmål om trykk vert tilordna fothovud eller stavingar.5. eller kanskje til og med moraer. eller usamansett. Dette spørsmålet ligg likevel langt utanfor det som er hovudstudieobjektet i denne avhandlinga.5. ser den metriske strukturen ut som i (5. hageparasollen. Eg skreiv at me for sunnmørsk kan tenkja oss at me i samansetjingar ikkje har den same overstyringa av høgretrykk som dei har i austlandsk. I samband med herrepelshuve var eg òg inne på at trykket skal landa til venstre i den siste primære samansetjingslekken (som i seg sjølv kan vera både samansett.5.1 (5. 206 .5.5) Metrisk struktur for hageparasollen. og den fyrste foten der er para.5) er parasollen.5 Samansette ord Dersom me lagar eit samansett ord som det i (5. det nest øvste nivået).5. anten han i (5.

5. og trykket landar på pels. Med slike fotstrukturar må me òg venta at HP på ra skal vera umogeleg. Og prediksjonen er korrekt: HP kan ikkje landa på ra i hageparasollen. der dei metriske forholda har morfologiske premissar. men som er akkurat det same som trykktildelinga i dei to tilfella av herrepelshuve.5. Foten pels er bimoraisk. som i (5.5). 207 .4 om at verb + partikkel oppfører seg metrisk som eitt samansett ord). noko som ville vera heller tvilsamt.5 Metriske strukturar Korleis ein eventuell SW-struktur internt mellom dei to moraene i para er. men dette er openbert slik fordi trykktilordninga er avhengig nettopp av dei morfologiske strukturane. Ver òg merksam på at i figurane markerer eg SW-forholda berre for det nivået like under fotnoden.ve).6) vil det siste prosodiske ordet på nest øvste nivå vera pelshuve.1) og (5. Foten pels er den fyrste foten i det prosodiske ordet pelshuve.4.5. Foten huve får dermed trykket. Lengst til høgre finn me det prosodiske ordet huve. som (under føresetnad av at HP ved tonelag 1 skal landa ved ei venstregrense til ein prosodisk konstituent) ville ha gjeve ein monomoraisk fot ra.7) er altså ikkje i seg sjølv ei metrisk forklaring. men med ein trokeisk struktur bør det vera fyrste mora som er S og andre mora som er W. (5. Den metriske struktureringa på ordnivåa i dei to figurane svarar til den morfologiske strukturen.5. og denne einsame foten er dermed òg den foten som er lengst til venstre i dette prosodiske ordet huve.4. * hagepa1ra sollen.2). Analysen av trykktildelinga i hageparasollen som er skissert i (5. med metrisk struktur *(ha. Eg presiserer dette for å unngå mistydingar av kva figurane illustrerer. For figurane her kan ein merkja seg at (metriske) prosodiske ord som fonologiske domene i praksis vil svara til morfologiske ord (men ikkje alltid.4. som para.og ω2-konstituentane i (5. Trykktildelinga i herrepelshuve (begge variantane) og hageparasollen er altså éin og same prosessen. men derimot ei skildring av metriske forhold.ge)<pa>(ra)(sol.6) og (5.7) med [[herre + pels] + huve] har derimot på nest øvste nivå dei to prosodiske orda herrepels og huve. jf. med fotstrukturen (pels)(hu.5. Den metriske grupperinga av ω1.5. og den fyrste foten er altså para. gjer «trykk på stutt staving» til noko som ikkje lenger er eit spesialtilfelle. men har til skilnad berre éi staving. som har éin fot. I [herre + [pels + huve]] (5. vert eit spørsmål som ligg langt utanfor det tonale hovudføremålet med denne avhandlingam. observasjonen i underkapittel 5. Med p a r a som eigen fot har me òg ei direkte forklaring på kvifor *hagepara1sollen er umogeleg: Trykket skal landa på hovudet i den fyrste foten i samansetjingslekken.len).

ω0 ω1 ω1 ω2 ω2 F F F S µµ W µ S µµ S µµ W µ her re pels hu ve 1Det ville i tilfelle vera W på plassen til venstre ω og høgre ω . Den metriske trestrukturen vil då vera som skissert i (5.6) og (5.5.5 Samansette ord I denne samanhengen ser eg altså på det metriske prosodiske ordet som eit rekursivt domene.5.1 (5. og S på plassen til høgre 1 2 ω 1 og venstre ω 2.5. S og W der det no står ω1 og ω2.6) Metrisk struktur for herre1pelshuve. Det kan godt vera at ein analyse med prosodiske «del-ord» av eitt eller anna slag kunne ha gjort same nytten (eller betre nytte). 208 . som kan innehalda andre prosodiske ord.7). Det kan òg vera at eit betre grafisk oppsett ville ha vore å kombinera ein eksplisitt og reint morfologisk trestruktur med ein eksplisitt og reint metrisk trestruktur. men med t.d. Eg vil difor presisera at eg her og no ikkje ynskjer å taka prinsipiell stilling til akkurat dette. men bruker denne postulerte rekursiviteten som ei reint praktisk hjelperåd.

3) med lærarko 1 lega vil det vera aktuelt å analysera som (læ.5. ω0 ω1 ω1 ω2 ω2 F F F S µµ W µ S µµ S µµ W µ her re pels hu ve Skilnaden mellom lærar 1kolega i (5.3) er truleg ein dialektskilnad. og trykket vert då tilordna her. Frå sosiolingvistikken er det gamalt nytt at to system kan leva side om side.5 Metriske strukturar (5.5. Dette er illustrert i (5. sidan denne foten er den einaste foten (og dermed foten lengst til venstre) i det prosodiske ordet kollega.2) og lærarko 1lega i (5. Fasold 1992:180ff). med ko ekstrametrisk. utanfor føtene.5.d.5. jamvel hjå eitt og same individ.8). I det samansette ordet lærarkollega har me ein trokeisk fot til høgre i lekken kollega.rar)<ko>(le.5.ga).1 (5. er kodeveksling (t.7) Metrisk struktur for herrepels1huve. som er hovudet i den foten. 1Ein av dei mest ekstreme måtane dette kan manifestera seg på. Trykkstavinga vert dermed le. 209 . sjølv om begge dei to aksentueringsstrategiane er mogelege innanfor eitt og same geografiske område.5.

ω0 ω1 ω1 F F S µµ W µ µ S µµ W µ læ rar ko le ga Varianten lærar1kolega (eller for den saks skuld.9). jf.5.5 Samansette ord (5.5.2) kan analyserast som i (5.µµ: éi lett og éi tung staving Fothovud-typen med to lette stavingar.µ: to lette stavingar – µ.8) Metrisk struktur i lærarko1lega.µµ kan vera fothovud i sunnmørsk. jente1nivået med HP på den stutte stavinga ni) kan på si side forklarast på i alle fall to måtar. slik at lærar1kolega som i (5. µ. eller det kan dreia seg om ei reint morfologisk trykktilordning. trengst openbert i sunnmørsk. (5. Me har vore inne på at Dresher og Lahiri (1991) tillèt hovudet i ein gamalengelsk trokeisk fot å ha desse strukturane: – µµ: éi tung staving – µ.µ.5. Det kan anten dreia seg om ein annan måte å laga føter på.5). Det vil difor vera aktuelt å spørja om også µ. 210 .5.

5.5.9) korrekt. ω0 ω1 ω1 F F S µµ W µ µ S µµ W µ læ rar ko le ga Er (5. vil det seia at skilnaden mellom (5.ga).5.9).5. Dette talar likevel ikkje imot analysen i (5.3) ligg i korleis ein fot kan sjå ut. heile kapittel 5) finst ulike trykktilordningsprosessar for samansette og usamansette ord (høgretrykk i usamansette ord.5 Metriske strukturar (5.2) og (5.9) Eventuell struktur for lærar1kolega. Vel å merka vil *[1ku le ] som usamansett ord kollega vera umogeleg.9).9) vera problematisk fordi kollega som usamansett ord utvilsamt må vera <ko>(1le. sidan det openbert (jf.le. venstretrykk på høgrelekk i samansette ord). Dermed måtte me ha operert med eit tillate fothovud µ.µµ i samansetjingar og eit forbode fothovud *µ. og ikkje med noko trimoraisk fothovud ko. som ville ha gjeve HP på ko.5. som i det samansette ordet i (5. Sidan det er 211 .5.5.µµ i usamansette ord. I begge tilfella vil trykket landa på hovudet i den foten som er lengst til venstre i det prosodiske ordet som står til høgre på nest øvste nivå. med ekstrametrisk ko. Derimot vil ein analyse som den i (5.5. Meir generelt lèt det seg ikkje gjera å leggja HP på fyrste stavinga i ei ordform dersom den stavinga er monomoraisk.

trass i den morfologiske strukturen. sjølv om Dresher og Lahiri har nettopp det. Plasseringa av HP i h a g e 1 p a r a s o l l e n . og då er vegen heller ikkje lang til å seia at i lærar1kolega er trykket lina opp nettopp med den metriske konstituenten ω. predikerer korrekt at hage 1parasollen er obligatorisk medan *hagepa1rasollen ville vera umogeleg. sidan me dfor sistnemnde måtte ha fått ein monomoraisk fot ra.5. Dersom fothovudet µ. analysen i (5.7).µµ frå (5.9) lærar1kolega var ein korrekt analyse.6) og (5. medan det er lina opp med venstre fotgrense i lærarko1lega.5. Eg vil difor forkasta analysen i (5.5.2 Blokkering av morfologisk avhengig trykktilordning I underkapittel 5.4. Og for denne andre forklaringa har me allereie no ytre evidens å trekkja inn: Det er nettopp morfologiske strukturar som er årsak til dei metriske strukturane (les: trykktilordninga) i herrepelshuve (5. men at med dette trykktildelingssystemet vert trykk tilordna ikkje den fyrste foten i høgre samansetjingslekken. skal romma trykk. Skilnaden ligg i at for lærarko1lega er denne konstituenten ein fot. Me har òg sett at ein tillaten fotstruktur med to monomoraiske stavingar. Det må heita hus 1 eigar bil ‘bilen til huseigaren’. slik at *hagepa1rasollen var mogeleg.µµ konstituera ei slik venstregrense.5 Samansette ord dei tillatne fotstrukturane som.5.5. indikerer tydeleg at dersom HP i desse døma er lina opp med ei prosodisk venstregrense så kan ikkje ein sekvens µ. uavhengig av morfologisk struktur.5). 5.9). Likskapen mellom lærar 1 kolega og lærarko1lega vert då at trykket vert tilordna venstregrensa til ein metrisk konstituent. ikkje * h u s eigar 1 bil. Derimot er 1 I tillegg ville det vera kontroversielt i det heile teke å ha eit jambisk fothovud i ein trokeisk fot. men den fyrste stavinga (eller moraen). Men slik er det altså ikkje.5. skulle me sameleis ha venta at rasoll kunne fungera som fothovud. Då har me allereie sett i den same dialekten at morfologi avgjer trykkplasseringa.5. vert denne analysen urimeleg. l æ r a r k o 1 l e g a og l æ r a r 1 k o l e g a . medan konstituenten er eit prosodisk ord i lærar1kolega. 212 . jf.1 Den andre måten å forklara lærar 1 kolega på er at me har den same metriske strukturen som i (5.2 var me inne på at det finst visse restriksjonar for etterlekkstrykk: Ein kan ikkje flytta trykket forbi ein andrelekk som har to stavingar. men ikkje *hagepa1rasollen.8).

11).11). er den tilsvarande foten i (5. 213 . I (5.5 Metriske strukturar jenteni våbe1styrar mogeleg. og eg vel å ikkje gå djupare inn i det. og trykket vert då delt ut til hovudet i den fyrste foten i denne lekken.5.10).1.5.11) uforgreina. sty). sidan føremålet med denne avhandlinga fyrst og fremst har vore å sjå på tonale forhold.10) hus1eigarbil opp til nedste ω-nivået ω ω ω F F F S µµ S µµ W µ S µµ hus ei gar bil 1 Også jenteni 1 våbe styrar er mogeleg.1 sjølv om det (som òg i huseigarbil) ligg éi monomoraisk staving mellom dei to potensielle trykkstavingane i 2.5.5.5. Skilnaden er at (5. i tråd med den modellen (Trondheimsmodellen) som er lagd til grunn. Eit autentisk døme kunne vera reiseby rå1dame. Ved etterlekkstrykk har me altså morfologiske strukturar som avgjer kva for ein samansetjingslekk som skal få primærtrykket. huseigarbil har ein forgreina fot i det andre prosodiske ordet på det nivået. Me kan illustrera skilnadene mellom desse to orda i figurane (5.5. vå) og 3. lekken (eig. Kvifor det er slik.2001. ved at ein ikkjeinitial forgreina fot vil blokkera for ei trykktilordning til høgre for seg.5. (5. har eg derimot ikkje noka god forklaring på her.10) og (5. lekken (bil. Den morfologisk baserte delen av trykkplasseringa vert likevel overstyrd av metriske forhold. som eg greip meg sjølv i å seia på denne måten den 16. men det viktige for oss her og no er altså at * hus eigar1bil er umogeleg. jentenivåbestyrar. der eg har teke med den metriske strukturen frå moraer og opp til det nedste ω-nivået.

og sameleis 2blod mat 214 .11) jentenivåbe1styrar opp til nedste ω-nivået ω ω ω F F F S µµ W µ µ S µµ µ S µµ W µ jen te ni vå be sty rar Til slutt skal det nemnast at ein noko annleis måte å analysera dataa i delkapittel 5. og ein slik fot er det ikkje plass til i ein moraisk troké. Ein må likevel hugsa at etterlekkstrykk ser ut til å vera ein strategi for å unngå å få Tlex på ei ordinitial primærtrykkstaving når ordet er (prosodisk) samansett.5.11). og hageparasollen vert (ha)<ge>(pa. Problemet med moraiske trokear i sunnmørsk er då at me treng den forgreina foten µµ. Vekslinga mellom 2grå gås og grå1gåsa. eller éi bimoraisk staving. Då vil ein fot alltid vera på to moraer (anten to monomoraiske stavingar.6 Sluttmerknader om etterlekkstrykk Me har sett at stutte stavingar kan få primærtrykk i sunnmørsk (i form av nærvær av den metriske tonen TP).d.5. Då kan ein framleis seia at trykket skal landa i venstre foten i høgre lekk. der den fyrste er S og den andre W.10) og jentenivået (5.µ for å forklara skilnaden mellom huseigarbil (5. t. og dette er jo noko heilt anna enn den gamle. s. som i seg sjølv er S).5 på ville vera å taka utgangspunkt i moraiske trokear (Hayes 1995:69).ra)(sol)<len>.5 Samansette ord (5.5. I staden har me i alle fall å gjera med rolla til metriske føter og rolla til morfologiske forhold. slik Kristoffersen (2000. Dømet parasollen vil vera (pa. Eit døme som herrepelshuve (begge variantane) vil på denne måten ha fotstrukturen (her)<re>(pels)(hu)<ve>. 5.ra)(sol)<len>. 158) gjer for austlandsk. tradisjonelle regelen som seier at primærtrykk på norsk må realiserast på ei lang staving.

men mykje manglar før ein kan seia at dei er kartlagde. Etterlekkstrykk er i alle fall framleis dominerande på Søre Sunnmøre. men som i visse tilfelle forsvinn. som er son av nemnde informant. er: 215 . at alt etter omstenda kan HP koma på den andre stavinga i AP-en (som gjerne er monomoraisk) når ein Tlex kjem framføre. døma 2fire tauet og ko2mune styre). Når dette er sagt. sjølv om det finst representasjonar som (5. eller om dei to systema har funnest jamsides med kvarandre lenge.1) og (5. fødd 1948. Noko av det spesielle med tilfella der HP ved etterlekkstrykk landar på ei monomoraisk staving. Alt i alt botnar etterlekkstrykk i både metriske og morfologiske tilhøve. grå1gåsa). og underskrivne. Det finst med andre ord ikkje noko som tyder på at sunnmørsk kan ha underliggjande former med tonalt primærtrykk på monomoraiske stavingar. har det dominerande systemet som det einaste mogelege. Kvifor det likevel er tonelag 2 i grågås. er òg noko som indikerer at til grunn for etterlekkstrykk ligg eit tonelag 2 som det finst visse distributoriske restriksjonar på. som i eit meir strukturalistisk perspektiv kunne ha vorte analyserte slik. I målførelitteraturen om etterlekkstrykk (sjå delkapittel 5. Det er uvisst om dette er eit utslag av ein generell diakron prosess på Sunnmøre.6 Sluttmerknader om etterlekkstrykk og blod1maten. Dei viktigaste spørsmåla som har dukka opp i kapittel 5. er uvisst. gjenspeglar dermed ikkje tonaliteten i dei underliggjande formene direkte. samstundes som den fyrste lekken ikkje kan byrja med noko foteksternt (ko2mune).5. er at me reint tonalt må operera med ei AP-venstregrense på same staden. I dei underliggjande formene må det framleis finnast ein Tlex som potensielt kan fungera som tonalt prefiks. og så vert kontrasten til det Tlex-frie primærtrykket (tonelag 1) oppretthalden på ein annan måte. anten HP landar på ei lang eller på ei stutt staving. kvar med sin fot. i alle fall i overflaterepresentasjonen/utputt. Etterlekkstrykk. med dei avgrensingane som er skisserte (jf. Ein må tydelegvis ha ei ordform på minst tre stavingar for å få etterlekkstrykk i staden for tonelag 2 ( leige1bil.5. nemleg ved etterlekkstrykk.5. Ordet grågås er sett saman av to lekkar. kan det leggjast til at ein kvinneleg informant frå Herøy.1) har ein i tråd med dialektologiske tradisjonar ikkje sagt noko om eventuell variasjon.2). vekslar ein del mellom tonelag 2 og etterlekkstrykk i samansette ord (og eg har ikkje funne nokon systematikk i det). men i staden konsentrert seg om å skildra det som vert rekna som særmerkt for dei ulike geografiske områda. Desse tilhøva er skisserte og delvis analyserte. Dette er ikkje meir mystisk enn det me har sett i tallause døme på tonelag 2.

Eg vonar at kapittel 5 sameleis kan vera eit utgangspunkt for korrigerande analysar anten hjå andre fagfolk eller hjå meg sjølv. 216 . For kapittel 2. og med den tonale vinklinga for denne avhandlinga. Dette er ikkje gjort her. vekslinga mellom 2grågås og grå1gåsa)? – Kvifor kan ein ikkje få trykkforskuving forbi ein forgreina fot (som eigar i huseigarbil)? – Kvifor er trykkforskuving aktuelt berre ved underliggjande Tlex? – Kvifor er etterlekkstrykk avhengig av ordklassetilhøyrsle (firetauet)? – Kvifor er etterlekkstrykk uaktuelt dersom den fyrste lekken byrjar med ei trykklett staving (kommune)? Det er mi oppleving at vidare analysar av etterlekkstrykk i sunnmørsk er avhengige av at ein fyrst kartlegg den metriske fonologien betre. 3 og 4 hadde eg studiar av andre dialektar og språk å stø meg til. Vidare analysar av etterlekkstrykk i sunnmørsk bør òg skje i samanheng med analysar av etterlekkstrykk i andre dialektar.5 Samansette ord – Kvifor treng ein tre stavingar for å få etterlekkstrykk (jf. og alle skissene mine til analysar av etterlekkstrykk må difor sjåast på som spekulasjonar eller framtidige arbeidshypotesar. Med den sparsame kunnskapen om metriske forhold i sunnmørsk. har eg ikkje funne grunnlag for å gå djupare i dei metriske analysane enn eg har gjort.

4.2 (særleg underkapittel 4. Nilsen har lagt til grunn for austnorsk. Deira utgangspunkt er reint tonalt (med unntak av det prosodiske ordet deira. me har sett på assosiering av tonar. Tilnærminga har basert seg på den vestnorske dialekten søresunnmørsk. og eg fann heller ingen grunn til å gjera det annleis for Vestvågøy i Lofoten. Selkirk (1981. 1984. Den fyrste drøftinga mi av statusen til det morfo-tonale prosodiske ordet hjå Fretheim og Nilsen (underkapittel 2. som var tonalt og morfologisk). og me har sett på fenomen som er knytte til dei ulike posisjonane i hierarkiet. Kristoffersen innvender.5. medan det prosodiske hierarkiet elles i litteraturen har eit eksplisitt metrisk utgangspunkt. men for søresunnmørsk må dette vera det metriske prosodiske ordet i eit metrisk prosodisk hierarki. 3 og 4 såg me på korleis dette tonale prosodiske hierarkiet er bygt opp.1) vart den hierarkiske analysen avhengig av ei eksplisitt relatering av tonaliteten til metriske tilhøve gjennom føringa DEP ('σ). Den hierarkiske tilnærminga til språkmaterialet var i seg sjølv heller uproblematisk. Visse justeringar måtte likevel gjerast i høve til den bruken av det prosodiske hierarkiet som Thorstein Fretheim og Randi A. med analysegrunnlag i eit hierarki av prosodiske domene. Nespor og Vogel (1982. ulike nivå i det tonale prosodiske hierarkiet. I 5. I delkapittel 4. 1986) og Hayes (1989). Nilsen hadde nemleg plassert somme stavingar utanfor AP. Analysen var framleis tonalt-hierarkisk. noko også eg har gjort. Det metriske prosodiske ordet var òg avgjerande for analysane i 5. I kapittel 2. sidan det låg til grunn at dei ulike tonale einingane sorterte under ulike domene. Kristoffersen (1995:102ff) problematiserer måten som Nilsen (1992) har brukt ekstrametrikalitetsanalysar på.3) munna ut i ein noko diffus konklusjon. 1990).3.6 Sluttord I innleiingskapittelet sette eg meg føre å kartleggja sunnmørsk intonasjonsfonologi ved hjelp av den hierarkiske modellen som Thorstein Fretheim og Randi Alice Nilsen har tilpassa til austnorske dialektar. sjå t. kort 217 .3 var det sameleis naturleg i samanlikninga med latvisk å omtala prominenstonen (i sunnmørsk) som metrisk tone.d. AP-grensetonen T] må sameleis vera lisensiert av metriske forhold. I delkapittel 3.2. Trondheimsmodellen. Det prosodiske hierarkiet som analysereiskap er frå før kjent særleg frå metrisk fonologi. nærare sagt av nærværet av den same trykkstavinga til venstre.3 vart konklusjonen tydelegare: Det prosodiske ordet trengst i skildringa av tonale forhold.

sidan eit APinitialt ord med trykklett fyrstestaving (t.d. Men om det tonale prosodiske hierarkiet dermed er rettgjort. Når en streng av ord. eit hierarki som jo ligg til grunn for dei tonale fenomena som me har brukt eit tonalt hierarki til å analysera. fordi førekomsten av flytande L] og plasseringa av Tlex (på heile eller berre byrjinga av trykkstavinga) er avhengig av kor stor den tonale konstituenten AP er.d. og han kan òg forsvarast ut ifrå fonologiske prosessar som er reint tonale. vil den tonale analysemodellen framleis vera nyttig. Akkurat desse tonetrengslefenomena kan sjølvsagt også sjåast i samanheng med plasseringa av primærtrykket. Til dette vil eg kommentera at me no har sett eit visst samspel mellom metriske og tonale strukturar. eller en del av et ord defineres som ekstrametrisk i vår forstand.a. må ein likevel vera merksam på rolla til det metriske hierarkiet.6 Sluttord sagt. Det er ikkje noko éin til éin-forhold mellom det metriske hierarkiet og det tonale hierarkiet. Samstundes finst det ikkje nokon metrisk ekvivalent til AP. noko som vert ein metrisk basert analyse. og eg har sjølv måtta trekt inn dei metriske forholda i noko større grad enn Trondheimsmodellen har invitert til. Med ei slik presisering vil kritikken frå Kristoffersen vera mindre viktig. er ikkje tonale konstituentar. Det er nok å minna om at det tonale domenet AP alltid opnar med ei metrisk trykkstaving. og får den AP-grensetonen L] som. Dette er i og for seg òg delvis presisert av Nilsen sjølv (Nilsen 1995:117). for1teljingar) vil verta delt mellom to AP-ar. 218 . noko strengene av «ekstrametriske» stavingar hjå Nilsen ikkje gjer. er det rett og slett fordi denne delen tonalt sett ikke domineres av den prosodiske noden som tilsvarer neste nivå i det prosodiske hierarkiet. (2store for-AP)(1teljingarAP). at ekstrametrisk materiale skal utgjera ein eigen konstituent. Når det fyrst er slik fatt. men presiseringa er altså naudsynt. Det AP-eksterne (Nilsen 1992: «ekstrametriske») i det tonale hierarkiet (kapittel 4 hjå meg) som Kristoffersen (1995) har problematisert. er lisensiert av primærtrykket i denne føregåande AP-en. Tonaliteten på stavinga for vil altså ha samanheng med ein annan metrisk konstituent enn den som resten av ordet sorterer under. som svar på fyrsteopponent Kirstoffersen (Kristoffersen 1995): Vårt ekstrametrikalitetsbegrep […] handler om tonal ekstrametrikalitet på overflaten. nemleg store. ved å vera grensetonen til ein AP. t. men det AP-eksterne materialet svarar til metriske konstituentar i det metriske hierarkiet: stavingar og føter. Dei tonale strukturane byggjer openbert på metriske forhold. Til dømes trengst det tonale domenet AP. m. Den trykklette fyrstestavinga for hamnar i halen på ein føregåande AP. og primærtrykket i denne føregåande AP-en ligg sjølvsagt i eit heilt anna ord.

og føreslår i staden «foteksterne stavelser» (dvs.6 Sluttord Nilsen legg til at det på ei anna side ikkje er naudsynt å bruka ein terminologi som strid mot tradisjonell bruk. «AP-eksterne stavingar» i min terminologi). 219 . I denne studien har eg stort sett vore tonalt orientert. særleg i kapittel 5. men under analysane. både i grunnstruktureringa i kapittel 2 og 3 og i djupdykka i kapittel 4. kunna seia oss meir om kva som kan hamna rett under IP (utanfor AP) enn eg har klart å koma fram til her. kom det altså fram at tonale og metriske tilhøve. Ei slik utforsking er òg naudsynt for å få svar på dei mange spørsmåla som eg skisserte til slutt i kapittel 5. Ei nærare utforsking av samspelet mellom metriske og tonale forhold bør t. slik eg skisserte målet for studien i delkapittel 1. somme tider mindre. somme tider meir enn elles.1. i alle fall i sunnmørsk. Samstundes har eg herved presentert i alle fall den tonale delen av dei fonologiske vilkåra som ligg til grunn for intonasjon i sunnmørsk. må sjåast i samanheng med kvarandre. Analysemodellen viste seg å vera brukande.d.

.

16 signal v0 v1 v2 v3 v4 tid (s) 3.70 5.70 5.43 5.08 3.18 3.4 Tabellane har tre kolonnar.43 5.18 signal d5 d6 d7 d8 d9 tid (s) 3.70 5.40 signal s0 s1 s2 s3 s4 tid (s) 5. I den fyrste kolonnen står koden til kvart signal.50 5.18 3. for det fyrste signalet sin del: rekna frå det tidspunktet då informanten klikka på «OK» for å starta lyttetesten).18 3.08 3.30 5.08 3.08 3.18 3.08 3.44 Eg har stole ei gryte i Trondheim: signal d0 d1 d2 d3 d4 tid (s) 5.29 5. rekna frå det tidspunktet då informanten leverte førre respons (eller. Tida det tok å lasta ned og høyra signalet. Sjølve stimulussignala varde så lenge. I den andre kolonnen står den responsen som informanten gav.30 5.08 signal v5 v6 v7 v8 v9 tid (s) 3.07 Eg sette meg vitterleg inn i Renaulten: signal d0 d1 d2 d3 d4 tid (s) 5.18 3. Resultata i tabellane er presenterte med den rekkjefylgda som signala hadde under lyttetestane.18 3.43 5.18 3. er dermed rekna inn der.51 5.51 5.30 5.51 5.33 signal s0 s1 s2 s3 s4 tid (s) 5.08 3.Vedlegg Tabellar over lyttetestane i delkapittel 2.15 3.08 3.75 221 .70 5.08 3. medrekna kontekstsetningane for dei signala som hadde slike (nemleg Renault-testen og gryte-testen): Det store dyret åt den neddopa mannen: signal d0 d1 d2 d3 d4 tid (s) 3.43 5. og det var òg mogeleg å høyra signalet på nytt. I den tredje kolonnen er det oppgjeve i sekund kor lang tid det gjekk før informanten gav responsen sin.

ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen tid 13 14 19 15 9 10 23 10 12 9 10 12 10 10 10 10 9 22 7 8 10 7 10 8 13 8 7 10 12 10 9 9 222 . ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. informant: TK signal v0 d0 v3 d6 v1 d7 v7 d4 v9 d4 v4 d3 v9 d8 v5 d7 v6 d2 v2 v7 d7 v0 d5 d6 v8 d8 v2 d5 v8 d9 v4 d0 respons Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde.Vedlegg Lyttetest: Det store dyret åt den neddopa mannen. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var ETA mannen det gjorde.

ikkje kvinna Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde.Dyret-testen v9 d8 v2 d2 v0 v1 d2 v6 d3 v4 d1 v5 d3 v3 v8 d0 d9 v5 d1 d4 v1 d5 v3 d6 v7 d1 v6 d9 Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen 15 13 8 16 7 8 12 6 10 8 14 11 9 9 13 12 8 9 9 9 8 15 8 7 7 8 12 8 223 . ikkje kvinna Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var MANNEN det åt.

ikkje slikka mannen d4 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna d2 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v4 Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen d9 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna d5 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v8 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v1 Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen v3 Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen d8 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna v7 Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna d0 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna d7 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v4 Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen v0 Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna d7 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen d8 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v2 Det var MANNEN det åt.Vedlegg informant: TS signal respons v0 Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen d6 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v9 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen tid 24 36 42 42 66 23 25 8 40 8 14 17 70 11 26 9 18 17 12 44 8 13 8 24 103 18 12 17 26 13 12 8 39 9 224 . ikkje kvinna d5 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna d3 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen d8 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna d7 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna d6 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v7 Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen v2 Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen v6 Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen v9 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v9 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v8 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen v5 Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna d0 Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna d4 Det var ETA mannen det gjorde.

ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje slikka mannen Det var MANNEN det åt. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det var ETA mannen det gjorde. ikkje kvinna Det