You are on page 1of 3

Måkeskrik og bølgjeskvulp

Novelle

Bølgjene som slo mot berga skvulpa muntert i sommarvinden. June satt på berget og såg ut
over fjorden, vinden ruska i håret hennes. Ho pusta den friske sjølufta djupt inn, og sukka. Ho
la notisblokka i fanget; sommarvinden bar ikkje med seg inspirasjon slik den pleidde, og ho
reiste seg for å gå tilbake til hytta.

Før ho kom så langt, fikk ho sjå noko som låg i vatnet. Det var noko kvitt, noko stort... Ho såg
nærmare, det var ein mann som låg der, ganske langt nede i vatnet. Ut av halsen på liket stakk
ein kniv.

Liket har nok ikkje logge i vannet lenge, for det har enno ikkje rotna, tenkte June, ho følte seg
så rar, som om ikkje det var ho som sto der og såg ned på eit lik som ho hadde funne i fjæra,
som om det var nokon andre, kanskje ein karakter i ei bok ho satt og leste. Ein måke skreik i
det fjerne, ho lurte vagt på kor mannen kom frå, og om han òg hadde leidd hytte her. Plutseleg
gjekk det opp for ho kva som akkurat hadde hendt; ho hadde funne eit lik i fjæra! Ei iskald
skjelving av skrekk gikk nedover ryggen hennar, og ho kunne ikkje få sprunge fort nok inn i
den lisle raude hytta som ho hadde leidd for helga.

Tungpusta lente ho seg mot døra då ho kom inn. Hytta var heilt stille, og pusten hennar roa
seg sakte. Ho rista på hovudet; det var jo bare ein daud person, han kunne jo ikkje komme
etter ho! Så kom ho til å tenkje på korleis liket hadde sett ut; det hadde ikkje liggje der lenge,
kanskje ikkje eingong lenge nok til at mordaren hadde komme seg ifrå øya! Ved den tanken
greip panikken tak i ho igjen, og ho gikk til andre enden av huset for å lukke kjøkkendøra.
Mens ho først var på kjøkkenet tok ho med seg den største brødkniven frå settet på
kjøkkenbenken, det var ein som var borte allereie, men det tenkte ho ikkje over – det var
sikkert berre ein eller anna som hadde tatt den med seg då han fòr heim – for så å barrikadere
seg inne på soverommet, under teppa, med lyset slokke, og gardinene føre vindauget.
Ho satt der i mange timar, heilt til lyset som så vidt slapp gjennom gardinene ble heilt borte,
og beina hennar verka etter å ha vorte sitte på i mange timar. Ho såg på kniven, på
knivskaftet, og huska med grufull klarleik synet av knivskaftet som stakk ut av halsen på den
døde. Ein mistanke slo rot i ho, og ho tvang seg til å gå med raske, bestemte skritt mot
kjøkkenet. Ein kniv frå settet med knivar mangla.

Mordaren har ikkje dratt frå øya, då, for det går ikkje båt før på søndag, om to dagar, og det
var ikkje lenge mellom når liket var blitt dumpa i havet og at ho kom til hytta, det skulle ho
vedde legelisensen sin på. Og det var berre ein person det kunne være, berre ein person som
hadde tilgong på hytta utanom dei som leidde. Eit kakk på kjøkkendøra fikk ho til å skvette og
sjå ditover med runde auge i eit lite sekund, for så å springe så fort ho kunne i retning den
andre døra.

I turistguiden hadde det stått at dette var ei lita, triveleg øy med få innbyggarar, utan støy frå
motorvegar, jernbane, vindmøller eller flyplass. ”Havet ligg blikkstille og blankt, nokre båtar
tøffar utover… I bakgrunnen høyrer du eit skrik frå ein måke. Velkommen til Slappøy, der du
finner fred og ro.”

Dama som eide hytta (som opphavleg hadde vore eit bustadhus, før dei fleste flytta frå øya)
hadde verka hyggeleg nok, og om ho ikkje smilte så mykje sa kanskje ho var sjenert. Og om
no ikkje smilet hennar, når ho smilte ein sjeldan gong, rakk til augo, så var det vel fordi ho
hadde ein dårleg dag.

Då ho kom seg til hovuddøra fekk ho rask på seg skoa, og heiv på seg ein jakke, før ho reiv
opp døra og sprang ut i natta. Det var kolmørkt ute, med bare stjerneskinn til å lyse vegen. Ho
hadde ikkje merka det, men ho holde fortsatt kniven i handa der ho sprang i blinde, inn i
skogen, mot fjæra. Etter eit stykke begynte ho å høyre skritt bak seg; ho ble forfølgt!

”Du slepper ikkje unna!” Høyrte ho ein stemme rope. Ein kvinnestemme. Hytteeigaren.
Mordaren. Det må ha vore ho, for det var ingen andre som hadde nøkkel til hytta, og June ble
meir og meir sikker på at mannen ikkje kunne vore fastbuande her; ho hadde ikkje høyrt noko
om at nokon var savne. Ikkje før hadde ho tenkt det, så snubla ho i ein stein, i utkanten av
fjæra, og datt på magen med eit ”oof,” av luft som ble pressa ut av lungene hennar.

June visste at det var håplaust då ho såg dei brune skoa til hytteeigaren komme mot ho, kjente
ei kald hand ta kniven frå handa hennar, og den andre kalde handa ta tak i håret hennar og dra
hovudet hennar bakover. ”Kvifor?” Gispa ho ut.

”Eg er så jævla lei av alle turistane som kjem hit,” Sa ho beiskt, og gjorde ein skarp bevegelse
med den handa som haldt kniven, og alt ble svart for June.

Maiken, FO2A

You might also like