You are on page 1of 4

Fordjupingsemnet i norsk 2019/2020

Kompetansemål: Mål for opplæringa er at eleven skal gjennomføre ei sjølvvald og


utforskande fordjupingsoppgåve med språkleg, litterært eller anna norskfagleg emne, og
velje kommunikasjonsverktøy ut frå faglege behov.

Kva skal du gjere?


 Velje tema
 Finne primærlitteratur (2 litterære verk eller 1 litterært verk + film/serie)
 Formulere ei god problemstilling
 Finne sekundærlitteratur (=kjelder)
 Lage og levere arbeidsskisse (frist: måndag 21. oktober)
 Utforske problemstillinga med støtte frå sekundærlitteraturen
 Jobbe sjølvstendig
 Halde ein munnleg presentasjon i veke 4

Vurdering
Norsk munnleg. Viss vurderinga ikkje fullførast, vil det ikkje vere grunnlag for vurdering i
norsk munnleg (standpunkt).

Tidsplan
 Måndag 30. september: frist for å ha lese primærlitteraturen, lage utkast til
problemstilling
 Veke 42: Arbeid med fordjupingsoppgåva på skolen
 Måndag 21. oktober: frist for å levere inn arbeidsskissa
 Veke 3: Arbeide med fordjupingsoppgåva på skolen
 Veke 4: Presentasjonar (endeleg vurdering)

Nyttige lenker
 Deichmanske bibliotek: http://tema.deichman.no/

 Senja vidaregåande skole: https://senjavgsbiblioteket.wordpress.com/

 NDLA sine sider om fordypningsemnet: http://ndla.no/nb/node/142731?fag_27

 Nettsida til læreverket Panorama:


http://podium.gyldendal.no/panorama/panorama-ressursbank
 Sølvberget bibliotek: https://www.xn--slvberget-
l8a.no/Laering/Fordypningsoppgave
Meir om primærlitteraturen
 2 litterære verk
 1 litterært verk + film/serie
 Språkleg emne og andre norskfaglege emne: Her må vi bruke skjønn, men det er
meininga at arbeidet skal svare til mengda med stoff som er lista opp over.

Eksempel på fordjupingsoppgåver i litteratur kan vere: forfattarstudium, sjangerstudium,


periodestudium, temastudium.

Eksempel på fordjupingsoppgåver i språklege tema: talemål i Noreg, stadnamn eller


personnamn, språkhistoriske emne, slang, SMS-språk, språkleg påverknad frå andre land
før og no, samisk som minoritetsspråk i Noreg.

Eksempel på andre norskfaglege emne: litteratur/musikk/bildekunst i ei bestemt periode,


film, samanlikning bok/film eller bok/serie, aviser/vekeblad/TV/radio, teikneseriar og
grafiske romanar, reklame…

Problemstillinga
 Bør formulerast som eit spørsmål: Korleis? Kvifor? Kva for?
 Presenter problemstillinga i innleiinga og bruk føredraget til å svare på
problemstillinga.
 Problemstillinga hjelper deg til å velje ut kva for sekundærlitteratur som er relevant.

Eksempel på problemstillingar
Forfattarstudium:
 «Kva trekk karakteriserer hovudpersonane i Erlend Loe sine romanar, og kva
kjenneteiknar skrivemåten til Erlend Loe?»
Temastudium (tema barndom og barnet sin synsvinkel):
 «Kva typar observasjonar gjer eit barn, og korleis uttrykker barnet desse? Korleis
samsvarer desse observasjonane med oppfatninga dei vaksne har av verda?»
 «Korleis blir språket brukt som eit bevisst verkemiddel for å gjere barnet truverdig
som forteljar?»
 «Kan ein seie at barnet er ein mindre truverdig forteljar enn den vaksne?»
Sjangerstudium:
 «Kva unntak frå dei formelle krava til novellesjangeren finst i novellesamlingane
Knutar og Draumeskrivar, og kvifor blir desse tekstane likevel kalla noveller?»
 «Boccaccio si bok Dekameronen (1348–53) blir av mange rekna som den første
novellesamlinga. Korleis har sjangeren utvikla seg frå Boccaccio si tid fram til i
dag?»
 Vel ein noveller som fordjupingsemne, kan det vere lurt å sjå på korleis heile
samlingar er sett saman. Mange novelleamlingar er ofte så bevisst komponerte at
ein nesten kan lese dei som ein heilskapleg tekst. Kor går da grensa mellom
romansjangeren og novellesjangeren?
Periodestudium:
 «Kva for likskapar er det mellom verk frå realismen på 1800-talet og
nyrealismen på 1900-talet?»
 «Kva er modernisme? Korleis pregar modernismen personkarakteristikken,
miljøet og skrivemåten i romanane Fuglane og Jeg?»
«Kva kjenneteiknar naturalismen, og korleis kjem desse kjenneteikna til uttrykk i
romanserien Hellemyrsfolket?
Språkleg tema:
 Kva kjenneteiknar dialekten min?
 Korleis har dialekten min endra seg, og i kva for retning vil han halde fram med
å endre seg?
Andre norskfaglege emne:
 Kva for idealar og verdiar blir kommunisert i blad retta mot kvinner både når ein
ser på reklamen og på det redaksjonelle stoffet? (Samanlikning mellom fire
ulike blad)

Informasjon om arbeidsskissa som skal leverast 21. oktober


 Omfang: 2–4 sider (skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5)
 Vurdering i sidemål (språk, innhald og struktur blir vurdert)
 Innhald:
1. Introduser og grunngi val av tema.
2. Presenter primærlitteraturen (for eksempel tittel, forfattar, år, kort
handlingsreferat).
3. Presenter problemstillinga. Forklart kort kva du skal undersøke og kvifor du
skal fokusere på dette.
4. Kva treng du å finne informasjon om for å svare på problemstillinga di? Kva
for sekundærlitteratur treng du for å svare på problemstillinga? Kva vil du
fokusere på i arbeidet med primærlitteraturen?
5. Oppsummer arbeidsprosessen så langt, og skisser ein plan for vidare arbeid.
6. Foreløpig kjeldeliste.

You might also like