You are on page 1of 8

Albatrossfamilien

Hopp til navigeringHopp til søk

Albatrossfamilien

Svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris)

Foto: Uwe Kils

Utbreiing

Utbreiinga av albatrossfamilien

Systematikk

Rike: Dyr Animalia

Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata

Underrekkje: Virveldyr Vertebrata

Klasse: Fuglar Aves

Underklasse: Neognathae

Overorden: Aequornithes

Orden: Stormfuglar Procellariiformes

Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
G. R. Gray, 1840

Albatrossar (Diomedeidae) er store sjøfuglar som saman med artane


i stormfuglfamilien, stormsvalefamilien og dukkpetrellfamilien utgjer ordenen
stormfuglar, Procellariiformes. Dei streifar vidt kring i Sørishavet og Nord-
Stillehavet. Dei er fråverande frå Nord-Atlanteren, men fossil viser at dei ein
gong levde der. I dag er dei berre sporadiske vandrarar som dukkar opp i Nord-
Atlanteren. Albatrossane er blant dei største flygande
fuglane, vandrealbatrossen har den største vengespennet av alle nolevande
fugleartar. Familien er vanlegvis delt inn i fire slekter, men det er usemje om
talet på artar som varierer mellom 12[1] og 21[2] artar avhengig av autoritet.
Albatrossane er svært effektive i lufta, ved hjelp av glideflogteknikkar kan dei
dekke store distansar med lite bruk av energi. Dei
beitar blekksprut, fisk og kril ved å ta avfall, gripe i vassoverflata eller dukke.
Albatrossar hekkar i koloniar, mest på fjerne øyar, ofte nært saman med fleire
andre artar. Parband mellom hannar og hoar kan byggast over fleire år med
bruk av ritualdansar og vil vare i livet ut for paret. Ein hekkesesong kan ta over
eit år frå egglegging til flygeferdige ungar, med eitt enkelt egg i kvart forsøk.
Av 21 artar av familien som er godkjende av International Ornithologists' Union,
er 19 er raudlista som ikkje-livskraftige artar. Talet på albatrossar har tidlegare
gått attende på grunn av hausting av fjør, men i dag er albatrossane trua av
introduserte artar som for eksempel rotter og villkattar som angrip egg, ungar og
hekkande vaksne fuglar; av forureining; av overfiske som har ført til alvorleg
nedgang i fiskeførekomstane i mange regionar. Linefiske utgjer det største
trugsmålet: fuglane jaktar agna på lina og blir dermed hekta fast. Identifiserte
interessentar som styresmakter, naturvernorganisasjonar og folk i
fiskerinæringa arbeider for å redusere denne «bifangsten».

Innhaldsliste

 1Morfologi og flyging

 2Utbreiing og rekkjevidd til havs

o 2.1Føde

o 2.2Hekking og kurtise

 3Oversyn artar

 4Kjelder

o 4.1Referansar

Morfologi og flyging[endre | endre wikiteksten]


I motsetnad til dei fleste Procellariiformes, kan albatrossar, slik som denne svartfotalbatrossen, gå
godt på land.

Foto: James P. McVey

Portrett av ein svartflekkalbatross. Merk det store, krumme nebbet med nasale røyr

Foto: JJ Harrison

Albatrossane er ei gruppe av store til svært store fuglar, og er dei største av


stormfuglane i ordenen Procellariiformes. Nebbet er stort, sterkt og med skarpe
kantar, den øvre kjeven endar i ein stor krok. Nebbet er sett saman av fleire
hornplater, og langs sidene er dei to røyr, lange nasebor. Røyra av alle
albatrossar ligg langs sidene av nebbet, i motsetnad til hos resten av fuglane i
ordenen Procellariiformes der røyra går langs oversida av nebbet. Desse røyra
lèt albatrossar ha ei god utvikla kjensle av lukt, ei uvanleg evne for fuglar. Som
andre Procellariiformes utnyttar albatrossane luktesansen når dei søkjer etter
potensielle matkjelder.[3] Føtene har inga baktå og mellom dei tre framtærne har
dei fullt utvikla symjehud. Beina er sterke for Procellariiformes å vere, faktisk,
nesten unik blant denne biologiske ordenen, i at dei saman
med kjempepetrellane er i stand til å gå godt på land.[4]
Som alle andre i ordenen Procellariiformes, har albatrossar trong for å avsalte
kroppen, salt som fuglane får i seg på grunn av det høge mengda havvatn dei
absorberer. Alle fuglar har ein forstørra nasekjertel ved nebbrota, over auga.
Denne kjertelen er inaktiv hos artar som ikkje krev avsalting, men alle
albatrossar gjer bruk av kjertelen. Forskarar er usikre på dei nøyaktige
prosessane i kjertelen, men veit at i generelle termar så fjernar kjertelen salt og
dannar ein 5 % saltoppløysing som dryp ut av nasen, eller som hos nokre artar,
dei slyngjer ut væska.[5]
Fjørdrakta hos dei fleste vaksne albatrossane er vanlegvis ein variant av mørk
overside på veng og rygg med kvit underside, ofte ikkje ulikt ein måse. [4] Av
desse artane spenner frå det sørlege kongealbatross som er nesten heilt kvit
bortsett tuppen og bakkant av vengene hos fullt kjønnsmodne hannar, til
underarten Diomedea exulans amsterdamensis av vandrealbatross, som har
ein nesten juvenil-aktig hekkefjørdrakt med mykje brunt, særleg eit sterkt brunt
band rundt brystet. Fleire artar av Thalassarche og Phoebastria-albatrossar har
andletmarkeringar som augeflekker eller har grått eller gult på hovud og nakke.
Tre albatrossartar, svartfotalbatross, gråalbatross og sotalbatross, varierer heilt
frå dei vanlege draktene, til nesten einsfarga mørk brun, eller mørk grå i fallet
gråalbatross. Det kan ta fleire år å få den fullt vaksne hekkedrakta for ein
albatross.[6]
Dei største albatrossane i slekta Diomedea har det største vengespennet av
alle fuglar, det kan overstige 3,40 meter, andre albatrossartar kan ha monaleg
mindre vengespenn, ned til 1,75 m. [7] Albatrossar reiser enorme avstandar med
to teknikkar som blir brukte av mange sjøfuglar med lange venger, dynamisk
glideflyging og utnytting av hang. Dynamisk glideflyging inneber gjentatte
stigingar inn i vind og senking i vindretninga slik at dei vinn energi frå den
vertikale vindgradienten. Hang er den stigande lufta på lesida av store bølgjer.
Albatrossar oppnår høge forholdstal for glideflukt, rundt 22:1 til 23:1, noko som
tyder at for kvar meter dei taper høgd, kan dei reise framover 22 meter. [6] I
glideflukta får dei stønad frå skulderlåsen, eit senelag som låser vengen når
han er fullt utstrekt, slik at vengen blir halden utstrekt utan bruk av muskelkraft,
ei morfologisk tilpassing dei deler med kjempepetrellar.[8]

Avgang er den mest energikrevjande delen av ei flyging, og kan krevje kraftig vengebruk, her ein
ungfugl av gulhovudalbatross

Foto: C. Fred Ziellerman

Albatrossar kombinerer glideflygeteknikkar med bruk av føreseieleg vêrsystem.


Albatrossar på den sørlege halvkula som flyg nordover frå koloniane vil dreie
kursen med urvisaren, og dei som flyg sørover vil dreie mot urvisaren.
 Albatrossane er så godt tilpassa denne levemåten at hjartefrekvensen under
[4]

flyging ligg nær kvilepulsen. Denne effektiviteten er slik at det mest


energikrevjande aspektet av ein tur for matauke ikkje er sjølve flygedistansen,
men landingar, avgangar og jakta dei gjer etter å ha funne ei matkjelde. [9]
Det er denne effektive flygeteknikken som er grunnlaget for albatrossane sin
suksess i flyging over særs lange distansar som strategi for å søkje føde som er
lokalisert spreidd og ujamt fordelt over store areal til havs.
Dei lange vengene er dårleg eigna til kraftfull flyging og dei fleste artane
manglar musklar og energi til å gjennomføre vedvarande flagrande flukt.
Tilpassinga til glideflyging gjer dei avhengige av vind og bølgjer, om albatrossar
blir tvinga til å kvile på havoverflata i roleg sjø, må dei kanskje vente til vinden
tek seg opp att.
Artane i det nordlege Stillehavet kan bruke ein alternativ teknikk der fuglen gjer
kraftige vengeslag for å vinne høgd, følgt av gliding. [10] Når albatrossar tar av på
land, treng dei å ta ein løpetur for å gje fart og løft under vengene. [4]

Utbreiing og rekkjevidd til havs[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga av albatrossar over heile verda.


Illustrasjon av Mirko Thiessen basert på HBW, band 1.

Dei fleste albatrossane har leveområde på den sørlege halvkula


frå Antarktis til Australia, Sør-Afrika og Sør-Amerika. Unntaka frå dette er dei
fire artane i slekta Phoebastria, der tre finst utelukkande i det
nordlege Stillehavet, frå Hawaii til Japan, California og Alaska, og
éin, galapagosalbatross, hekkar på Galapagosøyane og beitar utanfor kysten
av Sør-Amerika.

Galapagosalbatross (Phoebastria irrorata) er einaste albatrossarten med naturleg leveområde i


ekvatoriale farvatn.

Foto: Gregory "Greg" Smith

Trongen for vind til glideflukt er grunnen til at albatrossar for det meste er
avgrensa til høgare breiddegrader, glideflygeteknikken dei nyttar gjer at
kryssing av ekvatorialbeltet er ekstremt vanskeleg. Unntaket,
galapagosalbatrossen, er i stand til å leve i ekvatoriale farvatn rundt
Galapagosøyane på grunn av det kjølige vatnet i perustraumen og dei
resulterande vinden som dette gjev.[6]

Albatrossar spenner over store havområde og kan regelmessig flyge jorda rundt grovt rekna langs
ein latitude på den sørlege halvkula, her representert ved vandrealbatross (Diomedea exulans).

Foto: JJ Harrison

Ein veit ikkje sikkert kvifor albatrossane vart utrydda i Nord-Atlanteren, sjølv om
stigande havnivå på grunn av ein varm periode i ei mellomistid kan tenkjast å
ha overfløymt hekkestaden for gulhovudalbatross (Phoebastria albatrus)
på Bermuda.[11] Nokre sørlege artar har tidvis dukka opp som omstreifarar i
Nord-Atlanteren og kan bli forvist ståande der i fleire tiår. Ein av desse,
ein svartbrynalbatross, returnerte til sulekoloniar i Skottland i mange år.[12] Både
svartbrynalbatross og gulnasealbatross har vore observerte i norske farvatn.[13]
Bruk av satellittsporing lærer forskarane mykje om korleis albatrossar streifar
over havet for å finne mat. Albatrossar har ingen regelbunden årleg migrasjon,
men spreier seg mykje etter hekkeperioden, og i tilfelle av artar på den sørlege
halvkula, gjer dei ofte sirkumpolare turar.[14] Det er òg dokumentert at artane
differensierer seg i bruk av havområde. Ei samanlikning av beitenisjar av to
nærskylde artar som begge hekkar på Campbelløyane, underarten impavida av
svartbrynalbatross (Thalassarche melanophris),
og gråhovudalbatross (Thalassarche chrysostoma), viste at
svartbrynalbatrossen primært beita over Campbell-platået medan
gråhovudalbatrossen beita meir pelagisk, over oseaniske
farvatn. Vandrealbatrossane reagerer òg sterkt på batymetri, det vil seie dei
beitar berre i farvatn med havdjupn større enn 1000 meter; så nøyaktig følgde
satellittplotta denne konturen at ein vitskapsmann uttrykte, «- det er nesten som
om fuglane er merksame på og lyder eit 'inga åtgang'-skilt der djupna er mindre
enn 1000 m.»[6] Det er òg haldepunkt for separasjon mellom kjønna av same
art: ein studie av tristanalbatross som hekkar på Gough Island viste at hannar
beita vest for øya og hoer mot aust.[6]
Føde[endre | endre wikiteksten]
Kosthaldet er sett saman av hovudsakleg blekksprutar, fisk, krepsdyr og
slakteavfall,[4] sjølv om dei òg vil ta for seg av åtsel og beite på
anna dyreplankton.[4] For dei fleste artar er ei heilskapleg forståing av dietten
berre kjent for hekkesesongen, når albatrossar jamleg dreg tilbake på land og
undersøkingar er moglege. Verdet av kvar av desse matkjeldene varierer frå art
til art, og jamvel frå populasjon til populasjon, og nokre konsentrerer seg om
blekksprut åleine, andre tek meir kril eller fisk. Av dei to albatrossartane
på Hawaii, tar svartfotalbatross (Phoebastria nigripes) for det meste fisk,
mens laysanalbatross (Phoebastria immutabilis) beitar på blekksprut.[4]
Bruk av måleinstrument på havet som registrerer inntak av vatn over tid,
indikerer at albatrossar hovudsakleg beitar på dagtid. Analyse av
blekksprutrestar som albatrossar gulpar opp, har vist at mange av
blekksprutane er for store til å ha vorte fanga levande, og inkluderer dessutan
artar frå djupare vatn sannsynlegvis utanfor rekkjevidd for albatrossar, noko
som tyder på at for einskilde artar, som vandrealbatross, kan avfall av
blekksprut vere ein viktig del av dietten. Kjelda for desse døydde blekksprutane
kjenner ein ikkje, og nokre kjem sikkert frå blekksprutfiskeri, men i naturen først
og fremst frå døyde blekksprutar etter blekksprutgyting og frå måltidsrestar etter
blekksprutetande kval, slik som spermkval, grindkvalar og nebbkvalar.[15] Hos
andre artar, som svartbrynalbatross eller gråhovudalbatross, held dietten rikeleg
med mindre blekksprutartar som har ein tendens til å søkkje etter at dei er
daude, og ein trur ikkje avfall speler ei stor rolle i kosthaldet.
[6]
 Galapagosalbatrossar er observerte i å praktisere kleptoparasittisme,
trakasserer suler for å stele maten deira, galapagosalbatrossen er den einaste
medlemmen av Procellariiformes med slik regelmessig åtferd.[16]
Inntil nyleg trudde ein at albatrossar hovudsakleg beita på overflata, sym på
overflata og knipsar opp blekksprut og fisk som er skove opp til overflata av
straum, predatorar eller er daude. Utplasseringa av måleinstrument for djupn,
som registrerer den maksimale djupna fuglen dukkar, ved å feste det til ein fugl
og ta instrumentet av når han returnerer til land, har vist at medan nokre artar,
som galapagosalbatross, ikkje dukkar djupare enn ein meter, kan nokre artar,
som gråalbatross, dukke så djupt som 12,5 meter, med ei gjennomsnittleg
djupne på nesten fem meter.[17] I tillegg til overflatebeiting og dukking, har dei no
òg vorte observerte i stupdukking frå lufta for å snappe byttedyr. [18]
Hekking og kurtise[endre | endre wikiteksten]
Albatrossar er kolonihekkarar, vanlegvis hekkar dei på isolerte øyar, der
koloniane ligg på større landmassar, gjerne på utstikkande nes med gode
tilnærmingar frå sjøen i fleire retningar, slik som kolonien på Otago-
halvøya i Dunedin på New Zealand. Mange kvitpannealbatrossar (Thalassarche
bulleri) og svartfotalbatrossar (Phoebastria nigripes) byggjer reir under tre i
open skog.[19] Koloniar varierer frå dei svært tette samlingar føretrekt
av Thalassarche-albatrossar. Til dømes har svartbrynalbatross-koloniar
på Falklandsøyane tettleikar på 70 reir per 100 m², medan ein finn mykje
lausare grupper og med stor plass mellom individuelle reir i koloniar
av Phoebetria og Diomedea-albatrossar. Alle albatrosskoloniar ligg på øyar som
historisk var frie for landpattedyr. Albatrossar er svært filopatriske, som tyder at
dei vanlegvis returnerer til kolonien der dei sjølv vart klekte for å hekke. Denne
tendensen til å vende tilbake til utgangspunktet for hekking er så sterk at ein
studie av laysanalbatross viste at den gjennomsnittlege avstanden mellom
klekkestaden og området der ein fugl etablert sitt eige territorium var 22 meter.
[20]

Albatrossar lever mykje lengjer enn andre fuglar, startar hekking seint, og
investere meir arbeid i færre ungar enn andre fuglegrupper. Albatrossar har
særs lang levetid, dei fleste artane kan overleve i overkant av 50 år, den eldste
registrerte var ein nordleg kongealbatross som vart ringmerkt som ein vaksen
og overlevde i ytterlegare 51 år, estimert til en alder av 61 år.
[21]
 Ringmerkingsprosjekt er monaleg yngre enn dette, og ein kan vente at fuglar
av andre artar vil vise seg å leve endå lengjer.

You might also like