You are on page 1of 9

New Zealand

Hopp til navigeringHopp til søk


[endre]

New Zealand
Aotearoa

(norsk: New Zealand, newzealandsk)

Flagg Riksvåpen

Nasjonalsong ««God Defend New Zealand»»

Motto Ikkje noko

Offisielle språk Engelsk, maori og newzealandsk


teiknspråk

Hovudstad Wellington

Styresett Konstitusjonelt monarki


Dronning Elisabeth II
Generalguvernør Patsy Reddy
Statsminister Jacinda Ardern

Flatevidd  
 – Totalt 267 710 km² (75.)
 – Andel vatn 2,1 %

Folketal  
 – Estimert (2017) 4 510 327 (125.)
 – Folketeljing (2006) 4 143 279
 – Tettleik 16,8 /km² (168.)

Sjølvstende 26. september 1907


frå Storbritannia

Nasjonaldag 6. februar

BNP  
 – Totalt (2015) 166 000 mill. USD (69.)
 – Per innbyggjar 37 200 USD (33.)

Valuta Newzealandsk dollar

Tidssone UTC +12

Telefonkode +64

Toppnivådomene .nz

Kart over New Zealand:

New Zealand eller Ny-Zealand er ein øystat i den sørvestlege delen


av Stillehavet på den sørlege halvkula. Landet ligg i den polynesiske
triengelen og er litt større enn Storbritannia og består av to store øyar,
kalla Nordøya og Sørøya. I tillegg er der talrike mindre øyar, av desse er dei
mest kjende og største Stewart Island/Rakiura og Chatham Islands. Frå
nordspissen av Nordøya til sørspissen av Sørøya er det 1600 km. Landet ligg
mellom 30 og 50 grader sørleg breidd. Maorinamnet på New Zealand
er Aotearoa, vanlegvis omsett med Landet til den lange, kvite skya. Realm of
New Zealand (heile landområdet der dronninga av England er statsoverhovud)
omfattar også Cook Islands og Niue (sjølvstyre i fri assosiasjon med New
Zealand), Tokelau og Ross Dependency (New Zealand sine territoriale krav
i Antarktis).
New Zealand er kjend for geografiske isolasjon: Landet ligg om lag
2000 km søraust for Australia over Tasmanhavet, og dei næraste naboane mot
nord er New Caledonia, Fiji og Tonga. Gjennom den lange isolasjonen har New
Zealand utvikla ein særeigen fauna dominert av fuglar, der ei rekkje er urydda
av menneska som kom til øyane og dei invasive dyreartene som dei førte med
seg.
Den største delen av innbyggjarane på New Zealand er
av europeisk avstamming, dei innfødde maoriane er den største
minoriteten. Asiatar og ikkje-maoriske polynesarar er betydelege
minoritetsgrupper, særleg i byane. Det mest vanleg brukte språket er engelsk.
New Zealand er eit utvikla land med høg internasjonal rangering på ei rekkje
område, mellom anna utdanning, økonomi og låg førekomst av korrupsjon.
Byane i landet vert også rekna mellom dei med best levevilkår i heile verda.
Elizabeth II er som dronning på New Zealand statsoverhovud i landet, og vert
representert av generalguvernøren. Den utøvande politiske makta ligg hos den
newzealandske regjeringa.

Innhaldsliste

 1Etymologi

 2Historie

o 2.1Polynesisk innvandring

o 2.2Europeiske oppdagarar

o 2.3Det 20. og 21. hundreåret

 3Klima

 4Kjende personar frå New Zealand

 5Referansar

 6Bakgrunnsstoff
Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Kart frå 1657 som viser den vestlege kystlinja til «Nova Zeelandia».

Det er ikkje kjent om maoriane hadde eit namn på heile New Zealand under eitt
før europearane kom til øyene, sjølv om dei omtala Nordøya som Te Ika a
Māui (fisken til Māui - ein halvgud i maorimytologi), og Sørøya som Te Wai
Pounamu («grønsteinvatnet», «grønstein» er jade), eller Te Waka a
Māui (kanoen til Māui).[1] Fram til tidleg på 1900-talet vart Nordøya også omtala
som Aotearoa (til vanleg omsett til «landet til den lange kvite skya».[2] I moderne
bruk blant maoriar viser dette namnet til heile landet. «Aotearoa» er også til
vanleg brukt i denne meininga i newealandsk engelsk, der det stundom vert
brukt åleine, og stundom, i formell samanheng, kombinert med det engelske
namnet for å uttrykkja respekt for dei opphavlege innbyggjarane i landet.
Det første europeiske namnet på landet var Staten Landt, som vart bruka av
den nederlandske oppdagaren Abel Tasman, som i 1642 vart den første
europearen som fekk sjå øyene. Tasman gjekk ut frå at landet var ein del av eit
sørleg kontinent som hang saman med land som var oppdaga i 1615 utanfor
den sørlege enden til Sør-Amerika av Jacob Le Maire, og dette hadde fått
namnet Staten Landt[3][4].
Namnet New Zealand stammar frå nederlandske kartografar som kalla
øyene Nova Zeelandia, etter den nederlandske provinsen Zeeland.[4] Ingen veit
sikkert kven som først brukte dette namnet, men det kom i bruk første gongen i
1645, og kan ha vorte valt av kartografen Johan Blaeu.
[5]
 Den britiske oppdagaren James Cook anglifiserte seinare namnet til New
Zealand.
Sjølv om Nord- og Sørøya har vore kjende under desse namna i mange år, slo
det statlege organet for namngjeving i geografiske og hydrografiske saker, New
Zealand Geographic Board i 2009 fast at øyene ikkje har offisielle namn.
Organet vil gjera Nord- og Sørøya til offisielle namn saman med maorinamn.
Somme tidlege kart omtalar Sørøya som Middle Island («Midtøya»).[6] Sjølv om
fleire ulike maorinamn har vore nytta, meiner maorispråkkommisæren (Maori
Language Commissioner) Erima Henare at Te Ika-a-Māui og Te Wai Pounamu
er dei mest høvelege namna.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Newzealandsk historie.
Polynesisk innvandring[endre | endre wikiteksten]

Maoriane kom til New Zealand frå austlege Polynesia, etter ei lang kjede av sjøreiser.

New Zealand er eit av dei sist busette større landområda på jorda. Dei
tidlegast kjende innvandrarane kom frå dei austlege delane av Polynesia. I
følgje dei fleste granskarar kom dei i kanoar omkring åra 1250–1300.
[8]
 Andre vitskapsfolk har sett fram ei tidlegare datering for den første
innvandringsbølgja til øyene, så tidleg som i åra 50–150, men at desse
menneska anten døydde ut eller forlet øyene.[1][9][10] Gjennom dei følgjande
hundreåra utvikla desse nybyggjarane ein eigen kultur som no er kjent som
maori. Folket vart delt i iwi (stammar) og hapū (understammar) som både
kunne samarbeida, tevla og stundom slåst mot kvarandre. På eit tidspunkt
flytta ei gruppe til øygruppa Chatham Islands der dei utvikla sin
eigen Moriori-kultur[11][12]
Europeiske oppdagarar[endre | endre wikiteksten]
Dei første europearane ein kjenner til nådde fram til New Zealand, var
den nederlandske oppdagaren Abel Janszoon Tasman og mannskapet
hans i 1642[13]. Maoriar drap fleire av mannskapet, og ingen europearar kom
attende til New Zealand før den engelske oppdagaren James Cook på reisa
si i 1768–71.[13] Cook nådde fram til New Zealand i 1769 og kartla nesten
heile kystlinja. Etter Cook kom talrike europeiske og nordamerikanske sel-
og kvalfangarar til New Zealand, i tillegg til handelsskip. Dei bytta europeisk
mat og andre varer, særskilt metallverkty og våpen
mot tømmer, mat, kunstverk og vatn. I blant bytta europearane varer mot
sex.[14]
Poteta og musketten forandra både maoriane sitt jordbruk og krigskunst,
sjølv om dei påfølgjande muskettkrigane døydde ut så snart våpenbalansen
mellom stammane var oppattretta. Frå tidleg på 1800-talet
byrja kristne misjonærar å slå seg ned på New Zealand, og etter kvart
omvenda det meste av maoriinnbyggjarane, sjølv om deira første mål stort
sett var blant dei meir misnøgde elementa i desse samfunna. [15]
Då britiske styresmakter vart klåre over dei lovlause tilstandane i dei
europeiske busetnadane, og over den veksande franske interessa i
området, utpeika den britiske regjeringa James Busby som britisk
representant på New Zealand i 1832. Busby mislukkast i å få i stand lov og
orden i busetnadane, men fekk innført det første nasjonale flagget på øyene
den 20. mars 1834, etter at eit uregistrert newzealandsk skip vart beslaglagt
i Australia. Han samarbeida òg med den heller laust og uklårt samansette
samskipnaden United Tribes of New Zealand (Dei sameinte stammane på
New Zealand), som i oktober 1835 la fram og sende fråsegna Declaration of
the Independence of New Zealand (Fråsegn om sjølvstyre for New
Zealand) til kong Vilhelm, og bad om vern. På grunn av vedvarande uro og
uvisse kring den legale statusen til sjølvstendefråsegna, tilskunda
Kolonisekretariatet i London å senda kaptein William Hobson til New
Zealand for å krevja overherredøme for den britiske krona over øyene, og
forhandla fram ein avtale med maoriane. Waitangitraktaten vart først
underteikna i Bay of Islands den 6. februar 1840.[16] Traktatutkastet vart
skrive i ei bråvende, og forvirring og usemje om omsetjinga er enno til
stades. Traktaten vert likevel stadig sett på som grunnlagsdokumentet for
New Zealand som ein nasjon, og maoriane ser på han som ein garanti for
deira rettar.
Som eit svar på freistnadane til New Zealand Company på å skipa ein
separat koloni i Wellington, og dei franske krava i Akaroa, proklamerte
Hobson, som no var vorten guvernørløytnant, britisk suverenitet over heile
New Zealand den 21. mai 1840. Dei to proklamasjonane, som vart
publiserte i New Zealand Advertiser and Bay Of Islands Gazette den 19.
juni 1840 "hevda, på grunnlag av oppdaginga, rett til overherredøme for
Hennar Majestet, Dronninga, over dei sørlege øyene på New Zealand, til
vanleg kallaThe Middle Island (Sørøya), og Stewart's Island (Stewart
Island/Rakiura); og over øya, til vanleg kalla The Northern Island (Nordøya),
som har overgjeve suvereniteten til Hennar Majestet Den andre
proklamasjonen gav ei meir utførleg forklaring på korleis suvereniteten over
Nordøya var overgjeven gjennom underteikninga av Waitangitraktaten i
februar.[17]
Under britisk styre hadde New Zealand opphavleg vore ein del av
kolonien New South Wales, men vart ein eigen kronkoloni i 1841[16]. Hobson
valde først Okiato som hovudstad i 1840, før dei styrande organa fekk sete
i Auckland i 1841. Ei aukande mengde av europeiske innvandrar, særleg frå
dei britiske øyene, kom til New Zealand. Maoriane var i førstninga
interesserte i å gjera forretningar med Pākehā, som europearane vart kalla,
og mange iwi vart velståande. Etter som talet på innvandrar auka, førte
konfliktar om landområde til New Zealand-krigane på 1860- og -70-talet.
Desse resulterte i tap og konfiskering av mykje maoriland. [18] Soga om
europeisk busetnad og tileigning av land frå maoriane er enno
kontroversiell.
Gustavus von Tempsky vert skoten under New Zealand-krigane

Eit eige styre for kolonien vart oppretta i 1852 då styresmaktene i


Storbritannia vedtok New Zealand Constitution Act 1852 (den
newzealandske sjølvstendelova av 1852). Det første
newzealandske parlamentet møttest i 1854. I 1856 fekk kolonien sjølvstyre i
alle saker utanom māorisaker og militærsaker. Mynde i slike saker vart
tillagt koloniadministrasjonen i 1860-åra.[16]
I 1863 bestemte statsminister Alfred Domett at hovudstaden skulle flyttast til
ein stad ved Cooksundet, truleg av otte for at Sørøya ville danna sin eigen
koloni. Utsendingar frå Australia (valde av di dei vart sett på som nøytrale )
kom fram til at Wellington var ein tenleg stad på grunn av den gode hamna
og den sentrale plasseringa, og Parlamentet kom saman her første gongen i
1865.[19] I 1893 vart landet det første i verda som innførte røysterett for alle
kvinner.[16]
Det 20. og 21. hundreåret[endre | endre wikiteksten]
I 1907 vedtok New Zealand å verta ein sjølvstyrt Dominion innanfor det
britiske imperiet. I 1947 slutta landet seg til den britiske Statute of
Westminster Adoption Act 1947; dette gjorde New Zealand
til Commonwealth realm (underlagt monarken utan å vera ein fysisk del av
monarken sitt rike),[16] sjølv om Storbritannia i praksis ikkje hadde spela ei
vesentleg rolle i styringa av New Zealand på lang tid. Sjølv om landet vart
meir uavhengig politisk, vart det likevel meir økonomisk avhengig. I 1890-
åra gjorde transport på fryseskip eksport av kjøt og mjølkeprodukt til
Storbritannia mogeleg. Denne handelen førte til ein sterk økonomisk vokster
på New Zealand.[20]

Infanteri frå den 2. Bataljon, Auckland Regiment i slaget ved Somme, september 1916.

New Zealand var eit pliktoppfyllande medlem av det britiske imperiet, og tok
del i den andre boerkrigen (1899 - 1902), den første verdskrigen og den
andre verdskrigen, særleg under slaget om Storbritannia, og det støtta
Storbritannia under Suezkrisa. Landet var ein del av verdsøkonomien, og
måtte som andre lida under den økonomiske depresjonen i 1930-åra.
Depresjonen førte til valet av den første Labourregjeringa på New Zealand,
som etablerte ein omfattande velferdsstat og ein proteksjonistisk økonomi.
Tino rangatiratanga (maorisuverenitetsflagg).

New Zealand gjekk gjennom ei aukande velstandsutvikling etter den andre


verdskrigen. Men nye sosiale problem tok til å dukka opp: Maoriar hadde
byrja å forlata den tradisjonelle rurale livsforma si og flytta til byane for å
søkja arbeid. Ei maoriprotestrørsle utvikla seg etter kvart, ho var kritisk
til eurosentrismen og arbeidde for auka verdsetjing av maorikulturen
og Waitangitraktaten, som rørsla meinte ikkje var etterlevd av
styresmaktene.
I 1975 vart Waitangitribunalet skipa for å granska påståtte brot på
Waitangitraktaten, og i 1985 fekk det mynde til å granska historiske klager
(frå før 1975). Som i andre utvikla land, akselerte den sosiale utviklinga på
1970-talet, og sosiale og politiske verdisynspunkt endra seg.
Då Storbritannia vart medlem i EEC i 1973, vart tilgangen til den hittil
viktigaste marknaden for newzealandske eksportørar dramatisk redusert.. I
1953 gjekk to tredjedelar av eksporten frå New Zealand til Storbritannia, i
2003 var dette talet gått ned til 4,65 %.[21] Dette, saman med oljekrisa i 1970-
åra førte til omfattande økonomiske og sosiale endringar gjennom 1980-
åra under den 4. Labour-regjeringa på New Zealand, for ein stor del leia
av finansminister Roger Douglas, som føresto ei radikal økonomisk-politisk
omlegging, til vanleg kalla Rogernomics.

Klima[endre | endre wikiteksten]
Klimaet på dei to øyane er ikkje særleg dramatisk, men ofte ustabilt. På
breiddegradene der Sørøya ligg har ein svært lite landområde elles på
jorda, bortsett frå Patagonia, så den vestlege luftstraumen kan strøyme
nesten uforstyrra rundt jorda før den treffer New Zealand, som dermed ofte
vert råka av frontar. Sidan landet ligg midt i store havområde vert det ikkje
så store temperaturendringar i samband med frontane, men ofte kjem det
mykje regn og regnbyger, og nedbør som snø i dei høge fjella ein har i heile
landet.
New Zealand dekkar ein god avstand frå sør mot nord. Auckland er derfor i
middel eit par gradar varmare enn Christchurch. Fjella har ein god del å sei
for klimaet. Enkelte område ligg i regnskugge og får så lite som 400 mm
nedbør i året. Dei fleste områda får derimot nedbør om lag kvar andre eller
tredje dag, og litt meir nedbør om vinteren enn resten av året. Vestsida av
øyane er ein god del våtare enn dei større byane, særleg på
Sørøya. Hokitika, som ligg på kysten like vest for nasjonalparken Arthur's
Pass, har ein årleg nedbørsnormal på om lag
2800 mm. Isbrear og snø dekkjer fjellkjeda Søralpane der den totale årleg
nedbøren (inkludert snøsmelting) kjem over 8000 mm. Snø har ein òg i dei
lågareliggande områda på austkysten eit par gongar kvar vinter. Torevêr er
sjeldan i dette maritime landet.
Vind er ein viktig klimatisk faktor på New Zealand, og ofte aukar vinden på
til kuling gjennom Cooksundet. Av og til kan ein tørr og
varm fønvind strøyme ned på austsida av Alpane. Her vert denne vinden
kalla «norwester», og den fører ofte til langt mildare forhold om vinteren. Om
sommaren kan han gje periodar med uvanleg høge temperaturar. Den mest
spektakulære hendinga var då restane av ein tropisk syklon gjekk over
Søralpane 7. februar 1973. Christchurch og andre byar fekk då temperaturar
opp mot 42 °C, langt over den tidlegare nasjonale varmerekorden.
Nordøya ligg nærare subtropiske strøk og har sjeldan slike
temperatursvingingar. Ved havnivå går temperaturen sjeldan under 0 °C
eller over 30 °C, men frost er meir vanleg i indre område og dei høge
vulkanske toppane er enno kaldare. Dei austlege områda kan kome opp i
35 °C i fønvindsituasjonar.

Kjende personar frå New Zealand[endre | endre


wikiteksten]

 Bob Charles, golfspelar

You might also like