You are on page 1of 6

Norges Kommunistiske Parti

Hopp til navigeringHopp til søk

Norges Kommunistiske Parti

Ideologi Marxist-leninisme

Oppretta 1923

Farge Raud

Partileiar Jørgen Hovde

Ungdomsorganisasjon Ungkommunistene i Norge

Partiavis Friheten

Internasjonal tilknyting ?

Europeisk tilknyting ?

Ordførarar 0

Kommunestyre- 0

representantar

Fylkestings- 0
representantar

Stortings- 0

representantar

Medlemstal ?

Nettstad http://www.nkp.no/

Norges Kommunistiske Parti NKP blei danna 4. november 1923 av det


mindretalet på landsmøtet i Det norske Arbeidarpartiet DNA som framleis ville
vere medlemmer i den kommunistiske Tredje
Internasjonalen. Kommunistane[1] var i mindretal i arbeidarrørsla, men var til å
begynne med eit betydeleg mindretal, med større oppslutning enn Ap til dømes
i Bergen. Den leiande politikaren i NKP på 1920-talet var den moderate Olav
Scheflo.
Da Josef Stalin hadde tatt all makt i det sovjetiske kommunistpartiet, slo det inn
på ein ekstrem "venstre"-kurs på slutten av 1920-talet, blant anna med den
berykta "sosialfascisme"-tesen der andre sosialistar blei gjorde til hovudfiende,
og parole om å bekjempe "reformistiske" fagforeiningar. Dette førte til minka
oppslutning om NKP, og til at fleire av partiet sine leiande politikarar, mellom dei
Olav Scheflo, gjekk ut av partiet og inn i Ap. På 1930-talet hadde NKP nesten
inga oppslutning i val, men spelte ei viss rolle i konkrete saker som
solidaritetskampanjen for Spania under den spanske borgarkrigen.

Bauta på Nordre gravlund i Oslo, til minne om 23 medlemmer av sentralkomiteen i NKP som vart
offer i den antinazistiske motstandskampen 1940-45. Skulpturen er laga av Odd Hilt.

Under okkupasjonen 1940-1945 gjekk NKP under leiing av Peder Furubotn inn


for aktiv væpna motstand mot okkupasjonsmakta og NS-styret. NKP-
medlemmene Ragnar Solli og Asbjørn Sunde og deira "gjengar" var blant dei
fremste sabotørane i heile den norske motstandsrørsla. NKP leid store tap,
både i kamp og ved at mange leiande kommunistar blei torturerte i hel eller
avretta av nazistane.
Denne innsatsen for Noregs fridom førte til sterkt auka støtte for partiet. Ved
valet i 1945 fekk NKP over 11 % av stemmene.
Men under den kalde krigen minka oppslutninga igjen, både fordi partiet
insisterte på sitt nære samband med Det sovjetiske kommunistpartiet, og på
grunn av eit veldig press frå styresmaktene og heile det etablerte Noreg mot
dei, der dei blei skulda for å førebu landssvik i tilfelle konflikt
med Sovjetunionen. Det er no kjent at i denne perioden hadde ulovleg
overvaking og ulovleg samband mellom dei hemmelege tenestene og
regjeringspartiet Ap eit relativt stort omfang (jf. Lund-kommisjonen).
I 1949 blei NKP også splitta, da Furubotn og tilhengarane hans blei ekskluderte
(utestengde) frå partiet, skulda for å vere "titoistar".
Under leiing av Reidar T. Larsen begynte NKP på slutten av 1960-talet å frigjere
seg frå bindinga til Sovjetunionen, og tok til dømes klart avstand frå invasjonen
i Tsjekkoslovakia i 1968. Men berre eit mindretal i partiet følgde Larsen inn
i Sosialistisk Venstreparti da det blei danna som eit sosialistisk samlingsparti
i 1975.
Etter den tid har NKP gått tilbake til ein tradisjonell, nostalgisk kommunisme, og
partiet er lite og ubetydeleg, bortsett frå i eit par kommunar der dei spelar ei
lokal rolle. NKP gir ut avisa Friheten, og ungdomsforbundet heiter Norges
Kommunistiske Ungdomsforbund (NKU).

Innhaldsliste

 1Partileiarar

 2Oppslutning ved stortingsval 1924-2005

 3Sjå òg

 4Bakgrunnsstoff

 5Fotnotar

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]
 Sverre Støstad 1923-1925
 Peder Furubotn 1925-1930
 Henry Wilhelm Kristiansen 1931-1934
 Adam Egede-Nissen 1934-1946
 Emil Løvlien 1946-1965
 Reidar T. Larsen 1965-1975
 Martin Gunnar Knutsen 1975-1982
 Hans I. Kleven 1982-1987
 Kåre André Nilsen 1987-1991
 Ingve Iversen 1991-1992
 Terje Krogh, Per Lothar Lindtner og Kjell Underlid 1992-1998
 Per Lothar Lindtner og Kjell Underlid 1998-2000
 Per Lothar Lindtner 2000-2001
 Zafer Gözet 2001-2010
 Svend Haakon Jacobsen 2010-2013
 Runa Evensen 2014-
Oppslutning ved stortingsval 1924-2005[endre | endre
wikiteksten]

Valbu i Oslo før stortingsvalet i 2009.

NKP i fyrstemaitoget i Trondheim i 2013.

Årstal Prosent av røystene Antal stortingsrepresentantar

1924 6,1% 6

1927 4,0% 3

1930 1,7% 0

1933 1,8% 0

1936 0,3% 0

1945 11,9% 11

1949 5,9% 0
1953 5,1% 3

1957 3,4% 1

1961 2,9% 0

1965 1,4% 0

1969 1,0% 0

1973 ¹

1977 0,4% 0

1981 0,3% 0

1985 0,2% 0

1989 ²

1993 0,01%

1997 0,08% 0

2001 0,07% 0

2005 0,04% 0

¹ Ved dette valet stilte ikkje NKP eigne lister, men var med i Sosialistisk
Valforbund.
² Ved dette valet stilte ikkje NKP eigne lister, men var med i Fylkeslistene for
Miljø og Solidaritet.
Sjå òg

You might also like