You are on page 1of 3

Marxisme-leninisme

(Omdirigert frå Marxist-leninisme)

Hopp til navigeringHopp til søk

Hammar og sigd, symbol på kommunisme.

Marxisme-leninisme er ein kommunistisk ideologi som vart hovudstraumdraget


i dei kommunistiske partia frå midten av 1920-åra, då han vart vedteken
som ideologisk grunnlag for den Tredje Internasjonalen («Komintern») då Josef
Stalin vart leiar i Sovjetunionen. Men i andre samanhengar har ulike grupper
bruka omgrepet for å skildre den ideologien dei hevdar å representere.
Få år etter Vladimir Lenin døydde hadde Stalin kome til makta i Sovjetunionen.
Ifølgje G. Lisitsjkin er marxismen-leninismen ein separat ideologi sett saman av
Stalin i hovudsak i boka Spørsmål i leninismen). Marxismen-leninismen vart då
offisiell ideologi for den sovjetiske staten og for Komintern.
Trotskistar hevdar at stalinismen står i motstrid med
ekte marxisme og leninisme, og bruka opphavleg termen bolsjevik-leninisme for
å skildre sin eigen anti-stalinistiske og (sidan anti-maoistiske) ideologi.
Omgrepet marxisme-leninisme er såleis mest bruka av dei som meiner arven
frå Marx og Lenin vart ført vidare av Stalin på ein vellykka måte. Men termen
vart òg bruka av kommunistar som etter Stalin var død tok avstand frå visse
trekk ved Stalin-regimet, mellom desse Nikita Khrusjtsjov.
Etter at Sovjetunionen og Folkerepublikken Kina vart uvener, hevda begge dei
to store statsberande kommunistpartia at dei var einaste rette arvingen til
marxismen-leninismen. I Kina hevda dei først at Mao Zedong hadde tilpassa
marxismen-leninismen til kinesiske tilhøve, men sidan at denne oppdateringa
gjaldt overalt, difor termen marxismen-leninismen-Mao Zedong si
tenking (enklare kalla «maoismen»). Denne varianten vart offisiell ideologi for
Folkerepublikken Kina så lenge Mao levde, og sameleis for dei kommunistpartia
som følgde Kina.
I Nord-Korea vart marxismen-leninismen offisielt skifta ut med «juche» i 1977.
Dette er ein ideologi der omgrep som klasse eller klassekamp ikkje er inne i
biletet, altså er han ingen marxistisk variant i det heile. Men styret der er
framleis vanlegvis rekna for kommunistisk eller stalinistisk grunna den politiske
og økonomiske strukturen i landet.
I dei andre tre kommunistiske statane som finst i dag
– Cuba, Vietnam og Laos – har dei styrande partia framleis marxismen-
leninismen som offisiell ideologi, men dei har noko ulike tolkingar av han i
praktisk politikk. Nokre noverande kommunistiske parti i tillegg til desse held òg
fram med å sjå marxismen-leninismen som den grunnleggjande ideologien sin,
sjølv om somme har modifisert han for å tilpasse seg nye eller lokale tilhøve.
I partinamn er omgrepet til vanleg bruka av kommunistparti som ønskjer å skilje
seg ut frå andre kommunistparti i same landet, parti som dei då truleg ser på
som revisjonistiske. Dette gjaldt til dømes det norske partiet AKP (m-l), som no
er gått inn i partiet Raudt, i høve til det eldre Norges Kommunistiske Parti.
Marxismen-leninismen er ikkje synonym med marxisme generelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]
o Denne artikkelen byggjer i hovudsak på «en:Marxism-leninism» frå Wikipedia på
engelsk, den 18. juli 2008.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.

Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til


pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust
materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i
første omgang å markera dei setningane/påstandane som
treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.

on

Kategoriar: 

 Kommunisme
 Politiske ideologiar
Navigasjonsmeny
 Ikkje innlogga

 Diskusjon

 Bidrag

 Opprett konto

 Logg inn
 Artikkel
 Diskusjon
 Les
 Endre
 Endre wikiteksten
 Sjå historikken
Søk
Søk Vis

 Hovudside
 Arbeidskontoret
 Samfunnshuset
 Siste endringar
 Tilfeldig side
 Hjelp
 Gåver
 Kontakt
Verktøy

 Lenkjer hit
 Relaterte endringar
 Last opp fil
 Spesialsider
 Fast lenkje
 Sideinformasjon
 Siter denne sida
 Wikidata-element
Skriv ut / eksporter

 Opprett ei bok
 Last ned som PDF
 Utskriftsversjon
På andre prosjekt

 Wikimedia Commons
På andre språk

 Svenska
 Dansk
 ‫العربية‬
 English
 Español
 हिन्दी
 Bahasa Indonesia
 Русский
 中文
57 til
Endra lenkjer

 Denne sida vart sist endra den 21. mars 2016 kl. 20:32.

You might also like