You are on page 1of 2

17. mai tale – 10.

klasse på Skei
Gratulerer med dagen, alle sammen.
Eg står her for å representere 10. klasse på Skei skule, og takke for den fine tida vi har hatt
ilag – tida som no nærmar seg slutten. I dag kan vi glemme alle ansvar og bekymringar for
eksamen og videregåande, for no skal vi feire. Vi skal feire at for over 200 år sidan, den 17.
mai 1814, blei Norges grunnlov underteikna på Eidsvoll. Det var ein dag som markerte
starten på Noreg som ein sjølvstendig nasjon, bygd på prinsipp om likheit, fridom og
demokrati. Men 17. mai handler om meir enn berre fortida – den handler også om å
reflektere over notida, og vende blikket framover.
For kva vil det eigentleg seie å være norsk ungdom i dag? Å vokse opp i landet vårt er i seg
sjølv eit stort privilegium. Utdanning og helsetjenester er tilgjengelig for alle, og vi har ei
regjering som legg til rette for at vi kan utvikle oss. Dette betyr at vi kan gjere omtrent kva vi
vil, så lenge vi er villige til å arbeide for det, og desse moglegheitene er det ikkje alle som har.
Men det betyr også at vi har eit svært stort ansvar.
For det første har vi eit ansvar for oss sjølve, og for vår eiga framtid. For kvart år vi fyller, blir
dette ansvaret større. Eg og mine klassekamerater har for eksempel akkurat valt retning for
videregåande til neste år, og det er eit stort og krevjande steg å ta. Det er det første verkeleg
betydningsfulle valet vi tar på eiga hand, og vi er svært takknemlege for at oppveksten vår
her på Skei har gitt oss det motet og ressursene vi trenge for å oppnå det vi livet vi ønsker
oss.
Likevel vil det ikkje være riktig å seie at alle vala for framtida er fullstendig våre. For sjølv om
Noreg er eit vakkert og fredeleg land som vi skal være stolte av, er ikkje tilstandane så gode
overalt. Verda i dag er prega av krig og konflikt, økonomiske kriser, og ikkje minst
klimaendringane vi står ovanfor. Ansvaret for å håndtere dette er ikkje eit vi tar lett på, og
heller ikkje eit vi tar på oss frivillig. Det er ei plikt vi blei født med, og ein vi kjem til å bære
med oss resten av livet.
Vi ser naturen rundt oss endre seg for kvar dag som går, og endringane er ikkje så langt unna
som mange trur. Det er for eksempel tradisjon for 9. klasse på Skei skule å reise til
Haugabreen på tur kvart år, men slik det ser ut no, må destinasjonen endrast om berre nokre
år - då vil det ikkje være bre igjen. Vi kan ikkje lenger ignorere behovet for å handle, og som
ungdommar må vi sørge for at vår stemme blir høyrt - både gjennom aktivisme og å ta
bærekratige val i våre eigne kvardagar. 17. mai er ein dag fylt av fellesskap og samhald, og
desse eigenskapane er avgjerande for å sikre ei lys framtid. Vi er nøydde til å samarbeide,
store som små.
Som ungdommar i det rike og gode landet Noreg er, har vi også eit ansvar for å dele godene
så rettferdig som mogeleg. Mangfaldet og kulturen vår blir stadig rikare, og det er opp til oss
å omfamne endringane i staden for å stå imot. Vi skal bære med oss verdiane våre - tillit,
solidaritet og likestilling - når vi no går framtida i møte. Saman må vi arbeide for eit samfunn
der alle føler seg inkludert og velkomne, uansett kjønn, etnisitet, religion eller seksuell
legning. Ulikhet er ikkje noko vi skal frykte, men heller noko vi bør strekke oss mot.
Når eg ser på ungdommane rundt meg i dag, ser eg ikkje berre klassekamerater og
medelevar. Eg ser en nytenkande og lovande generasjon som står klare til å ta fatt på
framtida, og styre Noreg i riktig retning dei kommande åra. Vi står saman med dykk i dag, for
å feire vårt land og vår nasjonaldag. Lat oss være stolte over historia vår, og lære av den. Lat
oss være stolte av våre verdiar, og leve etter dei. Og kanskje størst av alt, la oss være stolte av
kvarandre - for i lag kan vi skape endring.
Hipp, hipp hurra for Noreg og for 17. mai!

You might also like