You are on page 1of 16

Førebuing

13.11.2020 NOR1405-NOR1410
Norsk, språklige minoriteter med kort botid
Norsk, språklege minoritetar med kort butid

Nynorsk
Nynorsk

Informasjon til førebuingsdelen


Førebuingstida varer éin dag. Førebuingsdagen er obligatorisk skoledag. I
Førebuingstid
førebuingstida kan du samarbeide med andre, finne informasjon og få rettleiing.
På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne, inkludert bruk av Internett. På eksamen
Hjelpemiddel
er alle hjelpemiddel tillatne, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan brukast til
kommunikasjon. Omsetjingsprogram er heller ikkje tillatne. Når du bruker nettbaserte
hjelpemiddel under eksamen, har du ikkje lov til å kommunisere med andre.
Samskriving, chat og andre måtar å utveksle informasjon med andre på er ikkje tillate.
Eksamensoppgavene er knytte til tekstane i denne førebuingsdelen. Du skal ta med deg
Bruk av
dette heftet og notata dine på eksamensdagen. Dersom du i tillegg vil bruke andre
kjelder
kjelder i svaret ditt, skal dei alltid førast opp på ein slik måte at lesaren kan finne fram til
dei. Du skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på både lærebøker og annan litteratur.
Dersom du bruker utskrifter eller sitat frå Internett, skal du føre opp nøyaktig
nettadresse og nedlastingsdato.
Informasjon Sjå eksamensrettleiinga med kjenneteikn på måloppnåing til sentralt gitt skriftleg
om eksamen. Eksamensrettleiinga finn du du her: https://www.udir.no/eksamen-og-
vurderinga prover/eksamen/
Afriyie, Irene Kinunda. «Norsk æreskultur». Bergens Tidende 12. juni 2019, utdrag.
Vedlegg
https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/vQ9RAj/norsk-aereskultur
Nedlastingsdato 30.09.2020. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen
«Den internasjonale vennskapsdagen». https://www.fn.no/om-fn/fn-
dager/kalender/den-internasjonale-vennskapsdagen Nedlastingsdato 30.09.2020
Omsett og tilrettelagd av Utdanningsdirektoratet.
Dugnadsbrødrene: facebookside frå 9. februar 2020, utdrag
https://www.facebook.com/dugnadsbrodrene Nedlastingsdato 10.03.2020
Ferrante, Elena. Mi briljante venninne, utdrag. Oslo: Samlaget, 2015. Omsett frå italiensk
av Kristin Sørsdal. Foto: © 2018 Home Box Office Inc.
Fosse, Jon. «Dei ser kvarandre komme gåande». Hund og engel. Oslo: Samlaget 1992
Hole, Stian. Morkels alfabet (illustrasjon). Oslo: Cappelen Damm, 2015
«Hvordan si hei på 21 språk». https://tandem.no/jobber/si-hei/ Nedlastingsdato
30.09.2020
«Håvamål». Norske dikt, bd 1. Oslo: Gyldendal, 1983. Omsett av Ludvig Holm-Olsen. Til
nynorsk ved Utdanningsdirektoratet
Lyster, Inger Amalie: «Gamle vise menn og kvinner – tankar til neste generasjon». I
Øyvind Andersen (red.): Gamle vise menn og kvinner. Oslo: Fritt forlag, 2007. Til nynorsk
ved Utdanningsdirektoratet
Nyquist, Arild. «Ugledikt III». Eventyrhagen. Oslo: Aschehoug, 1979
Schaubert, Vicky: «Er vennene ein får gjennom gaming ekte venner?» Tilrettelagd og
forkorta versjon av artikkelen «Først da Mads var død, forstod foreldrene verdien av
gamingen hans.» NRK.no https://www.nrk.no/dokumentar/xl/forst-da-mats-var-dod_-
forsto-foreldrene-verdien-av-gamingen-hans-1.14197198 27.01.2019. Nedlastingsdato
22.09.2020. Til nynorsk ved Utdanningsdirektoratet
Vold, Jan Erik. «Ta vare». Kykelipi. Oslo: Gyldendal, 1969

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 2 av 16


Stian Hole:
Illustrasjon fra boka
Morkels alfabet, 2015

Ugledikt III
Hallo, langt der inne i skogen?
Er du der, langt der inne i skogen?
Gjemmer du deg, langt, langt der inne i skogen og ikke
vil komme ut?
Kom ut da vel, du som gjemmer deg langt,
langt inne i skogen og ikke vil komme ut.
Jeg vil så gjerne hilse på deg, og bli kjent med deg,
og snakke med deg, – og så kan du hilse på meg,
og snakke med meg, og bli kjent med meg du også.
Jeg syns det er dumt at du gjemmer deg langt der
inne i skogen og ikke kan se meg,
og at jeg står her ute på veien og ikke kan se deg –
for hvis vi ikke kan se hverandre, og snakke med hverandre,
tenker vi kanskje stygge tanker om hverandre –
du tror at jeg er en tyv, og jeg tror at du er en tyv,
og du tror at jeg er stor og stygg og sterk og vil slå deg,
og jeg tror at du er stor og stygg og sterk og vil slå meg,
og du tenker at jeg spytter på deg,
og jeg tenker at du spytter på meg –
og slik står vi langt, langt fra hverandre og tenker
dumme
stygge
ting om hverandre.
Derfor roper jeg på deg nå, jeg roper så høyt jeg bare kan:
Kom ut av skogen da!
Kom ut og hils på meg da!
… Vil du ikke sier du?
Tør du ikke sier du?
Vil du at jeg skal komme inn til deg i stedet?
Av Arild Nyquist, fra
Ja, da kommer jeg da.
Eventyrhagen (1979)
Nå kommer jeg …

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 3 av 16


https://tandem.no/jobber/si-hei/

Gamle vise menn og kvinner – tankar til neste generasjon


Kva er det beste og verste eit menneske kan gjere med livet sitt?
Det beste
Eg trur det er vanskeleg å ha eit godt liv utan eit godt sosialt nettverk av
familie og venner. Derfor er det viktig å skape ein trygg og god heim for seg
sjølv og sine næraste, ein heim som kan vere open for andre.
Det er ein rikdom å kunne møte andre menneske og kulturar med eit opent
sinn, ha respekt for dei som er annleis og for menneske som har andre
meiningar og verdiar enn ein sjølv. Det er viktig å kunne leve i vennskap med
menneske ein til tider kan vere ueinig med, og ha evna til å kunne skilje
mellom sak og person. Vi kan bli rikare når vi kan møte det framande med
nyfikne og undring. Men vi skal ikkje godta kva som helst, og vi må kunne
seie frå når vi ser urettferd og overgrep.
Det verste
Menneske kan gjere mykje med livet sitt som dei vil angre seinare, og som
dei då kunne ønskje at var ugjort. Det kan vere handlingar som dei må ta
følgjene av på ein eller annan måte, – i nokre tilfelle også straff. Dersom vi
let sjalusi og misunning ta overhand, vil det bidra til å forsure livet for oss
sjølve og andre.
Likevel trur eg det aller verste eit menneske kan gjere med livet sitt, er å vere
likegyldig til alt, snu ryggen til alt som skjer, la andre ordne opp, gi blaffen i
lover og reglar, ikkje bry seg om å halde seg i fysisk form og mental balanse
og ikkje bry seg om framtida til menneska og jordkloden.

Av Inger Amalie Lyster. Utdrag frå ein tekst i antologien Gamle vise menn og kvinner – tanker
til neste generasjon, 2007

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 4 av 16


Den internasjonale vennskapsdagen
Denne teksten er frå ein resolusjon frå generalforsamlinga i FN, som består
av representantar frå alle dei 193 medlemslanda. FN innstifta ein
internasjonal dag for vennskap i 2011.

Generalforsamlingen,
Som minner om målene i sin erklæring, handlingsprogrammet og det
internasjonale tiåret for en kultur av fred og ikke-vold for verdens barn
(2001-2010),
erkjenner betydningen av vennskap som en edel og verdifull følelse i
menneskers liv over hele verden,
tenker på at vennskap mellom folk, land, kulturer og enkeltpersoner kan
inspirere til fredsinnsats og gir en mulighet til å bygge broer mellom
samfunn, med respekt for kulturelt mangfold,
bekrefter at vennskap kan bidra til det internasjonale samfunnets
innsats for å fremme dialog mellom sivilisasjoner, solidaritet, gjensidig
forståelse og forsoning,
er overbevist om viktigheten av å involvere ungdom og framtidige
ledere i samfunnsaktiviteter rettet mot inkludering av og respekt
mellom forskjellige kulturer, samtidig som man fremmer internasjonal
forståelse, respekt for mangfold og en fredskultur,
bemerker at vennskapsrelaterte aktiviteter, begivenheter og initiativer
observeres hvert år i mange land,
og bestemmer derfor å utpeke 30. juli som den internasjonale
vennskapsdagen.
https://www.fn.no/om-fn/fn-dager/kalender/den-internasjonale-vennskapsdagen

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 5 av 16


«Dugnadsbrørne» er ein vennegjeng frå Bjørndal i Oslo. Dei jobbar på dugnad og gjer ein innsats for nærmiljøet. Plakaten på
nettsida blei lagd ut 9. februar 2020. https://www.facebook.com/dugnadsbrodrene

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 6 av 16


Norsk æreskultur
Hva er det som får nordmenns blod til å koke? Og hva skal til for å fornærme en nordmann?
Svaret har fire hjul og sidespeil.

Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Vi hører om æresbegrepet når det er snakk om enkelte innvandrermiljø.


Men æreskultur er også rotfestet i norsk kultur. Det er like norsk som
brunost og ostehøvel.
I noen kulturer er det slik at om man sier noe negativt om en gud, kan det
engasjere hele landet. Folk blir rasende.
Det er i hvert fall ikke religion som styrer æren i Norge. Selv om Norge har
vært en kristen nasjon i tusen år. Nordmenn blir ikke rasende om noen sier
noe negativt om Jesus eller Gud.
Ære i Norge er ikke knyttet til familie heller. I Kongo, for eksempel, er jeg
noens første datter eller barnebarn. Alt jeg gjør påvirker dem og alt de gjør
påvirker meg.
I Norge, derimot, representerer du først og fremst deg selv. Derfor er ære
akkurat som skam. Det er stort sett en individuell sak som ikke vil påvirke
personer rundt deg i like stor grad.
Ære i det norske samfunnet er knyttet til frihet. Det å være selvstendig og
uavhengig av andre er kanskje den mest typisk norske egenskapen.
Nordmenn lærer det overalt og så tidlig som mulig.
Typisk norsk for meg er at du har egen matpakke, egen sitteplass, egen
seng, egen alt. Det er som om alle går gjennom opplæring av «meg» og
«mitt». For dette fortsetter i voksen alder: Eget hus og egen bil. (…)

Av Irene Kinunda Afriyie, utdrag frå ein kommentarartikkel i Bergens Tidende12. juni 2019
https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/vQ9RAj/norsk-aereskultur

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 7 av 16


Er vennene ein får gjennom gaming ekte venner?
Robert og Trude sørgde over sonens einsame liv i rullestolen. Men då Mats døydde,
tende venner over heile Europa lys for han.
Historia om gamaren Mats har gitt mange eit nytt syn på dataspel
og vennskap. Mats Steen var fødd med ein alvorleg og sjeldan
sjukdom som fører til muskelsvinn, og då han etter kvart hamna i
rullestol, brukte han dagane på å game. Spesielt var det spelet
World of Worldcraft han dukka ned i. Det er eit onlinespel der ein
utforskar eit stort univers saman med andre spelarar.
Etter kvart drog han som oftast til Azeroth – ein planet i World of
Warcraft. Det er ei mytisk fantasiverd med kontinent og land, hav
og skogar. Der fann Mats flokken sin. Ein vid krets av gamarar
som blei gode venner. Men dei kjende ikkje Mats som Mats. Dei
kjende han som Ibelin; ein stor og sterk adelsmann, kvinneforførar
og detektiv.
Då Mats døydde, kom det venner frå mange land i gravferda. Dei
sørgande vennene kom frå fjern og nær, og dei gret for den gode

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 8 av 16


vennen som dei hadde mista. Seinare i gravferda heldt ein av dei
ein tale og fortalte at no, i denne stunda, tende menneske over
heile Europa lys for Mats og mintest han i sorg og kjærleik.
Lisette Roovers (28), frå byen Breda sør i Nederland, var ein av dei
nære spelvennene til Mats. Lisette var berre femten år då ho
møtte den eitt år eldre Mats. Eller, for å vere presis: Det var Lisette
sin spelkarakter Rumour som møtte Mats sin spelkarakter Ibelin.
Lisette fortel: – Eg kjente Mats i mange år. Det var eit sjokk då
han døydde, og det har forma meg. Vi møttest i Goldshire. No er
ikkje Goldshire ein bra stad, men den gong var Goldshire ein
hyggeleg landsby der du kunne støyte på nye, interessante
karakterar. Eg var på jakt etter nokon å rollespele med og ved eit
bål sat det nokre, blant andre han eg seinare skulle lære å kjenne
som Ibelin. Eg – eller Rumour, då – handla litt på impuls; hoppa ut
frå buskene og nappa hatten av Ibelin. Stod stille ein augneblink,
vi såg på kvarandre. Så sprang eg av garde med hatten hans, utan
tanke for kvar eg sprang, seier Lisette og smiler.
Dette første møtet skreiv Mats òg om, i eit blogginnlegg han
kalla Love (Kjærleik):
«I denne andre verda ser ikkje denne jenta ein rullestol eller noko
som er annleis. Det ho ser er sjela mi, hjartet mitt, personleg-
dommen min, høveleg plassert i ein kjekk, sterk kropp. I den
virtuelle verda ser heldigvis kvar einaste karakter bra ut».
– Mats var ein god venn – av og til svært nær, fortel Lisette. Vi
skreiv om alt, men han delte ikkje med meg at han var sjuk. Eg
trudde livet hans likna mitt. Vi var for eksempel begge einige om
at vi avskydde skolen.
Men noko var Mats og Lisette ikkje einige om: – Han skreiv at han
hata snø. Eg skreiv at eg elska snø. Eg forstod ikkje då at han hata
snø fordi han sat i rullestol. Eg visste jo ikkje om den rullestolen.
Verkelege venner – og dei som ikkje er det
Pappa Robert fortel at dei visste at Mats skreiv med ei som heitte
Lisette:
– Mats snakka ein del om desse spelkarakterane – desse
avatarane – men vi la ikkje så mykje i det. Han snakka blant anna
ganske mykje om denne Rumour, fortel Robert.
– Ho, eller Lisette, då, sendte òg pakker til han, blant anna til
fødselsdagen hans. Det syntest vi var rørande, og vi erta han litt
for det. Då raudna han, på ordentleg, seier Robert.
– Så Lisette tenkte vi på som ein venn, på grunn av dei pakkene.
Dei var handfaste bevis på ekte vennskap, kan ein seie.
Han legg til:
– Dei andre han hadde kontakt med, kalla vi ikkje for venner. Vi
kalla dei avatarar.

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 9 av 16


Robert stoppar. Seier:
– Synet vårt på vennskap var veldig tradisjonelt. Dei som berre var
der digitalt, tenkte vi ikkje på som venner.
Han legg til:
– Eg tenkjer at Mats var heldig som høyrde til i vår tid,
teknologisk. Hadde han vore fødd 15 år tidlegare, ville han ikkje
funne eit slikt fellesskap i den digitale verda.

https://www.nrk.no/dokumentar/xl/forst-da-mats-var-dod_-forsto-foreldrene-verdien-av-gamingen-hans-1.14197198
Publisert 27.01.2019. Nedlastingsdato 22.09.2020. Utdrag. Omsett og tilrettelagd for dette oppgåvesettet

gamar: spelar, ein som speler dataspel


avatar: symbol eller figur som representerer ein brukar på internett, for eksempel i dataspel

Ta vare
på vennene, ta VARE
på vennligheten, vis gjerne
litt selv om du kan, dagen er blå
og dagen er grønn, dagen
er hvit – det er ikke annet
enn livet det her, vi er alle borte – nå
eller om litt, take it easy menneske
but take it, det er ikke
annet enn virkelighet
vet du, snart er 101 inne snart
er 101 ute – jeg sier:
vennlighet varer lenger, ta VARE
på vennligheten, ta VARE
på vennene – HEI HEI! ta nå
vare på hverandre.

Av Jan Erik Vold, fra diktsamlingen Kykelipi (1969)

snart er 101 ute: «no er hundreogeitt ute» er eit gammalt uttrykk som betyr at noko er for seint, at det ikkje er håp.

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 10 av 16


Håvamål
Ung var eg ein gong,
og einsam vandra eg,
då gjekk eg vill på vegen,
følte meg rik
då eg fann ein annan;
mann er manns glede.

Håvamål er ei samling med visdomsord og gudedikt frå 1200-talet. «Håvamål» betyr «den høges tale», og det er guden Odin som gir råd og
livsvisdom til menneska. Utdraget er frå strofe 47.

Dei ser kvarandre komme gåande


Dei ser kvarandre komme gåande imot kvarandre.
Og begge ser dei ned, men dei held fram,
dei må jo det, med å gå imot kvarandre. Kva er det
dei tenkjer? Kvifor ser dei begge ned?

Dei nærmar seg kvarandre og ingen har sett


den andre. Dei går imot kvarandre, som om
dei berre kan gå forbi kvarandre, slik alle andre,
på denne gata, også går forbi kvarandre. Korleis tenker

dei som tidlegare har elska kvarandre? Er deira tankar


og hjarte ein lengsel etter å vere som steinar,
djupt i mold, eller er dei slike steinar? Er deira
skam så tung ein draum at deira rørsler er steinen

utan vatn, utan vind og himmel? Dei går mot kvarandre.


Dei går imot kvarandre. Dei går imot kvarandre. Dei går
imot kvarandre. Dei går imot kvarandre. Dei møter kvarandre.
Dei går forbi kvarandre. Dei går ifrå kvarandre.

Jon Fosse, frå diktsamlinga Hund og engel (1992)

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 11 av 16


Illustrasjon frå filmatiseringa av «Mi briljante venninne», HBO 2018. Lila til venstre. © Home Box Office Inc.

Mi briljante venninne
Utdraget er frå starten av ein romanserie i fire bind om den livslange og kompliserte vennskapen
mellom eg-personen Elena og venninna Lila. Dei veks opp i eit fattig område i den italienske byen
Napoli på 1950-talet. I dette utdraget er dei to jentene åtte-ni år gamle.

Den dagen Lila og eg bestemte oss for å gå dei mørke


trappene, trinn for trinn, avsats etter avsats, heile vegen opp
til døra i leilegheita til don Achille, begynte vennskapen vår.
Eg hugsar det fiolette lyset nede i garden, duftene av ein mild
kveld om våren. Mammaene var i gang med å lage middag,
det var på tide å komme seg heim, men vi trekte ut tida med å
utfordre kvarandre, heilt utan ord, til ulike styrkeprøver. Ei
stund gjorde vi ikkje anna enn det, verken på skolen eller ute.
Lila stakk armen og heile handa inn i det svarte munnholet på
ein rennesteinskum, og eg gjorde det same straks etter, med
bankande hjarte og håp om at kakerlakkane ikkje ville springe
over huda mi eller at rottene ikkje ville bite meg. Lila klatra
opp til vindauget til signora Spagnuolo i første etasje, hengde
seg etter jernstonga der ståltrådane til klesvasken gjekk,
gynga att og fram, sleppte seg ned på fortauet igjen, og eg
gjorde det same rett etter, livredd for å falle og slå meg. Lila

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 12 av 16


stakk ei rusten sikkerheitsnål innunder huda – eg veit ikkje
når ho hadde funne den, men ho hadde den alltid i lomma
som om den var ei gåve frå ein fe –, og eg observerte metall-
spissen idet den laga ein kvit tunnel i handflata hennar; då ho
trekte den ut og gav den til meg, gjorde eg det same.
På eit tidspunkt sende ho meg eit av blikka sine, urørleg og
med smale auge, og gjekk mot bygarden der don Achille
budde. Eg stivna av redsel. Don Achille var udyret frå
eventyra, eg hadde absolutt forbod mot å nærme meg,
snakke med han, sjå på han, spionere på han. Ein skulle late
som dei ikkje eksisterte, både han og resten av familien.
Overfor han var det, heime hos meg, men ikkje berre der, ei
frykt og eit hat som eg ikkje visste kvar kom frå. Når far min
snakka om han, såg eg for meg ein svær mann, full av lilla
blemmer, rasande trass namnet «don», som for meg heller
hadde klang av ein slags verdig autoritet. Han var eit vesen
som kunne ha vore laga av jern, glas, brennesle, men levande,
levande med heit pust som kom ut av nase og munn. Eg
trudde at det var nok å sjå han på lang avstand, så ville han
sende ut noko som brann og svei i auga mine. Viss eg hadde
vore så galen at eg nærma meg døra hans, ville han ha drepe
meg.
Eg venta litt for å sjå om Lila tenkte seg om og kom tilbake.
Eg visste kva ho ville gjere, eg hadde håpa at ho skulle gløyme
det, men nei. Gatelyktene var enno ikkje tende og heller ikkje
lysa i oppgangen. Det kom lyd av hissige stemmer frå leileg-
heitene. For å følgje henne måtte eg forlate det blåfiolette der
ute og gå inn i mørket i trappeoppgangen. Då eg endeleg
bestemte meg, såg eg først ingenting, men kjende berre lukta
av gammalt skrot og DDT. Så vende eg meg til tussmørket og
såg Lila sitte på det første trinnet på den første avsatsen. Ho
reiste seg, og vi begynte å gå oppover.
Vi heldt oss inntil muren, ho to trinn føre, eg to trinn bak; eg
var usikker på om eg skulle minske eller auke avstanden. Eg
kan framleis kjenne skuldra mi som stryk mot den krumme
muren, og trappetrinna som er veldig høge, mykje høgare enn
trinna i bygarden der eg budde. Eg skalv. Kvar einaste lyd av
fottrinn, kvar einaste stemme, var don Achille, som dukka opp
bak ryggen vår eller kom mot oss med ein lang kniv, av den
typen som er til å snitte opp brystet på hønene med. Det var ei
lukt av frityrsteikt kvitløk. Maria, kona til don Achille, ville
putte meg i gryta med kokande olje, ungane hans ville ete
meg, han ville suge ut hjernen min slik far min gjorde med
rekene.

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 13 av 16


Vi stoppa ofte, og kvar gang håpa eg at Lila hadde bestemt
seg for å gå tilbake. Eg var veldig sveitt, med Lila veit eg ikkje.
No og då såg ho oppover, men eg skjønte ikkje etter kva, ein
kunne berre skimte dei skittengrå vindauga på kvar avsats.
Lysa tende seg brått, dei var matte og støvete og etterlét
store område i skugge, fulle av farar. Vi venta for å sjå om det
var don Achille som hadde vridd på brytaren, men høyrde
ingenting, verken skritt eller dører som blei opna eller lukka.
Lila gjekk vidare, og eg etter.
Ho meinte at det ho gjorde, var rett og nødvendig, eg hugsa
ikkje lenger nokon god grunn og var der ganske sikkert berre
fordi ho var der. Vi nærma oss langsamt det som den gongen
var vår største skrekk, vi ville utsette oss for redselen og
utfordre den.
På den fjerde avsatsen gjorde Lila noko uventa. Ho stansa for
å vente på meg, og då eg kom opp til henne, gav ho meg
handa si. Den gesten endra alt mellom oss for alltid.
Av Elena Ferrante, 2015. Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal

don: herr (uttrykkjer respekt)


DDT: giftig insektmiddel som var vanleg på 1950-talet

Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 14 av 16


Førebuing NOR1405,NOR1410 Side 15 av 16
udir.no

You might also like