You are on page 1of 1

Analyse av folketale: Språkbruksanalyse

av Magnus Longva

Dina Hovland heldt ein tale under Bjørnsonfestivalen den 30. august ved Plassen i Molde.
Hovland har vore på oppdrag som sjukepleiar for Leger Uten Grenser i Somalia, Etiopia,
Mosambik, Sudan, Sør-Sudan, Sierra Leone og Uganda. Arrangementet gir moglegheit for talarar
til å opne debattar om aktuelle saker.

Talen handla om humanitær nød i Sudan, innsatsvilja i Noreg for å hjelpe kriseramma land, og
norske media si prioritering av nyhende. Hovudsynet i talen var at media fokuserer for lite på
humanitær nød i den tredje verda. Talen inneheld både patos- og logosargumentasjon, men med klar
overvekt av patos.

Tidleg i talen gjorde Hovland ei samanlikning mellom seg sjølv og Bjørnstjerne Bjørnson. «Han
visste nok, som meg, at det ikkje er så lett å lukke augene når nokon roper ut om urettferd». Ved å
peike på likskapar mellom seg sjølv og Bjørson - ein høgt respektert historisk person - gir talaran
truverde, etos, til seg sjølv. Hovland som person får elles truverde ved at ho presenterte seg sjølv
som sjukepleiar for Leger Uten Grenser. Denne organisasjonen har godt omdøme og er kjent for
upartisk humanitær innsats i mange land. Det gjekk også fram at ho har personlege erfaringar frå
internasjonalt naudhelpsarbeid.

Heilt i starten er der eit døme på patos. Talen opnar med ei anekdote om ei avis med uviktige
nyhende. Hovland stilte to retoriske spørsmål som ho gav svar på sjølv: «Er dette det vi er på jakt
etter å vete meir om? Nei.» og «Skal denne kunnskapen auke min kunnskap på nokon som helst
måte? Nei, eg tenkte faktisk ikkje det». Tonen hennar var bitter og anklagande. Her prøvde Hovland
å få lyttarane til å sjå saka på same måte som ho sjølv. Ho vil vekke antagonistiske kjensler mot
media.

Vi har eit døme på blanda patos og etos da ho fortalde om den første tida i Sør-Sudan. «Innan
mine første tre timar i Juba ser eg eit barn dø av diaré. Eg har vore med på dette mange gonger før.
Eg har gjort mange opptak. Men ein blir aldri vant til å sjå menneske døy». Hovland bruker eit
nøkternt og kortfatta, men usminka språk når ho fortel om lidingar ho har sett. Ho oppnår ein
lakonisk effekt ved å bruke få ord utan adjektiv om viktige, grusomme ting. Samtidig har ho ein
trist, skingrande tone når ho snakkar. Bodskapen og effekten blir på denne måten forsterka. Ho vil
vekke sympati for sudanarane si sak. Samtidig gir ho seg sjølv etos ved å fortelje at ho har vore i
Sudan og sett hendingane med eigne auge.

Eit døme på både patos- og logosargumentasjon har vi når talaren seier «det døyr over fem barn
kvar dag, og det er det dobbelte av det som kan kallast ei krise». Talaren bruker konkrete tal for å
argumentere for at situasjonen i Sudan er ille. Samtidig appellerer denne opplysninga til kjenslene
våre. Vi får sympati for sudanarar som døyr i hopetal.

Argumentasjonen og bodskapen i talen har allmenn, brei appell. Dei fleste menneske vert lett
påverka av kjenselsladde utgreiingar om menneske i krise, slik situasjonen er i Sudan. Dina Hovlad
brukar sterke og kjente verkemiddel, og det er sannsynleg at ho når fram til publikum.

Studienett.no-22250-5509678
Eduard, eduard.dykhanov@gmail.com
Dette dokumentet er en personlig utgave nedlastet fra Studienett.no og det er ikke tillatt å kopiere eller distribuere dokumentet til andre.

You might also like