You are on page 1of 2

6 Kva gjorde du i går?

Ekstra tekst til kapittel 6


Marit fortel
Eg heiter Marit Fjell og jobbar som lærar på ein barneskole. Eg er sambuar med Håvard. Vi
trefte kvarandre da vi studerte i Alta. Håvards venn Bjørnar presenterte oss for kvarandre på
ein studentfest. Det var kjærleik ved første blikk! Vi snakka saman heile kvelden og vart godt
kjende. Håvard fekk telefonnummeret mitt og ringde meg dagen etter festen. Etter to veker
vart vi kjærastar, og etter studietida flytta vi saman. Vi har vore sambuarar i fem år, og vi har
det kjempefint.

No er det Bjørnar som er singel. Han vart skild for eit år sidan. Det var trist, men no trur eg at
han er klar for å finne ein ny kjærast. Eg har ei god venninne som heiter Ingrid, og ho passar
perfekt til Bjørnar! I førre veka var vi på stranda saman. Eg inviterte Ingrid, og Håvard
inviterte Bjørnar. Det var suksess. Ingrid og Bjørnar snakka mykje saman og hadde det veldig
koseleg. Om to veker har eg bursdag, og da skal eg invitere både Ingrid og Bjørnar. Kanskje
det blir romantikk ...

Håvard er også lærar som eg, men han jobbar med vaksne elevar. Han er norsklærar for
innvandrarar. I går trefte eg Hawa, ein av elevane hans i byen. Stakkars, ho mista bussen, og
det var ein heil time å vente på neste buss. Ho sat på med meg, og vi snakka saman. Det var
hyggeleg. Hawa byrja på norskkurs for berre tre månader sidan, men ho er allereie god i
norsk. Eg trur ho har ein god lærar! Ho fortalde også om praksisplassen som ho har. Ho byrja
i språkpraksis på eit hotell for nokre veker sidan. Det er veldig flott etter så kort tid på
norskkurs, synest eg. Eg håper at ho klarer seg bra og får jobb.

Eg forstår godt at Håvard liker jobben. Han seier at elevane hans lærer fort og er ivrige. Dei
vil lære norsk, og dei vil ha jobb. Eg trur at det er interessant å jobbe med vaksne elevar, men
eg liker også godt å jobbe med barn. I år er eg lærar i første klasse. Det er aldri ein kjedeleg
dag på jobb med 25 seksåringar! Eg vil gjerne ha barn sjølv også snart. Det sa eg til Håvard i
går. Han smilte ...

Aunivers.no Side 1 av 2
6 Kva gjorde du i går?

Spørsmål
Kvar trefte Marit og Håvard kvarandre?
Kven er Bjørnar og Ingrid?
Kva planlegg Marit?
Kven er Hawa?
Kvifor sat Hawa på med Marit i går?
Kvifor seier Marit at Hawa har ein god lærar?
Kva seier Håvard om elevane?
Korleis synest Marit det er å jobbe i første klasse?
Kva sa Marit til Håvard i går?
Kvifor smilte Håvard, trur du?
Korleis trur du det går med Bjørnar og Ingrid?

Kan du forklare på norsk?


Sambuar
Kjærast
Singel
Skild
Koseleg
Språkpraksis
Kjedeleg

Set strek under alle verba i preteritum i teksten


Mange stader i teksten står det også noko om tid saman med preteritum, til dømes i går, for
nokre veker sidan, etter studietida ...
Sett ring rundt tidsuttrykka i teksten.

Aunivers.no Side 2 av 2

You might also like