You are on page 1of 2

7 God tur!

Ekstra tekst til kapittel 7


Norskklassen snakkar om tid

Lærar: Samer, du kjem for seint!


Samer: Ja, eg seier meg leie for det. Eg forsov meg i dag. Vekkjarklokka ringde ikkje. Eller
... Kanskje ho ringde, men eg sovna igjen. Eg var så trøytt!
Lærar: Samer, da! Du kom for seint i går også!
Samer: Ja, men i går var det ikkje min feil. Bussen var forseinka. Eg venta nesten ti minutt.
Men i morgon skal eg komme presis, eg lovar!
Lærar: Ja, det håper eg. Tid er viktig i Noreg. Dersom du kjem for seint på jobben mange
gonger, blir sjefen sur.
Maria: Eg har ein venn som mista jobben fordi han kom for seint så ofte. «Tid er pengar,»
sa sjefen.
Lærar: Kva gjer vennen din no, da?
Maria: Han har ikkje jobb no, men han skal på jobbintervju i morgon klokka ni.
Lærar: Eg håper han hugsar å setje på alarm på mobilen ...
Samer: Men lærar, eg lurer på ein ting. Eg har ein norsk venn, og han har invitert meg til
middag i morgon. «Du kan komme i femtida,» sa han. Kva betyr det?
Lærar: I femtida betyr omtrent klokka fem. Du kan komme fem på fem eller ti over fem,
men ikkje klokka seks.
Samer: Eg jobbar til klokka fem i morgon. Er det uhøfleg å komme klokka halv seks?
Lærar: Da kan du gi beskjed til vennen din og seie at du kjem halv seks. Det er dumt om
maten blir kald.
Maria: I mitt land er ikkje tid så viktig. Vi går på besøk når vi har lyst. Vi treng ikkje
invitasjon, og vi treng ikkje å avtale tid.
Lærar: Det er ulike tradisjonar og ulik kultur i alle land. I Noreg har mange familiar mykje
å gjere. Mor og far jobbar mykje, og både barn og vaksne har mange aktivitetar.
Derfor blir vi litt irriterte dersom nokon kjem for seint.
Samer: Men no må vi jobbe med grammatikk. Tida flyg!
Maria: Eg trur du har budd for lenge i Noreg, Samer!

Spørsmål
1 Kvifor kom Samer for seint?
2 Kva skjedde med vennen til Maria?
3 Kvifor må han hugse å setje på alarm i morgon?
4 Kva skal Samer gjere i morgon?
5 Kva betyr «i femtida»?
6 Kvifor skal Samer gi beskjed til vennen dersom han blir forseinka?
7 Kva fortel Maria om tid og invitasjonar i heimlandet sitt?
8 Korleis er det i heimlandet ditt? Er det viktig å komme presis på besøk?

Aunivers.no Side 1 av 2
7 God tur!

9 «Eg trur du har budd for lenge i Noreg,» seier Maria til Samer. Kva meiner ho?

Kan du forklare på norsk?


Eg forsov meg
Bussen var forseinka
Presis
«Tid er pengar»
Eg lurer på ein ting
I femtida
Irritert
Tida flyg!

Aunivers.no Side 2 av 2

You might also like