You are on page 1of 2

5 Korleis er vêret?

Ekstra tekst til kapittel 5


Vêr og årstider i Noreg
I Noreg har vi fire årstider med veldig skiftande vêr. Hausten varer i tre månader: september,
oktober og november. Det regnar ofte om hausten, og det blæs mykje. Men det kan også vere
dagar med sol og fint vêr.

Vinteren byrjar i desember. Det blir tidleg mørkt, og det er kaldt ute. I Nord-Noreg er det ofte
mange kuldegradar og mykje snø, men på Sørlandet er det ikkje så kaldt. Vanlegvis er det lite
snø på Sørlandet om vinteren.

Mange nordmenn liker vinteren, og mange liker å gå på ski. Nokre seier at «nordmenn er
fødde med ski på beina». I vinterferien og påskeferien liker mange å reise på fjellet for å gå
på ski. Barna synest det er gøy å leike i snøen, og dei fleste barn gler seg til vinteren.
Mars er den første vårmånaden, men det kan vere mykje snø i mars også, spesielt på fjellet.
Ikkje alle vil på hyttetur og skitur i påskeferien. Det er også fint å vere i byen når våren kjem.
Snøen smeltar, trea blir grøne, blomane byrjar å vekse, og vi kan gå med joggesko og tynne
jakker. I april og mai blir det varmare. Vi håper alltid at vêret blir fint på nasjonaldagen 17.
mai, for da er alle ute.

Juni, juli og august er sommarmånadene, men vêret i Noreg varierer mykje om sommaren
også. Det kan vere sol og varmt den eine dagen og regn og vind den neste dagen. Nordmenn
er opptekne av vêret og sjekkar vêrmeldinga ofte, spesielt i sommarferien. På dei fine
sommardagane er det alltid mykje folk på stranda og på båttur. Vi elskar sommaren, men
synest alltid at han er for kort. Derfor reiser mange på ferie til andre land for å få sol og
varme.

Vêret og klimaet i Noreg er svært ulikt i sør, nord, aust og vest. På Vestlandet er det ofte
mykje regn og vind. Det finst mange vitsar om at det alltid regnar i Bergen, til dømes denne:

Mann: «Er det sant at det alltid regnar i Bergen?»


Gut: «Eg veit ikkje, eg er berre ni år!»

Aunivers.no Side 1 av 2
5 Korleis er vêret?

Sett kryss for rett eller feil: Rett Feil


Vinteren i Noreg er i desember, januar og februar.
Det er alltid snø om vinteren i Noreg.
Alle liker å reise på hyttetur og skitur om vinteren.
Nasjonaldagen vår er 17. mai.
På Vestlandet snør det mykje.
Nordmenn er ikkje så opptekne av vêret.
Dei fleste barn liker vinteren.
Sommaren er i mai, juni og juli.
Hausten byrjar i august.
Vêret skiftar mykje om hausten.
Vi har alltid mykje sol og varme om sommaren.
Vi har vitsar om at det regnar mykje i Nord-Noreg.

«Snu» setningane

Det regnar ofte om hausten.


Om hausten ________________________________________________________________

I vinterferien reiser mange på fjellet.


Mange ___________________________________________________________________

På Vestlandet er det ofte mykje regn og vind.


Det ______________________________________________________________________

I april og mai blir det varmare.


Det ______________________________________________________________________

Snakk saman
Kvifor er nordmenn så opptekne av vêret, trur du?
Kjenner du mange nordmenn som liker å gå på ski?
Har du prøvd å gå på ski?
Kva synest du om den norske sommaren?
Kva for ei årstid liker du best?

Aunivers.no Side 2 av 2

You might also like