You are on page 1of 3

4 Ein vanleg dag

Ekstra tekst til kapittel 4


Sofie fortel: Ein vanleg dag
Eg heiter Sofie og er sju år. Eg går i andre klasse. Faren min heiter Bjørnar, og mora mi heiter
Anita. Dei er skilde, derfor bur eg og broren min annakvar veke hos mamma og annakvar
veke hos pappa. Denne veka bur vi hos pappa.

Pappa liker å ha god tid om morgonen. Broren min, Markus, er fire år og går i barnehagen.
Han plar vakne klokka seks, men eg er alltid trøytt. Pappa må ofte vekkje meg mange gonger
om morgonen. Eg står opp kvart på sju, vaskar meg og kler på meg, og så et eg frukost.
Pappa plar lage matpakke til meg, men nokre gonger lagar eg matpakke sjølv. Da tek eg
nugatti på brødskivene, sjølv om pappa seier at det berre er lov på laurdag.

Etter frukost ryddar pappa på kjøkkenet, og vi pussar tennene. Vi køyrer heimanfrå klokka
halv åtte. Først køyrer vi til barnehagen, så køyrer pappa meg til skolen, og etterpå køyrer han
til jobb. Han er bilmekanikar og byrjar på jobb klokka åtte kvar dag.

Eg er på SFO etter skolen. Der gjer eg lekser, et og leikar litt. Nokre gonger er vi i gymsalen
eller på musikkrommet. Det er gøy på SFO. Pappa hentar meg kvart på fire, og vi køyrer til
barnehagen og hentar Markus. Da er han trøytt og sovnar ofte i bilen. Markus altså, ikkje
pappa!

Når vi kjem heim, et vi middag saman og pratar om dagen. Markus liker å snakke om bilar.
Han spør alltid: «Kva for bilar har du fiksa i dag, pappa?» Eg er ikkje interessert i bilar, eg
synest det er kjedeleg. Men eg liker å spele fotball! To gonger i veka speler eg fotball.
Fotballtreninga er frå klokka seks til sju, og da må pappa køyre igjen.

Etter fotballtrening ser eg litt på tv, et kveldsmat, dusjar og pussar tennene. Eg plar leggje
meg klokka åtte, men eg les alltid litt på senga før eg sovnar. Nokre gonger gløymer eg tida
og les lenge. Det er kanskje ikkje så rart at eg alltid er trøytt om morgonen …

Aunivers.no Side 1 av 3
4 Ein vanleg dag

Sett kryss for rett eller feil: Rett Feil


Foreldra til Sofie er skilde.
Veslebror Markus søv alltid lenge.
Sofie står opp klokka seks.
Pappa tek alltid nugatti på brødskivene.
Sofie går i barnehagen.
Bjørnar byrjar på jobb klokka åtte.
Bjørnar er bilmekanikar.
Sofie liker å gå på SFO.
Bjørnar sovnar ofte i bilen.
Sofie er interessert i bilar.
Sofie syklar til fotballtrening.
Sofie liker å lese om kvelden.

Skriv same setningar om Sofie

Eg står opp kvart på sju, vaskar meg og kler på meg, og så et eg frukost. Pappa plar lage
matpakke til meg, men nokre gonger lagar eg matpakke sjølv.

Ho står opp kvart på sju, _____________________________________________________________

_________________________________________________________________________________

_________________________________________________________________________________

_________________________________________________________________________________

Aunivers.no Side 2 av 3
4 Ein vanleg dag

«Snu» setningane

A Markus vaknar klokka seks


B Klokka seks vaknar Markus

A Sofie står opp kvart på sju.


B Kvart på sju _____________________________________________________________

A Etter frukost ryddar pappa på kjøkkenet.


B Pappa __________________________________________________________________

A Dei køyrer heimanfrå klokka halv åtte.


B Klokka halv åtte __________________________________________________________

A Først køyrer dei til barnehagen.


B Dei ____________________________________________________________________

A Pappa byrjar på jobb klokka åtte.


B Klokka åtte ______________________________________________________________

A Sofie er på SFO etter skolen.


B Etter skolen _____________________________________________________________

A To gonger i veka speler Sofie fotball.


B Sofie ___________________________________________________________________

Aunivers.no Side 3 av 3

You might also like