You are on page 1of 25

11 Det er typisk norsk

Kva er typisk norsk? av Giulia N. Giubertoni


I 2017 lanserte AFS Norge ein essaykonkurranse blant AFS-elevene som var i Norge dette
året. Konkurransen gjekk ut på å skrive eit essay om kva som er typisk norsk.
Giulia Nemeye Giubertoni frå Italia vann konkurransen, og under kan du lese hennar
morosame tekst som tar nordmenn på kornet, om kva som er typisk norsk.

Kva er typisk norsk?

Innleiing
Når snakkar ein om Noreg, er det typisk å tenke på fjordar, laks, nordlys og midnattssol!
Men, faktisk, kva er typisk norsk? Godt å spørje. Ikkje så særleg lett å svare! Kunne eg har
fått eit sånt spørsmål før, ville eg har hatt mindre trøblar enn no. Det eg meinar er at på
(sigh!) slutten av året mitt i Noreg, mykje blir eg vand til (ikkje alt, bare mykje!).
Men du! No er det jo berre å lese vidare det eg skriv og finne ut kva eg kan framleis merke
som typisk i Noreg! Ver så god…!

Det som er typisk norsk er…


1 Å ha kroner.
Det kan høyrest litt teit ut, men det stemmer jo: I Noreg bruker ein ikkje euro, men kroner,
sjølvsagt dei norske. Eg var veldig glad når eg fekk vite at eg skulle kome til å bruke ny slags
pengar: Det såg ut som så fantastisk koseleg! Forresten, huskar eg at dei første dagane eg var
i Noreg, ville eg ikkje kjøpe noko pga. eg tenkte på euro. ”Sjokolade som kostar 35 euro?
Nei, det kjem eg aldri til å kjøpe”, tenkte eg. Seinare, vart eg meir vand med å dele alle dei
prisane med 7,5 slik eg kunne få den riktige verdien i euro. Dessverre, er eg ganske lat med
matematikk og i det siste delte eg berre med 10… Som resultat, har eg handla mens eg tenkte
feil om kor mykje pengar eg brukte: uff då!
Men sidan trur (og håper) eg at det har ikkje skjedd berre med meg… Eg kom til
konklusjonen at AFS kan også oversettast i ”Another FATTIG Student”! Berre spør oss! Er
det ikkje sant, folkens?

2 Å pante flasker.
Å pante er fantastisk! Det trur eg at det er så bra av Noreg: slik, alle vil ta vare på miljøet! Du
gir flasker og ølblekkboksar og får tilbake ein eller to kroner for kvar. Man må tenke stort!:
For eksempel i vertsfamilien min, har søstera mi Thea panta for 500 kroner!

3 Å ete salt frukost.


Det er kjempe typisk norsk. Eller, i alle fall, IKKJE typisk italiensk. I Italia, pleier ein å ete
noko søt yoghurt og drikke ein kopp mjølk eller kaffi med nokre kjeks.
Då, det som skjedde dei første dagane i Noreg var at eg kunne ikkje la vere å bli kvalm kvar
morgon- berre å sjå på omelett, bacon eller laks på frukostbordet. I det minste, i den første
perioden!
No, kan eg tåle det ganske godt. Men klarer ikkje å få med kva som er så godt med sild! Ikkje
heller ein sild-fan som vertsfaren min Reiulf kjem aldri til å kunne overtale meg! Ja ja! :)

Aunivers.no Side 1 av 5
11 Det er typisk norsk

4 Knekkebrød. Brunsaus. Kvitlauk brød. GRAUT!


Åh! Det er så godt! Eg har først smakt på alle dei fire av dei i Noreg. Spesielt med graut, det
er jo ekte kjærleik!

5 Brunost.
Ok, her med Brunost kjem eg å ødelegge den elskverdige stemning eg har begynt! Jada, det
er en ting om rykte ein får ikkje gode resultat hos meg.
Eg trur det smakar alt for spesielt og rart: Rett og slett, er eg ikkje så særleg glad i den osten.
… Men jo då: De gustibus… :)

6 Matpakken.
Nokon bruker matpapir rundt to brødskiver med pålegg, nokon har ein ekte seriøs matboks
der dei kan ligge. I alle fall, snakkar eg om matpakken, ein ekte norsk ting!

7 Å ha middag kl. 4.
Det er såååå norsk! I Italia, før eg drog, trudde eg at eg ALDRI kom til å bli vand til det pga.
kanskje kl. 4 var umuleg å være svolten …men eg er ganske (alt for…?) flink til å ha lyst på
mat! LOL

8 Å stenge butikker kl. 4 (!) og i helga.


Det kjem eg ALDRI til å forstå heilt. I Italia, stenger butikkar ikkje før kl. 7. Dessutan, i
helgane, er dei opne og stenger mykje seinare enn vanleg.
Det skjer ikkje i Noreg, i det heile tatt. Det må jo vere bra for dei arbeidarane… men eg trur
det litt dumt. Dei kunne selje mykje meir i helgar, når ein har fri, enn på vanlege dagar, ikkje
sant? Forresten, det som har det best med det er pengeboka mi… Så det går bra :)

9 Å dra på hytta når helga kjem.


Eg elskar det! Familien min er veldig glad i å gjere det og det er eg også! :) Hytta vår ligg i
Bø og er ganske flott: eg kan ikkje la vere å elske dei store vindauga (derifrå ein ser havet!) vi
har i stova!
Vanlegvis, bruker vi å ta med niesene mine Jasmin og Sophia som er 7 og 4 år gammal. Det
er litt slitsamt når dei vil leike UTE nesten heile tida (kulde og varme, det veit dei ikkje kva
er forskjellen!) men det er også kjempe koseleg!

10 Helga begynner på fredagen (!).


Det er det! I Italia har ein fri berre frå laurdag, etter ein vanleg dag på skulen… Det er jo
kjempe bra å ha meir fri tid, synest eg!

11 Å ha så dyre (og mange) frisørar.


Det kan ingen nekte: å gå til frisør i Noreg er ekstremt dyrt! Om ein vil kome tilbake hit i
Noreg, anbefaler eg å søke jobb som frisør! :)

12 Å måke snø.
Finnast det ingen idrettskonkurranse om å måke snø? Ikkje endå?

Aunivers.no Side 2 av 5
11 Det er typisk norsk

Aunivers.no Side 3 av 5
11 Det er typisk norsk

13 Å ete brunsj alle saman på laurdags morgon.


Det veit eg ikkje om ein pleier å gjere i Italia, i alle fall gjer vi ikkje det i min italienske
familie. Eg er lei meg for det: Det er så fint å ha brunsj alle saman! Etter det, går sjølvsagt
alle saman i Nesset (på kafé i sentrum av byen). :)

14 Å gå på ski i Påske (dvs. å ha snø når vinteren er ferdig!).


Det kan eg ikkje forklare, og ikkje heller noko norsk! Det er berre det… Ser du ut fra
vindauget med eit trist ansikt? Som utvekslingsstudent som har opplevd det, forsikrar eg at
ein får masse ”Snart kjem fint vêr!” fleire tusen gongar. (Men stemmer det, elles…?)

15 Å ete (og elske!!) pølser. Og poteter.


Svære, store, rosa pølser. Ein svær skål av poteter. Ikkje gløym å ta av skrellet! … Og, ver så
god: Ein ekte norsk middag til deg!

16 Å elske smør.
”Fordi den er god for hjarte”, ville vertsfaren min seie med ein stor smil! :)

17 Å gå på tur!
For å plukke bær, sopp eller berre ha fysisk aktivitet!

18 Å ete is, også om vêret er iskaldt.


Det er berre det! Og ein må ikkje gløyme at det er ein plikt å ete softis den 17. mai!!! Heilt
seriøst!

19 Å snakke dialekt.
I mai, då Thea hadde konfirmasjon, kom masse folk på besøk for å feire den. Det var kjempe
hyggeleg! Slik kunne eg ha treft alle dei medlemma og mest av dei vennene den store
vertsfamilien min har: ikkje alle bur i Nord Noreg som oss.
Å bli kjent med nye folk, liker eg. …Men ÅH, herregud! Kor herleg hovudverk fekk eg av å
høyre på bokmål dialekt i en veke??? LOL

20 Å ha datamaskin på skulen (dvs. å vere på Facebook i skuletimar, også).


Det er typisk norsk å vere på Facebook i skuletimar fordi norske elevar har data og internett
på skulen. Lærarane er veldig tolmodige og ikkje strenge i det heile tatt: Det likte eg godt dei
første vekene men blei litt lei meg av å sjå 20 datamaskiner på Facebook i alle fag! Eg trudde
eg aldri kom til å sei det men, av og til, eit strengare skulesystem er ikkje så ille…!

21 Å ha utanlandske filmar med norsk tekst.


Det er spesielt bra: Det er så godt å høyre skodespelarane sine eigne stemmer!

22 Å ete tacos kvar fredag.


Åh ja. Noko typisk mexicansk og norsk i samtidig. Kan det vere?

23 Å kjøpe alt (ALT) med kredittkort.


Ein bolle, tyggis, ein Litago eller kva som helst til matpausen… I alle fall betalar ein med
kredittkort! Sannsynlegvis liker det norske folk ikkje å ha kontantar på seg!: det kunne eg
aldri gjere sidan eg mister nesten alt! Og kredittkort er lite og lett å miste!

Aunivers.no Side 4 av 5
11 Det er typisk norsk

24 Snus.
Som eit alternativ til røyk, kjem det snus. Personleg, synest eg snus er noko forferdeleg: Det
er berre å lukte det! Uansett lukta, elskar fleire nordmenn det! Men, nei takk: Ver så god,
berre bruk det! :)

25 Å la døra være open.


Sannsynlegvis er Noreg eit av dei sikraste landa i verda. Ein kan la vere å låse døra og ikkje
bekymre seg mykje om det. Det verste som kan skje er at ein nabo kan hjelpe seg sjølv for å
låne noko salt hos deg! Eg sa ikkje stjele men LÅNE! Nordmenn er alt for godtruande.

Avslutning
Det finnast, sjølvsagt, mykje meir enn dei 25 tinga eg skreiv som typisk norske. Men eg veit
dykk er nok flinke å finne dei ut, så trengte eg ikkje å gå vidare med lista mi! Ikkje sant? :)
Forresten, det som er bra med alle dei kulturane i verda er at ein kjem alltid å finne ut noko
nytt.
Ver nysgjerrig!
Og …

…Takk for meg


(kva meinar ein eigentleg med det? Det er jo typisk norsk!),

Giulia

Aunivers.no Side 5 av 5
11 Det er typisk norsk

Ord og uttrykk
Kva betyr orda?
Kan du forklare på norsk eller skrive på morsmålet ditt?

ein konkurranse __________________________________


som __________________________________
eit knekkebrød __________________________________
eit kvitlauksbrød __________________________________
ekte __________________________________
ein kjærleik __________________________________
ein matboks __________________________________
ein tradisjon __________________________________
merkeleg __________________________________
å pante __________________________________
å ta vare på __________________________________
tom __________________________________
ein boks __________________________________
ein vertsfamilie __________________________________
ekstrem __________________________________
å anbefale __________________________________
å søke __________________________________
iskaldt __________________________________
nordlys __________________________________
midnattssol __________________________________

Finn du fleire nye ord?


____________________________________________________________________
____________________________________________________________________
____________________________________________________________________
____________________________________________________________________

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Lage spørsmål til tekst


Lag spørsmål til tekst 11.1 Kva er typisk norsk?
Spørsmål Svar

Kva gjorde Giulia? Ho vann ein skrivekonkurranse.


Kven vann ein skrivekonkurranse? Giulia N. Giubertoni
Kva kan du lese her? Litt av teksten hennar
Kva må du ikkje gløyme? _________________________________
Kven må ikkje gløyme å ete is? _________________________________
Når må du ete is? _________________________________
Kva ______________________________ _________________________________
Kva/kor ___________________________ _________________________________
Kven _____________________________ _________________________________
Når ______________________________ _________________________________
Kva ______________________________ _________________________________
Kvar/kor __________________________ _________________________________
Kven _____________________________ _________________________________
Når _______________________________ _________________________________

Spør dei andre i klassa.

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Som-setningar 1
Hald over og øv saman.
Eg har _____ som er ____.

Eg har ein genser. rosa Eg har ein genser som er rosa.


Eg har ein hatt. svart Eg har ein hatt som er svart.
Eg har ei bukse. blå Eg har ei bukse som er blå.
Eg har ei jakke. raud Eg har ei jakke som er raud.
Eg har eit sjal. raudt Eg har eit sjal som er raudt.
Eg har eit slips. blått Eg har eit slips som er blått.
Eg har to støvlar. grøne Eg har to støvlar som er grøne.
Eg har to vottar. kvite Eg har to vottar som er kvite.

Han har _____ som er ____.

Han har ein kommode. fin Han har ein kommode som er fin.
Han har ein lampe. fin Han har ein lampe som er fin.
Han har eit skap. fint Han har eit skap som er fint.
Han har to hyller. fine Han har to hyller som er fine.
Han har ein sofa. mjuk Han har ein sofa som er mjuk.
Han har ei seng. mjuk Han har ei seng som er mjuk.
Han har eit teppe. mjukt Han har eit teppe som er mjukt.
Han har to puter. mjuke Han har to puter som er mjuke.

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Faktatekstar
Les teksten på side 153 og svar på spørsmåla.
1 Kor mange fritidshus er det i Noreg? __________________________________________.
2 Kor mange nordmenn har tilgang til hytte? _____________________________________.
3 Kor mange ønsker å kjøpe hytte? _____________________________________________.
4 I kva for andre land er det populært å kjøpe hytte?_________________________________.
5 Kva for eit ord brukar mange nordmenn om hyttelivet?_____________________________.

Les teksten på side 154 og svar på spørsmåla.


1 Kva gjer nordmenn på hytta? _______________________________________________ .
2 Kvifor har nokre nordmenn bubil? ___________________________________________ .
3 Kvifor reiser mange til storbyar? ____________________________________________ .
4 Kva er Syden? ___________________________________________________________ .
5 Kvar/kor pleier nordmenn å ha hytte? _________________________________________ .

Les teksten på side 155 og svar på spørsmåla.


1 Kva har vore ein viktig del av norsk kultur? ____________________________________ .
2 Kvar/kor kan vi overnatte? _________________________________________________ .
3 Kvar/kor kan vi fiske gratis? ________________________________________________ .
4 Kva kan vi plukke i naturen? ________________________________________________ .
5 Kva må alle som bruker naturen, gjere? _______________________________________ .

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Gradbøying av adjektiv
Sett inn komparativ med motsett betyding.
Eksempel: Er bilen din dyrare enn min? Nei, den er billegare.
1 Er huset ditt mindre enn mitt? _________________________________________________
2 Er jakka di finare enn mi? ____________________________________________________
3 Er huset ditt billegare enn mitt? __________________________________________________
4 Er brillene dine nyare enn mine? _________________________________________________
5 Er kjolen din finare enn min? ____________________________________________________
6 Er håret ditt kortare enn mitt? ___________________________________________________

Sett inn riktig form av adjektiva.


dyr
Det er ________ å kjøpe ein BMW enn å kjøpe ein Toyota. Mercedes er den _________
bilen.

Det er mange ___________ leilegheiter i byen. Dei ________________ ligg i sentrum.


Nye leilegheiter er ______________ enn gamle.
Eg kjøpte eit __________ slips i går. Det er det _________ slipset eg har kjøpt.
Vi var på restaurant og kjøpte ein _______________ middag. Det er den ________________ middagen
eg har ete.

fin
Det er mange ________ blomster i hagen. Dei rosa blomstrane er dei _________. Kvite
blomster er __________ enn gule. Kva for blomster synest du er dei ______________?
god
Lammekjøt er _________ enn fårekjøt. Kyllingkjøt er __________. Laks er ein ________
fisk enn sei. Kva for ein fisk liker du ___________? Fersk fisk er __________ enn gammal
fisk.
Dette er den ___________ boka eg har lese. Alle blir ___________ med alderen.

djup
Det er mange ___________ fjordar i Noreg. Noreg sin ________________ fjord heiter
Sognefjorden. Sognefjorden er ______________ enn Oslofjorden. Det er også __________
innsjøar mange stadar i Noreg. Den ___________ innsjøen heiter Hornindalsvatnet.

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Øve på gradbøying
Les tekstane og finn riktig rekkefølge.
Klassa jobbar med adjektiv i komparativ og superlativ. Dei skal finne den høgaste og den
lågaste. Alle står på ei linje ved sida av kvarandre.
Viola: Eg er høgare enn Sompit, men eg er lågare enn Hawa.
Hawa: Eg er høgare enn Viola, men eg er lågare enn Yousef.
Yousef: Eg er lågare enn Marek, men eg er høgare enn Hawa.
Marek: Eg er høgare enn Yousef, men eg er lågare enn Håvard.
Håvard: Eg er høgare enn Marek, men eg er lågare enn Biniam.
Biniam: Eg er høgare enn alle saman. Eg er den høgaste i klassa.
Sompit: Eg er lågare enn alle saman. Eg er den lågaste i klassa.

Les setningane og skriv namna i rekkefølge etter høgde:


__________________________________________________________________________
høgast lågast

No skal dei finne den eldste og den yngste i klassa.


Håvard: Eg er eldre enn Marek, men eg er yngre enn Yousef.
Marek: Eg er yngre enn Håvard, men eg er eldre enn Biniam.
Biniam: Eg er yngre enn Marek, men eg er eldre enn Viola.
Yousef: Eg er den eldste i klassa.
Viola: Eg er den yngste i klassa.
Hawa: Ja! Vi er nesten like gamle.
Viola: Ja, men vi er ikkje like høge ...

Les setningane og skriv namna i rekkefølge etter alder:


__________________________________________________________________________
eldst yngst

Samanlikn med dei andre i klassa.

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Som-setningar 2
1 Ho har ein bil. Den er gammal.
___________________________________________________________________________
2 Eg las ei bok. Den var spennande.
___________________________________________________________________________
3 Eg kjøpte ein bil. Den var dyr.
___________________________________________________________________________
4 Eg har eit hus. Det er stort.
___________________________________________________________________________
5 Du har ein hage. Den er fin.
___________________________________________________________________________
6 Ho har ein sofa. Den er mjuk.
___________________________________________________________________________
7 Vi har eit kjøkken. Det er stort.
___________________________________________________________________________
8 Eg har to barn. Dei er flinke.
___________________________________________________________________________
9 Vi har eit kjøkken. Eg liker det.
___________________________________________________________________________
10 Han har ein kjærast. Eg liker henne.
___________________________________________________________________________
11 Dykk bur i eit land. Dykk er stolte av landet.
___________________________________________________________________________
12 Dei har to venner. Eg kjenner dei.
___________________________________________________________________________

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Gradbøying av adjektiv, tekst 11.3


1 Skriv inn adjektiva i riktig form.
Positiv Komparativ Superlativ Bestemt form
bratt
djup
flat
vakker
populær
lang
mange
stor

2 Les teksten på side 158–159 og skriv inn adjektiv i riktig


form.
Mange seier at Noreg har den ________________________ naturen i verda.

Dei _____________________ byane er Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Det bur _________________ menneske langs kysten enn inne i landet.

Det bur ________________ menneske i Oslo.

På Vestlandet og i Nord-Noreg er fjella ____________________ enn i resten av landet.

Den _________________ og ____________________ fjorden heiter Sognefjorden.

Den ___________________ innsjøen heiter Mjøsa.

Den __________________ elva heiter Glomma.

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Landskap

© Karine Haaland

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Ekstra lesetekstar
Bergen
Bergen er kjend som byen med dei sju fjell. Nordgåande rute med Hurtigruten begynner i
Bergen. Byen er den sørlegaste stoppestaden til Hurtigruten. Bergen er Noreg sin nest største
by og har ein fin kombinasjon av natur, kultur, historie og sjarmerande uteliv.

Florø
Florø er Noreg sin vestlegaste by. Det er ein koseleg og moderne kystby. Byen ligg i
naturskjønne omgjevnader og har eit rikt og variert kulturliv. Viktige næringar i Florø er både
fiskeoppdrett, verftsindustri og oljerelatert industri.

Torvik
Torvik er ein liten tettstad sør for Ålesund. Tettstaden er ei flott kystperle med vakker natur
og ein avslappa atmosfære. Det er eit lite kystsamfunn i ein av Noreg sine største
fiskerikommunar. Kommunen består av mange øyer med fantastisk natur. Fiske og offshore-
verksemd er viktige næringar.

Rørvik
Rørvik er ein liten tettstad i ein kommune med fleire tusen øyer, holmar og skjer. Området er
eit paradis for små båtturar, kanopadling, kajakkpadling og dykking. Rørvik har typisk
kystklima, og vêret skiftar raskt. Nordgåande og sørgåande hurtigrute møtast i Rørvik kvar
kveld.

Stamsund
Stamsund er eit sjarmerande fiskevêr i Lofoten. I Stamsund kan du oppleve midnattssol om
sommaren og nordlys om vinteren. Det er dramatisk natur rett utanfor stovedøra, og det er
fine moglegheiter for fjellturar i området. På Vikingmuseet kan du lære om vikingtida i
Lofoten.

Honningsvåg
Honningsvåg er den nordlegaste byen i Noreg og er kjend som byen ved Nordkapp, Europas
nordlegaste punkt. Etter andre verdskrig var kyrkja det einaste huset som stod igjen i byen.
Det er mogleg å delta på spennande aktivitetar i området, nyte arktisk mat og gå på shopping.

Kirkenes
Kirkenes er kjend som hovudstaden i Barentsregionen. Byen ligg ved grensa til Russland og
er ein port mot aust. Kirkenes ligg lenger aust enn Istanbul og St. Petersburg, men er ikkje
den byen som ligg lengst aust i Noreg. Sørgåande rute med Hurtigruten begynner i Kirkenes.

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Bli kjend i nærmiljøet


● Er det statuar i nærmiljøet? Ta bilde.
● Kva er statuane av?

● Er det ein park i nærleiken av skulen?


● Kva finn du i parken? Ta bilde.

● Er det nokre fine bygningar i nærmiljøet? Ta bilde.

● Er det ei kyrkje i nærleiken? Ta bilde.

● Kva er adressa til kyrkja?

● Er det hotell i nærleiken? Ta bilde.

● Kva heiter hotella?

● Er det ein butikk som du liker, i nærleiken? Ta bilde.

● Kva heiter butikken?

● Kva sel dei der?

Bruk bilda og det du har lært, til å lage ein PowerPoint-presentasjon, og presenter den
for klassa.

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Ekstra yrkestekst
Eg er dyrlege.
Eg er dyrlege. Eg jobbar på ein dyreklinikk. Folk kjem hit med hundar og kattar som er skada
eller sjuke. Vi undersøker mange dyr kvar dag. Nokre gongar må vi avlive dyret. Det er trist.
Vi steriliserer mange dyr. Då kan dei ikkje lage ungar.

Ein dyrlege jobbar med dyr. Nokre jobbar berre med kjæledyr som hundar og kattar. Det er
mange i Noreg som har kjæledyr heime. Dyrlegar jobbar også med dyr på bondegardar. Ein
dyrlege er opptatt av dyrevelferd.

(Dialog)
Dyrlegen: Velkommen! Kva kan eg hjelpe deg med?
Kunde: Hunden min haltar. Kan du sjå på det?
Dyrlegen: Hm, eg kjenner at foten er øm og hoven. Har hunden halta
lenge?
Kunden: Nei, eg såg det etter jobb i går.
Dyrlegen: Vi må nok ta eit røntgenbilde av foten.

1 Finn ord i teksten som betyr nesten det same som


studerer = ______________, arbeidar = ______________, i huset = ______________,
ikkje friske = ______________, foto = ______________, veterinær = ______________,
av og til = ______________, øydelagt = ______________, menneske = ______________

2 Les teksten og sett kryss ved dei setningane som er riktige.


□ Ein dyrlege jobbar på eit sjukehus.
□ Mange nordmenn har kjæledyr.
□ Dyrlegar steriliserer kjæledyr.
□ Dyrlegar undersøker kjæledyr som er skada eller sjuke.
□ Å avlive eit dyr er å sterilisere det.
□ Dyrlegar har ikkje kjæledyr heime.
□ Dyrlegar jobbar også på bondegardar.
□ Ein dyrlege er opptatt av dyrevelferd.
□ Ein fot som er øm og hoven, er frisk.
□ Ein hund som haltar, må til dyrlegen.

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Nyttige uttrykk i kapittel 11


Det er typisk norsk.
Dei koser seg på hytta. å kose seg
Nordmenn står fint i kø. å stå i kø
Dei er opptatt av … å vere opptatt av

Alle vil ta vare på miljøet. å ta vare på


Å pante flasker er typisk norsk. å pante
Det er litt rart.
Syden

langs kysten
midnattssol
mørketid

Og du, då?
Det høyrest fint ut.

Korleis har du det? – Berre bra.


Korleis går det? – Vi har det fint.
Hunden er mennesket sin beste venn.

flytande

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Lyttetekstar i arbeidsboka
Oppgåve 25
Person 1: I ferien var eg på hytta med familien. Vi har ei stor hytte på fjellet. Hytta vår er
nesten finare enn huset vårt! Om dagen gjekk vi lange skiturar i den fine naturen, og om
kvelden åt vi god mat, las spennande bøker og spelte spel med barna. Den eldste sonen vår
var heime i byen, for han vil ikkje vere med på hytta i feriane lenger. Han vil heller vere
saman med kameratar i byen.

1 Lytt til person 1 og sett kryss.


1 Kvar/kor ligg hytta hans? ◻ i byen ◻ på fjellet ◻ ved kysten
2 Korleis er hytta hans? ◻ gammal ◻ mindre enn huset ◻ finare enn huset
3 Kva gjorde dei om kvelden? ◻ gjekk på ski ◻ spelte spel ◻ spelte fotball
4 Kvar/kor var den eldste sonen? ◻ på hytta med kameratar ◻ heime ◻ på fjelltur

Oppgåve 26
Person 2: Venninna mi og eg reiste til Syden i ferien. Vi låg på stranda og sola oss kvar dag.
Eg vart skikkeleg solbrent, og eg blei heilt rosa! Typisk norsk, ikkje sant? (Ler). Om kvelden
gjekk vi på diskotek og dansa til langt på natt. Det var ein kjempekul ferie!

2 Lytt til person 2 og svar kort på spørsmåla.


1 Kvar/kor var ho i ferien? ___________________________________
2 Kven reiste ho med? ___________________________________
3 Kvifor blei ho heilt rosa? ___________________________________
4 Kva gjorde dei om kvelden? ___________________________________

Oppgåve 27
Person 3: Mannen min og eg drog ei veke på bilferie til Lofoten i Nord-Noreg. Vi hadde
fantastisk vêr, og vi besøkte mange vakre stadar på vegen. Vi hadde med oss telt og overnatta
ute i naturen kvar natt. Det var litt vanskeleg å sove, for sola skein heile natta.

3 Lytt til person 3 og sett kryss.


1 Korleis reiste dei? □ med fly □ med ferje □ med bil
2 Korleis var vêret? □ veldig dårleg □ veldig fint □ overskya, men varmt
3 Kvar/kor sov dei? □ ute i telt □ på hotell □ på hytta
4 Kvifor var det vanskeleg å sove? □ det regna om natta □ det var midnattssol
□ det var kaldt

Aunivers.no Side 1 av 2
11 Det er typisk norsk

Oppgåve 28
Person 4: I ferien var vi som vanleg på campingplassen i campingvogna vår. Mannen min
bygde ein fin uteplass ved vogna i sommar, men vi brukte ikkje den mykje, for det regna i
mange dagar. På dagar med regnvêr sat vi inne og las bøker eller såg på tv. Nokre gongar
køyrde vi ein biltur til Sverige for å handle litt. Det er mykje billegare i Sverige!

4 Lytt til person 4 og svar kort på spørsmåla.


1 Kvar/kor var dei i ferien? ___________________________________________________
2 Kva bygde mannen hennar? _________________________________________________
3 Korleis var vêret? _________________________________________________________
4 Kva gjorde dei på dagar med regnvêr? _________________________________________
5 Kvifor drog dei til Sverige? __________________________________________________

Oppgåve 29
Person 5: I ferien reiste mamma, pappa, broren min og eg til Danmark med danskebåten. Det
var eit skikkeleg stort skip med basseng og mange aktivitetar for barn. I København var vi på
tivoli, og eg køyrde mange karusellar. I ferien fekk vi lov til å ete is kvar dag! Det er det beste
eg veit!

5 Lytt til person 5 og sett kryss.


1 Kvar/kor reiste dei? □ til Sverige □ til Telemark □ til Danmark
2 Korleis reiste dei dit? □ med bil □ med båt □ med tog
3 Kva gjorde dei i København? □ var på tivoli □ reiste rundt □ var på shopping
4 Kor mange barn var med på turen? □ eitt barn □ to barn □ tre barn
5 Kva er det beste ho veit? □ å reise med båt □ å ete is □ å bade

Aunivers.no Side 2 av 2
11 Det er typisk norsk

Verb i kapittel 11
Infinitiv Presens Preteritum Presens Presens futurum
(ordbokform) (notid) (fortid) perfektum (framtid)
(tid ikkje viktig)
å pante pantar panta har panta skal pante
å anbefale anbefaler anbefalte har anbefalt skal anbefale
å søke søker søkte har søkt skal søke
å samanlikne samanliknar samanlikna har samanlikna skal samanlikne
å fiske fiskar fiska har fiska skal fiske
å jakte jaktar jakta har jakta skal jakte
å overnatte overnattar overnatta har overnatta skal overnatte
å ro ror rodde har rodd skal ro
å variere varierer varierte har variert skal variere
å passere passerer passerte har passert skal passere
å legge ut legg ut la ut har lagt ut skal legge ut
å vekse opp veks opp vaks opp har vakse opp skal vekse opp
å kose med koser med kosa med har kosa med skal kose med
å frakte fraktar frakta har fraka skal frakte
å kalla kallast kallast har kallast skal kalla

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Gradbøying av adjektiv
Positiv Komparativ Superlativ Bestemt form
den/det/dei
høg høgare høgast høgaste
kald kaldare kaldast kaldaste
varm varmare varmast varmaste
snill snillare snillast snillaste
flott flottare flottast flottaste
fin finare finast finaste
glad gladare gladast gladaste
bratt brattare brattast brattaste
djup djupare djupast djupaste
koseleg koselegare koselegast koselegaste
tidleg tidlegare tidlegast tidlegaste
vakker vakrare vakrast vakraste
populær meir populær mest populær mest populære
moderne meir moderne mest moderne mest moderne
god betre best beste
bra betre best beste
lang lengre lengst lengste
mange fleire flest fleste
stor større størst største

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Som-setningar 3
Eksempel:
Vi har nokre hyggelege venner. Vi har nokre venner som er hyggelege.
1 Ho har ein snill venn.
Ho har ein venn _________________________________________________________
2 Han har ein dyr telefon.
Han har ein telefon _______________________________________________________
3 Eg las ei spennande bok.
Eg las ei bok ____________________________________________________________
4 Du har ein interessant jobb.
Du har ein jobb _________________________________________________________
5 Vi har ein streng lærar.
Vi har ein lærar _________________________________________________________
6 Dykk har ein søt katt.
Dykk har ein katt ________________________________________________________
7 Eg har ei venninne. Ho har ein jobb.
Eg har ei venninne _______________________________________________________
8 Ho har ein jobb. Ho liker jobben.
Ho har ein jobb _________________________________________________________
9 Vi har ei hytte. Vi liker den.
Vi har ei hytte __________________________________________________________
10 Han har bestilt rom på eit hotell. Hotellet ligg i sentrum.
Han har bestilt rom på eit hotell ____________________________________________
11 Eg har ein venn. Han jobbar mykje.
Eg har ein venn ____________________________________________________
12 Eg hadde ein ferie. Den var fantastisk.
Eg hadde ein ferie __________________________________________________

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Kva for eit adjektiv kan passe?

Aunivers.no Side 1 av 1
11 Det er typisk norsk

Sjekkliste etter kapittel 11


Eg kan Eg må
øve meir
Eg kan snakke om det som er typisk norsk.

Eg kan fortelje om norsk geografi.

Eg kan fortelje om geografi i heimlandet mitt.

Eg kan lage som-setningar.


Eg kan gradbøye adjektiv.

Eg kan namn på landskap.

Eg kan lese enkle fagtekstar om Noreg og nordmenn.

Eg kan skrive om natur og landskap.

Eg kan mange samansette ord.

Eg kan uttale setningar med riktig trykk.

Aunivers.no Side 1 av 1

You might also like