You are on page 1of 4

29.09.

21, 15:39 12 kule ord du berre finn på nynorsk 

Nynorsk har ein rekke fordelar når det gjeld variert ordforråd. Foto: Elise Løvereide

NYNORSK (HTTPS://FRAMTIDA.NO/TAG/NYNORSK)

12 kule ord du berre finn på nynorsk 


Desse orda er unike for nynorsk-brukarar.

Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av


(https://framtida.no/author/elisekom)
nettstaden vår, analysera
ELISE LØVEREIDE bruksmønster og levera relevante annonser. I den
(HTTPS://FRAMTIDA.NO/AUTHOR/ELISEKOM)
oppdaterte personvernerklæringa
måndag 19. februar 2018 19.10 vår kan du lesa meir om kva for informasjon me
Sjølv om eg saknar enkelte ordinn
samlar frå og
bokmålet
korleis (https://framtida.no/2018/02/10/desse-
denne blir brukt.
orda-kunne-eg-onske-eksisterte-pa-nynorsk),
Les så har nynorsk likevel
meir! (https://framtida.no/informasjon-om-personvern) visse
Ok,unike ord
eg forstår
som er gøy å kunne bruke. Desse orda finn du ikkje på bokmål:
https://framtida.no/2018/02/14/12-kule-ord-du-berre-finn-pa-nynorsk 1/4
29.09.21, 15:39 12 kule ord du berre finn på nynorsk 

1. Framifrå

Første gong eg høyrte dette, var frå redaktøren min som sa at artikkelen eg hadde
skrive var framifrå. Det var litt flaut å vedgå at eg ikkje heilt visste kva han meinte.

2. Løyndom og røyndom

Eg vedgår også at eg meir enn ein gong har blanda røyndom og løyndom, men begge
orda er ganske kule.

3. Korkje

Dette ordet er berre så rart og kult på ein gong. Korkje betyr «verken» på nynorsk,
og sjølv om verken er lov, er det fint å kunne velje.

4. Vonar/vonbroten

Eg bruker sjølv aldri vonar eller vonbroten, sidan det er så langt frå mi eiga dialekt.
Men det er bra at dei som synest orda er naturlege for dei, har høve til å bruke det.

5. Grublisere

Grublisere er eit ord eg nettopp oppdaga, og eg måtte dobbeltsjekke ordet i ordboka


for å tru at det var sant. Grublisere! Tenk så snålt.

Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av


nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den
oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me
samlar inn og korleis denne blir brukt.
Les meir! (https://framtida.no/informasjon-om-personvern) Ok, eg forstår

https://framtida.no/2018/02/14/12-kule-ord-du-berre-finn-pa-nynorsk 2/4
29.09.21, 15:39 12 kule ord du berre finn på nynorsk 

Visse ord er heilt unike for nynorsk. Foto: Elise Løvereide

6. Bustyvel

For meg høyrest dette ordet meir ut som eit støvel, men det er altså eit namn på eit
piggsvin. Eg har aldri høyrt nokon seie bustyvel, men det dukkar likevel ofte opp i
nynorsk-quizar.

7. Semje

Dette ordet er så fint. Det same gjeld samd og usamd. Det er dessutan lov til å seie
einig, og det er bra å kunne variere språket.

8. Naudsynt

Både nødvendig og nødvendigvis er lov, men du kan ikkje seie naudsynt på bokmål.
Og sidan vi er vane med å byte ut ø med au på nynorsk, er naudsynt heilt prima.

9. Stundom

Det tok litt tid før eg forstod kva stundom tydde – det betyr altså «av og til.» Ingen
ord på bokmål kan slå det!

10. Høve

I staden for «anledning» eller «mulighet» kan du spørre om ein person har høve til å
gjere noko. Dette ordet bruker eg heile tida. Høve kan både bety at nokon har lyst og
tid til å stille opp på noko, eller det kan vise til ei spesifikk hending. Til dømes «ved
eitt høve var dei 10 kvinner til stades.»

11. Til dømes

Du kan seie «for eksempel» også, men «til dømes» høyrest liksom meir nynorsk ut,
spør du meg. På bokmål har du ingen andre alternativ.

12. Mellombels
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av
nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den
Mellombels
oppdaterte kan ein faktisk seie på begge
personvernerklæringa vår kanmålformer, menom
du lesa meir eg kva
har for
ikkje høyrt nokon
informasjon me
bruke det på bokmål. Mellombels
samlar inn er
ogeit fint ord
korleis somblir
denne betyr «midlertidig» eller
brukt.
«foreløpig». Eitt døme er «han er i ei mellombels stilling.»
Les meir! (https://framtida.no/informasjon-om-personvern) Ok, eg forstår

Med andre ord det finst mange flotte ord på nynorsk Bruk dei!
https://framtida.no/2018/02/14/12-kule-ord-du-berre-finn-pa-nynorsk 3/4
29.09.21, 15:39 12 kule ord du berre finn på nynorsk 
Med andre ord – det finst mange flotte ord på nynorsk. Bruk dei!

Oppdatert: onsdag 26. desember 2018 21.03

Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av


nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den
oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me
samlar inn og korleis denne blir brukt.
Les meir! (https://framtida.no/informasjon-om-personvern) Ok, eg forstår

https://framtida.no/2018/02/14/12-kule-ord-du-berre-finn-pa-nynorsk 4/4

You might also like