You are on page 1of 14

Heildagsprøve VG3 13.02.

23

Norsk sidemål
Faglærarar: Hege Faust, Maria Essholt Selvik, Christoffer Augustin Kilde, Signy Reindal Alvsåker,
Thomas Klevmark, Anette Volla Nilsen, Ingrid Krogh Nøstdal, Oda Vige Helle, Daniel Per Soelseth og
Bodil Bang Øimoen

Lillestrøm Videregående skole


Norsk sidemål

1
Informasjon om heildagsprøva

PRØVETID: Kl. 08.30 - 13.30 (14.30 viss rett til utvida tid)
HJELPEMIDDEL Med hjelpemiddel meiner ein kjelder, ordbøker og andre verktøy.
OG FØRING AV Du kan bruke alle hjelpemiddel, med unntak av å kommunisere
KJELDER: med andre. Internett er avgrensa til nokre tillatne nettsider.

Kjelder fører ein slik at faglærar kan finne fram til dei, og ein skal
alltid ha med dette:
• namn på forfattarar, tittel på bøker og eventuelt annan
litteratur
• nettadresse og nedlastingsdato viss du hentar informasjon
frå internett
Svaret ditt blir kontrollert for plagiat. Viss du ikkje har skrive opp
kjeldene du har brukt, kan dette påverke vurderinga.

VEDLEGG: Dahl, Johan Christian. Gård i Ytre Sogn, 1838. Henta frå: Gård i
Ytre kroken, Sogn [Maleri] - Lillehammer Kunstmuseum /
DigitaltMuseum
Hamsun, Knut. Markens grøde, 1917. Henta frå Samlede verker,
Gyldendal, 2009. Utdrag.
Jacobsen, Rolf. «Undergrunnsbanene». Hemmelig liv, 1954.
Klaveness, Lise. «Tale på FIFA- kongressen 20.februar 2022».
Omsett til nynorsk av Utdanningsforbundet.
Shakar, Zeshan. De kaller meg ulven, 2022. Utdrag.
Vollan, Trine. «Vi brukte over et år på dugnader for å få råd til cup.
Få av spillerne kunne betale selv, 09.05.22. Debattinnlegg i
Aftenposten. Vi brukte over et år på dugnader for å få råd til cup. Få
av spillerne kunne betale selv. (aftenposten.no)

ANDRE Oppgåva leverer du i eitt dokument i innleveringsmappe på Teams.


OPPLYSNINGAR Bruk skrifttype Times New Roman, lineavstand 1,5 og skriftstorleik
12.

2
Forklaring av verb
I eksamensoppgåvene blir det brukt verb som seier kva du skal gjere. Under ser du eksempel
på slike verb og forklaringar av verba.
Gjere greie for
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei
problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Drøfte
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekkje fram ulike sider av saka, og argumentere både for og
imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon.
Reflektere over
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine
handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar
eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre
innsikt og forståing.
Vurdere
Å vurdere er å sjå nøye gjennom ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg
omfatte å bedømme kvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i
ei avgjerd, ei verdsetjing eller ein konklusjon.
Analysere
Å analysere er å undersøke ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep for å få avdekka ein bodskap
eller ei meining. Å analysere kan bety grundig og systematisk behandling av enkeltelement og
samanhengen mellom dei. Analysen kan også gjelde ein arbeidsprosess.
Tolke
Å tolke er å bygge opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein
praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga bygger ofte på ein analyse av
enkeltelement og samanhengen mellom dei.
Samanlikne
Å samanlikne er å undersøke likskapar og forskjellar mellom to eller fleire forhold.

3
Du skal svare på to oppgåver, ei kort og ei lengre.

DEL 1. Kortsvar (obligatorisk)


Vedlegg:
• «Undergrunnsbanene» av Rolf Jacobsen, Hemmelige liv, 1954

Gjer greie for tema i diktet, og peik på nokre verkemiddel som er brukt for å fremje
tematikken.

Tilrådd tekstlengde er 200-300 ord.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:


Tekstforståing
− i kva for grad det blir gjort greie for tema og nokre verkemiddel
− bruken av relevante eksempel
Språkføring
− i kva for grad det er brukt relevant fagspråk
− formuleringar og variasjon i ordforråd
− føremålstenleg og variert setningsstruktur
− føremålstenleg avsnittsstruktur
Formelle ferdigheiter
− rettskriving og teiknsetting

4
Vedlegg til kortsvaret og til oppgåve 2a:
Undergrunnsbanene, Rolf Jacobsen

Undergrunnsbanene, fremskrittets meitemarker


gjennomhuller sementjorden som en ost,
dypt under parkrabattene og pissoarene
krøller de sig sammen og strekker seg ut igjen.

Under kasernenes rykende hav og kirkegårdsgravene.


Majolika, porselen og nikkelsoler i helvete.
Jeg la en prestekrave på skinnene en gang
der menneskelastene jaget frem og tilbake
med ansiktet vendt begge veier som Janus,
men fremtiden kunde de ikke tyde.

Byenes sprellende regnormer under asfalten,


som får husene til å vokse seg enda høyere
og menneskegresset tettere
og tårnene hvitere av mineralitt så de kan sees fra havet.
Men de kan ikke fiske med dem.
Kanskje titanene kan det, om 100 år
fisker de opp Atlantis.

Frå Hemmelige liv (1954) av Rolf Jacobsen (språkleg modernisert for denne oppgåva).

Ordforklaringar
Parkrabatt – blomsterbed i ein park
Kaserne: Hus i militæranlegg
Majolika: fargerik og sterkt dekorert italiensk keramikk
Nikkel: Eit grunnstoff (sølvglinsande)
Janus: Ein figur frå romersk mytologi som var guden for portane, dørene og alle byrjingar og sluttar.
Mest kjend i moderne kultur for å ha gjeve namn til månaden januar, byrjinga på det nye året. Janus er
som regel avbilda med to ansikt som er vendt i kvar si retning på same hovud. Ei tolking er at det eine
ser framover i tid og det andre ser bakover mot fortida.
Regnormer: Meitemark
Mineralitt: Pussetype på utvendige bygg, særleg i betong, brukt i Noreg frå 1925.
Titaner: Er i gresk mytologi urvesen som er søner og døtrer av Himmelen og Jorda. Var kjende for å
vere store og sterke.
Atlantis: Er i gresk mytologi ei segn om ein by som har sokke i havet. Kjent for å vere ‘den forsvunne
by’

5
DEL 2: Langsvar
Vel ei av dei tre oppgåvene under. Svaret bør vere på ca. 800-1200 ord.

Oppgåve 2a
Vedlegg:

- Gård i Ytre Sogn. Måleri av J.C. Dahl, 1838


- Utdrag frå Markens grøde av Knut Hamsun, 1917
- «Undergrunnsbanene». Dikt av Rolf Jacobsen. Henta frå samlinga Hemmelige liv,
1954.

Skriv ein fagartikkel der du analyserer og samanliknar korleis forholdet mellom menneske og
natur blir framstilt i dei tre vedlegga. Bruk konkrete eksempel frå tekstane. Reflekter til slutt
kort over kva for verdiar som kjem til uttrykk.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgende område:


Svar på oppgåva
− i kva for grad tekstvedlegga blir analysert, samanlikna og vurdert, med vekt på korleis
menneske og natur blir framstilt
− bruk av eksempel frå vedlegga
Språkføring
− i kva for grad det er brukt relevant fagspråk
− formuleringar og variasjon i ordforrådet
Struktur
− føremålstenleg og variert setningsstruktur
− føremålstenleg avsnittsstruktur
− samanbindinga mellom setningar og avsnitt
Formelle ferdigheiter
− rettskriving og teiknsetting
Kjeldebruk og kjeldeføring
− i kva for grad kjelder blir brukte på ein kritisk, sjølvstendig og etterprøvbar måte

6
Oppgåve 2b
Vedlegg:
- Utdrag frå De kaller meg ulven av Zeshan Shakar, 2022.
- «Vi brukte over et år på dugnader for å få råd til cup. Få av spillerne kunne betale
selv» - debattinnlegg av Trine Vollan i Aftenposten, 09.05.22

Vi lever i ei tid der fattigdomen i Noreg aukar og forskjellen mellom folk stadig blir større.
Skriv eit essay der du utforskar og reflekterer over denne påstanden og innhaldet i dei to
vedlagde tekstane. Du kan også trekkje inn andre tekstar du kjenner til.
Lag overskrift sjølv.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:


Svar på oppgåva
- i kva grad påstanden og innhaldet i tekstvedlegga blir utforska og reflektert over
- bruken av eksempel frå vedlegga
Språkføring
- formuleringar og ordforråd
- kreativitet i val av verkemiddel i utforminga av teksten
Struktur
- føremålstenleg og variert setningsstruktur
- føremålstenleg avsnittsstruktur
- samanbinding mellom setningar og avsnitt
Formelle ferdigheiter
- rettskriving og tegnsetjing
Kildebruk og kildeføring
- markering av eventuelle sitat

7
Oppgåve 2c
Vedlegg:
- Lise Klaveness si tale på FIFA-kongressen, 20.02.2022.

Gjer kort greie for kva du meiner er føremålet med teksten og analyser han. Bruk omgrep frå
retorikken.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:


Svar på oppgåva
- i kva grad føremålet er tydeleg formulert
- i kva grad teksten blir analysert retorisk
- bruken av relevante eksempel
- i kva grad refleksjonen er relevant og grunngjeven.
Språkføring
- i kva grad det er brukt relevant fagspråk
- formuleringar og variasjon i ordforråd
Struktur
- føremålstenleg og variert setningsstruktur
- førermålstenleg avsnittsstruktur
- samanbinding mellom setningar og avsnitt
Formelle ferdigheter
- rettskriving og teiknsetting
Kjeldebruk og kjeldeføring
- i kva grad kjelder blir brukt på ein kritisk, sjølvstendig og etterprøvbar måte

8
Vedlegg til oppgåve 2a:

Gård i Ytre Sogn. Måleri av J.C. Dahl, 1838

Vedlegg til oppgåve 2a:


Markens grøde (utdrag), Knut Hamsun.
Dagene opptokes av jordarbeide og mere jordarbeide, han rensket nye småteiger av marken
for røtter og sten, pløyet opp, gjødslet, harvet, hakket, smuldret klumper med hendene, med
hælene, var alle vegne jorddyrkeren og gjorde åkrene til fløyelstepper. Han biet et par dager
til, det så ut til regn og han sådde kornet.
I flere hundre år hadde vel hans forfedre sådd korn, det var en handling i andakt en stille og
mild kveld uten vind, helst mot et miskunnelig og ørlite duskregn, helst så snart som mulig
etter grågåstrekket. Poteten det var en ny frukt, det var intet mystisk ved den, intet religiøst,
kvinnfolk og barn kunne være med og få den satt, disse jordeplene som kom fra fremmed land
likesom kaffen, stor og herlig mat, men i slekt med nepen. Korn det var brødet, korn eller ikke
korn, det var liv eller død. Isak gikk barhodet og i Jesu navn og sådde, han var som en kubbe
med hender på, men innvendig var han som et barn. Han hadde omhu for hvert av sine kast,
han var vennlig og resignert. Se, nå spirer nok disse kornøynene og blir til aks og mere korn,

9
og slik er det over hele jorden når korn såes. I Jødeland, i Amerika, i Gudbrandsdalen – å hvor
verden den er vid, og den ørlille ruten Isak gikk og sådde på den var i midten av alt. Det
strålte vifter av korn ut fra hans hånd, himmelen var overskyet og god, det tegnet til et
uendelig lite duskregn.

Ordforklaringar:

biet: venta

handle i andakt: høytideleg handling

grågåstrekket: trekkfuglar som kjem tilbake på våren

miskunnelig: audmjuk, mildt

resignert: aksepterer forholda som dei er (eldre uttrykksmåte)

Markens grøde av Knut Hamsun (roman-utdrag), 1917. Språkleg modernisert.

Vedlegg til oppgåve 2b:


De kaller meg ulven (utdrag), Zeshan Shakar
Jeg husker sånt. At mora mi sa at vi kanskje skulle reise til Finnmark. At det hadde vært fint
for oss. Men at hun ikke visste om det gikk. Det kosta mye penger. Jeg ville heller til Syden
eller USA.
Jeg husker at hun var i telefonen med kontorene igjen, kom inn på stua og kjefta: «Nå får jeg
ikke bostøtte lenger. Jeg må søke på nytt. Forstå det den som kan.»
Jeg dro boka lenger opp foran ansiktet. Hun fortsatte likevel. «Hva er det som skal
forandre seg? Skal jeg plutselig bli millionær? Hvorfor kan det ikke bare gå automatisk,
spurte jeg dem. Nei, det kunne dem ikke svare på, det. Var sånn det hadde blitt bestemt.»
Hun helte vann i kaffetrakteren. Jeg leste samme setning tre ganger.
«Da faren din flytta ut, så måtte jeg registrere det, ikke sant? Så hvorfor kan ikke
Folkeregisteret gi beskjed til Trygdekontoret om at jeg har blitt enslig, sånn at jeg kan få
tillegg i trygda? Men nei da, jeg måtte gå til Folkeregistret og få et dokument fra dem, og det
måtte jeg levere til Trygdekontoret her. Samma offentlige kontorer. Men jeg må løpe fram og
tilbake. Sånt har jeg ikke helse til.»
Jeg kunne høre det dryppe ned i kolben. Dråpe etter dråpe, ujevnt, ti dråper i rask
rekkefølge, så flere sekunder til neste, aleine.

10
«Velferdsstat, ja, si det til dem som er aleine på trygd med unger.» Hun slurpa av
koppen. «Aleine er du ingen, vettu. Om det skorter på noe, så kan du gå til sosialkontoret,
presterte hu dama å si. Hæ?»
Jeg smelte sammen boka. Høyere enn jeg egentlig ville. Vi rykka til, begge to. Da jeg
reiste hjem, var kroppen tung, som om jeg blei trykka tilbake ned i putene. Jeg tok boka under
armen og gikk inn på rommet mitt.

Vedlegg til oppgåve 2b:


«Vi brukte over et år på dugnader for å få råd til cup. Få av spillerne
kunne betale selv» av Trine Vollan.

Ulike økonomiske forutsetninger skaper store skiller i barne- og ungdomsfotballen.


Jeg har vært lagleder for to årganger gutter i en fotballklubb på østkanten av Oslo. Én av
sønnene mine byttet etter hvert til en vestkantklubb for å spille fotball på høyere nivå. Derfor
føler jeg meg berettiget til å mene noe om forskjellene mellom rike og fattige klubber, mellom
rike og fattige foreldre, mellom øst og vest.
For det handler ikke bare om at fotballen er blitt for dyr. Det handler også om at ulike
økonomiske forutsetninger skaper store skiller i barne- og ungdomsfotballen.
Som lagleder på østkanten brukte jeg og noen få andre ildsjeler over et år på dugnader og
arrangementer for å spare opp nok penger til å delta på en fotballcup i Tønsberg, uten
egenandel. Noe annet hadde ikke vært mulig. Få av spillerne hadde råd til å betale selv.
Og vi greide det. Vi reiste med 30 spillere til cup med to overnattinger og matservering i en
idrettshall. Det var en stor opplevelse for alle. Mange hadde ikke vært andre steder i Norge.

Dunjakker, sjåfører og heiagjeng


Da yngstemann byttet til en større og sterkere klubb, var forskjellen mer enn merkbar.
Treningsavgiften er i en helt annen divisjon. De hadde fulltidsansatte trenere, og det var krav
om å stille i fullt klubbtøy på trening fra første dag.
Så skulle guttene på cup i Danmark. «Vi har lyst til å bo på hotell denne gangen, vennligst
vipps 3400 kroner innen fredag.»
Ingen dugnad, ikke sokke- eller kakesalg, bare hard valuta. Alt fungerer knirkefritt, det er
orden i rekkene og proft i alle ledd. Spillerne blir dermed gode, og laget hevder seg.

11
Og før overgangen: Vi så det allerede da ungene var 12–13 år gamle. De økonomisk
velstående klubbene kom til kamp, mors- og farssterke, med trenerteam i lange dunjakker,
sjåfører og heiagjeng. Guttene var godt forberedt, med like bager og i like overtrekksdrakter.
Vi tok trikk, buss og T-bane på kryss og tvers av hele fotballkretsen. Biler, sjåfører og
støtteapparat var mangelvare.
Vi slet også med å få spillerne til å skaffe seg riktig kampantrekk, shorts og strømper i riktige
farger. Mange kom i klær og sko de hadde arvet. De hadde ikke råd til å kjøpe nytt. Det er
klart sånt skaper klasseskiller.
Det gjør noe med ungdommene å stå med fargerike strømper og skrinne tribuner og se de
velstående klubbene toge inn. Noen klubber har ressurser i alle ledd, mens andre er prisgitt
noen idealistiske lagledere og energiske, selvoppofrende trenere. De må ringe og vekke
spillerne og minne om trening, at det snart er kamp, trikken går om ti minutter!

Hva er løsningen?
På sikt trengs det selvfølgelig mer involvering, mer engasjement blant foreldrene, i alle lag.
Bedre økonomi er det derimot vanskelig å bestille. Og for dem som står midt i det, her og nå,
gjelder det å få det til å fungere fra dag til dag.
Da trengs det mer ressurser. Både økonomiske og menneskelige.
Mer penger til å kjøpe sokker, sportstape, bussbilletter, penger til å arrangere noe sosialt i ny
og ne, til å kunne reise på cup.
Det trengs penger til å betale de unge, idealistiske trenerne (ikke alle klubber har foreldre å ta
av her heller). Og det trengs mer folk. Der det ikke finnes et naturlig støtteapparat, trengs det
hjelp til å skape et. Gjerne i form av kommunale ungdomsarbeidere og gjerne et samarbeid
med nærskolenes miljøarbeidere.
For et fotballag er en sosial arena med sine utfordringer. Skole og fritid henger sammen. Det
er mange unge som TRENGER fotballen.
I klubber med dårlig foreldreøkonomi er det rett og slett behov for hjelp og flere ressurser. Vi
må demme opp mot de store forskjellene som råder i byen vår, og unngå at enkelte lag blir
haltende etter. For som det er nå, er det mange lag som ikke har sjans til å hevde seg i
konkurransen mot lagene med solid økonomi, foreldreøkonomi og -engasjement.
Vi får A- og B-lag i det som egentlig er blant de minst ressurskrevende idrettene som
finnes.

Debattinnlegg av Trine Vollan, fotballmamma. Aftenposten 09.05.22.

12
Vedlegg til oppgåve 2c:
Lise Klaveness si tale på FIFA-kongressen
Lise Klaveness er president i Norges fotballforbund, og FIFA er ei samanslutning av
fotballforbund frå heile verda med ansvar for m.a. verdsmeisterskap. I november og desember
2022 blei fotball-VM arrangert i Qatar, eit land som har fått mykje kritikk for brot på
menneskerettane. Tala ble halde før VM, på FIFA-kongressen 20. februar 2022.

Kjære president, kjære kongress, mine damer og herrar


Då eg var ei ung jente, tok eg fotballen min med meg overalt, også til sengs kvar kveld.
Ballen lukta så vondt at til og med katten min hoppa ned frå puta. Ein oransje-farga fotball til
å bruke på snødekte grusbaner. Ein 13-åring som drøymer om å meistre ballen, som slepp
unna frykta for å ikkje passe inn.
Etter kvart fekk eg representere landet mitt ved å gjere det eg elska høgast, også på den største
scena for alle draumar, FIFA sin verdsmeisterskap i fotball.
Seinare, som advokat og dommar, var fotball ofte det einaste temaet eg kunne snakke med ein
klient eller ein sikta om, når dei stod overfor alvorlege tiltalar. I desperate stunder kan fotball
vere det einaste fellesspråket.
Spelet vårt kan inspirere til draumar og bryte ned stengsel. Men som leiarar må vi gjere dei
rette vala og ha dei høgaste standardane.
I fjor vurderte Noreg å boikotte fotball-VM i 2022. I staden meinte medlemmene våre at FIFA
sin «Congress for dialogue and pressure» var den beste kanalen for å få gjennomført
nødvendige endringar.
Medlemmene våre krev endring, dei stiller spørsmål kring etikken i idretten og
insisterer på openheit. Dei organiserer seg for å bli høyrde. Vi må lytte! Vi kan ikkje
overhøyre krava om endring. Korleis FIFA styrer spelet, har så mykje å seie for korleis
fotballen blir oppfatta i alle land og alle forbund.
FIFA må vere ein rollemodell!
Eg står her no som den første kvinnelege fotballpresidenten i Noreg, audmjuk for å få snakke
til dykk. Eg tek ikkje lenger med meg ballen overalt, men draumane mine handlar framleis om
fotball. Ein fotball der gutar og jenter, alle fargar, streite og skeive, alle, blir behandla med
same respekt og anerkjenning.
I 2010 tildelte FIFA verdsmeisterskapen med uakseptable kriterium, med uakseptable
konsekvensar. Menneskerettar, likskap og demokrati, hovudinteressene i fotball, var ikkje i
start-11-aren før mange år seinare. Desse grunnleggjande rettane blei etter kvart bytte inn som
innbytarar, hovudsakleg på grunn av stemmer utanfrå. FIFA har seinare teke tak i desse
problema, men det er framleis langt igjen å gå.

13
Arbeidsinnvandrarane som blei skadde og familiane til dei som døydde i oppkøyringa til VM,
bør takast godt vare på. FIFA, vi alle saman, må no setje i verk nødvendige tiltak for å innføre
varige endringar.
FIFA har anerkjent sitt ansvar i samband med FN sine «Guiding Principles for Human
Rights» og krev no at dei som skal arrangere VM i fotball i framtida, ikkje bryt
menneskerettane. Det er avgjerande at leiinga i FIFA heilhjarta held fram på denne måten, og
verkeleg flyttar seg frå politikk til handling.
Det er ikkje rom for arbeidsgivarar som ikkje sikrar VM-arbeidarane sin fridom og
tryggleik.
Ikkje rom for leiarar som ikkje kan vere vertskap for kvinner som speler fotball.
Ikkje rom for vertar som ikkje har lover som garanterer tryggleik og respekt for
LHBTQ+- personar når dei kjem til fotballen sitt «theatre of dreams».
Eg lovar at det norske fotballforbundet, og eg personleg, vil støtte eitkvart initiativ som tek
vare på hovudinteressa til fotball, menneskerettar og fremjar mangfald og antidiskriminering.
Vennene våre i dei andre nordiske fotballforbunda støttar også dette kravet.
Vi har ein brutal krig i Europa no. Som i krigar på alle kontinent blir uskyldige menneske
drepne i meiningslause kampar om makt. Ein tidlegare verdscupvert har invadert landet til ein
av medlemmene våre. I første omgang nølte FIFA. Internasjonalt press tvinga fram reell
handling. I staden for å følgje andre, må FIFA sjølv ta leiinga.
Eg fryktar at stadiona våre vil stå tomme i framtida dersom vi overser kor mykje det hastar
akkurat no. Tida for å handle er no. FIFA, vi alle, må gjere det vi har i oppgåve å gjere – å
leie. Å la berekraftige fotballverdiar styre alle avgjerder. Innføre openheit på alvor.
Nulltoleranse for korrupsjon. Få fotball for kvinner til å vekse raskare.
FIFA må gå føre og leie.
Kjære president, kjære kongress – eg er ny her, jenta med den oransje ballen har komme langt
heimanfrå. Eg får ofte spørsmål om korleis det er å jobbe i ei mannsdominert verd. Eg svarar
alltid: Det gjer eg ikkje. Eg jobbar ikkje i ei mannsdominert verd. For fotballen er til for alle
jenter og gutar i verda.
Så eg har den same haldninga som dykk; fotball er på alle måtar det vakre og globale
spelet. La oss stå saman og leve opp til løftet og draumane vi gir til alle som tek det
første sparket på ballen.
Takk!

(Calls out for change at the FIFA Congress – Norges Fotballforbund. Omsett til nynorsk av
Utdanningsdirektoratet. Foto: No ‘Beautiful Game’ Without Rights in Qatar | Human Rights Watch,
hrw.org, 21.09.2022).

14

You might also like