You are on page 1of 81

Frå urnordisk til norrønt språk

av Odd Einar Haugen

Arbeidsmanuskript
30. desember 2012
Nokre innleiande ord

Dette kapittelet skulle eigentleg ha vore med i den reviderte utgåva av Handbok i norrøn
filologi (2013). I denne utgåva ønskte vi å ha med eit nytt kapittel om den språklege
utviklinga frå urnordisk til norrønt, til støtte for kap. 3 om runer, og til utfylling for dei
andre språklege kapitla (no kap. 11 , 12 og 13) . Kjartan Ottosson tok på seg å skrive eit
slikt bidrag, men han rakk ikkje å fullføre det innan han fall frå så altfor tidleg sommaren
2010. Underteikna tok derfor på seg denne oppgåva, nokså nølande.
Resultatet ligg føre her. Men då kapittelet vart ferdig, var det klart at det var for langt
for handboka. Meir enn 800 sider bør ikkje ei bok ha, og dette kapittelet ville ha lagt
rundt 100 sider til handboka. I eigenskap av redaktør valde eg å ta ut kapittelet og heller
leggje det fram på nettstaden til boka, www.nofihandbok.no. Det hadde også sitt å seie
at kapittelet kan hende ikkje var heilt ferdig; det er eit stort og komplekst felt det skal
dekkje.
Under arbeidet med kapittelet hadde eg hjelp og støtte frå mange kantar. Her i
Bergen fekk eg mange gode råd frå Oddvar Nes, Eldar Heide, Helge Dyvik og Helge
Sandøy; utanfor Bergen frå Hans Frede Nielsen (Odense); Arne Torp, James Knirk og
Harald Bjorvand (alle Oslo) og Michael Barnes (London). Trass i all den hjelpa og kri-
tikken eg har fått, er det nok mykje som både skulle og kunne ha vore gjort annleis. Eg
er derfor glad for all kritikk og gode råd som kan gjere kapittelet betre, meir dekkjande
og meir lesverdig.

Odd Einar Haugen

Illustrasjonane på omslaget
Spenne frå Bratsberg i Telemark (ca. 500 e.Kr.). På baksida av spenna står det ei inn-
skrift på urnordisk, ᛖᚲᛖ ᚱᛁᛚᚨ ᛣ e k e r i l a ʀ ‘Eg erilen’. Sjå omtale i Karin Fjellhammer
Seim (2013: 142–144). © Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo.
Oppslag frå Gammalnorsk homiliebok (AM 619 4 °, bl. 40v –41r). Dette er den eldste,
tilnærma fullstendige norske boka, skriven i Bergen ikkje lenge etter 1200. Sjå omtale i
Vår eldste bok, utg. Odd Einar Haugen og Åslaug Ommundsen (2010). © Den Arna-
magnæanske Samling, Nordisk Forskningsinstitut, Københavns Universitet.

Versjon 1.0 (30. desember 2012). Dette er eit arbeidsmanuskript og er ikkje tenkt til sitering.
Frå urnordisk til norrønt språk

Dette kapittelet gjev eit innleiande oversyn over den indoeuropeiske språkfamilien og
plasseringa av den germanske og den nordiske greina innanfor denne familien, der fokuset
ligg på den perioden då det eldste nordiske fellesspråket skilde seg ut frå dei germanske
grannespråka. Denne perioden kjem vi til å omtale som urnordisk, og vi set den bakre grensa
til det andre hundreåret e.Kr. På grunnlag av eit korpus på 25 runeinnskrifter frå perioden
ca. 150–650 e.Kr. gjev kapittelet ei skisse til lydverket og delar av formverket for urnordisk,
og det viser til slutt korleis ein gjennom ei samling av lydreglar kan føre dei urnordiske
formene fram til det klassiske norrøne språksteget på 1200-talet.

Det språklege mangfaldet – før og no


Vi reknar med at det er nesten 7000 språk i verda i dag. Dei spenner frå språk som er i
ferd med å døy ut og berre har ein handfull brukarar, til dei verkeleg store språka målte i
talet på språkbrukarar, slike som kinesisk, spansk og engelsk. Den skandinaviske språk-
gruppa, som omfattar norsk, svensk og dansk, er ei lita gruppe jamført med dei store
språka i verda, men med rundt 18,5 millionar brukarar dannar denne gruppa trass alt eit
mellomstort språk, om vi held oss til dagens Europa.
No er det likevel ikkje vanleg å rekne skandinavisk som eitt språk, sjølv om skil-
nadene mellom norsk, svensk og dansk er mindre enn dei ein finn innanfor mange andre
språk. Hadde Kalmar-unionen frå 1397 vist seg å vere liv lage, ville vi kanskje ha rekna
skandinavisk som eitt språk i dag. I staden har vi fått tre nærslekta skriftspråk, kvart med
sine normgjevande institusjonar: svensk, dansk og norsk. Norsk har vi attpåtil i to
variantar, bokmål og nynorsk. For tusen år sidan, då vikingtida gjekk mot slutten, kunne
vi verkeleg tale om eit felles språk i Norden, og til det høyrde også norn (på Shetland og
Orknøyane), færøysk og islandsk, som fram til slutten av vikingtida på 1000 -talet må
reknast som dialektar av vestnorsk. Det er dette felles språket i Norden som er emnet
for vårt kapittel; her skal vi følgje hovudtrekk i utviklinga frå dei eldste tider fram til
klassisk norrønt.

Dei indoeuropeiske språka


Vi kan berre gisse på kva tid språk først vart utvikla blant menneska, og sjølv om det kan
synast sannsynleg at alle språk går tilbake til eitt urspråk, er det mogleg at språk har
utvikla seg uavhengig av kvarandre fleire stader i verda. Men om opphavet til språket er
tapt i det historiske mørkret, er det mogleg å dele språka inn i familiar. Oppslagsverket
Ethnologue, som fører ei løpande liste over alle språk i verda, reknar med 116 hovud-
familiar (“top-level genetic groups”), dvs. familiar som ein ikkje utan vidare kan føre
tilbake til eit felles opphav. Den største av alle familiane målt i talarar, er den indo-

Versjon 1.0 (30. desember 2012). Dette er eit arbeidsmanuskript og er ikkje tenkt til sitering.
–4–

europeiske familien. I dag er det 2,7 milliardar menneske som taler eit indoeuropeisk
språk, eller nesten 40 % av alle folk i verda.
Det er vanleg å rekne med 11 hovudgreiner av den indoeuropeiske familien, som vist i
tab. 1 (slik t.d. i Hock og Joseph 2009: kap. 2). Somme oppstillingar slår saman slavisk
og baltisk til éi grein, balto-slavisk, slik at talet på hovudgreiner blir 10. Det er dessutan
fleire utdøydde språk som har eit uavklart forhold til den indoeuropeiske familien, og ein
ser derfor oppstillingar med heilt opp mot 20 greiner (t.d. Baldi 1999: 22).

Språkfamilie Hovudspråk i dag


Indo-iransk hindi, urdu, bengali, persisk, pashto
Tokarisk (✝) utdøydd, tokarisk A og B vart talte i Sentral-Asia i det noverande
Kina og har trekk til felles med italisk og keltisk
Armensk armensk
Anatolisk (✝) utdøydd, omfattar fleire språk, m.a. hettittisk, som gjekk tapt med
hettittarriket ca. 1200 f.Kr., kjent i innskrifter frå ca. 1600 f.Kr.
Hellensk gresk
Slavisk russisk, kviterussisk, ukrainsk, polsk, tsjekkisk, slovakisk, serbisk,
kroatisk, bosnisk, slovensk, bulgarsk, makedonsk
Baltisk litauisk, latvisk
Albansk albansk
Romansk italiensk, fransk, spansk (kastiljansk og katalansk), portugisisk,
rumensk
Germansk engelsk, nederlandsk, tysk (høgtysk og lågtysk), afrikaans, frisisk,
dansk, svensk, norsk, islandsk, færøysk
Keltisk irsk, skotsk-gælisk, walisisk (også kalla kymrisk), bretonsk

Tab. 1. Dei 11 hovudgreinene av indoeuropeisk med dei mest talte språka i dag, rekna frå aust
mot vest etter dagens utbreiing. Utdøydde former er ikkje oppførte, slike som oskisk, umbrisk og
latin i den romanske greina, gotisk i den germanske og kornisk i den keltiske.

Dersom det er riktig at dei indoeuropeiske språka dannar éin språkfamilie, og dét er det
brei semje om, må alle greinene gå tilbake til eit felles opphav, eit grunnspråk, på same
måte som handskriftene i eit stemma går tilbake på eit felles opphav (sjå meir om dette i
O.E. Haugen 2013: 111–115). Men ingen har så langt lykkast i å leggje fram eit uom-
stridd tre, og den familien som er vanskelegast å klassifisere, er den som vi skal halde oss
innanfor i det følgjande, nemleg den germanske. Ei av mange framstillingar er den som
er vist i ill. 1 på neste side.
–5–

Ill. 1. Den indoeuropeiske språkfamilien framstilt som eit stamtre, basert på eit tre publisert av
Gamkrelidze og Ivanov (1990). Det er ikkje så liten variasjon mellom dei trea ein kan finne i
lærebøker og oppslagsverk, og knapt nokon kan få med seg alle dei indoeuropeiske språka. Her
har vi justert treet hos Gamkrelidze og Ivanov på fleire punkt: m.a. er det føydd til ei grein for
albansk og ordninga av dei germanske språka følgjer treet i ill. 7, s. 18 nedanfor. Alle nemningar
er dessutan gjevne på norsk.
–6–

Ill. 2. Eit tre over den strukturelle slektskapen mellom dei indoeuropeiske språka (frå Ringe,
Warnow og Taylor 2002: 87). Treet er utarbeidd ved hjelp av kladistisk programvare, mykje
brukt i biologi og genetikk. Plasseringa av germansk er vanskeleg, og denne forskargruppa har
gått vidare ved å analysere germansk uavhengig av dei andre språka. Ettersom dette er eit forsøk
på å vise utviklinga av dei indoeuropeiske språka, byggjer det så langt mogleg på dei eldste heimla
språka. Dei tilsvarande språkstega står noko nærmare stamma i treet i ill. 1.

Ved hjelp av numeriske metodar har språkforskaren Donald (Don) Ringe, Tandy War-
now og Ann Taylor sett opp og testa fleire alternative tre over dei indoeuropeiske språka
(2002: 87). Grunnlaget er eit datasett på 22 utvalde språklege trekk i lyd- og formverket,
og i ill. 2 ser vi at analysen langt på veg fører fram til dei same familiane som i ill. 1. Eit
unntak er plasseringa av den isolerte familien albansk like ved dei germanske språka. Det
kan ha samanheng med at albansk har lånt det aller meste av sitt ordtilfang frå granne-
språka, og at det dermed er vanskeleg å gje ei sikker plassering av dette språket. Når det
gjeld dei germanske språka, kan vi merke oss at gotisk er det første som skil seg ut, og
det er i samsvar med stamtreet i ill. 1 . Den vidare analysen av dei germanske språka i
dette treet er truleg mindre sikker.
–7–

Treet i ill. 2 byggjer på ein gjennomført binær analyse, og det fører til at kvar grein
deler seg i to og berre to nye greiner. Dette er ein eigenskap ved dei fleste numeriske
metodar og inneber ein risiko for overtolking av treet, om ein ikkje er klar over at desse
metodane søkjer å løyse opp fleirdelte greiner i ein serie av todelte greiner. Problemet er
kjent frå mange andre disiplinar, både språkvitskap og tekstkritikk (jf. O.E. Haugen
2013: 115–120). Treet i ill. 2 kan derfor ikkje lesast som eit alternativ til det mangegreina
treet i ill. 1, men det kan gje grunnlag for å vurdere dei større grupperingane av språka,
som t.d. at gresk og armensk dannar ei gruppe (noko som ikkje er så overraskande) og
dernest at albansk og germansk dannar ei gruppe (som er overraskande og problematisk).
Når det er så vanskeleg å vise slektskapen mellom språk i form av eit tre, er det fordi
språk ikkje berre utviklar seg gjennom arv, men også gjennom språkkontakt. I den
germanske familien har det vore omfattande kontakt, både internt i familien og med
tilgrensande språk. Denne kontakten er det vanskeleg å vise i ein modell der greinene
stadig skil lag. To sentrale døme er for det eine den påverknaden fransk hadde på
engelsk etter den normanniske invasjonen i 1066, og for det andre den påverknaden som
lågtysk hadde på nordisk gjennom heile seinmellomalderen. Eit tre maktar ikkje å fange
opp språkkontakt på ein god måte utan at greinene kryssar kvarandre eller veks i hop, og
di større språkkontakten har vore, di vanskelegare er det å vise han fullgodt i eit tre.
Ill. 3 viser korleis språkleg slektskap kan framstillast på ein annan måte, ikkje ulikt
grensene på eit dialektkart. Her er det 26 språklege trekk i lyd- og formverket som blir

Ill. 3. Forholdet mellom dei germanske språka framstilt etter språkleg nærleik på grunnlag av 26
utvalde trekk ved språka (frå Trask 2007: 230, på grunnlag av trekk i Robinson 1992: 250–
251). Denne framstillinga er i samsvar med bølgjemodellen, omtalt i tekstboksen s. 8 nedanfor,
og er sett opp slik at at språka fordeler seg nokolunde i samsvar med den geografiske spreiinga –
islandsk i nordvest, svensk i nordaust og tysk i sør.
–8–

Stamtre eller bølgjer?


Stamtreet er ei nærliggjande framstilling av slektskap, anten det no er av planter,
forfedrar, handskrifter – eller språk. Dei første stamtrea over språkleg slektskap
vart utvikla på 1850 -talet av den store språkforskaren August Schleicher (1821–
1868), og dei har for ettertida vore uløyseleg knytte til hans namn. Stamtreet viser
slektskapen mellom dei indoeuropeiske språka så langt han då var kjend, og om vi
jamfører det med stamtreet i ill. 1, ser vi at det er mykje som var klarlagt allereie for
150 år sidan.

Ill. 4. Schleichers stamtre med norske nemningar tilføydde. Den øvste greina kalla
Schleicher tysk (deutsch), og det svarar til det vi no kallar germansk. Treet er frå 2. utgåve
av Compendium der vergleichenden Grammatik der indogermanischen Sprachen
(1866: 9). Då kjende ein enno ikkje til den tokariske og anatoliske språkgreina.

Stamtreet er ein god og lett forståeleg modell, så langt han rekk, og det innbyr også
til litt meir kunstnariske utformingar. Men stamtreet kan ikkje så lett vise språkleg
kontakt. Allereie i 1872 kritiserte språkforskaren Johannes Schmidt (1843–1901)
denne modellen, og argumenterte for at språkleg utvikling best kan visast i ein
bølgjemodell, der dei språklege endringane breier seg som ringar i vatn. Det var
hans Wellentheorie. Ill. 3 på s. 7 er døme på ein slik modell, og tilsvarande modellar
kan ein også leggje over kart, slik ein ofte gjer det i dialektgeografien. Men
bølgjemodellar kan ikkje vise korleis språk har utvikla seg over tid; dei er samtidige
heller enn historiske. Dermed er den noko nedslåande konklusjonen at det truleg er
umogleg å utvikle ein modell som på ein enkel og lettfatteleg måte kan vise alle sider
ved språkutvikling og språkslektskap. Det gjer at dei gamle stamtrea framleis er i
godt hold, trass i dei innvendingane som har vore reiste, og som det er semje om.
Ved hjelp av ulike typar av numeriske modellar, m.a. klyngeanalyse og kladistisk
analyse, kan ein skape trefigurar som tilsynelatande er av same type som det
tradisjonelle stamtreet. Men det er ein overflatisk likskap, og dekkjer over at det er
tale om visualiseringar av reint numeriske analysar, der treet er ei av fleire moglege
grafiske framstillingsformer av den underliggjande analysen. Eit slikt tre er vist i ill.
2. Sjå meir om dette i t.d. Clackson (2007: 9–15) og i O.E. Haugen (2013: 115–120).
–9–

lagde til grunn. Modellen viser kor mange trekk som skil dei enkelte språka; såleis er det
vel så mange trekk som skil mellom høgtysk og lågtysk som det er mellom lågtysk og
engelsk. I det utvalet av trekk som er gjort her, er det faktisk ingen trekk som skil
mellom norsk og svensk, og dansk skil seg berre ut frå desse to språka med berre eitt
trekk: den glottale støyten. Modellen kan gje eit romleg inntrykk av forholdet mellom
språka, men han kan ikkje seie noko om kvifor språka over tid har fordelt seg som dei
gjer.

Germansk skil seg ut


Lenge før Kristi fødsel budde det laust organiserte stammer i sentrale delar av Europa,
frå dagens Nord-Tyskland opp til Skandinavia. Dette var germanarane, eit folk med ein
felles kultur og eit felles språk, som etter kvart tok på vandring over store delar av
Europa. Den romerske historieskrivaren Tacitus omtaler germanarane i skriftet Ger-
mania frå det første hundreåret e.Kr. og listar der opp ikkje mindre enn førti stammer
spreidde over heile det nordlege Europa. Vi kan kjenne att desse stammene i fleire
landskapsnamn den dag i dag: rugii i Rogaland og Rügen i Nord-Tyskland, harudes (eller
charudes) i Hordaland og Hardsyssel i Jylland, osv. Men vi har ingen sikre skriftlege
kjelder på germanske språk før det andre hundreåret etter Kristi fødsel, anna enn enkelte
germanske ord hos romerske forfattarar som Tacitus og andre. Men i det andre hundre-
året får vi dei eldste innskriftene i det eldre runealfabetet, det som vi også kallar det
fellesgermanske runealfabetet. Kva er det så som skil germansk frå andre, nærslekta
indoeuropeiske språk? Ettersom vi ikkje har direkte kjelder til det før-germanske
språket, må vi svare på dette spørsmålet ved å jamføre germansk med grannespråka. Og
då viser det seg at sentrale ord, knytte til slektskap, kropp, talord o.l., viser systematiske
fellestrekk i germansk jamført med t.d. latin, som vist i tab. 2 . Her bruker vi norrønt
som representant for germansk.

latin norrønt samsvar latin norrønt samsvar


piscis fiskr p=f labium lippa b=p
tres þrír t=þ edere eta d=t
caput hǫfuð k=h genu kné g=k

Tab. 2. Sentrale ord i latin og norrøn med lydleg samsvar. Bokstaven c i latin hadde uttalen [k],
medan þ i norrønt vart uttalt [θ] i framlyd, dvs. som th i engelsk thing.

Jamføringa i tab. 2 kunne få ein til å tru at norrønt var utvikla frå latin, og at det hadde
vore ein serie av lydovergangar frå det eine til det andre språket. Slik er det ikkje.
Forståinga av slektskapen mellom dei indoeuropeiske språka utvikla seg raskt frå slutten
av 1700 -talet med den nye, jamførande språkvitskapen, og innan midten av 1800 -talet
hadde ein nådd svært langt i å forstå hovuddraga i den språklege slektskapen. Det var då
klart at germansk hadde ei rekkje nye trekk, innovasjonar, og at andre indoeuropeiske
språk hadde teke vare på opphavlege trekk, slike som kunne førast tilbake til det indo-
– 10 –

Stjerner og andre krummelurar


Rekonstruerte former er mykje brukte i språkvitskapen, og di meir di lenger bak-
over ein kjem. Dei er markerte med stjerne (asterisk) for å vise at dei ikkje førekjem i
kjeldene, men er rekonstruerte. I dette kapittelet kjem bruken av stjerneformer til å
strekkje seg langt inn i den urnordiske perioden, og i nokre tilfelle heilt inn i norrøn
tid. Men det er også andre teikn som bør forklarast:

Lengd. I dette kapittelet bruker vi lengdestrek for å vise at ein vokal er lang, og
denne bruken er gjennomført heilt fram til norrøn tid, t.d. sēr for det som i lydskrift
ville ha vore notert som [se:r] med kolon brukt som lengdeteikn. I norrøn normal-
ortografi bruker ein som kjent aksent for vokallengd og skriv sēr som sér. Lengde-
streken blir omtalt som makron, og det finst eit motsvarande teikn, breve, for å vise
at ein vokal er kort, t.d. sĕr. Her bruker vi ikkje breve, så når det ikkje står nokon
lengdestrek over ein vokal, kan ein gå ut frå at han er kort

Aksent. Vi bruker aksent (accent aigu) over vokalar (eller syllabiske konsonantar)
som er aksentuerte. I indoeuropeisk tid meiner vi at aksenten var musikalsk, dvs. at
han primært kom til uttrykk som eit skifte i tonehøgd, slik vi kjenner det frå
sanskrit og klassisk gresk, t.d. ieur. *tréyes ‘tre [talordet]’ og klassisk gresk πούς pṓs
(nominativ eintal), ποδός podós (genitiv eintal) m. ‘fot’. Om vokalen er lang i tillegg
til å vere aksentuert, bruker ein både lengdestrek og aksent, t.d. ieur. *pətḗr ‘far’. I
dei germanske språka gjekk aksenten over til å bli realisert primært gjennom trykk,
og han feste seg typisk på rotstavinga i ordet. Som nemnt ovanfor blir nøyaktig det
same aksentteiknet brukt for å markere vokallengd i norrøn normalortografi

Aspirasjon. At ein plosiv er aspirert, kan vi vise med ein liten h etter plosiven, t.d.
sanskrit bʰrtar ‘bror’ . Dette kan sjå framandarta ut, men vi kunne like gjerne ha
notert dei ustemde plosivane i moderne norsk med aspirasjonsteikn, for dei er også
aspirerte, t.d. pʰil ‘pil’ . Ettersom dei moderne norske plosivane også skil seg ved å
vere ustemde eller stemde, kan vi klare oss med dei latinske skriftteikna p, t, k vs. b,
d, g (i staden for pʰ, tʰ, kʰ vs. b, d, g

Frikativitet. Dei stemde plosivane b, d, g kunne i germansk veksle med stemde fri-
kativar. I dette kapittelet bruker vi den tradisjonelle notasjonen med tverrstrek for
dei stemde frikativane, ƀ, ð, ǥ. I IPA-alfabetet er dei tre siste lydane noterte som [β],
[ð], [ɣ].

Palatal artikulasjon. I indoeuropeisk kunne dei bakre plosivane k, g og gʰ ha ein


fremre, palatal artikulasjon. Dette blir ofte notert med vanleg aksent, accent aigu
(slik t.d. i Bjorvand og Lindeman 2007), men for å unngå forveksling nyttar vi her
omvend breve, , , ʰ, som det også er tradisjon for.
– 11 –

Labiovelar artikulasjon. Dei bakre plosivane i indoeuropeisk, k, g og gʰ, kunne også


ha ein labiovelar tilleggsartikulasjon. Denne blir notert med ein liten w, kʷ, gʷ, gʷʰ,
og kan kjennast att som qu i latin og hv i norrønt, jf. ieur. *kʷod > latin quod, norr.
hvat (etter lydforskyvinga kʷ > hʷ). Det alfabetet som biskop Wulfila utvikla for
gotisk på 300 -talet, har eit eige teikn, hwair, for den sistnemnde lyden. I trans-
litterering til det latinske alfabetet blir det attgjeve med ein ligatur av ‘h’ og ‘v’, ‘ƕ’,
t.d. ƕas ‘kven’.

Nasalitet. I løpet av urnordisk tid fall n i mange stillingar, men han etterlét seg nasal
uttale av dei vokalane som stod i kontakt med han. Det var truleg ein lengre periode
i tidleg nordisk at språket hadde både orale og nasale vokalar, slik den islandske
Første grammatiske avhandling frå 1100-talet slår fast. Nasale vokalar blir til vanleg
noterte med tilde, som i moderne spansk og portugisisk, t.d. urnordisk *drepan >
tidleg norrønt *drepã. Om ein nasal vokal i tillegg er lang, kan vi vise dette med
lengdestrek, t.d. *gans > *gs (med erstatningsforlenging av vokalen). I dette kapit-
telet kjem vi berre til å notere nasalitet når det er særskilt grunnlag for det. I
translitterering av runeinnskrifter blir ogonek (kvist) også brukt for å markere nasa-
litet, t.d. ą for ᚨ.

Usikker lesemåte. For å markere usikker lesemåte brukat ein ofte å setje eit lite
punkt under kvart teikn som ikkje kan lesast sikkert, men som det likevel er så klare
spor av eller indikasjonar på at det ikkje er tale om ei utfylling av tapt tekst. Eit
døme på dette er gaṣṭịʀ i innskrift [8] Einang, s. 26.

europeiske urspråket. Ein forstod då at latin høyrer med blant søskenbarna, ikkje for-
eldra til germansk. Jf. tekstboksen s. 13 om termen innovasjon.
Dei sambanda som er oppførte i tab. 2, kan byggjast ut til ein tredelt serie av lydfor-
skyvingar med grunnlag i rekonstruerte indoeuropeiske former. Overgangane omtaler vi
som den germanske lydforskyvinga, illustrert i tab. 3 nedanfor. I dei eldste germanske
kjeldene, som er frå tida kort etter Kristi fødsel, er lydforskyvinga gjennomført. Denne
overgangen må såleis vere eldre, kan hende så gammal som frå den yngre bronsealderen.
Den germanske lydforskyvinga ser ut til å ha vore ei kjede av forskyvingar der først
ustemde plosivar i indoeuropeisk vart ustemde frikativar i germansk, der dei stemde
plosivane vart ustemde, og der dei stemde, aspirerte plosivane mista aspirasjonen og vart
til stemde frikativar. I urnordisk er dei stemde frikativane gått over til plosivar i framlyd
og etter nasal, og denne artikulasjonen hadde dei framleis i norrønt. Lydforskyvinga er
vist som tre skilde overgangar i tab. 3 , der vi først set opp den rekonstruerte indo-
europeiske forma og deretter den norrøne forma; norrønt er då ført opp som éin av
fleire moglege representantar for germansk. Den tredje overgangen, frå aspirerte plosivar
til stemde frikativar, er då sett opp slik at den seinare utviklinga til plosivar i framlyd og
etter nasal er teken med, og derfor er overgangen formulert som bʰ > ƀ/b osv., der ƀ er
frikativ og b plosiv. I dei norrøne døma i tabellen står b, d, g i framlyd og er då plosive.
– 12 –

frå ustemde plosivar frå stemde plosivar frå aspirerte plosivar


til ustemde frikativar til ustemde plosivar til stemde frikativar
ieur norr overg. ieur norr overg. ieur norr overg.
*pisk- fiskr p > f *dʰewb- djúpr b > p *bʰer- bera bʰ > ƀ/b
*tréyes þrír t>þ *dóru- tré d>t *dʰewb- djúpr dʰ > ð/d
*erd- hjarta k > h *g̑énu kné g>k *gʰayd- geit gʰ > ǥ/g
*kʷod hvat kʷ > hʷ *gʷem- kvám- gʷ > kʷ *gʷʰor- varmr gʷʰ > ǥʷ/gʷ

Tab. 3. Den germanske lydforskyvinga illustrert med rekonstruerte indoeuropeiske former og dei
tilsvarande norrøne formene. Dei diakritiske teikna er forklarte i tekstboksen s. 10–11 ovanfor.
Med nokre få unntak har norrønt framleis dei lydane som germansk fekk under lydforskyvinga
mykje over tusen år tidlegare.

Den danske språkforskaren Karl Verner (1846–1896) forklarte i eit arbeid trykt i
1876 nokre tilsynelatande unntak frå den germanske lydforskyvinga, nemleg at indo-
europeisk p, t, k i innlyd og utlyd ikkje alltid utvikla seg til dei ustemde frikativane f, þ, h,
men i nokre tilfelle til dei stemde frikativane ƀ, ð, ǥ (tverrstreken er brukt for å vise at
dette er frikative variantar av plosivane b, d, g). Såleis har urgermansk *brṍþer m. ‘bror’,
men *faðḗr m. ‘far’ i staden for *faþḗr, trass i at ein reknar med at indoeuropeisk har hatt
*-t- i rota av begge orda, og dette skulle ha gjeve *-þ- i urgermansk. Verner forklarte
dette ved at i framlyd og etter aksentuert vokal, var utviklinga i samsvar med hovud-
regelen, p, t, k > f, þ, h, men når aksenten kom på vokalen etter dei same plosivane, slik
som i ieur. *pətḗr > urgerm. *faþḗr, utvikla plosivane seg til ƀ, ð, ǥ med forma *faðḗr som
resultat. Han fann støtte for denne aksentfordelinga i sanskrit, der pitár- ‘far’ har
aksenten på den siste stavinga, men bhrtar- ‘bror’ har han på den første.
I tillegg oppdaga Verner at det var den same fordelinga mellom den ustemde frika-
tiven s og den stemde z. I norrønt kan ein framleis sjå restar av dette systemet, ettersom
det i bøyinga av dei sterke verba må ha vore eit skifte mellom trykk på den første
stavinga i infinitiv og i preteritum eintal (som rett nok hadde berre ei staving), men på
den andre stavinga i preteritum fleirtal og i perfektum partisipp. Ettersom den stemde z-
en i urgermansk utvikla seg til r i norrønt, får vi eit skifte mellom s og r, som vist i tab. 4.
Med Verners lov vart den germanske lydforskyvinga ei tilnærma unntakslaus lov; det
som såg ut til å vere eit unntak, viste seg å vere ein modifikasjon av regelen.

infinitiv preteritum preteritum perfektum


eintal fleirtal partisipp
vesa vas váru verit av vera vb. ‘vere’
kjósa kaus kuru korit av kjósa vb. ‘velje’

Tab. 4. Utslag av Verners lov i norrønt: fordelinga mellom s og r i enkelte verb. Seinare vart
denne vekslinga oppheva ved analogi, som kunne gå begge vegar: frå vesa til vera, men frå kuru
til kusu. Fleire døme i Iversen (1973: § 38).
– 13 –

Stemmaet og stamtreet
Stemmaet er ein mykje brukt modell for å vise slektskapen mellom handskriftene av
eit verk. I det ytre minner stemmaet mykje om stamtrea i den historiske språk-
vitskapen og for så vidt også andre typar av tre, t.d. syntaktiske tre. Det avgjerande
er likevel ikkje den grafiske forma på modellen, men den metoden som modellen
byggjer på. Då viser det seg at det er mange fellestrekk mellom den genealogiske
metoden, som ligg til grunn for stemmaet, og dei metodane som er brukte i histo-
risk språkvitskap, sjølv om terminologien ikkje er den same. Begge legg avgjerande
vekt på felles feil (tekstkritikken) eller felles innovasjonar (språkvitskapen), og
begge understrekar at ein ikkje kan bruke felles eldre trekk, dvs. arkaismar, i av-
grensinga av familiar. Arkaismane må ein rekne med har følgd handskriftene – og
språka – heile vegen. Det er når handskrifter eller språk bryt ut i felles innova-
sjonar, at ein kan skilje ut eigne greiner eller familiar.
Samtidig må ein stille krav om at innovasjonane ikkje er så opplagde at dei kan
ha oppstått uavhengig av kvarandre. Det svarar til skiljet mellom signifikante og
insignifikante feil i tekstkritikken, der kravet til dei signifikante feila er at dei ikkje
kan ha oppstått uavhengig av kvarandre og at det ikkje er mogleg for avskrivarane å
rette tilbake til den opphavlege formuleringa. Tilsvarande gjeld i den historiske
språkvitskapen, der ein må setje til sides innovasjonar som kan vere oppstått i fleire
språk uavhengig av kvarandre. Til den siste, insignifikante gruppa høyrer slikt som
at trykklette vokalar fell bort, at konsonantar blir palataliserte føre fremre vokalar,
at lange vokalar blir diftongerte osv.
Det er også skilnader mellom dei to modellane stemmaet og stamtreet. Den
mest opplagde ligg i volumet: eit stemma prøver å vise korleis eit bestemt verk har
vore overlevert i avskrifter, der det kan vere eit sterkt innslag av kontroll gjennom
heile prosessen, og der dei ikkje er så mange som er involverte i traderinga. Språk er
så mykje større og meir komplekse, og innslaga av kontroll (foreldre som rettar på
sine barn, barn som rettar på kvarandre) er skiftande og mindre føreseielege. Medan
ei avskrift av eit verk i prinsippet kan reduserast til ein streng av teikn, er språk
mangearta storleikar, der ein kan skilje mellom lydverk, formverk, ordtilfang og
fleire andre nivå, og der utviklinga kan skje i ulikt tempo på dei ulike nivåa og i
ulike geografiske område. I lydverket har t.d. moderne islandsk utvikla seg meir dei
siste tusen åra enn fleire norske dialektar, medan formverket er så godt som uendra
jamført med dei andre nordiske språka, og ordtilfanget har langt færre innlån enn
dei fleste andre moderne språk.
Sjå meir om stemmaet og genealogisk metode i O.E. Haugen (2013: 105–115).

Tre greiner av germansk


Det er vanleg å skilje mellom tre hovudgreiner av germansk: ei austgermansk grein som
omfattar gotisk, no utdøydd, ei nordgermansk grein som omfattar dei nordiske språka,
og ei vestgermansk grein som omfattar tysk (høgtysk og lågtysk), nederlandsk, afrikaans,
frisisk og engelsk. Dette kan ein stille opp som vist i tre A i ill. 5. Gotisk er hovudsakleg
– 14 –

kjend frå biskop Wulfilas omsetjing av det greske Nytestamentet på midten av 300-talet,
overlevert m.a. i det staselege handskriftet Codex Argenteus, “Sølvbibelen” (500-talet),
som no er i Uppsala universitetsbibliotek. Dei to andre greinene er som vi veit fullt
levande og har delt seg i fleire nærslekta språk.

Ill. 5. Tredeling eller todeling av dei gamle germanske språka? Dette er ei forenkla oppstilling av
tre ulike syn på den germanske språkslektskapen. Tre A går tilbake til August Schleicher i 1860
(han nytta rett nok nemningane Deutsch, Nordisch og Gotisch for dei tre hovudgreinene) og
finst framleis i mange språkhistoriske framstillingar. Tre B etablerer eit samband mellom den
gotiske og den nordiske greina, og finst (igjen med noko ulike nemningar) m.a. hos Ernst
Schwarz (1951). Tre C vart lansert av Hans Kuhn (1955) og har no støtte av dei fleste forsk-
arar, med ymse modifikasjonar. Sjå omfattande gjennomgang i Hans Frede Nielsen (1979:
58–91).

Gjev tre A i ill. 5 ei riktig framstilling? Svaret på spørsmålet avheng av korleis ein
tolkar figuren. Om vi ser på han som ein typologisk modell, vil dei fleste truleg vere samde
i at han er riktig. Då seier han ikkje anna enn at germansk er delt inn i tre greiner,
nemleg aust-, nord- og vestgermansk. Men dersom han blir tolka som ein utviklings-
– 15 –

modell, er det langt frå alle som vil vere samde. Då gjev modellen inntrykk av at dei tre
greinene av germansk delte seg meir eller mindre samtidig – lat oss seie i dei første par
hundreåra etter Kristi fødsel. Det er det dei færraste som meiner no, men då August
Schleicher sette opp sitt stamtre, var det nettopp slik han teikna treet (jf. tekstboksen s. 8
ovanfor). Ikkje lenge etter at Schleicher la fram sitt tre, var det språkforskarar som hevda
at den nordlege og den austlege greina måtte stå saman. Dei meinte at den sentrale delen
av Sverige var opphavslandet for gotarane, og fann stønad for dette i stadnamn som
Götaland og Gotland. Gotarane vandra seinare søraustover, og det språklege sambandet
mellom gotisk og nordisk vart brote. I så fall ville tre B vere det riktige. Kanskje den siste
talsmannen for dette synet var Ernst Schwarz (1895–1983) i eit arbeid frå 1951. Men det
er få språklege trekk som støttar opp om ei slik utvikling. Det er langt meir sannsynleg
at austgermansk, dvs. gotisk, skilde seg ut tidlegast, og at nord- og vestgermansk heldt
følgje ei god tid lenger. Dei dannar då ei nordvestgermansk grein, som vist i tre C. Ein
førande talsmann for dette synet var den store edda- og namneforskaren Hans Kuhn
(1899–1988), som i ein artikkel frå 1955 argumenterte for sambandet mellom den nord-
lege og vestlege greina av germansk.

Nordvestgermansk
I dette kapittelet legg vi til grunn at nordvestgermansk skilde seg frå austgermansk før vi
kan tale om ei eigentleg nordisk grein. Vi reknar at urgermansk hadde eit vokalsystem
med fire korte vokalar i trykksterk stilling, a, e, i, u, og fire lange, ē, ī, ō, ū. Dette var eit
usymmetrisk system i den forstand at det mangla ein lang ā og ein kort o. I løpet av den
nordvestgermanske perioden kjem desse inn att. For det første oppstod det ein ā av eldre
ē, t.d. urgerm. *mēla- > urn. *māla > norr. mál n. ‘mål, storleik’, og det kom til ein ny ē,
ofte kalla ē₂ til skilnad frå den gamle ē. Den nye ē førekom m.a. i adverbet urn. *hēr ‘her’
og i preteritum av redupliserande verb, t.d. urn. *hēt av *haitan ‘heite’. For det andre

Ill. 6. Utviklinga av dei trykksterke vokalane frå urgermansk til urnordisk. Opphavet til den nye
ē i nordvestgermansk og seinare urnordisk er omdiskutert og er derfor ikkje spesifisert her.
– 16 –

oppstod det ein ny kort o av u ved a-omlyd, som ein kan sjå døme på i ei slik form som
urn. holtijaʀ (ikkje *hultijaʀ) i gullhorninnskrifta (s. 28 nedanfor). Resultatet vart at
urnordisk fekk eit symmetrisk system med fem korte og fem lange vokalar i trykksterk
stilling. Desse overgangane er oppstilte i ill. 6.
Her skal vi peike på fire viktige overgangar frå urgermansk til nordvestgermansk og
seinare urnordisk:

1. Føre a og andre låge vokalar vart u senka til o, men ikkje framfor nasalgrupper. Dette
skal vi nedanfor s. 54 –55 omtale som (1) a-omlyd. Den viser seg m.a. i urgerm.
*hurnan > nvgerm. *horna n. ‘horn’, jf. norrønt horn n. Derimot skjer det ingen over-
gang framfor nasalgrupper, t.d. urgerm. *hundaz > nvgerm. *hundaz > urn. hundaʀ
m. ‘hund’, jf. norrønt hundr m.
2. Føre i vart e heva til i. Nedanfor s. 55 skal vi omtale dette som (2) eldre i-omlyd. Den
gjev seg utslag i t.d. urgerm. *weniz > nvgerm. *winiz > urn. *winiʀ m. ‘ven’ , jf.
norrønt vinr m.
3. I rein utlyd vart ō heva og forkorta til u. Denne overgangen viser seg t.d. i urgerm.
*manō > nvgerm. *manu f. ‘man, nakkehår på hest’. Denne forma har ein framleis i
gammalengelsk manu f., og ein må rekne med den same forma i urnordisk, *manu.
Fram mot norrønt utviklar den seg til mǫn f. ‘man’ ved (4) u-omlyd og (8) synkope,
*manu > *mǫnu > mǫn.
4. Føre nasalgruppe innleidd med m vart urgermansk a heva til u. Denne overgangen
ser vi i dativ fleirtal av substantiv i a-stammene, t.d. urgerm. *dagamaz > nvgerm.
*dagumz. Gammalengelsk har dagum og urnordisk *dagumʀ, som utviklar seg til
dǫgum i norrønt ved (4) u-omlyd og (22) assimilasjon mʀ > m.

Ottar Grønvik gjev eit breitt, men samtidig konsist oversyn over desse og andre over-
gangar frå urgermansk til nordvestgermansk (1998: 86–95).

Den nordiske språkgreina byrjar å ta form


Overgangen frå nordvestgermansk til det språksteget som vi skal kalle urnordisk, ser ut
til å ha skjedd i løpet av dei første hundreåra e.Kr. Om ein vil halde fast på at den nord-
vestgermanske perioden varte lenger enn dette, må ein seie at det allereie i dei første
hundreåra e.Kr. dukkar opp nordiske former i nordvestgermansk. Det er altså tale om eit
periodiseringsspørsmål: kor store må endringane vere for at ein skal kunne tale om ein
ny periode, og kor mykje må ei grein skilje seg frå nærslekta greiner for å kunne reknast
som ei eiga grein?
Det mest slåande (men også omdiskuterte) kjennemerket på overgangen frå
nordvestgermansk til urnordisk er at den stemde frikativen z ser ut til å ha utvikla seg til
ein rulla frikativ, notert med ᛉ i det eldre runealfabetet og som oftast translitterert med
teiknet ʀ. Men kan ein vere sikker på at ʀ var ein annan lyd enn den urgermanske og
nordvestgermanske z? Mange meiner at det var ein reell, fonetisk overgang frå nord-
vestgermansk til urnordisk. Orrin Robinson tenkjer seg at ʀ kan ha vore ein palatalisert,
rulla frikativ, av same type som den tsjekkiske ř, t.d. i namnet Dvořák (1992: 92 –93).
– 17 –

Harald Bjorvand deler dette synet og viser til at ʀ er attgjeven med r i samisk, t.d. urn.
*diuʀa n. ‘dyr’ > samisk divri (2010: 186 –187). I dette kapittelet legg vi til grunn at
urnordisk ʀ representerte ein annan lyd enn urgermansk og nordvestgermansk z, og der-
med skal ei form som *hundaz forståast som germansk, medan *hundaʀ er urnordisk. Vi
kjem tilbake til spørsmålet om ᛉ ʀ under regel (21), s. 69 nedanfor. Der skal vi dessutan
sjå at urnordisk ᛉ ʀ fall saman med  r i eldre norrøn tid.
Kor stor var eigentleg skilnaden mellom det urgermanske og det urnordiske språk-
steget? Hans Frede Nielsen (2010: 97) bruker den kjende gullhorninnskrifta som
instruktivt døme (vi kjem tilbake til denne s. 28 nedanfor). Den rekonstruerte urger-
manske og den overleverte urnordiske forma av denne innskrifta er forbausande like,
medan den rekonstruerte gotiske forma skil seg tydeleg ut, og endå meir den yngre
norrøne forma (der verbet *taujan ‘gjere’ er utskift med ‘gera’). Medan gotisk og språket
i gullhorninnskrifta var om lag samtidige, er urgermansk eit eldre språksteg, her lausleg
rekna til eit halvt årtusen før Kristi fødsel:

urgermansk (ca. 500 f.Kr.) *ek hlewagastiz hultijaz hurnan tawidōn


urnordisk (ca. 400 e.Kr.) ek hlewagastiʀ holtijaʀ horna tawidō
gotisk (ca. 300 e.Kr.) *ik hliugasts hulteis haúrn tawida
norrønt (etter ca. 800 e.Kr.) ek hlégestr høltir horn *táða [gørða]

Den norrøne versjonen er eigentleg i normalortografien frå 1200-talet, men vi kan driste
oss til å hevde at eldre norrønt allereie i byrjinga av vikingtida på sentrale punkt hadde
nådd fram til denne forma, slik som innskrifta på Eggja-steinen kan få oss til å meine (jf.
Seim 2013: 149–151) og like eins den svenske Rök-steinen. I så fall kan vi setje 800 som
eit mogleg årstal for den norrøne forma ovanfor.
Ottar Grønvik er ein av dei som har argumentert sterkast for at nordisk etablerte seg
på eit tidleg tidspunkt som ei eiga grein innanfor det nordvestgermanske språkområdet,
kan hende rundt år 200 e.Kr. (1981: kap. 3, 1987: 180–189, 1998: kap. 7). Mange andre
forskarar har meint at nordisk først skilde seg ut på eit noko seinare tidspunkt. I ei nyleg
oppsummering framhevar Hans Frede Nielsen den gradvise utviklinga gjennom peri-
oden 200–500 e.Kr., og at det truleg først mot slutten av denne perioden er rett å tale
om ei eiga nordisk grein (2010).
Vi skal likevel ikkje leggje avgjerande vekt på det terminologiske i denne debatten.
Det avgjerande er å danne seg eit inntrykk av det språksteget som er representert i
kjeldematerialet frå denne tida, dvs. i dei eldste runeinnskriftene. Desse er alle skrivne i
det fellesgermanske runealfabetet, og som vi skal sjå, har dei ei forbausande einsarta
språkleg form – så langt det vesle materialet når.
– 18 –

Ill. 7. Dei germanske språka i eit stamtre av same type som i ill. 1. I denne modellen deler
urgermansk seg i ei austgermansk og ei nordvestgermansk grein før den siste greina deler seg i
vestgermansk og nordgermansk. Den nordgermanske greina, rett under føtene til ekornet Rata-
tosk, svarar då til urnordisk i dette kapittelet. Liknande, men meir skjematiske tre finn ein hos
Wayne Harbert (2007: 8) og Hans Frede Nielsen (2010: 96). Dei har den same oppstillinga
av den nordvestgermanske greina som her, men skil seg når det gjeld inndelinga av den vest-
germanske greina, der det ser ut til å ha vore ein høg grad av språkkontakt mellom dei to
hovudgreinene, som her er kalla innlands- og låglandsgermansk.
– 19 –

Periodisering
Så langt i dette kapittelet har vi sett på utviklinga fram mot urnordisk, der det på grunn
av det sparsame kjeldematerialet rår usemje om korleis germansk bør inndelast og
periodiserast. Overgangen frå urnordisk til norrønt er mindre omstridd, så denne kan vi
tillate oss å føregripe når vi set opp dei viktigaste språkhistoriske periodane i ill. 8.

Ill. 8. Språkhistoriske periodar (alle årstal e.Kr.). Perspektivet i denne tabellen er norsk, dvs. at
om ein jamfører med stamtreet i ill. 7, følgjer tabellen utviklinga frå stamma og ut i den norske
greina. Slik sett kunne ein like gjerne ha kalla norrønt for gammalnorsk i dette oppsettet.

Kjernen i periodiseringsproblemet er overgangen frå den nordvestgermanske perioden til


den urnordiske. Mange meiner som nemnt at den nordvestgermanske perioden i reali-
teten strekkjer seg eit godt stykke inn i den perioden som her er kalla eldre urnordisk,
kan hende heilt opp mot 500 e.Kr. I dette kapittelet skal vi halde oss til den tradisjonelle
inndelinga og omtale perioden 200 –500 e.Kr. som urnordisk. Det vil seie at når vi
ovanfor har talt om ein nordvestgermansk periode, ligg denne før ca. 200 e.Kr. Hit
høyrer då nokre av dei eldste lydovergangane som vi plar omtale i den norske (og nor-
diske språkhistoria), nemleg (1) a-omlyd og (2) eldre i-omlyd.
Somme forskarar har valgt termen Early Runic på det urnordiske språksteget (slik
Hans Frede Nielsen har gjort i fleire arbeid), medan forfattarane av samleverket The
Nordic Languages vart samde om termen Ancient Nordic. Termen urnordisk er likevel så
godt innarbeidd i nordisk språkvitskap at vi har valt å halde fast på han. Men det bør
føyast til at medan urgermansk heilt ut er eit rekonstruert språksteg, er urnordisk eit
skriftleg dokumentert språksteg, om enn med eit sparsamt materiale. I det følgjande
kjem det derfor til å vere rikeleg med stjerneformer også for det urnordiske.
– 20 –

Det urnordiske kjeldematerialet


Det er som nemnt usemje om kva tid vi kan tale om eit eige nordisk språk, skilt frå dei
andre og særleg dei vestlege germanske dialektane. Men det er ikkje usemje om at rune-
innskriftene frå perioden ca. 200 til ca. 500 dannar eit forbausande einskapleg og umåte-
leg viktig kjeldegrunnlag for den eldste dokumenterte perioden av det nordiske språket.
Det er ikkje noko stort korpus, og mange av innskriftene er ikkje på meir enn eitt ord,
medan den lengste, den ikkje heilt fullstendige innskrifta på Tune-steinen frå ca. 400
e.Kr., har 95 runer og tel 15 ord. Det sentrale korpuset, slik ein finn det hos t.d. Krause
(1971) og Antonsen (1975), tel ikkje meir enn 120–130 innskrifter. Antonsen har gjort det
strengaste utvalet; etter at han hadde utelukka aust- og vestgermanske innskrifter for-
utan dei yngre innskriftene, sat han att med berre 93 sikre nordvestgermanske (dvs.
urnordiske) innskrifter. No har det kome til ein del innskrifter etter oversyna til Krause
og Antonsen, m.a. fleire funn i Illerup og Nydam på Jylland. Det sentrale korpuset er
derfor noko større enn hos Krause og Antonsen, men det ser ikkje ut til at nyfunna har
endra avgjerande på vår forståing av språket i dei eldste runeinnskriftene.
Enkelte synest språkforma i dette korpuset er så homogen at dei trur det har vore tale
om eit slags fellesspråk, ikkje ulikt den greske koiné, som vart brukt for Nytestamentet
(jf. Makaev 1996: kap. 2). Liknande tankar hadde den lite påakta norske språkforskaren
Håkon Melberg, som i eit større arbeid frå 1951 søkte ei forklaring på den språklege
uniformiteten i den urnordiske perioden. Han tenkte seg at danane på denne tida hadde
underlagt seg heile Skandinavia, og at deira språk var blitt eit fellesspråk i det skandi-
naviske området. Hans forklaring møtte snøgt motbør, men det står fast at så liten
språkleg variasjon over fleire hundre år (i ei tid utan normerande instansar) i beste fall er
eit unntak, og i alle fall eggjar til forklaringsfreistnader.
I kap. 3 og 11 av Handbok i norrøn filologi (utg. O.E. Haugen 2013) møter vi eit utval
på 11 innskrifter i det eldre runealfabetet. Her skal vi leggje til ytterlegare 14 innskrifter,
slik at vi får eit korpus på i alt 25 innskrifter, som dekkjer ein periode frå ca. 150 til ca.
650 e.Kr., altså både eldre og yngre urnordisk. I dette korpuset nummererer vi inn-
skriftene i hakeparentesar frå [1] til [25] og fører opp funnstad, gjenstandstype og date-
ring. Deretter kjem det ei translitterering av runene til det latinske alfabetet i samsvar
med oversynet i ill. 10, 11 og 12. I translittereringa er loddrett strek brukt for å vise linje-
skifte, og boge i overkant for å vise binderuner. Etter pilteiknet ⟹ kjem ei normali-
sering av innskrifta. Her har vi innført orddeling, lengdeteikn på vokalane, skilt mellom
plosive og frikative variantar av b, d og g, og utført enkelte mindre tekstrettingar. Det er
altså tale om ei ganske svak normalisering av innskrifta. Medan translittereringa er att-
gjeven i halvfeit, står den normaliserte teksten i ordinær skrift. På den neste linja følgjer
ei attgjeving i normalisert norrøn språkform (som er ei relativt sterk normalisering), og
til slutt kjem ei omsetjing til moderne norsk. I fleire tilfelle har ikkje norrønt lenger det
urnordiske ordet, og det er då sett til i rekonstruert, norrøn form markert med stjerne.
Det må understrekast at dei rekonstruerte norrøne formene er usikre, og at det i nokre
tilfelle dreiar seg om namn som kanskje ikkje har nordisk opphav, som t.d. harja og
hariso. Rekonstruksjonen blir då eit forsøk på å vise korleis slike ord ville ha utvikla seg
til norrønt, og er ikkje nokon påstand om at slike former faktisk fanst i norrøn tid.
– 21 –

Alle innskriftene i korpuset er daterte, men det er grunn til å vere merksam på at
dateringane har skift over tid. Berre sidan arbeida til Krause (1971) og Antonsen (1975)
har det skjedd mange omdateringar. Dei fleste dateringane er romslege, gjerne innanfor
eit halvt eller heilt hundreår. Når ein støyter på mindre spenn, slik som for innskrifta [1]
Vimose, datert til ca. 150 –160 e.Kr., er det ikkje på språkleg grunnlag, men på arkeo-
logisk eller anna grunnlag. Det er rett og slett umogleg å datere det eine ordet harja til
ein så snever periode på reint språkleg grunnlag. Lisbeth Imer (2011) har nyleg gått
gjennom alle dateringane av eldre runeinnskrifter på arkeologisk grunnlag, og i det
følgjande er det teke omsyn til hennar nokså vide dateringar, men som oftast er det i
samsvar med tradisjonen på feltet gjeve snevrare dateringar.

Ill. 9. Ein gullbrakteat med innskrifta ᚨᛚᚢ alu ‘øl’ rett til venstre for hestehovudet. Innskrifta
skal lesast frå høgre til venstre, og runene er då vende i leseretninga. Mellom hovane ser vi
solkrossen. Brakteatar var tynne plater i gull (unntaksvis i sølv), som oftast sirkelforma, og prega
på éi side. Dei fleste hadde oppheng, slik at dei kunne berast som smykke. Det er funne nærmare
1000 brakteatar frå 400- og 500-talet, dei fleste frå Norden. Denne brakteaten er frå Djup-
brunns, Stenkumla på Gotland, og er datert til ca. 400 e.Kr.

Alle innskriftene vi legg fram i dette kapittelet, er siterte i fullstendig form, utanom
[9] Hogganvik, [13] Tune, [24] Stentoften og [25] Björketorp. Her nøyer vi oss
med eit utdrag. Det er ikkje noko stort korpus vi legg fram, men det er valt med tanke på
å gje ei spreiing i både tid og rom frå heile det skandinaviske området, og dessutan med
tanke på at innskriftene skal vere forståelege og ikkje for omdiskuterte. Det er stort nok
til at vi kan referere til det mange stader i den påfølgjande framstillinga av morfologien i
urnordisk, og vise kva for type av belegg vi har når vi uttaler oss om dette språksteget.
Med unntak av [9] Hogganvik, som vart funnen i 2009, er alle innskriftene omtalte hos
både Krause (1971) og Antonsen (1975). Vi har dermed valt eit korpus som omfattar
– 22 –

rundt ein femtepart av innskriftene hos Krause og hos Antonsen, og ein dryg fjerdepart
av utvalet i grammatikken til Noreen (1923).
I kommentaren til mange av innskriftene viser vi korleis dei urnordiske formene har
utvikla seg til norrønt, ofte gjennom ein lengre serie av lydovergangar. Desse er num-
mererte i samsvar med reglane s. 53–70 nedanfor.

Eit utval urnordiske innskrifter


[1] Vimose, Fyn, Danmark || kam || ca. 150–160 e.Kr.
harja ⟹ Harja
*Heri
‘som høyrer til hæren’, dvs. ‘krigar’
Sjå bilete og omtale i Seim (2013: 135–136). Denne innskrifta har tidlegare vore datert
noko seinare, til ca. 250 e.Kr., men er på arkeologisk grunnlag flytta tilbake i tid til ca.
150–160 e.Kr. Ordet harja er rekna for å vere eit mannsnamn (eller tilnamn) og truleg
nominativ av ei maskulin jan-stamme. Ved (3a) i-omlyd og (8) synkope skulle harja ha
gått til den norrøne forma *her, dvs. harja > *herja > *her, men ein må rekne med at
ordet ville ha fått den analogiske endinga -i frå dei andre an-stammene, med *heri som
resultat. Denne forma finn vi som andre samansetjingsledd -heri i norrønt einheri m.
‘krigar i Valhall’ (jf. Krause 1971: 173). Rota i harja er har- av ieur. *kor- ‘strid, krig’, den
same som i ja-stamma urn. *harjaʀ m. > norr. herr m. ‘hær’. Etter denne tolkinga kan
ordet setjast i samband med norrønt Herjan(n), eit namn for guden Odin. Lena Peterson
meiner harja kan vere kortform til toledda namn på *Harja-, som t.d. hariwulfaʀ, eller
på *-harjaʀ, t.d. swabaharjaʀ (2004: 10).

[2] Øvre Stabu, Toten, Oppland, Noreg || lansespiss || ca. 180 e.Kr.
raunijaʀ ⟹ Raunijaʀ
reynir
‘(ein som) prøver’ dvs. ‘prøvar’
Sjå bilete og omtale i Seim (2013: 135). Ordet må vere ei maskulin ija-stamme, med same
rot som det svake verbet *raunijan ‘røyne’ . Ved i-omlyd au > ey går desse orda til
norrønt reynir m. ‘prøvar’ og reyna vb. ‘ prøve, røyne’. Den fullstendige utviklinga
omfattar såleis (3b) i-omlyd, (10) synkope og forkorting ija > ī > i, (21) r|ʀ-samanfall og
(11) e|æ-samanfall, raunijaʀ > *ræynijaʀ > *ræynīʀ > *ræyniʀ > *ræynir > reynir.

[3] Lundegårde (Nøvling), Nordjylland, Danmark || fibula (draktspenne) || ca. 225


e.Kr.
bidawarijaʀtalgidai ⟹ Bīðawarijaʀ talgiðē
*Bíðaverir telgði
‘Bidver skar’

Endinga -ai i verbet talgidai blir av fleire runologar tolka som ein omvend skrivemåte av
endinga -ē, som m.a. førekjem i verbet tawide i [11] Garbølle. Denne tradisjonelle
– 23 –

Kor gode var runeristarane til å riste?


Ingen er feilfrie, heller ikkje runeristarane. I runekorpuset i dette kapittelet er det
fleire døme på at forskarane har peika på stavemåtar som ikkje verkar riktige. I
nokre tilfelle kjem ein ikkje utanom å rekne med feilskrift, i andre tilfelle kan det
vere tale om ortografisk variasjon, som ein ikkje skal leggje for stor vekt på.

Stavingsstruktur i strid med Sievers’ lov. Som forklart i tekstboksen på s. 45 seier


Sievers’ lov at ein skal få -j- etter kort rotstaving og -ij- etter lang rotstaving. Forma
harja i [1] Vimose ca. 150 –160 e.Kr. er i samsvar med denne regelen, men ikkje
-warija- i [3] Lundegårde ca. 225 e.Kr., gudija i [16] Nordhuglo ca. 450 e.Kr.
eller harija i ei innskrift frå Skåäng, Södermanland, Sverige, ca. 500 e.Kr. Men bør
ein på grunnlag av desse og andre former avvise Sievers’ lov? Mange runologar
meiner at sjølv om -j- og -ij- ser ut til å ha vore i komplementær distribusjon, har det
vore variasjon i notasjonen av desse halvvokalane, slik at ein kan hende skal lese
gudija som gudja og harija som harja. Sjå m.a. Makaev (1996: 71–72) om dette.

Forveksling av runeteikn. Innskrifta i [22] Etelhem ca. 500 e.Kr. byrjar med sek-
vensen mkmr. Det er ikkje lett å få meining i den, men om ein tenkjer seg at
runeristaren har forveksla ᛗ m og ᛖ e, er det ikkje urimeleg at ᛗᚲᛗᚱ mkmr- skal
lesast ᛖᚲᛖᚱ eker-. Dét gjev meining

Ombyte. Det førekjem ofte at språklydar blir ombytte, jf. t.d. engelsk dirt mot
nordisk drit (av eit eldre germansk *drīt-). Det same fenomenet kan liggje bak
mairl⟨i⟩ŋu i [21] Tanem ca. 500 e.Kr. Dette skal truleg lesast som maril⟨i⟩ŋu, dvs.
at ir er ein skriftleg metatese av ri. Her er det neppe tale om eit talespråkleg
grunnlag for ombytet

Utelating. Innskrifta i [23] Gummarp ca. 600–650 e.Kr. har haþuwolafa i ein posi-
sjon som vanskeleg kan vere anna enn subjektposisjonen, men formelt sett er
haþuwolafa ein akkusativ. Då er det nærliggjande å tenkje seg at ristaren har hoppa
over nominativsendinga -ʀ, slik at ordet bør rettast til haþuwolafaʀ. Derimot
reknar vi det ikkje som utelating at nasal ikkje er notert føre homorgan konsonant,
slik som i [4] Himlingøje hudaʀ for hundaʀ ‘hund’. Det er eit så gjennomgåande
trekk i runeortografien at det så å seie er normalisert.

Glidevokal. I mange innskrifter ser det ut til at a ikkje er ein fullvokal, men ein
glidevokal mellom to konsonantar. Dette gjeld t.d. den nyss nemnde haþuwolafa i
[23] Gummarp, og like eins witadahalaiban og worahto i [13] Tune ca. 400 e.Kr.
Desse orda kan normaliserast til haþuwolafaʀ, witandahalaiban og worahto.
– 24 –

Hyperkorreksjon. I [3] Lundegårde førekjem verbforma talgidai der ein skulle ha


venta talgide. Det er mogleg at ettersom ai vart monoftongert til e (t.d. i dativ eintal
av a-stammene, *armai > armē), har skrivaren her retta e til ai med talgidai som
resultat. Dette kallar ein hyperkorreksjon, dvs. at ein rettar i større omfang enn det
er grunnlag for. I moderne norsk høyrer vi ofte og for å, t.d. så og seie, av same
grunn. Ei anna nemning for dette er omvendt skrivemåte.

tolkinga byggjer på at ai er monoftongert til ē, og at denne utviklinga har fått rune-


ristaren til å bruke endinga -ai i talgidai i staden for -ē, som vi skulle vente. Utanom i
framlyd og etter homorgan nasal hadde d frikativ uttale i urnordisk, ð, jf. regel (20).
Dermed kan utviklinga fram mot den norrøne forma visast i fire steg, etter reglane (3b)
i-omlyd, (8) synkope, (9) vokalomlegging ē > i og (11) e|æ-samanfall, *talgiðē > *tælgiðē >
*tælgðē > *tælgði > telgði, preteritum 3. person eintal av telgja vb. ‘telgje, skjere til’. Det ser
ut til at toledda eigennamn i urnordisk vart sterkt reduserte fram mot norrøn tid, i den
grad dei overlevde så lenge. I ei innskrift frå Rö (Bohuslän, Sverige, ca. 400 e.Kr.) føre-
kjem namnet stainawarijaʀ, som blir tolka som ei eldre form av norrønt Steinarr. Med
ein tilsvarande reduksjon ville bidawarijaʀ føre fram til norrønt *Bíðarr (eller, om
rotvokalen var kort, *Biðarr).

[4] Himlingøje, Sjælland, Danmark || fibula || ca. 225 e.Kr.


⟨ek⟩ widuhudaʀ ⟹ ⟨ek⟩ wiðuhundaʀ
Ek, Viðhundr
‘Eg, Skogshund(en)’, dvs. ‘ulv(en)’?
Det første leddet i dette ordet, widu, kjem av u-stamma *wiðuʀ m. ‘skog’, som utviklar
seg til viðr m. i norrønt ved (8) synkope, (21) r|ʀ-samanfall, jf. engelsk wood og moderne
norsk ved m. (den kjem som kjent frå skogen). I samansetjingar får vi typisk stamme-
forma av substantivet, dvs. rot + stammesuffiks, men utan noka bøyingsending (meir om
dette s. 48 nedanfor). Vi kan oppfatte ‘skogshunden’ som ein parallell til kjenningane i
norrøn tid, dvs. at den hunden som er kjend (dvs. bestemt, omtalt) med skogen, må vere
ulven (jf. Mundal 2013: 395–400). Men dette kan også vere eit mannsnamn, rett og
slett. Heilt frå dei aller eldste runeinnskriftene kunne nasalane m og n bli sløyfa i skrift
føre homorgan konsonant, dvs. ein konsonant som hadde tilsvarande artikulasjon som
nasalen (jf. konsonanttabellen ill. 12, og Seim 2013: 184). Det gjer at vi kan gje att hudaʀ
som hundaʀ. Dette ordet vart utsett for (8) synkope og (21) r|ʀ-samanfall, hundaʀ >
*hundʀ > hundr m. ‘hund’, og har dermed ei svært så lik form i urnordisk og i norrønt –
og i dei moderne nordiske språka. Dette ordet hadde truleg forma *hundaz i urgermansk,
men som nemnt ovanfor s. 16 oppstod det ikkje (1) a-omlyd framfor nasalgruppe.
– 25 –

[5] Gårdlösa, Skåne, Sverige || fibula || ca. 225 e.Kr.


ekunwodʀ ⟹ ek unwōðʀ
Ek, *Úóðr
‘Eg, den u-oppøste’, dvs. ‘eg, den rolige’
Med Antonsen (1975: 31) les vi den siste runa som ʀ (translitterert z hos Antonsen; jf. s.
16–17 ovanfor om z vs. ʀ). Substantivet wodʀ må då vere eit såkalla rotsubstantiv, som
ikkje har noko stammesuffiks, men får endinga -ʀ lagd rett til rota wōð-. Krause (1971:
149) les det siste teiknet som ei binderune iʀ, og substantivet blir i så fall ei sterk i-
stamme, slik som t.d. ungandiʀ i [16] Nordhuglo. Meininga blir den same i begge
tilfelle. Truleg i løpet av yngre urnordisk fall nasalen bort i prefikset un- i samsvar med
regel (13), men vokalen vart til gjengjeld forlengd. I norrønt har det forma ú- i gammal-
norsk utanom trøndsk og ó- i trøndsk og islandsk. I normalortografien finn ein begge
formene representerte; Norrøn ordbok har ú-, medan mange tekstutgåver, m.a. skrift-
serien Íslenzk fornrit, har ó-.

[6] Himlingøje, Sjælland, Danmark || fibula || ca. 300 e.Kr.


hariso ⟹ Harisō
*Harsa
‘Harsa’ (kvinnenamn)
Dette er truleg ei feminin ōn-stamme. Her forklarer vi utviklinga fram mot den rekon-
struerte norrøne forma ved (9) vokalomlegging ō > a og (8) synkope, harisō > *harisa >
*harsa. Vi reknar ikkje med at ein synkopert i skulle valde i-omlyd etter kort rotstaving (i
dette tilfellet har-), jf. regel (3f) nedanfor. Nokre runologar, mellom dei Marie Stoklund
(1994: 98), meiner at hariso kan ha vore eit mannsnamn, slik som det nyfunne niþijo på
eit skjoldhandtak frå Illerup II (ca. 150–250 e.Kr.). Lena Peterson tek ikkje stilling til om
det er eit manns- eller kvinnenamn, men meiner at det truleg er eit ikkje-nordisk namn
(1994: 157 –158). Frå norrøne kjelder veit vi elles at det ikkje alltid er samsvar mellom
grammatisk kjønn og naturleg kjønn; såleis er det feminine substantivet Sturla eit
mannsnamn.

[7] Fløksand, Hordaland, Noreg || skrapar? || ca. 300 e.Kr.


linalaukaʀ f ⟹ līna laukaʀ f⟨ehu⟩
lín laukr f⟨é⟩
‘lin lauk fe’
Tolkinga av det siste teiknet  f er uviss; det står opp-ned og er rista svakare enn dei
andre runene. Det tradisjonelle namnet på denne runa var truleg *fehu > norr. fé n. ‘fe,
gods, velstand’, og det er mogleg at runa er brukt i same tyding som namnet på runa;
dette er elles noko vi kjenner att frå norrøn skrift i det latinske alfabetet, der f-runa 
kunne brukast som forkortingsteikn nettopp for fé n. (og m-runa ᛉ for maðr m. ‘mann,
menneske’). Når det gjeld samanstillinga av lin og lauk, er det nærliggjande å tenkje på
den mykje yngre Vǫlsa þáttr (Volsetåtten). Det er ei lita, men forvitneleg soge som er
overlevert i eit kapittel av den store Óláfs saga ins helga i samlehandskriftet Flateyjarbók.
– 26 –

Vǫlsa þáttr fortel om ein familie som heldt til i ein avkrok langt nord i Noreg. Då dei
slakta ein hest på garden, pakka husfrua hestefallosen, vǫlsi m., inn i eit linklede saman
med lauk og urter og la han ned i eit skrin. Kvar kveld den hausten tok ho fram fallosen
og bad til han som ein gud, og det same gjorde dei andre i huslyden. Då Olav den heilage
kom til gards, vart han vitne til dette og sette ein stoppar for denne heidne skikken. Sjølv
om det ligg tusen år mellom Fløksand-innskrifta og Flateyjarbók, er det ikkje urimeleg å
tenkje seg at innskrifta vitnar om ei gammal fallosdyrking i Norden like fram til kristen
tid.

[8] Einang, Valdres, Oppland, Noreg || stein || ca. 300 e.Kr.


[ekgo]dagaṣṭịʀrunofaihido ⟹ [ek Go]ðagastiʀ rūnō faihiðō
Ek, *Goðgestr, rún fáða
‘Eg, Gudgjest, måla runa’
Sjå bilete og omtale i Seim (2013: 141–143). Lesinga av innskrifta følgjer Erik Moltke
(1938); dei fire første teikna ekgo (eller ekgu) er tilføydde, og dei tre teikna sti har
usikker lesemåte, markert med underprikking. Ordet runo er formelt akkusativ eintal av
ō-stamma rūnō f. ‘rune’, og skal truleg tolkast kollektivt, dvs. som uttrykk for fleirtal, slik
som i runo fahi ‘runer malar eg’ i ei innskrift frå Noleby, Västergötland, Sverige, ca. 600
e.Kr. (Antonsen 2002: 183 tolkar rett nok fahi som eit adjektiv ‘høveleg, passande’, men
er samd i at runo er eit substantiv i akkusativ.) Ovanfor s. 16 såg vi at urgermansk -ō i
unasalert utlyd gjekk til -u i nordvestgermansk, slik at nominativ eintal må ha vore *rūnu
allereie i nordvestgermansk. I akkusativ eintal var -ō truleg nasalert i urgermansk, og
unngjekk dermed overgangen til -u, og stod enno med endinga -ō i urnordisk, rūnō. Den
vidare utviklinga av akkusativforma ville vere rūnō > *rūna, så når norrønt har den
einstava forma rūn i akkusativ eintal, må dette forklarast ved analogi (jf. s. 42 nedanfor).
Verbet *faihijan ‘male’ utviklar seg lydrett til norr. fá etter (13) n-bortfall, monof-
tongering av diftongen ai, (16) h-bortfall, (10) ijã > a, og endeleg kontraksjon āa > ā,
dvs. *faihijan > *faihija > *fāhija > *fāija > *fāa > norr. fá. Slik kan åtte språklydar bli
reduserte til to! Her står det i preteritum 1. person eintal, slik som verbforma tawido i
[12] Gallehus.

[9] Hogganvik, Mandal, Vest-Agder, Noreg || stein || ca. 350–400 e.Kr. (eller noko
tidlegare)
[...] eknaudigastiʀ | ekerafaʀ ⟹ ek Nauðigastiʀ ek erafaʀ
Ek, Nauðgestr, ek jarfr
‘Eg, Naudgjest; eg, jerv’
Innskrifta i Hogganvik vart funnen så seint som i 2009 og er no datert til ca. 350–400
e.Kr. (Knirk 2011 : 37). Innskrifta går over fire linjer, éi langs kanten av steinen og tre
midt på steinen, og ho er berre delvis tolka. Sjå Seim (2013: 144–145) for fotografi og full
translitterering. Her tek vi med dei to øvste linjene midt på steinen, som har ei ganske
sikker tolking. Det første leddet i naudigastiʀ må vere ei feminin i-stamme *nauði-
‘naud’. Det andre leddet, den maskuline i-stamma -gastiʀ, er kjent frå fem andre inn-
skrifter, mellom dei [12] Gallehus, hlewagastiʀ, og [8] Einang, [go]dagaṣṭịʀ. I det
– 27 –

siste ordet, erafaʀ, er den første a-runa truleg epentetisk, dvs. at ho representerer ein
glidevokal som markerer overgangen frå éin konsonant til ein annan, erafaʀ. Ved (6)
bryting, (8) synkope og (21) r|ʀ-samanfall får vi norrønt *jarfr m. ‘jerv’: erafaʀ > *erfaʀ >
*jarfaʀ > *jarfʀ > *jarfr. I gammalnorsk er ordet kjent frå lovene som jerfr m., men den
lydrette forma *jarfr førekjem ikkje i kjeldene og er derfor stjernemarkert. Det bør
likevel seiast at forma jerfr kan tolkast som resultat av progressiv j-omlyd, *jarfr > *jærfr
> jerfr (jf. Hagland 2013: 622).

[10] Rosseland, Hordaland || stein || ca. 400 e.Kr. (eller noko tidlegare)
ekwagigaʀirilaʀagilamudon ⟹ ek Waǥiǥaʀ irilaʀ Aǥilamundōn
ek *Vegigr *irill *Aglamundu
‘eg Vegig, erilen til Aglamunda’
Substantivet irilaʀ m. eller oftare erilaʀ m. førekjem i eit tital urnordiske innskrifter frå
ca. 300 til eit stykke ut på 500-talet og er svært omdiskutert. Det er semje om at erilen
hadde ein framståande funksjon i si tid, og det kan også sjå ut til at han var runekunnig
framom andre. Mange runologar har sett irilaʀ og erilaʀ i samband med den aust-
germanske folkestamma heruli, som er omtalt av fleire samtidige historikarar, heilt til-
bake til 200-talet e.Kr. og seinare av m.a. Jordanes og Prokopios (begge 500-talet e.Kr.).
Herulane herja over store delar av Europa frå midten av 200-talet. På 500-talet skal dei
ha vandra til Skandinavia, etter det Prokopios skriv. Terje Spurkland (2001: 60 –62)
stiller seg kritisk til at erilen skal knytast til herulane, og han er heller ikkje sikker på at
erilen var ein runemeister, slik mange har tenkt seg. Han peikar på at det berre er i to
innskrifter at erilen omtaler seg sjølv som runeristar, nemleg på ein stein frå Järsberg,
Värmland (ca. 500–550 e.Kr.), og ein brakteat frå Väsby, Skåne (ca. 500–550 e.Kr.). Det
er mogleg at erilaʀ ligg til grunn for den norrøne forma og tittelen jarl m. ‘jarl’, men eit
slikt samband er svært omdiskutert. Dette kjem vi tilbake til i samband med [20]
Bratsberg nedanfor.
I denne innskrifta finn vi eit av dei få døma på eit substantiv av n-stammene, nemleg
den feminine ōn-stamma agilamudon. Denne forma må helst tolkast som genitiv eintal,
og den viser at den mannlege erilen var underordna ei kvinne – han var Aglamundas eril.
Det er derfor ikkje overraskande at Ingrid Sanness Johnsen stiller spørsmålet “Kan
runeinnskrifter bidra til å belyse kvinnens stilling i det førkristne Norden?” (1969) i
drøftinga av denne og nokre andre innskrifter. Det første leddet i ordet, agila-, må vere
det same som i mannsnamnet *Agilaʀ > Egill (med dativforma *Agilē > Agli). I det andre
leddet, -mudon, reknar vi med homorgan nasal, -mundōn. I norrønt førekjem dette
leddet i mange mannsnamn, t.d. Ásmundr, Geirmundr, der -mundr er tolka som ‘vern,
vernar’. Mannsnamnet wagigaʀ er problematisk og har vore tolka på fleire vis, både med
kort og lang rotvokal, og med og utan homorgan nasal i den andre stavinga.

[11] Garbølle, Sjælland, Danmark || treskrin || ca. 400 e.Kr.


hagiradaʀ ᛁ tawide ⟹ Hagirāðaʀ tawiðē
*Hagráðr *táði
‘Hagråd gjorde [skrinet]’
– 28 –

Mellom dei to orda står det eit teikn som dei fleste har tolka som eit ordskiljeteikn, ikkje
som ei rune. Dét verkar også som den mest sannsynlege tolkinga. Substantivet hagi-
radaʀ er ikkje kjent som proprium i norrønt, men derimot som appellativ hagráð n. ‘godt
høve, lagleg tid’, og av dei same røtene hag- og rāð- som adjektivet hagráðr ‘rådgod’.
Utviklinga frå urnordisk blir rett fram etter nasen, (8) synkope og (21) r|ʀ-samanfall,
hagirāðaʀ > *hagrāðʀ > hagráðr, og utan i-omlyd, jf. regel (3f). Verbet tawide er 3.
person eintal preteritum, og vi reknar med at endingsvokalen var lang (forutan at d hadde
frikativ uttale), tawiðē. Utviklinga omfattar (8) synkope i > ∅, kontraksjon aw > ā, og
(9) vokalomlegging ē > i, *tawiðē > *tawðē > *tāðē > *táði. Infinitivsforma av tawide er
*taujan. Det same verbet førekjem også i [12] Gallehus med forma tawido, preteritum
1. person eintal.

[12] Gallehus, Sønderjylland, Danmark || gullhorn (berre i avteikning) || ca. 400 e.Kr.
ekhlewagastiʀ : holtijaʀ : horna : tawido : ⟹ ek Hlewagastiʀ holtijaʀ horna tawiðō
Ek *Hlégestr *Høltir horn *táða
‘Eg, Legjest, frå (el. son av) Holt, laga hornet’
Dette er ei av dei best kjende runeinnskriftene frå urnordisk tid, ikkje minst fordi ho har
hatt ei så dramatisk historie. Det har også sitt å seie at innskrifta har allitterasjon av same
type som vi kjenner frå eddadiktinga mange hundreår seinare, ek ˈhlewagastiʀ ˈholtijaʀ
ˈhorna tawido, og ho er dessutan eit godt døme på den gamle leddstillinga subjekt–
objekt–verbal (SOV), nærmare omtalt av Marit Aaamodt Nielsen (2013: 565–566). Inn-
skrifta stod på eitt av dei to rikt dekorerte gullhorna som vart funne i Gallehus i Sønder-
jylland – det første i 1636, det andre i 1734. Begge vart stolne i 1802 og smelta om, og
tjuven, gullsmeden Niels Heidenreich, hamna som fortent var i tukthuset. Det vart laga
gode teikningar i si tid, den første publisert av Ole Worm i 1641. Seinast på 1980-talet
vart det laga kopiar av begge horna, og dei er utstilte i Nationalmuseet i København. Då
kopiane vart utstilte i Jelling i 2007, vart dei stolne på nytt – men dei kom heldigvis til
rette like etterpå.
Innskrifta er så tydeleg på dei gamle teikningane at det ikkje er nokon tvil om
lesinga. Det er brukt eit ordskiljeteikn i form av fire prikkar over kvarandre, som vi her
gjev att med kolon (i [11] Garbølle såg vi at ein loddrett strek kunne nyttast på same
måten). Forma holtijaʀ er mykje omdiskutert. Somme tenkjer seg at det er eit gammalt
patronymikon, ‘son av Holt’, av eit mannsnamn *Holta. Andre tolkar det som ei avleiing
av appellativet *holta n. ‘skogholt’ og at det då har tydinga ‘frå Holt’, ‘frå skogen’ e.l. (sjå
drøfting og litteraturreferansar hos Grønvik 1999: 4–6).
I verbforma tawido, preteritum 1. person eintal, har vi døme på dentalsuffikset -ð
(attgjeve med d), eit kjenneteikn på den svake verbbøyinga; jf. 3. person eintal tawide i
[11] Garbølle. Infinitiven må rekonstruerast som urn. *taujan > norr. *teyja ‘gjere’
(pret. *táði), parallelt med urn. *haujan > norr. heyja vb. ‘setje i gang’ (pret. háði).
– 29 –

[13] Tune, Østfold, Noreg || stein || ca. 400 e.Kr.


ekwiwaʀafter : woduri|dewitadahalaiban : worahto : ṛ ⟹ ek Wiwaʀ after Wōðurīðē
witandahalaiƀan worahtō r[ūnōʀ]
Ek, *Vír, eftir *Óðríði *vitandhleifa, orta [rúnar]
‘Eg, Vi, gjorde [runer] etter Odrid, brødherren’
Sjå bilete og utfyllande omtale i Seim (2013: 146–148). Her har vi berre teke med dei to
linjene på A-sida av steinen. Innskrifta held fram med tre linjer på B-sida, men denne
delen har ei meir omstridd tolking. Det ser også ut til at det har stått noko meir på slut-
ten av den andre linja på A-sida, kan hende runoʀ ‘runer’, slik som i [8] Einang (t.d.
Krause 1971 : 169). To av vokalane i denne innskrifta, begge a-runer, er tolka som
glidevokalar: -halaiban = -halaiƀan og worahto = worahtō.
Namnet wiwaʀ er truleg det same som det sein-urnordiske namnet wiʀ på ein fibula
frå Eikeland, Rogaland (ca. 550–600 e.Kr.), der synkopen allereie har vore verksam og
rotvokalen forlengd, og vi kan då rekonstruere den norrøne forma som *Vír (slik Krause
1971: 62). I namnet *Wōðurīðaʀ ‘den galne ryttaren’ har det første leddet same rot som
urnordisk *Wōðanaʀ, norrønt Óðinn. Det andre leddet i *Wōðurīðaʀ har same rot som
verbet *rīðan > norr. ríða vb. ‘ri’.
I ordet witada- reknar vi med at n ikkje har vore notert føre homorgan plosiv,
*witanda-, og i -hlaiban at diftongen ai går til ei i samsvar med endringane i diftong-
systema (jf. ill. 11 og 20). Det første leddet, wita⟨n⟩da-, blir tolka som presens partisipp
av eit verb som ein elles berre kjenner frå gotisk, witan sv.vb. ‘syte for, passe på’, medan
det andre leddet blir tolka som ei urnordisk an-stamme hlaiba m. ‘leiv (av brød)’, dativ
eintal hlaiban, jf. den norrøne a-stamma hleifr m. Samansetjinga kan då ha tydinga ‘den
som sikrar brødet’ eller altså ‘brødherren’. Forma hlaiban må vere dativ ettersom ho
kongruerer med woduride, styrt av preposisjonen after.
Verbet worahto = worahtō utviklar seg med (15) w-bortfall, (22) assimilasjon ht > tt
og (9) ō > a til orta (av yrkja ‘gjere’) i norrønt. Vi møter det same verbet i forma worta i
[22] Etelhem ca. 500 e.Kr.

[14] Valsfjord, Sør-Trøndelag, Noreg || fast fjell || ca. 400 e.Kr.


ekhagustaldạʀþewaʀgodagas ⟹ ek haǥustaldaʀ þewaʀ Gōðaǥas
Ek, haukstaldr, *þér *Góðags
‘Eg, den unge krigaren, tenaren til Godag’ el. ‘Eg, Haukstall, tenaren til Godag’
Substantivet hagustaldaʀ må vere det same som hagusta⟨l⟩daʀ i [17] Kjølevik og er her
attgjeve i norrønt med den noko omdanna forma haukstaldr m. ‘ung krigar’, jf. haugstall
m. ‘ungkar, sveinkall’ i mange norske dialektar. Det same ordet finst i gammalhøgtysk
hagustalt og gammalengelsk hagosteald. Til liks med widuhudaʀ i [4] Himlingøje kan
det vere vanskeleg å trekkje grensa mellom appellativ og propria, og det er såleis mogleg
at hagustaldaʀ skal tolkast som eit mannsnamn (slik Peterson 1994: 136). Ved kontrak-
sjon ew > ē og (8) synkope av a utviklar substantivet þewaʀ ‘ tenar, følgjesvein’ seg til
norr. *þér m. Dette substantivet førekjem ikkje som sjølvstendig ord i norrønt, men i ei
samansetjing som det mytologiske namnet Eggþér, geng. Ecgþéow. Det førekjem elles i
genitivsforma þewas i den delen av Hogganvik-innskrifta som vi ikkje har teke med her;
– 30 –

jf. Seim (2013: 144–145). Namneforma godagas, normalisert Gōðaǥas, må vere genitiv av
ei maskulin a-stamme, *Gōðaǥaʀ.

[15] Elgesem, Vestfold, Noreg || stein || ca. 400–500 e.Kr.


alu
ǫl
‘øl’
Dette er ei av dei eldste innskriftene med ordet alu, som dei fleste meiner har tydinga
‘øl’. Kanskje ligg det ikkje meir i ordet enn akkurat dette, slik Gerd Høst (1981) tenkjer
seg. Andre trur derimot at ordet (og den gjenstanden som ordet står på) må reflektere
kultisk bruk. Etter pronomenet ek ‘eg’ er alu det mest frekvente ordet i det urnordiske
materialet; forutan på Elgesem-steinen førekjem det på åtte andre lause gjenstandar,
hovudsakleg brakteatar (jf. Djupbrunns, ill. 9 ovanfor), og med eitt unntak står det som
det einaste ordet på desse gjenstandane (jf. Antonsen 2002: 209–210). Det nyaste funnet
er frå 2003 på Alstahaug, Helgeland, der det på ein gjenstand, truleg ein brend kam, står
alu to gonger, aallu⟨u⟩. Dateringa på dette funnet er ca. 600 e.Kr. Den språklege ut-
viklinga frå urnordisk til norrønt er elles endefram, etter at utlydande -þ hadde falle i den
eldre germanske forma *aluþ, vart alu først utsett for (4) u-omlyd og deretter (8) syn-
kope, alu > *ǫlu > ǫl. For ei inngåande etymologisk drøfting, sjå Bjorvand og Lindeman
(2007: s.v. øl).

[16] Nordhuglo, Hordaland, Noreg || stein || ca. 450 e.Kr.


ekgudijaungandiʀịḥ ⟹ ek guðija Ungandiʀ ịḥ ...
Ek, goði, *Úgendr ...
‘Eg, gòde(n), Den uslåelege ...’
Etter dei to siste runene ịḥ ser det ut til at noko av steinen har vore avslege, og Magnus
Olsen tenkte seg (noko fantasifullt?) at det kunne vere i h⟨ugulu⟩ e.l. ‘i Huglo’ (NIæR
bd. 2:1, s. 619 –621). Desse to runene kan kanskje også lesast im, dvs. ‘ (eg) er’ (slik
Makaev 1996 : 88 ). Det første substantivet, gudija, står i nominativ eintal og burde ha
vore skrive gudja om ein skal leggje til grunn Sievers’ lov (jf. tekstboksen s. 45 nedanfor).
I så fall er det ei maskulin jan-stamme slik som harja i [1] Vimose. Det har same rota,
*guð-, som norrønt goði m. ‘gòde, prest’ med *guða- > goð- ved (1) a-omlyd. Det andre
ordet, substantivet ungandiʀ, har same orddanning som unwod(i)ʀ ‘den u-oppøste’ i [5]
Gårdlösa. Det har truleg tydinga ‘den som står imot gand’, jf. norrønt gandr m. ‘troll-
dom’. Her står ungandiʀ mest sannsynleg i nominativ, og høyrer då til dei maskuline i-
stammene. Det har lang rotstaving og får (3b) i-omlyd til úgendr.

[17] Kjølevik, Rogaland || stein || ca. 450 e.Kr.


hadulaikaʀ | ekhagustadaʀ | hlaaiwidomaguminino ⟹ Haðulaikaʀ ek Haǥustaldaʀ
hlaiwiðō maǥu mīninō
*Hǫðleikr, ek, haukstaldr, *hlǽða mǫg minn
‘Hodleik. Eg, den unge krigaren, gravla sonen min’
– 31 –

Det første leddet i hadulaikaʀ, hadu-, er omdiskutert. Det har vore tolka som *handu-
med homorgan nasal (> norr. hǫnd f. ‘hand’), *hardu (> norr. harðr adj. ‘hard’) eller *haþō
(> norr. hǫð f. ‘strid’), jf. Peterson (1994: 145f). Det andre leddet, -laikaʀ, går regelrett til
norr. leikr m. ved (8) synkope og (21) r|ʀ-samanfall. Det førekjem i fleire norrøne
mannsnamn, t.d. Gunnleikr, Þorleikr. Substantivet hagustadaʀ er etter alt å døme det
same som hagustaldaʀ i [14] Valsfjord. Også her kan det diskuterast om det er appel-
lativ eller proprium. Verbet hlaiwido er preteritum 1. person eintal av det svake verbet
*hlaiwijan ‘gravleggje’, som i urnordisk høyrde til ija-konjugasjonen. Det finst som per-
fektum partisipp h⟨l⟩aiwidaʀ i ei innskrift frå Amla, Sogn og Fjordane (ca. 450 e.Kr.), og
med same rot finst det ei nøytral a-stamme hlaiwa ‘grav’ i ei innskrift frå Bø, Rogaland
(ca. 500 e.Kr.). Substantivet magu er ei maskulin u-stamme, nominativ *maǥuʀ, som har
tydinga ‘son’ . Etter (4) u-omlyd, (8) synkope og (21) r|ʀ-samanfall blir det mǫgr, som
framleis er brukt i norrønt med denne tydinga, ved sida av det vanlegare substantivet sonr
m. Sjå den fulle bøyinga av ordet s. 44 nedanfor.

[18] Sjælland 2, Danmark || brakteat || ca. 475–500 e.Kr.


hariuhahaitika : farauisa : gibuauja ⟹ Hariūha hait-ika farawīsa giƀu auja
*Herjói heiti-ek, *faravísi, gef *ey
‘Herjoe heiter eg, den ferdkloke, gjev lykke’
Det første ordet, hariuha, må vere namnet på eg-personen i innskrifta. Krause tolkar det
som ei samansetjing, hari-ūha, med tydinga den ‘kamp-unge’ og rekonstruerer det med
eit elles ukjent mannsnamn i norrønt *Herjói (1971: 162). Det andre ordet, haitika, har
etterhengd pronomen -ka ‘eg’, jf. s. 51 nedanfor. Medan Antonsen (1975: 65) tolkar det
første leddet i adjektivet farauisa til rota *far- (jf. norrønt fara vb. ‘reise’) og dermed får
tydinga ‘ den ferdkloke’, knyter Krause (1971: 162 ) det til germansk *fēra- > urnordisk
*fāra- (jf. norrønt fár n. ‘ fare, skade’), og får tydinga ‘ den som kjenner til fare’. Verb-
forma gibu er presens 1. person eintal av det sterke verbet *geƀan > norr. gefa ‘gje’ (jf.
bøyinga s. 51 nedanfor). Rotvokalen i mot forventa e i gibu skal truleg forklarast som
analogi med 2 . og 3 . person eintal, som etter (2) eldre i-omlyd må rekonstruerast med
formene *giƀiʀ og *giƀiþ, jf. moderne tysk gebe, gibst, gibt (presens 1., 2. og 3. person ein-
tal). Substantivet auja er ei nøytral a-stamme, som blir utsett for (3a) i-omlyd og (8)
synkope, auja > *eyja > *eyi > ey n. ‘lykke’, jf. s. 45 nedanfor.

[19] Berga, Södermanland, Sverige || stein || ca. 500 e.Kr.


saligastiʀ | fino ⟹ Saligastiʀ | Finnō
*Salgestr. Finna
‘Salgjest. Finna’
Denne innskrifta, som etter alt å døme er eit gravminne, inneheld eit mannsnamn og eit
kvinnenamn. Det første har same etterledd som hlewagastiʀ i [12] Gallehus og naudi-
gastiʀ i [9] Hogganvik. Det andre namnet er døme på ei feminin ōn-stamme, jf. harisō i
[6] Himlingøje. Dette ordet er eitt av dei få nokså sikre døma på lang konsonant i ur-
nordisk. Rota *finn- (eller *fenn-, jf. forma Fenni hos historieskrivaren Tacitus) er den
same som i norrønt finnr adj. ‘ samisk, finsk’. På grunnlag av namnematerialet frå ur-
– 32 –

nordisk tid ser det ut til at det germanske språkområdet strekte seg så langt nord som til
Hålogaland i Noreg og Jämtland og Ångermanland i Sverige. Nordanfor på den skandi-
naviske halvøya, og i Finland, rådde samane, som talte eit heilt anna, finsk-ugrisk språk
(jf. Andersson 2012: 219–223).

[20] Bratsberg, Telemark || fibula || ca. 500 e.Kr.


ekerilaʀ ⟹ ek erilaʀ
Ek *erill/jarl
‘Eg eril(en)’
Sjå bilete og omtale i Seim (2013: 142–144). Det er mogleg at rota er- i erilaʀ har hatt
fleire avleiingar, *erl-, *eril-, *erul-, og at ein på dette grunnlaget både kan etablere eit
samband med folkestamma heruli og dessutan ei lydrett utvikling *erlaʀ > norr. jarl m.
(som svarar til utviklinga av det engelske ordet earl). Dersom vi skulle ta utgangspunkt i
den belagte forma erilaʀ, ville ordet utvikle seg til ei form som vi ikkje kjenner i norrønt,
nemleg *erill. Det ville i så fall skje ved (8) synkope av endingsvokalen og (22) assi-
milasjon lʀ > ll, dvs. erilaʀ > *erilʀ > *erill. Ein parallell til denne utviklinga har vi m.a. i
*kundilaʀ > kyndill m. ‘lys, fakkel’ (jf. regel 20 nedanfor). Men om vi kan rekne med ei
orddanning av typen *erl-, fører det fram til ei kjend form i norrønt, nemleg jarl m. ‘jarl,
fyrste’. Då har ordet vore gjennom (6) bryting, (8) synkope, (22) assimilasjon lʀ > ll og
endeleg konsonantforkorting rll > rl, dvs. *erlaʀ > *jarlaʀ > *jarlʀ > *jarll > jarl. Ei
tilsynelatande synkopert form erlaʀ førekjem i [22] Etelhem (ca. 500 e.Kr.), men som
vi skal sjå nedanfor, er denne forma omdiskutert.

[21] Tanem, Sør-Trøndelag, Noreg || stein || ca. 500 e.Kr.


mairlŋu ⟹ māril⟨i⟩ngu
*mǽrling
‘merling’ dvs. ‘vidkjend ættling’
Her kjem vi ikkje utanom eit par tekstrettingar. For det første kan ir i mair vere ein
metatese (ombyting) av ri, og for det andre kan det vere ein utelaten i i lŋu. Det er også
mogleg at den 6. runa  i dette ordet er ei binderune av ᛁ i og ᛜ ŋ , og i så fall treng ein
ikkje skyte til nokon i (jf. Barnes 1984: 68–76). I begge fall skal ordet vere marilingu, ei
lesing som har støtte i gammalhøgtysk Merling og gotisk Merila. Vi reknar marilingu
som ei feminin ō-stamme med endinga -u i nominativ eintal (jf. bøyinga av desse orda s.
42 nedanfor). Suffikset -ling kan tolkast som ‘ ættling av’, og mari har truleg same rot
som adjektivet māriʀ, jf. mariʀ i ei innskrift frå Thorsbjerg, Slesvig i noverande
Tyskland, tidlegare Sønderjylland (ca. 200 e.Kr.). Dette ordet finst framleis i norrønt, og
etter (3b) i-omlyd, (8) synkope og (21) r|ʀ-samanfall får vi forma mǽrr adj. ‘vidkjend,
vidgjeten’ (kjent frå eddadiktinga), māriʀ > *mǣriʀ > *mǣrʀ > mǣrr.
– 33 –

[22] Etelhem, Gotland, Sverige || fibula || ca. 500 e.Kr.


mk mrla wrta ⟹ ek erlaʀ worta
ek *erill/jarl orta
‘eg, eril(en), gjorde’
Denne innskrifta har vore tolka på fleire måtar. Den eldste tolkinga går tilbake til
Sophus Bugge (NIæR bd. 1: 148–152) og er seinare overteken av m.a. Krause (1971: 146).
Etter denne tolkinga blir innskrifta utvida med ein serie utelatne vokalar, m⟨i⟩k
m⟨ē⟩r⟨i⟩la w⟨o⟩rta, og får då tydinga ‘meg gjorde Meril’ – rett nok med verbendinga for
1. person eintal, ikkje 3 . person. Men allereie Adolf Noreen og Axel Kock (siterte i
NIæR bd. 1: 148) valde i staden å rekne med ei feilristing. Ettersom m- og e-runa er
svært like (ᛗ m vs. ᛖ e), er det ikkje urimeleg at ᛗᚲᛗᚱ mkmr- skal lesast ᛖᚲᛖᚱ eker-,
noko som utan vidare kan gje ei meiningsfull tolking. Men for å gje ei samanhengande
meining til innskrifta kjem ein ikkje utanom å skyte til ein ʀ i erla⟨ʀ⟩ og ein o i w⟨o⟩rta,
altså ek erla⟨ʀ⟩ w⟨o⟩rta. Den siste forma svarar til worahto, normalisert worahtō, i [13]
Tune, og endinga tyder på at vi har eit tidleg døme på overgangen ō > a, jf. regel (9).
Elles vitnar ordet om (15) w-bortfall, worta > orta.
Men kva med forma erla⟨ʀ⟩? Er dette endå ei feilskrift, men no av erilaʀ, slik som i
[20] Bratsberg? Vi kan ikkje utelukke det, for denne innskrifta verkar heller hjelpes-
laus. Men det må vere mogleg å ta forma for pålydande, og som vist under [20] Brats-
berg fører erlaʀ lydrett fram til norrønt jarl m. ‘ jarl, fyrste’. Same korleis ein vrir og
vender på denne innskrifta, må ein rekne med feilristingar, og enkelte runologar meiner
derfor at ho er så usikker at dei helst vil sjå bort frå henne (slik Peterson 1994: 140).

[23] Gummarp, Blekinge || stein (berre i avteikning) || ca. 600–650 e.Kr.


haþuwolafa | sate | staba þrią | fff ⟹ haþuwolafaʀ sattē staƀā þrią̄ f⟨ehu⟩ f⟨ehu⟩ f⟨ehu⟩
*Hǫðulfr setti stafa þrjá fé fé fé
‘Hodulv sette tre (rune)stavar fe fe fe’
I denne innskrifta har ᛡ overteke som oral a-rune, medan den gamle a-runa, ᚨ, vart brukt
for den nasale ã. Det er noko ulik praksis når det gjeld translittereringa; her skal vi bruke
a for ᛡ og ą for ᚨ (men ein ser også at a blir brukt for å translitterere den første runa og a
for den andre, jf. Seim 2013: 151). Det kan sjå ut til at haþuwolafa står i akkusativ, men
etter alt å døme må det vere nominativ, og vi har derfor tillate oss å normalisere det til
haþuwolafaʀ (med glidevokal i wolafaʀ). Krause (1971: 148 ) knyter dette namnet til det
norrøne Halfr. Preteritumsforma satte, 3. person eintal, svarar til den eldre forma *satiðē,
som er representert ved satido (dvs. satiðō), 1. person eintal, i ei innskrift frå Rö (Bohus-
län, Sverige, ca. 400 e.Kr.). Her har det vore både (8) synkope og konsonantassimilasjon,
*satiðē > *satðē > sattē. Om denne utviklinga, sjå Skomedal (1980: 124). I akkusativforma
staba må vi rekne med at endingsvokalen var nasalert etter bortfall av n, og dermed mot-
stod synkopen etter regel (9). I runeinnskriftene blir talorda alltid skrivne fullt ut, i dette
tilfellet þrią, der dei mellomalderlege handskriftene i det latinske alfabetet som oftast har
romartal.
Innskrifta er avslutta med tre f-runer, som vi tolkar som *fehu > norr. fé n. ‘fe, gods,
velstand’, jf. [8] Fløksand.
– 34 –

Endeleg tek vi med Stentoften og Björketorp. Dette er ganske lange innskrifter, og


vi nøyer oss med utdrag frå begge. Saman med [23] Gummarp høyrer dei til ei gruppe av
innskrifter frå Blekinge i Sør-Sverige.

[24] Stentoften, Blekinge, Sverige || stein || ca. 600–650 e.Kr.


[...] sa þat bariutiþ [...] ⟹ sā ⟨eʀ⟩ þat bariutiþ
sá ⟨er⟩ þat brýtr
‘den ⟨som⟩ bryt det’
Her har vi lagt til relativpartikkelen eʀ ‘som’, med støtte i den samtidige innskrifta [25]
Björketorp. Vi merkar oss at rotvokalen i verbet er iu, dvs. at i-omlyden enno ikkje har
gjort seg gjeldande, og at endinga framleis er -iþ, der [25] Björketorp har -ʀ. Harald Bjor-
vand (2010) tenkjer seg at endinga -iþ førte fram til ei assimilert form *-tt i verb som har
rotutlyd på dental, altså briutiþ > *briytt > *brȳtt. Denne kan så ha blitt fortrengd av den
tradisjonelle endinga -iʀ > -r frå 2 . person eintal, slik at heile eintalsbøyinga fekk ein
felles, einstava struktur i norrønt, brýt (1. person) – brýtr (2. og 3. person). Når det gjeld
utviklinga av verbendingane i presens eintal i norrønt, er det slåande at både svake og
sterke verb har fått éi form i 1. person og ei anna form i 2. og 3. person, som vist her.
Typologisk sett kan det altså ha vore eit press for å oppheve skilnaden mellom formene i
2. og 3 . person (om eit slikt resonnement, sjå Hans Frede Nielsen 2000: 263–264).
Denne utviklinga ser vi også i færøysk, der endinga -i blir gjennomført i 1. person eintal
presens.

[25] Björketorp, Blekinge, Sverige || stein || ca. 600–650 e.Kr.


[...] saʀþatbarutʀ [...] ⟹ sā eʀ þat barūtʀ
sá er þat brýtr
‘den som bryt det’
Determinativet sa + relativpartikkelen eʀ er samanskrivne i denne innskrifta, noko som
ofte også er tilfellet i norrønt, særleg i poesien, sá ’s = sá er ‘den som’. I verbforma barutʀ
er den gamle endinga -iþ i 3 . person eintal utskift med -ʀ, som svarar til den norrøne
endinga -r. I [24] Stentoften, frå same område og periode, såg vi at endinga framleis er
-iþ, noko som tyder på at det analogiske skiftet frå -iþ til -ʀ > -r kan ha byrja på 600 -
talet, i sein urnordisk tid.

Dei tre siste innskriftene skal stå som døme på sein urnordisk, den perioden då i- og u-
omlydane, brytinga og synkopen tok til å gjere seg gjeldande. Den same overgangen er vi
vitne til i den viktige innskrifta frå Eggja i Sogn (ca. 650 –700 e.Kr.), omtalt i Seim
(2013: 149–151). Den er i det eldre runealfabetet, men har langt på veg ei norrøn språk-
form.
– 35 –

Det urnordiske språksystemet


I det følgjande skal vi gje ei skisse av hovudtrekka i det urnordiske språksystemet på
grunnlag av dei allmenne framstillingane vi har av det (t.d. Krause 1971, Antonsen 1975,
E. Haugen 1982 og Makaev 1996), med støtte i det materialet vi har lagt fram i det føre-
gåande korpuset. Denne framstillinga omfattar fonologi og morfologi; for ein omtale av
den syntaktiske utviklinga, sjå Marit Aamodt Nielsen (2013).

Fonologi
Det eldste dømet på det eldre, fellesgermanske runealfabetet er ei innskrift frå Kylver ca.
400 e.Kr. Dette alfabetet hadde 24 teikn, og på grunnlag av nokre andre og litt yngre
innskrifter (brakteatar frå Vadstena og Mariedamm) kan vi setje det opp i tre ætter med
åtte teikn i kvar:

ᚠᚢᚦᚨᚲᚷ ᛬ ᚺᚾᛁᛃᛇᛈᛘᛊ ᛬ ᛏᛖᛗᛚᛜᛞᛟ


fuþarkgw : hnijëpʀs : tbemlŋdo

Vi held det for sannsynleg at det eldre runealfabetet reflekterer ein tilnærma korrekt
analyse av det urnordiske lydsystemet i den forstand at kvart runeteikn svara til eitt
fonem i språket. Dette utgangspunktet er ofte omtalt som hypotesen om det perfekte
samanfall (“the perfect fit”), og det er ein hypotese som har brei tilslutning blant språk-
forskarane. Men det skal også seiast at dette kan vere ei sirkelslutning, der runeorto-
grafien blir brukt for å støtte opp om den fonemiske analysen, og omvendt. Såleis peikar
Martin Syrett på at det ligg ein fare i å stole for mykje på dette samanfallet, og at ein i
analysen av det eldre runealfabetet må vere open for at det kan vere forskyvingar og
variasjon i korleis dette gav att det underliggjande lydsystemet (1994: 34–35).
Under alle omstende er det to av dei 24 teikna som er omdiskuterte. Det eine er ᛇ,
som truleg stod for ein fremre vokal, i alle fall er det slik i enkelte angelsaksiske inn-
skrifter, og dette teiknet blir gjerne translitterert med ï, ë eller æ (jf. Barnes 2012: 13–14
og Seim 2013 : 138 ). Det andre teiknet er ᛜ, som blir translitterert som ŋ. Dette rune-
teiknet representerte neppe noko eige fonem, men var snarare ein skrivemåte for konso-
nantsambandet ng (slik x i norrønt er ein skrivemåte for gs eller ks). Dei 22 andre teikna
fell derimot fint på plass, og dette gjev oss – med dei nemnde atterhalda – eit arkimedisk
punkt i forståinga av urnordisk.
Vi reknar at urnordisk hadde fem trykktunge vokalar, som alle kunne vere både korte
og lange: i, e, a, u, o. Som vist i ill. 6 ovanfor hadde ikkje urgermansk nokon kort o, men
denne vokalkvaliteten oppstod ved (1) a-omlyd av u, slik som i urgerm. *hurnan >
nvgerm. *horna > urn. horna n. ‘horn’ . Ei form som holtijaʀ (ikkje *hultijaʀ) i [12]
Gallehus tyder på at kort o var eit fonem i urnordisk tid. Vidare var det ingen ā i
urgermansk, men i nordvestgermansk (og seinare urnordisk) gjekk urgermansk ē til ā, og
det kom til ein ny ē, ofte kalla ē₂. Etter desse overgangane kan urnordisk rekonstruerast
med eit symmetrisk vokalsystem av fem lange og fem korte vokalar. Ill. 10 viser dette
vokalsystemet med teikn frå det eldre runealfabetet og translitterering til det latinske
alfabetet, utan at det er gjort noko skilje mellom lange og korte vokalar i oppstillinga.
– 36 –

Ill. 10. Monoftongane i urnordisk.

I trykklett stilling var det færre vokalar, men talet på desse er svært omdiskutert. Her
skal vi rekne med fire lange vokalar, ī, ē, ā, ō, og tre korte i, a, u (men sjå den detaljerte
drøftinga i Syrett 1994 : 267 –271 og dessutan Grønvik 1998 : 89 –90). Dei trykklette
vokalane er viktige med tanke på synkopen, jf. reglane (8) og (9) nedanfor.

Ill. 11. Diftongane i urnordisk.

I tillegg til dei fem monoftongane hadde urnordisk tre diftongar, som vist i ill. 11 .
Diftongen iu (av germansk eu) utvikla seg fram mot norrøn tid til jú føre labiale og velare
konsonantar og jó i andre stillingar, noko som ein i norrønt ser av dei sterke verba i 2.
klasse, krjúpa ‘krype’ vs. brjóta ‘bryte’ . Det er rett nok ein del unntak til denne for-
delinga. Særleg er det verdt å merke seg at det redupliserande verbet hlaupa (pret. hljóp)
bryt med regelen; om ei forklaring på dette, sjå Skomedal (1980: 132–133).
Konsonantsystemet skilde seg frå urgermansk ved at det hadde ei anna organisering
av plosivane og frikativane, jf. ill. 12. Dei tre stemde konsonantane b, d og g hadde både
plosive og frikative variantar (allofonar) avhengig av posisjonen i ordet. I urgermansk
reknar vi med at dei var frikative i alle posisjonar, men i urnordisk vart dei plosivar i
framlyd og dessutan etter homorgan nasal, altså i sambanda mb, nd og ng. I andre stil-
lingar var dei frikative. I det eldre runealfabetet vart ᛒ b, ᛞ d og ᚷ g brukte for både den
plosive og den frikative varianten, men i den urnordiske normaliseringa i dette kapittelet
bruker vi teikna ƀ, ð og ǥ for dei frikative variantane, som t.d. i [17] Kjølevik og [18]
Sjælland 2. Det gjer det lettare å forstå overgangen til det norrøne systemet.
Urnordisk hadde to rullelydar, trillen ᚱ r og den frikative rullelyden ᛉ ʀ. Den sist-
nemnde er utvikla frå urgermansk og nordvestgermansk stemd s, [z], og ein del forskarar
– 37 –

vel derfor å translitterere ᛉ med z også i innskrifter frå den urnordiske perioden. Som
nemnt s. 17 ovanfor tyder m.a. lånord i samisk på at ʀ var ein rullelyd i urnordisk, og vi
bruker derfor ʀ som translitterering av ᛉ i urnordiske innskrifter heller enn z. På 900-
talet i norsk (og eit par hundreår seinare i austnordisk) fall ʀ saman med r, t.d. urn.
*armaʀ > norr. armr m. ‘arm’, regel (21).

Ill. 12. Konsonantane i urnordisk.

Morfologi
Til liks med urgermansk hadde dei fleste orda i urnordisk tre skilde delar: ei rot, eit
stammesuffiks og ei bøyingsending, som vist i ill. 13. I nokre tilfelle kunne ordet også ha
eit avleiingssuffiks, som plasserte seg mellom rota og stammesuffikset. Oppstillingar
som i ill. 13 kan gje inntrykk av at urnordisk var eit fullstendig agglutinerande språk, slik
som moderne tyrkisk, dvs. at dei enkelte elementa i orda føyer seg etter kvarandre om
lag som legoklossar. Eksemplet gastiʀ er jo nettopp slik. Men det er fleire unntak. Stam-
mesuffiksa kunne i nokre tilfelle smelte saman med bøyingsendinga, som t.d. i dativ
eintal av a-stammene, der urgermansk truleg hadde *armai ‘arm’, dvs. rota arm-, stam-
mesuffikset -a- og bøyingsendinga -i. I tidleg urnordisk vart diftongen ai i trykklett
stilling kontrahert til ē, som førte til forma *armē, der stammesuffikset og bøyings-
endinga vart uttrykt i ein og same lyd, ē. Slike utviklingar kom det fleire av fram mot det
– 38 –

norrøne språksteget, der det på grunn av prosessar som omlyd og bryting vart eit stort
innslag av vokalskifte i rota, og der det også oppstod fleire assimilasjonar mellom stam-
ma og bøyingsendinga. Resultatet vart eit språksteg som er langt meir fusjonerande enn
urnordisk, og dermed mindre gjennomsiktig.
Trass i enkelte samanfall var stammesuffikset eit så gjennomgåande og karakteristisk
trekk i urnordisk at det er vanleg å stille opp substantivbøyinga etter stammer, ikkje etter
genera. Det er først med det norrøne språksteget at genusbøyinga overtek for stamme-
bøyinga. No skal det seiast at vår kunnskap om det urnordiske språksteget er mangelfull,
og sjølv for dei mest frekvente gruppene er det fleire usikre former. I det følgjande skal
vi nøye oss med nokre av dei best rekonstruerte paradigma. Vi byggjer då på Iversen (6.
utg. 1961), Krause (1971) og Makaev (1996). I hovudsak har desse den same framstillinga,
men det er også fleire avvik mellom dei som gjer det umogleg å setje opp ein uomstridd
morfologi.

Ill. 13. Urnordisk gastiʀ m. ‘gjest’ (i-stamme) og *aftanaʀ m. ‘aftan’ (a-stamme).

Det heiter seg at det ikkje er nokon regel utan unntak. Her skal vi heller seie at det
ikkje er nokon regel som ikkje kan opphevast ved analogi. Bøyinga av horna n. ‘horn’
skal stå som døme på dette; jf. tab. 5 nedanfor. Vi reknar at dette substantivet hadde
forma *hurna i urgermansk etter bortfall av utlydande -n, og at det vart utsett for (1) a-
omlyd *hurna > *horna i nordvestgermansk, og at denne forma vart overteken i urnor-
disk. Resultatet burde då ha blitt ei veksling mellom rotvokalen u og o i dei ulike for-
mene av ordet, ettersom ikkje alle endingane inneheldt a. Men bøyinga av det norrøne
ordet horn viser oss at rotvokalen var den same i alle former. Det må altså ha skjedd ei
utjamning, der u har gått over til o også i former der det ikkje hadde vore a-omlyd. Det
er denne prosessen vi omtaler som analogi i dette kapittelet.
Kor tidleg kan denne utjamninga ha skjedd? Vi får ikkje noka hjelp frå dei urnordiske
kjeldene, for der er det berre to døme på ordforma horna, begge i eintal, i [12] Gallehus
ca. 400 e.Kr. og i ei innskrift frå Strøm, Sør-Trøndelag ca. 450 e.Kr. Når vi fører opp
– 39 –

Kjær stamme har mange namn


Det er eit gjennomgåande trekk ved dei eldre indoeuropeiske språka at orda kan
delast i rot + stammevokal + bøyingsending, som vist i ill. 13 . Denne strukturen
heldt seg framleis godt i urnordisk, sjølv om det då var tendensar til samanfall. No
vil ein i litteraturen finne desse stammesuffiksa omtalte både med sine opphavlege
indoeuropeiske vokalar og med seinare vokalkvalitetar. Då oppstår det mange skil-
nader, ikkje minst på grunn av overgangane o > a og ā > ō frå indoeuropeisk til
germansk.
Hovudregelen er at indoeuropeiske o-stammer svarar til germanske a-stammer,
og indoeuropeiske ā-stammer til germanske ō-stammer. Antonsen (1975) og
Makaev (1996) held seg til dei indoeuropeiske stammenemningane, medan Krause
(1971) og dei fleste andre bruker dei germanske stammenemningane.
Grammatikken til Noreen (siste utg. 1923) reknar i tillegg til dei reine a- og ō-
stammene med ja-/ia- og jō-/iō-stammer, og det same gjeld dei eldre utgåvene av
grammatikken til Iversen (1923), medan den reviderte utgåva i 1973 har innført
ja-/ija- og jō-/ijō-stammer. Desse møter ein også i t.d. Krause (1971), og det er dei
som er brukte i dette kapittelet.

dette ordet i tab. 5, må vi ta stilling til om ordet skal ha den utjamna rotvokalen o i alle
former, eller eit skifte mellom u og o. Her har vi valt å la skiftet i rotvokalen stå ved lag
på det urnordiske steget, og først gjennomføre utjamninga til o på det norrøne steget.

urnordisk → norrønt
sg. n. *horna (8) horn
g. *hornas (8) horns
d. *hurnē (9) +ⓐu>o horni
a. *horna (8) horn

pl. n. *hurnu (8) +ⓐu>o horn


g. *hornō (9) horna
d. *hurnumʀ (22) +ⓐu>o hornum
a. *hurnu (8) +ⓐu>o horn

Tab. 5. To steg i utviklinga av norrønt horn n. ‘horn’. Utviklinga frå urnordisk til norrønt blir
vist med reglar nummererte i samsvar med oppstillinga s. 53–70 nedanfor, og med analogi, der
reglane ikkje strekk til. Vi bruker teiknet ⓐ i dei formene der analogien har vore verksam. I
dativ eintal *hurnē > horni kan vi såleis forklare overgangen ē > i ved regel (9), men over-
gangen (eller rettare sagt utjamninga) u > o må forklarast med analogi.

Til sist skal vi ta med ei påminning om det usikre i mykje av det som følgjer. Ein
sjeldan gong kan vi føre opp ei form som er overlevert i det urnordiske materialet, og
under føresetnad av at attgjevinga av denne forma i runeinnskrifta er i samsvar med
– 40 –

språksystemet på denne tida, har vi ei sikker form. Substantivet laukaʀ m. ‘lauk’ i [7]
Fløksand er ei slik form. I dette og i svært mange andre tilfelle må vi rett nok leggje til
at orddelinga ikkje er heilt sikker; trass alt lyder innskrifta linalaukaʀf, som vi les som
lina laukaʀ f. Om vi på grunnlag av forma laukaʀ og på grunnlag av at i norrønt har dagr
same bøying som laukr, sluttar oss til at dagr heitte dagaʀ i urnordisk, er vi på nokså
trygg grunn (her ser vi bort frå at g i denne posisjonen truleg hadde frikativ uttale, ǥ, både
i urnordisk og norrønt). Men det er like fullt ein rekonstruksjon – ingen stad i det ur-
nordiske materialet er dette ordet overlevert, så vi må pent setje ei stjerne framfor det,
*dagaʀ. Derimot kan vi setje opp endinga -aʀ utan stjerne på grunnlag av den belagte
forma laukaʀ.
Tab. 6 viser bøyinga av ei maskulin a-stamme i gotisk og norrønt; på begge språk-
stega har vi så fyldige kjelder at vi kan føre opp samtlege former. I urnordisk er ikkje
*dagaʀ belagt nokon stad, så derfor har vi stjernemarkert heile paradigmet. Men fleire av
endingane har vi sikre belegg på frå andre ord i same bøyingsklasse, så dei kan langt på
veg førast opp utan stjernemarkering; det gjeld i heile eintal og i dativ fleirtal. Frå mange
andre ord veit vi at gotisk har fått desonoriseringa *-z > -s i utlyd der urnordisk har fått
overgangen *-z > -ʀ (og vidare til -r i norrønt). Dette stemmer med endinga i nominativ
eintal, der gotisk har -s og urnordisk -aʀ (med stammevokalen a). Vidare støttar nomi-
nativ fleirtal -ōs i gotisk opp om nominativ fleirtal *-ōʀ i urnordisk. Men det er også av-
vik mellom gotisk og urnordisk, som må forklarast ved at desse to greinene av germansk
tidleg utvikla seg ulikt.

gotisk urnordisk norrønt


sg. n. dags -s *dagaʀ *-aʀ dagr -r
g. dagis -is *dagas *-as dags -s
d. daga -a *dagē *-ē degi -i
a. dag -∅ *daga *-a dag -∅

pl. n. dagōs -ōs *dagōʀ *-ōʀ dagar -ar


g. dagē -ē *dagō *-ō daga -a
d. dagam -am *dagumʀ *-umʀ dǫgum -um + (4) u-omlyd
a. dagans -ans *dagan *-an daga -a

Tab. 6. Bøyinga av dags m. ‘dag’ i gotisk, og det tilsvarande ordet i urnordisk og i norrønt. For
kvart språksteg blir endingane oppførte separat, og fråvære av ending (nullending) blir vist med
teiknet ∅. I dativ eintal i urnordisk blir dette ordet også rekonstruert med endinga -ai, som
seinare blir kontrahert til -ē, dvs. *dagai > *dagē (jf. tab. 5 og Krause 1971: 124). Når dativ
eintal har fått i-omlyd i norrønt, degi, er det tradisjonelt forklart med at rotutlyden -g var
palatal og dermed skapte grunnlag for i-omlyd (“palatal-omlyd”); andre ord i same klasse har
ikkje fått i-omlyd, t.d. *armē > armi av armr m. ‘arm’. For ei anna forklaring av forma degi,
sjå Bjorvand og Lindeman (2007, s.v. dag).
– 41 –

Substantiv
Som nemnt ovanfor hadde dei fleste orda i urnordisk ei tredelt oppbygging: stamme +
stammesuffiks + bøyingsending. I substantivbøyinga skil vi mellom dei som har ein
vokal som stammesuffiks, vokalstammer, og dei som har stammesuffiks som endar på
konsonant, konsonantstammer. Den første gruppa har den mest formrike bøyinga og er i
mange grammatikkar kalla sterk, medan den andre er ei blanda gruppe. Dei såkalla n-
stammene har ei mindre rik bøying enn vokalstammene og er kalla svake, medan dei
andre konsonantstammene hovudsakleg har sterk bøying. Skiljet mellom sterk og svak
bøying er elles eit særkjenne for dei germanske språka.

A. Vokalstammer
Her har substantiva stammesuffiks på vokal, også kalla temavokalar (a, ō, i, u), og i dei
fleste formene er det lett å sjå skilnaden mellom stammesuffikset og bøyingsendinga.

▷ a-stammer: maskuline og nøytrale


I urnordisk er a-stammene den mest frekvente og best rekonstruerte gruppa av sub-
stantiv. Det inneber at overgangen frå dei urnordiske formene til dei norrøne kan for-
klarast nesten restlaust. Her og seinare i kapittelet skal vi vise dette i eit oppsett med fire
kolonnar: (a) dei urnordiske formene, (b) endingane i desse formene, (c) reglane som
forklarer overgangane til norrønt, (d) dei norrøne formene. Her nyttar vi lengdestrek
(makron) også i dei norrøne formene, t.d. rūn f. ‘rune’. Normalortografien har som før
nemnt aksent, rún.

▽ Maskuline a-stammer: laukaʀ ‘lauk’ (jf. [7] Fløksand, ca. 300 e.Kr.)
sg.n. *laukaʀ *-aʀ (8) synkope + (21) ʀ > r laukr
g. *laukas *-as (8) synkope lauks
d. *laukē *-ē (9) ē > i lauki
a. *lauka *-a (8) synkope lauk
pl.n. *laukōʀ *-ōʀ (9) ō > a + (21) ʀ > r laukar
g. *laukō *-ō (9) ō > a lauka
d. *laukumʀ *-umʀ (22) mʀ > m laukum
a. *laukan *-an (13) n > ∅ lauka

▽ Nøytrale a-stammer: land ‘land’


sg.n. *landa *-a (8) synkope land
g. *landas *-as (8) synkope lands
d. *landē *-ē (9) ē > i landi
a. *landa *-a (8) synkope land
pl.n. *landu *-u (8) synkope + (4) u-omlyd lǫnd
g. *landō *-ō (9) ō > a landa
d. *landumʀ *-umʀ (22) mʀ > m + (4) u-omlyd lǫndum
a. *landu *-u (8) synkope + (4) u-omlyd lǫnd
– 42 –

Som nemnt ovanfor s. 16 vart a heva til u føre ståande nasal i nordvestgermansk, t.d.
urgerm. *dagamaz > nvgerm. *dagumz > urn. *dagumʀ av urn. dagaʀ m. ‘dag’. I akku-
sativ fleirtal blir trykklett a ikkje synkopert ettersom han var nasalert, *laukan > *laukã
> lauka, jf. regel (8) nedanfor.

▷ ō-stammer: feminine
Desse stammene danna opphavleg den største gruppa av sterke feminine substantiv.
Etter kvart fall bøyinga av dei feminine ō- og i-stammene saman, slik at den einaste
skilnaden mellom dei vart endingane i nominativ og akkusativ fleirtal, norrønt -ar vs. -ir.
I tillegg gjekk mange gamle ō-stammer fullstendig over til i-stammene fram mot norrøn
tid. Som mønster på ō-stammene skal vi her bruke *rūnu (av eldre germansk *rūnō).

▽ Feminine ō-stammer: *rūnu ‘rune’ (jf. m.a. [8] Einang, ca. 300 e.Kr.)
sg.n. *rūnu *-u (8) synkope rūn
g. *rūnōʀ *-ōʀ (9) ō > a + (21) ʀ > r rūnar
d. *rūnu *-u (8) synkope rūn
a. *rūnō *-ō analogisk -∅ etter nominativ eintal rūn
pl.n. *rūnōʀ *-ōʀ (9) ō > a + (21) ʀ > r rūnar
g. *rūnō *-ō (9) ō > a rūna
d. *rūnōmʀ *-ōmʀ (9) ō > u føre nasal + (22) mʀ > m rūnum
a. *rūnōʀ *-ōʀ (9) ō > a + (21) ʀ > r rūnar

Som nemnt i gjennomgangen av nordvestgermansk ovanfor s. 16 reknar vi med at ō


gjekk til u i unasalert utlyd allereie før urnordisk tid. Når dette ikkje skjedde i akkusativ
eintal og genitiv fleirtal, var det fordi desse endingane opphavleg var nasalerte, dvs.
urgerm. *rūnōn > urn. *rūnō. Det er truleg på dette grunnlaget at Krause (1971: 124) har
valt å rekonstruere eit urnordisk paradigme der stammesuffikset ō har gått til u i
nominativ og dativ eintal, medan det står som ō i dei andre bøyingsformene. Nominativ
eintal laþu (> norr. lǫð f. ‘innbyding’) som er kjent frå fleire brakteater, m.a. Højstrup
(ca. 450–550 e.Kr.), gjev støtte til endinga -u. Utviklinga i andre former av ō-stammene
er som ein skulle vente etter regel (9), dvs. ō > a i genitiv eintal og i nominativ og akku-
sativ fleirtal, t.d. *rūnōʀ > rūnar, men ō > u framfor ståande nasal, *rūnōmʀ > rūnum.
Med støtte i akkusativ eintal runo frå [8] Einang skulle ein ha venta rūnō > *rūna, men
i staden har ein fått rūn i norrønt. Dette må truleg forklarast ved analogi med nomi-
nativsforma. Adjektivbøyinga har derimot spaka i akkusativ eintal, som er i samsvar med
utviklinga ō > a og såleis støttar opp om den forventa akkusativforma *rūna (jf. s. 42
nedanfor). Det bør nemnast at enkelte ō-stammer framleis har endinga -u i dativ eintal i
norrønt, t.d. sól f. ‘sol’ (slik solu på den seine innskrifta frå Eggja, jf. Seim 2013: 149–
151), dvs. at endingsvokalen har motstått synkopen. Dette er uforklart.

▷ i-stammer: maskuline og feminine


Dei maskuline og feminine i-stammene er ei anna viktig gruppe substantiv. Ettersom
stammevokalen er i, skulle ein ha venta gjennomført i-omlyd i desse orda, men her er det
– 43 –

mange avvik. Hovudregelen er at i-omlyd er gjennomført etter lang rotstaving, slik som i
urn. gastiʀ > norr. gestr m. ‘gjest’ men ikkje etter kort rotstaving, som i *staðiʀ > norr.
staðr m. ‘stad’. Forholdet er diskutert meir inngåande i samband med regel (3) nedanfor,
s. 56–58.

▽ Maskuline i-stammer: -gastiʀ ‘gjest’ (jf. m.a. [8] Einang, ca. 300 e.Kr.)
sg.n. *gastiʀ *-iʀ (3b) i-omlyd + (8) synkope + (21) ʀ > r gestr
g. *gastāʀ *-āʀ analogisk -s etter a-stammene gests
d. *gasti *-i (3b) i-omlyd + (8) synkope gest
a. *gasti *-i (3b) i-omlyd + (8) synkope gest
pl.n. *gastīʀ *-īʀ (3b) i-omlyd + (9) ī > i + (21) ʀ > r gestir
g. *gastijō *-ijō (3b) i-omlyd + (10) ijō > a gesta
d. *gastimʀ *-imʀ analogisk -umʀ > -um etter a-stammene gestum
a. *gastin *-in (3b) i-omlyd + (13) n > ∅ gesti

▽ Feminine i-stammer: *tīðiʀ ‘tid’


sg.n. *tīðiʀ *-iʀ analogisk -∅ etter ō- og kons.-stammene tīð
g. *tīðāʀ *-āʀ (9) ā > a + (21) ʀ > r tīðar
d. *tīði *-i (8) synkope tīð
a. *tīði *-i (8) synkope tīð
pl.n. *tīðīʀ *-īʀ (9) ī > i + (21) ʀ > r tīðir
g. *tīðijō *-ijō (10) ijō > a tīða
d. *tīðimʀ *-imʀ analogisk -um etter ō- og kons.-stammene tīðum
a. *tīðin *-in analogisk -ir etter nominativ fleirtal tīðir

I denne rekonstruksjonen ser vi at dei maskuline og feminine i-stammene har den same
bøyinga, men vi ser også at dei feminine stammene i høgare grad har vore utsette for
analogi. I nominativ eintal skulle ein for eksempel ha venta urn. *tīðiʀ > norr. *tīðr i dei
feminine i-stammene, og nokre av dei har også endinga -r i norrønt, slik som urn.
*brūðiʀ > norr. brūðr f. ‘brur’. Men dei fleste feminine i-stammene har kasta den utlyd-
ande -r, truleg fordi han vart oppfatta som eit kjennemerke på maskuline substantiv, og
dermed har bøyinga av dei feminine i-stammene langt på veg blitt samanfallande med ō-
stammene. I eit langstava ord som *brūðiʀ skulle ein dessutan ha venta (3b) i-omlyd, urn.
*brūðiʀ > norr. *brȳðr f. Det har ikkje skjedd, men ein kan merke seg ei form som
bryllaup i eit gammalnorsk diplom frå 1315.
Særskilt er det å merke seg at dei maskuline i-stammene kan ha både -ar og -s i geni-
tiv eintal; det siste er kome inn ved analogi frå a-stammene. Ei i-stamme som norrønt
staðr har alltid endinga -ar i genitiv eintal og gestr har alltid endinga -s, medan t.d. salr m.
‘hus, rom, sal’ kan ha både -ar og -s. Sjå Iversen (1973) og andre større grammatikkar over
norrønt for fordelinga av genitivsendingane.
– 44 –

▷ u-stammer: maskuline
Det må i si tid ha vore både maskuline, feminine og nøytrale u-stammer, t.d. *wanduʀ m.
‘kvist’, *handuʀ f. ‘hand’ og *fehu n. ‘ fe, gods’. Innan norrøn tid hadde dei feminine og
nøytrale u-stammene slutta seg til andre stammer, og berre dei maskuline stod tilbake.

▽ Maskuline u-stammer: *maguʀ ‘son’ (jf. [17] Kjølevik, ca. 450 e.Kr.)
sg.n. *maguʀ *-uʀ (4) u-omlyd + (8) synkope + (21) ʀ > r mǫgr
g. *magōʀ *-ōʀ (9) ō > a + (21) ʀ > r magar
d. *magju *-(i)ju (3) i-omlyd + (8) synkope megi
a. *magu *-u (4) u-omlyd + (8) synkope mǫg
pl.n. *magjuʀ *-(i)juʀ (3) i-omlyd + (8) synkope + (21) ʀ > r megir
g. *magiwō *-iwō kontraksjon iw > i + (8) synkope + (9) ō > a maga
d. *magumʀ *-umʀ (22) mʀ > m + (4) u-omlyd mǫgum
a. *magun *-un (4) u-omlyd + (13) n > ∅ mǫgu

I samsvar med Sievers’ lov blir endingar innleidde med halvvokalen j realiserte som -j-
etter kort rotstaving og -ij- etter lang (jf. tekstboksen s. 45 nedanfor). Eit kortstava ord
som *maguʀ får då dativ eintal *magju, medan eit langstava som *walþuʀ ‘voll’ (> norr.
vǫllr) får dativ eintal *walþiju. I paradigmet ovanfor har vi derfor ført opp endingane i
dativ eintal og nominativ fleirtal som -(i)ju og -(i)juʀ. I det kortstava ordet *maguʀ skulle
ein ha venta at dativ eintal i norrønt vart *meg og nominativ fleirtal *megr, dvs. at utvik-
linga skulle ha vore den same som ved t.d. *kunja > *kyni > kyn n. ‘ kjønn, art, måte’.
Endingane i dei norrøne formene megi og megir er dei same som dei vi finn i langstava
ord, t.d. vǫndr m. (dativ eintal vendi og nominativ fleirtal vendir), og må reknast som
analogiske med desse.
Dei u-stammene som i urnordisk hadde kort, trykksterk e i rota, vart i tillegg utsette
for (6) bryting og (4) u-omlyd. Substantivet *ferþuʀ ‘fjord’ utvikla seg dermed ved bryting
e > ja og u-omlyd ja > jǫ til norrønt fjǫrðr i nominativ eintal, og (utan u-omlyd) til
fjarðar i genitiv eintal.
Saman med dei maskuline a-stammene har dei maskuline u-stammene åtte distinkte
former i urnordisk, om rekonstruksjonane i dette kapittelet er riktige. Innan norrøn tid
skjer det fleire samanfall (synkretisme) i ulike former av vokalstammene, særleg blant dei
feminine, men dei maskuline u-stammene overlever med åtte distinkte former.

▷ Stammer med -j-, -ij- og -w-


Eit særkjenne framfor alt ved a- og ō-stammene er at endingane kan vere innleidde med
-j- (etter kort rotstaving) og -ij- (etter lang rotstaving). Denne fordelinga er kjend som
Sievers’ lov, jf. tekstboksen s. 45 nedanfor. I tillegg kjem det at etter både kort og lang
rotstaving kan endinga vere innleidd med -w-. Stammer med -j-/-ij-/-w- fører til ei
rekkje undergrupper med noko avvikande bøying: ja/ija/wa-stammer og jō/ijō/wō-
stammer. Dette mønsteret er framleis synleg i norrønt, men medan -j-/-ij-/-w- stod i alle
bøyingsformene av ordet i urnordisk, overlevde j og v berre i enkelte former i norrønt.
Frå ein synkron, norrøn synsvinkel kan ein derfor forstå bøyinga av desse orda som eit
– 45 –

innskot av j og v i enkelte former snarare enn eit bortfall. Sjå O.E. Haugen (2001: 86–88)
for ein slik analyse.

Sievers’ lov
Den tyske språkforskaren og metrikaren Eduard Sievers (1850–1932) har fått sitt
namn knytt til ein viktig observasjon, nemleg at i mange germanske ord følgjer
halvvokalen -j- etter kort rotstaving og -ij- etter lang rotstaving. På grunn av syn-
kopen utvikla desse orda seg ulikt frå urnordisk til norrønt:

kort rotstaving: *kunja > *kynja > *kyni > kyn ▸ kyn m. ‘kjønn, art, måte’

Etter at ordet vart utsett for (3) i-omlyd, vart den korte, trykklette a synkopert etter
regel (8). Halvvokalen j vart då vokalisert og utsett for ny synkope etter regel (8).

lang rotstaving: raunijaʀ > *reynijaʀ > *reynīʀ > reynir ▸ reynir m. ‘prøvar’

Også her blir ordet utsett for (3) i-omlyd, og den korte, trykklette a blir deretter
synkopert etter regel (8). Den lange ij, som også kan noterast som ī, blir i neste om-
gang forkorta etter regel (9).
Attgjevinga av -j- og -ij- varierer noko. Som nemnt i tekstboksen s. 39 bruker
mange eldre framstillingar -j- og -i-, slik at dei to døma ovanfor ville vere noterte
som *kunja og rauniaʀ.
Eduard Sievers gav også ein grunnleggjande analyse av norrøn metrikk, jf. om-
talen i Mundal (2013: 369–370).

Her skal vi ta med tre døme: ei nøytral ja-stamme, ei maskulin ija-stamme, og ei


feminin wō-stamme. I stammer på -j- og -ij- er det normalt (3) i-omlyd, i stammer på -w-
(4) u-omlyd. Av plassomsyn er desse reglane ikkje tekne med i oppstillingane nedanfor.

▽ ja-stammer: auja n. ‘lykke’ (jf. [18] Sjælland 2, ca. 475–500 e.Kr.)


sg.n. *auja *-a (8) + (8) ja > i > ∅ ey
g. *aujas *-as (8) + (8) ja > i > ∅ eys
d. *aujē *-ē (10) + (9) jē > ji > i ey(i)
a. *auja *-a (8) + (8) ja > i > ∅ ey
pl.n. *auju *-u (8) + (8) ju > i > ∅ ey
g. *aujō *-ō (10) jō > ja eyja
d. *aujumʀ *-umʀ (22) mʀ > m eyjum
a. *auju *-u (8) + (8) ju > i > ∅ ey

I dette ordet verkar regel (8) saman med vokalisering av halvvokalen, slik at først vart a
eller u synkoperte etter regel (8), deretter vart halvvokalen j vokalisert til i, og så vart
– 46 –

denne vokalen synkopert, igjen etter regel (8). Sjå samla framstilling s. 63–64 nedanfor. I
dativ eintal i norrønt vart endinga -i kontrahert etter trykksterk vokal, *eyi > ey.
Ordet ey n. ‘lykke’ er elles belagt berre ein gong i norrønt (i Hauksbók-versjonen av
Landnámabók), men vi kan like fullt vere ganske sikre på bøyinga av det, ettersom vi
kjenner mange andre ord i den same klassa.

▽ ija-stammer: raunijaʀ m. ‘røynar, prøvar’ (jf. [2] Øvre Stabu, ca. 180 e.Kr.)
sg.n. *raunijaʀ *-aʀ (8) og (9) ija > ī > i + (21) ʀ > r reynir
g. *raunijas *-as (8) og (9) ija > ī > i reynis
d. *raunijē *-ē (9) og (8) og (10) ijē > iē > ē > i reyni
a. *raunija *-a (8) og (9) ija > ī > i reyni
pl.n. *raunijōʀ *-ōʀ (9) og (8) og (10) ijō > iō > ō > a + (21) ʀ > r reynar
g. *raunijō *-ō (9) og (8) og (10) ijō > iō > ō > a reyna
d. *raunijumʀ *-umʀ (9) og (8) ijũ > iũ > u + (22) mʀ > m reynum
a. *raunijan *-an (13) n > ∅ + (9) og (8) ijã > iã > a reyna

I dativ fleirtal var endingsvokalen u nasal på grunn av den etterfølgjande m, og tilsvar-


ande var a i akkusativ fleirtal nasal på grunn av n. Dermed unngjekk dei synkopen, og
overgangane vart ijũ > u og ijã > a. Sjå også her samanstillinga av synkoperingsreglane
på s. 63–64 nedanfor.

▽ wō-stammer: *arhwō f. ‘pil’, jf. eng. arrow.


sg.n. *arhwu *-u (8) og (8) wu > u > ∅ ǫr
g. *arhwōʀ *-ōʀ (8) og (10) wō > ō > a + (21) ʀ > r ǫrvar
d. *arhwu *-u (8) og (8) wu > u > ∅ ǫr
a. *arhwō *-ō analogisk -∅ etter nominativ eintal ǫr
pl.n. *arhwōʀ *-ōʀ (8) og (10) wō > ō > a + (21) ʀ > r ǫrvar
g. *arhwō *-ō (8) og (10) wō > ō > a ǫrva
d. *arhwōmʀ *-ōmʀ (8) og (10) wō > ō > u føre nasal + (22) mʀ > m ǫrum
a. *arhwōʀ *-ōʀ (8) og (10) wō > ō > a + (21) ʀ > r ǫrvar

I *arhwō har h falle bort i innlyd i samsvar med regel (16) nedanfor. Av plassomsyn er
denne regelen ikkje oppført ovanfor.

B. Konsonantstammer
Hit høyrer ei blanda samling substantiv som opphavleg hadde konsonantiske stamme-
suffiks, nd-, r- og n-stammene, eller som hadde bøyingsendingane føydde rett til rota, dei
såkalla rotsubstantiva. Blant desse har n-stammene gjeve grunnlag for den svake bøyinga
i norrønt, medan dei andre for det meste må klassifiserast som sterke, sjølv om det på det
norrøne språksteget er innslag av svak bøying i nd-stammene. Det er mange substantiv
blant n-stammene, medan dei andre stammene er restgrupper, som til dels har gått over
til andre stammer eller har fått delar av bøyinga erstatta ved analogi.
– 47 –

▷ n-stammer
Til n-stammene høyrer dei maskuline og nøytrale an-stammene, og dei feminine ōn- og
īn-stammene. Då utlydande -n fall i løpet av urnordisk tid, fekk desse substantiva ei
bøying med stort innslag av endingar på vokal, og dei mista den karakteristiske struk-
turen av rot + stammesuffiks + bøyingsending som vi kjenner frå vokalstammene. I nor-
rønt er det eit kjenneteikn på n-stammene at dei endar på vokal i heile eintal. Ein kan
trygt seie at på dette språksteget er nemninga konsonantstamme misvisande; det er nesten
berre i genitiv fleirtal at ein enno kan sjå konsonanten -n i norrønt, t.d. sagna av saga f. I
tillegg dukkar han opp i fleirtalsbøyinga av uxi m. ‘okse’ , dvs. yxn, yxna, yxnum, yxn.
Ikkje uventande kjem det seinare til analogiske former i norrønt, uxar, uxa, uxum, uxar.
Det er få sikre n-stammer i det overleverte urnordiske materialet, og rekonstruk-
sjonen er derfor så usikker at vi ikkje skal føre opp noko paradigme (for eit forsøk, sjå
Krause 1971: 125). Særleg er utviklinga av nominativ eintal problematisk, framfor alt i dei
maskuline an-stammene. I desse stammene ser det ut til at endinga -ō i nominativ eintal
var den eldste, slik som i *mānō m. ‘måne’. Denne endinga er støtta av namneformer
som niþijo og wagnijo frå Illerup-funna, gammalhøgtysk māno ‘måne’ og det innlånte
ordet mánnu m. ‘måne’ i nordsamisk. Når urnordisk elles har fleire døme på endinga -a i
nominativ eintal, nemleg harja, gudija og niujila, kan dette forklarast ved analogi frå dei
oblike formene i ordet, framfor alt akkusativ eintal -an. Men heller ikkje denne ana-
logiske nominativsendinga vart ståande. Det kan derfor sjå ut til at det må ha vore endå
ein analogi i funksjon, nemleg ein som har ført fram til den norrøne endinga -i, som vi
ser i māni m. ‘måne’ . Nils Lid (1952) tenkjer seg at -i har kome inn frå dei frekvente
samansetjingane i norrønt på -byggi, -ingi, -nyti, -skeggi, -veri, -virki. Ei anna forklaring er
at endinga opphavleg var -ēn (slik t.d. Scovazzi 1966: 70, og no seinast Andersson 2012:
227). Dei overleverte nominativsformene taler rett nok mot denne forklaringa. Sjå Sze-
merényi (1960: 157–164), Syrett (1994: 134–152) og Grønvik (1998: 127–132) for detal-
jerte drøftingar av dei ulike forklaringane.
For dei feminine ōn-stammene set Krause opp *tungō som nominativform og *tungōn
som oblik form i urnordisk (1971: 125 ). Endinga -ō har regelrett gjeve -a i nominativ
eintal, slik som i norrønt tunga f. ‘tunge’. I [10] Rosseland har vi genitivforma agila-
mu⟨n⟩don med endinga -ōn. Vi reknar at ō framfor nasal utvikla seg til u, og etter (13) n-
bortfall gjev det regelrett endinga -u, slik som i norrønt. Eit tilsvarande resonnement
gjeld for infinitivane i ōn-konjugasjonen, jf. s. 52 nedanfor.
Dei nøytrale an-stammene, som i norrønt endar på -a i alle former i eintal, blir
rekonstruerte med *-an i genitiv og dativ eintal, *hertan, men med *-ō i nominativ og
akkusativ eintal, *hertō. Dette gjev likelydande former i norrønt, *an > -a ved (13)
n-bortfall, og *ō > a ved (9) vokalomlegging. I alle formene av dette ordet kjem regel (6)
bryting i tillegg.
Den lille gruppa av feminine īn-stammer har i norrønt inga bøying i eintal og ingen
belagte former i fleirtal. Kva som var tilfelle i urnordisk, kan vi ikkje avgjere. Denne
gruppa har støtte i dei gotiske ein-stammene, t.d. frodei f. ‘kunnskap’ (merk at i gotisk
hadde ei uttalen [i:]). I gotisk hadde orda i denne stamma full bøying i både eintal og
fleirtal.
– 48 –

▷ nd-stammer
Denne gruppa er substantiverte presens partisipp, t.d. norr. búandi (el. bóndi), jf. búa vb.
‘bu’. I norrønt følgde bøyinga i eintal dei maskuline an-stammene, men i fleirtal gjekk
dei som maskuline rotsubstantiv, t.d. bǿndr. Det er ingen døme på nd-stammer i det
urnordiske materialet, men dei er veldokumenterte i gotisk, t.d. frijōnds m. ‘ven’ (norrønt
frǽndi m.), og dei svarar til substantiv på -nt i gresk og latin.

▷ r-stammer
Dei fem r-stammene er alle slektskapsord. Hit høyrer ieur. *pətḗr > urgerm. *faðḗr >
norr. faðir m. ‘far’ (jf. s. 12 ovanfor). Dei fire andre er norrønt bróðir m. ‘bror’, móðir f.
‘mor’, dóttir f. ‘dotter’ og systir f. ‘syster’. Det er to døme på r-stammer i det urnordiske
materialet, swestar f. nominativ eintal ‘syster’ (Opedal, ca. 400–450 e.Kr.) og dohtriʀ f.
nominativ fleirtal ‘døtrer’ (Tune, ca. 400 e.Kr.). Om utviklinga frå urn. swestar til norr.
systir, sjå Bjorvand og Lindeman (2007: s.v. søster).

▷ Rotsubstantiv (på konsonant og på vokal)


Rotsubstantiva er for det meste feminine, t.d. urn. *bōkʀ > norr. bók f. ‘bok’ og urn.
*mūsʀ > norr. mús f. ‘mus’, medan nokre få er maskuline, t.d. urn. *fōtʀ > norr. fótr m.
‘fot’ og urn. *naglʀ > norr. nagl m. ‘negl’ (med assimilasjon og forkorting *naglʀ > *nagll
> nagl). I eintal ser det ut til å ha vore analogisk utjamning mellom dei feminine
rotsubstantiva og ō- og i-stammene, noko som gjev former som bók og mús i nominativ
eintal, i staden for dei forventa formene *bókr og *múss (med assimilasjon sʀ > ss). Dei
maskuline rotsubstantiva følgjer u- eller a-stammene. Ovanfor har vi døme på eit rot-
substantiv i [5] Gårdlösa wodʀ, der bøyingsendinga -ʀ er føydd rett til rota wod-.
Med tre unntak endar rota i alle rotsubstantiv på konsonant, jf. *bōk-, *mūs- og *fōt-
ovanfor. Dei tre rotsubstantiva som har rotulyd på vokal, er tre hodyr: urn. *kūʀ > norr.
kýr f. ‘ku’, urn. *sūʀ > norr. sýr f. ‘sugge’ og urn. *awiʀ > *āʀ > norr. ǽr f. ‘søye’ (opp-
havleg i-stamme, jf. latin ovis); dei har røtene kū-, sū- og ā- (i akkusativ eintal) på det
norrøne språksteget. Endinga -ʀ fører til at rotvokalen blir palatalisert, jf. regel (5).
Alle rotsubstantiva hadde i urnordisk endinga *-iʀ i nominativ og akkusativ fleirtal,
og får dermed (3) i-omlyd og endinga -r i norrønt, t.d. urn. *bōkiʀ > norr. bǿkr, urn. *fōtiʀ
> norr. fǿtr og urn. *kūiʀ > norr. kýr. I dei andre fleirtalsformene får dei ikkje i-omlyd,
t.d. genitiv bóka og dativ bókum.

Adjektiv
Adjektiva hadde både sterk og svak bøying. Den sterke bøyinga hadde opphavleg same
endingar som i vokalstammene blant substantiva, dvs. at det var både a-, ō-, i- og u-
stammer i adjektivbøyinga. Dei to siste stammetypane gjekk etter kvart opp i a- og ō-
stammene, men det finst døme på i-stammer i urnordisk, slike som adjektivet urn. māriʀ
> norr. mǽrr i [21] Tanem. Andre døme er urn. *wāniʀ > norr. vǽnn ‘vakker’ og urn.
*tōkiʀ > norr. tǿkr ‘takande’. I tillegg er det fleire former i den norrøne adjektivbøyinga
som må førast tilbake til demonstrativa, slik at resultatet er ei nokså blanda bøying. Her
fører vi opp dei norrøne formene av den sterke adjektivbøyinga, og markerer med halv-
– 49 –

feit dei som kjem frå demonstrativa, dvs. norrønt sá/sú/þat ‘den/det’ og sjá/þessi/þetta
‘denne/dette’. Dei andre formene kan då førast tilbake til bøyinga av a- og ō-stammene.

▽ maskuline feminine nøytrale


sg.n. spakr jf. armr spǫk jf. rún spakt jf. þat
g. spaks jf. arms spakrar jf. þeirar spaks jf. lands
d. spǫkum jf. þessum spakri jf. þeiri spǫku jf. þessu
a. spakan jf. þann spaka jf. *rúna spakt jf. þat

pl.n. spakir jf. þessir spakar jf. rúnar spǫk jf. lǫnd
g. spakra jf. þeira spakra jf. þeira spakra jf. þeira
d. spǫkum jf. ǫrmum spǫkum jf. rúnum spǫkum jf. lǫndum
a. spaka jf. arma spakar jf. rúnar spǫk jf. lǫnd

Akkusativ eintal i femininum, spaka, har den regelrette endinga -a i ō-stammene, *rūnō >
*rūna. Som nemnt s. 42 ovanfor er denne forma endra ved analogi i substantivbøyinga,
der akkusativ eintal har fått same form som nominativ eintal, *rūna > rún.
Adjektiva hadde også svake former, som vi rett nok har svært få belegg på i ur-
nordisk. Men farauisa ‘[den] ferdkloke’ i [18] Sjælland 2 er eit slikt døme. Vi må rekne
med at det har vore eit tilsvarande samanfall i former i den svake adjektivbøyinga i ur-
nordisk som i den svake substantivbøyinga.
Til liks med ja-/jō- og wa-/wō-stammene blant substantiva har enkelte adjektiv ein j
eller w føre bøyingsendinga. Fram mot norrøn tid fell j og w i dei fleste stillingar. På det
norrøne språksteget ser vi at j framleis står føre a og u, men ikkje føre i og konsonant
(t.d. miðjan og miðjum, men miðir og miðri av miðr adj. ‘mellomst’), og at v (av urnordisk
w) framleis står føre a og i, men ikkje føre v og konsonant (t.d. fǫlvan og fǫlvir, men
fǫlum og fǫls av fǫlr adj. ‘bleik’). Som nemnt ovanfor gjev O.E. Haugen (2001: 86–88) ein
synkron analyse av dette fenomenet i norrønt.

Pronomen
I det urnordiske kjeldematerialet har vi berre overlevert to sikre personlege pronomen.
Det eine er ek, som ved sida av alu (jf. [15] Elgesem) er det mest frekvente ordet i
materialet. Det førekjem ikkje mindre enn ni gonger i vårt litle korpus: [5] Gårdlösa,
[9] Hogganvik, [12] Gallehus, [13] Tune, [14] Valsfjord, [16] Nordhuglo, [17]
Kjølevik, [20] Bratsberg og [22] Etelhem; i den siste innskrifta tolkar rett nok
Krause ordet som akkusativen m⟨i⟩k ‘meg’. I enklitisk stilling førekjem ek eit par gonger,
med forma -ka i [18] Sjælland 2 haitika, dvs. haiti-ka ‘heiter eg’, og i ein amulett frå
Lindholmen frå 500-talet e.Kr., ha⟨i⟩teka, dvs. haite-ka. Dativforma mēʀ ‘meg’ førekjem
også i ei innskrift frå Opedal, Hordaland (ca. 400–450 e.Kr.).
– 50 –

Determinativ
Det er fleire døme på determinativ i det urnordiske materialet. For det første er det
demonstrativa sa, þat, þaim og hin, der det er lett å sjå sambandet med dei norrøne
formene sá, þat, þeim og hinn. Det er ikkje overraskande ettersom desse urnordiske
formene er frå unge innskrifter, [24] Stentoften (600–650 e.Kr.) og Eggja (650–700
e.Kr.). Som nemnt ovanfor står desse innskriftene på grensa til det norrøne språksteget.
Dessutan er det nokre viktige og eldre døme på possessiv, nemleg fleire former av
urn. *mīn- ‘min’. Dette ordet står m.a. i forma minu saman med adjektivet liubu til
substantivet swestar i ei innskrift frå Opedal, Hordaland (ca. 400–450 e.Kr.), swestar-
minu|liubu ‘ mi kjære syster’. Dei to formene minu og liubu viser elles at endinga i
nominativ eintal femininum var -u i urnordisk, slik som i ō-stammene. I [17] Kjølevik
(ca. 450 e.Kr.) har vi akkusativ eintal minino i maguminino ‘ sonen min’. Dette er ei
utvida form, som ikkje utan vidare passar inn med den samtidige forma minu frå
Opedal.  

Verb
Germansk og dermed også urnordisk hadde eit enkelt verbsystem jamført med andre
indoeuropeiske språk, om ein ser på omfanget av dei bøygde formene. Det er berre to
tempora, presens og preteritum, som kjem til uttrykk med eigne bøyingsendingar. Andre
tider, t.d. perfektum og futurum, vart uttrykte med perifrastiske konstruksjonar, dvs.
med hjelpeverb av typen hafa ‘ha’ og munu ‘ skulle, vilje’, som desse verba heiter i nor-
rønt. I tillegg har verba tre modi (indikativ, konjunktiv og imperativ), og dei har dessutan
full person- og talbøying.
Til liks med dei andre germanske språka har verba i urnordisk både svak og sterk
bøying. I den svake bøyinga er det i suffikset råd å sjå restane av eit støtteverb med
tydinga ‘gjere’ . Det tilsvarande verbet kjenner vi att i moderne tysk tun og engelsk do.
Dette gjere-verbet gav grunnlag for ei preteritumsdanning med eit dentalsuffiks, realisert
som ð i urnordisk, og i norrønt som ð, d eller t, avhengig av den føregåande lyden. Den
sterke bøyinga innebar eit skifte av rotvokalen etter avlyd, dvs. eit systematisk skilje
mellom rotvokalane i dei ulike formene av verbet.

A. Sterk bøying
Det er ikkje overlevert så mange sterke verb i urnordisk, men ein kan rekonstruere
person- og talbøyinga, i alle fall i den 2. og 5. klassa, med *biuðan ‘by(de)’ og *geƀan ‘gje’
som døme. Her er det god støtte i gotisk. Elles er det slåande kor tett denne rekonstruk-
sjonen ligg opp til det norrøne; første kolonne nedanfor gjev den urnordiske forma og
neste kolonne den norrøne. Her følgjer vi Krause (1971: 125–128), men med diftongen iu
som gjennomgåande rotvokal i *biuðan. Merk at dei utlydande frikativane vart utsette
for (19) utlydsherding i urnordisk, men at dei vart stemde igjen innan norrøn tid,
nvgerm. *bauð [bauð] > urn. *bauþ [bauθ] > norr. bauð [bauð] og nvgerm. *gaƀ [gaβ] >
urn. *gaf [gaf] > norr. gaf [gav].
– 51 –

▽ 2. klasse 5. klasse
pres.sg. 1. *biuðu býð *geƀu gef
2. *biuðiʀ býðr *giƀiʀ gefr
3. *biuðiþ býðr *giƀiþ gefr
pres.pl. 1. *biuðumʀ bjóðum *geƀumʀ gefum
2. *biuðiþ bjóðið *giƀiþ gefið
3. *biuðan bjóða *geƀan gefa
pret.sg. 1. *bauþ bauð *gaf gaf
2. *baust bautst *gaft gaft
3. *bauþ bauð *gaf gaf
pret.pl. 1. *buðum buðum *gāƀum gáfum
2. *buðuþ buðuð *gāƀuþ gáfuð
3. *buðun buðu *gāƀun gáfu

I vårt korpus er det to førekomstar av eit verb i 2. klasse, begge i presens 3. person eintal,
bariutiþ i [24] Stentoften og det om lag samtidige barūtʀ i [25] Björketorp. I den siste
forma ser vi at personendinga er gått frå -iþ til -(i)ʀ, som peikar fram mot endinga -r i
norrønt. Som nemnt ovanfor kan denne utviklinga vere resultat av ein assimilasjon i verb
med rotutlyd på dental, briutiþ > *briytt > *brȳtt, etterfølgd av analogi med endinga i 2.
person, *brȳtt > brȳtr (Bjorvand 2010 , sjå også Nielsen 2000: 263 –264). Vidare er det
døme på eit verb i 5. klasse, nemleg presens 1. person eintal gibu ‘gjev’ i [18] Sjælland 2.
Som nemnt på s. 31 ovanfor reknar vi at verbet *geƀan skulle ha rotvokalen e i 1. person
eintal, og vi har derfor ført opp forma *geƀu i paradigmet. Innan norrøn tid vart rot-
vokalen i dette verbet utjamna til e i heile presens.
I [18] Sjælland 2 har vi også presens 1. person eintal haitika ‘heiter eg’ (med
enklitisk pronomen) av det redupliserande verbet *haitan ‘heite, vere kalla’. I dei redupli-
serande verba vart preteritum danna ved oppattaking av rotstavinga frå presenssteget,
som ein kan sjå i gotisk, haitan (infinitiv) – haíhait (preteritum). Det er ikkje overlevert
nokon preteritumsformer av dei redupliserande verba i urnordisk, men om ein legg til
grunn at den urnordiske preteritumsforma av *haitan var *hehait, må det ha vore både
synkope og kontraksjon før ein kom fram til den norrøne forma hēt. I denne forma kan
ein ikkje lenger sjå reduplikasjonen.

B. Svak bøying
Det er heller ikkje overlevert så mange svake verb i det urnordiske materialet. Ein reknar
tradisjonelt med fire klasser av svake verb:

infinitiv preteritum
ō-konjugasjonen *kallōn kalla kallōðē kallaði ‘kalle’
ja-konjugasjonen *waljan velja waliðē valdi ‘velje’
ija-konjugasjonen *dōmijan dǿma dōmiðē dǿmdi ‘døme’
ē-konjugasjonen *dugēn duga dugiðē dugði ‘duge’
– 52 –

Strengt teke er det berre tre klasser av svake verb i urnordisk, for det som her er kalla ja-
og ija-konjugasjonen, skil seg ikkje på anna vis enn det som følgjer av Sievers’ lov (s. 45
ovanfor), nemleg at det står -j- etter kort rotstaving, *waljan, og -ij- etter lang rotstaving,
*dōmijan. I paradigmet nedanfor ser vi at dei to konjugasjonane har like endingar i alle
former. Men fram mot norrøn tid gjer (3) i-omlyd og (8) synkope så store utslag at
resultatet blir to ganske ulike bøyingsklasser. På den andre sida fell ē-konjugasjonen i
praksis saman med ija-konjugasjonen i norrønt. I ei synkron framstilling av norrønt kan
ein då seie at ō-konjugasjonen lever vidare i kasta-klassa, ja-konjugasjonen i telja-klassa
og ija- og ē-konjugasjonen i ei felles dǿma-klasse (slik O.E. Haugen 2001: 177–182).
I infinitiven *kallōn må vi rekne med ei utvikling som omfattar (9) omlegging ō > u
føre nasal og (13) n-bortfall til *kallu, og vidare med (4) u-omlyd til *kǫllu, jf. presens 1.
person fleirtal *kallōmʀ > *kallumʀ > *kallum > kǫllum. Tilsvarande gjeld for avleiinga
av forma agilamu⟨n⟩don i [10] Rosseland, urn. -mundōn > norr. -mundu (s. 27 ovan-
for). Når infinitiven *kallōn har fått endinga -a i norrønt, kalla, må det vere ved analogi
med dei andre infinitivsformene, både med den svake ja- og ija-konjugasjonen og med
dei sterke verba. Infinitivsendinga -a i ē-konjugasjonen må like eins forklarast med ana-
logi.
Ettersom bindevokalen (temavokalen) i norrønt er synkopert i alle klassene utanom
den første, er dentalsuffikset ð utsett for ulike assimilasjonar, og kjem til uttrykk som ð,
d eller t avhengig av føregåande lyd. Her følgjer ein rekonstruksjon av bøyinga av ja- og
ija-konjugasjonen med *waljan og *dōmijan som døme:

▽ ja-konjugasjonen ija-konjugasjonen
pres.sg. 1. *walju vel *dōmiju dǿmi
2. *waliʀ velr *dōmīʀ dǿmir
3. *waliþ velr *dōmīþ dǿmir

pres.pl. 1. *waljumʀ veljum *dōmijumʀ dǿmum


2. *waliþ velið *dōmīþ dǿmið
3. *waljan velja *dōmijan dǿma

pret.sg. 1. *waliðō valda *dōmiðō dǿmða


2. *waliðēʀ valdir *dōmiðēʀ dǿmðir
3. *waliðē valdi *dōmiðē dǿmði

pret.pl. 1. *waliðum vǫldum *dōmiðum dǿmðum


2. *waliðuþ vǫlduð *dōmiðuþ dǿmðuð
3. *waliðun vǫldu *dōmiðun dǿmðu

I vårt korpus har vi preteritumsformene talgiðē ‘telgde’ i [3] Lundegårde, tawiðē ‘gjorde’
i [11] Garbølle og den noko yngre forma sattē i [23] Gummarp. Alle desse formene står
i 3 . person eintal. I 1 . person eintal av preteritum har vi formene faihiðō ‘malte’ i [8]
Einang, tawiðō i [12] Gallehus, hlaiwiðō ‘gravla’ i [17] Kjølevik, worahtō ‘gjorde’ i [13]
Tune og den noko yngre forma worta i [22] Etelhem, der vi har fått overgangen ō > a i
personendinga.
– 53 –

Lydovergangar fram mot det norrøne språksteget


I resten av dette kapittelet skal vi gje eit diakront oversyn over utviklinga fram mot det
fullt utvikla norrøne språksteget, som ofte blir tidfest til perioden 1050–1350 e.Kr. og
omtalt som yngre norrønt. Det er denne språkforma som vi elles møter i Handbok i
norrøn filologi, både i normalisert ortografi (dei fleste kapitla) og i unormalisert ortografi
(kap. 12 om gammalnorsk og gammalislandsk). Som nemnt i avsnittet om nordvest-
germansk, er det nokre overgangar som skjer før den urnordiske perioden, nemleg (1) a-
omlyd og (2) eldre i-omlyd, og i tillegg overgangen ō > u i unasalert utlyd. Dei kan
tidfestast til dei første hundreåra e.Kr. Dei andre overgangane kom i tur og orden i den
urnordiske perioden ca. 200 –700 e.Kr., og særleg i løpet av yngre urnordisk eller
synkopetida 500 –700 e.Kr. Så ser det ut til at det skjedde mindre i den eldre norrøne
perioden frå ca. 700 til 105o e.Kr., men fritt for overgangar er det heller ikkje her.
Vi kan ikkje gje eit fullstendig oversyn i dette kapittelet, men tek med dei viktigaste
overgangane, slik at vi kan forklare kva som skjer med orda i det korpuset vi har valt ut,
og i det utsnittet av morfologien vi har sett opp. Vidare har vi valt å presentere over-
gangane systematisk, slik ein finn dei i dei store diakrone norrøne grammatikkane som
Noreen (siste utg. 1923 ) og Iversen (siste utg. 1973 ). Men ettersom overgangane skjer
over så lang tid – rundt 1000 år – har vi tidfest kvar overgang til dei språkhistoriske
periodane vi sette opp i ill. 8, s. 19 ovanfor.

Vokalsystemet
Dei største endringane skjedde i vokalsystemet, særleg som følgje av omlyd og synkope.
Bakgrunnen for dette er den omlegginga av ordaksenten som skjedde i løpet av ur-
germansk tid. I det indoeuropeiske grunnspråket reknar vi med at aksenten kunne flytte
seg i ordet under bøyinga, slik vi har dokumentasjon på frå m.a. sanskrit og klassisk
gresk (jf. tekstboksen s. 10 ovanfor). Aksenten var truleg ein musikalsk aksent, dvs. eit
skifte i tonehøgd mellom dei aksentuerte og dei uaksentuerte delane av ordet. Men det
som ser ut til å skje i løpet av urgermansk tid, er at aksenten gjekk over til å bli ein
trykkaksent, dvs. at dei aksentuerte delane av ordet fekk sterkare artikulasjon enn dei
mindre aksentuerte delane. I tillegg feste trykket seg på den første stavinga i ordet.
Resultatet vart at dei trykklette delane av ordet fekk mindre merksemd, og med tida
kunne dei falle heilt bort. Det er denne prosessen som vi omtaler som synkope, og som
saman med omlyden skapte ei formidabel omlegging: svært enkelt framstilt inneber
desse prosessane at orda vart kortare (på grunn av synkopen), at det oppstår nye trykk-
tunge vokalar (på grunn av omlyden) og at dei trykklette vart færre (på grunn av det
svakare trykket). Hovudtyngda av denne utviklinga skjedde i perioden 500–700 e.Kr.,
som ikkje utan grunn er kalla synkopetida. Som så mange andre språklege utviklingar
har ikkje dette vore ei uomgjengeleg utvikling; går vi t.d. til finsk, møter vi eit språk som
ikkje har ein slik reduksjon (eller jamvel bortfall) av vokalane i trykklett stilling.
I det følgjande skal vi omtale overgangane så nokolunde i kronologisk orden, men
fullstendig kronologi er det ikkje mogleg å få til. Fleire overgangar gjekk over lang tid,
kan hende i skilde fasar, medan andre overgangar ser ut til å ha verka saman. Når det
gjeld forholdet mellom omlyd og synkope, må vi forstå utviklinga slik at først skapte
– 54 –

omlyden nye vokalkvalitetar og deretter sytte synkopen for at mange av dei trykklette
vokalane som forårsaka dei nye vokalkvalitetane, fall bort.

Omlyd og bryting
Omlyd og bryting er blant dei viktigaste endringane som skjer under overgangen frå
urnordisk til norrønt. Dei grip inn på eit svært område og fører til at dei fem urnordiske
vokalane i, e, a, o, u blir utvida med fire nye, y, ø, æ, ǫ. Samstundes skaper omlyd og
bryting eit stort innslag av indre bøying i alle dei store bøyingsklassene (substantiv,
adjektiv og verb), av typen fjǫrðr – fjarðar – firði – fjǫrð m. ‘fjord’. Desse formene hadde
alle saman stamma *ferþ- i urnordisk.
Omlyden heng også saman med synkopen på det viset at spiren til omlyden låg i ein
assimilasjon som typisk var mellom ein trykklett vokal i ei endestaving og ein trykktung
vokal i ei rotstaving. Så lenge endingsvokalen stod i ordet, vart ikkje rotvokalen oppfatta
som ein ny vokal, men så snart endingsvokalen fall, vart rotvokalen oppfatta med sin nye
valør, dvs. som eit nytt fonem. Etter regel (8) fall alle endingsvokalar som var korte og
unasalerte. Nytolkinga av rotvokalar som stod framfor bortfalne endingsvokalar, gav då
som resultat dei fire nye vokalane y, ø, æ, ǫ. I normalisert norrønt framstår desse om-
lydane som systematisk gjennomførte, men om vi går til primærkjeldene, ser vi at dei var
sterkast gjennomførte i vest. Sjå meir om dette i Hagland (2003: 618).

(1) A-omlyd || nordvestgermansk


Ved a-omlyd skjer det ei lågning av dei høge rotvokalane i og u under påverknad av ein
etterfølgjande a eller ein annan låg vokal, slik som ō. A-omlyden råka ikkje dei lange
vokalane ī og ū, og han råka heller ikkje høge rotvokalar føre nasalgrupper, t.d. nvgerm.
*hundaz > urn. hundaʀ m. ‘hund’ (jf. [4] Himlingøje ovanfor). I den følgjande opp-
stillinga er den første forma i kvar rekkje urgermansk, den andre nordvestgermansk og
den tredje urnordisk:
i>e *wiraz > *weraz > *weraʀ ▸ verr m. ‘mann’, jf. lat. vir m. ‘mann’
u>o *hurnan > *horna > horna [akk.sing.] ▸ horn n. ‘horn’
*hurnōn > *horna > *horna [gen.plur.] ▸ horn n. ‘horn’
I oppstillinga ovanfor (og mange stader seinare i kapittelet) fører vi opp lydutviklinga i
fleire steg. Dei formene som viser den gjeldande regelen, står då i blå skrift. Den vidare
utviklinga av urn. *weraʀ til norr. verr og urn. horna til norr. horn følgjer av reglane (8)
og (21) nedanfor. Vi følgjer elles den konvensjonen at vi nyttar w i urnordisk (og eldre
germansk) for den labiale halvvokalen og v i norrønt, såleis urn. *weraʀ > norr. verr.
– 55 –

Ill. 14. A-omlyden innebar lågning av kort i og kort u.

Vi reknar med at a-omlyden har vore verksam i perfektum partisipp av mange sterke
verb, t.d. urgerm. *brutanaz > nvgerm. *brotanaz > urn. *brotanaʀ av urn. *briutan vb.
‘bryte’. Etter denne avleiinga må perfektum partisipp ha enda på -anaʀ i urnordisk, men
i andre verb finst det sikre døme på endinga -inaʀ, t.d. i urn. slaginaʀ > norr. sleginn av
slá vb. ‘slå’. Innan norrøn tid ser det ut til at endinga er analogisk utjamna til -inn i alle
former, brotinn og sleginn.
I norrønt er også andre vekslingar som følgjer av a-omlyden oppheva ved analogi.
Såleis har ord som holt n. og horn n. fått rotvokalen o i alle bøyingsformer, endå om dei
opphavleg må ha hatt u i enkelte former (jf. s. 39 ovanfor). A-omlyden slo heller ikkje
like sterkt gjennom over heile det nordiske språkområdet. Derfor heiter det framleis hult
i svensk og holt i norsk.

(2) Eldre i-omlyd || nordvestgermansk


Hevinga av e til i blir ofte rekna saman med dei andre i-omlydane, men for det første er
han eldre enn den seinare i-omlyden og for det andre fører han til ei heving, ikkje ei
framskuving av rotvokalen. Dermed har den eldre i-omlyden ein interessant parallell til
(1) a-omlyd, nemleg at i begge tilfelle er det tale om ei vertikal forskyving; ved a-
omlyden er det lågning, ved den eldre i-omlyden som nemnt heving. Den utløysande
faktoren i den eldre i-omlyden ser likevel ut til å ha vore den same som ved den seinare i-
omlyden, nemleg ein i eller j i etterfølgjande staving. Eit mykje brukt døme er presens 3.
person eintal *esti ‘er’ i urgermansk som går til *isti i nordvestgermansk og til ist i
urnordisk (Vetteland, Rogaland, ca. 300–350 e.Kr.). I dei følgjande døma er den første
forma i kvar rekkje urgermansk, den andre nordvestgermansk og den tredje urnordisk:

e>i *weniz > *winiz > *winiʀ ▸ vinr m. ‘ven’


*setjan > *sitjan > *sitjan ▸ sitja vb. ‘sitja’

I det andre dømet skjer det inga endring frå nordvestgermansk til urnordisk. Utviklinga
av urn. *sitjan til norr. sitja følgjer elles av regel (13), og urn. *winiʀ til norr. vinr av
reglane (8) og (21).
– 56 –

(3) I-omlyd || yngre urnordisk


Ved i-omlyd blir bakre rotvokalar framskuva (palataliserte) under påverknad av ein etter-
følgjande i eller j. I-omlyden råka dei korte og dei lange bakre vokalane i alle tre høgder.
Dette førte til oppkomsten av ei rekkje nye fremre vokalar, som etter kvart fekk status
som sjølvstendige fonem – /y/, /ȳ/, /ø/, /ø̄/, /æ/, /ǣ/. Denne regelen trer i kraft
under overgangen frå urnordisk til norrønt, så den første forma i kvar rekkje er då ei
urnordisk form. I nokre tilfelle kjem ein rett fram til den norrøne forma, men ofte ligg
det fleire mellomliggjande former mellom den urnordiske og den norrøne forma.

u>y *fullijan > *fullija > fylla ▸ fylla vb. ‘flytje’


ū>ȳ *hūsijan > *hūsija > hȳsa ▸ hýsa vb. ‘hyse’

o>ø *hnotiʀ > *hnøtiʀ > *hnøtʀ > hnøtr [nom.pl.] ▸ hnot vb. ‘nøtt’
ō > ø̄ *bōtijan > *bōtija > *bø̄tija > bø̄ta ▸ bǿta vb. ‘bøte’

a>æ>e *gastiʀ > *gæstiʀ > *gæstʀ > gestr ▸ gestr m. ‘gjest’
ā > ǣ̄ *sārijan > *sārija > *sǣrija > sǣra ▸ sǽra vb. ‘såre’

au > æy > ey *brautijan > *brautija > *bræytija


> *bræyta > breyta ▸ breyta vb. ‘brøyte’

Ill. 15. I-omlyden innebar framskuving av bakre vokalar.

Den lyden som vi her noterer med ‘æ’, vart i handskriftene ofte skriven som ‘ę’ (e med
kvist eller e caudata) etter mønster av mellomalderlatinske handskrifter. Overgangen a >
æ > e er tilsynelatande eit unntak frå den horisontale framskuvinga, med di a er låg og e
mellomhøg etter oppstillinga i ill. 15. Det første steget i overgangen a > æ er regelrett på
det viset at begge vokalane er låge. Avviket oppstod i løpet av 1100-talet, då den låge æ og
den mellomhøge e fall saman i islandsk. Den nye lyden, som vi noterer som ‘e’ , vart
dermed den nye, ikkje-høge partnaren til a blant dei fremre vokalane i klassisk norrønt. I
norsk er situasjonen noko annleis; her ser det ut til at e og æ vart haldne frå kvarandre
lenger, jf. Hagland (2013: 623).
Tilsvarande er au > æy > ey ei utvikling som reflekterer samanfallet mellom æ og e.
Ettersom y er runda, vart den første delen av diftongen også runda, ey > øy, og i norske
– 57 –

handskrifter er han ofte skriven øy. Islandsk ser ikkje ut til å ha fått denne rundinga, og
ey fall der saman med ei samtidig med at y fall saman med i (itakisme). I den norrøne
normalortografien blir ey brukt gjennomført.
I-omlyden er ikkje gjennomført i alle ord. Hovudregelen er at i-omlyden er gjen-
nomført etter lang rotstaving, men ikkje etter kort. I tillegg er det slik at j ser ut til å ha
verka sterkare i-omlyd enn i, og dermed er det ein del ord med kort rotstaving som har
fått omlyd. Desse gruppene kan setjast opp etter fallande grad av gjennomføring av
i-omlyden (i samsvar med Grønvik 1998: 49–50):

(a) Ord med både kort og lang rotstaving + j får alltid i-omlyd:
*flatja > flet n. ‘golv’ || kort rotstaving: -at-
*kunja > kyn n. ‘slekt’ || kort: -un-
*daujan > deyja vb. ‘døy’ || lang rotstaving: -au-
*maujōʀ > meyjar nom. plur. av mey f. ‘møy’ || lang: -au-

Dette blir ofte omtalt som j-omlyd, men ettersom verknaden er den same, har vi slått
han saman med i-omlyden. Merk at vi ikkje tek med konsonantane føre vokalen når vi
reknar stavingslengda.

(b) Ord med lang rotstaving får i-omlyd både ved bortfallen i (dei to første døma) og ved
ståande i (dei to neste):
gastiʀ > gestr m. ‘gjest’ || lang: -ast-
*talgiðē > telgði pret. av telgja vb. ‘telgje’ || lang: -alg-
*gastīʀ > gestir nom. plur. av gestr m. || lang: -ast-
*wandīʀ > vendir nom. plur. av vǫndr m. ‘kvist’ || lang: -and-

Tilsynelatande unntak er m.a. *sauðiʀ > sauðr m. ‘sau’ og *fundiʀ > fundr m. ‘møte’. Til
det siste ordet finst det også ei i-omlydd form, fyndr m. ‘møte’ . Derimot er det ikkje
kjent noko døme på *seyðr m., men det er mogleg at den ikkje-omlydde rotvokalen kan
forklarast ved ein analogi frå t.d. genitiv eintal, urn. *sauðāʀ > norr. sauðar. I eldre
gotlandsk har dette ordet omlydd form, soyþr m.

(c) Ord med kort rotstaving får i-omlyd etter opphavleg lang ī (det første dømet) og etter
ståande, kort i (det andre dømet):
*glaðīn > gleði f. ‘glede’ || kort: -að-
*katilaʀ > ketill m. ‘kjele’ || kort: -at-

Lang ī blir forkorta etter regel (9), men fell ikkje bort. Når kort i blir ståande i *katilaʀ,
er det fordi det er den siste vokalen i ordet som blir ramma av synkopen.

(d) Ord med kort rotstaving får i-omlyd når i står saman med ʀ (også kalla iʀ-omlyd, jf.
Skomedal 1980: 121):
*takiʀ > tekr 2. pers. sing. pres. av taka vb. ‘ta’ || kort: -ak-
*sofiʀ > søfr 2. pers. sing. pres. av sofa vb. ‘sove’ || kort: -of-
– 58 –

Presensformer av langstava verb får også i-omlyd, men då i samsvar med type (b) ovan-
for, t.d. *standiʀ > stendr av standa vb. ‘stå’, *sūpiʀ > sypr av súpa vb. ‘supe’.

(e) Ord med kort rotstaving får ikkje i-omlyd ved bortfallen i i utlyd:
*staði > stað akk. sing. av staðr m. ‘stad’ || kort: -að-
*buli > bul akk. sing. av bulr m. ‘kropp’ || kort: -ul-

(f) Ord med kort rotstaving får ikkje i-omlyd ved bortfallen i i innlyd:
*taliðō > talda pret. av telja vb. ‘telje’ || kort: -al-
*katilōʀ > katlar nom. plur. av ketill m. ‘kjele’ || kort: -at-
*Agilē > Agli dat. sing. av Egill m. prop. || kort: -ag-

I desse trestavingsorda er den siste vokalen lang og fell derfor ikkje på grunn av syn-
kopen, men blir forkorta etter regel (9). Synkopen råkar derimot den mellomste vokalen,
jf. regel (8).

(4) U-omlyd || yngre urnordisk og norrønt


Ved u-omlyd blir urunda vokalar runda under påverknad av ein etterfølgjande u eller v
(notert som w i urnordisk). U-omlyden råka særleg dei låge vokalane a og ā, og då det
ikkje fanst nokon runda, låg vokal i urnordisk, oppstod det to nye vokalar, som vi her
gjev att med teikna ǫ og ǭ. Denne overgangen er markert med ei heiltrekt pil i ill. 16. U-
omlyden råka også andre urunda vokalar, særleg i og e, men det skjedde berre i samband
med halvvokalen w. I ill. 16 er desse overgangane markerte med stipla piler.

i>y *singwan > *singwa > *syngwa > syngva ▸ syngva vb. ‘syngje’
e>ø *sinkwan > *sinkwa >
*sekkwa > *søkkwa > søkkva ▸ søkkva vb. ‘søkke’

a>ǫ *landu > lǫnd [nom. plur.] ▸ land n. ‘land’


ā>ǭ *sāru > sǭr = sár [nom. plur.] ▸ sár n. ‘sår’

Ill. 16. U-omlyden inneber runding av urunda vokalar.


– 59 –

I eksemplet *sinkwan > søkkva får vi også senking av i til e framfor assimilasjon nk > kk,
jf. regel (19). I engelsk sink vb. ‘søkke’ har rotvokalen halde seg uendra.
I løpet av 1200-talet fall ā og ǭ saman i ein runda, bakre lyd, først i islandsk og litt
seinare i norsk. I den norrøne normalortografien er teiknet á brukt for dette samanfallet,
og dermed blir u-omlyd av ā usynleggjord. U-omlyden kjem etter dette berre til uttrykk
ved den korte vokalen: ǫrmum av armr, men málum (ikkje mǫ́lum) av mál. I attgjeving av
skaldedikt frå før samanfallet plar ein likevel skilje mellom ā og ǭ, ettersom dette skiljet
har konsekvensar for innrima i dikta (jf. Mundal 2013: 392).

(5) ʀ-palatalisering || yngre urnordisk


Vokalar som i urnordisk stod rett føre ʀ, vart framskuva. Det er same verknad som i-
omlyden, så ein møter tradisjonelt nemninga ʀ-omlyd. Her følgjer eit par av mange
døme.

a>æ>e *kaʀa > *kæʀa > *kæʀ > ker ▸ ker n. ‘kar’
ū>ȳ *kūʀ > *kȳʀ > kȳr = kýr ▸ kýr f. ‘ku’

Som nemnt i samband med regel (21) nedanfor var ʀ truleg ein rulla frikativ. I så fall har
han hatt ein palatal karakter og på det viset ført til at den føregåande vokalen vart skuva
framover. Det er såleis tale om ein regressiv assimilasjon, av same type som omlydane
(men medan desse for det meste var fjernassimilasjonar, var ʀ-palataliseringa ein kon-
taktassimilasjon).

(6) Bryting || yngre urnordisk og norrønt


Kort, trykktung e i urnordisk vart i bestemte omgjevnader broten til ja eller jǫ, dvs. at
han vart diftongert til j + ein bakre vokal. Bryting kjenneteiknar nordisk og engelsk til
skilnad frå tysk, som vi framleis ser av former som Erde og Herz i tysk, mot jord og
hjarte i nordisk, earth og heart i engelsk. Brytinga vart ikkje like konsekvent gjennomført
i heile det nordiske språkområdet, men er sterkast i aust. Dette ser vi av moderne former
som stela i vestnordisk og austnordiske former som stjæle (austnorsk) og stjäla (svensk).
Tradisjonelt taler ein om a-bryting e > ja og u-bryting e > jǫ. Regelen seier at bry-
tinga råkar kort, trykktung e i ei rotstaving når det kjem ein trykklett a eller u i den etter-
følgjande stavinga. Det er såleis ein prosess som minner mykje om omlyden:

e + a > ia > ja *hertō > *herta > hjarta ▸ hjarta n. ‘hjarte’


e + u > io > jǫ *erþu > *iorþu > *iorþ > jǫrð ▸ jǫrð f. ‘jord’

Her skal vi leggje til grunn ei anna forklaring av brytinga, framført av Helge Dyvik
(1978), og som er ei vidareutvikling av den eldre forklaringa til Hermann Paul (1879).
Etter denne forklaringa blir det gjort eit skilje mellom konsonantisk og vokalisk bryting.
Konsonantisk bryting inneber at i lange stavingar blir kort, trykktung e broten framfor r
eller l + annan konsonant, truleg også framfor bn, men ikkje dersom stavinga var inn-
leidd av w eller det stod ein trykklett i i den etterfølgjande stavinga. Vokalisk bryting
inneber at i korte stavingar skjer brytinga framfor ō (som seinare utviklar seg til u), men
– 60 –

heller ikkje her dersom stavinga var innleidd av w. Felles for både den konsonantiske og
den vokaliske brytinga er at ho skjer innanfor same trykkeininga, anten vokal + lang
konsonant (konsonantsamband), eller vokal + kort konsonant + vokal. I alle tilfelle blir
brytingsdiftongen ja. I døma nedanfor er trykkeininga avgrensa med ein loddrett strek.
Der det står ein trykklett u i den påfølgjande stavinga, går diftongen til jǫ ved (4) u-
omlyd.

(a) Konsonantisk bryting


*berg|an > bjarga st.vb. ‘berge’ med (13) n-bortfall
*skeld|uʀ > skjǫldr m. ‘skjold’ med (4) u-omlyd og (8) synkope

(b) Vokalisk bryting


*skelōn| > skjala sv.vb. ‘snakke’ ōn > a truleg ved analogi
*geƀō| > *geƀu > gjǫf f. ‘gåve’ med (4) u-omlyd

(c) Inga bryting


*hwerƀan > hverfa st.vb. ‘vende’ ikkje når den trykktunge stavinga er innleidd av w
*helpiʀ > helpr st.vb. ‘hjelpe’ ikkje når den etterfølgjande stavinga er innleidd med i,
og det oppstår i-omlyd

Infinitivar av sterke verb kan sjå ut som motdøme på brytingsregelen, t.d. *neman >
nema st.vb. ‘ta’. Men i urnordisk var endingsvokalen i dette og andre sterke verb a, ikkje
ō, som i svake verb av ō-konjugasjonen, *skelōn > skjala. Dermed vart det ikkje noka
bryting. At infinitiven av eit sterkt verb som bjarga har bryting, kjem av at det her er
konsonantisk bryting. Når verb som *skelōn får endinga -a i infinitiv, og ikkje -u, som
ein kunne vente, er dette vanlegvis forklart ved analogi, jf. omtalen av dei svake verba s.
52 ovanfor.
Som nemnt ovanfor er det vanleg å skilje mellom to typar av vokalisk bryting: a-
bryting, som i urn. *herta > norr. hjarta, og u-bryting, som i urn. *erþu > norr. jǫrð. Etter
den forklaringa som er gjeven her, blir den siste utviklinga å forstå som eit sekundært
utslag av (4) u-omlyd, dvs. at det som er felles i *herta og i *erþu, er bryting på grunnlag
av trykktung e + r + konsonant, *herta > hjarta og *erþu > *iarþu. Så får ein i neste
omgang u-omlyd i enkelte av formene, t.d. i nominativ eintal *iarþu > jǫrð (men ikkje i
genitiv eintal *iarþōʀ > jarðar).
Den brytingsteorien som er framlagt her, gjeld vestnordisk. I austnordisk var vilkåra
for bryting noko meir generelle, og her må ein truleg også rekne med bryting i samband
med a. Eit sentralt døme på dette er det personlege pronomenet i 1. person eintal, som i
heile runekorpuset har forma ek, utanom i den etterstilte forma -(i)ka eller -(e)ka, jf. s. 49
ovanfor. Dette pronomenet er ikkje utsett for bryting i det vestnordiske området, jf.
norrønt ek og moderne norsk eg (og æ, i), men i det austnordiske området finn vi former
som jak og seinare jeg (og je).
– 61 –

Nasalering
I kontakt med dei nasale konsonantane m og n (og ng) skjer det ofte at vokalen tek farge
av konsonanten. Dette må ha vore tilfellet i urnordisk, og i dei tilfella då nasalen fall
bort, tok vokalen vare på nasaliteten, t.d. urnordisk *drepan > tidleg norrønt *drepã.
Dette er ein prosess som minner om omlyden – først når den omlydsskapande vokalen
fall under synkopen, vart den omlydde vokalen kjend med sin nye kvalitet. Forfattaren
av den islandske Første grammatiske avhandling frå midten av 1100-talet nemner mange
døme på nasalering, t.d. hr m. ‘hai’ (lang nasal rotvokal) vs. hār n. ‘hår’ (lang oral rot-
vokal). Det første ordet blir rekonstruert som *hanhaʀ i urnordisk, det andre som *hāra,
og det er den bortfalne nasalen i det første ordet som forklarer at rotvokalen enno vart
forstått som nasal i islandsk på 1100-talet. Forfattaren av den grammatiske avhandlinga
hevdar at det var ein systematisk skilnad mellom oral og nasal uttale ved alle dei ni
vokalane i islandsk. Det har rett nok vore peika på at opposisjonen mellom orale og
nasale vokalar berre galdt ved dei lange vokalane, slik som dømet ovanfor, hr vs. hār,
medan dei korte nasale vokalane berre ser ut til å opptre i samband med nasale kon-
sonantar (jf. Hreinn Benediktsson 1972 : 134–135). Bortsett frå omtalen i Første gram-
matiske avhandling er det ikkje spor av nasalitet i dei eldste islandske handskriftene, som
er daterte til midten av 1100-talet. Forklaringa er truleg at opposisjonen mellom orale og
nasale vokalar fall i islandsk om lag på same tid som avhandlinga vart forfatta, dvs. i løpet
av 1100-talet, og at han dermed ikkje er fanga opp i dei skriftlege kjeldene.
I norsk skjedde bortfallet av nasalitet truleg noko tidlegare enn i islandsk. Det einaste
sporet vi har av nasale vokalar i eldre norsk, er skiljet mellom den nye a-runa, ᛡ, og den
gamle a-runa, ᚨ , der den nye vart teken i bruk for oral a og den gamle kom i ny bruk for
nasal a. Denne overgangen skjedde i yngre urnordisk tid, jf. omtalen av [23] Gummarp
ovanfor. Skiljet mellom dei to a-runene heldt seg til midten av 1000 -talet i norsk (jf.
Seim 2013: 151). Det er grunn til å tru at også andre vokalar kunne vere nasale, men at
dette ikkje vart reflektert i runeskrifta. I det yngre runealfabetet var det berre fire
vokalteikn, ᛁ i, ᚢ u og dei nemnde ᛡ a og ᚨ ą (seinare med fleire variantar, m.a. teikna ᛆ a
og ᚮ ą). Dermed var det mange opposisjonar som rett og slett ikkje kom til uttrykk.

(7) Nasalering av vokalar || yngre urnordisk


Nasaleringa omfatta truleg alle dei fem vokalane i urnordisk, og ho oppstod når vokalen
stod i kontakt med ein m eller n. Seinare har desse nasale konsonantane ofte falle bort,
medan vokalen vart ståande. Her skal vi berre gje døme med vokalen a, først i trykktung
stilling, deretter i trykklett.

a > ã > a trykktung *gans > *gãns > *gs > gās = gás ▸ gás f. ‘gås’
a > ã > a trykklett *takan > *takã > taka ▸ taka vb. ‘ta’

I det første dømet blir vokalen forlengd etter at nasalen har falle, an >  (“erstatnings-
forlenging”).
Nasaleringa vart som nemnt oppheva i klassisk norrønt før 1200-talet, men er viktig
å kjenne til, fordi ho fekk så store følgjer for synkoperingsprosessen, jf. reglane (8) og (9)
nedanfor. I denne framstillinga noterer vi nasalering ved vokalar berre når det er nød-
– 62 –

vendig for resonnementet; i anna fall sløyfar vi notasjonen, t.d. urn. *takan > norr. taka
vb. i staden for takã vb.

Synkopering, forkorting og omlegging av trykklette vokalar


I urnordisk var det som nemnt fem vokalar i trykktung stilling, i, e, a, u, o, og dei kunne
alle vere både korte og lange. I trykklett stilling var det færre vokalar; her skal vi rekne
med fire lange vokalar, ī, ē, ā, ō, og tre korte i, a, u (men som nemnt s. 36 ovanfor er det
ikkje semje om kor mange trykklette vokalar det var). Etter synkopen var dei lange,
trykklette vokalane blitt forkorta, og dei korte hadde falle bort. Dei trykklette vokalane
kunne då berre vere korte, og det ser ut til at det lange og det korte trykklette systemet
fall saman i dei tre korte vokalane i, a, u.
Synkope blir ofte brukt om større reduksjonar av ord enn berre bortfall av enkelt-
ståande lydar. Her skal vi dele synkopen i denne vidare forstand i tre slag: først bortfallet
av korte, trykklette vokalar i regel (8), deretter forkortinga av lange, trykklette vokalar i
regel (9) og til slutt forkortingar som også innebar endring i vokalkvaliteten, dvs. ē > i og
ō > a i regel (10). I nokre ord verkar synkope og forkorting i fleire omgangar, så vi av-
rundar med å gje eit oversyn over dei mest komplekse overgangane, typen *flatja > flet,
*raunija > reyni og *raunijō > reyna.

(8) Bortfall av korte, trykklette og unasalerte vokalar || yngre urnordisk


Korte, trykklette og unasalerte vokalar fall heilt bort i løpet av synkopetida. Ofte kom
det omlyd i tillegg til synkopen, slik at rotvokalen vart endra. I desse døma, der ∅ er
brukt som null-symbol, har i og u i tillegg skapt (3b) i-omlyd a > æ og (4) u-omlyd a > ǫ:

i>∅ *gastiʀ > *gæstiʀ > *gæstʀ > gestr ▸ gestr m. ‘gjest’
a>∅ *līna > līn ▸ lín n. ‘lin, linklede’
u>∅ *maguʀ > *mǫguʀ > *mǫgʀ > mǫgr ▸ mǫgr m. ‘son’

Når den korte og trykklette a ikkje fall i infinitiv av verb, som t.d. *drepan st.vb. ‘drepe,
slå’, er det fordi han vart nasalert av n før denne fall bort etter regel (13) n-bortfall,
*drepan > *drepã > drepa. Det same gjeld i akkusativ fleirtal av a-, i- og u-stammene, t.d.
*gastin > *gastĩ > gesti av gestr m.

(9) Forkorting av lange, trykklette vokalar || yngre urnordisk


Lange, trykklette vokalar blir forkorta, det òg i synkopetida. Om vi tenkjer oss at ein
lang vokal har to einingar, og at ein kort vokal har éi eining, inneber reglane (8) og (9) at
dei trykklette vokalane blir reduserte med éi eining. Dermed fell den korte vokalen bort,
og den lange blir forkorta. Slike vokaleiningar blir omtalte som morae (eintal mora).

ī>i *tīðīʀ > tīðir [nom. plur.] ▸ tíð f. ‘tid’


ā>a *sauðāʀ > sauðar [gen. sing.] ▸ sauðr m. ‘sau’
– 63 –

(10) Forkorting og omlegging av lange, trykklette vokalar || yngre urnordisk


Den lange, trykklette ē vart også forkorta i synkopetida, men gjekk til i ettersom det
ikkje var nokon kort, trykklett e i norrønt. Av dei tre trykklette vokalane i, a, u var i den
nærmaste kandidaten til e. Vi omtaler denne prosessen som forkorting og omlegging.

ē>i *armē > armi [dat. sing.] ▸ armr m. ‘arm’

Den lange, trykklette ō er vårt enfant terrible. Ovanfor s. 16 har vi sett at i nordvest-
germansk gjekk ō i rein utlyd til u, t.d. urgerm. *manō > nvgerm. *manu f. ‘man, nakke-
hår på hest’. I paradigmet for dei feminine ō-stammene s. 42 legg vi til grunn at dette har
skjedd i nominativ eintal i urnordisk, som blir rekonstruert som *rūnō > *rūnu. Denne
overgangen ligg altså før dei overgangane vi set opp her. Ved utgangen av synkopetida
var situasjonen at det ikkje lenger var nokon kort, trykklett o, slik at når ō vart utsett for
synkope, kunne han ikkje berre forkortast, men måtte også omleggjast. Den nærmaste
kandidaten til o var a, og i dei fleste stillingar gjekk trykklett ō til a:

ō>a *manōʀ > *manaʀ > manar [nom. og akk. plur.] ▸ mǫn f. ‘man’

Framfor nasalar vart ō derimot heva til u. Også i andre samanhengar ser vi at nasalar kan
verke hevande eller motverke senking. Derfor har rotvokalen halde seg som u i perfek-
tum partisipp av sterke verb med nasal, t.d. spunnit av spinna, mot brotit av brjóta.

ō>u *kallōmʀ > *kallumʀ > *kallum > kǫllum [1p.pl. pres.] ▸ kalla vb. ‘kalle’
*kastōn > *kastun > *kastu > *kǫstu [inf.] ▸ kasta vb. ‘kaste’
*tungōn > *tungun > tungu [akk.sg.] ▸ tunga f. ‘tunge’

I det første dømet hindrar ʀ at m fell, *kallumʀ > *kallum, men i det andre dømet er det
ikkje noko som kan forhindre n-bortfallet, *kastun > *kastu. Når infinitivsforma får end-
inga -a, kasta, må vi forklare dette ved analogi (jf. s. 52 ovanfor).

Bortfall og forkorting i kombinasjon || yngre urnordisk


Reglane (8), (9) og (10) er tilstrekkelege til å forklare dei overgangane som skjedde i
synkopetida. Men i enkelte ord opptrer reglane i kombinasjon, særleg i stammer med -j-,
-ij- og -w-. I desse stammene kunne halvvokalen j bli vokalisert til i, og halvvokalen w til
u, dersom dei vart ståande i utlyd. Det er ein prosess som var omtalt allereie i sanskrit-
grammatikken som saṃprasāraṇa.

Synkope + vokalisering + synkope


ja > i > ∅ *flatja > *fletja > *fleti > flet ▸ flet n. ‘golv’

Etter (3a) i-omlyd vart a synkopert etter regel (8), og halvvokalen j vart deretter vokali-
sert til i. Denne vokalen vart så utsett for synkope etter regel (8), og ja fall dermed heilt
bort. Tilsvarande kunne halvvokalen w bli vokalisert til u og deretter falle heilt bort, t.d.
*arhwu > *arwu > *ǫrwu > *ǫru > ǫr f. ‘pil’. Her er også (16) h-bortfall og (4) u-omlyd.
– 64 –

Synkope + forkorting
ija > ī > i *raunija > *reynija > *reynī > reyni [akk. sing.] ▸ reynir m. ‘prøvar’

Etter (3b) i-omlyd vart a synkopert i samsvar med regel (8), og tilbake stod då den lange ī
(dvs. ij). Denne vart forkorta til i i samsvar med regel (9), og dermed vart sekvensen ija
redusert til berre i.

Forkorting + synkope + forkorting & omlegging


ijō > ō > a *raunijō > *reynijō > *reynō > reyna [gen. plur.] ▸ reynir m. ‘prøvar’

I dette tilfellet må vi rekne at ij vart forkorta til i etter regel (9) og deretter synkopert
etter regel (8). Vidare må ō ha blitt forkorta og omlagt til a etter regel (10). Resultatet
vart at ijō vart redusert til berre a.

Samanfall av trykktunge vokalar


Det skjedde to vokalsamanfall i det trykktunge systemet fram mot klassisk norrønt.
Begge samanfalla er fullførte i løpet av 1200-talet.

(11) Samanfall av trykktung e og æ || eldre norrønt


Dei korte vokalane e og æ (ofte notert som ę) fall saman i norrøn tid, i islandsk kan hende
allereie frå 900-talet av. I norsk er samanfallet meir omstridd, og det skjedde under alle
omstende seinare enn i islandsk. Produktet av samanfallet blir i normalortografien og i
dei fleste framstillingar notert med e. Vokalen æ er oppstått ved (3) i-omlyd av a.

æ *gastiʀ > *gæstiʀ > *gæstʀ > gestr ▸ gestr m. ‘gjest’


>e
e *werþan > *werþa > verða ▸ verða vb. ‘bli’

(12) Samanfall av trykktung ā og ǭ || yngre norrønt


Dei lange vokalane ā og ǭ fall saman i løpet av 1000- og 1100-talet. I norsk reknar vi at ā
overtok rundinga frå ǭ, slik at samanfallet var ein runda, bakre vokal, [ɔ], jf. moderne
norsk mål. I islandsk vart resulatet av samanfallet diftongert, [au], slik det også gjekk i
enkelte vestnorske dialektar, maol. Samanfallet av ā og ǭ blir notert som á i den norrøne
normalortografien.

ǭ *sāru > *sǭru >*sǭr > sār = sár ▸ sár n. ‘sår’



ā *māla > māl = mál ▸ mál n. ‘mål, sak, språk’
– 65 –

Konsonantsystemet
Også i konsonantsystemet skjedde det endringar fram mot norrøn tid, men ikkje så
omfattande som i vokalsystemet. Det dreiar seg om bortfall, samanfall, assimilasjonar og
forkortingar. Desse prosessane er relativt enkle å forstå. Hit høyrer også omlegginga av
plosivane og frikativane, som ikkje er like endefram, ettersom omlegginga berre delvis
kjem til syne i normalortografien av norrønt.

Bortfall av konsonantar
Dei tre første bortfalla som er nemnde her, er alle med på å skilje ut nordisk som ei eiga
grein av dei germanske språka.

(13) Bortfall av utlydande n || eldre og yngre urnordisk


Bortfallet av utlydande n skjer i løpet av urnordisk tid. Det gjeld m.a. i infintiv av sterke
og svake verb og i akkusativ fleirtal av sterks substangtiv. Som nemnt under regel (8) vart
den føregåande vokalen nasalert og motstod dermed synkopen, *takan > *takã > taka.
Moderne tysk har framleis -n i infinitiv av verb, geben mfl.

n>∅ *laukan > lauka [akk. plur.] ▸ laukr m. ‘lauk’

I n-stammene har den utlydande n falle i så godt som alle former, slik at i norrønt endar
heile eintalsbøyinga på vokal, t.d. *tungōn > tunga f. ‘tunge’. Sjå Syrett (1994: 125–132)
for eit oversyn over n-bortfallet i urnordisk.

(14) Bortfall av j i framlyd || yngre urnordisk


Halvvokalen j fall bort i framlyd. Dette er framleis eit skilje mellom nordisk og andre
greiner av germansk, jf. tysk Jahr og engelsk year.

j>∅ *jāra > *āra > ār = ár ▸ ár n. ‘år’

(15) Bortfall av w føre runda vokal || yngre urnordisk


Halvvokalen w fall bort føre runda vokal. Denne regelen ser vi tydeleg i norrønt, der
mange sterke verb får ei kompleks bøying, t.d. verða – varð – urðu – orðit.

w>∅ *wulfaʀ > *ulfaʀ > *ulfʀ > ulfr ▸ ulfr m. ‘ulv’
*worhtō > *orhtō > *ortō > orta [1. pers. sing. pret.] ▸ yrkja vb. ‘gjere’

Dette er like eins eit skilje mellom nordisk og andre greiner av germansk, jf. tysk Wulf
og engelsk wolf.

(16) Bortfall av h i innlyd og utlyd || yngre urnordisk


Urnordisk h fall regelbunde i innlyd og utlyd, og står derfor berre i framlyd i norrønt,
bortsett frå i samansetjingar, t.d. líkhamr (ved sida av líkamr) m. ‘lekam’ , eigentleg
‘kropps-ham’. Etter regel (22) vart h dessutan assimilert med t, ht > tt.
– 66 –

h>∅ *arhwu > *arwu > *ǫrwu > *ǫru > ǫr ▸ ǫr f. ‘pil’
*drōǥ > *drōh > drō [3. pers. sing. pret.] ▸ draga vb. ‘dra’

I utlyd verkar bortfallet av h saman med (19) utlydsherding, jf. det siste dømet ovanfor.

(17) Bortfall av w føre r || yngre norrønt


Dette er ein overgang som skjedde etter urnordisk tid, og som ikkje er fullt gjennomført
i alle norske dialektar, jf. austnorsk vrang mot vestnorsk rang. For dateringa av edda-
diktinga har dette vore ein viktig regel, jf. den første strofa i Þrymskviða: Reiðr var þá
Vingþórr | er hann vaknaði ‘ Vreid var Vingtor | då han vakna’. Her viser allitterasjonen
mellom (v)reiðr, Vingþórr og vaknaði at det kan ha vore ein innleiande v i det adjektivet
som i Norrøn ordbok er oppført med reiðr ‘sint, vreid’ som hovudform. Former med inn-
leiande v- har ein framleis i Setesdal og i Telemark, t.d. vrang, forutan i dansk og svensk.

wr > r *wrangaʀ > *wrangʀ > *rangʀ > rangr ▸ rangr adj. ‘rang’

(18) Bortfall av h føre l, n, r || yngre norrønt


Urnordisk h fall føre l, n og r i gammalnorsk, færøysk og norn, men ikkje i gammal-
islandsk (jf. Hagland 2013: 607 og 616).

hr > r *hringaʀ > *hringʀ > hringr > ringr ▸ hringr m. ‘ring’
hl > l *hlutiʀ > *hlutʀ > hlutr > lutr ▸ hlutr m. ‘lott, del’
hn > n *hnīgan > hnīga > nīga ▸ hníga st.vb. ‘sige’

Utlydsherding
Utlydsherding (ofte omtalt som desonorisering) råka både stemde plosivar og stemde fri-
kativar i absolutt utlyd. Utlydsherdinga var verksam i urnordisk, men ser ut til å ha falle
bort i løpet av synkopetida.

(19) Utlydsherding av b, d, g || eldre urnordisk (delvis oppheva i eldre norrønt)


Ettersom dei stemde lydane b, d, g hadde både plosive og frikative variantar i urnordisk,
råka utlydsherdinga begge flokkane, dvs. både dei plosive b, d, g og dei frikative ƀ, ð, ǥ.
Det er rett nok ikkje kjent noko døme på utlydsherding av plosiv b (til p).

(a) Utlydsherding av ƀ
I utlyd vart ƀ herda til f, som hadde den ustemde uttalen [f]:

ƀ>f *gaƀ > gaf [3p. sg. pret.] ▸ gefa vb. ‘halde’

I postvokalisk stilling vart utlydsherdinga oppheva i eldre norrønt, [f] > [v]. I norrøn
normalortografi skriv ein riktignok gaf, men då har f stemd uttale, [v].
– 67 –

(b) Utlydsherding av d og ð
I utlyd vart d herda til t. I samband med nasal vart t assimilert med nasalen, nd > nt > tt:

d>t *hald > halt [2p. sg. imp.] ▸ halda vb. ‘halde’
*band > *bant > batt [3p. sg. pret.] ▸ binda vb. ‘binde’

Tilsvarande vart ð herda til þ, dvs. den ustemde frikativen [θ].

ð>þ *bauð > bauþ [3p. sg. pret.] ▸ bjóða vb. ‘by’

I postvokalisk stilling vart også denne utlydsherdinga oppheva i eldre norrønt, [θ] > [ð].
Den norrøne forma er såleis bauð.

(c) Utlydsherding av g og ǥ
I utlyd vart g herda til k i samband med nasal, og deretter assimilert, ng > nk > kk:

g>k *geng > *genk > gekk [3p. sg. pret.] ▸ ganga vb. ‘gå’

Den frikative ǥ vart derimot herda til h [x], som i neste omgang fall bort:

ǥ>h>∅ *drōǥ > *drōh > drō [3p. sg. pret.] ▸ draga vb. ‘dra’

Ved analogi kunne g i somme tilfelle kome inn igjen, t.d. steig ved sida av sté av stíga vb.

Omlegging av plosivar og frikativar


Den germanske lydforskyvinga innebar ei omfattande omstrukturering av plosivane og
frikativane. Ei mindre dramatisk, men like fullt viktig omlegging skjer frå urnordisk til
norrøn tid. Det første dømet på at dette er skjedd, er runeinnskrifta på Ribe-kraniet frå
700-talet (jf. Seim 2013: 153, no datert til 725–760).

(20) Omlegging av plosivar og frikativar || eldre urnordisk


Medan urnordisk hadde eit system av plosivar og frikativar som vist i ill. 12 ovanfor,
skjer det ei omstrukturering som fører fram til eit anna system i norrønt, vist i ill. 17 på
neste side.
I den norrøne normalortografien blir f attgjeven med f både ved stemt og ustemd
uttale (men handskriftene tok etter kvart til å skilje mellom f og v). Den apikale fri-
kativen þ blir attgjeven med þ i framlyd, då han var ustemd, og med ð i inn- og utlyd, då
han var stemd (men her er handskriftene mindre konsekvente, og dei eldste islandske
handskriftene brukte þ i alle tilfelle). Den dorsale g blir attgjeven med g både ved plosiv
og frikativ uttale (men særleg dei norske handskriftene tok til å bruke gh for den frikative
varianten).
– 68 –

Ill. 17. Det norrøne systemet av plosivar og frikativar. Dei tre lydane f, þ, g står her oppførte
med sine variantar (allofonar) i lydskriftsteikn i hakeparentes.

(a) Dei labiale lydane


Den urnordiske b hadde både plosiv og frikativ uttale, [b] og [β]. Den plosive varianten
heldt seg uendra i norrøn b [b], medan den frikative varianten, [β], fall saman med den
stemde varianten av norrøn f, dvs. [v], i innlyd og utlyd.

b *bītan > bīta uttalt [b] i norrønt ▸ bíta vb. ‘bite’


b >
f *gebu > *giobu > gjǫf uttalt [v] i norrønt ▸ gjǫf f. ‘gåve’

Det norrøne fonemet /f/ hadde to allofonar, [f] i framlyd og [v] i inn- og utlyd. Det er
desse som ligg til grunn for moderne norsk f (fara > fare) og v (haf > hav).

(b) Dei apikale lydane


Den urnordiske d hadde også både plosiv og frikativ uttale, [d] og [ð]. Den plosive vari-
anten heldt seg uendra i norrøn d [d], medan den frikative varianten, [ð], fall saman med
den stemde varianten av det fonemet som vi her noterer som /þ/, dvs. [ð].

d *dagaʀ > dagr uttalt [d] i norrønt ▸ dagr m. ‘dag’


d >
ð *tīðiʀ > tīð uttalt [ð] i norrønt ▸ tíð f. ‘tid’

Fonemet /þ/ hadde to allofonar i norrønt: den ustemde [θ] i framlyd og den stemde [ð] i
inn- og utlyd. I normalortografien blir [θ] attgjeve med þ og [ð] med ð, t.d. þing og maðr.

(c) Dei dorsale lydane


I urnordisk hadde g både ein plosiv og ein frikativ variant, [ɡ] og [ɣ]. Denne fordelinga
heldt seg i norrønt, men den kjem ikkje til uttrykk i normalortografien. Vi reknar med at
i framlyd hadde g plosiv uttale, [ɡ], t.d. grafa, og i inn- og utlyd frikativ uttale, [ɣ], t.d.
saga f. og lag n.

g *graban > grafa uttalt [ɡ] i norrønt ▸ grafa vb. ‘grave’


g >
ǥ *laǥa > laǥ uttalt [ɣ] i norrønt ▸ lag n. ‘lag, stad’

Dette inneber at også i norrønt har fonemet /g/ dei to allfonane [ɡ] og [ɣ].
– 69 –

Samanfall av konsonantar
(21) Samanfall av ʀ og r || eldre norrønt
Samanfallet av ʀ (frå urgermansk *z) og r (frå urgermansk *r) skjedde i eldre norrøn tid,
og førte til at det berre vart ein r-lyd, slik som det framleis er i moderne norsk. I urnor-
disk vart det skilt mellom dei to lydane med runeteikna ᛉ (translitterert som ʀ) og ᚱ
(translitterert som r). Lydverdien av ʀ er omstridd, men tradisjonelt har ein rekna ʀ for å
vere ein palatalisert r-type. Som nemnt ovanfor s. 16 meiner Orrin Robinson (1992: 92–
93) og Harald Bjorvand (2010: 186–187) at ʀ kan ha vore ein palatalisert, rulla frikativ. I
så fall har skilnaden mellom dei to lydane vore relativt liten. Utviklinga av runealfabetet
gjer at det er vanleg å datere samanfallet av ʀ og r til 900-talet.
I norsk har vi fått inn ein skarre-r i nyare tid, kanskje så seint som på 1800-talet, men
dette er ein dialektvariant, ikkje ein variant mellom to r-typar i det same konsonant-
systemet. Det same gjeld den palataliserte r som ein finn i Troms.

ʀ
>r *armaʀ > *armʀ > armr ▸ armr m. ‘arm’
r

Assimilasjon av konsonantar
Det skjer ei lang rekkje assimilasjonar av konsonantar frå urnordisk til norrønt, jf. t.d.
Iversen (1973: §44–48). Her fører vi opp berre eit lite utval.

(22) Konsonantassimilasjonar || eldre urnordisk – eldre norrønt


Urnordisk har få døme på lange (geminerte) konsonantar, medan norrønt har mange
slike. Vi reknar med at svært mange av dei går tilbake på samband av to ulike konso-
nantar, slik at dei fleste av geminatane i norrønt har oppstått ved assimilasjonar. Vi kan
enno sjå døme på denne utviklinga i ulike nordiske former som *wantuʀ m. ‘vott’, som
har gjeve både vante og vott, og *klampuʀ m. ‘klopp, stokk’, som har gjeve både klamp og
klopp. Formene vante og klamp er austnordiske, vott og klopp vestnordiske. Allment er
det slik at konsonantassimilasjonane er mest gjennomførte i det vestnordiske området.

(a) lʀ > ll
Dette er ein frekvent overgang, ettersom endinga -ʀ førekjem i nominativ eintal av både
substantiv og adjektiv.

lʀ > ll *kundilaʀ > *kyndilaʀ > *kyndilʀ > kyndill ▸ kyndill m. ‘lys’

(b) sʀ > ss
Også dette er ein frekvent overgang. Han førekjem i nominativ eintal av både substantiv
og adjektiv, og dessutan i presens av sterke verb.

sʀ > ss *lausaʀ > *lausʀ > *lauss ▸ lauss adj. ‘laus’


– 70 –

(c) nʀ > nn og mʀ > m


I trykktung stilling skjer overgangen nʀ > nn m.a. i nominativ eintal av substantiv og
adjektiv.

nʀ > nn *stainaʀ > *steinaʀ > *steinʀ > steinn ▸ steinn m. ‘stein’

I trykklett stilling skjer overgangen mʀ > m m.a. i dativ fleirtal av substantiv og i presens
1. person fleirtal av verb. Om rotvokalen er a, kjem (4) u-omlyd i tillegg.

mʀ > m *dagumʀ > *dǫgumʀ > dǫgum ▸ dagr m. ‘dag’


*kallōmʀ > *kallumʀ > *kǫllumʀ > kǫllum ▸ kalla vb. ‘kalle’

(d) ht > tt
I innlyd blir h jamt over assimilert med ein etterfølgjande t. Merk at h også er utsett for
bortfall i innlyd og utlyd, jf. regel (16) ovanfor.

ht > tt *dōhtir > *dōttir ▸ dóttir f. ‘dotter’

Når urnordisk går over i norrønt


Det urnordiske lydsystemet er framstilt i ill. 10, 11 og 12 ovanfor. Dette systemet dannar
utgangspunktet for dei tjueto overgangane vi har ført opp ovanfor, og då er det naturleg
å avslutte med eit oversyn over kvar desse overgangane fører – nemleg til det norrøne
lydsystemet. Det må vi rett nok byggje opp med eit sideblikk til skilnadene mellom
norsk og islandsk, men dei er ikkje større enn at vi kan setje opp eit felles, lett idealisert
system for norrønt. Det er dette systemet ein finn i dei ymse norrøne grammatikkane,
og det er sett opp med støtte i den norrøne normalortografien for 1200-talet.

Ill. 18. Dei trykktunge vokalane i norrønt.


– 71 –

Medan det urnordiske vokalsystemet truleg var heilt symmetrisk og utan kvalitative
skilnader mellom korte og lange vokalar (etter at kort o kom inn som følgje av (1) a-
omlyd), vart systemet mykje endra fram mot norrønt. Det mest slåande er at det har
kome til fire nye vokalar, y, ø, æ (også notert som ę) og ǫ, takk vere (3) i-omlyd og (4) u-
omlyd. Men i tur og orden fall kort æ og kort e saman, og etter rundinga av á fall á og 
saman. Desse samanfalla noterer vi i normalortografien med e (av æ og e) og med á (av á
og ). Resultatet er som vist i ill. 18, der vi følgjer normalortografien i å bruke aksent for
å markere lengd.
Skilnadene mellom det trykktunge og det trykklette vokalsystemet i urnordisk var
små. Men medan det trykktunge systemet vart utvida frå fem til ni vokalar i norrønt,
vart det trykklette redusert til berre tre vokalar, nemleg dei korte vokalane i, a, u, som
vist i ill. 19. Den gammalnorske vokalharmonien kunne rett nok få ein til å meine at det
var fem trykklette vokalar, ettersom ein hadde både i og e som fremre, høge vokalar og u
og o som bakre, høge vokalar. Men ein bør oppfatte desse som variantar (allofonar),
ikkje som fonem. Fullverdige fonem ville dei berre vere dersom både i og e kunne stå
etter høge rotvokalar, i staden for at i står etter høge og e etter mellomhøge, osv. Denne
vekslinga er forklart i større detalj i Hagland (2013: 623).

Ill. 19. Dei trykklette vokalane i norrønt.

Endeleg har norrønt tre diftongar, der ei kjem av urn. ai, medan au og ey (ved i-
omlyd) kjem av urn. au. Den gamle diftongen iu er gått over til jú eller jó (som ein kan
sjå i 2. klasse av dei sterke verba, krjúpa mot brjóta). Dei to siste diftongane og dei såkalla
brytingsdiftongane ja og jǫ blir ofte analyserte som ein sekvens av halvvokalen j + vokal,
men kunne også ha vore sette inn i eit utvida system av diftongar.

Ill. 20. Diftongane i norrønt.


– 72 –

På overgangen mellom vokal- og konsonantsystemet står dei to halvvokalane j og v, som


har kvar sin partnar i vokalsystemet, nemleg i og u. I handskriftene ser vi at det ofte er
nytta berre eitt teikn for i og j og like eins for u og v, men i normalortografien blir i og u
brukte i stavingskjernen, som er posisjonen for vokalane, medan j og v blir brukte utan-
for stavingskjernen, i den posisjonene der konsonantane normalt står. Ein viktig skilnad
er då at vokalane kan vere både korte og lange, i – í, u – ú, medan halvvokalane berre
kan vere korte. Her har vi sett dei opp i konsonantsystemet i ill. 21, i samsvar med ana-
lysen av urnordisk i ill. 12 ovanfor.
I regel (20) ovanfor er omlegginga av plosivane og frikativane forklarte, og denne
omlegginga fører fram til konsonantsystemet i ill. 21. I det norrøne systemet kan både f
og þ vere ustemde og stemde, og g både plosiv og frikativ, som vist i denne illustrasjonen.
I normalortografien blir det ikkje gjort noko skilje mellom dei to variantane (allofonane)
av f, så her står f både i framlyd for [f], fara, og i inn- og utlyd for [v], hafa, líf. Det blir
heller ikkje skilt mellom dei to variantane av g, så her står det g i framlyd for [ɡ], gata, og
i inn- og utlyd for [ɣ], saga, lǫg. Det fonemet som vi noterer med þ, kunne også vere både
ustemt og stemt. I dei eldste islandske handskriftene vart þ brukte i alle posisjonar, þing,
maþr og boþ, men i normalortografien blir þ [θ] brukt i framlyd og ð [ð] i inn- og utlyd,
þing, maðr og boð. På dette punktet er altså den norrøne normalortografien meir detaljert
enn for f og g.

Ill. 21. Konsonantane i norrønt.


– 73 –

Som nemnt fleire gonger tidlegare fall ʀ og r saman i rullelyden r, og konsonantsys-


temet blir dermed noko enklare enn i urnordisk på dette punktet. Nasalane m og n ser
derimot ut til å ha vore uendra. I norrønt plar ein ikkje rekne ŋ (ng-lyden) som noko eige
fonem, men som ein allofon av n føre g eller k. Det er også vanleg å nøye seg med berre
ein lateral lyd, l, som rett nok kan ha hatt ein bakre, “mørk” variant i norrønt – utan at
ein har prøvd å fange dette opp i normalortografien.

Kor mykje kan vi vere sikre på?


Når vi er framme ved det norrøne språksteget, slik det er overlevert i dei mange skrift-
lege kjeldene frå slutten av 1100 -talet og særleg frå 1200 - og 1300 -talet, har vi sikker
kunnskap om dei fleste sider ved språket. Det er rett nok enkelte spørsmål som det
framleis kan vere diskusjon om, t.d. kva tid dei nasale vokalane fall i islandsk og norsk,
om ǫ også var å rekne som eit fonem i norsk, kva tid e og æ fall saman, korleis vi fullt ut
skal forstå vokalharmonien i norsk, og meir til. Men jamført med kunnskapen vår om
urnordisk, er dette å rekne som unntak i ein vel dokumentert og forstått heilskap.
Di lenger bakover ein går, og di sparsamare det skriftlege materialet er, di usikrare
blir innsiktene, naturleg nok. Det seier seg sjølv at kunnskapen om urnordisk er mykje
usikrare enn om norrønt, for ikkje å snakke om dei stega som ligg attom det urnordiske:
urgermansk og det indo-europeiske grunnspråket. Men ikkje alt er like usikkert. For
eksempel kan vi med stor visse seie at den urnordiske forma laukaʀ utvikla seg til nor-
rønt laukr etter synkopen og samanfallet mellom lydane ʀ og r, endå om vi ikkje er heilt
sikre på kva for lyd ʀ var – den stemde z (som i urgermansk) eller ein palatalisert r. Og vi
kan med endå større visse følgje forma laukr fram mot moderne norsk lauk eller (med
monoftongering) løk. Andre sider av dei rekonstruksjonane som er gjevne i dette kapit-
telet, er langt mindre sikre, og mangt og mykje er uavklara.
Mange av dei overgangane som er oppførte i dette kapittelet, er overstått lenge før
norrøn tid, og det er ikkje nødvendig å kjenne til dei om ein vil lære seg norrønt som eit
synkront system. Men mange av dei trengst enno til forklaring av dei norrøne formene,
og vil vere å finne også i synkront orienterte grammatikkar over norrønt. Det kan vere
verdt å jamføre dette kapittelet med ein slik grammatikk, t.d. O.E. Haugen (2001) eller
Barnes (2008). I dei historiske orienterte grammatikkane, slike som Noreen (siste utg.
1923) og Iversen (siste utg. 1973) vil ein finne alle dei overgangane som er omtalte i dette
kapittelet, og fleire til. I desse grammatikkane er målet ikkje berre å forklare form-
variasjonen i norrønt frå ein synkron synsvinkel, men dessutan oppkomsten av varia-
sjonen frå ein diakron synsvinkel.
– 74 –

Vidare lesnad
Det er ingen mangel på oversiktsverk over den indoeuropeiske språkfamilien. Ei ny,
norsk framstilling er Anders Austefjord, Våre språklege røter (2011), skriven med
tanke på eit noko breiare publikum. Det kan ikkje stikkast under stol at mykje av dette
stoffet er tungt tilgjengeleg. Eit standardverk er framleis Hans Krahe og Wolfgang
Meid (1969), i alle fall for den som ikkje lèt seg skremme av små bøker med tettpakka
skrift og knapt synlege margar. Lettare tilgjengelege er innføringane til William B.
Lockwood (1969 og 1972). Nyleg har Benjamin W. Fortson IV (2004) og James
Clackson (2007) gjort prisverdige innsatsar i å ta lesaren gjennom dette stoffet. Sig-
mund Feist (1932) hevda i si tid at germansk har så mange forenkla trekk at det kan ha
vore eit kreolspråk. Ei ny, men kontroversiell drøfting av korleis dei germanske språka
oppstod, er gjeven av Theo Venneman (2000).
Det er heller ingen mangel på innføringar i historisk språkvitskap, og eit solid og
stødig oversyn kan ein finne i Hans H. Hock og Brian D. Joseph (2009). Men vil ein
ha ei verkeleg engasjerande framstilling, er det ingen veg utanom Robert Lawrence
Trask, Historical Linguistics (1996), posthumt revidert og utgjeven av Robert McColl
Millar under tittelen Trask’s Historical Linguistcs (2007) og med forfattaren familiært
omtalt som Larry Trask. Det er ei bok som ein kan ha på nattbordet, noko som ein
ikkje kan seie om så mange bøker på dette feltet.
Når det gjeld den urnordiske perioden (eller nordvestgermanske, om ein vil), kan ein
med fordel gjere seg kjend med Hans Frede Nielsen (2000 og, meir kortfatta, 2010),
eller kanskje aller først med dei mange artiklane i bd. 1 av samleverket The Nordic
languages (utg. Oskar Bandle mfl. 2002–2005), særleg kap. 69–88. Ottar Grønvik
har skrive mykje om dei eldste runeinnskriftene og språkforma deira. I Runene på Tune-
steinen (1981: kap. 3 ) drøftar han skilnaden mellom nordvestgermansk og urnordisk, i
Fra Ågedal til Sætre (1987: § 33 –36) gjev han utkast til ei finare inndeling av den ur-
nordiske perioden frå ca. 200 til 500 e.Kr, og i monografien Untersuchungen zur älteren
nordischen und germanischen Sprachgeschichte (1998) tek han opp det språkhistoriske
aspektet i større breidd. Ein meir kortfatta gjennomgang gjev han i ein seinare artikkel
(foredrag frå 2004, publ. 2010). Wolfgang Krause (1971) har ei balansert framstilling
både av det eldste runekorpuset og den grammatikken som ligg til grunn for det. I dette
kapittelet har vi også brukt Elmer H. Antonsen (1975), men han er ein meir kontro-
versiell forskar, jf. t.d. den kritiske omtalen ved James E. Knirk (1977). Den synteti-
serande framstillinga til Einar Haugen (1982) er til dels prega av Antonsen, men vel
verd å gjere seg kjend med. Ettersom så mange av dei gamle runeinnskrifene inneheld
personnamn, kan det vere klokt å konsultere namneleksikonet til Lena Peterson
(2004). Arbeida til Håkon Melberg vil bli omtalte av Arne Torp i bd. 2 av den kom-
ande norske språkhistoria (hovudred. Helge Sandøy og Agnete Nesse). I bd. 1 av
dette verket blir det også gjeve ei kronologisk framstilling av norsk språkutvikling, frå
den eldste tida (urnordisk) fram til i dag, vel verd å jamføre med den framstillinga som
står her.
For den som ønskjer å studere opphavet til dei gamle orda i språket, byr Harald
Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman, Våre arveord (1. utg. 2000, 2. utg. 2007) på
eit breitt utval av ord i moderne norsk. Desse orda følgjer forfattarane bakover i tid steg
– 75 –

for steg og om mogleg heilt tilbake til det indoeuropeiske urspråket. Sjølv om dette er
krevjande stoff, er dei enkelte artiklane i denne ordboka skrivne i ei meir tilgjengeleg
form enn i dei fleste andre etymologiske ordbøker, som kan ha ein svært kompakt stil.
Om ein vil søkje etymologien til eit ord som ein kjenner frå urnordisk eller norrønt, må
ein då ta vegen om moderne norsk, og i dei fleste tilfelle vil ein finne fram. Alternativt
kan ein bruke ei etymologisk ordbok som har norrøne oppslagsformer, slik som Jan de
Vries (1962). Eit verdifullt oversyn over etymologiske ordbøker over germanske språk
er elles gjeve av Oddvar Nes (1999); sidan dette oversynet er det først og fremst
Bjorvand og Lindeman (2007) som har kome på marknaden Det står også innhalds-
rike artiklar om ordtilfang og namnemateriale i det før nemnde The Nordic languages
(utg. Oskar Bandle mfl. 2002 –2005), m.a. ved Michael Schulte (kap. 75), Lena
Peterson (kap. 76) og Svante Strandberg (kap. 77).
Når det gjeld forståinga av dei sentrale prosessane synkope, omlyd og bryting, kan det
vere verdt å ta steget vidare til den nokså krevjande framstillinga til Trygve Skomedal,
“Synkope, bryting og omlyd i nordisk” (1980), og ikkje minst mange av arbeida til
Hreinn Benediktsson, mellom dei “Some Aspects of Nordic Umlaut and Breaking”.
Denne og fleire andre viktige, men fagleg utfordrande artiklar er samla i Linguistic
Studies, Historical and Comparative (utg. Guðrún Þórhallsdóttir mfl. 2002) , der
arbeida til Hreinn Benediktsson er omtalte i ei innsiktsfull innleiing ved Kjartan G.
Ottosson.
Trass i den forlokkande tittelen Urnordisk grammatik byr Erik Harding (1932) berre
på fonologi; den nærmaste til å gje ei samla framstilling også av morfologien er enno
Krause (1971), som dette kapittelet står i stor gjeld til. For utviklinga frå urnordisk til
norrønt er det dei store grammatikkane som enno dominerer feltet, først Adolf
Noreens tyskspråklege Altisländische und altnorwegische Grammatik (siste utg. 1923) og
deretter, for det meste basert på Noreen, Ragnvald Iversens Norrøn grammatikk
(første utg. 1923 ). I den siste utgåva av Iversens grammatikk (1973) er dei innleiande
delane reviderte og oppdaterte på mange punkt, noko som dette kapittelet også står i
gjeld til. Men det er verdt å merke seg at i dei eldre utgåvene, fram til og med 6. utg. i
1961, har denne grammatikken fleire urnordiske rekonstruksjonar i morfologien enn i
revisjonen frå 1973. Den diakrone tradisjonen er vidareført i den mindre grammatikken
til Robert Nedoma (1. utg. 2001, 3 . utg. 2010 ), medan forfattaren av dette kapittelet
har levert langt meir synkront orienterte grammatikkar (Odd Einar Haugen 2001, og
under utgjeving 2013 ), og like eins Michael P. Barnes (2008). Dei nyaste språk-
historiene på feltet, slike som Arne Torp og Lars S. Vikør, Hovuddrag i norsk språk-
historie (3. utg. 2003) fér av forståelege grunnar nokså lett over den eldste perioden; då
kan ein med fordel gå til det store oversiktsverket til Einar Haugen, Die skandi-
navischen Sprachen (1984), ei revidert omsetjing av hans The Scandinavian Languages
(1976). I Nordiske språk i nordisk og germansk perspektiv (1998) gjev Arne Torp ei konsis
og lett tilgjengeleg framstilling av mange av dei spørsmåla som har vore drøfta i dette
kapittelet.
Til slutt må det seiast at det kan vere stor usemje mellom dei forfattarane som det er
referert til i denne lista, truleg større usemje enn i dei andre kapitla i Handbok i norrøn
filologi (utg. Odd Einar Haugen 2013) . Årsaka ligg i at så mykje av dette materialet
– 76 –

byggjer på rekonstruksjonar, som av natur er usikre, og alle slutningar som byggjer på


rekonstruksjonar, blir i neste omgang endå meir usikre. Som om ikkje det er nok, vil ein
oppdage at fleire av forfattarane har endra synspunkt i løpet av si forskargjerning. Ottar
Grønvik er kanskje den som oftast har lagt fram revisjonar av sine tidlegare tankar. Det
kan vere frustrerande for den som søkjer fast grunn, men det er noko ein må leve med,
så snart ein søkjer seg bakover i det språklege og historiske mørkret.
Det siste ordet skal vi gje til den svenske språkforskaren Erik Harding, som tok på
seg å rekonstruere eitt av dei eldste eddadikta, Atlakviða, slik det kan ha lydd på ur-
nordisk – om det no var dikta så tidleg (Harding 1932 : Bihang II). Språkforskaren og
språkhistorikaren Arne Torp har lese inn eit utdrag av dette diktet med stor innleving
(og fagkunnskap), utlagt på heimesida hans (http://folk.uio.no/arnet).

Forkortingar og særskilde teikn

1. 1. person nvgerm. nordvestgermansk


2. 2. person o.l. og liknande
3. 3. person osv. og så vidare
a. akkusativ pers. person
adj. adjektiv pl. plural
bd. band pres. presens
ca. cirka pret. preteritum
d. dativ red. redigert av / redaktør
dvs. det vi seie rev. revidert av
e.Kr. etter Kristi fødsel s. side
f. feminin / feminin genus sing. singular
f.Kr. før Kristi fødsel s.v. sub voce (under oppslagsordet)
g. genitiv sg. singular
germ. germansk st.vb. sterkt verb
ieur. indoeuropeisk sv.vb. svakt verb
ill. illustrasjon t.d. til dømes (for eksempel)
jf. jamfør urn. urnordisk
kap. kapittel utg. utgåve ved / utgjevar
m. maskulin / maskulin genus vb. verb
m.a. mellom anna / mellom andre
mfl. med fleire ∅ nullending
n. nominativ ⟹ normalisering til urnordisk
n. nøytrum / nøytral genus Vimose lokalisering av runeinnskrift
norr. norrønt *laukōʀ rekonstruert form

Sjå også oversynet over teikn i tekstboksen s. 10–11.


– 77 –

Litteratur
Andersson, Thorsten. 2012. “Der nordgermanische Sprachzweig.” I: Altertumskunde
– Altertumswissenschaft – Kulturwissenschaft: Erträge und Perspektive nach 40 Jahren
der Germanischen Altertumskunde. Ergänzungsband zum Reallexikon der
Germanischen Altertumskunde, utg. Heinrich Beck, Dieter Geuenich og Heiko
Steuer, 77: 215–244. Berlin. Walter de Gruyter.
Antonsen, Elmer H. 1975. A Concise Grammar of the Older Runic Inscriptions.
Tübingen: Niemeyer.
———. 2002. Runes and Germanic Linguistics. Trends in Linguistics. Studies and
Monographs, 140. Berlin: Mouton de Gruyter.
Austefjord, Anders. 2011. Våre språklege røter: Ei innføring i indoeuropeisk. Bergen:
Bergen Open Research Archive, https://bora.uib.no
Baldi, Philip. 1999. The foundations of Latin. Trends in linguistics, Studies and
monographs, 117. Berlin: Mouton de Gruyter.
Barnes, Michael P. 1984. “The new runic finds from Illerup and the question of the
twenty-second rune.” Saga och Sed 1984: 59–76.
———. 2008. A new introduction to Old Norse. Part 1: Grammar. 3. utg. London: Viking
Society for Northern Research.
———. 2012. Runes: A handbook. Woodbrigde: Boydell Press.
Bjorvand, Harald, og Fredrik Otto Lindeman. 2000. Våre arveord: Etymologisk
ordbok. [1. utg.] Oslo: Novus.
———. 2007. Våre arveord: Etymologisk ordbok. 2. utg. Oslo: Novus.
Bjorvand, Harald. 2010. “Om utviklingen av det norrøne sterke presens.” Norsk
Lingvistisk Tidsskrift 28: 173–192.
Bandle, Oskar mfl., utg. 2002–2005. The Nordic Languages. Bd. 1, 2002; bd. 2, 2005.
Berlin: Walter de Gruyter.
Clackson, James. 2007. Indo-European Linguistics: An Introduction. Cambridge:
Cambridge University Press.
Dyvik, Helge. 1978. “Breaking in Old Norse and related languages: A reassessment of
the phonological conditions.” Arkiv för nordisk filologi 93: 1–37.
Ethnologue: http://www.ethnologue.com
Feist, Sigmund. 1932. “The Origin of the Germanic Languages and the Indo-
Europeanising of North Europe.” Language 8: 245–254.
Gamkrelidze, Thomas V., og V.V. Ivanov. 1990. “The Early History of Indo-
European Languages”, Scientific American March 1990: 110–116.
Grønvik, Ottar. 1981. Runene på Tunesteinen: Alfabet, språkform, budskap. Oslo:
Universitetsforlaget.
———. 1987. Fra Ågedal til Sætre: Sentrale runeinnskrifter fra det 6. århundre. Oslo:
Universitetsforlaget.
———. 1998. Untersuchungen zur älteren nordischen und germanischen Sprachgeschichte.
Osloer Beiträge zur Germanistik, 18. Frankfurt am Main: Lang.
———. 1999. “Runeinnskriften på gullhornet fra Gallehus.” Maal og Minne 1999: 1–18.
———. 2010. “Nordische Merkmale in der Sprache der älteren Runeninschriften.” I:
Zentrale Probleme bei der Erforschung der älteren Runen: Akten einer internationalen
– 78 –

Tagung an der Norwegischen Akademie der Wissenschaften, utg. John Ole Askedal m.fl.,
115–135. Osloer Beiträge zur Germanistik, 41. Frankfurt am Main: Lang. –
Konferansen vart halden 3.–4. september 2004. Ottar Grønvik døydde 15. mai 2008,
så for hans del er dette ei posthum utgjeving.
Høst, Gerd Heyerdahl. 1981. “‘Trylleordet’ alu.” Det Norske Videnskaps-Akademi.
Årbok 1980: 35–49. Oslo: Det Norske Videnskaps-Akademi.
Hagland, Jan Ragnar. 2013. “Kapittel 12: Gammalislandsk og gammalnorsk språk.” I:
Handbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, 600–638. Bergen: Fagbok-
forlaget.
Harbert, Wayne. 2007. The Germanic Languages. Cambridge: Cambridge University
Press.
Harding, Erik. 1932. Urnordisk grammatik. Häfte 1–2 [alt som kom]. Lund: Gleerup.
Haugen, Einar. 1982. Scandinavian Language Structures: A comparative historical survey.
Tübingen: Niemeyer.
———. 1984. Die skandinavischen Sprachen: Eine Einführung in ihre Geschichte. Rev. utg.,
omsett av Magnús Pétursson. Hamburg: Buske. – Omsett frå The Scandinavian
Languages, London: Faber and Faber, 1976.
Haugen, Odd Einar. 1993. Grunnbok i norrønt språk. [1. utg.] Oslo: Gyldendal
akademisk.
———. 2001. Grunnbok i norrønt språk. 4. utg. Oslo: Gyldendal.
———, utg. 2013. Handbok i norrøn filologi. Bergen: Fagbokforlaget.
———, under utgjeving. Norrøn grammatikk i hovuddrag. Oslo: Novus. – Tysk utgåve
under utgjeving på Helmut Buske Verlag i 2013.
Haugen, Odd Einar og Åslaug Ommundsen, utg. 2010. Vår eldste bok. Skrift, miljø og
biletbruk i den norske homilieboka. Bibliotheca Nordica, 3. Oslo: Novus.
Hock, Hans Henrich, og Brian D. Joseph. 2009. Language History, Language
Change, and Language Relationship: An Introduction to Historical and Comparative
Linguistics. Trends in Linguistics. Studies and Monographs, 218. Berlin: Mouton de
Gruyter.
Hreinn Benediktsson, utg. 1972. The First Grammatical Treatise. Reykjavík: Institute
of Nordic Linguistics.
———. 2002. Linguistic Studies, Historical and Comparative. Utg. Guðrún
Þórhallsdóttir mfl. Reykjavík: Institute of Linguistics.
Iversen, Ragnvald. 1923. Norrøn grammatikk. [1. utg.]. Oslo: Aschehoug.
———. 1961. Norrøn grammatikk. 6. utg. Oslo: Aschehoug.
———. 1973. Norrøn grammatikk. 7. utg. rev. ved Eyvind Fjeld Halvorsen. Oslo:
Aschehoug.
Knirk, James E. 1977. [Melding av] Elmer H. Antonsen, 1975, A Concise Grammar of
the Older Runic Inscriptions. Maal og Minne 1977: 172–184.
———. 2011. “Hogganvik-innskriften: En hard runologisk nøtt.” Viking 74: 25–39.
Krahe, Hans, og Wolfgang Meid. 1969. Germanische Sprachwissenschaft. Bd. 1.
Einleitung und Lautlehre. 7. Aufl. Berlin: Walter de Gruyter.
Krause, Wolfgang. 1971. Die Sprache der urnordischen Runeninschriften. Heidelberg:
Winter.
– 79 –

Kuhn, Hans. 1955. “Zur Gliederung der germanischen Sprachen.” Zeitschrift für deutsches
Altertum und deutsche Literatur 86: 1–47.
Lid, Nils. 1952. “Den nordiske nominativ singularis av maskuline an-stammer.” Norsk
Tidsskrift for Sprogvidenskap 16: 237–240.
Lockwood, William Burley. 1969. Indo-European philology. London: Hutchinson.
———. 1972. A panorama of Indo-European languages. London: Hutchinson.
Makaev, Ènver A. 1996. The language of the oldest runic inscriptions: A linguistic and
historical-philological analysis. Translated from the Russian by John Meredig; in
consultation with Elmer H. Antonsen. Kungl. Vitterhets Historie och Antikvitets
Akademien. Stockholm: Akademien. – Originalutg., Moskva: Nauka, 1965.
Melberg, Håkon. 1951. Origin of the Scandinavian Nations and Languages. 2 bd. Halden
– Oslo: Aschehoug (kommisjon).
Moltke, Erik. 1938. “Runestenen paa Einang.” Viking 2: 111–119.
Mundal, Else. 2013. “Kapittel 7: Edda- og skaldedikting.” I: Handbok i norrøn filologi,
utg. Odd Einar Haugen, 356–416. Bergen: Fagbokforlaget.
Nedoma, Robert. 2010. Kleine Grammatik des Altisländischen. 3. utg. Heidelberg:
Winter.
Nes, Oddvar. 1999. “Etymologiske ordbøker over germanske språk.” Maal og Minne
1999: 19–56.
Nielsen, Hans Frede. 1979. De germanske sprog: Baggrund og gruppering. Odense:
Odense universitetsforlag. – Eng. oms. The Germanic Languages: Origins and Early
Dialectal Interrelations. Tuscaloosa: University of Alabama Press, 1989.
———. 2000. The early runic language of Scandinavia: Studies in Germanic dialect
geography. Indogermanische Bibliothek, Reihe 1. Heidelberg: Winter.
———. 2010. “The Early Runic Language of Scandinavia: Proto-Norse or North-West
Germanic?” I: Zentrale Probleme bei der Erforschung der älteren Runen: Akten einer
internationalen Tagung an der Norwegischen Akademie der Wissenschaften, utg. John
Ole Askedal m.fl., 95–114. Osloer Beiträge zur Germanistik, 41. Frankfurt am
Main: Peter Lang. – Konferansen vart halden 3.–4. sept. 2004.
Nielsen, Marit Aamodt. 2013. “Kapittel 11: Syntaktisk utvikling fra urnordisk til
mellomnorsk.” I: Handbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, 556–598.
Bergen: Fagbokforlaget.
NIæR= Norges Indskrifter med de ældre Runer. 1891–1924. Bd. 1–4. Kristiania:
Kildeskriftfondet.
Noreen, Adolf. 1884. Altisländische und altnorwegische Grammatik (Laut- und
Flexionslehre) unter Berücksichtigung des Urnordischen. Bd. 1 av Altnordische Grammatik.
[1. utg.] Halle: Niemeyer.
———. 1923. Altisländische und altnorwegische Grammatik (Laut- und Flexionslehre) unter
Berücksichtigung des Urnordischen. Bd. 1 av Altnordische Grammatik. 4. utg. Halle:
Niemeyer. – Uendra opptrykk, Tübingen: Niemeyer, 1970.
Paul, Hermann. 1879. “Zur Geschichte des germanischen Vocalismus.” Beiträge zur
Geschichte der deutschen Sprache und Literatur. 6(1): 1–261, særleg s. 16–30.
Peterson, Lena. 1994. “On the relationship between Proto-Scandinavian and
Continental Germanic personal names.” I: Runische Schriftkultur in kontinental-
– 80 –

skandinavischer und -angelsächischer Wechselbeziehung, utg. Klaus Düwel, 128–175.


Ergänzungsbände zum Reallexikon der Germanischen Altertumskunde, 10. Berlin:
de Gruyter.
———. 2004. Lexikon över urnordiska personnamn. Berre tilgjengeleg i digital utgåve:
http://www.sofi.se/1465
Ringe, Don, Tandy Warnow, og Ann Taylor. 2002. “European and Computational
Cladistics.” Transactions of the Philological Society 100(1): 59–129.
Robinson, Orrin W. 1992. Old English and its Closest Relatives: A Survey of the Earliest
Germanic Languages. Stanford: Stanford University Press.
Sandøy, Helge, og Agnete Nesse, hovudred. Under utgjeving 2013–2015. Norsk
språkhistorie. 4 bd. Oslo: Novus.
Schleicher, August. 1860. Die deutsche Sprache. Stuttgart: Cotta’scher Verlag.
———. 1861. Compendium der vergleichenden Grammatik der indogermanischen Sprachen. [1.
utg.] Weimar: Böhlau.
———. 1866. Compendium der vergleichenden Grammatik der indogermanischen Sprachen. 2.
utg. Weimar: Böhlau.
Schmidt, Johannes. 1872. Die Verwandtschaftsverhältnisse der indogermanischen
Sprachen. Weimar: Bøhlau.
Schwarz, Ernst. 1951. Goten, Nordgermanen, Angelsachsen: Studien zur Ausgliederung der
germanischen Sprachen. Bibliotheca Germanica, 2. Bern: Francke.
Scovazzi, Marco. 1966. Grammatica dell’antico nordico. Milano: Mursia.
Seim, Karin Fjellhammer. 2013. “Kapittel 3: Runologi.” I: Handbok i norrøn filologi,
utg. Odd Einar Haugen, 128–193. Bergen: Fagbokforlaget.
Skomedal, Trygve. 1980. “Synkope, omlyd og bryting i nordisk.” I: The Modern
Languages and Modern Linguistics: Proceedings of the Fourth International Conference of
Nordic and General Linguistics, utg. Even Hovdhaugen, 120–139. Oslo:
Universitetsforlaget.
Spurkland, Terje. 2001. I begynnelsen var ᚢ ᚨ ᚱᚲ: Norske runer og runeinnskrifter.
Landslaget for norskundervisning, 138. Oslo: Cappelen. – Engelsk omsetjing,
Norwegian runes and runic inscriptions, Woodbridge: Boydell Press, 2005.
Stoklund, Marie. 1994. “Von Thorsberg nach Haitabu.” I: Runische Schriftkultur in
kontinental-skandinavischer und -angelsächischer Wechselbeziehung, utg. Klaus Düwel,
95–116. Ergänzungsbände zum Reallexikon der Germanischen Altertumskunde, 10.
Berlin: de Gruyter.
Syrett, Martin. 1994. The Unaccented Vowels of Proto-Norse. NOWELE Supplement,
11. Odense: Odense University Press.
Szemerényi, Oswald. 1960. Studies in the Indo-European System of Numerals.
Heidelberg: Winter.
Torp, Arne. 1998. Nordiske språk i nordisk og germansk perspektiv. Oslo: Novus.
Torp, Arne, og Lars S. Vikør. 2003. Hovuddrag i norsk språkhistorie. 3. utg. Oslo:
Gyldendal akademisk.
Trask, Robert Lawrence (Larry). 1996. Historical linguistics. London: Arnold. –
Trask’s Historical Linguistics. 2. utg. ved Robert McColl Millar. London:
Hodder, 2007.
– 81 –

Venneman, Theo. 2000. “Zur Entstehung des Germanischen.” Sprachwissenschaft 25:


233–269.
Verner, Karl. 1876. “Eine Ausnahme der ersten Lautverschiebung.” Zeitschrift für
vergleichende Sprachforschung 23: 97–130.
Vries, Jan de. 1962. Altnordisches etymologisches Wörterbuch. 2. utg. Leiden: Brill.
 

You might also like