You are on page 1of 3

Den norske språkdebatten på 1900-talet

Av Lars Barstad Løvold

I Noreg har vi to former av språket vårt, bokmål og nynorsk. Gjennom historia har det norske
språket endra seg drastisk. De skriftlige språk-endringane på 1900 talet kom frå politisk hold
gjennom fleire språkreformer. Alt byrja med jamstillingsvedtaket i 1885.

Skal ein snakka om språkhistorie på 1900 talet må ein kjenna til dei tre typane talemål vi
hadde. Tre måtar å snakka på i Noreg: «vestlandske bondedialektar», «danna dagligtale» og
«folkemål», «østlandske dialektar» eller «talemålet til arbeidarklassen». Dei tre siste
omgrepa betyr omtrent det same når vi snakkar om 1900-talet

Dei vestlandske bondedialektane hadde ved starten av hundreåret ein ganske høg status.
Dei vart sett på som veldig ”norske”. Former som «soli» i staden for ”sola”, ”husi”, og
«geiti»,i staden for ”husa” og ”geitene”, vart sett på som veldig norske, fordi dei hadde røter
tilbake til det norrøne. Ivar Aasens landsmål var i stor grad basert på nettopp vestlandske
bondedialektar

Eit anna talemål i Noreg var det vi kallar den danna dagligtale. Dette talemålet hadde også
svært høg status, fordi det vart sett på som danna, eller sofistikert – det var forbunden med
kultur og litteratur, med Bjørnson og Ibsen og så vidare. Her fanst formar som ”trua”, ”brua”,
”sten”, ”golvet”, ”laus”, ”rauk” og alle ”husa”. Viss ein vil forstå språkhistoria på 1900-talet,
er det lurt å læra seg nokon konkrete døme på den danna dagligtale som var før , før ein
byrjar å lese.

Den tredje varianten som ble snakka i Noreg var det vi kallar folkemål. Folkemålsformer er
variantar som ”brua”, ”trua”, ”golvet” og ”stein”. Slike former vart brukte av arbeidarklassen
i mange byar. Dei vart også brukt av folk på Austlandet, og av mange folk frå Trøndelag og
deler av Nord-Noreg. Folkemålsformer vart altså brukte på fleire stader i landet. Slike former
hadde på byrjinga av 1900-talet lågare status enn kva danna dagligtale og dei vestlandske
bondedialektane hadde.

Det heile byrja med jamstillingsvedtaket i 1885. Det førte til at det dansk-norske skriftspråket
og landsmålet til Ivar Aasen vart sidestilte skriftspråk. Begge skriftspråka skulle brukast. Det
er derfor det vart vedtatt i 1907 at norske skoleelevar måtte læra seg begge språka.

Eigentleg ønsket alle at Noreg skulle ha eit felles skriftspråk. Heile første halvdel handla
derfor om korleis vi kunne få dei to målformene vi hadde til å nærma seg kvarandre.

I 1907 kom det ei språkreform som berre gjaldt for riksmålet, denne reforma markerte eitt
klart brot med det danske skriftspråket. Her stod det svart på kvitt at riksmålet skulle ta
utgangspunkt i det dannande dagligtale framfor dansk skriftspråk når det gjaldt rettskriving.
Ein konsekvens at dette var at dei blaute konsonantane B, D og G skulle heller skrivas som P,
T og K.

Rettskrivingsreforma i 1917 sat for alvor i gang ein debatt som kom til å prega den norske
språkpolitikken i store delar av 1900-talet. Det var bønder og arbeidarar på den eine sida og
eliten på den andre. Den eine gruppa var konservativ og ville halda på språket, medan den
andre liberale sida ville ta i mot det nye. I denne debatten skulle skrivemåten likna meir på
den austlandske tale, og på denne måten skulle dei to skriftspråka bli likare kvarandre.
Nynorsk og bokmål, landsmål og riksmål skulle smelta samen til samnorsk. Reforma vart
driven fram av partiet Venstre, og ein interesseorganisasjon som heite Austlandsk reisning

I 1938 kom det en ny språkreform, de to målformene hadde nå byttet namn, landsmål ble
nynorsk og riksmål ble bokmål. Dette skjedde i 1929. Den store valgfriheita i 1917 reforma
ble vanskelig å gjennomføre i praksis. Så i 1938 ble valgmulighetane innskrenka, det ble
oppretta en svært radikal rettskrivingsnormal som gikk i ett stort skritt samnorsk. Mange ble
her opprørte fordi de ikkje kjente igjen talemålet sitt i korleis skriftspråket skulle brukast.

Samnorsken var veldig nær på å realiserast, det var mange tilhengare bak bevegelsen og
med alle dei forskjellige reformane og språkdebatten så mange lyset i enden av tunellen.
Men etter andre verdenskrig forandret mye seg. ”Foreldreaksjonen mot samnorsk” starta i
1951 og fikk over 400,000 underskrifte. Den nasjonale argumentasjonen missa krafta si etter
krigen. Dei storpolitiske hendingane overskygga språkstriden totalt, og motstandsheltane frå
krigen hadde jamt over brukt riksmål. Slik vart argumentet om at riksmålet ikkje var norsk
nok, ikkje gyldig lenger. Det bidrog til at Arbeidarpartiet, som frå mellomkrigstida hadde
rekna kampen for samnorsk som ein klassekamp, frå 1960-talet ikkje støtta prosjektet meir.
Då var samnorskprosjektet i realiteten avslutta.

You might also like