You are on page 1of 4

REKSTAD – Nordigard

Det vart funne nokre gamle papir etter at Jarle og Åsta døydde. Eit av breva fanst i ein brun konvolutt
merka Orkdal off. landsgymnas, dagsett 15.08.64. Eg var russ våren 1964 og deltok i ei
kunnskapstevling for alle artianarane i landet vinteren 64 . Da fekk eg eit diplom (eg kom på trei
plass)som eg skulle få på avsluttinga på Follo, men klassestyrar Sigmund Gjelsvik gløymde den
utdelinga den dagen. Ettersendt i august same år.

I denne konvolutten-merka ”gamle papir og skrifter” med Åsta si handskrift. Det var gardshistoria for
NoLgaL som Jarle såg ho. Attåt er det skrivvi ned ein disposisjon på eit ark merka Skaun Kommune –
Kontorsjefen. Børsa. Det er ikkje Jarle si handskrift. Mest truleg at det erLudvik Snøfugl som har søkt i
Statsarkivet for å finne dokument som finst der om Rekstad nordre.:

Ingebrigt Larsen – grensegang i 1812 –utmark. Innmark 1804

Johans Erikson Rekstad. Forhold til husmenn på Rekstad. Kontraktar frå 1837 og 1852.

Erik Johansson Rekstad. Grensegang 11.07 1876

Erik Johansson Rekstad. Om hald av militær tenestehest 1875

Erik Johansson Rekstad. Protest på utskifting 1860

Erik Johansson Rekstad. Kår for kårfolket 1857

Johannes E. Rekstad. Uthogst- kontrakt. Thams.

Dette er dokument frå ”Sorenskriveren og skifteforvalteren i i Strinde- og Selboe Sorenskriveri”

Så kjem det ei forteljing frå Ingebrigt Larsen kalla ”Grautsoga” med Jarle si skrift:

”Uåret 1812 sette merke etter seg hos Ingebrigt. Eg hugsar farmor fortalde om ein husmann frå
kalvehagen(kælhåggåinj), som vi no kallar Håggåinj, kom ned til Ingebrigt om hausten i 1812.
Husmannen var svolten kan du skjøna, dei hadde levd på bork i lang tid no, og han vart beden til
bords. Berit hadde sagt at han måtte passe seg så han ikkje åt seg forderva.”

Elles er eg ”kjøle” imponert av handskrifta til Bror Jarle, det same kan seiast om handskrifta til Sigrun
og Målfrid om det ikkje er emne i denne samanhangen.
Da kjem det som Jarle har skrivvi om heimgarden sin. Eg har ikkje retta på noko. Eg ser at dei lærde
seg å skrive norsk i den tida!

Heimgarden min Rekstad nordre, g.nr 17, bnr.52 i Skaun ligg høgt og fritt oppe i lia og er ein av dei
fem Rekstadgardane som i dag kan reknast som gardsbruk med næringsgrunnlag for ein huslyd.

Garden heiter i dagleg tale ”Nordigard”. Rekstadgrenda grenser mot sør til Skauge, mot nord til
Husby, mot vest til Venn,”Vin” og mot aust til grendene Lerånd, Lereggen og Onsøyen i Buvik.

For inntil om lag hundre år sidan var det berre to gardar i grenda, Rekstad søndre og Rekstad nordre.
Frå om lag denne tida skjedde ei viss oppdeling av gardane som elles i landet. Det var ein måte å
skaffa nokre av borna heim og arbeidsplassar. Denne sterke oppdelinga av gardane skjedde stort
sett i same tidbolken som den sterke utflyttinga til Amerika.

Det har heilt sikkert vore berre ein gard her i grenda ein gong i tida, men eg veit berre ikkje kor langt
attende tilhøva var slik. Garden vår, Rekstad nordre vart delt i omlag like store partar ikring 1850-
1860. Tippoldefar(?), Erik hadde ti sysken. Den eine av desse, Ingebrigt, fødd i 1830, fekk då halve
garden, bygde hus og busette seg på denne parten som seinare i dagleg tale vart kalla ”Husan”. Fleire
av dei andre brørne reiste til Amerika.

Garden vart truleg rydda i vikingtida. ”Stadirnamn” har vi ei mengd av, over 2500.. Dei fleste er frå
slutten av den forhistoriske tida og frå vikingtida (700-1000). Dei ligg gjerne utafor vin- og heim-
gardane i dei ymse bygder.(Noregs-soga: Øveraas, Midtgaard), Rekstadgardane ligg utafor
”Vingardane” eller Vennagardane som vi seier. Det er truleg at namnet Rekstad kjem av g.no rekstr
(m): buveg, driving, jaging. Oppe i beitet vårt er det ein plass vi kallar ”Rekstren”. Der skulle
Vennabyggene ha drive kyrne sine til beite i skogen. Men O. Rygh har ei anna meining om opphavet
til Rekstadnamnet. Han meiner det kjem av mannsnamnet ”Refr”. Og det kan vera noko i det avdi
den fremste delen av utmarka heiter ”Refsåsen”.

Som alt nemnt ligg garden høgt og fritt oppe i lia, om lag ein kilometer aust for kyrkja med eit sjeldan
utsyn over den vakre bygda Skaun. På høgste sommaren skin sola på vindauga så seint på kvelden
som klokka 22. Høgda over havet er om lag 180 m, Vest for husa, nedover mot Venn, har vi 30 mål
jord. Frå husa og nordover er det om lag 55 mål. Nærast husa er det for det meste flatt og djuplendt,
men lenger i frå er det det bakket og grunnlendt. Den marine grensa her i landsdelen er om lag 160-
170 m over havet. Jorda nedafor husa er såleis gammal havbotn. Dette er den beste jorda her på
garden. Jorda må karakteriserast som sandjord og grusjord med varierande mold innhald. Jorda er
god og årsikker. I tillegg til den jordveien som alt er nemnt, har vi eit område om lag ein og ein halv
km frå garden på om lag 250 m oh. Dette ligg mot utmarka, er delvis bakket og oppdelt av
bergknattar, men her er det også godt jordsmonn. Denne jorda er del overflatedyrka og dels fulldyrka
til beite(112 da)

Areal dyrka jord er i alt 113 mål og heile jordbruksarealet er 120 mål.
Frå denne ”andre høgda” strekkjer skogen seg innover til Djupsjøen og dei før nemnte grendene i
Buvik. Driftsplan for skogen som er utarbeid av Sør-Trøndelag Skogeierlag i 1959 syner at det totale
utmarksareal er 950 mål med 700 mål produktivt skogareal. Den årlege tilveksten er 130
kubikkmeter. Skogboniteten er middels. Hogstklassefordelinga er skjev med for mykje gammal skog
medan det er for lite voksterleg skog i 30-40 års alderen. Areal med nyplantingar er tilfredsstillande.

Avlinga på garden vert foredla gjennom eigen buskap til mjølk og storfekjøtt. Vanleg buskapstorleik
med stort og smått er om lag 25. I tillegg til dette er det vanleg å ha to avlspurker. Smågrisane vert
som regel selt. Ein og annan gongen vert dei fora fram til slakt heime.

Når det gjeld driftsformen på garden før i tida, er det vel truleg at han var som på dei andre gardane i
distriktet. Det var om å gjera å nytta ut næringsgrunnlaget som var til stades. Garden har ikkje skilt
seg ut frå dei andre i så måte. Det er ikkje kjend at det fanst noko ekstra ”forrekomster” av korkje
sølv eller anna mineral. Heller ikkje vassdrag eller eller fall som kunne gi noko utanom det vanlege.
Nei, det var jorda og skogen som gav, da som no, grunnlag for eksistens. I kor sterk grad
næringsgrunnlaget vart utnytta, var avhengig av dei einskilde brukarane sin dugleik. Dette er heller
ikkje noko nytt. Setningen”Enhver er sin egen lykkes smed”, gjeld framleis.

Eg vil likevel peika på ein givnad som nokre av forfedrane mine hadde. Det gjeld både farfar, oldefar
og tipp-tippoldefar.Dei var svært flinke i snikring og smiing. Det var vanleg på dei fleste gardane at
dei sjølv gjorde det ein trong av reiskap og møblar. Men her på garden var denne verksemda mykje
meir utvikla enn elles. Serleg var oldefar ein dugande smed. Han var kjend for å arbeida serleg fint,
han tok den tida han trong slik at han fekk det slik han ville. Far fortel at han kom ikkje inn til måls i
rett tid når han heldt på i smia. Han moderniserte smia og snikkar-verkstaden før århundre- skifte. Då
Børsa og Skaun elektrisitetsverk kom i gang i 1921, kjøpte han seg ein 2 hk motor og nytt utstyr i
verkstaden. Seinare bygde han på eit tørkhus for korn der røraren i tørkhylla også vart driven med
motoren. Den same motoren kunne frå same staden med sinnrike kraftoverføringar driva blåsa til
smiavlen, bandsaga, jarndreistolen, smergelskiva, drillmaskina og den før nemnte røraren i tørkhylla
Rundt om på gardane her i bygda og delvis i Børsa og Buvik finst det etter han endå hesteredskap og
andre hjelpemidlar for drifta på ein gard(Merknad. På eit småbruk i Hommelvik står det ein karjol
kjøpt frå Lisbetsetra- det var sagt ved handelen at musjonen var laga av smed Rekstad)Alt i hop var
forseg- gjort og høveleg på alle vis. Han hadde også elevar hos seg i snikkarlære. I 1926 sette han opp
eit etter den tida eit moderne sagbruk. Her det skore all den trelasten vi har hatt trong til heilt til i
dag. For inntil nokre år sidan vart alt tømmer som vart drive ut av skogen for salg foredla til trelast.

Elles så har folk her på garden vore med i den vanlege formen for verksemder etter som dei vart
aktuelle. Dei har drive trekolbrenning i perioden 1650 – 1850 og selte kola til Svorkmo Hytteplass for
2 ort og 20 skilling for ein ”læst”12 tønner. Alle trekoltuftene i utmarka vitnar om dette. Dei har
brent tjøre, laga brennevin og selt i perioden 1827 – 1842. Dei har vore med i utviklinga av
tømmerskjering, frå handsaga omkring år 1800, sirkelsaga drive med vasskraft og seinare med
oljemotor og til sist elektrisk kraft.

Dei har stått ved hoggestabben og høvelbenken med tønnearbeid, medan kvinnfolka streva som best
med tilvirking av lin og ull.
Før sommarmarknaden låg det utover i grendene store ”bleikvollar” av linvevar og lyste opp i den
dimme høgsommarnatta. Flaggermusa flaksa lydlaust over, innover myrdraga høyrde ein vengelyden
av mekregauken.

Dette var det sistedelen av manuset. Eg trur at Jarle i fleire år kunne ha tenkt seg å skrive ned denne
”soga”. Han vart sikkert inspirert av onkel Ludvik på kommunehuset i Børsa og at han fekk og sjå
særarbeidet mitt på Follo , det handla meir om folka på garden frå 1794 og utover. Onkel Ludvik var
formannskapssekretær(rådmann no) når Jarle var ordførar.

Neste oppgåve for meg er å skrive om dei to som emigrerte til Amerika i 1873, Ola og Sivert. Dei
hadde ein bror som gifta seg til ein gard i Melhus vestre, Olderøya. Der blir brukarane attkalla med J
og E, Johan og Erik. Eg opplevde å vere dyrlege der både for Johan og Erik. Under ei kaffistund på
kjøkenet der kom enka etter gamle Erik ned frå mørkloftet med ein bunke med gamle amerikabrev
som desse to hadde skrive til bror sin i Olderøya. Ho ville brenne dei. Eg spurde om å få låne dei slik at
eg fekk kopiere breva. Johan ringte om kvelden, breva var mine for all framtid. Astrid har lånt dei
bort til ein tidlegare nabo på Heimdal som ættar frå Olderøya. Dei skulle eg ha hatt. Sivert slo seg
etter kvart ned som ein sers verksam bonde,handtverkar og forretningsmann i Wisconsin(Oststaten).
Eg har samla noko stoff derifrå. Det blir ei anna soge!

Jostein

You might also like