You are on page 1of 2

Dialektar

Dialekter er ulike måtar å snakka norsk på. I Noreg er det mange ulike dialektar.
Forkjellen mellom sosiolekt og dialekt er at dialekt er ein variant på korleis me
snakkar eit språk, medan sosiolekt er ein variant av koss ein snakkar ein dialekt,
utifrå kor gammal du er, kor du bur, kva du arbeider med og kva utdanning du har.
Eit godt spørsmål er kor mange dialektar er det i Noreg? Svaret er at ingen veit kor
mange dialektar me har, men me kan tenkja oss at me har ein dialekt per kommune.

Kva er det som gjer at dialektar har så høg stilling i Noreg? Jo, det som er grunnen til
at Noreg er så spesiel når dei kjem til dialektar, er at me har så mange dialektar
fordelte på så få menneske. Og ikkje berre det, men dialektane våre er og veldig
ulike frå kvarandre. Men grunnen til at me har så veldig ulike dialektar er at |den
norske geografien som gjorde dei at folk hadde lite kontakt med kvarandre og at
industraliseringa og urbaniseringa kom seint til Noreg. Ein ting som har hatt eit viktig
innspel var eit vedtak i odelstinget som sa at opplæringa i skulen skulle føregå på
talemålet til elevane.

Dialekten min er jærsk og kjæme frå den vestlanske dialektområde. Nokre særpreg
som er i den jærske dialekta er a-mål, som er at infinetiv av verba endar her på -a,
døme å vera, å lesa. Eit hovudkjennemerke på jærmålet er han breia æ-lyden.
Denne æ-lyden er karakteristisk for talemålet her fordi lydar er så open, og fordi den
er så frekvent. Dialekten på Jæren som ellast i Rogaland har bevart dei “norske”
diftongane au, eig, øy. Sør på Jæren, i Klepp, Time og Hå, har desse diftongane ein
noko “breiare” uttale, døme graud, å leida. Denne særmerka uttalt av diftongane er i
dag på veg ut sjå dei unge på Jæren. Dei norrøne konsonantane ll og nn har i
jærmålet endra seg og har utvikla det som blir kalla “segmentering”, ein framvekst av
ny lyd. Ord som fjell og alle blir til fjedl og adla. Ein del konsonantsamband har òg
endra seg i jærmålet. Til dømes har rn vorte dn i mange ord. korn, gjerne, barn blir til
kodn, jedna og badn. Nokre andre konsonantovergangar i jærmålet finst i ord som
jabna og nabbn(for jamna og namn). Jærmåla har overgangen p, t, k, til b, d, g etter
vokal. Me har og skrarre-r. Ord og utrykk som er typiske for jærsk er “adla i hoba”,
“jilt”, “potla”, “homma”, “drøsa”, “besa”, “bræa”, “dryla”, “talast”, “jedna”, “ringja” alle
desse er ord som blir brukt i jærmåle. Eg meiner det skild seg godt ut med kor breidd
me snakkar. Me snakkar som bønder med mykje æ og å.

Eg meiner at ein kan halde på dialekta sin, eg følar at dialekta di har noko med kven
du er og korleis du er som ein person. Når eg snakkar jærsk føler eg meg som ein
bonde, noko eg er. Dialekta din er noko unikt om deg, eg følar at det hadde våre
kjedeleg viss alle hadde snakka på same måte. Men framleis så veit eg at i nokre
situasjonar er det lurt og kanskje snakka “penare” viss til dømes eg snakkar med
nokon som ikkje kan så godt norsk eller som berre ikkje forstår dialekten min, så er
det ikkje akkurat det enklaste for dei og forstå denne breia dialekta. I slike
situasjonar tykkjer eg at me kan legga om korleis me snakkar.

Eg trur nok at det kjem til å varta forandringar i dialektane våre, og at nokre dialektar
kjem til og forsvinna. Men eg trur ikkje me kjeme til og ende opp med at alle i Noreg
snakkar likt. Eg trur at det alltid kjem til å vere ein forskjell på korleis me snakkar
Norsk i landet. Språkforskerane meiner at det er i ferd med å utvikla seg regionale
dialektar som dekkjer eit større område ein tidligare.

Kjelder: Skolenmin, Ndla, Bisonboka og tidligare oppgåve frå timane.

You might also like