You are on page 1of 3

ANALYSE AV JAGET

Unni Lindell skreiv i 2015 novella «Jaget», som er henta frå novellesamlinga «Min mor som
har en saks i ryggen». Novella handlar om ei kvinne som blir jaga på ski av ein mann. Kvinna
leier mannen i elva, der han druknar. Temaet i novella er hat, drap og mørke
hemmelegheiter.

"Jaget" er ei spennande og open novelle. I teksten følgjar ein hovudpersonen Birgit Sterner,
på det som ser ut til å vere hennar siste skitur. På denne skituren blir ho jaga av kollegaen
Morten, som er ute etter å drepe ho. Etter ein intens og lang jakt, med ein stigande
spenningskurve, klarer Birgit akkurat å sleppe unna. Det er ein open og spanande slutt kor
ein kan fantasere om kva som skjer.

Forteljaren i denne novella er ein autoral forteljar, som òg er ein tredjepersonsforteljar. Av


og til går ein inn og me får vita hovudpersonens tankar og opplevingar. Vi får vita alt frå
Birgit sitt perspektiv, men det er aldri ho som forteljar som jeg-person. ”Hun lente seg
framover på stavane og kikket bakover” til dømes. Novella startar med ”Birgit Stener
parkerte på den nymåkte parkeringsplassen”. Me kjem rett inn i novella, noko som heitar in
media res. Det er mykje bruk av retrospektiv i novella der me får tilbakeblikk til menneskane
Morten og Hermod som er særs relevant til Birgit. Til dømes ”Avskyen for Hermod hadde
vokst seg så sterk at hun ikke klarte å føle sorg da han døde”

Novella startar og sluttar på same stad. På parkeringsplassen startar novella når ho går ut av
bilen, ”Nå alte hun ut av bilen” og sluttar når ho ikkje får starta bilen ”hun vred om
tenningen, men ingenting skjedde”. Dette gjer at ein får eit tilbakeblikk frå byrjinga når ein
kjem til slutten. Noko som igjen gjer at forteljinga hengjer saman. Me får nokre frampeik i
novella, til døme får me vita noko om Morten i starten. Seinare får me vita at Morten visste
om hemmelegheitene om korleis ho drepe ektemann sin Hermod. Hermod høyrar me mykje
om, Birgit forteljar om deira opplevinga saman og om han. Alt blir fortalt frå Birgit sin side,
derfor er det ingen parallelle handlingar i teksten. Nettopp dette gjer at ein får mindre
sympati med Birgit, fordi ein aldri for vita om tankane til Morten. Det at ein berre får høyre
saka frå Birgit side, gjer det vanskelegare å sympatisera med ho. Det er mange vendepunkt i
teksten, ein av dei er når me får vita at turen var planlagt. ”I kveld var hun 10 minutter før de
hadde avtalt”.

Handlinga skjer ein kald, stille og mørk vinternatt i marka. Miljøskildringa spelar ein sentral
rolle i teksten, og det er mykje av grunnen til at novella blei så bra. Forfattaren malar eit
glimrande bilete av personane som gjer dei lett å gjere seg kjend med. Birgit skildrar Oslo
som ein hektisk by, og ho er glad i snillheita som marka gir ho. Forfattaren brukar mykje
metaforar i teksten. Til døme når ho samanlikne, ”Jegeren kjente nok ikke løypa. Hun satte
av gårde igjen, videre i mørket”. Ho samanliknar Hermod med ein jeger og seg sjølv som eit
dyr som blir jakta på. Dette gjer at teksten blir spennande, me kan ta og føla på stemninga.

Forfattaren får fram eit presist bilete av miljøet og personane i forteljinga. Det blir òg brukt
personifikasjon i teksten, ” øyene; dumme, men samtidig bebreidande og harde.” Ein
abstrakt ting får menneskelege eigenskapar. Teksten blir artigare å lesa. I slutten av teksten
er det ein samanlikning, ”et hvit dekke, som lignet et likklde”. Dette gjer at ein forstår alvoret
i situasjonen, forfattaren spelar på følelsane til lesaren. Språkbruket som dominerer er ein
alvorleg tone. Dette forsterkast av forfattarens glimrande språklege verkemidla. Desse gir
ein forsterkande verking og aukar tempoet som gir ein dramatisk effekt.

Temaet i teksten blir berre klarare og klarare, jo meir ein lesar. Ein skjønner fort at det
handlar om drap. Min personlege forståing av teksten er at Birgit likar å vere aleine, ho har
gjort nokre forferdelege ting. Ho ynske ikkje å sosialisera seg, fordi ho ikkje vil at den mørke
hemmelegheita sin skal komme fram.

You might also like