You are on page 1of 45

Retorisk analyse, tolking og

kritisk lesing av saktekstar


1. Tekstens innflytelse og
pålitelegheit
2. Retorisk analyse og tolking

Plan 3. Eksempel på retorisk analyse

4. Arbeid med sjølvvalt reklame


Undersøking av Medietilsynet frå 2021
Studer figuren. Kva aldersgruppe er det som har lågast kompetanse
på å avsløra desinformasjon? Korleis vil du vurdera di eiga
kompetanse på å vurdera slik informasjon?
Tekstens innflytelse og truverd
• I ein retorisk analyse vurderer me:
• Den retoriske situasjonen
• Kva verkemiddel som er brukt
• Korleis verkemidla styrkar dei retoriske appellformene etos, patos og logos.
Retorisk analyse og tolking
• Ein må visa korleis ein forstår teksten. Dette dannar analysen
• Sjå på enkeltdelar, kvar for seg
• Når desse blir lagt saman, vil ein få ein heilskapleg forståing av
teksten. Dette er tolkinga
Saktekstar og kritisk lesing
• Lese med og mot teksten
• Med teksten
• Dei viktigaste synspunkta i teksten
• Ein prøver å forstå og vurdera innhaldet
• Mot teksten
• Gjer teksten motstand gjennom å stille kritiske spørsmål til interessene
avsendaren kan ha
• Kva verkemiddel blir brukt for å formidle bodskapet, og korleis teksten
påverkar menneske og samfunnet
• Kva er formålet med teksten, kven er avsendaren, er avsendaren påliteleg, er
det som står i teksten sant?
Falske
nyhende
Annonsørinnhald og påverkarer
• Blanding av sjangrar
• Reklame eller nyhende?
• Annonsørinnhald skal markerast
• Vurder desse bileta og undertekstane.
Henta frå vg.no • Kva er det som skilar dei frå kvarandre?
Annonsørinnhald og påverkarer
• Blanding av sjangrar
• Reklame eller nyhende?
• Annonsørinnhald skal markerast
• Typisk: Sosiale media
• Kommersielle avsendar, presentert i ei form og ein stil som liknar meir på
personlege tekstar.
• … der påverkarar fungerer som mellomledd i kommunikasjonen med
mottakarane
Eksempel: Vegard Harms Instagram-innlegg
- Kva meiner du er formålet med
Instagram-innlegget til Vegard
Harm?
- Kva innflytelse trur du teksten har
til å påverke mottakarane?
Grunngje svaret
Eksempel: Vegard Harms
Instagram-innlegg

• Kven?
• Tv- og mediepersonlegdom med over 500 000
følgjarar
• Reklamerer for hudpleieprodukt i samarbeid
med nettbutikken Lyko
• Tonen er likevel personleg, direkte og
avslappa, og likner den stilen mange bruker i
private tekster på sosiale media
• Ingen tvil om at dette er reklame; det ser me
frå starten
Den retoriske situasjonen – å gripa
augeblikket
• Situasjonen påverkar kva ein seier
• Eksempel: Fotballtrening vs. familiemiddag
• Den retoriske situasjonen = kairos
• Tre spørsmål:
• 1. Kva er tekstens påtrengande problem? Kva problem prøver avsendaren å
løysa med denne teksten?
• 2. Kven har makta til å løyse problemet? Publikum/mottakarane
• 3. Kva rammer – kva moglegheiter og avgrensingar – har avsendaren forhalde
seg til i utforminga av teksten?
Den retoriske situasjonen i Vegard Harms
Instagram-innlegg
• Det påtrengande problemet?
• Å få merksemd rundt den nye spa-spalta han lanserer. Kvifor? For å auke sal av varer
• Eit anna problem: Han må ta vare på «imaget» sitt for følgjarane sine, sjølv om han har
inngått eit samarbeid
• Publikum?
• Problem 1: Alle som kan auke salstala til Lyko
• Problem 2: Alle følgjarane til Harm
• Rammer?
• Instagram: Kombinasjon av tekst og bilete.
• Profilen hans handlar om klede, utsjånad og livsstil (ofte formidla på ein litt uhøgtideleg
måte). Følgjarane hans kan vere interesserte i det han her reklamerer for
• Han kan òg bruke verkemiddel for å uttrykkje at han framleis er den same avslappa
typen som vil det beste for følgjarane sine, til tross for samarbeidet han har inngått
Dei retoriske appellformene. 1: Etos
• Kan vere ei forklaring på korleis overtaling faktisk går føre seg
• Viss det skjer på grunn av avsendarens truverd = Etos
• Kjensle = Patos
• Gode resonnement, argumentasjon som verkar sann eller sannsynleg = logos
• Nesten alltid = alle tre i samspel

• Etos
• Innleiande, avleia og endeleg etos
Noko av det me kan sjå etter for å vurdera
etosappellen, er desse karaktertrekka:
• Avsendaren har mykje kunnskap om temaet teksten tek opp
• Avsendaren har god moral. Han eller ho verkar som eit godt
menneske med gode verdiar
• Avsendaren har gode velvilje. Han eller ho er vennleg, viser interesse
for mottakarane og vil det beste for oss. (Kort sagt: Gode intensjonar)
• Avsendaren er autentisk. Han eller ho verkar som ein som er seg sjølv
gjennom å vere spontan, naturleg og open overfor dei han eller ho
kommuniserer med.
Etosappell i Vegard Harms Instagram-innlegg
Etosappell i Vegard Harms Instagram-innlegg
• Innleiande etos avhenger kven som er publikum. For mange av følgjarane
 sterk innleiande etos
• Teksten: Han har noko kunnskap om hudpleie (men ikkje veldig kompetent).
• Bilete: Velpleidd hud, han gjer det rette sjølv
• Språk: «Eg skal gjere dette enkelt …». Han viser velvilje og interesse for
mottakarane. Kvardagsleg og ungdommeleg, prega av dialekt og slang. Kan
styrke inntrykket av at han er autentisk og naturleg
• Men … språket kan gje inntrykk av ironi. Overdriving å bry seg meir om hud
og hår berre fordi han har fylt 25. Tuller òg med bransjens språkbruk:
«amazing day and skincare routine». Like viktig å verke avslappa og kul som
å bidra til sal
Etosappell i Vegard Harms Instagram-innlegg
• Biletet: Halvnært utsnitt, med bar overkropp.
• Me er tett på han
• Samtidig typisk poserande bilete
• Me møter ikkje blikket hans
• Motstrider den ironiske verbalteksten

• Endelege etosappell: Middels sterk


• Har noko kunnskap om hudpleie
• Spontan, morosam og naturleg
• Best for kven? Lyko eller følgjarane?
• Starten hjelp: Autentisk i at han ikkje lurer oss til å tru at det er noko anna enn ein
reklame
Spørsmål
• Har du nokon gong kjøpt noko fordi ein
influensar har reklamert for det? Viss
ja, kva var det som gjorde at du blei
overtyda?
• Kva betyding har talet på «likes» for
avsendarens etosappell? Lar du deg
påverke til å like innlegg i sosiale
media fordi andre har likt det?
Grunngje svaret ditt
Logos – appell til publikums fornuft
• Påstandar og saksopplysningar må verke sanne eller sannsynlege
• Viser til forsking, kunnskap og fakta  men dette betyr ikkje at
informasjonen er rett. Sjekk kjeldene!
• Svak innleiande etos – mindre sannsynleg at ein godtar informasjonen
• Ver på vakt for dei med sterk etosappell. Truverd ≠ sanning.
• Bilete speler ei spesiell rolle. Fotografi er på mange måtar nærare
røyndommen en orda
Nokon viktige måtar å fremma logos på i ein
tekst
• Bruka fakta og kunnskap om emnet
• Vise til forsking om emnet
• Bruka eksempel
• Bruka fotografi/grafar som underbygg påstanden
• Leggje fram argument som verkar sanne og sannsynlege
• Bruka ord som difor, fordi og på grunn av
Kort digresjon: Doksa – oppfatning av røynda
• Me er ofte positivt innstilt til informasjon som liknar vår eiga
oppfatning og kunnskap om verda
• Dette blir kalla doksa i retorikken, og omhandlar oppfatning av
røynda. Dette er det naudsynt å ta omsyn til for å overtale publikum
• Eks: Det er enklare å tru på det som blir sagt av politikarar som me i
utgangspunktet er einige med, og meir skeptiske og kritiske til ytringar
av dei me er ueinige med.
Logosappellen i Harms Instagram-innlegg
Logosappellen i Harms Instagram-innlegg
• Ikkje særleg synleg i innlegget, men noko er
det
• Fuktig hud = god hudpleie
• Bilete skal dokumentere produktets gode
verking
• Men ein veit ikkje om det ein ser på biletet
faktisk er Lyko
• Ein kan heller ikkje vere sikker på om det er
produkta frå Lyko som gjer at Harm har fin hud
• Kan det vere retusjert?
Logosappellen i Harms Instagram-innlegg
• Ikkje særleg synleg i innlegget, men noko er
det
• Fuktig hud = god hudpleie
• Bilete skal dokumentere produktets gode
verking
• Men ein veit ikkje om det ein ser på biletet
faktisk er Lyko
• Ein kan heller ikkje vere sikker på om det er
produkta frå Lyko som gjer at Harm har fin hud
• Kan det vere retusjert?
Patos – å vekke publikums kjensler
• Spørsmål: Tenk på ein tekst (i ein film, ein songtekst, ein roman, eit
innlegg på sosiale media eller ein samtale) som nyleg påverka
kjenslene dine. Kva var det i teksten som påverka kjenslene dine, og
kva kjensle var det som blei vekka? Blei du sint, lei deg, rørt eller noko
heilt anna?
Patos – å vekke publikums kjensler
• Vanleg: Avsendaren sjølv uttrykkjer den kjensla han eller ho ønsker at
publikum skal få. Humør er noko som kan smitte!
• Kan òg appellera til kjensler mottakarane allereie har.
• Viss nokon allereie er lei seg, engstelege eller glade, er det naturleg å
anerkjenne desse kjenslene ved sjølv å uttrykkje dei i teksten
• Kan gjere at publikum føler seg sett og dermed gjere dei meir opne for å ta
imot det avsendaren vil formidla
For å vekke publikums kjensler kan
avsendaren:
• Bruka kjensleladde ord, pluss- eller minusord, overdriving og metaforar
• Bruka humor, sarkasme og ironi
• Visa detaljerte skildringar av ein situasjon som vanlegvis vekker kjensler
• Fortele ei historie som gjer gjenkjenning eller inviterer til innleving
• Bruka pronomen som eg, me, og oss for å vekke fellesskapskjensle
mellom avsendaren og mottakaren
• Appellera til kjensler mottakaren har, som sinne, sorg eller glede
• Vise bilete som vekker kjensler: ein kjenslelada situasjon, noko trist eller
morosamt
Patosappellen i Harms Instagram-innlegg
Patosappellen i Harms Instagram-innlegg
• Blikkfanget er Harm med fin og velpleidd hud, i
poserande reklamestil og det som truleg er eit
hudpleieprodukt frå Lyko på kinnet
• Han er i bar overkropp, som kan gje konnotasjonar til
spa og intimitet. Det er likevel ein distanse i den
poserande stilen. Han er ikkje usikker, men tvert imot
sjølvsikker, noko som kan smitte over på publikum.
• Språk:
• Tøysete tone gjennom bruk av humor og ironi.
• Han prøver ikkje å skjule at dette er ein reklame: SE HER JA!
• Overdriving og avslappa tone i uttrykket «her skal det fuktes i
hue og ræva».
• Brukar personlege pronomen som eg og vi for å skapa
fellesskap med publikum (me blir inkludert i hans verd)
Patosappellen i Harms Instagram-innlegg

- Harm viser begeistring gjennom plussord som «slapp


av», «enkelt» og «så glad for».
- Dette kan gjere publikum energiske og glade
- Når han framhevar at det er lett, appellerer han til ei
kjensle mange kan ha av at det er vanskeleg å få fin
hud, og han viser omsorg for publikum: «Slapp av. Jeg
skal gjøre det enkelt for oss alle».
- Patosappellen i verbalteksten er difor sterk
Aptum – er teksten passande eller upassande?
• Teksten må vere passande både for avsendaren, publikum, innhaldet i
teksten og situasjonen
• Me kan skilje mellom aptum i indre og ytre forhold
• Indre forhold: Innhald, komposisjon og stil må passa samen. Eks: Ein lege som skal
formidle at ein pasient er sjuk.
• Ytre forhold: Dei fysiske, sosiale og kulturelle forholda rundt teksten, altså tekstens
kontekst. Eks. 1: Om legen snakkar med eit barn eller ein voksen. Eks. 2: Elevar
som tiltalar læraren.
• Når ein vurderer aptum, vil det blir for omfattande å skriva om alt som er
passande. Du bør ta utgangspunkt i det tekstens publikum meiner er
passande eller upassande.
Er Vegard Harms Instagram-innlegg aptum?
• Ulike mottakarar, ulike oppfatningar
• Publikum: Stort sett unge på alder med Harm
• Publisert på Harms personlege profil, og framstår som ein personleg
tekst
• MEN: Er hovudsakleg ein reklame for eit produkt.
• Kombinasjonen av privat tekst med kommersielt formål er noko fleire meiner
er upassande, og dei vil kanskje dermed hevda at den bryt med aptum
Er Vegard Harms Instagram-innlegg aptum?
• Spørsmål: Trur du tekstens publikum syns det er upassande å
reklamera for noko i eit privat Instagram-innlegg? Kva meiner du?
Samla tolking av innlegget
• Det siste steget i ein retorisk analyse er den
samla tolkinga av teksten.
• Her bør du samle det du har funne ut i analysen,
og tolke tekstens meining i lys av den retoriske
situasjonen.
• Du bør òg drøfte korleis teksten kan verka over
bevisande på publikum i den konkrete
situasjonen, og reflektere over teksten
påverknadskraft og truverd
Samla tolking av innlegget
• Dei dominerande appellformene i innlegget er etos og patos, og det
er gjennom desse appellformene at teksten eventuelt fungerer
overtydande på publikum
• Det første han gjer, er å visa at teksten hans er reklame
• Då imøtegår han ein kritikk som ofte retter seg på influensarar som
driv med skjult reklame. Den endelege etosappellen er difor sterk, til
tross for at han reklamerer for eit kommersielt produkt
Samla tolking av innlegget
• Tekstens patosappell er òg sterk
• Fleire verkemiddel i bildet og verbalteksten bidrar til ei oppleving av
fellesskap og intimitet med Vegard Harm, og dette styrker tekstens
patosappell
• Han influerer både dei lojale følgjarane med humor og ironi og den
delen av publikum som er interessert i hudpleieprodukt
Samla tolking av innlegget
• Når det gjeld logosappellen, er dette den svakaste av appellformene i
innlegget
• Når det er lite kunnskap, fakta eller tydelege resonnement i
verbalteksten, kan det vere for å halda på ein avslappa og personleg
stil overfor publikum
• … for ikkje å verka for kommersiell
Samla tolking av innlegget
• Sterk påverknadskraft, og tekstens publikum vil sannsynlegvis hjelpe
Harm med å løyse problemet (kjøpe produktet)
• Blandinga av den personlege stilen med kommersiell reklame er
likevel ikkje uproblematisk
• Dei som ikkje deler Harms doksa, kan vere kritiske til det doble formålet med
teksten, og dermed ikkje la seg overtyda
• Resultatet kan bli at han mistar følgjarar
• Det som likevel kan gjere at dette passar, er at det nærmast er ei forventning
om at han skal (eller kan) gjere nettopp dette
• Stilen og tonen i verbalteksten er ironisk på ein måte som nesten gjer inntrykk
av at Harm òg gjer narr av bransjen og deira verdiar
Modell for retorisk analyse. Del I
• 1. Presenter teksten: Kven er avsendaren, kor er teksten publisert, og kva deler består teksten
av?
• 2. Den retoriske situasjonen
• Kva påtrengande problem prøvar avsendaren å løyse?
• Kven er publikum? Kven har makt til å løyse problemet?
• Kva rammer regulerer kva avsendaren kan gjere? Kva moglegheiter og avgrensingar er det i situasjonen?
• 3. Tekstens påverknadskraft
• Kva prøvar avsendaren å overtyde publikum om og eventuelt få dei til å gjere?
• Etos: Avsendarens innleiande etos, kva karaktertrekk blir vist i teksten (kunnskap, kompetanse, god moral,
velvilje, autentisitet), og kva verkemiddel er brukt for å uttrykke det i teksten?
• Patos: Kva kjensler kan teksten vekke hos mottakarane? Kva verkemiddel er brukt for å vekke desse
kjenslene?
• Logos: Kva argument blir brukt for å grunngje påstandar i teksten? Blir desse oppfatta som sanne eller
sannsynlege av publikum? Blir det argumentert ved hjelp av eksempel? Blir desse oppfatta som sanne for
publikum? Ein føresetnad er at dei stemmer med publikums doksa.
Modell for retorisk analyse. Del II
• 4. Aptum: Er teksten passande eller upassande?
• Internt i teksten: Er forhaldet mellom innhald, komposisjon og stil i teksten
passande?
• Eksternt: Er teksten passande for avsendaren, publikum, saka og omstende?
• 5. Samla tolking av teksten:
• Kva er tekstens meining sett i lys av den retoriske situasjonen?
• Korleis kan teksten fungera overtydande i den retoriske situasjonen?
• Refleksjon over tekstens påverknadskraft og truverd.
Oppgåve
• Du finn ho på itslearning under «Retorikk»
• Oppgåve Retorisk analyse av reklame

You might also like